npn-topp

Helge Sandøy:

Ei digital framtid for nynorsken – kva bør gjerast og korleis?

 

1. Nye område for målgeriljaen

Eg kjem ikkje til å svare på det spørsmålet eg har fått tildelt, med noka drøfting av tekniske løysingar. Det har eg lite greie på. Eg kjem mest til å drøfte spørsmålet som språkpolitikar. Bakgrunnen min er at eg kjem frå eit geografisk område der ein må slåst for å vise og overbevise om at nynorsken er det rette uttrykket for vår kultur. Det har nok prega livet mitt, også engasjementet mitt i Språkrådet, som arrangørane viste til da dei inviterte meg til dette seminaret.

Første assosiasjonane mine til spørsmålet om kva som bør gjerast, går til dei daglege frustrasjonane: at nynorsken ikkje blir brukt nok på nettet. Datateknikken har berre gitt målgeriljaen enda eit område å kjempe på, enda ein ny jungel der vi må dukke opp på dei mest uventa plassar for å krevje at nynorsken skal brukast, og for å påverke vedtak om målforma. Frå før har vi slite med førarkort, vigselsattestar, skjema osv. No kjem enda meir. – Vi har ikkje val, vi må berre stå på.

Vi møter nok dei gamle argumenta på nytt. Eg har vore heilt oppgitt over heimesidene åt NRK; der finst det nesten ingenting på nynorsk. Endatil omtalar av nynorskprogram går på bokmål! Det er eit direkte brott på mållova. No har den som frå nyttår blei høgste ansvarleg, lovd å gjere noko med det, og da har eg eit lite håp – for han forstod det politiske poenget. Men i systemet elles møter ein den vanlege bøygen vi finn her i Oslo: Nynorskkulturen er så fjern at medarbeidarane ser på han som ei ekstratenest, som dei kan ta seg tid til når alt anna er ferdig. I utviklingsfasen skal det vere sjølvsagt at alt skjer på bokmål, for det er flest brukarar av det språket. Men på Internettet eksisterer ikkje anna enn ein utviklingsfase. Ingenting blir heilt ferdig.

Kapasitetsproblem blir det skulda på når ein klagar på for lite nynorsk. Eg har prøvd å overtyde om at NRK no har ein svært lettvinn måte å skape seg eit nynorskansikt på: Institusjonen kan for eksempel la heimesidene ha nynorskoverskrifter, dvs. la dei vere redigerte med nynorske rammetekstar. Dette er stoff som ein ikkje forandrar kvar dag. Er det først skrive, og skrive korrekt, kan det stå både eitt og to år. Sjølv om enkelttekstane som ein klikkar seg inn på, er på bokmål, vil dette ansiktet sende ut ei politisk viktig melding: at nynorsken er velkommen. Det vil i neste omgang m.a. seie at språkbrukarar som bruker begge målformene, oftare får lyst å bruke nynorsk. Redaksjonsspråket er eit signal om at ein ikkje treng gøyme bort nynorsken sin.

Eg er redd for at dette motargumentet mitt til ’kapasitetsproblemet’ i neste runde provoserer fram dei meir reelle politiske og negative holdningane, og at det ikkje er lett å få gjennomslag.

Men vi kan også spørje om kor mye av Odin som er redigert på nynorsk. Odin (=Offentleg dokumentasjon og informasjon i Noreg) – som er heimesida åt statsadministrasjonen – er òg underlagd mållova. Eg har lansert tanken for redaksjonen; i utgangspunktet var tanken sjølvsagt heilt fremmend der òg. Slik kan vi også gå på andre instansar som er underlagde mållova, og vi kan leggje press på f.eks. våre eigne arbeidsgivarar: universiteta. Her har dei nemleg ikkje nokon praktiske argument å stille opp med. Det er berre tale om vilje.

Dette punktet kunne vi sikkert ha halde fram med lenge; eg berre oppmodar alle om å mase og å mase. Slikt har nytta før.

2. Politiske mål

Nynorsken har også mål utover seg sjølv. Han har eit politisk mål om å tilføre kulturen ein demokratisk verdi. Nynorsken skal opne for dei mange og gi den folkelege kulturen sjølvtillit. Det er den offensive nynorskideologien.

