Denne teksten er basert på den digitale versjonen som ble skannet, OCR-lest, korrekturlest og SGML-tagget av Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo i 1991-1997. Teksten er generert automatisk fra SGML-versjonen og det meste av markupen er fjernet. For en formattert versjon av teksten, og for opplysninger om hvilke utgaver teksten er basert på, gå til http://www.dokpro.uio.no/litteratur/ Ved videre bruk av våre tekster, ber vi om at disse opplysningene presenteres sammen med teksten. Spørsmål og kommentarer kan sendes til: dokpro@dokpro.uio.no - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - I. Eg hadde levt som den burtkomne Sonen og var som han komen i Naud; men daa eg som han søkte heim att, var Faderen burte. Eg gjekk til Prestarne og sagde: "kjære, finne meg att Faderen! for eg hev sett til mi Kraft og mi Von og alt mitt Liv og maa døy; og han er den einaste som kann hjelpa meg." Og dei song sine Songar og mana med Bøner og sterke Ord. Men Faderen saag eg ikkje. Eg gjekk til dei vise og sagde: "kjære, finne meg att Faderen! for eg hev spillt mitt Liv og er i Naud, SIDE: 2 og er aaleine og rædd, og sjuk; og han er den einaste som kann hjelpa meg." Og dei røynde sin Visdom og sine Sjaa-glas, og rekna seg gjenom Himlar og Heimar og ransaka Stjernetaakur og Avgrunnar; men dei sagde: "Faderen er burte, og me finn han ikkje." Og ein av dei eldste sagde til meg: "Er du og ein av deim, som leitar etter Faderen? Eg skal segja deg ein Ting. Den som leitar finn, men ikkje det han leitar etter. Faderen er den, som Baani skapte i sitt Bilæte; og dei gjorde han stor, og sette han upp for seg til ei Trøyst og ei Hjelp; for dei var smaae og kunde ikkje vera faderlause. Men naar dei vert større, og er ufornøgde med Heimsstelle, og ikkje fær Hjelp naar dei bed, og ikkje Svar naar dei spør, daa gjeng dei paa Leit etter Faderen og finn seg sjølve." SIDE: 3 Eg gjekk til dei som ser Synir og hev Draumar og manar Aander og granskar dulde Ting; og eg sagde: "Kann De visa mig Faderen?" Men dei viste meg Skuggar. Og Skuggarne svara paa det som eg ikkje spurde um. Daa vart eg leid og leitte ikkje lenger. II. Men daa eg var aaleine i det framande Lande, og alt tok til aa illtrivast, hadde svikta og Hugen vart uroleg og Dauden banka paa, tenkte eg: um Faderen er burte, vil eg sjaa att Barneheimen. Eg vil finna mine eigne; og dei vil høyra paa meg og tilgjeva meg. Og hjaa dei vil eg finna ei Livd. og der, hjaa mine eigne, vil eg døy, og samlast til mine Fedrar. Eg gjorde i Pengar det eg enno aatte og drog heim. Men daa eg SIDE: 4 kom fram var Heimen seld og Ætti spreidd; og Bror min sat som ein Farre paa ei Heid, og dei sagde han var galen. For han hadde selt alt det han aatte og gjeve det til dei fatige. Daa saag eg at eg var aaleine; og eg hadde ein vond Dag. Eg gjekk til Bror min og sagde han mi Meining; so leigde eg meg inn hjaa ein framand Mann, til aa bu der. For no vilde eg ikkje flakka lenger. Og eg sagde med meg sjølv: her vil eg døy. Eg hev vandra gjenom Live. Eg hev vorte gamall men ikkje vis; eg var rik men hev vorte arm, og no er eg heimkomen men ikke heime. Men endaa vinn eg heim. Det er berre den siste Kneiken att; og dette tronge Rome skal vera min Inngang til Kvila. Angest kjøver meg, og Sjukdom brenn i mitt Blod; og Hjarta verkjer og vrid seg. Men sin Lagnad maa SIDE: 5 Mann bera til Rygg brest. Eg vil lida og tenkja, at di verre det er, di snarare det gjeng. Og er eg aaleine, skal mine Tankar halda meg Lag; og er Folke mitt burte, hev eg Minni att; og med Voggevisur vil eg svæva min Hugverk. Og alt det eg hadde av Live, det gode og det vonde og alle Umskifte, vil eg hugsa fram att og tenkja igjenom, og sjaa, um eg finn Lærdom og Lov og Samanheng. Men paa stille Dagar, naar Soli er varm, sit eg ved Gravi til Far og Mor; og til dei segjer eg alt det eg leid og lid, og skriftar mi Synd og trur at dei tilgjev. Og det vil synast meg visst, at kor gale ein fór og kor saart ein sveid, so er Live altid betre freista enn ufreista. Og eg tenkte meg um og sagde: Kva vil eg med Faderen? Eg hev aldri kjent Faderen. Eg trudde paa Gud og var rædd; for Gud var faarleg. Han gjætte meg SIDE: 6 med Augo av Eld, og han saag alt, og alt var vondt; og alt vondt kveikte hans Harm; og Herrens Dag skulde koma som ein Tjuv um Notti. Og alltid naar eg vilde vera glad maatte eg gløyma Gud. Fred med Faderen og med Domaren, og Fred yvi all hans Harm og Eld! Han søv, og me skal ikkje vekkja den Dom-snare. Rolegt, du Hjarta der inne! vrid deg ikkje so. Det verste er att; men det lengste er yvi-stridt. Og Faderen er burte; men naar Dagen lid til Kvelds gjeng eg heim til Mor, til mi rette Mor, heim til Naturen. III. Men so tenkte eg og sukka i vakne Næter, naar Verken var vond og Hugen saar: SIDE: 7 Eg priser deg, Frelsar, du mi visse Von, du som var og som er og aldri kjem burt, og alltid hev eit Rom aat alle som kjem, og tek imot oss som me er, utan Vilkaar eller Krav; du som ikkje sviktar, som kjem naar det gjeld, ikkje med Fakter elder Ord, men med Hjelp, med Hjelp som hjelper, og med Lækjedom som lækjer, og tagall og høg legg di trufaste Hand svalt yvi den saare Barm, og døyver all Verk, og sløkkjer all Brand, og lèt den lidande sovna so trygt, og legg den trøytte til Kvile so godt, at han aldri meir tarv vakna. SIDE: 8 Stilt gjeng du gjenom Verdi, som ein Skugge, som ein Sukk, som ein Tanke um Fred, som Kvelds-von paa ein Dag. Du viser deg ikkje; ingen hev set deg. Du hev ikkje Prestar, som kved deg Lovsongar og ber deg Offer og ropar Herre! Herre! men naar du er imillom oss, og Rædsla bleiknar ikring deg og Aalvore myrknar, for di me kjenner di Magt, daa veit me kven du er og skjelv som for den høgste. Men du er mild. Du stryk med mjuk Hand yvi Augo aat den som lid, at han ikkje ser deg, og ikkje veit sin Dom, SIDE: 9 men dormar burt i Draum, og syvjar av i Svevn, og tek soleis av di visshøve Hand det frelsande Slag som endar Synd og Suter. Ja, du er Gud. Vaar Gud. Gud for oss som lid i vonlaus Naud. Du er den som er Kjerleik. Og Rettvise; for du elskar alle likt. Og dette er Frelsen, at me kjenner deg, og ikkje fæler, men trur deg. For det er du, som er Faderen, den gode og den milde. Ei løynd Magt slengde oss her inn og fyllte oss med Voner som ho riv ut or oss att, SIDE: 10 ei for ei, til Hjarta er hudlaust i oss, og Vegen etter oss ei lang Blodstrime. Men du saag vaar Naud, og du sagde med deg sjølv: eg vil hjelpa desse hjelpelause som lid og ikkje veit, kva dei lid for. Di priser eg deg, du mi visse Von, du som veit Raad, naar alle stend raadlause; ditt Namn trøyster meg kvar kvidefull Stund, og sæl vil eg helsa deg naar du kjem, med Hjelp som hjelper og med Lækjedom som lækjer, og svæver meg inn som eit sjukt Baan og legg meg til Ro so trygt og godt, at eg aldri meir tarv vakna. SIDE: 11 IV. Verdi er svikefull, men hev endaa sin Mildhug. Etter kvart som Vonerne brest fyri oss, veks Minni til att etter oss; og det gode me hadde og ikkje visste um, vert uppspart aat oss til Niste og Helsebot i vaar Alderdom. Eg vankar um Dagen paa gamle Vegar, og Minne vaknar ved kvar Stein. Eg ser desse Haugarne der Veslegut sprang ein Gong, og der Ungsveinen drøymde sine fyrste heite Draumar. Og smaka dei fyrste søte og beiske Nippar av Livsens drykk. Men det søte heng lengst i. Og det som var beiskt hev søtna med Aari. Ho den vesle Jaala, som fyrst gav meg aa eta av Kunnskapstrêe paa godt og vondt, naar ho livnar upp att for meg no, er ho eit mildt Minne. Og all SIDE: 12 min Barneangest gjeng meg gjenom Hugen som ein døyvd og sorgfull Song. Eg søkjer ned i Sandarne, der Have bryt; der gjeng den same Susen med sin same djupe Tone. Men naar Haustdagen er linn og Lufti blaa, stavrar eg upp paa Haugen, det Varden stend; daa ser eg ut yvi heile denne vesle Heimen som ein Gong var min; so vent kringar han seg um den kvite Kyrkja. Og det er som eg endaa var komen heim. Eg gløymer tilmed min Harm yvi Bror min og Farsgarden. Ja her er stillt. Ingen Feber i Lufti; inkje Staak elder Gòv av det store Kappsprang. Det er eit anna Aarhundrad her. Eg kjenner stundom det eg ikkje hev visst um paa mange Aar: det fell Ro paa meg; eg kviler. Og eg drøymer um aa lura Dauden endaa i nokre Aar. For me priser Dauden, men me elskar Live. SIDE: 13 Her er mi Sol og mi Luft; her renn mine Bekkjer. Og uppe i denne store Himmelen budde min Gud. Stundom kjennest det som han maa bu der enno. Og i Kyrkja bur han. Det veit eg, naar eg ikkje serskilt hugsar meg um. Men inn i Kyrkja vaagar eg meg ikkje. Eg veit, at kom eg der inn, so kvarv han burt for meg. V. Heilag er den stille Bygd; alle Vegar fører til Kyrkja. Og Live samlar seg der og vert vigt; og Helg og Høgtid legg seg ut yvi Land og Leid fraa det kvite Altar med Stakarne og det heilage Staupe. Og Klokkune signar og syng, og paa Jordi er Fred, og Soning for Sorg og Synder. SIDE: 14 Men uppe i Taarne, i Myrkre utanfyri, der spøkjer det vonde; der heksar Trollkjeringar med svart Kunst, og Spinn Uraader, og lyser Ubøner, og sender Vanhug og Vantrivnd ut yvi dei, som ikkje stengde for Dører og Tankar med Vigsle og Kross og det heilage, sterke Fadervaar. Og Midnettes Bil naar alt søv, stig or vanstelte Graver Sjælene som ikkje fekk Fred, og søkjer heim att til det dei elska paa Jordi elder hata. Himmelbru er Kyrkja, og Helgrind, Porten millom der uppe og der nede og her, det store Vegskìl og Vegamot. Her lever det ukjende, Magterne, dei høge og dei laage, dei som spinn Lagnaden og raar for alt Liv. Og naar Folke møter til Helg, so er det Helg. Gud er tilstades sjølv, Faderen, Sonen og Anden; men utanfor sit den vonde og bit seg i Fingrarne; for no hev han inga Magt. Og gjenom Ord som Verdi ikkje forstend, klaarnar fram SIDE: 15 for den barnslege Hug Livsens truskyldige Meining. Du gamle kvite Hus. Eg rømde fraa deg som fraa alt, og er no framand her som all Stad. Men det stend Fred av deg. Og gjerne sit eg i Hagen din, der Live søv og Gløymsla held Vakt, og les paa Gravkrossarne og tenkjer paa gamalt. Og ser meg ut mitt eige vesle Rom. VI. Her kviler ho Mor. "Den som bliver troe intil Enden skal blive Salig." Ja du var tru til Enden. Aldri levde