1840-åra byrja ein ei meir eller mindre systematisk innsamling av folkevisemateriale, spesielt i Telemark og Vest-Agder. Innsamlarar
reiste rundt og fekk folk i bygdene der til å syngje eller diktere folkeviser for seg. Både tekst og melodi vart så skrivne ned på papir.
Folkevisa om Åsmund Frægdegjevar etter ein songar i Vrådal, nedskriven av Sophus Bugge i 1857, gjev eit godt bilete av korleis desse
originaloppskriftene kan sjå ut:
|
elodiane vart transkriberte til notar, enten til notar slik vi kjenner dei i dag eller til siffernotar. Seinare, når teknologien gjorde det
mogeleg, vart det også gjort lydopptak. Fonografen, forløparen for grammofonen, vart første gong teken i bruk i Noreg ca. 1910 av
folkeminneforskaren Rikard Berge. Saman med komponisten Eivind Groven spelte han inn folkeviser frå Telemark på voksrull (fonografvalsar).
Seinare vart fonografen avløyst av lydbandopptakaren.
|