[BIN: 1125]

Dei frearlause menn

Oppskrift 1913 av Torleiv Hannaas etter Svein Knutsson Tveiten, (Hovden), Bykle, Aust-Agder .

1. Dei fann seg på so gali ei rå
- Dei frearlause menn -
dei rodde seg av ei joleftas-nått.
- Dei Anggrimssønnin av Norlond båe um heimfre -
2. Der låge dei so lengje
at maten deira tok endi.
3. Dei åte upp bale av sitt svær
o de sill ver' deira mata-vær.
4. Dei åte upp skoen1 av sin fot
o de sill ver' deira mata-bot.
1skoren
5. So sette dei seg ti tevle
kvenn domen sill fysste på-fedde.
6. Den fysste gullterning på tavlebor rann
so fallt de på deira styresmann.2)
2) deiras styringsmann
7. So lae dei han på sylvarfat
o adde so sille dei ete3 derav
3) spise
8. Snart mælte der4 mann i kvie
no blæse vinden or lie.
4) tala den

Ekstra opplysninger

Orig. ms. EFI T.Hannaas 425, s. 38-41 (NFS, kopi) Dei frearlause menn med overskrift Dei frearlause menn

Merknader og rettingar:
1.1 fann er retta til funne; etter str. 1 står (dei Angrims-søninn av Norlånd båe åm heimfre) Haddvor Bjaai fortalde noko som inkje var i vers, at dei ha siglt seg inn i so trongt eit sund at dei inkje kunde koma ut minder vinden bles hardt av strake nore. Og so heldt de paa med sunnanvind.

5.1 fram for tevle er å sette til; 8.1 over kvie står (or) (frå kvio); 8.2 ved or lie står av lio, (frå lie); fram for str.8 står "De va vakti de, bonn!" (Haddvor Bjaai)
Under oppskrifta står: Men då ha dei ingjen styremann. Og dei trega so paa ugjerningane sine. So kom der ei duve og sette seg på masti og hjelpte dei ut. Og dei fekk naade for ugjerningarne sine.
(Framifraa ven tone. Lært visa av Haddor Bjaai. Og etter far sin).

Reinskrift EFI T.Hannaas 3, 23 og 3, 24-24a. Orginal og reinskrifter er identiske.
Prenta i Norsk Årbok, Bergen 1921 s.151 og i DgF IX s.201-02, einskilde strofer.