Denne teksten er basert på den digitale versjonen som ble skannet, OCR-lest, korrekturlest og SGML-tagget av Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo i 1991-1997. Teksten er generert automatisk fra SGML-versjonen og det meste av markupen er fjernet. For en formattert versjon av teksten, og for opplysninger om hvilke utgaver teksten er basert på, gå til http://www.dokpro.uio.no/litteratur/ Ved videre bruk av våre tekster, ber vi om at disse opplysningene presenteres sammen med teksten. Spørsmål og kommentarer kan sendes til: dokpro@dokpro.uio.no - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - Ein Fritenkjar. I. Jolaftans Kvelden sat Presten Vangen med Huslyden sin i Storstogo, som var flidd til Helgi. Paa Bordet brann tri Ljos; eit Bilæte paa Veggen, som synte den nyfødde Frelsaren i Betlehemsstallen, var umvunni med ein Krans av Grankvistir. Huslyden var ikkje stor; det var Presten og Kona hans, og Dotter hans som heitte Ragna; og so var der en Framandkar, Herr Balle, Kandidat i Teologien og Hjelpeprest hjaa den Gamle. Han var Ungkar og skulde halde Jol hjaa Overhyrdingen sin. Dei sat og svalla saman og venta paa fleire Jolegjestir. Det var tvo Studentar som skulde koma fraa Kristiania; den eine var Hans Vangen, Son i Huse, stud. theol.; den andre heitte Eystein Hauk, var Son aat Provsten og like eins teologisk Student. Av Talen lyddest det som Eystein Hauk nyst var komin heim fraa ei Utlandsferd. "Det er i Rom han hev vori, veit eg?" sagde Balle. "Ja; men mest i Paris," svara Presten. "I Paris? Er der noko for ein Teolog aa gjera i Paris?" spurde Balle. "Hm," meinte Presten, "Hauk vil vel studere Tidsaandi; og det kann visst me Teologar trengje um." -- "Aa ja; det er fulla godt aa kjenne sin Fiende," meinte Balle. "Hm," sagde Presten. -- "Ja Tidsaandi kann me so visst ikkje vente nokon Venskap av," heldt Kapellanen fram; "og difor meiner eg det er vaar Plikt aa stride imod ho; for det som ligg paa Botnen SIDE: 2 der, det er Hat, Hat -- til Kyrkja og til Kristus." -- "Der kann vera noko i det De segjer," sagde Gamlen. "Men De meiner daa vel ikkje at det skulde vera rett aa 'stride mot Tidsaandi', som De segjer, fraa Preikestolen? -- Eg for min Part hev aldri vaaga meg til aa bera slikt fram i Guds Hus." "Ja; det er ikkje so godt aa segja. Ein Kristi Tenar treng Visdom; -- men han treng likso vel Mod. Sions Vaktmenn ...." Det banka stilt paa Døri. Dei skvatt halvt upp; det maatte vera Hans. Men det var ikkje Hans; det var Skulelæraren Gabriel Vikstad. Han var millom dei tjuge og tretti, mìdels høg, ikkje fast bygd; han steig inn stillt og ustødt, liksom ein som kjenner at han ikkje lenger er paa sin eigin Grunn; Andlite var myrklegt, Augo skygge; han saag ut som han ynskte seg vel ute att. Daa han hadde helsa, bad han orsaka, at han "kom paa ei slik Tid" -- "De kjem just til rett Tid!" meinte Presten -- "og i ei slik Ærend." Ja kva Ærend han daa kom i? -- Jau, han kom og vilde faa ein Attest. Det hekk so ihop, at han just idag hadde fengi Brev fraa ein Kjenning um at han burde søkje Klokkarposten i Nærdal; det var ein god Post som det var Von um at han kunde faa. Men det var so stutt att av Søkjingstidi, at han maatte faa Breve avstad straks, dersom her skulde vera Tanke um, at det kom fram i rett Tid. So hadde han vorti nøydd til aa uroe Presten paa sjølve Jolaftanskvelden. Han var leid for dette og bad paa nytt um Orsaking; men det galdt um so mykje for honom, at han ikkje hadde sétt seg onnor Raad. Han tala fort, kaldt og knapt, liksom ein som er arg for at han lyt beda um Beining av Folk, som han helst ikkje vilde hava noko med. Presten stod straks upp og fylgde ut paa Kantore. "De vil fraa oss no?" sagde han. "Aa -- , ein lyt tenkje paa Livemaaten," meinte Vikstad. "D'er vel so," sagde Presten, -- "liksom me Latinarar segjer: ubi bene ibi patria, der ein hev det godt, der hev ein sitt Fedraland." -- "Ja ja," sagde Læraren. "Elles SIDE: 3 er eg no kjend der burte fyrr." -- "Det er sant," sagde Presten. Han skreiv ein god Attest; Læraren takka og vilde betala. "Nei," sagde Presten, "eg vil inginting hava." "Jau; Rett skal vera Rett," sagde Læraren. Presten stirde paa honom; han undrast paa det kaldvorne i Tonen og i Aasyni. "Eg tek ikkje Pengar for slikt, -- minst paa ein Kveld som i Kveld," sagde han. "Naa, som De vil, Herr Pastor," svara Læraren; "men dette er ikkje med min gode Vilje." Presten lo litt; Læraren saag ustødt paa honom. "God Natt, gledelig Fest," sagde han og gjekk aat Døri. "Nei nei, kjære Vikstad!" ropa Presten, "De lyt Daa smaka paa Jolegrauten med oss!" -- "Eg segjer mange Takk; men eg er alt bedin ut ein annan Stad. Godnatt -- og Takk!" Han bukka og gjekk. "Ein stiv Kar," tenkte Presten. Daa han kom inn att, sat Kapellanen og tala med Frua og Ragna om Lærarane og Prestane. Ragna stod paa, at ho lika best slike som Vikstad, som heldt paa sin Sjølvvyrdnad og aldri kraup eller prøvde aa snikje seg inn hjaa sine Overmennar; Balle sagde ja til dette, men meinte like vel, at etter det 4de Bòde var det kvar Lærars Skyldnad aa vera undergjevin og lydsam mot Presten sin og ikkje meine seg aa vera Jamliken hans. Presten lagde seg her inni Samtalen, og sagde, att etter hans Tru var Vikstads Ulykke helst den at han hadde ei altfor sterk Kjensle av aa ikkje vera Likemann med Presten. "Ja, ja! -- der hev me Tidsaandi!" meinte Kapellanen. II. Vognramling dùna; Vogni køyrde fram for Døri, og alle sprang upp, Prestfolke i stor Glede. Men Ragna vart noko raud. Ein Minutt etter stod baade Hans Vangen og Eystein Hauk i Stogo; Hans armtokst med Foreldri og Syster si og var overlag glad; Hauk helsa fint og blidt som ein Kjenning i Huse og bøygde seg framifraa djupt for Ragna. SIDE: 4 "God Kveld i Huse og glad Jolehelg!" ropa Hans. "Her er den store Utlandsfararen og vise Mannen Eystein Hauk, og der" -- han tydde paa Kapellanen -- "er den strenge Guds Mannen Balle, Kapellan no, Prest sidan, tilslut Bisp, ein grunnmura Teolog og ein sann Studnad for Kyrkja i desse sundrivne Tidir. Dé vil koma godt til Lags, dersom dé ikkje kjem i Slagsmaal um Serspursmaal." Der vart Prat og Laatt; Frua skjenkte Vin; dei framande kom til Sæte; snart var Borde yviskipa, og so bar det inn i Matstogo, der Jolegrauten og Jolefisken stod og rauk i store Fat og "venta paa Folkehjelp". Presten las Bordbøni, som ikkje vart høyrd paa med vidare Aahug. Ragna og Balle sat mest og glytte etter Hauk; men Hauk glytte paa Ragna, og Frua saag paa Hans, um han hadde vaksi noko det siste Aare, og um han hadde komi seg i Hold og Venleik. Den som tala mest ved Borde var Hans. Hauk var heller faamælt. Presten spurde so smaatt etter um Utlandsferdi hans; han svara greidt, men stutt, og ofte i so sløgtenkte Ordelag, at det var vandt aa finne ut hans rette Meining. Kapellanen vilde òg gjerne høyre fraa Utlande. Koss stòd det til med Kristindomen i Frankrike? -- Aa, so ymist. Det var der som her: der var Folk av alle Slag. -- Men var daa ikkje Stormengdi ukristne? -- Aa, av upplyste Folk var det vel minste Flokken, som ein kunde kalle kristne. -- Men Live der nede? Var der ikkje svært med Rotinskap og Tuktløyse? -- Aa, naar ein rekna ifraa visse Lag, i visse Byar, so kunde det vel vera paa Lag der som andre Stadir. -- Jaso. -- Balle skjegla ustødt burt-paa Hauk og tala ikkje vidare med honom sidan. Daa dei kom fraa Borde vart det framsett Ettermat med Vin; Pipa kom og fram. Samrøda gjekk like radt; men det var enno Hans som svalla mest. Han var ein frisk, glad Gut; Mori sat og hugga seg med aa sjaa paa honom. Presten og Balle sat og røykte; glytte av og til burtaat Hauk, som sat noko ifraa ved eit mindre Bord og smaasvalla med Ragna. Prestane var meir tegjande, og Balle saag ut til aa like seg lite, alt um han prøvde aa tvinge SIDE: 5 seg. Hans forstod dette og lo. "Bry dykk aldri um Hauk," sagde han. "Han hev vori i Paris han, og lært Franskdom, so no likar han best Kvendelag; men berre bie eit lite Grand, so vert han snart norsk att, held seg til Pipa og Glase og læt Kvinnfolki hytte seg sjølve." Balle beit seg i Lippa; Presten smaa-mylte: "Ungdomen er meir bljug av seg her i Norig," sagde han. "Det er sant," tok han atti; "du hev vel lesi denne nye Novellen, "Virginia", som Folk hev venta so lengi paa?" "Virginia? -- huff! det er ei fæl Bok," svara Hans og smilte. "Fæl?" sagde Kapellanen frettande. "Det er ei Skandalbok! -- segjer Kristiania. Ho hev reist heile Byen aa Ende. Ho riv ned paa Ægteskape, segjer dei, paa Moralen, paa Samfunde ... eg hev aldri set Kristiania so moralskt som i desse Dagar." "Hm," sagde Balle, "Kristiania er i det store og heile ein moralsk By." "I denne Tid er han det! Den unge Diktaren er seld for Livstid. Mennane forbyd Kjeringane aa lesa Boki, og Kjeringane forbyd Døtrane det ..." "Og so les dei allesaman?" sagde Presten. "Javisst! Kjeringane les og blæs: pøh! den Diktaren kjenner ikkje Live! og Døtrane, dei vene smaa Englane, dei les og segjer: kjære, er det nokon Ting? Me hev daa lesi verre Bøkar enn den?" "Men so fortel kva Boki gjeng ut paa," sagde Presten. "Ho gjeng ut paa, at ... at gifte Folk skal elske kvarandre," sagde Hans fult. "Aa haa! -- den frie Kjærleiken!" ropa