Her står vi i dag utsett til. Vi som har opplevd litt av historia, merkar at pendelen har svinga. Det er gått vel ein generasjon sia vi fekk dialektbølgja og distriktspolitikken. No er vi mentalt tilbake på 50-talet att – slik kjennest det når vi les statistikkane som viser sentraliseringa, og når vi hører om at no vil ingen ungdomar bli verande i Førde lenger. Alt der er for simpelt og tafatt. Berre Oslo, og kanskje Bergen, er noko tess. No er sentrumskulturen den som er mest ettertrakta, og vi ser også korleis ideala om ein standard er blitt sterkare. Vi kjenner gufsen også innafor nynorsken, for igjen stengjer nynorskkulturen seg inn i seg sjølv. Han blir seg sjølv nok – som standard. Kulturøkologar bør vakne, for den moderne standardiseringstrugselen er stor.

Meir og meir får nynorsken legitimeringsgrunnlaget sitt på Vestlandet. Der går nynorsken fram, elles i landet tilbake. Igjen dukkar det opp folk som vil byggje nynorskstrategien på reservattenkinga, slik som på 1960-talet. I Språkrådet er det komme framlegg om å skale av det vi kunne kalle ikkje-vestlandske klammeformer. Resultatet blir ein meir straumlinjeforma nynorsk, som sjølvsagt kan fungere som einaste riksmål for vestlendingane – som alt har akseptert han. Men dermed blir han òg klårare oppfatta som avstandsmerke for dei som ikkje kjenner seg som vestlendingar.

Den styrken vi har oppnådd for nynorsk som vestlandsmål, held no på og blir den største veikskapen åt nynorsken. Vi får ei innsnevra allmennoppfatning av kva som eigentleg er nynorsk. Når NRK skal lage hørespel for barnetimen på nynorsk – som målrørsla har masa lenge om – må redaksjonen det sende teknikarar og regissørar til Vestlandet for å finne unge skodespelarar som gjer nynorsken "truverdig og naturleg", som det blei formulert nyleg. Somme målfolk klagar òg stundom på "unaturleg nynorsk" i NRK – og no får dei det som dei vil. Dei stakkars nynorskbrukarane frå Trøndelag må i dag oppleve hets på heimebane for at nynorsken deira ikkje er "naturleg". Vi er altså komne inn i ein sirkel der framgangen på Vestlandet og tilbakegangen elles i landet er uttrykk for akkurat same sentripetalkrafta, for same mentaliteten. Og målrørsla greier visst ikkje anna enn å følgje kreftene i denne mentalitetssirkelen. No har det gått ein del år sia Kringkastingsringen gav målprisen til ein kringkastingsmedarbeidar med tjukk l. Sirkelen er blitt ein strategisk malstraum.

 figur 1

Pilene i denne malstraumen peikar innover. Den offensive målsaka må få pilene til å gå utover slik som i neste figur!

3. Nye sjansar

Dataverda har gitt målsaka nye arbeidsfelt, men òg nye sjansar. Dei blir tydeleg utnytta, men korleis?

a. Presenter nynorsken

Ein stadig viktigare funksjon Internettet får for allmenta, er å vere oppslagsverk for folk som treng hjelp og opplysningar. Samtidig nyttar all verdas heimesider høvet til å leggje ut materiale og reklame for eit eller anna. Og sjølvsagt har vi oppdaga at nynorsken må presenterast på nettet. Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo har gjort ein imponerande innsats på dette området.

Men kva slags nynorsk blir presentert? Ei mengd litteratur er lagd ut f.eks. på sidene åt dokumentasjonsprosjektet for å vise kulturverdien som målforma vår står for. Men kva forfattarar? Jau: vestlendingane Aasen og Garborg. Korfor ikkje leggje ut Lars Berg frå Senja og Olav Duun frå Namdalen? Duun brukte mange klammeformer og ein nynorsk som ikkje alle målfolk liker. Men eg håper dét ikkje er årsak til å halde han eller andre utafor.

