[BIN: 1547]

Olov Agisdotter ror frå belen

Oppskrift, udatert, av Rikard Berge etter Ingebjørg Mjaugedal, Eidsborg, Lårdal, Telemark .

1. De va Olav i Strandeby
han gjekk seg åt kjyrkjele
å der så sett'n sitt goe svær
å gangaren batt'n deri.
-Eg vil lova meg å den rosa -
2. De va Olouv Agjesdotter
ho gjekk seg åt kjyrkjele
å sond'e brout 'o hass goe svær
å gangaren slepte lous.
3. De va Olouv Agjesdotter
ho reiste seg neåt strånd
so løyste ho adde nie snekkjur
som der va bondne mæ bånd.
4. So løyste ho adde dei snekkjur ni
som der va bondne mæ bånd
å seinste Olavs i Strandeby
på den ho silde av land.
5. Farvæl no Olav i Strandeby
ja no reiser eg av land
du liver alle den æresdag
du fær helse mi kvite hand.
6. Å de va Olav i Strandeby
han seg oto kjyrkja kåm
hot æ de fe forgjyllande fløy
som lyser på båra blå.
7. De æ ingjen forgjyllande fløy
som lyser på båra blå
men de 'æ Olouv Agjesdotter
de lyser av henar hår.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. Prenta i Rikard Berge: Norsk Visefugg 1904, nr. 4, s. 23f. Originaloppteikning vantar. Overskrift: Olav i Strandeby.

Rikard Berge har ein fotnote til å i omkvedet: Eller ogso "óu" (skrive som "og" i uppskrifti). Meiningi er, at han vil trulova seg med den rosa (): Olóuv Agjesdotter). Kanskje å ogso kunde tyde "eige". Til silde i str. 4,4 har Berge merknaden: silde for siglde. Etter teksten står: Etter Ingebjørg Mjaugedal, Eidsborg. Dette er berre ein bite av visa. Jamfør den meir heilstøypte, samanarbeidde vise hjå Soph. Bugge (s. 104).