Kapellanen. "Javisst! den frie Kjærleiken. All sann Kjærleik er fri, segjer den Galningen til Diktar." "Høyrer De, Herr Pastor?" sagde Balle. "Vaare eigne Diktarar tek òg til no -- ; lat oss agte oss! -- So vedkjenner han seg vel den 'frie Tanken' òg daa?" spurde Kapellanen. "Det er greidt," svara Hans. "All Tanke er fri, segjer han. -- ikkje berre tollfri." SIDE: 6 "Han trur ikkje paa Gud naturlegvis?" "Eg tvilar paa det; men det var endaa ikkje det verste." "Ikkje det -- ?" "Nei; for det er mange i Kristiania som ikkje trur paa Gud. Men denne-her Diktaren trur ikkje paa Djevelen dessmeir!" -- Hans lo som eit Barn aat det Andlite Kapellanen sette upp; Presten saag strengt paa Hans, som no slo Augo ned og tagde. "Uvêre veks," sukka Kapellanen. "Diktarane vaare hev fyrr haldi seg reine for desse gudlause Tankane, alt um dei dessverre ikkje alltid hev havt det rette Syn paa Kristindomen, og serleg hev vori inne paa grundtvigske Vildringar; men no -- no ber det paa onnor Leid. Ser De Upprørsaandi, Herr Pastor? Høyrer De, kor dei riv og slit i sine Band og reiser Rygg mot alt som er høgt og heilagt, ja gjeng Storm mot sjølve Samfunds-Grunnvollane?" "Gud betre oss," sukka Presten; "det ser ikkje gildt ut. -- Er her noko nytt i Bladi?" spurde han, liksom til aa koma burt fraa denne Samrøda, som tydeleg tyngde honom. Hans sprang ut og kom strakst inn att med Avisur. Ei av desse var fransk; den valde han ut aat seg sjølv; Resten gav han Balle. "Ser du, Fâr," sagde Hans med ein Skulemeistarmine, "vil ein hava Politik, so maa ein aat Frankrike. All annan Politik er berre som eit Attergny av den. Frankrike er Europa, Frankrike er Verdi!" "Høyrer De, Herr Pastor?" sagde Balle, "høyrer De, kor den franske Aand tek til aa faa Magt? den franske Aand, som alltid hev vori eitt med Rationalisme og Revolution?" "Her er eit Stykke som vil gjera Herr Balle godt!" ropa Hans. "Det er ikkje godsnakkande og vide vasande som vaare norske Bladstykke; der er Eld og Brand her; du kjenner liksom knytte Næven attum Ordi, buin til alt dersom det knip. Slikt kallar eg Politik!" "Aa du er ein Galning," sagde Presten "Kom med det." SIDE: 7 Hans las upp eit Stykke mot dei prestlynde eller klerikale, og Stykke var svært radikalt. Det gjekk serleg ut um, at Prestane og Kristindomen maatte ut or Folkeskulen, so sant her skulde vera tenkjande paa sann Folkeupplysning. Kristindomen hadde gjort det han kunde gjera no; heretter laag han berre i Vegin. "Fridom og Sjølvmagt" var Hèr-rope for Mannsens Ætt; dei kunde vera fagre nok, mange av dei Draumane som den nye Tidi tvinga oss til aa sleppe; men Ljos og Liv og Sanning var daa tie Gongir fagrare enn alle Draumar. Kapellanen sat og mylte og saag i eit av dei norske Bladi. "Her stend det same," sagde han. "Nei, vel -- ?" "Jau, det same, -- og endaa ikkje det same. Det norske Blade hev stròki eller stellt paa alt, som handlar endefram um Kristindomen; Resten er likt." -- "Ha-ha-ha!" lo Hans; "for Lurifaksar!" "Ja dei er kloke som Slangar," sukka Kapellanen. "Her kann me daa tydeleg sjaa kva som under bur. Det er løynt burt i Politik; men Aandi kann dei ikkje dylja: det er just denne same franske Helvitesaandi, Upprørsaandi, Djevelsaandi, som reiser seg mot sjølve den lìvande Gud. Ser De det, Herr Pastor? Ser De kor heile denne Fridoms- Politiken, dei kallar, er bòrin og gjenomsyrd av den gudlause Upprørsaand? -- I Sanning, det vert meg meir og meir klaart, at det gjeld for oss Sions Vaktmenn -- no meir enn nokosinn fyrr -- at me vaka ... og beda." Presten sat og grunda. Han saag tyngd og sorgfull ut. Det vart for stilt for Hans; han sette seg burt til Hauk og Ragna. Kapellanen saag ut til aa like dette, og vart meir roleg. "Kjære Herr Pastor," sagde han um eit Bìl, "so sant som der skal vera Sanning i Arbeide vaart -- ja, dette Spursmaale dreg seg meir og meir inn paa meg -- , so sant der skal vera Sanning i Arbeide vaart: at me skal vaka yvi Guds Hus og Folk, -- kann me daa tegja og vera rolege, naar me ser ei Aandsmagt, slik som denne, koma dragande inn-imot oss, -- ei Aandsmagt, som so endefram er bygd paa Heidindomen og so klaart syner SIDE: 8 sitt sataniske Upphav? Hev me Lov til det? Kann me forsvara det for vaar Herre og Gud?" Presten tagde og tenkte. "Det er eit leidt Spursmaal," sagde han tilslutt; "vaar Herre gjeve oss Visdom!" "Amen," sagde Kapellanen. III. Det leid til Sengjetid; Balle gjekk. Dei tvo Studentane fylgdest upp-paa Soveromi sine; Presten var og med. "Du hev vaksi paa Utlandsferdi di," sagde han til Hauk, daa dei gjekk upp Troppi. "Kann hende," sagde Hauk. "Ja ja; det friskar aa koma ut," meinte Presten. "So vil eg òg avstad!" ropa Hans. "Du Villstyringen," sagde Presten; "du kom berre til aa fjasa deg burt du." -- "Aa, Live der ute kann nok gjeva Aalvor," meinte Hauk. Hans gjekk aaleine inn paa sitt Rom; Presten fylgde Hauk inn paa hans. "Fann du mykje der ute som kunde vera gagnlegt for Prestlærdomen din?" spurde han. "Aa -- der var visst nok aa finne." -- "Du vil vel halde Fram med Prestlæra?" -- Hauk tagde litegrand, saag so upp og sagde: "Nei." Det gav eit Rykk i Presten. Men han tok seg att. "Du tek ei ny Lære daa?" -- Hauk lika ikkje denne Frettingi; han visste ikkje kor Presten vilde av. "Nei," sagde han; "eg vert Bladmann." -- "Bladmann? ... Hm." Presten tagde; stod med Ljose i Handi og saag nedpaa det; Munnvikine hans skalv i smaae, uvisse Rykk. "Ja -- ja; ein Bladmann kann og gjera mykje godt ... naar han stend paa den rette Sida." -- "Visst kann han det." -- "Det er ... i eit liberalt Blad?" -- "Naturlegvis." Presten sette Ljose fraa seg; tagde; gjekk att og fram eit Bìl og liksom togg paa ein Tanke. Tilslutt kom det. "Høyr Hauk ... eit aalvorsamt Ord. -- Eg ser du undrast paa at eg er so spurvis; men ... det er ikkje so godt for oss her ute paa Lande; ein gjeng og ber paa SIDE: 9 so mangt og fær so sjeldan noko vita. -- Seg meg ... trur du, at denne nye Fridomspolitiken i Grunnen er ukristeleg?" Hauk drog umerkeleg paa Aksline. "Er det den norske Fridomspolitiken, De talar um?" -- "No ja, for det fyrste den ..." "Den norske Politiken naar ikkje so langt som til det religiøse Spursmaale," sagde Hauk. "Ein kann vera Fridomsmann i Norig um ein so er Mormon. Dei ymse Livstankar er skilde aat her. Folk er sundbytte i Smaabitar; dei trur eit, veit eit anna, vil eit tredje ... og so gjeng det alt ut i det gamle. For den Skuld kann De vera trygg, Herr Pastor, daa visst for denne Mannsalderen." Der var noko underleg kaldt yvi Mannen som han stod der, totte Presten. "Men," heldt han fram, "naar Politiken vaar veks og vert slik som ... ja, som du vil hava'n ... Med eit Ord: heile den nye Fridomspolitiken, den europæiske ... trur du den er ukristeleg?" Det var slik Uro yvi Presten, at Hauk laut mest læ, samstundes som han hadde vondt av den gamle Mannen. Han svara noko mildare: "aa, nei, -- ikkje ukristeleg. Han læt dei Spursmaali vera. Kyrkja skal vera for det ho er; Staten skal berre stelle med sine eigne Sakir." "Men Staten skal tyftast paa heidin Grunn?" "Paa sin eigin Grunn -- ja." -- "Hm. Ja-ja. Du fær orsaka. Det laag meg paa Hjarta dette; eg laut frette di Meining med. -- Godnatt!" -- Presten gjekk, seint, ustødt, i urolege Tankar. Han kjende seg kald og saar. Men Hauk murra noko for seg sjølv um Tronghausar og Nærsyn. Det vert nok ikkje greidt aa sleppe fraa desse gode Folk paa ein skikkeleg Maate, tenkte han. Den som endaa kunde ljuge! Men so kom han til aa tenkje paa Ragna att. Han gløymde Tronghausane og Politiken og Kyrkja og alt ihop. Ragna var vaksi upp til ei herleg Møy i dei tvo Aari han hadde vori ute. Han hadde lika henne fyrr; men no var det noko reint anna. Ho var hugtakande. Ho var eit Under. Han hadde set hundra og tusund, men ikkje ei som var so frisk og varm og rein og god, so SIDE: 10 elskeleg mild, so heilt ut Kvinne. Det var det same med alt; men henne maatte han hava. Han sovna blideleg inn, og drøymde at han bygde ei Kongsborg aat Ragna. Men Borgi vart til ei Kyrkje; og i Koren stod gamle Fâr hans og lyste honom i det store Bann, so det gjekk Torebrak uppunder dei høge Kvelvane. IV. Den Natti sov ikkje Gamlepresten stort. Han gjekk att og fram i Kammerse sitt og tenkte. "Naar det kjem til Stykke," sagde han til seg sjølv, "so hev nok Balle Rett. Der er noko illt og vondt i denne Tidsaandi. Der er noko djevelskt. Berre sjaa no som denne Eystein Hauk ... denne snilde, hyggjelege Guten ... han er ikkje attkjennande. Han er frosin til Is ... og hærd til Staal ... sleip og glatt som ein Orm ... Det stod slik Kaldhjelm av honom, at han gjorde meg reint sjuk. Ingin Respekt ... Gud veit korleis han enno kann halde fast ved si kristne Tru. -- Dei kallar det Fridom, Humanitet; men det er ikkje det; det er Hat ... Dei vil rive av seg alle Band, som Balle segjer, gjera Uppreist ... Uppreist mot alt som er fagert og godt, mot Gud, mot Trui ... Det er forskræmelegt! Og den frie Elsken ... den frie Tanken ... Kristindomen ut or Barneskulen -- nei! det er Fienden sjølv, som rasar. Fridomstankane i mi Tid, dei var ikkje slik. Dei var varme og fagre. Der var Hjarta i deim; dei gjorde oss gode og glade." Han skok seg, liksom til aa riste