Eg reknar forresten med at det har noko med opphavsrettar å gjere. Men eg nemner likevel dette for å vise kva utfordring vi står overfor, og kva grøft vi ikkje må gå i. Oppgåva vår bør faktisk vere å styrkje sentrifugalkreftene i nynorskkulturen. Sentripetalkreftene treng inga hjelp i dag. Gjennom Internettet har vi ein eineståande sjanse til å utnytte den potensielle interessa f.eks. trønderar har for sin eigen kultur. Den kan vi vekkje nettopp med å presentere nynorsken med trøndersk identitet. Dersom trønderske nettsurfarar finn noko som gir lokal appell, legg dei heimesideadressa inn som fast bokmerke i programmet sitt. Vi har dermed ein innfallsport til dei med å vise at det trønderske er det same som nynorsk. Eller det nordnorske, osv. Vi må utnytte alle regionale appellar. Vi må gi nynorsken mange lokale identitetar.

 figur 2

Ein bokhandlar på Molde sa for eit par år sia at same kva han legg ut på hyllene for lokallitteratur, kjøper folk det. Denne marknaden må vi inn på, for vi skal jo inn til sjela hos folk. Målsaka dreiar seg om å kjøpe sjeler, og da har ikkje alt klassisk automatisk nokon appell. Klassisismen får lett funksjon som fjernkultur eller høgtidskultur – og den funksjonen treng vi òg saman med andre. Kan vi få lagt dialektlitteratur ut på nettet, bør vi gjere det slik at dialekt og nynorsk går side om side. Dette vil vere ein offensiv målpolitikk for å ta att noko i område der vi har tapt. Kanskje burde heimesida Nynorsk på nettet ha oppretta regionale teigar: Sørlandsteigen, Dølen, Hedmarkingen, Trønderen osv., likeins som NRK har sine svært populære regionale nyheitssendingar. Der også blir den regionale identiteten medvete utvikla og dyrka.

Dersom vi synest poenget med dialektappell er viktig, kan vi gjere meir ut av det. Saman med ein programmerar har eg dei siste åra utvikla øvingsoppgåver på datamaskiner i samband med eit fjernundervisningsopplegg i nordisk grunnfag. Ein komponent av talemålsdisiplinen er dialektgeografi, og vi har sjølvsagt laga ein del heimfestingsoppgåver. Når studentane klikkar seg inn på skjermen, får dei ein tekst, somtid skriven i lydskrift og somtid avspela med lyd. Studentane klikkar seg gjennom eit sett med dialektkriterium og får sjå ved hjelp av avansert kartgrafikk korleis eliminasjonsmetoden kan brukast til å plassere ein dialekt nokså nøyaktig geografisk. Programmeraren har gjort ein flott jobb, og neste ønsket vårt no er å leggje denne komponenten ut på nettet, for vi trur han kan vere appetittvekkjande. Og dét er det viktige her. På universitetsnivå har dette fagleg sett avgrensa verdi, men som innfallsport må vi utnytte sportsgleda og konkurransegleda folk har. Det er mange farar i eit slikt opplegg; éin har vi prøvd å unngå med å bruke mest ungdomar i dialektprøvene, og vi har svært mange bymålsprøver. Det er dialektane i dag vi bør illustrerer.

Eg har lagt stor vekt på den regionale identiteten her. Motargumentet om at nynorsken må unngå å bli berre dialektal, forstår eg godt, for vi skal også orientere oss i den store verda på nynorsk. Vi vil ha EØS-dokumenta på nynorsk. Men no er likevel tidspunktet der for å minne om at vi ikkje må gløyme eine fotfestet. Det er mogleg å vere i både bygda og verda samtidig.

b. Gi nynorsken lyd!

Talen er på full veg inn i den digitale verda. Vi kjenner best til storinvesteringane i å lage automatisk talegjenkjenning og tekst-til-tale-system. Somme har hevda at datateknologien skaper ein ny arena for den standardnorsken som somme gjerne vil ha, for vi språkbrukarane må snakke standard når vi skal omgåast desse maskinene. Igjen er dette politikk der alle ser sine sjansar til å arbeide for si sak. Fonetikaren Arne Kjell Foldvik i Trondheim, som arbeider med slike system, fortalde på eit seminar i haust at det ikkje er dialektvariasjonen som skaper problem for maskinene. Den type talevariasjon har maskinene kapasitet til å lære. Problemet er meir stemmekvaliteten åt språkbrukarane, og den er uavhengig av målform. Det er nok fleire både nynorskprisvinnarar og riksmålsprisvinnarar som maskinene – likeins som svakhørte – får problem med å forstå fordi dei snakkar for nasalt. Dét tenkjer ikkje dei på som har normal hørsel, for nasal stemme er ikkje eit kulturpolitisk varmt tema. Nasalt språk er ikkje simpel dialekt.

