Denne teksten er basert på den digitale versjonen som ble skannet, OCR-lest, korrekturlest og SGML-tagget av Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo i 1991-1997. Teksten er generert automatisk fra SGML-versjonen og det meste av markupen er fjernet. For en formattert versjon av teksten, og for opplysninger om hvilke utgaver teksten er basert på, gå til http://www.dokpro.uio.no/litteratur/ Ved videre bruk av våre tekster, ber vi om at disse opplysningene presenteres sammen med teksten. Spørsmål og kommentarer kan sendes til: dokpro@dokpro.uio.no - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - SIDE: 1 FOR SEINT UTE SIDE: 3 Det var Victor Hugo som var Skuld i det fraa fyrst av. Han døydde aatte Dagar for seint; og eg matte sjaa Likferdi. Det vart drjugt aa liggje so lengi her i Paris; men eg tenkte som eg plar tenkje: det jamnar seg vel, og gjorde som eg plar gjera: lét det skure. Likferdi saag eg, og den var stor; ingin Konge hev fengi Maken. Og dette var berre ein Skald. Men Franskmennane meinte som so: Mannen hev gjort Lande Ære og skal daa au hava Ære av Lande. I veldig Likferd vart han førd fraa den store Triumfbògen til Minnetemplet for Frankrikes Største: Pantheon; der kvilde han no, so trygg mot Gløymsla som Menneskje kunde vera. -- Same Dags Kvelden hadde eg tenkt aa koma av stad. Men aa bli ferdug med Paris er ikkje lett; det viste seg, at eg ikkje vilde kunna reise fyrr i Morgo Ettermiddag med 3-Toget. Naa; dess meir fekk eg drive paa. Det hasta no; langt var det lìde, og Skillingarne minka; eg fekk nytte Tidi som eg kunde best og fara beinaste Vegen. Eg sov godt ut um Morgonen; det vart nok ikkje for mykje Sove-ro dei Dagane eg no hadde i Ventom. Og at det var lenge til Klokka 3, det visste eg heimanfraa. Derifraa visste eg òg, at naar eg tok Vognmann, so skulde eg snart vera paa Stasjonen. Men i Paris er Timane stutte og Vegane lange. Daa eg var ferdug med mine Smaaærend var Klokka burtimot halv tvo. Og no viste det seg, at der enno var SIDE: 4 eitt og anna aa pakke ned; eg hev det i det heile so, at eg aldri vert ferdug fyrr i seinste Lage. Daa eg endeleg heit og forkava stod ned-i Porten med Kufferten og Overfrakken i den eine Neven og Regnhatten i hin, fullt ferdug, alt greidt, tok det til aa gry for meg, at det er lenger millom Avenue des Ternes og Nordbana i Paris enn det er millom Vollgata og Austbana i Kristiania. Daa eg hadde fengi den Tanken klaar for meg, kann du tru eg kom i Veg. Ned paa Plassen etter Vogn som eg var kasta. Der stod ei. Berre ei; men det var nok. "Til Nordbana!" Kusken riste paa Hovude; han var ikkje ledig. Berre ei einaste Vogn aa sjaa, og den var utleigd; merci! Med Anden i Halsen og Augo i Haargarden arbeidde eg meg upp yvi Gata i den heite Ettermiddagssoli; her maatte daa vera Vogn aa faa! Ja; det kom Vogn etter Vogn. Men alle var dei utleigde. I den eine sat det ein Mosjø og las i Figaro, i den andre ei Madame og viste fram sin nye Hatt; gjev dei var paa Bloksberg! Eg arbeidde meg fram, sveitande som ein Ploghest; vond var eg; trøytt var eg; og Klokka! Der stend ei Vogn. Cocher! Gare du Nord, s'il Vous plait! Eg uppi. Non, non, skreik han, je suis gardé! ikkje han heller var ledig. Kvi stend du her daa, din Smørtjuv, tenkte eg og baska meg ut paa Gata att; kor skulde dette gaa? Soli steikte som ho vilde brenne meg upp; og alle Vegar var endelause. Og Klokka! Klokka! Eg gjekk og glodde etter Vogn som eg vilde glo Hol paa Husveggine. Men raadlaust var det og raadlaust vart det, alt til dess eg kom upp til Triumfporten. -- Endeleg sat eg i Vogni. Ho rulla nedyvi Boulevard Hausmann so roleg som det ikkje skulde finnast Hastverk i Verdi; men eg saag paa Klokka. Det var att tie Minuttar. Til Nordbana var det ein Tur paa ein halv Times Tid, tenkjer eg. Allez! allez! skreik eg til Kusken; men eg visste det nytta ikkje. Eg gjorde meg som ei halv Von um, at Klokka mi kunde vera for snar; men det plar det Kulturprodukte aldri vera. Daa er ho heller Merci: Takk. SIDE: 5 for sein; alt Fe er sin Herre likt, maa tru. Nei; sist-paa fekk eg sjaa ei Byklokke som kunde segja meg Sanningi; Tidi var ute. I denne same blanke Minutten gjekk Træne til Antwerpen. Eg naadde fram til Stasjonen ikring ti Minuttar for seint. So var det ikkje anna aa gjera enn aa drygje til Kvelds daa. Eg sette Tye fraa meg paa eit Vertshus tett ved Stasjonen; slo paa meg noko tyskt Øl som smaka rasande godt etter alt Mase; dreiv so ned gjenom Gatune; vilde sjaa paa Paris endaa ein Gong, og so faa meg noko til "Middag". Og som eg gjekk der og dreiv Lauskar, kom eg i Godlag att. Eg var ferdug med Paris. Alt var avgjort og greidt; no kunde eg taka det maklegt. So tok eg det maklegt; kveikte Snadda og totte Verdi var slettikkje so verst vrang. Kjenningane mine trudde meg langt fraa Paris no; ingin hadde ein Draum um kvar eg vanka. Og naar ein skulde sjaa rett paa Tingen, so var eg reist. Eg gjekk berre her og spøkte; det galdt aa passe paa, naar "Hanen gól"; daa fekk eg kverve burt so fort som Raad var. For siste Gongen dreiv eg nedyvi den store Boulevarden; og fager var han, so han aldri hadde synst meg fagrare. Det er rart med det som ein fær soleis attpaa; ein er meir takksam for det. Elles saag Boulevarden visst ut som vanleg. Det var dei same endelause Straumar av Folk under dei same endelause Lauvgangar, og det same endelause, breide Elvedrag av Vognir som strøymde paa med kvæv, roleg Rulling yvi den glatte Asfalten; og so var det dei store Buine med all den Glans og Rikdom, og Kaffistogune med Speglar og Forgylling og hundrad Gjester under grønt Lauv, og so Avisgutane som skvatt ikring og ropa og ropa kvar du snudde deg og kvar du kom: les funerailles de Victor Hugo! Voilà la photographie de Victor Hugo! Voilà le testament de Victor Hugo! og Avisbuine funerailles: Likferd. SIDE: 6 som var tekte med Bilæte av Victor Hugo, den gamle og den unge, den lìvande og den daude; Byen var full av Victor Hugo, for den Viko daa visst. Ved Seks-Tidi smøygde eg meg ned Richelieugata; der var slik ein god Mat-stad. Og billeg: 6 Rettir Mat og 1/2 Flaske god Vin for 2 1/2 Frank (Kr. 1,80). Der sat eg inni ein Hage og aat (og slo sund ein Kopp som eg maatte betala). Sidan upp paa Boulevarden og drakk Kaffi; so ein Cigar; og so upp-aa Take av ein Omnibus; daa totte eg mest eg hadde det so godt som det lét seg gjera aa faa det i Verdi. -- -- Klokka 10,45 drog eg fraa Paris. Naar ein Nordmann er ute og ferdast tenkjer han som so: du finn alltid ein Baat som gjeng til Kristiania. Men det finn han slett-ikkje alltid. Millom Hâvre og Kristiania kunde ein koma ein Gong fjortande-kvar Dag, og millom Antwerpen og Kristiania likso sjeldan. Men no var det so vel stelt og sløgt uttenkt, at dei tvo Baatane gjekk nokorlunde samstundes. Den eine Vìko gjekk det daa tvo Baatar millom Kristiania og den Kanten av Fastlande; den andre Vìko gjekk det ingin. Og so kunde ein ikkje lite paa, at Baatane gjekk etter Ruta heller. Eg kom til Antwerpen den 3die Juni. Men der var ingin Baat. Det var ein som skulde ha gjengi den 28de Mai, men som eg visste ikkje hadde vori der daa; den tenkte eg kunde vera komin. Men nei. Det gjekk ikkje Baat herifraa til Kristiania fyrr den 11te Juni. So lengi var det ikkje Tanke um aa drygje; eg fekk draga til Amsterdam, og det strakst. Med Antwerpen-Utstellingi fekk det vera som det kunde; eg fekk kikke paa "Konsta" og dermed vera fornøgd. Nei; so fekk eg vita at det gjekk ikkje Baat fraa Amsterdam fyrr den 6te Juni. Kva kunde det so nytte aa haste? Eg kunde likso godt liggje her som i Amsterdam. Det gjorde eg daa. Dei fekk segja kva dei vilde der heime; eg kunde ikkje stiga lenger enn eg var klovin kor som var. Taka Jarnvegen upp gjenom Danmark hadde SIDE: 7 eg ikkje Raad til; og ikkje vilde eg heller, so varmt som det no var. Ja for du kann tru det var varmt. Kom ein ut paa Gata, so laag Soli yvi Nakke og Akslir med ei Steikjing og Gløding so ein knapt kunde halde seg uppe. Eg gjekk og drog etter Anden som ein Fisk paa Land; eg drakk Isvatn av alle Slag og undrast paa, um eg ikkje snart fekk Solstyng. Uppi Utstellingi var det verst. Eg sveita som ein Sil og kunde knapt halde uppe Augo. Norig hadde fengi ein god Plass i Kunst-Deildi; og dei som forstod seg paa det sagde at det svara Plassen sin rett godt. Eg for min Part totte det var fint og gildt mest alt ihop; det var Bilæte paa Bilæte med norsk Natur og norskt Liv, ærlegt framsynt og friskt og modigt. Men naar ein hadde sétt paa Kunsten fraa andre Land og sidan kom inn-til den norske att, daa saag ein, at Norig er eit fatigt Land. Alle Bilæte var so smaae; so knapt tilskorne; so knipne. Maalarane vaare hev nok ikkje Raad til aa maala paa store Dukar; dei maa knipe sine Synir inn paa smaae Rom; for Duken er dyr; og det er ingen her heime som kauper dyre Bilæte. Takke til at dei kauper billege. Dei fleste gjeng nok berre ned paa "Maleriauksjonen" og kauper seg eit Stykke Skog eller Sjø for 20 Kronur eller so. Um det er god eller laak Kunst, det kann vera ytt som bytt for den norske Intelligensen; det er den forgyllte Raama som er Hovudsaki; den fyller so godt paa Veggen, maa tru. Og so kann ein gaa ned til Vollmann og faa seg ei Athene i Gips til Skriveborde og Kronprinsen og Kronprinsessa i Terrakotta for 5 Kr. Stykke til aa setja paa Piedestallen eller Hyrnehylla. Dermed hev den upplyste Del av Nasjonen so mykje Kunst som den treng. Og "Folket" .... Av Skulpturarbeid var der tvo i den norske Deildi. Og dei var ikkje store. Dei var ikkje større enn so det kunde vera Von um, at Nasjonalgallerie eller Kunstsamlage kunde hava Raad til aa kaupe deim. Det eine av desse Bilætverki var Skeibroks "Træt". Naar ein ser SIDE: 8 paa denne stakkars Gjentungen som sìt der og heng yvi den kvasse Stolryggen so uttrøytt og arm at ho ikkje kann halde Augo uppe lenger, so ser ein korleis Folke hev det. Det er det jamne seige Slit for aa lìva og slaa seg igjenom; stort meir vert det ikkje. Modige Maurar dei, som ofrar seg for Kunsten i dette Land! stor Takk kann dei ikkje vente. For dei fleste vert det Gjeld og Sveltihel; og so er det kanskje hundrad Mann i Lande som bryr seg um det dei gjer, og -- skal me segja tie? -- som forstend det. Eg gjekk der inne i den lumrande Varmen, til dess det tok til aa svimre for meg; søkte so ut. Um Kvelden var eg paa "Skala" og "Eden" og andre slike Kvilestadir; glodde paa Linedansarar og høyrde paa Visesongarar og svala Torsten med tyskt Øl. Eg var aaleine og lika meg so midt i Lag; og paa slike Stadir skulde ein kunna raake Nordmennar. Ja; norsk-danskt høyrde eg baade her og der. Men eg saag ingin som eg kjende. Dagen etter tok eg Industri-Deildi. Det var like varmt eller endaa verre; ein maatte søkje Skuggen, vilde ein ikkje braane reint burt. Inne i Utstellingi var der som i eit Govbad. Eg gjekk gjenom mange Land, fyrr eg fann Norvège. Det var Norig og Sverig og Danmark i eit Rom, berre skilde fraa kvarandre med smale Gangar og Flagg; Norig var fremst. Lite klemd um Bringa var eg, daa eg gjekk inn: kva kunde vel vesle Norig hava aa vise fram paa slikt eit Storheimsstemne? Jau; me hadde Brennevin. Ingi Naud med Norig, so lengi det hev Brennevin! Og so Øl. Brennevin og Øl. Skaap etter Skaap med Flaskur; og so sjølvsagt han Guten med Toppluva, han som sìt og rid paa eit Anker og hev ein Dunk under kvar Arm; han hev visst vori paa alle dei Utstellingar som nokon veit aa nemne. Av Tre er han utskorin og som ein Tremann ser han ut. Dei maa lìva lystigt like vel der upp-i det Islande Norig, tenkjer vel Utlendingen, naar han ser alle desse Skaap og Reisverk fulle av svarte tunge Flaskur med underlege Merkesetlar i kalde Fargar og utstasa med rare Figurar og Kròt. SIDE: 9 Men me hadde andre Ting. Me hadde Hestskosaum. Den var ikkje ille. Og me hadde Tremasse; Tremasse paa Flaskur; saag fælt rar ut. Karjolar veit eg ikkje um eg saag. Men eg saag Smedarbeid som ikkje var verst. Det kom burt, naar ein likna det ihop med Smedarbeid fraa Belgia, England, Amerika; men det lét seg daa sjaa paa. So var det stelt ut hyvla Bord; dei lukta so friskt og godt av Furu. Og Pelsverk! Det saag noko armt Og glanslaust ut mot t. D. det russiske; me kann vel ikkje laga det so fint til. Men det maa me kunna lære. Nei! at me ikkje sender eit par hundrad av dei beste Arbeidskarane vaare til kvart einaste slikt Storsjaa, so dei kunde faa ei Vitring um kor mykje me hev att aa lære av alle Slag! Det er for Folk som oss, at slike Sjaa skulde gjera mest Nytte. So lengi gjekk eg og saag paa desse norske Utstellingsskaap ("Montrer"), til dess eg vart heilt-upp tungpustin. Dei var so laage! laage og tunge og nedklembde og klumpne; der var ikkje Reisning i deim! Det var som naar ein kjem til Kristiania fraa ein utanlandsk By; det vantar ei Høgd paa Husi! Dei stend so krukne og modlause; vaagar ikkje aa rette Rygg; ein fær slik Hùg til aa lyfte paa deim, keike deim upp. Det ser ut som Tanken hev vori aa byggje deim store; men so, naar Byggmeistaren kom til tridje eller fjorde Høgdi, so var der ikkje meir Pengar, og so laut han leggje Tak paa halvferdugt Hus. So paa Lag var det med desse Skaapi. Dei stod og krukte og gjorde seg smaae; vaaga ikkje aa rette Rygg; sterke var dei so dei kunde staa seg for ei Kanonkule; men halde seg frie og rake kunde dei ikkje. Det var som dei ikkje rett visste um dei torde vera her millom so mange fine Skaap fraa dei store Landi. Eg gjekk ut meir bringeklembd enn eg kom inn. Langt fram, langt fram, sagde eg for meg sjølv; gamle Norig er stort, men Kulturen vaar, den er litin. Det var ikkje herdande lenger i Bygningen; eg laut ut og faa meg noko med Is i. Men fyrst gjekk eg innum ein Tyrk og kaupte meg eit Cigarett-Munnstykke; det skulde vere liksom til eit Minne. Og enno hev eg ikkje SIDE: 10 kasta det burt. Det er fint; Munnspissen av (falskt) Rav, Resten av forgyllt Metall med mykje Kròt paa; under heng eit lite forgyllt Lekkje og ein Halvmaane. Som eg var ferdug med denne Handelen, kom det drivande ein katolsk Prest. No gjeld det! tenkte Tyrken; han drog fram or Skaape sitt eit stort Krucifiks og vilde hava Presten til aa kaupe. Det var gilde Greidur: Krossen av svart, polera Tre, og Kristusbilæte av Filsbein. No skal du sjaa, tenkte eg; her fær me stort Tolerancetablaa: ein kristin Prest som kauper eit Krucifiks av ein Tyrk. Men Presten saag ikkje ut som han vilde gjeva Framsyning i Tolerance. Han saag ut som han var rædd. Eg veit ikkje um han slo Kross for seg; men det var visst ikkje langt ifraa; og apage Satanas! stod tydeleg aa lesa i heile hans Aatferd. Men Tyrken heldt paa med sitt; han forstod visst ikkje at ein Prest kunde sjaa eit Krucifiks og ikkje kaupe. Endeleg spurde Presten kor mykje det kosta. "Seksti Frank," totte eg Tyrken svara. Daa gjekk Presten. Det same gjorde eg. -- So kom Reisedagen. Det kosta meg ein halv Frank i Attpaa-Drikkepengar aa koma til Jarnvegsgarden fyrr Ferdi gjekk; so seint var eg ute. Og endaa hadde eg berre ein Minutt aa gjera paa, daa eg var framkomin. Eg inn. Burt aat Gluggen: "Amsterdam! tridje Klasse!" Nei; det var ikkje der; tridje Klasse var paa den andre Sida, "l'aut' coté', l'aut' coté!" Eg av Stad, med Kuffert og Overfrakke og Regnhatt og all Ting, burt til den andre Sida; nei; der var ingin Glugg. Halli rundt, med Hatten paa Nakken og Live i Hendane: nei; ikkje meir Billettglugg enn der var Gull. So attende til den fyrste Gluggen. "Andre Klasse! eg finn ikkje tridje!" Billettseljaren tøygde seg ut gjenom Gluggen med heile Bùlen og peika og skreik: "par-lá! der! ut gjenom den Døri! og so l'aut coté!" Eg staup i Veg, halvgalin av Hast; ut gjenom Døri; tvers gjenom Ventesalen; nei; ingin Glugg; ut ei Dør til; gjenom eit Gods-Rom; jau! der var ein Billettglugg. "Amsterdam! tridje!" eg var haas som ein Hanekjukling Filsbein:"Elfenben". -- apage Satanas: burt, Satan! SIDE: 11 av berre Uppøsing; Billetten fekk eg; so ut same Vegen; inn i Ventesalen; ut paa Trammen; der stod eit Tog so langt som halve Karl-Johansgata. "Toge til Amsterdam?" "Nei," svara ein Konduktør; "l'aut coté!" -- han peika tvert yvi Toge. Eg i Veg; fyrst til den eine Kanten; der var ingin Utveg; so til den andre, fortumla, hovdalaus; -- huy -- y! ylte det paa l'aut coté. "Toge til Amsterdam?" skreik eg vitskræmd til ein Konduktør; "der gjeng det," svara han og peika. Eg stirde paa Fyren, lengi og hjarteleg. Hadde Magti vori so stor som Viljen var god, so hadde den Syndaren vori Oske paa Flekken. Sorgfull og forharma vingla eg inn til Billettgluggen att. "Ver so god," sagde eg og lagde fraa meg Billetten; "eg vart for sein." Men eg kunde ikkje faa att Pengane mine. Derimot kunde eg brùka Billetten seinare i Dag, sagde Gluggmannen. Ce soir, Klokka 8,14, "uvétt-ørr-katt-orss!" som Fyren sagde paa sitt Belgisk-Fransk, gjekk det nytt Tog til Amsterdam. Naa-ja! det beste var godt nok. Eg turka min sveitte Skalle og rusla inn i Ventesalen. Det gjekk ikkje verst endaa, totte eg. Paa denne Maaten kunde eg enno koma med Amsterdambaaten i Morgo Kveld. Ubeint vilde det alltid vera aa koma til Amsterdam so seint. Kl. 1 -- 2 um Natti skulde eg koma til ein By der eg ikkje kjende ein Kryp, og ikkje visste Namne paa eit Hotel, og ikkje kunde eit Ord av Maale. Pengane tok til aa minke stygt au. Men det fekk gaa som det kunde; det jamna seg vel. Og so hugsa eg, at naar eg kom fram, so kunde eg gaa beint umbord i Baaten. Beint fraa Jarnvegen og umbord. So var eg berga med ein Gong. Daa totte eg alle Sorgir var sløkte. Ein Seidel Øl paa det! -- eg var glad som ein Fugl. Berre ein kunde lite paa dette Kveldstoge. Det stod ikkje nemnt i Bladi; og aldri fyrr hadde eg høyrt gjeti det. Best aa vera trygg; eg gjekk ut paa Trammen og fann tvo Banemennar. "Pardon, messieurs ... est-ce que ... va-t-il ... hm"; nei. "Geht's ... geht's ... ein Zug ... à Amsterdam ... heute, ce soir ... huit heure quatorze, SIDE: 12 acht Uhr vierzehn? -- Eg stod og kvakla og kvakla med tyskt og franskt um kvart-anna; lite kunde eg av baae Slagi, og i Dag var eg reint galin. Banemennane spurde kvar eg skulde av. "Amsterdam," sa eg og viste fram Billetten. Jau; so var det rett nok med Toge. Det skulde gaa 8,14. Den eine sagde det paa Tyskt og den andre paa Franskt; so det var visst nok. Men so vilde dei hava noko meir Greide paa denne Billetten. Kor kunde eg ha fengi Billett no til eit Tog som ikkje gjekk fyrr Klokka 8,14? Det kunde eg ikkje klara korkje paa Tyskt eller Franskt. "Kva er det for eit Maal De kann daa?" spurde den eine. "Nor -- nor -- norwegisch," sagde eg. "Jaso. Ikkje noko anna? Jau; "un peu allemande," meinte eg. Dei stod og glodde paa kvarandre so rart; "n-nei-nei, ein wenig allemande," retta eg meg; det er det verste Maalstræv eg hev vori uppi i mine Dagar. Banemennane hadde haldi seg aalvorsame heile Tidi; men no gav dei seg yvi. Dei lo so dei stod tvikrokute. Det var ikkje hugsamt for meg; men til Slutt kom eg au paa Laatten. Og so var me gode Venir. Eg fekk ei Paaskrift paa Billetten um, at han skulde gjelde til Kveldtoge; dermed gjekk eg ut og fekk min "Demi". Det svala godt. Klokka 8,14 gjekk Toge. Eg var med. -- Me var komne ind i Holland eit Stykke. Daa eg der viste fram Billetten, gav Konduktøren seg til aa snakke noko paa Hollandskt. Kva det var for noko hadde eg ingin Draum um; men at der var eitkvart som ikkje var som det skulde vera skýna eg. Han slutta med eit Ord som heitte "Laye". Eg riste paa Hovude og sagde "comprend pas" (forstend ikkje). So gjekk han. Ein stor Hollending som sat i Kraai rett imot meg gav seg like eins til aa greide ut for meg um, at ikkje alt var som det burde vera. Og han sagde likeeins "Laye". "Laye, qu'est-ce que ca," sagde eg. Hollendingen gav seg til aa prata paa nytt; og so lengi heldt han paa, til dess eg ein Gong til sagde "comprend pas". "Aa, han sprekker frensch," sagde Hollendingane til kvarandre. Daa dei var komne under Fund med det, lét dei meg vera. So sat eg daa der og undrast; kva i Verdi var "Laye" SIDE: 13 for Slag? Og kva tru det var som var gali? Det hollandske Maale var eit barbariskt Maal. "Laye"? Naa; i Grunnen kom ikkje den Greida meg ved. Eg hadde min Billett; Konduktøren i Antwerpen hadde vist meg inn paa Toge; og no fekk dei vera so gode aa skaffe meg fram. Det var ein annan Ting som uroa meg meir. Dei hadde funni ut at eg tala Franskt; seg no at dei sende paa meg ein Konduktør eller Stasjonsmeistar, som kunde Franskt? Kvar skulde eg daa gjera av meg? Som Lukka var fanst det nok ingin paa den Vegen som hadde Mod til aa vaage seg i Kast med ein Franskmann. Eg vart tryggare og tryggare di lenger det leid. Og dette andre, det som ikkje var som det skulde vera, naar det kom til Stykke galdt det vel i det høgste ei Togskiftning. -- Ja visst; det var det eg kunde tenkje. I Rotterdam, trur eg det var, kom Konduktøren og ropa meg ut; styrde meg so inn paa eit anna Tog; dermed tenkte eg Bikkja var berga. Me køyrde og køyrde; Lande var trillende flatt; sùme Tider var det visst berre klaare Vatne. Men Natti var myrk; eg kunde so lite skilja. Klokka kunde vera halv eitt. So stanar Toge. Alle Mann ut. "Layde!" skreik Konduktøren. "Laye?" tenkte eg og vart rædd att. Fekk Tye med meg og kom ut. Der raakar eg Stasjonsmeistaren. "Amsterdam?" sagde eg. "Nei, Leiden," sagde han. Aah, Leiden ... "Gjeng ikkje dette Toge til Amsterdam?" spurde eg. " Nei; det gjeng ikkje lenger." No forstod eg alt. Aa dei Utangane der burti Antwerpen! Men eg fekk vera der eg var. Og Stasjonsmeistaren var ein grei Kar; han gav meg ein Mann med til aa berge meg i Hus. Klokka var burtimot eitt; heile Leiden sov. Lengi, lengi vanka me ikring, yvi Bruir og frametter Kanalar; ringde paa og ringde paa, men fekk ingin upp; høyrde paa Klokkespele i Kyrkjetòrni; raaka endeleg ein Vektar som kunde rettleide oss; fann til siste Slutt eit Hotel der Folk var uppe. Tvo digre Leidensarar sat SIDE: 14 enno med Toddyen sin ved eit Bord utanfor Døri og drakk. Der fekk eg Hus. Og der sov eg som eg skulde vori heime. Dei som trur at eg aldri kann koma upp um Morgonen mistek seg; Klokka halv seks var eg paa Føtane. Og Klokka burtimot sju gjekk Toge, med meg umbord. Og no fekk eg so fin ein Tur i Morgonluft og Morgonsol gjenom det feite flate Holland, at eg reint ut var glad for at alt hadde gjengi so stakkstyrt. Og um ein god Time skulde eg vera umbord. Daa me kom fram, fekk eg fat i ein Berar; eg skulde til det norwegische Dampfschiff, sa eg. "All right!" svara han. Me rusla burt gjenom Amsterdam. Ein forunderleg By. So gamaldags og hollandsk og velstelt og borgarleg. Og so rart bygd. Alle Hus i denne eine same gamle trauste hollandske Stilen. Og Hus ved Hus so tett dei kunde staa; med dei smale Brjosti til Gata; stengde og aalvorsame; og øvst uppe høge avrunde Gavlar liksom Kronur. Kanalar gjekk i Kross og Krok gjenom Byen kvar ein saag, med lange Radir av Lauvtre paa baae Sidur. Gata var trong mest all Stad. Men der var Liv paa denne Gata. Det var ein jamn Stim av rolege, store, støde Folk som hadde sine Forretningar, og som saag ut til aa hava det berre godt. Eg lika Byen betre og betre for kvart Stìg eg gjekk; det var ein By for seg sjølv, dette, noko reint anna enn Antwerpen, som for det meste berre er ei flat og lite forvitneleg Herming etter Paris. Beraren min var ein snild Gut som gjerne vilde drøse. Daa han fekk vìta, at eg var fraa Norig gav han seg til aa snakke norskt. Han hadde vori til Sjøs og fari mykje med norske Skutur, sa han. Og ymse Ting hadde han Greide paa, ikkje minst paa den norske Baaten; den gjekk her fraa Byen i Ettermiddag, sa han. Det var greidt: eg var berga. Eg kunde segja Utlandi Farvel. Det hadde eg baade Hùg til og ikkje. Men det var daa visst paa Tidi at eg kom heim. Dei Timane som var att til i Ettermiddag kunde eg brùka til aa umsjaa meg i Amsterdam; so hadde SIDE: 15 eg endaa noko aa gleda meg til. Harmelegt var det at eg hadde so lite Pengar. Men eg fekk betala for meg umbord, naar eg kom til Kristiania Baaten laag ikkje ved Bryggja; hadde vel lagt seg ut paa Hamni. So gjekk me til Ekspedisjonen. Eit gamalt hollandskt Hus; Brjoste til Gata; den høge Gavlen øvst uppe som ei Krone; gamaldags Vindaugo til aa draga upp; skinande kvite Gardin; Velstand, Velstand fraa Grunnmur til Møne. Inngang som til ein Kjellar; so upp ei breid bratt myrk Tropp; og so var me paa Kantore. Eit stort, rart, myrkt Kantor; laagt under Take; uvandt Stell; grunnmura, gamalt; Velstand! Eg spurde kvar han laag, den norske Baaten. Dertil svara dei, at den norske Baaten var gjengin. Gjengin?! Ja. Gjekk i Natt; noko for tidleg. Gjekk elles alltid um Laurdagen. Det var berre denne eine Gongen; eit reint Vinglehøve; skulde i Turrdokk. Næste Baaten Laurdag kommande; i Dag aatte Dagar. Mange Takk. Der stod eg. -- -- Naa; so fekk ein sjaa aa koma til Hamborg daa. Derifraa gjekk Baat i Morgo. Men Pengar? Eg hadde i hollandsk Mynt millom 22 og 23 Gylden; meir aatte eg ikkje. Og det kom eg visst ikkje langt med. "Naar gjeng Toge til Hamborg?" spurde eg Beraren min, daa me var komne ut paa Gata. "Kva er Klokka?" spurde han. "Strakst halv ni," svara eg. "Ja so gjeng det no," sa han. Me kom fram paa ein Stad der Gata svinga, so me kunde sjaa fram til Stasjonen; "all right," sagde Beraren og nikka; "der gjeng det." Eg saag det nok. Men all right var det ikkje! "Naar gjeng næste Tog?" spurde eg. "I Ettermiddag Kl. 5,40." "Ikkje fyrr?" "Nei." "Er De stød paa det?" Ja det var han stød paa. Eg trudde det ikkje likevel. Eg fekk han til aa fylgje meg paa eit "skandinavisk Hotel"; og der fekk eg fat i SIDE: 16 Bladi. Jau. Fyren hadde nok Rett. Det gjekk ikkje Tog fyrr i Ettermiddag. Og det var eit Snartog. Det var det same som at eg ikkje kunde faa Billett til 3die Klasse, men maatte taka 2dre. Eg spurde kor mykje ein Billett kosta. Aa, ei 17 -- 18 Gylden. Dette vilde eg ikkje tru. Eg gjekk uppaa Stasjonen og høyrde etter der. Daa fekk eg vìta, at Billetten til Hamborg vilde kosta meg 221/2 Gylden. Det var alt det eg aatte og hadde. Til Hamborg vilde eg koma heilt-upp Fant. Og eg var svoltin. I Leiden hadde eg drukki Kaffi med Kjeks eller slikt; no laut eg hava eitkvart som der var Mat i. Eg fekk telegrafere. Telegrafere etter ei Telegraf-Tilvisning paa ein Bank her. Men det var nok meir enn uvisst, um eg kunde faa Svar so snart som til Klokka 2. Og etter 2 var Bankane stengde. So fanst det berre ei Raad. Eg fekk gaa til Konsulen. Det var leidt. Men her var ikkje anna aa gjera. Hjaa Konsulen kunde ein faa laane Pengar naar det kneip hardt, og naar ein hadde sine Brevskapar i Orden; og no kneipt det hardt. Og eg hadde mine Brevskapar i Orden. So drog eg paa Byen og leita upp det norske Konsulate. Eg fann det langt um lengi; -- "Svenska och norska konsulatet", stod der paa Dørskilte. Kantore var ikkje so stort som eg hadde tenkt. Innanfor Døri var der sett upp ein Disk som gjekk tvert yvi Rome; ved den stod det ein svartklædd bleik Mann og ekspedera eit Par Skipskapteinar. Lite lenger inne var det ein Vegg med ein Glugg i; gjenom den Gluggen saag eg ein Mann som sat innanfyri ved ein Pult og skreiv. Den svartklædde ved Disken tok seg god Tid. Han stod og strìka og skreiv i ein Protokol og smaasnakka innimillom; saag ut til aa vilja gjera Arbeide sitt vel. Naa; Konsulen er vel der inn-ved Pulten, tenkte eg og SIDE: 17 vilde gaa inn. Daa sagde den svartklædde med høg Ro: "ver so god; bli der. Saa skal jeg hjelpe Dem." "Hm! so det var Konsulen? Det hadde eg ikkje tenkt. Naa; men eit Grand høfleg kunde han gjerne vera; eg lika ikkje Fyren. Han lét meg staa der ei Stund; so bad han meg taka Sess. Eg saag meg ikring. Burte ved Glase stod det ein litin Stol og kraup i Kraa; dit burt gjekk eg og sette meg. Um ei Stund hadde eg funni ut, at det var stuslegt her. Eg var svoltin og svevnug og lite i Lag; so snart eg var ferdug med Konsulen vilde eg ut og faa meg Mat; og so burtpaa Hotelle og sova. -- Jaso; so det var soleis, svenska och norska konsulen saag ut. Ein verdig Mann. So verdig at Helvti kunde vera for mykje. Fælt ulik alle franske Embættsfolk eg hadde sétt. Eit breidt, litegrand skeivt Andlit, so bleikt at det skar i blaatt. Ein breid, mager Munn; Skjegg etter Keisar Wilhelms Maate, men kolsvart og smaakrullut og liksom klint tett inn til Skinne. Eit langt skeivt Snyteskaft. Sant aa segja saag han ut som ein tysk Jøde. Naa; han fekk sjaa ut som han vilde; naar alt kom ihop var det visst ein snild Mann. Han gjorde seg svært fyri med desse Kapteinane. Strìka og strìka og skreiv og skreiv; rødde inn-imillom, venlegt og hyggjelegt, verdig som ein Far, med endelaust Tòlmod. Rett som det var kom det inn ein litin Gjentunge. 12 -- 13 Aar visst; armt men reinslegt klædd; vakker og bljug; henne gav han Pengar. Det var Dotter av ei Fatikenkje som han hadde teki seg av, sagde han; det var so smaatt for deim, stakkar. Eg vart burtimot kløkkt. Og slik ein Mann kunde eg sitja her og vera arg paa! Naa; mot meg hadde han ikkje vori noko høfleg. Men eg saag daa ikkje vidare fjong ut heller, eg. Ja-ja; men eg hadde daa rein Halskrage! Og nyraka var eg; og Fillejakka mi hadde eg kosta det beste eg kunde. Handkragane var ikkje nytta meir enn ein Gong fyrr; og Styvlane var so blanke at ein kunde spegla seg i deim. SIDE: 18 Det hadde visst mang ein Mann sett verre ut, naar han kom paa eit Konsulat og skulde slaa Pengar! Um ein halv Time eller so tok han endeleg Avskil med Kapteinane. Han tok deim varmt og hjarteleg i Handi, den eine etter den andre, og rødde og rødde og saag paa deim med sine smaae kalde Augo som lyste av Venskap, lyste i grønt. -- Og so var det eg daa. Ja; eg sagde kva eg vilde. Fortalde um Baaten som hadde narra meg, og sagde kor ille det var stelt. So gav eg han Visitkorte mitt, og sistpaa Passe. I det stod der kven eg var og kva eg var; og der stod, at eg skulde passere fritt og uhindra og faa folkeleg Medferd kvar eg kom, i Danmark, Tyskland, Frankrike, England, Belgia og Holland. No var eg i Holland. Og no var eg i Knipe. Her i Byen kjende eg ikkje ein Kjeft; heimetter maatte eg i denne Dag; og no fekk daa Konsulate vera so rimelegt aa laane meg 100 Reichsmark -- eg trudde kje ein kunde laane mindre av eit Konsulat -- , so eg kunde koma godt og vel til Kristiania yvi Hamborg. Den svartklædde saag nedetter Passe mitt; so lyfte han sitt Snyteskaft og heldt ein Tale. Naar ein reiste i Utlande, sa han, so skulde ein stelle seg so at ein ikkje kom i Knipe. Og han greidde ut, og gav mange gode Grunnar for, at naar ein Mann reiste i Utlande, so fekk han reise paa sin eigin Kostnad og ikkje paa Kostnad av Konsulate. Eg stod og glodde. Var Mannen ein Skjemtegauk? Men det saag han meg ikkje ut til. Han stod og tok uppatt og uppatt sine Visdoms Ord med veksande Aalvor; vart sistpaa so ihuga at han tok til aa brjote paa Tysk. Han hadde nok vori lengi heimanfraa. Kvar Mann kunde koma her og segja: hjai er i Knipe; hjai maa hafe Penger; men det var noko som ikkje kom Konsulate ved. Konsulate hadde havt nok av slike Folk. Her kom den eine og her kom den andre; her kom Folk i store Masser; ok alle vilde hafe Penger; ok alle var i sodan Gnipe; men dersom eg trudde, at Konsulate hadde SIDE: 19 noko med aa skaffe Pengar til Folk som ... Folk som ... som ikkje kunde greide sine Reiseutgiftir sjølve, so tok eg storleg i Miss. Han stirde paa meg med smaae Augo som stakk; og eg kunde sjaa at han tottest hava tala framifraa. Det var ikkje mi Meining. Eg sagde at eg ikkje vilde hava Pengar av Konsulate. Eg vilde laane Pengar; og dei skulde Konsulate faa att, so snart eg kom til Kristiania. Den svartklædde drog paa Aksli. Kjah! Det sagde alle. Alle kom her og vilde "laane"; Konsulate skulde faa att Pengane sine um aatte Dagar; og so raiste dei; og Konsulate saag aldri meir korkje deim eller Pengane. Konsulate hadde havt nok av slike Folk. Konsulate hadde tapt so mykje Pengar paa slike Folk at det ikkje kunde tapa meir. Han hadde ikkje noko Mistru til meg serskilt. Men eg fekk greide meg sjølv. Konsulate var ingin Bank; Konsulate kunde ikkje hava noko aa gjera med Folk som ... Folk som ... naah; det var noko som eg self maatte pegripe. Men det pegreip eg ikkje. Hm! trudde den Tryntyrken at eg hadde reist fraa Kristiania til Paris og fraa Paris til Antwerpen og fraa Antwerpen til Leiden og fraa Leiden til Amsterdam berre for aa snyte "Svenska och norska konsulatet" for 100 Riksmark? Eg skalv av Sinne. Eg fekk knapt Ord for meg. Eg sagde noko um, at eg -- eg hadde daa ein Baas i Staten; eg var daa ikkje nokon rein Rekefant heller; men kor sinna eg vart, og kva Titel eg gav meg, so nytta det like mykje. Konsulate hadde tapt Pengar i tusundvis, sagde den bleike; det hadde tapt Pengar paa Folk som ... Folk som ein skulde tru betre um. Dei beste Folk mang ein Gong; Folk med dei beste Forpintelser. Naar ein Mand var ute og reiste, fekk han stelle seg so, at -- Ja men eg kunde daa for svarte -- noksagt -- ikkje hjelpe, at Baatane her i Amsterdam gjekk ein Dag fyri Tidi? Nei; men eg kunde agte mi eigi Tid. Soleis var det: SIDE: 20 Folk lagde seg til i Utlande so lengi til dei ikkje hadde meir Pengar; og so kom dei til Konsulate; so skulde Konsulate greide det for deim. Eg kunde reist heim daa eg saag at Pengane tok til aa minke; so hadde eg ikkje komi i denne Gnipe, -- moralisera Konsulen. Eg meinte paa at eg hadde lagt min Ferdaplan so, at hadde den Fillebaaten her i Amsterdam gjengi som ein annan skikkeleg Baat etter Ruta, so hadde ikkje eg stadi her. Og naar ein Mann paa slik Vis kom i Beit, og han ingin annan Utveg hadde, og han so gjekk til Konsulen og lagde fram Brevskapar som viste, at han var ein skikkeleg Mann og ein Mann som var god for so mange Pengar som han hadde Bruk for, so fekk Konsulen versgod "assistere", meinte eg. Nei; det hadde ikkje Konsulen noko med. Konsulate var ingin Bank. Naar Folk reiste til Utlande fekk dei stelle seg so, at -- "Ja, kort og godt: eg maa ha Pengar. Eg hev forklaara Grunnen. Eg hev synt fram Pass som viser kven eg er, og kva eg er. Heim maa eg; utan Pengar kjem eg ingin Veg; i denne Byen kjenner eg ingin; eg maa ha Pengar; no veit De det." Den bleike sagde: "Di maa hafe Penger; det tror kjaih nok; men det blir ikke Konsulatets Sag. Vi kan ikke hafe noget med dette at gjére. Jeg tror ikke, Generalkonsulen heller vilde hafe noget med dette at gjére. Di faar hjelpe Dem self." Han slog ut med Handi; Audiensen var slutt. Eg stod og glodde. "Er det ... er det ikkje Generalkonsulen eg talar med?" "Nei," sagde den bleike og slo Augo ned; "kjaih er ikke Generalkonsulen; han er ikke at træffe for Tiden." Naa, hvad du ikke er, det kanst du blive! tenkte eg, og hugsa med det same paa, kor vel han hadde stelt for dei tvo Kapteinane. Men dermed var eg like nær. Eg stod der som Skrubb i Soks og visste korkje att eller fram. Endeleg fann eg paa noko. Konsulate kunde telegrafere til det norske Finansdepartemente. SIDE: 21 Det kunde taka Pant i Løni mi. Eg skulde gjeva Visse. Her paa Flekken skulde eg gjeva Visse ... kom med Pen og Blekk. "Hvad er det for Gage, Di har at gife Forskrifning po?" spurde den bleike og lyfte sitt lange Skaft. "Det har jeg sagt Dem. Det staar desuden der i mit Pass! I det Papir Di har i Haanden!" Eg skar Tennar. For andre Gongen gav han seg i Kast med Papire. Og der stod det, paa Franskt og svært klaart, kva eg var for ein Mann i den norske Stat. Den bleike las og las; daa han kom noko ned i Teksti seig Snyteskafte ein Grad nærare Horisontalen. " ... élu ... pour la revision des comptes de l'Etat ... hm." Ja; Konsulate kunde ikkje innlata seg ... mm ... Konsulate kunde ikkje -- . "Des comtes de l'Etat" ... Kor mykje var det eg maatte hava? 100 Riksmark. Naar eg skulde reise? Klokka 5. "Kjah. Kjah. Di kan komme igjen ... komme igjen ... Klokken 3. Kom igjen Klokken 3. Vi skal da se, om der er naaget aa gjére." Det kunde du ha funni ut fyrr, din General- -- noksagt, tenkte eg. Men enno var ikkje Slage vunni. Daa han Fyren inn i det indre Rome høyrde at Snyteskafte saag ut til aa vilja gjeva seg, kom han fram til Disken og spurde um eg ikkje kunde telegrafere. Eg hadde vel alltid einkvar Kjenning i Kristiania som var so mykje til Mann at han i eit Knipetak kunde skaffe so mykje som 100 Riksmark. Han med Snyteskafte fann au dette rimelegt. Eg ynskte hin Karen dit, der Folk ikkje frys paa Føtane; men eg sa, at eg hadde Kjenningar som i eit Knipetak kunde skaffe meg 100 Riksmark og vel det. Men det var for seint no aa faa Saki greidd paa Telegrafveg fyri Klokka fem. Nei; det gjekk visst for seg, meinte hin Karen. Ja; det gjekk for seg, meinte Snyteskafte. Mitt Telegram SIDE: 22 vilde naa heim fyri Klokka 2. So kunde Kjenningen min gaa i Kreditbanken og faa den til aa telegrafere Utbetalingsordre til Konsulate her; og den Ordren kom hit fyri Klokka fem. So kunde eg koma her upp; og daa skulde eg faa so mykje Pengar som Ordren lydde paa, um det so var 1000 Riksmark. So lét eg meg narre. Eg kunde vaage mest kva det var for aa sleppe aa plaage Svenska och norska konsulatet, som var so paa Live for at det skulde tapa 100 Riksmark paa ein norsk Statsrevisor. -- Kjenningen min i Kristiania fekk Telegrame langt ut paa Laurdags Ettermiddagen. Daa var det for seint; alle Bankar var stengde. So vart det aa liggje yvi til um Maandagen. Eg hadde funni ut, at eg heller vilde gaa i Kanalen enn eg vilde beda Svenska och norska konsulatet um 100 Riksmark endaa ein Gong. Eg dreiv det meste av Sundagen i Dyrehagen. Der er Dyr og Fuglar av alle Slag, mest som i Noas Ark; dei eg saag mest paa var dei store Rovdyri av Katteslage. Der var ei Løve med smaae Ungar som laag og gnog paa store Kjøtbein og var blide og snilde som Kvelpar; ein Gong imillom var dei burte og strauk seg kjælande uppetter Mor si; dei var glade i henne, saag det ut til. Og ho laag paa Vakt for deim; samla det seg altfor mykje Folk utanfor Bure, so vart ho vond og reis upp og bura. Ho meinte dei stakkars søte Smaaingane maatte hava Lov til aa eta sin Mat i Fred. Og so Tigrane. Store, men fine; kattefine, kattemjuke; skræmelege. Løva er veldig. Men du vert meir grunnskaka av Rædsle naar du ser Tigeren, elegant som han er, med Augo som grøn Eld, so ville at du kjenner Vanvite renne deg gjenom Blode, naar du stirer inn i deim. Apekattane sat eg lengi og glodde paa; dei er so løglege SIDE: 23 og lette og fantevorne; det mest uvederheftige du kan sjaa. Sistpaa var eg i det store Akvarie. Du kjem inn i eit veldigt Rom, fælt langt, myrkt som ein Kjellar; i Veggine er Rom for Fisken, som gjeng der og lìver i smaae kunstige Holur eller Gropir fulle av Vatn, avstengde med svære Glasrutur. Gjenom deim kann du sjaa Fisken og heile hans Liv og Ferd tett innved. Umfram dei endelaust mange Fiskeslagi er der fullt upp av andre Sjødyr, Krosstroll og Korallar og altslags rart, og so desse Dyri som veks paa Sjøbotnen som fagre Blomar, med Lìtir so mjuke og fine og ljose, at me hev dei ikkje venare i Luftheimen. Men som eg gjekk og saag paa dette Fiskelive i kaldt Vatn og Kjellarljos, kom det yvi meg slike rare Minningar. Der stod Fisken kald og aaleine og glodde tankelaust med stinne Augo og svelgde og svelgde paa Vatn med breide Munnar liksom gamle Kallar som tygg, og saag so hjarteleg matleid og likesæl ut, at eg kom til aa tenkje paa Landsmennar. Daa eg kom til Gjestehuse att, laag der Telegram fraa Kristiania. Der stod; "200 Kroner er sendte til Antwerpen." -- Til Antwerpen! Tull yvi Tull; Ørske og Tusseskap; var det eg eller hi Verdi som skulde paa Gaustad? Og no stod eg her i Amsterdam og hadde ikkje so eg kunde greide Hotelrekningi dessmeir. Kvar skulde ein av no? Berre ei Raad saag eg. Finne Konsulen sjølv og tala med honom; no turvtest det ikkje so mykje; og eit Telegram maatte vel Mannen tru. -- Eg gjekk. Konsulen var Nordmann. Han budde i det finaste Stroke av Byen, endelaust langt av Stad. Eg køyrde med Sporvogn eit Bìl; gjekk eit Bìl; tok ny Sporvogn; gjekk SIDE: 24 endaa eit Stykke; endeleg var eg framme ... og raaka Konsulen i Porten paa Vegen ut. Det var ein fin, braakfri, hyggjeleg Mann; me gjekk att og fram i Portrome hans og talast ved ei god Stund. Eg viste fram Passe og Telegrame. Han kunde Inkje segja; Papiri saag ut til aa vera i Orden. Men dersom eg kunde tenkje meg, kor mange Pengar Konsulate hadde tapt paa reisande Nordbuar! Konsulen nemnde Tale; det var so stort at eg vaagar ikkje aa herme det, -- um eg skulde ha mishøyrt meg. "Og De maa kje tru at det berre er Smaafolk som hev narra oss," sa han; "nei; det er Folk i alle Stellingar; De trudde meg ikkje, um eg vilde nemne Namn. Eg hev ingi Mistru til Dykk personleg; men De forstend ... med dei Røynslur som me hev, so er det kje Raad; me hev vori nøydde til aa gjera oss til Prinsip aa aldri laane. Vaare kjære Landsmennar der uppe er framifraa Folk; men ... meir sætande kunde dei vera. Dei hev liksom ikkje den rette Kjensla av, at ein Lovnad bind sin Mann; dei tenkjer som so: kva er eit hundra Kronur eller tvo for eit Konsulat? -- Eit Ord er eit Ord; men ikkje kvar Mann er ein Mann." -- Snyteskafte hadde havt Rett, forstod eg. Eg gav upp alt. Aa; det kann vera vondt stundom aa høyre til eit Folk som ikke er heilt upp sætande. Vonlaus og raadlaus tok eg til aa snakke um Pantelaanaren; um Herr Konsulen kjende ein rimeleg Pantelaanar i Amsterdam ... Eg hadde alltid ei Klokke; ein Overfrakke; ein fin Handkuffert ... Eg trur kje Konsulen svara noko større paa dette. Men um ei Stund vart det til det, at eg kunde faa laane so mykje som til Hotelle og Antwerpenbilletten. Eg fekk sende Pengane attende med Postanvisning fraa Antwerpen ... "Takk, Herr Konsul!" Eg tok Pengane og flaug. -- -- Aldri hev eg lengta so saart etter aa naa ein By; aldri hev eit Jarnvegstog gjengi so jammerleg seint; aldri, aldri hev eg vori so glad daa eg naadde fram -- som denne Gongen. Eg sprang fraa Vogni beint paa Posthuse; SIDE: 25 fekk mine Pengar; sende i same raude Rappe dei laante Gylden attende til Amsterdam ... Hu! det kann stundom vera fælt aa vera Nordmann. No hev eg ikkje Tid aa fortelja meir. Eg skal til Fjells; um ein Time gjeng Toge; og eg hev enno ymis Innpakking att; trøyste og betre meg, -- eg kunde koma til aa bli for seint ute! SIDE: 27 KOLBOTNBREV SIDE: 29 1. Ungkarsliv. Fyrste Breve. Garviksætri August 1885. Gode "Fedraheim"! Jau; her er betre aa vera. Det vil du forstaa, som sjølv vantrivst i Kristianialufti. Og du maa kje tru der er meir Moro i Statsrevisjonen enn paa Fedraheimshybelen. Aa nei daa. Skulde me tala um det, so er det vel faae Ting som er so lite morosame som aa sitja i eit slikt Kantor og sjaa paa kor lite Visdom Verdi vert styrd med, som hin Statsmannen sa. Ja du hugsar Kantore mitt i Stortingsbygningen? -- Nakne Murveggir; eit tungt gult Skaap; tvo tunge gule Pultar; tri tunge gule Trestolar; ægte norskt Arbeid altihop, Fjellmannsverk; grovt og sterkt; utan all Freistnad paa Stil eller Stas; i den eine Kroken ein høg svart Jarn-Omn; attmed den ei Vedkasse ihopspikra av Fjøl-Endar og yvismurd med brun Oker. Høgt uppe i den eine Veggen tvo Vindaugo utan Gardin; gjenom deim hev eg Utsyn til Christian Friele. Denne Mannen hev med sitt "Morgenblad" Bøle i Øvre Vollgata, som du veit, millom Vaskekjerringar og anna rart; og jamt naar eg kjem aat Vindauga og skal sjaa ut, so er det Framsida eller Baksida av Friele eg fær Augo paa. Det er ikkje stort Umskifte, skulde eg tru! SIDE: 30 Med Flossen i Nakken og ei liti Pakke under Armen stabbar han i Veg paa sine Podagrabein idag som igaar og imorgo som idag; han skjer Tenner til alt og vert meg meir og meir til ei Ikjøting av sjølve Kristiania. For kva er denne halvstore Smaabyen anna enn slik ein stiv, sur Borgarmann, som set Hatten fanteflott atti Nakken og skjêr Tennar til alt? Lat meg ikkje klaga yvi trongt Utsyn fraa Kantorglase mitt! Heile Kristiania er det eg ser, ein Gong Framsida og ein Gong Baksida; meir kann ingin krevja, naar han vil vera ein rimeleg Mann. Men paa Pulten ligg "Statens Regnskaber" fraa attan hundrad og den Tid: store, tunge Protokolar, digre dumbegraae Papirpakkar skrivne med livlaus, regelrett Kantorhand til 60 Øre Arke, og fulle av Tal og Departementsstil; eg vrid meg kvar Gong eg ser deim. Og det er Christian Friele eg hev Utsyn til her au. Stiv, stram, med Flossen i Nakken og Brillur paa Nasen stig han fram for meg gjenom Kantordumba og Departementsstilen og gryler: Folket? Dette saakaldte "Folket"? -- Det skal ha' det paa den Manér! Strips skal det ha! Strips! og en god, stærk trang Trøie ... dette saakaldte "Folket"! Hugsar du her i Vinter, daa eg sat og stræva med Rekneskapen yvi Østerdalsbana? -- Eg var so sinna at eg sistpaa skreiv ei Vedteikning som var god. Der gjeng dei og narrar Stortinge til aa bevilge; lovar Vegen for tie Millionar men brukar femtan; og naar dei hev øydt upp desse femtan Millionane og noko til, -- so er dei endaa ikkje ferduge! Etterpaa alt sèt dei Fragtine for Folk og Gods so høgt, at Bøndane uppetter Lande ikkje kann brùka bana. Dei køyrer sitt Timber til Byen med Hest som i gamle Dagar; og Jarnvegen skranglar tom baade upp og ned, so nær som den Stundi um Sùmaren, naar han kann faa Tak paa eit Par Turistar Ja daa. -- Og her i Vaar fekk eg sjaa Armodsdomen fraa den andre Sida. Eg skulde sjaa igjenom "Statens udestaaende Fordringer". SIDE: 31 Der var millom anna ei Liste yvi Jarnvegstilskot som ikkje var innkomne. Du veit det var teikna store Sùmar privat; stakkars Folke uppetter Dalane trudde, at naar Jønnvegen kom skulde alt bli godt; og so tøygde dei seg so langt dei kunde, og lenger. So sìt eg i det graae Kantore mitt ved den graagule Pulten og ser paa denne Lista ... ei endelaus Liste. Det gjeng Side upp og Side ned, Ark ut og Ark inn; aa du store Tid, so mange det er som ikkje hev betala. Kor kann det hava seg? Der er ein Rubrik som heiter "Anmærkningsrubriken"; der fær eg vìta det. "Konkurs; Fordringen anmeldt i Boet. -- Do. -- Do. Do. -- Uformuende. -- Do. -- Do. -- Do. -- Do. -- Do. -- Aldeles uformuende. -- Udvandret til Amerika. -- -- Do. -- Do. -- Død; Enken nyder Fattigunderstøttelse. -- Atholdt Exekution efter Underretsdom, men intet realisabelt Udlæg. -- Opholdssted ubekjendt. -- Nyder Fattigunderstøttelse. -- Død som Fattiglem. -- Ikke antruffen. -- Skal være i Amerika. -- Reist til Australien. -- I Sydamerika. -- Bor paa Island. -- Uformuende. -- Do. -- Do. -- Do. -- Do. -- Konkurs. -- Do. -- Do. -- Do." ... Side etter Side, Blad etter Blad, Ark etter Ark; eg vert leid; ris upp; gjeng aat Glase; ser ut ... Chr. Friele bakanfraa. Fælt podagristisk i Dag. Gjeng med Stav; seint og størt; Flossen i Nakken ... Folket? Dette saakaldte "Folket"? heh! "Uformuende" ... "Død i Armod" ... "Konkurs" ... "Reist til Amerika" ... Side upp og Side ned; Blad ut og Blad inn ... Alle desse sprengde Liv legg seg for Bringa paa meg. Dei stod seg godt ein Gong; sat med Gard, Skog, Skipspartar; var modige og teikna Lùtir i Jønnvegen som skulde koma med Rikdom og nye Tidir upp gjenom Dalane. Daa Jønnvegen var ferdug tjuge Aar etter var alt ute; Skipspartane verdlause, Skogin uthoggin, Garden seld, Mannen "konkurs", i Amerika, i Australia, paa Island, i ein eller annan Kyrkjegard; og Enkja sat etter med Barneflokken og "nød" ... "Fattigunderstøttelse". SIDE: 32 So kjem Staten. Staten som me held uppe med all vaar Magt, av di det er den som skal forsvara oss, forsvara vaart Liv, vaar Eigedom ... Staten kjem. Lensmannen drìvin av Futen, Futen drìvin av Departemente, Departemente drìvi av Statsrevisjonen, Statsrevisjonen drìvin av Stortinge ... "kor gjeng det med "de udestaaende Fordringer"?" -- Lensmannen med sine Vitne stig inn paa Lofte hjaa Enkja og skal gjera "Execution". Det gjeld dei siste Restane; Gull-Ure ho fekk av Mor si ein Gong; Gull-Ringen ho fekk av Brudgomen sin; Vogga der Borni hennar hev sovi; den gamle Sofaen; den siste Staskjolen ... men so er der kje noko. Det er burte alt; burte for lengi sidan. Selt for Mat og for Ved, pantsett, uteksekvera; "intet realisabelt Udlæg", berre Fillur, Fillur ... og midt i Fillehaugen ei gul, utsjaska Fille av eit Menneskjebarn. Det vert meg til eit Bilæte av heile vaart arme norske Liv. Eg tek Hatten og Frakken og gjeng ut; Murlufti her inne, og Kjellardaamen, og all denne Armod, det eine med det andre hev gjort meg hugsjuk; eg maa faa Luft; eg maa faa sjaa Folk; svingar innum paa Grand og vil faa meg noko aa kveikje meg upp med. Der sìt fem-seks Mann, kvar i si Kraa; dei ser ut som dei au kunde vera komne fraa eit Kantor med Kjellardaam og Armod. Men burte ved Hyrneglase sìt ein Flokk Studentar, norsk Ungdom; dei maa vera komne fraa "Live", dei. Sìt og heng yvi Glasi sine og tegjer. "Gider ikke." "Gider simpelthen ikke." "Æsch" ... Her upp-i Fjelle er betre aa vera. Den Jønnvegen eg hev vori so arg paa er god for noko lell; me som hev Raad og gode Stundir kann koma langt med den; eg kjem til Auma Stasjon paa elleve Timar. Fraa Auma upp-yvi Fjelle, vest-yvi, ei god halv norsk Mil, -- so hev me Savalen. Yvi Savalen med Baat, vest-yvi ei halv norsk Mil til ... der er Stogo mi i SIDE: 33 Garvik-Lia. Daa er eg i Norig. Daa er Christian Friele gløymd. Min gode Vén Ivar Mortensson hev funni paa at Stogo mi skal heite Kolbotnen. Han hev tilmed sett dette Namne i "Fedraheimen", so no trur Folk at Stogo heiter so. Men det skal bli Lygn det, ser du. Sætri mi er ingin Kolbotn. Ho ligg ved Garvika, upp-i Garvik-Lia, innunder Garvikaasen; og aldri kjem det anna Namn paa ho enn Garviksætri, so lengi eg lìver. Du fær hugse paa det, "Fedraheim". Bry deg aldri um kva han segjer, denne candidatus theologiæ Ivar Mortensson; han fer med so mykje Tull, han. Det kunde elles vera god Grunn til aa kalle Stogo mi som han Ivar vil; for det er ein gamall Kolbotn ho ligg paa. Dei hev brent mykje Kol her i fyrre Tidir; og den Koja der Kolbrennarane budde, den stend den Dag i Dag er. Og staa skal ho, berre ikkje den skarve Stuten der burtatæ stangar ho ned for meg. Men det er kje aa lite paa. Eg hev mykje Mas med den Stuten, som elles er berre ein Trusk av ein Stut, og ein Tosk attpaa; han kjem alltid naar eg er i verste Basken med Fiskegryta, eller naar eg sìt og skal faa meg Mat. Daa kjem han remjande og burande so eg høyrer han lang Veg -- han øver seg i aa vera olm -- ; og fyrr eg veit Ord av stend han og klaar Skolten sin i Kojeveggen, so det berre fyk med Mold og Mose. Eg ut med Paaken det fortaste eg vinn, og han til Beins; men naar eg vel er innkomin, so stend han ved Koja att og klaar seg som inginting var; hev gløymt baade meg og Paaken. Fælt so lite Vìt der kann vera i slik ein Stuteskolt. Koja ser ut paa Lag som ei Finnegamme, ei av dei minste og minst for-seg-gjorde. Du kann kje staa rett inni ho, ikkje i Mìden dessmeir; og utanpaa ser ho ut som ei kilerund Mosetuve med kvass Topp. Der sat i fordoms Tid den svarte Kolbrennaren svarte Kvelden og røykte paa den svarte Kritpipa og stelte med 'n Svarte-Lars; og Folk nedi Bygdi, som totte det maatte vera burtatæ: burtantil. Svarte-Lars: Kjælenamn paa Kaffikjêlen. SIDE: 34 fælslegt aa liggje so einsleg der upp-i Villmarki, tenkte so ymist, at den svarte Kallen i den svarte Koia visst ender og daa vart gjesta av den som var endaa svartare og hadde ein større Eld aa vakte paa enn slik ei Kolmile. Kannhende det er noko slikt den snilde Kandidat Mortensson tenkjer paa, naar han plent og plent vil at Stogo mi skal heite Kolbotnen? Men Stogo er for fin til aa hava so svart eit Namn. Uppe i Bakken ligg ho inneringa av store Mastefurur og glytter gjenom Skogen ned-yvi Savalen til Tronfjell, som stend rett ned av Osen, ei Mil ifraa men tett ved likevel, veldigt og blaatt, med breide rolege Rundingar og liksom ein Ljoske yvi seg, eit sant Østerdalsfjell. Men Saval-Sjøen tøygjer seg blaa og blank ei halv Mil ut-yvi, med ein Skogkrans ikring av Furu og Bjørk, og med Vordir og laage Aasar paa Sidune. Fint og rolegt dreg dei seg ut-yvi, desse Aasane, med lange mjuke Rygningar gule av Reinmose, sterke og reine i den klaare Lufti. Gjenom Skare i Sudvest ser du Foldalsfjell og i klaart Vêr Rundetoppar; i Vest stend det vene Einundfjelle med sine mjuke Linur; og i Nordvest og Nord dreg Lande seg uppetter i lange Lidir og Kvelvar til Marsjøfjell, Gruvefjell, Storhø og Savalkletten. So kjem i Nordaust eit lægre Lende med Ryggir og Rés og smaae Bergufsir yvivaksne med Skog; inni der bur det Bjørn, segjer dei. Men alt dette som ligg i Halvringen fraa Nordvest til Nordaust kann eg ikkje sjaa her fraa Kolb ... fraa Garvika; den bratte Skoglidi ovanum Huse stengjer det burt. Men berre eg kjem uppaa Bakken, upp i Bjørkelunden, uppaa den vesle grøne Bekkevollen som han Ivar hev døypt Vellir, so ser eg det meste av det; og tek eg Baaten og ror ut paa Sjøen, ser eg det alt. Sjølve denne lange myrke Furu-Lidi ovanum Huse og rundt ikring er elles so fager, at eg ikkje saknar det ho stengjer ute. Og i denne Lidi lìver det Storfugl. Her fyrr i Sùmar kunde det hende at det fyrste eg saag um Vord: rundbygt Fjell. SIDE: 35 Morgonen var ein Tiur som gjekk der nede og spanta; skulde vel hava seg sin Morgon-Drykk. Og fram-etter Dagen, naar eg var ute og dreiv, flaksa det Storfugl upp framfor Føtane mine rett som det var, han svart og veldig, ho graaspettut og diger og moderleg, og flaug i Veg med svære, plaskande Vengjatak som eg høyrde langt burtgjenom den tette Skogen. Det var mine Fuglar. Daa det leid noko lenger utpaa vart dei burte for meg; men dei kjem nok att. Og det lyser eg hermed for alt Folk, at kjem det nokon og skyt desse store fagre Fuglane, so skal han vera min Uvén for Livstid. Det skal eg aldri tilgjeva. Naar eg kjem upp-aa Høgdi, breider Savalen seg ut for meg med sine Holmar og Fjordar og Nes. Ikkje heile Sjøen ser eg, so her paa Nedre-Høgdine; serleg gøymer Nord-Fjordane seg burt; men endaa er det ein Storsjø eg her hev framfyri meg. Og han er venare enn han er stor til; aldri saag eg noko so blankt og blaatt. Høgfjells Himil avspegla i kjeldeklaar Sjø; noko friskare og reinare kann du kje ut tenkje. Og fraa Strendane rundt ikring speglar seg Reinmosefjell og skogklædde Aasar; lengst nede Tronfjell i si rolege Høgd. Ved Solegladsbìl fær dette Storfjelle stundom ein serskild Glans yvi seg, ein raud, linn Solglim som Skin av ein Eld; ein kjem til aa tenkje paa sveitsiskt Alpenglühen. Speglar so dette Høgfjell-Skine seg i Savalen millom det furugrøne og bjørke-ljose fraa Skog, det reinmose-gule fraa Aas, det himilreint blaae fraa Luft, -- daa vert det eit Bilæte so draumfagert i sin mjuke og skifterike Glans, at du er ikkje i Verdi lenger, men i Eventyrheimen. Skog-grøne Nes tøygjer seg ut i Sjøen det eine utanfor det andre; det gjev Liv. Tvo Skog-grøne Holmar, Skólholmen ut-imot Osen og Svarthugu (-hovud) her inne ved Garviki, tøygjer seg burti Vikine att; det skifter med Bugtir og Skognes so langt du kann sjaa, heilt til Auga naar Osen og fær kvile mot den breide Barmen aat Tronfjell. Um der er Fisk i Savalen? -- Ja det maa du tru. Men han er ikkje god aa faa Tak i. Vil du fiske med Flugu, so maa det vera myrkt i Vêre, og Vind, og ikkje for kaldt; dertil maa der ikkje vera Skodde um Fjelltoppane, SIDE: 36 og Vinden maa ikkje vera av Nord. Best er det ei tvo-tri Dagar fyri eit Vêrskifte; det segjer han Ola, gamle Ola Viken, Grannen min ut-paa Svarthugu; og han veit det. Det hev vori fiska so lengi etter denne Saval-Auren, at det er rart der kann vera so mykje att av han, at han daa bit sùme Tidir; for det er med Fisken som med oss: han vert klok av ill Røynd. Saval-Auren er den vìtugaste Fisken eg hev vori ute fyri. Men so er han ikkje feit heller; Vìt og Talg høyrer ikkje ihop, som Vinje lærde oss. Men fin i Fisken er han, og smakar framifraa. Ja, eg hev det godt her. Ingin kann tru kor kry eg er av aa eige denne Stogo i Garviklia. Men tenk kva det maa vera for ein Heimlausing som eg -- ein Heimlausing som attaat ikkje er fri for aa vera mannvond -- aa hava eit Hus som eg eig sjølv, og som ligg løynt uppi Fjell og Skog som ein Huldregard! Denne Stogo her ved Savalen er det einaste i denne Verdi eg er fornøgd med. Og her kjem min sanne Natur upp. Skrive kann eg ikkje. Det einaste eg hev Moro av er aa gaa i Skogen med Øksi eller Spaden og hogge Tre og Ved og rydja upp; det vert ikkje stort av det, Gubbær'-oss; men likevel! -- Og so koke Mat. Trur du ikkje at eg, som kvar Mann held for ein Literat, ubrukeleg til all god Gjerning, -- at naar det kjem til Aalvor, so kann eg koke baade Kaffi og Fisk og Hermetik og Jordeple og Graut; ja Graut! Men ikkje Rjomegraut; den maa ho Anne koke aat meg; og brenne Kaffi maa ho òg; ho Anne Svarthugu veit du, Kjeringi hans Ola. Og ein Vedhoggar vert eg, so eg mest trur eg skal kunna lìva av det, um "Morgenbladet" ein Dag fær meg avsett fraa Stasrevisjonen ... naah! ikkje tenkje paa "Morgenbladet". Du kann tru det var fint her i Sùmar. Um Morgonen naar eg stod upp, og det var klaart Vêr, so var det noko av det fyrste eg gjorde aa gaa utanfor Glase, paa den vesle Vollstubben millom Stogo og Koja, og stire mot SIDE: 37 Vest; millom Furugreinine kunde eg daa timja Rundane. Og saag eg at dei var fagre den Dagen, so kleiv eg uppaa Take av Stogo; og der, øvst uppe paa Møne, innved Skorsteinspipa, kunde eg staa i lange Stundir og glo paa desse fagre Fjelli. Det var Stor-Runden og Diger-Runden eg saag, og ein til; Mid-Runden trur eg. Aa! so skire og fine som dei laag der; rolege og trygge, himilblaae, sylvkvite, høgare enn alt! So overjordisk fritt som dei lyfter seg upp yvi alle Viddir og Høgdir! Soleis er det med Storfjelle. Naar alle dei andre sluttar og gjev tapt, daa fyrst reiser dei store seg, leikande lett som inginting var, og byggjer seg upp i den solblaae Lufti som Slott for ljose Gudar. Eller um Kvelden, naar eg lagde meg; Døri maatte vera uppe; -- og so liggje der og sjaa ut i ville Skogen med Bar og Lauv so grønt og friskt som du aldri ser det i Dalen; og so lata seg svæve av Bekken som gjeng nedgjenom den svale Lidi med si friske Sildring. Og no ut mot Hausten. No vert Kveldane myrke; stille og myrke; og Furutréi stend rundt Stogo høge og svarte; men uppe paa Himilen med dei kvilande Skyine ligg Maanen stor og gul og speglar seg i Sjøen, som vert til berre bleikt skjelvande Gull og glytter inn i Stogo til meg gjenom Bjørkelauv og krokute Greinir. Daa sèt eg meg ved Aaren og gjer upp Eld, stor, susande Eld, med all den Veden eg hev hoggi upp utetter Dagen; og so kveikjer eg Pipa og tek meg eit Glas Øl; sìt so der ved Varmen, som sprakar og leikar og gjev Tankane Ro; daa kviler eg som eg aldri hev kvilt fyrr. Ute susar det stilt og linnt av Bekkjer og Sjøskvalp og Skogen som svævest -- -- -- -- -- -- Andre Breve. Kolbotnen August 1886. -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- Dessverre; det er som ein Tev av Kristiania her au. Rundt Savalen, der berre Troll og Fjellbøndar og Sætergjentur og Kyr og han Ivar og eg skulde hava Løyve til SIDE: 38 aa ferdast ... og so Ekorn og Fugl og imillomaat ein Bjørn ... rundt denne same Savalen bur det Byfolk! Ingi Lykke paa Jordi skal vera heil. Korleis det no kann hava seg. Men eg hev gjort det eg kann til aa arge og skræme desse Byfolki; det reine Flagge blakrar yvi Fjellstogo mi. Norskt Flagg utan svenske Fargar, det er for Kristiania-Nordmannen det same som Krossen for Fanden; naar han ser det, rømer han. No hev me daa den kjære Politiken vaar her uppe paa Dovrefjell likso vel som i Byen. Paa den eine Sida av Sjøen bur Intelligensen -- ein Professor, ein Grosserar og inne i Lomsjødalen ein Apotekar -- , og paa den andre Sida, Vestsida kann du vìta -- bur dei radikale. Det vil segja han Ivar og eg. Ja for han Ivar hev au ei Stogu her uppe. Han bur noko nordanfor meg: burti Sandvika, innunder Savalkletten, burtimot Bjørneheimen. Ei stor gild Stogu paa ein vid ven Sætervang hev han; men han bur der sjeldan, og Stogo hev kje noko Namn. Her ein Kvelden var han hit-hjaa meg; og me sat fleire saman. Han Ivar baud daa ut ein Premi til den, som kunde finne paa eit godt Namn aat Sætri hans. Daa sa gamle Ola Svarthugu, at han meinte Sætri kunde heite Nordpolen. Det lika han Ivar ikkje. Men me andre lo; og eg er stygt rædd for at Stogo hans Ivar vert heitande Nordpolen etter denne Dag. Dermed vert han sjølv heitande Ivar Nordpolen, eller paa Østerdalsk med Dativ: Ivar Nordpola. Men det skal du ikkje segja til honom, naar du vil vera hans Vén. Han vil nok heite det som gildare er, han; gjeng han kje her og lurer paa aa kalle seg upp etter sjølve Savalen: "Ivar Savala" (Savalen i Dativ)! -- Det vøre Namn det for ein teologisk Kandidat! Men no kann han faa heite "han Nordpols-Ivar" no; det kann vera til Høves aat honom som hev sett dette stygge Kolbotn-Namne paa Garviksætri. For eg ser at det nyttar kje kva eg segjer: Stogo mi vert heitande Kolbotnen, den. Og lat ho det. Namne skjemmer ingin. SIDE: 39 Det er fleire Kristianiafolk enn det plar vera her uppe i Aar. Burti Straalsjøaasen, paa Gala, hjaa Gardsen, er der eit heilt Bøle av deim; tri Kvinnfolk og so 'n Halvor; og deim kann eg ikkje skræme med reint Flagg dessmeir; for dei er raude som Hin-Karen eller som eg sjølv. Dei fleste av deim daa. Den verste er ho Hulda, trur eg. Men ho skal til Amerika til Hausten ho, som rimelegt er; dei plar ende der, desse radikale. So leikar me "Byfolk paa Lande" her uppe; held smaae Danselag, eller sìt i Kolbotnen halve Nætane og spelar Whist og drikk Kaffitoddy. Men stundom ber det til Fjells. Med Kaffikjêlen og ein Nistepose legg me paa Viddi den ljose Sùmarnatt; gjer so upp Eld under ein stor Stein; sìt og held Kaffikvild og snakkar Snakk og ser utyvi den bleike Sjøen med sine skogmyrke Holmar. Um Dagen held eg meg inne og strævar med den nye Boki skal bli, -- ei fæl Bok. So vert eg leid og gjeng burt i Straalsjøaasen og høyrer etter um Posten er komin. Eller eg ligg paa Sjøen og fiskar. Eg hev ikkje noko gode Fiskegreidur, og Vêre er so midt i Lag; det vil gjerne vera for kaldt. Og rett som det er stend Tronfjell med Skoddehatt. Nokon Fiskar er eg ikkje heller, um eg skal fram med Sanningi. Stundom er n' Halvor med; han er glupare, han, og hev betre Fiskelykke. Det hender at Kvinnfolki au er med. Dei fær Napp kvar Stundi, kann du vìta. Men naar dei skal draga inn, er det kje noko. Dei er saa nervøse, desse Kvinnfolki. Storfuglane er her i Aar au. Men Stuten som elte meg so ifjor er burte. Han var vel av dette nye Vinstrelage, kann eg tru, "Oftedølerne", Bondeprestpartie; og dei likar ikkje reint Flagg, dei heller. Han vil vel ikkje det skal spyrjast i Fjosom at han gjeng paa Helsing til ein Europæar og Kristianialiterat; det kann vera fule Fantar lell, slike Fjellstutar. Men Kyrne er meir truskyldige; dei vitjar meg ender og daa. Eg høyrer fyrst ei Bjølle burti Lidi; so er det Gardsen, Vangsen o.s.fr.: Mannen paa Garden,Vangen. SIDE: 40 Nasing og Snusing rundt Stogo og ustød, skeivlande Kutakt: Klauvir som sleng hit og dit, og haarklædde Kne som knufflar inn-mot kvarandre, heile denne rare toflande Takten av gangande Kyr, veit du; daa er dei her. Kva dei vil? Aa, der er alltid ein litin Grasdott her og der som dei kann hava Hùg paa; men Sanningi er at dei vìl hava Salt. Utanfor Døri, ikring Dørhella, steller dei seg upp heile Flokken. Der stend dei og ventar, tòlmodsame som Mobben naar han ventar paa Kongen; stend og glor og svingar paa Halen, høgtidslege og aalvorsame; rundglor; han maa vel koma no snart; endaa slike Karar plar ikkje vera klokke-plente. Stig eg daa ut paa Dørhella, med ei Tvaare i Handi kanskje, liksom til Kongsstav, og den store blaae Reiseluva til Krune, daa glor dei Augo ut or Hausen paa seg mest; slik Syn hev dei aldri sétt. Men daa dei ikkje fær Salt -- der er lite Salt i Kolbotnen i Aar -- , so ropar dei ikkje Hurra; so mykje Vìt hev dei daa. Dei berre driv paa og stend. Svingar paa Rovune og stend. Dei tenkjer vel som so, at litegrand Ære maa det vera i meg au, so eg gjev deim noko Salt til Slutt, berre dei gjev Tòl og ventar. Men forstend dei at inkje Saltvon finst, so snur dei den andre Enden til meg og kastar paa Nakken; nei enn han, Di! Kva tru slik ein Kristianialiterat skal vera til, naar han ikkje vil straa Salt for oss? Og so ruslar dei, og svingar høgt og svivyrdeleg med det som dei hev i den attare Enden. Kanskje stanar dei ned-i Bakken, -- um eg endaa skulde vilja tenkje meg um og gjera det godt med deim. Men so sét dei paa Sprang; hyfser i Veg paa si Ku-Vis; hiver paa Hovudi med all den Vanvyrdnad som dei kann leggje i slik ei Rørsle; skeivlar av Stad med Klauvine slengjande hit og dit og haarklædde Kneknokar knufflande inn-mot kvarandre. Han Ivar er her uppe stundom, ja; og me kjem ikkje so verst til Lags, endaa han elter meg utruleg med sine mange Paafynstr, og endaa han hev skrivi so mykje rart um meg i "Fedraheimen". SIDE: 41 Tingen er vel den, at han hev havt so vidt mykje aa gjera med norske Maalfolk og Fridomsmennar no, at han au tek til aa bli mannvond. So vill som eg er han ikkje enno; men det kjem full', skal me sjaa; lat 'n berre bli so gamall som eg er! Aa ja; eg eldest no. 36 Aar; Haare fell og Mode fell; hev det vori skralt med Gjentelykka fyrr, so vert det nok ikkje betre heretter. Men det var han Ivar, ja. Her skal du sjaa ei Lysing som han hev sett upp nord-etter Vegen til Nordpolen -- han finn seg i Namne lell; han hev tenkt seg um og ser, at Motstand vil vera faafengd -- ; paa alle dei Stuvar og Stokkar som i Skogen finst hev han spikra Lysingi upp; og den viser etter mi Tru, at han er langt paa Veg til aa bli olm av seg: "Fredlysing. Vonde Stutar, Bukkar og Kvinnfolk, Gneldrebikkjur, Ranglefantar, Tjuvar og Kjeltringar maa ikkje koma til Nordpolen. Inkje vondt maa koma til Nordpolen. Ivar Mortensson Savala." Guten tek til aa faa Nervur; det er greidt det. Um elles denne Lysingi kjem til aa hjelpe noko veit ikkje eg. Kannhende ho kann hjelpe for Stutar og Bukkar og Bikkjur; men visst er det at ho ikkje hjelper for Kvinnfolk; tvertimot. Nei; no skal dei nettupp til Nordpolen dei, baade Fyrkjur og Fentur; dei kjem dragande baade fraa Foldalen og fraa Tynnset; desse burtpaa Straalberg vil eg ikkje nemne; dei bryt inn i Nordpolen um han Ivar ikkje er heime òg, dei. Og ingin veit kvar det kann koma Kvinnfolk ifraa til Nordpolen no; heilt fraa Paradis av hev Kvinna havt denne Hùgen til aa gjera nettupp det som var henne strengeleg forbòdi. Um Ranglefantar læt seg skræme kann au vera uvisst; i alle Fall driv eg der burte rett som det er. Men Tjuvar og Kjeltringar vonar eg visst vil halde seg burte. Det kann ikkje løne seg aa uppdaga Nordpolen for deim; noko aa SIDE: 42 stela er der daa visst ikkje. Det skulde einast vera eit Pylseskinn kanskje, eller ei Tomflaske. Dessutan hev han Ivar laant Revolveren min; so kjem det nokon ved Nattetid no, so smell det; og daa kann ingin vìta kvar Kula gjeng. Kolbotnkveld. Klokka er 9. Ute er det svart som i Avgrunnane. Det hev regnt i Ettermiddag; store side kvitnande Skyir heng ned yvi alle Fjell som Huldrehattar. Og ror du ut paa Savalen, so vil det vera so villt og fælt ikring deg, at du vil tru deg midt inne i Lovgjevingi paa Sinai. Men Ivar og eg er inne, me. Kom du inn gjenom Døri no, so vilde du rett imot deg sjaa ein stor Eld loga paa Gruva; urolegt Ljos og urolege, flakkande Halvskuggar leikar rundt Stogo; dansar frametter Veggine; skjelv upp-under Tak-Raftane; det glimar i Krus-Ty og Mjølkespand burtpaa Matborde og i Rekkja; det nye gloraude Gardine mitt lyser i Eldskine og gjer heile Stogo varm; lengst bak, attum Skorsteinen, i "Gjestekammerse", er berre myrkt, med einkvar uviss Ljosken flimrande innetter ender og daa, paa Lag som Nordlys-skimmer. Gryta heng paa Skjerdingen; Meiningi er at me skulde hava Havregrynsgraut i Kveld. Det finst ikkje anna til Mat i Kolbotnen no; men det beste maa vera godt nok. Det er Gjestebòdskost heime paa Jæren det; Jolaftanskost; "Grønagraud" kallar me det; og enno tykkjer eg det er noko med det beste eg kann faa. Han Ivar fær au tekkjast med Grønagraud, um han so er fraa Kaksebygdom. Det er eg som stend ved Gruva og rører i Gryta; eg er klædd som ein Skogmann og heit og arg; detteher vert det aldri Graut av, murrar eg og bannar. Burt-ved Skriveborde, det lange smale raudmaala Skriveborde med blaa Kant som eg kaupte burtpaa Straalberg i Forfjor, sìt 'n Ivar og bryt sitt haarsnaude Hovud jammerleg; han skal hava "Fedraheimen" full til um Laurdagen, men hev SIDE: 43 ikkje "Mat til Guten". Jauvisst hev han, veit du; der er nok aa skrive um i Bladi no, baade den nye liberale Regjeringi med sine tvo Sverdrup'ar, og den svenske Unionen, og Bjørnstjerne Bjørnsons Maal; men 'n Ivar hev alle sine Greidur liggjande i Nordpolen; og til Nordpolen kann ingin koma. So i Kveld daa. Og no veit han ikkje kva han skal finne paa til aa laga ei Spalte um. Noko hev han i Lùmma; men det er ikkje nok; "og so er det berre noko Tull," segjer han; -- "hev kje du noko?" -- "Eg hev eit halvt Kolbotn-Brev." -- "Aa skriv det heilt og gjev meg det!" segjer han. -- "Eg kann kje finne paa noko." -- "Aa, du finn nok paa. Skulde eg kje kunna finne paa so mykje som til ei Spalte!" -- "Ja prøv," meiner eg. -- "Aa, du er ein -- !" -- "Nei det er sant. Det eg tenkjer mest paa no um Dagen er noko Tull, som daa visst ikkje skal i Bladi." -- "Sèt meg paa noko daa!" segjer han og riv seg i det Haare som han ikkje hev. Eg rører i Gryta; han held like eins paa med sitt. "Kom og koka denne Grauten for meg daa," segjer eg; "so skal eg skrive ei Spalte aat deg lell, eg." -- "Ja," sèt han i og slengjer Pennen; "men ikkje for mykje gali!" -- "Eg skal skrive berre Vas; og det er slikt Folk vil ha, veit du; men kom fort; Grauten kann svide; her er heitt som i ... som paa den Staden der du trur at eg skal brenne ein Gong." -- "Aa din -- . Kom og skriv! Eg skal nok greide Grauten." -- Ja; no er det han som stend der burte og rører i Gryta, og eg som sìt og riv meg i det Haare som eg (mest) ikkje hev, og skal gjera ferdugt dette Breve. Det var heitt der burte ved Gryta; men laga ei Spalte av inginting er ikkje heller greidt; i Grunnen vilde eg heller koke Grønagraud. Men no stend han der burte so stød og stiv som eit Troll; tegjer som Steinen og berre ventar og krev; og um eg gjer meg Ærend der burt og finn paa eitkvart aa prata um, so berre rører han i Grauten og minner meg um Kontrakti mi; "fær kje eg Spalta av deg, so svider eg Grauten for deg!" -- og hit att lyt eg. Naa ja! -- det skulde daa vera som baade hin og SIDE: 44 den, um ein tjugeaars Bladmann ikkje skulde kunna laga ei Spalte naar det kneip; her er ho, tenkjer eg! A. G. Etterskrift av han Ivar: Me vart jamskjote, Kar; for no er Grauten òg ferdug. Skal eg fortelja heile Sanningi, so er det elles ikkje fyrste Gongen eg hev koka Graut i Dag; eg totte gjerne han Kroppen [fotnotemerke] kunde ha spandera lite Ros paa meg for Middagslage eg heldt for han i Dag, eg. Han var so matlaus at han visste kje si arme Raad; so fann han paa det at me skulde ut og fiske; men eg skýna vel det var Meiningi at han berre vilde entre seg nordigjenom til Polen og sjaa um det fanst Matsaai der; -- og jamen laga eg kje til Risengraut, Kar! Eg fann nokre Grýn slengde nedi ei gamall Tobaksdaase; og so fann eg ei Spìkjepylse som Musi berre hadde halv-eti, og ein gamall Kakeskalk; ein halv Flatbraud-Leiv gav eg 'n endaa med seg heimatt; -- han var hard, Leiven; men det var daa den einaste eg hadde. Men sjaa alt dette hev han kje nemnt det Slag um; han berre gjer Narr og snakkar um at der ikkje er noko aa stela der burti; aa, eg veit nok kven som stal eg, dersom der fanst aldri so lite! -- Men det snakkar me kje um det. I. M. Etterskrift No. 2: Aa, ver kje vond, Gut; no skal du faa Mat; og sidan Toddy so mykje du vil drikke. A. G. Tredie Breve. August 1887. -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- Ja mi Sæl vart eg avsett fraa Statsrevisjonen. Og det var ikkje Christian Friele som gjorde det, men mine eigne Stortingsbøndar -- med sine Prestar. Ja ja. Det er den nye Fridomen, ser du. Fridomsmennane styrer; kva skal me med Fridom daa? Sùme segjer eg vart avsett for di at eg ikkje var kristeleg; Fotnote: ): Garborg. SIDE: 45 det er kje sant; eg var likso kristeleg no som daa eg vart innsett. Andre segjer det var av di eg hev gjevi ut "Mannfolk"; men det er ikkje heller sant; Hans Jæger skreiv "Kristiania-Bohêmen", han; men enno er han Stortingsreferent. [fotnotemerke] Nei; men eg hadde i seinare Tid skrivi eitt og anna um Sverdrupstyre, og um Stortingsbøndane med sine Prestar; skjellt for dei ikkje gav Kielland Diktarløn; ylt for at dei lagde Forbòd paa "Albertine" og daa alt dette var noko som eg etter Grunnlovi hadde Rett til, -- so tok dei fraa meg Matbìten. Som rimelegt var; kvi skulde dei kje det? Kvi skulde dei tòla Kritik naar dei hadde Magti? Det er ikkje mange Tyrannar dessmeir som tòler Kritik; so var det kje ventande at Fridomsmennane skulde tòla 'n. Naar dei hadde Magti! Og den hadde dei. Eg stod aaleine paa Sjakkbrette. Hadde korkje Bøndar eller Figurar til aa verja meg. Dei kunde slaa meg trygt -- med Bonden sin. Og dei slo meg. Det gjekk stilt og fint som dei hadde tenkt. Ein kunde tru, at naar ein norsk Borgar vart straffa med "Embedsfortabelse" for di at han hadde lìvt etter § 100 um Prentefridom, so vilde dei fridomselskande Nordmennar bli fornærma; -- ja du hugsar kor me staaka i Kiellandssaki og Albertinesaki. Men ingin vart fornærma. Den store Fridomskjempa som i Kiellandssaki hadde vori so god og djerv, tagde; eg høyrde kje til Hirden. Bohêmen tagde; eg høyrde kje til Ringen. Mine gode Vènir i Bladi tagde, eller halvtagde. Christian Friele skar Tennar og lo. Oftedølane i sine Blad skreiv: "Forfatteren av den svinske Bog 'Mannfolk' er fjernet fra sin Stilling som Statsrevisor." Eg hadde skrìvi Mannfolk; eg vilde innføre Fleirgifte. Men no vilde det norske Folk hava Eingifte; og det frie Ord vilde me hava i vaart frie Land, men ikkje for andre enn deim som heldt paa Eingifte. Skulde § 100 gjelde for ein Polygamist? Nei Død og Pine. Eg fekk liggje paa mine Gjerningar; § 100 fekk sova i Guds Namn. Fotnote: Vart avsett sidan. (Merknad 1890.) SIDE: 46 -- Dette forstod nok ikkje du, "Fedraheim"; for eg tykkjest hugse at du var arg og gav vondt. Men det kjem du til aa svide fyri. Eg, som hev lært, skal ut av min dyre Visdom segja deg eit Ord; eg skal kviskre det i Øyra paa deg so ingin høyrer det: d'er Magti som raar, sa Gutten, dengde Katta. Hev du høyrt det fyrr? Naa; dess verre for deg, som ikkje hugsa det. -- Sant aa segja, Gut: eg er litt flat. Seks-aatte av mine dyraste Aar hev eg sumla burt med det verste Tull, for at desse Fridomsmennane kunde koma til Magti. No, daa eg trudde at eg minst maatte vera likso fri som fyrr til aa tenkje og tala, sèt dei meg paa Dør, for di at eg hev lìvt etter § 100. Du kann gaa no, Farr; ser du kje at me hev vunni? -- segjer Demokratane. Tenk, tru paa Fridomsmennar. Hev du høyrt slikt? Og tru paa Folke? Hev du høyrt slikt? Folke vil kje ha Rett. Det fekk ikkje Rett heller. Christian Friele fekk Rett. Og det fekk han, av di han var ein gamall Podagrist som forstod Verdi. Haldt Munnen din, "Fedraheim"! Tru som du vil; lìv som du vil; men haldt Munn! Dette er Fridomen. Ein Ting vil Folke takke deg fyri: at du læt det faa Fred til aa vera under Pisken. Ein Ting vil det hengje deg fyri: dersom du vil gjera det fritt. Kva skal Bonden med Fridom? Han gjeng til Presten og segjer: kjære, bind Hendar og Føtar paa meg, Far. Kva skal Presten med Fridom? Han gjeng til Altare og bøygjer seg for eit Stykke Tre: bind Tanke og Vilje paa meg, Herre! Og Fetischen bind Presten, og Presten bind Bonden, og Bonden bind Lovgjevaren og Lovgjevaren bind oss alle; men i Løyndom spottar me vaare Band; i Løyndom drikk me Vin og ligg med Kvinnfolk og segjer: desse toskute Bøndane. Dette er Fridomen, den sanne og høge Folkefridom. Aa! kor eg forstend mine Uvenir no. Eg tek Hatten av SIDE: 47 meg for Christian Friele som forstod Folke. Men mine Venir bør upp i Verdi og hava Pengar og Magt; mine Venir bør inn i Statsrevisjonen alle. -- Denne Visdomen var meg dyr; men du skal faa han til gjevande, "Fedraheim", av di du var faavis og forsvara Fridomen paa ein Dag, daa det ikkje var opportunt aa forsvara Fridomen. -- At eg ikkje hev skrìvi fyrr? Ja du kann so segja. Det var ikkje Stundine som skulde vante i Aar. Eg var so fri ein Fant som Jordi kunde bera; ingin aa tena hadde eg, og ingin aa faa Løn av. Eit lite Arbeid hadde eg lova burt, men det skulde eg ikkje fortaka meg paa; eg hadde fengi Pengane fyriaat. Det var nok so at eg gjekk og maksla paa ei ny Bok -- ein Bonderoman fraa Vestlande; ei Sogu um Fetischen