Kaldtokken av seg. Skulde ein tegja til slikt? Skulde ein rolegt sjaa paa at denne vonde Aand aat seg inn i Folke? Eller skulde ein som ein Guds Svein lyfte Orde og Anden sitt Sverd mot denne forgiftige Basilisken? -- Han las i Bibelen og i Luther. So stod han upp att og gjekk. Klokka slo Gong etter Gong; den gamle Mannen høyrde ikkje Klokka. Han tenkte paa det store Andsvare. Var det ikkje aa vanhelge Guds Hus og den heilage Stolen, dersom han SIDE: 11 drog Dagsens Staak og Strid derinn? Var ikkje han sett til aa vaka yvi Orde og Lærdomen, men ikkje til aa vera Domar i denne Heimsens Tvistemaal? -- Men Kyrkjefolke, den Kristi Brud som han skulde vakte, men som stod midt i ei vond Verd og tok Skade paa Sjæli, naar slike vonde Gustar bles? Skulde ikkje kvar Sjæl paa Domsdagen bli kravd av hans Hand? Og var den ein god Hyrding, som vel heldt Vakt mot Vargen, naar Vargen kom farande i sin rette Hám, men lét Augo att og tagde, naar han kom klædd i Sauepels og létst vera av det gode? -- Han las paa nytt i Luther. Tilslutt lagde han seg paa Kne og bad; bad lengi. So reiste han seg, saag audmjukt mot Himilen og sagde: "som du vil, Herre!" Han sette seg i Armstolen, trøytt men glad; so fekk han ein litin Blunder. Men snart graana Dagen i Aust, og han vakna. Daa det tok til aa ringje gjekk han aat Kyrkja; han var bleik, men roleg og mild. Bøndane saag paa han og helsa, djupare enn vanleg. Prestkona og Ragna kom ei Stund etterpaa; Hans og Eystein endaa noko seinare. Jolepreika var eldfull og god. Han tala um Englesongen "Fred paa Jordi". Dei hadde sjeldan høyrt den Gamle so gild. Men til Slutt kom det noko som vekte ymis Undring. "Kjære Kristne," sagde han, "korleis er det i vaare Dagar med Freden paa Jordi? -- Aa, mine Brørar, me veit det altfor vel. Freden er burte fraa oss; han er kvorvin; vonde Magtir rører seg i Tidi. Djevelen er ute og freistar paa nytt Lag Mannen til aa eta av Kunnskapstrêe og rive seg laus ifraa Gud. Agta deg, agta deg, kjære Brôr! Agta deg for dei falske Profetar, som forkynner eit nytt Evangelium og lovar deg "Fridom" og "Upplysning" og alt godt, ja lovar deg Gudeverd og Velde, naar du berre vil eta av det bannlyste Tre! Dei gjev seg ut for Faar, men dei er innvertes gløypande Ulvar. Dei lovar deg Fridom, men dei gjev deg Trældom, Syndetrældomen som er den verste Trældom av alle; dei lovar deg Sæld og Lykke, men dei stèl deg burt Praa honom som aaleine eia Sæle og Fridom for vaar arme Ætt. Dei SIDE: 12 lovar deg Tryggjing og Vernd mot alt Hardstyre og all Ovmagt; men dei gjev deg gladeleg i hans Magt, som er Fâr aat alt Hardstyre og all Urett, han, som er Manntynaren ifraa Upphave. Kjære Kristne! Lat oss vaka og beda! lat oss prøve Aandine, um dei er ifraa Gud! Lat oss stengje Øyro og Hjarto for dei falske Røystir og daarande Galdresongar, som lyder til oss fraa alle dei myrke Djuv og Avgrunnar i denne vonde Heimen! Lat oss ræddast for denne ville og syndefulle Fridomshug, som fraa Adam av hev vori den djupe og sanne Kjelda til all vaar Naud! Lat oss beda um "Fred paa Jordi"; for daa fyrst kann òg vaar gode Herre Gud hava Hugnad i Mannsens Ætt." -- Dermed slutta han. Hauk sat og beit seg i Lippa; han fekk vel fara sin Veg med same no, tenkte han. Det vart ikkje godt for honom aa vera i Prestegarden etter dette. Dessutan var det vel den Tullingen Balle som kom til aa vera Herre i Huse no. Hadde Gamlen tøygt seg so langt, so hadde han i Grunnen sleppt Taumen. Men so var det Ragna. Ragna maatte han tala med. Og so fekk det skure. Han fekk laatst som han ikkje hadde lagt noko Merke til Slutten av Preika; og gjekk ikkje det, so vart her vel alltid ei Raad til aa vride seg fraa det. Ein fekk i det heile venja seg til aa tegja her. I dette Samfunde var nok dette den einaste Utvegen òg, um ein vilde faa gjort nokon Ting. Han gjekk fraa Kyrkja att so snart som det paa rimeleg Maate lét seg gjera. V. Det var Middagslag i Prestegarden. Alle som kom takka Presten for den gilde Jolepreika; og serskilt vart det takka for den Slutten um Politiken. Balle kom med eit stort Høgtids-Andlit, bøygde seg djupt og takka Presten med høgt Mæle for at han so tydeleg hadde avsagt Freden med dei Helvites Aandsmagtir som i desse Dagar kom snikjande inn mot Kyrkja og Guds Folk. Tilslutt kom SIDE: 13 Futen, Herr Flint, kjend som gamall Fritenkjar og elles ei stor Vyrdløyse, farande i full Stas, flaug like paa Presten og takka honom paa same Maaten. "Desse forbanna Radikalistarne," sagde han -- han var fæl til aa banne, Futen -- "øydelegg alt for oss, baade Autoritet og Kultur og Autoritet og ... alt som heilagt er, so det var paa høg Tid at Herr Pastoren tok i. Eg hev tenkt paa det lengi. Det er Religionen og Kyrkja som skal berge oss. Me hev ikkje anna aa halde oss til; neigu um me hev. Difor hev eg alltid havt stor Vyrdnad for dei Ting. Takk skal De hava, Herr Pastor, og hald fram som De i Dag tok til. Det er paa Tidi, som sagt!" Han slo sine feite Hendar ihop so det klass. "Ikkje sant, Herr Kapellan?" -- han snudde seg til Balle. "Jau, i den Ting kann eg halde med Herr Futen," svara denne. Desse tvo kom no i Prat ei Stund; Presten tala med Bøndane og saag glad ut; so bar det aat Borde. Futen vilde straks til med Maten, og banna paa at det aldri fanst slik Mat nokon Stad som paa ein norsk Prestegard; so vardest han at dei hine sat og las Bordbøni, og so freista han aa gjera som dei. Hauk var i Beit med Laatten; for det høvde so uheppeleg, at Futen kom til aa sitja rett imot honom ved Borde. Men Futen "las", og las vel so lengi som dei hine; slutta so med eit halvhøgt "Jesu Namn" som var meint paa aa høyrast yvi heile Borde. "Ja, som sagt," tok han i; "Kristindomen er ein stor Ting, ei aalvorsam Sak. Det hev eg alltid sagt. -- Nei, nei, for delikat Supe, Frue! -- Kva meiner no De, Herr Hauk?" "Um Kristindomen? eller um Supa?" svara denne. "Um Kristindomen naturlegvis! for um Supa kann det ikkje vera meir enn ei Meining. -- Ah ! superb!" "Eg meiner det er best me held oss til Supa so lengi," sagde Hauk. "Ja visst," svara Futen; "men Kristindomen,det er ein vigtig Ting, og det gjeld um aa faa den Saki klaar for seg, som det stend i Avisa. Det er eit brenn -- hæ-hæ! -- eit brennande Spursmaal, ser De! -- Jamenn er det det." SIDE: 14 "Brennande Spursmaal duger ikkje til Maten," sagde Hauk. "Ja -- hm!" tok no ein av Storbøndane i; "det som er visst er, at her maa vera Orden i Lande; og skal me hava Orden, so maa me hava Kristindom; for miste me Kristindomen, so vilde heile denne raae og agalause Mugen reise seg, og so var det ute med baade Lov og Rett. Det vart reint raadlaust aa lìva paa den Maaten. Eg vil berre segja liksom naar Husmennane vilde gjera Uppreist mot Gardmennane ..." "Javisst!" skreik Futen, "dé gjekk fraa Gard og Grunn alle Mann! Høyrer De, Herr Student? Sjølve Aasrud med sin simple Menneskeforstand skýnar dette!" Hauk nikka og lo. Aasrud kjende seg Kar og heldt fram: "Og dersom desse Husmennane og Radikalane fekk Røysterett og kom paa Thinge, ja so Gud hjelpe baade Prestar og Kristindom og Øverheit og all Ting! Det var reint som i den franske Revolusjonen, det. Eg vil regtigt segja Presten Takk for dei gode Ordi han sagde i Dag, og eg tenkjer flest alle vil vera med paa dette." "Husmannane og?" spurde Hauk. "Hm -- ! ja ... Ja, dersom dei visste sin eigin rette Bate -- hm." Hauk glytte uppaa Presten. Denne sat tagall og høyrde paa, og saag ikkje lenger so glad ut. Stakkars Gamlen, tenkte Hauk; no er han komin i godt Selskap. Kapellanen tok Orde. "Hm. -- At Kristindomen er den einaste sanne Grunnvollen for all Folkelykke, det er det vel ingin her som tvilar paa." Han stana lite og saag søkjande burtpaa Hauk. "Me er alle av Naturen sjølvstyrne og sjølvlynde; og denne Naturens Vanart vilde fyrst rett syne seg, dersom me ikkje hadde den ævuge Sanning, Guds heilage Ord, som tuktar og agar vaar vonde Natur og lærer oss den store Kunsten aa bøygje oss, krossfeste vaar eigin Vilje, og vyrde den Rett og Skikk som Gud sjølv hev sett, baade i Kyrkja og i Borgarsamfunde. Berre slepp litegrand paa den Taumen som Sanningi til vaar SIDE: 15 Sæle hev lagt paa oss, og strakst ruser den gamle Adam fram som eit villt Dyr; og han er sterk i oss alle, ikkje berre i Husmennar og Smaafolk (Aasrud kremta); og dermed vil Samfundslive løyse seg upp i Sjølvsykje og Sjølvnytte og bellum omnium contra omnes, og i so Maate hev baade Futen og Herr Aasrud Rett i, at daa var det ute med Kulturen." "Bravo!" ropa Futen; "ja dei Teologane, dei kann leggje det ut. Naa, Student?" Balle heldt fram. "Eg veit nok, at her i desse Dagar er mykje Tale um Kultur, um Humanitet, og dilikt, og at den skal vera Grunnstøda for all Sæle paa Jordi. Men lat deim prøve! Lat deim prøve!" Han saag eggjande paa Hauk. "Kor hev dei det som skal aga den vonde Naturen og lære Folk aa bøygje seg for ein streng Moral, naar dei tek burt Kristindomen med dens høge sedelege Mynster?" "Ja, og so Helvite," tok Hr. Flint i; -- Balle Beit seg i Lippa. "Eg er ein gamall Mann, ein Mann med Røynsle, men det veit eg, at aldri skræmer du ein Kjeltring fraa hans Kjeltringskap, utan at du brùkar Helvite. Tukthus -- pøh! Slaveri -- visvas! Øks og Blokk -- hjelper