Om innholdet i Balladearkivet fra 1997

Kva kan balladedatabasen brukast til?

Balladedatabasen er framleis under arbeid. Han har mange manglar og feil som kjem til å bli retta.

Ei av føremonene med ein database framfor ei bok er at han stadig kan utvikle seg. Og vi har valt å gjere databasen tilgjengeleg alt nå fordi store brukargrupper kan ha glede av han slik han er nå. Han kan også brukast til forsking av mange slag.

Under desse punkta kan du få fyldigare opplysningar ved å klikke:

1. Ei ballade er ei vise samansett av tekst og melodi. Melodiane vantar i basen.
2. Tekstdatabasen er ikkje komplett.
3. Datastrukturen og søka blir stadig forbetra.
4. Typebegrepet.
5. Korrekturlesinga mot originaldokumenta er ennå mangelfull.
6. Gangen frå song til datafiler.

1. Melodiane vantar i basen.

Melodiane trengst for å komplettere bildet av balladen. Melodioppskriftene gir dessutan eit anna bilde av det norske balladeområdet enn det tekstoppskriftene gir.

Melodimaterialet til dei norske balladane finst stort sett som noteoppskrifter på papir og lydopptak. Melodioppskriftene etter L. M. Lindeman er digitalisert og blir publisert som bok og CD-rom i 2000. Arbeidet med å legge andre noteoppskrifter inn i ein database pågår på Norsk Visearkiv og i løpet av 2000 vil dei første melodiane bli knytt til tekstdatabasen.

Ved Norsk Visearkiv finst det eit godt arkiv over norske ballademelodioppskrifter. Interesserte kan førebels vende seg dit.

Den beste måten å dokumentere lydopptak på er ved å knyte lydfiler til databasen. Men også lydopptaka bør transkriberast og bli tilgjengelege som notefiler på linje med det eldre notematerialet. Dette ligg eit godt stykke inn i framtida.

2. Tekstdatabasen er ikkje komplett.

I balladedatabasen vantar ein del sentrale balladeoppskrifter t.d. delar av Landstads materiale. Grupper og typar det har vore arbeidd lite med, t.d. heile skjemtevisegruppa er dårleg gjennomgått.

Dei norske balladeoppskriftene har vore etterspurt av mange ulike grupper i over 150 år, men storparten av materialet har vore svært utilgjengeleg.

Da Balladeprosjektet starta som ein del av Dokumentasjonsprosjektet la vi oppskrifter som fanst i velkjende publikasjonar til sides og prioriterte oppskrifter som ikkje tidlegare var publisert. Det inneber at Landstad, Sophus Bugges trykte oppskrifter, legendevisene etc vart prioritert lågt. Mesteparten av dette er nå lagt inn, men nokre velkjente oppskrifter vantar ennå.

I samband med innskrivinga av melodiar foregår det også ei supplering av tekstdatabasen, men systematisk innskriving av manglande tekstoppskrifter har vi ikkje ressursar til nå.

3. Datastrukturen og søka blir stadig forbetra.

Etter kvart skal tekst og melodi bindast saman datateknisk.

Etter kvart skal det bli mogleg å søke på songar og geografi.

4. Typebegrepet

For å lette oversynet er balladematerialet delt inn i typar. Alle vitskapelege utgåver av balladar deler materialet inn på denne måten. Denne databasen følgjer det typesystemet som er etablert gjennom katalogen: The Types of the Scandinavian Medieval Ballads, Ed. by Bengt R. Jonsson, Svale Solheim and Eva Danielson. Oslo 1978. Dette systemet er også brukt i den svenske balladeutgåva.

Men typebegrepet er ikkje definert og det er heller ikkje sett opp prinsipp for kva som skal til for å skilje to typar frå kvarandre. Typebegrepet har også vore eit hinder for å sjå den nydiktinga som har skjedd innan balladegenren.