som bind Presten og Presten som bind Bonden -- ; men den hasta det kje heller med; etter "Mannfolk" kunde det endaa vera eit Spursmaal um eg fann Reidar til ho. Eg var glad i Grunnen. Posten min skulde eg ikkje sakne so lengi eg aatte ei Halvkrone; og so fri som no hadde eg ikkje vori paa mange Aar. Det skulde vera Herreliv aa gaa laus so lengi som tvo-tri Maanar. Framtidstankane tyngde meg mindre enn du trur. Eg var Ungkar og Spelemann og skulde vel alltid tena det eg turvte til meg sjølv; det vart mine Kravshavarar som fekk svide. Men Verdi er ikkje som ein trur. Du kann drøyme at du er fri som Ørn i Sky; men naar du vaknar sìt du i Bure ditt like godt, og kann ikkje koma ut um du drap deg. Eg sat i Kolbotnen fantefri og fornøgd og gav all Verdi ein god Dag; men daa eg skulde sjaa meg til, so var det Bure eg sat i, her som ein annan Stad. Pengesorgine tok til aa koma etterkvart; og so er det desse Gjentesorgine ein Ungkar jamt skal hava aa dragast med. Ja; for no, daa eg hev misst det meste av Haare (Bok-)Reidar: Forleggjar. SIDE: 48 mítt, og tri Jekslar, og dertil mitt gode Namn ... no var det ei som tenkte at dette kunde vera noko aa gifte seg med. Og daa eg etterpaa alt hadde misst Posten min vart det reint gildt; ho kunde ha fylgt meg til Byfuten med same. Dei er so nervøse, desse Kvinnfolki: ho vilde vel demonstrere mot Stortinge paa sin Maate. Men ... men ... Naaja; so forstend du korleis det kann vera. Tankane held seg paa sin Kant dei; og du kann tru eg hev skrìvi Kolbotnbrev nok, um eg ikkje nettupp hev sendt deim til "Fedraheimen". Men no lid det so langt at eg snart skal til Byen att. Og so fær eg ruske ihop eitkvart til deg au, for Skam Skuld. Eg kjem ikkje ut i Dag kor som er; det er so stuslegt med Vêre. Dagen etter. Eg hev havt ein vond Dag. Stod seint upp og hadde Hovdaverk. Vermde upp den Kaffien som var att fraa igaar; aat ein Brødskalk hard som Kork; innbilte meg at eg var mett; kveikte Pipa og vilde gaa ut; so kom han Kristoffer med Posten. -- -- Ho gjeng der inne og lid vondt. Me hev vist oss so òg so mange Gongir paa Gata. I Kristiania gjeng Mennar og Kvende paa Gata saman so mykje dei vil; men dersom ein og den same Karen gjeng tri Gongir etter kvarandre i Lag med det eine og same Kvende, so bør han helst lyse Festarmaal. Gjer han ikkje det, so er det ho som fær svide; dei andre Damune tek til aa draga Stakkane ihop um seg, naar dei møter henne paa eit Fortaag eller i Teatre. Kvinnfolki er endaa meir vonde mot kvarandre enn me Karfolk. Me hatar kvarandre; dei vanvyrder kvarandre. Me sputtar aat kvarandre; dei spyr av kvarandre. Ingin veit kva Vanvyrdnad er som ikkje hev sétt tvo Damur sjaa nedetter kvarandre naar dei andgjengst paa Gata med kvar sin Herre under Armen. "Isj, so kokett ho er. Isj; gjeng ho og fiskar etter SIDE: 49 honom no? Vel unnt! Han kann alltid vera god nok. Han er kje klokare; han kunde gjerne finne paa aa taka henne. Jøss for ein Kjole. Undrast paa um han ser at det berre er Halv-Ull?" -- Ho skriv at den og den gamle Véna ikkje helsar paa henne lenger. Den og den hev sagt det og det. Der og der hev dei rødt so og so. Ho bryr seg ikkje um aa sjaa Folk lenger. Ho stengjer seg inne paa Kòte sitt upp-i Professorbyen og les Brevi mine; ho kann so godt vera dei andre forutan. Litegrand sjukleg er ho; men det hev Inkje paa seg; det er det vanlege, berre noko verre. Ho tykkjer eg skriv paa ein Maate som eg ikkje burde; eg tek so reint i Miss av henne; men ho berre gjeng og lengtar etter Brev likevel. Stundom vert ho faavis; sèt seg til aa graate; i lange Ridir ... Det er inginting ... Ho er i Grunnen berre so lykkeleg. O. s. fr. Det vert tomt i Hovude mitt og tungt for Bringa. Tankane stanar og sèt seg ned. Det kann ikkje nytte; der er ingin Utveg; naar ein ikkje kann samle alle desse luktande Smaadyr under Styvlehælen sin og traa deim sund. Men Blode gjeng. Eg hatar gjenom alle Aarur; gjenom Nerveveven frasar heite, hastige Sinneflagur, som sloknar att under tunge Atterbaarur av Modløyse. Inginting aa gjera. Inginting aa gjera. No hev eg ikkje noko aa setja Hus med heller, -- um me skulde vilja tenkje paa det. Og Gud veit um eg fær noko. Min gamle Kjenning Bladstyraren baud meg 100 Kr. Maanaden for fast Post; det er kje noko aa setja Hus paa. Og Bladstræve vil taka meg heilt. Øyde mi Arbeidskraft; tulle meg reint burt. Fara til Hunds for 100 Kr. Maanaden ... og endaa ikkje faa til aa gifte seg paa; -- jau-jau! Eg lagar meg "Middag": Spìkjekjøt, Braud, ei halv Øl. Røykjer; skriv Brev. Det lid paa Dagen. Eg fær ut og drive ei Stund; er hugsjuk og leid; Luft kann turvast. Det hev vori sturt og tungt heile Dagen. Utrivlegt; Himilen full av flakkande Skyir som sanka og spreidde seg; kvit Skoddehatt paa Trona. No sèt det seg meir og meir til i Aust. Det er svart yvi Aasane; Skoddehatten paa SIDE: 50 Trona hev vorti ein uhorveleg Skysekk som gøymer halve Fjelle. Nordetter, mot Tynnset, svartnar det like eins. Det er eit fælt, tungt kolblaatt-svart, som i Riftine millom Skylagi skifter yvi i blaagrønt, ein underleg sjuk Farge midt imillom havgrønt og flaskegrønt. I Nord og Vest ljosare; jamt graatt; gul-dæmt her og der. Ender og daa kjem det ein litin Vindstøyt; so er det stillt att. Eg gjeng upp Lidi og kjenner meg aaleine i Villmarki. Det myrknar. Eg ser paa Klokka; kannhende lid det lenger enn eg veit. Klokka hev stana. Det er som eg ved dette vert endaa meir aaleine. Som eit Lik ligg Klokka og tyngjer i Vestelùmma mi; eg er det einaste bankande Hjarta i denne veksande Natti. Det snikjer seg ei Kaldrædsle yvi meg. Eg tenkjer paa henne, men kann ikkje tenkje i Samanheng. Tankane vert fælne; rømer ifraa kvarandre og søkjer ihop att; driv som Skyine deruppe; sprengjest; samlar seg i myrke, tunge Flokar som kastar djupe Skuggar nedyvi Heilen min. Ender og daa kvekk eg upp av at det er so stilt. Eg ser meg ikring og kjenner meg utrygg. Sjøen der nede ligg graablank og tung som Bly. Eg er rædd Lomen skal skrike burti Skólholmen; hans Draugeskrik vilde skræme meg no. Kva er det eg er rædd? -- Eg raar ikkje heiltupp med meg. Austhimilen svartnar og svartnar; alle Skiftingar av svart er der: ljost graasvart, tungt graasvart, likkisteblaasvart, halvgrønt-blaasvart; eg saag aldri slikt. Men fraa Nordvest stend det liksom ein Ljoske, ein uhugleg, unatturleg Ljoske; det er ikkje Skin av Sol og ikkje av Maane; det er som Himilen attum Skylage stod i Brand. Slike Fargar var det i mine rædde Barndomsdraumar um Domedag. Burt-yvi Skogbotnen stend den gule Reinmosen og glor underleg i denne Ljosken, dauvbleikt raudvori; det er som Vaksljos-skin yvi Andlite paa eit Lik. Stutte, harde Vindkast kjem; ruskar i Skogen; slepper att og er Heile: Hjerne. SIDE: 51 burte; det vert kyrkjestilt, stilt liksom Skogen stod og heldt Pusten. Eg held Pusten sjølv, stanar, lyder; er det noko? er her noko i Vente? -- Den gule Ljosken i Nord aukar og legg eit underleg daudt Skin yvi alt. Austhimilen blaasvartnar. Noko Regn kjem dettande, hardt, kvasst; so er det burte att. Og Skogen stend og lyder; og eg stend og lyder: skal det hende noko? Kva er det? -- Ikkje eit Blad rører seg. Ikkje ein Fugl ... Eit fælt, braadt Vindkast kjem; ruskar i alle Tretoppar; døyr. Eg ser uppi den gule Nordvesthimilen og vert fælin. Snur; best aa koma heim att. Dette maa bli eit Vêr som aldri hev vori fyrr. Eg gjeng so fort som eg kann, men stilt, stilt liksom rædd eg skal vekkje eitkvart. Gjeng og ventar; skvett: no bryt det laust; no kjem det ... Lufti er mett av Elektricitet; eg er tung og varm; Hjarta mitt pikkar som i ein Fuglunge. Midt nedi Lidi er eg komin; daa blenkjer det fram or Himil og Jord -- blaakvasst, brennkvasst -- eit Hav av Eld, blaagult, blaakvitt, Verdi full av Eld; eg stend der blind og fortumla. Hjarta kvelver seg rundt uppe i Halsen paa meg; fyrr eg fær samla meg att bryt Tora ut i ein fæl Smell, ein skakande, ein Grunnsmell, so Jordkula liksom gjev seg paa Aasen sin. Brake breider seg burt gjenom alle Himlar, med Skrell og Skòt, i lange, skakande Rullingar, i tvere, bratte Sprang; jagar skangrande frametter Aasryggine med Smelling og Bròt mot Bergsidur og Berghamrar og ramlande Atterslag fraa Hausar og høge Fjell. So sturtar det ned, fossar, susar, sjoar med Regn; Himilen slepper seg ned i braa Flaum, i vill, skræmeleg Syndflod. Og laust gjeng det med Skimt i Skimt og Smell i Smell; det er Ragnaròk; eg spring som for Live. Stengjer meg inne og kveikjer Ljos. Gjeng uroleg att og fram, uviss um kvar eg helst bør vera um Tora skulde slaa ned her. Det varer lengi. Eit Helvites Staak; Brak i Brak, Rulling og Ramling; Lufti er full av Gudar og SIDE: 52 Jøtnar som slæst, stangast med dundrande Horn og harde Skallar; kastar etter kvarandre med Torekilar og brestande Granitfjell. Eg sìt og skjelv i mit Skinn som eit Skogdyr i Hola si, men er glad likevel; for dette er veldigt. So skal det vera; med Ofse og Ovrike; Gud mot Gud, Troll mot Troll; like godt kven som vinn eller taper. Og det trafsar og treskjer med Regn; kannhende det er gode Gydjur og Gygrir som vil tryggje Verdi mot aa taka Eld. Endeleg dreg Uvêre seg burt. Sistpaa høyrer eg berre som ei døyande Rulting langt burte i dei burtlengste Nutane inn-yvi mot Sverig. Regne held paa. Men Lufti er lettare. Eg gjer upp Varme paa Gruva; kveikjer eit Ljos til; drikk eit Glas Kognak; tek til aa faa Mod. Jøss for Smaatull det er, alt det me gjeng og syter og harmar oss fyri her ned i Dalane! Ein Statsrevisorpost! Litegrand Folkesnakk! -- Berre Magtine uppi Lufti tek seg ein Dans er det gløymt. Fred vere med min Ettermann Klokkaren! Fred vere med den Kristiania Dygd! Herregud, lat dei snakke; dei treng um det. Ein skal elske sin Næste, stend det; skulde me ikkje unne desse matleide Stakkarsting der inne so mykje som ein litin Skandale til aa kose seg med? Men ute i Skogen susar det langt og tungt, av Regn og Vind, av Bekkir og Bar, som ei Verdenssorg. Ja denne Skogsusen. Denne lange, ævuge Tone av Tre som svingar i Vinden; av Bekkir som aldri vert trøytte; av Einundfossen i sitt myrke Djuv; av Høgfjellsvinden upp-um Toppane paa einslege Tindar som sting seg upp i Himilen og spýrr, kva dei skal staa her for i dei lange Verdsens Tidir! Jamt naar eg sìt her aaleine i Stogo mi, og det lid paa Natti, og det sloknar paa Gruva, og ute regner det og blæs og er myrkt og sturt, og den vaate Vinden gjeng tung gjenom Lidom, -- daa kjem det rædde Tankar yvi Ovrike: "Voldsomhed" SIDE: 53 meg; eg ventar aa sjaa Synir: bleike Andlit stirer inn gjenom Ruta, med langt vaatt Haar ned etter likbleike Vangar; Draugar og Skrymt; Far min som eg ser um Nætane i urolege Draumar; Gjenta mi som kanskje i denne Stundi ligg i Fjorden og døyr, trøytt av aa gaa og traakke millom alt dette Kryp som sulkar henne til med Augo fulle av liderleg Dygd og Munnar fulle av Søyle ... Og eg høyrer Læte og Ljod rundt Stogo mi; tunge Stìg som stanar og gjeng; smaae flakkande Rop som kjem burt; og stundom gjenom Skogsus og Bekkjedur syngjande Røystir som stig og sterknar og døyvest, og Graat, Kvinnegraat, Barnegraat, rædd, skræmd, kvævd Graat som døyr; lange forvillande Tonar, Visetonar, Gravsalmetonar som Vinden ber att og fram og eg veit kje kvar dei kjem fraa. Eg vert fælin; skundar meg i Seng og snur meg til Veggen; breider meg godt ned. Kolbotnen stend paa same Staden som ifjor. Savalen bugtar seg blaa og blank millom Øyar og Skog-nes ut-yvi og ut-yvi som daa. Tronfjell stig barmbreidt og akselsterkt ende upp i Sky som daa, sveipt i blaa Luft som i eit Stykke Himil. Der er slik Trygd i det. Hende alt som hende vil; her uppe er Verdi den same. Og aldri hev Lidi vori fagrare enn no etter alt dette Regne. Ho er so frisk at det er eit Bad berre aa sjaa ho. Og so reinvaska og kvit som Mosen stend. Der er ingin Blom i Verdi so fager som denne blomlause Reinmosen. Tak upp slik ein litin Dusk og sjaa vel paa han; du skal aldri ha sétt slikt. Det er som eit ørlite fint Tre med mange hundrad Greinir slyngde i kvarandre; det finaste Filigransarbeid; vidunderlegt. Og so Fargane. Lint rjomegult med ein uendelig lett Tone av ungt grasgrønt, eller med ei mjuk Skifting i mosebrunt; djupt graafiolett med Tonar burtimot blaatt, stundom meir imot raudt. Men kjem du uppi Myri, so stend Molteblomen der, festleg og kvit millom saftgrøne Blokkur. Svart Furu og ljos Bjørk vekslar uppetter Lidi; det er gamle, stive Ungkarar og unge mjuke Møyar som stend SIDE: 54 og ser paa kvarandre og finn ut at det er best aa lìva kvar for seg. So forvaagar ein seg ikkje. Og Hubroen sìt svart og tagall og frys uppi Furugreinerne og held med deim. Hu, hu; best aa vera aaleine. Daa kann ein sitja paa ei Grein og glo, og undrast paa Folk, og vera Visdomsfugl. Hu, hu. Aldri kann du sjaa noko so einslegt og syrgjelegt som denne svarte, stille Fuglen. Endaa naar han flyg er det som han var rædd; han flyg utan Ljod, kvævt og stilt som ei Skinnvengje. -- Vesle Katt-Ula er der meir Liv i. Gjeng eg i Kveldingi paa Sætervegen her uppi Lidi, so kann ho koma hoppande ned paa ein Greinstubb beint imot meg; lett og kvìk og snøgg kjem ho hoppande, heilt ned mot Hatten min, so nære at eg mest kunde naa henne med Handi; med livlege snøgge Kattungefaktir sèt ho seg til aa studere meg. Ho ser og ho ser; skygner og ser; stirer og snur seg og spýrr og undrast -- : nei men i Jøssu Namn, kva kann dette vera for ein; kva vondt hev han gjort, som gjeng her i svarte Skogen aaleine? Det er ei Drøsekolle fraa Bygdine, dette; ho hev det so ant, og Kjeften gjeng. Men Hubroen er Nidaren fraa Byen. Roleg og vyrdeleg sit han i Kroken sin og segjer ikkje meir enn han veit; eller han flyg fraa Krok til Krok og orsakar Folk, meiner og talar vel um alt og tek alt i den beste Meining. Det vert fortalt so mykje, segjer han; men me skal ikkje tru det. Aa nei; me skal ikkje det. Dei lyg no alltid Helvti. Det er visst bra Folk baade han og ho. Ja henne hev eg ikkje høyrt noko um endeleg, korkje vondt eller godt, so Gud veit. Men Herregud, um no so var; kva skìl det oss? Kann ikkje dei lìva som dei vil; sakar det oss kva dei tek seg fyri? Elles var det vel best for deim, um dei gifte seg no snart; hm. -- Storfuglane mine hev eg ikkje sétt i Aar; er det nokon som hev vori ute og skoti deim skal han faa med meg aa gjera. Det smell ender og Gong inni Fjelle um Dagen, so ein kann tru kva ein vil; Folk hev det i seg fraa den Tidi dei var Fe, at inkje noko fagert skal faa lìva. Drepa SIDE: 55 ut, drepa ut; livlause Skogar og fiskelause Sjøar; etterkvart maa Skogen òg døy, so berre svarte Heidi er att; daa fyrst er Kongen yvi Skapningen nøgd med sitt Arbeid. -- -- Det hev, som du forstend, vori graaruski med Vêre i Sùmar, Regn og smaakaldt jamt og samt; men stundom er her klaart; og daa er her klaarare enn andre Stadir i Verdi. Daa kliv eg uppaa Husmøne mitt og stirer paa Rundane. 2. Husliv. Fyrste Brev. Kolbotnen, Januar 1888. Gode "Fedraheim". Ja; no er eg flutt tilfjells for Aalvor. Og du er komin etter! -- Velkomin til Tynnset, fær eg segja; og godt Nyaar! Maatte du trivast her. Maatte du vekse og feitne. Maatte dine gamle Venir vera trufaste mot deg; og gjev du fekk mange nye Kjærastar paa det nye Aare! No lyt du sjaa innum paa Kolbotnen òg, naar du fær so og driv. Eg ser nok du kallar Huse mitt for Legdestogu og meg for Husmann; men er du den du hev vori, so ser du nok innum lell. Eg hev kje noko aa bjode paa; det er kje for det. Jolebrennevine er uppdrukki; og vil du hava deg ein Røyk, maa du sjølv halde deg Pipe og Tobak. Men ein Kopp Husmannskaffi kann du faa, um du vil tekkjast med det; og so skal me spela Whist med Blindemann; og innimillom skal me baktala vaare Venir og leike Ulveleiken med Sjapa. Og so skal du aldri ha sétt so vent som det er her no! Sùmaren, stakkar, er reint graa han, reint armodsleg, mot all den Glans me no lìver i. Det er som dette SIDE: 56 breide, rolege Lands-Lage her treng Vinterglimen yvi seg til aa faa sin rette Storleik. Ja for Lands-Lage er ikkje mykje skiftande. Det er kje Vestlandsfjell med Braastup og himlende ville Tindar; allting er jamt og rundt og stødt og godt underbygt. Det hev aldri Hast; skvett aldri til med braae Tiltak eller store Sprang; Østerdalen er som Østerdølen: "me fær no sjaa daa!" Men smaatt som det gjeng veks Lande seg stort med Tidi. Aas byggjer seg upp yvi Aas og Vord yvi Vord; er der so til Slutt eit godt breidt Grunnlag som ser ut til aa kunna staa ei Stund, so kanskje tek det til aa mùna seg upp i Høgdi. Og langt, langt inn til Fjells kann det so hende det vinn seg upp. Der er Høïr og Høgdir som kunde bera Himilen i si rolege Kraft; og finn det daa paa aa kvesse seg til Tind, so vert det Tindar som kjem i Geografien. Yvi all denne storlagde Ro breider Snøen seg fast og fin, so Høgdir og Kvelvar og lange Sjøar er som hogne og skorne i Marmor. Og yvi desse Marmorviddir gjeng Soli og Maanen og alle glitrande og knitrande Stjernebilæte med tusundskiftande Glans. Glans av Eld og Glans av Gull, og skjelvande blaatt Stjerne-Skimmer; og so Glans og Glim i alle dei finaste Skiftingar og Millombrøyte, so du veit korkje Likning eller Namn. Men burt-yvi den maanekvite Botnen stend Skogen svart og trollsk. Han breider seg i vide Moar og tøygjer seg frametter Aasane i lange grésne Lidir som eit stridt, stivt Skjegg, kvilsprengd og uhorveleg. Idag er det graatt. Fin turr Snø seller seg ned fraa eit lett Skyslør som dreg seg yvi all Himilen, men som det her og der ljosnar i, so me kann vente Sol i Dag au. Fin Snø drysjande lett og stilt ned gjenom graa Luft er festlegt; mot dei svarte Furune utanfor Glase vert det som ein Draum aa sjaa, -- ein florlett, kvervande Morgondraum. SIDE: 57 Lufti er so mjuk liksom; ein ser burt-yvi Aasane og tenkjer paa Linnvêr. Alt Folk trur me maa frjose ihel her; men nei; de vert ikkje so snart kvitt oss. Det kann vera Kuldegradir nok; men so rein er Lufti at ein kjenner deim ikkje. Berre i sjølve Joli var det kaldt her; men daa var det òg so det knistra og knaka i Veggjom. Stakk ein Hovude ut gjenom Døri vart ein kvit baade paa Haar og Skjegg, graakvit som Jolelufti. Eg gløymer aldri den fyrste Joledagsmorgonon her; daa var det kje naadigt. Korkje Kjeringi eller eg hadde Hug til aa staa upp; me drog Skinnfelden upp-yvi dei kalde Nasetippane og ynskte me kunde sova æveleg. Ho Sjapa laag innunder Sengi og aat paa Filtskorne til Kjeringi; eg skreik og skjellte, og Kjeringi lokka; men Sjapa heldt paa med sitt ho, gnog og gnog til dess eg vart vond; so gløymde eg Kalden og flaug upp; inn under Sengi; fekk Sjapa i Nakken; dengde ho; flaug so paa Døri og hivde ho ut ... eit kvitt Gov stod inn mot meg gjenom Dørgape. Eg berga meg aat Sengi; so tek Sjapa til aa kvinke og jamre seg utanfor Døri; ho vil inn att. Men neigu um eg rikkar meg! -- Vov ... vovvv ... vovvv ..., kvinkar Sjapa; eg gjer tjukke Øyro. Vovv ... vovv ... vovvv ... Fanden til Dyr! -- ikkje Fred aa faa paa ein heilag Jolemorgo heller. Sistpaa vil Hulda upp; daa maa eg i Veg, veit du. Men Juling skal ho hava, det Asen! (Sjapa; berre Sjapa.) Eg riv upp Døri; kom no, skal du faa! Men Sjapa forstend meg; ho skvett undan, -- og langt ut-i Skogen. "Naah! so skal du faa gaa der til Domedag!" kvæser eg og krabbar upp-i Sengi att. Sjapa til aa klore paa Døri og kvinke og smaagøy: vovv ... vovvv ... vov ...! "Statt du der til du frys ihel! det skal vera meg ei sann Glede!" Eg skjer Tennar der eg ligg; "kvi kom ho kje daa Døri var uppe!" -- Vovv -- vovv -- vovv -- vovvv ... "Gakk til Bloksberg." -- Vovv -- vovv -- vovv -- vovv ... "Asen! Ubeist!" eg flyg upp og til Døri att, brennsinna: "naah! kom, Asen! kom no daa, Stakkaren! kom, Sjapa! kom, Bisken!" -- eg gjer meg so blid i Mæle som eg SIDE: 58 kann; for eg ser ho trur meg ikkje. "Ja daa; kom no, Bisken; kom no daa; -- Satan der du er;" Sjapa rømer berre ho ser meg. "Ja so skal du frjose ihel! -- so sant eg er Mann i mitt Hus!" -- Hoppande av Kalde rømer eg aat Sengi. Sjapa paa Døri att, jamrande og kvinkrande. "Nei no fær eg prøve," segjer ho Hulda; "Sjapa er rædd deg." -- "Aa lat 'a staa." Nei; Hulda krabbar upp; kulsar og hustrar; fær Døri upp; "kom no, Bisken!" Sjapa inn som ei Pil, ein Rakett ... Kjeringi aat Sengi att. "Huff! -- huh!! Nei, i Dag fær me liggje yvi!" Ei Stund etter høyrer me tunge Stìg som knakar ut-i Snøen. Det tek i Døri; han Ola stig inn, kvit av Rim, med Isjoklar i Skjegge. "Goddag," segjer han; "og gledeleg Jol." -- "Aa Takk. Deg det same, Ola." -- "Naa; de er i Live, ser eg?" -- "Aa, so vidt." -- "Ja det er kaldvori i Dag." -- "Varmt er det ikkje!" -- "Nei; det er kje det. Det er ... reint ... ein stygg Kalde i Dag, ja. Og so tenkte eg, eg skulde sjaa hit ... um det kunde vera noko travalegt kanskje aa faa det varmt for Dykk i Dag." -- "Ja vil du gjera Varme upp aat oss, Ola, so skal du ha Takk!" -- "Aa ja; du veit det lyt fell' bi ei Raad med det, sj'u!" Han Ola gjer upp Varme; me ligg og ser paa. So ber han inn Fangan etter Fangan med Ved, klinkande Bjørk, og legg paa Elden; sistpaa er det eit stort, brakande Baal som ein kunde brenne ein Fritenkjar paa. Og so gjeng han. "De fær berre lìva so væl no daa," segjer han. Ei Stund etter er det so vidt at me vaagar oss upp. Alt som finst i Hytta er frosi, Vatne i Bytta, Mjølki i Fate; Vindauga er berre Is; Dagsljose vinn seg kje inn; me kveikjer Lampa. Etter Kaffien tuller me oss inn det beste me kann og sèt oss til aa spela 101; men me maa slutte att; me frys so paa Føtane. Det er elles ikkje kaldt enno; ut mot Vaaren er det verre, segjer Folk. Daa skal det vera harskt her sùme Tidir. No klarer me oss til vanlegt godt. Han Ola hev vori snild og laant oss Komfyren sin; og endaa denne SIDE: 59 Komfyren ikkje er stort større enn eit Strykejarn, so gjer han god Nytte saman med Peis-Elden. Nei; det er ikkje kaldt. Sjølve Bekken held seg opin; det er elles Uppkomevatn. Undrast paa kva Byfolk vilde gjeva meg for den Bekken, naar Vatsrøyrar og Kranar frys for dei der inne, og dei gjeng og steller og tiner og smaabannar og ikkje kann faa Vatn til Morgonkaffien? -- Men no kann dei hava det so godt. Eg kom til aa tenkje paa Bekken, av di Kjeringi kom og jaga meg ut etter ei Vatsbytte. Du veit kóss dei er, desse Kvinnfolki; eg maatte i Vegen, eg. Det er nok det som er mitt Yrkje no: aa bera Ved og Vatn aat Kjeringi; -- ja; og so er eg Uppassar for Sjapa. Kvar Gong ho segjer "vov!" maa eg vera til Svars; eg kunde gjerne kalle meg "Kammertjener" hjaa denne "Høihed". So du maa kje tru eg hev maklege Dagar just; det er berre so vidt eg fær Stundir aa skrive jamvel til deg. [fotnotemerke] -- -- Var det kje det eg sa! Der er Soli. Stor og bleik kavar ho seg fram gjenom Graaleiken med døyvd Glans; og der! -- der er alt det fyrste Stykke blaa Himil. Aa ja; me likar oss best naar det lettar upp, veit du. Daa er det Luft daa, tindrande rein, klingrande frostklaar; og Soli bryt Ljose sitt gjenom dette Krystalhave i alle dei endelaust skiftande Litir fraa døyvt morgonblaatt til um Kvelden gloende raudt. Ja; for her ved Savalen hev me Sol. Ned i Dalen, ei halv Mil herifraa, er det heile seks Vikur dei ikkje ser ho; men her er det anna Slag; her er ho jamvel uppe tvo Gongir um Dagen. Og det fær ho Stunder til, endaa ho held baade sein Fotnote: Her stend det i Kanten med Blyant. "Aa jau; du maa tru han hev det stridt! Er det kje rart med denne Mannen; han kann elles vera for det han er; men berre han fær Pen i Hand, so er han kje eit sant Ord i ham. H." (Merknad av Setjaren.) SIDE: 60 Morgon og tidleg Kveld. So sein Morgon held ho, at no i Joletidir hev jamvel eg stundom vori uppe fyre henne. Det er berre eit Par Dagar sidan eg var uppe um Morgonen og saag etter Soli, men fann ikkje anna enn ein ut-rangla Morgonmaane, som var kje stort likare enn ein vanleg Kristianiamaane aa sjaa til. Ja og so den høge graae Morgonlufti daa, med her og der ei sloknande Stjerne. Ein maa gjeva Tòl ut til Klokka tie eller so, vil ein sjaa Soli paa Kolbotnen. Daa tek det til aa kveikje seg att-i Aaskanten burtum Sjøen ut-imot Trona; fin ljos Morgonrode ligg og gløder og gløder mot skir, blaa Snø, til dess det kveikjer seg upp i bleik Gullglans og straalar fram yvi Himilen og ut gjenom Verdi at no er det Dag! Og Dagen strøymer fram gjenom Dalar og Djuv; og det vaknar vest i Rundom. Daa er det so friskt at daude kunde vakne; og Snøen paa Høgdine glimar i raudt. So arbeider Soli seg upp yvi Bergryggen med den eine Kanten. Vinn seg smaatt um Senn upp med heile Skìva. Glid fram yvi Lomsjødalsskare vinterkald og stor. Laagt sigler ho fram yvi Aasane. Og Himilen lyfter seg frostblaa og høg; det er so klaart at ein ser Furugreinir teikne seg filigranfint paa den luftblaae Grunnen milelangt burte. Og Aasar og Fjell stig fram i den snø-ljose Dagen som modellera, i alle sine fulle breide Formir og i alle sine fine faste Drag; det er ikkje Flatur lenger; alt er Lìkam, Runding, Plastik; det er kvite veldige Gudekunstverk meisla for Ævords Tidir. Der uppe paa skinande Marmorhøgdir, under høg Himil, i dette Hav av Blaatt og Soltindring, leikar kvite Aandir i Dans som ingin ser. Det er fredlyst og fredstilt. Helg yvi Viddine. Høgtidsfred. Rundane blaanar nede i Vest, snøklædde fraa Toppen til Foten. Du stirer paa deim til du gløymer deg sjølv. Det er Lande austanfor Sol og vestanfor Maane; der flakkar Eventyrprinsen um og skyt Sylv-Endar, drøymande um den fagre svikefulle Møy i dei jordiske Dalar. -- Men naar Soli kjem so langt som eit Stykke vest av Professor Guldberg, so er der ein Aas som er henne SIDE: 61 for høg, og som ho ikkje kann faa under seg. Der smetter ho seg daa attum; og so hev me Dag utan Sol i Kolbotnen. Naar ho kjem fram att andre Gongen er ho kveldsvevnug og raudøygd. Glyrer daudt og kaldt; er ikkje med lenger. Og det legg seg som ein raud Skugge yver Snø og Skog. Men i den Stundi ho gladar held ho ei straalande Høgtid. Ho logar upp so Luft og Skyir vert Eld; Blod og Eld; Purpur; og Elden sloknar av til Gull; og Gulle raudnar og vert Kopar; men Koparen døyvest og vert Bronse, og Bronsen ljosnar av i Violett eller Sylv. Det er Glans etter Glans, Gliming yvi Gliming, i Fyrstningi skinande sterk, men dimmare og finare for kvar Skifting; sistpaa dovnar alt av i fine, kalde Blaalitir som gjeng yvi i veike Skiftingar av graablaatt og graatt; og so er det Natti. Her ein Dagen var Kjeringi og eg som vanleg ute og gjekk. Inntulla i alt det me aatte av Klæde arbeidde me oss ut yvi Sjøen paa Ski, som tvo svarte Smaa-Troll paa ein Isbré; Sjapa tvinta og trilta ikring oss i Snøen som eit glinsande mjukt svart Silkenøste. Daa me kom glidande heimatt gjenom Sunde nordanum Holmen, glada Soli. Der ute i Vest, yvi dei sylvblaae Rundane, kveikte ho ein Allheimsbrand. Lengst nede eit Lag med skinande Grønt som eit glimande Metalskjold; yvi det grøne, og ikring det, Lag yvi Lag med straalande raudt, fraa blodmyrk Purpureld lengst nede gjenom linnare og linnare Gliming upp-etter, til dess heile det forunderlege Fargeeventyr toppa seg av og folna burt i skjelvande fine Lilla-Litir og Violett-skimmer; rundt om alt dette ei tett Rand av myrk, jønnblaa Himil. Me gjekk og stirde paa Syne og kunde mest ikkje tru paa dei. "Den som var Maalar!" segjer ho Hulda. "Ingen kann maale slikt," meiner eg. "Nei; og um ein kunde, vilde ingin tru det." "Dei vilde segja det var usant." -- "Dei vilde segja det var Galskap." -- "Slikt hev ingin sétt paa denne Jord, vilde dei segja." -- "Og det er sant. Stakkars Folk, som gjeng der nede i berre Graatt og aldri fær sjaa slikt. Nei, men SIDE: 62 hev du sétt -- ? Kva skal ein likne det med? kva skal ein kalle det?" "Me skal halde vaar Munn," segjer eg. "Dersom Shakespeare sat her i Aar etter Aar og saag paa det og vreid Heilen sin som ei vaat Fille til aa finne Samanlikningar og Ord ... han vilde til Slutt kaste Pennen og gaa heim og drikke seg full." -- "Og endaa er det som det minnte meg um noko ... noko som eg hev sétt eller tenkt meg ..." -- "Kanskje minner det oss um den Verdi der me ynskjer aa høyre heime. Eg maa tenkje paa noko eg drøymde ihop daa eg var litin. Gud Faders Høgaltar i Himilrike tenkte eg meg soleis paa Lag." -- Me strævar upp Bakken og heim. Og alt sig burt i kveldblaae Skuggar. Ja eg røder um ho Hulda eg, og "Kjeringi mi"; du hev vel høyrt gjeti at eg er gift? Det var no òg eit Paafund. Men det var det, ser du, at eg skulde til Fjells. Eg fann ut at der ikkje var meir enn ein Stad i Lande der eg kunde bu; Kristiania var for fælt; Smaabyane var endaa verre; heime paa Jæren var der for tjukt av Oftedøl -- "Kaninar", som de kallar dei no; eg maatte til Kolbotnen. Der hadde eg daa liksom Gard au. Men den som skal ha Gard maa dertil ha Kjering; og so snakka eg med ho Hulda um det; me var no eit Grand kjende fraa fyrr av au me. Ho var ikkje noko sers um det i Fyrstningi. Men eg lokka for henne og kytte og smaalaug; og sistpaa nemnde eg Sjapa. "Du fær kje anna aa gjera enn passe Sjapa!" -- det maatte hjelpe. Det visste eg; for slik som desse Gjentune fór og flaug etter Sjapa der inne -- Bikkjekvalpen du veit -- , det var meiningslaust reint. Og so snart Sjapa var nemnd, saag eg strakst at ho Hulda tok til aa tenkje paa Tingen. "Mja -- ," sa ho og drog fælt paa det; "du segjer kanskje noko lell, du." -- "Men fyrst maatte eg vìta kva du kann," sa eg; eg vart kry no, daa eg forstod at eg hadde Gjentelykke. "Ja det kann du alltid faa vìta," svara ho; "eg kann laga fjortan Kjøtkakur av den Deigen som andre SIDE: 63 berre fær sju av." -- "Kann du det?" spurde eg. -- "Ja det kann eg," svara ho. -- "Ja daa ser eg at du høver aat meg," sa eg; "det var nettupp slik ei Kjering eg skulde ha, ser du. Det kunde falle seg fælt godt mang ein Gong upp-i Kolbotnen ... ja der er Mat nok, veit du! det hev aldri vanta Mat i Kolbotnen. Men likevel, ser du -- . Ja slær du til daa?" -- "Eg frys vel ihel der uppe?" spurde ho. "Nei; du skal faa døy av gode Dagar," kytte eg; "og elles veit du at Dauden skal ei Orsak hava." -- "Ja det var eit sant Ord," sa ho; og so gjekk me til Byfuten. Men daa eg so ein Dag her uppe bad henne laga fjortan Kjøtkakur av Deigen til sju ............ ................................................ Aa me toskute, toskute Mannfolk! [fotnotemerke] -- Det var ein graasur Dag, Bryllaupsdagen vaar; ein Kristiania Desemberdag av rette Slage. Eg budde i eit gamalt Trehus upp-i Pilestræte, i tvo smaae myrke Kòt; der gjekk fraa Morgonen av Brur og Brudgom og pakka Kuffertar. Klokka tolv kom Markus Olivarius Markussen og ein til; so læste me Døri og gjekk. Kristiania laag og kava i Desemberskodda og hadde ingin Draum um, at noko stort skulde hende. Brur og Brudgom i Kvardagsklæde og tvo Mann til stig inn paa Kantore hjaa Byfuten. Ein litin Kantorist kjem: "hva ønsker De?" -- "Tak ... denne Dame og jeg vilde gjerne bli viet." -- "Vers' god; vil De gaa der ind ... saa kommer Byfogden." -- "Tak." Ein halv Time etter gjekk me ut att same Vegen, og hadde no Brev paa at me var gifte. Og det er Breve det stend paa, veit du. Fyrr hadde me vori syndige; no var me reine som Gull. Og det hadde ikkje kosta meir enn 5 Kronur og 36 Øre. Avlaate var so billegt at me totte me hadde Raad til aa gaa til Gravesen og faa oss Middag. Dit gjekk me, heile Bryllaups-Lage, og aat vaar Middag Fotnote: Blyantsmerknad i Kanten: "Ja er det kje det eg segjer! Verre Ljugarfant -- -- isj! H." Setjaren.) SIDE: 64 millom dei andre Middagsgjestine. Me tok ein Dram til Maten og rødde um laust og fast; millom anna fekk me Mark Oliv til aa fortelja meg, kva Ægtefolk hev aa gjera naar dei vil fraa kvarandre att. "Den beste Raad for Folk som vil fraa kvarandre er Utruskap," lo Mark Oliv; og me lo alle. Daa Middagen var fraa-seg-gjord gjekk Brur og Brudgom heim i Pilestræte att og pakka Kuffertar. Klokka nie næste Morgonen var me med alle vaare Tølur umbord paa Toge som skulde til Øysterdalen. Det ringde og peip; Døri vart stengd; me gjorde lang Nase til Kristiania og sa "Bæ!" -- og i Veg bar det. Farvel, du dygdesure, du dygdearme By! Me dreg tilfjells og byggjer oss eit Reir uppunder Sky. Me dreg tilfjells og byggjer oss eit Reir uppunder Sky; Farvel, du dygdearme, du dygdesure By! Femte Desember. Isande Vind. Himilen tung av blaae Snøskyir. Me køyrer upp Isen paa Glaama inntulla i Pelsar og Sjal; Kjeringi i Sledesæte med Sjapa paa Fange; eg frami Dumpen; fyri oss Skjuss-karen med Kuffertlasse. Ut paa Ettermiddagen er me framme. Kolbotn-Stogo sting seg fram or Snøen som ei stor Tuve og ser jammerleg ut. Me stig inn; det er kaldt som i ein Iskjellar. I Gruva ei liti Snøfonn. Det gjeld aa faa Varme. Eg hiver Pelsen og ber inn Ved. Men Veden er raa. Eg ligg i Gruva og pustar og blæs ei Stund, men kjem ingin Veg. Det berre kokar og sjoar i dei raae Vedskidine. Me hev fengi sett upp ein Komfyr til Vinterbruk; Hulda ligg paa Kne og strævar med aa faa det til aa brenne i den. Men han dreg ikkje. Stend berre og SIDE: 65 røykjer gjenom alle Ringar og Opningar; Kjeringi fær Augo og Lungur fulle av Røyk; upp med Døri. So kjem han Ola og ho Anne og hjelper oss. Han Ola fær det til aa brenne paa Aaren; men Komfyren er det inkje Raad med. Der er for lite Drag; Veden er for raa, og Komfyren er for kunstig. Der er Steike-Omn i han; og Røyken maa gaa i ein Ring rundt um den, fyrr han naar Pipa; men han vinn ikkje rundt, berre eimar ut gjenom alle Ringar og Opningar. Me fær hjelpe oss med Gruva so lengi. Elden ut or Komfyren; upp med Vindauga; me held paa aa kovne av Røyk. Hulda hev teki Skinnpelsen av seg, men maa faa han paa seg att. Me drikk Konjak og bankar Flogur. Han Ola trøyster oss med, at det lyt fell' bi likare naar det bir meir upplett Vêr. "Aa ja; du kann vita det blir likare," segjer ho Hulda. Han Ola ber inn Vatn, og ho Anne fær Kaffikjêlen paa. Me tek til aa opne Kuffertar og Kassur; snart ser Stoga ut som ei Pakkbu. Det myrknar; me fær Lampa upp og kveikjer Ljos. Han Ola steller med Varmen. Det vil berre slokne for han; og kvar Gong det kjem eit Vindkast slær Røyken inn. Døri maa upp rett som det er; heile Vinteren inn; -- "frisk Luft kann me daa hava her!" -- Endeleg er Kaffien ferdug. Me stend i Pelsarne vaare og drikk, med blaaraude Hendar, trampande med Føtane. "Aa ja; men det bir fell' likare snart." -- "Ja du kann vìta det blir likare." Han Ola og ho Anne gjeng; so er me aaleine. Det vert Kveld. Det meste av Tye vaart stend paa Auma; me kunde kje faa det med oss i Dag; no vantar me mange Ting. Men verst er det med Sengklæde; det som heng att her fraa i Sùmar er for lite. "Naa; me fær brùka Pelsane." -- "Aa ja; me hev alltid Klæde nok." Ho Hulda reider upp og fyller Sengi med alle dei Klædefillur ho kann finne. "Det greider seg nok." -- "Ja det skal nok greide seg." -- "Og so er me tvo, veit du!" -- Eg ligg burti Gruva og blæs; det kokar og sjoar i den raae Veden. Og rett som det er slær Røyken inn SIDE: 66 eg driv meg burt. Me gjeng og steller i full Vinterbunad. Sjapa flyg ut og inn og gøyr paa Skogen. Endeleg kjem me so langt at me kann eta til Kvelds: kald Nistemat og halvvarm Te. So kryp me ihop ikring Gruva og drikk Toddy. "Velkomi heim daa, du!" -- "Velkomin heim!" -- "Det bi fell' likare." -- "Aa ja, du kann vìta det blir likare." -- "Me skal nok faa det koselegt her, naar me fær det i Stand." -- "Ja; me fær byggje Skorsteinen eit Par Fot høgare, so det blir meir Drag i han ..." -- "Og stelle paa Komfyrpipa, so ho kjem til aa gaa meir rett upp ..." -- "Og faa heim noko Turrved ..." -- "Aa ja; det skal nok bli bra." -- "Aa ja daa. Og tenk so godt: aa faa vera so reint for oss sjølve!" -- "Ingin aa bry seg um; ingin som er i Vegen ..." -- "Aa ja; og so vera tvo um alt!" -- -- Toddyen vert kald. Me drikk han ut i eit Drag og krabbar i Seng, halvt paaklædde. "Det er det gode at me er tvo." -- "Ja." Me dreg oss tett inntil kvarandre. -- "Det er verst for Sjapa, stakkar." -- "Aa, frys ho, so hoppar ho upp-i Sengi til oss." -- "Aa ja; so mykje Vit hev ho vel alltid." -- -- -- -- Det sloknar paa Gruva. Fraa Tak og Veggir stend det kaldt. Det dreg og det iser; Kaldgufsar stryk oss yvi Panne og Kinn som Kjæling av daude Hendar. Morgonen etter er det Snøstorm. Det driv gjenom Skogen som eit graatt Hav; yvi den islagde Sjøen dansar Snøkvervlar i vintergraa Luft som Skrymt og skræmde Draugar. Gjenom Lidine yler det og skrik; Trei svingar seg paa Roti og knarkar og knakar; det høyrest inn til oss som Havsus og Baarebrak. Eg ligg i Gruva i tvo Timar og skal faa upp Eld. Det vert berre Røyk; -- upp med Døri. Kjeringi grev seg so djupt ned i sine Fillur som ho kann. Sjapa flyg att og fram og dreg paa Sokkar og Sko og slær sund Glas og Koppar. I Natt hev ho gjort styggt paa Golve; det ligg Haugar og Klattar etter henne burt-yvi all Stad, frosne til Is; eg hev baska ho upp for det men er arg enno. SIDE: 67 Stundom sèt ho seg burttil meg ved Gruva og ét paa Tofline mine. "Aa dra til Helvite, Dyr!" -- "Uf nei, ikkje slaa henne, stakkar," bed Hulda; "ho er so lita. Kom hit til meg, Sjapa. Kom, Bisken! Kom no daa, Stakkaren!" -- Sjapa triltar burt til Sengi, og ho Hulda tek henne upp til seg. "Ja-ja; det er der Meining i," segjer eg og freistar aa vera blid; "Sjapa er god og varm, ho. Phø -- ø, phø -- ø, phø -- ø, phø -- ø ..." -- "Naa daa, Sjapen! Skikkeleg no! ikkje eta upp Felden min! Naadaa! -- stygge Dyr! -- vekk! -- ned med seg! -- Fy!" -- Sjapa kjem vaggande hittil meg att og gjev seg til aa gnaga paa Tofline mine. "Aa dra til -- -- !" -- Endeleg brenn det. Kjeringi ris upp og tek til med Kaffien, inntulla i Pelsar og Sjal. So held me Dugurd ved Gruva; ved Borde er det for kaldt. Eg sveiper ikring meg det store Skjervet mitt og vaagar meg ut etter Vatn. Me slit oss fram fraa Dag til Dag. Det snøar og det snøar. Stormen hev slutta og det er stilt; men det drys og drys med Snø so me trur mest det er Fimbulvinteren. Me ser ikkje lenger enn nokre Famnar fraa Huse. Himil er her ikkje; berre eit Hav av graatt som fell, av Dun som kjem glidande og kvitnande, til dess alt dette Dune stilt og lett legg seg ned burt-yvi Skoggrunnen og vert til kvit, blaanande Duk. Det ser ut som me skal snøe ned her. Fraa Morgon til Kveld inkje anna enn dette lette, tette, kviskrande Fall av Snø; Snø so langt me ser; Snø heilt upp til Himils. Eg sìt ved Gruva og ser ut gjenom Glase paa all denne Snøen som glid og glid i lange Stripur ned gjenom Lufti og sveiper den svarte Skogen inn som i ein tett graa Eim; til Slutt innbiller eg meg at eg sìt innunder ein Stein paa Havbotnen, og at dette kvite som glid og glid, det er eit Net som han Fiskaren der uppe læt sige og sige ... sige og sige ... til aa fange dei Par Fiskane i, som hev gøymt seg burt her ned-i det stride Sjøgrase. SIDE: 68 Snart er alt kvitt. Alle Tuvur er gøymde under alnedjup Snø; alle Steinar er burtkomne, alle Aastoppar yvibreidde; me kjenner kje Lande att. Furutrei hev Barkostane sine fulle av Snø og ser ut som dei paa alle sine Toppar og Kvistir bar fin, kvit Bomull i Smaadottar. Utanfor Døri kann me kje koma utan paa Ski. Men me hev nok inne aa gjera. Pargase vaart hev me fengi upp ifraa Auma; og no gjeld det aa koma i Skikk. Eg slær Spikrar i alle Veggir, so me kann hava aa hengje upp paa, og Hyllur her og der, so me kann hava aa leggje paa. Det vert fullt all Stad, paa Hyllur og i Krokar; det er naar ein skal flytja at ein fær vìta kor mykje ein eig. Alt me ikkje hev serlegt Bruk for stuver me ned i Kuffertar att; det fær eg sidan draga til Nordpolen. Men me fær Bruk for meir av vaare Fillur enn me tenkte. Han Erik Strype hev vori hit og dytta i Stogo med Mose og Drev, so ho kunde bli tett til Vinterbruk; men han hev kje vorti ferdug; der er Rìvur i Veggine som me kann sjaa utgjenom, og Hol uppunder Take som me kann stinge Armen i; attum Skorsteinen er der so opi at det stend som ein Straum av Vinter inn millom Veggen og Muren. So flyg me og dyttar og dyttar med Fillune vaare all Stad, stappar og dyttar, dyttar og stappar, mest upp-yvi Sengi, der det kann turvast som mest. Sistpaa er heile Sengi innklædd som i eit Tjeld: eit stort raudt Stikkteppen øvst uppe til Himling, og Plagg og Aaklæde rundt Veggjom; no ser Sengi ut som eit Fuglereir. Han Erik hev lova aa køyre heim Turrved aat oss; men han hev ikkje Stundir enno. Han er aaleine der upp-i Aasen med det vesle Gardsstelle sitt, og hev nok aa gjera. No er det snart Joli; han maa gjera Sko til ho Eline, og til ho Sigrid med; dessutan maa han stelle paa Husi sine til Vinteren, og paa Reidskapen sin; so stend han ved Hyvlebenken den eine Dagen og i Smia den andre; rett som det er maa han til Steien, eller til SIDE: 69 Auma, til Handlaren, etter Mjøl og Mat; og so skal han ender og daa burt-i Gala og hjelpe Gardsen med eitkvart; er det Vêr ein Dag, so maa han inni Fjelle og skjote Fugl. Men endeleg fær han Stundir eit Par Dagar til oss med; og so fer han rundt i Skogen med den vesle Merri si og finn Turrved til oss i Mengd, og Feitved og Rotved, Lass etter Lass, so me reint maa undrast. "At du kann finne so mykje turr god Ved no i all denne Snøen!" -- "Aa," smiler han Erik; "det er kje noko Snø aa snakke um enno; me fær nok meir, skal de sjaa!" -- Og so byter han Ola Komfyr med oss, som sagt; for hans dreg betre, av di der ikkje er Steikjeomn i han. So tarv daa kje ho Hulda staa i Gruva med Skjerdingen og mødast, naar ho skal koke Mat; men baka i Gruva maa ho. -- Ja, den Bakingi. Der er so mange Ting! Mjøle maa vera godt, og Gjestren maa vera god; skal Deigen gaa upp maa han dertil hava det varmt baade Natt og Dag; det er mest raadlaust. Og so er det alle Slags Kunstir og Knìp med Knading og Handfaring baade fyrst og sist; men det verste er Steikjingi. Hev ein so ikkje Greidur som til høyrer, men maa steikje paa ei Jønnpanne i ei Gruve ... so kann du sjølv forstaa kóss det maa bli, um du aldri so mykje er Ungkar. Sùme Stadir vil Brøde bli brent, andre Stadir vert det kje steikt; so vil det ikkje gaa upp, og so vert der Daudrand ... ho Hulda er so i Ulag at ho græt mest stundom, naar ho gjeng og masar med denne Bakingi og ikkje fær det til. Ho hev aldri baka fyrr, og ikkje stellt Mat heller, so du maa tru det er ikkje greidt. Og Hanna Winsnes er kje for andre enn slike som hev lært det meste fyrr, veit du. Men kann de kje kaupe Brød? -- spýrr du viseleg. Det er daa kje so langt til Auma; gakk dit, du late Hund! det hev du godt av. Aa ja; no, daa eg hev lært so vidt aa staka meg fram paa Ski, so gjeng eg nok til Auma. Men um eg kjem SIDE: 70 dit, so er det kje sagt at Handlaren hev Brød; stundom hev han ikkje Mjøl heller. Og dessutan, desse Aumaferdine ... ja dei er stride dei for ein lat Hund. Det gjeng ikkje berre den Dagen; men naar eg kjem heim med Skreppa full av Mat og andre gode Ting, som Kaffi, Salt, Sukker; kanskje eit Spand Sirup; kannhende ein Pose Jordeple paa ein Kjelke attpaa ... eg er so utmasa at eg gjeng i tvo Dagar etterpaa og berre kviler; men det hev eg ikkje Raad til. Eg skal skrive paa "Uforsonlige" au; -- det eine maa bli gjort og det andre ikkje gløymt; Raad til aa leige Mann for meg hev eg ikkje heller, -- korkje til Skriving eller til Aumaganging. Men det ferdast daa Folk ned-yvi rett som det er? -- Aa ja. Men det er kje sagt dei hev Stundir til aa høyre innum paa Kolbotnen. Mjølk fær me burtpaa Trøan; han vesle Olaf kjem staukande um Morgonen paa Skier med eit Spand Mjølk; og so sèt han seg burtmed Aaren og kviler. Fær seg ei Vaffelkake kanskje; den smakar visst. Men han segjer kje noko utan me spýrr han. "Du Olaf," kann ho Hulda segja, "Far din skal vel ikkje ned-yvi til Auma no snart? Eller til Vesl'elvdalen? Han fer vel ned-yvi ender og daa, han som hev Hest?" -- "Aa ja -- a," mullar han Olaf. "Me skulde so endeleg havt noko Brød ... og noko Sukker; ja noko er det rett som det er; og dessutan Posten; du fær segja fraa, du Olaf, naar du høyrer Far din skal ned-yvi." -- "Ja -- a," segjer han Olaf. -- "Skal han kje ned-yvi no snart, trur du?" -- "Mmm ... veit kje; det bi vel kje paa ei Tid no att; han er nedyvi i Dag, han Far." -- "I Dag! -- Nei men kvi sa du kje det sist, Olaf? -- Og eg som bad Mor di sende Bòd hit, naar Far din skulde ned-yvi ... Nei so ille som dette var daa." Han Olaf gneg paa Kaka si og mullar. "Ja men no maa du hugse paa dette, Olaf! -- segja fraa, naar du høyrer gjeti nokon som skal ned-yvi, kven det so er!" -- "Mmja -- a." Aatte Dagar etter sìt han Olaf ved Aaren som vanleg. Vesl'elvdalen: "Lille-Elvedalen". (No, 1922, Alvdal.) SIDE: 71 "Skal Far din ned-yvi no snart?" spýrr ho Hulda. -- "Han Far var ned-yvi igaar, han." -- "Jaso!!" -- "Men du kunde ha fengi Bò med 'n Erik, du, hadde du vilja." -- "So; naar skal han ned-yvi daa?" -- "Han Erik?" -- "Ja?" -- "Eg veit ikkje eg, no; men han er ned-yvi i Dag, han." Ho Hulda tagnar og ser paa meg; eg dreg paa Aksli. "Sjølvhjelpt er velhjelpt," segjer eg; "ingi Naud so lengi ein hev Føtar aa gaa paa!" Ho fekk nok meir aa gjera enn aa passe Sjapa lell, ho Hulda. Men so narra ho meg med Kjøtkakune ho, so det kann gaa upp i upp. Ho gløymer no ikkje Sjapa heller, for den Skuld. Det er ikkje anna enn Sjapa fraa Morgon til Kveld, og "Sjap" og "Sjaperlapp" og mykje og mangt; og eg er "Kammertjener" hjaa Sjapa; so at spýrr du etter Herren her i Huse, so er det Sjapa det, so mykje du veit det. Men det er Bikkje som det er Gagn i au. Ho er fraa Kautokeino og er meg seld for Finnehund; svart er ho so det glansar av henne, og kvit i Bringa; tri kvite Haar hev ho paa Rumpetippen med, og aldri so lite Kvitskvettar paa Labbane. Eit Par forlìvande blanke Augo hev ho, og eit lite fint Hovud som stend, godt paa Halsestubben; men i den andre Enden er ho noko tung, so ho er ikkje ulik ein litin Bjørn, naar ein ser ho fraa Sida. Ho hev ikkje store Krav. Men ein Ting maa ho hava; og det er Maten. Den fær ho aldri for mykje av, kann eg tru. Men so er ho gild, med det at ho ét alt Slag; Potetskrell, Fiskebein, Filtskor, gamle Brøkar, "Verdens Gang", Fuglevengir, Skinnfeldar, Furuved, Hestelort og utruleg mykje anna gneg ho i seg; og kann ho faa seg 'ti ein Fløytevaffel, eller eit Stykke Rype med Saus, eller ein Kopp Kaffi med ein Sukkerbit, so segjer ho kje Nei til det heller. Det einaste ho ikkje bryr seg um er det som me lagar aat henne: Vatsgraut; men kva skal ein segja? Eg er kje noko sers glad i Vatsgraut eg heller. Det er Meiningi at Sjapa skal vera liksom Vaktmann SIDE: 72 her paa Garden; serleg skal ho verja oss mot Bjørn. Ho er noko ung enno; men ho vert nok gamal; og ho øver seg i sitt Kall baade tidleg og seint. Det heng ein Sauefell utpaa Tune; den gøyr ho paa ei Rid rett som det er; for han ser henne stygg ut, den Felden. Eit Grand rædd han er ho au; her i Dagmorgo hengde eg Skinne inn i Stogo til Tining eit Bìl; men daa totte Sjapa det vart for utrygt her, og torde kje vera inne. Men ho fær nok Mannskap til aa gaa paa Bjørnen, skal me sjaa; det var visst ikkje stort Mod i oss heller, daa me var fjortan Vìkur gamle. Det er nok dei som ser med Tvil paa Sjapa, um det heng rett ihop med Ætti og slikt. Mor hennar kann ha vori lettlynd og haldi seg med andre enn ho skulde, meiner han Ivar; og han Per, Bror hans, Bergmannen, er vitskapleg og segjer at ho hev for fint Skinn; og so er det Øyro som er for lange. Men at ho er Finn vil du forstaa, naar du ein Gong ser ho i Snøfonni. Det er der ho er heime, liksom Fisken i Vatne. Naar me er i Skogen paa Skier, innbundne i Raggsokkar og Vettir og Finnsko og Sjal og Skjerv so me mest sveittar i Snøglimen, -- so kann du tru ho er med! Ho ligg og velt kring Føtane vaare so me kann lite koma fram; sìt attanpaa Skierne eller er i Vegen framme; men ser ho ei Fonn so er ho kje sein: hiver seg ut; dukkar under so ho kjem mest burt; pustar og blæs; ror seg fram, bykser seg fram i smaae, lystige Ekornhopp, so ein ser berre den digre Baken dukkande upp og ned, skiftevis med den vesle Nakken. Det er Bad for henne dette; visst; uppatt kjem ho kvit som ei Drive. Og Augo straalar som Demantar, og Nakken reiser seg stolt; paa kvar Tuve og Stein flyg ho upp og held Vakt; for her, i Skogen, forstend ho at det er ho som hev Andsvare. Ja; eg er kry no, Far; det er sant det. Tenk Gard og Kjering og Bikkje og alt; Bikkja til aa smeikje naar eg SIDE: 73 er blid, og Kjeringi til aa gryle paa naar eg er grettin; [fotnotemerke] kva kann ein gamall Syndar og Bohême ynskje seg meir i denne Verdi? Det er berre ein Ting eg saknar, og det er ein Hest. Ein litin rund, ørende litin blakk Fjordhest. Ja og so ei Ku eller tvo, so Kjeringi kunde hava Mjølk til Huse; og eit Par Geitar kannhende; og Høns! -- og Sauir ... Men ikkje Kaninar. Naah! det vilde kje vera godt, um ein var reint ynskjelaus. Og den som ynskjer, han fær; kanskje fær han ikkje nettupp det han ynskjer, men so fær han noko anna, noko som han kannhende ikkje bryr seg um ... men det lyt vera det same. Og no fær du berre liva so vel daa. -- -- -- -- -- Andre Breve. Kolbotnen, Februar 1888. -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- Det sleng eit Framandmenneskje paa Kolbotnen au stundom, so me er ikkje so aaleine som du trur. Det er Folk fraa Grannegardane eller fraa Bygdi som skal sjaa kóss me hev det, og undrast paa at me kann trivast her. So ser dei paa Hulda og segjer: "du var ven du, den Sùmaren du laag burti Straalsjøaasen. Men no hev du vorti mager og bleik. -- Aa ja, det gjeng So." Og dei legg til med ein litin Smil: "var det kje du som skulde til Amerika?" Det er ikkje alle som hev vorti glade for at me kom her upp. Serleg skal Presten vaar hava eitt og anna aa segja. Han er vel rædd eg hev valt meg ut hans Saueflokk serskilt til aa vera Ulv i; og etter noko me høyrde her um Dagen ræddast han so smaatt for andre Ting med. Tynnset er kje noko rikt Herad; og naar no eg med heile mitt Hus kjem paa Fatigkassa ... Det vilde vera ille um Fotnote: Blyantsmerknad: "O, de Mænd! H." (Setjaren.) SIDE: 74 me vart verande so lengi her uppe at me fekk Heimstamnsrett, skal han ha sagt. Fyrivar Mann, den Presten. Det er nok i det heile ymse Meiningar um oss millom Folk. Ho Anne sat her ein Dag og rødde um eitt og hitt; eg var paa Auma eg, so ho hadde Kjeringi for seg aaleine. So segjer ho: "Du Hulda, det var noko eg hev tenkt eg vilde spyrja deg um." "Naa?" "Dei segjer det her upp-i, at du og 'n Garborg er gifte berre borgarleg; men det kann vel ikkje vera Raad det lell?" "Aa jau; det er nok Raad." "Er det sant?" "Javisst er det sant. Skulde det vera so rart, det daa?" Ho Anne rister paa Hovude og undrast. "Nei er det sant lell. -- Nei tenk det daa. -- Nei men er det kje rart aa vera gift berre paa ei viss Tid?" "Paa ei viss Tid, segjer du?" "Ja? -- Ja dei segjer det her upp-i, at naar dei er borgarleg gifte, so er det berre paa ei viss Tid." "Aa -- ! so naa. Ja daa; du kann vìta det er berre paa ei viss Tid." "Kanskje det er kje paa so reint lang Tid heller?" "Det er paa eit Aar. Eit Aar etter den Dagen me vigdest, Kl. 12 Middag, maa me gaa kvar til sin Kant." Ho Anne vert liksom noko uviss: "ja du veit eg hev kje havt den Trui eg, endeleg; men dei segjer so her upp-i." "Aa ja," svarar ho Hulda; "du maa kje tru det er so mykje klokare mangt av det dei segjer um desse Ting lenger ned-i heller." Noko med det gildaste er naar Gardsen kjem ruslande ein Ettermiddag; med honom kann me svalle um kva som helst. Og so hev me lært han spela Whist; so sìt me og spelar Kort og hev det koselegt lange Stundir. Og so er det no Savalguten som sleng her so ender og SIDE: 75 Gong, veit du; men med honom er det berre Gjøn og Jaal; og den han bryr seg mest um av oss er Sjapa. Meg gjer han Narr av alt det han kann. Eg er ein Bakstrævar, segjer han, og ein Opportunist; han hev vorti so ille radikal i det siste, denne Teologen. Med Hulda røder han um sine Gjentesorgir. Kvar Gong han kjem spýrr han henne paa Ære og Tru, um ho ikkje meiner han bør gifte seg no snart; svarar ho Nei, so segjer han jau; han vil gifte seg! -- og svarar ho Ja, so spýrr han: "veit du nokor som vil ha meg daa?" Eller han kjem stikkande med eit Fotografi og spýrr: "trur du eg skulde bêle til henne?" -- "Klem paa," meiner ho Hulda. "Ja men trur du ho vil ha meg daa?" -- "Det vil ho visst." -- "Ja men trur du at eg vil ha henne daa?" -- Det er ingin Veg komande med Savalguten. Sist han var her gjorde han Narr av meg for denne galne Aumaferdi mi som du kanskje hev høyrt gjeti; so no er det vel best eg fortèl den Sogo sjølv. Elles kunde Savalguten setja ho i Blade paa si Vis, og dermed gjera meg til Narr for heile Nordre Østerdalen. Ja. Det var ein Dag for ei Tid sidan; ho Hulda kjem og segjer: me er matlause. So er det kje anna aa gjera: eg tek Skreppa paa Ryggen og Niste i Skreppa og Raggsokkar utanpaa Styvlane og Skier paa Føtane; labbar so i Veg med godt Mod, endaa det lid heller langt ut paa Morgonen. Det er Graa-Vêr og mildt. Lufti er lett, so Middagsbìl klaarnar det vel upp; og uppkøyrd Sledeveg hev eg nedgjenom, so eg kann ikkje koma paa Villstraa. Berre halde meg til den største Vegen all Stad; so er eg so trygg som eg hadde Lós. Eg stakar meg fram paa mine Skier; og det vert mildare og mildare. Det klaarnar; Soli tek til aa glitre i Snøfennane. Snart kjenner eg at Snøen klabbar seg under Skierne; og det vert tungt. Eg brùkar tvo Timar yvi Savalen. SIDE: 76 Ei Stund til masar eg paa. Det vert tyngre og tyngre. Himilen skyar seg yvi att. Naa, det er godt; kjem Soli burt vert det likare Føre. -- Her er ein Veg, som tek av; det er daa berre aa halde seg til den største. Snøen klabbar seg under Skierne, so eg mest ikkje kann koma fram. Klokka er eitt, og eg er ikkje halvveges til Straumen enno; det gjeld aa drive paa. -- So! -- Mi Sæl tek det kje til aa regne. Jadaa! Midt paa Vinteren! Midt upp-i Dovrefjell! Det ein minst skulde vente; og det verste av alt! -- Skierne stend reint fast. Det nyttar kje med Skier lenger. Eg sèt deim fraa meg bortunder ei Toll; tek so Skistaven i Neven og labbar i Veg paa mine Raggsokkar. -- -- Til Pokkeren! kva er no det for Slag? Ein Gard? Ein Gard som eg aldri hev sétt fyrr! -- D'er greidt. Eg er komin paa Villstraa. Nettupp i Dag, daa eg hev so lite Tid ... Skulde ha teki den minste Veglaami lell der uppe. Naa; attende att daa; ingi Tid aa sumle burt; eg snur og skundar meg uppyvi att. Men um ei Stund gjev eg meg. Eg maa kunna taka ei Beinleid. Rette-Vegen vil liggje nedanum det Holte paa Lag; eg tek Beinleidi. So snart eg kjem utanfor Veglaami gjeng Snøen til Knes. Men lat gaa; det kann ikkje vara lengi. Snøen vert djupare og djupare. For kvart Stìg sig eg lenger ned-i; snart gjeng det langt uppaa Laare, men eg driv paa. Sveittar og bannar, og sveittar og kviler; huff; dette var fælt. -- Endeleg. Der er Vegen. Eg krabbar upp-or Snøfonni; dreg Anden djupt; sopar Snøen av ein Stein og sèt meg. Du kann turve noko aa styrkje deg paa no, segjer eg til meg sjølv. Vaffelen smakar, endaa han er kald so han iser i Tennane. Paa Lùmmeflaska hev eg ei Blanding av søt Mjølk og Kognak; den smakar endaa betre. So legg eg i Veg att. Um eit Bìl kjem eg til ei Kolmile. Der endar Vegen. Ja-so. Naa. Sjølvsagt! Eg hev so gode Stundir i Dag, maatru ... Eg legg paa Snøfonni att. Den vert djupare di lenger SIDE: 77 ned eg kjem. For kvart Stìg sig eg so langt eg er klovin. Huh. Klokka tor eg ikkje sjaa paa. Endaa godt at det er Upphald att. Skyut er det enno, men kaldare: til Kvelds kann det hende det klaarnar, so eg kann faa Maane paa Heimvegen. Klokka halv tri er eg paa Vegen. Her kjenner eg meg att. Naa; det var kje for tidleg. Eg legg til Sprangs, trøytt som eg er; kunde eg endaa vera her uppe att til Klokka fem eller so ... -- Gudskjelov; der er Straumen. No er det ikkje so langt att. Drive paa, drive paa ... Uh; der hev me Hundane. Fraa kvart Hus og kvar Hytte kjem det skvakkande ei Bikkje: Finnehundar, Bjørnehundar, store Hundar og smaae Hundar, ein graa, ein annan svart, ein sint, den andre sintare; like inn i Leggen paa meg flyg dei; gøyr som for Betaling, skvakkar og gøyr, med gneistrande Augo og Skùm paa Tennane; sankar seg ihop til ein heil Flokk; eg kjenner knapt Føtane eg gjeng paa. Kvart Skvakk gjev meg ein Støyt gjenom heile Nerveveven: upp gjenom Ryggen, i Hjarta, i Hovude; eg kjenner Haare reise seg; Andlite stivnar ikring Munnvikine; Augo ser Skuggar; det susar for Øyro; Hjarta slit i meg; eg ventar kvar Stundi aa kjenne hoggande Tennar i mitt arme Kjøt. Som jaga av Djevlar flyg eg nord gjenom Lidine; Hundeflokken etter meg; ikkje eit Menneskje aa sjaa ... Endeleg finn Hundane at dei hev berga Grendi si. Dei gjev seg etter. Att-i ein Bakke stend dei og gøyr; og ein i Senn skvett fram ein Gong imillomaat skal vise meg at dei er med; paa hastande, nervøse Føtar flyg eg snøgg som ein Vind; til Slutt er det berre den store svarte Bjørnehunden som stend att upp-i Bakken og sender meg eit Skvakk so ender og daa: kom att, du! -- berre kom att du! -- berre vaaga deg, du! -- Fritenkjaren! Eg kjem inn paa Landhandlarbui so utmødd at eg lite fær upp Mæle. Brød? Finst ikkje Brød. Mjøl? -- Aa ja; litegrand Mjøl ... Og Salt? -- Og Sukker? -- Sistpaa hev eg Skreppa mi rett tung og full. So er det ned til 'n Olaus etter Posten; der er tri Dagblad og ei SIDE: 78 Rekning. Og eg som venta so paa Brev; naah. Eg tømer Lùmmeflaska mi; ét den siste Vaffelen; skyt Hjarta i Live og legg av Stad. Klokka seks er eg uppe paa Skogvegen. Det gjeng ikkje verst. Det er skùmt og myrknar fort; men eg kann daa sjaa Leidi. Der er noko Krangel her og der: Vegar som tek av; Vegar som eg ikkje kann hugse; men eg freistar meg fram, og greider det. No berre taka det rolegt; halde Mode uppe og Hovude klaart; um ein Times Tid finn eg att Skierne, og so er eg berga; Føre besnar no. Det held paa myrknar. Men enno kann eg timja Vegen. Han dreg seg gjenom Snøen som eit myrkare Band. Snøen er ein god Ting; er det Snø so vert det aldri fullsvart ... I verste Tilfelle vil eg kunna kjenne meg fram med Føtane; so snart eg kjem utanfor Vegen sig eg i til Knes. Rart med denne Vintervegen; han gjeng paa so reint ukjende Leidir, tykkjer eg. Og no, daa det er myrkt, ser eg korkje Trona eller anna som kunde vera til Rettleidning. Alt er framandt og rart. Her ber det svært underlegt i Veg; beint i Sør; upp-yvi eit Bakkedrag eg aldri hev visst um; men halde Vegen lyt eg i det lengste. Myrkare og myrkare. Men som ei liti brungul Stripe burtigjenom Snøfonni skimtar eg Vegen enno ... stykkjomtil. Det er daa som baade hin og den at det ikkje kann klaarne upp. Kaldt hev det vorti; men klaart ... naah; noko skal det vera. Eg er komin inn paa ei vid kvit Flate; det maa vera eit Vatn. Men det skulde ikkje vera noko Vatn her; kann det vera rett, dette? No vert Vegen burte reint. Um eg ser og stirer aldri so vel ... ikkje Skuggen av Veg; ikkje den grannaste Tanke. Svært so braadt det vart myrkt daa! -- Aa, no forstend eg: det kjem Snø. Ja det er greidt. Eit Grand Snøtjukne kunde kje gjera vondt no ... Ja-ja; so fær eg lite paa Føtane. SIDE: 79 Dersom eg endaa var viss um Leidi! Skal eg upp Skare i Vest? Eller Skare i Nordvest? Og naar alt kjem ihop: er det Vest burt-yvi der? Kanskje er det Nord? -- Det eg kallar Nordvest vart daa Nordaust. Og so dette Vatne som eg aldri hev visst um .... -- Naa? -- Aa haa. Midt i Snøfonni. Attende att. Det er so vidt eg kann timja mine eigne bjørnevide Raggsokkefar; dei freistar eg aa fylgje. So gjeng det lettare au. Pst! -- er kje dette Vegen? -- Jau Gudskjelov. Her er Snøen fast. Aa det er ikkje faarlegt. Berre agte paa naar eg kjem ut av Vegen, og so fylgje sine eigne Far attende; ingi Naud, ingi Naud ... Ei Stund etter er eg ute av Vegen paa nytt Lag. Eg fylgjer mine Fotefar attende, men kann ikkje skilja deim klaart; rett som det er hev eg misst deim. Naa; pytt; Vegen maa vera her burte. Eg gjeng heile Flata burt-yvi, men finn ingin Veg. Heile Flata attende att; Vegen er som burtblaasin. Fær freiste Snøfonni att daa. Ein kann det ein maa kunna; godt at det er so stilt Vêr. Det er visst upp Skare i Nordvest eg skal; og so vinglar eg vel innpaa Vegen att, naar eg kjem eit Stykke burti. Berre ikkje rædd! Berre Hovude klaart ... og so ande økonomisk ... eg greider det nok ... Um ei Stund gjeng Snøen meg til Mjødmine. Aa nei; best aa finne Vegen med same. Det er Upphald att, og ljosare liksom; og Vegen maa vera her einkvar Stad; det veit eg, Gjeng attende att; tvert-yvi den vide Flata ... pst! -- stopp! -- Jau; dette maa vera Vegen. Kjenne seg vel fyri no; med Stistaven og med Føtane; gaa smaatt; berre ikkje haste ... Jøss; det gjeng som smurt! -- enno hev eg Vegen. No er eg ferdug med dette rare Vatne; no skal du sjaa det vert greidare. Paa eit Vatn er det ikkje lett aa kjenne seg fram; Snøen er ikkje so djup der; men no -- ; berre eg kunde faa ein Stubb klaar Himil no; berre ein litin Bìte; so mykje som eit Ark Papir .... Aa det kann vera sliks Slag. No kjenner eg meg att; SIDE: 80 upp den vesle Bakken skal eg; og naar eg kjem vel upp-yvi den, so hev eg Skierne. Daa kann eg gaa kvar eg vil, um det er aldri so djupt. Bæ! Du fær meg kje denne Gongen! Berre eg var kvitt denne Skreppa. Puh! -- eg er i Grunnen trøytt. Ho er tung, Trolle. Fælt tung. Men alt fær vera vel, berre eg i dette Myrkre kann finne att Skierne. Eg stabbar meg upp-yvi Bakken; styd meg paa Staven min. Rett som det er sig eg i att til Mjødmine. Hm. Her er ingin Veg. Berre Mistak. Farvel, Skier; Takk for denne Gongen! -- Det var daa som svarte, kokande ... Naa; halde seg med Mod. Enno greider eg det. No gjeld det aa finne att Vegen. Eg vabbar Bakken ned-yvi att og finn Vegen. So fomlar eg meg fram eit Stykke til nedanum dette Bakkedrage. Med ein Gong høyrer eg Sus, Elvesus. Underleg, døyvd Sus, liksom langt burte eller langt nede; inne i Susen smaae Skvalp. Det isnar gjenom meg; eg stanar. Men so forstend eg kvar eg er. Det er Sivilla eg høyrer; Elvi fraa Savalen. Eg er paa rett Veg. Den som no berre kunde finne Brui. For no minnest eg det klaart: her, attunder dette Bakkedrage, gjeng Vegen yvi Elvi paa ei Isbru. Og so eit lite Stykke uppetter paa den andre Sida; og so hit-yvi att paa ei ny Bru av Is. Eg hugsar desse Bruine, og det grys i meg. Like attmed deim er det store Hol, der ein kann sjaa opne svarte Elvi djupt nedi ... huh; heller frjose ihel i Snøfonni enn tumle nedi der! Som eg stend soleis og lyder og stirer etter Veg myrknar det att; ein ny Snøkave kjem drysjande. Berre ikkje bli rædd. Eg kastar Skreppa og segjer til meg sjølv: me fær kvile og halde Krigsraad. Ynkeleg trøytt er eg. Det skjelv i knéi; Panna er kaldsveitt, Tunga turr; -- skulde det vera ein Drope att paa Flaska? -- Aa nei daa. Ja -- ja; vert eg for tyrst, so er her nok av Snø. Krigsraad vert haldi, med kaldt Hovud og rolegt Blod. SIDE: 81 Det er Uraad aa vaage seg ut paa Isen. Der er Hol i Hol all Stad upp-yvi, so strid som Elvi her gjeng. Eg fær baske meg fram gjenom Snøen paa denne Sida. Det kann kje vera meir enn eit halvt hundra Alnir eller so; firti Alnir kannhende; so kjem eg paa Vegen att. Det maa eg klara; ein kann det ein maa ... Skreppa paa Ryggen att; -- hu, so tung som ho var. Og so Hjarta i Live. Eg andar djupt nokre Gongir; legg so i Veg. Um eg skal symja gjenom Snøfonni, fram maa eg. Men her i Lidi, framunder Bakken, hev Snøen lagt seg i Fennar som det ikkje er Botn paa. Eg kavar meg fram nokre Famnar; so sig eg ned-i til Armane. Der sìt eg. Eg er for trøytt. Orkar ikkje aa røre meg. Skreppa tyngjer; Føtane er som valne. Aa, so godt og mjukt det var aa liggje her. Eg kunde sovne ... Tanken gjer meg rædd. Eg vil ikkje. Elvi klunkar og græt i sine svarte Hol; Dalen er hustrin og trong; det kunde koma Varg; eg kunde sige ned i Hola til ein Bjørn ... uviljande dreg eg Føtane til meg. Sovna eg her var det slutt. Og ho som sit heime og ventar. Ho tek vel alt til aa bli uroleg no. Gjeng ut paa Holmen og fær han Ola med seg, og ho Anne; dei leitar ned gjenom Skogen med Ljos og Lykt ... hyss; høyrde eg Rop? -- Nei. Det er Elvi. -- Nei; ikkje sovne her. Hadde det vori i mine Ungkarsdagar -- . Haah. Jøss; tenk, unne sine Venir ei slik Glede! -- So fekk dei gratis ei kløkt Stund; og Røde-Emne for fjortan Dagar ... var det Ulykke eller Sjølvdraap? Kvi drap han seg no? Var det hennar Skuld? Ja er det kje det eg hev sagt? -- Tull, Gut. Uppatt; du er kje so trøytt enno. Eg maa daa kunna klara detteher. Fint Vêr og allting ... Vinn eg ikkje heim, so kann eg alltid klara meg uppi ei Sæter. Der kveikjer eg Varme og sìt og kosar meg til det er ljost; -- eg hev vel Fyrstikkur? -- Neigu. -- Ikkje Tanke til Fyrstikkur. D'er greidt. Hadde det vori ein Gong naar eg ikkje hadde turvt deim ... SIDE: 82 Fanden take Dygdi. Eg skulde vera klok og slutte aa røykje; spara paa Helsa og dertil spara Mynt ... No kann den Dygdi koste meg Live. Eg hadde kje gløymt Fyrstikkur i den Tidi daa eg røykte ... Naa; Tull. Heim maa eg. Den vesle Snøkaven er yvi; det ljosnar eit Grand; eg grev meg upp or Snøfonni og ned paa Isen. Fær halde meg der. Like paa Iskanten; tett innmed Land. Høyre meg fyri og kjenne meg fyri. Det kjem vel med no, at eg hev denne lange Skistaven. Her er det lettare aa gaa; Snøen gjeng berre uppaa Tjukkleggen. Men tenk um det kom ein Varg hoppande ned or denne stygge Lidi! -- Hu, kva var det? Rørde det seg ikkje? -- Tull. Vargen søv no, han. Eg stanar og lyder; er det Vatne eg høyrer, eller er det for Øyro mine det syng? Eg vert rædd; det liksom glor so svart mot meg fraa Snøen der framme. Krabbar inn i Lidi att og dreg meg nokre Stìg gjenom Fonni. Nei; det er raadlaust. Ut paa Isen att. Eg stakar meg fram med Staven Stìg for Stìg. Sveitten renn meg kald ned-yvi Andlite. Eg er hol og tom men ikkje svoltin. Torsten er det verre med; eg tek meg ei Klype Snø so no og daa, men vert berre tyrstare; læt det so vera. Du kann alltid tòla aa tyrste eit Par Timar; skal du døy i Natt, so vert det ikkje av det ... -- No skulde eg snart hava Vegen. Men eg finn han ikkje. Leitar i Kross og Krok, att og fram, upp og ned; ingin Stad fastare Grunn; alt Snø; laus djup Snø, mjuk og tung som Ull. Og so er det inn i Lidi og symja i Snø att, kvar Gong eg høyrer Elvegraaten gjenom den svartstille Natti. Det gjeng smaatt. Men det gjeld aa spara paa Kraftine. Ande rolegt; taka det jamt; ikkje aaleite seg; ikkje misse Mode. Vert eg rædd, er det ute med meg. Og eg stakar meg fram Stìg for Stìg; kviler og andar rolegt og langt; øver meg i aa sjaa ut i Natti med trygge Augo ... Det er Buskar du ser, korkje Varg eller Bjørn ... og ikkje Skrymt og ikkje Hallu ... det er sjølvsagt ikkje Skrymt SIDE: 83 eg er rædd; men ein kann ikkje vera trygg for sine eigne Innbilningar ... Eg forstend sistpaa, at eg maa vera komin for langt. Eg hev gjengi yvi Vegen og ikkje gaatt til han. Elvi vaagar eg ikkje gaa lenger. Ho syng imot meg med svarte Djuv allstad, tykkjer eg. Naar eg støyter med Staven skraavar det som i Skrauv-is. Daa er det berre ei Raad att. Frametter Lidi vinn eg ikkje. Men um eg freista og koma uppaa Høgdi? Tvert gjenom Lidi; rett upp? Øvst uppaa Bakkerése maa Snøen vera mindre djup. Gud veit; kanskje kann eg finne Vegen au der. Eller ei Sæter. Ein kann gjera upp Varme med tvo Trepinnar, segjer dei ... Ein kann det ein maa. Symjande, krabbande, Fot for Fot, i smaae Tak, baskar eg meg upp gjenom Snøfonni. Kryp paa Kne; fløyter meg uppe med Skistaven; Skreppa tyngjer; Raggsokkane bind meg! -- eg Asen som ikkje hev funni paa aa draga deim av meg; -- sig nedi stundom og vert liggjande; kavar meg uppatt; kviler, pustar, skyt Hjarta i Live; freistar ein Gong til; kjenner meg som eit Skogdyr, ein Bjørn med ei Kule i Laare, ein Mann paa ein Planke i eit Hav; sistpaa kjenner eg at Snøen minkar. Eg kann gaa paa tvo att; andar langt ut og fær Mod. Snart er eg paa Høgdi. Eit kaldsurt men friskt Vinddrag slær imot meg og stiver meg upp. Snøen gjeng berre midt uppaa Leggen. Innunder Furetrei er det mest bert; so legg eg Vegen min innunder so mange Tre eg kann finne; krøkjer meg fram fraa Tre til Tre som ein Tjuv; kjem innpaa ein Mo der det tek til aa liksom ljosne inn-yvi; det er visst eit Vatn eg kjem til; den som visste ... eg maa vera komin ovanum alle Aasar. Men ei Sæter finn eg nok ... Kva er dette? -- Fast Snø under Foten! -- Veg? -- Vegen! -- Eg er berga! Eg er kje det slag trøytt. Eg kann gaa ei Mil til, um so skal vera. Pytt san! Men denne Sjøen daa? Og desse store graae Steinane? -- Hjarta tek til aa hamre i meg ... Aa nei; det er berre Tuvur -- Nei: det er Steinar. -- Nei ... ved Kong SIDE: 84 Potifar ... det er korkje Tuvur eller Stein. Det er Naustr. Naustr er det. -- Naustri?? Ja; det er Naustri. Det er Sivil-Osen. Det er Savalen. Det er Vegen; rette Vegen. No berre ei halv Mil innyvi flate Sjøen, so er eg heime. Det er som Skreppa lettnar paa Ryggen no. Ikkje denne Gongen, sa Tordenskjold! -- -- Eg var gul i Andlite daa eg steig inn paa Kolbotnen den Kvelden. Eg stabba burt til Gruva, seig ned paa ein Stol og kunde so vidt faa fram eit einaste Ord: "Vin." [fotnotemerke] Det var kje so greidt, ser du! Men no hev eg lært. No veit eg, at den som vil lìva tilfjells, han maa upp um Morgonen. Den som i Ti'enn er ute kjem i Ti'enn fram, heiter det her. Og so hev eg lært ein ny Veg, so eg slepp Hundane. Ei Auma-ferd i Klaarvêr no er noko med det gildaste eg veit, endaa Skreppa er tung, og endaa eg maa agte mine Øyro so eg ikkje frys deim av meg. Det kann visst vera upp-til ei 40 Reaumur-Gradir i Solrenningi. Det er so kaldt at ein hoppar og sprett som ein Fisk til aa halde seg varm. Men Overfrakke brùkar eg ikkje; det vilde vera Synd, det, i slik sprakande frisk Luft. Berre ein vinn røre paa seg, so frys ein ikkje -- utan paa Øyro. Og no tek Soli til aa straale yvi det endelause Snøhave. Det er Luftblaatt og Solgull og Snøkvitt i ein smellande Glans. Daa lettnar det um Bringa um ho er aldri so tyngd; og ein ser ut yvi alle ljose Viddir og undrast paa um det er sant, at det finst Sut og Sorg paa ei Jord som fær liggje og strekkje sine kvite Lemir i slikt eit Bad av Sol og Æther. Naar eg paa Vegen heim-att kjem so langt som til Fotnote: Blyantsmerknad: "Han sa Portvin; det visste han me hadde. Men det klinger vel ikkje so godt. H." (Setjaren.) SIDE: 85 Osen, ligg Soli yvi Einundfjell og skal til aa gaa ned. Upp mot den øvste Ryggen av Naustrdalsaasen stend ei Toll; reint for seg sjølv stend ho der uppe i Snøen; naar eg fraa Osen fær sjaa den Tolli i Solegladsroden, er det som eg i eitt Bilæte ser heile denne straalande Fjellvinteren vaar. Ho ser ut som eit Tre av Gullglans mot den innblaae Sudvesthimilen; eg stend og stirer paa dette Undrsyn og sig burt i Draum. Fyrr naar eg kom heim fraa ei Ferd hende det jamt, at ho Hulda sat og sauma, men reiste seg og gøymde Saumen naar ho saag meg; og ho rodna eit Grand, men smilte so underleg. No sìt ho med Saumen jamt, ved det same lange Borde som eg brùkar til Skrivebord. So kann det hende at ho viser fram eit eller anna halvferdugt lite Plagg og spýrr um eg kann forstaa kva det skal vera til. Eg glor og slær meg faamin. "Jøss," segjer eg; "du syr daa vel kje Brók til Sjapa?" Elles røder me baae tvo no um han vesle Fyren som skal hava alle desse rare Ting; for det er Gut; det veit ho. "Kor kann du vìta det?" segjer eg. -- "Jau; eg veit det." -- "Det er vel av di du helst vil det skal vera Gut." -- "Nei eg er stød paa det er Gut; eg kjenner det er Gut; ei Gjente vilde vera rolegare." -- "Ha-ha." -- "Det er sant!" -- "Er han so uroleg, denne daa?" -- "Aa han spenner meg so, at -- ; her igaarkveld sat eg med eit Avisblad paa Fange, og so spente han meg so Blade datt ned." -- "Tøv." -- "Det er beint fram sant. Blade datt ned av Fange paa Golve, endaa eg ikkje rørde meg. Eg snakkar alt med 'n stundom." -- "Kva segjer du til han daa?" -- "Eg segjer det er stygt av han aa spenne Mor si." -- "Heh!" -- "Eg er viss paa du au helst vil det skal vera Gut," segjer ho. -- "Du vil daa det?" spýrr eg. "Aa ja. Isj; det er vondt for deim som skal vera Kvende." -- "Ja men Gutane er verre aa styre, dei." -- "Aa pytt." -- "Gjentune er stille og snille; men Gutane finn paa alt SIDE: 86 som gali er." -- "Han skal faa vera som han vil, berre han blir frisk." -- "Og so maa der vera Vìt i 'n!" -- "Aa; det fær vera som det kann. Dei kloke fær det sjeldan godt, trur eg." -- "Naa; me vil endaa helst vera kloke. Men no er han som han er no; der er kje meir aa gjera ved det." -- "Aa, han blir nok frisk." -- "Men so blir han ei Udygde; flyg etter Gjentur og slikt ..." -- "Ja det vil eg daa tru!" -- " -- og det kann gaa gali paa mange Maatar." -- "Ja han maa kje bli altfor ustyrin; men eg vilde nok gjerne han skulde bli lite Don Juan." -- "Vil du det? -- som sjølv er Kvinnfolk?" -- "Ja han skal kje vera altfor leid med Gjentune, skýnar du, men ... Aa, dei blir nok glade i Dutten min, skal du sjaa!" -- -- Vaart eigi Liv kjem me ofte innpaa. "Er det kje rart at me aldri saknar Folk her uppe, du?" kann ho spyrja. "Det er utrulegt." "Den einaste er Savalguten. Ja-ja; det er gildt naar andre òg kjem." "Ein kjenner seg i Grunnen aldri aaleine her, nei. Kannhende det er Skogen." "Ja der er Selskap i Skogen; det er visst." "Ja. Han er liksom -- . Han stend her so logn og trygg ikring Stogo og susar og syng og er med i dette Live vaart ... og so er der det gode ved Skogen at han aldri segjer noko; ikkje bryr oss med Snakk; ikkje bed oss til Middagar der ein skal vera elskverdig og snakke Politik og Kvinnesak og døme Bøkar ... Han berre stend der og susar, han, og tenkjer paa sitt, og læt oss tenkje paa vaart; tegjer til alt og liksom forstend alt .... ein vert glad i Skogen." "Ja og so denne Peisen. Den er det òg Selskap i." "Det er òg slik ein god Vén som tegjer og skýnar." "Ja naar det brenn paa Aaren er ein aldri aaleine. Eller berre det ligg og gløder og gløder ... det er liksom eit stort Auga, som ser paa ein og tenkjer paa Raad" SIDE: 87 "Ja den Aaren. Det vert noko for han ,Dutten' det -- som du kallar han." -- "Aa -- ! Ja det blir noko for Dutten det!" "Tenkjer nok det. Men so vil han uppi; og so brenner han seg; og so skrik han." "Aa pytt; eg skal nok passe Guten min eg! -- Aa nei, so rart som det er aa tenkje paa, du!" -- Ikkje minst vert det Samanlikningar millom fyrr og no. -- -- "Eg forstend kje at eg hev kunna lìva der inni Byen," kann eg segja. "Naar eg hugsar desse "Værelser" med berre ein stygg, svart Omn i ... dei er livlause, slike Rom; som Landskap utan Vatn." "Ja dei er graae og daude. Og so innestengde liksom; det er so langt etter Himil og Luft." "Ingin Husgud som lìver med i alt ... dei er gudlause, desse Romi. Og ingin Natur utanfyri; berre ei Gate der Byraachef Dingel og Redaktør Dangel gjeng att og fram millom tvo Husnummer, No. 11, der dei hev Kantore sitt, og Nummer 18, der dei hev Matborde og Sengi ... Ingin Husgud, ingi Naturaand; tomt, graatt ... ikkje noko heilagt attum Kvardagen, ingin Draum, ingin Mystik ... Nei; Byane maa bli brende." "Ja, og tenk: aa ha Skogen naar han kjem!" -- "Det er sant; for Guten blir Skogen gild, med si gode Luft og sine Fuglar og Lìtir." "Aa, det er kje til aa tenkje paa! Eg kann kje forstaa det! Tenk slik ein litin Helle-Dusten som stabbar um paa smaae hjulbeinte Fotstubbar og segjer Mama -- ! og Papa -- ! aah! -- nei; det er ikkje til aa skýna." "Det vert rart." "Aah!! -- -- Det vert slik, at -- ; nei eg kann aldri tru det kann bli. -- Det er so forunderlegt; so gaatefullt ... aa, du forstend det kje, du; -- nei! du forstend det ikkje." -- -- -- -- Eit par Timar um Dagen stend eg ute og høgg Ved; det er godt for Helsa; og so sparar eg fem Kronur for Vedhogging. Ein Dag som eg stend og masar med ein seig, vrang SIDE: 88 Kubbe -- ein ægte norsk Odelsbonde, som eg kallar han for meg sjølv, -- høyrer eg ho Hulda ropar paa meg. Eg inn. Ho sìt og halvt ligg i den graae Morgonkjolen sin paa den store brune Kassa me brùkar til Matbu; ho er falmende bleik og bed um Vatn. Ho fær Vatn og kjem seg aat Sengi. "Eg heldt paa aa uvìta," segjer ho. Um ei Stund er ho uppe att. Men ho er veik i det heile. Ho hev Ridir med Hovdaverk og Svimring, Angest og Graat. "Eg klarar det ikkje," meiner ho. "Eg er viss paa eg døyr. Det hender ofte at dei døyr fyrste Gongen." Eg finn paa alt eg kann til aa friske paa Mode. "Det er nok dei som døyr; men det er helst Bykvinnfolk som hev pint seg so lengi med Korsett at Innreiden er komin i Ulag. Du er stor og sterk og hev kje havt Korsett paa din Kropp i fleire Aar ... "Nei Gudskjelov; det er det som trøyster meg no. Tenk ... um han skulde faa lide i kanskje heile sitt Liv, av di Mor hans endeleg maatte vera stram og smal um Live -- uff; eg kann kje forstaa at dei kann halde ut aa tenkje paa det. Skulde nokon misse Live, so maatte det vera slike!" "Ja, ja; dei vert