Storinvestorane i denne bransjen arbeider i dag faktisk med å kartleggje dialektvariasjonen for å gjere maskinene i stand til å forstå allslags norsk tale. Det kan bety at når det gjeld talegjenkjennings-teknikken, vil kapitalinteressene ta vare på kundeinteressene. Men i tekst-til-tale-system, bør vi vere meir på vakt.

Når det gjeld dei meir primitive systema i dag, treng vi eit målgeriljaopplegg igjen. Eg tok nyleg kontakt med informasjonsavdelinga i Sparebank1 Vest for å spørje om korfor dei lèt kontofonen sin snakke berre bokmål, sjølv til bankkundar i hordalandske bygder. Informasjonskonsulenten blei overraska og fortalde at det spørsmålet hadde pussig nok aldri komme opp, enda banken la stor vekt på å bruke nynorsk som skriftmål i filialane utafor Bergen by. Det kan da ikkje vere noko problem å leggje inn ei nynorskstemme, anten på eit anna kontofon-nummer eller slik at stemmevalet blir styrt av oppringjarnummeret. Vi vil nemleg ha desse tenestene også på nynorsk. Parallellutgåver her er sikkert enklare å handtere enn innafor det statlege skjemaveldet.

Og så på Internett: Eg tek opp att tråden med Olav Duun: Kan vi få lydbøker inn på heimesidene slik at folk kan få lytte og høre korleis Juvikfolket lyder når bøkene er lesne av ein trønder? Da får vi endeleg trøndertone på nynorsken, og dei som hetsar nynorskbrukande trønderar i NRK, kan få brote ned fordomane sine.

Tradisjonelle ordbøker lagde ut på ein skjerm har kanskje berre avgrensa verdi. Vi må bu oss på at dei også skal innehalde lyd. Da står vi der igjen: Vi må alt no få vedteke at Nynorskordboka ikkje skal lesast inn av ein vestlending eller ein vest-telemarking.

Det er kanskje viktig å komme fort ut på marknaden, for slike lyddatabasar kan bli viktigare enn vi trur som appellinstans for dei som skal kakke einkvan i hovudet med kva som er rett språk og rett uttale. Som målfolk og kulturøkologar er vi politisk forplikta til å sikre god variasjonsbreidd, og dei nødvendige normproblema og vanskelege stridsemna må vi gå laus på straks i staden for å sope dei under teppet.

For Norsk ordbok bør det forresten vere viktig å få lagt inn lyd på belegga sine. Mange kunne ha glede av å få spela av ein del dialekteksempel i autentisk tale. Dessutan er det av og til slik at eg lurer på om skriftgjengivinga i ordboka gir rett transkripsjon av dialektunderlaget. Det vil seie at kjeldeverdien åt Norsk ordbok ville auke monaleg med ei slik lydredigering. Men også arbeidsmengda, sjølvsagt.

c. Hjelpemiddel

Det er viktig for oss å få lagt ut gode hjelpemiddel. Det er no nærast ein kamp om å få bydd fram flest mogleg gratistenester. Og einkvan må koste det. Men likevel, saka vil tene på det, slik at ein må prøve å skaffe midlar til utviklingsprosjekt på annan måte enn gjennom sal.

Ein dag kom eine dotter mi heim med eit sidemålsopplegg frå ungdomsskolen. Læraren hadde teke ut frå heimesida åt Språkrådet den teksten som heiter Nynorsk på 5 minutt. Den hadde han så kopiert og delt ut til nybegynnarane i sidemålet. Her ser ein kor glupske somme er på tenester dei får gratis, og det er flott at språkrådssidene blir brukte. Men dette er ikkje noko kurs for nybegynnarar, det er eit utplukk at det vanskelegaste i nynorsken. Altså totalt mislykka pedagogikk for ungdomsskolen.

