[BIN: 0016]
Svevnrunene
Oppskrift 1864 av Sophus Bugge etter Gunnhild Kjetilsdotter Sundsli, Fyresdal, Telemark .
1. | Hærre Pær å Herr Jon de sat over bor - No lengjest meg- dei snakka so mangt eit skjemtas or. -Uppunder den lind der våker alt kjærasten mino - |
2. | Eg veit no ingjo i væræ ti uttast eg sill' lokk' æ mæ runir å spil. |
3. | Men eg hev meg ei festarmøy fyr du æ no lokkar fyrr lyte du døy. |
4. | Eg gjeve deg min gangari grå vi du vise meg vegjen ti jomfruas går. |
5. | Hav du sjav din gangari grå, men ri ti mi jomfru å sjå kot du får. |
6. | På villande heiæ der stende ei lind hun lyser væl femten milir umkring. |
7. | Uppunde den lind der stende ein stol, der site mi jomfru ho glimar som ei sol. |
8. | Hærre Pær kom seg riand i går uti sto jomfru ho slo sitt hår. |
9. | Du tar inkje slå håri fyr meg, eg agtar inkje å bele ti deg. |
10. | Vi du inkje bele so kann du lat vere eg agtar so lite kot slike mann gjere. |
11. | Eg set upp min gangari grå, at du ska kji sova meg møyæ isjå. |
12. | Lengje sto jomfru ho tenkte mæ seg, kann inkji mi runinne duge fyr deg. |
13. | So set eg imot mi kåpa blå at eg ska sove deg møy isjå. |
14. | Jomfru gjeng at høie loft den silkjesengjæ ho reier upp. |
15. | Ho breidde upp dei pellinne blå, dei ramme runir ho skriva på. |
16. | Herre Pær settest i sengjæ ne han tenkte so lite på svevnen sin. |
17. | Herre Pær runansvevnen fekk jomfru møy av armen gjekk. |
18. | Han sov i dagar han sov i tvo den tree dagjen likeso. |
19. | Jomfru gjeng at høgeloft Herre Pær ho vekkjer upp. |
20. | Statt no Hærre Pær no vekkjer eg deg, den morgo solæ ho skine so rø. |
21. | Den [morgo solæ ho skine so] rø søv du no leng'e so bli de din dø. |
22. | Eg gjeve deg min gangari grå, vi' du seia at du sov meg kje møy isjå. |
23. | Eg eige sjov din gangari grå, skamm få den seg sjav'e lyg'e på. |
24. | Um eg gjekk no i garen so grå som ein hari eg ska alli oftare belemål fare. |
25. | Um eg [gjekk no i garen so grå som] ein rein [eg ska alli oftare] bele ti møy. |
26. | Hærre Pær han utav gari gjekk der sto etti han bådi sadel å hest.
|