npn-topp

Oddrun Grønvik:

Eitt trehundreårsminne:

Den første freistnaden med systematisk ordsamling i Noreg

Dei norske bidraga til Moths samlingar i 1698

1600-talet stod på mange vis i naturvitskapens teikn. På område etter område vart det vunne ny innsikt i ting og prosessar på grunnlag av materialinnsamling, systematisk observasjon og dokumentasjon. Mykje av det nye vart til praktisk nytte på kort tid. Det voks fram ei overtyding om at verdslege og menneskelege fenomen kunne granskast og tolkast på sine eigne premissar; ein trong ikkje gå om teologien for å forstå korleis verda og tinga var sett saman og fungerte.

I Danmark-Noreg var andre halvdelen av 1600-talet også oppmarsj-tida for den tanken at morsmålet gjorde betre nytte for seg som offisielt språk og høgspråk enn framandspråk med snobbestatus, i Danmarks tilfelle tysk (og seinare fransk). Peder Syv og Thomas Kingo er dei mest kjende danske språkpatriotane i perioden.

Det høver derfor i tida at tanken om eit stort ordboksverk, basert på innsamling av verkeleg språkstoff, skulle koma fram og bli teken alvorleg i Danmark-Noreg. Mannen bak tiltaket var Geheimeråd Matthias Moth, oversekretær for det danske kancelli, og dermed ein av Danmark-Noregs høgste embetsmenn. Rett før jul i 1697 skreiv han til dei danske og norske biskopane og bad dei organisere innsamling av tilfang til

"et Dansk og Norsk Lexicon saa fuldkommit som det havis kunde. Da efterdi udi Norge snart udi hvert Sogn findis nogle besyndelige ord som hvercken med det Dansche Sprog eller med de andre Sogners Dialecter accorderer"

Moth ville ha prestane til å samla gamle og særeigne ord frå målføra. Han ville ha med både ord som ikkje fanst i dansk, og ord som skilde seg frå dansk i form, bøying, tyding eller bruk. Motsvar ville han helst ha både på latin og dansk, men vart det for vanskeleg med latin, så heldt det med dansk. Om det ikkje fanst direkte motsvar, så ville han ha ei skildring av omgrepet som ordet vart brukt som nemne for. Han lest ha vore særleg oppteken av substantiv, i alle fall nemner han at han gjerne vil ha med ord for alle fisk, fugl, dyr og planter, og alle slags ting som folk bruker og omgjev seg med. Moth var også interessert i ordtak og munnhell, og i personnamn.

Som "gulrot" lova Moth at innsats i ordsamlingsarbeidet skulle telje med i framtidig tildeling av embete:

"De som herudi lader see deris Vindschibelighed och nogit til gafns suppeditere schulle derimod naar noget forefalder frem for andre blive betencte med en recommendation til befordring, om de ellers til det de søge icke ere udygtige."

Tilfanget Moth fekk inn, var svært omfattande. Frå norsk side er det vel aldri blitt granska til botnar, så vi veit ikkje sikkert kor mykje tilfang som vart sendt inn. Det kan vel også hende at 1698-innsamlinga inspirerte til ordsamling som ikkje vart innsend. I alle fall er det rimeleg å sjå den auka interessa for norsk ordtilfang om kring 1700 i samanheng med dette tiltaket.

Litt om Matthias Moth

Syster til Matthias Moth, Sophie Moth, var fast maitresse til kong Christian V, og dei to sønene ho fekk med kongen fekk adelsnamnet Gyldenløve. Matthias Moth hadde derfor god kontakt med kongehuset. Men han var også ein svært dugande mann, uavhengig av private kontaktar, som gjorde mykje for å modernisere både Danmark og Noreg, t d når det gjaldt styringssystem, veg- og poststell o.l. Han fall aldri i unåde, slik t d Peter Griffenfeldt hadde gjordt. Men då Christian V døydde, var Matthias Moths tid i dansk statsstyring ute.

Ordboka var Matthias Moths hjartebarn. Han drog seg attende til godset sitt, og arbeidde på ordboka fram til sin død. Då var ho planlagd som eit verk på tjue band. Ordboksmanuskriptet til Moth er samla i seksti store handskrivne band, og finst no i Det Kongelige Bibliotek i København. Ordboka vart aldri utgjeven, men låg til grunn for den ordboka over dansk som Det kongelige danske Videnskabers Selskab gav ut (1793-1905).

Kva finst tilgjengeleg av norsk tilfang frå 1698-innsamlinga?