ikkje! Det einaste som hjelper, det er den gnislande, gloande Elden. Den er dei rædde. Den vrid dei seg fyri. Ha-ha-ha, rimeligt nok! -- Men hadde me ikkje den, so hjelpte det korkje Lov eller Laas; dei kom til aa slaa oss ihel alle Mann og brenne oss upp med Parafinolje, liksom dei gjer der ned i dette Fillehole, det Paris; fy! -- Ja De, Student, De hev vori i Paris, De; De kjenner Krute, De! Aa, for Herk. Vulgus, profanum vulgus -- hm? er det ikkje so han segjer, denne gamle Filosoffen, denne -- hm! -- denne -- Cicero! javisst! -- Odi profanum vulgus, segjer han, d. e.: til Bloksberg med den Helvites Herkemugen! -- og det segjer eg med. Cicero, det var ein gild Mann." "Han var ikkje kristin," smilte Hauk. "Nei nei!" sa Futen, "men han var ... han var ... neivisst! -- men han var ikkje av desse nymotens Uppviglarar og Uppeglarar, desse som ligg og øser upp Herke og vil øydeleggje all Daning og all Kultur ... Nei! -- SIDE: 16 Men elles, som sagt, han var ikkje kristin, og difor var han heller ikkje so god som han kunde vori. Nei, daa var Luther meir til Kar. Luther ja? Kva sagde ikkje han? Dei Skarve Bøndane, sa'n! det Herke! sa'n; burde hengjast som Hundar! sa'n. Og gamle Fader Luther visste nok kva han sa. -- Ja det var Bøndar paa Lag som Jaabækbøndane her dette, Aasrud. Aa Takk for litt Steik, Student." Aasrud kremta; Kapellanen saag paa Futen med heller sure Augo. "Herr Futen hev no sin eigin Maate aa maalgreide seg paa," sagde han. "Eg legg no ikkje fullt so stort Lag paa den 'gloande Elden' som Herr Futen ("det gjer ikkje eg heller!" skreik denne), og finn paa ingin Maate at Læra um dei ævuge Straffedomane er det første i Kristindomen ("nei var det likt seg!" sa Futen); nei! det store i Kristindomen ligg paa andre Kantar, -- um sjølvsagt Læra um ein æveleg Pinestad høyrer med, og maa høyre med, um Kristindomen skal vera det han i Sanning er. ("So er det!" sagde Futen.) Det eg meiner er, at Trui allstødt maa vera Grunnlage for Moralen; og naar dei no vill byggje eit nytt Samfund utan Tru, so vilde eg nok gjerne vita korleis dei daa tenkjer aa faa Folk til aa lìva eit moralskt Liv." Kapellanen stirde paa Hauk. "Bit paa den, Kar!" sagde Futen; han sat og gnog paa ein Fugleveng. "Herr Kapellanen meiner," sagde Hauk, "at dersom han, t. D. no i Dag, kom til det at han maatte sleppe Kristindomen, so vilde han i Natt eller so brjote seg inn hjaa Herr Pastoren her og -- f. Eks. -- stela?" "Aa nei," smilte Kapellanen. "Um eg skilde Lag med Kristindomen, so skilde ikkje dermed den Lag med meg: han vilde all min Dag hava Magt yvi Tankane mine, endaa um eg sjølv ikkje visste eller vilde det. Men lat oss tenkje oss ei Ætt som var uppfostra reint utan Kristindom -- " -- "Berre med Humanitet" -- "Ja! just det. Lat oss tenkje oss ei slik Ætt ... og me hadde Anarkie og Kommunismen i Morgo." SIDE: 17 "Bravo," sagde Futen. "Det er sant," sagde Lensmannen "Trur kje De det, Herr Hauk?" spurde Futen. "Jau naar so mange gode Menn trur det -- !" lo Hauk; Kapellanen hardstirde. "Lat oss no ein Gong beint og greidt høyre," sagde han, "kva De, Herr Hauk, meiner um dei Ordi, Herr Pastoren sagde i Dag?" "Eg?" sagde Hauk; "eg meiner som min gode Ven Futen, at det er paa høg Tid, Kyrkja tek i no, um ho tenkjest til aa kunna halde Fridomsstræve nede." " -- Fridomsstræve," hermde Kapellanen; "det er ikkje Fridomsstræve, Kyrkja vil 'halde nede', tvert imot; Kyrkja er sjølv Beraren av den sanne Fridomstanken. Nei; det er Upprørsstræve, me vil stride imot, Stræve etter aa rive alle Reip og brjote alle Band, Stræve etter aa velte all Lov og sprengje all Moral, etter aa faa gjort Mannen til Gud og Gud til inginting, -- det er det Stræve, me vil 'halde nede'. Og eg vil sjaa paa den kristne, som ikkje er med paa det." "Det vil eg med!" ropa Futen og dunka i Borde. "Kristindomen hev alltid stadi paa den gode Sida; og det maatte vera ein laak Kristmann som ikkje vilde vera med paa aa tyne ned dette Herke som ligg her og skrik og vil øydeleggje Kulturen og gjera seg sjølv til baade Konge og Gud i denne fille Verdi, som jagu er stusleg nok fyrr. -- Er ikkje De kristin, Herr Hauk? De, som er Son av Provsten? -- Ja den Provsten, De! det er vel noko til Mann! ein Aristokrat, De! og so stød! Skaal for gamle Provsten Hauk!" -- "Skaal!" -- "Hm -- ja," tok no Balle i, "eg vil ikkje spyrja Herr Hauk, um han er kristin; for det er ei Samvitssak, som Herr Hauk fær avgjera millom seg sjølv og Gud; -- -- men det maa eg segja, at etter det som Herr Hauk her hev sagt, eller kanskje rettare -- ikkje sagt, so kunde ein nok koma til aa tru, at han ikkje er so varm i sin Kristindom som det samer seg kvar kristin aa vera, men daa i Vissa ein Teolog." Balle augnefeste Hauk skarpt under dette. SIDE: 18 Hauk smilte. "Eg er vel alltid likso varm i min Kristindom eg som .... ja à propos, Fut! er De kristin?" "Eg -- ? hm"; Futen lagde Fingren paa Nosi og saag djuptenkt ut. "Ja det er som ein tek det til, det. Hm! -- Ser De, Herr Hauk -- : kristin og kristin, det er mangeslags Ting, det; og det er mykje til Skìl paa aa vera kristin som Prest og aa vera kristin qua Fut." Her lo alle, tilmed Kapellanen. "Ja ja!" ropa Flint, "men det er sant! Skulde ein Fut taka Kristindomen paa same Maaten som ein Prest, kor gjekk det daa med Skatten? -- Nei, ser De; kvar Skomakar skal vera ved sin Leist, og kvar Fant i sin Fjordung. Men De, Herr Hauk, som er Teolog, og Son aat Provsten ... ja, som Herr Kapellanen sagde, eg vil ikkje spyrja beintfram um de er kristin; for det er ei Samvitssak, som Kapellanen sagde; men eg vil segja som Kapellanen, at etter ymist av det som De ikkje hev sagt, so ser det ikkje ut til at De tek Kristindomen som ein Teolog bør taka 'n, og serleg ikkje som vaar gode Vert, den høgvyrde Herr Soknepresten, tek 'n. Og naar De ikkje gjer det, so blæs eg i heile Kristindomen Dykkar -- um eg so maa segja." Presten, som vart rædd at her kunde bli for mykje Disputats, gav seg i Drøs med Futen og fekk lempa han inn paa mindre faarlege Emne. Frua hjelpte til paa sin Maate og dei unge paa sin, so at snart vart Samrøda som ho kunde høve ved eit Middagsbord. Med Studentane tenkte Presten at han fekk tala sidan um Preika si i Dag; han skyna no, at i alle Fall Hauk maatte ha mistydt ho noko. VI. Ut paa Ettermiddagen sat dei tvo Studentane saman paa Gjestekammerse. "Ha-ha," lo Hans, "du var strid med Kapellanen i Dag." "Pøh, den Idioten!" svara Hauk; "han skulde havt meir." Han treng visst alt han kann faa," svara Hans, "endaa han meiner det nok ærlegt." Hauk vreid paa seg. "Naa ja; nok um det," sa han. "Men det er sant, du: eg reiser i Morgo." -- "Er du rusk?" -- "Eg maa heim til dei gamle. Grunnen til at eg tok SIDE: 19 inn um her ... ja den veit du vel ikkje?" Hans mylte. "Ein hev alltid sine Tankar," sagde han. Hauk kjende han vart raud; stod upp og tok ei Vending att og fram paa Golve. "Ja-ja" sagde han; "det ligg no ikkje so langt av Leid." Hans vart med ein Gong aalvorsam og treiv Hauk i Handi. "Kjære Vén!" sagde han, du veit ikkje kor glad eg vilde vera, um det vart av." Hauk gav 'n Handtake att; "den som visste kva ho tenkjer?" -- "Du fær spyrja," sagde Hans. "Og kann eg vera deg til Hjelp, so veit du eg vil." -- "Ja; eg maa tala med henne," sagde Hauk. "Det er lett gjort," meinte Hans; "me fær henne med oss ut paa ein Tur ... eg gjeng med eit Stykke, so lengi til eg tenkjer du hev studera Friartalen -- ha-ha-ha! det skal strakst vera gjort!" Han flaug ut. Det kom braadt paa, dette, for Hauk; han rette seg upp og saup etter Anden. "Aldri i mine Lìvedagar hev eg vori so rædd!" -- -- Men nede i Stogo sat Kapellanen og tala med Presten "Me skal ingin døme," sagde han; "for Gud aaleine kjenner Hjarto. Men det maa eg segja, at eg hev mine store Tvil um den Mands Kristintru. Eg hev lagt Merke til honom, og serleg no ved Borde idag; og den Maaten han vrid seg fraa allting paa, er meg -- mildast sagt -- mistenkjeleg. Dessutan, alt det Lag han legg paa "Kulturen", og "Humaniteten" ... Ja det er ein saar Tanke. Men eg kann ikkje verja meg for aa tru, at han der ned i dette nye Babylon, dette Paris, hev komi burt fraa sin Barndoms Gud og hev lært aa bøygje Kne for den store Skjøkja som dei no kallar den frie Tanken." "De er for streng, Herr Kapellan," sagde Presten. "At ein Ungdom som han kann koma til at tvila paa eit og anna, og for eit Bìl kann bli rìvin med av ein Tidsstraum, som ber burt ifraa Barnetrui -- naa ja, slikt hender so mange i den Alderen. Eg kann hugse eg sjølv var ille ute eit Bìl i dei Aari. Den Gongen var Rasjonalismen uppe; drogst med Dauden, men var uppe; og eg maa med Skam segja, at eg ... lét meg rive langt med. Det var ikkje langt ifraa at eg leid Skipbròt paa Trui." Den SIDE: 20 gamle Presten rugga stilt paa sitt kvite Hovud. "Men daa eg vart eldre, og fekk lært meir, og saag kor dette bar av, so kom eg snart etter, at her hadde eg vori paa ville Vegar, og so fekk eg Naade til aa snu heilt um og attende til mi gamle trygge Barnetru. Og so gjeng det med alle; daa visst med alle aalvorsame Naturar. Ungdomen maa rasa, som Luther segjer; den eine fær det paa ein Maate, den andre paa ein annan. Hauk som er ein tenksam, aalvorsam ung