[BIN: 3317]
Reven og bonden
Oppskrift 1910 av Jørgen Hæreid etter ukjent sanger, Sirdal, Vest-Agder .
1. | Mannen gjekk seg aat vedaskog haure han reven i lunden gol. -Og vil du selja huden din til for under luen min- |
2. | Og eg skal gje deg eit lite lamb med fire föde som bar det fram. -Vil du daa selja huden din til for under luen min- |
3. | Og reven han gjore seg paa ein sveng og daska alle haugane i kring. -Og ikkje so fer du huden min til for under luen din- |
4. | Eg skal gje deg eit sylvarfad det beste du kann "æda" paa mad. -Kan eg daa faa huden din til for under luen min- |
5. | Eg gjer ikkje med noko sylvarfad og ikkje so æd eg noko subamad. -Og ikkje so for du huden min til for under luen din- |
6. | Eg skal gje deg ein silkepung som femtan jomfruer har sydd udi Lund. -Kann eg daa faa huden din til for under luen min- |
7. | Eg gjer ikkje med nokon silkepung, for eg er ein rev som diltar i lund. -Og ikkje so for du huden min til for under luen din- |
8. | Eg skal gje deg ei Kalvesteik og den skal vera baade stor og feit. -Kann eg daa faa huden din til for under luen min- |
9. | Huden er vond og missa men maden maa vera vissa. -Du fær faa huden min til for under luen din- |
10. | Reven han noppa den steika so fast So delta han aat urdi med hast. -No kann du ta rompen min til for under luen din-
|