straffa paa Live òg ofte. Eller pinte i Dagevis, so det var mykje lettare aa døy." "Og Doktrane som ikkje forbyd det! -- Dei skulde misse Live fyrst!" "Aa ja; det kunde vera gagnlegt, kannhende. Men du skal kje vera rædd. Den som liver paa rimeleg Vis, so er kje ei Barnseng so faarleg. Sjaa Bondekjeringane! Sjaa ho Anne! Ho legg Ungen fraa seg so ekspedit at der vert ikkje so mykje som Tid til aa hente Jordmor. Og Finnemødrane! Dei slengjer seg ned i Snøfonni og yngjer naar dei hev ei Stund; og so tullar dei Ungen inn i eit Skinn og tek sine Ski og stend ned alle Bakkar til dess dei kjem dit dei hadde tenkt seg, og hev ikkje gløymt Ærende sitt dessmeir!" SIDE: 89 "Aa nei; det er visst berre noko Tull det, at Kvinna skal føde sine Born "med Smerte" ..." "Det er berre Kultur, ja. -- Og so naar det lid so langt, so reiser me ned til Tynnset; der er Doktar og Apotek og alt; so me kann vera trygge, -- um du no ikkje skulde vera Finnekjering heilt ut." "Ja; eg hev tenkt paa det. Det vilde vera fælt aa vera so langt ifraa Hjelp, um noko skulde hende." "Sjølvsagt fløt me til Tynnset; det er noko me maa ha Raad til. Eg vert ferdug med Uforsonlige til den Tid; og so vert me rike .... eg fær kanskje tusund Kronur for den Filleboki" -- -- -- Etterkvart vert ho roleg. -- -Og so fær du gjera deg ferdug, daa, "Fedraheim", til aa taka imot oss paa Tynnset! Gløym ikkje Æreporten! Tredje Breve. Kolbotnen, 25. Mai 1889. Gode "Fedraheim". Idag er Tuften eit Aar gamall. Det er greidt me held Fest, endaa me er noko utmødde; og daa me gjerne vil hava Gud og Kvarmann med i denne Festen vaar, so legg eg i Veg med eit Kolbotnbrev. -- Det er lengi sidan sist no. Men so lyt me hugse, at eg ikkje er Bokskrivar lenger, men Barnfostre. Kvar Ettermiddag, og andre Tidir med, sìt eg i Ruggestolen med Tuften paa Fange og syng for han den fyrste Barnelærdomen hans -- den eg sjølv fekk i Arv fraa mine Fedrar: Skjero sed'e paa Hagagar, roba itte Kvastei'n. Kæ: vil 'u med Kvastein? -- Kvedja Jaaen. Skjero: Skjori. -- sed'e: sìt. -- 'u: hu (ho). -- Kæ: kva. kvedja: kvetja, bryne. -- SIDE: 90 Kæ vil 'u mæ Jaaen? -- Slaa Grase. Kæ vil 'u mæ Grase? -- Gjeva Kuno. Kæ vil 'u mæ Kuno? -- Molka Mjelko. Kæ vil 'u med Mjelko? -- Ysta Osten. Kæ vil 'u mæ Osten? -- Gjeva Presten. Kæ vil 'u mæ Presten? -- Døyba Badne. Kæ vil 'u mæ Badne? -- Slompa i en Tjæreholk! Og mykje, mykje anna. Som det um ho Kuva, som er slikt eit kløkkjande Bilæte av Mor-Kjæerleik, at ein kann baade graate og læ: Reven ligg'e i Stræde, lye paa Lamma Læde -- : "tigt du stidl'e, du litla Lam, du skal inn i mina Vom!" -- -- "Nei!" sa ho Kuva, Lamme mitt skal sua. Me skal hengja 'n Rabbe so høgt i Tre, at Rompa skal didla baade opp og ne; dæ va væl aad 'an Rabbe!" Ein Sau som vert so modig at han vil hengje upp sine Uvenir, -- er ikkje det Mor-Kjærleik, so veit ikkje eg. -- Han Ivar Matlaus, som han kallar seg no, Savalguten, Anarkisten, -- han lær aat meg, han, naar han ser meg so husleg. Og eg kann ikkje segja so mykje um det; det maa vera rart. Tenk, denne fæle Fritenkjaren og Mannfolkfyren i Slaaprok og bøtt Brok med ein Reivunge paa Armen ... stundom kann det vel au hende at der er Flekkir av baade det eine og det andre etter denne Ungen paa Brokeknéi mine; -- tala ikkje um det! -- Men kva skal eg gjera? Ho Hulda maa sova so no Kuno: Kui. -- Kuva: Kollesau. -- sua: suga. -- Rabbe: Rev. -- didla: dilla. -- væl aat: maata aat ("tilpas til"). (Jær-Maal.) SIDE: 91 og daa, ho med; og dessutan, denne Tuftekallen, ser du ... Det er so rart med det. -- Tuftekallen, ja. Det vart Gut. Ein lang diger ein paa tjuge Merkir. Store breide Hendar og Føtar er der paa han, so det maa bli Troll til Kar naar han ein Gong veks upp; og dei klaare blaae Augo til Mor si hev han, so at endaa dei segjer han svìpar mest paa mitt Folk, so er der daa noko som er vent paa han. Skallen hans er veldig; gjeng alt godt so kann der nok bli Vìt i den; og ein Skapnad er der paa Karen, so naar han er nakin og stend og spenner i Fange til Mor si, so er det som du skulde sjaa ein litin Løytnantstubb. -- Stend? Um han kann staa? -- Heh; det var au noko aa spyrja um. Han gjeng frammed, Gut! Um fjortan Dagar slepper han seg! Jadaa. Kom ikkje der. Og Mama kann han segja, og Papa; "Ma-ma-ma", "ba-ba-ba", segjer han; dessutan kann han segja Kaka. Denne Tullebukken Ivar Matlaus vil nok innbille oss, at Guten ikkje meiner noko større med dette; men det kjem seg av, at han Ivar berre er Ungkar og ikkje forstend seg paa so fine Ting. I det heile hev han utruleg godt Vìt -- Tuften, meiner eg -- og er eit framifraa Mannsemne. Han kann godt sjaa Skilnad paa oss og anna Folk; og han vil ikkje vera hjaa andre enn Mor si og Far sin. Det einaste kann vera han Esten Vangen; han fær Lov til aa halde han sume Tidir; men so hev no han Esten reint eit sers Barnelag han, og hev dessutan gjort Stol til Tuften, og Hest, og Mann, og ei Ranglegreide; so det er ikkje noko rart at Tuften vil vera hjaa Vangsen. Men at han vil vera hjaa meg -- ! Det maa vera av di han hev betre Vìt enn Folk flest og forstend, at eg ikkje er so leid som eg ser ut til. Og so finsleg som han er! Kanskje du trur han gjer seg ut i Reivane, du? -- Ha-ha. -- Ja det kann vera naar han hev vondt i Magen; daa kann det hende noko av kvart Slag baade for den eine og den andre, veit me. Men elles ventar han til den Tidi kjem daa Mor hans klæder og steller han. Daa held ho han fram, og daa læt han det gaa, -- paa Golve der slikt høyrer heime. SIDE: 92 Ja han er pertentleg. Reint tærtefin; plent som ei Dame. Blir det ikkje noko sers av honom, so skal det vera rart; men so er han no ikkje "Kolbotn-Prinsen" for inginting heller, veit eg. Og so ven som han kann vera naar han smiler og lær. Og jamenn hev han alt slikt Vìt paa Moro og Leik, at du skulde aldri tru det. Naar Mor hans læt han "jide janke", og ho kjem til dei tvo smaae Vovvov'ane som "ligg under Omnen og segjer: vov! vov! vov! -- vov-vov-vov-vov!" -- aa, so hjarteleg godt han lær; higrar og lær; det er som Fuglekvitr og Killingdans, naar han sìt slik og jublar og hoppar paa Knée til Mor si. "Ja, ja; læ du," segjer eg; "du fær tidsnok graate"; eg skal liksom vera den gamle og vise, eg no, maatru; og det er slikt dei gamle hev aa gjera, veit du -- : skiple Gleda for deim som kann vera glade; blande graatt og surt inn i Solskine for deim som enno er so sæle at dei hev Soli. Elles er Tuften alt den Kar at han gjer Nytte for seg i Verdi; gjev Far hans kunde segja det same um seg! -- Han stend Modell til ein av Personane i den nye Boki mi; og det gjer han baade godt og grundigt. Men her kjem eg sant aa segja inn paa Udygdine hans, og dei vil eg ikkje tala um i Dag; i Morgo eller sidan ein Gong skal eg fortelja deg um deim; i Dag er han Høgtidsbarn. -- No skal ho Hulda reide upp Vogni hans -- han brùkar Barnevogni si til Vogge -- ; "no Tuften gaa til Papa!" -- "Ba -- ba -- ba -- ba" ... Nokre Dagar seinare. Du trur vel ikkje eg duger til Barnfostre, du. Du undrast paa, at me ikkje fær oss fat paa ei Gjente til det Arbeide. Aa, me hev freista med det au. Der er ei lang Sogu um det, og det kann eg gjerne fortelja. -- Me budde paa Tynnset, veit du, i den Tidi me venta Smaatt, -- hjaa han Per Østigard paa Heimatæ-Sida. SIDE: 93 Der hadde me eìt Hus for oss sjølve, Stogu, Kjøk og eit stort Loft; ho Hulda gjekk i Kjøken og stelte Mat, og eg sat paa Lofte og skreiv ferdug Uforsonlige. Ho Hulda vart veikare og veikare; og so tok me til aa høyre oss um etter Gjente daa. Men i den store breide Tynnsetbygdi var der ikkje Gjente aa finne. Tynnsetgjentune held seg for gode til aa tena. Vert Armodi so stor at dei ikkje kann gaa heime lenger, so fèr dei til Amerika og tek seg Tenest der. Det er gildare det, liksom. Vil ein hava Tenestgjente i Tynnset, so maa ein til Tyldalen eller til Gudbrandsdalen, eller heilt til Sverig. Jau; so høvde det seg so, at me sistpaa fekk Spurlag paa ei Gjente. Ho skulde vera noko uppi Aari, og lika kje lenger det tunge Slite paa ein Bondegard; ein lettvinn, roleg Plass som den hjaa oss kunde nettupp høve aat henne. Men ho kunde kje koma plent no. Kannhende me kunde drygje so ei fjortan Dagar? Naa ja; me fekk det daa. Ei Tid etter fekk me Bòd um, at Gjenta kunde kje koma um fjortan Dagar heller. Ho hadde vrìdi den eine Handi si; fekk sjaa naar den vart god att. Me drygde og drygde. Ho Randi burti Stogo, Kona hans Anders, hjelpte oss med Vatsbering og Ved naar ho hadde Stundir; og var ho Hulda for klen til aa staa i Kjøken, tok eg Spand og Korg og rusla ned til Stasjonen, til Jarnvegshotelle, og henta Nonsmat. Langt um lengi hadde me Bòd nede hjaa Gjenta og spurde um, ho kunde lova oss noko visst no snart. Mm -- nei; Handi var ikkje fullgod enno, den. Naar ho tenkte ho kunde koma daa? -- Mm -- ja; ho visste kje det. Ho fekk no sjaa daa. Dette vart oss noko uvisst. Og so fekk me høyre at det kanskje kunde bli Raad ein annan Stad. Det var tvo halvgamle Gjentur som ikkje tente lenger, men "gjekk Lauskarar", d. v. s. tok lettare Arbeid for kortare Stundir; me kunde vel faa ei av deim, vart det oss sagt; daa visst for ei Tid, til dess den andre kunde koma. SIDE: 94 Me hadde Bòd til desse Gjentune. M -- ja .... ikkje so plent umogeleg det, kanskje. Den eine av deim lova endaa at ho skulde sjaa upp til oss, so me kunde talast ved; ho skulde koma trast yvi Helgi. Me venta til yvi Helgi. Ingi Gjente. Me venta Dag etter Dag, Vìko ut; endaa ingi Gjente. Ikkje so mykje som eit Bòd diheller. So vart det me som laut skikke Bòd. Daa fekk me det Svare at Gjenta vilde kje. Dei vilde kje nokor av deim. Me hadde Bòd hjaa den fyrste att; var ho ikkje snart god i Handleden no daa? -- Mm -- aa, ho var no full' alltid det daa, s'ju. -- Um ho snart vilde koma daa? -- Mmm ... ho hadde kje tenkt paa det. -- Men hadde ho kje lova? -- Mm -- aa ... ho var komi av det att. Ho hadde misst Hùgen. Ho vilde helst vera der ho var. So stend me der. Hulda kunde bli liggjande kva Dag som helst ... Me gav oss til aa lyse etter Gjente i Bladi. Jau; so kom det ei. Ei einaste ei. Og ho var fraa Tyldalen. Det var ei diger, firkanta Budeigje paa sekstan Aar. Hadde aldri stelt i Hus fyrr; kom like or Fjose. Laga Mat? -- Jau det kunde ho vel, endaa ho hadde aldri forsøkt det. -- Stelle eit Barn? -- Aa jau; det kunde ho visst; men ho hadde kje gjort det fyrr. Kor mykje ho skulde hava i Løn? -- Aa ho fekk vel hava paa Lag som andre Innegjentur. "Ja men kjære deg, naar du ingin Verdsens Ting kann?" -- "Ja ... han Lars Øvstimostugunn hev no òg tinga paa meg daa, og han Bersven Nedstimostugunn med; eg fær vel gaa til ein av deim, eg daa." Ho Hulda tinga kje meir. Ho gav henne Festepengar og fekk henne til aa skrive under med Svart paa Kvitt, at daa og daa skulde ho koma. "Ja men eg vil berre vera her ein Maanad for det fyrste," sa Gjenta; "likar eg meg ikkje, vil eg gaa att." -- "Ja berre skriv under," sa ho Hulda. Og so hadde me Gjente! -- -- Ho bar Vatn og Ved aat oss; meir kunde ho ikkje. SIDE: 95 Alt anna me sette henne til, ugreidde ho for oss; og so var det ein annan Ting, ein unemmeleg Ting ... -- Nei no skrik Ungen. Eg maa inn. Gud veit ... Dagen etter. Naa; det var Budeigja. Ja, ser du; det fæle var ... ho kom beint or Fjose og hadde ymist ulært; med eit Ord sagt: ho brùka kje Lùmmaplagg! Det vart ein vond Maanad. Men han fekk Ende ein Gong, den med. Og so kom Budeigja -- Hulda laag enno; Guten var komin, ser du -- ; so kom Budeigja og sa at ho skulde til han Lars Øvstimostugunn og vera Vinn'kulle. "Gakk i Guds Namn," sa ho Hulda. Eg gav henne den Løni ho skulde hava; ho var sur for ho ikkje fekk Drikkepengar. So gjekk ho. Det var den! -- -- Daa me kom her upp til Kolbotnen att ifjor Sùmar, fekk me stundomtil laane ho Eline, dotter aat Strype'n Ho var glup, men berre trettan Aar. Og rett som det var maatte ho paa Skulen; eller ho laut heim att og hjelpe Mor si. Ei Tid hadde me henne Inger, Syster hennar Eline; men daa Eline skulde til Røros og gaa for Presten, laut ho heim att, ho Inger med. Og so fekk me greide oss som me kunde. Ho Hulda vart reint harm stundom. "Dei hev det so maklegt hjaa oss som dei aldri fær det, desse Gjentune, og ét ved vaart eigi Bord og blir medfarne som Born i Huse; og dei fær den Løni dei sjølve vil hava; men endaa skal det vera liksom ein rein Naade, um me kann faa deim!" Ho lova tilsist paa det, at ho skulde ikkje spyrja etter Gjente meir, korkje paa Strype eller andre Stadir. Me stelte oss so, at eg skulde hava Guten um Ettermiddagen, so ho Hulda kunde faa sova daa; like eins skulde eg passe han um Kveldane utetter til Midnatsbìl; Resten skulde ho klara sjølv, meinte ho. Ja; me freista. Men daa det leid av ei Tid, og ho Eline var attkomi Vinnekulle: Gjente som er med i Vinne-(Onne-)Arbeide. SIDE: 96 fraa Røros ... det var kje so greidt aa klara det som me hadde tenkt ... daa tok me til aa slaa innpaa um, at ho Eline godt kunde faa koma hit att, um ho vilde. Men so ein Dag vart det oss sagt, at Strype'n hadde stedt Eline burt hjaa han Per Langmyraasen til Budeigje. Ja, ja; "de Ugudelige have mange Plager," som det stend. Men alt maa vera godt nok, so lengi Tuften klarar seg. -- "Tuften", ja; han heiter so til Kvardags. Arne Olaus Fjørtoft er han døypt, og han hev elles so mange Namn som Dagen er lang; men "Tuften" -- -- Døypt ja? Det segjer seg sjølv. Det var best aa gjera den Stasen av med same; so slepp han aa bli døypt paa Tukthuse ... me lìver i eit fritt Land, som du veit. I Tynnset Kyrkje er han døypt; han Presten som er so glad i oss, hugsar du, døypte'n; Fadrane var: ho Randi, Kona hans Anders, og ho Karen, Syster hans Per; og paa Mannfolksida: han Anders, Mann hennar Randi, og han Ivar Matlaus, Ungkar og Savalgut. Og Namn fekk den vesle, so det berre knaka i den gamle Døypefunten. Ein Gong i Verdi gjekk det tvo unge Gjentur inn-i Kristianiasby og var uppglødde for alt som gjævt var; ein Bokmann som dei i den Tidi sette høgt heitte Arne Garborg; og ein Dag svor dei i Løynd og Helgd, at den fyrste Guten deira, um dei fekk nokon. -- han skulde heite etter denne Bokmannen. Det er vel det gildaste Gjentune veit aa lova, det, kann eg tru, paa Lag som Kvinnfolki i gamle Dagar av Glede eller Sorg yvi det eller det lova burt sine Fyrstefødde til Gud eller Hinmannen. Den eine av desse tvo Gjentune var ho Hulda. Og soleis gjekk det til at Guten vart heitande Arne. Men eg, som ikkje var fullt so uppglødd for den nemnde Bokmannen som desse jaalute Gjentune, eg meinte at Guten laut faa et anna Namn au; eit godt Namn. Og so var der ein Mann som eg paa min Kant sette høgt: den altfor snart burtdøydde Maalmannen og fyrste norske Sosialisten Olaus Fjørtoft. So kom Guten til aa bera hans SIDE: 97 Namn med. Og eg sat i Tynnset Kyrkje og hadde mi Moro av, at Presten laut nemne tvo so fæle Namn i Guds Hus, -- lyse Naade og Miskunn og ævugt Liv yvi Olaus Fjørtoft og Arne Garborg, tvo Mennar som han i sit Hjarta visst dømde ned-i Helvites alradjupaste Kjellarhol. -- Men av Fjørtoft er "Tuften" laga. Det er slikt eit høvelegt Smaagutnamn, dette; Tuften er paa norsk det same som Nissen; og ein litin Nissegubbe er han, -- Troll-ungen. -- -- -- -- Fjorde Breve. Kolbotnen ?te Juni 1889. Gode "Fedraheim". Dagatale veit eg ikkje. Me hev gløymt aa kaupe Alnakke, og er daa dagville rett som det er. Det hender at det kjem eit Menneskje, so me kann spyrja oss fyri; men det maa helst vera eit Bymenneskje; Fjellfolk hev for det meste anna aa tenkje paa. Elles hjelper me oss med Reguladetri: tek dei Bladi som sist kom og reknar etter deim: naar det var den 3die sin Torsdag, kva skriv me daa i Dag, som er ... Tirsdag visst? Men er Bladi burte -- dei vert nytta til mangt, dei -- , so stend me der, til dess nye kjem. Byfolk og Breidbygdingar vil flire aat slik Fjellmannskap; tenk! gaa der uppe raadlaus for ei Alnakke, naar ein hev Posten inn-um Dørine annankvar Dag! Tja. For det fyrste hev me 3 -- 4 Fjording Veg etter Posten. Og for det andre so fær ein det med Ro og Tòlmod her uppe. Det er Høgfjelle som gjer det, trur eg. Stødt og fast stend det gjenom Tidir og Endeløysur. Rikkar seg ikkje. Stormar kjem farande som dei vilde velte Verdi; Tora skangrar og smell; Is legg seg og losnar med Bròt og Brak; Flaumar flyg upp og flyt burt; Vinter og Vaar og Sùmar og Haust fer og kjem att; Fjelle stend. Sol og Maane og Stjernur sveiver seg og SIDE: 98 sviv; Skogen veks til og rotnar burt; Elvar grev seg Veg og Votn gror til Myr; Myr vert Aakr og Aakren vert Heid; Fjelle stend. Ættir og Folkeslag skifter, aukar og minkar, sjuknar og frisknar, fødest og døyr; Aldrar og Ævur kjem og kverv; Fjelle stend. Sistpaa vert all denne Skifting so lite sætande. Inkje aa bry seg um. Det er Utside og Skapnad som skifter, Skodde og Sky som sankar seg og spreidest; Grunnen, Grunnlage er som det var og vert som det er; me lìver i Æveheimen. So sig det innpaa oss, dette endelause Tòlmod som aldri hastar. Det er so stutt fraa Aar til Aar. Desse Skyflokane som samlar seg spreidest snart; og so er det som fyrr att. Ein lærer seg til aa rekne med romlege Tidir. Dagar er inginting, Vìkur og Maanar lite nemnande; det ein kann fara til med er Aarstidir og Aar. Berre til aa læ aat for ein rett Fjellmann er denne andpustne Byhast som fer med Tunga ut i Tandgarden og pæser og sveittar og reknar med Timar og Minuttar og knapt hev Stundir til aa snakke med Folk; alt maa vera avgjort og uppskrivi strakst, strakst, og so ajøs, -- lengi fyrr ein Fjellmann vilde vera ferdug med Innleidingsformine. Denne Hasti gjeng av oss her. Me veit at Verdi stend der ho stend, anten Klokka er fem eller sju, og at ingi Kjering ligg daud, um det og det ikkje nettupp kjem i Stand til den fyrste November. Tvo til tri Maanar er det minste ein Mann kann hava aa laupe paa; og ein avtalar aldri noko annarleis enn so "til Vaaren", "til Vinteren", "til Sùmars att", eller "ein Gong naar det kann høve". Er ein komin inn i dette, so gjeng det utruleg godt. Og det kjem eit Lag yvi deg, ein Sleng, so Bymannen flirer. "Aa-i-haa! Dra paa! Kjem me kje so braadt, so kjem me seint og smaatt; og vert det ikkje i Dag, so vert det naar alt kjem i Lag; og vert det ikkje daa hell, so kjem me no full' lell!" -- spottar Bymannen. Men det bryr ikkje me oss um. Sûme tek det kannhende stridt rolegt; det kann bli meir av det gode enn godt er. Og daa kann han Lars i SIDE: 99 i Lia hava godt av aa lære eit Grand Hast; men Byhast vert det ikkje. Yngre Folk tek elles til aa faa ein Tanke um Tid no, skýnar eg. Jønnvegen med sine Minuttar er vel Skuld i dette, um Togi aldri so mykje stend og sleng upp-etter Stasjonane her og liksom ikkje veit korleis dei skal faa Ende paa Dagen. Men um det kann vera godt for Fjellmannen aa faa eit Grand meir Hast, so vilde det for Bymannen vera endaa betre, um han kunde faa i sig noko av den store Fjell-Ro. Er me stundom dagville, so er me oftare timeville. Mi Klokke hev stana for ollo; og Kona si gjeng, men vert sjeldan dregi upp. So at skal me ein Gong ha Greide paa Klokkeslætte, so er det aa sjaa paa Soli. Og er den burte, so kjenner ein etter paa seg sjølv, um ein er svoltin eller svevnug. Men vert ein ikkje vis med det, so er det i Grunnen det same med heile Timerekningi. Det er aa lìva som Bjørn i Skog, dette; og at det er det beste veit eg fraa den Tidi eg var i Byn og fór og dansa etter Klokkevisaren all Dagen: aldri hev det vori mindre Tid for meg enn det daa var. -- Ja den Klokka, du! Folk hadde det mykje betre i dei Tidine daa det ikkje fanst sovori. Og det same kann ein visst segja um dei Tidine daa det ikkje fanst Bøkar. Meir og meir kjem eg til det, at Prentekunst-Uppfinningi var eit nytt Syndefall, mest endaa verre enn det gamle. Denne Johan Gensfleisch, Gutenberg som dei kallar han, -- eg kann aldri tru anna enn at det hev vori Styggen sjølv, som kom att i ny Hâm og lærde Folk aa eta av Kunnskapstrée paa ny Gjerd; han totte vel ikkje han hadde fengi øydelagt oss nok fyrste Gongen. Men so fekk han gjort det dess betre no. For med Prentekunsten byrjar den Nedgangen som det i denne Tid er komi so langt med, at det knapt finst ei Tenestgjente lenger som ikkje vev Romanar eller spinn Vers og harskar seg paa desse Bokreidar-Toskane og SIDE: 100 denne Saueflokken til Aalmenning som ikkje hev Sans for Poesi; isj da! Ja hadde ikkje Prentekunsten vori, so hadde kje eg heller sìti her no og laga Bladmat til deg, i Staden for aa drive paa med Gagnsarbeid. Du legg Fingren paa Nosi og undrast med deg, kva Gagnsarbeid vel eg skulde kunna duge til. Og lat so vera; det vilde visst ingin leige meg til Arbeidskar, um han so fekk meg for Maten. Altfor mykje gjeng det paa denne nye norske Maaten med Draumar og Skryt um det ein vil gjera, og sju Sorgir og aatte Utdrygjingar naar det gjeld um aa faa det gjort. Men eg kann daa innbille meg, at eg gjer Gagnsarbeid stundom. Og daa trivst eg. Aa, det er godt for slik ei Bok-Krøkle aa faa fikte eit Grand med Spade og Grev; kann ein ikkje faa anna gjort, so fiktar ein daa so lengi til dess ein fær drìvi ut dei Djevlane som kallar seg Tankar; dei kjem so burt for meg, at eg hugsar deim, ikkje meir. I Staden vert Hùgen min fyllt med Sùmardis og Sùmardraum; eg gjeng i eitt med Live ikring meg. Aldri forstend du Fuglekvitring og Gaukegal og Bjølleklang i Lidom og Hauking fraa Høgdir og Rauting og Rop fraa Aas og Fjell og Bekkjesikl og Skogsus og Surring av Humle og My og Fly, -- aldri forstend du det so godt som naar du stend med Hakke og Spade og driv paa so Visdomen din somnar av; all igjenom vert du roleg og trygg; Sùmardagen med sine varme Angar av Jord og Vokstr og Myr og Skog sviv deg gjenom Hùgen lett og ljos, og frisk og god som Guds eigin Ande. Det er noko anna enn aa sitja og kline med Blekk, -- um det elles maa vera einkvan til det au, veit du. Eg vil berre spyrja deg kva du vil gjeva meg for den Maaltrosten, som sìt her ned i Bjørkelidi og lær og snakkar og plistrar og syng, og fær Svar av Vén sin der burti Holmen, burtanum Sunde, -- held paa utetter Kvelden so Lufti bivrar av Song, og det Song som ein ikkje tarv klappe til? Gjev du meg alle dei vene Dikti som er skrìvne i Verdi, fraa Sakuntala og Kalevala til SIDE: 101 Maeterlinck og Verlaine? -- Stakkars deg. Hev du kje meir aa gjeva, so gakk heim og legg deg; det vert ingin Handel med oss. Minst duger eg i Morkenn paa heite Dagar, naar Soli lumrar um Øyro og My-Svermen stend ikring meg som ei Sky, og surrar og svirrar og elter og stikk, med Broddar kvasse som Syl og Naal; pirkar og stikk utan Ende og Stans, i Nakke, kring Øyro, paa Skalle og Nasatipp, i Augnebrun og Haar, paa Hendar og Hals, gjenom Sokk og Skjorte; eg fær ikkje gjort mest nokon Ting, anna stend der og fiktar og baskar og driv til meg sjølv baade her og der, liksom hin Fanten du veit, han som hadde havt so mange Ordenar i sine Velmagtsdagar. Etterkvart vert eg so upp-stukkin, at heile Karen er Prikk i Prikk og Blæme i Blæme; og eg rispar og klaar so eg riv meg mest sund. Andre Mødur kjem attaat. Saare og sprukne Hendar; Blørur so vonde som dei var fulle av Eiter; ein Rygg som styrdnar og styrdnar og sistpaa verkjer som han vilde fata Eld. Mykje er der i det heile aa arbeide seg baade ut or og inn i; Kropps-Arbeid er den beste Skulen i Tòlsemd og Traaleik som eg veit um. Og di betre du held ut, di meir Kar vert du, og di meir tòler du. Men anten du held ut eller gjev upp: so mykje lærer du, at naar du sidan raakar ein Arbeidskar, so tek du Hatten av deg for denne Medborgaren; du veit no, at det kostar likso mykje "Studium" aa lære Hand-arbeid som det kostar aa lære aa tyde Lovir eller aa lækje Magaverk. Eg vil ikkje fortelja um kor ofte eg misser Mode og gjev upp, utmødd og dertil skamfull, av di det so altfor mykje vert berre Barneverk og Tufs, det som Arbeid skulde vera; for lengi hev eg sìti paa Skulebenken og Skrivekrakken no, maa tru. Men gjev eg upp i Dag, so tek eg paa att i Morgo; ho lokkar og dreg, den frie Lufti. Og betre og betre smakar ho meg; det er Stundir daa eg beint fram kjenner Bonden vakne i meg enno. Me Bøndar er paa ein serskild Maate bundne til Jordi; Morkenn: Dat. Eintal av Mork (Mark). SIDE: 102 riv me oss lause fraa denne Livsgrunnen vaar, so fær me alltid ein Stans eller Stur i Vokstren. Bygata kann vera gild. Men ho er ikkje til aa slaa Rot i. Eg med min Fante eller Viking Hug til aa flakke og flytja skulde kunna trivast med aa skifte Bustad tri-fire Gongir um Aare, som Byvis er; men nei. Inst inne høyrer eg til dei buande; er Bonde. Bymannen er heime kvar han kann faa sett upp sine "Møbler"; for Bonden er Heim noko meir. Heim etter hans Tanke er fast Bustad paa eigin Grunn for honom og Ætti hans ut gjenom Tidine; eit Ætte-Rike er Heimgarden med Aaker og Eng og Elv og Skog, med Bu og Bygnad for Folk og Fe, med Tun og Tuft og Lødu og Loft; alt er tilvant og innlìvt, so Kui kjenner sin Baas og Hesten sin Stall; kvar Hage og Høgd hev Namn; og Segnir vil svive um Haug og um Heller. Og Minne lìver fraa Ætt til Ætt og gjev Samanheng millom det som var og er og det som koma skal. Gardane hadde daa au fraa gamalt ein Tuftekall eller eit Tun-Tre; og mange Stadir gjekk Gardvorden og træla og drog til Hus Ætt etter Ætt utigjenom. Slikt eit Rike er det me kallar Heim. Og difor kann Bymannen vera so rik og fjong som han vera vil og heite so tyskt at det smell: er me so sant oss sjølve, so er me Adelsmennar mot honom i all vaar Armod. Me kunde for den Skuld godt skrive oss med eit "fraa" fyri Gardsnamne; og dette "fraa" vilde vera likso godt som det engelske "of", det tyske "von", det franske "de" o. s. fr.; eg skulde soleis kunna skrive meg Aadne Eivindsson fraa Garborg. Men det er det same med slikt, veit du. Det er vel so stolt aa løyne sin Stormannskap som aa gaa og sprikje med'n; me skriv vaare Namn paa simpel borgarleg Maate og klarar oss godt med det [fotnotemerke] . Men Heimar vil me hava likevel; og no tykkjest eg for min Part vera komin eit lite Stìg paa Heimveg. -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- Fotnote: No, daa det meir og meir vert Pengemagti som eig Jordi, sìt Bonden likso utrygg paa Garden sin som Bymannen i si "Leiebekvemmlighed"; so no er det lite Grunn til aa drøyme um "Adelskap". (Merknad 1909.) SIDE: 103 Femte Breve. November. -- Mangt og mykje er umskift i Kolbotnen dette Aare. Sjapa er daud. Fred vere med ho. Ho fekk Kvalpesjuken, stakkar; gjekk her og drog seg i lange Tidir og kunde korkje eta eller leike, ikkje gjera Ugagn dessmeir; dette vart det for vondt aa sjaa paa; me miskunna oss og sende ho burt-i Straalsjøaasen, der Gardsen lét ho døy for Byrsa si. Sæle er Dyri som fær døy for Bly og Kniv! Me maa talmast ihel me, Klokingane me er, av Magaverk eller Halsesjuke. Og no er Sjapa gløymd; Tuften hev teki det Rome som ho hadde. Som skrìvi stend; ingin er umissande. Den gamle Kolbrennarkoja er au burte. Skuldi for det hev Tuften. Daa me forstod at han vilde koma, og at Gamlestogo daa attaat alt anna vilde bli Barnekammers, saag me oss ingi onnor Raad enn aa byggje ei Stogu til. Og skulde me faa Rom aat den paa vaar tronge Tuft, laut me rive Koja. Ja det var òg ei Sorg! -- Men endaa større Sorg vart det med aa faa i Stand Nystogo. Erik Strype hadde lova oss ho ferdug til Jonsok. Jonsok kom. Og Fantefylgje kom: Kjeringi, Bikkja, Ungen, Fanten; eit Kjerrelass med Tølur fylgde med. Og alt var ferdugt: Skogen stod som ein Festkrans av saftfyllt Bar og glitrande nysprungi Bjørkelauv og lauga seg i Sol og spegla seg i Sjø; og Aasar og Fjell gidra i himilblaa Luft som i ei tindrande glad Ørske; alt var ferdugt, ja ... so nær som Nystogo. Den var so vidt halvferdug, den. Ein Kristianialiterat, ein av dei rette, ein med Lorgnett paa, kom og vitja oss; so vart Gamlestogo paa ein Gong: 1) Daglegstogu, 2) Barnekammers, 3) Matsal, 4) Kjøk, 5) Baderom, 6) Soverom, 7) Arbeidsrom, 8) Hundehus, 9) Gjestekammers. Og me kunde med det grøne Tæpe vaart ikkje skifte ho av i meir enn tvo. Daa var me tilfjells, Tølur: "Diverse". SIDE: 104 kann du tru! Ei Hjelp var det, at me ikkje hadde langt til Nordpolen. Kristianialiteraten vart sjuk for oss. Me hadde kje Mat til han, maa tru; Handlarane paa Auma og Steien aatte kje Brød, og ikkje Mjøl (det var i den Tidi daa det var Sùmarthing der nedyvi); og i Nordpolen laag Literaten um Nætane og fraus som ein Hund, mest utan Sengklæde. Han maatte berre sjaa aa berge seg aat Byen att. Me fekk i ein Øyk til han; og daa han ikkje tolde aa køyre paa desse Skogvegane vaare maatte han ride. Men so fanst det ikkje Sâl nokon Stad her ikring, anna ein Kvinnfolksâl; Kristianialiteraten med si Weltschmerz og sin Lorgnett laut daa draga i Veg gjenom den grønkande Skogen paa Ryggen av Gamlemerri hans Erik Straalsjøaasen ridande paa Damevis. Men Riddaren var tung; Sâlen gleid, og Literaten vart sitjande med Enden heller langt bak og Hovude heller langt fram, nikkande og dumpande, jamrande av Magaverk, -- eit grøtelegt Syn aa sjaa for Folk som for Gudar. Sjølvsagt maatte det daa hende, at Byfrøknine fraa den andre Sida Sjøen just i den Stundi gjekk seg ein Tur i Skogen so grøn; -- for desse Kristianiafolki hev enno ikkje lati seg skræme av det reine Flagge mitt. Daa Literaten fekk sjaa Damur, so kann du tru han reiste seg i Sæte, med all Magaverken sin! Men so gleid Sâlen til den andre Sida att; og fyrr han visste Ord av stod han paa Landjordi, midt upp i Armane paa dei tvo Frøknine ... "Tjah! Undskyld, mine Damer ... et Uheld ... ganske tilfældigt ..." Dei var alt langt burt-i Skogen. Han stod etter vesall og bleik; vreid seg i sitt Munnskjegg og bad so smaatt til Hin-Mannen. Det er Matknipe her uppe um Sùmaren; serleg er her Kjøtnaud; so fann me paa at me vilde hava Høns; den som hev Høns hev Egg med same, veit du. Eg til Straalsjøaasen; kaupte tri Hønur og ein Hane av Gardsen, og bar desse Fuglane heim i ei Krog. Hønsehus hadde me ikkje; i Snarvendingi kunde me kje faa noko heller; SIDE: 105 me visste daa ikkje meir enn ei Raad: laga Hønsegarde i Vedskaalen, Vegg i Vegg med Stogo vaar. So gjekk me um Dagen og gjætte Hønsi, at ho ikkje skulde fara paa Skogen og verpe sine Egg burt der; men um Natti ... Um Natti heldt Tuften oss vakne til Klokka eitt og tvo; daa kunde det nok smaka aa faa Sovefred. Men Takk skal du ha; Klokka tri vakna Hanen! Som Brandrop, som Laat av ein Hèrlur tona det inn til oss fraa Vedskaalen: Kykeliky -- y! Sol-er-i-Sky! Og uppatt og uppatt: Kykeliky -- y: Sol-er-i-Sky! Dermed vart Tuften uppskræmd og tok til aa jamre; æ -- æ! æ -- æ! bæ -- æ! mæ -- æ! -- og so kom Hønune: bøtt-bøtt-bøtt-ga! pok-pok-pok-pokker-ta! Og so Hanen: Kykeliky! Sol er i Sky -- ! Og so Tuften: æ -- æh! bæ -- æh! mæ -- æh! -- me maatte vakne um me laag i Gravi. Ikkje svært blid stod eg upp; gjekk ut og jaga Hønsi paa Skogen; med Torv og Stein og brennande Bønir dreiv eg deim so langt eg kunde faa deim og ynskte deim eit Stykke til ... So inn att og freiste aa sova, endan Soli stod høgt yvi Tronfjell. Tri Minuttar etter stod Hanen utanfor Vindauga og song upp som paa den yttarste Dag: Kykeliky -- y!! Sol-er-i-Sky!!! Og Hønune kakla og kjekla som norske Avisur: bøtt-bøtt-bøtt-bøtt-ga! -- pokk-pokk-pokk-pokker ta! -- og so Tuften; og so Hanen; og so Hønsi ... Ja det var Liv. Me var snart so fornøgde av Hønseflokken vaar, at me dømde han til Dauden. Men so vakna eit nytt Spursmaal. Kvar skulde me faa ein Skarprettar ifraa? Eg er ein ugudeleg Kropp, som vil øydeleggje heile Menneskja og daa visst det norske Folk; men hogge Hovude av tri Hønur og ein Hane, det hadde eg ikkje Hug paa. "Eg kunde koma til aa skjelve paa Handi," sa eg. Og han Erik, han som dreiv paa med Nystogo vaar ... nei; han vilde ikkje heller. "Hadde det vori i mine unge Dagar!" sa han. So fekk me Tak i han Esten Vangen. Han hadde kje heller Hug til aa slaa Høns ihel; men so var det vel so, at han hadde endaa meir vondt av oss enn av Hønsi, og so lova han at han skulde freiste lell. SIDE: 106 Han tok Øksi og gjekk aat Hønsehuse. Men daa Hønsi tok til aa galskrike, liksom ho forstod at det var Live det galdt, -- daa bleikna ho Hulda og bad for Udyri. Stakkars rædde Fuglar; dei fekk i Guds Namn heller lìva ein Dag til. Og lìvde gjorde dei; det fekk me finne Morgonen etter. Kykeliky-y! Sol-er-i-Sky! Bøtt-bøtt-bøtt-ga ... pokk-pokk-pokker-ta ... Han Erik hadde ein Timbremann med seg som heitte Jon; denne Jon'n var slik ein glup Skyttar. Til honom vende me oss i vaar Naud: um han ikkje vilde gaa heim etter Byrsa si og skjote Hønseflokken. Jau; han Jon gjekk etter Byrsa. Og Hønseflokken vart skotin, eitt for eitt. Fyrst Hanen: han stod nedved Bekken og tenkte paa inginting ... døydde som ein Mann, utan ein Sukk. So den svarte Høna; ho sparka litegrand. So den store kvite; ho sveiv rundt um seg sjølv som ein Topp og lagde seg attunder ei Tuve. Til Slutt den vesle kvite; ho døydde utan Braak som ho hadde livt. Hulda hadde rømt til Skogs, ho; der uppe gjekk ho og skalv, og skvatt høgt for kvart Skott, liksom det var henne me gjekk paa Jagt etter. Eg gav vondt paa henne daa ho kom heim. "Affektasjon!" sa eg. Jøss, eit Par Høns; det var daa au noko aa bry seg um! Dersom me ikkje hadde havt han Jon her, so hadde eg drepi deim sjølv; heile Hurven; som inginting. Pytt; eit Par Hønsehovud! "Det var visst godt at me hadde han Jon her lell," meinte ho Hulda. Endeleg var Nystogo ferdug. Eg flutte der ut med Skrivestelle mitt. Og med ei Seng. For no maatte eg sova. Ho Hulda fekk lite seg med si Middagskvild, ho. Ho var yngre enn eg og sterkare enn eg; og det var mitt Hovud me skulde lìva av alle. Skam aa segja det; men tri Maanar Skriving og tvo Maanar Natte-Uro hadde gjort meg til den største Krusling under Soli. Eg høyrer kor godt du lær. Ha-ha; han vil vera norsk SIDE: 107 Forfattar og tòler ikkje slike Smaating! -- Og du hev Rett. Men kva skulde eg gjera? Eg var komin av Svevnen, ser du. Og so var det Hovdaverk og Hugverk og all den Develskap som finst, og Skriving attpaa; so eg maa undrast paa Kjeringi som ikkje gav meg Skilsmaalsbrev og drog sin Veg; for der var lite Moro paa Kolbotnen i den Tid. Det kunde vera heile Vikur at eg ikkje sa eit Ord, berre gjekk og brygde og brygde paa sjuke Tankar som ein Halvgalning. Allting arga meg; alt var meg imot. Dei minste Ting gjekk so innpaa meg, at eg Gong paa Gong kom til Kjeringi og sagde: det ryk til Helvite; me kann likso godt gaa paa Sjøen. Ho forklaara meg kvar Gong at eg fór med Tull; og kvar Gong vart eg modig att og sagde: det gjeng godt i Grunnen! Men tvo Dagar etter sat eg ved Aaren og sturde og stirde i myrke Tankar: det ryk til Helvite. Me kann likso godt gaa paa Sjøen. "Uforsonlige" gjorde lite av seg. Det var ein og annan som hadde kjent at der var noko som brann i den Boki; men dei fleste Bladlysine pirka og grov og fann ut at ho var gali gjord. Eg hadde tenkt aa faa Stykke upp paa Kristiania Teater; men nei, eg fekk det att; det var ikkje "egnet". So kunde me likso godt gaa paa Sjøen daa; Bokhandlar-Honorare var mest uppbrùka. Og det var langt fram til ein ny Roman. Nei; so sette eg meg til aa rable ihop ein Farce; det norske Nasjonalteatre livde paa Schønthan i den Tid, og eg maatte vel alltid kunne laga ihop noko som var likso godt som Schønthan ... Nei. Eg fekk Farcen min att. "Ikke egnet." I ei dansk Tidsskrift skreiv eg noko Polemik; gode borgarlege Sanningar som eg mest skjemdest av aa prente: tvo og tvo er ikkje fem; ikkje tri heller; ikkje tri og tri kvart dessmeir; tek me alt med i Rekningi maa me tru, at tvo og tvo nærast er fire ... Ein god Vén skreiv til meg og sa: ja, dette er godt og vel; det visste me fyrr; men seg meg no greidt og endefram: kor mykje er tvo og tvo etter di Meining? -- Eg reiv meg i Augo og SIDE: 108 spurde meg sjølv, um eg alt var so langt komin at eg burde søkje meg Rom paa Daarekista. Det vart August; det vart September. Himilin vart haustbleik og kald. Bjørkine sjukna rundt Sjøen. Folk og Fe drog heim fraa Sætrar og Sùmarbuir. Me vart aaleine. Stuttare og stuttare vart Dagane; Nætane kolsvarte. Alle Fuglar strauk rædde mot Sør. Det vart viddestilt i Fjelle; so stilt at Bekkjesusen i Skogen høyrdest som Skrik, lang skurrande During, syrgjeleg, skræmeleg Galdresong. Sidan kom Hauststormane. Dei braut seg mot Stoguveggine vaare i tunge Støytar og kvævt Brak og tok Svevnen fraa oss; Rædsle fylgde deim og Tankar um Dauden. Bjørkine vart rustbrune og fellte sine Blad. Burtanum Sjøen i kveldmyrke Holt ula Hubroen. Det vart hustre i Einvera; det kjendest fæslegt aa gaa her og svive rundt um seg sjølv i bjørnemyrke Lidir. Det var Posten me hadde aa trøyste oss med; den henta eg paa Auma kvar Laurdag. Men det var ikkje mange som hugsa oss no. Og dei som hugsa oss visste kje korleis me hadde det. Eg kjende meg ofte pint av baade det dei sagde og det dei ikkje sagde, -- fann Mistydingar og Mistankar i allting, og kunde gaa i Dagar og Vikur og vera skjelvande sinna og sjuk yvi eit lite Ord. Som andre Galningar visste eg at det eg fór med var Tull; eg torde kje nemne det med Hulda dessmeir; men pine meg med det gjorde eg like ille. Ikkje i Bladi heller fann eg Trøyst. Der magga mine Uvenir seg gode og feite, og eg tottest sjeldan sjaa mitt Namn nemnt, utan naar der var Tilføre til aa segja meg noko mindre huglegt. Og so var det Hulda. Og Tuften. Ho Hulda vart helselaus, av di eg ikkje hadde Raad til aa halde Gjente aat henne; og Tuften vart helselaus av di han var Son aat Far sin ... Han kunde ikkje lìva. Han vilde døy um ei liti Stund. Eg laag i svarte svevnlause Nætar og venta paa at Hulda skulde koma farande med ville Augo og galne Faktir og skrike og graate: kom SIDE: 109 ... han hev Krampe; han hev Krampe ... han døyr! -- Og so var det tvo Milir veglaus Veg etter Doktar ... Det er November. Savalen legg seg med Sukk og Brak. Fraa Kveld til Morgon og fraa Morgon til Kveld høyrer me Sjøen liksom jamre og stynja. Lange, brestande Rullingar gjeng ut gjenom Isen; det smalar og smell, knakar og knest; det høyrest kvævd Buring, Gøying, døyvde Brak; snart minner det um Torebrulting djupt under Jordi, snart um Skjoting og Kanonade langt attanum Dovrefjell; so kjem det ein stutt, haas, vill Gaul, som fraa ei druknande Løve. Ein gjeng og lyder og undrast og vert veik. Det ligg som ein Otte i Lufti for at noko kunde hende ... Eg hev teki til med ei ny Bok; ei Kvinnesogu. So gjeng eg att og fram millom Nystogo og Gamlestogo, fraa "Boki" til Tuften, fraa Sengi til Bords. Romanen fær meir og meir Tak paa meg; snart sìt han inni Heilen min og ét og gneg som ei Forgift. Eg kann ikkje bli kvitt han; eg skriv baade naar eg skriv og naar eg kviler; skriv naar eg er ute og gjeng; skriv naar eg fær meg Mat; naar eg er Barnegjente, naar eg les, naar eg søv; det mýr og masar i Heilen min stødt; det er Bilæte og Tankar, Sinne og Glede, Moro og Hat i pinefull Skifting; Hovude er som ei Maurtuve; det er som Heilen glødde og vilde gaa i Brand. Og Sjøen burar og brakar i lange Nætar; det er som Trollrop og Trollstaak fraa Fjell til Fjell. Kannhende lagar dei til Likferd i Rundane; Rundekongen er daain og Rundefolke græt. Eller det er Tronfjell-Gygri som hev sett paa Gryta og vil koka seg godt Sòd til Jol, Mannkjøtsòd, Barnesòd ... "hei! Kall uppi Storhø! veit du feitt Slagt, fint Slagt ... Kall uppi Storhø?" Kallen i Storhø tegjer ei lang Stund. So burar det: "hei, Gygr i Tronfjell! Eg veit feitt Slagt, fint Slagt ... du Gygr i Tronfjell!" -- Ei Stund etter knakar det i Troni att: "Kall uppi Storhø! Kvar er feitt Slagt, fint Slagt ... SIDE: 110 Kall uppi Storhø!" -- "Paa Kolbotnen er feitt Slagt, fint Slagt; Tuftekall heiter Bukken ... Gygr i Tronfjell!" -- Og det rumlar og ringlar i breidaste Tron; no tek Gygri til aa kvesse den gamle rustne Slagtekniven. Det er smaatt med Svevnen all Tid her; og dersom du visste alt det Tull eg ligg og bryggjer ihop um Nætane, vilde du sende Doktar og Fut her upp og faa meg sett fast med same. Naar eg er i mit likaste Lag døyr eg. Eg fær Slag; desse Svimringane eg hev stundom vert til Slag, som rimelegt er; og so døyr eg. Fyrr eg sloknar, raar eg med meg att ei Stund; i den Stundi segjer eg so og so mange merkelege Ord; og dei vert uppskrivne og kjem i Bladi. So er eg daain. So er det Likferdi. Den skipar eg til paa ymis Vis; stundom er det berre ein Flokk Bohêmar og Lurvar fraa Arbeidarsamfunde og andre Ranglehol som gjer meg den siste Æra; andre Gongir er Studentane ute med sine Fanur ... og Arbeidarane like eins ... og Bokfolk, og Kunstnarar, og radikale Damur ... full Stas; eit Songarlag syng yvi meg, og den eller den unge Literaten held ei stor Tale ... der han paa ein merkeleg Maate fær fram alt det som eg sjølv gjerne vilde høyre sagt; han talar so eg vert heiltupp kløkkt der eg ligg -- i Sengi, forstend du; og heite Taarur trengjer seg fram millom dei svevntunge Augnakvarmane. Kven skulde no trutt at eg var so mykje til Mann! -- fælt til intelligent Fyr, denne unge Literaten. Er eg i Ulag, drøymer eg um Fatik-Kassa, eller lagar ei Sogu um, at Hulda og eg tek Guten imillom oss og gjeng paa Sjøen. Dagen etter stend det aalvorsfulle Artiklar i alle Blad ... sjølve Christian Friele brukar Orde "beklagelig" ... berre Kaninbladi er ufysne; fulle av Lygn og halve Skuldingar. Eller eg vert galin. Det kann gaa fort slikt, naar Heilen er so utmødd som min er no, og ein i det heile hev lite aa staa imot med; det kann koma som ein Styng, som ein vond Tanke ... ein ser ei skræmeleg Syn; sèt i med eit remjande Skrik; flyg galin yvi Benkir og Bord; slær sund, riv sund; er i Livs Naud; triv Øks eller Kniv; SIDE: 111 Rakekniven; vil verja seg; høgg, skjer, drep; slær Kløane i Barken paa Folk og trur ein kverkjer ein Trollkatt ... Tenk um eg kom farande der inn no, remjande, ravgalin; drap Hulda, slo Skallen inn paa Tuften ... Eg fær Skjelta der eg ligg; maa upp og drikke Vatn. Men naar det er som verst med meg, finn eg ut at eg maa bli epileptisk. Desse Svimringane eg hev ... slik ei Svimring kan godt vera Ækvivalent for eit Fall. Ein god Dag bryt Sjukdomen ut; kanskje i Natt; kanskje i næste Sekund ... spenne og sparke; snorkle; Fraude paa Munnen; Tennane i Tunga -- hu; eg kjenner alt slike rare Kriblingar. Arbeider meg inn i ei Rædsle so eg maa kveikje Ljos, og kanskje slaa paa meg ein Dram eller tvo, fyrr eg vinn meg yvi. Eg freistar aa lesa meg i Svevn; men alle Bøkar er faarlege. Det er Sjukdom og Sorg og hjelpelaus Sut; Live er strengt; me er raadlause alle. Um eg hadde hundrad Doktarar um Sengi mi, og alle mine beste Venir, og um dei vilde gjeva Live for meg ... kom det til Aalvor, so kunde dei kje hjelpe meg det Grand. Gud? -- hu, ikkje tenkje paa Gud. Er det sant at han kann hjelpe, og endaa læt det gaa som det gjeng ... han er kje nervøs, han! -- Stengt, stengt allstad; kvar Sekund kann det koma, og ingin Utveg ... utan Dauden som er det styggaste av alt. Eg er som eit jaga Dyr; Mord um meg paa alle Kantar, og framfyri meg eit fælt, svart Stup. Dei andre Dyri er i same Naud; kann ikkje hjelpe; hev nok kvar med seg; i Stupe maa me, den eine etter den andre, anten so me læt eller græt. Ein Kjenning i Utlande hev sendt meg Lombroso: Der Verbrecher. Eg hev sétt paa Boki so vidt at eg hev vorti rædd. Den tor eg ikkje lesa so lengi Nætane er myrke. Men so fær eg Brev, at Eigaren maa ha Boki attende; eg sèt meg daa til og les; og Boki fær snart slikt Tak paa meg at eg ikkje kann sleppe ho att; ein Kveld tek eg ho med meg til Nattelesnad. Ei genial Bok; ei skræmeleg Bok. Fy som me er Dyr; skitne, ufysne, utuktige Dyr ... der er kje det fæle som SIDE: 112 upp læt seg tenkje, utan at me hev det eller hev havt det; Mann-Eting, Kjonsperversitet av alle svinske Slag, Epilepsi, Hysteri, Galskap; Sjæli sjuk, Kroppen abnorm; soleis og soleis ser ein Brotsmann ut; Augo blygraa; Øyro store og stend rett ut; lite og tunt Skjegg; store skeive Kjakar; han er stundom reint loke-fager, men for det meste stygg; der er vond Arv i Ætti; han er letlynd, lauslynd, stormannsgalin, kjenslelaus; paa sjølve Kroppen er han kjenslelaus; og serskilt er aa merke, at han ofte hev mindre Kjensle paa den eine Sida av Kroppen enn paa den andre ... Eg ligg og les med Rædsla dirrande under Bringekvelven. Mangt av dette kann passe paa meg. Eg er stygg; hev lite og tunt Skjegg; der er vond Arv i Ætti; Lettlynde og Lauslynde hev det vori nok av, og Arti er i meg: eg hev snytt ein Mann for tvo Kronur ein Gong, med full Vilje og Meining. Rett som det er tykkjest eg merke at eg hev svært so lite Hudkjensle paa den eine Leggen ... Rædsla skyt Rygg; Hjarta stansar; eg kjenner paa den andre Leggen ... jau, ved Gud; kjenner paa baae Leggine, knip, klorar, riv; -- jau! -- Rædsla fossar inn-yvi meg som eit grønt Hav; Skjelten tek meg; Viljen er magtlaus; no kjam det ... no ... Eg velter meg upp; riv Klædi paa meg; ut; inn i Gamlestogo; maa kje vera aaleine no ... Konjak -- -- -- Eg drikk Konjak; det hjelper ikkje. Eg drikk Nafta; det hjelper ikkje. Ho Hulda maa upp og kveikje Eld paa Aaren og lesa Voltaire for meg; etter eit Kav paa ein Times Tid eller tvo hev eg vunni meg yvi. Kva det var eg var rædd? -- Gud veit. Alt; inginting; det var Pan-skræmsla, Skog-støkken ... "Uf, du skræmde meg so!" -- jamrar ho Hulda. Sidan gjeng eg ute i Snøen og driv, til dess det tek til aa ljosne. Enno er eg utrygg; enno gjeng lette Skjelteflagur gjenom Holde; halde seg ute er best; og so tenkje paa glade Ting. Men det finst ingi glade Ting. Alt er myrkt eller kaldt; eller ufysi; og det som er godt er der alltid ein Tvil ved, eller ein Otte; eller det fører innpaa andre Ting, som ... tenkje paa Inginting. SIDE: 113 "Eg sadla min Støvel og beitsla mitt Sverd, so batt eg Merri ved Sidunn; so drog eg ut paa Kattemordsferd ..." Nei. Huff; Kattemord ... "Tor Brynjulf sat utmed Kamarvegg. pirirum. Han kjemde sitt Haar og han bysste sitt Skjegg, piri ekstram, doridaram, doridaram, doridam; piri ekstram, pirum!" Ja; den er bra. "Tor Brynjulf sat utmed Kamarvegg, pirium; Han kjemde sitt Haar og han bysste sitt Skjegg ..." Eg kjem til aa tenkje paa Harald Haarfagre. So hugsar eg Finnedotteri Snøfrid, henne han var so glad i, at daa ho døydde vilde han kje grava henne ned, men vart sitjande yvi Like Dag og Natt, til dess ... hu! Nei; noko anna: "Mitt Navn er Løitnant Flotting, Min Stilling og min Stand er Løitnant og Dagdriver paa Karl Johan. Tralala lalala! tralala lalala! Og derfor saa er jeg bestandig saa glad!" Men so hugsar eg denne Sogo um Løytnanten i Trondhjem, han som drakk ei fjortan Aars Gjente full og -- . So kjem det sosiale Spursmaale veltande graatt og langt, vonlaust og endelaust som ein Midgardsorm -- -- Himilen er so klaar at han synest svart. Det er som eg ser ende inn i dei siste Grunnar. Paa den svarte Himilbotnen stend knitrande kalde Stjernur og blaalyner. Ein likbleik Maane er just komin upp, som Lasarus or Gravi. Kald og huglaus gløser han ut yvi stivfrosne Viddir, der i det høgste ein skræmd Rein vildrar ikring SIDE: 114 uppunder ei Hø ... og so eg,endaa meir skræmd, endaa meir rædd, langt inne i stengde Lidir. Diessen am Ammersee, Bayern, August 1889. Etterskrift. So skulde Kolbotnbrevi mine ende her. Det hadde me nok ikkje tenkt, nokon av oss. Men der var ikkje Raad med det, sj'u. Og Synd vilde det vera um eg ikkje var glad no. Ammersjøen er venare enn Savalen, og Alpe-Gjerde gildare enn Tynnsetfjelli; i Staden for Husmannsstogo i Kolbotnen hev me den fagre ljose Landsbyen, og Poplar og Plommetre for svarte Furur. Her tarv me kje gaa og vente i Dagar og Vìkur paa aa faa sjaa ein Baat som stemner mot Land; Eimbaaten kjem og gjeng fire Gongir um Dagen. I Staden for Sætrar og Baatnaust hev me rundt Sjøen kvite koselege Landsbyar nedvaksne i Lauv, og rett yvi Sjøen i Staden for Tron Klostre Andeks med sine rike Lundar og det høge Taarne mot Himilen. Vert me leide av aa sitja heime, so kann me gaa i Gattinger eller upp-i det 900 Aar gamle Diesenklostre og eta Nyresteik og drikke Øl; og der er det Folk, so me tarv ikkje vera aaleine heller. Det hadde aldri gjengi oss godt, hadde me kje komi ut no. Men Sogo um, korleis me naadde hit alle dei lange Vegar med Tuften paa Armen og knapt med Mynt ... den skal eg fortelja deg ein annan Gong, kanskje. No vil eg berre setja Slutt paa Breve mitt; og so skal du med same faa høyre, korleis det kann gaa til, at ei vond Tonn driv ein norsk Bokmann ut or Land og Rike. Fager er Fjellvinteren i Kolbotnen, men aatte Maanar lang. Kaldt var det au i Aar. Sjølve Bekken fraus; me maatte til Slutt hente Vatn uppe i Lidi, i Kjelda; og det SIDE: 115 var tvo Dagsarbeid aa brøyte seg Veg der upp gjenom Snøfennane. Men det sleit seg fram lell. Trøytte og klenvorne var me jamt og samt; men snart var det den eine som var klen og snart var det den andre, so det var alltid eit Grand Umbyte. Elles hadde me kvar sitt. Eg hadde mine Boksorgir, og ho hadde Tuften. Veslekar var meir uroleg um Nætane enn ho brydde seg um aa fortelja meg. Sistpaa hadde ho misst Svevnen, ho med, so ho fekk lite sova anten han var roleg eller ikkje. Det vart til Hovdaverk og Nervetilfelle. Fillegreidur og Develskap. Hente Doktar naar han er fire og tjuge Kilometer burte og ein ingin hev aa sende, det vert ikkje av; og so vart det til det at me sjølve maatte vera Doktrar. Men naar den eine Nerveveikingen skal vera Doktar for den andre, so veit du kóss det gjeng; han vert sjuk sjølv og gjer den sjuke sjukare. Og so det at ein er so faavis. Mang ein Gong maatte eg banne meg sjølv for di eg visste so lite av det som kvar Mann burde vìta, men som Folk hev funni det klokt at berre Doktaren veit; Lykka for oss som for andre Lækjarar var, at den sjuke vilde koma seg. Og for kvar Dag vart Lufti ljosare; Soli steig og steig; no klara ho Aasen; snart var ho høgt yvi Aasen; ut i April vart ho so varm at det draup fraa Take i Middagsstundi. Aa, desse klaare, klingande Dropane; desse fyrste sæle Bòd um berr Jord og Vaar! -- me kunde sitja og sjaa paa deim med Augo vaate av Glede. Sterkare og sterkare vart Soli; Snøen blautna i Bakkane; i Slutten av Mai kom Førefalle, -- den glade Tidi naar ein ikkje kann koma fram korkje med Slede eller Vogn, korkje paa Styvlar eller Ski, korkje med Skeisur eller Baat; denne glade Tidi daa ein kann segja til seg sjølv: um tvo-tri Vìkur ... Ovanpaa den seks Fot tjukke Savalisen flaut det med Vatn. Fyrst inn med Land; so yvi det heile. Sjøen var svart. Me gjekk ned med Strandi kvar Dag og saag etter SIDE: 116 um det ikkje snart skulde taka til aa losne inn-ved Land; jau; sistpaa var der ei Rivne. Hurra! -- Den Rivna vaks; og fleire kom til; snart var der Raak; og me saag ned i sjølve blanke Savalvatne. Me lengta etter Vaaren so me gjekk sjuke. Eg som aldri gjer Vers laga ihop til ein Tone av meg sjølv noko som eg kalla Solbøn. Kom med Liv og lange Dagar, Liv for Lund og logne Aas, Liv for Eng og Skog og Hagar, -- herlege Gud Helios! Høgtid gild me daa deg lagar, herlege Gud Helios! Kom med Glans um Tun og Tindar, Solgull skirt paa Sjø og Foss, Sus av sæle Sùmarvindar, -- herlege Gud Helios! Bløming blid paa Rygg og Rindar, herlege Gud Helios! Kom med Vaar og solrik Sùmar, Fugledans i Krok og Kross, Kvitring, Bræking, Langlur-Omar, -- herlege Gud Helios! Laat og alle linde Ljomar, herlege Gud Helios! Kom med Liv og lange Dagar, Liv for Lund og Fjell og Foss! Høgtid gild me daa deg lagar, herlege Gud Helios! Helg for deg i Hòv og Hagar, herlege Gud Helios! Ja; Helios kom. Men um det kann ha vori for det at han, Hellenaren, ikkje lika dei barbariske Versi mine, -- nok er det: han kom ... med mykje SIDE: 117 fagert og godt, veit du, men ... han kom med Tannverk. Og som det so ofte gjeng, at det er den skuldlause som maa svide: det var ho Hulda som fekk Verken; ikkje eg. Det var no ho som tòlde han minst au. Ho hadde i denne Vinteren havt det verre enn eg visste. Svevnvill og utmødd gjekk ho og drog seg, gul og graa som var det Dauden ho bar paa; og no daa Vaaren skulde koma med betre Dagar, med Driving i Skogen og Svevn um Nætane ... jau Takk, no kom det verste. Det var den isende kalde Vaarvinden som gjorde det. Snøtiningsvinden. Sidan skiftest Tuften og Tannverken um aa taka Svevnen fraa henne. Det var ikkje nokon vond Tannverk; det var berre Smaamurring, so ho hadde kje Hug til aa ofre Tonni heller; gjekk daa med ho Tid etter Tid; brùka Husraadir og Tanndropar; trudde det maatte gaa yvi; det same trudde eg; og um eg no hadde gjort eit Par laake Vers ... Helios hadde sétt laake Vers fyrr, han. Men Tonni vart verre og ikkje betre. Snart gjekk ho Hulda som i ei Halvørske. Aldri Svevn, aldri Ro. Ho kom so langt at ho vilde ofre Tonni; men daa var ho for klen; det var ikkje greidt no i Vaarkalden aa koma til Doktaren. Daa vart det rangstellt i Kolbotnen. Eg skulde skrive; den vesle skulde hava sitt Stell, og ho -- ! -- Rett som det var tok ei ny Tonn til aa verkje. Det gjekk paa Vite reint. Nei, so stod ho upp ein Dag og klædde paa seg. Ho vilde til Auma. Der budde Strømsengen. Han var ikkje Doktar. Men han skulde vera glup til aa taka ut Tennar lell. Det fekk gaa som det kunde; av Stad bar det. Han Esten Vangen fylgde; eg maatte vera heime og vera Barnepike. Ho kom til Strømseng midt paa Natti, livlaus mest. Strømseng tok den eine av dei vonde Tennane. Den andre brotna. SIDE: 118 Ho hadde fari med Tannverk og kom heimatt med Tannverk; men han Esten hadde vori paa Apoteke paa Tynnset og fengi Morfindropar. So sov ho i nokre Nætar paa deim. Nei; so tok det til i endaa ei Tonn; Fanden spare! Snart var heile Hovude i Brand og som ein einaste Verk; og eg trur ho leid meir vondt end alle Martyrane i Kyrkjesogo. Me fekk Strømseng upp til oss; ein Dag; han laut freiste ein Gong til. Ja; den eine av Tennane fekk han. Daa han skulde til med den andre kjende ho seg for veik. Ho torde ikkje. Det fekk heller vera. So tok det til aa verkje i heile Tandgarden. No vart det raadlaust reint. Bera eller breste; -- me maatte til Tynnset. Dette vart ikkje nett nokon Morotur, veit du. Yvi Sjøen kom me; men i Osen var der ikkje Hest aa faa. Det var daa aa gaa til næste Sætergrend. Ja. Ho Hulda forklaara meg kva eg maatte gjera, dersom ho skulde koma til aa uvìta for meg nedi Skogen; so stabba me i Veg. Me gjekk tie Stìg um Gongen; so kvilde me. Eg greidde ut for henne, at kunde me ikkje faa Hest i næste Sætergrend heller, so fekk ho leggje seg til der med Tannverken sin; og eg fekk gaa aat Bygdi. "Eg klarar det ikkje," sa ho. "Der er ingi Raad med det," trøysta eg henne. So gjekk me att; og so kvilde me. Me brùka ein Time paa den Kilometeren. Men me naadde fram. Ingin Hest. Ho fekk ei Seng og lagde seg; laag so der og halvørska. Eg torde korkje gaa eller vera. So kjem av eit Slumpehøve han Jens Stortrøen ruslande med Kjerre og Hest. Han var hjelpesam mot oss; me skulde faa laane Køyregreida hans; men fyrst maatte han uppi si Sæter. Ja-ja; i Guds Namn ... Der laag me daa og venta og venta. Eine Timen gjekk og den andre kom; no kunde det snart ikkje vera Tanke um aa naa Toge. Sistpaa kom Jens. Kjerra hans var ikkje fin; Sæter SIDE: 119 eller slikt fanst ikkje; men me fekk endaa vera glade. Og so laga Sæterfolke ein Høysekk i Stand som ho Hulda kunde sitja paa. Ein Skinnfeld til aa hava yvi seg fekk ho au; for det leid til Kvelds og vart kaldvori. Jens fylgde med; han saag at det kunde turvast Folkehjelp her kanskje. Ned-yvi bar det. Skogvegen er lite køyrande for friske Folk; men slikt kunde me ikkje bry oss um; det galdt berre aa naa Toge. Hulda sat og seig ihop paa Høysekken sin; eg gjekk og studde til Armane dovna. Me naadde ned! -- Gud veit kóss det gjekk til. Og so i Baat yvi Glaama; og so i Sprang upp Vegen til Stasjonen .. Toge rusla i Veg med det same me kom; me vart kasta inn i ei Vogn og var berga. -- So langt. Men daa me kom til Tynnset, var det ikkje Tanke um aa gaa til Doktaren den Kvelden. Ho var for klar. Ei Natt til fekk ho herde; ingi Raad med det. Morgonen etter kom me til Doktaren, øydelagde av Svevnløyse og Morfin. Han skreiv upp Soveraadir til oss: Brom, Chloral, Opium; og Tanndropar fekk me; og Cocaïn, og Antipyrin, og alt fælt; men Tennane torde han ikkje røre. Ho var for veik, sa han. Han maatte brùka Svævingsraadir; men det torde han ikkje utan han hadde ein annan Doktar med seg. "Enn eg -- ? kunde kje eg -- -- ?" -- "Det maatte i alle Fall vera ein som ikkje var nervøs," sa Doktaren. Der stod me. -- Ho Hulda laut taka til Tòlmode paa nytt. Vente til i Morgo; til Toge gjekk; og so til Hamar ... tjuge Milir Jønnvegsskaking. Og so ei svevnlaus Natt til ... -- -- Etter dette var det me sagde til kvarandre at det gjeng ikkje. Kolbotnen var den einaste Staden i Lande der me kunde bu; no ser me at me kann ikkje bu der heller. Den minste Ting, ei vond Tonn, eit Krampetilfelle SIDE: 120 kann setja oss reint fast. No daa me hev Guten kann me alraminst spela slikt Vaagaspel. Ut maa me. Eg hadde søkt Statens Reisestipendium; kunde eg faa det no, so vilde me vera berga. Ein Dag kjem Bladi og fortel at eg ikkje fær det. Me maa ut lell. Eg er komin so langt med den nye Sogo at eg ser det vert Bok av. Skriv so til den danske Forleggjaren min og bed um Fyribetaling. Det fær eg strakst. So fær me lìva paa Boki so lengi den varer; og sidan ... fær me sjaa, daa. Det maa finnast Stadir i Verdi der det er likso billegt aa lìva som her. For her er ikkje noko billegt. Bøndane lyt nok hava det dei kann faa; og alt me maa taka med Jønnvegen vert urimeleg dyrt; dei norske Jønnvegstakstane er kje for Smaafolk, veit du. I Sørparten av Tyskland skal vera billegt; i Bayern t. D. Kannhende me der kunde finne ein fredeleg Flekk ... ein Landsby ikkje for nære Storbyen og ikkje for langt ifraa heller; der kunde me skìpa oss eit nytt Kolbotnen kanskje, og sleppe likso billegt fraa det som her, eller vel det. Og so er der meir Sol der, og gladare Folk. Dei er kje so gode Kristne der nede som her; dei er katolske, Stakkar; men dei skal vera rimelege lell, og korkje brenne eller svelte Folk som ikkje trur paa Paven. Og so kann eg skrive; og Kjeringi fær laga Mat; men um Kvelden gjeng me paa Gasthaus. Og Tuften ... han fær vekse upp der nede og lære Tysk, so han ikkje som Far sin skal vera bikkjebunden til desse nakne Fjell som helst spenner fraa seg Borni sine. -- -- -- Me pakkar Kuffertane vaare. Tek so Tuften paa Armen. Og stengjer Dørine i Kolbotnen og stryk. Men som me fer ut yvi Sjøen, og ser attende til den veste Stogo der me hev havt det so vondt og so godt, og me ser Lidi som hev sust for oss alle sine SIDE: 121 underlege Songar, og det vene Einundfjell, og Storhøa dukkande upp i Nord, og Marsjøfjelle, og Savalkletten, men i Aust Tronfjell, barmbreidt og trygt, heile denne vesle store Verdi der me førde vaar fyrste saare Strid for aa byggje oss ein Heim ... daa tek ho Hulda til aa graate. SIDE: 123 KNUDAHEIBREV Til Overlærar S. Schjøtt SIDE: 125 I. Knudaheio 22. 5. 1899 Du Steinar! Ja; no er eg heime att. So heime som ein burtkomin Son kann vera, naar Heimen er burtkomin likso vel som Sonen. Og det fær eg vel segja at min Heim er. Eg var Erving og Odelsmann. Garden laag fint i Sud- Halle attunder Garborgs-Aasen, med Aas-Høgdi til Live mot Hav-Vinden fraa Vest og Nordvest, og med Risa- Bakkane til Trygd i Sud, og Tjensvoll- og Mossìge- og Fosse- Bakkane i Aust, og ovanum deim Fjellheimen den blaae. Fager og vel-stelt laag Garden min der, ned-ervd til meg gjenom Aldrar og Ættir, og upparbeid aat meg ikkje minst i den siste Tid. Men eg skauv Garden fraa meg. Den skauv daa au meg fraa seg. Han Far, som var sjuk, gav upp alt, selde Garden og gjekk or Verdi. Me Borni søkte nye Heimar. Kvar me kunde, og kvar paa si Leid. Men Heimar er kje so snart bygde som dei er brende. Heimlausa var me og heimlause vart me, tvo av oss i Norig, dei andre i Amerika. Det er Bondeliv fraa det norskdanske Norig dette. Nordmannen er heimlaus no. Lande hans hev i 500 Aar vori framandstyrt; no er det framandt. Han kjenner seg ikkje heime lenger; og so fèr han. Med meg som med andre fekk Heimløysa Magti. Og ut kom eg. Vildra og vanka paa framande Stadir. Leitte etter eitkvart, men visste kje kva det var. SIDE: 126 Til Slutt fekk eg ein Mistanke um, at det var ein Heim eg leitte etter. Mange Aar gjekk. So fann eg meg att ein Dag uppunder Dovrefjell. Der hadde eg reint uventande fengi meg ein Heim. Og ei Kòne hadde eg; og ein Son attpaa. Der kunde eg daa vorti verande, meiner du. Slik ei lívd Kraa høgt upp-ifraa alle Bygdir millom Skyir og Skog og blanke Vòtn og Reinmose-Viddir og breide blaae Øysterdalsfjell, den kunde eg godt vori nøgd med. Eg er daa Bonde, segjer du, "og ikke af Embeds- eller Finne- eller Fante- eller andet Nomadefolk". Ja. Du kann so segja. Men no skal du høyre kóss det bar til. Som sagt er: me var vorti tri der uppe i Fjelle. Og den tridje var ein rómfrèk Kar. Skulde me hava'n her, laut me byggje paa Stogo. Timber var hoggi og Timbrar leigd. I god Tid: eit Aar sidan. Og ein Timbrar til hadde me tinga paa, um den fyrste etter Øysterdals Vis skulde bi "hindré". Timbraren vart hindra. Daa me sende Bòd etter 'n, hadde han fengi ein Verkefing. Me bòdsende den andre. Men han hadde ikkje havt so mykje som eit Aar, han, til aa fyribu seg i. So turvte han ikkje nokon Verkefing heller. Han berre sagde: var det so likt. Og han lagde til: eit anna Aar, kannhende. Der stod me. Vente eit heilt Aar etter Hus-Rom, -- so mykje Øysterdølir var me endaa ikkje vortne. Og det me serleg trong um no snart, ein norsk Barneskule, hadde dei kje meir upp-under Dovrefjell enn ned-under Grefsen-Aasen. So stengde me Dørine og drog. Me leigde oss inn paa Stokke i Jarlsberg den Vinteren, som du veit; Vaaren etter drog me paa Huse-Leit. Uppetter paa Telemark-Leidi. Mangt saag me der som kunde vera godt. Men jamt var der eitkvart i Vegen. Og ei vrang Sanning kom upp. Eg kjende meir og meir at eg var Jærbu. Hadde kjent det lengi, men ikkje SIDE: 127 vilja vìta av det. Men Jærbuen vart sterkare og sterkare i meg; eg slapp ikkje ifraa 'n lenger. Hav-Lengt livna; Hav-Minne drog; millom Fjell kjende eg meg innestengd. Vidd, Vidsyn maatte til; Hav. Havglans, Havglim, Havglitter; Havsus, Havbròt, Havbrak; Havstorm, Havskodde, Havrædsle, all Havsens Villskap og Leik, det var det som no tok til aa blenkje og dure og dundre for meg. Men i Ryggen maatte eg hava ein Fjellgard, roleg og stød og blaa. Halve Verdi hadde eg fari kring og leitt etter Heim; no kjende eg, at rett heime vart eg ingin Stad utan heime. Men -- . Ja du kjenner Verdi. Han spaar, men ho raar. Hulda var Austlending. Heidmorking. Hadde aldri i sitt Liv lukta Sjø, utan fraa eit Eimbaatsdekk. Paa Jæren hadde ho vori ein Gong, og tótt der var gildt. Forunderlegt; eit heilt nytt Land! Men rart. Liksom so utrygt. Paa desse flate Viddine der all Verdi kunde sjaa henne hadde ho mest ikkje visst kvar ho skulde gjera av seg! Og so var det Vinden paa Jæren, denne uslitelege Vinden. Nord og Nordvest og Nord til Nordvest. Og so Regn og Skodde og kaldvori jamt. Nei; til Jærbu dugde ikkje ho Hulda. Der stod me paa nytt. So laut me semja oss. Det vart til det at ho, Austlendingen, skulde velja Austlandsbustad aat oss; og eg skulde finne meg i alt ho her fann paa, og ikkje knurre meir enn so maateleg. Men eg skulde faa byggje meg ei "Ungkars-Stogu" paa Jæren. Kolbotnen fekk me selja. Men det laut me no, trøyste oss, kor som var. So gjekk det som du veit. Me bur i Asker; kven skulde no drøymt um at eg skulde bli Askermann. Men mi Ser-Kraa hev eg her. Paa Jæren. Upp-under Undheimsfjelli. Innmed Knudaheiberge; i Knudaheio. Kva det no kann vera for ein Knud som her hev haldi til. Her vil eg daa vera heime eit Bìl kvart Aar; og sitja SIDE: 128 og sjaa ned-yvi; og so skal eg ikkje krevja meir av denne Verdi. Men Kolbotnen vart ikkje seld. Dei som hadde Vit paa Kolbotnen hadde kje Pengar, og dei som hadde Pengar hadde kje Vit paa Kolbotnen. Og glade er i Grunnen me. So hev Tuften sin Serheim han med, og me er vel etter Folketale det heimrikaste Huse i Norig. Ein Herre kjenner eg meg og ein Uebermensch. I kvart Hyrna av Sud-Norig hev eg ei Borg: ein Fjellheim upp-under Dovre, ein Havheim ut mot Nordsjøen og ein Bygdeheim og halvt Byheim midt i svartaste norskdanske -- Kulturen fær eg vel segja? -- for halve Kristiansby ligg i Asker um Sùmaren, veit du. Eg kann daa, som andre Nordmennar, vera Herre til dess eg spélar upp. Og i Asker kann eg spéla upp; for der hev me so vidt mykje at det vel kann verte til ein rimeleg Sakførar. Men kor gali det kann gaa: tvo Gardar vil eg i alle Høve vera Eigar av. Og det vert ein til Kjeringi og Guten, og ein til meg sjølv. So at kvar Gong me vert Uvenir kann me skiljast og leggje noko-so- nær heile Norig imillom oss. Seg meg um du trur, at norske Bokfolk kann faa det stort greidare i denne Verdi? At Heimhùgen skulde vera so sterk i ein Farafant som eg er, det hadde du vel ikkje tenkt. Sant aa segja trudde ikkje eg det heller. Eg skulde vera tòlleg frigjord i so Maate no; hadde endaa ei Tid tenkt aa gjera Utlending av meg. Det er ikkje meir enn eit halvt Tjug Aar sidan eg i den Tanken fór fraa Lande med heile mitt Hus. Og det var rimelegt nok. Folke mitt eigi hadde ikkje Bruk for meg; og eg kjenner meg ingin Stad meir heimlaus enn millom dykk norskdanske. Til Tyskland bar det, som du veit. Til Sør-Tyskland, Bayern; der plar me norske like oss. Og billegt er der au; der er mill. a. det, at Staten ikkje blodsyg Smaafolke med Toll so hardt der som her uppe. Med god norsk Hjelp (Maalaren Ekenæs er det som eg SIDE: 129 her hev aa takke) fekk me oss Bustad hjaa ein Bonde i Landsbyen Diessen; der livde me billegt og hadde det rolegt og godt, so me snart tok til aa koma oss. "Hos Mama" vart ferdug og kom paa norsk-danskt og norskt (med Ivar Mortenssons gode Hjelp) og tyskt; Pengesuti var daa sløkt for det fyrste. Um Vinteren heldt me oss i München; der kom me i Lag med baade norskt og tyskt godt Folk og lika oss framifraa. Dei stride Dagane me hadde havt i Kolbotnen vart gløymde. Og Tuftekallen vitrast og voks. Han tok til aa segja eitt og anna Ord au i dei Dagane. Men berre tyskt kom paa hans Munn; i dette Kulturspursmaale brydde han seg inkje um Foreldri sine. Han maatte bli ein fullkomin Tysker, um han fekk vekse upp her. Paa Vaarsida tok me oss ein Sving ned til Italia; maatte sjaa det Lande med, naar me var so vidt nære. Og tenk um me kunde finne oss ein Bustad paa klassisk Grunn! Ein skulde kunna lìva endaa billegare der nede enn i Tyskland. Den Tanken gav me elles snart upp. Det var Tyskland me for det fyrste fekk tenkje paa; men skulde ein Bokmann av mitt Slag kunna klara seg der, so laut han sjaa um han kunde faa eit Fotfeste i Berlin; me flutte til Riks-Hovudstaden. Der vart me verande ei god Stund. Billeg Bustad fann me i Erkner, ein Landsby ikkje langt ifraa Storbyen. Der fekk eg mill. a. ein Tanke um det tyske Skogbruk: Skogen vert planta, og so i si Tid "hausta", Teig for Teig; kvart Tre vert ut-nytta fraa Rot og til Topp og Kvist; so vert ny Skog sett, o. s. fr. Eg hugsar eg gjekk og undrast paa, kor mange Mannsaldrar det vil taka fyrr me norske kann faa slik Skikk paa Skogstelle vaart. Mykje Godvilje møtte eg i Berlin. Serleg maa eg nemne Bokmanns- og Kunstnar-Lage "Freie Bühne"; millom dei styrande der fann eg Samhug og Studnad som gjorde mykje til at Mode mitt heldt seg uppe i ei Tid som elles kunde vorti leid nok. Men Heimhùgen er det lite Vìt i; sistpaa vakna han SIDE: 130 trass i alt. Vakna og gnog og gnog. Enden vart at me gav upp Utlandsdraumen. Lære kann ein i framande Land. Og kvile. Stengje seg inne og arbeide med. Men Folk som eg maa bu heime, skal Arbeidshùgen halde seg frisk; den Juling ein skal hava fær ein finne seg i. Me fann ut at me fekk freiste Kolbotnen att. Naar me var der paa Sùmarsida so mykje me kunde, og so trøyta svartaste Vintertidi i Byn, so maatte me klara det, meinte me. Heim att bar det. Og klara oss gjorde me, -- til dess dei nye Vanskane kom som eg her framanfyri hev nemnt. No hev me funni Raad for deim med, trur me; tykkjest daa vera trygge. Og den Heimhùgen som skulde vera burt-sivilisera vinn meir og meir Magt. Naar Vaaren kjem, og det livnar i Jordi, og løynde Kraftir æser, vaknar han i meg som eit Samvitsagg; paa Heimgangsdraugs Vis søkjer eg daa hit nokre Nætar og spøkjer paa gamle Tuftir. For meir vert det ikkje. Det var nok eit Bìl eg tenkte paa aa koma heilt "heim". Eg vilde vera Bonde og min eigin Herre liksom Fedrane mine; -- eg vert stundom so leid av aa liggje aa prikke paa Papper med ein Penn stødt. Eg slog paa dette jamvel for Doktaren. Men Doktaren smilte. Og sagde meg Ting som eg ikkje kunde koma ifraa. Eg dugde ikkje til Bonde lenger, var Meiningi. So fær eg vera nøgd med aa "spøkje". I det heile: det du ein Gong hev kasta ifraa deg tek du ikkje letteleg att. Men endaa er det meg ei Kvild aa vera heime. Det letter aa faa gange paa Heime Grunn og ande Heime Luft og tala Heime Maal og friske upp Heime Minne. Nokon Hav-Jærbu er eg ikkje; snarare burtimot halv Fjellmann; so stend daa au Stogo mi her i Fjellbryne, nettupp i Millombrøyte millom Flatland og Fjell. Aa, som eg kjenner att dette brune Heid-Lande med grøne Gardflekkir og her og der ein Skimt av Vatn eller Aa, so som det herifraa breider seg ned-yvi og ut-yvi til Papper: Papir. -- Millombrøyte: "Overgang". SIDE: 131 Havs: Tunheims- og Risa- og Tjensvollbakkane, Mossìge- og Fossehøgdine og lenger nord og ned Hognestad- og Hauglands-Gardane; midt ned-for Vindaugo mine hev eg Garborg med Aasen og Fórane; nedanfor der att Maulands- og Gudmestad- og Taarlandsmarkine med Torvmyri; lenger nede noko av Bø-Bygdi, og nordanfor der Nesheims- og Høylands-Viddine; so lengst ned-ved Havkanten Aabrést (Obristad), Haa, Nærland, Saltesandane; og so lyfter Have seg ut imot Himilsyni liksom i ein breid blaa Bakke, høgreist eller makleg etter som Lufti er. Lengst ute, der Hav og Himil gjeng ihop, er daa Ytregrensa for Heimlande mitt, dette lyngbrune, skodde-slørde Lande med Heidar og Bakkar og Myrar og Strendar og Aair og Vòtn og blaablank Sjø, -- det eg best kjenner, det eg sist gløymer. Lenge leitte eg, fyrr eg fann denne Tufti. Alltid naar eg var her hit-yvi i seinare Aar -- "Fred" skreiv eg paa Ut-Salte; det meste av "Haugtussa" vart til paa Loftkammerse hans Lensmann Gausland, som bur i Taarlandsmyro og held paa aa gjera den um til Aaker og Eng -- , lurde eg etter Tuftir; og helst tenkte eg daa paa ein Heidabìte som eg kunde gjera "Gard" eller "Plass" av. Mark-Aasen saag eg paa fyrst. Det er vestan- og nordan-i Garborgsaasen, det, i Marki vaar var; der gjætte eg so mang ein god Dag daa eg var litin. Og eg lika meg i Markaas-Lynge. Ein skimtar ei Rand av Have fraa øvst i Markaasen; og paa Nord-Rése, der Aasen svingar aust-yvi att, ligg dei tvo Gravhaugane som eg i Barneaari hadde drøymt ymist rart um, etter Sogur som "Carolus Magnus" hadde fortalt meg. Eg hugsar ikkje desse Draumane so vel no. Men det gjekk um Kongar som var nedgravne her, med Kronur og Kongsstavar og i full Stas; men blanke Sverd laag yvi Kista i kvar Haug, og stakk alle som grov seg ned-i og vilde leite. Nedanum Markaasen ligg Maulands-Hagen. Den hev Mossìge (Vat-sìge skal det tyde) vert mest uttala Mossøgje eller Mossyg. -- Fór(d): lita Aa; Myrlende ved ei slik Aa. -- Myro (Myraa) = Myri. SIDE: 132 fyrr høyrt Mauland til, Grannegarden vaar nedanfor Aasen. Her renn Tver-Aai i blenkjande Svingar; den vilde vera gild aa hava aa sjaa paa, meinte eg; og like eins dei grøne Maulands-Engine ho gjeng igjenom. Stogo hadde eg tenkt aa leggje tett inn-til dei gamle Haugane, soleis at desse paa ein Maate vart medhøyrande til Garden min. Men denne Draumen sprengdest. Markaasen var sundskift og sundgjerd no; det var ikkje min Markaas lenger. Og so var her komi so mykje Gjerde. Eitt av deim gjekk endaa midt yvi den eine av dei tvo Gravhaugane [fotnotemerke] . Eg misste Mode paa Markaasen. Sidan leitte eg etter Tuft baade her og der, fraa Tu- Bakken med Veda-Haugen og alt til Heidane upp-ikring Synesvarden. Til Slutt skulde det laga seg her paa Stora- Undheim. Der fekk eg for hundra Kronur knapt eit Maal Jord med all denne fagre Utsyn. Dei segjer eg vart snytt. Hundra Kronur for eit Maal Lyngmark upp-i ei Stein-Heid, det var daa kje med Vìt, segjer dei. Men daa reknar dei ikkje Utsyni. Dessutan, kva skulde slik ein som eg vera til, naar han ikkje lét seg snyte so daa og daa, helst av Heimefolk? Og hev eg forskyldt den Markabìten godt, so kann eg vel au vera tvi-trygg paa at eg eig 'n. Veg hev eg mest heilt fram. Det er berre eit Par Gjerde aa klive og eit Par Myrhòl aa klara fyrr eg kjem aat Hus; og baade Handelsbu og Mjølkebruk ("Meieri") hev eg ned paa Garden, so eg snart kann naa deim men ikkje tarv sjaa deim. Eg skal nok klara meg i Knudaheio. Huse vart mykje dyrare enn eg hadde tenkt; um Lag te so dyrt. Men so hev eg au fengi eit Hus paa Festningsmurar, og med ein Kjellar som eg kunde brùka til Smede-Verkstad. Byggjarane trudde eg var rik, maatru; paa ei einaste Bok skulde eg ha tent tjuge tusund Kronur; so eg kunde vel kje bu her i Undheimsfjelli reint Veda -- (Vìta-): den gamle Hèrvarslingsvarden stod der. -- forskylde: "gjengjælde"; betala. -- te so dyrt: ein Gong til so dyrt; tvidyrt. Fotnote: Gravhaugarne er burte no. (1922). SIDE: 133 som ein Fant. Eg fær daa sjaa aa berge mi Rikmanns- Ære so godt eg kann; Bygmeistaren min, han Sven Litla- Undheim, er rimeleg og greid, so det skal vel laga seg. Høgt ligg Stogo og ser vidt yvi Land; ikkje sjølve Garborgsaasen kann stengje for meg lenger. Det er ein av Barnedraumane mine som no paa ein Maate sannar seg. Eg var i den Draumen Lyktemann, og hadde Holo mi ein Stad her upp-ikring Sikvalands-Kulo. I myrke Nætar gjekk eg med Lykti ned gjenom Heidar og Myrar aat Sjøen, og gjorde underlege og visst for det meste gode Gjerningar. No er det smaatt med baade Nattferdir og gode Gjerningar; men Hola mi hev eg daa her, paa Lag upp-under Sikvalands-Kulo; og Augo mine gjeng sin Lyktemannsgang yvi Myrar og Heidar til Havs rett som det er. So eg vart endaa som ein Lyktemann paa Jæren. Attum Stogo er Fjedlo. Det er Smaaberg og Knausar; men dei veks etterkvart som ein kjem længer upp, um dei no ikkje vert so svært store. For kvardagskloke Augo er her lite aa sjaa. Men eg som hev fari her i den Tidi daa ein stundom ser Synir, kann skilja mykje og mangt som ikkje alle fær Tak paa. Eg ser tydeleg Bìtar og Bròt av Jøtnar eller Troll som her i gamal Tid vart mjølneslegne eller gjekk i Stein for den stigande Soli. Sunnanum og noko ovanum Stogo ligg det ei veldig Kongskrone, noko skakk etter sitt tunge Fall fraa Jøtunskolten, men elles gild. Tett nordanum hev eg Knudaheiberge, som er ein steingjengin Trollfot. Kne- Leden, som er bøygd i tòlleg rett Vinkel, er fallin nordyvi, so at Laarstubben tøygjer seg hit-imot Huse mitt, og Leggen, noko bròtin, strekkjer seg austetter. Fire-fem Famnar høgare enn Husmøne mitt lyfter dette Bergknée seg, med mange hardslipte Jutullsteinar burtetter Vinkelen sin, jamn som ein Kongsveg; bygd av Stein og duka med Lyng og fin Steinmose. Gildt er det aa gange der uppe og sjaa ut-yvi Rike sitt som strekkjer seg fraa Sud til Nord lenger enn eg kann sjaa, inneringa av Fjellheimen og den solblanke Sjøen. Ei Kule; 1) Kule; 2) breidt, stort Fjell. -- Sjøen: Have. -- Fjedlo: Fjelli. SIDE: 134 -- -- Det lid til Kvelds. Eg vil uppaa dette Troll- Knée. Eg vil sjaa paa Verdi mi. Sjaa Soli naar ho sig og legg seg til Ro i si silkeblaae Hav-Seng. Og Havguden vil eg sjaa, den æveleg unge, som smiler so blidt naar han tek imot den straalande, svevnblide Bruri si. Det er slik ein fager Fyrisùmars Kveld; Sjøen den blanke han blinkar og han blunkar ... Morgonen etter. Lengi vart eg gangande der uppe; Soleglads-Synir lyste for meg i Æventyrglans. Men det saag eg trast, at Knudaheiberge ikkje er noko Jøtunkne. Det er ei Kongsborg, korkje meir eller mindre. Halvt i Røys, lat gaa; men ei Kongsborg er det. Fraa Take av den raar eg heile mitt Rike. Her ned-i mi Kvardags-Hall, fraa den vesle laante Tre-Krakken ved det vesle laante Tre-Borde, raar eg berre Heime-Rike; men der uppe raar eg Verdi. So no kann du tru eg vert ikkje god aa nappast med. I Gjærkveld daa eg gjekk der uppe og saag denne vene vide Verdi i Maaneskin vart eg sorgfull og tenkte: aldri i ditt Liv kann du maale eller skildre slikt. Det er for stort; det er for vent; det er for mykje. No græt eg ikkje lenger for det. Kunde eg skildre Rike mitt, so kom Jæren paa Mote, og Farafanten kom drivande her ifraa og der ifraa og sagde "storartet". Dermed hadde ikkje eg meir her aa gjera. Det er den største Lykke ein i desse Tidir kann naa: aa finne ein Bustad som er trygg for Farafanten. Eller for