du deg sjølv. Du tente i ditt Tempel som var ditt Hus, utan Knurr og utan Kav alle ditt Livs Dagar. Og Sut og Saknad var di Løn. Og ingen sagde deg Takk. Men dei som tok di Teneste gløymde deg; ja dei som skyldte deg Live gløymde deg. Stundom SIDE: 16 saag du paa oss og undrast; og i stille Næter grét du visst tidt. Men du sagde ikkje noko, og arbeidde. No er du sæl, for du kviler. Men me som gløymde deg, minnest alt no. Og søkjer i einslege Stunder Gravi og held vaar Bøn her, framfor ditt stille Minne. Men Far Stakkar. Han hev ingen Hovudstav. Og sjølve Gravaren veit ikkje lenger kor han ligg. Han døydde i Rædsle og Sjælesótt; og dei rettferdige heldt Dom og sagde: han var ikkje som ein av oss, at han skulde minnast. Men han er her. Eg kjenner han. Det gjeng meg som ei Kjøling gjenom Blode; eg er rædd men i Rædsla roleg: han maa visa seg. Han maa kjenna at eg er her, at eg ventar, at eg hev noko aa segja han. Ja gjev han kom, at eg kunde segja han alt. Og segja han, at eg skynar alt. For eg kjenner hans Angest; SIDE: 17 den skjelv no i min eigen Barm. Og eg veit, at den, som gjeng hans Veg, han hev havt sitt Helvite fyriaat. Farvel, Far. Kvil i Fred, framleides og æveleg. Og tilgjev. For no er eg sjuk og aaleine som du. VII. Eg hev set meg ut ei Kraa paa Kyrkjegarden, attunder Pilegjerde, ein Stad der det er Kveldsol og Livd for Nordvesten. Og han Gunnar, Namnen min, Gravaren, lovar at eg skal faa liggja der. Han er ein aldrande Mann; og han lever millom dei daude og talar ikkje. Men daa eg bad han um dette, saag han paa meg og sagde eit Ord. "Du er ein framtenkt Mann du," sagde han. Eg svara: "det vert ikkje langt fram." I solvarme Middagsstunder sit eg i den Kraai, og det er som eg sat SIDE: 18 paa mi Heimetropp. For me braakar og balar og vil vinna Verdi, men er til sist glade at me hev denne vesle Flekken trygg. Draumar, Voner, Elsk, Lyst, det var Vette-ljos, som dansa for meg og lokka meg lenger og lenger ut paa den vide Myr. So slokna dei eitt etter eitt. No sloknar eg sjølv, og ser, at eg sjølv var ein Draum og ein Lyktemann. "Du er reint eismal du?" segjer Gravaren; han røder stundom med meg no. "Som du paa Lag, Namne." "Ikkje Baan helder?" "Dei er kje mine lenger." "Hm. Skal kje syta for det. So mange Baan ein hev, so mange Pinnar til Kista." Han segjer meg si Sorg. Seks Søner hadde han; alle fór dei fraa han. So vart han huglaus og gav upp. Garden gjekk i Banken; no sit han SIDE: 19 der aaleine i Husmannshytta og lever av aa grava ned Folk. Han kann ikkje gløyma Sønerne sine dette. Eg fortèl honom mitt. "Eg hadde berre tvo, eg, og dei var smaae. Det er ikkje sant at eg misste dei; for eg hev aldri aatt dei. Dei vaks upp i eit framandt Land og tala eit framandt Maal. Ja det var rart: aa hava Søner, som ikkje kunde sitt Farsmaal. Kvar Gong dei opna Munnen, høyrdest det for meg som dei fornegta Far sin og Farsfolke og alt mitt. Det er den tyngste Straff for dei, som gjer seg heimlause paa Jordi." "Men endaa saknar du Gutarne dine." "Endaa saknar eg Gutarne mine. Det er Voni du veit. Naar ein ikkje sjølv kom til aa leva, vil ein leva upp att i Baani." So sit me tvo Gamlingarne paa Gravbakken og klager vaar Naud for kvarandre, og finn som ei Trøyst i det. SIDE: 20 VIII. "Aa ja, Namne," sagde eg; "no kann det snart vera paa Tidi, at du grev meg og ned. Eg turkar og visnar. Ikkje veks eg sjølv, og ikkje veks noko etter meg. Eg er som dei ville dyri. Hola mi hev eg og inkje noko meir. Ingen vil sakna meg. Eg høyrer ikkje til under noko Tak, og eig ikkje Rom i noko Hjarta. Det eg aatte der ute vart teke ifraa meg. Men det eg hadde her heime hev forfarest. Eg var burte og tok ikkje Vare paa det. Vind og Væte hev øydt det; Skót og skavande Tenner hev ete det upp. Folk hugsar meg ikkje. Og min eigen Bror er ein framand for meg. Heimlaus gjorde eg meg, og heimlaus vert eg verande. Det kjem attum SIDE: 21 no, at eg rømde min Veg og ikkje høyrde paa Bønerne hans Far og ikkje tenkte paa Graaten hennar Mor; eg var som ein av Sønerne dine, Gunnar. Berre grav meg ned. Grav meg djupt ned, Gunnar." IX. Ein Dag etter ei vond Nott tenkte eg: um du likevel gjekk til Kyrkja. Skulde du finna Faderen nokon Stad maatte det vera der. Millom dei andre høge Barndomsminne. Eg gjekk til Kyrkja. Og eg fann mine høge Barndomsminne. Og millom dei min Barndoms Gud. Men han var berre eit Minne. Han levde ikkje. Han var ikkje lenger i Ordi og i Teikni. Dei var fagre som fyrr, men tome. Eg sagde med meg sjølv: Gravøl held dei her yvi Faderen. SIDE: 22 Og eg gjekk heim med mi siste Von sløkkt. Daa vakna det endaa ei Von. Eg tenkte: no skal du gaa til Meisteren. Eg tok fram Skrifterne og fann Meisteren. Og eg sagde: kva skal eg gjera, at eg kann vinna Live. Han svara: hald Lovi. Men sidan sagde han: tru. Eg spurde: kven skal eg tru paa? Han svara: ingen er god utan ein, det er Gud. Men sidan sagde han: meg skal du tru paa. Eg spurde: er daa du Gud? Han svara: Herren vaar Gud, Herren er ein. Men sidan: Faderen og eg er eitt; men sidan att: Faderen er større enn eg; eg er berre den, som han utsende. Ofte tala han herlege Ord; og stundom trudde eg, at eg saag Faderen. Men so vart Faderen Domar. Og rædd las eg um Kongen, som gjorde Bryllaup for Son sin. Gjester SIDE: 23 var bedne, men kom ikkje. Daa sende Kongen Tenarar ut paa Gate og Torg og let dei taka inn kven som helst; for fullt skulde Huse vera. Og Huse vart fullt. Men millom Gjesterne ser Kongen ein, som ikkje er høgtidsklædd. Og han sagde: høyr, Mann min, korleis er du komen hit og er ikkje høgtidsklædd? Men Mannen tagde. Og han vart utkasta. Eg lagde Boki fraa meg. Her er tvo Gudar, sagde eg, og tvo Vegar til Live; og tvo Meistrar: Rabbien fraa Nasaret og ein Mystiker fraa her eller der. Dette fær Munkarne slaast um; hald du deg til det som du veit! Og mi alra siste Von slokna. X. Faae fann eg att av gamle Kjenningar. Dei fleste var farne, sùme or Bygdi, andre or Heimen. SIDE: 24 Sótter hadde herja Grenderne. Lik hadde fare paa alle Vegar; Hus og Ætter var døydde ut. Og dei som etter var, gjekk og venta paa aa fara same Ferdi. Dei flokka seg um Prestar og Lærarar og song og bad og budde seg til Daude og Dom. Glade Gutar og harde Hausar som i gamle Dagar saag eg ikkje. Alle sukka: berre me kunde døy vèl. Eg gjekk sjølv med Dauden i Bringa; men endaa kunde eg harmast, naar eg høyrde ungt Folk sutra so. Eg sagde: De skulde helder tenkja paa aa leva vèl. Og eg lét dei høyra mi Meining um all Raadløysa og Armodsdomen eg saag, og nekkte dei, fordi dei gav seg yvi og lét Farsótti raa seg. Daa saag dei paa meg fraa Sida og sagde: "du er vel ikkje Bror hans Paal i Kvernhusheidi for ingenting." "Korleis daa?" sagde eg, "Han tala og so høgt um aa leva vèl. Men rett som det var fekk han SIDE: 25 tids nok med aa agta sitt eige Liv. Og sidan hev han funne det best aa halda Munnen." Og ein av dei eldre lagde til noko som viste meg, at mine Ungdoms Synder ikkje helder var gløymde. Sidan held eg meg burte fraa Bygdefolke. Men eg tenkte med meg: "her er ein sjuk Mann i sitt rette Lag; for her vil dei døy alle." XI. Men Bror min gav meg mykje aa tenkja paa. Han kom ein Dag fegen og fjaag og baud seg til, at um eg vilde kjøpa att Haave, Farsgarden vaar, so skulde han vera Dreng hjaa meg og driva Garden for meg. "For eg og lengtar heim att," sagde han og smilte. Eg saag paa han og svara: "det skulde du ha tenkt paa fyrr." Og SIDE: 26 han fekk endaa ein Gong høyra mi Hjartans Meining. "Det er ikkje for det," sagde han; "eg kann godt sitja i Kvernhusheidi. Men i Nott kom det for meg, at naar du er send heim paa denne Maaten, so maa det vera Meiningi, at eg skal faa koma til Haave att. Og naar eg fekk vera Dreng, var det ingen Vaagnad i det." Han lagde ut for meg, at det var Tenar ein skulde vera; at ein aldri var so fri som daa, at ein aldri kunde gjera so mykje godt som daa, og kva det no var alt. Løn vilde han ikkje hava, men "Mat og Klæde og ein fast Heim, og so mykje fritt som eg treng til mitt Arbeid for Fanten min." "Og til aa fara um aa halda Bønemøte kanskje?" Han svara: "eg held ikkje Møte lenger." "Nei det er sant. Kor kann det ha seg, tru?" SIDE: 27 "Du veit dette vonde som hende meg. Daa fekk eg sjaa, at eg ikkje var vaksen til aa vera Lærar for andre. Og so hev eg lært noko. Det er ikkje me som skal tala for Folk. Live vaart skal tala. Dei skal kje høyra vaare fagre Ord; dei skal sjaa vaare gode Gjerningar. Daa lærer dei Takk og Tru og Glede." Han lo. "Altid skal me ut og preika for andre! Straks me hev lært noko, so skal me upp paa Stolar og Bord og forkynna det for andre! Men naar dei andre hev lært det, gjer kje dei det helder; for dei skal og ut og forkynna det for andre. So vert det Snakk alt. Nei; den som vil gjera noko godt no, han skal halda sin Munn og lata Gjerningar tala." Eg saag paa Bror min; eg hadde kje tenkt han hadde so mykje Vit. Men eg sagde: "Korleis talar dine Gjerningar um SIDE: 28 deg? Sùme held deg for galen og andre for det som verre er." "Det hev eg nok fortent, Gunnar; men det skal eg fortelja deg ein annan Gong. I Dag vil eg berre vita um du vil ha meg til Gardsdreng." Eg hadde stor Hug til aa segja ja, men torde ikkje. "Kva skal eg kjøpa Gard etter," svara eg. "Ein gamal krank Mann; og ingen Erving. Ætti vaar er nok dømd, som han Far sa." Han tagna og gjekk. Underleg er han. Og eg veit ikkje kor langt han er sætande. Men han kann stundom vera so lik han Far. XII. Haustkulden er komen og Regne driv. So sit eg her innestengd; og Dagarne vert lange. SIDE: 29 Eg hev ikkje andre Bøker aa føra lenger, og hev teke til og vil føra Bok yvi mitt Liv. Men Sjukdomen verstnar, og eg er so uroleg. Morgon og Kveld spør det i meg: kva ligg du her etter? Du er kje meir heime her enn annanstad, seier det. Kaldøygd glor Barneheimen paa deg. Kva vil du her? Den som ein Gong hev rømt, finn aldrig heim att. Og lite hev du her aa minnast, anna enn Faavit og Synd. Reis og gøym deg av ein Stad, der du aldri hev vore!" Men eg knurrar og svarar: eg vil ikkje. Eg kjenner deg no, du Fredløyse, som tyt og aldri tegjer, og som altid lyg. Eg fylgde deg lengje. Eg flakka og flutte fraa Stad til Stad. Men all Stad var det like