Arne Garborg (1851-1924)
 Garborg (tekster):

skreiv storparten av dei skjønnlitterære verka sine på landsmål (nynorsk vart offisiell nemning i 1929). I 1899 sat Garborg i ei nemnd som skulle koma med framlegg til ein landsgyldig normal for landsmålet. I drøftingane i nemnda stod Garborg sterkt på at normeringa best mogleg måtte stø seg til målbruken i heile landet, særskilt viktig var det å samla aust og vest. Saman med nemndmedlem Rasmus Flo gjekk han inn for ein midlandsnormal (tufta på telemålet- og døla-måla austafor) som samnorsk skriftmål, men nådde ikkje fram. Sjølv nytta Garborg midlandsnormalen frå om lag 1900 og Skriftir i samling er omskrivne til midlandsmål. Kjennemerke for midlandnormalen er kløyvd infinitiv (å kaste, men å vera), inkjekjønn bunden form utan t (have, lande) og hokjønnsbøying etter "triklangsystemet" (segnir, hendar, visur).