Turistflugo, um du so vil. All Stad er ein i Beit med denne Turistflugo. Og serleg all Stad der ein vil vera i Fred. Eg rømde til Rom ein Gong; tenkte det laut vel vera Fred aa faa i den heilage Staden. Fred? Det eg fann var Baedeker. Kor eg kom og gjekk: Baedeker; Baedeker; Baedeker. So misste eg Resten av Tòlmode mitt; eg tenkjer ikkje lenger paa korkje Arabs eller Faraos eller Israels Land, endaa desse Draumheimane alle Dagar drog meg. For um eg vilde gøyme meg i Skogane paa Libanon eller i SIDE: 135 Berg-Kluftir attunder Sinai, for Baedeker var eg ingin Stad trygg. Lengi kann ikkje Turistflugo lìva. Ho er seg sjølv ufysi; det er seg sjølv ho flyr. Men di meir ho flyr seg, di meir finn ho seg, og di ufysnare vert ho seg. Berre Millionherrar kann no gjera hugsame Ferdir, dei som kann koste seg Ser-Timar all Stad, og soleis fri seg for Flugu-Skreidi. Men snart er her so mange Millionherrar at det vert Fluguskreidir av deim med; og daa kjem Enden. Daa vert det kje fint lenger aa vera Turist. Og daa kann me utvalde eller utskòtne gjeva oss paa Fantesteig att som i gamle Dagar. Men til so langt lid fær me gøyme oss, som eg her hev gjort. Og sæl er eg, at eg fann denne Tufti i Undheimsmarki! -- -- Huff; no lyt eg vel til med dette Matstræve att. Og eg hev ikkje havt varm Mat paa tri Dagar; Koking maa til. Som vel er lìver me i Hermetik-Aarhundrade. Klokka? -- Au, seks. Naa! never mind, all right; so ét eg til Kvelds med same. Dagen etter. Fint og trygt ligg Stogo mi paa sin vesle Lyng-Rabbe att-under Knudahei-Berge. Ho er bygd etter gamle Jærbu- Maaten; for det var det, veit du, at eg vilde heim. Ein Ting vandtar i Knudaheio: Vatn. Det var ein Martsdag ifjor eg var her og handla; daa fossa og fløymde det all Stad. Men no er her kje anna enn ein ørlitin Bekk. Og den minkar og minkar kvar Dag. Han vil vera burte fyrr eg varast, segjer dei. Den Vats-Renna som er innlagd i Kjellaren min kann ikkje heller hjelpe meg; ho fører eit Myrvatn som ikkje vert reint i dette Aarstale. Men ein fær taka Verdi som ho snur. Um Bekken turkar, so er det ei Tjørn her upp-millom Bergknausom; den kann halde meg med Vatn um det so var til eit Kvednafall SIDE: 136 So eg tyrster ikkje ihel, kva Daude eg so elles skal røyne. Trygg sìt eg daa her paa mitt Hlidskjalv og raar yvi Rike mitt. Der ute ollar Have, alltid veldigt og ungt. Men attum meg hev eg Fjell so gamle som Verdi. Store er dei ikkje, som sagt. Men Røynsle hev dei. Meir enn andre Fjell; for dei hev havt ein strengare Lagnad. Skavne og slipte gjenom Aarmillionar av Fimbulvinter-Is fraa Polhav og frosne Innland slog dei seg igjenom naar andre Fjell hadde vorti malne til Sand og baka til Leir. Toppar og svære Akslir miste dei; no stend dei kløyvde og sundsprengde og underleg laga som Borgir med brotne Tak og skeive Kuplar og Ryggir; men dei stend. Og av Bergslipings-Auren blanda med Havsand laga Jæren seg og vart til ei Grønlands-Strand, der ukjende Nordsjø-Folk fikta med Kval og Kvitbjørn i Hav-Isen gjenom Heimsaldrar. No er her rolegt. Jæren er bygd; og Jærbuen strævar med Stein og Lyng i Staden for med Kval og Hav-Is. Fjelli er som Jøtunheim i Røys, med Knaus yvi Knaus og Ryggir og Urdir og Smaa-Tjørnir og lange Votn, og Æar som smøygjer seg kvite og stride fraa Vatn til Vatn gjenom Steinrøysir og Hyljarglup og svarte Trollbotnar. Men her og der attum ein logn Bergvegg, paa ein grøn Bakke ned-mot eit Vatn, hev Folk klora seg fast, og lìver der sitt Fjellmanns-Liv, sterke og friske og endelaust arbeids-seige. Smaatt um Senn tek eg til aa kjenne meg att, her i Steinheimen likso vel som paa Jæren i Haugheimen. For eg er kjend fraa gamalt i Fjedlo med. Eg dreiv Smale og stundom gjætte upp-etter her i mine Smaagut-Aar, og livde mang ein Dag dette fordrøymde vestlandske Gjætarliv midt imillom Æventyr og Kvardag, so det er som eg enno høyrer Róp og Langlaat millom Berg og or Aa og Tjørn, naar eg gjeng so og sviv ikring Knausane. Og underleg aaleine vert eg her millom Minne og halvgløymd Draum. I mitt syttande Aar fór eg heimanfraa; mest ein Mannsalder hev eg vori burte; ingin kjenner olla: "bølge". SIDE: 137 meg lenger; og ingin kjenner eg. Eit gløymt Liv er det eg lìver upp att. Ei ny Ætt hev vaksi til, med eit Liv som eg lite veit um og ei Sogu eg ikkje hev vori med i. Sjeldan raakar eg eit Menneskje eg ein Gong hev kjent. Daa lyt me gamle Kjenningane gjera oss kjende med kvarandre paa nytt so godt me kann, og sjaa aa naa i kvarandre att yvi det mykje og mangt-slag som hev vaksi upp imillom oss. Alt er nytt so gamalt det er. Ikkje minst framand og ikkje minst kjend er denne gamle underlege Bergheimen. Minne møter meg som Skrymt ved kvar Stein. Rundt ikring paa Haugar og Høgdir og Ufsir og Berg ligg og stend og stundom mest heng, plent som fyrr og endaa so utrulegt, Jøtunsteinar, tunge og svære og glatte, slipte i Tusund-Aars Is, Trollskòt som flaug Tor Aas um Øyro i Striden mot Ymes Ætt, men datt magtlause ned og vart liggjande. Og vert liggjande. Til Ragnaròk. Eg hev sétt deim fyrr alle. Lenger inne ris større Fjell, Tusseborgir, Trollheimar, meir og mindre sprengde og sundslegne av Tordýn og harde Magtir gjenom Endeløysur av Tid; dit inn berga den Jøtundomen seg, som Tor ikkje fekk slaa, og fører der sitt Natteliv enne. Ut vaagar ikkje Trollskapen seg lenger, so ein fær sjaa 'n; men at han er til skýnar eg av Livløysa her; i slik ein Audheim maa Troll trivast. Paa Litla-Undheims Fjelle er der enno eit Grand Skog; den ser eg ikkje i Knudaheio. Knapt den armaste Bjørkekrøkla vaagar seg fram nokon Stad, so vidt mine Vegar og Augo rekk; ein Myrflekk gulgrønkar her og der; elles er det Lyng og Stein, Stein og Lyng, allstad og alltid. Og mest Stein. Graa, tung Trollstein, rundslipt smaa Dvergstein, upp og ned, ned og upp; og Røysir og Urdir under Ufsine. Men endaa er eg heime. Er eg sjølv av Troll-Ætt? -- eg trivst. Stundom sìt eg her og gløymer aa skrive; stirer ut gjenom dei smaa-rutute Glasi og minnest so mangt, og gløymer meir; alt eg hev fari med ut i ei onnor Verd glid undan. Eg hev visst berre drøymt det. Er ein meir Vokstr enn ein sjølv veit um? -- med lange Løynrøtar i ukjende Grunnar ... SIDE: 138 -- Ein lìver paa ein serskild Maate i si fyrste Tid. Lìver meir heilt i det ein er i. Naar eg gjeng her upp-aa "Høgeloftssalen" og ser ut-yvi mi gamle Verd, kjenner eg, at i den maa eg ha livt annarleis enn sidan. Barndomsheimen er noko for seg sjølv. Aldri noko vert so inderleg vaart som det me fær inn fyrst, det me tek upp i Barnesjæli gjenom friske Barnesansar og Hùgar. Eit serskilt Liv fær dette, av di det fær den friskaste, reinaste Veksegrunn. Jæren skulde ikkje vera noko sers. Minst totte eg det, utan i Stundir daa eg gløymde meg sjølv og heilt ut livde; og av andre høyrde eg visst ikkje Ros yvi Heimlande mitt. Styggare og styggare syntes det meg, di eldre eg vart helst. Og utan minste Sukk fór eg der ifraa. At det no kann sjaa so mykje annarleis ut, endaa det er so plent det same? eller ved det at det er so plent det same? Desse Heidane og Myrane med Fjelli i Aust og Have i Vest, det er det einaste av Land som rett kjem meg ved i Verdi. Andre Stadir kann vera vene. Dette kann vera vent eller stygt. Men det er mitt. Og sistpaa vert det vent. Jamvel det som visst er stygt her, -- eg veit ingin Stad noko som i Grunnen er venare. Der maa vera ein Visdom i dette. Noko me hev halvt um halvt gløymt. Men som me kjem til aa lære upp att. Eller hugsar eg noko som kann vera Maken til Jær- Lande? Noko som kann tala so lint og vent til meg? Fram blaanar fine Fjell i Nord og Aust og Sud. Store er dei ikkje, men vene, fint laga, der dei i lange mjuke Bylgjur dreg seg fram under Austhimilen. Dei hev noko trygt og huglegt med seg, eit Lag og ein Lìt so dei dreg deg fastare til seg di meir du vert kjend med deim, um du so i Fyrstningi lite agta paa deim. Jærbuen maa helst ha vori "austanfyri" ei Stund, fyrr han lærer aa sjaa denne Fjellgarden sin. Men so dreg det etter med 'n. Me trøytnar av tunge Fjell i turr skarp Luft; og kjem me daa heim, so vert dei smaae blaae Fjelli vaare vene for oss. Me finn oss ein Flekk ved ei Aa attum ein Aas eller ein Haug, -- vil nok fyrst og fremst "sjaa Sjøen"; SIDE: 139 men kann me dertil faa Synsleid upp til dei fine Blaafjelli ovanjærs, so læt me rolegt Austlendingen braake med sine Jøtunheimar. Meir og meir glad vert eg i Sudjærs-Heidane au no (dei eg fyrr lite kjende til; fraa Garborg saag me deim ikkje). Det er milevide Lyngmarkir og Utslaattir og Torvmyrar, med her og der ut-imot Bygdine ein einsleg Gard eller Plass. I rolege breide Drag stig dei sud-yvi upp imot Synes-Varden, den eg so vidt skimtar her; so kjem lengst sud Ogna-Fjell, og lengst sudvest Sjøen. Men korkje Fjell eller Sjø ser eg herifraa paa den Leidi; og der er daa Jæren fullkomin: berre Heid og Himil, berre Lyng og Luft. Ein Villheim for seg sjølv er dette. Det kann vanke ein Skyttar der so ender og Gong, eller ein Lyngslaattar; til sine Tidir kjem ei Torvkjerre skranglande med si lange Grind; ein Heia-Gjædar driv ikring med Smalen sin; det skvett ein Hare her og der; ein Lóm eller ei Ørn flyg; ein Hegre stend og drøymer attmed ei Tjørn; elles ligg alt som i Trollsvevn. Her hit-paa Undheims-Leidi er store Utslaattir, med Høy-Løur upp-etter all Stad. Mykje Høy veks det ikkje her paa udyrka Mark. Men det er godt, friskt Vallhøy. Rett ned-framfyri meg breider seg mitt Land. Og lengst ute, fraa Tungenese til Ognafjelli, blenkjer Sjøen. Med sin mjuke Blaalìt bleikt skinande i Solglansen. Fagert, fagert er Have, det paa Jordi som mest er Himilen likt. Ein kjem som burt i den store Ro og den bleike Glans; driv av i vidsveimde Draumar. Smaae stillfarande Baatar ligg her og der og glid. Søv. Kvar dei skal av? Fort gjeng det ikkje med deim. Men det er ikkje lengi stilt paa Jærlands-Have. Dei kjem nok fram. Sjeldan er Sjøen for Jæren so ven som i Dag, solblank og blid, lat og trygg; det maa vera paa slike stille Fyrisùmar Dagar. Daa laag eg stundom i Sjøen der nede og lauga meg, under ei Sol so sterk at Sjøen fekk ein Lunk; og Kuvungane kvitna upp-etter dei varme Strandsteinane Gjædar: Gjætar. -- Smale: Sauir, Saueflokk (kollektivt). Vall-(Voll-)høy: Høy av "Marker med fast, naturlig Græsbund". -- Kuvung: "Sjønegl, Hvirvelsnekke". SIDE: 140 som fine smaae Lambedriftir. Men annarleis hugsar eg Sjøen fraa Haustdagar og Vintertid. Der langt nord og vest ligg Sola-Garden; der er òg dei Bròti som er att av den gamle Sola-Kyrkja. Sjømaalaren Bennetter eig Kyrkja no; han hev retta upp det som lét seg rette upp av ho, og stellt ho um til ein Kunstnarheim. Storslegt hev han det der; som ein Hovding sìt han i si Kyrkjeborg og ser ut-yvi Hafrsfjord og Have. Og maalar Hav-Liv og Hav-Synir. Og dyrkar Kyrkjegards- Hagen sin. Men nokon Erling Skjalgson hev han nok ikkje funni paa Sola [fotnotemerke] . Store Draumar sviv det der. I Hafrsfjord vart Norigs Rike til; den Gongen laag Norig med Have og høyrde til Vest-Europa. Harald Haarfagre kviler ved Karmsund nord i Buknafjorden enno; der fekk han i 1872 ein ny Bautastein med Innskrift paa danskt Maal. Naah! i Dag vil eg tenkje paa andre Ting ... -- For deg høyrest det vel utrulegt at me her paa denne fæle stygge Jæren hev Kunstmaalarar. Kvar Sùmar kjem dei. Færre og fleire. Ikkje berre Ungdomar som skal temja seg upp; nei, Folk av vaare beste; trur du meg ikkje kann eg døyve deg med eit Namn som Eilif Peterssen. Og det som er det utrulege: dei maalar ikkje berre Sjø og Strand. Æar og Bruir, Engir og Laavar, Bondegardar og alt som er vert Emne for Kunst; og læt seg brùka til Kunst, endaa det er fraa Jæren. Ja um eg skal vaage meg fram med alt: sjølve svarte Torvmyrane vert maala. Med Torv og alt. Nyskòri Torv, reist Torv, røykt Torv, stekkt Torv, alt er godt nok; alt er vent. Jamvel ei Dame av den fine Kiellands-Ætti held seg ikkje for god til aa gaa i Torvmyri og maale. Og Torvmyri vert Poesi, so svart ho er. Ven vert ho. Noko som er til aa sjaa paa og til aa hyggje seg i. Me Jærbuar gjeng og glor paa dette og skjek paa Hovudi; tru dei vert reint galne no? Men so er det so forunderlegt. Stundom er det som me mest ... ja. Me lyt vedkjennast, at baade Sjøen, og det um han gjeng stygg, og Æar: Fleirtal av Aa. Fotnote: Bennetter er seinare daain. SIDE: 141 Strandi, og det um det so er berre Drìvsanden, og sjølve Lyngheidi, ja tilmed Torvmyri, -- forsyne meg vert ikkje sjølve Torvmyri ven'e. Ja ein kjem opp-i mangt. Dæ sko nogen ha funne paa slikt for et Tju' Aar sian! -- Augo sviv att og fram og Tankane fylgjer; Minne vaknar all Stad. Der budde ho. Kva hadde det vorti av det, tru? Det var godt Blod. Bonde-Adel. Ein Dag hadde ho sagt: tak Garden din og ver Mann; ikkje vil eg vera Klokkarkòne. Um daa eg hadde havt so mykje Vìt? -- Der budde den alrafyrste. Ho hadde visst likso snart gift seg med ein Skulemeistar. God Ætt der med. Men av-veikna. Den gamle Bondebyrgskapen sovnande. Skal den vakne upp att nokon Gong? -- Ho døydde ung, ho med. Det gjeng mykje so. Amerika, Byen, Kyrkjegarden, det er dei vissaste Vegane for Ungdomen paa Jæren i desse Tidir. -- Der kjem Bùje. Buskapen. Ja-ja; det lid paa Kveldykti; Heimhugen vaknar. Raudsidute og raudflekkute, svartsidute og svarte, blaadròplute, graaskjengjute, kvite, alle kollute, ruslar dei her millom Tuvur og Stein. Fint Bùj. Det gamle Slage; kunde mest vera Garborgs-Buje fraa mi Tid. Og truverdigt er det. Søkjer heim i rett Tid. Veit kje av Sætrar eller Romantik; heime er best; i det gode gamle Fjose paa Undheim. Det raskar i seg eit Grand Etter-Non i Myri ovanum Stogo mi; sidan ber det ned i Kveldsbeite. Det gjeld aa brùka Tidi; Mjølki tek alt til aa sprengje paa. Sùmarfridomen fraa gamle Dagar er gløymd; Markine hev vorti inngjerde. Fyrr var her fritt og vidt; Buskap fann Grannebuskap, og der vart mykje Kjenskap. No er det Stengje og Steingjerde all Stad, so skrale dei er [fotnotemerke] ; og fraa Vaaren av er det Gjætarar. Kvar litin Buskap vert upplærd til aa halde seg i si eigi Mark. Og det lærer dei alle, og saknar ikkje Fridomen. Smalen, stakkar, som vyrder Gjerdi mykje mindre enn Kui gjer, lyt finne seg i Vilkaar som er verre: kvar Sau gjeng og hinkar med Hapt. Og daa kjem han ingin Stad Fotnote: Siden hev det vorti Staaltraadgjerde ovanpaa Steingjerdi. (Merknad 1909.) SIDE: 142 yvi. Utan han finn ein Stad der Gjerde er nedvelt; men den Staden finn han ikkje naar han skal attende att; og so vert det berre Møda. Mykje Møde hev Sauden au serskilt med desse Lombi. Dei er tankelause, desse Smaaingane, og flyg og fantar kvar som helst. Vil nok gjerne fylgje Mor-Jure. Men kjem rett som det er av Leid, daa visst so mykje at ei Mor kann bli uroleg. Og med Hapte sitt kann ikkje ho fylgje deim. Livsvilkaari vert hardare og hardare i denne matvise Tid, alt upp-i Fjelli og alt ned-til Smalen. Men sjaa der! Der flyg tvo Endar. Dei er frie enno. Ja for her er Fugl paa Jæren. Ikkje som fyrr; men her er daa Fugl. Der austpaa, der alt er so mykje meir framkomi, hev dei vel snart berre Kraaka att no; paa Jæren ligg me meir i Atterhand. Ei And, eller Aand som me her segjer, kann ein stundom sjaa; og ei Gaas eller tvo med, so paa ein Tamperdag. Hegre, Efugl, Lóm og ymis annan langfarande Fugl er til enno. Maakje er her nok av. Ryssagauken hev eg høyrt upp-i Skyine med sine hole Kneggje-Laatt stundom. Viba er her ikkje lite av; ho er braa og kvass som fyrr; ei streng Riddarfruve med si Fjør i Luva. Heluna (Heilôi) høyrer ein pipe enno paa ei Lyngtuve her og der. Ein og annan graabrun, smaafarande Heifugl og Myrfugl kann ein i det heile raake paa, um det no ikkje er ofte. Sùme Smaafuglar er au att: Lerka som stigande tirlar og syng, og Staren som skjemtar og skravlar. Men Jæren er i Framgang den med. Engelskmennar og By-Dagdrivarar hev tynt ned den meste Fuglen; og Kraaka stèl Egg og ét Fugleungar alt det ho vinn. Folk jamrar stundom. Men dei gjer ikkje meir. Kva skulde dei gjera? Gjeng dei til Stortinge fær dei ei Lov meir, eller nokre nye Embættsmennar. Skriv dei i Bladi, -- naa; det kann vel vera som ei Hjarteletting stundom. Glad er Kraaka. Ho røvar og stel og priser Nordmennane og Stortinge av Hjartans Grunn; hurra, hurra, hurra, segjer Kraaka. Og ho lìver godt. Ho vert feit og stor, og økslar seg og vert mangfeld paa Jordi. Kraaka Hapt (Haft, Hoft): Fotband, "Hilde". SIDE: 143 er det einaste Fugleslage som er i Framgang no; og stygg og stor-étande og praktisk som ho er høver ho utifraa til denne Tjuve- og Spekulant-Tid. Ho raar i Fugleheimen som Kapitalisten i Mannheimen. Kva skal ein segja? Folk er halvville enno; og mange Eldar det trengst for Sann, fyrr Troll og Dyr kann mykjast til Mann. Verdi skeivlar i Veg den. Og me fær vera norske her som elles og ikkje gjera noko fyrr det er for seint, -- veit eg? -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- II. Knudaheio 2. 6. 99. Du Steinar! Mangt er umskift. Men alt skifter. Og er sitt same likevel. Eg er au min same. Jærbu som fyrr, med alle mine Umflakkingar. Og Lande er sitt same. Med alle Umskiftingar. Det tyt um Novine som fyrr. Og d'er det, det skal gjera. Eg vert uroleg naar det er stilt. Sìt og og lyder og undrast: kva er no tids? Men so er det kje lengi, so blæs det att. Og dermed er eg trygg og heime. I Fyrstningi var det annarleis. Vinden svævde meg; eg kunde sitja og prikke med denne Pennen og visste av ingin Ting; so skvatt eg upp av ein Smikk: der laag Pennen i Golve. Eg hadde sovi. Men no er eg meg sjølv att. Det er ikkje stilt aat meg naar det ikkje blæs. Ja i Morgonstundi, som no daa eg gjeng og steller, med Kaffi og slikt, daa kann det vera stilt so mykje det vil; og like eins um Kvelden naar eg skal sova. Men skal ein arbeide maa det blaase eit Grand. Det er tryggare daa. Naar det blæs høyrer ein liksom at Vaarherre er vakin. tids: paa Ferd. SIDE: 144 Ja; no kjenner eg meg att. Her er eg fødd og her er eg bòrin. Kannhende var eg inntekin ei Natt. Men det hev vori berre den Natti. Den friske Torvlukti ligg yvi Lande som fyrr, mengd med Lyngdaam og Sjødaam. Det er utrulegt at Sjukdom og tunge Tankar skal hava Magt her. Denne ljose sterke Blaadagen skulde kunna drive Fenden. Og so gjeng Folk og døyr av Tæring og vert galne av Hel-Rædsle. D'er Uraad slikt. Eg trur ikkje paa det. Att og fram millom Koven og Kjøken driv eg med mitt Morgonstell; er burtmed Vindaugo stundom og drikk Luft, Luft som minner um kvit Vin; eller eg skvett burt-um Borde og skriv litegrand; aa, um ein kunde binde slik ei Morgonstund med Bokstavar. Her er so lett og fint; her er so lysande blaatt; eg skulde hoppe paa Rim, eg skulde danse paa Vers; ja som hin Hauge-tekne Stavangerskomakaren fraa mi Barndoms Tid skulde eg "jubla, jubla"! Lande ned-yvi ligg brunt og ungt, ringa inne av Sjø og ljose Fjell; ei Viba krysser og Lerka kved; ikkje sitja inne i Dag; ut med deg, Farr! All Ting lìver og trivst. All Stad grønkar Aaker og Voll; det glitrar og blinkar fraa Æar og Vòtn; Garborgs- Aasen solkar seg god og trygg; ut, ut; ut og heim! I Dag vil eg til Garborg. Seinkvelds. -- -- Det er Natti, men Dag likevel. Eg er trøytt men kann ikkje sova. Lat meg rable ihop noko um det som eg tenkte og saag. Av Stad bar det i mjuk Luft og vaknande Vind; og Soli steig og det vermdest. Smaatt um Senn somnar Vinden av att. Eg latnar og roast og tek det i Mak. Smaatt, smaatt! Godt godt -- kann det vera paa Jæren paa ein Soldag. Og sjølve Heimen er det no som breider seg ut fram fyri meg. Ned um Tunheim og Tjensvoll ber det. So ut Tjensvollbakken. Og yvi Tjensvollbekken og upp-i Risabakken -- vaar, var. Rett sud av Heimegarden ligg han, med SIDE: 145 sitt Lauvgjerde nedst av Hatle-Runnar og Osp. Prydt seg hev han i Dag med sin venaste Blom: lìt-linn, fløyelsfin Kusomar; han hev visst at det kom langframande. Aalvor sig paa meg. Stilt gjeng eg millom Runnar og hjartevene Blomar og lette, bivrande Ospekronur og kjenner meg att, kjenner meg att. Er for kvart Stìg meir heime. Her var det gildt daa me var smaae aa hente Blomar og Bær. Og um Vaaren naar me skar Pors. Og sidan, naar eg var med og slo um Sùmaren. Dette fine sterke Vallhøye som daama so godt og friskt, -- aa, som eg minnest det. Inn-yvi, paa høgre Handi, hev eg "Grò-vene", der me stundom skar Torv; og so Fóren; og burtan- og ovanum den Garborg, som breider seg so inderleg ven og grøn med Engir og Tre ned-yvi mot Sud og Sol fraa den trygge breide Aasen. Berre det var Skog ut-yvi desse svarte Træo! Denne kryddefriske Daamen av Utslaatte-Voll gjev meg Hùg paa Gardsarbeid att. Gjev eg hadde ein Ljaa. Tenk, den som kunde vera med og slaa i Sùmar! Og vera med i Høye paa knakande Høyvêrsdagar! Eg hugsar so vel den Tidi eg var med. Det vert med ein Gong so stutt sidan. Det maa ha vori ifjor. Eg finn meg ein Stein attunder ein Hatlerunne upp i Bakken millom Mikkjelsbèrstuvur og Hønsebèrblom og sèt meg. No sìt eg paa Fedra Grunn. Rett fram fyri meg ligg Fedraheimen. Det maa ha vori ifjor. Eg kann ikkje ha vori lengi burte. Eg hugsar so vel all Ting. Det er so det lìvnar og vaknar kvar eg skygner. Slaatten var strid. Det var upp Klokka tri um Morgonen, med' Doggi var god; og so slaa so lengi det beit nokorlunde. Til Klokka tie og so. Daa var det "Matti" (Mat-Tid); og so kvilde me. Og so ut att. Var det Høy-Vêr, so gjekk det paa Spreng. Men so var det og Sùmar. Rett Sùmar hev eg ikkje havt sidan. Utan i Kolbotnen. D'er Helvite og ingin Sùmar aa liggje og sveite og halv-svimre og slaast med Flugur og My som me gjer i Byen. Træo: plur. av træ(d)e, n.: Bu-Veg aat Utmarkì. (Gjeng her gjenom rett lange og breide Lyngmarkteigar.) SIDE: 146 Ja Slaatten var gild, so strid han var. Fyrst slo me Vodlabròde og Kvednhusmyri So Risabakkjen og Fóren. Fóren var den seigaste; han var so stor. I turre Sùmrar gjekk det godt; han var lett aa slaa um han var noko tuvut. Men i vaate Aar var det vrangt. Myrblautt og ufysi var det all Stad; og Flaumar gjekk; den eine etter den andre. Daa laag Garborgs-Fórane som ein Sjø; og Høye flaut av, eller vart utbløytt og utskjemt. Og Sand og Grus dreiv inn-yvi Slaattune all Stad. No er dei aat og grev beinare og djupare Rennur aat alt dette Vatne som kjem rennande fraa Bakkane i Sud og Aust, og som dei gamle smaae Fórane ikkje alltid greidde; naar det er gjort vert desse vide fine Fór-Slettune ned-under Garborgaasen noko med det beste Dyrkningslande paa Jæren. [fotnotemerke] Fraa Fóren glid Augo mine upp-etter Aasen med dei vene grøne "Hagane" og Aakrane i Sud og Aust, og Berghelleren op "Pigjen" øvst uppe. Midveges paa Lag, tett attunder Aashøgdi, og med den til Líve mot Hav- Vindane fraa Vest og Nordvest, ligg Garborgshusi. Det er fem i alt. Næst inn-aat Aasen, vestanum Vegen, ligg det som i mi Tid var Husi ( ): Huset) aat Smeden, "Huso hans Sven"; dei var dei største paa Garborg. Og dei gildaste. Dei var raudmaala og med høg kvitkalka Kjellarmur paa Nedsida; Tóka hadde brotne Gavlar i Nord og Sud, og var tekt med fin blaa Hellestein. No er Huse kvitmaala og hev fengi Tak utan Gavlbròt og med vanleg Takstein, so det er snaudt eg kjenner det att. Den store Smia som laag ovanfor Heimehuse og den store Aplahagen stend enno; men "Smeden paa Garborg" er vel ikkje stort anna no enn ei halvgløymd Segn; alt Handverk hev flutt til Jønnvegsgardane. Nordanfor "han Sven" og Aplahagen hans laag "Kyssebærhagen" vaar og tett nordanum den att dei gamle Husi hans Ola, eller i mi Tid hans Tønes. Han Gamle- Bròd (Bròt): brat Bakke. -- Líve: Ly. -- Tønnes = Antonius. -- Kyssebær: Kirsebær. Fotnote: Fórane er uppdyrka no. Storfin Eng og Aaker. (Merknad 1909.) SIDE: 147 Ola lìvde elles eit godt Stykke upp i mi Tid; eg hugsar soleis at han pota dei tvo Aplane i den vesle Hagen utanfor Vindaugo vaare; han var av dei gode gamle, han Ola, og kunde mangt. Noko lenger ut ifraa Aasen hadde me Husi hans Aasmund, like eins gamle; dei vart sidan rìvne, og nye uppsette lenger nede og aust. Rett sud av desse laag Husi hans Andriss. Vaare gamle Hus laag i Kirsebærhagen, millom Tønes og Aasmund i Nord og Sven og Andriss i Sud; men han Far, som søkte betre Líve, bygde noko lenger nede og sud, austanum Vegen, rett imot Husi hans Sven; der er det at eg er fødd og uppvaksin. Men det var Husi hans Tønes eg mest kom til aa tenkje paa der eg sat. Ein Sukk arbeidde seg fram; Husi hans Tønes, dei siste av dei gamle Heimehusi paa Garborg, var ikkje til lenger. Staselege var dei ikkje, desse gamle Husi, etter Maaten no. Men etter den gamle Maaten var dei millom dei gildaste. Og dei huglegaste og heimslegaste Husi var dei paa Garborg i mi Tid. Eg trur au, naar eg skal segja sant, at ymist av den Byggjemaaten som i deira Tid var i Brùk, kjem upp att, naar Folk hev freista det nye so lengi at dei ser kva som der vantar. Lat meg skrive upp det eg hugsar um denne gamle Byggjemaaten! Du spring berre yvi det, du [fotnotemerke] . Huse var laagt, og torvtekt; dermed fekk ikkje Vinden noko Tak. Og det hev mykje paa seg paa Jæren. Bordklædningi var reist og Vindaugo smaae, med Rutune innsette i Blyraamur. Grunnmuren naadde so vidt upp-yvi Jordskorpa at Huse stod turt. Ei Stogu med Kove og dertil Gang ("Entrée") og Kjøk laut ofte greide seg; hjaa Gardfolk kom gjerne "Buo" til. Denne hev vel fraa fyrsto vori eit Bur for seg sjølv, men hev vorti flutt inn-aat Stogo og fest saman med den, paa Nordenden helst, til Lívd mot Vinden. Difor var det vel Fotnote: Denne Byggjemaaten er i Grunndragi svært lik Byggjemaaten paa Færøyane, segjer Hulda. (Merknad 1904.) SIDE: 148 au at me sette Heimehuse i Fleirtal ("Huso" ): Husi). Bui vart for det fyrste verande Bu: Gøymestad for gjæve Eignir, Klæde og dilikt; dertil vart ho Storstogu, Gjestestogu, naar det "kom Fremmane" som ein vilde gjera Ære paa. Gang og Kjøk vart liggjande imillom Stogo og Bui; Kjøken inst. Inngangsdøri var paa Vestsida; denne var livd mot Regn og Storm med eit Utskot ("Byslag"). Paa baae Hus-Endane, eller daa visst paa den eine (paa den andre var ofte Løo bygd til), var det smaae Tilbygningar, "Skudar", som naadde upp i Høgd med Stogu- Veggen og hadde Skaatak paa tvert; dei tok au godt av for Vinden. Var det tvo Skutar, brùka dei den paa Nord- Enden til Torv-Skut; den paa Sudenden vart samanbygd med Huse til Stogu-Kammers; svara for Bu òg, naar so maatte vera. Inne i Stogo var Vindaugo paa den vestre Langveggen; Folk vilde snu aat Sjøen um dei so ikkje kunde sjaa 'n dessmeir, som her paa Garborg. Ved den inste Tverveggen stod Langborde, med Høgset-Enden inn-imot Langveggen paa Vindaug-Sida; veggfaste Benkir var det paa baade Langvegg og Tvervegg; øvst paa Langveggbenken var Høgsæte. Borde naadde til um Lag midt paa Tverveggen; der var Dør inn til "Kammerse". Innan-um denne Døri, ved Indreveggen, stod Umhengs-Sengi vyrdsleg og breid; ned-ved Sengjefoten, millom den og Kove-Døri, stod "Klokk'huse". Kraai attanum Omnen var tilstellt aat dei gamle; Seng- Rome deira var gjerne innbygt i Veggen der. Omnen som var av Malm, einhøg og svær, var innfest i sjølve Muren og hadde Ilegg utanfraa. Uppi Rote (Lofte) noko framanum Omnen var Strytehole, der Stryta med Kòla (Tran-Lampa) vart upphengd um Vinterkveldane; der samla daa Husfolke seg. Rokkane gjekk; Mannfolki med Knivar og Sylar stelte med sitt; einkvan fraa Garden kom gjerne inn-um; Skreddar eller Skomakar kunde vera i Huse, eller Skulen stundom; det kunde koma eit Bygdemenneskje òg. Daa hadde Huse sine beste Samtalestundir; og dei gav meir Hyggje og svara for:"gjøre Tjeneste som". SIDE: 149 ofte meir Lærdom enn Kveldane no, daa Mannen heng yvi eit Blad, og Borni sìt og stirer i kvar-si Bok, og alle tegjer og Lampa oser. Strytehòle var og i dei gamle Stogune ein ikkje so galin Luftingsglugg. Enno stend det her og der att Hus av desse gamle; men dei minkar smaatt um Senn. Umskifte kom med Pannesteinen. Husi auka paa Høgdi daa; det vart meir Lofts-rom, og meir Kjellar-rom med. Billegare Glas hev etterkvart gjort Vindaugo større. Alt dette er godt. Mindre hev det auka med Hushyggja. Mest alt Byggjefang hev dyrna; dermed vert det Rome ein lyt spara paa. Stogo og Bui minkar, helst Bui; og Gang og Kjøk vert trengre etterkvart. Det vert daa meir innknìpi og mindre huglegt i Huse. Dertil vert det kaldare um Vinteren og mindre svalt um Sùmaren med desse Panne- Tòkune, som gjerne vil braake stridt mykje au i all den Vinden. At Huse jamvel stundom hev vorti "bordklædde" med Pannestein, det er noko som vel snart vert avlagt. No i det siste tek Bygningsskikken til aa skifte paa nytt Lag. Det er vel fraa "Bystykki" dei laaner Mynsteri no. Husi vert høgare, med serskilt hegreiste Pannesteins Tòkur; Skutane kjem burt, og der dei fyrr lìvde vert Glas innsette. Dette, og so den smaae Timbra dei brùkar, gjer Husi mindre varme. Med mindre Rom, og Romi meir Vegg i Vegg -- Gang og Kjøk midt i Huse kjem burt -- , vert Husi au meir trogbølte. Det hjelper noko at det er mindre Inne-Arbeid no, og at Born og Ungdom sìt meir bundne med Lesnaden sin, og soleis held seg rolegare. Men endaa kann den Tidi koma, daa Folk ser seg Bate i aa lære av dei gamle att. Desse nye Husi vert utette og dragfulle og lite vinter-varme; og det vil gaa som det gjeng so tidt: det gamle vel-røynde Grunnlage vert teki upp-att og lempa til Rettes etter dei nye Kravi som er komne upp; og daa fyrst fær me det som trengst: ein ny Heim paa den gamle Grunnen. Daa kann dei koma til aa hugse paa Husi hans gamle Ola Garborg au. ikkje so galin: "ikke saa ueffen". -- líva: gjeva Líve (Ly) SIDE: 150 Morgonen etter. -- Eg gav meg i Veg nord yvi Fóren; den gamle Heimvegen drog. Til Garborg bar det. Eg kjende kvar Tuve, eg kjende kvart Straa, fraa "Gròvene" til den vesle Aai ("Fóren") heim-under Aasbròte. Snart stod eg paa den gamle Hellebrui, der eg hev lagt etter meg so mangt eit Stìg, og køyrt so mangt eit drjugt Høy-Lass. Vatne i Aai tirde og blenkte, klaart som fyrr; og ei Aure-Kjøe skvatt fram og minnte meg um det rike Smaafisk-Live her i gamle Dagar. I det heile var der Minningar kvar eg snudde meg. Nedan-um Brui var den vesle Hýlen, der eg mest bleiv ein Gong; ovan-um den er den vestra Auno, og lenger aust Kollehagen og Aunahagen der eg i noko meir tilkomne Aar gjekk og rudde Engi saman med "Veslemøy" og av henne vart førd inn i Huldreheimen. Der er den Staden, og der er den; der hende det den Gongen, og der det den Gongen ... Men di meir eg minntest og minntest, di meir var det som det kolna ikring meg. Det vakna Augo som saag paa meg. Framandslegt, underlegt saag dei paa meg; er det du? spurde dei. Er du til -- enno? Smaatt og stilt ruslar eg upp den gamle Høyvegen vaar. Ser paa Raunane fram-etter Gjerdi; dei gamle hev eldst. Sùme er burtkomne. Men Friske og tankelause skyt nye seg fram. Eg kjenner ikkje deim; og dei bryr seg ikkje um meg. Men dei lange høge Steingjerdi som stend her og gjæter og stengjer og grensar av som dei alltid hev gjort, dei kjenner meg att. Og eg kjenner deim; snart sagt kvar Stein i deim er meg eit Minne. Og Hjulfari i Vegen, og det høge Gjerde mot Auni hans Sven, og Mosen paa Steinane og Straai der eg skal traa, alt er kjent; alt kjem so innpaa meg. Stend og ser paa meg. Tek liksom til aa skýna meg. Stakkars Krok; vann du so mykje der ute som du tenkte? -- spýrr dei. Og stirer, stirer paa meg. -- No er eg heime. No er eg der eg er ifraa. Denne Hýl: "dyb Kulp i en Elv". -- blíva: drukne. -- Aun (Audn): "ubeboet Plads; Rydning". -- tilkomin: ikkje so reint ung (litin) lenger. SIDE: 151 Jordi hev født meg og ali meg. Kva skulde eg ut etter? Her ligg Garden min. Som han laag daa eg var her sist. Noko i Ustand, noko ned-rìvin; Løo stend der med Utbygningar og Tilbygningar som liksom ikkje er fullt ferduge; Tune ligg som det laag, halvt i Røys; han som bygde her hev slutta for snart; og eg var Skuld i at han slutta. Men ... naaja. Skuld. Kva nyttar det aa tala um Skuld. Det er som det er no. Forunderlegt, fæslegt, som Arbeide reint er liksom falli ut av Hendane hans Far, desse sterke, knokute Hendane. Han saag Garden glide ut or Ætti, og so vann han ikkje meir. Kor han av alt sitt Hjarta hev bannlyst denne Tidi som kom og døyvde Ættetanken og braut Samanhenge og øydde Grunnlage for Heimelive vaart. Eg stanar; stend og stirer; liver liksom upp-att Vonløysa hans. Ættetanken er slokna. Det som var av Adel i oss døyr; no er det berre Kaupmanns-Tid og Næringsdriving. Sogudaamen, Skaldskapen yvi Bondelive, Adelen hjaa Odelsmannen, er burte. Odelsmennane gjev Herredomen fraa seg. Dei vert Skulemeistrar, Klokkarar, Embættsfolk, Tenarar og Tenars Tenarar; me hev mist Magti til aa halde oss sjølve uppe. Ei Modløyse av eit serskilt Slag kom yvi meg; det var hans Modløyse. -- Eg orkar ikkje gaa inn paa Garborg nett no. Eg bøygjer av burt-um Løu-Borgi hans Sven, denne svære Løu-Borgi som dei i mi Tid trudde Garden hadde fengi Namne Garborg etter, men som ikkje ser fullt so staut ut no, og kjem inn paa Aalmannvegen burtved det gamle Eplehuse. Den fylgjer eg ned-yvi, med eit gamalt Steingjerde paa kvar Side av meg. Det paa Øvresida er elles ikkje Gjerde; det er ein Mur innbygd i Bakken; Grasvollen ovanfyri ligg høgare enn Muren. So kjem den lange Heime-Aakeren hans Sven; og so ber det i bratt Bakke upp mot Helleren: klaare blaae Berge som sting seg fram igjenom Jordskorpa. Ovanfor den kjem Aasen hans Sven med ymist Berg, og nordanfor den Aasen hans Tønes med "Pigjen". Der var det at me "brende Jønsog" Borg: høg Steinmur. -- Eplehus: lite Jordhus til aa hava Jordeple i. SIDE: 152 fyrr. Og der hev alltid vori ein Leikestad for Ungdomen, Mykje gild Leik hev gjengi der; men det siste eg minnest kom det inn ymist som knapt var godt. Som daa dei gav seg til aa "velte seg" der uppe, rulle seg Par um Par ned yvi den bratte Aasbakken. Me Ungane stod og saag paa; eg hugsar eg undrast paa den Leiken. Det var ein Skomakar som hadde funni paa dette, ein fin, gild ein som hadde vori i Byen og lært, og no gjekk dyffelsklædd og med Øyreringar og tala fint; "jog" for jau, sa han, og "holla Kjeft" for halda Kjept, og "bygga" for byggja, "Nabu" for Granne, "Sort" for Slag; "eg anteg'e" for eg held fyre; "beløba seg til"; "behøva"; "huska" for hugsa; "høra"; "tjena" for tena ; "spisa"; "ønska"; "se" for sjaa o. m. sl.; han tala halvt-um-halvt Gudsord. So trudde daa Folk denne Skomakaren godt, og var glade med at han fylgde Ungdomen. Huff; huttetu. Dette stakkars Folke. Eit Par Ungdomar møtest eg med; segjer Goddag; kjenner deim ikkje. Og endaa høyrer dei Garden til. Det ser eg; for dei gjeng kvardagsklædde. Naa. Que faire, que dire? Me er framande paa Heimegardane vaare no, me Odelsmennane i Norig. Der tek Maulandsvegen av. Lat meg freista den. Underlegt aa vera so godt kjend og framand samstundes. Upp-under Helleren der uppe hadde me Borni "Stove"; Murane er vel fallne no. Der ut i Træe er den store Steinen. Og der utanfyri er dei Steindungane som vel ein Gong hev vori Gravhaugar. Her paa denne Vegen var det at den graae Fylja vaar stokk; eg stod i Kjerra og køyrde; ramla ut og slo meg i Svime paa denne harde Aurvegen; vakna og var like kry. Me er eit sterkt Folk; i Romanane slær Folk seg ihel i slike Tilfelle. Her er gamle Vodd'l. Det var vel helst aat meg at han Far dyrka upp den; men det visste eg ikkje; eg var rædd og rømde for "Skaudane". Den gamle Kvedna-vegin vaar tek av her; eg gjeng ut den. Que faire, que dire: kva skal ein gjera eller segja. -- Stove: Stogur. -- stokk, av støkke: skvette, "løbe ud". -- Vodd'l: Vollen. -- Skaudane: (Barnemaal for) Skòti (Mineskòt). SIDE: 153 Ut paa Vodlabròde finn eg ein Stein og sèt meg. Av heile Vodd'l var dette Bròte det einaste som ikkje vart uppdyrka; det var nok Kristindomen som kom i Vegen. Her vaks mest ikkje anna enn Jonsok-Blom. Men endaa slo me Vodlabròde. Nedanfyri er Kvernhusmyri. Eller Kvedn'ushajen. Der laag Kvernhuse med sine tvo Kvernar, og Tùrkhuse. Eg var med der og turka og mól, til dess eg greidde desse Arbeidi aaleine. Mange rare Draumar laga seg i Smaagut-Hausen der nede, naar Susen og Surren gjekk av Kvednavatn og Kvednar og Tùsso og Tùssehjule; ein Gong eg laag her og turka, laga eg eit langt Dikt um Arabia. Dette Arabia var visst Fedraland for meg daa; eg kjende det fraa Bøkar. Sogo um Jakob og Sønine hans var vel den fyrste Romanen min. Dertil hadde eg fengi Tak paa eit Utval av Sogune i Tusund og ei Natt; det laag eg og las i her i Turkhuse. Tusund og ei Natt i Kvernhusmyri! -- No er det berre so vidt ein ser kvar Kvednhuso hev stadi. Utanfor Kvernhusmyri er Marki hans Andriss; der er au Kverni hans. Lenger nede, i "Maulandshagen" vaar, er Kvernane hans Tønes og Aasmund. No skulde Kvernar og Kvernhus vera fredelege Ting, der i det høgste ein Nykk eller ein Fossekall kunde valde Uro ender og daa. Men i mi Tid spøkte det Sakførarar her ut-ikring Kvernadammane. Me hadde Sak paa Garborg um eit halvt Kvernavatn i seks Aar. Mest heile Garden var med; Tønes, Aasmund og Far paa den eine Sida, Andriss aaleine paa den andre. Det var Møte etter Møte. Paa Tingi og heime; eit Par av desse Møti, med Vidneførsle og Sverjing, hugsar eg. Det galdt um ein Kverndam. Eller rettare um den Aa-Stemmen som førde Vatne inn i Dammen. Stemmen hadde stadi der han stod i minnelaus Tid. Og hadde vori bøtt naar det turvtest. No hadde det turvst paa nytt; og so hadde dei bøtt han. Men han Andriss, som hadde sin Stem og Dam nedanfyri, han fann at Grannane hadde bøtt Stemmen for godt. So at no fekk han mindre Kvednavatn Kvedn: Kvern. -- mól: malede (Mel). -- Tùssa: Turkegreide. -- Stem: "Dæmning". SIDE: 154 enn han fyrr hadde havt. Men dette var i Strid med 5 -- 11 -- 7 i Lovi, meinte'n Andriss. Og so stemnde han Grannane. Desse meinte at dei berre hadde nytta gamall Rett. Stemmen hadde vori um Lag som no alltid, og heller høgare. Naar han Andriss ikkje kunde mala so lengi som fyrr, so kom det av at han ikkje heldt sin eigin Stem i Stand skikkeleg. Vitne hadde dei paa baae Sidur. Litande, ærlege Folk. Dei som han Andriss kom med vitna imot oss; og dei som me kom med vitna imot han Andriss. Det drog ut og drog ut. Saki vart utsett og utsett; Sakførarar skifte. Leide Sogur og Drøsur gjekk; Mistruir og Mistankar kom upp; Grannelive paa Garden vart skjemt og skipla. Domen, som kom i 1859, gjekk ut paa, at Tønes og Aasmund og Far hadde bøtt Stemmen vel godt, og at dei no skulde gjera eit Hol i Botnen paa'n. Dertil skulde dei bøte 60 Dalar til 'n Andriss; denne skulde likevel hjelpe til med Arbeide paa Stem-Gluggen. No er der ingin som mèl paa Garborg lenger. Og heile den store Saki um det halve Kvednavatne er i Riksarkive. Rett som det er sìt eg og sturer yvi det at Vollen her, med Kvernhushagen og alt, er fraaskild Heimegarden. So at denne no ikkje er stort meir enn Helvti so stor som fyrr. Kva skulde det skilja meg, som ikkje hev noko med Garden aa gjera lenger? Men eg fær det ikkje fraa meg. Eg duger visst ikkje til aa vera aaleine i Dag. Heller til Gards att og sjaa aa finne Kjenningar! Av alle fem Garborgspartane er berre Garden hans Tønes i Ætti enno. Og av dei halvhundrad Menneskje som livde paa Garborg i mine Dagar -- eg kann visst trygt rekne tie Menneskje i kvart Hus jamt -- er der berre tvo att. Det er han Sven Tøneson og Syster hans, ho Anna. Det er for sterkt Blodskifte, dette. For mykje Sjukdom og Armodsdom hev det vori paa Jæren i denne Mannsalderen. SIDE: 155 Men det kjem seg att no. Me skal nok vinne oss upp att. Eg skundar meg gjenom Garden; vil innum hjaa Sven Tøneson fyrst; der er eg vel minst ukjend. Husi "mine" stend som dei stod; men i Hagen ser eg berre ein av dei tvo Aplane fraa mi Tid. Med Hagen hans Sven er det endaa verre; dei mange vene Aplane som der stod og blømde og bar so rikt kvart Aar, dei er burte alle. Like til den gilde "Glaseple"-Apalen som narra meg til aa stela so ender og Gong. Minst kjenner eg meg att nord-hjaa han Tønes. Det høge nye Huse, som hev vendt seg austyvi, i Staden for at det gamle vende vestyvi, snur allting rundt for meg. Eg maa snu meg sjølv rundt, og glo att og fram, fyrr eg finn mine gamle Innsiglings-Merke. Men Eigaren, han Unge-Sven, kjenner eg att. Han er sin same, med alle dei Aari han hev lagt paa seg. Paa sin greide godslege Maate tek han imot meg som me skulde ha funnest igaar sist. Og eg er heime i dei nye Husi mest med same. Mykje hjelpte det i so Maate, at eg inne i Stogo fann att den gamle "Omnen hans Tønes"; den var meg reint som ei Barndoms-Helsing. Ikkje var det gali alt det som nytt var heller. Um Husi hadde snutt seg, so hadde dei snutt seg rett: dei hadde fengi Utsyn, og det ei ven Utsyn. Ikkje burt-i eit gamalt Steingjerde saag me no; me saag til Fjells; der eg endaa fekk augnefest Stogo mi eigjo. Framfyri oss laag den høge vene Mossìge-Garden, der Husi hans gamle Ingjebrett Mossige lyste kvite og gilde midt i Bakken med si lange blanke Vindaug-Rad. Me kom i Drøs um gamalt og nytt. Mangt og mykje fekk eg Greide paa som var umskift etter mi Tid; og eg freista aa finne meg til rettes i alt som var nytt, um det no ikkje var etter mitt Hovud alltid. Sidan rusla han Sven og eg ned-til han Aadne 'ans Eivind skulde vori, eller til dei Husi som nok hev vori bygde aat meg fraa fyrste Tid. So sìt eg daa der paa mi gamle Tuve. Eit og anna er nytt for meg her med. Soleis Stogu- SIDE: 156 Omnen; den kjenner eg ikkje att. Men snart finn eg fram det eg kjenner, og læt daa det andre vera for det det er. Snart er eg so heime som ein kann vera i ein burtkomin Barneheim. Heilt kjenner ein seg vel aldri att, naar det er so lengi imillom. Ja i Grunnen vil alt hava skift. For meg var serleg alt so uventande mykje mindre. Men so var det no det same likevel. Det er berre ein sjølv som hev vorti annarleis. Der framanfor Omnen sat han Farfar fyrr, og saug paa ei Krittpipe som der sjeldan var noko i; der var det au at eg lærde lesa. Burtved Benken, attunder Vindauga, laag eg sidan paa Kne og høyrde alle dei lange Bønine. Ved det andre Vindauga, burtimot Bokhylla, stod han Far um Sundagen og las Tekstane. Og her, inn-imot Sengi, stod Vogga der den minste sov. Attmed den sat ho Mor i Ryggstolen sin og høyrde Preika. Men att-um henne, paa ein Skammel eller mindre Stol, sat ho Stine, Syster mi, og sov, so eg missunte henne hjarteleg. Aa; heile Barndomslive mitt kunde eg lìva upp-att her. Kona i Huse, ho Anna, kjenner eg fraa Barne-Aari; ho er greid og beintfram som ho fyrr var, og minner meg um so mykje gildt og gamalt. Mannen i Huse er ein Skulekjenning; han var fraa Grannekrinsen; eg hugsar 'n godt. Det er ein stillfarande, roleg Mann, og han skal ikkje vera sterk [fotnotemerke] ; men klok og greid er han, og me kjem godt til Lags. Og her er alt ein ny Ungdom i Uppvokstr. Eg tykkjest snart vera kjend med den au. Endaa det er den som mest minner meg um, at eg no berre er "Fremmane", -- ein Ferdakar paa Gjesting i Heimehuse sitt. Me sìt og røder, um gamle Dagar og um nyare. Meir og meir kjem eg som i Draum; det vil ikkje rett hange ihop for meg dette. Minne vaknar for meg i Krok og Kraa, ved Vegg og Stokk og paa kvar den Tìle Fjøl; gjekk eg ut i Kammerse der, fann eg visst den gamle raudmaala Sengi mi enno. Og paa dei pappdragne Veggine i det vesle Kammerse hans Farfar fann eg vel au dei Salmane eg der skreiv upp, og som eg meinte skulde Fotnote: Døydde i Vaar. (Merknad 1904.) SIDE: 157 gjera meg til ein ny Kingo. Men dette at her hev vorti so smaatt ... Var her ikkje større? Heile min lange underlege Barndom, med dei mange Paafund og endelause Draumar, um Kongerike og Keisardøme og Klokkarpostar og Pavekronur og Diktarkransar og Lyktemannsljos og alt som utrulegt var, -- kunde den faa Rom her? Og det godt Rom, ikkje rettare eg hugsar? Ja Verdi er forunderleg. -- Dei bad meg ut i Buo, der Kaffi og Mat var sett fram. Buo maa vera større, tenkjer eg, og ser meg ikring daa eg kjem der ut. Den er endaa mindre. Mykje mindre. Kann det hange rett ihop. Det er meir ukjennelegt au her enn inne. Skatoli til Far og Mor og Farbror er burte, og Kistur og ein Kommode er komne i Staden; paa Veggine er ukjende Bilæte; og Golve er so urimeleg trongt. Men daa eg fær sett meg til Rettes og er komin i Lag, so vert det no den gamla Buo likevel daa. Og der ut-i det vesle Bua-Kammerse, der var det han Farfar laag Lik. Men her inne stod han Farbror ved Hyvlabenken og arbeidde Kista. Den andre Kista ... den arbeide han vel au her. Og mi; kor lengi kann det vara fyrr han lyt til med den -- naah. Meir og meir kjem eg inn i alt dette som er mitt; og denne uvedkomande framande Byfyren med det rare Namne og alt hans Papper og Blekk, han glid unna for meg som ein Skugge. Som eit Bilæte; noko som høyrer heime millom dei andre Barnedraumane. Han Aadne 'ans Eivind er det som sìt her og fær seg Mat, og snakkar med 'enna Anna 'ans Tønes og 'an Jens Lende ... Og likevel er eg ein framand som høyrer og segjer nokre velmeinte Ord og dermed maa ut att. Dette "heime", er det til Slutt anna enn ein Draum? Og denne "eg sjølv", er det han Aadne 'ans Eivind med hans Barnedraumar, eller er det den andre med hans Papper og Blekk? -- -- So kom den Stundi daa eg laut takke for i Dag og segja nytt Farvel til Barneheimen. SIDE: 158 III. Knudaheio 10. 9. 1900. Du Steinar! Eg kjem nordantil denne Gongen. Fraa Kolbotnen gjenom Foldalen yvi Dovre og Lesja til Romsdalen, og derifraa til Sogn; og so sør-yvi. Det var ei Herreferd. Di meir ein ser av dette Lande, di kautare vert ein for ein kann kalle det sitt. Eg veit ikkje kva som er gildast: det byrge, breide, stormegtige Upplande aust og nord, eller det urolege, mangeleis skiftande Vestlande: stundom trongt, krapt, villt, og so braafagert, draumvent, stigande av Hav i den høge Luft som eit blaatt, forvillande Æventyr. Og all Stad er der noko nytt. Alltid er der noko du aldri hev sétt fyrr. Nordvestlande saag eg fyrste Gongen no; det daara meg stundom reint. Draumtryllt stana eg meir enn ein Stad: her var Bustad og Borg for ein norsk Konge! -- -- No skal eg Landvegen aust-yvi att. Kor langt det no vert. Eg freistar Vegar og Framkjømdir, ser du, vil sjaa um eg kann faa det stuttare millom Gardane mine enn det er. Og serleg um eg kann koma undan Turisten. Men Norig er endelaust kvar ein kjem. Og meir og meir turist-éti. I Gaarmorgo vakna eg i Stavanger. Mitt gamle Jerusalem. Med Temple; og med Valberg-Taarne til Sion; og med Breiavatne, som visst til sine Tidir var Betesda Dam. Og med mykje rart som ikkje var fraa Bibelen, som Kongsgaard, og Kongsgaardhagen, og Torjo, og Habnen med Baatar og Skip, og Thesen, og Skansen, og Østervaag, og Kjeringholmen, og Jorineholmen, og Spisskortero, og tri Bokhandlarar, og han Hans Bø, og alt som gildt var. Eg vart elles leid av Stavanger paa Resten, og drøymde um det som gildare var: Christiania. Med Ch. Sjaa Christiania og døy, knurra det i meg, um eg aldri so lite trudde at eg skulde faa sjaa Kristiania. No hev eg sétt Torjo: Torge. -- Thesen: kjend Kaupmann i mi Tid. -- Hans Bø: Kjenning og Skylding; der "loserte" me, naar me var i Byen. SIDE: 159 det. Men eg døydde ikkje. Vart berre etterkvart meir leid av Kristiania enn eg nokon Gong hadde vori av Stavanger. So no kunde det høve seg rett godt aa sjaa Stavanger att. Byen hev grunnlagt seg sjølv, veit du. Paa Olav Kyrre si Tid var han komin so langt at han vert nemnd; og Sigurd Jorsalfar gjorde han til Bispestol og bygde Domkyrkja. I Dansketidi bar det ned-yvi med Stavanger som med alt; etter ei Folketeljing 1664 skal Byen daa ha havt berre 373 Borgarar. Denne Nedgangen vart sidan nytta til Bate for Kristianssand, det daudfødde Barne hans Kristian IV; baade Bisp og Stiftamtmann og Latinskule vart flutte dit; og noko etter vart sjølve "Stavangers Kjøbstadsprivilegier" "allernaadigst ophævede"; fraa 1686 av skulde den fyrre Bispestaden vera "Ladested". Dette siste viste seg snart aa vera so oldenborgaruklokt, at det 4 Aar etter allernaadigst vart gjort um att; men knappe Vilkaar var det Stavanger fekk no. Og Armodi voks. Fiskje minka av, og daa like eins Handelen; nye Næringsvegar kom ikkje upp; men Brand etter Brand herja den vesle Trebyen. I 1711 hadde han i alt 184 Mann som svara Skatt; og Folketale heldt paa med aa minke. Sidan hev alt skift; Stavanger er heiltupp ein Storby no mot det han daa var. Det er ikkje Fiskje som hev komi seg upp att; men Sjøferd og Handel og i seinare Aar Verksdrift hev arbeidt seg fram; og no er Jønnvegen komin attaat; berre sidan mi Tid hev Byen vaksi so, at eg mange Stadir ikkje kjenner meg att lenger. Det eg fyrst tenkte paa var Breiavatne og Domkyrkja. Og tenk, dei var til baae tvo. Breiavatne med. Det hadde minka; og dei gamle rare Bergknausane paa Austsida var burte; Samtidi, d. e. Jønnvegen, hadde kravt sitt. Som eg hev skrìvi um fyrr ein Gong, og det paa Gudsord [fotnotemerke] . Men det som Stavangerbladi ein Gong hadde klunka paa: at Breiavatne ("Bredevandet") skulde bli fyllt og utjamna til Spantegang og Svingerom aat Byfolke, hadde spanta: spadsere (stolteleg). Fotnote: "Fra det mørke Fastland", Kr.ia 1863. SIDE: 160 dei ikkje fengi fram, som vel var. Og Domkyrkja tek seg betre ut enn fyrr. Ho er ikkje innebygd som i mi Tid; og Korveggen er reinska for den fæle gamle Kalksmyrja. Det fagre bilætprydde Kor-Glase som Gate-Ungane fyrr brùka til Skjorteskivu naar dei var ute og kasta Stein, er sett istand att; Stavanger hev her gjort eit Arbeid som det hev Ære av. Eg stansa framfor Korveggen. Det liksom vakna i meg; eg trur mest eg las ei Bøn. Der er i desse gamle Byggverk ei Magt som me ikkje skýnar no. Det er som Æveheimen sjølv gjenom deim stig fram; ein bøygjer seg naar ein ser deim. Hugmjuk og aalvorsfull gløymde eg alle mine Kvardagstankar; og daa Orga tok til aa bruse, hugsa eg at det var Sundag og gjekk inn. Men eg kolna der inne. Det var "restaurera". Og den gamle katolske Bispekyrkja var "restaurera" paa protestantiskt. Paa Stavanger-protestantiskt. Eg kjende kje Kyrkja att. I mine Barndomsminne var ho so reint annarleis. Glans som i Salomons Tempel; Gull og Fargar; himilblaatt, blomsterkvitt, blodraudt; rare, lysande Bilæte; Utskjeringar, barnsleg Draum: Andlit, Fuglar, Hjul, Skip; Mystik fraa Profetar og Openberring; ikkje rett teikna visst; sùmt stygt kannhende; men Glans, Glede, Einfelde var der; ikkje dette stive, myrkje; ikkje denne Synagoge- Aand. Eg fraus der eg sat. Berre svart, stavangerleg Lutherdom. Og svarte protestantiske Kyrkjestolar. Kyrkjestolar fraa øvst til nedst. Dei vil sitja, dei lutherske. Paa den grundige, dugelege Enden sin. Dei som bygde Kyrkjur som denne hev meint, at framfyri Guds Aasyn fekk ein Mannakrok takke til um han fekk liggje paa Kne; me vil sitja. Naa. Vaarherre finn seg i det. I katolske Land plar Kvende og gamle Folk hava smaae lette Utslagsstolar med seg aat Kyrkja naar dei vil høyre Preike. Men her er mest alt Preike; og Kyrkja maa hava sitt faste Stoleverk. Og daa stavanger-lutherske Preikur kann vara i Timevis, so lyt det til. Eg segjer kje um det. Men i denne Domkyrkja fraa Sigurd Jorsalfars Tid ... naa; for meg vilde all denne Lutherdomen ikkje høve. SIDE: 161 Det vart spéla, songi, preika; eg var ikkje med. Er det kje rart: ut-i Framandlandi kann ein stundom kjenne seg meir heime enn i Heimlande. Dei stille store Kyrkjune ned i desse ugudelege katolske Byane, Firenze, Rom Neapel, jamvel Paris ... som ein der kann kvile, kjenne seg rein, fri, lyft; liksom vigd; Verdi kjem burt; ein er som i Fyrihalli til Himilrike. Men her skal ein sitja og høyre paa Utleggjingar av tysk Teologi og Dundringar mot "Nutidens Vantro". Framandt, kaldt vert det i desse Kyrkjune, jamvel um dei er fraa Sigurds eller Olavs Tid. Aa, all denne Framanddomen! Alt bròti, sundrìvi, sundhavt; alt Samanheng burte. Det er Tid mot Tid og Bròt mot Bròt og framandt mot heimslegt alt fort; me norske vert liksom meir og meir bygde ut or Lande. Eg høyrde nokre kjende Ord um "Tidens nedbrydende Tendenser". Aa-ja; "nedbrydende Tendenser" er her nok av. Eg reiste meg stilt og rusla. Daa eg kom ut svinga eg burt-um Kore att. Og der, utanfor Kyrkja, framfyri det storfagre Byggverke der sjølve Steinen hev vorti Aand, i Solglansen fraa Breiavatne, under Fuglekvitr fraa den vesle vene Parken, var eg meir i Kyrkja enn eg hadde vori der inne. So bar det paa Lande. Vest-yvi; ut Madla-Vegen. I Madla-Sokni hev eg au eit Grand Heime-Minne. Fram-um Ledaal, den storlagde fagre Herregarden til Ætti Kielland fyrr, og fram-um fleire Gardar og Hagar og Bystykke bar det ut igjenom, til dess eg fraa Vegen saag Garden Sanddal ved Stokka-Vatne. Her var det Folke mitt budde daa Garborg var selt. Ho Mor styrde; sidan kom Bror Jon heim fraa Austraat, Jordbruksskulen, og hjelpte henne. Daa det leid noko lenger fram-paa, gifte Jon seg med ei Gjente av Uelands-Ætti. Ho var likso god til sitt Arbeid som han til sitt; so tok han imot Garden, og det greidde seg godt her ute. For me hev her paa Vestlande havt Jordbruksskular som ikkje berre lærde upp "Assistentar". Jon var elles ikkje SIDE: 162 fullsterk; den kalde Nordvesten her ute vart'n for strid; no hev han fengi seg ein Gard ved Skiensfjorden. Heimen i Sanddal hadde lite Hjelp av oss andre aatte Systkeni. Tvo av Brørane gjekk til Sjøs; der kom den eine, han Eivind, burt; han bleiv i Spanskesjøen. Systrane lærde aa "brodere", eller gjekk paa Lærarskule. Etterkvart drog heile Flokken til Amerika so nær som han Jon og eg; men burt fraa Heimbygdi kom me alle. Daa eg i 1870 var ferdug paa Lærarskulen vart eg Skulemeistar ved Risør eit Bìl; der tok eg til aa gjeva ut noko som kalla seg Skuleblad. Og det var Skuleblad for meg; eg tamde meg der upp til aa skrive norskdanskt. Eitt godt Minne hev eg likevel fraa denne mi fyrste Bladmannstid: eg fekk Torkell Mauland til aa skrive norskt i Blade. Daa eg meir og meir skýna at eg ikkje dugde til Skulemeistar, og daa Blade mest saag ut til aa kunna greide seg, sagde eg upp Skulen og flutte hit til Sanddal; der heldt eg fram med Blade, og meinte det skulde greide baade seg sjølv og meg til so lengi. Ho Mor var snild. Trudde paa meg og tok imot meg, og var meg til Hjelp meir enn eg daa rett forstod. Foreldre lyt finne seg i slikt; det er mangt Ungdomen ikkje skýnar eller ser fyrr han vert gamall. Ho Mor, saman med eit Par andre gode Folk, var det au som hjelpte meg, daa eg fann at eg vilde prente Blade sjølv; paa den Maaten meinte eg at eg skulde tena paa det. I Lag med ein ung Setjar fraa Bergen, Isaksen, fekk eg i Stand eit lite Prenteverk upp-paa Lofte hennar Mor; og dette klara seg utrulegt. Eg var Bladstyrar og Setjargut, Isaksen var Setjar og Prentar; han var i det heile ein glup Kar. Snart saag me likevel at det ikkje her paa Sanddal var "Framtid" for eit Prenteverk; me flutte daa til Tveitstranda ("Tvedestrand") med det, daa eg fraa mi Seminarietid visste, at den "Ladestaden" enno ikkje hadde slik Kultur. Der er det enno; Eigar: Th. Eskildsen. For meg vart det ikkje so greidt i Tveitstrand. Eg skulde styre tvo Blad, Skuleblade mitt og dertil "Tvedestrandsposten"; Prenteverksgut laut eg au vera meir enn fyrr; og det var ymist Natte-Arbeid. Verst var det dei SIDE: 163 Kveldane daa "Posten" skulde i Prenten. Daa freista eg stundom aa bladstyre og setja samstundes. Setja ut av Hovude, som me sagde. Det kunde greide seg med Smaating. Elles var det aa gaa fraa Kassa til Skriveborde og fraa Skriveborde til Kassa att. Ut-etter Natti kom Svevnen. Daa laut eg staa og skrive. Men naar det leid paa, sovna eg jamvel um eg stod. Felagen min laut daa dunke meg i Skolten so ender og Gong, til aa halde meg arbeidsfør. Dette greidde seg eit Bìl. Men so laut me leige Arbeidshjelp. Og den var dyr. Etterkvart kom me daa etter at det var eg som var for dyr. Prenteverke kunde føde ein Prentar eller tvo, men ikkje nokon Bladstyrar. Enden vart at Isaksen laut taka heile Greida. Eg for min Part fekk fem Dalar av Kassa som etterkvart hadde vorti heller utpint; med dei fem Dalane strauk eg til Oslo og vilde "studere eller døy". Eller faa meg ei Lirekasse, og med den spéla meg gjenom Verdi so langt som til Arabia. Der vilde eg slaa meg til, i ei Bergholu ved Sinai, og lìva av Bèr og Geitemjølk. Og skrive Æventyr som dei i Tusund og ei Natt. Eg brydde meg ikkje serskilt um aa studere, naar sant skal vera sagt. Minne um Postillane og Pontoppidan, og um den syrgjelege Endelykten det hadde teki med 'n Far, skræmde alle Prestetankar fraa meg; og Embætte av anna Slag lokka meg ikkje stort meir; sitja og føre Protokolar hadde eg lite Hùg paa. I det heile visste eg ikkje kva eg vilde. Eg var komin upp-i ei raadlaus Ørske av Fritenkjing og Draum-Romantik som eg ikkje lenger kann greide ut; svært langt ifraa Tulleskap hev eg vel knapt vori. Det eg "tenkte paa" var eitt av tvo: fara paa Æventyr, um det kunde laga seg so, eller taka Artium med non og bli Diktar. Og lìva det ideale Studenterliv. Eller um det kneip: finne meg ei Bergholu upp-ikring Byen ein Stad, og so leggje meg inn der og svelte ihel. Til Oslo kom eg. Gjekk der og tulla eit Bìl; "budde" i Vaterland; livde paa Vatn og Brød; skreiv litegrand i SIDE: 164 Dagblade. Styraren der, H. E. Berner, seinare Borgarmeistar i Oslo, var meg ein god Mann. Han retta og strauk og stellte paa Stykki mine so vidt dei vart lesande; sette deim so i Bladkjellaren sin og gav meg "Honorar", so vidt at eg med min Lìvemaate greidde meg. Men det var so lite eg kunde skrive. Eg kunde og visste ingin Ting. Serleg var eg ukjend i Kristiania, og hadde slett ikkje Lag til aa vera Bladfyk. Det saag reint svart ut. Lire-Draumen dugde ikkje heller; kvar skulde eg faa ein Lirekasse ifraa? Og kóss skulde eg koma til Arabia, naar eg kunde korkje tysk eller arabisk Maal? Og denne Bergholo; døy i Bergholu; Tull. Slikt gjekk ikkje so fort; og fyrr eg visste Ord av, fann Politie meg og sette meg paa Fatik-Kassa. Eg hadde høge Tankar den Gongen um Kristiania Politi. Den som hjelpte meg til Rettes til Slutt var Peter Hærem. Han var den mest hjarte-rike Mannen eg hev kjent, og det vil alltid vera meg ei Sorg, at eg so lite vart det han hadde venta og vona. Han var fraa min Lands-Kant. Stavangermann heilt ut. I Trudomslive sitt hadde han Samanheng med den gamle Hauge-Vekkjingi der burte. Folke trudde han paa, Bonden fyrst og fremst; og ikkje minst trudde han paa Bonden fraa Vestlande. Meg visste han paa ein Maate um; hadde lagt Merke til det vesle Blade mitt og meinte eg kunde koma til aa føre ein sterk Penn. Han smilte daa eg sagde at eg var Fritenkjar; noko sers Vyrdnad for Romantiken min hadde han vel ikkje heller. Det eg trong um no var aa arbeide, meinte han. Lære noko. Og daa eg var Fritenkjar, so eg ikkje kunde taka imot teologisk Hjelp, so fekk me skìpa oss med eit Laan til so lengi. So fekk det laga seg etterkvart som det kunde best. Det laga seg som det kunde, um ikkje best nettupp. Um Peter Hærem er det knapt anna leidt aa fortelja enn at han var altfor god i seg. Trui hans var mest vel sterk. I "Bondestudentar" hev eg sett inn eit Par Sogur um dette som han fortalde meg sjølv, men som eg sidan fekk Greide paa fraa den andre Sida; det er vondt med slikt; god i seg: godhjertet. SIDE: 165 og ein skýnar at jamvel godt Folk ofte maa misse Trui. Meg med trudde Hærem for godt. Eg gjorde elles mitt beste; og det var ei Tid daa eg trudde det skulde laga seg; Kierkegaard drog meg ikkje lite. Men etter alt eg no kann skýna gjekk det som det maatte gaa. Hausten 1873 kom eg paa "Studenterfabriken", som daa, etter Heltbergs Tid, var styrd av cand. mag. Schou Bruun, ein greid og dugande Kar; daa var eg 23 1/2 Aar gamall. Lirekassa og Arabia vart gløymde no. Eg var komin so vidt til Aars at eg laut tenkje paa aa verte vaksin. Høge Tankar hadde eg um den akademiske Borgarskapen; og Tidi var knapp; "Fabrik-Studentane" var dessutan lite velkomne paa Høgskulen. Og strjuke vilde vera leidt, serleg for ein gamall Fyr som laante seg fram til so høg ein Vyrdnad. Eg kann segja eg las ikkje lite i desse tvo Aari. So kom Domedag. Og upp laut eg. Aldri i mine Lìvedagar hev eg vori so rædd. Eg kunde ingin Ting. Det var klaart som Blekk: eg gjekk til Dunders. Daa alt var yvi, viste det seg at eg hadde klara meg likevel. Men non fekk eg ikkje. -- -- Halvt burte i desse Minni var eg komin alt ut til Madla mest; der laag Eksimoen, og Madla-Aasen med grøne Gardar og kvite Hus heilt upp, men lengst nede ved Fjorden Panneverke. Naa; er eg komin so langt, so lat meg taka Hafrsfjord med, tenkte eg, og krabba upp-i Marki og frampaa ein Lyngbakke. Blaa og frisk blenkte Hafrsfjord i Soli. Utgangen til Have ser ein ikkje; Fjorden er som eit stort Vatn; ingin Skulde tru at det her var hendt noko stort. Han hev kje noko Samanheng med det Norig som no er heller. -- Eg legg meg i Lynge og ser ut yvi Fjord og Land. Tankar og Soguminne tek meg. -- -- Dette Norge no, det ligg inneklembt millom Sverig og Danmark og høyrer politisk til det eine og literært gaa til Dunders: "gaa ad Helvede til," SIDE: 166 til det andre; men i Vitskapen sin er det Underbruk under Tyskland. Herrefolke hev tyske Namn og talar provinsdanskt; Hovudstaden kallar seg etter ein dansk Konge og ligg i Viki, som fraa gamall Tid ofte gav seg inn under danskt Herredøme. Men det gamle Norig laag ved Vesthave og var vesteuropæiskt. Trondheimen var Landsens Magt; og Allsherjarthinge der hadde Rett til aa kòra Landskongar. Men det fjordsprengde, fjellbratte Vestlande avla Vikingar og Sjøkongar; og Rikdom og Skaldskap og det høgste Aandsliv hadde sin Heim der, serleg i dei Fylki som laag Vestheimen nærast: Hordaland, Rogaland, Egdafylke. Men paa Austlande, hjaa Breidbygd-Hovdingar, i Grannelage til Sveavelde og Danavelde, vakna den norske Riks- Tanken. Alt tidleg tok Ynglinga-Ætti til aa leggje under seg Land; Gudrød Veidekonge raadde fraa Vingulmork og Vestfold til Hadaland og Heidmarki; og Son hans, Halvdan Svarte, som var fostra hjaa Morfar sin paa Agdir og gift med ei Kongsdotter fraa Sogn, raadde sistpaa baade Sygnafylke og eit rett stort Rike austanfjells. Hans Son att, Harald, vann endaa lenger. Her i Hafrsfjord slo han sitt største Slag: mot Hordar og Rygar og Egdir og Telar og dertil ein Hjelpehèr fraa dei norske Riki i Irland og paa Skotlandsøyane. Sistpaa lagde han dei norsk-skotske Øyane under seg; Norigs Rike, som sistpaa strekte seg fraa Gautlandselvi og Kvitehavet til Grønlands- Isane i Vest, var grunnlagt. Harald heldt seg paa Gardane sine i Hordaland og Rogaland; paa Hauge ved Karmsunde døydde han og vart hauglagd: tusund Aar etter fekk han sin danske Minnestein. Olav Haraldsson heitte den Kongen som fullførde Haarfagerverke; i hans Sogu au er Hordaland og Rogaland framme. Her ved "Havfjorden", paa Sudsida, paa Garden Sola (provinsdanskt "Sole") budde den megtuge Hersen Erling Skjalgsson. Han var gift med Syster av Olav Trygvason og raadde Lande fraa Sognesjøen til Lidandisnes. Men han vilde ikkje hava anna Tignarnamn enn Fedrane hans SIDE: 167 hadde havt; og det var ein Byrgskap som Olav Trygvason hev kunna skýna. Men Kongsdotteri hadde Erling fengi for aa byte Tru. Og det hev han funni aa vera ein god Handel. Dei gamle Gudane hev han som andre Storfolk vori ferdug med; og den nye Guden var rimeleg: kravde ikkje stort anna enn Daap og nokre Bønir. Ja og so skulde ein kvile um Sundagen. Og eta Fisk um Fredagen. Men so var det ikkje verre: braut ein desse Bòdi, eller kom ein elles til aa misfara seg, so lét den nye Guden seg sone med ei lempeleg Bot. So at kunde ein bli Vèrbror med ein Konge for so lite, so var det visst ikkje noko aa prute paa. Sidan var Erling trugin Kongsmann. Ved Svolder fekk han ikkje vera med. Men han heldt seg sidan ifraa Eirik Jarl, som hadde vori med Danakongen og Sveakongen i Sviksverke mot Olav Trygvason. Men Svein Jarl, Bror til Eirik, samde han seg, og fekk Son sin gift med Dotter hans. Og daa Olav Haraldsson tok til med sin Kongsstrid, stod Erling paa Jarlesida mot Olav. Sidan døydde Svein Jarl. Daa møttest Erling med den nye Kongen paa Kvitsøy her nord i Buknafjorden. Han fann Haraldssonen mindre raust enn Trygvasonen, og det saag i Fyrstningi ymist ut. Det vart likevel til det, at Erling gjorde som Frendar og Venir vilde: lét Kongen raade og vart Lendermannen hans. Men Erling var ikkje nøgd med Semja og brydde seg kje um ho; fór i alle Maatar fram som han fyrr hadde gjort. Kongen freista aa aga han; gav mill. a. ein Trimenningen hans, Aaslak Fitjaskalle fraa Sunnhordland, store Veitslur og bad han stengje litegrand for den romfreke Rygjakongen. Men Aaslak kom ingin Veg med dette; fann det sistpaa best aa berge seg aat Kongshirdi. Seigare for Erling aa dragast med vart Trælesonen Tore Sel, som Olav hadde sett til Aarmann paa Agvaldsnes paa Karmøy. Og so kom Hendingane med Aasbjørn Selsbane; dei øydde det som enno var att av Freden millom Kong Olav og Erling. Enden vart at dei kom i Slag med SIDE: 168 kvarandre her nordanum Tungenese -- berre paa Lognvetne kunde dei halde Sjøslag i dei Tidir -- ; Olav hadde stellt seg sløgt og vann. Og han baud Fred; vilde gjerne hava Fred. Hadde fengi sjølve Knut den megtuge aa dragast med, so no kunde Rygjakongen vera serskilt god aa hava paa si Side. Og Erling tok imot Tilbòde. Men der var noko smaavori hjaa Olav Haraldsson som no braut seg fram; han "merkte Drottins-Svikaren" i Andlite med Økseggi. Daa fekk Aaslak Fitjaskalle Mod til aa hugse det vesle som han hadde ubytt med Erling Skjalgsson; han fór fram og kløyvde Hovude hans attanfraa; hogg dermed "Norig av Olavs Hand". For Olav var dette Løn som fortent; for Norig var det ille. Men Norig lyt finne seg i kva-som-helst. -- -- -- Erling høyrde til den gamle Tidi. Og den heldt han uppe i Rogaland so lengi han kunde. Det ser me no at han hadde mange gode Grunnar til; den Tidi som kalla seg ny, og som vart nyare og nyare alt til i Dag, -- meir og meir vondt fær den paa Samvìte sitt. Den Tidi som Erling høyrde til heldt Trældomen uppe; det er sant. Men ho var endaa ei god Tid mot denne kristelege, daa dei rike slit sine Arbeidarar ut og sidan læt deim gaa Fatigkassa eller Fenden i Vald. Trælane hans Erling hadde det betre. Rimelege Vilkaar hadde dei i sitt Trælestand; og vilde dei vinne Fridom, so hjelpte Erling deim til det med. Kvar Træl paa Sola hadde sitt visse Dagsyrkje, og var fri naar han var ferdug med det. Ein Jordteig fekk han til aa dyrke sjølv i sine Fristundir; det han der avla kunde han selja; og dei Innkomune han soleis fekk kunde han brùka til aa kaupe seg fri for. Erling kravde ikkje større Løysingssum enn at mange vann seg frie paa eit Aar eller tvo; og siden hjelpte Erling deim i Veg som han best kunde. Og Fridom daa var noko anna enn det som heiter Fridom for Smaafolk no; korkje for Stat eller Bank turvte dei træle. Men dei som ikkje brydde seg um Fridom, dei arbeidde paa Sola og livde trygt og rolegt all si Tid. Lognvetne: smult Vatn. SIDE: 169 Naar kjem vaart kristelege Kultursamfund so langt? -- I det store Kulturlande Amerika stend det soleis til no, [fotnotemerke] at fatigt Folk som enno hev Ære i Live, dei søkjer hin Vegen helst: sèl seg friviljugt til Trælar, berre dei paa den Maaten kann faa Klæde og Mat, i Chikago er det kvart Aar store frivuljuge Træle-Auksjonar ... -- Naah! Eg flaug upp og gav meg i Veg att. Ikkje Samfundstankar paa ein Godvêrsdag ... Att-ende gjekk eg ein annan Veg. Og kom daa so langt nord-yvi at eg saag Missjonsskulen. Andre Minne kom upp. Minne fraa den Tidi daa eg gjekk heim-paa Garborg og las "Missjonstidende". Daa hadde eg Greide paa mangt: paa Missjons-Barnsengir og paa Missjons-Verkefingrar; og eg visste, um Broder Pedersen hadde vorti vaat paa Føtane no sist dei flutte, eller um Fru Broder Pedersen hadde havt Tannverk i seinare Tid. Men oftast tenkte eg paa alle dei Pengane me sende til Sululand Aar etter Aar og soleis slapp aa drikke upp. Paa Resten hugsa eg, at eg sjølv hadde noko aa takke Sulumissjonen fyri. Hadde me ikkje havt den, so hadde aldri eg fengi sétt Moses. Ja for eg hev sétt Moses. Det er visst meir enn du kann segja. Ja tenk Moses, du! Tenk han kom her til Stavanger. Og budde paa Missjonsskulen. Og vart dregin ikring og vist fram paa Møte og Missjonsmiddagar all Stad. Eg veit ikkje um han lika det. Men han var den einaste Sjæli som Sulumissjonen hadde frelst; Moses var sjølve den norsk-suluske Kyrkja. Det var daa rimelegt nok at dei som hadde frelst Moses vilde sjaa 'n. Eg hadde ikkje vori med og frelst Moses; men eg fekk sjaa 'n likevel. Paa Sandnes-Strandi; upp-i ein Gigg som stod der og venta; det hadde vel nettupp vori Missjonsmøte. Han var ikkje verst svart. Snarare var han brun; um Lag som brend Kaffi. Men det var visst ikkje berre Kaffi-Lìten som gjorde at Kvinnfolki saag so paa'n. Ikkje trur eg det var dei fine kvite engelske Sùmarklædi heller; -- ja for Moses gjekk klædd no. Han var i det heile Fotnote: ): i Slutten av 80-Aari. SIDE: 170 kristin utanpaa som me alle andre, um han no alltid var finare klædd enn me, og langt-ifraa saag so syndetyngd ut som ein frelst Jærbu. Nei; det som drog so mange Augo, og serleg Kvende-Augo, det var vel det at Moses var ein staut Kar. Storstaut; høg og rak og mjuk og lett -- eit Grand holdig, lat gaa, no daa han livde so godt -- ; ei rein Cirkuskjempe var han. Og snild saag han ut; Andlite lyste og lo og heiltupp glein under den ljosgraae Flosshatten. Mest gaadde eg Nosi, den breide blanke Nosi; og so Munnen, lippemykin og mjuk, med blaakvite Tennar som lyste. Aa, all denne heite Kraft! Afrikanskt straala dei brunblanke Augo; og dei rulla og glima og glodde, mest etter desse unge norske Kvendi som stod her og saag paa 'n; for hans Augo hev dei vel vori noko kaldbleike; d'er eit Spursmaal um han hadde kunna styre seg so godt, um han hadde vori millom sine eigne solvarme Sulukvende. Men Gjentune saag paa Moses med so blanke Augo at eg tenkte: dei tok 'n gjerne, um dei fekk 'n! Men so hugsa eg at der var Fleirgifte i Sululand. Paa Lag som i det gamle Testamente. Og det vilde visst ikkje vaare Gjentur finne seg i. No var nok Moses komin inn i det nye Testamente; men han kunde falle, liksom David; so det var ikkje trygt. Elles ... eg kom til aa hugse noko som han Mikkal Grøteim hadde sagt, han den Raringen som i gamle Dagar stundom vanka hjaa oss, og hadde sine Tankar um all Ting: det er Fleirgifte her likso godt som i Jødeland, sa han. Dei rike hev likso mange Kònur som David og Salomon; det er berre det at dei fer meir dult med det, -- sa han Mikkal Grøteim. Men slikt kunde no ikkje vera sant. For dei rike vilde vel ikkje koma i Helvite dei meir enn andre? So brun og forlìvande som Moses sat der i Giggen sin kunde han vel elles ha vorti speleg nok for mange av desse kristelege Systrane; men so kom Impress-hm, Broderen; og avstad rulla Giggen. Eg kann kje tru anna enn at eg letta paa Luva daa Moses drog; den sululutherske Kyrkja var vyrdeleg nok, lippemykin: med digre Lippur. SIDE: 171 skulde eg tru, um ho berre var Moses. Ikkje nok med at ho hadde sin eigin Bisp; ho var rik: hadde Innkomur i hundrad-tusundvis av vaart arme norske Vestland. Ein Ting maa serleg me norske takke Sulumissjonen fyri: han driv Maalstræv. Ikkje noko suludanskt, eller dansksuluskt; ærlegt, greidt Sulumaalstræv. Sjølve Hans Høgvyrdnad Bispen hev lært seg Sulumaal. Han hev ikkje trutt at Gudsord var for fint for eit udyrka Folkemaal i Sør-Afrika. Og endaa hev Sulumaale ikkje so mykje som eit Ord for "Gud". -- Det vert nok ikkje gjort so mykje Ære paa vaart Folkemaal! Stavanger er ein norsk By. Og kunde bli ein norsk Fyrigangsby, um han vart deretter styrd. Men han er styrd som Norig elles, og vert daa paa sin Maate ein Knodeby. Med eit Knot som er ikkje so lite løje stundom; dei fann paa mangt, naar dei skulde vera fine, dei gamle Stavanger-Skiprane og Kjøbmen'nne. Ved Middagsborde igaar var eg elles upp-i so mykje Maalrøre at eg laut minnast baade Babel og den fyrste Kvitsunnhelgi. Men so var det no au ei Sambordsmaaltid -- naah, table d'hôte paa norskt -- paa ein av dei store Gjestegardane. Eg kann ikkje noko vidare med sams Bordsetningar av Framandfolk; stengde meg daa av i meg sjølv og dreiv paa med det som kom meg ved: Maten. Men Øyro kunde eg ikkje stengje. Det strile-tyskdanske fraa Bergen var som vanleg det høgmæltaste. So kom grautut brumlande Handelsfararnorskdansk fraa Austlande, og Halvmaal og Blandingsmaal av andre norske Slag. Stavangermaale tok seg for mine Øyro best ut i denne Maalvilla. Eg meiner det fine Stavangermaale. Dei fine Sørvestlands Bymaali er i det heile det likaste me hev av dette Slage; for dei er daa noko-so-nær danske enno. Det norskdanske eller norsk-svenskdanske serleg i Austlandsbyane er verst; di verre Blandingsmaal di simplare, veit løje: løgje; løglegt. SIDE: 172 me. Men so skulde vel dei au fyrst bli leide av seg sjølve og folke, d. e. norske, paa seg? Det rette Stavangermaale er Ryfylkemaal og Jærbumaal, smaatt tiljamna og tildanska og dertil uppmengt med eitt og anna serskilt: Sjømanns-villtyskt og Stavanger-villnorskt, Formir som ikkje synest hava nokon annan Grunn enn den at Rygen, naar han kom til Byn, tótte han laut tala noko annarleis enn dei tala heime. Gjenom Storfolk-Bymaale vart so dette Folke-Bymaale danska paa etterkvart. No i seinare Tid gjeng det visst snøggare med dette. I Staden for det gode norske ka høyrer ein soleis no ofte "vah", eit Ord som i norske munnar ikkje alltid tek seg ut; det vil so lett minne um Hundegøying. Kannhende noko for di det vert so urimeleg ofte brùka. Samrøda vil ofte gange smaatt millom Stavangerfolk no, og serleg millom Stavangerfolk og Landsfolk; d'er tidt so dei samtalande liksom er rædde ho kunde dovne burt. So tøygjer dei daa paa ho det beste dei kann; og det gjeng med vah, vah, va-a i Einingi. Paa den Maaten fær dei kvar Setning og kvart Ord teki upp att, og upp att; og Røda kann vara rett lengi, um dei hev heller lite aa tala um. Denne Va-ingi kann vel elles au berre vera ein Uskikk som fylgjer med, naar Folk skal øve seg i aa knote. Ja det vert knota meir i Stavanger enn fyrr; kannhende er det Smitte fraa Bergen. For Bergen fiffar paa seg no, daa det snart skal verte "Forstad til Kristjanja"; og Stavanger kann du vìta vil ikkje vera ringare enn Bergen. Og daa visst slettikkje norskare! -- for Stavanger ventar òg aa bli Forstad til Kristiania snart. Den nye "Søsygebane" til Flekkefjord, som vart bròtin tvers gjenom svarte Fjelle aa kalla for, so at ein av Bygmeistrane skal ha sagt at det vilde bli mykje billegare aa køyre kvar sjøsjuk Eimbaatsfarar fraa Flekkefjord til Eikersund paa firehjuls Vogn, -- denne Bana vil snart vera ferdug. Og sidan er det berre dei Smaastubbane frametter Havstrendar og Fjordstrendar til Skien -- den norske Jønnvegen hev til serskild Fyrilogu aa kapplaupe med Eimbaatane, veit du -- ; dermed vil Stavanger vera Forstad so vel som Fyrilogu: noko fyrilagt; ei "Uppgaave". SIDE: 173 Bergen, og kann daa segja vah likso flust som det. Det bør daa taka til aa øve seg, det au; va -- a? -- Dersom daa ikkje Stavanger finn paa at det heller vil vera vaar fyrste norske By? Etter Kaffien tok eg ut La(de)gaardsvegen, Byvegen vaar i mi Tid. Minne lìvna for meg her med. Aa, som Smaaguten sat burtdrøymd og himilfarin paa Kjerrelasse sitt, naar me kom so langt som hit, eller berre so langt at eg saag Hetlandskyrkja! Aldri nokon Stad vert Jønnvegen so heilt ut Kaupmanns-Tid for meg som her ved Porten til Gudsrike mitt fraa Barneaari. Eg stanar og snur meg. Ser inn-yvi att. Det sviv noko av den gamle Høgtid yvi Domkyrkje-Taarni enno. Men Draumen er sprengd. Jønnvegen bryt seg inn i Heilagdomen med sin Murstein og sitt Braak; og alt det gaatefulle som gøymt og halvgøymt laag her og glytte fram att-under gamle Lundar og Berg, er avvyrdt eller burte. Sjølve Domkyrkja er nækt. Vel mykje. Og Samtidi hev sett sin Jønnveg og Kvardag midt upp-imot ho, so Høkerdaamen er all Stad kjennande. Jønnvegen ands Andlit med Domkyrkja, det er eit Tankebilæte av dei sterkaste, ein Dom: den skillings-trælande Dvergen mot den stort tenkjande og høgt drøymande Kjempa. All Vyrdnad for Eim og Hjul. Men gjev det ikkje vert altfor lengi fyrr den Tid kjem, som denne Gognverk-Alderen vel paa sin Maate skal fyribu! Eg snur meg og gjeng i Veg att. Farvel, du gamle St. Svithuns Kyrkje! Um det ikkje er att stort meir enn Utsida av deg no, og ikkje alt av den heller, og um det yler og braakar ikring deg aldri so mykje med Eimpipur og Handelsstaak, du er det me enno hev att av stor Tid; gjev du maa staa i Fred heretter, for Herjingar som for Restaurasjonar! -- -- Snart skimtar eg Gandsfjorden. Og paa Innsida av den Li-Fjelle, som stengjer for Riskakvervo, der eg i nækt: "blottet". -- ands Andlit: "Ansigt til Ansigt". SIDE: 174 15 -- 16-Aars Alderen var Skulemeistar, Barn og Barnfostrar i eitt. Elles hadde eg det godt der. Rike mitt var