eins. All Stad vart du leid deg. Sist lokka du med Baneheimen. Her skulde vera so godt. No er du SIDE: 30 alt leid. Men no kjenner eg deg. Eg lèt meg ikkje narra lenger. Eg fær aldri Fred. Eg er sjølv denne Uro som aldri stillnar. Lat meg daa lida mi Uro her so godt som der. So sparar eg Flytjingi. Eg var ein Framand og ein Pilegrim og hadde ingen verande Stad. Aldri sette eg meg og sagde: her vil eg sitja; aldri bygde eg og tenkte: her vil eg bu. Eg var Son av ei Tid som hev gløymt, kva Heim og Ro er. Men er eg framand, so lat meg likso godt vera framand heime. XIII. Men Dagarne er lange. Ufør sit eg her og høyrer og ser, at dei andre arbeider. Daa verkjer Samvite og hev vondt. Eg er klar men ikkje utlevd. Livskravi hev Tak i meg enno. Eg kjenner dei som SIDE: 31 Rykk i saar Tonn. Det er vondt aa vera gamall fyre Tidi. Eg røder med Bestefar der nede, den gamle, som sit og hukrar frammed Omnen og kryp atti Horn. Men han er for gamall. Han segjer det same uppatt kvar Gong. Tri-fire smaae Kvardagsminne og fire-fem smaae Kvardagssanningar er alt som er att av hans Liv og hans Sjæl. Og han glyrer paa meg med Horn-augo som ikkje ser lenger. Eg stengjer mi Dør og legg i Omnen. Og sit med ei Bok yvi Kne og lyder paa Vinden som fosser og syg, og paa Regne som trafsar og siler. For dette Regne er vaatare enn anna Regn, og tyngre. Det er som Verdi gav sig yvi i Graat. Og Himmelen er stengd og svart som Hugen hjaa ein daarleg. Boki glid ned, og eg tek ho ikkje upp att. Alt det dei skriv og tenkjer ut er so skrint. Som Lyng um Haust SIDE: 32 paa den magre Heid. Som Halm og Hakk mot Live det grøne. Eg vert sitjande og spinn Tankar som Kingelen sin Vev. Men sjølv vert eg hangande i Veven. So vaknar eg av Hjarta mitt, som rykkjer og riv. Daa tek eg Boki upp. Kann ho kje vekkja Tankar, so hender det at ho kann svæva dei. Og eg sender ein Takk til dei som skriv Bøker. XIV. Gjev eg hadde ein aa beda til um Næterne. For Notti er lang og myrk. Og naar eg ligg her vaken og vrid meg under framand Manns Tak, er eg rædd, for eg er aaleine. Og Sjukdomen brenn og Hjarta skjelv. Og ute er det stengt, og SIDE: 33 Vinden bryt, og Havskodde og Regndriv piskar mot Glasi. Men paa myrke Loft og under morkne Golv gneg det med Tonn og tassar med Labb; eg høyrer Sukking og Brest og døyvd Smell, og kann kje skilja klaart millom Draum og Sanning. Men naar eg ligg slik aaleine; og ingen vakjer, og Vanvit lurer, og Hjarta i Bringa flaksar av Angest som Fugl i Bur og vil ut, ut, men alt er stengt, daa sit det nede ved Sengjefoten ein kvit Mann; og det stend Rædsle av den kvite Mannen. Eg veit kven det er, at det er min Vén og mi Von. Men naar han kjem meg so nære, geispar eg og vert stiv; og Kaldsveiten slær ut og legg seg yvi Hudi som Mygl. SIDE: 34 XV. Mange leitar no etter Gud; og sùme skriv og fortel, at no hev dei funne Gud. Eg les dette. Men den eine kann ikkje hjelpa den andre i denne Sak. Og det gjeng for lett for dei. Og dei skriv for godt. Og skriv. Me trur so lite paa Ord. Og alt som blæs paa Lur hev me Uhug til. Bror min hev Rett; Gjerningar maa tala. Men ikkje paa Gjerningar helder trur me. Bror min hev gjort Gjerningar. Men Folk gjeng og berre undrast paa kva som under kann liggja, og kva han med desse sine Gjerningar vil naa. Live sitt maatte den gjeva som me skulde tru; og ikkje daa heller trudde me, so sant det var Tanke um, at hans Offer kunde koma i Bladi. SIDE: 35 Live maatte han gjeva, men so, at ingen visste det; ja han sjølv maatte kje vita, at han gjorde noko framifraa. I Løynd maatte han bløda, med Skjemt paa Tunge og Smil um Munn; og sitt Haar maatte han salva og sitt Andlit maatte han tvaa, so ingen saag at han blødde, men alle rengde Augo etter Galningen og sagde: den som kunde taka Verdi so lett. Daa vilde me, naar alt ein Dag kom upp, tru, at her var noko høgt i Verdi. Bror min blés for mykje paa Lur. Difor trur eg han ikkje. XVI. Føra Bok yvi mitt Liv skulde eg, og finna Lærdom og Lov og Samanheng. Men um det er Sjukdom elder Alders Visdom: det meste kjem under Tap. Og Resten under Debet. Og SIDE: 36 lite Hugnad hev eg av Rekneskapen min. Alt ser annleis ut etterpaa. Det som var mi Vinning i Verdi synest no Faafengd. Og det som var mi Trøyst og min Trøyskap, det rengjer seg og er ikke Trøyskap. Det er Trollskap, som grin til meg og gjer Trut. Men det som eg mindre brydde meg um, ja kasta fraa meg og sagde: det er Faafengd og Gagnløyse og lite Vit, det vil helder no synast minneverdt. Er det Domedag i meg? Maa eg sitja her og døma meg sjølv? Strenge Domar, gløym ikkje dei orsakande Umstende! Hardt var det aa leva paa Jordi. Dei traakkar og trampar ned og knear seg fram yvi Lik; og eit Steinhjarta maa den hava, og Staalknokar, som skal fri seg og halda seg ovanpaa. Eg røynde det i vonde Aar. Og enno hev eg Blodflekkar etter det paa Sjæli. SIDE: 37 Eg var hard. Eg hadde vore i Nedgangsskulen og herdt meg. Hjaa Trollmennerne var eg, dei som reknar ut Verdi og fær Jarn til aa fljota og sigler med sjølvgjord Bør og talar tvers yvi Have; deira Visdom lærde eg, og eg vart hard. Men det var dyrt; Sæla tok dei av meg for Visdomen sin; og daa eg hadde lært Livslovi: Magti raar, kom Gud burt for meg. Og det slokna i meg og kolnad; og Verdi vart som eit tomt Hus der ingen bur. Men eg lo og kjende meg fri; og sidan trampa eg ned ikring meg som dei andre. Og eg var hjaa Trollhekserne, dei som kverver Syn og vender Hug, og tryller Menn og syg Sjæli or dei i blodige Næter. For i Hugen min brann det av Uro og heit Lyst som eit Helvite; og Verdi var tom, og eg maatte røyna Live til Botnen og til Bermen. Og alt det dei visste og kunde av Ørske og Trollsæle lærde SIDE: 38 dei meg. Det var dyrt. Det kosta meg min Ungdom. Og daa eg gjekk fraa dei, saag eg at dei var hole, og at dei ikkje hadde Hjarta i seg. Sidan var alle hole i Ryggen for mine Augo, og der var ikkje Kjærleik og ikkje Tru. Daa vart eg hard til Grunnen og hjartelaus. Og eg let henne gaa som eg hadde elska, ho den truskyldige, som venta paa meg; og eg gifte meg med Gull, og laante ut Gulle mitt for Rentur, som - men eg veit den, som tok endaa større Rentur og no sit i Legislaturen. - Men ho som hadde fylgt Gulle heldt av meg; og som Aari gjekk, veikna Trolldomen. Daa hadde ho lært av meg. Og ho vart ei Trollheks som dei andre og flaug fraa meg. Men den som ho flaug burt med var min siste Ven, den trulause som eg hatar æveleg. Daa kom det upp, at eg hadde mjukna. Eg var ikkje Stein og ikkje SIDE: 39 Staal. Sjuk vart eg, og ør, og misste Svevnen, og gamalt vondt braut upp; og hadde eg trampa andre fyrr, trampa andre no meg; og snart laag eg nedbròten og arm, og hadde ingen Ting att for all mi Møde. Daa sagde eg: sandeleg, det eg fyrr kasta fraa meg var Live. Men det ein kasta fraa seg finn ein aldri att. Og liten Hugnad hev eg av min Rekneskap. XVII. Furten er ikkje Bror min. Rett som det er ser han her inn, og er som det aldri skulde ha falle eit Ord imillom oss. Det skal vera Kristendom. Men eg tenkjer med meg: han vart vel annleis mot meg, um han hadde Greide paa meg. SIDE: 40 Der er Strid um han allstad. Her i Huse er Mannen mot han og Kona med han. "Det er ein Luring som alle heilage", segjer Mannen. Kona svarar ikkje paa det; men til meg segjer ho: "han er kje som dei andre." Og smilande legg ho til: "han hev Raad for alt; meg lærde han aa tukta Mannen min." "So? Var Mannen din so lei?" "Han var eit Troll!" "Kva Raad fekk du for det daa?" "Eg skulde setja mi Glede i aa gjera meir enn min Skyldnad." "Og det hjelpte?" "Ja paa Resten hjelpte det." Og ho fortel meg mykje godt um Bror min. Mangt hev han vore uti, og mangeleis vert han dømd. Vanlegt Folk segjer det vanlege: han er galen. Dei gudelege segjer: han hev Djevelen. Men Sùme held han for ein Profet. For han ofra for Guds Skuld alt han hadde kjært; og no sìt han paa si Heid og lever av sitt Stræv; og han gjeng um og gjer vèl mot all den SIDE: 41 Naud han kann naa; for han tener Meisteren. Og Folk av alle Slag søkjer han, helst i Løynd, og fær Raad og Rettleiding um laagt og um høgt; og i Grunnen trur alle at han er noko framifraa. Eg maa faa Greide paa han. Men eg skynar no, at um det skulde henda at ein møtte noko godt paa Jordi, so vilde ein ikkje lett kunna skilja det fraa Galenskap elder meinsløg List. For det gode er utrulegt. XVIII. (Kveldsukk.) Endaa ein Dag. Ein gagnlaus lang Dag. Og endaa ei Nott. Ei kvilelaus lang Nott. Det sprengjer i Haus. Det verkjer i Barm. Det rykkjer, bankar, brenn. SIDE: 42 Og dette held paa, utan Slutt. Betre, verre; vondt æveleg. D´er Ormen som ikkje døyr, Elden som ikkje sloknar. Aah. Den som visste kva det skal vera godt for. Aa du er uppe - nei, nei. Eg bed ikkje. Kven skulde eg beda til. Men alt Folk fær døy. Gamle og unge. Stort og smaatt. Alle sloknar dei og vert gøymde. Sterke friske Folk døyr for eit godt Ord. Men ein Arming som gjeng her og korkje kann leva eller døy, han skal gaa og dingla til Domedag. Er der Meining i slikt? SIDE: 43 Eg orkar ikkje dette. Eg kann ikkje arbeida um Dagen; eg kann ikkje kvila um Notti. Mine Tankar folnar, som Lauv fell. Og paa denne Spanestolen som heiter ei Seng skal eg rekkjast og strekkjast ei lang Nott, og fraa Spanestolen skal eg i Morgo inn i den Spikertunna som heiter Dag og rulla og rivast paa kvasse Oddar. Og so ingen aa klaga seg fyri elder klaga paa. Ingen Styrar. Ingen som hev Andsvar. Anarki. Kvar gjer som det er godt for hans Augo; kvar lid som det er verst for hans Rygg. Aa rolegt, rolegt, du Hjarta der inne! Eg vil sova; eg vil lura han av. Berre eg kunde faa snu meg til, SIDE: 44 so eg ikkje høyrde Hjarta mitt, og alle desse urolege Pulsarne og all denne Susing og Banking av eit Liv i Uppløysning. Aah. Notti er best likevèl. For daa er her stilt. Ingen lær og ingen skrik. Og det gjeng ikkje i Dørerne. Og dei kjem ikkje med Rekningar. Og ingen segjer: versgod kom faa Mat. Naar ein berre ikkje turvte staa upp att! XIX. Ro hev nok Bror min sjeldan; og trygg er han ingen Stad. Igaar kom ein Bladmann og leitte han upp her hjaa meg; han vilde spyrja han ut og setja han i Blade. Og han tala mykje og langt paa sitt Maal. Herr Haave laut orsaka; SIDE: 45 "Luren" interessera