npn-topp

Søk i Grunnmanuskriptet

Grunnmanuskriptet er eit ordboksmanuskript frå 30-åra, som var meint utgitt som den første store nynorske ordboka der både oppslag og forklaring vart gitt på nynorsk (etter 1917-normalen). Oppslaga er henta frå ordbøkene til Aasen, Ross, Schøtt, Vidsten, Torp oa., men det er laga nynorske definisjonar. Av ulike årsaker vart manuskriptet aldri utgitt som ordbok, men Dokumentasjonsprosjektet har dataført heile manuskriptet (ca. 13.500 maskinskrivne A4-sider, omkring 113.000 oppslagsord) og kategorisert og merkt opp dei ulike opplysningane slik at det skal vere lett å finne fram. Prinsippa for kategoriseringa kan du lese meir om her

Avansert søkeskjema

Ein kan her søkje etter oppslaga slik ein finn dei i ordbøkene. I det avanserte søkeskjemaet kan ein fylle inn eitt eller fleire felt og kombinere og sortere opplysningane ut frå dette.

Fritekstsøk

Her kan ein også søkje etter enkeltord, men ein søkjer då i heile manuskriptet, ikkje berre i bestemte felt. Ved fritekstsøk vil ein på denne måten ikkje berre finne ord som er brukt som oppslag, men også gjerne ord som er henta frå definisjonane eller bruksmåtane i ordboksartikkelen. I staden for enkeltord kan ein også søkje etter strengar med ord eller heile setningar.

NB!

Dette er ei førebels utgåve. Det er framleis feil og manglar i søkjesystemet. Kommentarar kan sendast til Christian-Emil Ore (c.e.ore@dokpro.uio.no)

npn-botn
Sist oppdatert 11.12.1998 av Anne Engø