Kunne vi fått utvikla eit interaktivt nynorskkurs? Eg er sikker på at mange ungdommar ville slengje seg på nettet kvelden før kvar sidemålsprøve. Her bør ein f.eks. leggje inn ein teljar som reknar poeng for rette svar slik at det går sport i å teste seg sjølv. At dét fungerer godt, har eg sett på døtrene mine som har fått øve seg på morfologi-oppgåvene vi har laga for nordisk grunnfag. Oppgåvene er i seg sjølve pedagogisk svært primitive, men slike små-påfunn vekkjer tydeleg appetitten.

Kan vi få finansiert noko som kan ta luven frå alle dei keisame sidemålslærarane, eller som kan ta opp konkurransen med dei? Vi kunne da fått presentert ei nynorskopplæring på våre premissar. Kunne ein hyre Roger Lockertsen og Benthe Kolberg Jansson + ein programmerar til å vise korleis nynorsken kan byggje på talemålet? Her kan ein tenkje seg fleire innfallsportar der elevane kunne klikke seg inn på eigne val og utvikle sin nynorsk. Eller på eit val for "kjernenynorsk" (= læreboknormalnynorsk), for dei som er mest interesserte i den. Vi kunne ha fått formidla ei kompetent undervisning, og ei undervisning utan nynorskfordomar. Tale og filmbitar kan òg leggjast inn på Internettet i dag. Som det alltid heiter i dataverda: Berre fantasien set grenser. Kan departementet eller Opedalsfondet hjelpe oss med midlar til dette?

Eg har ikkje fått testa dei nynorske staveprogramma til dei nyaste tekstbehandlingsprogramma. Men det har lenge vore ei sørgjeleg historie for Word i alle fall. Kunne ein her også få lagt ut ei gratistenest på solid fagleg nivå, ville ho sikkert bli brukt. Eg kan nemne at f.eks. den nye førøyske ordboka har lagt ut eit staveprogram på nettsida si slik at brukaren klipper teksten sin inn på nettsida og sender han over nettet til Tórshavn. Etter eit par sekund kjem teksten tilbake med avmerkingar der det er feil. Hadde vi noko slikt for nynorsk, ville kanskje mange av dei studentane som skriv heimeoppgåvene sine på nynorsk, sendt dei av garde til gratistest kvelden før dei skulle levere. Eg veit somme kollegaer er skeptiske til slike språkkonsulentar, men eg trur faktisk studentane lærer språk ved at feila blir fokuserte. Da må dei tenkje ein gong til og prøve å finne ut noko. Og det lærer ein av.

Elles treng vi staveprogram som kan sjekke den indre konsekvensen i språkforma, der brukarane sjølve kan få krysse av i ein tabell kva bøyingsformer dei vil bruke. Det er for tida under utvikling eit slikt program for bokmål, og vi treng eitt for nynorsk. Omsetjingsprogrammet Nyno har alt utvikla den teknikken, så det finst mønster å gå etter. Vi ser igjen at maskinene nettopp kan hjelpe oss i å handtere valfridomen i rettskrivinga. Teknologien treng ikkje føre til einsretting, han kan faktisk hjelpe oss til å dyrke variasjonen.

d. Normeringsdatabase

Norsk språkråd har i normeringsarbeidet sitt bruk for empiri. Det er nemleg ofte nyttig å vete kva former som er i bruk i det praktiserte skriftmålet. Altfor mye av argumentasjonen har hittil bygd på synsing; fagnemndmedlemmene har bygd på eige skjønn. Det har for bokmålet sin del ført altfor mye til at omgrepet ’vanleg i skrift’ betyr det same som at det er i bruk i Aftenposten, for både sekretariatet og bokmålsfagnemndmedlemmene les den avisa. Dei les ikkje Nordlys. På nynorsksida risikerer vi lett tilsvarande veikskap.

Heldigvis har vi ei god frekvensordbok for nynorsk, og vi har prøvd å bruke henne litt i fagnemnda. Når vi gjer det, oppdagar vi ofte kor gale det subjektive skjønnet kan vere, så boka er eit godt korrektiv. Men ho byggjer berre på eit utval av nynorsktekstar, og det kan diskuterast kor representativ boka er. I dag har vi i tillegg høve til å søkje i Bergens Tidende og ymse andre aviser for å sjå om vi møter dei aktuelle ordformene der. Her burde det utviklast søkjeverkty som kan hjelpe oss i normeringsarbeidet. Det blir eit teknisk spørsmål; det politiske er at vi må sikre at tekstbasane er representative også for den folkelege nynorskbruken.