Mand, hev vel fenge det med Tvil. Men Vaarherre vil hjelpe honom. Han hev ei god, kristeleg Môr, som bed for honom; Gud held si Hand yvi slike. Lat han tumle seg ei Stund paa dei ville Vegar og sjaa kor langt han kjem; sistpaa vil han, som den fortapte Sonen, koma i Hungersnaud; men daa kjem dei varme, ljose Barneminni upp i honom og dreg honom heim att." "Det bør me vone," sagde Kapellanen. "Men Herr Pastoren fær tru meg eller ikkje tru meg: her er knapt Tale um Tvil, av det Slage som nokon kvar kann hava kjendt i si fyrste Tid -- for Kristindomen hev alltid vori Jødane ei Forarging og Hellenane ein Daarskap -- ; men her er det ein Mann som -- ja, eg ræddast for det -- med fullt Medvit hev sleppt Trui fraa sjølve Grunnen av, og som hev vendt seg heilt til dei nye Kjeldur etter Visdom og Livsforklaaring. Ein tvilande, søkjande Mann vilde aldri sitja med slik ein Kaldflir og høyre paa ei Samtale som vaar ved Borde idag; og han vilde ikkje taka det me der hadde uppe som Moro. Han viste der, at han var stød i sitt; og det var ikkje Kristindomen, han var so stød i; for daa hadde han -- tala ut." Presten tagna og tenkte. Det kom Sorg yvi Aasyni hans; tilslutt kviskra han som i Sjølvgløyming: "stakkars Gut!" "Ja stakkars Gut!" tok Balle i so Presten kvakk. Og Kapellanen heldt fram med ein Smil, som var meint paa aa vera sorgfull: "i Grunnen hev visst Herr Pastoren teki den same Tanken som eg?" -- "Nei, nei," stota Presten hastigt, -- "nei; men eg tenkte paa ein litin Samtale eg hadde med honom igaarkveld. Naa ja! Med Guds Hjelp kjem han seg nok. -- Lat oss minnast det SIDE: 21 Frelsaren segjer: døme ikkje ... Det er berre ein som kjenner Hjarto." Presten stod upp og gav seg i Drøs med Klokkaren. Balle tok Lag med ein Lærar, og snart hadde alle Lærarane samla seg um honom. Han sat og lagde ut um den sanne Fridomen; og Lærarane totte han tala merkeleg godt. VII. Hans hadde Rett: Ragna var glad i Eystein. Han hadde vaksi; han var ein Mann. Ho tottest sjaa honom som han kom inn der gjenom Døri um Jolaftans Kvelden: høg, rak, fast i Vokstren, lett og stød paa Foten, fin i alt sitt Lag; slik som han kunde helse, og so mykje som han kunde faa lagt i ei slik Bøygjing, og i kvar Rørsle, det hadde ho aldri sétt Make til. Og slik ein Kar aa tala med! Han tala lett og stilt, men so klaart at ein høyrde kvar Stavelsen. Og han hadde meir aa tala um enn andre. Ragna hadde aldri havt slike Stundir som den, daa han sat der og svalla med henne igaarkveld. Han samanlikna den franske og den kristianiensiske Kvinna; det var skjemtande og fullt av fin Spott; men der var òg noko aalvorsamt under, som friska henne upp og styrkte henne i aa tenkje fint. Det var ulikt alt det som ho var van med. Og serleg ulikt det ho høyrde av Balle -- Balle! uh; det var Synd aa nemne honom same Dagen som ein nemnde Hauk. Elles forstod ho snart, at Balle var etter honom og vilde paa einkvar Maaten setja 'n i Beit; og ho lo med seg sjølv aat dette. Ved Borde sat ho og var stolt av aa sjaa, kor fint han visste aa halde alle desse Heimalingane ifraa seg. Kristin! -- Balle vilde faa honom til aa ikkje vera kristin! -- Haa; han var visst betre kristin enn alle ihop; men hans Syn paa desse Ting var nok for høgt for Balle; det skulde ingin undrast paa. Det einaste ho ikkje kunde skýna var, at Fâr hennar saag ut til aa vera uroleg. Skulde Balle ha indbillt honom noko slikt? SIDE: 22 Enn um Hauk og den gamle vart Uvénir? Ho kvakk ved denne Tanken. Men den Tanken vekte andre; og rett som det var blenkte det upp for henne at ho elska Eystein Hauk. Ho vart sprut-raud og ør og smaug av inn paa Kammerse sitt, bljug og liksom rædd, men samstundes glad, stolt ... Det var som Døri inn til Live lét seg upp for henne; og no stod ho der, skjelvande, sæl, uroleg ... Tankane fór og kom som fljugande Fuglar. Den eine gjorde henne varm, den andre gjorde hende kald. Ho glytte bljugt inn i Spegilen. Var ho fager -- ? Ho hadde sùmetidir trutt det. Kunde han som hadde sétt so mange -- ? Ho vart skamfull; torde ikkje sjaa seg sjølv i Augo, men glytte upp paa Skakke -- : var ho fager? -- Det gjekk som ein kald Styng gjenom henne ... ho hadde i Grunnen trutt ho var fagrare. Ho slo Augo upp og saag betre etter. Nei, uff ... Med det same saag ho seg sjølv i Augo og vart uendeleg skamfull. Rømde fraa Spegilen; seig ned i ein Sofa. Uh! Hadde han set henne no, so hadde han ... -- han, som visste so godt aa gjera Narr av alle Dame-Grillur. Dessutan ... han som hadde sétt so mange ... so mange fagre og fine ... dei fagraste og finaste i Verdi ... Ho lurde seg so smaatt burtimot Spegilen att. -- Innbille seg slikt! det var ein Daarskap so umaateleg. Lat meg sjaa vel etter kor stygg eg er, so kjem eg vel burt ifraa slike Tankar. Glytte so inn i Spegilen att, rædd, bljug. Hm, stygg .... Berre ho ikkje hadde sétt so lite klok ut! Og dersom ho hadde havt det Haare uppsett paa Folkevis! og ein finare Kjole ... Han som var van med aa sjaa dei finaste Klædningar ... Ja den som hadde slik Stas som dei der ned i Paris! -- Ho var uppi eit Kav som ho aldri fyrr hadde kjent, og kunde ikkje faa Tankane fraa seg. Ho hadde eit langt, langt Ordkast med seg sjølv, um det var rimelegt eller urimelegt at han brydde seg um henne. Sjølvsagt var det urimelegt, -- reint urimelegt; men lengst inne hadde ho likevel ei løynleg Von ... No sette ho seg fyri at ho vilde vera kald og roleg; Gudskjelov, at ingin visste SIDE: 23 noko; og ingin skulde faa vita noko heller. Slike Ting fekk ein gøyme og ... naa ja, det vart nok best ... gløyme. I det same kom Hans. "Er du her?" sagde han. "Kor kann du finne paa aa gøyme deg av, naar me hev Framandfolk? Kom no og ver med paa ei Utgonge. Hauk vil sjaa Landskape i Maaneskin -- ha! ha! Romantiken er seig! -- og me lyt vera med og halde Lag. Kom no!" -- "Ja ja, eg kjem," sagde ho; Hans høyrde at ho dirra i Maale. Han gjorde eit Kast paa seg, lo høgt og flaug. Ho stellte seg; snøgt, med skjelvande Hendar. Tenkje kunde ho ikkje; ho visste berre det, at no skulde ho faa sjaa Hauk og høyre honom tala. -- Dei gjekk Vegen burt-etter inn gjenom Skogen. Der var so stilt og fint. Alle Greinir og Kvistir var klædde i fjørlett kvit Mjøll; dei saag ut som bygde av Ljos; Maaneskine braut seg vent og sylvglitrande i alle dei Millionar av ørsmaae Is-pilir, som laag straadde yvi Barnaaline. Det var frisk, god Frostluft. Vegen laag uppkøyrd og glatt og glinsande kvit burtgjenom Skogen i smaae Bakkedrag. Her var vent. Men Hauk saag det ikkje. Og Ragna saag det ikkje heller. Hans var den einaste som tala. Og han var den einaste som høyrde paa òg. Dei tvo andre hadde nok med seg sjølve. Hauk gjekk og glytte burtpaa Ragna og kjende ein forunderleg Age for denne unge Gjenta. Han trudde knapt han kunde faa seg til aa tala um Elsk til henne. Ho var so reint av eit anna Slag enn dei han elles hadde kjent. Her var ei Uskyld so uendeleg; det var Synd aa trengje seg inn i eit slikt Paradis. Men samstundes kjende han, at henne var det han maatte hava. Han elska reint ut romantisk. Aa tenkje seg Live utan henne var som aa tenkje seg aaleine upp aa ein endelaus Isbrede. Ragna tenkte ikkje. Ho høyrde Foten hans knirke i den frosne Snøen; ho visste, ho kjende, at han gjekk her jamnsides henne; og ho livde i denne eine Kjensla. Ho torde ikkje minnast attende, ho torde ikkje tenkje fram; men ho hadde nok med dette. Ho kjende seg so SIDE: 24 trygg, so varm. Ho vilde ynskje at dei kunde gange slik saman til Heimsens Ende. "Ja no skal dé ha Takk for meg!" sagde Hans. Ragna og Hauk skvatt upp -- : "kvar vil du av?" -- "Eg vil upp til Gro, gamle Gro, Kjærasten min! Ho fortel meg Jole-Eventyr, dei same ho fortalde meg, daa eg var litin; og so gjev ho meg Graut. Nei! eg vil ingin hava med meg; gamle Gro er bljug, ho; ho vil ikkje vìta av nokon Tredjemann. Ha-ha-ha! Godkveld, godt Folk!" -- Han var alt avsynes inn i Skogen. "Er me alt komne so langt," sagde Ragna noko tryllt, "so er det best me snur." Ho snudde; Hauk med. No galdt det; Stundi var komi. Men Frøken Ragna var ikkje som andre ... Ragna hjelpte honom. "Han hev so mange Paafund, Bror min," sagde ho. "Denne Gro er ei gamal Husmannskjering, som ikkje just hev noko godt Ord paa seg; men ho er god til aa fortelja Eventyr, og det er Hans glad i. Han skriv dei upp og meiner at dei inneheld all Verdsens Visdom. Det er meir Filosofi i eit einaste Eventyr enn i heile Monrads Kompendium, segjer han." -- Hauk fylgde ikkje heilt med i det ho sagde; men han svara paa eit Raam: "Romantik, Frøken! Det er ingin som trur paa slikt meir." "Nei, det vil eg tru," sagde ho. No maatte Hauk freiste aa halde Samrøda i Gang, og so dreiv han paa som det kunde falle. "Det hev vori drivi Avgudsdyrking med desse 'folkelege' Ting," sagde han. "Naar alt kjem ihop, so er desse gamle Greidur berre lægre Formir av det, som sidan hev vaksi seg meir fram og klaarna seg meir av, og som me no kallar Kultur. Det folkelege hev historisk Forvitinskap, liksom naar ein studerar utdøydde Dyreslag; men aa vilja reise det 'folkelege' til Liv att no er som aa vilja vekkje uppatt Mammutdyre og Mastodonten. Me maa lìva paa dei Vilkaar som Tidi byd oss. Og Live er ikkje laakare no. Det