npn-topp

Nynorskmaterialet til Dokumentasjonsprosjektet

På denne sida vil det komme ein grundig presentasjon av nynorskmaterialet til Dokumentasjonsprosjektet. Det vil også bli arbeidd med brukartilrettelegging av materialet. I tillegg til nynorskmaterialet har Dokumentasjonsprosjektet også store mengder anna materiale som er av interesse for nynorskbrukarar, m.a. Diplomatarium Norvegicum, O. Rygh: Norske Gaardnavne, balladearkivet og materiale frå Delprosjekt bokmål (eit utval skjønnlitterære tekstar og nyordsdatabasen). Mykje av nynorskmaterialet er allereie no tilgjengeleg på nettet, meir kjem etterkvart. Førebels finst det her ein kort presentasjon av dei ulike delane av materialet, og lenkjer til dei delane av materialet som er tilgjengelege.

Setelarkivet til Norsk Ordbok

Setelarkivet består av om lag 3 millionar setlar, der oppslaga er ordna alfabetisk etter 1938-normalen. På setlane finn vi dels ekserpt frå nynorsk skjønnlitteratur, tidsskrift og aviser, dels målføreopplysningar. Setlane er avfotograferte, og oppslagsord, grammatisk merking og heimfesting/kjelde er søkbare. Setelmaterialet ligg no i ein førebels database, medan vi arbeider med utviklinga av den endelege seteldatabasen, men det er mogleg å gjere enkle søk. Meir om setelarkivet

Setelarkivet til Norsk Ordbok - tilvekst etter 1990

Etter at Dokumentasjonsprosjektet byrja, har nytt tilfang til setelarkivet blitt dataført ved fagavdelinga. Desse setlane vil bli støypt inn i den endelege seteldatabasen, men finst no i ein eigen tilvekstdatabase.

Setelarkivet til Trønderordboka

Ordbok over trøndermåla er eit prosjekt som starta i 1981 ved Nordisk institutt, NTNU. Til saman er det samla inn ca. 187 000 setlar som viser trøndske dialektvariantar, henta frå litteratur og talemål. Setlane er av samme type som setlane i Norsk Ordbok sitt setelarkiv, og materialet vil bli støypt inn i den nye seteldatabasen.

Grunnmanuskriptet

Grunnmanuskriptet er eit ordboksmanuskript frå 30-åra, som var meint utgitt som den første store nynorske ordboka med både oppslag og forklaring på nynorsk. Oppslaga er henta frå ordbøkene til Aasen, Ross, Schøtt, Vidsten, Torp oa., men definisjonane er omsett til nynorsk. Av ulike årsaker vart manuskriptet aldri utgitt som ordbok, men Dokumentasjonsprosjektet har dataført heile manuskriptet (ca 13.500 maskinskrivne A4-sider, omkring 113.000 oppslagsord) og kategorisert og merkt opp dei ulike opplysningane.

Skanna tekstar

Dokumentasjonsprosjektet har også skanna eit utval nynorske tekstar, i hovudsak dei som ein finn ekserpt frå på setlane i arkivet. Materialet består i hovudsak av litterære verk av ulike nynorske forfattarar, m.a. Aasen, Vinje og Garborg. I tillegg kjem m.a. 1921-utgåva av Bibelen, eit utval bøker frå NFL-serien (Norsk folkeminnelag) og 10 årgangar av Syn og Segn. Alt i alt er dette tekstkorpuset på omkring 30 000 sider. Ikkje alle tekstane er tilgjengelege enno, og for delar av materialet finst det opphavsrettar. Liste over skanna materiale

Eldre ordsamlinger

Delprosjekt nynorsk har også skanna eit utval eldre ordsamlingar, for det meste frå 1600- og 1700-talet. Liste over ordsamlingar Førebels er 5 av desse tilgjengelege på nettet: Norderhov (1698), Robyggjelaget (slutten av 1600-talet), "Den Norske Dictionarium" (trykt i København 1646), Stavanger (1698) og Bø i Vesterålen (1698). Dei øvrige vil bli gjort tilgjengelege for fritekstsøk seinare.

Nynorskordboka

Dokumentasjonsprosjektet og Seksjon for leksikografi og målføregransking, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap, UiO har samarbeidd om å kunne tilby ein enkel versjon av den nyaste utgåva av Nynorskordboka på nettet.

Multitaggar for nynorsk

Dokumentasjonsprosjektet har samarbeidd med Tekstlaboratoriet på UiO å utvikle ein multitaggar for nynorsk. Multitaggaren analyserer ordformer i tekstar på grunnlag av ordlister og lister over bøyingsmønster frå IBM og frå Nynorskordboka.

{short description of image}
Sist oppdatert 7.04.1999 av Anne Engø