seg mykje for den aandelege Bevægelsen han hadde vakt, og hadde alt havt fleire Stykkje, baade med og mot; for vaart Princip var: fri Diskussion; ja Herr Haave hadde vel set det? Bror min svara, at han var ikkje Herr Haave, men Paal i Kvernhusheidi, og at han ikkje las Bladi. "De hev daa kje noko mot Bladi?" spurde Bladmannen. "Jau," svara Paal."Tek eg eit Blad i Hand, er det som eg kom inn i ei Drykkjestove. Kvar skravlar um sitt; sùme skjellest og slæst, andre gjøner og lær, andre fortel Sogur og Slarv og fører Mistankar og vonde ord; og Handlarar og Bondefangarar skryter og snyter. Eg skundar meg ut fraa alt det Staak og den tette Luft; eg vert tanketom av det og urein paa Sjæli." Blidt forsvara den framande Bladi og serleg "Luren". "Og som sagt: SIDE: 46 "Luren" interesserar seg mykje for Dykk." "Men eg interesserar meg ikkje for Luren." "De interesserar Dykk kanskje meir for "Posten"?" "Posten hev eg kasta ut fyrr." "Men "Luren" arbeider daa i same Leid som De: for Smaafolki og dei som lid Urett, og serleg for Arbeidaren. Det er sant: kva segjer De um Streiken der inne no?" "Vil Arbeidaren heller svelta og streika i Byen enn leva smaatt og strævsamt paa Lande, so lyt han faa det som han vil. Var det elles noko?" Bladmamnnen smilte brydd og reiste seg. "Det nyttar vel ikkje; det var nokre Spursmaal um det Livssyn De forkynner; for vaart Princip er fri Diskussion; alle Meiningar fram, so Folk sjølve kann velja. Men som sagt -." SIDE: 47 "Alle Meiningar ja. Fri Diskussion. Mot og med. Største Assortement i Meiningar og Livssyn. Usæle de Bladfolk, som interesserar Dykk for alt og rører ihop alt, og gjev oss tri Livssyn for Dagen og tie Lygner og tjuge Hende og Uhende, men tek Ettertanken fraa oss! Gakk heim til din Handel, Far, og din Vertskap, og skjenk ut dine Sensationsdrammar; men lat aalvorsame Ting vera i Fred. Farvel!" Daa Bladmannen var ute sagde eg: "du var uhøfleg." "Aa," jamra han, "denne stygge Bladlus i Herrens Vingard! all Saft og Kraft tærer ho upp. Kven kann lesa lenger; kven kann halda fast paa ein Aalvors Tanke; kven Hugsar eit sterkt Ord fraa i Gaar til i Dag! Dei vaskar oss ut. Alt gjeng i eit, Jugl og Sanning, Moro og Mord, Kyrkje og Cirkus, Manndom og Tjuvekunster; alt er godt som driv Tidi, og alt er gløymt naar SIDE: 48 Blade er lagt burt. Og Blade gjeng til sin Stad, og Folke geispar." Han er ikkje lenger ein av dei som lèt blaasa i Lur for seg. XX. "Hjelpa dei fatige er aa ala upp Dagdrivarar," segjer eg. "Nei," svarar han, "ikkje naar eg hjelper dei med mitt eige Arbeid. Dagdrivarar avlar Dagdrivarar; og Fanten èlst i Rikdom som Makk i eit Aat. So lengi ser dei smaae paa dei store, til dei tenkjer: me og vil leva godt med lite Stræv; men den som arbeider, lærer andre aa arbeida." "Med Arbeide ditt rekk du knapt meir enn hjelpa deg sjølv," meiner eg. Han smiler. "Du veit kje kor lite ein treng. Ingen veit det no, etter dei tok til aa leva for Pengar. Men det er Daarskapen som kostar, meir enn Maten." SIDE: 49 Eg talar um Samfunde. Sjølve Samfunde krev, at kvar tenkjer paa seg, og paa Alderdom og Etterkjømd. Han svarar: "Den Allemanns Krig mot alle som du kallar Samfund, kjem meg so lite ved. Eg gjev Keisaren det som hans er; og gjeld det aa ofra, um so Liv og Blod, er Jesu Svein Fysstemann; men det rette Samfund vil byggjast paa Samstræv og Fred, og ikkje paa Ufred. Og den som vil bøta Samfunde, byrjar med seg sjølv." Og han fortèl meg, at den rette Maaten aa syta for sin Alderdom paa, det er just aa hjelpa andre; for kjem daa den Dagen, at ein sjølv treng, so lèt ein dei andre faa hjelpa seg; "og det er den einaste Gleda, ein daa kann gjera sine Medmenneskje." Eg maa læ. "Du høyrer kje heime i denne Tid," segjer eg. "Nei Gudskjelov," svarar Bror min. SIDE: 50 XXI. At Live er Sol-kraft, Sol-eld, skynar eg um Notti. Naar Soli er burte, sloknar me. Og fær me ikkje slokna burt i Svevn, ser me Helsyner og hev Feber. Det er Dauden som raar og Mara som rid. Og Hel-skodde legg seg um halvsløkkte Augo. Lange graae Tankar tøygjer seg fram or Kræerne. Vonde Minne sìt inne i Skuggen, halvløynde, med grøne Augo og glor. Og Nattlampa strider med Myrkre som Vite med Ørska. - - Synd? Nei. Eg synda ikkje. Eg levde etter Livslovi. Guds Lov. Som er, at det eine skal eta det andre. Eller er det ikkje so? Er ikkje alle Ting til for at dei skal næra kvarandre og løysa seg upp i kvarandre; og er ikkje Live til for at det skal SIDE: 51 vera denne breide Straum av skiftande Form og dette blanke Hav av skiftande Ljos og heile denne endelause Rikdom av altid det same, som er Æveheimen? For so segjer Visdom: dette er Live, at det eine ét det andre og sidan vert upp-ete sjølv. Kvar gjøder seg til eit feitt Slagt for sin Overmann. Eg aat med´ eg kunde, og vart so sjølv eten; og naar Tidi kjem, lèt eg meg eta til siste Rest av Makk og Mugg; for til Slutt er det vaare Undermenn som ét oss. Eg fylgde Livslovi; eg bøygjer meg for Livslovi; so vert eg nedsvelgd i Livsens store Vomb, og melta og uppløyst, og so uppsògen paa nytt i Livsens Blodstraum; kvi skjelv eg daa? Den Blodstraumen er det evige Liv. SIDE: 52 XXII. Eg sagde med meg sjølv: dette Live hev dei nøydt paa deg; du skylder ingen noko for det; gjer deg den Hugnad av det som du kann, og lat det so fara. No, daa eg hev gjort meg min Hugnad av det, kann eg ikkje lata det fara. Det er utbrukt og inkje tess. Det er ei Møde og ei Tyngd, og eg orkar knapt bera det. Men daa eg ei vond Nott tok fram mine sterke Dròpar, dei, eg hadde gøymt som ei Redning og ein Utveg fraa mi verste Tid, daa kunde eg ikkje med all mi Magt faa meg til aa taka dei. Eg var ikkje rædd Dauden. Eg kunde berre ikkje sleppa Live. Dette utslitne Live, eg held paa det som ein Skatt. Eg klengjer meg til det som Baan til Mor. SIDE: 53 Mot min eigen Vilje. Kven skynar sovore. Dei nøydde Live paa meg; var det for mi Skuld? Var det ei Gaave eg fekk? Ei Gaave so gjæv, at endaa naar ho er burtøydd og inkje meir tess, er ho gjævare enn Verdi? Er her noko som er gjævare enn Verdi? Og det hev eg aatt og øydt burt? Er det det, som gjer deg so uroleg, du Hjarta der inne? Ræddast du for ein Rekneskap? Tenkjer du paa den late Tenaren, som grov ned sitt Pund og sùmla burt si Tid; og daa Dagen kom, hadde han kje vunne nokon Ting, men vart jamvel fraateken det, som han hadde fengi? XXIII. Vinteren tek til; Jordi døyr. Sval og rein legg Snøen seg ned yvi alt og løyner alt, Aaker og Urd, Stuve og SIDE: 54 Stein, Rusk og Avfall og altslag. Og alt vert vent; og alt fær Ro. Ja kom, Vinter, med di svale Ro og di reine Luft; kom med ditt kvite Lakan. Kom og breid ned alt Avfall og alt Rusk. Meg med, du reine Vinter! - "Døy er ingenting. Meg gjer oss for store Tankar um det som um det meste i Verdi. Me kjem til aa tenkja med oss sjølve daa som so tidt: aa, var det kje anna. Men hev du hard Verk i Kropp eller Sjæl, so er ei Morfinsprøyte betre enn ei Trøystepreike. Det er Raad for alt; og naar det ikkje er Raad lenger, trengst det inga Raad." Segjer Dokteren. Og alt vert gøymt og gløymt under den kvite Snø. SIDE: 55 XXIV. Du Gnag der inne, no kunde du lata meg vera i Ro. Kva vil du? Du piner meg. Kven er du? Er det gamle Skuggar? Truer, som eg hev mana ut or Minne men ikkje or Blode? Er det Samvit? Sit det ei Sjæl der inne og græt yvi eit spillt Liv? Aa lat vera. Kva nyttar det? Alt Liv er spillt. Eller hadde eg lova noko? Hadde eg bunde meg; er det nokon som hev Krav paa meg? Lat meg vera. Eg var den eg var. Kven skulde eg elles ha vore? Kann ein Morian skifta sitt Skinn eller ei Flyndre sine Flekkar? Eg var so laga, og so vart min Lagnad so. Hev nokon Skuld, maa det vera han som hev skapt meg; men det er ingen som hev skapt meg. Eg er flòten fram av ein uendeleg Livsens Straum. Eg SIDE: 56 er ein Dròpe; kven bryr seg um Dròpen? Men er det ein som hev noko aa krevja, so lat han melda seg. Lat han stiga fram og provfesta sine Krav. Eg tek gjerne min Dom, berre alt gjeng rett til, og eg fær Greide paa, kven eg hev med aa gjera. XXV. Synd? Aa ja du arme Far. Som fylgjer meg all Tid, i Dags Tanke, i Nattedraum. Ja, eg veit det. Men eg var for ung. Eg visste ikkje at eit Hjarta kann lida so. Eg visste ikkje, at ein Mann kann døy av Hugsótt. No veit eg det. Er det mi Skuld at det er for seint? Og du, Anny. Som reis upp so bleik og gjekk. Med Taarer som rann. SIDE: 57 Og det eine stille Ord Farvel. Og sidan let deg banka ihel av ein cowboy. Eg veit det, Anny; eg veit det. Eg hev trega det saart, so mang ein vond Dag. Men kva hjelper det aa trega? Hu, der er dei. Dei vil fram. Dei trengjer seg hit. Blodøygde, bleike. Hyss; dei murrar; dei stirer; dei lyfter Henderne mot Himmelen. I Jesu Namn; eg kann ikkje hjelpa dykk; burt! Det var ikkje mi Skuld. Eg gjorde som eg maatte. Verdi var slik. Meg og mine maatte og tenkja paa; kva skulde eg gjera? Hadde eg vore den veikaste, so hadde De gjort det same med meg. Daa tagnar dei. Dei veit det. Dei veit at det er sant. Dei sig inn i sine Skuggar. Men dei kjem att. Kor skal eg gøyma meg og gjera av meg. Hu, desse Mødrarne, svartklædde, saargrétne, med blaasvelte Ungar. Og der SIDE: 58 er han. Han med Blodflekken. Burt! Det var ikkje mi Skuld! Eg visste det ikkje! Det var Forretning, Forretning! og Kvar maa agta seg. Og den som ikkje er sterk nok, eller klok nok, han maa svida, kven det so er. Og den som gjeng under, maa endaa vera glad; for den som vinn maa lida lengst og verst; og der er ingen Naade lenger. For Faderen er burte; men Helvite brenn som fyrr med blaae Logar og usløkkjeleg Eld i vaar eigen Barm. Hu! Burt! Fader vaar, du som er i Himlarne - XXVI. Lat likso godt dei møta fram, som synda imot meg! Der er nok av dei, og eg gløymer dei ikkje. SIDE: 59 Nei, nei, ikkje du. Eg vil kje segja noko paa deg. Det var eg som synda verst, og laug for deg som var ung, og braut sund ditt Liv, endaa du heldt av meg. Nei; ikkje du. Endaa det var hardt, daa du gjekk, just som eg tok til aa sjaa deg og skyna deg. Ja var du her, du bleike, du sterke! so leid eg ikkje so, trur eg. Nei, vend deg ikkje burt. Lat meg sjaa dine Augo, dine store svarte Augo. Dei er kalde, eg veit det; men lat meg sjaa dei; lat meg sjaa djupt inn