Fire ordsamlingar som vart innsende, er utgjevne av Sigurd Kolsrud i serien Skrifter frå Norsk målførearkiv i 1956 og 1957. Det er:

NO-kjelde forfattar ordsamling
Fyresdal1698 Bloch, Thomas Glossemata Tellemarchica, ordsamling frå Fyresdal, i SkrMNA VII, utg. S. Kolsrud 1956
Vstrål1698 Bork, Jacob Laugesen ordsamling fra Bø i Vesterålen ca 1698, i SkrMNA VIII, utg. S. Kolsrud 1956
Ri1698 Ramus, J. Ordsamling fra Norderhov, i SkrMNA VI, utg. S Kolsrud 1956
Stav1698 Rasch, Jacob Ordsamling frå Stavanger, ikring 1698. SkrNMA IX, utg. S. Kolsrud 1957

I tillegg er det gjeve ut nokre ordsamlingar som er frå om lag same tid:

Rbg1698 [David Gørrissøn Klim?] Ældre norske sprogminder II Ordsamling fraa Robyggjelaget fraa slutten av 1600-talet utg. Torleiv Hannaas 1911
Iso17-   Ordsamling frå Indre Sogn, i Nokre eldre vestnorske bygdemålsskrifter, utg. G. Indrebø 1933 1700

Den største og mest interessante av desse to er Rbg1698.

Alle desse ordsamlingane er innskrivne for hand i eitt av eksemplara av Grunnmanuskriptet til Norsk Ordbok. Dei kjem såleis med i den prenta utgåva av Norsk Ordbok, men dei er ikkje med i nett-utgåva av Grunnmanuskriptet.

Dei er også skanna av Dokumentasjonsprosjektet. Fire av dei (alle utan Fyresdal1698) er tagga med oppslagsord etter 1938-normalen og ligg på denne nettadressa (eller URL-en)

http://www.dokpro.uio.no/nynorsk/ordsamlingar/ordsamlingar_felt.html

Indrebø nemner også (s. 351) ei ordsamling som eg ikkje finn i kjeldelistene for Norsk Ordbok. Det er ei lita ordsamling frå Norddal på Sunnmøre, ved presten Knud Harboe, frå 1699 (Gl. kgl. saml. 2390 qv.).

Nedanfor følgjer ein stutt omtale av kvar av dei utgjevne ordsamlingane. Dei hadde kvar for seg og samla fortent meir inngåande omtale, men det er det ikkje rom for her. Kommenterte nyutgåver ville heller ikkje vore av vegen.

Ordsamlinga frå Ringerike 1698

Denne ordsamlinga vart innsend av ein av den tids kjende lærde, soknepresten Jonas Ramus på Norderhov. Ramus var kunnig både i gammalnorsk og latin. Ordsamlinga har ca 300 oppslag. Ramus seier sjølv at han prøver å følgje målføret på Ringerike, men bakgrunnen hans (Romsdal, Trøndelag) slår tydeleg igjennom.

Ramus held seg greitt til Moths instruksar og gjev oppslagsord slik han har høyrt dei (til dømes står mange substantiv i bunden form). Han gjev greie, etter måten stutte og generaliserte definisjonar, og ein del munnhell og ordlag med forklaring. Diverre er somme av dei mest utførlege forklaringane berre på latin.

Ordsamlinga frå Fyresdal 1698

Denne samlinga er utstyrt med både tittel og forfattarnamn frå opphavsmannen: Glossemata Telemarchica av sokneprest Thomas Bloch i Fyresdal, som tydeleg meinte han hadde gjort rett for seg både i høve til bisp og kanselli. Han sende tilfanget frå seg alt i mai 1698, noko som kan tyde på at han hadde samla ord lenge før brevet frå Moth kom.

Ordsamlinga har noko over 1000 oppslagsord. Definisjonane er oftast stutte motsvar på latin og dansk. Men der Bloch ser mun i det, gjev han bruksdøme og forklaringar i tillegg. Det gjeld særleg ord for fenomen som må ha vore mindre kjende i Danmark, som t d framkomstmiddelet ski. Han forklarar også somme samansetningar som må tolkast ut frå norske tilhøve.

Ordsamlinga frå Vesterålen 1698

Ordsamlinga frå Vesterålen er skriven av sokneprest Jakop Laugesen Bork, og er sterkt prega av at Bork sjølv var trønder. Ho har m.a. mange jamningsformer i oppslagsorda, endå det er utenkjeleg at det nokon gong har vore jamvekt i Bø-målet. Det er vel fare for at Bork har teke med alt han kunne kome på som ville vere av interesse for den høge oppdragsgjevaren.

Ordsamlinga har om lag 600 oppslagsord, av dei flest substantiv. Borg har vørd oppmodinga om å få med eit ordtilfang som speglar kvardagslivet: han har ord frå sjøliv og fiske, jordbruk, hus og heim. Men han har også fått med seg ord for ikkje-jordiske makter; Under tramen (='fanden') bryt han med den alfabetiske oppføringsmåten for å få med seg seks andre "Epitheta Diaboli". Det er også andre døme på at Bork har tenkt utfrå omgrep, og ført synonym samla.

Samlinga frå Stavanger 1698

Jakob Rasch var fødd og oppvaksen i Stavanger. Han hadde studert lenge i Kjøbenhavn innanfor mange fag før han kom attende til Noreg. Han vart først huslærar, seinare rektor ved Katedralskolen i Oslo. i 1698 var han enno student og frifant, men mellombels heime i Stavanger. Han sende ei prøve på ei ordsamling til Moth alt i januar 1698.

