[BIN: 3291]

Den store stuten.
Aksel Torn visa

(fleire alternative titlar)

Oppskrift udatert av Nils og Arne Magerøy etter ukjent sanger, Søre Helgeland, Nordland .

1. Han Klaves spind' ho Anna so:
- Bom for bökjin!
Tromom mykjin!
Trillar i lökjin lyra.-
"Ke vi ska ha te slakt i år
for Aksel Torn?"
- Tiller i topp! Skur opp lyra!-
2. Ho Anna svara'n Klaves so:
"Den store uksin i skogje går
for Aksel Torn."
3. Han Klaves lada byrso si;
fire kulor av ei mark bly.
4. Han Klaves la byrso på ein kvist.
Det fyrste skotet skaut han i mist.
5. Han Klaves la byrso på ein bakke.
Skaut han då uksin midt i nakke.
6. Den uksin hadd' so stort eit fall.
Hitri hutra, Titran skalv.
7. Den uksin hadd' so mykje blod,
at Hiterdalen halvfull stod.
8. Den uksin hadd' so stor ei hud.
Ho nådd' frå Hiter'n og til Bud.
9. Den uksin hadd' so stor ei nekkje.
Ho klædde atjan kyrkjetekkjor.
10. Den uksin hadd' so store honn.
Kvart honn tok tolv tynnor konn.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. NFL 52, s. 41 - 42 overskrift Aksel Torn-viso.

Under oppskrifta står: Gamle Sirak frå Bindalen -- sjå s. 38 o. fr. -- hadde tri visor um Aksel Torn. Dette er den fyrste av deim. Harald Strøm fra Velfjorden hev gjenge på leiting etter desse visone. Berre denne hev han funne. Dei tvo andre må reknast for tapte. Den andre visa skulde vera um brudlaupet hans Aksel og hadde visst mykje sams med Kat-Ola-visa. Den tridje var um dei røvarane som fann liket av barnet hans Aksel i ei berghole.

I Brønnøy, nær ved Tilrunsmarknaden, er det ein stor, væn gard som heiter Torn. Aksel Gyntersberg til Torget åtte i si tid denne garden, og det segjest at garden fekk namnet sitt etter eit festningstorn som Aksel bygde der. Soleis gjekk det vel til at eigaren vart kalla Aksel Torn. Efter denne visa å døma må han ha vore ein hard lensherre, og det hev falle dei fatige tungt å greida skatten som han kravde. Han døydde truleg nær ved 1590.

Denne fyrste Aksel Torn-visa er ei skjemtevise som mykje likjest kråkevisa. Klaves (Klaus) og Anna veit ikkje å greida skatten til Aksel Torn. So triv dei til den råd å skjota uksen hans Aksel og betala skatten med den. Storleiken på uksen syner at det er ein ekte trollstut.

Umkvædet: " -- bøkjin" (bøgkjin) -- den' ørvesle bogen. Dette er spøk. Meiningi er : den overhendig store bogen. Klaves sikta på den. Han vilde råka hjarta. "Tronom" -- subst. hank; trumbelåt. "Tiller -- songfugl. Skur upp -- stem upp.
Heile umkvædet er so å tyda:

Bomskot på bogen.
Lat oss få mykjen trumbelåt!
I den surlande løken høyrest harpespel.
Og du, litle songfugl i tretoppen!
Stem upp med harpa di ogso du!