i dei, um det ikkje enno inst inne skulde vera ein Tanke for meg, ein liten god Tanke. SIDE: 60 Gakk ikkje ifraa meg! Du skulde vera her, og vera god med meg; og eg skulde læra aa elska deg, og du skulde sitja her, og fylgja meg gjenom dei myrke Djuv fram til den tronge Porten. Nei! Ropa ikkje paa hans Namn! Gøym deg ikkje i hans Arm! Aldri skal du der vera trygg; aldri fær du der Fred; eg spøkjer for deg; millom honom og deg ligg eg som eit vondt Samvit, som ein Grav-gufs, som eit kaldt Minne; aldri skal du faa Ro; for honom fylgjer eg fraa mi Grav all Tid, med pinande Tankar og Hugsótt og Vanvit, SIDE: 61 at han aldri skal vera glad, men rædd, rædd i sitt Hjarta, rædd i sitt Samvit, rædd Gud og Mann, til han vert rædd seg sjølv, og rædd deg, og døyr som eg no, aaleine og i Angest. Ja gakk, naar du vil! Eg hatar deg. Baani mine tok du, fyrst Hugen, sidan alt; framande veks dei upp langt burte og gløymer Far sin. Vondt skal fylgja dykk kor De fer; og han som ligg i Gravi tilgjev dykk aldri. XXVII. Sterke er vonde Tankar; der er ikkje Raad for dei. SIDE: 62 Rædsla ringar meg inne. Der er ingen Veg ut. Eg kjenner det store Myrkre, at det kjem sigande, sigande, som Skodda inn av Have, og sveiper meg inn, og fører meg burt, dit, der ingen frelsande Arm naar lenger. Hjelp! Aa, kvi ropar eg paa Hjelp, naar der er ingen som høyrer. Kvi er du ikkje, at eg kunde knefalla for deg, og ropa av mi Naud, av mi djupe Naud, og du vilde svara, og døma meg, og lata dine Toreslag brulta; og eg fekk gjera Bot, og forklaara deg alt, og du vilde skyna det, og hjelpa meg, og taka Rædsla fraa meg. Kvi er du ikkje? Kor vart du av? SIDE: 63 Vart du lei oss; kunde du ikkje bu her meir? Vart me for ureine for deg, for smaae; vart det for laagt under Lofte i Hjarto vaare, for trongt, for kvævt; fekk du ikkje Rom i Sjæler, som vart til Pengetaskur, og Reknestykke; og i Himmelen vart det kje verande for all den Eim av Blod, og all den Os av ule Tankar; og du drog deg burt, og gav Verdi fraa deg? Sandeleg, eg er ikkje den burtkomne Son; men du er ein burtkomen Fâr; og ingen vaagar lenger aa venta deg att; men av alle dine smaae er du saart sakna. Men du er. Eg kjenner deg. SIDE: 64 Du er Lovi, Livslovi, den ubrigdelege, i Gaar, i Dag, i alle Ævur den same. Du er ikkje mild, du er ikkje harm; du er det nakne Fjell, kald, høg, bratt; og du ser ikkje, og høyrer ikkje; og ditt Hjarta er Malm; og der er Is um ditt Hovud. Difor er eg dømd. Og der er ikkje Raad. Der er ingen aa ropa til, og ingen som kann gjeva meg ei Hand, naar Stundi kjem, og Svartedjuve lèt upp sin Svelg og gaper. Og Rædsla ringar seg um mitt sjuke Hjarta SIDE: 65 som ein kald Orm; og mine Rop og min skjelvande Sukk døyr i Notti. XXVIII. Ein Skriftefâr kunde lyfta av meg mine tunge Minne. Ein klok, fin Mann, som kjende Verdi og Live og Hjarta vaart, og som ein torde tala ut med, kunde gjera det. Men kor finn eg ein slik. Protestantarne hev berre Teologar. Og ein framand forstod meg ikkje. Men so tenkjer eg: i Grunnen er alle framande. Det er ikkje paa Jordi tvo, som talar det same Maal Kvar legg sitt i Ordi; dei talar med dei same Ord um kvar sine Ting. Og eg veit ikkje, kva det som eg segjer vert til i Heilen aat den som eg segjer SIDE: 66 det til. Eg vil ikkje hava nokon Skriftefâr. Eg vil vera sterk. Den vise segjer til Baane: du er stor; og til sitt Kvende: du er ein Engel; og til sin Ven: treng du Mynt? Og til Folke: Hurra. Men treng han aa letta sitt Hjarta med eit sant Ord, so læser han seg inn attum tri Laas, og kviskrar Orde med Hand yvi Munn, at ingen skal høyra det utan den einaste som han veit forstend det. Difor talar alle gamle Folk med seg sjølve. Dei hev i eit langt Liv lært det. Ein lærer so lengi ein lever; og kvar Lærdom er ei ny Sorg. Og kvar Sorg ei ny Kraft. Men ingen er utlærd, fyrr han hev lært aa tigja. XXIX. Aa du gode, du heilage, du som kom og vilde hjelpa, SIDE: 67 og føra dei burtkomne heim, og lækja dei sjuke, og gjeva dei trøytte Ro, aa, at du ikkje lenger er paa Jordi. Eg vilde so gjerne ha funne deg, og sagt deg mi Naud, at eg er sjuk, og hev synda og forspillt mitt Liv og sumla meg sjølv burt, og er faren villt og er ein burtkomen Son; men daa eg søkte heim, var det ingen som tok imot meg. Og du vilde sjaa mildt paa meg og gjeva meg eit godt Ord og leggja Henderne paa meg og lækja meg. Og eg vart sterk og levde eit nytt Liv og fann heim att til sist til Faderen. SIDE: 68 Men det er for seint. Du er burt-teken. Dei hev gjort deg til Gud. No sit du der uppe og dømer, som Fâr din. Og kva kunde det nytta meg daa. Um eg naadde fram til deg, du vilde sjaa kvasst paa meg og segja: høyr min gode Mann, kor vaagar du deg hit og er ikkje høgtidsklædd. Og eg torde visst ikkje svara. Ein Gud? Kva skal me med ein Gud? Fordøma oss kann me sjølve. Men ein Menneskjeson, som kjende oss, og visste alt, og hadde det lækjande Ord, og Hjelp, der dei andre berre hev Domar SIDE: 69 og kalde Augo; ein Menneskjeson - - Aa, at du ikkje lenger er paa Jordi. XXX. Gamlingen nede gjeng tuslar og skal døy. Og Bror min kjem stundom og lès for han. So lyder han gjerne innum meg. Hev han daa ei Stund, sèt han seg ned og røder med meg um laust og fast. Og eg høyrer etter og fylgjer med, um eg skulde kunna finna noko gale hjaa han. Men eg finn ikkje noko. Vondt er der ikkje i han, so langt som mi Sókn naar. Og rekna kann han ikkje. Han er lite sløg. Eg trur kje paa lange Utrekningar under hans rare Paafund. SIDE: 70 Og ikkje noko sjukt finn eg hjaa han. Det stend ingen Kaldhjelm av han, og ingen Utòkke. Han hev eit godt Fylgje med seg; eg vert rolegare naar han kjem. Og eit godt, jamt Huglag hev han; der er inkje Ov-ekse eller Mislynde. Heller noko avdøyvt og stilt, som etter Sorg og tung Røynsle. Men han hev røynt mykje. Og misst mykje. Men seint vert eg trygg. For det er mange Merke paa Galenskap, men ikkje eitt visst Merke paa Vit. So at knapt finst det ein Mann som ein ikkje kunde leggja lam berre med aa segja høgt: han er galen. Eg sagde til Bror min : "no skal du segja meg den rette Grunnen til, at du gav burt din Eigedom." Han smilte og svara: "Du trur meg ikkje. Men eg maatte. Verdi hadde Tâk i meg. Eg fekk Magt. Det sanka seg Mengd um meg; og Vénerne mine raadde snart Bygdi. Og eg SIDE: 71 kjende at eg lika dette. Daa vakna eg og saag meg ikring. Og eg saag at det spøkte for meg. Daa reiv eg meg laus. Men eg var fjamsen og uppskræmd og fann kje den rette Maaten." "Vedgjeng du det, Paal?" "Den vinstre Hand skal kje vita kva den høgre gjer; men dette vart der Staak av. Det kom ut yvi alle Bygder; eg vart til ei Bisn; og det eg hadde gjort vart rangtydt og gjorde vondt. Sjølve Gaava mi hev gjort vondt" "Segjer du det." "Pengar gjer altid vondt. Gaava og Gjevaren maa ikkje skiljast. Kassehjelp gjer Fatigmann til Herk, det same korleis ein steller seg. Gaava mi vart til ei Kasse; og dei som fekk Hjelp tok Hjelpi som ein Rett og knurra for dei ikkje fekk meir; men dei som ikkje fekk, hata og harma seg. Og ikkje Kjærleike men Ovund grodde etter Gaava." SIDE: 72 Han var vorten aalvorsam. Men so smilte han. "Alltid paa nytt maa ein læra og læra. Av kvart Mistak veks det Visdom; og av Synderne sine maa ein byggja seg Troppestig; for det er høgt upp." "Men," sagde eg; "er det kje du som lærer at me skal vera fullkomne?" Han smilte. "Viljen vaar maa vera heil." Eg tenkte med meg: ein slepp nok ikkje fraa han med aa kalla han galen. XXXI. Eg spør um det er sant at han kann lækja Sjukdomar. Nei, segjer han. Eg held fram. "Dei fortel, at du fer med aa beda for sjuke og leggja Henderne paa dei. Eg vil segja deg beint ut: eg likar ikkje slikt!" SIDE: 73 "Det lindrar stundom. Og ein skal freista alt som kann vera til Hjelp. For det er Kristendom, at me hjelper kvarandre." Eg tagnar. Han tek frami att: "Mange er Vesaldomarne vaare; dei flste av dei er Hugsótt. Det er Sjæli som er sjuk. Og hev ikkje den si Kraft, vinn alt vondt innpaa oss. Daa styrkjer Bøni, um der er Tru; Sjæli samlar seg og fær ny Kraft til Motstand." "Hev du ein Gud som høyrer Bøner, so vis meg han. Just ein slik Gud treng eg." Han lo. "Ja Teikn vil me hava." "Svara meg no. Alt det De bed um skal De faa, stend det." "I mitt Namn, stend det. Det er: naar me bed som han bad. Men det var hans Bøn: verte din Vilje. Stundom trur me aa sjaa Undere. Men beda, det er kje aa gjera Trolldom i Guds Navn; gjenom Bøni vil SIDE: 74 me lyfta oss upp til aa vilja Guds Vilje. Og vinn me dette høgste, so fær me alt det me vil. Og det er Livsens Forløysning, at min Vilje vert eitt med Allviljen. Men mykje er der i den gamle Sjælesyrjarvisdom, som der er Meining i. Bøn, Arbeid, Faste er tri gode gamle Vaapen. Mange vonde Aander er drivne ut med dei. Sjukdom og Synd heng so ihop, at Sælebot vert Helsebot ofte. Ungdomar spør meg stundom um Raad mot den ureine Lyst. Faste, svarar eg; Arbeid, og naar det ikkje er nok, Faste! Eg hev set støde Karar veksa etter det. Ofte trengst det berre eit sterkt Ord av ein frisk Mann, so gjev Hugsykja seg, og Kruslingen kvìknar. Dette røynde eg tidt. For der er mykje Hugsykje og Hugløyse millom Folke. Og den gamle Lækjekunsten er god for dei, som fyrst og fremst treng Lækjedom paa Viljen." SIDE: 75 XXXII. "Sjæli." Han talar so lett um Sjæli. Veit han ikkje, at eit Menneskje er ein Samvokster, ei Uppdyngjing av Cellur, ein Cellestat, og at kvar Celle hev si Sjæl? Vaar Sjæl er berre Samspele av desse Cellesjæler. Men ein kjem vel like langt med alle vaare Ord. Me kann segja um Sjæli kva me vil; ho lever sitt same Liv der inne for det; og Spursmaale døyr ikkje. Denne Uro, denne Gløding, dette som bivrar og brenn og skjelv og skyt Gneistar og segjer "eg" ende inn i Dauden, det er Sjæli, kva me so kallar ho. Aa du mi arme Sjæl, som veld meg all denne Verk og Brand. Gjev eg kunde taka deg inn til meg som ein sjuk Fugl og kjæla for deg og SIDE: 76 trøysta deg. For eg kjenner deg og hev vondt av deg, og veit at du treng Trøyst, og at du elles inga fær. Gjev eg kunde leika deg i Logn og kjæla deg trygg, du arme skræmde Fugl! Stakkar, som du skjelv; stakkar, som du er rusken og avplukka. Du flaug for mykje. Du kunde ikje sitja i Ro. Ein gamall Sol-Draum