I databasen finst det ennå ein del tvilsame typologiseringar, og sidan det norske materialet er prega av mykje fragment, er det også mange oppskrifter som er vanskeleg å typologisere.

Vi arbeider stadig med omtypologisering.

5. Korrekturlesinga mot originaldokumenta er mangelfull

På same måten som ei balladeutgåve i bokform er det tenkt at denne databasen skal gje att originalkjeldene så eksakt som råd. Dette inneber at materialet må korrekturlesast i mange omgangar. Denne korrekturlesinga er ennå mangelfull og går sakte.

Professor Knut Liestøl fekk i si tid reinskrive ein stor del av dei norske balladeoppskriftene. Det var meininga at desse reinskriftene skulle bli grunnlaget for ei utgåve av norske balladar, men avskrivarane hadde beskjed om å gjere nokre ortografiske rettingar for å lette lesinga.

Av praktiske grunnar vart desse avskriftene i mange tilfelle brukt som grunnlag for innlesing i databasen. Dette materialet skal rettast tilbake til den forma det har i originaloppskriften, men dette er ikkje alltid gjennomført.

Knut Liestøls avskrifter vart også lagt til grunn for Ådel Bloms utgåve av legendeballadane utan at det vart lese korrektur mot original.

6. Gangen frå song til datafiler

Bak datafilene i Balladedatabasen ligg songsituasjonar. Dokumenta prøver å gje att ei vise som ein gong vart sunge. Men ein og same songsituasjon kan ha vorte opphav til mange ulike dokument.

Når til dømes L. M. Lindeman skreiv opp ei ballade etter ein songar, skreiv han opp både melodi og minst ei strofe av teksten. Dersom det var ei interessant vise var det heller ikkje uvanleg at han skreiv opp fullstendig tekst. Men i arkiva vart tekst og melodi oftast skilt.

Den kladden han skreiv mens visa vart sunge, er oftast fragmentarisk og full av forkortingar. I notekladdane er det sjeldan notert takt.

Seinare (det kan vere etter nokre timar, dagar eller år) reinskriv kanskje Lindeman oppskrifta. Denne reinskrifta er ei ny tolking av det han hørte, og reinskrifta er meir fullstendig og meiningsfull enn kladden. Likevel kan vi ofte finne fleire ulike reinskrifter frå same kladd. Dette er vanlegare i melodimaterialet enn i tekstmaterialet.

Svært mange av samlarane kasta kladdane sine når dei hadde gjort ei reinskrift, men t.d. Sophus Bugge og Chatarinus Elling tok vare på dei.

I arbeidet med den vitskapelege utgåva av norske balladar lanserte professor Svale Solheim prinsippet at det dokumentet som låg nærast songsituasjonen, skulle reknast som primærdokumentet. Det vil seie at kladden vart prioritert framfor reinskrifta. Tidlegare hadde det vore sjølvsagt at det var reinskriftene som skulle trykkast.

I arbeidet med balladedatabasen godtok vi i første omgang Svale Solheims prinsipp. Men dette skaper store problem for den største brukargruppa av databasen, dei som er interessert i ei songbar (eller lesbar) tekst. Dei må i tilfelle rekonstruere reinskrifta utifrå den fragmentariske kladden pluss noteapparatet i kommentarane. Dette prinsippet er også prega av at det er tenkt ei bokutgåve, der plassen er avgrensa. I ein database er ikkje plassen noko problem, og vi kan godt dokumentere både kladd og reinskrift.

Balladeoppskrifter

Originalane, tekstmaterialet og melodimaterialet.
Fagleg ansvarleg: Professor Birgit Hertzberg Johnsen, Institutt for kulturstudier, UiO og Velle Espeland, Norsk visearkiv
IT-dokumentasjonsansvar: Christian-Emil Ore, c.e.ore@dokpro.uio.no.


Tilbake til første side


Oppdatert 9/3-2000 av Christian-Emil Ore