Manuskriptet til denne samlinga ligg i Deichmanske bibliotek. Ho ber merke av å ikkje vere ferdig. Mellom anna er ho inndelt etter alfabetet i to alfabet, men ein del bokstavar er ikkje utfylte. Noko tilfang er notert for seg og ikkje innarbeidt i den alfabetiserte hovudordlista.

Sjølve hovudordlista har 3-400 oppslag med motsvar på dansk og latin og minimalt med forklaringar eller døme. I nokre tillegg har Rasch gjeve nokre idiom og faste vendingar, og litt opplysningar om t d sed og skikk i samband med einskildord.

I brevet til Moth (29.1.1698) tek elles Rasch til orde for at ordinnsamlinga i Noreg skulle gjerast grundigare, og helst slik at

"en vis person blev her til ordineret, som kunde .. reise Norge igjennem til grundeligere opliusning i det de andre skrive, saa oc selv lære dialecterne"

Det tok meir enn 140 år til før Ivar Aasen fekk det oppdraget.

Dei to neste samlingane er også i Kjøbenhavn, og vart skrivne av i 1908 av Torleiv Hannaas, som også gav ut den først omtala av dei.

Samlinga frå Råbyggjelaget 1698

Manuskriptet seier ikkje noko om kven forfattaren er eller kvar han har tilfanget frå. Men utgjevaren har røkt etter kva det moglege opphavet kan vere, og gjer framlegg om at forfattaren er David Gørrissøn Klim, skrivar 1672-77 i Øystre Robyggjelaget (truleg med sete i Vegusdal) og på 1690-talet lagmann i Skien. Han har opplagt hatt høve til å få vite om brevet frå Matthias Moth, og sikkert høyre teksta òg.

Denne samlinga har om lag 800 ordartiklar. Mange av artiklane er lange og fortel inngåande om skikk og bruk, merkesdagar og ritual i området. Her er også med stev og ordtøke.

Skrivemåten i oppslagsord og målføretekst kan tyde på at Klim har prøvd å ta omsyn til Moths ønske om å gje att uttalen så nøye som råd, og ikkje prøve å normalisere mot dansk. Hannaas, som sjølv var heimekjend i området, peikar på at til dømes diftongering av lange vokalar og b d g for p t k ser ut til å ha vore målføremerke i området den gongen, noko det ikkje er i dag.

Endeel rare norske Ord

Indrebø plasserer orda i denne samlinga i Indre Sogn og set manuskriptet til ca 1690-1700. Forfattaren - som er ukjend - fortel at han er innfødd nordmann men at både ord og omgrep som han legg fram "har været mig .. ubekiendte". Han fortel også at han har vore på staden i kort tid.

Lista er på knapt 60 ord, og ikkje alfabetisk. Forklaringane er på dansk, (med nokre ord på latin her og der). Dei er til dels utførlege, og der er også nokre bruksdøme. Han har også skrive litt om overtru, sed og skikk.

Denne oppskrivaren har - i motsetnad til alle dei andre, ført på grammatisk merking. Såleis ser vi til dømes at han har rekna med tre kjønn for norske substantiv.

Avslutning

Dette er ei stutt framvising av eit morosamt og verdfullt tilfang som er utilstrekkjeleg kartlagt og langt frå ferdig drøfta. Ei oppgåve som byd seg fram, er ein jamførande studie i det norske 1698-tilfanget. Men det får vere til ein seinare årgang av Ord om Ord.

Litteraturliste

Bloch, Thomas: Glossemata Telemarchica. Fyresdal 1698. SkrMNA VII, utg. S. Kolsrud 1956.

Bork, Jakob Laugesen: Ordsamling frå Bø i Vesteraalen 1698. SkrMNA VIII, utg. S. Kolsrud 1956.

Bull, Tove: Ordsamling i Nord-Noreg gjennom 300 år. I: Ord og Mål. Festskrift til Magne Rommetveit. Kringkastingsringen. Oslo. s. 58-79.

Endel rare norske Ord. 1690-1700: I: Indrebø 1933.

Indrebø, Gustav (1951): Norsk Målsoge. Utgjevi av Per Hovda og Per Thorson. Bergen.

Indrebø, Gustav [1933]: Nokre eldre vestnorske bygdemålsskrifter. Bergen.

Ordsamling fraa Robyggjelaget fraa slutten av 1600-talet. Ældre norsk sprogminder II. Utg. Torleiv Hannaas. Kristiania 1911.

Ramus, Jonas: Ordsamling. Norderhov 1698. SkrMNA VI, utg. S. Kolsrud 1956.

Rasch, Jakob: Norsk Ordsamling. Stavanger 1698. SkrMNA IX, utg. S. Kolsrud 1957.

 npn-botn