drog deg; du maatte upp og ut og leita og sjaa. Heil Hugnad vilde du hava; og du søkte vidt og fòr høgt og laagt. Men alltid stengde Skyer og Fjell; og Haukar og hakkande Klør var etter deg. Ikkje skjelv. Ikkje ver rædd. Eg var vond med deg; eg tenkte for lite paa deg; no ligg du der broten og arm, og hev misst Vengfjørerne. Men kvil deg no. Den Soli du drøymde um dreg deg vel til seg ein Gong; um ikkje fyrr, so i dine siste Draumar. SIDE: 77 XXXIII. Bror min segjer til meg: "du synest ikkje vera fornøgd med Live ditt." Eg svarar: "Mykje hev eg kje att for det." "Var det noko du hadde tenkt aa vinna? "Eg vilde vinna Rikdom." "Kva vilde du med Rikdom?" "Rikdom er Magt." "Kva vilde du med Magt?" "Magti raar." "Kvi vilde du raa?" "Daa fyrst er ein fri og kann njota Live." Han lo. "Njota Live er aa øyda det upp. Det hev du gjort, Bror min. Kvi syter du daa? Noko meir Moro, noko mindre Moro, det vert det same til Slutt. Facit er Null i alle Tilfelle." SIDE: 78 "Ein fær ikkje Ro til aa leva," knurrar eg. "Det gjeng upp i Mas. Livsraadi maa ein vinna, so ein kann vera trygg; av Live fær ein berre ein Jafs so i Millomstunder. Og naar Livsraadi er vunni, so er Livskrafti øydd." "Menneskje hev gløymt aa leva," segjer han. "Live skulde vera Kunst, men hev vorte Handel. Dei set sitt Livs Meining ikkje i Arbeide, men i det dei kann faa for Arbeide; og Livskunsten er aa snyta til seg den største Vinning for det minste Vederlag. Og Live vert ikkje Skaparglede og Arbeidsro, men eit endelaust Jag; for Livsmeining og Sjælefred kann ein korkje kjøpa eller snyta seg til; og alt det ein vinn vert for lite. Og i Staden for Lykke lyt dei nøgja seg med Moro. Men Livskjensla hadde du, Bror. Denne tirande Gneisten, som ligg oss i Barmen og gløder i Sorg som i SIDE: 79 Glede og fyller kvar Stund av vaart Liv med sin stille Fest, den hadde du. Og den var deg Like for alt, so at um du hadde det aldri so vondt, so vilde du endaa leva. For um me kjenner Live som Liding eller som Lyst, so vert det ein liten Ting mot Livskjensla. Difor skal du vera fornøgd med det du hev havt og enno hev; for endaa naar du er sjuk, vil du leva. Njota Live var ditt Livsmaal, og det hev du gjort. Og den som nyt Live skal ikkje samstundes venta noko att for det. Du er Bonde og veit, at det vert ikkje Smør av uppdrukken Rjome." XXXIV. "Meisteren hev sine Sveinar i alle Kyrkjur og Kyrkjelag, men er ikkje allstad like lett aa finna. Her SIDE: 80 hjaa oss er det ikkje best. Det er lettare for Kamelen aa gaa gjenom Naaleauga enn det er for ein rett Lutheran aa sleppa gjenom Paulus fram til Meisteren. Trui er god, naar ho er ei Trygd i meg sjølv og eit Ljos som eg treng og ei Kvild for mine Tankar; og ein god Filosofi er ein stor Ting. Men korkje i Teologi eller Filosofi vert du spurd, naar Domen stend; og ingen hev lova meg Løn for min Lutherdom; men eitt er visst: at eg er dømd, um eg dømer andre. Meisteren let roleg Farisæar tru og Sadusæar negta Uppstandelsen; og han sagde ingen Ting til Romarhovdingen som trudde paa Jupiter, eller til Pilatus som trudde paa inkje-noko; og i det han sagde til Kananæarkvinna var der ikkje so mykje som eit Spursmaal um ho trudde paa Molok eller Astarte. Til alle vaare kloke Meiningar hev Vaarherre knapt anna enn ein Smil." SIDE: 81 XXXV. Eg segjer: "Kann du kje med Grunnar læra meg Gud og eit anna Liv?" Han svarar: "Du veit kva den skeptiske Filosofi segjer, den gamle Visdom som alltid vert ny: Tanken kann skilja sund og løysa upp; berre Live kann byggja og skapa. Alt vert med Grunnar rivi som med Grunnar er bygt. Skal du leva paa noko, maa du leva deg til det." "Alt me elles veit, er bygt paa Grunnar." "Alt me elles veit, er bygt paa Røynsle, og endaa berre trur me det. Du kjenner dei vise? Der er tvo Kunnskapsvegar, Tanken og Røynsla; dei er baae gode; ingen av dei fører fram. Klaart viser dei tenkjande oss, at Røynsla sviv i Lufti; klaart viser SIDE: 82 dei røynande oss, at Tanken driv i Skyerne; alle vedgjeng, at Vissa ikkje er aa naa. Og den skeptiske Visdom vert alltid ny: inkje noko er sant; alt hev Rett so langt som det tener Live." "Den Vissa eg hev um Gravitationen, er eg nøgd med." "Eg og. Men kva Grunnar hev du for Gravitationen? Me trur paa det som me røyner oss til." Me talar meir um Vitskap; og han segjer: "Me maa vita alt. Heile denne Verdi maa me røyna ut, og oss sjølve med; og me maa vita kva det er me kallar Live. Kann henda er me som Baani, som riv sund Leikurne sine og vil sjaa kva som inni er; og naar dei det hev set, er dei leide av Leikurne sine. Men endaa maa dei riva dei sund. Og so er det med oss. Det nyttar korkje Baal eller Bann: Galilæi maa rekna og mæla. SIDE: 83 Kor det daa gjeng med Trui? Den Verdi som er, granskar me ut. Det som du kallar Tru, det hev berre med den Verdi aa gjera som me skal skapa." XXXVI. "Daararne spør, kvifor dei er til, og Dagtjuvarne vil vita Meiningi med Live. Men ingen fær Svar utan den som spør rett; og den spør rett som segjer: korleis skal eg faa Meining i mitt Liv. Daa svarar den gamle Visdomen - for den nye hev her korkje Spursmaal eller Svar: dette er det Arbeid som er Live verdt og løner Møda med aa leva: at du arbeider fram det nye Menneskje i deg. I Verdi er du ufri. Verdi er Mannheimen som Naturrike. Det verdslege Menneskje er det høgste Dyr. Men SIDE: 84 liksom Steinheimen til sist ber fram ein Voksterheim, soleis hev det høgste Dyr arbeidt seg upp ein Vilje, som til sist føder ein Aandsheim, eit Fridoms-Rike. Der er me løyste fraa den blinde Lov. Der sèt Viljen seg sjølv si Lov og vert soleis fri; og finn me vaar sanne Lov, so finn me Live. Difor segjer Sanningi: den vinn Live som gjer Guds Vilje. Me byggjer det gode i oss, naar me gjer det gode ikring oss. Med daglege Sigervinningar yvi Naturen i oss arbeider me fram Aandsmenneskje i oss, det, som hev sitt Liv i seg sjølv, og dermed den Voni som ikkje ræddast Dauden." Segjer Bror min. Eg svarar: "Ingen tvilar um Meining i sitt Liv, so lengi han gjer Nytte for seg. Er det Gagn i meg, er eg til Hjelp, gjer eg Arbeid som trengst, og gjer det godt, so veit eg at eg ikkje lever faafengt. SIDE: 85 Men fullt tykjest me ikkje ha gjort Rett for Live vaart, utan me fær gjort noko som varer. Me byggjer Kongerike og Pyramidar og Babelstaarn; me finn nye Land, nye Gogner, nye Truer og Tankeformer. Me vil i desse vaare Verk leva til alle Tider; daa fyrst er me fornøgde med Live vaart. Og kann me kje gjera Storverk, lever me endaa for Framtidi. Daa eg laag der burte og heldt Bank, tenkte eg ikkje berre paa meg sjølv; eg tenkte paa Baani mine og paa Ætti. Ein Rikdom vilde eg grunna, som kunde staa. I den vilde eg leva ned gjenom Tiderne. Men me veit og ser til Slutt, at ingen Ting varer. Dei største Gjerningar døyr. Difor tenkte den gamle Visdomen ut det um det nye Menneskje. I oss sjølve skulde me vinna noko varande fram. Men varer det nye Menneskje meir enn det gamle? SIDE: 86 Han her nede, som no gjeng og tuslar i Barndøme att, kva vilde det nytta honom, um han hadde skapt det nye Menneskje i seg? Naar Høgdi vaar er naadd, morknar me ned; og det øvste fyrst. Det nye Menneskje sloknar fyrr det gamle." Han svara: "Det gamle Menneskje slokna daa det nye kom til. Vunnen Livsfred vil som ein rein Harmoni tona inn i Alderdomen og i Dauden. Du gjer deg for mange Suter, Broe min." Han sat ei Stund og stirde som burtgløymd. Daa saag han paa meg og smilte so rart. "Seint," sagde han, "vil det spyrjast, at ein Jesu Svein døyr av Alderdom." "Kvi daa?" spurde eg. "Fylgja Meisteren er aa ofra Live." Eg saag paa han; og det var som Augo mine vart opna, og eg saag Bror min for fyrste Gong. Tyngre Ting hev den Mannen aa bera enn SIDE: 87 eg hev tenkt; og der er noko i Augo hans, og um Panna, og i dei sterke faste Drag, som sagde meg, at han hev ofra Live. Og han vart noko nytt for meg. Noko høgtidsamt. Ein Mann fraa ei større Tid; eit Menneskje som lever Live paa Aalvor. XXXVII. "Ja," segjer Bror min, "sann er den gamle Tanken at Jordi er Helheimen. Her brenn Elden som ikkje sloknar; her gneg Ormen som aldri døyr. Men Elden heiter Hât; og Namne paa Ormen er Hugverk. Sjølve er me Sjælerne som brenn. Den blaae Logen stend av oss i vonde Gjerningar og ut or Halsen paa oss i Eidar og vonde Ord. SIDE: 88 Og sjølve er me Djevlarne som piner. Ved ber me kvar til annans Baal. Og me klyper kvarandre med gloande Tenger. Og svider kvarandre med Jarni raude. Og Gneistar fræser me i Syni paa kvarandre, og sputtar Eiter. Men sant er det og, at Jordi er Guds Rike. Faae finn det; for Vegen er smal og Porten trong. Og uppyvi Døri lyser Krossen med Innskrift av Eld: ver lydig til Dauden. Men dei som finn det, kjenner det. Og dei segjer: for den Sæla Skuld, som me her fann, var Verdi ikkje for mykje paakosta. Men mange naar korkje Himmel eller Hel. For desse er Jordi ein Huldreheim. Der lever dei paa Mus og Frosk og vert feite, og sankar Smaastein og m`yk og trur det er Gull. Og dei bind seg Kransar av visna Lauv og skjer seg Stavar av morken Ved, og klunkar paa Tarmstrengjer SIDE: 89 og danser og syng: stor er vaar Magt; me raar Jordi. Sæle er dess Huldrefolki. Dei er fornøgde med Haugen sin og det som der er; og dei ét og drikk og elskar og spelar seg og lær aat oss som tek Live tungt og vil inn i Himmelen eller Helvite." "Visdom talar du, min Bror Sant Paal," segjer eg; "men du gløymer det andre Live." "Alt som er sagt um det andre Live er myrk Tale og Bilæte som me ikkje kann gjera oss nokon Tanke um. Men Voni hev me, alle som gjer det gode." "Men dei som gjer det vonde?" "Dei døyr den andre Dauden og skal som Ugras og Avfal bli utkasta eller uppbrende." "I den ævelege Eld." "Elden er æveleg, men knapt Avfalle." Han tagnar. Um eit Bil segjer han: SIDE: 90 "Men vil nokon gjera det gode for eit anna Liv Skuld, han daarar seg. Tenar me for Løn, so fær me inga Løn; for Domaren vaar, han som sit her inne, og som ikkje lèt seg lura paa Lengdi, han veit, at hadde det kje vore for Løni, eller Straffi, so hadde ein slik Tenar heller gjort det vonde. Berre ei Løn hev me trygg; Livsmeining, Livsglede, Sjælefred." Han smiler og ser paa meg: "du tykjer det er lite?" "Mange fær du ikkje med deg," segjer