er mindre stort -- kann vera! men det er finare, klaarare, rikare. Ein Elskar i vaar Tid drep ingin Drake, og fer ikkje til Nedreheimen og krev Gamle-Erik etter Skatten; men hans Kjærleik er likevel meir verd enn SIDE: 25 denne gamle ... Held De av dei gamle Tidir, Frøken?" -- "Nei," sagde ho fast; ho forstod at han ikkje heldt av deim. Men ho vart raud i det same -- : "ja det vil segja ..." sagde ho. "De held av dei store Kjempur," sagde Hauk med ein Smil. Ragna hadde lika dei store Kjempur; men no kunde ho sjølv ikkje forstaa det. "Ja ja," sagde han; "det er naturlegt. Det store dreg. Og paa Fraastand kann det sjaa vent ut. Men tak ein av desse Riddarsmenn slik som dei var, -- og eg vaagar at De likso lite vil like honom som eg vilde like Dronningi av Saba." Ragna tagde. Hauk heldt fram; no kunde han vel snart koma inn paa det han vilde tala um. "Det er i vaar eigi Tid," sagde han, "at me lyt sjaa oss um etter vaare Mynster, liksom det er i vaar eigi Tid me lìver. Det er vaar eigi Tid som krev vaar Kjærleik, av di det er den som krev vaart Arbeid. Den som elskar maa arbeide, den som arbeider hev Rett til aa elske ... De skýnar meg visst ikkje?" -- "Knapt nok," svara Ragna. Dei saag Prestegarden eit Stykke framme; Hauk kvakk: No eller aldri! tenkte han. "Ser De, Frøken," tok han i; Mæle vart ustødt; "ser De, Frøken, eg er ein slik Mann som hev sett meg fyri aa arbeide, og arbeide paa dei Vilkaar som Tidi byd ... Det er harde Vilkaar, helst her hjaa oss. Ingin Mann held ut, naar han ikkje hev Studning og Styrkjing i heil, ærleg Kjærleik" ... Ragna vart rædd, glad, ør; ho skalv for at det skulde koma som ho helst i Verdi vilde høyre ... skalv og bøygde av. "Vilkaari er visst ikkje lette," sagde ho med tilgjord Ro; -- "alle segjer at Tidi er vond; Trui er i Nedfall; her er Strid og Uro i alt; so høyrer eg dei segjer ... og det er sant, veit eg?" Hauk kvakk upp som han hadde sétt ein stupande Avgrunn gapa fram nedfor Føterne sine. Dette hadde han ikkje tenkt paa! Kvar i Verdi hadde han havt sine Tankar? Kor kunde han, med sine Meiningar, vilja gifte seg med ei Prestedotter? Kva Rett hadde han, Kjættaren, til aa draga denne Gjenta inn i sin Strid? Og kva vilde han med SIDE: 26 ei Kone som ikkje forstod Tankane hans, ja som livde i Rædsle og Hat mot det han heldt for sant? Han fraus; det lagde seg som ei isande Skodde for Bringa hans. "Med mine Meiningar," tenkte han, "er eg rettlaus; utlæg ... fredlaus som Kain ... kvar som finn meg kann slaa meg ihel. Kor kunde no eg tenkje paa Kjærleik og Livsglede?" Han kjøvde ned ein Sukk; det høyrdest som han svelgde Graaten. Ragna undrast paa at han vart so tagall. Hadde ho sagt noko som -- ; hadde han trutt at ho ikkje vilde høyre Tale um Kjærleik? -- det sveiv rundt for henne. Ho vart rædd; det galdt Live ... -- "Frøken," sagde Hauk med eit kaldt, underlegt Mæle. Ho skalv. "De fær prøve aa ... ikkje undrast paa meg. Eg er ... under serlege Vilkaar ... eg hev vori tankelaus ... og eg kann ikkje forklaare meg. Eg er slik stadd at eg ... berre hev ein Ting aa segja Dykk no ... og det er Farvel. Kva De tenkjer veit eg ikkje; De skal heller ikkje vita kva eg tenkjer ... men ver sæl! sælare enn eg kann bli. Farvel, Frøken! Gløym denne Kvelden. Takk for dei Stundine me hev vori i Lag. Eg maa reise i Morgo; kannhende ser eg Dykk ikkje, fyrr eg fèr. Farvel!" Dei var heime. Han sprang upp paa Kammerse og slengde seg i Sofaen. Kaldt og aalvorsamt tenkte han igjenom alt. "Ja ja," sagde han og reiste seg, "her er ikkje Raad. Eg maa segja Farvel. Og no kann eg vera sterk. No hev eg ikkje meir aa tapa." Han gjorde seg hard og gjekk ned i Stogo; Prestefrua kvakk, daa ho saag kor bleik han var. Var han sjuk? -- "Nei," svara han. "Det er berre so vondt, at al Joletid so snart fær Ende." Morgonen etter reiste Hauk. Presten var leid for dette, ja mest vond; Frua lika seg ikkje heller. Men ho hadde sine eigne Tankar, og tagde. Hans var uppi Under, av di Hauk ikkje hadde gjort det av med Ragna. "Du hadde fengi Ja paa fyrste Orde, Gut!" sagde han. Hauk smilte saart. "Aldri eit Ord meir um det," sagde han, og reiste. SIDE: 27 VIII. Otte Dagar etter stod det ei Brevsending i eit liberalt Blad, der det var gjort stride Innhogg mot Prestane. Dei var Ufridomsmenn, og maatte so vera. Til Døme og Prov var det sistpaa fortalt um Jolepreika aat Presten Vangen. "Denne Mannen hev fyrr liksom gjølt for Fridomsflokken," stod der. "Men no, daa det tek til aa verte Aalvor, no vert Presten rædd og slengjer ut Bannstraalen. So lengi Fridomen er berre ein fager Draum, so kann Presten nok vera med; men prøver ein aa faa Tanken inn i Live, so vert det Djevelskap og Upprør. Det kunde vera til Mein for Prestegryta, maatru, og røre ved "Pavekruna". For Skilnaden millom den, katolske Kyrkja og den lutherske Rikskyrkja er ikkje den, at den katolske hev ein Pave og den lutherske er pavelaus; Skilnaden er, at den katolske hev ein Pave, men den lutherske Rikskyrkja mange." Tilslutt kom det ei Innsmøygjing um, at det visst mindre var Presten enn Kapellanen -- "eit ægte Pave-Emne av den nye Pietistskulen" -- , som hadde Skuldi for det som var sagt i denne Jolepreika. Blade med Brevsendingi kom til Prestegarden og vakte stort Uppstyr. Presten vart mest ør av Harm, ikkje minst yvi det siste. Alle i Prestegarden var støde paa, at Brevsendingi maatte vera fraa Hauk. Balle drog paa Aksli og sagde: ser De no at eg hadde Rett?" -- Hans var reint utav det; han svor "per Stygem og alt stygt", at han aldri vilde hava noko med den Mannen aa gjera meir. Og det skulde ikkje Ragna heller, lova han med seg sjølv. Men Ragna var den som tok tyngste Støyten. Ho hadde i det heile ikkje havt det godt i denne Tid. Hauks Framferd mot henne hadde vori saa underleg, at ho var reint uppkava av Tvil um hans rette Meining. Og denne Tvilen gjorde at ho elska meir og meir; men di saarare vart Tvilen. Ho kunde ikkje tenkje paa anna enn dette. Det som hadde haldi henne uppe var den Voni lengst inne, at han nok likevel heldt av henne. Men so kom dette Blade. No var det greidt at han ikkje brydde seg um henne. Hadde han gjort det, so hadde han ikkje fari so stygt SIDE: 28 mot den gamle gode Fâr hennar. Det var tydelegt, at Framferdi hans mot henne ikkje hadde vori anna enn Fjas. Han kom fraa Paris; han hadde lært aa sjaa paa Kvinna som paa eit Leikverk; og no hadde han havt Moro av for ein Gongs Skuld aa gjera lite Kur til den stakkars Prestedotteri paa Lande. Aa, som desse Tankane skar og sveid. Og kor ho skjemdest og kjende seg avvyrd. Det var so det brann for Bringa. Og ho kunde ikkje koma fraa det. Ho gjekk og reiv seg upp med det allstødt; det var som ho hadde sitt Liv i denne Sjølvpining. Den einaste Kvild ho hadde var naar ho fekk graate. Ho var i Grunnen paa god Veg til aa sleppe Vite av Sorg. Ein Dag hadde ho so nær misst det av Glede. Hans kom stingande med eit Brev til henne; det var fraa Hauk. "Eit einaste Ord, Frøken," stod der, -- "orsaka at eg er so djerv; men De skal vita det. Det er ikkje eg, som hev skrìvi det Breve i "Framgang" um Prestane og Politiken. Eg veit visst at det hev vori dei som hev sagt Dykk, at det var eg; men eg tòler ikkje at De trur slikt um meg, og difor skriv eg dette." Breve var ikkje lenger. Men likevel vart ho so ør av Glede, at ho i den Ørska flaug like inn til Far sin paa Kantore og ropa i full Jubel: "det er ikkje han, Fâr, det er ikkje han!" -- Presten skvatt upp og stirde handfallin paa henne. Daa kom ho til seg att, hugsa kvar ho var, hugsa at ho stod der med Breve i Handi, hugsa kva Fâr hennar maatte tenkje ... vart raud som Blod og sprang sin Veg. "Men -- , Ragna!" ropa Presten. Ho høyrde ikkje, flaug, flaug som ein Tjuv, ende til Skogs, og kom ikkje heim att fyrr langt paa Kvelden. IX. Det var ein som hadde lagt Merke til, at ikkje alt var som det skulde vera med Ragna no i seinste Bìle, og det var Balle. Han hadde lika Ragna; for ho var fager og saag ut til aa vera vitug og god; og han hadde so ymist tenkt SIDE: 29 paa aa gifte seg med henne. Men no saag han vel, at ho var hùgbrigd; og han tottest ikkje tvìla paa, kva det var som var komi i Vegen. Det var greidt at det var Hauk som hadde tryllt den stakkars Vækja. Hauk, den gudlause, kaldkloke Spottaren. Men var det so, daa galdt det i Sanning um aa verja den stakkars Ungmøyi, fyrr det vart for seint. "Det fær gaa som det kann med meg," tenkte Kapellanen; "men ho maa ikkje bli øydelagd." Han kjende seg sterk og rein i denne Tanken og strauk strakst avstad til Prestegarden. Det var same Dagen som Ragna hadde fengi Hauks Brev. Han gjekk inn paa Kantore. Der fann han Presten drivande att og fram paa Golve, med Uro og Sorg i alt sitt Lag. Hans var inne; han sat med eit Brev i Handi og saag ut som han hadde fengi Vondord. "Goddag," sagde Balle. "Aa Goddag, Goddag," svara Presten. Her er noko tids, tenkte Balle. "Sjaa og finn Sæte," bad Presten; dei sette seg. Hans vilde gaa. "Ver heller inne," sagde Balle. "Det er sùmt eg vilde tala um." Hans sette seg. Presten stirde uroleg paa Kapellanen. "Hev de lagt Merke til Frøken Ragna i seinare Tid?" tok Kapellanen i med stort Aalvor. Det var liksom Presten vart endaa kvitare. 