stort; fraa og med Riskakvervo tøygde det seg nord-gjenom Stavangerfjorden fraa Holme til Holme alt nord til Omøy, der eg hev Minne som ikkje vert gløymde so snart. Men fraa Riskakvervo hev eg au Minne. Det var "fast" Skule der, med leigd Skulestogu paa Haualand; men Skulestogo var den Kvardagsstogo der Heimefolke heldt seg, so den vanlege Fastskule-Kalden kjende eg ikkje noko til. Det var der, eg skreiv mitt fyrste store "dramatiske Digt" paa Vers, -- etter "Brand", skýnar du. Det einaste eg hugsar er Titelen: "Syner i Skodd". Um der var Synir veit eg ikkje. Men Skodd var der, det veit eg. Eit anna Femvendingsspél paa Vers gjorde eg etter "Peer Gynt" med; det hev eg jamvel gløymt Namne paa. Han hev ført eit hardt Velde i Norig den Gongen, Ibsen. -- Eg kjem til Helevaag (Mauland trur me skal skrive Hìlevaag), det venaste eg i Bardomen visste. Dei skriv det "Hillevaag" paa fint. Men Hill er paa norskt noko som eg ikkje her bryr meg um aa draga fram. Aa du Hìlevaag som ein Gong var Paradis utanfor Sions-Porten! Fager er du enno; men du er ikkje det du var. Vegen er umlagd; Jønnvegen innsprengd; Skoglidi upp-rìvi; Hagen skjemd. Framfus og vyrdlaus bryt Jønnvegen seg inn; sùme Stadir ser ein ende ut i Fjorden. Ikkje klaga. Det fagre er ryrt; serleg kvervi er det her i Lande. Det meste av Hìlevaag er elles att enno. Glansen er av; det er nok so. Men dei driv kannhende Hìlevaag med større Vinning no enn dei gjorde i mi Tid. Og Gud vere Lov: um vent kverv, so kjem vent att. No fær eg snart sjaa Skogplantingane paa Hinna ... rekk eg Toge paa Hinna, tru? Ja; det er god Tid, -- som vel er. For Stykke fraa Stavanger til Hinna plar vera det verste paa Bana; her kann eg mest vera viss ryr: kortvarig: forgjængelig. -- kvervin: ustadig; uvarig; svindende. SIDE: 175 paa aa bli seigpint med Stavanger-Knod; lat meg halde meg paa Landvegen so lengi eg kann; der er eg fri, og hev dertil Lag med eit og anna Barndomsminne. Men agte Tidi! -- -- Agte Tidi, ja. Det er au noko me Bøndar maa lære. Og Jønnvegen vil lære oss det; dermed vert han ikkje for dyr, um han kosta aldri so mykje. Ein rar Skikk, den gamle: ein skulde vera seint ute, naar det galdt Lag eller Gjesting. Det var ikkje Folkeskikk aa koma snart, eller koma plent; for det fyrste skulde ein ikkje sjaa altfor lagkjær ut; og for det andre skulde ein gjeva Vertsfolke god Tid til aa stelle seg. Dette siste hadde, og hev vel enno, si gode Meining. Men no, daa Minuttvisaren paa Klokka raar, og Folke meir og meir maa agte si Tid, no vert det annarleis. Naar eg tenkjer paa mine fyrste By-Aar, og kor lite eg skýna dette, skjemmest eg. Skulde eg ut ein Gong, til Middags eller Kvelds, trudde eg det var Folkeskikk aa lata Folk vente. Men Vertsfolke hadde Maten ferdug; og Gjestine kom til den Tidi som var sett; berre denne eine, denne Vestlendingen, kom ikkje. Folk var snilde; tøygde seg so langt dei kunde; det var kje sagt det var mi Skuld; det kunde vera komi noko i Vegen; no kom eg trast, eller sende Bòd; -- nei. Det kom ikkje noko Bòd; og eg kom ikkje heller. Til Slutt kunde dei kje vente lenger; Maten vart kald; dei gjekk til Bords og gløymde baade meg og den Uhugnaden eg hadde vori Skuld i. Men daa -- klingelingeling! -- daa kom eg. Og so vart det ny Stans. Helsing o. s. fr. Huff. Det er fælt aa hugse sovori. Men slike gamle Vanar og Tenkjemaatar kann sitja forunderleg fast. Naar me skulde ut og ferdast elles var det paa ein annan Maate; men me skulde taka det med Tòl daa au. Ikkje hava Hast; det sat ingjo Kjering fast; og den som hasta, han gløymde for mykje. So gjekk ein daa der og Sumla. Og kom sjeldan avstad fyr i seinaste Lage. Denne Maaten høver mindre og mindre no. Vera gløgg um Tidi er noko av det ein fyrst maa lære. Det hev ikkje minst eg fengi finne; og den Skjemtesogo eg ein SIDE: 176 Gong skreiv um aa vera "for seint ute", den er aalvorsam i Grunnen. Mykje slik Tankeløyse hev me aa vinne yvi, me norske; agte Tidi og halde Ord, det er tvo Ting som maa til, um me skal kunna lìva folkelegt. -- Au; er Klokka so mange? Enno er eg Bonde; i Veg, i Veg! Og denne vene Ung-Skogen som eg so lite fekk sjaa paa; og Hinna-Marki, der eg ei Natt var med og gjætte Ku-Drifti hans Farbror; -- i Veg, i Veg! -- Endeleg. Eg naadde Tramen just som Ferdi skulde gaa. Eit tomt Róm var der; det krabba eg upp-i. Og hui -- i! av Stad bar det. Paa vinstre Handi, i Aust, hev eg Gandsfjorden og Fjelli. Paa den andre Sida er det halvt um halvt Fjell- Land der med; og der er Gausel-Skogen. Stakkar; mest heilt øydelagd no [fotnotemerke] . Og ikkje lenger sidan enn i mi Barndoms Tid gjekk det Segnir um Skogrøvarar i Gausel- Skogen! Upp og ned; att og fram. Skogen gjeng, Bana kjem ... tenk; her sìt eg og køyrer med "Jæderbanen". Eg hugsar vel den Kvelden paa Garborg, daa han Far kom heim og fortalde at me skulde faa Jennbane paa Jæren. Me undrast. Jennbane; kva tru det var. Eg hadde lesi um Jennbane i Bladi. "Jernbanen gik," stod der. Eg hadde grùna mykje paa kva ein "Jernbane som gik" var. Her paa Jæren hadde me Aur-Banar. Men dei gjekk nok ikkje. Det skulde vera snodigt aa sjaa ein som "gik". Millom deim som arbeidde For Jønnvegen høyrde me serskilt Amtmannen nemnd, Morgenstierne. Det var Uppteljingsstadir baade her og der; og dei tok upp Tal yvi Ferdsle og Førsle og altslag. Og Folk rødde og Bladi skreiv. Han skulde verte so gagnleg, denne Vegen. Men Jærbuen smaalo. Skulde ein Jønnveg hava noko her aa gjera? Me hadde kje meir te føra her enn at Øygjene og Baadane greidde det svært godt. Nei; det var nok Sjøen som kom til aa leggja Jennbane paa Jæren, um so var. Dei var so rædde Sjøen, Storkarane. Dei fekk Aurbane: Grus-tak. Fotnote: Kjem seg att. (Merknad 1909.) SIDE: 177 sjøvondt um her var aldri so stilt. Og sjøvondt i tie Timar, det leitte paa ein By-stakkar det. Og helst paa Kvinnfolki. No raadde Bykvendi Bymennane; men Bymennane og Embættsmennane raadde Bonden. Og so kunde det vel hende me fekk Bane likevel, um det aldri so mykje var te kasta Pengane paa Mittingjo. Men so fekk denne Bana heite Sjøvondt-Bana au, daa. Sjøvondtbana kom. Og ho hev enno sine tydelege Sjøvondt-Merke. Kvar Dag stend Middags-Ferdi i Eikersund og Stavanger og biar paa Baaten i upp-til halvannan Time, um det skulde vera Sjøvondt-Kruslingar der som heller vilde taka Landvegen. Det er utrulegt, at ein Stat kann hava so mykje Hjartelag. Det vart elles Hjelp i Jønnvegen til andre Ting med. Soleis ól han upp heile Smaa-"Byar" paa Jønnvegs-Gardane, serleg paa Bryne ("Time") og Nærbø; med deim kom det ikkje minst Landhandel i Gang. Og smaatt um Senn hev Bana lòti hjelpt fram Gagnsarbeid med. Soleis litegrand Verksdrift, som Ullvareverke paa Bryne. Og sjølve Bonden hev lært aa gjera seg Gagn av Sjøvondtbana. Ei Mjølkedrift er i Uppgang som Jønnvegen hev Æra for. Paa andre Maatar vert han au til Hjelp for Jordbruke. Vel er norske Jønnvegar fine. Og her vert det mill. a. Tale um Mýk-Køyring; for til Jordbruk vil der Hævd. Men fine Mundurar og Mýk høver lite ihop, veit du. Likevel lagar det seg. Bonden fær leige Vognir til Hævdkøyring naar han sjølv lesser paa og av, fortèl dei meg. Me norske hev vel elles ikkje rett lært aa drive Jønnvegar enno. D'er berre "Hovudbana" som gjev noko av seg som er nemnande. Sjølve Drammensbana dryp det inkje Feitt av, med all Ferdsla der, og med all den "billege" Smalsporingi. Eg gløymer ikkje kor arg han var, den eine av dei amerikanske Brørane mine, Bankmannen, daa han var heime her eit Aar og køyrde paa Jønnvegane vaare; han undrast svært paa Stelle der. Stätions faa sjøvondt: bli sjøsyg. -- Mitting: Mýk-Dunge. -- (Jønnvegs-) Ferd: Zug (Tog). -- (Jønnvegs) -- Gardar: "Stasjonar". -- lòti: av ljota (vera nøydd til). SIDE: 178 var det i kvar Bygd, um so Bygdi ikkje var stort større enn Stätion'en; og paa Tramen ved kvar Jønnvegsgard stod det tri til fire staselege mundurklædde Karar i Vegen for Kvarandre, so ingin av deim fekk gjort noko. I Amerika hadde ein Mann greidt heile den vesle Expedition tri Gongir so fort, so Tramway'en hadde vori ferdug fyrr han her fekk stana skikkeleg. Eg trøysta Bror min med, at Riksdrift alltid vert dyrare enn Einskild-Drift; men han høyrde kje paa dette. Me var i det heile svært raadlause her til Lands, totte han. Eg meinte at me fekk trøyste oss med Framtidsvonir her som i so mykje anna. Det vert Mjølkedrifti som kjem til aa arbeide seg fyrst fram her, eller "Meieribedriften" paa Agronom-norskt. Her i Thimesokni hev me alt tvo Mjølkebruk. Eit stort paa Bryne som att-aat driv Ysting og i det heile hev arbeidt seg godt fram, og so eit mindre her paa Stora- Undheim. Dette siste er serskilt til Hjelp for Fjell-Gardane, og so paa sin Maate for Mannen i Knudaheio. Og kóss det er og ikkje er: Inntektine for Jønnvegen stig. Det hev vori her som det visst jamt er paa desse norske Smalspor-Vegane: dei vert bygde so, at me lyt halde paa i lange Tidir med aa "reparere" deim, d. v. s. byggje deim upp att; og so gjekk mykje av Inntekti til det. Men her er Framgang. I dei fyrste Aari (1878 -- 80), og eit Par Aar seinare med, gjekk det paa Tap med Jær-Bana; men sidan hev fraa ikr. 1000 til ikr. 55000 Kronur vori inntektsførde [fotnotemerke] . "Sandnes 15 Minutter!" Eg stig av og læt Jønnveg vera Jønnveg so lengi; eg vil sjaa Sandnes att. Du lærde Mann veit vel ikkje kva Sandnes er; og eg veit ikkje heller kva det er; det heiter "Ladested", og det Orde stend kje i mine Ordbøkar. Men eg kann fortelja deg, at um Oslo er den største Byen i Lande, Fotnote: Dette siste er inn-teki etter "Jæderjernbanens Drift og Virksomhed 1878 -- 1903" ved Driftsstyrar Joh. Lorange og Lensm. M. A. Grude; Stavanger 1902. (Merknad 1904.) SIDE: 179 so er Sandnes den lengste; han rekk fraa Sandve til Lura; og det er ein Fjordung minst. Men so hev han au berre den eine "Gata": Postvegen. Dette siste er elles berre halvsant no; det gjeld ikkje for heile Sandnes. I Sudenden er det komi fleire nye Gatur, soleis Kyrkjegata -- ja "Kirkegaden", veit du; me hev Kultur her med -- ; for attaat ymist anna nytt hev Sandnes fengi seg Kyrkje. Det hev i det heile gjengi sterkt fram i seinare Tid. Det er det gamle Sandnes eg helst vil sjaa, Sandnes fraa mi Tid. Eg tek daa Vegen nord-yvi. Og snart kjenner eg kvart Hus. Fyrst og fremst Panneverki. For her er mange no. Det "gamle Verke" -- grunnlagt ikr. Aar 1800 av Tjøl ( ): Tjodolv) Trones, "han Tjøl paa Verke", etter Tilraad av Hans Nielsen Hauge -- kjem mest burt i Flokken. Men det hev vorti for mange; sùme stend no. Det gjeng so i Norig: kjem ein god Tanke upp, so kastar alle seg paa 'n til dess dei drep 'n. Eg undrast med meg sjølv so tidt: naar tru me norske skal lære den heilage Reknekunst. Eller lære den endaa meir heilage Kunst aa slaa oss saman. Paa Aasland i Thimesokno hadde me au eit Panneverk; det vart grunnlagt ikring 1830. Men Aaslandsmennane -- det nye Aaslandsfolke som kom inn med han Kristofer Vittaland or Ogna-Sokni -- dreiv Verke i Samlag; og so gjekk baade Verke og dei sjølve fram. Men paa Sandnes "lìver Konkurransen". Handverkarar er her mange av, men endaa fleire Handlarar, som vanlegt i ein norsk By. Mindre hev det vori med Mat-Hus og Drykkjehus; men no, daa Jønnvegen er komin, hev Sandnes fengi baade "Hotel" og "Kafé"; so no kann dei "vise seg". Ikkje so lite Skipsferd hev her vorti; Eimbaatar er her òg. Fraa Oftedalstidi er her sjølvsagt minst eit Salem, eller Bethel eller kva det heiter helst; jødiskt maa det vera. Fleire gamle Krambuir kjenner eg att; og det maa eg fortelja; for det er sjeldsynt i Norig at ei Krambu held seg so lengi som ein Mannsalder. Ikkje minst kjenner eg att den vesle Bui hans Annfinn; mang ein Gong gav SIDE: 180 eg der min einaste Halvskjeling ut for eit Par "Kransar". Der er den Kjellaren, der eg var Mjølkehandlar ei Tid; han Far sende meg stundom til Sandnes med Mjølkekjerra. Det gjekk godt; Kjellaren fylltest med Sandneskjeringar og Spònd, og Mjølkekjeraldi mine tømdest. Men det lønte seg nok ikkje likevel; eg hugsar ikkje anten det var ein eller tvo Skjeling eg fekk for Potta. Nedved Fjorden, inn-med dei gamle Fjøresteinane som eg minnest so vel, ligg ein Fiskar med noko Smaa-Sei og Mort han hev fengi; eit Par Kjeringar tingar med 'n um ein Øyre paa Marki; det er det same Bilæte eg saag i mi Barndomstid. Eit Stykke lenger nord er Pottemakaren. Det er same Huse; og eg skulde mest tru det var same Pottune og Koppane med. Godt aa sjaa, at her daa er sùmt i denne Verdi som ikkje skifter! Sandnes-Maale hev ikkje heller skift. Dei talar som fyrr; Jærbumaal uppfiffa med Gatefint fraa Stavanger. Rikt er det ikkje; og stundom gjeng det i Surr for deim med, som naar dei t. D. segjer "maala" for mæla, og "mala" for baade mala (med Kvern) og maala (med Kost); men kva Raad er her. Naar Bokheim og Bladheim og Skule og Riksverk trælar saa trutt med aa arme ut Maale og fylle det med Framand-Rusk, so kann det nok etterkvart koma til aa svive rundt for ein Sandnesbue. Eg ser inn-um hjaa Folke mitt eigi til Slutt; det som er att av Garborgsfolke hev i det heile samla seg paa Sandnes. Jamvel han Farbror er komin hit. Han er skral med Helsa no, og strævar med Doktar-Raadir og Helse-Dropar og Gudsord. Men han er seig. I Grunnen sterk. Han er ute og arbeider rett som det er, og driv elles med Skutepartar og taper Pengar. Hugleg og greid er han som fyrr, um no Mode stundom vil minke. Ho Faster Aase er òg paa Sandnes no; ho hev mest alle Borni sine paa Sandnes og trivst her. Men som alle av det gode gamle Folkeslage maa no hava noko aa stelle med; og so styrer ho Huse for han Jon, Son sin. Det er ei greid Kòna, ho Faster Aase; Aari vert mange, men Helsa held ut. Og med Vaarherre hev ho det godt; ho Kransar: noko søtt Bakverk. -- Spònd (jærsk): Fleirtal av Spand. SIDE: 181 er glad og fornøgd og klarar Live betre enn dei fleste av oss som yngre skulde vera. Mor mi hev au drìvi inn paa Sandnesstrandi no, etter ei lang og umskiftande Sigling paa dette stormfulle Livshave. Ho er nok ikkje sterk lenger, men klarar seg. Ho er daa kje gamal heller, berre 19 Aar eldre enn den eldste Son sin. Og so mykje som eg skylder henne fraa Barndom og fyrste Ungdom, so bør ho sjaa, at um eg ikkje vart Prest eller anna stort, so er eg daa no som fyrr Son hennar; det sèt ho òg Pris paa [fotnotemerke] . So det hev vorti reint uventande heimslegt for meg paa Sandnes; eg hev gode Kvilestundir her paa den urolege Livsvegen min. Dagen etter. I Dag naadde eg "heim til meg sjølv". Stogo mi stend som ifjor. Og vent er her um Hausten meir enn um Vaaren, so eg skulde gjerne slaa meg til eit Bìl i Knudaheio. Men eg er berre ute paa Veg- Leitingi i Aar. Ja og so var det noko anna med: eg vilde helse paa Jæren i dette framifraa Aarstale. Det lange nittande Aarhundrade ligg i Banen no. Det er det fyrste (og vert det siste) Aarhundrade eg fær sjaa Enden paa, um eg elles lìver Aare ut; og i eit slikt Aar maa ein ha vori heime. Ja, ja, du nittande Hundradaar som endeleg er komi so langt at du fær skrive ditt eigi Tal -- i det lærde Tyskland kunde dei elles ikkje unne deg dette, men tok Live av deg ifjor -- , no hev du kje lengi att aa staake og styre. Eg kann ikkje halde nokor Tale for deg; men gjev du kunde faa verksett um det var aldri so lite av alt det gode du lova oss; og gjev i alle Fall at Ettermannen din maa verte likso glup til aa fullføre som du hev vori til aa drøyme -- og til aa misfreiste! misfreiste: gjøre mislykkede Forsøg. Fotnote: Mor døydde 1908. Ei von som eg hadde havt um aa kunna skildre Kvinneliv fraa hennar Tid med henne til Hovudperson laut eg gjeva upp. (Merknad 1922.) SIDE: 182 Eg helsa paa Thime-Kyrkja igaar. Der hev eg mangt aa minnast. Men det siste eg fekk aa minnast ved Heimekyrkja mi, det var tungt; og det skræmde meg. Sidan hev eg ikkje lika meg her; eg skunda meg, naar det hende at eg skulde framum det Kyrkjelede. Ein einaste Gong hev eg vori inni Kyrkja i seinare Aar; og Kyrkja var heimsleg som fyrr. Det nye som var komi -- ei Orge som Kyrkja hev fengi av eit gamalt Soknebarn -- gjorde det berre meir heimslegt der inne. Likevel kjende eg meg ikkje i Lag. Eg saag liksom ikkje rett noko anna enn ein naableik Mann med eit ramsvart Haar, -- ein Mann som fyrr kvar Sundag sat der uppe i Medhjelparstolen, og som no, for mine Augo, liksom sat der enno. Igaar støvda eg ved Kyrkje-Lede; der vart eg standande ei god Stund. Eg saag paa Kyrkja, og saag ikkje paa Kyrkja. Ho er den ho var; det hev berre komi nytt Tak eller ny Topp paa Taarne. Kyrkja er ikkje gamal. Ho er fraa 1859; eg hugsar daa ho vart bygd. Like eins hugsar eg Aare fyrr, daa den gamle brann; ho var elles ikkje eldre enn fraa 1829; Aarstali hev eg fraa Mauland. Men at Kyrkja fraa 1829 brann var ei Guds Refsing og ein Domedag yvi Bygdi; det kjende Folke tydeleg. Um Refsingi hjelpte maa eg segja eg ikkje veit. Dei ser ikkje rike ut, Kyrkjune paa Jæren. Hev vel aldri vori rike heller. Og aatte dei noko ein Gong, so hev dei danske "Reformations"-Kyrkjerøvarane vori ute her med, og teki det som var aa taka. Jærbuen hev funni seg i dette med vanleg Ro. Naar det var Kongen som plundra Kyrkja, so var det Gud som plundra Kyrkja; og so fekk me Syndarar halde vaar Munn. Eg skal elles ikkje fortelja deg um den norske "Kyrkje-Umboti"; den hev du sjølv fengi fram i "Norigs Soga", so at den som les, han hugsar det. Thimekyrkja fraa 1859 er som den fraa 1829 ei vanleg jærsk Laavekyrkje: ein høg, lang bordklædd Timberbygnad med eit vel so høgt bordklædt Timbertaarn i den støvda: = stødva (stana). SIDE: 183 vestre Enden. Dette Taarne, den einaste Prydnaden ei Jærbukyrkje hev [fotnotemerke] , var i Fyrstningi berre fire Treveggir med eit Lòk paa; midt paa dette Lòke stod ein Kross. No hev Take vorti til eit Spir; ein rik Stavanger-Kaupmann, Thimebue fraa fyrste Tid, hev kosta dette Spire. Det skal elles ikkje vera so urimeleg lengi sidan der var Kyrkjebyggjekunst paa Jæren med. Eivind Hognestad hev eit Par Fjølir av noko Prydverk fraa den gamle Bø-Kyrkja, og like eins ei Fjøl av Thimekyrkja fraa same Tidbolken: desse Fjøline fortèl um Byggjekunsten fyri den danske Kyrkje-Plundringi. Men Jærbuen hev ikkje brytt seg um aa halde paa sovori. Og Prestane endaa mindre, veit eg. Kunst var katolsk, maa-tru. Eg kliv yvi Gjerde og inn paa Kyrkjegarden. Tek meg ei Ferd rundt Kyrkja. Minne av ymist Slag kjem; her paa Lag gjorde me gildt ein Gong, Thimeborni og eg; daa fann me ein stor Beinknok. Vaarherre veit kvar me gjorde av den. Der, nordanum Kyrkja, er dei gamle Prestegravine. Dei var utanfor Kore fyrr; men so vart Kyrkja flutt lenger inn-yvi. D'er reint rart no aa sjaa Prestegravir ved ei Lands-Kyrkje. Dei søkjer til Bys, Prestane no, anten so dei er lìvande eller daude. Gravmerki er nye mest alle. Steinar ofte, heimtekne fraa Byen. Moten raar paa Kyrkjegarden med. Dei som ikkje kann fylgje Moten, og det er nok Mengdi, ligg heller merkelause. Knapt eit kjent Namn aa sjaa nokon Stad. Eg gjeng Kyrkja rundt. Les paa kvar Gravkross som ser ikkje for ny ut; det er svært faae Namn, eg kjenner. Og ingin er nemnd av mitt Folk. Eg er framand her som alle Stadir. Naa. Namn og Krossar er ikkje alt. Eg veit, at rundt ikring der eg no gjeng ligg Ætti. Ein for ein; ei for ei. Ætte-Fedrar og Mødrar. Og dei av Borni som ikkje kom ut. Spreidde og samanmengde med alle dei andre ligg dei her. Fred vere med deim. "gjera gildt": leike. Fotnote: Den nye Varhaugs-Kyrkja som dei sèt upp no er bygd etter ein nyare Maate. (Merknad 1904.) SIDE: 184 Det er med Folke mitt i det smaae som i det store: Minni hev ingin havt Umtanke fyri. Sjølve dei gamle norske Kongane ligg spreidde her og der utan Stav eller Stein. So nær som Gamlegubben sjølv, som fekk ein ny Stein i 1872. Og so han den andre som fekk Kista si uppsparka og Skallin sin stolin og send til Kaupenhamn. Kva vil so me Smaafolk vente. Kvil i Fred, stakkars gløymde smaa' Bøndar! Dei sist gravlagde av Ætti hev vel havt ein Hovudstav. Han Farfar t. D., eller han Eivind Knudsson. Men Hovudstavane morkna og fall. Og ingin sette deim upp att. Og Kyrkja brann. Og Kyrkjegarden vart ei Brandtuft og ei Arbeidstuft. Kven kunde daa tenkje paa gamle Grav- Krossar? Gravine vart gløymde. Og nye Lik banka paa; Róm! Róm! -- Ei Syn vert det paa Domedag, naar heile Kyrkje-Aalmugar krabbar fram or kvart lite Gravhòl; kvar skal alle dei Armingane finne sine Bein? Far min ligg au her, stadlaus og steinlaus. Han Jon Bror min og eg, me vilde setja honom ein Stein ein Gong. Med Namne og eit Par Tal. Gravaren lova aa sjaa, um han kunde finne Gravi. Men han Farbror, stakkars snilde Farbror som me vilde havt med, han sagde nei. Han kunde ikkje for sitt Samvìt, sagde han. Dei skulde vera burte, som sjølve var burtgjengne. Og me vilde ikkje vekkje Strid; Ufred hadde han Far havt nok av her i Verdi. So ligg han daa her, merkelaus som dei andre [fotnotemerke] . Og dei som skulde lìva etter'n, og halde Arbeide hans uppe i Heim og Bygd, -- dei er burte dei med. Spreidde, spreidde yvi den vide Verdi. -- Eg hadde stana. Stod og stirde; venta kannhende so smaatt, -- um det kunde vakne i Lufti noko som ei Kviskring, ein Sukk; -- høyrde sistpaa meg sjølv kviskre: Tilgjeving ... -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- Fotnote: Ein litin Stein er seinare sett. (Merknad 1909.) SIDE: 185 IV. Knudaheio 16. 4. 1901. Du Steinar! Tidleg drog eg til Jærs i Aar; no hev eg alt vori her i 8 Dagar. Eg gjer inginting; gjeng berre og driv millom Knausane; eg skal freiste aa "kvile". Det er skralt med meg. Eg hev ei av mine vonde Tidir; er nok ikkje frisk. Fær sjaa um det vil laga seg. Det eg hev arbeidt paa fær eg ikkje til; det lyt liggje so lengi [fotnotemerke] . I arbeidsføre Stundir fær eg freiste med desse Brevi; Heimeminne og Barneminne vil døyve Tankane, vonar eg. Du fær segja ifraa naar du vert leid, veit du. 24de. Det er sant: me hev nok nytt Aarhundrad. Men det er sjeldan eg hugsar det. Me sìt der me sat. Og stend der me stod. Nytt Aarhundrad; alt med det gamle. D'er so eg enno helst skriv 18 for 19 i Aarstale. Eg hev skrìvi 18 i all mi Tid. Kva skulde det vera for Dent, um eg no paa mine gamle Dagar tok til aa fiffe med eit nytt Aarstal? Tjah. Det gjekk svært so fint og stilt, dette Hundradaarsskifte. Nyaars-Natti sat me i Kyrkja og høyrde paa ei Preike, me Radikalane, i Staden for aa vera paa Gata og velte Borgardøme. So midt i Preika kom daa dei tolv Klokkeslagi. So var det kje meir. Heile det nittande Hundradaare med alt sitt Staak og sitt Braak, -- med so lite Braak og Staak var det gravlagt. Med likso lite Braak og Staak vart det tjugande født. Det heldt fram den Preika som det nittande var somna ifraa; "Mine Tilhørere!" kom i det nittande og "Amen" i det tjugande Hundradaare. Meir var det ikkje. Kannhende brende dei av eit Par Kononskòt paa Akershus; det høyrde kje me som i Asker sat. Me gjekk heim og lagde oss. Dent: Affektation. Fotnote: Vart til Slutt til "Den burtkomne Faderen". (1904.) SIDE: 186 Eit Grand flate? Kannhende. Mangt anna kunde me ha drøymt. Men endaa paa ein Maate fornøgde. Ho gjeng stødt likevel, denne gamle skeive Verdi vaar. Det er ikkje gjort med store Ord aa faa den velt. Gjev ho maatte gaa fram, so visst som ho gjeng stødt! -- tenkte me vel. Og sov som vanleg den Natti. Som sagt er: det nye Hundradaare smakar som det gamle. Ingin Ting nytt er aa lugte eller sjaa. Folk er so rolege at du kann loppe deim. Berre me fær dette "19" inn i Pennen, vil ingin hugse at det hev vorti "ny Tid". Eit Aarhundrad er eit Ord som alt anna. Kvar Jordbolk hev sine Hundradaar. Det er Reknemaatar og ulike Milelengdir. Til dess Verdi kjem so langt at ho fær sams Tid-Rekning; daa vil ho for Aalvor byrja med Aar 1. Sogo hev si eigi Tidrekning, den. Sist heldt ho Hundradaarsskifte jamvel i slikt eit Odde-Aar som 1789. Me kann vera rolege; Tid-Skifti kjem naar dei vert mogne. Eit stort Aarhundrad var det nittande med alt sitt Braak, i sine Ting større enn noko av dei andre me hev Greide paa. Mykje hev det lært oss; det vart i det heile ei Granskings-Tid. Med Gjenomsyn og Reinsking av mykje gamalt; med Grunnleggjing og Fyribuing av ymist nytt. Mykje vil vekse etter det som daa vart saatt eller sett. Men inginting vart ferdugt. Me kjenner paa oss, med ei Kjensle som er Visse, at Verdi held paa aa vende seg; ho vil svinge so snart ho finn Leidi. Langt fram er det visst. Til Fred som til Rett og Fridom. Men Vegen gjeng gjenom Ufred, Urett, Tvang. Langt er det fram, og lengst til den store Arbeidsgleda. Men ho kjem. Me ser det meir og meir; so halvt og uferdugt og utrygt som alt er no, so er det ei Verd i Velting. Mange rister paa Hovude og gjer kloke Spursmaal. Er her annan Framgang enn Framgangen mot Undergang? -- Ingin veit noko. Og Ord nyttar det ikkje aa slaast um. So lengi her er Knutar aa løyse, so lengi gjeng Livsens Spél. Gjev det maatte glide fram-yvi! odde,om Tal; "ulige". SIDE: 187 Nokre Dagar etter. -- -- Mest framand kjenner eg meg her, der eg skulde vera heime. Eg kjenner ikkje Folke; og det kjenner ikkje meg. Raakar eg det stundom, knotar det. Det hev fengi Jønnveg no, og maa vera kultivert. Og ser dei denne Aad -- Arne Garborg skal vera, han som hev vori so lengi og so langt ute i den vide store Verdi, so vert dei serskilt framande, og kostar paa seg sine alra gildaste Knode- Ord.Eg skundar meg av upp i Undheimsmarki og gøymer meg; her er eg daa paa min eigin Grunn. So læt eg att Døri og legg i Omnen. Brenne Torv, lukte Torv; det er som ei Trøyst. Helst naar det ute er svart og regnlegt. Daa fær eg ei Minning av det som me kalla Heim fyrr i Verdi. Og eg gjeng att og fram paa dette Golve som er mitt, og kviskrar for meg sjølv det Orde som kjem for meg jamt: heimlaus, heimlaus, heimlaus. Gud vere Lov at eg hev funni meg ei Kraa som eg kann koma burt i. -- Heimlaus; det er nok ikkje eg som er heimlaus. Det er Folke. Og Lande, stakkar, det er ikkje anna enn slik ei Turisthytte ... Det er vel so med alt paa denne Jordi, at det tek seg best ut eit Stykke ifraa. So er det med Barndomen au. Daa visst med min Barndom. Sogo um Heimgarden min kann eg ikkje skrive; det vere sagt med Skam. Det var ei Tid at eg rota og grov i gamle Brev som eg fann i Skatòle hans Far, og gjenom deim fylgde Ætti eit godi Stykke upp-igjenom, so eg fekk vìta Namn og Aarstal, um ikkje meir. Han Torkell Mauland, Grannen og Kjenningen og Læraren min, var det vel som hadde sett meg paa dette; me plar elles ikkje bry oss stort um Ætti vaar, me Bøndar. No er dei gamle Brevi burte. Han Far brydde seg ikkje um deim i sine siste sjuke Aar; og eg strauk min Veg. So fekk setja ein paa noko: gjeva 'n "Idéen". SIDE: 188 Smaaborni Tak i Papperi, og so er ikkje den Sogo lenger [fotnotemerke] . Men eg maa fortelja deg kva eg heiter. Eg heiter ikkje Arne. Aadne er eg døypt, etter Farfar min. Og Aadne Undheim skulde daa no vera mitt rette Namn. Men i Ungdoms Aar lærde eg av P. A. Munch, at Aadne ikkje var noko Namn; det skulde berre vera ei Forvending av Arne, eller kannhende av Oddne, endaa dette siste var ukjent. No visste eg at P. A. Munch var allvitande. Og daa han ikkje trudde paa Oddne, og daa eg dertil skulde hava A til Fyristav (á vart i Dansketidi gløymd), so tok eg til aa skrive meg Arne sidan. Og til Fotnote: Ho vart lenger likevel. -- Takk have Torkell Mauland. Han er Sogu-Mann av det gamle Slage, og hev i seinare Aar, gjenom Prestebøkar og Manntalsbøkar i Riksarkive, funni fram Upplysningar um snart sagt alle Ættir i Thime-Sokno, og daa um mi med, so langt som komande var. Den Ættelista eg etter hans Uppskriftir hev sett upp tek eg daa med her, til eit Vitnemaal um, at eg so langt upp som Skrift gjeng er heilt ut Jærbu og Bonde. Olav Njelsson G., d. 1627 Ei Dotter, g. m. Olav Eivindsson (d. ca. 1660). Knut Olavsson, 1623 -- 91 g. m. Aasa Berulvsdtr. Gitlaug Knutsdtr., 1674 -- 1747 g. m. Eivind Sveinsson Fosse. Knut Eivindsson, 1693 -- 1749 g. m. Guri Risa, d. 1758. Eivind Knutsson, 1728 -- 1810 Olav Knutsson (Grøteim), f.1739 g. m. Gitlaug Tjensvoll, 1731 g. m. Ingeborg Grøteim, d. -- 1810. 1779. Aadne Olavsson Garborg, 1777 -- 1856 g. m. Stine Øksnavad, 1779 -- 1811. Eivind Aadnesson G., 1822 -- 70 g. m. Ane Oline Raustad 1832 -- 1908. Aadne Eivindsson G., 1851 -- ("Arne Garborg"). [oppsettet ovenfor er ikke gjengitt nøyaktig i forhold til den trykte utgaven (dig. utg. komm.)] SIDE: 189 Artium (1875) fekk eg denne "Skrivemaaten" godkjend av Høgskuleraade, Collegium academicum. Ivar Aasen sagde meg sidan, at P. A. Munch knapt hadde Rett her. Og av Torkell Mauland høyrer eg, at Aadne og Arne hev vori i Bruk jamsides paa Jæren mest alt ud til vaar Tid [fotnotemerke] . Aadne hev eg og sidan funni andre Stadir, t. D. i Valdris. So det er nok eit Namn det med. Og um Arne sjølvsagt er godt nok, so er det ikkje mitt, og høyrer ikkje til i Ætti. No fær det vel stande, til boklegt og rettslegt Bruk; eg er so gamall at det vert for mykje Braak med nytt Namneskifte. Millom Kjenningar, og serleg her heime, vilde eg likevel helst hava mitt rette Namn. Men no er alle fine og segjer Arne. All Synd skal si Refsing hava, veit du. Garborg kann eg etter nyare Skikk kalle meg. Men der Synd er eit men her òg. Der bur fem Mann paa Garborg. Fem Mann med kvar si Ætt. Gjeng det etter gamalt, kann eg rekne med eit rundt Tal 10 Born paa kvar Mann. Det er 50 nye Mann i kvar Ættled. Alle disse 50 i kvar Ættled hev daa like god Rett til Garborgnamne. 50 Garborg'ar i kvar Led. Det vert mange det, endaa um 20 av Hundrad fèr til Amerika. Og 5 skilde Ættir med same Ætte-Namne ... Det Aare eg sat ned-paa Ytre-Salte og skreiv "Fred", var eg inn-um paa Indre-Salte hjaa 'enna Bekka. Rebekka skrivst det; ho er Dotter hans Tønes Garborg og uppkalla etter ei som heite Rannveig. Me var jamgamle, og gode Kjenningar; no er ho gift der paa Salte. Eg vart vel fagna, og bedin inn i Buo. Og Buo var vel stelt. Det er Velstands Folk; og dei veit godt korleis det skal vera. Eit rundt Bord stod etter Byskikk midt paa Golve; og midt paa Borde stod eit Uppstell (Aufsatz) fullt med Helsingskort. Eg vart verande der inne aaleine ei enna: henne. -- Buo: Bui. -- Helsingskort: "Visit" -- -- Fotnote: Professor Sæland fortel meg fraa Island, at Arne der etter gamalt vert skrìvi Árni og sagt Aodni. Etter dette er Aadne ei rett gamall -- i alle Fall vestlands- -- norsk Uttale av Namne: "Arne" vert Mistyding av den gamle Skrivemaaten. (Eller ei eldre Form som sùme Stadir hev haldi seg?) SIDE: 190 Stund; gav meg so til aa sjaa paa desse Korti. Der var ymse Namn. Men med Namne "Garborg" var der so mange at det tok til aa svimre for meg. Og eg tenkte: dette ser ut! Det er ikkje ei Ætt, det er ein Nasjon som kann skrive seg Garborg ... Kva skal ein gjera? Var det ikkje best aa taka upp att den gamle Maaten? So kvar Mann hadde sitt Namn, og dertil Farsnamne? Som Erling Skjalgsson, t. D., um eg skal halde meg paa Storsida. Eller Olav Haraldsson; Inge Baardsson. Fall det seg so at der var eit serlegt Kjennemerke, so kunde ein taka det med: Erling Skakke; Harald Haarfagre; Harald Grendske; Aadne Maalstrævar ... Du som er lærd fær tenkje paa det. Alt saag godt ut med den litle. Dei hev vori glade daa eg kom, baade Foreldri og andre Vedkomande. Ikkje minst han Farfar, vil eg tru, han gamle Aadne, Olssonen, "fødd sjuttan hundra sju og sjutti" og soleis no 74 Aar; han hev kvìkna til, daa han saag denne Guteknabben som skulde yngje upp Namne hans og soleis liksom lata 'n sjølv lìvne upp att. Det hadde meir paa seg med Uppkallingi daa enn me no veit um; difor harmar det meg, at eg hev bytt burt Namne. Ho Mor, som den Gongen var 19 Aar gamal, hev vel au gjort seg Vonir um Fyrsteguten sin. Og han Far hev ikkje vori mindre kry, veit eg. Han var 30 Aar, aa kalle, no; og det kunde vera høvelegt at Odelsmannen kom ved dette Leite. So vart det Stundin' til aa lære 'n upp. Og han visste at han kunde lære meg upp. Ikkje nok med at han var Gardmann; han hadde i sju Aar vori Skulemeistar. Fraa 1840 hadde han skula i eit "Jestrikt" nedst i Thime-Sokno. Løni var 16 Dalar Aare og Fridom fraa Hèr-Tenesta. Endaa lagde han seg paa dei sju Aari upp "nokre hundrad Dalar", som Torkell Mauland fortel meg etter gamle Brev. Dei hev teki det annarleis, Skulemeistrane Stundin(e): Tid. -- skula: halde Skule; "undervise". SIDE: 191 i dei Dagar enn vanlegt no er. Han Far greidde seg paa den Maaten at han i Fristundine arbeidde Skor og sauma Skinnklæde og selde. Samstundes var han ein god Skulemeistar; det hev eg sidan høyrt av fleire som hadde gjengi for'n; og av Mauland høyrer eg at Bispen, v. d. Lippe, roste 'n serskilt for at han heldt "god Orden i Skolen". Ros fekk han au der det etter mitt Vìt mindre skulde vera ventande: for Skuling i Song. Det var i den Tidi Lindemans Koralbok var komi, med Salmetonane uppsette paa denne stive turre Maaten som lengi hev teki Live av Kyrkjesongen vaar; dermed fekk Skulemeistrane nytt Arbeid. Dette fór daa sidan Høgskulesongmeistaren Roverud ikring og skulde hava Tilsyn med. Her paa Jæren skal han ha vori misnøgd for det meste; men han roste dei tvo som etter den vanlege Folkemeining minst kunde syngje: han Helge Aanestad og han Far. Det stend i Skriftine, segjer Mauland. Han Far vart daa au ein av dei tvo som sidan fekk "Stipendium", 3 Dalar til Manns, til aa lære dei andre Skulemeistrane syngje. Det som eg veit visst er, at han var ein drivande og dugande Gardmann. Og hadde han vori glup fyrr, tok han vel endaa betre i no. Han vilde hava Garden skikkeleg i Stand aat Ervingen, maa vìta. So hadde eg det godt og voks; og var Herre i Huse til den næste kom, og lenger med, veit eg. Barndomen min var hugleg og ljos i desse fyrste Aari. Og eg sjølv skal ha vori glad og fornøgd. Full av Paafynster som kunde vera galne, men stundom au soleis galne at Folk maatte læ. Enno hev eg som eit Minne um, at naar eg fekk vera med Far og Mor ute i Lag, so tok gjerne Gamlekallane Ungen og sette 'n upp-aa Borde framfor seg og heldt Moro med 'n, og spurde 'n ut, og fekk 'n til aa "preike", og lo lystigt aat mangt av det han fann paa. Sùme av mine Visdoms Ord kunde lìva ei god Stund frametter. Ein av mine beste Vénir i dei Tidir var Lensmann Mossige. [fotnotemerke] Han var glad i Born, og kunde leike og Fotnote: Ingjebrett Mossige, f. 1812, d. 1862; Stortingsmann 1849 -- 1860 SIDE: 192 skjemte med slike Smaakarar so det sviv meg i Minne enno. Han sagde meg mangt eit gaatefullt Ord som eg gjekk i lange Tidir og braut Hovude med, til dess han ein Dag forklaara meg det og lo aat min "stutte Tanke". So teikna han stundom Bilæte og gav meg; eitt hugsar eg enno; det var ein staseleg Hèrmann paa ein Hest. Mannen hadde ein stor Nase men ingin Munn; og det undrast eg paa, so lengi eg hadde 'n. Folk hev vel vori gladare av seg fyrr enn dei er no, med meir av den Barnehugen som hev Lovnad um Himilrike. "Aandslive" vaknar seint i slik ein litin Krok. I Fyrstningi er alt Bilæte. Og Bilæti er ljose og lette og kvervande. Snart kveikte og snart sløkte. Der er fraa desse fyrste Aari berre ein og annnan Smaating eg minnest; og nokon Grunn til at eg minnest den framum so mange andre kann eg ikkje skýa der er. Ein Gong er eg komin ut-paa ein Veg der eg aldri fyrr hev vori. Eg gjeng og gjeng og vil sjaa kvar denne Vegen ber av. So kjem eg gjenom ein framand Gard; og i ei Dør der ser eg eit stort Kvende med eit skinande kvitt Forklæde paa seg. Henne vert eg rædd; stend og stirer paa henne ei Stund; kor det sidan gjekk hugsar eg ikkje. Ein annan Gong er eg ute paa Vollen vaar; der driv dei paa og tek upp. So smell det eit Mineskòt. Eg skvett, græt, skundar meg heim. Ein Dag er Gjenta med Fóren og vaskar Klæde. Eg er med, og ligg og krabbar paa Steinane i Aabreddi. Glid so ut og ned-i ein liten Hýl; der vert eg liggjande. Og likar meg godt der. Ligg og glor upp i den blaae Lufti; er stundom inn-i noko som mest kann vera ein Skog. Langt um lengi vaknar eg i Fange paa Gjenta; ho gjeng og ber meg i Stakken sin; er paa Heimvegen med meg; trur eg er blìvin. Men eg hadde det berre godt. Eg skulde nok ikkje sleppe so lett ifraa Leiken [fotnotemerke] . Her og der kann det vera slik ein liten Glytt; det er Fotnote: Nytta i den vesle Sogo "Døy", saman med andre i Grunndragi sjølvrøynde Tilfelle. SIDE: 193 som naar eín ligg um Morgonen og halvsøv, og stundom halvvakin slær Augo upp, eitkvart halvklaart Bilæte stig fram, og kverv att. Som naar eg stundom tykkjest hugse at eg reid Huse rundt paa ein Stavhest og staaka og song og var "full Mann"; det er ikkje meir. Ja og so er der noko halvgløymt um, at ho Mor kom og ikkje vilde vìta av dette. Eller daa eg hadde fengi den fyrste Staveboki. Eg skal ha vori so ikring fire Aar daa. I den Boki var der ein Hane som dei hadde fortalt meg kunde fljuge; og no vilde eg faa 'n til det. Men han flaug ikkje. Alt mitt Stræv var faafengt. So vart eg arg og reiv Hanen ut. Det var ho Mor og Gjenta som saag dette; dei sette store Augo og ein rar Trut. Men eg slapp visst med det den Gongen. Stundom sìt eg paa Skammelen min millom Knéi hans Farfar og stavar. Han Farfar, som hev Stolen sin ved Døri framanfor Omnen, er svært stillfarande av seg og segjer ikkje stort. Han tek det aalvorsamt og vil eg skal vera glup Kar; men eg minnest ikkje at me nokon Gong vart Uvénir. At han var burte ein Morgon daa eg kom inn, at heile Sengbenken hans var burte, er det fyrste eg hugsar fullklaart um 'n Farfar. Eg undrast paa dette. Han skulde vera dø'e, sagde dei; -- kva tru det var. Men dei hadde so mykje aa fara med, dei vaksne, so eg fekk ikkje noko Greide paa det. Og andre Ting kom og gav meg nytt aa tenkje paa. Og spyrja um. Han Farbror stod i Buo og arbeidde Kiste aat 'n Farfar; eg heldt meg helst der. Kom det framande og vilde sjaa han gamle Aadne Garborg, fylgde eg med inn i Buakammerse der han laag budd; soleis saag eg 'n ofte, so eg enno minnest Bilæte. Ein kvit Mann i kvit Skjorte laag der fram-med Vindauga under eit kvitt Lakan; han var svært still, og svært aalvorsam, men fin og velstelt. Eg hadde aldri komi paa at det skulde vera han Farfar dette, naar dei ikkje hadde sagt meg det [fotnotemerke] . budd: (lik-)klædd. Fotnote: Som Ættelista viser var han Farfar av den gamle Garborgætti, endaa han var fødd paa (Søra)-Grøteim i Nærbø-Sokni. Denne Garden hev ein Gong havt det stolte Namne Grjótheim; han ligg daa òg i ei Stein-Urd (liksom Nøra-Grjótheim). Mauland meiner me fær skrive Grøteim no; paa Jæren segjer me, Skam aa fortelja det, Grødei. SIDE: 194 Likferdi hugsar eg ikkje. Dei hev vel haldi meg ute, so det kunde vera stilt. Men eitkvart maa eg ha sétt eller høyrt endaa. For sidan heldt eg ofte Likferd yvi han Farfar. Og "song 'n ut", til dess eg sant aa segja hadde songi 'n ut or Minne mitt. Men han kom heller attfor meg sidan. Med Barndomen er det paa Lag som me segjer um Æva: der er ikkje Tid. Det er det at der ikkje er Samanheng. Der er Liv, Skifting, Bilæte. Men der er ingin Traad som held Bilæti ihop; kvart Tilfelle tek oss so heilt at Samanhenge slitnar. Tanken um fast Fylgje-Samanheng eller "Tid" fær me ikkje klaar for oss fyrr lenger utetter. Barndomen hev i det heile mange Vanskar; og sùme av deim veks no for Tidi. Soleis det at her er so faae som kann tala med Born, eller fortelja for deim. Me er for lite Born sjølve, dei fleste av oss. So hev me au fengi denne kloke "Folkeskulen" (skulde paa norskt hava til Motsetning "Feskulen", eller eitkvart sovori). Der maa Borni sitja og høyre paa tysk Teologi og anna djupt som dei aldri fær Greide paa. Denne "Folkeskulen" gjer vel au mykje til, at det vert so lite Samliv millom Borni og det andre Heimefolke. Skulen talar so mykje annarleis med Borni enn Heimefolke kann. Og det hev vorti so mykje Andsvar og so mykje "Metode" med dette: aa tala med Borni. Foreldri er avsette og det 4de Bòde avteki. Ikkje det aa vera Far og Mor, men det aa vera lærarskulelærd gjev Rett til aa tala med dei smaae. Det tok til med dette alt i mi Tid. Foreldri mine hadde ikkje tort fortelja meg ei Sogu eller eit Æventyr um dei hadde kunna aldri so godt. Jamvel Besteforeldri vaaga seg ikkje innpaa slikt. Ho Mormor var hjaa oss stundom; ho sat daa helst og spann, og rødde um mykje SIDE: 195 og mangt; ho kunde og stundom fortelja um gamle Dagar. Men ho fortalde lite som me Smaafolk kunde bry oss um, og aldri Æventyr. Ein einaste Stubb hugsar eg etter henne. Det var um ein stor Stein i Njaa-Heidane, der tri Systrar skulde ha frosi ihel. Sidan, sagde ho, kalla dei Steinen Joldan-Kalde. [fotnotemerke] Tenestefolk var det stundom meir Hjelp i. Slikt som Æventyr kunde ikkje dei heller; men serleg Gjentune fortalde Bygdesogur og anna smaatt. Segnstubbar med, som me gjerne høyrde paa. Sùme kunde kveda au. Ikkje Folkevisur, veit du; Kulturmaal-Visur. Mange slike hev eg høyrt og gløymt. Ei handla um Krigen: "da fik jeg se for Øgen, jeg saa' saa mangen døde, ja saa mangen tapper faldt." Sùme var aalvorsame: "thi saa faar du ikke mer paa sidste Dagen, du blir lagt i den sortaste Muld." Men mest gjekk det um Elsk: "O ja, o ja, mit Hjert' er bort', det kan ei mere faast igjen; o ja, da kommer jeg rent tilkort, hvist ikke du vil vera min Ven." Av ei som vart mykje songi i mine seinare Aar hugsar eg berre det som vel var Hovudsaki: "hendes I-ndtægter om Aaret et hundrede tusinde var ..." Folkedikting var det i det heile lite att av [fotnotemerke] . Sæl var eg, at eg i dei siste Barndomsaari raaka "Veslemøy"; ho var fraa det som endaa var att av det gamle Jæren; Fotnote: Jol dan kalde? -- Daa me no paa Jæren segjer "Jul" og "den", maatte Segni, um so var, vera svært gamal. Fotnote: Smlkn. Oluf A. Løwold: "Fra Jæderen"; Stvgr. 1888. SIDE: 196 og ho fortalde so godt som ein berre fortêl, naar ein sjølv av Hjarta trur paa det ein fortêl um. Det var i siste Slutten av Gamletidi paa Jæren at eg kom til. Det er skamlegt lite eg veit um det gamle. Men endaa kann eg nemne noko som for Ungdomen no vil vera nytt: at me hadde so mykje Handverksfolk fyrr paa Jæren. Paa sjølve Lande, beint ut sagt. Folke kunde i det heile mykje fyrr. Liksom kvar Mann t. D. var sin eigin Slagtar, var han au mykje sin eigin Skinnty-Makar, Barkar (Garvar), Skomakar, Laggar ("Bødtker"), Snikkar, Smed. Kvendi var ikkje verre; mest paa kvar Gard var Kòna, umframt Husstyrar, Fjosmeistar og Kokke, dertil Vevar, Fargar og meir eller mindre Saumar eller Skræddar. Byggmeistrar, Murarar, Maalarar, Fin- Snikkrar og Fin-Smedir var her au, so Lande greidde seg. Ja me hadde Handverkarar av alle Slag, like upp til Gullsmedir. Som Gullsmeden paa Gudmest(ad), han Per. Ingjebrett Mossige som eg fyrr hev nemnt var like eins Gullsmed, umframt Gardmann og Lensmann og Stortingsmann. Ikkje mindre til Gullsmed var Far hans, han Sveidn ("Svend") Mossige (1780 -- 1835), ein framifraa Mann i det heile, og enno ikkje gløymd; han hev vori reint som ein Hovding i Bygdi. Far hans att, han Gamle-Ingjebrett, skal ha vori heilt-upp ein Meistarsmed. No hev Handverke flutt til Byane og Jønnvegsgardane. Eg greidde meg fint heime, so lengi alt gjekk godt. Eg hadde det so gildt med Mor og Far og Drengir og Gjentur og Jamaldringar paa Garden, at Tidi helst gjekk altfor fort. Det var i eitt Mas fraa Morgo til Kveld med Barnestræv og Barneleik: Byggjing, Gardsbruk, Køyring, Sigling, koma framande, slaa Trebonius, føre Krig og kva det no var alt. Moro var det òg aa fylgje dei vaksne paa Arbeid, eller vera med i Fjose naar dei molka, eller hjelpe til med aa gjeva Bùje, eller vera med i Marki og paa Garden: hjaa Grannane. -- molka: mjølke. SIDE: 197 gjæte, eller "byggja Stove", eller "koma fremmande"; eg skal kje nemne naar eg fekk vera med til Sjøen stundom og køyre Sand og hente Kuvungar, og jamvel stundom sjaa Vrak. Og um Vintra-Kveldane naar alle var inne, og dei vaksne sat ikring Kòla med sine ymse Arbeid og rødde og fortalde um alt som falle kunde: um Hende i Bygdi, um Byferdir og Langferdir, um Sildafiskje -- der mest all noko tilkomin Ungdom var med, endaa Sildi no hadde flutt lenger nord-yvi, -- daa var det reint framifraa. Alltid var der eitkvart gildt aa høyre paa; og alle var i Godlag. Det var i det heile Skam aa sutre og jamre i den Tid. Samrøda gjekk lett og fritt, og alle var med. Det vart nok lite Stundir daa til aa sitja og hengje med Boki. Elles kunde Boki vera til sitt Bruk. Eg hadde Moro av aa lesa naar nokon vilde høyre paa meg og rose meg; men elles var Boki noko som høyrde Skulen og Kyrkja til. Eg kom paa Skulen i 6-Aars Alderen, tenkjer eg, og greidde meg der paa ei Vis, og totte det stod godt til. Det var Umgangsskule, maa tru; me var som Gjestir hjaa Kjendsfolk. Hadde det haldi paa med det, so Gud veit; kannhende hadde eg seti paa Garborg enno. Det var ikkje berre Bøkane og Blekkhusi paa Skulen daa, og dertil ein danskande Skulemeistar; det var heime og Sundag og Gjestelag. Der var alltid vel stelt hjaa Folk, naar dei hadde Skulen hjaa seg, og me totte me hadde det godt naar me sat der og bala kvar med sitt uppetter det lange Borde. Det var mindre Boki som raadde i dei Tidir. Meiningi var den same daa som no: me skulde lære det 4de Bòd og samstundes lære aa vanvyrde Heimeskikk og Fedramaal. Men dei orka ikkje aa gjenomføre denne Tanken heilt endaa. Boki var for det ho var; me skulde lære ho; men stort meir vart det ikkje. Ingin venta at me skulde skýna ho; vaar naturlege Forstand var "ved Synden formørket". Me fekk lære aa lesa, og lære Leksune; kunde me svare paa det Skulemeistaren spurde um var det godt; me laut hava Greide paa so mykje som Raad SIDE: 198 var til Konfirmasjonen. Men elles fekk det gaa som det kunde. Og der var so mykje anna i Skulen som var gildt. Aa leike i Lag; aa samrødast; aa høyre og fortelja nytt, og Sogur um gamalt rart; aa faa Greide paa slikt som høyrde til Folkeskikk og vìtug Framferd, i det heile aa lære av kvarandre endaa me ikkje sjølve visste um det, -- det var den rette Skulen. I Fristundine lærde me mest. Av Bøkane fraa den Tid hugsar eg lite anna enn Bokstavane. Der var ikkje noko elles som eg serskilt lagde Merke til. Og so lika eg aa høyre at eg var glup til aa lesa. Daa eg kom so langt at eg kunde lesa bakvendt var eg stornøgd reint. Eg vart ein Meistar daa; heilt-upp ein Speid'l. Ud laks ekki evah edemmerf redug rof gim; det skulde ingin ha høyrt slikt! Dei sanka seg um meg i Flokkar. Og høyrde, og undrast, og lo. Det var løje elles det som stod i Boki; men dette var no reint burt-i Veggine. Aa du, aa du so snodigt! Me smaae sat nedst ved Borde med Staveboki eller "Kakkjesboki" og stelte oss sjølve for det meste, endaa Skulemeistaren, han Byrge Løgje, saag etter oss rett som det var. Og hjelpte oss. Det var ein greid Kar, han Byrge, og snild, endaa han kunde vera kvass med; og eit serskilt godt Lag hadde han med oss smaae. Men med dei store var det mest Arbeid, veit du; dei skulde baade lesa og rekne og skrive, og hadde dertil Leksur i baade Forklaring og Bibelhistori. Ja kvar sine Leksur hadde dei, so det var Ikkje greidt. Og naar han spurde eller kattekisera og lagde ut, so maatte han tala Gudsord liksom Presten. Oss smaae skula han naar han fekk Stundin' for dei store; og mot oss var han som eit anna snildt og klokt Bygdemenneskje. Ja han tala so me skýna det jamvel naar han høyrde Leksur. Fristundine, eller naar me "slapp", var like gilde um dei ikkje heitte "Frikvarter". So snart Skulematen var speid'l: Spegil. -- "Gudsord" vart brùka um mest alt lesande i den fyrste Tidi eg minnest; Testamente, Salmeboki og Tekstboki var nok-so-nær det einaste boklege, vanlegt Folk kjende til. SIDE: 199 greidd var det ut og "gjera gildt"; og daa vart det Liv. Og so mykje snodigt og løje og stundom vaaglegt som det vart paafunni, helst av Galningane millom dei store. Det var i Skulen um Lag som heime naar me hadde Framande; det var berre det at her var me so mange fleire, so her vart so mykje meir snodigt funni paa. Og dermed so mykje meir aa lære. Ikkje berre av Leik. Kvar kom fraa sitt Folk og hadde kvar sitt aa bera fram, eller aa spyrja um og undrast paa. Og mest aldri var det nokon som fann paa noko uliklegt. Hende sovori, so fekk Syndaren høyre so mykje at han gløymde det ikkje so snart; og eg hugsar ikkje at me nokon Gong turvte gaa til Skulemeistaren med slik Uhugnad. Sjølve Skulen kunde vori betre stelt. Me hadde lært meir um me hadde havt det som i frie Land, der dei hev Heimemaale til Skulemaal. Men i den Tidi var Skulen i Norig heilt-upp dansk. Der var ikkje eit norskt Ord aa sjaa i Bøkane. Det einaste som hjelpte var at Skulemeistrane endaa ikkje hadde fengi full Framand-Upplæring. Dette, og so det at Skulen vart haldin i Husi hjaa Folke sjølv, gjorde at han vart meir Folkeskule likevel enn den Krambugut-Skulen me sidan hev fengi. Og han dreiv oss ikkje burt fraa Heimen. Mange av dei beste Bøndane paa Jæren er enno av deim som fekk si Upplæring paa Ungdomsskulen; me som sidan vart sette paa Skulehus og upplærde av Seminaristar, med oss bar det heller paa Framandveg. V. Knudaheio 26. 4. 1901. Du Steinar! -- -- -- At mine fyrste Aar var ei god Tid skýnar eg av at eg daa var glad i alt og alle som eg hadde med aa gjera; og ikkje minst i 'n Far. Sidan vart det annarleis. gjera gildt: leike. SIDE: 200 Vendingi skulde vori god. Det var Kristindomen som fekk Skuldi for ho. Men Skuldi hadde nok mindre Kristindomen enn Kristiandomen, eller Kyrkjelæra fraa Kristian den sette si Tid. Det var den som no var komi til Magt paa Jæren. Heime vart alt snutt um. I "Fred" er Sogo fortald, sant i alt som det gjeld um; her skal eg berre freiste aa faa med noko meir um meg sjølv. Det ser ut for meg som eg reint hev vorti umskapt i den Tidi. Eg hev vorti tagall for rødall, og drøymin for djerv, og gruvlesjuk for glad og tiltaksam. Og um mangt eit Hugskifte gjenom Uppvokstren kann koma "av seg sjølv", so hev vel dette mitt havt ymist Samanheng med det aandelege Luftskifte heime. Eg vart beintfram upptamd til Drøymar ved alt dette "Gudsord". Luther og Johan Arndt og Francke og høgsæle Bispen Brockmann og kva dei alle heitte, dei vart so lange for meg at noko laut eg finne paa, skulde eg klara deim. Han som eg hev laant det meste av til "Gunnar" i "Fred", eit Systkenbarne mitt som gjesta oss stundom og som eg vart godt kjend med, sagde meg Raad mot denne Lesnaden. Det var noko han hadde freista sjølv, endaa dei heime hjaa honom ikkje las meir enn ei Preike um Sundagen -- aa, som eg ovunda deg, Gunnar! Eg skulde sitja still og sjaa sundagsleg ut, sagde han; men inni meg skulde eg tenkje paa andre Ting, og det so hardt at Lesnaden kom burt for meg. Dette hadde eg elles freista sjølv. Men Ulykka var, at naar eg tenkte paa noko som eg brydde meg um, kom eg so inn-i det, at han Far skýna eg var i andre Tankar; og daa nytta det ikkje. "Nei det maa du agta deg fyri," sagde Systkenbarne mitt. Aa tenkje paa noko som eg brydde meg um, men ikkje tenkje for hardt paa det, vart daa mitt vanlege Sundagsstræv i lange Tidir. Men so var det noko anna som kom meg til Hjelp etterkvart: eg fekk stundom lesa Preikune sjølv. Daa gjekk det betre, um elles Preika ikkje var altfor lang. For det var gildt aa lata dei andre høyre SIDE: 201 kor godt eg kunde lesa. Og so maatte eg vel stundom kunna slumpe til aa blèda tvo Blad for eitt. Dette siste trur eg elles aldri eg vaaga; han Far kunde so snart sjaa det. Eg skýna kje mykje av det eg las, um det no alltid kom seg so smaatt med Tidi. Men naar eg tenkjer attende paa denne "Gudsords"lesnaden no, so skýnar eg, at dei hev stelt seg klokt, Prestane vaare, med sitt danske Kyrkjemaal. Dette Maale hev med sin framande Tone og sitt heile uheimslege Lag vori for Bonden noko paa Lag som den gamle Kyrkjelatinen. Og at Gud, som andre Storfolk, tala annarleis enn me Bøndar, det var daa ein sjølvsagd Ting. At Bonden skulde kunna skýna Vaarherre betre enn han skýna Skrivaren og Futen, var ikkje rimelegt. Yvi det dimme, halvtydde Kyrkjemaale lagde det seg daa noko av den Æventyrtonen som eit so høgt Ord maatte hava etter den gamle halvkatolske Bondetanken; og det kunde daa aldri bli kravt, at ein i vanleg Meining skulde "skýna" Gudsord. Endaa ein Ting kom meg til Hjelp: eg vart meir og meir "Klokkar" i den vesle Huskyrkja vaar. Han Far hadde eit gamalt Salmespél (Salmodikon) som eg fekk; dertil gav han meg Lindemans Tal-Koralbok; so spéla eg, og lærde mange Tonar. No veit eg ikkje rett korleis det var; han Far skulde etter det som var hendt i Skulemeistartidi hans ha vori ein heil Songmeistar. Men han var ikkje det. Dei gamle Tonane hadde han gløymt; og dei nye kunde han kje heller. So vart det meir og meir eg som laut styre Songen naar me heldt Husbøn. Og kry var eg. Fleire og fleire Salmetonar lærde eg; paa Resten greidde eg mest heile Kingo. Ja mykje av Guldberg og Brorson med. Og eg song og kjende meg Kar og tenkte med meg, at det knapt kunde vera noko mindre enn Klokkar i Thime-Kyrkja, Vaarherre hadde tenkt meg til. Ja villare endaa voks Draumane mine. Eg tok til aa dikte Salmar. Laga deim etter dei formfriaste i Kingo og lagde meir fri Form til sjølv; skreiv deim so upp paa Veggine i Kammerse hans Farfar; Veggine der var dregne SIDE: 202 med Kardus-Papir. Naar eg daa var vortin Klokkar, vilde eg stelle det so at Presten fekk sjaa desse Salmane mine; og Presten vilde sjølvsagt like deim framifraa. Bispen med. So vilde dei setja meg upp-aa ein høg Stol i Kore i Thime-Kyrkja og krune meg til Salmekonge etter Kingo. Den Draumen livde eg paa lengi. I Trui hans Far var det elles mykje som var godt. Ja beintfram nyttigt. Sùmt vilde jamvel vera landsgagnlegt um det vart Folketru; det kann du lesa um i "Fred", Stykke VII mod Slutten. Her nemner eg berre det som serleg kom oss Borni ved. Guds Vilje var, at Foreldri skulde vera Lærarar for Borni sine. Heimelive skulde sjølv vera Barneskule. Fyrst og fremst skulde Borni lære aa beda og halde seg til Gudsord; det dreiv han paa med av beste Magt. So høyrde Arbeide au med til Skulen. Gud vilde at me skulde lìva av Arbeide vaart; me maatte daa fyrst lære det. Og lære det i Barndomen som var den rette Læretidi. Den Kunnskapen som endaa turvtest, som Rekning og Skriving, skulde me au lære heime; og det fekk me drive paa med um Vinteren, daa Tidi var til det. Meg vilde han lære upp fyrst; so fekk eg etterkvart hjelpe Systkeni mine. Me skulde i det heile hjelpe kvarandre; so livde me au etter det store Bòde um Kjærleik til Brørane. Full av Tillit og Tru tok han til med Skule-Arbeide sitt. Eg hadde nok lika den vanlege Skulen betre. Men med mitt vonde Samvìt fraa Matkòven -- sjaa i "Fred" um Gunnar Mat-Tjuv -- tagde eg og fann meg i alt. Og Vinteren gav ikkje so reint lite Tid til Skulearbeid. Eg lærde baade aa rekne og skrive, eit godt Stykke paa Veg. Han Far skreiv upp aat meg i Skriveboki; den stræva eg daa med um Dagane, naar Tid var; og um Kveldane sat eg med Tavla inn-under Kòla og rekna. Til Hjelp hadde eg ei Reknebok som han Far i sine Skulemeistardagar hadde skrìvi upp aat seg sjølv etter ei eldre Bok, som ein annan Skulemeistar hadde skrìvi upp aat seg etter ei endaa eldre; dei kunde nok ikkje berre gaa til Bokhandlaren i dei Dagom. Stod eg fast, so hjelpte SIDE: 203 han Far meg; han sat ved same Kòla som eg, og bøtte Skinn-Hitar eller sauma Skinn-brøkar eller lappa Skor. Til sine Tidir hadde eg Lag, og det godt Lag: han Farbror Ola, som meir og meir slutta med Timbring og slo seg paa Handel; han gjekk daa i Reknelære hjaa 'n Far eit Par Vintrar, jamsides med Brorson sin. Naar eg vart leid av aa rekne (me vart aldri "trøytte" av slikt Arbeid), las eg høgt i det gamle Testamente; det var det me hadde til Lesebok. Det gjekk godt med denne Skulen. Var "Timane" faae, so vart dei godt nytta; Læregutane var ikkje mange, og Heimemaale var Skulemaal. Han Far var langtifraa Maalmann; men han kunde ikkje skikkeleg tala "Gudsord". Og difor vart han meg ein Lærar so god, at eg kann segja d'er i hans Skule eg hev fengi Grunnen lagd til all mi seinare Upplæring. Gjenom Heimemaale hans Far fekk eg Greide paa rett mykje av dette danske som me norske Bøndar maa lære all Ting paa, jamvel det som paa fint heiter "Land"-Bruk. Klaar vart vel ikkje i alle Maatar Kunnskapen min; soleis er eg rædd at det for meg var Jærbuen som i gamal Tid hadde gjengi yvi Raudehave, liksom eg visst hev fortalt deg at Stavanger var Jerusalem, o. s. fr. I slike Ting vaaga eg ikkje aa spyrja; eg hadde røynt at Svari helst vilde gaa meg imot. Mitt rette Fedraland fekk eg ikkje Greide paa fyrr lenger upp i Aari; dei gudelege takka aldri Gud for Heimlande sitt. Som og rimelegt kunde vera; lite hadde dei høyrt gjeti det, og lite kjende dei seg heime her, liksom dei heller ikkje skulde kjenne seg heime. Me skulde vera "Pilegrimar" paa Jordi. Liksom Jesus. Som aldri sagde eit Ord mot det romerske Framandstyre, kor saart han elles syrgde yvi Lagnaden aat Folke sitt. Det heimlause i Kristindomen er vel au det som Prestane vaare best hev kunna faa fram. Det som er visst er, at eg aldri høyrde Tale um Norig i mine fyrste Aar. Han Gamle-Sven, Smeden, kunde vel stundom segja slikt som at det og det "fanst det kje Maken til i heile Naari"; men slike Gamlingar sagde so mykje rart. I Kyrkja var SIDE: 204 eg den 17de Mai 1864, daa det norskdanske Norig heldt Fridomshelg; men der høyrde eg berre "Norge", som no er teki upp i det jærske Folkemaale med. Seint lærde eg aa skýna, at Naari eller Norig var det same som det Norge eg lenger ut i Aari fekk til Lekse i Geografien. Den Heimeskulen som eg fortèl um i "Fred" vart haldin paa Garden stundom, d. e. hjaa Grannom; men der var aldri me med. Læraren paa denne Skulen, som eg i sùmt hev teki til Mynster for min "Olsen", var ein Student eller "Studart", som vildra um her hitte i mine fyrste Aar og "budde paa Vindheim"; eg hev aldri fengi Greide paa kvar han var ifraa. Arbeidsskulen heime var stridare enn Bokskulen. Me laut hjelpe til det me kunde med baade Innearbeid og Utearbeid; og her spurdest det ikkje um vaar Magt; Gud vilde hjelpe oss med si, berre me bad um det. For han hadde sjølv sagt oss fyri aa arbeide. Dertil var òg Arbeide den beste Hjelp imot Syndi. Og den laag alltid paa Lur, ikkje minst etter oss Borni, sagde han Far, som stundom syntest meg gaatefull, naar han rødde um dette. -- Ein sers Umtanke hadde han for meg; og eg fekk mykje aa staa i, helst daa han slutta med aa hava Dreng. Æveleg nok var der aa gjera ute som inne all Tid, og eg fekk spenne i alt det eg orka. Innearbeide var elles lett. Og her fekk eg snart Hjelp av 'nna Stine, eldste Syster mi, ettersom ho voks til, um eg no laut "vera med" i lengste Lage. Det var daa helst aa bera Torv og Vatn, og sope Golve, og hjelpe til i Kjøken, og setja paa og taka av Borde; og so hjelpe til med Kinning og Karding og Spoling og kva som fyri kunde falle, alt etter som Aarsens Tidir var. Men ute var det stridare. Serleg med Jordarbeide; Vaarvinna, Torvskurden, Slaatten, Skurden og Eple-Upptakingi var stride Basketak alt. Millom Vinnune au var der nok aa gjera. her hitte (jærsk, av hit): paa desse Kantar. -- segja fyri: "befale" SIDE: 205 Ut-etter Fyrivinteren var det Turking og Maling, noko med det Arbeide eg lika best. So var det Vinteren med Bustell og Fjosstell og Heimearbeid av alt Slag. Bera eller sidan pumpe Vatn til Buje; gjeva Kyrne og Smalen og Øykine; maake Fjose; hjelpe til i Løo, serleg daa me fekk Treskje-Gogn; hjelpe til i Smidjo; staa og støyte i Barkakjere; liggje i Eplekjellaren og reinske Bingane for rotne Jordeple; i det heile hjelpe til i all den Endeløysa av smaatt og stort Arbeid som der var paa ein Gard; det var ikkje berre Moro. Skulearbeide kjendest reint som ei Kvile mot det. Det vart i det heile for mykje Stræv og for lite Leik for ein litin Krok; eg treivst ikkje rett, og fekk Uhug til Arbeid so vel som til Gudsord. Anna leidt fylgde med. Eg lærde aa ljuge og lure meg fram med det som eg vilde men ikkje fekk Tid til, eller ikkje maatte; og mine stakkars Smaasystken, som so tidt kom i Vegen naar eg hadde tenkt aa faa meg ei Stund for meg sjølv, vart meg til Mein; og Illskap og Argskap fekk ofte Magti, der Barnehugnad og Godvilje skulde raadt aaleine. Kristindomen vart det som Preikebøkane kalla Lov; og der var mykje "Lovens Frygt" i Huse. Var me saman med 'n Far, tagde me og var rædde. Det var Synd aa samrødast, naar det ikkje var um naudsynlege Ting, eller um "Sjæli"; me "skulde gjera Rekneskap for kvart unyttigt Ord me hadde tala". Den Guden han Far trudde paa var i det heile den gamal-jødiske og nypietistiske Jahve; hadde han naatt fram til Faderen so hadde det gjengi betre, for honom som for oss. Men "Lovrædsla" var yvi oss jamvel naar me var aaleine. Ikkje ho Mor heller kunde alltid hjelpe oss. Me hadde so lite aa gleda oss til, og so mykje aa ræddast. Og Ovund og Uhug kom upp oss sjølve imillom, med Uvenskap og Uhugnad. Eg var verst her som i alt, Venteleg av di eg hadde det tyngst og kjende meg minst fri under desse ubarnslege Vilkaar. Altfor lite fekk me vera i Lag med andre Born au. Det kunde vera i Skùmingsstundi Vinterdag, fyrr Kòla Smale: Faareflokk. -- Gjeva Kyrne: gjeva deim Mat. SIDE: 206 vart kveikt; det Bìle han Far kvilde. Ho Mor hev visst havt mang ein Strid berre for aa faa so mykje fram. Han Far, Stakkar, som var under verre Tvang enn me, meinte at me liksom han hadde havt best av aa reint "forsaka Verdi". Eg veit at naar me kom inn att fraa Leiken vaar var han i Ulag mest jamt; altfor vel skýna han at "Hugen var etter oss der ute". So vart Ut-Hugen endaa sterkare. Og voks og voks, til dess han vart Uthug fraa Heimen sjølv. Den paulinsk-luthersk-pontoppidanske Kristindomen hans Far sprengde meir og meir Huse. Det vart til det, at kor lite me i all denne Hugløysa kunde samstevjast oss sjølve imillom, so var det daa ein Ting som kveikte oss alle upp: naar han Far skulde paa Utferd. For me vart "frie" daa. Og di lenger han skulde vera burte, di meir Høgtid var det. Ho Mor, Stakkar, laut nok au for vaar Skuld vera glad; altfor vel saag ho, at dette stengde og bundne Live ikkje var godt for oss Smaafolke. I desse Tidine vart han Farbror meg til stor Hjelp; med honom var det som den frie friske Verdi endaa av og til braut inn i Huse. Han fór vidt ikring, han Farbror, og dreiv paa med mangt. Fyrst var det Timbring; so vart det Nautehandel. Han fór nord i Fjordane um Vaaren og kaupte Kyr, og hadde dei i Heiabeite um Sùmaren; so laag han i Byn um Hausten og slagta og selde. Um Vintrane dreiv han dertil med Sildesalting. Sidan vart han Timberhandlar. Han fór paa "Austlande" -- Mandals- og Kristianssandskanten -- og kaupte Vea som han selde paa Jæren; det var jamt Folk som skulde byggje der; dei gamle Husi var ikkje fine nok, maa-vìta. Sùme Vintrar kaupte han Vrak som var innkomne paa Jær-Strandi, og hogg upp og selde ut i smaatt under Hamaren. Sidan, daa Helsa tok til aa svikte, vart det Ferdir til Eikersund, Mandal, Kristianssand og kvar som helst etter Doktarhjelp. Men fraa alle sine Tiltak og alle sine Ferdir hadde han Sogur aa Vea: "Træmaterialier." SIDE: 207 fortelja; og naar han ein Vinterkveld kom, so skal eg tru det vart huglegt hjaa oss. Daa sat eg innestengde Ungen og høyrde paa han Farbror som det kunde vori sjølve Snorre Sturlason. Han hadde Sogur fraa Sjø og Land, fraa Handel og Vandel, um Moro og Aalvor og alle Ting, og han fortalde so ein kjende at han var med i Sogune sine. Aldri veit noko Menneskje kva Hjelp slik ein Sogumann kann vera for eit Barn; fraa desse Aari av vart eg reint serskilt glad i 'n Farbror. Han var i vaart avstengde og innestengde Hus sjølve den lìvande Verdi som braut inn med sitt Liv og sitt Spél; og fyrst og fremst var han det gamle Jæren og det gamle Garborg. Med sine Sogur og sitt klaare kloke Vìt gjorde han meir til aa halde meg hugfrisk enn eg skýna den Gongen. Hjelp hadde eg stundom av Arbeidsfolki vaare au; ein av desse, han Gabriel paa Bergj'e, ein stød og greid "Austlending" (Dalabue), hjelpte oss mykje i dei myrke Aari, og ikkje minst i dei siste og myrkaste; han var med sitt gode Vìt og sitt rolege Mod til Studnad for oss alle. So var det umflakkande Handverkarar og andre meir og mindre farande Folk som beintfram eller umveges vart Skulemeistrar for meg. Det var vel ikkje alltid so sætande, det dei lærde meg; men betre enn inginting var det daa visst. Min fyrste Professor i europæisk Literatur var ein umvankande Skræddar; han fortalde meg serleg um Greiven av Monte-Christo; den Sogo stod so høgt yvi alt det dei her laga ihop og gav ut, at me berre fekk tvibøygje oss og knefalle. Ein Ryfylking som arbeid hjaa oss ei Stund, men laut røme daa han hadde stoli Pengeboki hans Farbror, fortalde meg um Eimbaatar Og Luftbalónar og Gjest Baardsen og ymist rart; og ein gamall Svenske som fór her framum ender og Gong, og daa gjerne fekk Hus med Natti hjaa oss, kunde koma inn paa Sogur um tolvte Karl eller fjerde Gustav; og Stundom fortalde han um Prins Kristian August og den braae Banen som han fekk. So var det Fante-Thomas som uppbygde meg med Guds Forunderlegheitir i Naturens Bok, eller med Bilæte av den Planken som heiter SIDE: 208 Verdi, og elles med mange Begrep, Aspekter og Anskuelsar. Lærarane mine er i det heile fleire enn eg hugsar eller veit; Takk have dei alle! Men i det heile var det stilt i Huse, og myrkt. Mest laut eg lìva paa mine eigne Draumar. Og deim livde eg paa. Stasa deim til og tøygde deim ut og gjorde deim um att og um att so dei varde mest æveleg. Det var ikkje vanlege Barnedraumar; det vart Sjukdom. Og ei Magt kunde dette Draumtulle faa, so eg stundom heiltupp gløymde Røyndomslive. Eit Døme kann eg fortelja. Det var i Slaatten; ein Høyvêrsdag; eg var med og snudde. Men Hovude var fullt av ei Draumsogu, og Arbeide gjekk traadt. Svært traadt. Dette kjende eg. Men Draumen hadde Magti; eg vakna ikkje. Tok paa Resten upp Riva og vilde kvetja (bryne) ho; trudde det var Ljaaen eg stod med, og at den ikkje beit; for noko laut det vera som var i Vegen. Fomla eit Bìl med dette, men fekk ikkje Greide paa det. Daa var det han Farbror; han var med i Høye den Dagen og kom til aa sjaa paa meg. Stod og stirde eit Grand; skýna kje dette; vart mest rædd; det kom som ei Bivring i Mæle hans: "er der noko i Vegen, Aadne?" Eg vakna og vart sjølv mest rædd; hugsar ikkje lenger korleis eg vreid meg fraa det. So reint kunde eg drøyme meg burt. Var det ei Sogu eg høyrde og lika, laga eg ho um og stelte ho til og gjorde meg sjølv til Hovudmann i ho, kor urimeleg ho var; ja etterkvart laga eg meg ei Livssogu av kvart det Paafund som i meg upp kunde koma. Desse Sogune enda alltid upp-i ei Ørske-Høgd; eg vart Konge, Keisar, Pave, Lyktemann og kva som helst; og ho vesle Serina hans Sven vart Dronning, Pave-Dronning med, naar det kom so langt som til den siste store Sìgers- og Stasdagen. Og eg bygde meg Borgir høgt i Sky, og vart lovsongin yvi Heimane alle. Det gjekk vidt med dette. All mi Arbeidstid vart SIDE: 209 Drøymetid; eg hadde vorti galin, hadde det haldi paa nokre Aar lenger. Noko av det vìtugaste eg stelte med var eit "Menageri" (med g), som eg fekk Tanken til av "Menoza", ein Roman eg fekk lesa for di han var av Dr. Erik Pontoppidan. Menagerie "bygde" eg nord-i Markaasen, og samla inn Dyr og Fuglar av alle dei Slag eg visste um, fraa Oteren til Leviatan, men serleg alle Villfuglane. Denne Dyreheimen, der eg serskilt stelte med Vibo, av di eg var so glad i Vib'-Egg, vart til eit Vedunder i Bygdine; og eg sjølv vart ein Herremann som hadde mykje meir aa segja i alle Ting enn baade Presten og Amtmannen. Etterkvart hadde eg eit heilt "Bokrike" av slike Draumar, og kunde kvar Dag velja ut den Sogo eg daa lika best, til Umdikting og ny Uppstasing. Det vart daa eit trifeldt Liv eg kom til aa føre: eit Draumliv i meg sjølv, eit Halvdraum-Liv heime og eit anna Halvdraum-Liv ute millom hitt Folke. Det var det sjuklege eller paa annan Maate serskilde Folkelive eg i desse Aari saag mest til. Rett som det var kom det ein gudeleg Halvtulling og skulde hava Raad og Rettleiding av 'n Far, eller klaga si Naud um ikkje meir; til andre Tidir var det eldre og meir røynde Gudsborn som kom og vilde gjeva 'n Far Raad og Rettleiding. Eg hugsar millom andre ein Skomakar fraa Stavanger som kom og vilde lære 'n aa "jubla". Naar han ikkje kunde juble, so hadde han ikkje den rette "sønlige Udkaarelses Aand," meinte Skomakaren. "Du skal gjera som eg: jubla!" sa han. "I alt mitt Arbeid, fraa Morgon til Kveld, -- eg gled meg i Gud og jublar og syng; daa vaagar kje Satan seg innpaa meg. Eg er trygg og glad som eit Barn i Fange aat Far sin; me er frelste, Eivind! Me skal til Himilen! Ingin kann taka Gleda vaar fraa oss; men so skal me og vera glade. Me skal leika og kveda, kveda aandelege Lovsongar; me skal jubla; me skal jubla, Eivind!" -- Han Far smilte. Me skulde vel helst dyrke Gud i Arbeide vaart, meinte han. Og heller "jubla" i vaare Bønestundir. Fleire og fleire var det i dei Tidine som tok til aa hitt: neutr. av hin. SIDE: 210 tenkje paa "Sjæli" si. Herren kunde koma naarsomhelst; og daa vilde det vera vondt um me ikkje var budde. All Stad var det Preikarar aa høyre, sùme av Hauge- Slage -- desse fekk etterkvart tala heime hjaa oss med -- , andre, serleg By-Handverkarar og slikt, med serskilde Smaabrigde i Trui eller Talemaaten. Eg kom til aa høyre ymist av dette; men di meir eg høyrde, di mindre brydde eg meg um det. Kannhende var det i desse Tidir eg fekk den fyrste Tanken um, at ikkje alt er Sanning som gjev seg ut for det, og at Vaarherre knapt kann vera andsvarleg for alt som kallar seg Gudsord. Ser-Lag sanka seg ihop um eitt og anna Smaa-Tull rett som det var; ein som eg i "Fred" hev kalla Søren Soma fekk med Domedagsdraumar og ymis Ørsking skræmt ihop ei heil liti Sekt; gudeleg Rædsle og Halvørske vakna baade her og der; Halvprofetar og Halvgalningar kapppreika; Folk vart halvsjuke og heil-øre, misste Vìte og drap seg; det var ei syrgjeleg Tid. Hjelp var ikkje aa faa; Prestane stod framande i eit framandt Folk og kunde inginting gjera. Folke leid vondt; det var fleire enn han Far eg saag det paa. Eg hugsar ein Bonde her or Sokni; han var endaa skyld med oss paa Morsida. Det var ein drivande Mann, og han arbeidde seg upp; Hovude hans var godt til sitt Bruk, men kunde mindre med det boklege. So vart Kòna hans vakt. Og Huse dreiv fullt med Lesarprestar. Dette varde eit Par Aar; so døydde Kòna. Det var daa, han Abram kom i "Anfektelsar". Eg kom til aa sjaa 'n ein Gong i den Tidi, og eg gløymer det aldri. Det var ho Mormor som var ute og ferdest, og eg fylgde henne med Øyk; so raakar me 'n Abram. Han kom farande som han sprang for Live, skrinn og svart, yvigrodd med Skjeggebust, skræmd og stygg i Augo, reint som han ikkje var klok; daa han saag kven me var, stana han og tok med ein Gong til aa klaga seg for Sjæli si. Han hadde kje Fred korkje Natt eller Dag, jamra han; ho Jorina, Kòna hans, var i Himilen no, det visste han; men sjølv kom han ikkje til Himilen; han kunde ikkje faa det so godt for seg som ho Jorina hadde havt SIDE: 211 det. Han kunde kje faa Fred med Gud! Eg stirde paa den forskræmde Stakkaren som fyrr hadde vori so roleg og stød; og det var som eg kjende Svaavel-Lukt. Ho Mormor tala godslegt med han Abram. Han skulde ikkje tru vondt um Vaarherre. Vaarherre kjende oss og visste kóss det var med oss; og han var ikkje urimeleg. "Du skal gjera det beste du kann, Abram, og ikkje bry deg det Slag; han vil oss nok inkje anna enn det som godt er," sagde ho Mormor. Han Abram svara ikkje større; hasta i Veg burt-yvi Bakkane som ein skræmd Hare. Sidan tenkte eg paa, at ho Mormor visst ikkje hadde lært 'n rett Kristindom; Vaarherre var knapt so greid aa koma til Rettes med som ho hadde sagt. Men eg ynskte so smaatt at ho maatte hava Rett likevel. Og daa ho sidan døydde, og der ikkje var anna enn godt aa høyre fraa Sottesengi hennar, tenkte eg med meg at kven veit: kannhende var Vaarherre rimelegare enn Folk trudde. Men det torde eg ikkje líte paa. Eg heldt meg sjølv til Jahve i dei Tidine, naar eg stræva med aa umvende meg. For eg stræva med dette stundom; og det ikkje so lite heller. Hùgen til det gode var det vel knapt som dreiv meg. Sterke Brandskildringar fraa Helvite gjorde meir, og so dertil Daudebòd, helst slike som kom uventande, eller nære-fraa, eller liksom med serskild Ærend til meg; soleis naar Jamnaldringar døydde. Visst er det: eg "fekk Aalvor for meg" sùme Tidir. Daa lét eg Draumane fara og stræva med aa koma i Samfund med Gud. Eg skulde vìta Vegen. Han Far las og fortalde um denne Vegen for oss kvar Sundag; og seinare, daa eg kom i Skulen att, fekk eg "Saliggjørelsens Orden" gjenomgjengin der med, av den eine Skulemeistaren klokare enn den andre. Men endaa var Vegen ugreid for meg. Og vart so SIDE: 212 verande alltid. Den tridje Artikel var i det heile vrang; og det um Hugvendingi og "Saliggjørelsens Orden" var det verste. Eg kunde ikkje lære det forutto dessmeir, annarleis enn so vidt eg greidde det til den Dagen paa Skulen daa me skulde "ha det". Men eg fekk beda. Slike Bønir skulde Gud alltid høyre, sagde dei. Stundom saag eg au etter i Forklaaringi um "Saliggjørelsens Orden". Men Bønine hjelpte ikkje. Eg kunde beda so aalvorsamt eg vilde; Hjelp kom det ikkje, so vidt som eg kunde forstaa. So hugsa eg, at ein laut vera umvend, um ein skulde kunna beda rett. Kva Raad var her daa? Beda Gud hjelpe meg beda? Eg freista med det. Men hugsa snart, at ein kunde vel ikkje beda rett um det heller, fyrr ein var umvend. Det vart daa ikkje onnor Raad enn at eg fekk springe yvi Bøni so lengi. Eg fekk tru at Gud vilde hjelpe meg likevel, naar han saag det var Aalvor med meg. For han vilde, at me skulde umvende oss og "komme til Sandheds Erkjendelse". Men so var det den Servansken, at Anger yvi Syndi maatte til. Utan den var det ingin Veg aa koma. Eg stræva svært med Angeren. I "Fred" hev eg fortalt um Enok Hòve og hans Angerstræv; det meste der er teki fraa meg sjølv. I Grunnen var Ulykka den at eg hadde synda so reint for lite. Det kunde ikkje verte nokon skikkeleg Anger av slikt. Skikkeleg Anger var det ikkje fyrr ein kjende seg den største av alle Syndarar; det stod i alle Bøkar. Men det gjorde ikkje eg. Eg stræva alt det eg kunde; leitte upp i Minne alt det galne eg hadde gjort, sagt, tenkt, havt Hug til, og det vart ikkje so lite; dreiv det stundom so vidt at eg tenkte det laut vera Anger, dette-her, endaa eg ikkje merka noko til Syndegraaten. Bad daa um Tilgjeving det beste eg kunde. Men kjende ikkje noko som kunde vera Hjelp eller Svar. Trøysta meg med, at det var vel ikkje alltid ein kjende forutto: utanbokes, "udenad". SIDE: 213 det. Ikkje alle var so høgt naada som Luther og Johan Arndt. Ein fekk tru. Tru at Syndi var tilgjevi, og so berre drive paa med den nye Livnad. Eg freista med den. Ein Dag, tvo Dagar, tri Dagar, og lenger. Det gjekk ikkje verst stundom. Me var skrøpelege. Men berre me vilde det gode -- ; det galdt nok mest um det. Eg bad og heldt paa. Men Rædsla veikna og Live lokka. Meir og meir gløymde eg aa beda; mindre og mindre var eg paa Vakt. Klaarare og klaarare visste eg, at eg var den same som eg hadde vori. Og dette vart endaa sistpaa ei Trøyst. For daa kunde eg vel ikkje med dette Stræve mitt vera komin so langt, at det hadde vorti til Synd imot Aandi. Smaatt um Senn gav eg so Stræve upp. Eller gløymde det av. Det fekk vera med Hugvendingi til eg vart større og hadde synda meir. So gjekk det vel au betre med Angeren. Stundom freista eg aa gaa mindre strengt etter Boki. Det var vel ikkje alle som hadde det like eins. Serleg med Born var det visst annarleis; stod det ikkje at Guds Rike høyrde deim til? No galdt vel dette mest um Smaaborn. Men noko galdt det vel for min Alder med. No vilde eg berre tenkje paa Vaarherre, og beda, og alltid vera lydig og snild mot Far og Mor, og greid og beinsam mot Systken og Kjenningar; so hjelpte Vaarherre meg etterkvart, skulde eg sjaa. Eg kunde halde meg uppe i dette nokre Dagar. Og kunde stundom hava det rett godt. Serleg naar eg fekk det til med aa vara snild mot Mor og Far, og jamvel mot Systken. Men det stod aldri lengi paa. Smaatt eller braatt kom eg ut av mitt gode Lag, og skýna daa straks at eg ikkje hadde vori umvend. Aa nei; ein slapp nok ikkje fraa det so lett! Eg hev gjort ikkje so reint faae slike Tiltak frametter Aari. Og dei vart meir aalvorsame etterkvart, av di eg meir og meir ræddast for denne gaatefulle Syndi mot Anden eller "Forhærdelsen". Men alltid naar eg hadde stridt ei Stund med aa koma til Gud dovna det av med SIDE: 214 meg att; i Grunnen hadde eg ikkje noko hjaa Gud aa gjera. Ingin visste um dette Stræve mitt. Og heller ikkje maatte nokon vìta noko, fyrr eg saag det vart noko av. Ein Gong etter ei slik Vekkjingsrid kom ho Mor til aa segja at eg hadde vori so snild no eit Bìl; eg vart skamfull og heit og snudde meg fraa henne. Men Barndomen er forunderleg. Med all Bljugskapen min for desse Hugvendings-Tankane, og med alt det at eg var vortin so framand for han Far, var det til honom eg ein Gong kom til aa tala um dette Stræve mitt. Tvil som eg hadde havt, og Spursmaal som var komne i Vegen for meg, nemnde eg utruleg fritt; hadde i det heile ei av dei faae gode Samrødune med 'n Far som eg kann minnast. Han tok det godt upp. Trøysta meg; tala rolegt og roande. Det var mange Vanskar, sagde han; eg skulde ikkje vera rædd. Gud kom i si Tid. Og daa, meinte han Far, fekk eg lære mangt som eg enno ikkje skýna. Eg hugsar eg vart forundra yvi at han tok det so stilt; men det var nok ikkje lenger i dei sterke Dagane hans, dette. Eit anna Møte minnest eg, som eg hadde med 'n Far; det var eit Par Aar seinare. Eg hadde fengi laant Ibsens "Brand", Og tenkte at fekk han høyre noko av den, so vilde han faa betre Tankar um "desse Uppdiktingsbøkane". Det laga seg so vel au, at eg fekk lesa upp noko av "Brand" for 'n Far. Han sat og høyrde paa meg ei god Stund. Svært still sat han. Eg tok alt til aa tru at Slage var vunni. Daa bad han meg slutte. So sat han og tagde eit Grand. "Nei; eg maa kje høyra paa sovori," sagde han. "Det gjeng for mykje inn-paa meg; det er so eg gløymer ... alt anna." Eit Grand etter lagde han til: "du maa agta deg du au. So desse Bøkane ikkje fær for mykje Magt med deg." Eg las ikkje meir av "Brand" for 'n Far. Men den Raadi han hadde gjevi meg fylgde eg ikkje. Og so kjem det noko som eg ikkje veit Samanheng med; reint for seg sjølv stend det. gange inn -- paa: "angribe"; "gjøre Indtryk". SIDE: 215 Eg var ferdug med alle "Vekkjingar". Alle Sutir av det Slage var burte. Dette som Prestane og Preikebøkane rørde um var noko Tull. Der var ingin slik gamall Sinnatagg til Vaarhere som sat og lurde paa um han kunde faa kaste oss i Helvite. Eg minnest so vel baade kvar eg var og korleis Verdi saag meg ut, daa eg ein skysprengd, solblinkande Vaardag gjekk og sagde meg dette. Eg veit kje kvar eg hadde Tankane fraa eller korleis eg kom paa deim; men dei var klaare og trygge. Dei letta og gav Ro; der var korkje Sinne eller Uppreist i deim. Som ei frisk, roleg Morgonstund stend dette for meg. Alle gamle Gaatur og Rædslur var avlyfte, burt-tekne; eg var fri; løyst. Og Verdi var fager: Aaker og Eng og Mark og Sjø, og ingin Audheim der Devlar dansa. Lìva skulde me her, og byggje Jordi og vera glade; ikkje liggje og fumle og tumle med Devlar og Gravrædsle. Det hev vel vori eit Hùglag, ei Vakning av ungt Mod. Men det kann og ha havt Samanheng med, at eg daa var komin i Skulen att, og hadde fengi ein Lærar der, som eg kunde tala med. Denne Læraren var ein Kjenning; me hadde jamvel gjengi saman i Skule fyrr; han var klok men ikkje framand, upplærd til Skulemeistar men ikkje Seminarist; og han hadde Tankar som var for-vaaglegt nye for meg nett av di dei ikkje var framande. Han tenkte heimslegt! Var Skulemeistar, og tala paa Skulen skulemeistarfint; men han tenkte som me, og tala som me, naar han sjølv og ikkje Skulemeistaren tala. Han samrødde med meg, og me vart kjende att. Det var kje so mykje "nytt" han lærde meg; men han lærde meg aa sjaa det gamle so det vart nytt; og smaatt um Senn tok eg til aa skýna at eg livde i Norig og ikkje i Galilæa. Fraa den Tid er det som eg vaknar og tek til aa arbeide meg ut or Haugen min; og Ungdomsframhùgen livnar, so eg vel stundom kunde bli vel modig, veit eg. Denne Læraren og Kjenningen min hev eg nemnt fyrr; han er Skulemeistar enno og heiter Torkell Mauland. SIDE: 216 Han fortèl meg elles at me er Fem-Menningar. Hans og mi "Tipp-tipp-tipp-tipp -- -- ?