eg. "Ingen," svarar han, "utan dei som arbeider og er mødde, og som illtrivst i Verdi og hev vondt. Men andre er det heller ikkje som treng Meisteren." XXXVIII. Farvel, Tarald, du gamle Krok. Framfødd er du no, og heime for ollo. SIDE: 91 Roleg og rein som eit Baan ligg han der under Likblæja. Lite nauvar det no, um han sleit vondt i niti Aar. Og eg misunner han, at han hev klara den siste Kneiken. Soleis skal Menneskje døy. Han sovna av ein Gong i Nott, og ingen visste um det. Han hev sjølv ikkje visst um det. Eg slepp ikkje so lett. For den som ikkje hev levt so, fær heller ikkje døy so. Men det maa koma som det kann. Eg veit, at eg stend det yvi. Kven vil daa klaga. Alt jamnar seg og vert stillt. "En liden Stund det varer ved, saa haver min Elende en god Ende," syng dei her. Vonde var dei med Menneskja, dei som dikta den tunge Draumen um eit anna Liv; og hata gjer eg hin Skalden, som vekte i Verdi denne sjuke Tvil: men hev den Svevnen Draumar? Eg hev ikkje havt det godt i Verdi, og godt fær eg det ikkje. Men SIDE: 92 var der eit anna Liv, so fekk eg det verre der. For der varer det æveleg. Og alltid det same; alltid godt, eller alltid vondt. Di er det mi Von og Tru, at um alt anna i Verdi lyg, so er daa Dauden det han gjev seg ut for. Sæl helsar eg deg, gamle Felage som hev stridt ut; og snart kjem eg etter. XXXIX. Eg kjem til aa sakna "Sant Paal", Bror min. Trøytt kom han av Arbeid; tòlmodig sat han hjaa han Tarald og las og song; Gamlingen skyna kje stort, men trudde paa dette. Sidan sat Bror min hjaa meg og svara paa mine Spursmaal. Han hev eit godt Lag, det fylgjer Fred med han; eg var trygg, naar han sat her. Mangt sagde han og, som SIDE: 93 eg maatte hugsa og tenkja paa; og det var der Hjelp i; so sleit eg ikkje so mykje paa meg sjølv. Og eg sov betre dei Næterne. Han er ein Svermar som Meisteren hans. Fekk denne Kristendomen Magt, maatte Folk gjeva seg fraa Verdi, og Lande gjekk under. Det gjer det likevèl; for det er gamalt og himmelsjukt, og hev lite Framferd i seg. Men meir Himmelsjuke vilde skuva Feigdi fram; og Bror min vart ein av dei faarlegaste, um han fekk Mengd med seg. Men det fær han ikkje. Svermarskapen hans er meinlaus og mild. Utan for han sjølv; for av seg sjølv krev han mykje. Han drep seg. Hadde han levt i ei onnor Tid, so hadde han vore Profet. Folk hadde gjort han til Messias eller Buddha; og Prestarne hadde tynt han og sidan skòre seg Levebrød av hans Dygder. Men Sant Paal vil ikkje vera Profet. Han blandar seg burt millom SIDE: 94 Farrar og Kvaksalvarar og Folk med eit utrygt Ord, og gjev sitt Liv so ingen veit um det. Dette er sann Kristendom. Men sann Kristendom er upraktisk Kristendom, som aldri fær Magt. Men eg saknar Bror min. Eg hev teki til aa faa Tru til han. Og der er Frelse i aa tru paa eit Menneske. For trur ein paa eit Menneskje, so trur ein paa noko som er meir enn Menneskje. Eg tek til aa tru, at her er noko aa tru paa. Noko godt; noko sant; noko som ikkje er Reklame. Det gode fær han meg til aa tru paa. Ikkje med Ord, men med seg sjølv. Og Trui paa det gode frelser. "Trur du paa det gode, so trur du paa Gud," segjer Sant Paal. For er her noko som er godt, noko som gjev seg sjølv og ikkje søkjer Løn, so er me ovanum Naturen. Her er eit nytt Rike. Ei høgare Lov. SIDE: 95 Og daa er ikkje Verdi det tome gamle Hus lenger, der Ølur og Ormar slæst, og Rotte og Røyskatt strugglar for Live. Bror min maa koma att. Di meir eg veiknar, di meir treng eg han. XL. Han var her med ein Potteblom, eit lite fint ungt Tre; det hev alt Knuppar og sprett snart. "Dette," segjer han, "hev eg tigga meg til; og du skal ha det til aa sjaa paa no, daa det tek til aa vaarast. Men du skal sjaa vèl paa det. Veit du kva Mystik er? Naar du ser paa slik ein Blom, og ser at han veks, so ser du det mystiske. Ser du? I den vesle Krusi er der ein Neve svart Jord. Av den Neven svart Jord lagar denne Voksteren det du her ser: Rot, Legg, Grein, Kvist; SIDE: 96 so Blad og Knupp; so Blomar og Frukti. Men alt ihop og kvar serskild Ting so forunderleg gjenomtenkt og gjenomført. Alt ihop og kvar serskild Ting i Former so fine, at ingen Kunstnar kunde finna paa slikt, og med Lìter so utsøkte, at vaare største Maalarar med all sin Teknik og alle sine Fargar ikkje kann gjera det etter. Alt dette fær slik ein Vokster fram av ein Neve med Mold. Or den Moldklumpen reint ut strøymer det fram med Former og Fargar og utenkt Fagerdom. Det er som Blomen hadde Røterne sine i Æveheimen, inne i Guds Skapardraum; slik vell det og strøymer med Liv og Venleik. Og dette er ikkje noko som hev hotta til og hendt ein Gong i Verdi av eit Horve Høve. Og ikkje berre denne Voksteren hev slumpa til aa faa slik ei Løyndoms Kraft. Kvart Aar hender det, og Millionar Vokstrar kann Kunsten. Og kvar hev sin Maate; SIDE: 97 kvar hev sine Lìter og Former, alle gjenomtenkte med den finaste Kunst, og alle gjenomførde og fasthaldne so klaart og so strengt, liksom kvar Vokster hadde Teikningar aa gaa etter. Men endaa aldri tvo likt. Ja, sjaa paa dette; og tenk deg inn i det Avgrunns Djup av Gaate, som opnar seg berre i slik ein liten Blom. Og høyr etter, um denne Blomen ikkje skulde ha noko aa segja deg!" XLI. "Som Soli stend og Jordi gjeng, tvert imot det me ser, so er i høge og høgste Livsringar Sanningi motsett det som synest. Eit Barn trur, at det naar Himmelen fraa næraste Leite. Den gamle veit at han maa gjenom Gravi fyrst. SIDE: 98 Vil du vinna Ros og legg deg ut etter Ros, vert du til Narr; men gjer du godt Verk og ikkje tenkjer paa Ros, veit du kje av fyrr Namne ditt gjeng med Lov gjenom alle Grender. Den som vil vinna eit Kvende segjer ikkje til henne: du skal elska meg; han segjer: eg elskar deg. Og han legg seg ut um aa visa henne sin kjærleik. Slaa Pengar eller stela Pengar synest den beinaste Vegen til Rikdom, men er Vegen til aa missa alt. Kvi Folk er so uglade? Dei gjeng og ventar si Glede fraa andre. Dei skulde gleda andre; so vart dei glade. Me trur paa det som synest, og løyp Narr. Me vil upp i Himmelen fraa næraste Leite og vil gaa Snarvegar til Livsens gode Ting. Men den som gjev, vinn, og den som tek, misser. Tena skal den som vil vera stor; men i Verdi vil alle vera Herrar og SIDE: 99 vert Trælar. Og i denne Tidi vilde alle vera like og frie og vart alle like ufrie. Og Live og alle gode Ting vart sette upp til eit Rov for dei sterkaste; difor gjekk denne Tidi upp i Blod og skal gaa ned i Eld. For Live er ikkje eit Rov for dei sterkaste; det er ei Løn for dei trugnaste." XLII. Han segjer, at dei som ingen Gud hev skal halda seg til Verdi. Eg spør kva dei skal gjera som ingen Gud hev, og som er ferdige med Verdi. Han lær. "Dei fær samla Frimerke. Men," legg han til, "ferdig med Verdi er ingen." Eg meiner at so gamall kann ein bli. Han svarar: "er du ferdig med Verdi, so er du ikkje gamall. SIDE: 100 For ikkje Ungdomen elskar Verdi; den elskar sin Draum; og ikkje Manndomen elskar Verdi; den elskar sin Strid; Alderdomen elskar Verdi. Verdi som ho er, utan Umdikting eller Draum, Gull og Magt, Høgd og Glans, Mat og Vin, Kvende og godt Mak, just det verdslege i Verdi elskar Alderdomen. Men elskar det med Hât og Hjartans Brand; for han veit at han er uppsagd. Og han veit, at um Verdi enno smiler til han, so gjer ho det for Løn; og naar han tek henne med Magt ligg ho kald i hans Arm; og ho lær aat hans Elskhug. Daa hatar han henne. Men ho lær aat hans Hat; og han er bunden i sin Elsk og sin Aabryskap. Sæl den som slær upp med Verdi i god Tid! Drygjer du til ho slær upp med deg, drygjer du stridt lengi. Og naar du kjenner, at det vonde Hate vaknar i deg, det Hate som er SIDE: 101 umetta Elsk; daa skal du spyrja um Raad; for daa spøkjer det for deg. For med dette Hat skal me kje hata Verdi. Me skal ikkje hata Verdi. Verdi er god. Um ikkje til aa byggja paa. Blom i Eng er venare enn Salomon med alle hans Diamantar; og du hev Hugnad av Blomen, naar du brukar han som ein Blom. Men segjer du: det er ein Diamant; og du legg han i Ringskrine ditt, og gøymer paa han, og trøyster deg til han som til ein Skatt, so er han visna naar du tek han fram, og du segjer med deg sjølv: alt er Faafengd. Men Verdi er ikkje Faafengd, for di um du er eit Narr. Og fri av Verdi er ikkje den, som er ferdig med ho." "Men eg er ferdig med Verdi." "Prøv aa gjera deg fri av ho, so fær du kjenna kor ferdig du er." "Kva skal eg gjera meg fir av?" SIDE: 102 "Hev du kje so mykje som eit Hat?" Eg tagnar. XLIII. "Du talar um Gud som han var din næraste Granne. Hev du aldri vore i Tvil? Hev du aldri tenkt?" "Eg hev undrast og spurt," segjer han. "Men der er gjerne noko i meg som svarar." "Sæl er du. Men eit Spursmaal vil eg gjeva deg, som det knapt er Svar paa. Korleis kann du tru paa ein Gud, som ikkje er rettferdig?" "Han hev vore rettferdig mot meg. Hev du noko aa klaga?" "Sjaa deg ikring. Sjaa paa Folk. Some er fødde gode. Andre vert slengde inn i Verdi med so mykje vond Hug, og veks upp i so mykje vond Luft, at dei ikkje kann bli gode. Eg veit sjølv noko um det. Og sjaa SIDE: 103 paa Verdi og koss det der gjeng. Dei gode lid vondt; dei vonde vert feite; Retten maa tegja; Magti raar. Og det er berre ei Lov: at den sterke ét den veike. Og endaa trur du paa ein Styrar, ja ein Fâr!" "Her er me innpaa dulde Ting." "Eg bryr meg kje um dine dulde Ting. Eg er ikkje synsk, og maa halda meg til det, som eg sjølv ser." "Det er sant at ein maa vera synsk. I Verdi raar Naturlovi. Den rettferdige gjeng under med den urettferdige, og Soli gjeng upp yvi vonde og gode. Men Meisteren lærde oss aa byggja eit nytt Rike. Ovanum Verdi, ovanum Naturen, ovanum det høgste Dyr, inni oss sjølve byggjest det Rike der Rettferd bur. Der fær det vonde sin Dom og det gode si Løn; og der finn me Faderen." Eg tagna og tenkte. Han stod fram ved Glase og saag paa Blomen, som sprett so vent. "Seg SIDE: 104 meg," spurde han, "hev Blomen sagt deg noko?" "Verdi hev Sjæl, segjer Blomen til meg." "Det er det han segjer til meg og. Det er eit stort Ord!" XLIV. "Ein Sjølvherskar var den gamle Gud, med strenge Krav, for si Skuld. For si Skuld kravde han Lydnad og Ære. Og fekk han ikkje Sin Rett, vart han harm, og med Blod laut dei blidka