'Hev han òg teki den Tanken?' sukka han. "Ho er hùgbrigd," sagde Kapellanen. "Finn De det?" spurde Presten. "Ja. Ho er uroleg; ho bleiknar; ho gjeng som i Draumar. Ho var ikkje soleis fyrr." Presten tagde. Han hev sétt gløggare etter enn eg, tenkte han, halvt i Mismod, halvt i Forundring. Balle heldt fram: "um eg ikkje tek imist, so er dette Umskifte komi paa no nyleg?" Daa Presten tagde, vende Kapellanen seg til Hans. "Herr Kapellan," sagde denne, "eg visste ikkje at De høyrde til Huse." "Grunnen til at eg spør so fritt," sagde Balle, "er ingin personleg. Men det maa eg segja, at er det som eg tenkjer, so vilde den Dagen daa Herr Eksteolog Hauk steig inn her, vera ein tvifald usæl Dag for denne Garden." Kapellanen saag strengt paa Hans. SIDE: 30 "Hev De Grunnar for den Mistanken?" spurde Hans noko ustødt. "Veit De verkeleg ikkje det, at han er Fritenkjar?" svara Balle hardt. "Nei," sagde Hans. "Daa er De saklaus -- i so Maate. Men De burde visst det." -- "Det var ikkje so godt aa vìta," sagde Hans ustødt. "Hm," sagde Kapellanen; "gjeng han f. Eks. i Kyrkja?" -- "Nei, det er sant; men -- " "Talar han anna enn vondt um oss Prestane?" -- "Sjeldan; men ... Eg tenkte det kom seg av, at han hadde liksom eit høgare Syn paa desse Ting ..." "Ja ser De, me skal agte oss for desse Folk som hev slikt eit 'høgare Syn'," sagde Kapellanen og drog paa Munnen. "Kristindomen krev Einfald, den; dé skal vera som Borni! segjer Frelsaren; og ein annan Stad segjer han: Sanningi er opendaga for dei umyndige, men løynd for dei vise. Er det ein som hev det med 'høgare Syn', so segjer eg: lat oss agte oss!" Hans saag ut som um han gav seg for ein sterk Logik. "Eg hev vori tankelaus," sagde han; "men eg skal agte meg betre heretter." "De kann takke Gud, for De er sloppin fraa den Karen," svara Balle mildare; "for eg kunde godt høyre at De i ymse Maatar var fengd av Tankane hans." -- "Eg leika med Elden," svara Hans angrande. Den gamle saag upp og gav Son sin eit kjærlegt Augnekast. So sagde han mildt: "eg tenkjer med Guds Hjelp, at me skal sleppe fraa den Karen alle. Kor gali det enn kann sjaa ut med Ragna, -- eg trur daa ikkje ho hev vori so ør." "Aa," sagde Kapellanen; "ho er saklaus, um so var; for ho veit inginting. Dessutan skal me minnast, at Herr Hauk er Kurtisør. Det maa vera ei smal Sak for honom, som hev lært sine Kunstir i dei lettferdige Paris-Salongane, aa daare slik ei ærleg og godtrui ung Møy som Ragna enno Gudskjelov er. Og Samvite tyngjer no vel ikkje slik ein, naar han fyrst hev sleppt sin Gud. Men me som kjenner Ormen, me fær freiste aa berge den stakkars vesle Fuglen, som han med sine sleipe Augo held paa aa trolle ned i sitt opne Gap." Presten var komin upp i den same Uro. "Ja, ja," SIDE: 31 sagde han og reiste seg; "er det so, so maa ho bergast. Enno er det med Guds Hjelp tids nok. Eg vil tala med henne. Eg vil segje henne alt. Du, Hans, lyt hjelpe til, og Môr di like eins ... Dessutan, Ragna er so god ei Dotter at ho gjer oss ikkje ei slik Sorg. Ho veit at etter det som no er hendt ... Ja, eg er roleg for Ragna." Han gjekk Golve att og fram i stor Uro. Kapellanen totte han hadde gjort nok for det fyrste og reiste seg. "Herren vere med oss alle!" sagde han og gjekk, med eit blidt Augnekast til Hans, som kjende seg varm og kløkt av aa vera berga. X. Daa Ragna kom snikjande heim um Kvelden fekk Presten Tak i henne, og ho laut fylgje inn. Ho var bleik og skalv; vilde likevel freiste aa vera sterk. Men daa ho kom inn paa Kantore, møttest ho med Môr si, som saag paa henne med vaate Augo og tok henne i Famn; daa kom ho paa Graaten. Presten var sjølv graatfull, men samstundes rædd. Var det komi so langt? -- "Du hadde eit Brev i Dag, Ragna," sagde han; "og du maa ikkje undrast paa at me gjerne vil vita Greide paa det. Ei Ungmøy som Du kann aldri vera vàr nok i slike Ting. Kven var det ifraa, det Breve?" -- Ragna tvinga ned Graaten, tok fram Breve og gav Môr si det; ho gav det til Presten. Denne las,og Munnen hans bivra. "Kjære Dotter mi," sagde han, "du trur vel ikkje paa dette?" No rette Ragna seg upp. "Jau," sagde ho. "Stakkars Barn," sagde Presten. "Kann du vera so truskyldig? Ser du ikkje at det heile er Skalkeverk og Lygn? Hadde det vori sant det han skriv her, so hadde han skrive til meg, ikkje til deg. Dette at han gjeng Krokvegar syner altfor vel at han ikkje hev godt Samvit. Kjære Barn," sagde han med hjarteleg Bøn, "agta deg for denne Mannen!" Ragna hadde reist seg upp; stod no høg og rak og stirde paa Fâr sin. "Du veit godt at han er ein ærleg SIDE: 32 Mann," sagde ho. -- "Han hev vori ein bra Gut," svara Presten skjelvmælt; "men no hev han skift um. Kjenner du honom? veit du kven han er?" -- Ragna tagde; Môr hennar tok henne i Handi og drog henne sorgmildt inn til seg. Ho skalv. "Arme tryllte Barn," sukka Presten; "eg er rædd du lyt vìta alt. Tak det ikkje for tungt ... eg ser til mi store Sorg, at din Hug ikkje er so fri her som han burde vera ... men her er ikkje Raad; for Hauk er -- " Presten kviskra, liksom fælin for aa nemne Orde: "Fritenkjar!" -- -- Ragna kvakk; stirde storøygd og rædd paa Fâr sin; seig so ihop som under ei svær Tyngsle. Môri heldt henne tett inn til seg og grét heite Taarir nedyvi hennar rike, brune Haar. XI. Ragna tok det svært tungt. Ho hadde just fengi Kvild i den Tanken at Hauk likevel elska henne; og so skulde dette koma, som var det verste av alt. Aa vera Fritenkjar, det var, etter alt som ho hadde høyrt og lært, det same som aa ha selt seg til den Vonde. Det var aa vera raadlaust fortapt. Ofte naar ho sov drøymde ho, at han sat og spela Kort med Djevelen, som flirde fælt og stal av Hauks Kort, so denne alltid maatte tapa; og stundom totte ho han dansa stygge Dansar med Trollkjeringane paa Bloksberg og drakk Dus med Mefistofeles av logande Staup. Ho kunde vakne upp or Svevnen med høge Skrik og vera so rædd, at ho laag og skalv. Og um Dagen gjekk ho nedtyngd av Sorg og saare Tankar so ho stundom var mest som burte. Ein Dag tok ho Mod til seg og spurde Hans, um det var sant at Hauk var Fritenkjar. "Dessverre, det er visst altfor sant," sagde Hans; "i alle Fald bør korkje du eller eg hava meir med den Mannen aa gjera." "Gjeng han ved det sjølv, at han er ... ein slik?" -- "Nei; han er som Fritenkjarar flest rædd og uærleg; men Balle hev opna mine Augo. Det er ein merkeleg Mann, den Balle, SIDE: 33 stød som ein Mur i Tru og Tanke, og ein stor Sjælekjennar. Hauk er berre ein Ordmakar mot honom." -- "Jaso." -- Sidan tala ikkje Ragna meir med Hans um dette. Dei gamle Foreldri gjekk og var mest raadlause av Uro og Sorg. Iser var Môri utav det. Ho prøvde aa trøyste dotteri so godt ho kunde. "Kanskje han kan umvende seg" sagde ho. "Umvende seg?" spurde Ragna; og det var som eit stort Ljos kveiktest for henne. Umvende seg! -- Tanken tok Tak og sleppte henne ikkje sidan. Ein Dag kom Balle. "Aa Goddag, kjære Kapellan," sagde Presten; "her kjem De i eit usælt Hus." Balle vart rædd. "Kor daa?" "Aa, ho tek det so altfor tungt. Eg ræddast ho vert sjuk." Det kom noko kaldt og liksom framandt yvi Balle. Han sat ei Stund ordlaus og kunde liksom ikkje samle Tankane. So kom det. "Ja," sagde han; "so er det aa fara uvarlegt. Ein Mand som Hauk burde vera utestengd fraa alt godt Sellskap. Det fylgjer alltid Uhemje med den som hev sagt seg laus ifraa Gud." Det vart stuslegt med Samtalen. Presten var tunglynd, Balle ute av Lag. Han vart snart ferdug. "Her maa bedast," sagde han. "Det hev me ikkje gløymt," svara Presten. "At eg alltid er til Teneste um det trengst, segjer seg sjølv," heldt Kapellanen fram. "Takk," svara Presten. -- Det sleit av nokre Dagar. So kom det med Posten eit nytt Nummer av Blade "Framgang", der denne leide Brevsendingi hadde stadi. Og øvst paa fremste Side av Blade stod: "Herr Bladstyrar! Det hev komi ut eit Ord um at det skulde vera eg som hev skrivi Brevsendingi i Nr. 2 um Prestane og Politiken og um Pastor Vangens Joletale. De lyt gjera vel og vitne, at dette ikkje er so, og at eg ingin Ting hev havt med det Stykke aa gjera. Eystein Hauk. Herr Hauk hev inginting havt med det umskrivne Stykke aa gjera. Bladstyre." SIDE: 34 Presten las det. "Ny Lygn!" tenkte han og heiv Blade paa Golve. "Det finst ingin Mann i mi Sokn som kunde skrive so stygt um Presten sin, det veit eg. So langt er me daa enno ikkje komne. Dette Bladstyre er vel av same Ulli som Hauk sjølv; ei Lygn fraa og til kann ikkje skilja deim stort." Men daa Ragna fekk sjaa Blade, trudde ho fullt og fast at Hauk var saklaus i dette. Og denne Trui gjorde henne sterk att. Det kunde hende Hauk var Fritenkjar. Men han var det visst ikkje paa same Maaten som dei andre. Det kunde ikkje vera vond Vilje som gjorde det. Han var berre synkvervd, bergtekin ... Den som kunde ringje med sterke Kyrkjeklokkur innyvi dei Viddir der han no vildra, so kunde han visst endaa verte frelst. Det vakna sterke Tankar i den unge Gjenta. Ho fekk ny Eld i Augo og nytt Mod. Ho livde seg inn i den Trui at ho hadde ei Livsgjerning. Det fyrste ho sette seg fyri var aa faa full Greide paa Avisstykke. Ho fann ut, at der var ein Mann i Sokni som kunde ha skrivi den Brevsendingi, og det var Lærar Vikstad. Ein Dag gjekk ho til honom paa Skulen hans. Ho