-Mor," skriv han, "er i Skifteboki skrìvi "Gitle Knudsdotter" i Staden for Gitlaug Knutsdotter; ho var Mor til Knut Garborg, Far hans (Eivind og) Olav, Far hans Aadne, Far hans Eivind, Far din; same Gitlaug Knutsdtr. var like eins Mor til Gitlaug Risa, Mor hennar Gitlaug Garborg, Mor hans Svein i Holen, Far til Mor mi; er ikkje dette som det var skrìvi ut or Sogo?" -- Det er det visst; endaa for meg sviv det rundt helst. Han granskar i det heile gamle jærske Ættelistur i seinare Tid, og finn, at det paa Jæren er meir Skyldskap millom Folk enn godt gjer, kannhende. I sùme Ættir ser det daa visst ut til aa ha vorti for mykje av det; Ættine hev beintfram sjukna burt. Og ymist anna skralt er her millom Folk som kann hava Samanheng med dette. Eg for min Part undrast soleis paa, um me ikkje her hev ein av Traadane til den gudelege Sjukdoms- Taatten som i seinare Tid vev seg igjenom so store Lag av Jærfolke. D'er kje godt aa vìta. No, daa Jønnvegin og ymist anna hev sett sterkare Straumdrag i Tilvære her, og fengi upp baade meir Utflytjing og meir Innflytjing, kann me visst vente ei Uppfrisking i alle Tilfelle. Men kor som er: Fem-Menning med Torkell Mauland vil eg gjerne vera. -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- VI. Knudaheio 10. 5. 1901. Du Steinar! -- -- -- Det kom att baade Skuletid og Kyrkjetid, som fortalt er i "Fred". Stridt var det ofte naar eg skulde til Kyrkja; eg hadde so mykje heime aa stelle med. Men naar eg kom til Kyrkja gløymde eg dette. Det var gildt aa sitja og sjaa SIDE: 217 paa Folke etterkvart som det kom inn; eg kjende dei fleste, um eg ikkje alltid visste Namni. Ikkje mindre gildt var det naar Presten kom paa Stolen. For det høvde seg so vel at eg skýna ikkje Presten vaar. Han hadde liksom Moses eit tungt Maal, stota og stama og "tala ikkje reint", so ein skulde vera gløgg um ein kunde skilja Gudsorde hans. Ingin venta det av meg. So kunde eg med godt Samvìt brùka Augo meir enn Øyro, berre eg sat noko-so-nær still daa. Og i Kyrkja var der nok aa sjaa etter. Altertavla med Altare og Blæja var det gildaste; og so var det Preikestolen; og Prestalemmen med Prestafruo og Prestabodno, som var mange og mangeleis laga, sùme vaksne og sùme halvvaksne og sùme smaae, men byklædde og fine alle; og Gjentune hadde Hattar paa Lag som Gutane. Venast var dei minste, tótte eg. Klokkarstolen og Stolane for Medhjelparar og Skulemeistrar granska eg vel; det kunde hende det var Framande der, og det stundom fine Framande. Klokkaren heldt eg serskilt godt Auga med; det var han som styrde Kyrkja. Han las Bøni baade fyrst og sist, og styrde Songen, og klædde paa og av Presten, og song og sagde Amen baade her og der; den fyrste eg saag var Gamleklokkaren, han fraa Vestly; so var det Sven Mauland, den fyrste seminarlærde, og til Slutt Vellesen, som tala fint liksom Prestfolke og noko seinare fekk Lærarskule paa Thime. Sidan tok eg det eg kunde faa med av Kyrkja elles; desverre var Stolen vaar No. 4 fraa Kordøri og dermed altfor langt framme, so det var mykje eg ikkje kunde sjaa. Men eg hev sétt meir enn ventande skulde vera. Eg kjende til Slutt mest heile Sokni. Enno hugsar eg serskilt Lensmann Mossige, og Per Mossige, og Ola Aarest, og -- ja det vart mange, skulde eg rekne deim upp. Av Lemmane greidde eg den paa vinstre Handi, der den meste vaksne Ungdomen sat; der hadde eg alltid mykje aa sjaa etter. Kvinnfolk-Sida ned-paa Golve hadde eg meir Møde enn Moro av; ikkje kjende eg mange der, og Blæja: Ring-Grindi um Altare. SIDE: 218 dei eg kjende kunde eg knapt taka att, naar dei sat der kyrkjeklædde i Snipp og Huve. Daa vart Hovudi so lange og smale, og Andliti so smale og bleike at dei ofte vart reint ulike seg; det var jamvel stundom berre so vidt eg kjende att Mor mi. Dei gjekk med Snipp Gjentune au, det fyrste eg minnest; men han vart avlagd meir og meir, og kom burt paa Resten. Mest Moro var det aa sjaa paa dei gamle Mennane. Sùme var høge og strake og heilt-upp vene. Men mange var smaae og rare og krokute, med snaude store Skallar og kvitt eller kvitflekkut Skjegg, og løglege smaae Nasar med Vortur og Haarflisur, eller med smaae Haardottar som tøygde seg fram or Nasebori liksom Bustir; og Andlit med utrulege Rukkur og Valkar; og Augo smaae og gule eller store og raud-aarute. Dei sovna ofte, desse Gamlingane, naar Presten kom noko ut i Preika, og kunde daa stundom vera reint løglege aa sjaa paa. Presten, Gunnerus, eller Gunnerius som Folk sagde, var av den kjende Gunnerus-Ætti. I Grunnen var det ein snild Mann, um han elles var noko "hastig" av seg; det gjekk endaa Sogur um, at han i yngre Dagar hadde teki paa Folk og banka deim upp, naar Sinne fekk Magti. Det skulde ikkje vera noko Hovud paa Gunnerus vidare; dermed hadde han lòti taka Prestevegen, endaa han ikkje kunde tala reint. Men dette med Mæle hans, det gjorde kje noko vidare. Folk klaga nok yvi at han ikkje kunde messe. Men Vaarherre hadde gjevi oss Gunnerus, og so fekk me vera fornøgde med Gunnerus. Vilde ein høyre Messe, kunde ein fara til Nærbø eller Klepp. I Klepps- Kyrkja fekk ein dertil høyre serskild god Preike; Presten der, Presten Moses, tala so vent. Det var elles lengi fyrr eg kom dit; han Far meinte me skulde halde oss til vaar "egen Forsamling", og ikkje flakke um "ettersom Øyro klaadde". Eg fekk likevel høyre Moses nokre Gongir; og eg maatte segja han var framifraa. Det lette rike Bass-Mæle hans hugsar eg enno. Av Preikune kjem eg i Hug nokre Ord som han ofte kom att med og fekk til aa klinge serskilt vent, helst i Enden av Setningar: paa Resten: til Slutt. SIDE: 219 "i Upprigtighed og i Sandhed"; Orde "op" uttala han med opin u. Det var storfagert; eg vart reint tekin med. Elles heldt Folke seg til Lækprestane, naar det var Orde dei vilde høyre. Og betre og betre kom Folke til Lags med Gunnerus; dette kom vel og mykje av at han hadde slik ei snild og folkeleg Frue. Gunnerus var Prest paa Lye alt til han døydde; det er den siste Presten som er gravlagd ved Thime-Kyrkja. 13/5. Takk for Brev! Ille knurrar du yvi Bøkane vaare i seinare Tid; du er nøydd til aa lesa deim no, stakkars Krok, um det her og der skulde vera eit norskt Ord i deim. Men Suttr-og- Sorg er alt ihop, tykkjer du, og Samvìt og Magaverk og Stoppels. Hadde du kje 'n Aasmund Vinje aa trøyste deg med, so kom du til aa hengje deg tvert upp, trur du. Kva skal eg segja? Der er vel altfor mykje i det, veit eg. Men du fær trøyste deg. Dei er kje stort gladare i sjølve det glade Paris no, dei som skriv. Ein av dei nyaste der skal jamvel ha sagt, at kann han kje med si næste Bok faa minst tie av high-life-Lesarane sine til aa kòlrøykje seg ihel, so vil han kje skrive meir; gjev han heldt Ord. Kvar Devel vil hava sin Maanad, som du veit; ein fær taka det med Tòl og suge paa Labben. Les Vinje naar det vert for stridt; og lat elles Verdi surre! Med meg er det betre no. Eg tok meg ein Svelg Opium her ein Kveld; tenkte som so: breste eller bera! Tri Dagar sov eg etter det; og dermed er den verste Suttr-og-Sorg yvistridd for denne Gongen, trur eg. -- -- 14/5. -- -- Det vart Skifte med Skulen i vaare Bygdir med; i Staden for Umgangsskulen i Heimane fekk me Pulteskulen i ei serskild Skulestogu, der det ikkje var folkeleg: med god Folkeskikk; "dannet". SIDE: 220 noko som minnte um Heim. Det var Tingstogo paa Mossìge me fekk; Ingjebrett var vortin Lensmann i Høyland. Eit høgt, stort Rom var denne Stogo, med By- Vindaugo paa den eine Sida og inkje Vindaugo paa den andre; framandslegt var her; men framandt var fint. "Kateder" (Lærarstol) hadde me kje enno, og Skulepultane var umaala; men det store hadde me, at me skulde ikkje vera heime lenger. Og det lika me; no hadde me det mest som Skuleborni i Byn. Dei Skulemeistrane me heretter fekk lagde au Heimen fraa seg for det meste, so i Skulen daa; det hjelpte oss lite at dei var her fraa Bygdine alle. Ja eg fær brùka det store Orde "alle"; dei tok til aa flytja og flakke som andre Embættsmænnar no, og var vel nøydde til det, naar dei skulde slaa seg fraa Jordbruksarbeide, som dei fleste av deim skulde. Og um me endaa ikkje visste det so klaart som det sidan hev vori sagt i sjølve Stortinge, so kjende me det paa oss: det me her skulde lære var aa bli Krambugutar. Berre dei som ikkje kunde naa so høgt fekk gaa heime og slite paa Bondegardane, -- um dei ikkje kunde koma til Amerika daa. Eg hugsar endaa at me samtala um dette, me tvo som sat øvst paa Mossìge-Skulen; -- for Snobbeskapen i Ære: dei "beste" skulde sitja øvst. "Dei beste" heldt daa au sjølvsagt ihop mot dei mindre "gode". Eg for min Part visste ikkje enno kva Veg eg vilde gaa. Men eg visste at Garden vilde eg segja fraa meg. Med No. 2 var derimot alt greidt: han vilde paa Krambu. Dei "andre" tala eg ikkje so djupt med. Det var forunderlegt: me vart heilt-upp framande for kvarandre paa denne nye Skulen. Og Læraren vart framand han med. Eg hugsar serleg dette um ein av deim som me lika best, og som ikkje minst eg var glad i; han var snild som Dagen var lang; men um det hadde vori Son til Presten kunde han ikkje vori meir framandsleg for oss enn denne vart, daa han hadde vori paa Lærarskulen. Og endaa var han Bondegut som me, og fraa ein av dei næmaste Grannegardane. SIDE: 221 Framande og storvorne vart me daa sjølve med, kann du vìta. Naar me kom heim ut-ikring Non -- "ut paa Ettermiddagen" som det no vart -- , vilde ho Mor gjerne hava eit Grand Hjelp av oss, som ho elles var van med, og som ho turvte vel. Eller han Far sagde oss eitkvart fyri. Noko vidare Arbeid var det aldri; dei visste snart at Skulen hadde meir aa segja yvi Krambugutane, skulde bli, enn Heimen; men dei tenkte me kunde alltid hjelpe til med eitkvart smaatt. Hja; nei sagde me vel ikkje. Me fekk drygje til me vart store med det. Men gode aa beda var me ikkje heller. Me hadde so mykje sjølve aa gjera no, maa-tru. Skulen hadde større Krav paa oss enn Heimen. Dertil var det dei gode Skuleklædi; me kunde daa kje gaa i Fjos og Stall med deim? -- Skifte? -- Ja- ja. Me fekk skifte daa. Og me gjorde det me skulde. So knapt og so fort som Raad var. Men huglegt gjorde me det ikkje. Og Far og Mor bad oss mindre og mindre um Hjelp, naar dei ikkje plent var nøydde til. Soleis studde ikkje Skulen Heimen lenger, men studde Borni mot Heimen. Hjaa mange og stødt fleire av oss vende Hùgen seg heilt her; me gjekk meir og meir og venta paa Konfirmasjonen, so me kunde koma "ut". Heime; kva hadde me heime aa vera etter. Det var vel alltid det som var betre aa brùka Live sitt til enn aa gange og sparke i Mold og Mýk paa Jæren. Dei som ikkje dugde til anna fekk vera heime. Me andre vilde lenger upp. Og soleis hev Ungdomen tenkt heile Tidi sidan. Berre dei som "ikkje dugde til anna", og so dei faae som Folkehøgskulen sidan fekk Tak i, eller som vart tekne av Heimetanken elles, greidde seg, heilt eller halvt. Noko hev det au hjelpt, at Lærarane sjølve etterkvart tok til aa skýna at dette bar gali i Veg. Mange av deim hev stridt imot Straumen det beste dei hev kunna, og dermed gjort Folke ei Hjelp som dei vil faa Tak fyri naar dei ligg i si Grav. Men Straumen var for strid. Altfor mykje av Landsens Ungdom vart rìvi med og skylt burt, til Byane og til Amerika. Eg hev røynt nok av dette i mi eigi Ætt. Me var nie SIDE: 222 Systken; og di lenger me gjekk i Skulen, di mindre vilde me arbeide. Serleg vart vaart eigi Arbeid oss imot. Berre ein av oss vart Bonde. Naa; sùme, som eg, hev vel havt Sjukdomen i oss fraa Upphave. For meg var Bøkane som ein Lagnad. Serleg Diktbøkar og slikt, som ein Bonde og Jærbu skulde vera tòlleg trygg imot. Du undrast vel paa, korleis eg kann vera komin ut for Diktbøkar. Her midt i Lyngheidi, i ei gamall Bondebygd millom Hav og Fjellgard, og i ein Heim der eg vel helst skulde ha fengi Bok- Støkken? Eg maa vera boksjuk fødd. Det eg veit er, at daa eg ikkje kunde faa Bøkar paa annan Maate, so fann eg meg eit "Leiebibliothek". Og fekk byfarande Grannar til aa laane Bøkar for meg der. Dei visste at eg var under strid Tvang, so dei meinte dei fekk hjelpe meg so smaatt. Og Bøkar kunde eg daa ikkje hava vondt av. Serleg naar Bøkane kom fraa ein Bokhandlar som hadde baade Luther og Johan Arndt i Hyllune sine. So var dei snilde og gjorde som ho Mor: hjelpte meg og tagde med det. I Buakammerse, i den store blaae Kista hennar Mor, djupt ned-paa Botnen av den, under mange Lag av Sengklæde og Underklæde og kva det alt var, hadde eg Laanebøkane mine gøymde. Og framfor den Kista laag eg paa Golve paa mine Kne og las so tidt eg kunde stela meg ei Stund, med Kistelòke upp-slegi, studd til Kistekanten, med Boki halvløynd ned i Kistegape, so eg skulde kunna stikke ho snøgt ned og faa Lòki att, um han Far kom; las som for Live og Sæla. Seinhaustes og um Vinteren helst; daa var det minst Utearbeid. Omn var der ikkje; og røre meg kunde eg ikkje; eg laag og las um Kongar og Gudar og fraus so eg skalv; -- desse graakalde Lesetimane hev eg havt vondt av all min Dag sidan. Men kva Raad var der? Lesa maatte eg. Og ikkje alltid kunde det laga seg so godt som det gjorde hin Fyrisùmaren, daa me køyrde Torv or Taarlands-Myri og han Far ikkje var med; eg sat i Torvgrindi og paa Torvlasse dei lange Maulands- og Nylst' -- og Gudmest'-Myrane upp SIDE: 223 og ned og las "Baldurs Død" so Taarune hagla. Nei; eg fekk nok nytte Stundine naar eg hadde deim. Ingemanns Romanar heldt meg vel lengst. Eg kunde ikkje gjera deim etter, um eg stundom freista med det; me hadde korkje Kongar eller Riddarar her. Men dei drog meg mykje sterkare enn Gudsord nokon Gong hadde gjort med alt sitt Himilrike. Og Danmark vart mitt nye Fedraland, det eg elska meir enn eg nokon Gong hadde elska Judæa. Men Øhlenschlæger lærde meg jamvel aa elske "Norge". Ja han gjorde meg til "Asa"-Dyrkar. Odin og Thor, og Freya med, danske og vene og milde som dei under hans Hendar vart, livna upp for meg, so eg i Draumane mine bygde Altar og planta Lundar for deim. Og i Draum-Sogur som eg laga tok dei Bønir og Blot av meg, og viste seg for meg, og lova meg Herredom yvi alt Norges Rige. Hjelp og Rettleiding med Bok-Laani hadde eg ei Tid av Torkell Mauland, som sjølv laante meg mang ei god Bok. Han las Boksogu i dei Aari, og gav meg Raadir og skreiv upp Bok-Namn; gjorde i det heile at det ikkje vart berre Vill-Lesnad med meg. Men endaa vart det Vill-Lesnad nok. Det eg skulde hava var ikkje alltid aa faa; og so fekk eg anna i Staden, Romanar og kva som helst, stundom Ting som eg i den Alderen ikkje kunde greide. Det hjelpte lite um det var "gode Namn"; eg hugsar eg stræva med Goethe, Shakespeare, jamvel Dante. Men kom ingin Veg med deim; dei var meg for høge og for tunge. Dantes "Guddomssong" (Divina Commedia) i dansk Umskrift stræva eg serleg med; baade lokka Titelen meg, og eg hadde lesi eller høyrt, at denne Boki skulde vera noko serskilt. Men eg greidde ho ikkje. Halvannan Song sleit eg meg igjenom, trur eg; so gav eg upp; det fekk "vera til eg vart stor". Sidan hev eg daa kunna lesa Goethe paa Tyskt og Shakespeare paa Engelskt; men Dante -- honom fær eg nok likevel til Slutt lesa i Umsetnad. Ein er ikkje fullvaksin fyrr ein hev lesi og eigna til seg dei store, dei som hev sétt SIDE: 224 djupast ned i Grunnane og høgast upp mot Høgdi; det lærer ein snart aa sjaa. Elles las eg det eg fekk og tok det som det gjekk. Det vart mangt Slag og alt Slag, Dikt og Uppdikting, Gudesogur og Gatesogur, Aleksander Dumas og Tusund og ei Natt; men det eg lagde Merke til, og freista aa faa som eit Samanheng i, var det som eg las etter Uppskriftine av Mauland. Etterkvart fekk eg daa Kjennskap til det meste av den danske Bokheimen fraa Holberg av og ned-yvi til vaar Tid, og til den norskdanske fra Maurits Hansen til Bjørnson og Ibsen. Litegrand norsk Lesnad fekk eg au Tak paa hjaa Mauland; og sùmt av den norske Bokheimen, serleg dei fyrste Bøkane av Kristofer Janson, lika eg so godt, at eg kom inn paa ville Draumar um korleis eg til Slutt sjølv vart den som fekk innført norskt Bokmaal i Norig. Men etterkvart fekk Ibsen Magti, som eg visst fyrr hev fortalt. "Brand" og "Peer Gynt" gjorde meg galin, endaa det sjølvsagt var lengi fyrr eg fekk noko vidare Vìt paa deim. Torkell Mauland gjorde stundom Narr av denne Ibsen-Ørska mi; men det hjelpte ikkje. I Aari kringum Konfirmasjonen samla Draumane mine seg meir og meir um det som daa var det gildaste i Lande: eg vilde vera Diktar. Ikkje nokon Kingo lenger; kven brydde seg um Kingo. Nei; rett Diktar. Og no vart det Ibsen eg hermde. Han raadde meg til dess eg vart so vidt vaksin at eg saag kva det galdt, um eg skulde bli anna enn Etterskrivar: aa finne meg sjølv og det som var mitt. Konfirmasjonen kom. Med sine Sutir. Eg hadde stræva med aa hugvende meg so ofte og so vel, at eg visste kor lite det nytta. I det heile var det faafengt aa "vilja" umvende seg. Me kunde ikkje vilja noko godt. Me var vonde og vilde det vonde. Berre Gud kunde hjelpe her. Men so laut ein òg vente paa Guds Time. Det fanst ikkje onnor Raad. At eg skulde lova SIDE: 225 meg til Gud no, det fekk dei svara fyri som tvinga meg til det. Segja Sanningi til deim? -- Til 'n Far torde eg ikkje segja Sanningi. Og til ho Mor ... ja ho vilde staa likso raadlaus som eg. Dessutan. Dei hadde Lovi yvi seg, dei med. Vilde ein gjera det rette her, so var det Tukthuse. Her var Inkje aa gjera. Eg laag og tenkte yvi dette endaa ein Gong, Natti fyrr eg skulde aat Kyrkja. Forunderlegt med denne Konfirmasjonen. Det var korkje Gudsbòd eller Apostelbòd; berre eit Prestepaafund. Men desse stakkars Foreldri, som vel svært godt visste, for det meste daa, at dei sjølve den Gongen hadde lògi for Gud, -- dei var sidan so serskilt uppsette paa aa drive Borni sine ut i den same Lygni. Og Konfirmasjonen kom nettupp i den Tidi daa Ungdomen tok til og ein hadde so reint for mykje anna aa tenkje paa. Plent i same Stundi som det verdslege kom veltande inn-yvi ein stakkars Ungdom med all si Magt anten so han vilde eller ei, Framtankar av tusund Slag, og Giftetankar, og allting. Eg hugsar eg tala beintfram til Vaarherre um dette. Beintfram og aalvorsamt som til ein Far, naar ein veit at det er ein rimeleg Far, som ikkje vil anna enn det som vìtugt og rett er. Han fekk hjelpe meg naar hans Tid kom. Det eg i Morgo skulde lova vilde han taka for det det var: ein Tvangslovnad. Og han vilde ikkje lata meg lide for det at eg var nøydd til aa ljuge. Dagen etter vart eg i desse Tankane konfirmera. Eg svara Ja med det løynlege Skìl-Orde: naar hans Tid kjem. Eg meinte eg maatte kunna hjelpe meg soleis, naar Magti tvinga meg til det eg ikkje sjølv vilde. Gunnerus, snilde Presten min, hadde ingin Draum um mi løynlege Ser-Semje med Gud. Hadde han visst kor som til stod, -- kva Raad hadde det vori for honom? Hadde han visst anna aa gjera enn beda for meg, og samstundes i sitt Hjarta takke meg, for di eg barnetruskyldig og barnerædd tok Andsvare aaleine? Skìl-Ord: Betingelse. -- Semje: Kontrakt. SIDE: 226 Vinteren etter gjekk eg paa Lærarskulen. Ikkje av nokon Hùg til Lærar-Yrkje; eg vilde berre burt fraa Heimen. Sidan fekk eg sjaa. Spursmaale var, um eg var Diktar. Var eg det so var alt greidt. Daa turvte eg ikkje lære noko heller; ein Diktar skulde kje kunna noko; han skulde vera Geni. Men denne Lærarprøva kunde eg alltid taka; det var betre enn aa gaa heime paa Garborg og høyre paa Gudsord. Lærar kunde eg au vera so lengi, til dess eg fekk sjaa, og til dess eg var fri Hèr- Tenesta. Dette siste tenkte han Far au paa. So det laga seg lettvint, dette. Lærarskulen paa Thime var styrd av Klokkaren vaar, Vellesen, og godt styrd. Men no hadde denne Skulen siste Aare sitt. Du veit ein slik Skule kunde kje liggje paa Lande; han maatte til By, so Lærarane kunde faa lìva i Kultur og Læregutane lære aa knote. No skulde han for det fyrste til Eikersund. Me var berre fem Gutar paa Thime den Vinteren. Og av dei fem døydde den eine. Elles gjekk alt godt. Læraren var ein dugande Kar som eg vyrde framifraa og var glad i. Han trudde visst au paa meg; eg visste soleis at han ein Gong hadde raadt Far min til aa lata meg studere. Og med Felagane mine, dei andre "Lærerlærlinger", kom eg godt til Lags. Den fremste av oss, han Torkell Lende, var visst det beste Hovude eg hev raaka. Men han skulde vori paa ein Skule av eit anna Slag; det hev sidan vist seg at han er Uppfinnar, ein Meistar i Gognbyggjarkunst eller Mekanik. Den eine gode Gogni og Greida etter den andre finn han paa og fær i Stand, fortèl Bladi; men det gjeng honom som det plar gaa med slike: Folk som er klokare paa Verdi enn han kauper Tankane hans for inginting, og Torkell Lende er same Fanten. Han var elles glup nok paa Thime med; og um Sjukdom sidan hefte han burt, so han ikkje vart Skulemeistar, so fann han paa mangt og mykje likevel aa stelle med. Soleis hugsar eg eit Blad, "Heimhug", som han gav ut, og snart prenta sjølv med, der heim-paa Lende. Men det SIDE: 227 var paa norskt; og daa kann du vìta Folk vilde kje halde det. Det einaste eg kann hugse eg høyrde um dette Blade der heime var ei Sogu um ein Kleppsbue som skulde ha sagt um ei Merr han hadde kaupt, at ho hadde "Heimhug óssaa Bla'no i Thime-Sokno". Men Torkell Lende skriv so godt, og vil hava so mykje aa fortelja, at han skulde sjaa aa faa ut ei Skildring av Live sitt, naar han finn Tidi til det [fotnotemerke] . Den av Læregutane som eg vart mest kjend med var framifraa paa sin Maate: han var av Fantefolke. Det var eit kyrkjelegt Samlag som vilde hjelpe 'n fram; og no kom han og eg til aa bu ihop der paa Klokkargarden. Eg kjende fraa fyrr baade honom og Foreldri hans; og me vart gode Venir. Han fortalde meg mykje og mangt baade fraa Fantelive og fraa den Bygdi der han i seinare Tid hadde vori; og Tatermaale lærde han meg ikkje so reint lite av. Me dryfte mange høge og djupe Spursmaal saman og kom godt til Lags; fraa honom hev eg det meste av det som sidan vart til Carolus Magnus. Me heldt ihop lengi etter me var komne ut av Skulen au; og millom anna "blad"-skiftest me, liksom andre plar brevskiftast. Desse "Bladi" vaare hev visst sétt rare ut. Dei var skrìvne noko paa Skulemeistardanskt og noko paa rett Fantemaal; og var det serlege Løyndomar me hadde for oss -- som t.D. Tanken um aa røme til Sjøs, og sidan til Arabia -- , so skreiv me med Telegrafskrift. Eg var i det heile ikkje so lite Bladstyrar i dei Aari (1865 -- 67); eg hadde Bladskifte med ein annan Kjenning au, um elles dette alltid var noko mindre draumvillt; denne Kjenningen vann seg sidan langt fram; du kjenner Namne hans, du med: Sven Aarrestad [fotnotemerke] . Forunderleg urydigt hev det sétt ut i Hausen min, daa eg i Fyrstningi av mitt sekstande Aar stod mi fyrste Lærarprøve. Skuleklokskap, Pietisme, Diktdraumar, Fantevisdom, óssaa: liksom. -- Bla'no: Bladi. Fotnote: Vart ikkje av. Han døydde ifjor. (Merknad 1909.) Fotnote: Draumfrie var elles ikkje me heller. Me hadde det med aa gjeva kvarandre Titlar; eg vart mill. a. "Herr Professor", og han stundom "Herr Statsraad". (Merknad 1909.) SIDE: 228 Ibsen og ymist anna rart laag og brautst inn-paa Myrkelofte mitt; men med Lærarprøva gjekk det godt; og 16 Aar gamall fekk eg "Post"; skulde med Hovude fullt av Barnaskap og Tull vera Lærar og Uppfostrar. Det maa greide seg alt. -- Men han Far hev gjengi heime og drøymt um, at no vart eg vel fornøgd av Skulen etterkvart, so at naar det leid paa, og eg var fri Hèr-Tenesta, so vilde eg hugse det eg vel mindre hadde tenkt paa fyrr, at eg hadde Heim-Garden min standande. Stakkars Far. Han hev ikkje visst, at det var andre Tidir. Eg sat ikkje i mine Fristundir og sauma Skinnklæde og arbeidde Skor som han hadde gjort; eg sat og skreiv Vers og røykte paa ei lang Pipe. 17/5. Det gjeng upp og ned med meg. I Dag hadde eg ei leid Rid. Og den fær vel faa Skuldi for at eg vart "full den syttande", som eg ikkje hev vori paa mange Aar. Eg visste elles ikkje av at det var den syttande. Men i Ulag var eg, og gjekk og vreid meg og spurde meg sjølv, um eg kunde paa nokon Maate faa Ende paa denne syrgjelege Dagen, tru. Ute regnde det og ruska og blès; og inne -- hu; inne var ingin Ting aa gjera. So kom den frelsande Tanken: Brennevin. Kva skulde Brennevin vera til, um ein ikkje skulde brùka det paa ein slik Dag? Den halve Flaska eg hadde havt med meg stod urørd (det kann vera sant, um ikkje du trur det); likso godt sprette ho i Dag som ein annan Dag. No er der nok ikkje Hjelp lenger i sterke Dròpar. Men naar ein ikkje veit anna aa velja millom enn ein Dram og eit Reip ... naa; eg tok Drammen. Han smaka vondt. Og nokon Lettnad kjende eg ikkje. So gjekk eg og vreid meg eit Bìl ... slo so paa meg ein til. Den hjelpte so vidt, at eg sistpaa kunde segja som ein Kraftkar millom Kunstnarane der inne: den tridje, den smaka godt. Og so tok det til aa ljosne for meg. Eg vart so modig SIDE: 229 at eg vaaga meg paa den Bladposten som laag her sidan igaar; og av Dagatale paa desse Bladi rekna eg ut, at det i Dag maatte vera den 17de. Daa var eg so drukkin at eg sette meg til aa skrive ei Syttandemai- Tale; vil du ha ho, so er ho her: "Godt Folk! Riksdagen paa Eidsvoll hadde den danske Kronprinsen kalla inn til aa nyfeste Bande millom Danmark og Norig, -- eit Band som var aat aa losne daa, ikkje ved norsk, men ved svensk Vilje. Denne Riksdagen, som hadde Lov til aa gjera kva han vilde, ettersom Danmark alltid sidan kunde faa stelt paa det som ikkje var etter danske Ynskje -- han skulde fyrst eller sist velja den danske Erveprinsen til norsk Konge; sidan kunde alt laga seg. Riksdagen paa Eidsvoll gjorde det han kunde, og til Slutt det han skulde: den danske Erveprinsen vart norsk Konge den 17de Mai. Hadde denne nye Kongen vori ein Kar, og han dertil ikkje hadde tenkt for mykje paa den trifelde Krona til Dronning Margrete, so kunde han, etter all rimeleg Von, ha berga Norig aat Oldenborg- Huse. Saman med dei norskdanske og med Stormagtine, som var berre so maateleg glade i Prins Bernadotte, gjorde han likevel so mykje, at daa Svenskane fekk Take, kom Norig ikkje meir under Sverig enn det hadde vori under Danmark; d.v.s. rettsleg kom det ikkje under Sverig. Det vart verande det det var; fekk berre nytt Kongehus. Og dermed ein ny Øvsteherre yver Forsvaret sitt. I den harde Svenskerædsla Vaaren 1814 hadde dertil dei norskdanske Embættsmennane paa Eidsvoll slegi den gamle norske Bonderetten so tydeleg fast, at korkje Svenskekongen eller dei sjølve sidan kunde faa døyvt'n. Det som vart "berga" i 1814 var daa ikkje berre det gamle Embættsstyre -- som dertil fekk ein svensk Topp -- ; men Folke fekk òg paa sin Kant den gamle Retten sin fastslegin. Det einaste som ikkje vart heilt greidt i 1814 var det norske Utanriksstyre; Norig laante det Svenske til so lengi. Det som Svensken i 1814 ikkje vann: Overmagti yvi Norig, hev han daa sidan, gjenom SIDE: 230 Kongedøme og dette laante Utanriksstyre freista, aa vride til seg. Norig er soleis under dei norskdanske, og i Utanriksstyre under Sverig. Det er ein svært kløyvd og uferdug Fridom, den som Norig i 1814 "fekk". Tingen er, at Fridom er noko som ein ikkje kann faa; Fridomen maa ein vinne. Og naar ein hev vunni Fridomen maa ein lære aa brùka 'n. Denne Rakekniven vert lagd i Hendane paa Folk som ikkje kann brùka Rakekniv. Dei skjer seg daa tidt; og stundom vondt. Men for kvar Gong dei skjer seg lærer dei. Og sistpaa kann dei brùka Rakekniven. D'er ein speleg Leik; men Fridomen er ikkje aa faa billegare. Me hev snart arbeidt i 100 Aar no med aa vinne den Fridomen som me i 1814 fekk Vilkaari til; kor lengi me endaa skal arbeide for denne Fridomen veit me ikkje. Dertil hev me norske vaar serskilde Strid, fyrr me vinn norsk Fridom, Fridom til aa vera norske i Norigs Land; enno hev me ikkje so mykje som Fridom for vaar norske Tunge. Mangt er ugjort; langt, langt er det fram. Det kraumar um Bygd og Bol av framande Tankar og heimlaus Aand. Bed for oss, heilag Olav! Strid for oss, Olav Trygvason! Men eitt og anna Framstìg er gjort, og -- -- " Det klaarnar! Ja daa fær eg ut og vera fri sjølv daa. Skaal for ein betre Syttande! Eit Par Dagar seînare. -- -- Eg var halvframand paa Jæren i Ungdomen og er mest heilframand no; ein og annan Stad tek eg likevel so smaatt til aa heimvitrast. Soleis paa Hognest(ad), hjaa han Hans. Eller no fær eg segja hjaa han Eivind. Hognest' er ein stor, mangbølt Gard tett nordanum Foss-Aai, ein snaud Fjordung nord av Garborg. Hans Hognestad kjenner eg fraa mi fyrste Tid; han var alt heimvitrast: faa Heimvit; verte heimkjend. SIDE: 231 daa ein av dei fremste i Bygdi. Og millom dei fremste hev han sidan haldi seg, so stillfarande som han er og alltid var. I Bygd og Herad hev han vori nytta paa all Vis; han hev endaa vori Ordførar. Men han bad seg fri for dette Yrkje so snart han kunde faa ein annan vald; for det var Garden sin han brydde seg mest um. Og den dreiv han dugeleg fram. Garden var nok helst tungdrìvin. Han ligg flatt og fint; men der var so mykje som maatte or Vegen av baade Vatn og Stein, skulde der bli Skikk paa det. Og Hans Hognestad fekk god Skikk paa det, um der elles enno er mangt att aa gjera. Men i Fristundine lika han aa stelle med Bøkar og Lesnad. Det er slike Bøndar me maa faa mange av. Eg hugsar at han Far sette Hans Hognestad framifraa høgt. Og meir enn ein Gong i sine tunge Tidir hev han søkt og funni Rettleiding hjaa honom. Sonen, han Eivind, hev sidan drìvi Garden endaa meir fram, so at no er denne Hognestad-Parten ein med dei alra fremste her ikring. Og Eivind drøymer um aa vinne lenger. Naar han vert ferdug med Heime-Garden, so er der enno mykje god Jord som læt seg nytte. Og ung og sterk og dugande som han er kann han vinne langt. Det einaste eg er rædd er, at Eivind Hognestad kann koma paa Thinge. Og aa vera burte fraa sitt Arbeid 8 -- 9 Maanar kvart Aar, som Stortingsmennar no maa, det duger kje for andre enn Embættsmennar og Sakførarar utan Sakir. Men Eivind held seg til sitt Gardsarbeid so rolegt og trutt, at han fær vel vera i Fred enno ei Stund, vil eg vone [fotnotemerke] . Eg likar meg i det Huse. Dei "gamle" er gilde og med godt Mod, so stillfarande dei er, og dei unge like eins; eg vert sjølv modig i Lag med slike Sambygdingar. Her fær eg au Greide paa mangt og mykje som eg fyrr Fotnote: Han kom paa Tinge i 1903. Eg fær tru at han endaa klarar det. (Merknad 1904.) Merknad 1909: Han klarar det! I Aar hev han sagt Tingyrkje fraa seg. SIDE: 232 hev fylgt lite med i; dei gamle er Jæren fraa mi Tid, og dei unge er det Jæren som sidan er framvaksi. Soleis fær eg baade friske upp-att mitt eigi og lære nytt. Eivind Hognestad er yngre enn eg, men fraa same Tidbolken. Han gjekk i Skule for Ingjebrett Fosse, som jamsides Torkell Mauland var min beste Kjenning i dei fyrste Ungdomsaari; og me minnest ofte han Ingjebrett Fosse. Han er daain no. Sterkare enn nokon av oss andre etter mitt Vìt laut han burt fyri oss; det er so eg ikkje rett trur det. Eg hev meir aa takke Ingjebrett Fosse fyri enn eg daa forstod. Det var han som gav meg mest med av Jæren paa Utferdine mine, av det gamle hugfriske Jæren som Skular og Lækprestar og Oftedal og Amerika sidan hev døyvt, so det vil taka Tid fyrr det rett vinn seg fram att. Ætti hans var fraa Gjesdal, Fjellsokni øvst i Lye-Gjelde; Far hans var "Lomeland'en paa Fosse". Men Ingjebrett var Jærbu heilt, og ein av dei gode; ein av deim som det er faae av no for Tidi, er eg rædd. Det var kje noko Braak med 'n Ingjebrett. Han tok alt som det kom. Rolegt, godslegt; med ein Skjemt helst, naar det ikkje var som han vilde; og han hadde dette greide norske og ikkje minst jærske Lag til aa lempe det range til rettes, so det "gjekk godt kórso". Men det han var med paa, det var han med paa. For han vilde det han vilde. Dei som hev havt 'n til Lærar er serskilt glade i Minne hans. Han var av dei gamle gode Skulemeistrane; vart ikkje det Grand Seminarist av Lærarskulen, der han gjekk eit Aars Tid. Ingjebrett vart verande den han var, Skulemeistar og Arbeidskar, heimkjær og uteglad, hugheil i alt han tok seg til, anten so han stod paa Lærarstolen eller i Torvgròvi. Men "hjaa Lomeland'en paa Fosse" lika han seg best. Og gledde han seg i Garden han skulde faa, so gledde han seg ikkje mindre for at Gamlingen heldt so godt ut; det var au ein Hause, gamle Lomeland'en. Og alltid fornøgd; aldri modlaus. Ikkje mindre greide og huglege var dei alle der i Huse; ein SIDE: 233 kjende seg so heime der. Det var eitt av dei Husi eg dreg meg til Minnes, naar Trui stundom vert veik; soleis er det norske Folke me drøymer um; og i Tidir som desse er det godt aa hava godt aa minnast. Eg hev den same trygge Heimkjensla paa Hognest enno, med alt som elles hev skift. Eivind og eg er endaa i sùme Ting samrøynde; han fortèl meg, at daa han var ferdug med Skulen var han um Lag likso ut-galin som eg. At Skulen her hev noko Skuld negtar han ikkje. Men han trøystar meg med, at noko av Skuldi for denne Utsjuken fær vel "Vikingblode" hava. Han var som eg Gard-Erving og Odelsmann, og hadde ikkje, som eg, noko heime som tyngde eller skygde; det var berre ei "Uro i Blode". Som vel var laga det seg so, at han ikkje kom ut so snart som han hadde tenkt. Huglaus og modlaus gjekk han daa heime og stræva med Arbeide som hadde vorti so reint framandslegt for han; og til Vaaren komande vilde og maatte han ut, so sant som daa Hùgen ikkje reint skulde snu seg. Men Húgen snudde seg. Eivind Hognestad kom i Arbeidslag att, og tok paa nytt til aa kjenne seg heime. No er han ein med dei fremste Jordbrukarane me hev. Og jordbrukskuning, so jamvel dei skulelærde tek Hjelp av hans Umtanke og Røynd. Og endaa hev han ikkje vori paa annan Jordbruksskule enn den som Far hans heldt for 'n heime paa Hognest. No skýnar han, at der kann vera meir aa lære gjenom Jordarbeide, og meir Hugnad i det, enn der vel for det meste vil vera i Skulegnag og Kantorstræv. Dette vil fleire og fleire koma etter, di meir Ungdomen med heil Hug vaagar seg paa Jordi att. VII. Knudaheio 23. 5. 1901. Du Steinar! Du skriv um Ordboki. Ja; det vert nok anna til Basketak enn me tenkte. Det er fyrste Gongen som kostar, veit du. SIDE: 234 Sjølvsagt hev du funni ut, at du ikkje er "Mannen". Kven Dunderen er Mannen? Det maa vise seg, naar Arbeide er gjort. No er du i den Kreppa. So er det kje anna aa gjera enn aa "putla og grava", til dess du paa skikkeleg Maate kann koma ut att. Du er Mannen. Det fyrste Vilkaare for aa greide eit Arbeid er: aa sjaa Vanskane. Det andre er: sjaa Vanskane og ikkje gjeva upp. Aa gjera ei Ordbok er vrangt. Og femtan Gongir vrangare er det aa gjera ei Ordbok fraa nyom. Aa laga Ordbok yvi eit nytt Skriftmaal vert alltid "Develskap". Dermed gjer eg mitt Utdrag: Du ser Vanskane; du murrar og knurrar men gjev ikkje upp; i 1905 talar me um Resten. -- Noko lett Arbeid var ikkje ventande. Eit Maal som hev vori boklaust i 500 Aar treng lang Dyrking, fyrr det kjem upp att. Det er som Heidane her paa Jæren; dei hev legi under Lynge i tusund Aar og er no so avsurna og forvende, at det vil kosta eit fælt Stræv fyrr ein fær Skog til aa gro att. Men æveleg Spott vil brenne oss, gjev me Arbeide upp. Folkemaale er rikt. Som rimelegt kann vera i eit Land som er 31 Rike med kvar sine Vilkaar. Men for det fyrste hev Bokmaale sine serskilde Krav. Og for det andre hev me kje Folkemaale skikkeleg innberga enno. Tvo Mann hev arbeidt her, Framifraa-Karar baae. Chr. Vidsteen med sine gode Arbeid yvi Sundhordlands- Maali vil like eins vera deg til god Hjelp; men kvart av dei 31 Riki vaare kunde turvt sin Maalgranskar [fotnotemerke] . Du hev fortalt meg um alt det gode norske ein kann finne i sjølve Oslo; og me hev gamle Kulturbygdir som Vaagaa i Gudbrandsdalen -- sæl er du, som hev fengi so god og maalklok ein Vaagaavær som Ivar Kleiven med i Arbeide! -- der det ligg Rikdomar gøymde enno i rikt maalklok: maalkunnig. Fotnote: "Landet har jo ikke været udstukket til Afsøgning mellem Medlemmerne af en talrig Explorator-Stab -- en saadan som andre Lande har til sin Raadighed -- , hvilke med oldnorsk Ordbog, gamle Glossarer og andre Afsøgningsredskaber i Haanden havde for sig hver sit lille Felt." (Hans Ross, Fortale til Norsk Ordbog, S.VI). SIDE: 235 Maal, um det norskdanske Norig sjølvsagt ingi Hast hev med aa berge inn desse Rikdomane. Det som i Bokheimen er framkomi er mykje, men reint for lite. Dei maalrike torde ikkje leggje fram sin Rikdom; Vinje, t.D., klaga seg ille for dette, veit du. Eller dei kunde ikkje leggje Rikdomen sin fram; naar dei fekk Penn i Hand kom Vane-Skriftmaale og tok Heimemaale fraa deim. Og Fleirtale av oss hev, ved Framandskular og Framandbøkar og Framand-Slit Aar etter Aar, vorti maal-arme sjølve. Det vert daa faae av oss som du kann faa noko vidare Hjelp av. Serskilt lite er det gjort der Folkemaale framifraa treng Dyrking: i Lærdoms- og Skulevegen. Jamvel "Agronomane" vaare skriv danskt; og Sogubøkane dine til Skulebruk hev enno fengi altfor faae Etterfylgjarar. Dette fær du no finne. Og der det minst er gjort til Hjelp for deg, der vil me sjølvsagt krevja mest Hjelp av deg. Kvar skal ein av? Verdi er rangsnudd. Men me fær trøyste oss med det som du segjer: at det norske Maale er daa alltid mykje rikare enn det danske var. Ikkje naame-nær so mykje tyskt tarv me laane som det. Og so fær du likso godt fyrst som sist gjeva upp Tanken um aa faa det fullferduge fram med ein Gong. Det ein kann faa er til kvar Tid Maale so langt som det daa er komi og framfunni. Og fær me sett upp og gjort tiltøkt det Maal-Emne som er komi fram, so hev me kje meir aa krevja; og berre det vil vera ei Hjelp so me trur det kje. Sidan legg me i Veg med nytt Mod og ny Kraft. Du fær trøyste deg med, at det er du som tek det fyrste og det tyngste Take; den som med deg til Fyrimann skal laga den næste Ordboki vaar fær eit mange Gongir lettare Arbeid. Og naar du ein Dag kann setja Ordboki upp-i Hylla di samsides med Snorre, so kann du sidan taka det med Ro. Det er Arbeid som ikkje kjem burt, sovori. tiltøkt: "tilgjængeligt" SIDE: 236 Det myrkaste i Livssogo mi hev eg att aa fortelja. Eg skal fortelja det stutt. -- Han kunde ikkje skýna det, han Far, at me kom so ifraa 'n. Anna hev visst han tenkt. Han hev venta og trutt, at naar han førde oss til Vaarherre, so skulde han vinne oss paa beste Maaten att sjølv med. Men det gjekk so reint annarleis. Ikkje fekk han oss fram til Vaarherre; og berre lenger og lenger kom me burt fraa 'n sjølv. Det er dette som hev vekt Tvilen hjaa 'n, den Tvilen som meir og meir tok Mode hans, og sistpaa live. Eg, som serskilt var hans Framvon, og som han daa hadde lagt seg serskilt um aa fostre "i Tukt og Herrens Formaning", kom lengst burt, baade fraa honom og Arbeide hans. Eg aatte kje Tanke for anna enn Bøkar og Skular; det som han lagde si Magt paa: aa dyrke Garden og byggje Heimen, det saag eg ikkje; det var liksom noko som ikkje kom meg ved. Dette heldt paa, og vart meir og meir audsynt. Og mindre og mindre skýna han det. Det var for honom so urimelegt, so mot Natturi, at skulde det vera anna enn Barnesjuke, so maatte det vera noko serskilt, ei Guds Refsing for eitkvart gali han hadde gjort. Han kom daa inn paa tunge Tankar; og meir og meir hev den Rædsla fengi Magt: at Gud gjenom Borni hans, og serskilt gjenom meg, vilde døme honom og alt hans Livs Arbeid. So kom Vonbròte. Utan Naade vart det 'n sagt: Sonen vilde fraa Heimen; Ervingen vraka Arven. Han vilde vera Tenar hjaa framande i Staden for Herre heime. Ikkje berre Tenar for ei Stund, til aa sleppe ei verre Teneste; han vilde vera Tenar all Tid. Det var ho Mor som hadde lòti gange imillom og segja han dette. Segja at han Aadne vilde paa Seminarie. Det fór so mange dit no, maa tru, baade Gard-Ervingar og andre; og han Aadne hadde no alltid havt denne Hùgen til Boki ... Han Far hev ikkje kunna vinne seg yvi til aa tru dette. Han svara kje noko større; hev vel lite visst audsynt: lett aa sjaa. SIDE: 237 kva som var aa gjera. Han skulde tenkje paa det, sagde han. Ein Dag var me i Løo, han og eg, og stellte med noko Arbeid. Daa tala han til meg. Um Framtidi mi. Men stilt. Underleg stilt. Han hev vori rædd. Straffedomen skulde vel no koma. Aldri hev han tala til meg som han tala den Gongen. Han hadde ikkje sagt mange Ordi fyrr eg kjende, at dette var meir enn eg hadde skýna og tenkt. Men eg kjende likso vel at snu kunde eg ikkje. Daa eg skulde svara sagde eg noko um, at eg trudde kje eg dugde til Gardbrùkar. Han tagde eit Bìl. So tok han til aa fortelja um sin eigin Ungdom. Han hadde sjølv vori Skulemeistar. Det hadde eg visst høyrt Samanhenge med. Aldri nokon Gong hadde han kunna tenkje paa slikt som aa gjeva upp Garborg. Garden hadde vori hans Liv; alltid hadde han visst med seg sjølv, at utan den kunde han ikkje trivast. Og soleis hadde det vori med all Ungdom, so vidt som han visste um. Naar ein hadde Heim og Gard, so gjekk ein daa ikkje fraa den Arven, naar ein ikkje var nøydd til; minst naar det var Odelsgard, gamall i Ætti og dertil godt i Stand; -- "for eg hev nok ikkje tenkt minst paa deg, naar eg arbeidde med Jordi," sagde han. Og at Ervingen skulde koma paa sovori som dette hadde han aldri tenkt; ikkje kunde han tru det var Aalvor heller. Eg var daa so vidt tilkomin Kar og skýna so mykje, at ein slik Gard ikkje var burtkastande, og det berre um eg tenkte paa Eigedomsverde; og so skulde vel det au vera noko, at det var Heimegarden min og Ætte- og Odelsgard. Dessutan; dette nye eg tenkte paa -- ; eg hadde enno ikkje vori Skulemeistar so lengi, at eg kunde vìta um det var Kalle mitt. Det var ei underleg Magt i Ordi hans, so stilt dei kom; eg stod der og visste kje kva eg skulde segja. Aldri var det komi for meg at slike Tankar skulde liggje under i Arbeide hans; Jordi hadde daa elles alltid vori det som me skulde segja fraa oss. Hadde han fyrr late tilkomin (jærsk): "udviklet"; "moden". SIDE: 238 meg merke noko til dette, -- kven veit. Sjølveigartanken hadde eg kannhende skýna; Viljen til aa vera min eigin var daa visst sterk nok. Men det var det: her heime kunde eg ikkje paa lengi verte min eigin. Han Far var ein sterk Mann i sine beste Aar; og all denne Lesardomen hans ... eg greidde det ikkje. Framand var eg vortin; Heimhugen var slokna og Arbeidshugen døyvd. Eg vilde burt; maatte burt. Heilt burt. Det var ikkje Raad med den Ting. Det han Far hadde sagt kunde eg ikkje svara paa. Men eg tok upp-att mitt. Til Gardmann dugde eg ikkje; og det var mange Gardgutar no som fór til Seminarie. Eg kunde ikkje sjaa han Far i Augo med' eg sagde dette; halvt burtvend, hastande, snaavande sagde eg det; men eg sagde det. Han hev sétt paa meg. Han hev sétt, og endaa meir høyrt, og kjent, at det han hadde arbeidt med og vona paa i alle desse Aari, det var gjengi sundt for 'n. Han hadde teki det paa ein galin Maate; hadde drìvi meg fraa seg. Eller synda mot Gud, so der ikkje var Tilgjeving for det. Han tagde eit Bìl. Stod reint still. Liksom burtgløymd. So høyrde eg ein Sukk. Ein raadlaus, tung Sukk. Og nokre trøytte Ord um "Guds Vilje". Eg høyrde ikkje etter korleis Ordi fall; lengta burt fraa denne pinefulle Stund; sagde vel noko som skulde vera Takk; stilt, liksom dom-feld, gjekk han. -- -- Eit Aars Tid etter var Garden seld. Eit "By-Stykke" kaupte han i Staden. Og dit kom han ikkje. Daa alt var avgjort, fór han si siste Kyrkjeferd. -- Daa var Sonen paa Seminarskulen. Og mi Heime- Sogu er til Endes. Det tunge som heime var hendt skræmde meg upp. Men djupt kann det ikkje ha teki meg; Far min var komin so langt ifraa meg. Den "Kristindomen" som hadde fengi Magti med 'n hadde gjort 'n framand i hans eigi Hus, ja gjorde 'n framand for seg sjølv til Slutt, lyt eg vel segja. Og framand gjekk han or Verdi; Son hans SIDE: 239 maatte verte gamall sjølv, fyrr han lærde aa skýna det Syrgjespele som Live hans Eivind Garborg vart. Mitt Liv søkte eg no ute. Og fann det paa ei Vis. Ikkje i Skulen. Aldri hev eg vori so like glad um Skule og Bøkar som i dei Aari. Hadde eg ikkje vori so glad i Lærarane mine som eg meir og meir vart -- Fyrstelærar: Thrane; Andrelærar (no Prest i Kristiania): H. Arnesen; Tridjelærar: Skjefveland, Jærbu som eg; Lærar i Skulehaldskunst: A. M. Feragen -- , so hadde eg forsømt Skulen endaa meir enn eg gjorde. Paa reint andre Leidir søkte eg Live no. Og ikkje lite faarefull var Ferdi. Sjeldan hev vel ein Ungdom vori mindre fyribudd paa Live enn eg var; og um det ikkje gjekk godt, so fær eg trøyste meg med at det kunde gjengi verre. Ja det kunde gjengi verst. Reint aalveltes kunde eg ha køyrt meg. Det gjorde eg elles i Grunnen au. Men um du vil gjeva meg Lov til aa segja noko so umoralskt: daa det kneip som verst, var det ei Lygn som frelste meg. Lykka var at eg ikkje var komen til By; Lærarskulen laag enno i ei Landsbygd. Felagane var au Lands-Gutar for det meste; i øvste Klasse sat jamvel Torkell Mauland. Dette hev vori meg til meir Studnad enn eg skýna daa. Men lett Gods fanst det jamvel i denne Flokken. Og til den Sida søkte Gutungen, som etter den lange Innestengjing lengta etter "Fridom" og Liv. Eg kom ikkje lite paa Drift, um eg sant skal segja. Endaa eg i det ytre laut taka meg i Agt, og tok meg i Agt, so godt som eg hadde Vìt til. Tvo vonde Ting hindra meg fraa aa koma ut i det som verre kunde vori. Den eine av desse vonde Ting var ein god Ting. Det var Fela. Den hadde lokka meg fraa mi fyrste Tid. Eg hugsar det enno; ikkje stort meir enn ein Neve stor sat eg i Danseleikar og Bryllaup og klengde meg inn til Spélemannen, reint ør, burte fraa alt, troll-tekin av Fela. Ein ung Spélemann tente hjaa han Aasmund Garborg eit Bìl SIDE: 240 i mine fyrste Aar; han hadde Fela si hengjande paa Stogu-Veggen der; og det var ikkje mange Dagar i den Tidi at eg heldt meg: eg maatte inn-um hjaa 'an Osmonn og "sjaa Felo". Etter Konfirmasjonen var det vel noko- so-nær mitt fyrste "Vaksne"-Verk aa faa lure til meg -- ho Mor hjelpte meg visst -- ei gamal Skarvefele som eg sidan gøymde der eg fyrr hadde gøymt Romanbøkane; sat so sidan i Buakammerse og knega paa den, naar det var "trygt", liksom eg fyrr hadde legi og lesi "Paris's Mysterier". No var eg vaksin Kar og "fri"; fekk meg daa Fele so snart som eg berre kunde. Han Andreas Solberg, næraste Grannen, og sjølv Spélemanns-Emne, vart Læraren min; han kunde eit Utal med Dansar, Vals og Hamborgar, Rilar, Turar og kva det alt heitte. So sat eg med Fela og gnog jamt og samt. Lærde kje stort; sumla burt mykje Tid; Fela vart soleis for meg ein "vond Ting"; men ho heldt meg burte fraa mangt som verre kunde vori. Mest til Frelse for meg vart likevel mi største Synd: eit fritt Hjonskap eg kom upp-i. Og her kann eg knapt orsaka meg med Kjærleik dessmeir; eg fær vel helst segja "Lettlynde". Dette siste Orde vil elles ikkje heller vera rett. For daa eg godt og vel var "gift", kom eg etter at eg var glad i Gjenta. Men mangt gav dette syndige Samlive meg aa tenkje paa. Det skulde vera ei Himil ropande Synd; og eg -- angra ikkje. Slett ikkje. Endaa verre var det med henne; skýna eg rett, so hadde ho ikkje so mykje som Tanke um Anger. Ho tótte det stod godt til, ho; det einaste som harma henne var denne andre Sogo ho var komi upp-i. Denne Sogo kom eg meir og meir etter var full Truloving; og meir enn det; for Trulovingi var etter gamalt det rette Giftarmaale paa Lande; Vigsla kom etter naar det so kunde høve seg, og meir som ein Stas. Klaart fekk eg ikkje dette for meg; men Samanhenge hev vori at Gjenta var gift, um det aldri so mykje var ved Ætte- Raad meir enn ved eigin Vilje. So kom daa denne uvislege Kjærleiken og snudde allting um. Eg mødde meg knega: gnìka; "gnide". -- Hjonskap: Ægteskap. SIDE: 241 ikkje lite med Spursmaale um Syndi vaar; og at eg ingin Øyrefik fekk -- som han i "Ungdom", der ikkje so lite av denne Sogo er nytta -- , det kom seg visst av at eg aldri nemnde Spursmaale for henne; eg vilde visst ikkje greide upp i noko som kunde koma til aa skilja oss aat. At Faaren ofte er størst der "Lettlynde" er minst, det maa ein Skulemann vìta. Og med deg sjølv undrast du paa, at det kunde vera so mykje Tiltak i meg som det etter denne Sogo ser ut til. Me plar vera so bljuge, me Landsungdomar; og dei bljuge kjem helst inn-paa verre Ting. Eg bør daa tilstaa, at denne Ungdomssogo som so mange andre hev sin "Forførar". Og at eg, alt vel etterrekna, skylder den Forføraren meir Takk enn eg skylder Fleirtale av mine "Frelsarar". Ein litin sped Krambugut, livleg og lystig og hjarteleg lettlynd, fødd langt austanum Nese og upplærd i Arendal, -- han vart min Forførar -- eller Lærar i Livskunst -- i desse fyrste Aari. Eg fylgde han langt, og hadde fylgt han for langt, um ikkje ho -- som til mi store Forundring valde meg og ikkje honom -- hadde vori klokare enn eg og vara meg aat. Der var inkje vondt i Guten. Men i eit Hyklarsamfund maatte han sigle seg paa Grunn, i det Farvatne han her hadde vildra seg inn i; det skýnar eg, som so bondetruskyldig eg var sjølv kom nære innaat dei same Grunnane. No skal eg ikkje bry deg meir med dette. Eg hev nemnt det til Forklaaring av, at eg, som var vaksin upp so reint utanfor alt, slapp so vidt lett fraa den Livsens Faare som Ungdoms Elsk visst ofte vert i dette velstellte Samfunde. Denne Sogo hev vel au gjort sitt til, at eg i seinare Aar blanda meg upp-i Striden um Elskhug og Ægteskap; eg hadde gjenom Røynsle lært, at Reglar og Forskriftir og "Moral", i den Tidi naar det serleg gjeld, hev utrulegt lite aa segja i Røyndi. Um det er Vaarherre eller hin Mannen som hev lagt ned-i oss dette som me kallar Elskhug, det veit eg ikkje; men eg veit at det Samfunde me lìver i no, det hev ikkje kunna greide Spursmaale. Og endaa er det eit Livsspursmaal. SIDE: 242 Um me elles ikkje er komne so langt at baade Spursmaale og Live held paa aa sovne av? Eg undrast stundom paa det. Ætti vert so underleg gamal. Klok. Gamalklok. Romantik og Kjærleik syng visst paa siste Verse liksom Diktingi. Mannen vert Kantorist og Kvinna vert Skulemeistar; Pengane vert Live og Draumane kjem burt. Daa eg var i Tyskland sist, las eg noko som ei Bokdame i Wien skreiv um desse Ting. Eg lo aat det daa; men Gud veit. Den romantiske Kjærleiken hadde havt si Tid, skreiv ho, og Giftingi med; heretter vilde meir og meir "innige Freundschaft" koma i Staden, serleg millom Mann og Mann og millom Kvinne og Kvinne; ho vaaga seg vidt her. Me ser òg, at den europæiske Kulturen kann mindre og mindre med Born; "Tvobarn-Systeme" raader ikkje berre i Frankrike. Baade her og der synest Ættelivs-Viljen aa veikne. Fraa ein annan Grunn stig Mennar som Tolstoy fram med austerlandsk Livsfiendskap, med Tanken hjaa ein Paulus: at det er "best aa ikkje gifte seg". Meir og meir gjeng det so, at Mennane greider seg utan Elsk, eller paa andre frukt-lause Maatar, og Kvendi vert -- Skulemeistrar. Og finn sine fruktlause Utvegar. Den Ætti som no raader, skal den døy? Og nye, friskare Renningar spire? Den som lìver fær sjaa [fotnotemerke] . VII. [sic] Knudaheio 28. 5. 01. -- I Dag hev eg vori paa Snòrest(ad). Snòrest hev vori Gard. Og var Gard til langt ut-i mi Tid. Eg minnest baade han Lars Snòrest og Huse hans: innige Freundschaft: inderleg Vênskap. Fotnote: Ymist er uppe, som ymist kann spaa. Jamvel Kvende talar um, at Mannen er det det same med, berre det kann bli ei Raad med Barne. Uventande Tilstand kunde den Tanken føre oss upp-i. Ein ung tysk Tenkjar, Weininger, hev i det siste lært, at me bør stelle oss so, at Jordi meir og meir vert ein Heim for Aandir. Det er ein Draum av ein sjuk Mann. Og av ei sjuk Ætt? -- (Merknad 1904.) SIDE: 243 Kòna, Sonen, Dotteri. Men so laut han Lars, eller daa var det vel Sonen, selja. Og den eine av dei tvo som kaupte var han Far. Snòrest vart fraa daa av meir og meir berre Smala-Heid. Dei tvo gamle, han Lars og Kona hans, heldt elles ut paa Snòrest eit Par Aar endaa. Me hadde Smalen paa Snòrest um Sùmaren, so lengi eg veit um; og eg var med og dreiv baade upp og ned, fraa eg var so stor at eg kunde. Og eg vilde gjerne vera med, endaa eg som Jærbuar flest var "rædd'e Fjedlo". Det var gildt her uppe, so rart her var. Aa koma heimanfraa og hit var som aa koma or Verdi og inn i eit Æventyr; Snòrest-Ferdine var meg reine Jøtunheims- Ferdir. Forvitin og utrygg gjekk eg i desse tronge stengde Dal-Smògi millom dei rare nakne Bergknausane som vart større og trollskare di lenger upp me kom, og vaaga knapt draga Anden. Veg var her ikkje, anna enn ein Smalaveg som ofte kom burt; og leidsynt var her minst; Knausar og Berg stengde alle Stadir. Og det verste var det som var reint dult. Dei sagde nok at her ikkje var Troll; men det var det knapt nokon som visste. Og so kunde her vera anna rart. Underlege Fuglar og Dyr og Ormar og Drakar og mangt utrulegt kunde vakne og glo, og stinge fæle Skallar og Kjeftar fram, og koma fljugande og hoppande og krabbande og taka meg; so her var det nok best aa sjaa seg fyri. Eg saag meg fyri. Og fór stilt. Og saag korkje Dyr eller Troll eller Drakar. Men dei var her nok. Dei laag og sov inn-i Fjelli og høyrde oss ikkje so lett; men høyrde dei oss fyrst -- . Eg vart snart for stor til aa vera rædd; men heilt-upp trygg vart eg aldri. I 12 -- 13 Aars Alderen vart eg "Heiagjædar" der uppe; daa var Mode ikkje stort. Men i Fyrstningi hadde eg ein Gut fraa Thime med meg, og det hjelpte. Eg kom elles snart etter, at der var andre Ting enn Trollskap, ein Gjætar kunde vera rædd. Skrubb var her nok ikkje no lenger. Ikkje Bjørn heller. Men Orm. Og Fant kunde fara; og Tora kunde slaa ned; og Sauir og Lòmb leidsynt: soleis laga at ein ser Leidi. SIDE: 244 kunde koma burt; det var nok ikkje beintfram aa vera Heia-gjædar. Men det kom noko som eg ikkje hadde tenkt, og som var verre enn alt: eg tok til aa lengte. Her var so uhuglegt i Fjedlo. Og eg var so aaleine. Og so mangt kunde hende; og so mykje fælt kunde eg faa sjaa. Hadde endaa ho Ingeborg, Dotteri paa Snòrest, vori heime; ho var so ven og so snild. Eg hugsa henne fraa fyrr, daa ho kom med Bèr til Garborg: store fine Blaaber, hjarteleg søte, og blodraude friske Tyteber; ein heil Holk med slike Ber tok den lette Gjenta paa sin unge Rygg og dansa med ned yvi Fjell og Heidar som inginting var; ho Mor skulde hava deim til Huse. Men noko fekk me Smaafolki med. Og ho smilte so godt til oss, ho Ingeborg. Og lo, naar me vart svarte um Munnen av Blaaber. Men no var ho ute og tente visst. Og dei andre kjende eg so lite; og heim var so langt; ikkje maatte eg koma heim heller. Det greidde seg endaa paa ei Vis, so lengi eg var i Fjelle; Smalen vaar eigin kjende eg i Gjætledrifti, og hadde liksom serskilt Lag med den. Og helst med dei kvìke glade smaae Lòmbi. Um Kveldane var det verre, naar eg "kom heim", og daa just ikkje var heime. Dei var so snilde mot meg paa Snòrest som dei kunde vera; men framand sat eg der, og stur. Og mest graateferdug; tenkte berre paa ho Mor og dei andre heim paa Garborg. Og naar eg kom upp paa det myrke tronge Lofte, og fekk krabbe meg ned i den vesle framande Sengi, og var so aaleine som ein burtkomin Fugleunge, daa kom eg paa Graaten reint. Meir enn ein Kveld laag den store lange Guten der og grét til han somna. Men det jamna seg etterkvart. Eg vandest. Og fyrr eg visste av det var eg kjend. Det var Kòna i Huse eg fyrst vandest med; ho var so greid og snild; -- eg hev freista aa faa fram eit Bìlæte av henne i ei Skildring "I Heidane". Alltid hadde ho eit huglegt Ord til meg; og alltid gav ho meg dugeleg Mat med i den gamle svarte Gjætleskreppa. Eg vart so modig, at naar eg fekk ei Stund las eg upp for henne or den grøna Bogjo som SIDE: 245 eg hadde lurt med meg heimanfraa; der var noko um Underbuande der, som eg hadde arbeidt meg igjenom so eg skýna det meste; det las eg upp for henne og greidde ut; daa smilte den gamle; "ja sjaa der, um det er kje sant!" sagde ho. Daa vart eg glad og trudde mest paa det sjølv. Ho var ikkje lite upp-i Aari; men like frisk og lett for det. Og paa sin Maate likso ven som Dotteri. Ho var av desse gode gamle fyrr i Verdi som vart verande unge mest kor gamle dei vart. Kvendi no hev lesi mykje meir. Men dei er kje so glade. Daa eg var vortin heimekjend paa Snòrest var det berre gildt aa gaa og gjæte der inn-i dei tronge Steindalane upp-imot Sikvalands-Kulo. I Grunnen var der Liv i alle Fjell. Og naar eg fór stilt, og ikkje skræmde dei underbuande, so kunde eg drive paa med mangt til Tid-Trøyt, dei Stundine Smalen gjekk roleg eller kvilte. Eg bygde Stogur og Kvernhus. Og leita etter Fisk i Bekk og Tjørn. Og kleiv i Urd og Ufs og fann Blomar og rar kvit Stein, og stundom Ber, og drøymde lange Eventyr um Dvergar og Troll, eller um Kjempur og Kongar som eg fann liksom avteikna paa ein fin Bergvegg burtimot Sikvalandskulo; det Berge vart "Riddarborgi". Dei stod tydeleg der, desse Herremennane, og ei byrg Dros med, i store fagre Salar burt-etter Bergsida; og di meir eg saag paa deim, di skìllegare vart dei. Nakne, avslipte, sundsprengde stend Fjelli her, um ikkje so reint ned-filte som Bergbròti sud-paa Ogna-Kanten; Skortune er klædde med Mose og fint Fjellgras eller Lyng. Eit Par Smaabjørkir eller ei Raunkrøkle kann ein stundom sjaa upp-under ei Ufs der Smalen ikkje naar til; elles er der allstad naki, no kannhende vel so naki som i mine Gjætar-Aar. Men det er som eg kunde ha gjengi her og gjætt alltid. Og rett som det er gaar eg, at eg stig so vârt, plent som eg var rædd eg kunde vekkje eitkvart. Ja at eg jamvel dreg Anden stilt. Eg smiler med meg sjølv. Andar sterkt ut; trampar med faste Stig; me er daa kje Dros: Dame. -- skìlleg: tydeleg. SIDE: 246 rædde Trolli no lenger! -- Eit lite Bìl etter gjeng eg vârt og stilt som fyrr. Naah! Gamall Vane er vand aa vende. Soli fær Magt. Eg gjeng og lyder og lyder. Ikkje heilt roleg; ikkje fullt trygg. Hu, denne Stilla. Dreg det upp, tru? Tøv. Klaart og fint all Stad. Labbe paa, Farr! Men stilt stig eg paa Steinane; og eg lær ikkje aat meg lenger. Herre Gud. Naar alt kjem ihop, so hev me kje mykje aa læ aat. Ugreid er Vegen; eg hev vel fari villt. Upp bèr det i Bergskortur og ned-att i Myrsìg; stundom ser eg yvi Tungenese til Havs; stundom er eg reint innestengd. Myr og Tjørn og Steinhausar kvar eg snur meg. D'er kje alltid lett aa finne gamle Vegar att. Endeleg. Lov og Pris. Der er Snòrest-Kulo. Med den store svarte Berghella øvst uppe som ein Kalot paa halv tolv. So er eg berga. Og snart framme. Her er Tjørni nordan-um Kulo. Ho ligg halvt som ned-grodd i Lyng; ørliti; draumfin. Enno grønkar og kvitnar det yvi den svarte Vatstrømen nordunder Berghamaren med Nykkjablokkur og Nykkjablom. Tenk; ligg du enno her og drøymer din Nykkjadraum, du gamle innestengde Troll-Tjørn. So er det berre Svingen inn ikring Kulo; Garden ligg i Solbakken mot Sud. Her er Snòrest-Myri. Ovanum den, att-under Træe-Fjelle, er den gamle Smala-Garden til Sùmarbruk. Derifraa gjeng Vegen den bratte Bakken upp-yvi aat den tronge Bergporten som fører aat Marki. Her er eg kjend. Stein, Stein, Stein. Litegrand grønt, fin-fint Smaagras inn-imillom. -- So Svingen inn; der er Sn -- -- Kva-slag? -- Heime-Huse burte. Ned-rìvi; av-køyrt. Ein ser kvar det stod. Løo er att enno. So vidt. Ein ser tvert igjenom ho. Opne Dørir og halv-opne Veggir. Men ho stend daa. Det same stødt! Inkje i Norig stend trygt utan Fjelli. Lat meg vera glad so lengi dei stend. gaa (aat): verte vâr; merke. -- Blokke (Blòdke): Blad. -- Nykkjablom: nymfæa. -- Garde: Fold; Kvi. SIDE: 247 -- Audt og daudt var det paa Snòrest. Garden øydd; Gard-Tuften rømd. Den gamle Vollbakken laag der med Steinen sin og tagde Gravsongen. Vatne der nede svartna svævt og burtdrøymt og hadde gløymt alt. Eg sette meg paa ein Stein med Ryggen til den nækte Tufti. Der var meir Liv i den tome gamle Smalagarden no. Gamle fordrøymde Snòrestad. Smalaheid vart du, og er no berre Smalaheid. Og høyrer til under Grannen, kann eg tru. Som Norig paa Lag. Ja, ja. Det gjeng so med oss Smaafolk. Eg sìt og kviler eit Grand. Ris so og tek Vegen aat Marki. Vil gange upp-att Gjætarvegen min. Er her ikkje Folk, fær ein helse paa Trolli. Upp Træebakken ber det aat Skare. Og gjenom Skare. Der innanfyri stend Sikvalands-Kulo. Gud have Takk; den er som ho var. Høg og breid lyfter ho seg upp yvi alt med sin firkløyvde Kamb og øvst uppe eit Toppverk som samlar seg til Krune. Øvst paa den ein Varde med ein Kross. Han lyfter seg mot Sky og varslar yvi Hav: Jæren! Mine Fjell er dette; eg kjenner deim att so vel. Lange, sprengde, rundkvelvde byggjer dei seg Høgd yvi Høgd og Koll yvi Koll, samanbundne med lange lægre Ryggir. Lyngdalar inn-imillom; og Tjørnir; og Myrflæe. Stundom Rundingar millom Berg-Armar som store Troll-Tun. Veldigt hev Mjølnir dundra her. Med Eldingar til Gneistar fraa Trollskallar som steingjekk. Stein, Stein, Stein. Krokut og trongt; fyribygt og stengt; Lyng-rabbar og Myrflekkir og elles Berg; Stein yvi alle Botnane; her og der Urdir. Jutullsteinar paa Ryggir og Berg. Stilt; svævt; burtgløymt. Ein Steinheim. Berre den eine smale lange Dalen paa høgre Handi attunder Sikvalands-Kulo gjev Minningar um Liv. Og her ser eg lenger inn-igjenom. Inst inne blaanar dei fine Fjelli der eg ein Gong hadde Gudeheimen min; dei liksom glid av inn-i Austhimilen. Enno veit eg ikkje kvar desse Fjelli høyrer til eller grensar av. Lov og Pris for svævd: "søvndysset". -- nækt: gjort nakin. SIDE: 248 det. So stend dei trygge der i Blaadagen sin som ei Vakt, og stengjer for det endaa blaaare og ljosare som eg ikkje kjenner. -- Kva er i Vegen, tru? Høg er ikkje den Berg- Rabben der eg hev lagt meg, og bratt er han ikkje; men eg kann ikkje slaa meg til Ro. Ligg og halv-svimrar, smaa-svimrar; held liksom fast paa meg sjølv, at eg ikkje skal glide, rulle ... Aa; det er denne Jærbu-Hausen som svimrar, so snart han er millom Fjell. D'er snodigt. Verre Høgdir hev eg fari, og kvilt i Ro paa styggare Stup; men her kjem det gamle upp. Roleg, roleg, Blakken! Kva kann det vera for noko, det raude, raudbrune som rører paa seg der inn-i Steinheimen lengst inn-i Dalen? Gygrir? Trolldøtrar i Koparkjolar? Aa, det er Kyr. Godt Fjellvêr i Dag. Bùje likar seg. Dei myrkblanke glimande Tjørnine dreg Augo mine. So mjukt ligg dei og blenkjer og skin att-under Fjellveggine. Inst inn-under Kula, halvgløymd, med ein Bergknaus paa den eine Sida og ei Ufs paa den andre, glimar det fram ei serskilt ven Tjørn. Avstengd, avgøymd ligg ho der; ein rein Fredheim millom Berg-Aasar. Godt og trygt vøre det aa kvile i ditt Fang ... Er det slikt dei tenkjer paa, tru, dei tvo som stend der inne? ovanum Tjørni, upp i Bakken? -- Dei hev vel elles anna aa tenkje paa, dei. Er det Folk? -- ei ljosklædd Gjente med kvitt Skaut; ein blaaklædd Gut hev lagt Armane um henne; men so hev han vorti rædd; hev høyrt noko; vil ifraa henne att; men ho, Tulla, høyrer inginting; legg seg berre tyngre inn-i Armen hans ... Det hev vori Troll-Ungdom. Dei møttest att-um Kongsborgi ei Midje-Natt; hadde for mykje aa segja kvarandre og agta kje Tidi. So rann Soli; og so var det for seint. Der stend dei. Arme Ungdom. Du renner deg so lett fast. Men Riddarborgi mi? Ho laag her nede; og den skulde eg daa kjenne. Det vesle svarte raudsprengde Bergskramle der? Aa langtifraa. -- Jau! -- Det maa vera det. Her er kje noko anna. Hm. Vert sjølve dei norske SIDE: 249 Fjelli gamle no? Kvar er mine staute Hèrmennar? Og Drosi den gjæve? Og Herresalen med duka Bord? -- Burte, burte. Svart, svart. Heile den vene Tavlesida sundsprukki. Nedramla. Synd og Skam. At ikkje Fjelli kann staa dessmeir. Hyss. Der er visst noko. Ein Hjelm? Ja. Og under Hjelmen -- ja; der er eit Hovud. Aa, der er meir. Breide faste Akslir; heiltupp ein Goliat. Ei Kufte ... som gjeng til Mjødmine. Um Live ... eit Belte. Men inkje Sverd. Rart. I det heile ... nedan-um Kufta -- ; aa langt-ifraa. Jau. Desverre. Det er Skam. Men det er so. Nedanfor Kufta hev Kjempa Stakk. Ein gild, god Stakk. Trøyste oss. Gjeng det slik med Kjempune vaare ... -- Vas. Kva ligg eg her og tullar etter. Klokka er fire -- -- Ned-yvi Knausar gjenom Smòg og Smaadalar bar det aat Knudaheio. Paa ei Berg-Nòs stana eg og saag ut-yvi Nakinskapen her, i Bergdalar og paa Jær-Heidar. Og ein gamall Draum vakna, den som vaknar i meg jamt, naar eg ser paa all denne Dauden: Skog! Dei segjer det hev aldri vori Troll; aa jau-menn hev her det vori. Men Trolli var me sjølve. Me hev øydt burt og hoggi ned og brent upp og snøydt av; alt som grodde og voks gjorde me Ende paa, og held paa med det enno; dei siste Skogflisine i Lande høgg me til Pittprops no og sliper til Tremasse. Gjev eg var Vaarherre. Fyrr næste Morgonsol steig skulde all denne avskolla Steinen og alt dette bustute Lynge og alt dette sjuke bleike Myrgrase vera burte, gøymt under ei grøn, kongeleg Barkaape. Men eg tenkte meg um og sagde: nei. Eg vil ikkje vera Vaarherre. Kom Vaarherre og gav Folke Skog, so vilde Folke gjera som det gjorde sist: hogge Skogen ned og brenne 'n upp og ikkje segja so mykje som Takk for vel gjort. Nei. Sjølv maa Folke dyrke Skogen. So det lærer aa SIDE: 250 skýna kva Skog er. Kann Folke lære so stor ein Ting? Svara kann ingin. Det hev teki til aa røre paa seg so smaatt. Men naar det er noko som ikkje vert ferdugt paa eit Par Aar, so plar Nordmannen misse Mode. Ein gamall pinefull Tanke vakna i meg: Lande ligg og ventar ... paa eit Folk som kann brùka Lande. Me som no hev det kann ikkje. Me hev aldri havt nokon Arbeidshug. Vilde berre liggje i Viking. Og no er det raadlaust reint. Heimhugen er burte ... Seinare. -- -- "Raadlaust?" segjer Eivind Hognestad. "Me skal vel ikkje tru det heller. Snart gjort vil det ikkje vera aa faa Skog paa Jæren. Det er visst nok. Lett gjort vil det ikkje heller vera. Men no hev me daa teki til so smaatt. Og me fær tru at Framtidi ikkje vert altfor stutt for oss." Eg tenkjer med meg sjølv: Tòlmod er ei Dygd. Og Vaarherre have Takk; her er Tòlmod paa Jæren. "Taalmodighed behøves," song dei yvi han Far, daa han siste Gongen skulde aat Kyrkja. Eg tek meir og meir til aa skýna det Orde. Me Papperfolk ligg og glefser og gøyr og hev slik ei Hast. Fort, fort! Fenden i Vald, men fort! -- for Verdi stend kje til Paaske. Eg maa heim att. Eg maa bli Jærbu att. Eg maa lære uppatt det, at "Taalmodighed behøves". Eivind Hognestad tek til aa fortelja meg um Skogplantingsarbeide paa Jæren. Dei er komne so smaatt i Gang med det no. Men du endelause Æve og Tid enn alt det som var aa vinne yvi, fyrr dei berre kom so langt at dei fekk taka til med det. Og du Tid og Endeløyse enn alt det som hev vori aa vinne yvi og er aa vinne yvi for kvart minste Stìg ein skal mùna seg fram! Du trur det ikkje; ein trur det ikkje; det er ikkje til aa tru; det er berre sant; det fær dei finne som strævar med det. Det gjeng, fær me tru. Det maa gange. Det lyt gange. Det gjeng vel til Slutt. Men du Æve og du SIDE: 251 Tid; Tòl trengst. Taalmodighed, Taalmodighed! -- behøves. Alt er imot. Alle er imot. Jærbuen fyrst og fremst. Det hev kje vori Skog her, og det vert ikkje Skog her. Ha-ha; haa-haa. Verdens Visdom er GUd en Daarlighed. Og Stortinge, ja. Det hev so endelaust mykje anna aa gjera. Og her er so endelaust mykje anna her i Norig aa laane Pengar til. Men Vestlendingen er seig. Han ser det vil taka Tid. Lang Tid. Dei andre maa hava sitt fyrst. Alt det andre maa gange fyrst. Men Vestlendingen, og ikkje minst Jærbuen, han pótla og grev'e so smaatt, han. Krèv ikkje stort; kva kann det nytte. Berre litegrand til Hjelp. Attaat det vesle han sjølv kann skrapa ihop, kannhende. Og til Slutt, -- til Slutt fær han litegrand! Og ein og annan av dei store tek til aa tru paa det at Jær-Heidane kann bera Skog. So er det daa so vidt han kann faa freiste. Eg fær høyre mykje um det Stræve dei hev havt. Og meir fær eg lesa. Det er Bladstykke, Søknadar, Smaabøkar, mangt Slag, som Eivind Hognestad laanar meg. Eg les. Og spýrr um det som eg ikkje fær Samanheng i. Talar med fleire som hev havt med Skogsaki aa gjera. Etterkvart gryr det for meg. Og eg skýnar at her vil turvast anna enn Ord. -- -- Det saag smaatt ut lengi. Den Mistru og Lathug som alltid legg seg i Vegen for store Krav, den berre flirde aat Skog paa Jæren. Skogtanken var jamvel syndig. Vaarherre vilde ikkje hava Skog her; hadde han det vilja, so hadde han sjølv lati Skogen vekse. Ein av Fyrigangsmennane for Skogsaki, Lensmann Norheim (av Mossìge-Ætti), hev fortalt meg um dette; dei hev i det heile havt nok aa høyre paa i den fyrste Tidi, dei som vilde gjera Skog paa Jæren til meir enn Ord. Sliktnoko som alle desse Røtane i Torvmyrane, det var noko som lite toldest nemnt; for dei synte alt for vel, at Vaarherre var skuldfri i dette Stykke. Eit stort Arbeid er nedlagt her, og eit stort Tòlmod er vist; dei som hev teki dei fyrste tunge Taki vil lengi minnast. SIDE: 252 Den Skogen som er sett tek til aa vekse og vitne sjølv no. Og det ikkje berre inn-med Byen eller ikring Sandnes, men ut-etter dei svartaste Lyngheidane paa sjølve det syndetungaste Jæren. Um det no ikkje all Stad hev gjengi like godt. Folk tek til aa sjaa dette; og fleire og fleire skýnar at her er ein Framveg lagd. Fullrøynt og avgjort er det no, at Skog kann vekse paa Jæren. Og det um Jordi er so arm og skrinn som ho nokon Stad kann finnast. Dei Prøveplantingane som i 1863 vart sette i Gang -- paa Gruda i Klepp og paa Nesheim og Hobberstad i Haa, d.v.s. paa det vêrhardaste og vindstridaste Jæren og paa Jord av armaste Slag, sùmstad berre Aur og Lyng-Rusk, og so dei svære Havstormane beint inn -- , berre desse Prøveplantingane hev vist, at Skog veks all Stad. Og endaa var dette dei fyrste Freistingane, med innførde Plentur og uøvde Folk. Dei vrangaste Vilkaar som tenkjast kunde. Men med Tilsyn og Etterplanting hev det greidt seg. No gjeng det mykje lettare og tryggare. Me hev fengi Planteskule paa Jæren; Plentune derifraa er vane med Vêr og Vilkaar her alt ifraa fyrsto. Det verste hev dei klara no, desse gjæve Mennane som vaaga seg i Gang med det vonlause. Og Folke, som fær sjaa no at Vaarherre ikkje hev noko imot Skog paa Jærheidane, tek til aa koma med. I 1868 vart det fraa Planteskulen selt for 14 -- fjortan -- Kronur i Smaatre til Utplanting; i 1896 -- 97 vart det selt for 6 260 Kronur; sidan hev det auka jamt. Skogsaki er i det heile i Framgang i Lande. Me hev seks Planteskular no, fraa Farsund og nordyvi til Bodø. Det er lite men betre enn inkje; og fleire kjem etter, um Rikskassa ikkje altfor mykje vert Fant. Og fram, fram maa det gange. Norig held paa aa avskogast. Serleg er dette Røvar-Arbeide komi i Gang no, daa dei hev teke til aa slipe "Tremasse". Og med ei Lovgjevingsmaskine som er i Gang Aare rundt, hev me enno ikkje som andre Land fengi Lov um Nyplantingsplikt for Skogrøvarar. Det gjeng atter-ut med Skogen fraa fyrsto: fraa fyrstunde. SIDE: 253 i Norig enno. Men er me paa 40 Aar naadde so langt som til hit, lyt me vel tru me kjem lenger. Ja at me til Slutt kjem so langt som andre Folk [fotnotemerke] . VIII. Knudaheio 3. 6. 