Altså: La oss få inn i basen den nynorsken vi finn i Romsdals Budstikke, i Sunnhordland, i Vest-Telemark Blad, i Trønderavisa osv. Og den vi finn i bøker utgitt på lokale forlag, ikkje berre i bøker som er språksensurerte i Det Norske Samlaget. La oss få inn lokalhistorisk litteratur og kyrkjeblad. Der er det mye levande nynorsk. Og med ’levande’ siktar eg til språket nær grasrota – for å ta opp eit politisk ord får "gamle dagar". Da blir ein slik base verkeleg til nytte når normerarane interesserer seg for empiri. Da kan dei frigjere seg frå sin eigen normeringssirkel.

Eg veit dette støyter på praktiske problem, og ikkje datatekniske. Men det er viktig å få løyst desse praktiske problema. Eit prosjekt for ein slik base hastar det med å få oppretta.

e. Forskingsformål

All den skrivne nynorsken vi får inn, kan gi oss betre forskingsvilkår. Skriftmålsstudiar kan gjennomførast mye meir rasjonelt. Men også talemålsstudiar kan effektiviserast. I samband med det store prosjektet Talemål i endring i Noreg har vi på Nordisk institutt i Bergen – dvs. Gjert Kristoffersen (leiar), Gunnstein Akselberg og eg – planlagt eit delprosjekt for eit digitalisert talemålskorpus, der vi vil prøve å leggje inn mest mogleg av talemålsmaterialet på ein database og samkjøre den med ein transkripsjon i normalmålsortografi.

Denne basen skal ein kunne søkje i, og ein kan spele av lyden på det kuttet ein er interessert i. Transkripsjonen må taggast grammatisk, og vi har hatt ute følarar hos taggeprosjektet her i Oslo for å sjå korleis vi kan utnytte det. Der kan vi få hjelp til morfologisk tagging (= merking av ord- og bøyingsklasse). Kan vi med tida få til syntaktisk tagging, aukar verdien, for da kan forskarar på lettvinn måte få belegg på både fonologiske, morfologiske og syntaktiske strukturar. Det blir ei ny verd for dei som er interesserte i talemål, og det kan bli eit viktig instrument i normeringsarbeidet. Også for dei kommersielle taleteknologi-selskapa kjem dette til å bli interessant.

Men hovudtanken bak prosjektet er for oss å effektivisere og rasjonalisere forskinga. Arbeid med talemål er svært tidkrevjande, det veit alle som har transkribert og merkt eit materiale. Med dette opplegget kan ein tenkje seg at når teksten først er transkribert og gjennomgått av ein grov automatisk taggar, kan den forskaren som er interessert i eit språkfenomen, lett søkje seg fram til det interessante materialet og merkje dei relevante eksempla med sine spesifikke taggar. Denne merkinga blir ført tilbake til basen slik at neste forskar kan utnytte den investeringa som da er gjord. På denne måten kan ein akkumulere analyseinformasjon, og forskinga kan effektiviserast.

Den som f.eks. sit i Tromsø og undrast på kor utbreidd og vanleg det er med konstruksjonar av typen Ka klokka e? kan søkje i ein base for heile landet utan sjølv å streve med å finne informantar. Ho eller han kjem nok til å bli vonbroten over at denne konstruksjonen ikkje berre er nordnorsk; men interessant og meir givande blir det å sjå at restriksjonane på bruken viser geografisk variasjon. Nye problemstillingar og nye måtar å søkje på blir dermed aktuelle, og materiale ligg framleis tilgjengeleg. Ein slepp å mase på dei 120 informantane i ein ny spørjeskjemarunde fordi ein gløymde noko i første. Og enda viktigare: No får ein levande tale, som kan innehalde konstruksjonar ein ikkje hadde drøymt om i utgangspunktet attmed skrivebordet.

Som talemålsforskarar kan vi står overfor ei ny norsk framtid. Om det blir ei nynorsk framtid, er avhengig av den språkpolitiske viljen til å bruke dette folkemålsmaterialet og korleis.

Nynorsken har altså fått mange nye sjansar i den digitale verda. Dei må vi gripe.

npn-botn