Tilbake til "Om Balladeprosjektet"

Konvertering til data: Tekstmaterialet
ør materialet kunne dataførast, vart originaloppskriftene kopierte og deretter sende til registrering. Registreringa vart gjort av ei registreringsgruppe med personar på ulike former for sysselsetjingstiltak. Dette er ufaglært arbeidskraft som treng nøye opplæring og oppfylgjing. Tekstmaterialet vart skrive av i rein tekstbehandling, medan visse opplysningar i teksten som td tittel og refreng vart merkte ut med kodar (tagga) for å gjere teksten meir nyttig i eit databasesystem. Ein fagperson som er tilsett ved delprosjektet,stod for kvalitetssikringa. Ansvaret for at materialet skal halde eit vitskapeleg nivå låg sølsagt hos dei vitskapleg tilsette.


Folkevisa om Åsmund Frægdegjevar ser slik ut etter innskriving og koding (tagging) i registreringsgruppa:

<OPPSKRIFT><KOLOFON><TYPENR>TSBE145.057</TYPENR>SE KMF AKK </KOLOFON> LMO ÅS
<INNLEIING>Oppskrift <DATO>1857</DATO> av <SAMLAR>Sophus Bugge</SAMLAR> etter <KJELDE>Aslaug Askedalen</KJELDE>, <STAD>Vrådal, Telemark</STAD>. </INNLEIING>

<TEKST>1. Høyrer du, <NAMN>Åsmund fre(-æ)gdegjeven</NAMN>
du æ' den fre(-æ)gdast i låndo
du sko' reise at den myrke hei
å hente mi syster av båndo.
<REFRENG>-Æ' Her er ingjen dagjen. -</REFRENG>
:
:
</TEKST>

<NOTE>Orig. ms.<SIGNATUR>NFS Sophus Bugge 5, 107-110.</SIGNATUR> Overskrift <OTITTEL>Aasmund Frægdegjeven</OTITTEL>
Orig. oppskrift NFS Sophus Bugge g, 302-305.</NOTE> </OPPSKRIFT>

Taggane er nyttige i programmeringsarbeidet, men for den jamne brukar vil teksten sjå ut som ein vanleg tekst, slik ein finn balladetekstane i denne utstillinga:

1. Høyrer du, Åsmund fre(-æ)gdegjeven;
du æ' den fre(-æ)gdast i låndo
du sko' reise at den myrke hei
å hente mi syster av båndo.
Her er ingjen dagjen.
Her er ingjen dagjen.
Originalmaterialet       Konvertering til data:
Melodimaterialet