[BIN: 0152]

Rike Rodenigård og ørna

Oppskrift 1863 av Sophus Bugge etter Aaste Rikardsdotter Espeli, Eidsborg, Lårdal, Telemark .

1. Høyr du de du rike Rodus i går
kvi gjenge du i skogjen aleini
hor æ' din høk hor æ' din hund
hor æ' dine mange smådrengjir.
-Der galer og [en ørn i Beiarlunden så] lengje -
2. Somme æ på den viddan hei
å sko dei vidde dyri skjote
some æ' på den saltan fjor
å sko dei bylgjunne brote.
3. Høyr [du de du rike Rodus i] går
hott heve du laga ti koste
femtan av dei feitan ku
å derte femta kolhestar.
4. Hav du sjav di [feitan] ku
å d[erte femta kol]hestar
eg vi' hava dine fostredøttar tvo
som du hev no fostra.
5. Eg heve no dei uppfostra
frå deires faer falt ifrå
Gud bære dei fatike fairslaus bonn
sko dei so illi burtgå.
6. Høyr [du de du rike Rodus i] går
eg sko gjera deg større harm
eg sko eta upp di festarmøy
mæ ho ligge på din arm.
7. De va rike Rodus i går
han lutte alt unde ein stein
so skreiv 'en upp dei ramme ronir
alt på den ørnefjær.
8. Høyr [du de du rike Rodus i] går
eg sko gjeva deg so mykje gull
meste du æ' go for tyggje
vi' du løyse av meg dei sterke jønnbånd
som unde min' vengjinne ligg'e.
9. Mæ jønnbåndi sko du liva
mæ [jønnbåndi sko du] døy
so glatt rie rike Rodus i går
heimatt ti si festarmøy.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. NFS S. Bugge i, 44.

Rettingar: 2.1 Somme er retta til Some; 9.3 rie er retta til ri. Orig. ms. NFS S. Bugge e, 143 er ei oppskrift etter same kvedar frå 1864. Den inneheld nokre brotstykke og desse variasjonane: 2.3 de saltan hav; 5.3 fairlous; 7.2 lutte seg unde; 7.3 ronur; 7.4 dei ørnefjoll. Reinskrift NFS S. Bugge V, 143 med overskrift Rodenigår (Åste Espeli, Eidsborg). Under står Jævnført med den trykte Tekst, dvs. GnF 1858 nr. 3. Str. 8.3 i margen ut for tyggje står Piggja?