[BIN: 2017]

Kjærleiksprøva.
Herre Per og stolt Margit.
Herr Nikelus

(fleire alternative titlar)

Oppskrift udatert av Sophus Bugge etter Torbjørg Midbøen, Kviteseid, Telemark .

1. Kúng Nikelús han tente i kúngjens går,
dær tente´n syv vintrar å nie år.
Før min fager folen før den tråvar enno.
2. Han tente no inkje før onno løn,
hell før liti Kjersti, var honom så skjønn.
3. Han tente ikkje før anten sylv heller gull,
men før liti Kjersti var tra å dydefull.
4. Høyr du liti Kjersti, hot eg spyr deg:
"lyster du av lande å reise med meg?
6. Lyster du av lande å reise med meg,
dei nie gullborgjinne då gjer eg deg"
8. Kungjen han vikta på svennanne tvo:
vi´ de gange ne te strand, skuve skipe utifrå.
9. Kung Nikelús han kom seg ne te strand,
då va alle skipi skúva ifrå land.
10.Kúng Nikelús han va både gla å kåt,
då han såg dæ låg atte ein liten fiskarbåt.
12. Han tok liti Kjersti å sette på bór,
sjave seg sett han før årinn te ró.
13. Å som at di kom seg mitte på hav,
då dætt dei sterke stålårinne av.
14. Så tok en liti Kjersti sett´ på gangaren grå,
å sjave seg sette´n på bylgja blå.
15. Som at de kom seg inpå et skjer,
dær lyste kúng Nikelús at vile seg.
16. Å, som at di kom seg i røde rosenslund,
dær lyste liti Kjersti at spyrje seg um.
17. Høyr du kúng Nikelús, hot eg spyr deg:
har æ dei ni gúllborgjinne, du lova meg?
18. Ingse ni gúllborgjer eg lova kann,
eg eig ikkje fre´en i dæ tree kongeland."
[ Torbjørg kvad ogsaa: eg æ´ ein fatike friarlaupar [sic!] mann.]
19. Liti Kjersti, ho tok upp gúllskålinne fem:
kjære kúng Nikelús ! kjøp freden for den.
20. Å, som at dei kom seg te Skåne by,
så såg di gúllborgjinne glima únder sky.
21. Ynna før dæ bergje å innafør, den by,
dær ær no dei ternúnne tolv
22. Dei tvo dei sko´ bera ditt vaskevann,
dei andre tvo sko´ stande mæ handklæ i hånd.
23. Dei tvo dei ska´ breie din duk på bor,
å dei andre tvo ská bera din maté dærpå.
24. Dei tvo dei ská reie upp di silkjesæng,
å sjav så fyger eg mæ deg uti den."
25. Han tok liti Kjersti, sett úppå sitt kne,
[sic!]
så gav han ho krona å dronningjis fe.
26. Så tog han liti Kjersti sett úpp i sitt fang,
så gav han ho krona å dronningjis navn.
Ekstra opplysninger