Krav til maskin- og programvare

Krav til maskin- og programvare

Web-browser

Web-browseren du brukar må støtte frames og Java-script. Det fører til at du bør har Netscape 2.0 eller nyare, eller tilsvarande browser frå ein annan leverandør.

"PlugIn"

Førebels må ein ikkje ha nokon spesielle PlugIn-program for å bruke Dokumentasjonsprosjektet sine Web-sider, men for ein del av sidene som viser fram setelarkiva våre har vi laga eit alternativ der ein kan utnytte PlugIn-teknologien. Vi har med hell brukt ViewDirector frå TMSSequoia. Denne støtter mellom anna fleirsidige TIFF-bilete, og ei lang rekke andre biletformat. Andre aktuelle PlugIn-program kan ein mellom anna finne på Inline Plug-Ins eller BrowserWatch - Plug-In Plaza

Maskinkrav

Ein treng normalt ikkje spesiell maskin for å få full nytte av Dokumentasjonsprosjektet sine Web-sider. Likevel kan det vere nyttig med litt meir enn minimum skjermstorleik. På IBM-kompatible maskinar kan det vere behageleg å kunne kjøre SuperVGA-oppløysing på skjermen. På Macintosh vil ein 17 tommar skjerm vere god å ha.

For dokumentasjon av maskinkrav kan det vere nyttig å lese USIT sine anbefalingar.


Sist oppdatert 10. februar 1998 av Lars Jørgen Tvedt