den hemnfuse. Men Meisteren lærde os ein Gud som krev Lydnad for vaar Skuld. Og syrgjer naar me syndar. For vaar Skuld. Men vender me oss burt fraa Sjølv-øyding og Synd, vert han glad og gløymer alt. Og det spørst ikkje etter Offer og Soningsblod; SIDE: 105 sjølv slagtar han Gjødkalven; Høgtid held han for Syndaren som snudde. Med denne Læra løyste Meistern Verdi ut or ei lang Blodrædsle. Men Verdi kunde ikkje vera løyst. Den glade Helsing at Gud var Faderen, vart gjort til eit Krav. Trur du kje at Gud er Faderen, kastar han deg paa Elden! Og aldri hev det vore meir Rædsle millom oss og Gud enn det er no. Du segjer du finn ikkje Faderen. Det trur eg vèl. Den gamle Blot- guden er i deg. Inst inne i din eigen Hjarte-Angest sit han, sveipt i den som i ei svart Sky. Men tok du Mod til deg og sagde til Skyi: eg fór villt; men no vil eg gjera ditt Verk; lat meg vera som ein av dine Arbeidsfolk, - so fekk du sjaa. Kann henda var det Faderen!" "Eg er ikkje høgtidsklædd," svara eg. SIDE: 106 "Ja den nye Hugen maa til," svara han, "den heile og den reine." XLV. Eg spør han um han finn Samanheng i Skrifterne. Han svarar: "Ikkje ein Filosofi lærde Meisteren oss, men ein Livskunst. Han kom kje med Nytt til dei forvitne, men med Lækjedom til dei sjuke; og han stifta ikkje ei Sekt, men vìste oss ein Veg. Den Vegen er grei, naar ein vil finna Veg; men vil du finna ei Lærebygning, maa du laga ho sjølv, liksom Teologarne. Lat Munkarne slaast um Gjerningar og Tru! Me trur Meisteren, og gjer som han gjorde. Lat Drøymarar tvista um Himmel og Hel! Me byggjer Guds Rike av Kjærleik og Fred; og Helvite sløkkjer me so langt me rekk SIDE: 107 med fredsame Ord og hjelpande Hender. Lat Svermarar og Leigesveinar preika Serlag og Avstengjing og den rette Tru! Den rette Tru avlar Hat og Mord; det rette Liv byggjer Guds Rike. Men dei ovundsame, dei som elskar Verdi og friar og fær nei, lat dei preika Hat til Verdi! Løyste og lyfte yvi Verdi og alle hennar Vinningar og Tap skal me staa, og soleis frigjorde fraa Verdi elska Verdi, som ei Gaave og ein Rikdom til aa gjera vèl med, og eit Yrkje til aa byggja av, byggja oss Fredheimar og Høgheimar; og sjølve Live vaart skal me leggja i den høgste Hand, at me ikkje lenger skal vera bundne av Rædsle for Dauden. Men vaar Kraft hev me i Gud, som er det innste i oss sjølve, Sjæli i vaar Sjæl, Domaren, som alltid hev vaart Helvite kveikt for det ureine i SIDE: 108 oss, og Faderen, som held Høgtid og Helg, so snart me vinn oss upp paa vaare Heime Høgder." XLVI. "Alltid masar du med, at du ikkje kann tru. Kven er som bed deg um aa tru? Kor lengi skal eg segja deg, at Meisteren kom kje med ei Lære som du skal tru, men med ei Lov som du skal fylgja? Og fylgjer du den, fær du sjaa um ho er av Gud, og fær Trui attpaa." "Skal eg elska Gud, maa eg tru paa Gud," meiner eg. "Elska Gud er aa halda hans Lov. Elskar du Bror din som du ser, so elskar du og Gud, som du ikkje ser. Og etter kvart vert du synsk og ser Gud. Men elska Næsten er aa hjelpa Næsten. Og min Næste er den som SIDE: 109 treng mi Hjelp. Gamle Foreldrar, sjuke Systken; han som ligg for mi Dør; han som eg finn hjelpelaus paa min Veg." Han lo. "Seinast skynar me det lettaste; sist finn me det nærmaste. Og fyrr me vil elska vaar Næste, vil me elska dei me aldri saag. Dei Kristne elskar Hottentottarne, og dei som vil vera betre enn dei Kristne elskar Framtidi; men Lasarus ligg der han ligg. Det er kje noko Stas med Lasarus. Og Lasarus hev fortent si Naud; me kjenner Lasarus. Men just det som ligg oss næst, og som der er minst Stas med, gjeld det um." Eg segjer: "dette er ein Kristendom for unge og sterke. Men kva Raad hev du for ein gamall Mann som skal døy?" "Umvend deg, og du skal leva." "Kva godt kann eg gjera?" "Du kann tilgjeva." Eg tenkte: kven bryr seg um mi SIDE: 110 Tilgjeving. Men eg rette ut Handi og sagde: "deg tilgjev eg, Bror." Han tok Handi fast og varmt. "Takk, Bror," sagde han; "du veit kje kor godt du gjorde imot meg no." Eg saag, at han vart vaat i Augo. Og sæle er me baae tvo, at me hev vorte forlikte. XLVII. Eg kann ikkje døma um hans Tru; men eg kjenner Magti av hans Gjerningar. Og Von er der i den Tanken, at ein skal leva rett, og gjenom Liv finna Ljose. Daa er det ikkje lenger stengt. Fyrr skulde eg visst dette. No er det for seint. Der er ikkje Magt i meg lenger. Med Helsott i Bringa byrjar ingen eit nytt Liv. Eg vert veikare. Berre sume Dagar er eg uppe og berre ei lita SIDE: 111 Stund. Sist var eg uppe for lengi, og daana burt der eg sat; etter det laag eg sengfast i mange Dagar. Men Verken er linnare. Og Tokterne kjem sjeldnare. Og Hugen er meir roleg. Eg er vel for trøytt. Men stundom tenkjer eg det er Sant Paal, som driv det vonde burt med sine sterke Ord, og med Varmen av sitt gode Hjarta. Lengi trudde eg det ikkje, men endaa er det sant: at Menneskje kann hjelpa Menneskje. Og ofte tenkjer eg med meg sjølv: han hev Lækje- kraft, um han ikkje veit av det. Kanskje dette er ei Vending i Sjukdomen min? Klarar eg Vaarknipa, so klarar eg Sumaren; og vert den god, klarar eg meir. Gjerne tok eg no nokre Aar til, daa eg hev funne eit Menneskje som eg trur paa. SIDE: 112 XLVIII. Hugverken er ikkje burte. Inst inne kjasar han sitt gamle Kjav; og Bringa er tyngd og saar, og eg maa agta meg, at ikkje Angesten skal vakna. Det er det at eg ikkje fær tala ut. Ofte vilde eg skrifta for Bror min. Men eg kunde ikkje. Det er Sùmt eg skjemmest av. Og unemnd Synd er som ei Mare og ein hard Brystknute. Det er ærlegt aa halda Bank. Og den andre var verre Blodsugar enn eg. Men Tunga stivnar, naar dei Minni kjem, og eg kann ikkje faa sagt det. Ein kann ikkje skrifta for seg sjølv. Ein hev kje Mot til aa sjaa seg i Augo og segja heile Sanningi. Det er som ein Operation. Ein orkar ikkje SIDE: 113 aa vera aaleine med seg sjølv, naar ein skal leggja si Sjæl opi. Ein annan skynar halvkvedne Visur, og gissar og ser kva ein meiner og vil hava fram, av Mæle og Minespel og Augnelag; og ein tarv ikkje segja dei siste pinefulle Ordi. Og han hev eit mildt Auga og eit lempande Ord, naar han ser at ein vert rædd; og han segjer Ting som ein sjølv ikkje kjem paa, og som kann letta og lindra. Og berre det at han sit roleg og held ut, og ikkje rømer som for noko stygt, er der Hjelp i. Ein Dag naar eg er sterk vil eg tala med Sant Paal. Han hev fortalt meg sitt Liv; og englerein er han mot meg; men so mykje hev han røynt Verdi, at han kann skyna meg. Og han dømer ikkje strengt utan um seg sjølv. Det vilde letta so godt. Og eg fekk sova betre um Næterne. SIDE: 114 XLIX. Eg fekk fortelja Bror min alt. Og ei tung Byrd er teki av meg. Signing yvi eit godt Menneskje! Ingen veit kva eit godt Menneskje er utan den som lid Naud. Men han veit det, og han skal vitna paa Domedag. Sæl den, som hev det sonande Ord og den hjelpande Hand! I honom vandrar den heilage sjølv um paa Jordi enno og all Tid. Og Siger og Fred samlar seg um hans Hovud; og han skal ikkje smaka Rædsla, men gaa inn i det ukjende som i ein ljos Draum. Amen. Alle Guds heilage vitnar dette, og dei som lid, sannar med: ja, ja! Signing yvi den som kjem i Herrens Namn; Helg i Høgheimen yvi den hjelpsame! SIDE: 115 Men dømd er den, som fører vondt yvi eit Menneskje, eller piner det, eller brenner det i Sjæli med Vanvyrdnad og vonde Ord, eller ser Fall og Naud og ikkje rettar ut ei Hand, at han kunde gjera Uppreisning. Dømd er han, og ein utestengd; og Rædsla skal vera yvi han; og naar han kjem paa den vonde Dagen og bed um Fred, finn han kalde Augo og ingen som kjenner han. Dette er min Dom. Eg ser det og skynar det og bøygjer meg for Domen og tek mi Straff; for i Refsing er Soning naar ein tek ho som Refsing, og ber ho som Bot, fast og friviljugt. Men dei som var mine Djevlar og pinte meg, tilgjev eg; for mot meg gjorde dei det dei skulde; og deira Synd er deira Sak. Eg skriv til dei eg kann naa, og gjer Fred; for daa eg sagde Sanningi, at eg hatar dei, svara Bror min: "du skal endaa tilgjeva dei; for naar du hev gjort vèl SIDE: 116 mot din Fiende, vil du kje hata han lenger." Men dei eg hev synda imot og ikkje lenger kann naa, paa deira Vegner tilgjev Bror min meg i Guds Namn, so sant som eg sjølv tilgjev, og so sant som eg viljugt ber mi Refsing. Og den store Tyngdi sig av meg, og eg andar friare. Og no kjem Vaaren med Sol og linn Luft. Og alt Liv vaknar. Eg fær Mod og vert glad. No, daa eg hev funne ein god Bror, hev eg meir aa staa imot med. Kunde eg faa leva nokra Aar til, og leva eit nytt Liv, so trur eg enno eg kunde finna Faderen. IL. (Etterskrift). I den Dagboki, som det meste av dette er plukka ut or eller tilstellt etter, kjem det SIDE: 117 til Slutt ei Etterskrift med ei framand Hand; ho lyder so: "Ein Vaardag var det so klaart og vent: Gunnar klædde seg og gjekk ut ; for han sagde: det skal gjera meg godt for min Hovdeverk. Og naar eg fær drikka Sol og Luft, so vert eg snart god att. Det ser ut til at han hev vilja stavra seg upp paa Bakken der Varden stend. Men han kom ikkje so langt. Noko etter midveges hev han sìgi ned. Og han hev kje vunne seg upp att. Daa han vart funnen og innbòren, sansa han seg ikkje. Natti etter døydde han. Fred med dit Støv." Han fekk liggja i den Kraai han hadde set seg ut. Paa Gravbakken vart dette songi: Her vil eg kvila fraa Storm og Strid, kvila fraa Sut og Ankar, sova i Ro til Herrens Tid, trygg for dei rædde Tankar. Ende ho hev, den Vandring lang; legg meg stillt i Jordi sitt Fang! God som ei Mor ho gøymer Baane som svevnsælt drøymer. Legg meg stillt i den djupe Grav! Mild ho den mødde fagnar. SIDE: 118 Alt eg synda i Livsens Kav, her det stillnar og tagnar. Heilag legg seg um Gravi ned Soning sæle og Minne-Fred. Den som eg verst hev valde, tilgjev meg fyrst av alle. Herren høgaste, Heimsens Drott, Live meg gav aa strida, - vèl han visste og saag det godt, alt eg i Synd laut lida. Lyfter han daa si Aasyn mild, lyser Fred yvi Kvila still. Lat so Klokkune klinga! Fri er eg no um Bringa. Kvila vil eg i Freden stor her under Himlen ljose. Vent paa Gravi um Vaaren gror Villgras og mjuke Mose; Sporven gjer sine Sveivar og Sving; Humla surrar so brun i Kring; Live, seg stødt vil fræva, sælt skal den daude svæva.