1902. Du Steinar! Det er kaldvori i Aar, og helst ser det ut til ein Regn-Sùmar. Hulda og eg køyrde fraa Bryne til Undheim i full Vinterbunad og fraus so me skalv; det var i Slutten av Mai Maanad. Og enno er det so, at eg maa hengje paa meg alle dei Fillune eg eig, naar eg skal vaage meg aat Skriveborde. Som er ei Aln langt og attan Tomar breidt ... Hulda? Ja; ho var her nokre Dagar; ho skal til Færøyane. Ut i Atlanteren, paa Golfstraumen, der ho no snart ligg, vil det vera lognare, fær eg tru ... Golfstraumen? Færøyane? -- Ja bia no litegrand. No skal du trast faa det. Hulda hev vorti so glad i Folkevisune vaare. I det me hev av deim daa; for du veit at ei heil Mengd av deim ligg uprenta paa tvo Professorloft og vert der liggjande til Verdi øydest. Men lat os takke til at me fekk Jørgen Moe og Landstad og Ross, fyrr Verdi vart altfor lærd; i det heile skal ein "nøies med hvad man har faat", som Diktaren segjer. Ho hev elles aldri brytt seg um Folkevisune, ho Hulda. Det er Nordmanns Vis; kva skal me med slikt, naar me hev Gluntarne og Schubert? Men so hende det noko her um Aare: Thorvald Lammers tok til aa kveda Folkevisur. Denne store Songaren med sin Fotnote: M. A. Grude: "Om Skovkultur" (Sandnes 1898) gjev Greide paa Tilstande med Skogøyding og Skogplanting paa Jæren som elles i Norig. SIDE: 254 magtfulde Kunst og si rolege Kraft var som skapt og send til aa ny-reise denne herlege Dikting. Og millom deim som vart tekne av Folkevisesongen var Hulda. Visune fekk Liv, og Magt; større, fagrare Tidir vakna genom deim; skulde det vera reint raadlaust aa faa denne Songen upp att? Det vart stundom nemnt noko um "Færøydans"; den skulde eikorleis hava Samanheng med Folkevisur. Men ingen i Norig hadde Greide paa Færøydansen. Me hev gløymt vaare Ut-land som me halvt-um-halvt hev gløymt oss sjølve. Men so kom Hulda ifjor til København. Der fekk ho Tak paa eit lite Skrift um Færøydansen av Hjalmar Thuren. Og freista, daa ho kom heim att, aa setja upp ein slik Dans. Det gjekk ikkje verst. Men meir og meir skýna ho, at ho maatte sjaa Færøydansen; og Jóhs. Pattursson, Riksdagsmannen fraa Færøy som ho raaka i Kristiania ein Gong, gav henne same Raadi. So fekk ho Greide paa Færøy- og Islandsbaaten "Egil"; og i Aar bar det i Veg. Gjev ho maatte faa Tak paa denne gamle gjæve Riddardansen. Og gjev ho fekk hjelpe til med aa vekkje 'n til Liv att her! Desse Sveivedansane fraa dei Ludvigske Ho -- hm, Konge-Husi i Frankrike i den siste rotnande Kongetidi er lite verde aa raade Grunnen millom norske Fjell, og minst til aa raade Grunnen aaleine. Dei staute gamle Folkedansane, og Songdansen som ein Gong gjekk fraa Norig til Færøy og no gjerne kunde snu hit att, vilde saman med Folkevisur (og ny Visedikting?) skapa eit Sellskapsliv i Bygdine som vart noko anna enn den Fantemoro med Brennevin og Rundvalsing som dei no driv, og som dei vel meir og meir tek til aa skjemmast av sjølve. Det er noko tomvori her i Knudaheibakken. Eit lite Bord hev eg som eg hev fengi laant; det maa vera Skrivebord. Til Matbord brùkar eg Kjøk- Benken. So hev eg ein Stol; den er Kantorstol inne eikorleis: "paa en eller anden Maade". SIDE: 255 og i Kjøken Bordstol; til dette skiftest han elles med ei lita tom Varekasse der ute. Det einaste eg hev som er Namn verdt er ein av dei gode gamle Jær-Stolane med Sæte av Sèvfletning og høg Spíle-Rygg, og dertil med Ruggestols Gjenge; den brùkar eg til Høgtidsstol, og stundom til Sovestol; eg fekk 'n til Knudaheibakken av Frk. Kitty L. Kielland. I Staden for Dragkiste hev eg det gamle grøne Skuleskrine hans Far; og det er heller stort, daa han vel au hev nytta det til Handverkskiste; det hev fylgt meg fraa Garborg og skal her faa slaa seg til Ro. Langbenken burt-under Vindaugo er Sofabenk naar her kjem Framande; til Sovebenk hev han au vori nytta; men den som skal sova der maa ikkje vera mager. Sove-Rome mitt hev eg ut-i Kòven -- Glas-Kòven fær eg vel segja; Kòve med Glas skal heite Kammers, segjer Mauland; men "Kammers" er fælt -- ; Sengi er tri Fjølir som er slegne upp millom Langveggine ved Tverveggen inst inne, den som skifter millom Soverome og den søre Torvskuden. Det eg hev mest av her er Rom; og Utsyn. Ein framifraa gild Kjøk hev eg au. Men Vatn -- ; naah; eg hev Tjørni. Men lìver eg nokre Aar, so vert her nok i Stand i Knudaheio! Seinare. Garborg ligg ved Grensa millom Thime- og Nærbø -- Sokno, og Nærbøkyrkja er meg mest likso kjend som Soknekyrkja mi eigi. Igaar var det Søndag og godt Vêr; og so fekk eg Hùg til aa sjaa att Nærbøkyrkja. Det bar "Bakkane" ned-yvi, sunnan- og ovanum Tunheim og Risa og Garborg og Gausland, høgt yvi Jær-Flata med Utsyn vidt yvi Land og Hav, i skiftande Minne og Draumar. Ved Risa-Aano støvda eg. Det som enno er att av Risa-Skogen helsa eg paa; "Skogen" hans Sven Garborg helsa eg like eins paa, endaa Skogen no berre er dei Stein-Urdine der han vaks ein Gong. Men her Aano: Aai. SIDE: 256 gjekk me i Barndoms Dagar og henta Bèr, eg og dei andre Garborgs-Borni; so eg hev meir enn eitt Solminne fraa Stein-Røysine heran. Øvst upp-i denne trelause Skogen sette eg meg paa ein Stein. Og saag ned-yvi all Steinen og tenkte paa oss Smaatassane og Smaatussune som krabba um i Bertuvune her paa slike vene Sundagar fyrr i Verdi. Den Gongen var det elles Hatlerunnar her og der til aa líve seg under, um Soli var for strid; no er Hatlerunnane au burte. Og me med. Spreidde yvi tri Heimar: Gamleheimen, Nyeheimen og hin Heimen. Eg ruslar i Veg yvi Gauslands- og Gudmest(ad) -- Høgdir; ser ned-yvi til han Gabriel paa Bergj'e og til han "Sand Gausland" -- ein Stavanger-Kaupmann som det var gjengi ut med, og som sidan sat her framand all si Tid -- og til Gauslands-Garden, der serleg ho Ester livnar upp for Minne mitt, Dotter hennar gamle Torgerd ("Torjer"). Det var noko gamalt Jæren som her stakk seg fram, men som eg aldri rett fekk Greide paa. Noko utanfor Gausland stend Malhaugane. Her henta me Mikkjelsber og Hønsaber, naar me stundom um Sundagane gjekk til Faster Bø; det var so fint paa Malhaugane. So fritt og lett og vidsynt. Og Haugane var dei største me hadde her ikring, endaa der er Haugar mest all Stad. Sjølvsagt hadde me ingin Draum um kva Slags Haugar det var; eg tok deim helst for Huldrehaugar. Aa, all den gamle Hovding-Sogo som ligg her nedgravi og gløymd fram-etter Strendane og langt upp-etter Heidane! Folke gjekk og sveiv um desse Stor-Minni Hundradaar etter Hundradaar og gløymde, fyrst Namni og sidan alt. Det einaste var, um det kunde vera noko nedgravi der, Gull eller slikt; og no veit dei at der kann vera eitt og anna aa finne. So fèr det daa Svenskar og danske eller norske Danskar ifraa Bergen hit stundom og hjelper til og "finn". I Dag er det elles som eg ikkje rett kjenner Malhaugane att; den eine av deim hev vorti so litin. So heran (jærsk): her. -- Hatl: Hasl. SIDE: 257 avkuva. Han kryp ihop; kjem mest burt. Dei hev vel vori ute og nasa her med. Skjemt og skamfari den gamle Hovdinggravi, og so lati ho liggje. "Æra Far din og Mor di, at det kann gange deg vel ..." Naah. Det kann vel ikkje vera det heller. Dei hadde kje lati nokon av Haugane vera i Fred, hadde dei fyrst vori ute. Men dei rotar i Haugane all Stad. Hovdingar reiste deim; Høkerar riv deim. Fenden i Fedrane; er der noko me kann gjera Skjelingar utav? Eller Bøkar, Doktorhattar? -- Gravfred? Her er kje Gravfred i Norig for andre enn deim som betalar for seg. Mykje er nok elles ikkje aa finne lenger. Korkje i Haug eller Hòv. Det som ikkje vart teki av Danskane er selt for ein Drikkeskjeling til andre "Brørar". Ei Samling i Sverige til Upplysning um svenskt Folkeliv og gamall svensk Kunst skal kunna vise fram 1300 Stykke berre av gamle norske Ølbollar. For Sverig eig Norigs Sogu no, liksom Danmark aatte ho fyrr. Sjølve den norske Kongen let -- og læt -- dette skure. Rimelegt nok. Den norske Kongen er Svenskekongen no, liksom det fyrr var Danskekongen. Den norskdanske Staten er ender og Gong ute i seinare Tid og skrapar Skovune. Men naar Folke skýnar at Staten vil ha noko, sèt det Prisane upp. Det hev selt vaare gildaste Ting til Svenskar og Engelsmennar for ein Drikkeskjeling og ein Dram; no krev det Herrepengar for ei Flintepil. Jæren i gamle Dagar var ikkje nokon Husmannsplass. Magt og Rikdom samla seg endaa meir fyrr enn no ved Havkanten. Dertil trur dei, at Jæren hev vori bygd alt i den Tidi daa hitt Lande laag under Isen. Mange Sjøkongar hev sìti fram-etter Nèsi her daa, og Hovdingar styrt upp-etter Bygdom. I Sogu-Tidi, og fyrr ikkje mindre vil eg tru, hev me havt store Herrar paa Jæren. Sume er nemnde i Sogo, som Eirik paa Oprastad, Morfar til Olav Trygvason; han budde paa den Garden som enno heiter so (Aabrest); seinare hev Sogo eit Namn som Erling SIDE: 258 Skjalgsson. Andre Hovdingsæte hev her vori, som Tu (Tun); der finst det enno ein gamall Tingstad. Og mykje Rikdom og fint Arbeid hev vori ned-ervt fraa gamal Tid. Men i seinare Hundradaar hev det meste av dette komi burt. Det hev vorti burt-ervt, burt-selt, uppbrent, av-stoli. Av Hèrfolk og andre Røvarar og Tjuvar, og av den danske Styresmagti. Det vesle som var att til vaare Dagar vart daa snart burtplukka av farande Utlendingar; det gjeng ikkje likare paa ein Gard, der Sjølvefolke er burte. Mangeleis lyt eit Folk bøte som vert framandt for seg sjølv. Heimesansen hjaa Nordmennane no er som ventande kann vera i eit Land, der Herrefolke helst vil rekne Landsens Sogu fraa den Tid daa dei Framande fekk Magti. Kvar skal ein taka norsk Heimhug fraa i eit norskdanskt Land? Dei norske Minni som enno stundom vert framfunne, dei lyt takke til, um dei fær so mykje som Husrom dessmeir. Eit Skip fraa Gamletidi hev Fredrikshøgskulen i Kristiansby liggjande i ei Bordbu som kven som vil kann setja Eld paa med ei Fyrstikke. Ein Dag vil Nordmennane vakne og spyrja seg sjølve, kvar det kann ha vorti av alle gjæve Minne fraa Stortidir og Høgaldrar Lande rundt. Daa vil dei faa vìta det: dei er burtsùmla. Og dei vil riste paa sine Hovud og minnast det gamle Orde som er gjevi til Rettleiding for Folk som vil "lengi lìva i Lande" sitt. Men seint vil det daa vera aa trega. Det kostar aa vera Kar. Men aa vera Fant kostar vel so mykje. Nærbø-Kyrkja var si same i alle Ting, utvendes og innvendes. Ho er i det heile eit Mynster paa ei Kyrkje fraa Jæren i det 19de Aarhundrade. Eg sat paa Lemmen og kjende meg som heime. Altare, Kore, Døypefate, Preikestolen, kvar Stav og kvar Stokk, det var alt som eg hugsa det fraa "mi Tid". Berre Presten var ny. Det hadde kje gjort noko; den eine Presten plar vera likso framand som den andre. SIDE: 259 Men der var det serskilde med denne, at han hadde slik ein sterk Austlandssvìp paa Gudsorde sitt. Reint vikværskt lyddest Maale hans for meg. Og det høvde ikkje her; slett-ikkje. Haa-Prestane hev fyrr tala reint Gudsord. Naa; Vestlending og Vikværing maa venjast med kvarandre i Maalvegen att. Skilnaden paa Maale er stor, men ikkje so stor som det synest. Vikværingen tykkjer at me syng; me tykkjer at han gøyr. Men etterkvart kjem me vel til det, at baade Vestlending og Vikværing talar. Presten kom paa Stolen. Og eg, som visste at alt er Gudsord i den norske Kyrkja, naar det berre ikkje er norskt, slog meg til Ro med Vikværs-Tonen. Dermed gjekk det som det jamt hev gjengi meg, naar Presten kom paa Stolen: eg fekk slik forunderleg Ro til aa tenkje paa andre Ting [fotnotemerke] . Kven kunde det vera eg hadde høyrt her i Nærbø -- Kyrkja sist, tru? Hansteen? Kunde det vera so lengi sidan? -- Eg hugsa elles eit Ord av Hansteen. Det er rart med Smaating; dei kann slaa eit Minne so serskilt fast. Ordi var ikkje noko sers; "der ser vi," sagde han, "hvad Synden har at betyde." Men han laut brùka Lùmmaplagge med same dette Orde skulde fram; han fekk daa ikkje svinge det so fritt ut-yvi Kyrkja som han vilde; og dette tok seg snodigt ut for meg, som nettupp sat og saag paa Presten. Som eg tenkjer paa dette blenkjer det upp for meg, at den Presten eg høyrde her sist, -- det var Lars Oftedal. Det var ikkje Tvil; eg hugsa det greidt. Det breide Andlite yvi den sterke Halsen saag eg med ein Gong att. Lars Oftedal var det og ingin annan. Minne vart so lìvande, at eg reint gløymde den Presten eg no hadde for meg. Fotnote: Noko annarleis hev det elles vorti i seinare Tid, daa eg stundom i Kyrkja fær høyre norskt; eg høyrer daa paa Presten, reint ut sagt. Korleis det no kann hava seg. (Merknad 1904.) SIDE: 260 Og heile den Tidi kom for meg att. Eg hadde kje trutt stort paa "han Lars" den Gongen. Fraa Lærarskulen kom eg og hadde mine Meiningar uppgjorde: Lars Oftedal var ikkje kyrkjeleg. Han var ikkje Prest. Han braaka og staaka som ein Lækprædikant. Men so hadde eg tenkt: lat gaa! ein skal prøve alt; lat meg likso godt ha høyrt Lars Oftedal! So sat eg daa her og høyrde 'n. Han var god! -- paa sin Maate. Der var noko lutherskt eller amerikanskt djervt i Maaten hans; og det kunde eg godt skýna tok Bøndane. Det var so eg mest laut smile stundom. Smart Fyr; modig Maur. Han visste kvar han skulde finne deim, han; Lars Oftedal kjende nok Sauine sine. Lækprest; grovtenkt; det høyrdest uliklegt fraa ein Preikestol sùmt av det han kom med; men at han fekk Magt med Bøndane, det kunde ein ... det ... kunde ein alltid -- -- Med ein Gong var desse kloke Tankane burte for meg. Eg hugsa kje lenger Lars Oftedal. Eg visste kje kven det var som tala; men han tala til meg. Ende fram til meg. Som det kunde vera han Far, eller ein annan av mine eigne. Eg sat der fjetra, raadlaus, mest rædd; visste kje kvar eg skulde gjera av meg. Han kom so beint innpaa meg; her vart ikkje Umrøme; det var som eg vart tekin i Aksline og haldin fast. Han tala til meg som ein Mann med sin Næste. Og Gud betre meg; Mannen hadde Rett. Han hadde Rett. Kor kunde ein no gaa so tankelaus gjenom Verdi -- -- Lars Oftedal stod paa Preikestolen og tala Jærbumaal. Men eg vart berga. Han gleid inn i Stavangerslengen att. Og var paa nytt Lars Oftedal, den framande Presten med sine serskilde Maatar og Faktir. Han tala ikkje til meg lenger. Eg Tosken! Der hadde eg so nær lati meg fange av Kunstine hans. Glup Fyr; faarleg Fyr; jau det skulde sjaa ut: Jærbumaal paa Preikestolen! -- Men der sat som ein Skjelv i meg lengi etter den Stundi i Nærbø-Kyrkja. SIDE: 261 Det er elles ikkje i Kyrkja ein skal gaa, um ein vil hava Greide paa Trudomslive hjaa Folke. Kyrkja, det er Staten; men Folke treng her anna enn det som Staten kann gjeva. Me fær endaa vera glade so lengi Staten ikkje forfylgjer Folketrui. Hans Nielsen Hauge var den siste som leid for Trui hjaa oss, soleis beintfram. Og endaa kann ein vel knapt segja at det var for Trui han leid; naar dei var etter 'n, so var det for Skuld den kyrkjelege Orden. Det galdt ikkje Trui; det galdt kven som skulde forkynne Trui. Kyrkja meinte at berre dei skulde forkynne, som Riksmagti sette til det; for dei var upplærde i den Trui som Rike vilde hava; og kva skulde ein elles halde seg til? At dei daa sette fast Hauge, som meinte seg aa vera Guds Tenar utan Kongebrev, det var ein sjølvsagd Ting som ingin rett Rikskyrkjemann kann hava noko aa segja paa. Rikskyrkja greider alt paa beste Maaten. Forkynner Rikstrui etter Uppskrifti og er Kantor for Gifting, Barnedaap, Jordfesting og andre "kyrkjelege Forretningar". Alt skulde daa gange godt. Guds-Rike og Heims-Rike hev i Rikskyrkja funni kvarandre. Men Folke trur ikkje paa det. Folke held seg til Orde um, at Guds Rike og Heims-Rike stend imot kvarandre. Og at naar dei held Lag, so er det berre av di Kyrkja hev bøygt seg under Verdi. Det er dei smaae og lite vyrde, dei som maa lide vondt og som ingin bryr seg um, utan naar det spyrst etter Skattar og Avgiftir, det er dei som høyrer Jesu Gudsrike til; difor maa dei og lide i Verdi. Jesu Sveinar fekk aldri Embætte og Lønir. Dei maatte lide vondt; vart pinte, forhøyrde, drepne; og so vil det meir eller mindre vera med dei rette Jesu-Sveinane all Tid. Jesus vil sende deim ut i Folke utan Kongebrev. Og dei vil maatte lìva millom Folke, i Armod som Folke, og tala Sanningi for Folke til Refsing og til Trøyst; ja liksom Jesus maa dei segja Sanningi jamvel til dei store i Verdi, og til dei som gjeld for Lærarar og rettvise, anten dei no kallar seg Præstar eller Farisæingar. SIDE: 262 Og det maa Jesu Sveinar gjera, um dei ikkje fær anna for det enn Hat og Spott. Dette er dei rette Prestane, dei som er Jesu frie Sveinar og ikkje talar Orde for Løn, men for Sanningi Skuld, og ikkje av Lærdom men drìvne av Anden. Og dei maa, som Jesus, som Apostlane, som Profetane, som alle Guds rette Tenarar paa Jordi, vera budde paa aa faa smaka Magti naar som helst; ja dei maa vera budde paa Dauden i dei Tidine naar Sattan hev Magti. Det er ugreide Ting, dette; aa skilja millom sanne og falske Profetar er ei vand Sak. Jamvel i Aposteltidi var ikkje det so greidt. Men vaar Kyrkje hev bøygt seg for Folkekrave no, i ein høgare verdsleg Visdom. Og det er visst det beste, dette. For er ein Preikar av dei falske, so vil det sjeldan vara lengi fyrr det kjem upp; men vert han forfylgd, so vil Folke tru paa 'n mest kva han lærer. Likevel var Lækmanns-Arbeide i Haugetidi betre enn det sidan hev vori. Ikkje um den "sæle Dauden" savla Preikarane daa; dei vakte Folke til Liv, til det glade sterke kristelege Live. Den som lìvde vel vilde døy vel. Der var Minningar etter dette alt ned i mi Tid. Eg hugsar fra Barne-Aari ein og annan som heldt seg til Hauge eller hans Læresveinar; det var greide, huglege Karar som var Folk til Hjelp baade i Sjælespursmaal og i jordiske Ting. Men det bar ned-etter. For Smaapreikarane fall det lettare aa tala um Dauden enn um Live, det dei vel ikke alltid kjende so mykje til. Og dei sagde ikkje som Meistaren: Syndine er deg forlatne; dei dreiv paa med at Folk skulde hugse Syndine sine. Kristindomen vart mindre Gudsdyrking enn Syndedyrking. Ein skulde gaa si Tid burt i Syndesut. Tenkje paa Syndi, syrgje yvi Syndi, vedkjennast, dyrke, kjæle for Syndi; stødt og stendigt i Bøni leggje ho upp-i Hendane paa Gud, som daa ikkje kunde faa kaste ho i Have kor gjerne han vilde. Daa treivst alt som ufriskt var. Og Preikarane tala um Synd og Daude og Helvite, til dess den gamle Læra SIDE: 263 snuddest um, so at no lìvde ein alltid vel nok, naar ein berre kunde døy vel. Syndedyrking og Daudedyrking var det som no vart Kristindom. Prestane stod raadlause som vanleg. Til dess Oftedal kom. Han kjende Folke, og han kjende Folkeprædikantane. So freista han den nye Ting aa vera Folkeprædikant og Riksprest samstundes. Og han var so heimekjend, at han fekk Folke med seg paa dette. Lars Oftedal var Jærbu. By-Jærbu. Det truskyldige hjaa Folke hadde han; men han visste um det og kunde nytte det. Han tente Folkefrelsaren og Rikskyrkja samstundes, og det er ikkje godt aa segja kva som var sterkast i han: Lækpreikaren eller Rikspresten. Han fekk ei svær Magt. Men hadde han vori eit større Kyrkjehovding-Emne enn han var, so hadde han sétt, att ein i Lengdi ikkje kann tena Gud og Mammon (Staten) samstundes. Med Lars Oftedal naadde "Vekkjings"-Tidi paa Jæren sitt høgste. Betania, Betsaida, Elim, Salem, halve Judæa flutte gjenom Bønehusi hans til Jærs, og det vart sistpaa mest rart, at Folk sagde Jæren og Stavanger og ikkje likso godt Judæa og Jerusalem. Eg kunde tenkje meg at han hev drøymt um aa verte heilt-upp Herre yvi Lande her, ein stavangersk Salomon eller sovori, dei tusund Kvendi ikkje fraarekna. Hev han havt slike Draumar, so naadde han langt paa Veg. Han er i det heile eit av dei mest forunderlege Tilfelle i Ny-Norigs Sogu. Oftedals-Ridi var den stridaste av dei gudelege Ridine her; dermed vart ho og som ein Endskap. Den Dagen daa Chr. Bruun, "Oftedøl" sjølv, viste Lars Oftedal fram for Folke fraa den Sida som fyrr snudde inn, døydde det mykje Sjukdom paa Jæren. Og eg trur, at noko av det gamle klaare og kloke og gløgge hjaa Jærbuen vakna att, eller held paa aa vakne. -- -- -- -- -- SIDE: 264 IX. Knudaheio 10. 6. 02. Du Steinar! -- -- -- Kor det stend til med den historiske Sjølvkunnskap hjaa Folke vaart no fær ein mangeleis merke. Du veit Nordmennane skal vera so upplyste. Ein Dag kom eg til aa nemne Færøyane. "Aa?" Dei glodde og undrast. "Fæ ... Fæ ...; ja kor er no det, skal eg segja?" Dotteri til Mannen er Lærar; ho kjem smilande og segjer paa Bokdansk: "men! Far; du ved da hvor Færøerne er?" -- "Aa! Fær ... øerne naa; ja dei skulde eg vel ha høyrt gjeti," segjer Gamlingen. Han kunde ikkje vera so fin som Dotteri han, stakkar. Eg ser paa denne Gjenta som gjeng der so halvfin og stram. Eg kjenner Arti. Det er Heimløysa. Dei er kje seg sjølve lenger, og ikkje noko anna heller. Eg var soleis, eg au. Ja denne maa vera Lærar-"inde"! tenkte eg. Lærar med Rumpe paa. Og er ho med i Slaatten, so vert ho kje Breidar som andre; ho vert Breidar-"inde". Eller Slaattar-"inde", daa ho vel er mannsipera og skal slaa. Og gifter ho seg, vert ho ikkje Kòne, men Mann"inde". Rumpa er det gjævaste paa slikt eit Troll. Det er fælt gildt, dette "inde"; men Folke, Stakkar, kann ikkje greide desse lange Rovune. Dei gjeng um kvaradre for det, so at i Fleirtal kann ein jamvel høyre Hanslagsformir som "Lærarindar" og "Lærarindane", endaa den tyskdanske Halen var paasett serskilt til aa skilja ut Ho-Slage. Men kven bryr seg um Folke? Det skulde elles ikkje vera skikkelegt danskt heller, dette "inde" i slike Ord. Bisp-inde, General-inde, Statsraad-inde er ikkje ei Kvinne som er Bisp, General, Statsraad; det er ei Kvinne som er gift med ein Bisp, General, Statsraad. Jamvel i danskt vert Lærarinde Tull. Men Danskane um det, veit du! Det held paa med Kaldvêre. Og Regn er her meir av end godt gjer. SIDE: 265 Med Skriving kjem eg ingin Veg. Held det upp gjeng eg ute og driv, og regner det gjeng eg inne og driv; i slikt Vêr trivst ikkje Tankane i Hausen meir enn Grase paa Marki. Tøv! Grase paa Marki trivst betre enn Tankane, som vel er. Men so hev ein Bladi. Og so kann ein faa arge seg stundom. Det driv Tidi det med. Stundom gjeng eg her og smaafrys og held Talur for meg sjølv um norskt Riksstell. Dei segjer Harald Haarfagre samla Norig. Det er Lygn, Farr. Dei 31 Smaariki ligg skilde no som fraa Ævors Tid. Skilde og i Ufred. Der er Hèrferdir i Bladi jamt, og fast Ufred i Stortinge heile Vinteren. Strid og Hoggskifte um Eignir og Gods. Fær eg det, so skal du faa det, segjer Rike til Rike. Og so rivst dei um dette, og um kven som skal faa fyrst. Etterkvart fær kvart Rike det kvart Rike kunde slaa til seg; men Norig kann ingin tenkje paa. Det sig ned i Skuld. Vaarherre veit; det er visst godt og vel halvtredje hundrad Millionar, Jødane no rentesugar oss fyri. Fylkeførarar hev me, og stundom Folkeførarar; men Riksstyrarar ... kvar skulde ein femhundradaars Provins taka Statsmennar ifraa? Nokon Statsmannsskule som den andre Folk hev i sine Styreverk for Utanriksstelle hev me kje heller. Og det er med Landsstyring som med alt: ein maa hava Gaavur til Arbeide, og ein maa ha lært det. Me gjeng her sjølvlærde og halvlærde. So driv me paa og styrer Skuta, til dess Skuta gjeng i Aakeren. Her um Dagen var eg nedpaa Bryne; der raaka eg ein Kjenning fraa eldre Tid; han driv Sakførsle no, og visst eit Grand Riksstell med. Han meinte at Skuta stod snart i Aakeren. Kva skal me gjera med det? spurde eg. "Jaabæk maa upp att," svara han. "Me maa spara!" Spara, ja. Eg spurde kva me skulde spara paa; all Stad tykkjer Folk at dei hev fengi for lite. Han kremta. Sagde so noko um Embættslønine. Eg meinte at Embættslønine er det einaste i dette Lande som me ikkje kann spara paa. Dei stend fast, dei. "Det SIDE: 266 er liksom Kaar paa Garden det; me kann av vaar Godvilje auke Kaare; men minke det kann me ikkje." Han fomlar eit Bìl. So segjer han at me fær spara paa Utgiftine til Forsvare; det hev den og den gode Mannen sagt. Eg kjende den Melodonten og lo. Men meinte at det som vaksne Folk minst kunde spara paa var det som turvtest til aa berge Live. "Og den som lìver millom Røvarar maa alltid ha Revolveren ladd." Han murra; drog paa det. Me hadde daa spara paa Hèr-Utgiftine fyrr, meinte han. "Me hev ikkje vori vaksi Folk," sagde eg. "Det som hev berga oss er Lykka. Men den Dama er blind. Eller som andre segjer: ei Hore. Me kann ikkje lite paa den. Me maa kunna lite paa oss sjølve, vil me lìva i Verdi. Berre daa kann me vente Hjelp au. Elles vert det til det, at Stor-Røvarane ein Dag skifter oss imillom seg ettersom dei sjølve synest." Han snakka upp og ned og att og fram; Meiningi var: det me ikkje kunde, det kunde me ikkje. Dermed gjekk han. Det er vel mange som tenkjer som han. Me er ikkje vaksne, nei. Det store Spursmaale er: um me er Emne til eit Folk, eller um me berre er Restar ... Naah. Me fær "tru det beste", veit du. Og so er Verdi vond; det fær me trøyste oss med. Desse Røvarane her rundt ikring oss, dei hev nok Hug paa Lande; men dei vert ikkje samstellte. Og den eine er rædd den andre. So held den eine Kniven den andre i Slira. Det lìver daa me paa, til dess me vert vaksne og kann stelle oss som Folk. Ja-ja! Det er nok det vonde ein tryggast kann tru paa ... -- Eg vert leid av Riksspursmaali; triv Regnhatten og legg til Fjells. Etter Non. Dette Matstelle mitt i Knudaheio -- naah; eg er glad eg er aaleine. Og tenkjer ofte med meg sjølv; det er Regnhatt: Paraply. SIDE: 267 godt at ho Hulda ikkje ser det. Naar det berre er eg sjølv som lær aat meg, eller grin og gryler paa meg, so bryr eg meg ikkje større um det. Og so greider det seg ikkje so ille. Men det gjeng stridt mykje paa nedkokt. Eller som det heiter paa Gudsord: "Hermetik". So noko vidare gamall vert eg aldri her i Knudaheio. Gjente, segjer du? Finst ikkje slikt. Det som ikkje vert Lærar-"indar" fèr til Amerika. Og By-jente kann du vìta eg ikkje kann hava, naar eg skal vera Jærbu. -- -- Jærbu, ja. Jærbuen er visst den klokaste likevel, han. Landsspursmaal og slikt bryr han seg lite med; det greider Vaarherre. Og dei som trur at me Jærfolk berre tenkjer paa det gudelege, dei tek au i Miss. Me agtar nok Bøneboki. Men me gløymer ikkje Jordi for det. Og um me gjeld for seinføre, -- det kann stundom gaa so fort med oss, at me skýnar det knapt sjølve. Ikkje berre naar det spýrst um aa koma til Amerika. Nei; naar det gjeld Arbeid med. Som no det eg her vil nemne. Ikkje lenger sidan enn i mi Ungdoms Tid var Jæren eit Kornland. Aakrar gulna all Stad; Kvernar gjekk i kvar Aa; og Haust og Vinter fór me til Byen med Mjøl- Lass som kunde rope or Vegen. Og det vart Skjelingar av dei Lassi. Havre og Reint dyrka me mest; Rug til Husbruk med; ein Kveite-Aaker hadde me òg gjerne. Og me greidde oss tòllegt, det vil paa Jærbumaal segja godt. Ungdomen laag um Vinteren paa Fiskje; men han lærde seg Jordbruk fyrst og fremst, paa Heimegarden i dei unge Aari, og sidan paa Teneste hjaa godt Folk, der han var paa Jordbruksskule likso vel som dei som gjeng og vert "Agronomar" no, og tente seg Løn attpaa. Og kor smaae Lønine var daa mot no, so lagde Ungdomane seg upp nokre Dalar likevel, og var endaa godt klædde. Det er rart naar der er Ettertanke og Folkeskikk. Naar dei daa hadde lært det som turvtest, og lagt seg upp eit Grand Skillingar til aa byrja med, so tok dei Jordi heime, eller kaupte seg eit Stykke; fekk seg so ei Kòne Reint: Bygg. SIDE: 268 som hadde lært anna enn aa vera " -- inde", og greidde seg sidan for det meste rett godt. For alle i den Tidi visste at ein laut greide seg sjølv, maavita, -- arbeide og spara, i Norig so vel som i Amerika. Men i Utlandi kom Stordrifti upp; og Gryn-Maten vart so billeg, at tilmed Jærbuen kunde kje tena paa 'n lenger. Daa svinga Jærbuen so fort at ein skulde ikkje trutt det. Og slog seg paa Budraatt med all si Magt. Mjølk fyrst og fremst; og Smør. No tek Mjølkebruki (paa Agronomdanskt "Meierierne", av "meie: slaa Hø") til med Ost au, um dei elles ikkje hev kunna gjera noko ut av den fine jærske Fat-Osten enno. Me driv i Mjølkebrùke med norsk Hollandsk og norsk Sveitser, liksom me i Bokheimen driv med norskt Danskt; det vert korkje norskt eller hollandskt eller danskt; men det maa greide seg til so lengi. Det nye som var aa lære kom Folke snart etter; men daa Jær-Gjentune vilde vera Skulemeistrar no, laut Mjølkedeigjune for det fyrste koma fraa andre Bygdir. No gjeng det so godt med denne Drifti, at Folk greider seg betre enn dei fyrr gjorde med baade Mjølkebrùk og Kornbrùk. Og Mjølki hev heiltupp vorti noko heilagt for Jærbuen, Gudsgaava framifraa. Han segjer daa ikkje Mjelk, Mjelkjo lenger, men "Melk, Melko"; Mjølk vert noko mest av same Slage som "Brød og Vin", noko so høgt at ein ikkje maa nemne det utan paa Gudsord. Eg saknar nok Kornbrùke som eg vaks upp med, og som gav baade god Mat og meir Umskifte i Arbeidslive. Aakrane stod so vene paa Jæren at eg knapt nokon Stad hev set Maken; og huglege var dei alt fraa dei var tillagde, og vart venare di meir dei vaks. Til dess dei stod gule og mogne og lokka paa Sigden, Havre-Aakrane alra venast. Skurden var den Vinna eg lika best; og um Fyri-Vinteren, naar Tustane tok til aa leike i alle Laavar, var det so det vart lìvande all Ting. Men ein maa taka Verdi som ho kjem; og daa skulde eg tru, at Mjølkedrifti er gild nok. Dertil gjev ho Bonden ei viss jamn Inntekt, som han hev Rekning med og kann tillagd (um Aaker): fullt vaarstellt. -- Tust: Sligjul; "Pleiel". SIDE: 269 lite paa; og med den greider han seg, um han vel sjeldan kann leggje seg upp noko større. For med Mjølkebruki fylgjer Landhandlaren som tek største Vinsten; Jærbuen hev endaa ikkje komi i Gang med Handels- Samlag. Eitt og anna kann det vera elles au aa rette paa. At Bonden skiljekinnar Mjølki og sél det beste og gjev Grisen Resten og sidan drikk Brasil-Kaffi for Mjølk og ét Mergblanding for Smør, det kann gjeva ein fin Rekneskap til so lengi. Men paa Resten vil den andre Sida au koma fram. Av inkje kjem inkje og av lite kjem lite og alltid mindre; kva skal det her upp-i Kaldeheimen verte av eit Folk som drikk Brennvatn [fotnotemerke] for Mjølk og ét Talgblanding for Smør og Maisbrød for Havrekake? Aa vera stutt-tenkt duger nok ikkje i det lange Drag. Mange nymotens Hjelperaadir for Arbeidar og Bonde er av same Slage som den Kunst-Mjølki Doktarane i seinare Tid hev funni paa aat Smaaborn, so dei unge Fruvune skal sleppe aa gjeva Bryst. Mjølki var so godt utrekna, at ho helst skulde vera betre enn den gudgjevne, meinte dei. Men det kjem meir og meir upp, at Doktarane hev misrekna seg endaa. Sjølvvaksin Mat er best. Bonden som fyrr livde paa Mjølk og Havremjøl og no vil klara seg med Kaffi og Maisblande, han fær finne det same. Arbeid og sterk Luft krev Kraft; og Kraft vil hava Mat som der er Merg i. Men Folk hev alt komi til aa tenkje paa dette, og finn vel etterkvart ein Maate so dei klarar seg. Og maa ein tenkje paa Kroppen, so lyt ein tenkje paa Hovud og Vìt med. Det er som han sagde han Eivind Tjensvoll, ein Kjenning fraa yngre Aar: "det kann vera godt nok at gode Hovud fraa Bygdine vert Bokfolk og Skulefolk; ikkje minst treng me bondefødde Embættsmennar. Men me treng gode Hovud i vaart Arbeid med. Og det ikkje berre til Utskiftningsmennar, men beint fram i Jordbruke. Vert Bonden tappa paa alle Kantar, baade for skiljekinna (skilja): "separere". -- Mergblanding: Margarin. Fotnote: Kaffi. Orde hev han Far laga. SIDE: 270 Pengar og Arbeidskraft og Vìt, so kunde han vera sterk som Fjell; han held ikkje ut paa den Maaten i Lengdi." Han er ikkje av dei modlause, den Bonden som sagde dette. Han er av det gode gamle Jærbu-Slage: dei som var arbeidsame og dertil glade. Og misnøgd med sine Vilkaar er han alra minst; det er au noko som er innkomi med Krambugut-Skulen. Eivind Tjensvoll stod for Presten fyrr Nyskulen kom, so at naar han og eg er i Lag, so er det det gode gamle Jæren som møtest med det nye og skrale. Gjeng eg elles innpaa 'n, so vedgjeng han, at Skattane er høge no mot i hans fyrste Tid, og at det ikkje vil vera verdt aa sprengje paa so hardt til det jamne. Men Bonden er seig, legg han til med ein Smil; det vil vara ei Stund enno fyrr dei fær gjort det av med 'n. Det gjeld um, at me lærer aa lite paa oss sjølve att. Staten som her eit Bìl var slik ein Vaarherre, men no meir og meir vert sitjande og undrast paa at det er Folke som maa føde honom og ikkje han som kann føde Folke, -- Staten kann me nok ikkje vente noko Manna-Regn ifraa. Det var eit Mistak med all denne Trui paa Rikshjelp. Nye Skattar kann me vente av Staten med hans hundra Millionar i Aars-Utgift og hans 2 -- 3 hundra Millionar i Skuld; nye Skattar og nye Laan kann me vente av Staten. Og alltid nye Embættsmennar, som maa hava sitt, kven som elles skal svelte. Det er i det heile det einaste Staten kann gjera: setja inn og løne og etterløne Embætts- og Umbodsmennar. Alt ein gjeng til Staten med, -- fær ein noko Svar, so er det dette eine og same: so og so mange nye Embætts- eller Umbodsmennar. Og so skal dei dertil hava sine Kantor. Og so og so mange Hundradtusund eller Millionar til aa "arbeide" med. Men um det vert noko Hjelp i dette Arbeide ... Me hev i seinare Aar drøymt og drøymt um nye Tidir; alt skulde bli so nytt no. Ja-ja. Duger det nye, so veks det seg smaatt um senn inn i det gamle; og det som ikkje duger vert utskilt. SIDE: 271 Det er den vanlege Meltingsgang. Eit Folk lìver i det heile so lengi som det kann arbeide nytt inn i sitt gamle, so lengi det aandeleg kann livnære seg. Mykje av det nye er berre nye Sjukdomar. Og dei breider seg fortare ut-yvi Lande enn fyrr. Jamvel paa Jæren er mange utrygge av By- eller Boksmitte. Eg som hev vori ute so lengi at eg tek til aa koma heim att, kjenner meg visst ofte tryggare paa Heime-Grunnen no enn mange av desse halv-forfarne unge. Eg kjenner au vel, kva det er for eit Livs-Tap, for deim som det hev vori for meg, at me ikkje gjenom Skulen og Bøkane fær arbeide os fram paa vaar eigin Grunn, men vert drivne uti noko framandt som skyggjer meir enn det klaarar upp for oss. Det nye me pluggar i oss vert seint og stundom aldri vaart; men det som var vaart heimanfraa drèp Skulen ned i Staden for aa kveikje og dyrke det. Unaturleg Livemaate krev sterke Magar; ikkje Helvti av det som den norskdanske Skulen strævar med vert til Gagn. Og berre dei faae som gjenom alle kunstige Hefte og Hindringar vinn seg heilt fram, vinn heilt heim att. Men jamvel for desse gjeng mykje spillt: Tid og Kraft og stundom meir. Det veit eg um, maa du tru. Etter tjuge Aars Skulestræv og Bokstræv skulde eg vori langt komin. Men eg vart ikkje ferdug med sjølve Skulegonga dessmeir. Med alle dei Snarvegane eg tok til aa vinne fram, -- eg vart for gamall; og Utearbeide tok meg. So at det einaste eg rett kom inni, var dette Maalstræve som med kgl. norsk-dansk Statslygn kallar seg "det norske Sprog". Men daa eg var komin inn i det, so laut eg gjeva det upp; for det fyrste saag eg at det berre var provinsdanskt, og for det andre fekk eg finne, at kor godt eg lærde det vart det aldri mitt. Harmelegt er det aa minnast all denne spillte Ungdomstid. Og vondt var det aa vakne. Eg var ikkje meir "norsk" enn me Bondefolk plar vera; kunde so gladeleg ha selt Odelsretten min for dei "Linsur" eg no hadde lìvt so lengi paa. Men eg kom etter at eg ikkje kunde melte desse Linsune. Di meir norskdanskt eg skreiv, di SIDE: 272 tydelegare saag eg kva det var for ein norskdansk Bokmann eg i kvart Tilfelle hermde. Ja umframt Ibsen daa, som eg hermde jamt. So skulde eg rette paa dette. Strauk og strauk; strauk og skreiv um. Til dess "Stilen" min vart so livlaus som Hermestil vert, naar Tjuvestasen kjem burt; Langhalm vert denne Stilen. Og eg vart leid Langhalmen til Slutt. 27 Aar gamall sette eg meg til og lærde aa skrive norskt; lærde det utan Lærar og paa ein Sùmar; skreiv jærsk til eg var komin inn i Maaten, og lempa sidan paa Stavingi so det vart lesande for Folk fraa andre Bygdelag med (Lands-Staving; "Landsmaal"). Sjølvsagt vinn eg aldri inn att det som vart forsømt og øydelagt for meg gjenom Framandskulen i Barndom og Ungdom; men det som att vinnande var hev eg daa etterkvart vunne. Det var i Kaupenhamn eg fyrst fekk Greide paa Maalspursmaale vaart. Der kann du vìta eg tala det finaste danske eg hadde lært; og daa eg var Vestlending, fraa dei Bygdine der det paa eit gamalt tysk-danskt Norigskart stend: "hier sprechen die Norweger Dänisch", meinte eg at i Danmark skulde eg klara meg serskilt fint. Men Kuskar, Gjesteheimsfolk, Bordsveinar, Krambufolk, mest alle eg raaka, -- naar eg tala mitt finaste danske svara dei meg paa svenskt. Dei tok meg for Svenske etter Maale. Ein dansk Skulemann, som eg ein Gong tala med um dette, sagde meg eitt og anna um Maalspursmaale som eg lagde Merke til, og som eg sidan hev fengi stadfest "Naar vi danske," sa han mill. a., "læser de norske Forfattere, saa beundrer vi dem naturligvis; men vi kan jo ikke lade være at sige os, at de heller burde skrive Svensk. Deres Dansk er -- naa, i ethvert Fald: det maatte absolut falde naturligere for dem at udtrykke sig paa Svensk." Fraa den Dagen av veit eg, at det norsk- danske ikkje er skikkeleg danskt heller. Og Sanningi er, og vert vel meir og meir, at Heimedanskane vaare er paa Gliding -- austetter. Me norske vil ikkje glide korkje sud eller aust; me krev Heimrett i Norig; og den Retten maa me vel vinne herme: "efterligne". SIDE: 273 etterkvart. Endemaale maa vera: eit heilt norskt Norig, paa Vis som det engelsk-franske Engelland paa Resten vart heilt engelskt. Med heil Heimrett vil me faa Heimhùgen att; og med Heimhùgen veks Arbeidshùgen og Livsmode. No armar Norig seg ut med tankelaust Vanstyre og vill Utvandring; daa vil det dyrke og byggje sitt eigi Land; og fare smaatt men vitugt; og Velstand og Folkemengi vil auke meir enn me no hev Mod til aa tru. For um Lande kannhende ikkje er "det bedste i Europa", som du plar segja, so er det mykje betre enn me tenkjer, etter det me no fær ut-av det. Og med den ærlege Fredsviljen som me er nøydde til aa hava, og med Forsvarssamband med fleire og fleire Granneland, vil Norig halde seg utanfor all Ufred til den Dagen kjem, daa Daapsklokka ringer yvi Europas Sambandsrike. I alle Høve og Hende: eit samvaksi, heilvaksi Folk vil alltid vera sterkare og betre bútt mot all Faare enn eit Blandingsfolk, som armar seg ut i æveleg Sjølvstrid. Striden millom By og Land vil like-eins linnast, etterkvart som dei tvo Halvfolki vert eit heilt, samlar seg um ei norsk Maalform, finn kvarandre. Dette siste bør kunna gange snøggare enn me no trur. Det norskdanske er alt so skilt fraa det rette danske, at Danskane tek til aa kalle det norskt [fotnotemerke] ; og Bymaali vaare vert norskare smaatt um Senn ved den jamne Innflutnaden fraa Lande, Fotnote: Jamvel vaare danskaste norskdanske fær berre so maateleg Ros i Danmark for Danskemaale sitt; um sjølve Alexander Kielland skreiv J. P. Jacobsen (1879): "Sproget er gjennemgaaende forbausende godt Dansk, af norsk at være"; og Ibsen i "Et Dukkehjem" var i Maalvegen berre "gaaet godt frem". Og naar dei danske Brørane vert sinna kann dei tala utruleg beint fram. I "Politiken" vart det for nokre Aar sidan ført so tydeleg Tale som denne: "I Parenthes bemærket er norsk intet selvstændigt Sprog, men kun et forurenset Dansk, talt med svensk Accent. Resultatet af denne Sammenrøring er rædselsfuldt. Nordmændene taler ikke; de spytter sine Konsonanter ud, disse Kampestenskonsonanter, der gir Indtryk af, at det er hele Vedkommendes Tandsæt, der paa engang bruser lige i Ansigtet paa en. Den fysiske Lidelse ved at høre "norsk" øges desuden ved ... o. s. fr. (Merknad 1904.) SIDE: 274 serleg naar Landsskulen vert norsk. Kóss det gjeng med det embættsdanske veit du sjølv, som voks upp med Skiens- og Telemark-maal jamsides norskdanskt, so du visst knapt veit kva du helst skal kalle Barndomsmaale ditt [fotnotemerke] . Likevel fær me takke til, at me hev havt dette Halvmaale; det vert meir og meir ei Overgangsbru for Norskdanskane. Dei hyggjelege Brørane vaare meiner, at her ikkje er noko norskt maal lenger. Danmark gjer seg til av aa ha øydelagt Maale vaart, liksom det øydelagde alt anna gjævt fraa vaare gode Tider. No, daa me hev lati Framanddomen ride oss i 500 Aar, duger me i det heile ikkje til anna enn Hjelparar -- for dei danske, dømer Svenskane; nei, maa vi be': for de svenske, segjer Danskane. Og dei norsk-danske bøygjer seg: det er sant, segjer dei. Lat oss gjeva upp dei norske Draumane, segjer dei, og gjera det einaste me kann: hjelpe Brørane vaare i Danmark! Var det som desse hyggjelege Brørane trur, so vilde eg segja um Danskane: dei norskdanske bør slaa seg paa svenskt. I Talemaale er dei alt komne so langt at dei likso snart kann kalle seg dansksvenske som norskdanske; harde Medljodar utan Tviljodar er Sermerke for det svenske mot danskt, og hev no like eins vorti "Sermerke" for det norsk-danske. Men til det vesle som kunde vera att av det norske Folke vilde eg segja: skal me døy, so lat oss ikkje døy i eit Smaafolk som det svenske; lat oss døy i Amerika og stande upp att paa engelskt; so fær me daa noko att for Live vaart! Engelskt ligg daa au norskt so nære, at i Grunnen kjem me lettare inn i det enn i det danske eller det svenske. Men no er ikkje Nordmennane so daude som Brørane vaare trur. Og dermed er vaart Svar gjevi. Me byter ikkje norskt burt i danskt meir enn Danskane byter danskt Fotnote: Les og det Hans Ross skriv: "Jeg har egentlig aldrig havt noget "Modersmaal". Mitt Sprog, som maaske de fleste Nordmænds af det Samfundslag hvoraf jeg er udgaaet, har altid været et famlende Overgangsmaal mellem Tjeneres og andre norske Omgivelsers ret selvtrygge og derfor i Barneøret faldende og sig fæstende Norsk og Forældrenes og Skolens norsk-prikkede og norsk-skjoldede Dansk." (N. Ordb., Fortale S. X.) SIDE: 275 burt i tyskt eller Svenskane svenskt burt i franskt; for me veit, at di lenger me vinn Heimemaale fram, di meir vinn me Heimeretten att, og dermed all Heime-Hugnad. Ja um me so visste, at Norig skulde døy. Dei av oss, som ikkje fór til Amerika, vilde tala og skrive norskt likevel; for jamvel i dette sorgsame Tilfelle vilde det for oss norske vera best aa ha haldi ut paa den norske Sida. Men mit skandinaviske Credo lyder so: der er tri Folk, det norske, det svenske og det danske; og desse tri er, just naar dei er heilt ut tri, -- eitt. Fillut og blodut gjekk Norig av mang ein Leik; folnande laag det under det danske, gulnande og geispande ligg det under det "norske" Danskevelde. Men det heldt seg med Liv i all Naud, og klara seg fram gjenom Armod og Tvang og Sótt og Daude og Svartedaude. Det hev vori djupare nede enn no, og hadde endaa Livskraft; den hev det framleies. Heimkjensla vaar kann synast veik; men naar det gjeld paa, vaknar ho. All den Lút og Forgift som paa nokor Vis læt seg brùka mot denne Kjensla vart brùka paa meg fraa Barndomen av; kunde Heimkjensla vakne upp att hjaa meg, so kann ho vakne hjaa alle. Og ho er i Vakning. Trass i Danskar og Heimedanskar; trass i Amerika; trass i alt. Armt gjekk Norig av mang ein Leik; men det lìver. Og det vil vakne til fullt Liv. Mange leide Knutar er her for Bonden no. Noko av det eg høyrer oftast nemnt er Spursmaale um Tenarhjelp. Alt han Far var inne paa dette Spursmaale. Ein skulde helst klara seg utan Tenarhjelp, meinte han. Og det er fleire som freistar med det no, um det ikkje nett fell so laglegt. Men det maa visst meir og meir til. Tenarhjelpi vert for dyr. Dertil duger ho mindre og mindre. Det er ikkje som i fyrre Dagar, daa Ungdomen heldt Tenar-Aari for ei Læretid. No maa dei paa Skular skal dei lære; ja um det berre er ei Gjente som skal lære aa koke Graut, SIDE: 276 maa ho til Byn i "Husholdningsskole". Tenartidi vert daa berre ei Træletid, som er like uhugleg for Herrar som for Tenarar. Det er det au, at Tenarane høyrer ikkje Huse til lenger. Dei fører sitt serskilde Framandliv i Husbondshuse no, liksom Tenarane i Byane. Det er fint det, maa vìta. Hustavla er avteki jamvel paa det gudelege Jæren; daa visst er dei Bòdi avtekne som galdt for Tenarar og Ungdom. Det vert meir og meir Tenarane som maa raade for Huse no, serleg um Nætane. Og Husbondsfolke trøytnar meir og meir av aa vera halvframande i sine eigne Hus. Det driv i det heile meir og meir burt fraa det gamle Husstelle. Paa Land som i By. Det vert Borni som meir og meir maa hjelpe til. No er det nok so, at Staten tek Borni fraa Heimen meir enn godt er. Og lærer deim soleis upp, at dei skundar seg til Byn so snart dei er framslópne. Men noko Hjelp kann Borni endaa gjera. Dei yngste veks til ettersom dei eldste fèr burt, so at Huse klarar seg paa ei Vis likevel, med eit Grand Leige-Hjelp i Onne-Tidir. So for det fyrste daa. Men meir og meir maa det koma upp ein ny Maate med sjølve Jordbruke. Gardane vert etterkvart sundskifte, til dess kvar Mann hev eit Stykke som ikkje er større enn at han med Gognir og gode Arbeidsvelde greider det sjølv, so i det heile daa. Men dette Stykke arbeider han so godt upp, at det gjev av seg som ein Gard no for Tidi. Dette med Smaabruk er ein Tanke som eg trur ikkje lite paa, serleg daa Bror min, han Jon Garborg, som er jordbrukslærd ("Agronom") og mange Aars Gardbrukar, hev sagt meg, at han au trur det maa skipa seg meir og meir so. Etterkvart maa daa meir Sambruk og Samdrift au koma upp, liksom det alt er komi Samdrift i Mjølkehandelen. Jordbruksskular maa me faa som der er Gagn i, og som ikkje er for dyre, Skular paa Lag som sùme av vaare vestlandske, eller endaa meir som dei skotske, Skular SIDE: 277 som legg seg etter aa lære upp Jordbrukarar meir enn "Assistentar". Med Mjølkebruk og Landhandlarar fylgjer nye Vegar. Ein slik ein, og det ein storfin ein, er lagd fraa Bryne til Undheim, so at Mjølki fraa desse Sørbygdine gjeng til Bryne no, og ikkje til Nærbø som fyrr, endaa Nærbø ligg nærare. Denne nye Vegen hev daa vorti min Veg au. Han er betre lagd end den gamle og ikkje so bakkut; den gamle gjekk beint paa alle dei Bakkane han yvi kunde koma, han. Det var det, ser du, at han baade var rædd Myrane og dertil skulde innum paa Gardane all Stad. Eg tek til aa eldast no og likar ikkje Bakkar. Den nye Vegen gjeng dertil alltid noko-so-nær beinleides, slær ikkje so mangi Bugtir paa seg som den gamle. Men so kann eg stundom faa det imot 'n, at han er altfor regelrett, og held seg altfor strengt til Laaglende. Herre Gud; eit lite Kast paa seg kunde han daa gjera so no og daa; ein skal ikkje vera altfor fullkomin heller. Men nei. Han er gamall og klok stødt, han, so ny han er. Det hender daa at eg vert leid 'n og tek Gamlevegen kor som er. Det er min Veg likevel det, naar Sanningi skal fram. Ny-Vegen hev inginting aa fortelja meg; den gamle er Vegen fraa mi Tid og Vegen med mine Minne. Og um Bakkane hans kann vera tunge stundom, so er det so mykje gildare naar ein fyrst hev vunni Høgdi. Eg anda aldri so lett i dei unge Aar som naar eg var komin framum Mossige og nordpaa Fossebakkane, og derifraa saag ut yvi heile Mid-Jæren og langt til Sjøs; og enno kjenner eg meg lett og fri paa dei Høgdine. Helg er det au yvi denne Vegen. Han gjeng til Kyrkja og gøymer Kyrkjeminne. Her gjekk me um Sundags Morgnane naar det var godt Vêr, og rødde med Kjenningar og saag paa Folke. Paa Gjentune med, veit eg, naar dei var vene. Litegrand Trolldom er det kannhende SIDE: 278 au nordetter denne Vegen; eg hev aldri vori fulltrygg paa Fosseheidane naar det var myrkt. Og minst ved Foss- Bruno, der Elvi, i tvo staselege Stup, kvitnar ned yvi aat Storhýlen millom dei svarte Bergveggine. Det hev visst vori baade eitt og anna aa høyre og sjaa der i gamall Tid, ja ikkje lenger sidan enn daa gamle Lomelanden gjekk og vassa i Aai nedanum Fossen og fiska Perlur. Eg tor ikkje nettupp sverja paa at der er nokon Fossegrim. Men kann Austlande sverja so mykje tryggare paa sine Grimar, trur du? -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- X. Knudaheio 16. 6. 1902. Du Steinar! Mange Takk for Boki. Ho vil vera meg Sellskap og Hjelp i einslege Stundir mang ein Gong. For med dine Skulebøkar er der det serskilde, at ein lès deim um ein ikkje hev deim til Lekse. Det trengst mange Bøkar til Hjelp for Skulen. Me norske driv mest paa med Dikt, me. Men Folk kann kje lìva av Dikt meir enn av Luft. Luft maa til; og Dikt maa til. Men fast Næring maa vera Grunnlage. At Hægstad arbeider med dei gamle Kongebrevi er gildt; endeleg hev me der fengi ein Mann som kann gjera noko av alt det Arbeide som paa dei Leidine ligg ugjort. "Hildinakvæde" hev vist oss kva den Mannen duger til, og kva det i denne Vitskapen kann hava aa segja at Granskaren stend paa norsk Grunn. Takk maa Stortinge hava, som fekk tvinga inn ein -- for det fyrste ein! -- norsk Lærar paa Fredrikshøgskulen i Kristiansby; der er Arbeid for mange. Meir Samanheng med vaart gamle Aandsliv skulde me òg hava. Men du veit kóss det er; me hev ein Professor i russisk, men ingin i gamal-norskt. Det heimslege er alltid Styvbarne i eit framandstyrt Land. Du veit korleis SIDE: 279 det er med det ny-norske; Herrefolke "skýnar" det ikkje. Derimot skal Smaafolke sjølvsagt skýna Herremaale. Det er Magti det gjeld, maa-tru. Med Framandmaale vert me norske haldne so langt i Atterhand, at Framandfolke alltid vert det fyrste. Mykje er der og i det du skriv um "Grundstenene". Men her er me daa i Arbeid. Ein Grundstein hev me: Snorre; den andre fær me vel snart: Edda; den tridje, som i andre Land plar vera den fyrste, steller me med so smaatt: Bibelen. Men du veit, at med den hastar det ikkje her; dei norske bør vera kristne, men fyrst gjeld det um aa faa deim norskdanske. So er der tenkt paa Shakespeare so smaatt; og -- ja; endelaust mykje er her aa gjera. Men: smaatt -- smaatt; smaatt -- smaatt; det er Takten for all norsk Framgang, veit du. Meir og meir lyt me faa av det største og det beste. D'er nok berre Faatale som naar Høg-Tindane. Men di fleire di betre. Og mange fleire vil i Ungdomstidi naa upp til dei store paa norsk Veg enn paa dansk; det er noko som eg kann skýna fraa mi Tid. Di fleire av dei store me daa kann faa paa norskt, di betre vil vaare Vokstr-Vilkaar vera. Eg sat i Røykje-Rome paa Eimbaaten og freista aa drive Tidi med eit Blad; det var ein der som skreiv um norsk "Forretnings-Udygtighed". So kom det eit Par andre inn og sette seg. Dei fekk noko aa drikke og kveikte Røykjepinnane sine; sat so der og røykte og rødde; den eine, han som førde Orde, ein Graatass paa ikring seksti, var visst fraa Kristianssand; den andre, ein Unggut aa kalle, rødde mindre, endaa han var Bergensar. Etterkvart laut eg høyre etter. Dei brydde seg ikkje meir um meg enn eg brydde meg um deim; men den gamle kom med eitt og anna som høvde so ihop med det eg las, at eg fullt so godt kunde brùka Øyro som Augo. -- -- Norsk Vare? sagde Graatassen. Duger ikkje med SIDE: 280 norsk Vare. Ingin Nordmann kauper norsk Vare. Nordmennane er Eskimoar som vil hava Glasperlur; det maa ein Kaupmann hugse paa. Freistar han aa faa anna innpaa deim so ryk han; "det fik bl.a. jeg erfare, som du ved." "For i Ungdomen er ein Idealist," heldt Graatassen fram. "Ditt og datt vil ein hjelpe upp; und-so-weiter, und-so- weiter. Duger ikkje, Guten min. Ein kjem ingin Veg fyrr ein hev lært, at Villmannen vil hava Glasperlur. Tyskt Jugl, Farr! Det vil Nordmannen hava." Den unge lo litegrand. Det kom noko anna Drøs som eg ikkje kunde fylgje med i; men um ei Stund kvesste Graatassen i att. "Me norske duger ikkje til Kaupmennar!" sagde han. "Ein norsk Kaupmann held seg aldri forsynt med det han skulde hava. Og aldri kann han greide fraa seg so mykje som ei Varesending utan Mistak eller Gløyming. Gløyming, ja! -- hugsar aldri ei Avtale. Ein Kaupmann som gløymer, ha-ha! -- Ein Nordmann kann vera Hestehandlar; men annan Handel skýnar han ikkje. Finn du ein Kaupmann som duger her i Lande, so er han tysk, eller daa visst halvtysk. Du kann vera glad du hev ei tysk Mor!" -- Den unge lo. Han meinte Far hans hadde kje vori so galin Kaupmann, han heller. "Naah!" knurra Graatassen; "han var halvdansk; naaget udenlandsk Blod maa der være, ser du." Eit Bìl etter rødde dei um Fisking og Fisk. "Minkar? Ja visst minkar det. Og lenger og lenger til Havs maa dei etter Fisken. Raad? Ja seg det. Skulde nokon finne paa Raad, so burde det vel vera eit gamalt Fiskarfolk som det norske. Men! -- Nordmennane hev nok aa gjera med aa lære dei nye engelske Fiskemaatane." Den unge nemnde noko um Staten. Graatassen var ikkje med paa det. Knurra um Kandidatar som var glupe i Latin; kva skulde dei skýna seg paa Arbeid og Landsstyring. "Det er saa Gu' kje med Jurisprudens og Filologi man skal hjelpe et fattigt Folk, Farr!" Samrøda kom inn paa andre Ting, og Blade fanga meg att. Daa eg var ferdug med Stykke der, sat den unge og fortalde um ein Kjenning som hadde bygt slikt eit SIDE: 281 stort og gildt nytt Hus; han hadde trygda det i Hamburg for halvt-anna hundra Tusund, trur eg. "Berre det ikkje brenn daa snart," mylte Graatassen. Den unge kremta; eg kjende paa meg at han skjegla burt-til meg. Men eg sat vel gøymd att-um Blade mitt. Og Graatassen brydde seg ikkje um meg. Han heldt fram um Trygding og Trygdelag; fortalde at han hadde vori med og grunnlagt eit norskt Trygdelag ein Gong. He-he; ja; eit norskt. "Vi har strævd med et og andet sligt af og til; skulde hjelpe op Landet, ser du!" For det var ikkje annarleis her enn andre Stadir; me trong Pengane vaare heime. Og Rentune med. Kvi skulde me daa forære desse Skillingane til Tysken. Hja. Sant aa segja var det sùme som høyrde paa dette. Men dei fleste gjeng til Tyskland no som fyrr. Dei kjenner seg tryggare hjaa framande. Jamvel Folk som elles driv paa med innanlandske Ting, og Framgang her heime, gjeng til Tyskland med Trygdepengane sine; kjem ikkje paa anna. "Ja er det ikke snoddi med disse Eskimoerne, du?" "Det er meget i det du der siger, Onkel," sagde den unge. Den gamle heldt fram. Me hadde fem-seks norske Trygdelag no; men det var enno nok av utanlandske som arbeidde her i Lande. Og kvi skulde dei ikkje det? Nordmennane var Heinfødingar og trudde som alle Heimfødingar paa det framande. Staten like eins. I andre Land krev dei Trygdir og Avgiftir av framande Lag; her slepp dei framande lettast. "D'er Eskimoen, ser du; det er den udødelige Eskimoen!" -- Eg lagde Blade fraa meg og rusla ut. Han hadde so Rett denne Graatassen at -- huff. Og enno segjer eg huff. Me er oss sjølve like i all Ting, me Eskimoane! Eit og anna Menneskje ser upp-um; og glad er eg. Endaa eg inginting hev aa bjode paa; Matstelle mitt er -- naah! -- I Dag kom det endaa ein Mann med eit SIDE: 282 historiskt Namn og helsa paa meg; eg meiner ein Mann med eit jær-historiskt Namn. Prestane paa Lande i mi Tid var, jamsides med Futane, noko paa Lag som Kongane fyrr; og hadde me havt gode nok Sogumennar i Bygdine, so hadde me fengi Sogur um Prestar og Futar liksom fyrr um Kongar og Hovdingar. Mange gilde og rare Preste- og Futesogur hev me havt. Sùme av vaare her-ifraa hev eg sjølv høyrt, og gløymt. Um Gunnerus vart mangt fortalt alt i den Tidi han livde. Fyri Gunnerus var det Frost. Presten Frost, ja; honom var der og Segnir etter. Like eins høyrde eg eitt og anna etter Juel, ein eldre Prest paa Lye. Endaa eldre var Bull, som skal ha vori ein strid Kar, etter som Orde gjeng. Ein Presteson som longo sidan bleiv i Hinnalands- Vatne, var Son til Bull, tykkjest eg hugse. Me kunde snart ha fengi ei Sogubok [fotnotemerke] . Ein Mann som Mauland kunde her ha vorti ein god Snorre. Enno finn han fram mangt um desse gamle Prestane, alt um han mindre hev Segnir enn gamle Protokolar aa ause av no. Eit og anna fortèl han meg som viser, at Kantormennar hev desse gamle Prestemennane ikkje vori, kva dei elles kann ha dugt til. Bøkane deira kann vera reint snodige. Namn synest dei mill. a. aa ha brytt seg lite um. Her er nokre Døme: Gifte: "Skoleholder Ole Tjellands Søn og hans Brud" (1776). "Reyer Frøyland sin Søn og Elling Hognestad sin Datter" (1792). "En ung Person fra Høylands Sogn og en Pige som har tjent i mange Aar hos Jacob Rafndal, hvor de nu skal bo" (1798). "Kiddel Søylands Søn og Enken som har været gift i Hellelands Sogn og er en Datter af Ole Kyllingstad" (s.A.). Slikt som (Jon) sin Son gift med (Per) si Dotter er heiltupp vanlegt i dei Tidir, segjer Mauland; gamle Provasten Fotnote: Um Prestar paa Jæren sjaa O. A. Løwold: "Fra Jæderen". SIDE: 283 Bull hev vori verst. Det var no berre Bøndar au dette, maa-tru, so det var ikkje faarlegare med det. Dei norske Namni er Embættsmennane i det heile i Beit med, ikkje minst Skrivarane. Gali skrìvne vert Namni alltid; Sigmund vert Simon o.s.fr.; ofte vert Manns- og Kvendenamn rørde ihop; soleis vert Gitle og Gitlaug baae tvo til "Gitle" eller "Gitleff"; Olav og Olaug gjeng ihop til "Oluff", Gunleik og Gunnleiv til "Gunnleff"; Helga vert likt med Helge, Torgerd med Torgeir o.s.fr. All denne Villska hev sjølvsagt gjort sitt til at dei norske Namni kom av Bruk, og at Jødane strøymde inn fraa baade det gamle og det nye Testamente. Folke sjølv hjelpte trottugt til. Fiffa paa dei gamle Namni med nye Rovur -- Guri vart Gurina, Jorunn vart Jorenn og Jorina o.s.fr. -- , og stasa og pynta med all den Framanddom dei kunde faa Tak i. Men gode Jordbrukarar og Hagemennar hev Prestane ofte vori, og stundom gode Lærarar i desse Kunstine med, liksom Prestekonune mykje meir fyrr enn no hev kunna vera Lærarar i Husstell og Innearbeid; stundom hev dei vori Doktarar med. So den eine Tidi kann ikkje hava so mykje aa lata den andre høyre. -- Den Mannen som i Dag var inn-um høyrer til same Ætti som gamle Presten Juel. Sjølv hev han ikkje noko med Kyrkja aa gjera; det er Jordbruke han bryr seg um; han er Utskiftningsformann. Men han hadde Greide paa baade gamalt og nytt, og me rødde um mangt og mykje. Det var som han med det han fortalde og greidde ut for meg knytte baade Knudaheio og meg fastare inn- aat det gamle rette Jæren. Noko kann vel dette hange ihop med ei Avtale eg fekk gjort med Utskiftningsformannen, og som liksom gjer meg meir heime -- og Herre -- i Knudaheio enn eg fyrr hev vori. Det skal vera Utskifting her paa Undheim um eit Bìl; og no hev eg Lovnad paa at "Garden" min skal bli skyldsett og innførd i Bøkane med same. Kor glad eg er for dette skýnar ikkje du, By-Kroken; men eg er Bonde og Bondejurist og trur ikkje rett paa nokon Ting, fyrr det er komi i Bøkane. Quod non in SIDE: 284 actis non in mundo, veit du; det som ikkje er bokført er ikkje til. No er Knudaheibakken til; Knudaheibakken er Gardsnamne. Quod felix faustumque! -- Moten raar paa Jæren med; Gjentune tek til aa gaa med Hattar. Dei myrke Silkeploggi som kom i Bruk etter Snippen og Huva tok seg godt ut og var lettvinne og laglege. Men heilt fornøgde hev vel ikkje Gjentune vori med deim. Dessutan skal Kvinnfolki vera sjølvstendige no, veit du, og herme etter Mannfolki. Dei Kvendehattane eg enno hev sétt skal elles ha den Ros, at det ikkje er dei vanlege Tenestgjentehattane fraa Byn. Det er greide ærlege Halmhattar eller "Straahattar" som Gjentune lagar sjølve; og dei tek seg godt ut. Noko vide er dei; Vinden ruskar i deim stridt mykje; men det vil vel Gjentune etterkvart finne ei Raad med. I denne Vindheimen var det vel elles best um Hattane fekk Luve-Svìp. Ja det som høvde best for Jæren var den islandske Luva. Tru me kunde finne att noko av Island, liksom der no er Tanke um aa finne att noko av Færøyom? Dei hev vori svært burtkomne for oss, desse gamle Broderlandi. No tek Stavanger til aa finne Handelsvegar der burt; kunde fleire Vegar opne seg? -- Og Islands-Kvendi er dei som hev berga mest av det gamalnorske Adels-Lage, veit me. Nokon Heimebunad ("Nationaldragt"!) hev me ikkje lenger paa Jæren. Ein Karmannsbunad hev me havt for ikkje so lengi sidan [fotnotemerke] ; og ein Kvenmannsbunad hev me vel au havt; men den hev eg aldri høyrt gjeti. Utan Snippen og Huva daa; men den Stasen var vel hollandsk? Det er daa her som elles: naar Heimebunaden er burte, gjeng Folk i avlagde Byklæde. By-Motane liksom spøkjer paa Lande eit Bìl, naar dei hev havt si vesle braakande Lìvetid i Byen. Men i denne Skrymtetidi paa Lande vert Paris-Motane endaa meir avskapte enn dei i Byane var. Quod felix f.: til Lykke! Fotnote: Han var um Lag som Hallingbunaden; gamle Ola Taarland gjesta meg i Knudaheio i Aar klædd i den. (Merknad 1909.) SIDE: 285 Um German-Landi nokon Gong lærer uppatt det dei kunde fyrr: aa klæde seg sjølve? -- Dei franske Motane høver berre so maateleg aat Germanar. Og framifraa lite høver dei aat staute ljose German-Kvende. Eg gløymer aldri kor forundra eg vart, daa eg kom til Paris og fekk sjaa franske Motar paa franskt; daa vart desse Motane vene! Det var vel det at dei høyrde heime der. Det som her i German-Landi vert flaasut og stundom flogsut, var lett, fint, yndefullt der i Heimen sin. Underlegt, at German-Kvendi med sine gode Hovud skal skýna seg so lite paa denne store Kvinnesaki! Men dei lærer vel. I Engelland skal dei alt vera eit godt Stykke paa Veg, segjer dei skræddarkloke. I Tyskland med vert det arbeidt; og dette Musik-Lande burde i Klædevegen kunna skapa fine Ting. Men Tyskland er endaa meir Vitskapsland; og "Reform"-Tankar og Ættefrelse kjem svært ofte i Vegen for det fagre. -- Matstelle er i Skifting paa Jæren som andre Stadir; Jønnvegen gjer mykje, og det nye Mjølkestelle hjelper til. Liksom og den nye Skulen. Kvendi hev funni ut, at "der er vigtigere Ting i Livet end at føde Børn og lave Mad," maatru. Men her er enno dei som tenkjer paa Heim og Gardmannsliv; og dei tek til no og vil lære Matstell. Ikkje heime veit du; dei maa paa Skular naar dei skal lære Heimestell, liksom Gutane maa paa Skule og lære Jordbruk. Paa Hushalds-Skulane gjeng dei daa og høyrer "Foredrag", og ser paa ei Lærar-"inda" som kokar og steller. Det er paa Lag som ein Gut vilde tru at han kunde bli Smed av aa høyre Fyrilesningar um Smedkunst og dertil stundom sjaa paa Smed-Arbeid. Men alt maa hava si Tid. Det vert med Kvendi som det meir og meir vert med oss Karar: upp-att, upp-att, upp-att maa me lære alt det som me hev meint at me kunde halvsove oss til i nokre Skuletimar. I det heile: naar me hev gjort Narr av Fedrane og Mødrane vaare lengi nok, so er Enden paa Visa den, at me lyt smaameinke oss til aa gange i Skule hjaa Fedrar og Mødrar att, og lære av deim netupp det som var det vigtigaste. Me skal ikkje misse Mode. Uhugen til Arbeid er ein SIDE: 286 gamall norsk Sjukdom; vil me no helst sitja paa ein Skulebenk, so var det fyrr Vikingferdir som var det gildaste. Og daa me ikkje lenger kunde klara oss med det, tok me til med Skreppehandel og Land-Reking; alt Magnus Lagabøtar laut gjeva Lovir mot slikt. Serleg me Bøndar hev so lengi høyrt, at Arbeide, og helst Jordarbeide, er ei Syndestraff, at no trur me det, og takkar av Hjarta Riksmagtine som hjelper oss burt fraa dette Straffarbeide og inn paa Krambu so godt dei kann og orkar. Men me fær tru paa Livslovine. Dei er strenge dei, og lèt seg ikkje lengi fante med; og likevel er dei helsesame i Grunnen. Og naar alt kjem ihop, so kann Folke deim, og hugsar deim med, naar Tidine krev det. Lat Arbeide vera ei Syndestraff. Folke skýnar betre enn nokon Prest, at denne Syndestraffi er ei Tukting til Frelse. Ikkje all Ungdom gjeng "Krambu"-Vegen. Eller den breide Vegen til Amerika. Meir og meir lærer Ungdomen aa sjaa, at her er so mykje heime aa gjera og aa vinne, at di meir me legg oss paa det Arbeide som her trengst, di fyrr vil den Dagen koma, daa Lande føder tri Gongir so mange Millionar tri Gongir so godt. Men til aa faa det Arbeide i Gang trengst det ingin "Krambu" -- Skule. Det trengst ein Barneskule som gjev alle den Kunnskapen som alle maa hava; og sidan trengst det serskild Upplæring for Jordbrukarar, Handverkarar, Krambu-Gutar, Skulemeistrar, Embættsmennar, Arbeidarar av alle Slag, men Upplæring som lærer Ungdomen aa arbeide. I sùme Tilfelle, soleis ofte i Bondelive, vil Heimen sjølv vera den beste Arbeidsskulen. D'er snodigt. So langt som me no etter alle rimelege Rekningar skulde vera komne, og trudde me var komne -- etter alt Bondestyre i vaare Thing; etter Bøndar jamvel i Kongens Raad; etter alle Slag Skular baade her og der, og "Land"bruksskular ikkje minst, gildare og gildare, meir og meir storfine, alt upp til Jordbruks- SIDE: 287 Høgskulen som so nær hadde vorti heitande Jordbruks- "Universitetet" attpaa, med "Professorer i Landbrug" og alle høge Ting, -- me hev meir att aa lære enn me nokor Tid hev havt. Men so er det. Stasen ét seg sjølv upp. Ingin fann paa aa laga Styreverk og Skuleverk som var etter vaar Raad og etter vaare Krav; Framanddom og Halvlærdom raadde; stort, d.v.s. framandt, maatte alt vera. Serleg galdt dette for Jordbruke. Det var so simpelt det, stakkar, so det laut me pynte upp med mest Framanddom. Bonden, som til alle sine andre Byrdir hev fengi desse gilde "Assistent"Skulane au aa dragast med, undrast visst meir og meir paa, kvar detta By-Jordbruke skal bera av. Ja det ber nok til Amerika. Men dit kunde han koma med mindre Braak! Eg minnest so tidt det Orde hans Far fraa hans sjuke Tid: at me skal spreidast yvi Jordi. Det ser meg stundom ut som det Orde skulde kunna koma til aa gjelde for meir enn Garborgs-Ætti. Det ber paa Viddi med Folke meir enn rimelegt. Meir enn rimelegt jamvel for Vikingsønir. Det er ikkje sant, at her er laake Tidir for Jordbruke. Det hev vori mykje verre fyrr. Eg les um dette no, og eg skal kannhenda fortelja deg meir um det; mykje verre hev det vori. Men Folk kjenner seg framande. Og Utferdstraumen veks. Veks meir og meir di fleire som fèr; dei som ut er komne lokkar kvar sine etter seg. Ja her er dei som gjer seg beintfram til Utvandringshjelparar. Ein er eg komin ut for, som jamvel vil amerikane sjølve Norig; Breve hans, som eg fekk fraa ein By i Australia her eit Bìl sidan, er i so Maate so "norskt", at eg fær Hug til aa sende deg det. Det er paa engelskt, som du vil sjaa; Brevskrivaren synest endaa vera kry av at han hev gløymt det vesle "Norwegian or Danish-Dutsch that I learnt in Norway when a boy" [fotnotemerke] . Fotnote: Breve tek til so: "Dear Sir. De vil tilgjeva meg at eg gjer meg djerv og sender dykk nokre Linur um ei heller vigtig Sak. Eg held dykk for ein" (framhuga og engelskhuga Mann) "som maa tru at det vil vera best for Norig og Norigs Folk aa faa Lande og heile Samfunde amerikana ("-canised") fraa Topp til Grunn, og faa det engelske Maale fraa Sambandsriki til Landsmaal (national tongue)", o. s. fr. SIDE: 288 Mannen er visst halvgalin. Men han er daa vitugare enn dei norskdanske, som vil faa oss til aa byte burt vaart eigi Maal i eit framandt som ikkje naar stort vidare. Skulde me kaste fraa oss noko so dyrt som Heimemaale, so fekk me daa sjaa aa faa noko att som paa ei Leid bøtte Skaden! Her um Dagen sat eg paa ein Jønnvegsgard og freista Tidi med eit Nummer av den Norske Rikstidendi paa danskt med dette Namne so langt som ein maateleg Bendelorm: "Norsk Kundgjørelsestidende". Der saag eg andre Bendelormar au, t.d. eit Par "Arveindkaldelser". Det var etter avfarne Bondefolk. Desse "Arveindkaldelser" syntest meg so historiske at eg skreiv deim upp. Den eine Garden hadde 1 Erving i San Fransisko, 1 i Ny-Seland, 1 i Kanada, og 1 i "udenrigsk Fart"; den andre hadde 12 -- tolv -- Ervingar i Amerika, 2 "til Søs", og 1 i Kaupenhamn. Det er "Ungdomen no for Tidi". Eg ser det sjølv. Den eine Sùmaren er her so mykje vent og friskt ungt Folk at eg vert heilt-upp kry; Aare etter er her tomt att. Det er som Kjeringi med Limen skulde ha vori ute. Og lat so vera; me hev ei slik Kjering; ho heiter Tæring og er ikkje so greid. Men det plar daa kje gange so fort med henne. So spýrr eg. Og Svare er: Amerika. Og mykje plar det vera den beste Ungdomen som fèr, den som det er mest Framtak i. Kann me tru paa ei Tid, daa Heimhugen vaknar att i dette framandvortne Folke, som dertil snart hev likso mange av Borni sine burte som heime? Vonlaust skulde det ikkje vera. Dei utfarne lengtar heim att, mindre og meir. Det er nok gildt i Storheimen. Og i Norig, der er ikkje alt gildt. Men d'er løje med det. Heime er heime korleis det snur. Det kjenner dei no, daa dei er utkomne, -- mange daa visst [fotnotemerke] . Fotnote: Hans Seland skriv um dette i eit av Amerikabrevi sine; stilt og braakfritt fortèl han, som hans Vis er; men ein skýnar, at for dei fleste er det ingen Leik likevel aa skifte Heimland. SIDE: 289 Heimkjensla er sterk. Kann me faa ho til aa vakne fyrr dei unge fèr ut? Eller faa ho til aa vekse, so ho driv dei utfarne heim att naar ute er freista? Mange trur dette. Dei trur jamvel at Amerika vert oss til Hjelp; for i Amerika lærer Folk aa arbeide. Etter som Tidi gjeng og Amerika vert trengre, skulde daa meir og meir Utfararane finne heim att, liksom franske, tyske, italiske Utvandrarar jamt søkjer heim, naar dei i Amerika hev tent seg upp noko. Kven veit? Det viser seg alt her og der ein amerikansk- norsk Heimfarar. Paa Jæren hev eg høyrt gjeti fleire. Enno gjeng det gjerne so, at dei fèr av att. Dei trivst ikkje her. Den norske Fridomen er større enn den amerikanske paa Papire; men dei kjenner seg ufrie i Norig likevel. Og so er det so daudt her. So lite Tiltak og Framtak og Mod. Det er for trongt og for traatt for deim i dette heimlause, halvdaude Norig. Eg kjende ein av desse heimkomne Sønine. Det var ein modig Maur. Og han greidde det lengi. Fekk seg ein Jord-Bìte midt i svartaste Lyngheidi og dyrka den upp til eit lite Mynster av Hagebruk. Vilde vise Folk at slikt lèt seg gjera. Austanum Have likso vel som vestanum. Folk glodde. Undrast. Smaaflirde. Trudde kje paa det. Mannen hadde vel Pengar i Amerika. Berre med Arbeid greidde ein seg ikkje so godt. Her til Lands daa. Ne -- ei. Og dei strøymde til Amerika som fyrr. Sistpaa vart Mannen leid av aa sitja der aaleine paa Heidi si. Han er farin til Amerika att, og kjem visst aldri heim meir. Andre heimkomne Amerikafararar hev freista med Gardbruk. Ein veit eg um, som hev greidt dette. Han hev teki det paa amerikansk, og jærsk, Maate: bygt smaatt -- so nær som Løo og Fjose -- og arbeidt godt; han skal klara seg fint og vera glad for han er heimkomin. Det læt seg gjera aa finne heim att! -- skulde dermed denne Mannen ha vist. Etterkvart maatte fleire kunna lære dette. Og koma heim att, og dyrke nytt Land, og lære Folk aa arbeide. Det vilde i mange SIDE: 290 Maatar gjera godt. Setja nytt Mod i Heimefolke. Kveikje nye Tankar og gjeva ny Framhug. Det er ei Von. Og so er Norig eit Æventyrland. Utenkt hender stundom. Kunde me berre hjelpe til som me skulde, -- gjera det heimslegare for dei unge i Norig; gjera det lettare for deim aa arbeide seg fram. Lata deim lære det dei turvte og ikkje tvinge deim inn paa den eller den serskilde Leid; og lata deim lære det dei turvte paa lettaste Maaten, og paa heimslegaste Maaten, so dei ikkje fekk Framandkjensla i seg fraa Barndomen av. Og so lata deim faa lære Arbeid som dei kunde hjelpe seg med, og hjelpe Lande upp med, so her etterkvart vart romslegare, lettare, tryggare. Og faa Landsstyre soleis stelt, at me fekk fleire av desse unge Bøndane inn i Thinge, so Riksstyre kunde faa gjort anna enn skípa nye Embætte og sprengje Rikskassa ... Tru det ikkje daa skulde kunna laga seg smaatt um Senn? -- Huh; -- kaldt! Ut aa gange ... "Spara." Det er ikkje sant, at me norske er sparsame. Me sparar naar Kassa er tom. Men hev me noko, eller fær me laane noko, so gjeng det. Ingin Ting er so spelegt for Norig som gode Tidir. Daa segjer me som Kjeringi: skal me spara baade naar me hev noko og naar me ikkje hev noko? Ein skal i det heile ikkje spara paa det som her er nok av, tykkjer me. Det ein sparar for sin Munn, det ét Katt og Hund. Den som sparar til Morgons, sparar aat Mysom. Der er ikkje lite av Fante-Arti i oss. Eller um me heller skal segja at me er for unge? For lite røynde; hev livt for mykje i Draum? Vaksne Folk veit, at vil ein spara, so fær ein spara med' ein hev noko aa spara paa. Men det hugsar ikkje me. Naar Tidine er gode gløymer me Sparetanken. Nett i dei gode Tidine var det me grov oss ned i Hundramillion-Skuld. Nokre Futar vart innsparde etter ein gamall Bondetanke; SIDE: 291 dess lettare gjekk det aa faa nye Embætte upp. For det er det, som er aa "hjelpe fram Lande" her i Norig: aa styrkje Embættsverke. Nye Kantor og Kantorsitjarar, det er Vegen fram, meiner dette gamle danske Byrokratie. I det heile: Riks-Tiltak paa alle Leidir, det er det me trur paa; og di dyrare desse Tiltaki er, di meir trur me paa deim. Ikkje minst driv me paa med aa byggje Vegar og Jønnvegar, baade der det trengst og der det ikkje kunde haste; ofte berre for di at naar den eine Bygdi fær noko, so lyt den andre faa noko den med. Og so Byggverk av andre Slag, Galnehus, Sjukehus, Fantehus, Partementshus; Herreborgir som glimar; store; gilde; milliondyre; Nationen verdige. Fanden spare! er det norskaste av alle norske Ord. Enno gjeng det. Strjukande. So lenge Tidine er gode vaknar me ikkje. Land, Byar, Bygdir, Kvarmann, dei kappast um, kven som kann øyde mest og skuldbinde seg mest "i desse gode Tidine". Framgang maa til! Naar dei gode Tidine og dei laante Hundrad-Millionane er til Endes, so fær me spara; daa er me nøydde til! -- Det susar um Novine og driv mot Glasi. Dei snaude sprengde Knausane der ute stend vaate og graae og samtykkjer i alt. D'er ikkje faarlegt, segjer Knausane. D'er so Verdí framfari. Spéla upp? I 1814 og uttetter spéla Norig upp tvo Gongir. Og det gjekk godt. All Ting gjeng. Og korleis det gjeng og ikkje gjeng, so gjeng det daa eileis ... -- -- Me norske, me er slike Diktarar. Og det er nok godt det. Ein maa noko taka seg til, ser du! Me ser, me er arme og smaae. Kann ingin Ting klara her i Verdi; vinn ikkje so mykje som leggje Tak paa vaart eigi Hus. So er her ikkje anna aa gjera! Klunke paa Fela og laga Vers. Vene, fine Vers. Og det held me paa med, driv meir og meir paa. Og fær ikkje lite Ros for desse vene Versi. Og Spél hev me laga paa norskt provinsdanskt; dei Verdí framfari: som Verdi alltid hev gjengi. -- eileis: paa ein Maate. SIDE: 292 vert umsette og spéla Europa rundt. Og eit gildt Spélhus hev me bygt, som -- ; ja, Stakkar, det er ikkje fulltrygt paa seg sjølv, og gjer daa som Bjerkebæk: bannar paa at det er norskt; sèt "Nationalteatret" med store Bokstaver yvi Inngangsdøri. Alt ser gildt ut. Men ein Dag vil det vakne ei Ætt, som sèt si Ære i Verk og ikkje i Vers, i Arbeid og ikkje i Forgylling. Arbeid, Arbeid; aa, gjev eg var Bonde paa Jæren og gjorde noko til Gagns. Bøkar; Herre Gud. Den som kann dikte Kvæde fær Folk til aa kveda betre enn alle Song-Lag; og den som elles hev noko paa Hjarta fær alltid gjenom lange Aar laga ei Bok, naar han i sine Fristundir kviler og ser paa Verdi. Og meir enn ei Bok skriv me ikkje, nokon av oss, hev ein klok Kar sagt. Tenk; eit Bokmakarstand ... Sundag. Det var godt Vêr i Dag, serleg i Middagstidi og utetter. Eg gjekk og tenkte paa ei lang Fjellferd. So ser eg ut gjenom Vindauga; der kjem eit Menneskje. Naah, so gjev hin og den -- ! Hm. Det var visst ingin Bymann. Kven kunde det vera, tru? Kven skulde eg segja det var? -- Mi Sann og Tru, det var Kjendsfolk. Kjendsfolk av deim som ein ikkje kvar Dag raakar. Ein Kjenning fraa Heim og Barnetid. Ein av dei gamle Drengine vaare. Eg hugsar ikkje den Tidi daa han tente paa Garborg; eg var for litin daa. Men han vanka hjaa oss sidan med, og var alltid velkomin. Eg møtte 'n i Døri. Han var noko meir graaruskin enn fyrr; elles sin same. Me helsa paa einannan og takka for sist. Og var trast kjende. Han sette seg i Benken burt-med Vindaugo, som Gjestir skal gjera. So kom me i Drøs. Det kaldvaate Sùmar-Vêre vart nytta til Inngang. Me fekk elles tru, sa Gjesten min, at det var ein som styrde alt. Og han fekk styre som han saag det var best for SIDE: 293 oss. Eg visste kje onnor Raad eg heller. Og snart var me i Radl um gamle Dagar. Han rødde um Folke mitt, fraa 'n Farfar av som han hadde kjent godt. Eivind Knutson visste han helst um fraa Far sin. Mangt og mykje fortalde han um dei gamle og deira Tid. Han hadde betre Greide paa Ætti mi enn eg hadde sjølv; og eg vart som so heime i denne Stundi. Mest fortalde han um Far min, som han hadde kjent fraa Ungdomen av. Det var tungt at det skulde gaa so gali med han Eivind Garborg. Det hadde nok ingin tenkt det. Men Guds Vegar er ikkje vaare Vegar. Han Far hadde elles alltid vori aalvorsam av seg. Sùme tótte endaa det "fylgde som ei Frygt med 'n". Men alle hadde sett han høgt, baade daa han var Skulemeistar og sidan. Han vart ein av dei mest kjende Mennane her ikring au. I dei siste Aari, daa han var med i denne nye Matrikkel-Greida, vart han kjend i kvart Hus rundt heile Sokni. Og alle trudde vel um han Eivind Garborg. Det var reint ein vond Støkk, som gjekk gjenom Bygdine daa dette syrgjelege hende. Me kom inn paa mykje og mangt. Heimkjensla, Bygdekjensla vakna i meg; eg var Garborgsmann som fyrr og heime i Grendi. Dess sterkare kom det upp for meg alt det eg hadde misst, og kva det hadde paa seg i Grunnen, at eg var komin so burt fraa mitt eigi. Det var ei Stund eg kunde ha gjevi meir enn mykje for aa faa att det som var forspillt: Ætteheimen og Rome millom Jamningar. Mange av Folke fraa mi Tid vart nemnde; no var dei for det meste burte, burtfarne eller burtfallne. Eg hugsa dei fleste, um dei ikkje alltid stod so klaart for meg lenger. Men sùme hadde eg gløymt. Og meir og meir framand vart eg, etterkvart som han kom fram-i dei seinare Tidir. Mindre og mindre hadde eg der vori med. Det vart reint leidt etterkvart. Det var som Band brast millom Heimen min og meg, kvar Gong han nemnde Namn som eg ikkje kjende. Han kom innpaa "all denne Amerika-reisingjo", og fortalde Radl (les Radd'l): Drøs; "Passiar". -- Støkk: Kvekk; Rædsle. SIDE: 294 serleg um den store Utferdi no i Vaar. Snartsagt all vaksin Ungdom hadde daa reist. Det var ikkje godt aa vìta korleis det skulde gaa no, so mykje Arbeid som der laag og venta paa Folkehjelp all Stad. Men so fekk me no tru, at det var ein som styrde. Eg er rædd Fritenkjaren vakna i meg daa litegrand; men det eg tenkte: at her er so mange andre au no som er med og "styrer", det sagde eg ikkje. Med god Folkeskikk fortalde han til Slutt litegrand um seg sjølv og sin eigin Lagnad i seinare Aar, og um Borni sine i Amerika. Kom so inn-imillom med eit og anna Spursmaal um meg og mitt Hus, og sagde meg nokre huglege Ord um det, at eg no var komin paa ein Maate heim att, og um denne gilde Stogo mi, som var svært hyggjeleg, og dertil -- smilte han -- etter den gamle Maaten. Ho hadde no alltid vorti noko dyr; men so gjorde vel ikkje det meg noko. Med ein Gong saag me, at det vart Regnvêr att. Dermed laut han paa Heimvegen. Me skildest med mange Ynskje um betre Vêr og alt godt. Eg fylgde Gjesten min ut etter gamall Skikk, og kjende at eg i denne Stundi hadde vori so heime som eg kann koma. Og hans rolege, heimslege trygge Ord um "Han som styrer" hadde gjort meg godt. -- Ute svartnar det; Dròpar tek til aa drive mot Ruta. So er det eit lite Bìl; so silregner det. Og Skyheimen sig blaa og tung ned yvi alt Jærlande. Eg kjenner meg roleg. Dette er mitt Vêr. Eg fær vera glad at eg finn att baade mitt gamle Vêr og mine gamle Minne. Elles kann ein ikkje vente aa finne so mykje att. Dei gamle døyr; dei unge fèr kvar til sin Kant. Med Tidi vil det vel roe seg att. Me fær tru paa Framtidi, me stakkars gamle. -- Dapp. Dapp. Aa; det tek til aa drjupe der uppe. Dapp; dipp; Tòko er skral, den. Dipp; dapp. Det vert ikkje gamalt, dette Huse mit. Inkje noko vert gamalt som høyrer meg til. Naar Samanhenge er broti -- . Det er som med Lande. Det heng SIDE: 295 ikkje ihop med seg sjølv. Det er gjenomgravi med Rottegangar og Musehòl. Dipp, dapp. Og det morknar og svartnar av Tak-Dròpar og Mygl. Dipp, dapp; dipp dapp ... -- Koppar! -- Eg finn Koppar og Kjerald og gjeng paa Lofte. Eit Kjerald under kvar Dròpe. Men Dròpane aukar og Kjeraldi minkar. Dipp; dipp; dapp ... Ned etter nye Kjerald. Spand, Diskar, Fat, Byttur, kva som helst. Betre daud enn raadlaus. Ute sturt-regner det. Det durar um Huse eit døyvt Brak i Takt og i Traav som av ei ridande Trollskreid. Og naar eg hev greidt dei Dròpane som dryp, kjem dei Dròpane som renn. Dei er det ingi Raad med. Naa! Huse held alltid meg ut. Og held ikkje det meg ut, so held eg det ut; det hadde kannhende færre venta! Seinare. -- -- Dette Breve skulde vera dagmerkt: "paa Havsens Botn". For naar det fyrst regner paa Jæren, so regner det til Gagns. D'er kje Regn; det er Siflod. Himil og Jord gjeng i eitt. Hev ein Hus, so vert det som ein kvelvd Baat paa ein Havsbotn. Og bryt dertil Tora laus, so er det Sinai, Jordskaking, Domedag. -- Du undrast vel paa at eg skriv med Blyant. D'er Hulda som er komi fraa Færøy. Der hev ho havt eit Vêr so ho lite kunde koma ut; og Sùmarstid var det, so Færingane hadde helst anna aa gjera enn danse. Men ho fekk lære det ho vilde like godt, og hev havt det svært gildt der burte. Ikkje minst paa det gamle Kyrkjubø der Rigsdagsmannen Patturson styrer. Ho er nøgd med Ferdi og hev Mod paa Visedansen, den ho hev sétt og lært der han lìver fraa gamalt. Og kann ho faa gjera noko til aa vekkje upp att denne Leiken i Norig, vil ho tykkje som eg: at ho hev gjort eit godt Verk. SIDE: 296 Mykje gamalt Mod, mykje gamall Manndom og Ungdom vil vakne upp att gjenom Folkevise-Dansen, denne Leiken, der Sogo vert liksom livande att. Eg kann tenkje meg ei ny Folkevisedikting au vakne ved den. Det vilde for ein rett Diktar vera noko anna aa faa Kvædi sine fram til lìvande Liv gjenom frisk Leik enn aa faa deim gravsette i svarte Radir i eit Blad -- "i det som næste Dag man tørrer Rumpen med", som den Skjelmen Ludvig Holberg sagde. No hev Hulda sìti her i 8 Dagar i alt dette Vinddrage og skrìvi Brev; og no er ho so skral, at i Morgo vil ho paa Veg til Asker att. Ho hev fengi Nøgdi si av desse Regnheimane i og ved Vesthave, daa visst for det fyrste. Men enno er det eit halvt Tjug Brev att. Og paa Knudaheibakken finst det berre eit Blekkhus. Dette Blekkhuse er so halstrongt, at det berre kann svelja det eine av dei tri Penneskafti mine; og so lyt ho hava det. Og eg fær greide meg som eg kann. Det er etter den nye Bibelen det: Mannen skal vera Kvinna undergevin. Ein god Ting hev ho elles gjort i Knudaheibakken. Du hev vel ikkje høyrt gjeti den Ulykka som hende meg her eit Bìl sidan; det var det verste som i det heile kann hende ein Mann fraa det nittande Hundradaare: Setlaboki mi kom burt. Og daa det her i Huse ingin Stad finst, der ei Setlabok kann koma burt, so visste eg at ho var stoli. Ned-paa Garden kunde dei endaa fortelja meg um eit Fantefylgje som hadde fari her nyst; so her var ikkje Tvil lenger. Eg melde Stuldi til Lensmannen, so eg skulde kunna segja at eg hadde gjort mitt; men eg venta ikkje aa sjaa Setlaboki att i denne Verdi. Og daa visst ikkje Setlane. So kom Kjeringi. Ho trudde kje paa denne Tjuvesogo. Fant braut ikkje inn hjaa Fant. Naar Fantane saag denne Fantestogo her, so skunda dei seg berre aa koma lenger. Ho tok seg fyri aa gjenomgranske den Halmsekken som gjeld for "Madrass" i Knudaheibakken. Daa ho kom til Botnen paa den Halmsekken, so laag Setlaboki der. -- Tjah! Kvar skulde ho elles ha vori? Du skýnar kannhende ikkje det, du. Og i Grunnen ... det ser rart ut. SIDE: 297 Kva skulde ei Setlabok ha i Sengehalmen aa gjera? Men kven veit. Kannhende hev Knudaheibakken fengi Tunkall. Og han kann ha vilja minne meg um, at han maa hava Grauten sin til Kvelds, um alt skal gange paa rette Maaten. Eg Fær tenkje paa det -- -- -- XI. Knudaheibakken 24. 