[BIN: 0485]

Nøkken som belar

Oppskrift udatert av Sophus Bugge etter Gro Mjaugedal, Eidsborg, Lårdal, Telemark .

1. Heiemor [kva] så dæ [sång i li
-Me minne -
de høyrde nykkjen på havi skri].
-Tvæ [rosir søve derinne] -
2. Nykkjen talar [te styringsmann]
du styrer meg på dæ kristne [land].
3. Når han [kom seg på] dæ kristne [land]
skapte [en seg i ein kristen mann].
4. Så skapte 'n kl[æi båd gule å grøne]
å sjave skapte 'n seg [uti ein riddare] skjøne.
5. Så skapte 'n [klæi båd gule å blå]
å så ein hest`e te [rie på].
6. Så skapte 'n [gullringjen] på [sin fing]
så gjenge han seg [i stoga inn].
7. Så skapte 'n gullskoren på sin fot
så trør han så lett på haddargov.
8. [No æ] dæn [komen som dansen kan] trøa
[no ska] dæn [fram som venast kan kvea].
9. Te svara stolts Margjit av Hallings øy
dæ æ' Heiemor vene møy.
10. Nykkjen han dansa å Heiemor kva
då sovna dei adde i stoga va'.
11. No æ' dæ beste kvår reise heimatte ti seg
Heiemor fygjer på skipi mæ meg.
12. Heiemor [gret] å si [hendar vrei
ska' eg fygje nykkjen den lange lei].
13. Heiemor [tenkte me sjave seg
tru mine små] knivanne bergjar 'kje [meg].
14. Så stakk ho te nykkjen i [holamot
odden] vrei [i hjarterot].
15. Dær [ligg du nykkjen fe ravn å hund
enno hev eg min] kvear [lund].
16. Dær ligge du nykkjen renner blo i moll
enno æ' eg ei jomfruve like boll.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. NFS S. Bugge III, 17 (Reinskrift) med overskrift Nykkjen II (meddelt af Gro Mjaugedal). Reinskrifta er sterkt avstytt. Utfyllingane er henta frå Norske Folkeviser 1853 XXXIX s. 350 etter tilvising av S. Bugge. Oppskrifta ligg til grunn for den prenta A-teksten i S. Bugge GnF 1858 nr. 12 s. 68 (c) saman med var. IV og V. Retting: Str. 7.2 på er retta til i; 11.1 heimatte er retta til heimatt.