6. 1902. Du Steinar! -- -- -- Eg vert meir og meir Jærbu di eldre eg vert. Meir og meir skýnar eg, at me hev Rett her paa Jæren naar me segjer: Maten og Gudsord. For hev me det, so fær me alt anna attaat. Gudsord, segjer eg. D'er kje Danskemaale eg meiner; for det hev me nok av og meir til. Eg meiner Svare paa Livsspursmaale vaart: kva me er til for. Og serskilt meiner eg eit Svar, som kann hjelpe oss Ikkje-Filosofar. Filosofane er det kje faarlegt med; lat deim gaa til Helvite. Eller som det heiter paa deira Maal; slaa seg paa Pessimisme. Men skikkelegt Folk, som skal arbeide og halde Verdi i Gang, dei treng eit rimelegt Svar paa Livsspursmaale sitt. Og no hev eg vorti so vidt Jærbu, at eg meir og meir tykkjest finne Svar paa dette Spursmaale hjaa Profeten fraa Nasaret. Ikkje han Helvìt- Prædikanten som Kyrkja sèt upp; Jesus meiner eg, han i Testamente som ingin lenger lès; han som sagde det største Orde som enno i denne Verdi hev vori sagt: at Gud er Faderen. Men so er det Maten. Korleis me skal faa nok av den. Her er det vrangare. Me hev nok det heilage Bòde um Arbeid. Men so hev Fenden blanda seg inn med sitt store Paafynster Rikdom, som dreg med seg Armod; og so stend me der. Eg hev stræva med baade Sosialisme og Anarkisme. Og mykje er det der som kann gjeva Von. Serleg i Anarkismen, som er d. s. s. Styrarløyse, heilt Sjølvstyre; Sosialismen eller Samfundsstyre kom vel til aa ala stridt mykje Styring, er eg rædd. SIDE: 298 Men kor som er og ikkje er: med all slik Visdom er det langt fram; og her gjeng Folk og svelt ihel kvar Dag. Eller svelt av inn-paa Tukthus og andre slike Mildeverk. Der hev dei det visst elles godt; serleg her i Norig, der Staten byggjer Herreborgir aat deim som kann vise Brev for seg paa, at dei hev stòli eller drepi. Men all den Stakkaren som ikkje kann vise slike Brev; i det heile dei som ikkje duger korkje til aa stela eller drepa, korkje beintfram eller paa vanleg kristeleg Samfundsvis, kva Raad skal her vera for deim? That is the question. Du meiner at Spursmaal av det Slage skal eg slaa fraa meg, av di eg ikkje greider deim kor-som-er. Ja. Eg hev freista med det. Men det er ikkje so beintfram. I Dag kom det ein Tiggar; i Natt kjem det ein Tjuv; og her gjeng eg aaleine og utanfor all Kultur, so eg hev kje so mykje som eit Ølhus aa berge meg av paa, naar Tankane vert for urolege. Og so er det det, at ... ja du skýnar, at naar ein sjølv lìver paa Samfundskassa -- -- Ja men eg arbeider daa, eg med, paa min Maate? -- Tøv; er det Arbeid? Det skulde kje vera anna enn Kvile i Fristundir. -- Ja men daa vart det Arbeid deretter. -- Daa vart det best; og elles kann det vera det same; Bøkar hev me nok av. -- Ja men eg gjer daa alltid likso mykje Gagn eg som ein vanleg Partements-Lars? -- Ja men baade meg og Partements-Lars kunde dei hive paa Dungen. -- Nei, men -- ! Jau, men -- ! Nei, men -- ! -- Naah. Huff; d'er vel dette ævelege Ruske-Vêre som gjer meg so filosofisk. Ruske-Vêr, ja. November-Vêr midt paa Sùmaren. Tek Vaarherre til aa eldast, so han ikkje hev Greide paa Primstaven lenger? Her er so kaldruski at eg kjem ikkje i Gang med aa skrive. Omnen? Ja; eg hev freista med Omnen. Men det hev seg ikkje aa brenne i Omnen Sùmar Primstaven: Almanakka. -- det hev seg ikkje; fell seg ikkje; høver ikkje. SIDE: 299 Dag. Ein vert ikkje varm av det heller. Berre meir kruslin. So gjeng eg og driv. Skriv nokre Linur; driv att. Hengjer paa meg alle mine Klædeplagg og Fillur; gjeng Golve att og fram og blæs i Hendane og smaafrys; vert det Sùmar i Aar? Og denne Stogo mi, som elles er so gild, ho er ikkje bygd for slikt Vêr. Eg bur som Fuglen under Himilen, kann eg mest segja. Soli kjem vel ikkje inn utan paa lovleg Veg; men Vinden leikar fritt; og Regn hev eg inne mest likso godt som ute. Det var nok gali med denne Torv-Tògo kór-so. Torv- Tòkur er for fastbuande Folk som kann halde sine Hus i Stand, og ikke for Farafantar av mitt Slag. Elles maa eg segja eg kjenner ikkje att dette Vêre. Det kunde vera Regnsùmrar fyrr; eg hugsar nok det "vaada Aare", 1860, som fylgde det "turra" i 1859. Men kaldt var det daa ikkje. Kalde Vaarar hugsar eg. Ein Jonsokdag gjekk eg og køyrde Mittingmold, og fraus so Fingrane var stive. Og Snøfillur dreiv i Lufti rett som det var. Men naar det fyrst vart Sùmar, so var det Sùmar. No er det Fyri-Vaar og Seinhaust heile Sumaren ut- igjenom. Raakaldt, hustri, uhuglegt. Kaldskodde og Kaldregn i Einingi. Kóss kann det vera; kva skal det spaa? Er det Vêrlage som skifter? Tek Golfstraumen ny Leid; svingar Jordkula og fær Nordpol lenger sud; held Soli paa aa slokne; skal me inn i ei ny Istid; eller er det berre eg som hev vorti eit Stakkarsting? Eg skulde finne meg i eit "vaatt Aar", med Fossing og Fløyming og Torebrak og Ramling og Domedags Dunder og Blaablenkjing og Brand-Ljon so det fræste og lukta svidt, og so Myrar og Fórar vart til Sjøar og Fjordar; det var daa noko. Det er mindre Braak no; Tora høyrer eg mest aldri. Ljone vert kannhende døyvt av alle desse Skrive- og Taletraadane allstad? Mindre Væte er det med; Flaumar vinn det seg aldri upp til lenger. Tòga: Tòku; Tak. -- korso: kor som er; likevel. SIDE: 300 Men Kalden, Kalden; denne uhuglege nordvestsure Kalden? Grannen min her upp-i Mærlio, Mannen hennar Inger, han Loddvig, han trøyster meg og segjer at det hev vori likso kalde Sùmrar fyrr. Han reknar upp Aarstal etter Aarstal upp-igjenom; daa og daa var det likso kaldt som no, og verre, og Rusk og Regn og raatt; stundom kom Vinteren so tidleg at dei maatte slaa Aakrane ned til Grønfôr; jamvel det Aare daa eg kom til var det slik ein Ruskesùmar. Ja -- ja. D'er godt aa høyre at det ikkje er verre enn det hev vori. Men so er det vel eg som tòler mindre enn fyrr; og det er kje heller som det skal vera. Endaa eg visst hev fortent det. Med mitt Innesitjarliv gjenom Ævur og Aar. Men huttetu; d'er fælt aa gange her aa smaakulse midt paa Sùmaren. Ja stundom stend Nordvesten inn fraa Isheimane so sur og kald, at naar eg skal ut og gange, er eg glad eg hev Vinterkufte! Og Regnhatt maa det til mest jamt, so lite han høver i Fjelle. Helst naar Vinden er sudvest. Eller sudaust. For det er han stundom, men like kald for det; og daa sìregner det all Dagen, -- daa visst ned paa Jærlande. Det er verst fari; ligg ned-sekkt i Regnskodde mest jamt. Det er eit vaatt Aar, um det no vel helst vert heitande det kalda. Den tunge blaagraae Skyhimilen legg seg mest heilt ned-paa Bakkane; under ligg Lande innsveipt i Vaatskodde og Regn, so ein kunde tru det var Nivlheim. Sjøen er reint avkomin. Stundom kverv Lande med. Endaa eg kann for det meste skimte Garborgsaasen. Han myrknar fram or Nivlheimsskodda som ein myrkare Skugge. Men rett som det er kverv den med. Daa er det berre graae Vonløysa. Eg er i Naastrand. Men det er eg ikkje heller. Ikkje heilt er eg løyst fraa Jordi og hennar Sut. Folke hev teki til med Slaatten. Mange hev slegi ned ikkje so lite. No ligg Høye der. I Kvirlar og vert utvaska. Eller stend i Saatur og surnar; faae er enno komne so langt, at dei i slike Bløyte-Aar Kvirlar (Kverlar): "udbredte Lag, især av Hø". SIDE: 301 kann sylte det ned. Tungt er det daa aa gange her uppe som ein avsett Gud og sjaa paa alt dette og ikke kunna hjelpe. Eg skýnar godt at eg i gamle Dagar undrast paa Vaarherre, naar eg saag slikt. Han som kunde drive burt Regne med eit einaste Ord, han sat der roleg og lét Høye rotne! Og endaa visste han, at Folk vilde mykje heller umvende seg um han hjelpte deim, enn naar dei skulde gange her og harme seg og banne paa det vonde Vêre. Men han lét meg undrast, han. Vyrde meg aldri det Slag. Um han sat og leika med Ljon-Pilir so det fræste og blaa-svidde og brann gult, og Verdi skangra og skaka i Tore-Rullingane so ho kunde ramle, -- meg skaut han aldri etter. -- -- Eit Par Dagar seinare. Regn, Regn; Blaastr og Regn; Regn og Blaastr; endelaust. Eg tullar meg inn i alle mine Fillur; gjeng og driv; sìt og lès. Noko Filosofi er det eg hev fengi Tak i, Livsvisdom kalla dei det fyrr; no segjer me likso snart Livs- Tull. So lès eg til dess eg frys; gjeng sidan og tenkjer paa det lesne til dess eg vert leid av meg. Inginting heng ihop. Og endaa heng alting ihop so reint forbanna. Men med oss heng det slett ikkje ihop. Det er smaatt upp og stort i Mente. Det fyrste me treng naar me kjem inn i Verdi er ein Storvask; og naar me skal ut att, daa er det soleis at det er ikkje nemnande; dei maa berre grava oss ned so fort dei kann. Men i Tidi millom Innferdi og Avferdi ét me og drikk og søv og sk .., og slæst med Nevar og List og Knivar og Knìp, og vildrar og driv for Vêr og for Vindar. Samstundes fær me Heimssogo i Gang, og lagar Rike og Byar og Dikt og Kunst og Kyrkjur og Vitskap og Himlar og Gudar; d'er Stakkarsdom og stort, Skaparverk og Lort; vil me finne ut Meiningi med det, kjem me paa Daarekista. vyrde: agte; "tage Hensyn til". -- skangre: buldre (om skramlende, skraldende Larm) SIDE: 302 -- -- Regn, Regn; Blaastr og Regn. Naa! Lat regne. Lat blaase. Her paa Havstrandi høyrer det til. Folke greider seg i vondt Vêr og i godt Vêr. Tarv kje ræddast. Det veit, at med alle sine Kyrkjur og Prestar og Preikarar og Bønemøte, -- naar det gjeld paa, hev det ingin aa lite paa utan seg sjølv. Men svært mange umframt seg sjølv aa føde paa og gjøde paa. Det er modigt aa vera Folke. Dagen etter; Kveldykti. Mi Sæl trur eg det lettnar. Han er ikkje sætande. Det er stilt. Hòsta stilt; ikkje ein Gufs. Heile Lande med Havkvelven utanfyri ligg under sin ugreide Himil so rolegt som eit Bilæte. Soli tek til aa sige; ho er noko raud. Himilen yvi Have fin; vel blank kannhende. Glansgul, bleikt glimande; med lange ljosare Solgeisl. Men her er Luft att. Og Land. Og Hav. Sjøen er myrk, jønnblaa. Men bleikblank i Nordvest under Soli. Gjev det kunde roe seg. Seinare. Det lid til Solabèr. Lande ligg kveldkurrt fraa Have til hit. Ein Blaa-Tone drøymer yvi Strand-Lina og dei brune Heidane. Kveldklaare Vats-Speglar blenkjer fram her og der, Aarre-Vatne nedst og nørdst, skilt fraa Have med ei lang kvit Sand-Line. Flatlandsgardane med vide Myrar og Moar tøygjer seg draumstilt upp-igjenom, til dess Garborgsaasen lyfter seg roleg og stød. Lìtine her ovanum er ljosare, grønare. Lande er nytt for Augo mine no, daa Regnskodda er burte. Du stormrivne Land, du Vindheim og Blaastrheim æveleg, aldri er der noko so stilt som du, naar du er still. Blankt og mjukt ligg Have ut-um deg som ein Draum; tarv kje ræddast: "vær ubekymret". -- sætande: litande; "at stole paa". -- hòsta: "vel meget". -- Solgeisl, n.: "Solstribe ned gjennem Skyer". -- Solabèr: "Solbjærg", Soleglad. -- kurr: roleg. SIDE: 303 blaa og ljos og uendeleg lyfter Himilen seg yvi deg som ei Signing. Trygt er her ikkje. Himilsbragdi er uklaar; noko nytt vil fram; men det spýrst um det gamle hev gjort ifraa seg. Eg vil tru det beste og slaa meg til Ro. Berre Nordvest-Trolli maatte faa sova ... -- -- -- Paa Hognest lærer eg Jadarologi eller Jærkunne. Baade av 'n Eivind sjølv og av Bokhylla hans. Me trur gjerne at alt hev vori so mykje betre og gildare fyrr i Verdi. Og Von kann der vera i det med: aa sjaa kor langt dei fyrr hev kunna koma. For me maa daa kunna koma minst likso langt me, naar me tek oss paa Tak. Men so kann det au gjeva Mod aa sjaa, at me i sùmt hev vunni lenger fram enn dei gamle. Og det hev me. Soleis i Jordbruke. I det 18de og heilt ut i Fyrstningi av det 19de Hundradaare var Gardane so lite verde, at um Eigaren trong eit lite Laan (som ei 30 -- 40 eller 60 -- 80 Riksdalar), so gjekk han til ein av dei Gardmennane som hadde Pengar aa setja ut (Bankar var der ikkje) og selde Garden sin for denne Sùmen. Men tok so Garden att paa Bygsle. Dette gjekk for seg so jamt, at etterkvart vart Fleirtale av Bøndane Leiglendingar, daa visst i sùme Bygdelag. (Men sat endaa tryggare paa Gardane sine daa enn no under Bankvelde, daa dei gjeld for Eigarar.) Gardprisane var i det heile utrulegt laage. Stundom var Gardane verdlause. Ja det hende at dei vart liggjande unytta; det var ingin som vilde hava deim. So vart dei Riks- eller den Gongen Kongs-Eign, og laag unytta Aar etter Aar, eller vart burtbygsla avgiftsfritt, og dertil skattefritt i Aara-Tal. Ein Gard paa Fosse, som for eit halvt hundra Aar sidan var tusund Dalar verd, vart for hundra Aar sidan burtsett paa slike Vilkaar. Ein Part paa Hognestad vart i 1755 seld for 24 Riksdalar; SIDE: 304 det var Far som selde til Son; men endaa er det so me ikkje rett kann tru det. [fotnotemerke] Gardar daa og Gardar no, det er nok i det heile tvo Ting. Ei vanleg god Ku molka den Gongen Fraa tvo til fire Pottur um Dagen; og jamvel store Gardar kunde kje føde meir enn 6 -- 8 Kyr. Og det endaa mest med Sveltefóring um Vinteren, so det varde halve Sùmaren fyrr Kyrne kom noko-so-nær til Magt att. Det tok elles til aa koma seg so smaatt i Fyrstningi av det 19de Aarhundrade. I "Topografisk-stastiske Samlinger" fraa 1812 skreiv "Hans Velbyrdighed" Løytnant Flor -- jamvel Løytnantar kunde hava Vìt paa Jordbruk i den Tidi, og det um dei var velbyrdige endaatil -- Fotnote: Me maa elles hugse at Pengane var meir verde daa enn no. Um Eigedomstilstandi paa Jæren i eldre Tid hev Torkell Mauland funni fram Upplysningar som eg kunde ynskje eg hadde Rom til. Ei Uppskrift lyt eg faa taka med. Det som vart uppskrìvi i Skifte etter Knut Eivindsson Garborg ( 1748) var: 9 Spann Gods i Garborg ........ Riksd. 18 -- " -- " Uppset-Krytyr ................. " 8 -- " -- " 4 Kyr ......................... " 16 -- " -- " 2 Kvigur ..................... " 3 -- 4 -- " 2 Kalvar ...................... " 1 -- 2 -- 16 2 Hors (Øykir) ................ " 13 -- " -- " 5 Smaalog (Sauir) ............. " 2 -- 2 -- " 4 Lomb ........................ " 1 -- 1 -- 8 1 Svin ........................ " 1 -- " -- " 22 Tnr. Korn .................. " 22 -- " -- " 1 Kakelomn. ................... " 5 -- " -- " 1 Utekvern med Reidskap ....... " 3 -- 2 -- " Ymist (2 Grytur, Vevgreide, gamle Do., Smidjested, Jønnstong, 2 Kinnur, Skjerkniv, 2 Kjer) ........................... " 4 -- 3 -- 4 Anna smaatt (Massingstakar, Skjerding, 3 Tròg, Øl-Anker, Øks, 4 Fjordungar, 2 Klyvsadlar, 3 Sledar, 2 Korgir, 2 Navrar, 3 Greipir, Ullsoks, Kjer, Tunne, Tunnestrokk, 2 Hamrar, Smidjetong, Klypetong, 4 Ljæar, 2 Hyvlar, 16 Smaakjørald, Stamp, Horv, 2 Selar, Halvtunne, Halvankar, Smidjubelg) ........ " 4 -- 2 -- 16 ________________ I alt Rd. 105 -- 3 -- 20 [oppsettet ovenfor er ikke gjengitt nøyaktig i forhold til den trykte utgaven (dig. utg. komm.)] Sjølve Garden er sett til 18 Riksdalar! SIDE: 305 skreiv ei Utgreiding um Lista og Jæren, der han hadde fari i 1810 paa Kostnad av "Det kongelige Selskab for Norges Vel"; ein ser her, kor langt Jæren daa stod til atters mot no, men kann òg gjera seg ein Tanke um Framgangen. Baade Lista og mest Jæren "prangede", skriv Løytnanten, "med overvættes frodige Agre", um dei no ikkje var store; og der var "jevn Velstand", ja litegrand Rikdom med, vunnin ved Handel; og han raaka ikkje ein Tiggar korkje i Dalane eller paa "Jedderen", skriv han. Men paa heile Jæren reknar han berre 1200 Jordbrukarar, og det endaa han tek Husmennane med. Og berre Helvti av desse avla so mykje at dei kunde selja noko. Alt i alt reknar han, at Jæren kunde selja noko slikt som 8400 Tunnur Korn um Aare. Jordi laag i Sameige og vart laakt stellt. Aakrane vart spadde; dei var so fulle av Stein at Plogen hadde vori ubrùkande, um dei hadde havt 'n. Og Bonden saag seg ikkje Raad med aa faa Steinen burt. Hausten var skral: 6½ -- 8 Foll Korn, 12½ Foll Jordeple. Skikkeleg Eng fanst der ikkje paa Jæren, so nær som her og der inn-'med Byn; det som Bøndane slo var berre noko Myrafjagg som der lite var Gagn i. Dertil kom det vesle gode Grase som voks "millom Kampesteinar" paa Aaker-Reinane. Buskapen laut gange ute um Vinteren med, naar det ikkje var for mykje Snø; der fann han daa "ikke Føde, men kummerligen Livets Ophold". Vegar fanst ikkje. Alt vart ført paa Hesteryggen, eller paa Sjøen med Baat. Andre Næringar enn Jordbruk var det smaatt med. Fisken kunde slaa godt til stundom; men for det meste var der lite paa Sjøen aa gjera. Hagebruk var knapt nemnande. Av Arbeidsdrift vert nemnt eit Tiglverk paa Sandnes. "Landprang" (Skreppehandel) vart drivi, men altfor mykje. Hadde ein Bondegut spara seg ihop eit Tjug Riksdalar, so vilde han ikkje arbeide lenger, men gav seg til aa handle. Kaupte upp alt som var billegt aa faa, og selde det austpaa, mest paa Kristianssandskanten, der SIDE: 306 dei fekk meir for det. So sat Folk her heime og kom i Beit. Med Pengestelle var det ymis Ugreide. Smaamynt fanst ikkje; so laut Kaupmennane i Byen og Bøndar og andre paa Lande, laga Pengar sjølve. Dei gav ut Setlar paa 8 til 24 Skilling som dei sjølve gjekk gode fyri. Men so vart det "en reen Oversvømmelse af Papirlapper", av falske ikkje minst. "Hvem skal lide Tabet for dem?" spýrr Hans Velbyrdighed. Me tarv vel ikkje tvìla paa, at det mest vart Bonden som fekk svide. Det var Folkenaud daa som no. Lite Folk var der; og dei som var laut liggje burte i Ufred. Jamt og samt. I det heile kunde ikkje Bonden leige Folk; Arbeidslønine var -- daa som no -- for høge. Løytnanten slær paa, at ein burde sende Hèrfolk ut til Arbeidshjelp for Folk; det vart aldri noko av, kann du vìta. Det ser ut til at Kvinnfolki hev vori dei likaste i den Tidi. Dei var nok galne etter Stas. Til Gilde eller Kyrkje gjekk dei silkeklædde; Gullringar hadde dei i Øyro, og, naar dei var gifte, paa Fingrane med. Ja hadde dei eit Grand Raad, gjekk dei med Gullkjedur um Halsen. Men til Kvardags gjekk dei vadmaalsklædde og arbeidde. Stellte Hus og Fjos, og spann og spøtte og vóv; Vevnaden skal dei mest ha lært av Madam Zimmermann, ei Prestekone paa Haaland. Og Jærbu-Kvinnfolki vart glupe til aa veva; det var dei alt ned-i mi Tid. Karfolke kann Flor mindre rose. Dei var baade latare og mindre hendige. Men fine vilde dei vera, dei med; til Høgtidsklæde kaupte dei By-Ty. Vil me sjaa paa Tilstandi no, so skulde Mode vaart stige. Me hev Vegar i Kross og Krok, og Eimbaatar paa Sjøen og Jønnveg paa Lande, og Skrivetraad og Taletraad og Landhandlarar og Bankar og alt so storfellt og gildt som det var i Amerika mest. So at um mykje av denne Stordomen og altfor mykje av Jordi stend i Pant hjaa Pengejødane, so skulde me ikkje vera so lite til Karar endaa. Jordbruke sjølv hev gjengi storveges fram. Folke hev lært betre Driftsmaatar og fengi betre Arbeidsvelde. Jordi SIDE: 307 vert plog-rein meir og meir; Hólveiting drivst det mykje med; og dei pløgjer djupare enn dei spadde. Like eins hævdar dei betre; og Hævdi sjølv vert betre samla og stelt, liksom god Kaupehævd vert nytta. Aarbyte eller Skiftebruk vert drivi mykje meir enn fyrr, so Jordi held seg meir i Magt; og meir og meir Jord vert uppdyrka. Dei reknar uppikring 180 000 Maal dyrka Jord no. Men dei reknar au, at det ligg att udyrka, og det berre paa sjølve Laag-Jæren, ikring ein halv Million Maal; so at enno kann me kalle Jæren eit Framtidsland. Folk hev visst au vorti gløggare og snøggare til aa leggje seg etter det som til kvar Tid best løner seg. Dei dyrkar mest Høy og Fôrvokstrar i denne Mjølketid. Det vert saatt fem Gongir so mykje Grasfræ som i mine Dagar, les eg; og sju Gongir meir Jord er nytta til Rotfrukt-Avling. So er og ei Ku noko reint anna enn fyrr; ho mjølkar baade meir um Dagen og lenger um Aare. Um ho daa kostar meir aa føde enn fyrr, so gjev ho au so mykje meir att for Fóda. Jordbruke maa kunna koma seg upp her. Det er ikkje berre det at Jordi er god; men so er her og serskilt godt Jordbruks-Vêrlag; ein Jordbrukslærd hev sagt, at det finst ikkje aarvissare Stad i heile Europa enn Jæren. Hagebruke er au komi ikkje so lite upp; i Aaret 1900 rekna dei at 1350 Maal Jord vart nytta til Hagar. Og det vart rekna ikring 13 000 Aldetre. Det er smaatt enno, men vil vekse, naar det fyrst er i Gang komi. Ikkje minst hev det auka med Arbeids-Gognverk. Tusten som fyrr banka so lystigt i alle Laavar hev tagna av no; der er Treskjegognir all Stad. Slaattegognir, som for 25 Aar sidan ikkje fanst, skal det no vera um Lag 800 av; og det aukar med Jordbruksgognir jamt, so Gardbrukaren klarar seg med mindre og mindre Folkehjelp. Og det trengst. For med Folkehjelpi vil det helst minke. Paa Lande daa visst. I Stavanger, med Sandnes og Eikersund, hev Folketale auka i dei siste 25 Aari med i alt 12 000; men paa Lande, i nie Herad, er Aukingi samstundes berre 2 000. Fóda ("Fooa"): Fodring. -- Gogn; Gognverk: Maskine. SIDE: 308 Men Velstande hev auka baade i By og paa Land. I Byane reknar dei ei Auking paa upp-imot 5 Millionar i Eign og vel 3 Millionar i Inntekt, eller paa kvart Menneskje 1 000 og 280 Kronur. For Bygdine finn eg ikkje Tal. Men "den antagne Formue og Indtægt har fordoblet sig flere Gange", segjer den Boki der desse Upplysningane er tekne fraa [fotnotemerke] . Verde av Jord og Hus paa Jæren rekna dei for 25 Aar sidan til i alt upp-imot 13 Millionar Kronur; no sèt dei det til upp-imot 30 Millionar. So Framgang maa her vera. Eit norskare Landsstyre hadde fari med mindre Braak og teki det meir med Ro, so me ikkje var komne upp-i denne fæle Skuldi, som vil tyngje og hefte oss lengi. Du, som hev so mykje meir Mod enn eg, vil kannhende segja: er det so faarlegt med den Riksskuldi? Dei rikaste Landi hev mest Skuld? Det kann hende det. Men "d'er det som gjer Skilna'n so stor", at dei rike Landi laanar av seg sjølve. Laanar innanlands. Dei Rentune Lande maa svara kjem daa Lande sjølv til Godes. Men me laanar utanlands. Kvar Renteskilling gjeng daa til Utlande, og kjem aldri heim att. -- -- Uslitelegt er det norske Folke. Dei hev ikkje kunna faa Ende paa det med korkje Vaapen eller Vald eller Sótt eller Sut; og um Vaarherre steikjer med Sol eller røyter med Regn -- -- I Aar er det ille vrangt. Ingin Verme og dermed ingin Terre. Og ei Regnstund mest kvar Dag. Du kunde tru her var ikkje anna fyri enn gjeva upp og lata Høye rotne. Men Folk klarar seg. Her er kje Raad med det. Utidir hev det havt nok av baade fyrr og no, um eg kann tru Norigs-Sogo. Det Terre: Turk; Vêr til aa faa noko turt i. Fotnote: "Jæder-Jernbanens Drift og Virksomhed 1878 -- 1903." Men me maa ikkje gløyme at Pengane er so mykje mindre verde no enn fyrr. SIDE: 309 hev vori Ufred og Sveltihel og Framandvelde og Svartedaude kvar Stundi. Rett som det var laag Nordmennane og var daude. Men naar ein skulde sjaa seg til, so var dei kje daude. Dei hadde berre teki seg ei Kvilestund. Det maa vera denne Fjell-Lufti. Og denne Hav-Lufti. Stakkarsdom og Sjukdom vinn ikkje med oss. Framandsjuken er verst; serleg no. Fraa 1814 av hev Lande havt sin nationale Svartedaude. Men! -- so veit me kje Ord av, fyrr her er norskt Folk att baade i By og Bygd. Og Arbeide gjeng, og Mode veks. Samstundes som Tusund paa Tusund og Hundradtusund av dette same Folke stryk sin Kós og aldri kjem heim att. Det er eit utrulegt Land. Eit Æventyr-Land. Aldri veit me nokon Ting. Naar det etter Statistik og andre Svartebøkar gjeng upp, so gjeng det ned; og naar det gjeng ned, so at Svartebøkane hev berre Nullar og Krossar og Underskòt og Bakskòt, og Svartemennane lagar Gravpreikur det beste dei hev lært, so rett som det er stend Folke der som ingin Ting var, modigt som Sattan. So her er visst ikkje anna aa gjera enn drive paa og stræve i Veg og sjaa kóss det vil laga seg. Ikkje minst her i Heimbygdi fær eg denne Trui meir og meir. Sjølve Utfararstraumen er ikkje so spéleg som han ser ut til. Utfararhugen er gamall hjaa Nordmennane, og Heimatthugen vil styrkjast etterkvart, so visst som han alt hev vakna. Det fèr elles fleire av enn fara vilde, um alt var rett stelt; vert det ein Gong meir Jord heime aa bu paa, vil Straumen minke. Bonden fær ymist høyre ille for, at han ofte sìt med meir Jord enn han raar med, og endaa læt Ungdomen fara. Men det er ikkje so beintfram. Ikkje vil eg døme i den Sak. At Bonden held paa Heim og Ættegard, so han lite likar aa skifte 'n sund eller selja burt av 'n, det er rimelegt og med Maate rett. Eg kjenner det kann svide jamvel i ein Heimlausing som meg aa sjaa Heimgarden sundbytt. Me fær takke til at Folke hev so vidt Samanhang med Heimejordi som det hev. Med det andre vil det laga seg. Alt no vert Gardane SIDE: 310 skifte, naar dei er uppdyrka nok til aa føde tvo for ein; og den Vegen bèr det meir og meir no, daa det mindre og mindre vert Viddi enn Drifti det spýrst um. Fortare kunde det gaa. Men so er det no vel att ei Stund til Domedag enno. -- -- -- -- XII. Knudaheibakken 12. 7. 1902. Du Steinar! -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- Golvsand hev du vel høyrt gjeti. Eller lesi um i Bladi, um ikkje meir; for der skal alt inn no, Rusk so vel som Reinfær. Han skal vera leid, Golvsanden. Dei trur han ét upp Lunga paa Folk som bur i sandstraadde Rom. Det skulde daa vera den som var Skuld i, at Jærbuen i desse Bønemøte-Tidir sturtar av Tæring som av ei onnor Farsótt. Eg veit ikkje kva som sannast kann vera i den Saki. Skal eg segja som eg meiner, so mistrur eg i dette Stykke Syndi vel so mykje som Sanden. Dei sìt i Bønemøti sine og sveitar og græt yvi Syndi; og so naar dei er gjenomsveitte og utgraatne og blaute som Vaskefillur, so beint ut-i Hav-Vind og Vinterfrost og gange der og reike Vegane att og fram og radla endaa ei god Stund um denne kjære Syndi. Det kann bli Tæring nok av det, skulde eg tru, um ikkje Golvsanden er med. Og gav Lovmakarverke i Kristiansby ei Lov um, at Lækprestane skulde koste Doktar og Likferd paa alle Lesarar som sjuknar eller døyr av Tæring, so trur eg Doktarane kunde lata Golvsanden vera i Fred. Det eg veit er, at heime brùka me Golvsand som anna Folk, og hadde so gjort Ætt etter Ætt; men like bringesterke var me. Alle som ein. Eg for min Part er rædd, at var alt so vel i Stand paa meg som Bringa er, so kunde eg knapt faa døy paa skikkeleg Maate. SIDE: 311 Me totte det var friskt med den fine blaae Havsanden paa Golve. Naar Stogo var sopa og sandstraadd fekk ho ein Daam som av Strand og Sjø; d'er noko eg ikkje hev kjent Maken til nokon Stad der eg elles hev fari. Men dette kom seg kannhende av, at eg sjølv fekk vera med aa køyre Golvsand? Naar eg daa sidan saag frisk Sand paa Golv, var det som eg kjende att Daamen fraa Nærlands-Strendane? -- tenkjer vel du i di Kultur- Tru paa Vitskapen. Ja -- ja. Eg skal ikkje stridast med deg um den Ting. Men desse Sandferdine vaare, dei minnest eg, maa du tru. -- Det var um Hausten me fór, noko langt utpaa helst, naar me var ferduge med Haust-Stelle heime. Vêre var daa som falle kunde; ein Gong imillom fint og fjelgt, men oftast stridt og ruskut. Og Sjøen deretter daa. Men med Sjøen er der noko framifraa baade i godt og vondt Vêr. Eg var still og paa ein Maate rædd, naar eg saag Sjøen, men kom alltid i eit serskilt Lag, liksom av Høgtid. Friskt var det, naar det blés upp eit Grand, so det kom Liv i Leiken med Bæring og Kvitskavling, og Sjøen kom sjogande i lange Baarur som Brìmhestar, og kvesste seg til og brotna ned med Sus og Brus, so Kvitskùme gauv upp-etter dei blaae Sandane. Men gildare var det, og fælslegare, naar det var Storm, og Have reiste seg grønt, og valt fram i Baarur som rullande Berg, sju og nie og tolv paa Rad, veksande, skræmelege, med Tordýn-Marm, med Skùm um Mankar som skalv, til dei sturta ihop i blaakvit Foss med Ròkskodda mot Sky og svært Brak, og so brotne seig av att. Daa takka eg nok Vaarherre at eg var i Land, og skalv so smaatt i den kalde Vinden og det tunge Dundere; men eg fekk ein aalvorsom Tanke um det store. Stundom saag det meg ut som Sjøen sjølv var rædd. Rædd dei Myrkemagtine han dulde i Djupnine sine. Daa kava han og stridde og vilde upp; inn yvi Lande som laag der so fast og trygt; men Rædsla vart til Sinne, for di han ingin Veg kom; og han rulla og stræva og brulta og braut med Buring og Tòt som av olme, asande Tjorar. SIDE: 312 Og Maakane bauta i Stormen og hivdest hit og dit i harde Kast, men kom ingin Veg med alt sitt Stræv; for smaatt er smaatt, naar det kjem til Aalvor. Eg stod og stirde paa den ville Leik til Luva mi flaug, og eg sjølv maatte til og fikte med Stormen. Denne Sandstrandi, "Saltestrondo", drog meg alltid sidan, naar eg kom til Jærs; og eg hev vori der meir enn ein Gong i seinare Tidir. No kjem eg der sjeldnare. Dei brenner Tare paa Havstrendane no; og Sandane er sundbytte med Staaltraadgjerde. Dess heller hugsar eg deim fraa mine Barneaar. Daa var det Vidheim og Friheim og Audheim og Stillheim; "Verdens Ende"; Mannheimen slutta her; Lande vart burte i Sanden og Sanden i Have og Have inn-under Vesthimilen lengst, lengst ute der Soli gladde. Men nye Spursmaal vakna: der ute der alt fekk Ende, der maatte det au vera eitkvart. Og daa det ikkje kunde vera noko slikt som det me hadde her, so laut det vera Æventyr. Ein Draumheim. Gull-Borgir lyste yvi Land der Soli seig; og store forunderlege Fuglar med Gullfjørir flaksa ikring; og Sjøormar var der, kvite som Sylv, og underlege Dyr med Gullhorn og Silkefaks og Staalkløar og raude Gap som det stod Røyk or. Der var au det store djupe Hòle der Soli gjekk ned. Men naar ho kom langt nok ned, so snudde ho. Og gjekk nedan-um aust-yvi til Uppgangen att; der kom ho daa upp um Morgonen. Ho laut hava ein stor Øyk. Eller vel helst tvo, som han Kyller paa Nesheim for Vogni si; ja kannhende fire. Strandi laag lang og sand-blaa ned-i sjølve Aldedrage. Eit Stykke innanfyri, og noko høgare, so det skulde vera stengt for Sjøen um han vilde for langt upp, laag store Sandviddir yvi-straadde med smaa Stein, meir og mindre rundslipt; det var Kuheimen min. Mykje fine "Kyr" fann eg der millom all Strandsteinen. Vene blaae og graae og stundom kvite Steinar som var rundslipte paa slik ein fin Maate, langrunde, flatrunde, regelrette som dei skulde vera støypte. Naar han Far, eller stundom Drengen, heldt paa og lesste Sand, rusla eg SIDE: 313 inn-yvi desse Sandviddine og fann Kyr, til dess me skulde paa Heimveg att. Ofte gløymde eg Kyrne; stod i Sandbakken og glodde ut-yvi Have og fælte. Helst naar det blés noko stridt. Uh, denne store ville Sjøen. Som laag der Dag og Natt og olla og brulta og braut; han vilde visst inn-yvi Lande. Hu, um han no skaut Rygg og lyfte seg upp og kom, kom ... Men han hadde kje Lov til det. Og han Far var med. Aa nei; Sjøen vilde vera snild. Sjøen vilde vera skikkeleg. Eg fekk skunde meg og finne Kyr. Naar eg kom heim skulde ho Stine og han Jon faa sjaa at eg hadde vori Kar og funni mange fine Kyr aat deim; fine store Kyr; og dei skulde faa alle deim som dei vilde hava. Naar det var godt Vêr vaaga eg meg lenger nord, og heilt ned i Sjøkanten; paa Strandsteinane der fann eg Kuvungar som eg tok med meg heim til "Smale". Skjølir (Skjeljar) fann eg òg; dei var so vene; og so kunde me brùka deim til Fat, naar me gjorde gildt og kom Framande. Sistpaa kom han Far eller Drengen etter meg; me skulde heim-yvi. Eg var full-lesst jamt, og hadde dertil Nedlag her og der; naar alt var framfunni gjekk me. Eg hadde jamt mykje aa fortelja og spyrja um; men eg tagde med mangt au, serleg slikt som eg var rædd dei kunde øydeleggje for meg, eller jamvel læ aat. Likevel lo dei aat meg rett som det var; men det var ikkje paa vondt, kunde eg skýna. So lagde eg Kyr og Sauir og alt eg hadde upp-i Kjerra; sette meg so sjølv upp-i; og dermed -- hypp! -- bar det ut-i Salte-Aano. Still og klaar gjekk ho her millom Sand-Fennane, denne Aai, men saag stur ut likevel. Ho var vel rædd Sjøen, som ho snart skulde ut-i. So bar det sud den lange smale Vegen hisides Aai ovanum Sandhaugar og Sand-Drìvur til Nærlandshøgdi. olla: bølge. (Heng vel ihop med Alda ( ): Bølge, som paa Jæren heiter Olla). -- brulte: buldre, larme (um døyvt, tungt Bulder; soleis um Tora, naar ho slær ikkje for hardt). -- Smale: faareflokk). -- Nedlag: "Oplag". SIDE: 314 Eg gjekk attanum Sandkjerra og saag etter Kyrne og Smalen min og "tenkte". Aa, her var so underlegt her 'med Sjøen. Det var som alt dette ikkje rett høyrde vaar Verd til. Alle desse Sandhaugane, med Grasmark eller Lyngmark ovanpaa liksom Flat-Luvur, eller som Aaklæde, og Viddine utanfyri som var berre Sand, Sand liksom i Baaredrag og Bylgjur, det vart alt ihop til eit Sandhav i Sjøgang, med Sand-Drìv for Sjø-Ròk i Vindkvervlane. Sjøormar og Marsvin og Havfruvur og Havtroll og ymist anna rart heldt vel til her ut-i desse tilstivna Baaredragi, naar Trollskapen elles ikkje var i den rette Sjøen daa. Halvrædd og endaa mest med Lengt lydde eg paa Duren der utanfyri av lange Rullingar og tungt fallande Sjøar, eller av døyvde Brak som eg ikkje skýna kva var, til dess me kom lenger upp, og den ville forvillande Havheimen seig av i seg sjølv, stilnande, um enno kvævt brultande og durande, til me kom langt uppgjenom Lande. Stundom var han Fâr innum paa Nærland, fyrr me gav oss i Veg; daa var eg med for det meste. Eg minnest, at naar me kom inn der, saag eg gjenom Vindaugo Hav-Sandane, som laag liksom paa Hèrferd uppyvi fraa Strandi mot Garden, Fonn etter Fonn, Bylgjedrag etter Bylgjedrag; ein kunde tru at dette ville Sandhave vilde leggje Nærlandsgardane under seg. Naar det blés, rauk det og fauk fraa Sandfennane so det kunde mest sjaa ut som Snøfòk. Daa kjende eg meg bringetyngd; trøysta meg med at me skulde heim til Kvelds. Hu, at Folk torde bu her 'med Sjøen i alt dette Sandfòke og i all denne Sjoing og Dundring med Havmarm og Storm. Godt og vel at Garborg laag so langt uppe! Men Aari gjekk og Nærland stod. Og eg gløymde alt dette. Likevel hev det nok vori so, at Sanden hev haldi paa aa leggje Nærlands-Gardane under seg. Det dreiv og dreiv; og Fennane kom nærare og nærare. Smaatt, smaatt, men jamt. -- So kom eg igaar til Nærland att. I Lag med Hognestad-Karane. Han Eivind og han Hans, som er 'med (Sjøen): attmed; ved. SIDE: 315 Klokkar i Nærbø [fotnotemerke] . Dei vilde vise meg, at der er Framgang paa Jæren med, um her no ikkje stend so mykje Braak av det. Og eg fekk sjaa, at der er Framgang paa Jæren. Eg hev sétt det fyrr. Eg hev sétt Myrdyrking, Skogplanting, Uppgang i Gardsstell, og serleg i Mjølkestell og Fjosstell. Men det er so løje naar ein hev vorti framand; det tek Tid, fyrr ein lærer aa sjaa i Samanheng. No var det som det tok til aa samle seg for meg. Og eg fekk ein god Dag paa Nærland. Mangt var umskift fraa fyrr. Ein Mannsalder kann gjera mykje, um det so er paa Jæren. Det var nauvt nok eg kjende meg att. Og endaa er det berre ein litin Mannsalder eg her kann stasa med. Det saag meg ut til aa bu fleire Folk paa Garden enn fyrr; daa visst var her meir bygt. Og betre bygt. Framtak og Velmagt synte seg i allting. Men Jæren var det som fyrr. Ikkje noko Spjaak. Og serleg ikkje denne Sprikjing med store Heimehus som eg so ofte hev undra meg yvi paa Austlande. Heimehusi var i det heile som fyrr, men godt i Stand; -- ja og so var her komi eit stort Gjestehus, aat Folk som ligg her um Sùmrane i Havbad. Dess meir Magt var det lagt paa dei Bygningane som høyrde Gardsstelle til, som Løur og Fjos og slikt; dei var baade store og framifraa vel stelte. I dette Stykke steller Jærbuen seg som andre kloke Folk: øyder lite til Stas og Vas, men legg Magti der det trengst: paa Arbeidsvelde og Bruksbygningar. Men Sandflòge? Og alle desse Sandfennane som fyrr drog seg upp ifraa Strandi liksom paa Hèrferd? Eg stirde og glodde. Baade her og der. Fanst ikkje Fennar. Det gusta og blés rett friskt. Men korkje Ròk eller Fòk var aa sjaa. Eg kunde kje skilja anna enn Aaker og Eng, som stod serskilt godt, og Viddir med Kaal og Rotvokstrar, og næmast upp-ikring Husi Tre; og utanfor Vindaugo ein stor Hage full med Aplar og Bèr- Fotnote: Den tridje av desse Hognestad-Karane, Presten, hev eg sidan lært aa kjenne. (Merknad 1904.) SIDE: 316 Runnar. Men fylgde eg med Augo Havstrandi nordetter, der fyrr Sandhave baara seg fram og braut paa, -- no grønka det der med. Det var som Sanden og Dauden var burtmana. Me gjekk inn. Der var folksamt og hugsamt. Det var Sundag, so etter Non; eit stort Bord var duka og stelt; Gjestir fraa Grendine sat og fekk seg Kaffi. Mannen i Huse førde sjølv Vertskapen. Røda gjekk greidt og huglegt. Det var dette frie og samstundes folkelege Selskapslive eg hugsa fraa gode Hus i mi Tid. Me nykomne vart fagna som Kjendsfolk alle; um serskilt eg var framand so var Garborgsfolke kjent; me var med ein Gong som heime i Huse. Mannen, Torkell Edland, var ovantil Fjellbygdi fraa fyrste Tid. Og Fjellbuen vil jamt vera lettlegare i Lag enn me Jærbuar flest, liksom han au for det meste hev haldi vel so godt som me paa gamall Husskikk og Lagsskikk. Eg kjende Fjellbuen paa hans serskilt gode Lag til aa vera Vert; og me hadde ei koseleg liti Kaffistund. So drog me i Veg til aa kringsjaa oss; eldste Son i Huse, fullvaksin Mann og jordbrukslærd, var Vegvisar og Framsynar. Fyrst bar det ned-yvi Heime-Jordine. Sùme av desse er beintfram tekne inn att fraa det som var neddrìvi alt. Jordine rakk no langt ned-yvi der, som eg aldri hadde visst av anna enn Sand; store Viddir laag det her no med velstelt Jord i beste Magt; reint ein Storgard hadde det vorti. Eivind Hognestad fortalde meg, at denne Garden hadde vori haldin for den ringaste paa Nærland fyrr; hadde ein annan sagt dette so hadde eg knapt trutt det. Sjøen susa sin gamle Song. Men liksom ikkje lenger med den gamle Tyngda, eller den gamle Rædsli. Friskt og modigt høyrdest det. Eg undrast paa, kvar det kunde ha vorti av alle dei Sandfennane som laag ned-etter her fyrr; Føraren sagde at det meste av den gamle Sanden var jamna ut-yvi og nedhakka i Jordi. For det hadde helst vori god Sand. Upp-mengd med sund-morkna Tare og Skjeljar og smaa Sjødyr av mange Slag, so at naar han kom i Jordi var SIDE: 317 han heilt-upp som Hævd, aa kalle. Det som saag ut til Øydeleggjing hadde daa beintfram vorti til Bate. Arbeide med aa faa Sanden bundin hadde vori baade langt og seigt, og hadde kravt mykje Tòlmod og Umtanke. Men so hadde dei meir og meir komi etter korleis dei skulde ta det; og litegrand hadde Staten hjelpt til, so ein kunde leggje meir Magt paa Arbeide. Og so var det daa no komi so langt. Strandrug (Marehalm), som ikkje grodde paa Jæren fyrr, var innførd fraa Jylland og hadde vaksi godt; den batt Sanden utruleg. Og Strandrugen saar seg sjølv naar han veks til, og legg daa Sanden meir og meir under seg. Rolegt og spakt tok han det, denne Karen; sagde heller vel lite enn han sagde eit Ord for mykje. Eg kjende den Maaten, og visste at det eg her fekk høyre kunde eg stole paa. Paa Strandviddine ovanum Strandrug-Belte var det planta Buskfuru, og det nord igjenom alt aat Salte-Aai; tett og sterkvaksi stend denne Furo no og tvingar Sanden med Magt. Buskfuro saar seg sjølv den med; og Sanden som fyrr lagde meir og meir Land øyde lyt no sjølv gjera Gagn. Den Skogen han døyver seg sjølv med vert til Nytte paa fleire Maatar; millom anna líver han for Hav- Vinden, og vil dermed gjera det lettare aa faa Skog til aa vekse lenger upp-etter, paa Heidar og Viddir der ikkje annan Gagnvokstr trivst. Det var nye Folk som laut koma og setja dette Arbeide i Gang; Strandbuen var for klok; trudde kje paa sovori. Han kjende til Sanden han, maa-tru. Det skulde nok ingin lære honom noko um den, nei. Setja Skog i Flògsand som var so turr at han faug i Lufto vorsaa Rennedrév berre det bliskra og blès lidegrand, det skulde visst han gjera! Aa nei. Det nytta nok ikkje aa stridast med Vaarherre. No tek Strandbuen til aa sjaa, at um ein sèt Skog mot Flògsand so er ikkje det meir Strid mot Vaarherre enn naar me byggjer Hus mot Kjøld og Regn. Og fleire Stadir nordetter Strendane tek dei til aa tenkje paa Skogplanting. Paa sjølve Saltestrandi kann det med Tidi bli SIDE: 318 andre Kyr aa finne enn dei eg fann. Til Døyving av Sandflòge paa Sola-Sandane er alt mykje gjort; og paa Ogna-Sandane hev Jønnvegen planta ikkje so lite. -- Eg gjekk der ned-paa Nærland og saag paa alt som grønka og voks; og glad var eg. Her maatte bli Raad med noko av kvart her til Lands, naar me kunde tøyme sjølve Havsandane! Og meir og meir skýna eg, at desse sterke, stillfarande Folk som aldri skrik upp, men arbeider, berre arbeider, -- dei er kannhende ikkje alltid "fremst", eller "øvst"; men tek dei fyrst i, so dreg det. Eg var glad for at dei kjende Namne mitt paa Nærland; men -- lat so vera at me treng Bøkar au: eg skulde nok heller ha vori med paa aa binde Havsandane og tvinge fram Liv av Daude. Daa eg ei Stund etter, ut paa Nærlands-Tune, fekk Auga paa ein Kristiania-Professor som gjekk der og sveiv turistklædd og fjong -- han laag vel her for Helsa si, veit eg -- , tok eg Luva av for 'n og tenkte: Gud Fader veit, kva slike som du og eg skal vera til fyri. Eg kjende denne Professoren, og skulde ha helsa paa 'n skikkeleg. Men eg gløymde det. Han vart meg so langframand. Alt det han minnte meg um kom meg so lite ved. Her var mitt Folk. I Dag kunde eg hava Lag med det; Stundir til aa helse paa Professorar vart her alltid. Ei trygg Kjensle tok meg; eg høyrde heime her likevel. Og her skulde eg ha livt og arbeidt. Arbeidt og rudt og saatt; haldi Fedra- og Farsarbeide fram; og berre agta meg, so eg ikkje var komin paa Stortinge. No laut det vera som det var. Eg fekk fara her og svive att og fram og hit og dit, heimlaus med tri Heimar, "et Offer for min Tids Vilfarelsær, fallera"; Folke mitt greidde seg nok meg forutan. -- -- -- Underleg i Lag, baade bøygd og sterk, tok eg paa Heimveg med Hognestad-Karane. Fram paa Morgonsida kom eg heim. Men eg hadde kje Hug til aa leggje meg. Ute var ljost og fint; Vinden SIDE: 319 sov; Dogg svala paa alle Straa, og i Lufti bleikna det mot Dag; Seng og Svevn var berre ein Uting. Paa Vesthimilen yvi Have dingla Maanen morgonbleik og skrinn; dei fyrste lette Sol-Vonir raudna i Nordaust; eit Par smaae kvite Morgonskyir laag og smaasov i Luftblaaen yvi Sikvalands-Kulo. Eg steig upp-aa Take av Kongsborgi mi; der vilde eg sjaa Soli renne. Storfint var det aa sjaa ut-yvi Heimlande no. Ven og varm laag Jæren inn-aat Barmen av Have som blìka i Morgonsvevn lett; lengi stod eg og saag; lengi sveiv eg skygnande att og fram; kvilte med i all denne store Kvila. I Nord steig Sola-Gardane og Tungenes gryande fram av Nordhavs Dis og Draum; hit-yvi og aust-yvi blaana i sterke Radir morgonsvale Fjell; i Sud steig Bakkar og brune Viddir upp-yvi mot Synesvarden og ut-yvi aat Have. Men helst søkte Augo mine ned-yvi og heim. Til Hav- Ringen den bleike, til Lyngviddine med grønkande Gardar og Vòtn som av Sylv; beint ned fram-for meg laag Garborgs- Gardkransen i roleg Svevn, vel-lívd og trygg under den breide Aasen. Og Draumane tok meg; vakin saag eg Synir. Rikt er Lande, og rikare vert det. D'er lite aa syte for, at her er mykje aa gjera; Tidi ligg for oss, og Magti vaar kjem att. Smaatt um Senn vaknar Folke. Og dei vaknaste ser Heimtuftir lyse, der Hengjemyri tøygde seg sur og arm. Myrir og Lægdir vert Aaker og Eng; og Bar og grønt Lauv skal løyne burt gamle Audnir og Steinrøysir. Med tett sterk Skog stengjer me mot Nordvesten og Havstormane; trygge skal Gardane liggje att-um Lundar, og Hagar med frisk Alde og vene Blomar skal lyse og lokke i kvar Livda Kraa. Og Folke, som paa gamle Tuftir hev bygt Heimen sin ny, skal dyrke Jordi og verja Skogen og stelle Hagane og ala og fange Fisk og Fugl, og ha Glede i sitt Arbeid og Framgang med si Avling og Hugnad i Heimane paa Land og i Byar. Den vonde Tidi, daa Folke var framandt heime, og Ungdomen rømde, og Fedrar og Mødrar gjekk trøytte og SIDE: 320 aaleine paa vanstellte Gardar og sleit, og Voni var burte fraa Arbeide og Hugnaden fraa Høgtidine, og Gud var harm, og Eimar fraa Helvite laag yvi Lande som ei vond Lukt, -- den Tidi skal faa Ende og gaa i Gløyme og ikkje vera meir. Folke skal friskne og tru paa det gode og gjera godt Arbeid og hjelpe Lande fram; og trygt skal det bu i sine Heimar so lengi Sol skin og Storm reinskar og Regn doggar og Hav kved; og det skal endaa ein Gong verte sant at Arbeid gjer rik, og at eit Folk som held upp Minne um Far og Mor skal lìva lengi i Lande. Du Jæren, du gamle Jæren, du myrke, ljosnande Jadar fraa gamall Tid, me skal finne deg att og vinne deg att, og byggje deg ny til du lyser mot Sky som ein Apal- Lund paa den gamle Grunn framfor Heimborgi vaar, Framdraumen vaar, Norig det gamle og det unge. -- -- Det ljosna gjenom Lufti; det vakna i Aust. Soli spratt; det fløymde med Ljos; ei Lerke steig tirlande og svingande upp og upp i den tindrande Dag og song Morgon yvi Land, Sùmarmorgon. For um du vil tru eller ei: enno er her Lerke paa Jæren. -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- SIDE: 321 EI FINNEFERD SIDE: 323 Du Bladstyrar! Nord-Norig er ei Verd for seg sjølv, ukjend, aa kalle, for oss Sørlendingar. Avleides inn-i Æventyre ligg ho, burt-duld i Havskodde og sju-maanars Natt. Men det skulde daa laga seg so likevel, at eg fekk sjaa ein Skimt av denne Segnheimen. Me veit um Nordland. Og hev ein Draum um Finnmarki. Me hev lesi Petter Dass; me kjenner Jonas Lie. Men det er som me ikkje rett trur paa det me hev høyrt og lesi. Nord-Norig er ein Trollebotn mest som i gamal Tid. Snart gjort er det elles ikkje aa faa Kjennskap til Norig. Dei segjer det skal vera lite, dette Lande. Men meir enn eit halvt Aarhundrad hadde eg lìvt, og flakka og fari baade hit og dit, fraa Trondheimen til Taormina, fraa Prøyssen til Paris, og hadde endaa ikkje sétt meir enn um Lag Helvti av Heimlande mitt. Og endaa hadde eg drøymt um ei Finneferd fraa eg las "Den Fremsynte". Eg var norsk; det var mangt som var vigtigare for meg enn aa kjenne Norig. Dessutan hadde eg sétt ikkje lite av dette Lande. Sistpaa trudde eg i Grunnen at eg kjende det. Det hev vori Tidir daa eg kunde tenkje paa Norig og gløyme Lande nordanum Dovrefjell. Norsk var eg au i det at eg "drøymde stort". Ei vanleg Nordkapp-Ferd kunde ikkje lokke meg. Nordkapp og Midnatt-Sol var noko Turist-jugl. Det var Vinteren i Nordland eg vilde sjaa. Den store Æventyrnatti med SIDE: 324 Nordlysing, Maanetrolldom, Ishavsglim. So kunde eg taka Midnattsoli med, um det so fall seg. Etterkvart vart eg mindre stor paa det; tok til aa tenkje paa ei Nordkappferd likevel. Daa kom eg etter, at berre ei Nordkappferd ikkje er nokon Smaating. Det er likso langt til Nordkapp som til Neapel. Og Vegen nord-yvi er stridare: Hav, og urolegt Hav. Og dyrare: paa so lang ei Ferd maa ein halvgamall Halvkrusling som eg hava fyrste Plass; og det er noko anna enn tredje Klasse Banevogn. Matstelle paa norske Eimbaatar er ikkje heller for Smaafolk. Meir og meir kom eg til det, at eg laut vel gjeva upp Nordland. Men so laga det seg likevel. Med ein Gong, og reint uventande. Og eg slo til. Eg fekk nok takke til at eg kunde faa ei Sumarferd der upp; og ei vanleg Turistferd vart dette ikkje. Ei "stor" Finneferd drøymar eg enno um. Meir enn nokon Gong. For hev eg ikkje visst det fyrr, so veit eg det no: ein gjer ikkje Nordheimen fraa seg paa eit Par Vikur. Han er mykje større enn ein Sørlending trur. Det er ikkje som det etter vanlege Skulekort -- med Nordheimen i halvt Maal -- kann sjaa ut; at Nord-Norig er berre en Halestert paa Sud-Norig. Dessutan er denne nordre Landshelvti so mykje mangfeldare enn me veit av. Det eg paa denne fyrste Ferdi fekk sjaa, det var helst kor lite eg visste. Men "vori der" hev eg daa no. Og litegrand um denne Finneferdi lyt eg fortelja. -- Ho tok ut fraa Norigs gamle Hovudstad, "Trondhjem" som han kallar seg no. Me fær tru han fær rette Namne sitt att ein Gong; men no høver det visst altfor godt, dette halvdanske Fuskenamne fraa Dansketidi. Fagert ligg "Trondhjem" og storfager er Trondheimen; gamall Dyrking og gamall Folkeskikk er det faste Grunnlage her, med alt framandt og ferskt som hev sprengt seg inn i seinare Tidir. -- Stort var Fylgje og Baaten gild: "Hera" fraa Bergen, Kaptein Hansen. Doktarar som hadde havt SIDE: 325 Lækjarmøte i Trondhjem hadde leigt Baaten; dei vilde nytte Resten av si Sumarfritid til ei Finneferd. Baaten var full av Fritidsgeografar, Kvende og Karar med Kikarar og Kort og Yngvar Nielsen; og gild vart Ferdi paa all Vis; det gjekk med Samtale og Skjemt, Moro og Musik, Gaman og Geografi og kva som fyre kunde falle. Lag hadde ein eller fekk ein; og vilde ein vera for seg sjølv so kunde ein det; huglegt og greidt var Live umbord fra Fyrstningi til Slutten. Lækjaren er nok streng og plent naar han stend i Arbeide sitt, der ei Tankeløyse kann koste Liv; dess meir hugsam kann han vera naar han er fri og "berre Menneskje". Det var dertil no ei Tid, daa Nordmennar lett "fann kvarandre"; Vaaren 1905 var Vaar i meir enn ei Meining. Det leid til Kvelds, fyrr me vann ut Tronheimsfjorden. Og daa det der ikkje er mykje aa sjaa, lagde me oss tidleg; det vart nok aa vaka etter sidan, meinte Kapteinen. Her upp-etter saag eg daa inginting. Fyrr paa Nedvegen att; daa merkte eg meg mill. a. Namsos, nørdste Byen i Trondheimen. Stor er han ikkje, men i god Vokstr; og vent ligg han til millom Fjell og Skog og grønt Land. Reint sørlendsk ser han ut paa ein Sùmardag, og ein hugsar ikkje at ein er so langt nord komen. Ved Helgelandflesa tek Nordland til. Heilhorni, tri kvasse Tindar med Den norske Bukken til Førar, er rekna for dei fyrste Nordlandsfjelli. Og so glid det snart heilt inn i det nordlandske Æventyre. Det er ein Draumheim i Stein. Solklaar laag han no, og tindrande ljos; men annarleis vil han sjaa ut, naar alle desse fine Fjell dreg Skoddehetta um Hovudi, eller stend frosne og islagde med Ishavsstormane og Bròtsjøarne ylande og fossande ikring seg. Det liver og diktar kvar ein ser. Der hev me t. D. Leka-møyi. Hestmannen der innanfyri elska henne, men fekk nei; skaut so etter henne med ei Pil som kunde kløyve Tindar. Men ei Trollkjempe som vilde Lekamøyi vel slengde Hatten sin i Vegen for Skòte; Pili gjekk tvertigjenom Hatten og vart dermed døyvd; men Hatten ligg enno der paa Torg-øy med Skòthole igjenom SIDE: 326 Kollen; heiter daa òg Torg-Hatten. Soleis liver det med Segn alt Nordland upp-igjenom. Kvart Nes hev sin Draug og kvar Tind sitt Troll; Hav og Høgfjell møtest her; og Havdraumar og Fjelldraumar glid saman. Stundom stanar Baaten, og me ror iland; soleis ved Torghatten. Upp den høge Urdi krabbar me i Veg, Mann etter Mann i lang Rad, som Smaatroll og Dvergar aa sjaa i vaare graae og graabrune Ferdaklæde. Der Berghalli opnar seg stansar me; syp etter Anden; stirer; segjer store Ord som vert inginting her; stend i Urd og glor gjenom Berg: kann dette vera Inngangen til Trollebotnen? -- Nei; snarare er det Inngangen til Valhall. For det er vent her; linn og blaa lyser Himilen inn gjenom Kvelven fraa hi Sida; denne skùme Vegen fører til Ljos. Inn i Berge kryp daa me Smaatussane som best me vinn og vaagar, mange av oss daa. Fyrst ber det nedyver, og snart er me paa Botnen; der lyfter Graasteinskvelven seg yvi oss som ein Trollhimill; bergtekne er me no. Men snart ber det upp-yvi att; og me kravlar og kliv, til dess me stend i Opningi paa hi Sida. Der ser me ut yvi eit øy-sprengt sol-glimande Hav som ytst ute kvitnar saman med Himilen. Herleg er Utsyni; soleis maa Heimen sjaa ut for Gudar i Sky. So me er i Ljosheimen enno. Nærast ned-under oss ligg ein breid grøn Gard: Torge. I det 14de Aarhundrad sat den gamle Torg-Ætti enno paa den Garden; no ser han ut som han var Hagen utanfor Bergkonge-Borgi. Men her inne hev Torg-Trolle sìti med Hirdi si og gnaska Kval millom Tennane, og Nise og Elg og Bjørn, og stundom ein litin Per eller Paal liksom ei Ræke til Smak paa Maten. Ein Stad der me var i Land sat det ei gamal Kjering paa ein Stein ved Vegen og kvilde; nokre av Ferdalage gav seg i Drøs med Kjeringi. Eg stod og høyrde paa litegrand; kjære, vene, tenkte eg, hev dei so fint Maal i Nordland? Bymaale vart reint kvardagslegt mot det. Ikkje SIDE: 327 mange var dei Ordi som vart bytte; Tid til aa kaste burt hadde me ikkje, veit du. Men enno hugsar eg kor fint den Nordlandskjeringi tala, og kor det tok meg nettupp i dei Dagar aa høyre eit Par norske Ord millom all den Rikdom av halvdanskt. -- Vêre var vent og Ferdi fin, utanskjers som innanskjers; sjeldan hender det visst, at Nordlandsdraugar og Finnetroll held Midsùmarhelg so lengi. Og nye Synir var stødt aa sjaa. Trollheimar og Gudeborgir kom og kvarv; Namn nemndest og byttest; Augo arbeidde med Sjaaglas og Sjaarøyrar alt dei vann, og Hovud samla Bilæte og laga Landkort etter bedste Magt, eller granska Landkort. Kvile vart det mindre og mindre med. Ein hadde ikkje Ro til aa kvile. Og no tok sjølve Nætane til aa koma burt for oss. Rikare og meir storlagd vert Utsyni di lenger ein kjem; meir og meir laut ein vera nøgd berre ein kunde fylgje med so i Stordragi. Nemne upp det me saag kann lite nytte. Dei sju Systrane, Breidtind, Kvass-Tind, Tvillingane, Grytfoten, Ørntuva, Dønna, Svartisen som er 7 Milir lang og 1 Mil breid, Lofoten og Vesteraalen med alt sitt Vidunder ... Namn er Namn og Skildringar Ord for den som ikkje hev sétt det. Det er ikkje nok aa sjaa det heller, so fraa eit Dekk. Det er ei god Hjelp, og eit Stykke paa Veg; men meir skal det til, um ein rett vil faa Tak paa det. Folk som kann koma ut i unge Aar kjem til aa tenkje paa dette; eit Aar i Nordland vil for mange vera meir verdt enn eit Aar i Tyskland. Me fær i det heile sjaa aa bli heime i Norig no etterkvart. Norlendingen kjem ikkje so sjeldan søryvi; Sørlendingen maa nord-yvi. Norig er eit mykje større Land enn me veit; det maa ikkje liggje paa Rèk lenger. Me maa gjera oss kjende med det og taka det i Bruk. -- Det er nord-yvi som elles fram-etter den norske Strandi: utanfraa ser Lande armare ut enn det er. Men endaa hender det, at me ser baade Gardar og Bygdir innetter Strendane. Og um her er skogsnaudt, -- Lande ser langtifraa daudt ut. Det grønkar fram-med Strendar og upp-etter Berg-Sidur, so at eg, som er ifraa Lyngheimen, SIDE: 328 knapt torde tru mine Augo. Grønt Gras upp-etter Fjelli alt up til Snøgrensa aa kalle for, og det her upp-ikring Polringen, -- eg stod meir enn ein Gong og berre stirde. Med Skogplanting og Dyrking skulde ein vel kunna vinne langt her? Live i Nordlandshave er ikkje so rikt som det hev vori; men enno er her ymist for ein Sørlending aa sjaa. Ei Nise velte seg i Vatstrømen ret som det var; ein Hende Gong spruta ein Kval -- ingin stor, Takk have Svend Foyn -- ; Efugl, Lom, Alke, Gaas og annan sjeldsynt Fugl viste sig rett ofte. Fiskevær saag me her og der. Dei hev stundom vaksi seg upp til heile Strandstadir, med Fiskje og med Verksdrift som dermed heng ihop (Trankoking; Fisketadlaging (Guano) o. s. f.). Handelsgardar fór me framum ikkje sjeldan; dei ser velstandsame ut; og mange er gamle. Nordlandshandelen laag under Bergen mindre eller meir til langt ut i det 19de Aarhundrade; no er han i Framgang, um elles Fiskje i seinare Aar hev vori mindre aa stole paa. Det er meir Liv her uppe enn Sørlendingen trur. Bodøy, hovudstaden i Nordlands Amt, er ikkje lite framme; Lande ikringum er i sterk Framgang, det med. Det gjeng vel i Nordland som andre Stadir: vert det utrygt med Fiskje, so slær Folk seg paa Jordi. Og den er meir sætande, um ho no ikkje er so storgjæv som Sjøen kann vera. No hev dei fengi Jordbruksskule her uppe; kann den laga seg etter dei nordlandske Vilkaari maa han kunna gjera store Ting. Mindre hugsamt er det aa sjaa paa den veldige "Million-Daarekista" ved Bodøy. Ikkje berre av di ho vart so meiningslaust dyr; det er i det heile vondt aa vìta at Folke vaart skal trengje so mykje Hjelp av det Slage; og det trass i alle "Sjælesyrgjarar". Me var inn-um paa Daarekista. Og det saag godt ut med Stelle der so vel som med Rome, so vidt som me kunde sjaa. Med alle tunge Tankar som vaknar paa slike Stadir fær ein vera glad for at me endeleg hev lært at Galskap er Sjukdom; storgjæv: storgjevande; "rundhaandet". SIDE: 329 mykje Tull og mykje fælt hev berre den Kunnskapen gjort Ende paa. Og lenger vinn me vel etterkvart, baade med aa hjelpe dei sjuke og med aa styrkje Folkehelsa mot Sjukdomen; til stort Gagn vil det her vera, um Fanden med sitt Helvite kjem ut or Barneskulen og Kyrkja ein Gong. Mangt og mykje hev me elles aa lære; dei Granskingane av Heilesjukdomar som lengi hev vori drivne synest mill. a. vise, at der er Samanheng millom Sinnssjuke og Lovbrotshùg; den Tanken kunde føre mykje med seg. Paa Brotsmannsheimen ("Kriminalasylet") i Trondhjem, som eg sidan fekk sjaa, kom eg innpaa same Spursmaale fraa den andre Sida og fekk ei ny Vitring um, kor lite me enno veit her. Av dei gamle nordlandske Hovding-sæti er for det meste Namni att; og i eit Land som hev lègi under Framandfoten so lengi som vaart er berre det ein stor Ting. Av gamle Byggverk finst det her og der ei Kyrkje, meir eller mindre umbygd. Den i Trondenes skal vera svært gamal; ho er dertil den nørdste Kyrkja i Kristindomen. Det er i det heile ikkje so reint lite ein kann segja "det nørdste" um, naar ein kjem her upp-etter; Trums er soleis det nørdste Bispesæte i Verdi. Byen er ikkje eldre enn fraa 1794; han ligg vent, med høge fagre Tindar ikring, og tek seg godt ut. Han hev baade luthersk og katolsk Kyrkje, Raadhus og Lærdskule, Lærarskule og Museum. Eit stort og forvitnelegt Museum; serleg rike er Samlingane fraa Dyre- og Fugle- og Fiskelive nordpaa; forvitnelege er like eins Samlingane fraa Finnelive. Ein sterk Framgangsvilje lìver i desse Byane, og elles all Stad der uppe, der me kom nære nok til aa kunna sjaa og gjera oss Meiningar; at Nordland hev ei Framtid kann ein trygt spaa. Nordlandsfjelli sviv for meg enno, stigande fram og glidande burt som ein Æventyrdans. Um eg aldri kjem til Nordland meir: dei vil blaane og lyse for meg so lengi Baare: Bylgje. SIDE: 330 eg kann hugse. Høg-Baarur mot Sky; Borgir og Tindar; Gudeheimar og Trollslott; Hausar og Høgdir braadukkande or Hav; ender og daa ein Serskapnad: eit Berg som ein høg Sule, som ei Tunge, eit Spir, eit Horn, -- Bilæte paa Bilæte steig, radde seg fram-fyri oss, gleid av til Sides; seig burt langt atter-ut. Det kom Minningar um Rundar, Jøtunheimar, Alpir; men i all sin Rikdom er den nordlandske Fjellheimen alltid seg sjølv. Fram glid og undan sig, lysande i bergblaatt, snøkvitt, isgrønt, altid nye Nordlandsfjell i alltid skiftande Leik; Rad etter Rad, Ring etter Ring; endelaust med Storsynir. Mange Stadir grønka det med Gras nedantil og kvitna av Snø ovantil; i Millombrøyti skifte Grasgrønt og Fonnkvitt som dei kunde best; det var Kappestrid millom Sùmar og Vinter Midsùmardag. Det leita paa aa fylgje med. Men rive seg laus var raadlaust; ein fylgde og fylgde, til dess det svimra for ein. Daa laut ein gjeva seg stundom; finne Kòte sitt og krabbe i Køy. Og liggje og ørske med Hovude fullt av Fjell og Hav til ein somna. -- Fyrr me visste av det var me i Trollebotnen. I det Æventyre, der Soli ikkje gjeng ned, eller gjeng ned og ikkje stend upp att. Den fyrste Kvelden som ikkje vart Natt fekk eg ikkje rett Greide paa; det var skyut. Men Dag var det, og Dag vart det verande, um Klokka aldri so lengi sagde Natt. Og det kom ei Tid, daa den som lagde seg Klokka eit ikkje so plent kunde vita, um han lagde seg til Natti eller til ein Middagsblund. Me var utanfor Verdi. Dag og Natt var avtekne; me var uppe naar me kunde og sov naar me sovna; spurde lite um Dags eller Døger Tid. I Dag og igaar, i Morgo og i Kveld; var ikkje slikt berre Innbillningar? Det einaste som stod noko-so-nær fast var Matmaali. Aat me Klokka tri, so galdt det for Ettermiddag. Men um det ikkje likso snart kunde vera Ettermidnatt? -- Naa; slikt fekk Kokken have Greide paa. Men det vart stridt etterkvart med Dag jamt; det veit eg. Alltid noko aa sjaa, og alltid ljost so ein kunde sjaa; -- naar skulde ein daa faa kvile? Og samle og skipa til SIDE: 331 Rettes alt det ein saag, so ein fekk Samanheng i det? -- Meir og meir stod det fast millom Mann og Mann, at Nordland er ikkje aa taka i ein Jafs; ein fær faa med det ein kann, og lata Resten vera "til ein annan Gong". Du vil daa forstaa at me kjende ein Lette, daa sistpaa Finnmarki kom, -- med roleg, rimeleg Nattur, med rolege, rimelege "Næringar". Næringar? Kva det er? Det er rolege, rimelege Finmarksfjell. Ikkje sers høge eller merkelege; noko-so-nær som Fjell flest. Og nettupp slike var det som turvtest no. Det var fleire enn eg, som tok seg ei god "Natt" den "Dagen". Daa eg kom upp att, midt paa Dagen som fyrr, viste det seg elles, at der enno var eit og anna aa fylgje med i. Ein litin hyggjeleg Kval spruta her eller der. Og meir Fugl vart det. Eit Par Gongir kom me jamvel framum Fugleberg. Der var det Liv! Luft, Hav, Fjell kvitna, kravla, kvein, av Fugl, svivande, symjande, sitjande Fugl, Fugl som smaasnakka, smaaskravla, smaakvein. So small Skipskanona; daa var det som Berge løyste seg upp i Fugl. Kom burt i Fugl og Fugleskyir. Og det vart eit Stormvêr av Fugleskrik. Ei Babels Maalville av Fuglemæle. Men snart skýna Fuglane at det ikkje var Aalvor og slo seg til Ro att. Og so galdt det aa gjæte paa Soli, um me kunde faa Greide paa Natt-Vegane hennar. Himilen vilde gjerne skodde seg so vidt til i Vest um Kvelden, at Soli ikkje var aa sjaa; det galdt aa fylgje med og agte paa Tidi. Aa sjaa Soli staa upp i Vest vilde elles for meg ikkje vera noko rart; paa Labraaten gjeng Soli upp i Vest kvar Dag. Men sjaa Soli stana; stana og snu; gaa same Vegen attende som ho var komi fram, -- det maatte daa endeleg vera den bakvende Verdi. Ein klaar Kveld kom. Og Soli stana. Stana og ... stod still. Lengi. Stod der og liksom tenkte seg um. Skal -- skal ikkje? Tenkte so djupt at ho bleikna; SIDE: 332 Straaleglansen dovna; dovna so Soli sistpaa hekk der yvi Havrandi mest som ein stor, eldraud Maane, glimande utan Straaleglans, utan rett Liv ... forunderlegt. Nei; so visste ho daa endeleg kva ho vilde; tok til aa "spire", smaastraale; straala meir og meir; morgon-straala. Var sistpaa seg sjølv att; tok til so smaatt aa glide ... den galne Vegen. Men noko vidare Stiging vart det ikkje paa ei Stund. Endelaust smaatt og jamt gleid ho frametter den nordlege Himilrandi, heller laagt nede, arbeidde seg endelaust smaatt og jamt att-yvi og upp-yvi; vann seg noko meir upp-yvi smaatt um Senn; kom meir og meir aust-yvi og upp-yvi ettersom "Natti" leid; nordanfraa og etterkvart nordaustfraa naadde ho sistpaa fram til si Middagshøgd. Og so til aa glide ned-yvi att, vest og nordvest, heile Tidi speglande seg i den blaablanke Sjøen. Det var underlegt aa sjaa paa dette. Ein skulde skýna det; og endaa var det som eit Mirakel. Soli var Gud og snudde Heimsskipnaden um. Men me var glade at me hadde fengi sétt det. Berre Turist-Jugl var det nok ikkje endaa. -- Og so ein "Dag", mot "Kvelden", eller KveldMorgningi, fyrr eg visste Ord av, gleid Nordkapp fram. Breidt, stødt, fast; større enn eg etter Bilæti hadde tenkt meg det. Som eit Høg-Altar under den bleike Himilen stod det der, i ei Ro so høg, at eg trur me tagna alle. Og stille stod me frametter Dekke som uppstellte til Bøn, med' Baaten skar sin store Boge rundt Nordodden av Norig. Fast bygt, med rake Veggir og vid, jamn Høgflate,stig Nordkapp av Hav, ikkje aatkjømt nokon Stad, fyrr ein kjem eit godt Stykke inn-yvi paa Austsida. Daa finn ein ei To, som er bratt men ikkje veggbratt. Ei ven, grasgrøn, blomrik To som ein Stige fraa Have til Høgdi. Det leid til "Kvelds". Baatane lagde ut; og Flokk etter Flokk gjorde me Landgang. Ferdi bugta seg upp-etter den bratte grøne Bergtói som eit langt graabrunt Band. Og Bande tøygdest og tøygdest, til dess det naadde fraa Strandi til Høganlofts Blaaningi. SIDE: 333 Eller Graaningi. For daa me kom der upp, kolna me: yvi Høgdi hadde ei tett graa Sky lagt seg som ei Skodde. Skulde Utsyni stengjast no? I same Stundi som me naadde fram? -- Det vilde vera leidt, jamvel for oss som hadde sétt Nattsoli. Sogur gjekk i Lage um Folk, som hadde vori paa Nordkapp og raaka Skodde og Inkje fengi sjaa; um Utlendingar som hadde fari att og fram Gong etter Gong og alltid raaka Skodde eller Regn; um ein Engelskmann, som sistpaa hadde vori hjaa ein Sakførar og vilja leggje Sak mot Staten for dette; -- damn! tri Gongir til Nordkapp og ingi Midnattsol; slikt kunde aldri vera lovlegt! Smaatt um Senn naadde me Høgdi, meir og meir huglause. I lange Svingar tøygde Stigen seg fram yvi Bergsletta; Skodda breidde seg kvit og kald. Eg gav meir og meir upp Voni. Me fekk trøyste oss med det gode me hadde havt. No var Finnetrolli ute. Eg kjende att "Lagnaden min"; han hadde sovi nokre Dagar; men no, i rette Stundi, vakna han. Ja, ja. Fram vilde eg. So fekk eg heller saksøkje Staten, kannhende. Men fyrr eg visste Ord av var me ute or Skodda. Fri og ljos laag Verdi som fyrr. Eit Stykke framfyri oss laag Nordkapp-bui. Og rett fram, ende ut, liksom i Jamhøgd med Bergflata, blaana Have. Endelaust ut-yvi mot Vest og Nord og Nord-aust. Og yvi Have lyste Himilen. ljos og blaa; i Nord og Nordvest kvitskya. Desse Skoddeskyine kjende me fraa fyrr. Men i Kveld saag det ikkje verst ut; kannhende Soli greidde deim? Lage samla seg i Flokkar kring Utsalsbui, Kongssteinen, Keisarsteinen, men mest ikring Utsyns-tramen. Ved den fann òg mitt Lag seg Rom. So vart eg send inn etter ei Flaske Vin til "Solskaali". Bui var full av Kauparar og Handel; men Vin fekk eg, -- Kaiser-Champagne, kann du vìta; berga meg so ut att med Flaska og nokre Glas. Me fekk skìpa oss til Rettes. Og Tala tok til. Soli stridde med Kveldskyine. Glein sistpaa fram gjenom ei Glenne, so me saag ei Strime av ho, -- kunde nettupp so vidt segja me saag ho. Talaren dreiv SIDE: 334 paa; alle stirde etter Soli og ingin høyrde etter. So klinga Orde "Skaal", og alle var med. Ikkje uglade ropa me Hurra; noko Midnattsol hadde me daa sétt ifraa Nordkapp. Ein gamall vyrdsleg Mann, Doktor Koren, steig fram og sagde endaa nokre Ord. Nokre varme Ord um dette storfagre Lande, som dertil i desse Dagar hadde reist seg til heil og full Fridom, og daa so mykje meir kunde vente aa sjaa oss alle i fast Fylking ikring seg, samla i Aalvor og fast Vilje um det store som vunni var. Alle var med i eit nytt, samtonande tri Gongir tri Hurra; og so kom "Ja vi elsker". Nordkapp hev høyrt mange fagre Talur. Og sétt mykje stort og gildt; Kongar og Keisarar og altslag. Men mange Stundir som denne hev det ikkje havt. Rimelegt nok; ein "ny Syttande" var i Aar runnin. Soli hadde au vunni seg so vidt fram no, at me trygt kunde segja me saag Midnattsoli. Eg kjende meg eit Grand aaleine i denne Høgtidsstundi: tenkte paa mitt Folk, dette Folke som vart teki med i 1814 og var med i 1905, endaa det same Aare hadde fengi "Bondeparagrafen" strokin [fotnotemerke] , og endaa ein gamall Tanke nylig var komin fram att i nye Ord: "Bonden er Fienden!" -- Men eg skaut Tanken fraa meg og sagde til meg sjølv: Stìg for Stìg, smaatt um senn vinn Folke sin Heimerett. Og den Dagen kjem, daa det heimslege og det framande veks ihop, so at eitt norskt Folk raader Norigs Rike. Dermed var eg hugheilt med paa Skaali for den 7de Juni. No bar det inn-yvi til Aust-Finnmarki. Finnetrolli sov endaa lengi; Midnattsoli fekk me sjaa tvo Gongir til, fraa Baaten. Vêr og Mod heldt seg. Fagert var Tilvære vaart; utan Sut lìvde me i Æveheimen, der Dagen er utan Fotnote: Er sidan inntekin att. (Merknad 1909.) SIDE: 335 Ende. Ikring halv tridje Maanad varer denne Dagen her paa Nordkapphøgdine. Byane i Finnmarki fekk me etterkvart sjaa; dei hev sitt eigi Lag og lokka meg ikkje lite. Husi er smaae og hyggjelege; torvtekte; Lands Hus; kvar Mann hev sitt som paa ein annan Gard. Men Finnmarksfolke hev samla seg i mange slike Gardar, so dei skal kunna hjelpast noko betre aat i det Arbeide det her gjeld um. Det er Fisking dei driv med helst; Fiskehjellane stend sjeldan tome. Serleg rike var dei paa Vardøy, der eg trur dei sagde det hekk ein Million Fisk uppe no. Hammerfest er som me veit den nørdste Byen i Verdi. Han driv Russe- og Finnehandel, fiskar ved Svalbard, kokar Tran o. s. fr. Og med Upplysningi er han komin so langt, at han brukar Rav-Ljos (elektrisk). Paa Vardøy legg ein serskilt Merke til Festningen, Vardøhus, som dei meiner er ifraa Gamletidi, so i Grunnane daa. Framum Dormen, det Fjelle, som er Møtestaden aat Finne-Trollkjeringane, fer ein inn-yvi til den siste norske Byen paa denne Leidi: Vadsøy; den ligg ved Varangerfjorden. Mykje Kvæn er det her. Og fast Eimbaatsferdsle hev Byen med Russland, -- næraste Grannen. Inst i Fjorden, ved Russegrensa, ligg Sud-Varanger; fraa Vadsøy bar det dit med oss. Upp den breide Passvik-elvi siglde me so langt som komande var; sidan fekk me Ro-skjuss. Det var Kvænar som rodde; dei tala norskt provinsdanskt, -- det Maale som me "fornorskar" Finnane med, veit du. Seg imillom tala dei kvænskt; det klinga betre. Daa Elvi vart so ugreid og strid, at Ro-skjuss ikkje heller dugde, tok me til Fots; det bar uppetter paa Vestsida av Elvi. Det er Smaaskog her. Noko lenger inn i Lande er han ikkje so smaa heller; i Trums Amt og uppetter er det ikkje lite -- og ikkje liten -- Skog. Til Boris Gleb var det me stemnde. Der hev Russen fast Fot paa den norske Sida av Elvi; det hev nok ikkje sjølve den svenske Utanriksministaren kunna hindre. Men so hadde det russiske Krave ein sterk Grunn òg, SIDE: 336 ja ein religiøs Grunn: det var i eldre Tidir sett upp eit russisk Kapel her, som var so heilagt at det ikkje lét seg flytja. Og Lutherdom tolde dette Kapelle ikkje nærare innpaa seg enn ei norsk Mil; dermed laut Russen hava denne norske Rutemili. Og so er der fraa gamalt eit godt Laksefiske i Elvi her; det hev vel Russen ikkje heller havt noko imot. Og kven veit kva ei Mil Land i den norske Finnmarki elles kann bli god til for det heilage Russland? -- -- I Boris Gleb held ein Pope Messe for Finnen naar det fell seg so. Og ikkje minst messer han for Turistane, som legg etter seg ein Skilling baade i Kapelle og i Popegarden, der dei fær russisk Te. For oss heldt Popen tvo Messur, av di me var so mange og kom i fleire Sendingar. Kva Maal han messa paa kunde ikkje eg greide; det einaste eg veit er, at det ikkje var det eg meinte det skulde vera: græskt. Uskýnande var det i alle Tilfelle; men etter gamalt skal Kyrkjemaale helst vera det. Daa trur Folke so mykje tryggare. Paa Attvegen var me inn-um den storfagre Lyngenfjord; der saag me Finnar med ei Reinsdrift. Denne Drifti var ikkje stor; og Reinane var helst skrale; Hulda og eg hev sétt mykje gildare Reindriftir ved Savalen. Desse Finnane her lìver nok mest av Smaahandel; Turistane plar kaupe ymist Horn- og Skinnarbeid av deim til "Minne fraa Finnmarki"; det gjorde daa me au. Dei sjølve bur i Jord-Gammur; dei er smaa som all Finn; og dei var ikkje nyvaska. Tala med deim var raadlaust; norskt kunde dei ikkje, og av "Kulturmaale" hadde dei berre lært nokre Talord, umframt "Krone" og "Øre" og dilikt. Sistpaa var me inn-um i Narvik. Derifraa gjorde me ei Ferd med den nye Jønnvegen til "Rigsgrænsen"; -- Banegarden heiter so. Narvik hev store Byggverk og Vegverk til Framdrift og Utførsle av Malm fraa dei store Jønnverki i svensk Lappland. Sermerkeleg er Bana, som gjenom Berg og yvi Dal -- paa Norskesida daa visst -- fører Malm fraa dei svenske Verki til denne Hamni her i Norig. Tie SIDE: 337 lange Holgangar (Tunnelar) talde eg der; Lengdi paa deim er fraa 115 til 590 Meter. Og so er der Skjeringar og Bruir, store og mindre, og svære, stygge, yvibygde Stup; det er so ein fæler, naar ein rullar av Stad i maklege Vognir her gjenom villaste Trollebotnen. Men ein kjenner med seg, at av alle Troll er Mannen det sterkaste. Ja ein skýnar, at han er meir enn Troll, og trur, at han ein Gong maa vekse Trolle av seg. Naar ein flyg i Veg som her gjenom Berg og Luft, daa er det so ein med Augo ser, at Aand er den største Stormagt. Med friske Vonir drog eg ut or Trollebotnen. Mannen som brøyter seg Veg gjenom Berg og fær Byar til aa vekse upp av Stein, han maa au kunna vinne seg igjenom sine eigne Berg og faa Liv i sin eigin Stein; og Trollebotnane sine vil han dyrke upp til Heimar for Fridom og Aand, Mannaheimar der Villskap ikkje fær Rom, og der Urett og Vald gjeng i Stein for Soli.