bad honom, dersom han var Forfattaren av det Bladstykke, aa gjeva henne eit skriftlegt Vitnemaal um dette. Fâr hennar hadde ein annan mistenkt, sagde ho, og denne andre var svært leid for dette; men den einaste Maaten aa faa Fâr hennar fraa Mistankane hans paa, det var dersom han fekk vita den rette Forfattaren. Trass alt sitt Stræv med aa vera roleg vart ho so sprutende raud daa ho sagde dette, at Vikstad forstod heile Samanhenge. Han smilte, saag paa den fagre unge Gjenta og kunde ikkje segja nei. "Dessutan", tenkte han, "maa Søknaden min vera avgjord i Stiftsdireksjonen no, so eg vaagar ikkje noko med det." Han skreiv paa ein Setel: "Eg er Forfattaren av Breve i "Framgang" Nr. 2 um Prestane og Politiken. Gabriel Vikstad." Med den Setelen gjekk Ragna heim. SIDE: 35 XII. Ho kom inn til Fâr sin. Den gamle Presten saag kjærlegt paa henne, og det kom liksom Taareglans i Augo hans. Ho var veik og mild, men aalvorsam og forunderleg fager. "Kjære Barne mitt, du hev havt det vondt," sagde Presten; "men no tenkjer eg mest du vinn yvi." Ho smilte saart. "Set deg, Ragna," sagde den gamle; "lat oss tala saman." Dei sette seg. Presten saag henne mildt inn-i Augo, men saag der noko fast og avgjort som han ikkje fyrr hadde sétt. Det beit honom underleg i Bringa; "ho er nok vaksi no," tenkte han. "Høyr Fâr," tok Ragna i, "trur du enno at ... Hauk hev sagt usant?" -- "Ja, stakkars Barn; eg trur det, Ingin annan kunde skrìvi paa den Maaten. Og kva bryr vel slike Karar seg um ei Lygn? Den som er utan Gud, han er og utan Andsvar." -- "Kjære Fâr ... denne Gongen tek du i Miss likevel." Presten sette Augo. "Tek i Miss? Kor kann du segja det?" "Jau," sagde Ragna, "eg veit no, kven det er som hev skrìvi Stykke." -- "Du -- ?" Presten tok liksom til aa raudne. "Ja." Den gamle reiste seg. "Ingin her i Gjelde!" ropa han. "Jau," sagde Ragna. No vart Presten heit. "Nemn meg Mannen!" sagde han stutt. "Eg skal so, -- dersom du vil lova meg, at det eg her segjer ikkje paa nokon Maate skal koma den Mannen til Skade." "Nemn honom!" sagde Presten med bivrande Munn; "sét du Vilkaar for din eigin Fâr?" -- "Det vilde vera stygt av meg aa fortelja noko som kunde vera nokon til Mein." -- "Men, Barn!" sagde Presten, "veit du ikkje, at den som syndar maa taka si Straff?" -- "Jau, men ... det kunde kanskje vera meir Tankeløyse enn vond Vilje ... og Mannen trudde vel ikkje det var Synd aa segja si Meining." "Ragna!" Presten flaug att og fram i stort Upprør; "er denne vonde Anden farin i deg med? Er me komne til den Heimsens siste Tid, daa Barn skal reise seg mot Fâr, Husfru mot Mann, Tenar mot Husbond? Er det ikkje SIDE: 36 lenger Synd aa brjote det 4de Bòde?" -- Ragna sat og undrast; var det Balle som tala? -- "Kjære Fâr min," sagde ho, "eg er ikkje so klok som du, og eg kann visst ikkje svara paa dette; men eg bed deg um det for mi Skuld: lat ikkje den Mannen lide noko for det eg her fortèl. Det vilde tyngje meg all min Dag, dersom eg her drog noko fram som vart ein annan til Skade. Du hev sjølv lært meg, at slikt ikkje er fager Aatferd. Lova meg dette, Fâr!" -- Presten saag paa henne og undrast. Ho tala so klokt! -- "Ja ja," sagde han sistpaa, "for di Skuld ... lovar eg, at eg skal vera fullt rettferdig mot den Mannen du vil nemne." "Og ikkje gjera honom noko til Meins -- ?" Presten saag lengi paa henne. "Til Meins?" sagde han saara. "Kven trur du eg er? -- "Tilgjev meg ... eg meinte det ikkje so. Eg vilde berre kjenne meg liksom meir trygg ... for min eigin Part ... naar eg hadde eit Ord ..." "Nemn Mannen. For din Part kan du vera trygg." Han sukka saart. Ragna stod upp og tok fram Setelen. Presten las og skvatt upp. "Vikstad! Den Mannen som eg gav ein Attest so god! Som eg bad med til mitt eigi Jolebord! Som eg alltid hev vori god imot, betre kanskje enn mot nokon av dei andre! -- Aa Styggedom, Styggedom, meir enn Styggedom! Kven skulde tru at eg der nørde ein Orm ved min Barm?" "Fâr, Fâr," bad Ragna. "Du hev alltid vori paa hans Side du," sagde Presten harm; "no kann du sjaa! -- Tempora!" sukka han og sette seg; "er me komne so langt? -- Aa Balle, Balle, du hadde Rett! Og det ein Lærar! Ein Lærar som gjeng der kvar Dag og forklaarar det 4de Bòd ... nei! nei! dette gjeng yvi alle Merke." "Ja det er leidt," sagde Ragna. "Men trur du ikkje det her kann sjaa verre ut enn det er meint? Vikstad er visst svært braafus av seg; men eg trur ikkje han er vond." Ho sat med Augo i Golve og tala med stort Stræv; det var nok fyrste Gongen ho antrast med Fâr sin paa denne Maaten. Den gamle lika seg ikkje. No, daa han var uppi so mykje leidt og harmelegt, burde daa iminsto hans eigi Hus vera paa hans Side, totte han. Og SIDE: 37 serleg Ragna, som han no hadde vori so god imot all Tid. Han sat og saag paa henne fraa Sida, halvt sorgfull, halvt harmfull, og svara ikkje. Ragna sat og stræva med aa faa fram det Spursmaale som ho helst var komi fyri. Det var so vandt aa finne Mod. At ikkje Far kunde hjelpe henne paa Veg! -- for her var det han som hadde Urett. "Men no," sagde ho endeleg, "veit me daa at den andre ... er saklaus?" Presten kvakk upp og vart raud. Der fekk ho eit stygt Tak paa meg, tenkte han. "Hm -- ja," svara han, "det hender ofte i denne Tid, at det urimelegaste er det sanne. Her er Upprør og Umstøyting i alt; den Skikk og Orden Gud hev sett er reint komin or Lag. Elles vonar eg," sagde han snøgt, "at du ikkje tenkjer meir paa Hauk?" -- Ragna vart blodraud. " -- Er du stød paa, Fâr, at han ... er ... det som du sagde sist?" -- "Kva er det for Snakk? Javisst er eg stød," svara Presten hardt; han kjende med seg sjølv at han slett ikkje var fullstød. "Men trur du daa," heldt Ragna fram -- ho sat og tulla paa Lommeduken sin og tala med det største Stræv -- ; "trur du daa, at det var ... Guds Vilje, at han skulde ... koma innpaa slikt?" -- "Guds Vilje?" sagde Presten, "kor kann du koma paa sovori?" Han stirde undrin paa Dotter si. -- "Men kann ikkje ... Vaarherre likevel ha havt liksom ... ei Meining med det?" -- "Det lyt me tru," sagde Presten ustødt; han visste ikkje kvar ho vilde av. "Hev det ikkje hendt, at Folk som kom inn paa slike Villstigar, sidan hev ... vorti dei største kristne Mennar?" -- No blenkte det upp for Presten. No saag han kvar ho stemnde. -- "Hm, det hev hendt," sagde han, -- "men ikkje med slike som hev sleppt Trui med fullt Medvit og fraa sjølve Grunnen av." -- "Aldri?" spurde Ragna rædd. "I alle Fall sjeldan," svara Presten; han kjende seg noko ustød her. Ho smilte underleg; Augo fekk Glans. "So hender det stundom," sagde ho; "Og er det ikkje Guds Vilje at det skulde hende alltid?" -- Visst nok; men hev ein Mann fyrst gjevi den Vonde heilt Magti rned sine SIDE: 38 Tankar, so skal det mest meir enn eit Under til, um han skal verte frelst." Ho reiste seg; det kom yvi henne eit hugtakande Drag av Tru og Elsk. "Ein Mann som han kann ikkje fortapast. Han hev ei Môr som bed for honom Dag og Natt; han hev gjenom all sin Barndom og Ungdom lært aa elske Sanningi. Det er ein Veg som Vaarherre læt honom gange; men han finn attende tilslutt. Helst dersom ... dersom ..." ho trivla etter Ordi og slo Augo ned. Presten sk£na henne altfor vel, men bøygde av: " -- dersom han ikkje forherdar seg." No slo ho Augo upp. "Nei, Far. Han er ein ærleg Mann, som vil Sanningi, og slike stend det skal finne." "Ærlege Folk narrar ofte seg sjølve," sagde Presten; han var flat av aa høyre sine eigne Tankar att no av Dotteri. "Ja," sagde Ragna, og den underlege Smilen kom att, "men dersom nokon prøvde paa i Livsens Lengd aa løyse honom ut or denne Sjølvdaaringi, daa veit eg visst at han kunde vinne fram!" No nytta det ikkje aa vride seg fraa henne lenger. "So du trur, stakkars Barn," sagde Presten, "at du skal kunne vera Frelsar-Engelen hans?" Ho var ikkje bljug lenger, men saag paa Far sin med store uppglødde Augo. "Ja, Far; det vil eg vaage. Rive meg fraa honom kann eg ikkje; og det var visst ikkje rett heller. Eg vil fylgje honom, og beda for honom, og lære honom paa nytt aa elske sin og min Gud. Eg veit eg gjer ikkje Synd med dette. Eg hev lova meg det sjølv for Guds Aasyn, og daa fekk eg Fred, og vart so underleg sterk." Presten kjende seg mest raadlaus. "Du svermar, Barn," sagde han. "Du trur som alle Kvende at du kann hugvende ein Mann med Kjærleik og Husvarme; men det gjeng ikkje so lett. Mannen hev det paa ein annan Maate, han. Han læt seg yvityde av Grunnar, ikkje av Kjenslur. So lengi eg raar for deg, so lengi maa du ikkje tenkje paa aa faa ein Mann som negtar di og mi Tru; det var aa selja deg til livslang Strid og Usæle. Merk det, Barn; det er mitt siste Ord." Ho skalv der ho stod. "Eg er ikkje Barne ditt naar eg gjer dette?" kviskra ho. Han kvakk ved Tanken, men SIDE: 39 svara so fast han kunde: "Nei." Ho snudde seg og gjekk. "Ein maa lyde Gud meir enn Menneskje," sagde ho stillt og uppglødt. Presten stod som fjetra. "Er ho komi innpaa slikt, so er ho i Stand til -- !" XIII. Um Vikstad er aa melde, at han fekk ikkje den Posten han hadde søkt. Han var innstillt og so godt som utnemnd; men som Saki just skulde fyri i Stiftsdireksjonen, kom det eit Brev fraa Presten Vangen. Der stod, at Presten no hadde lært Vikstad aa kjenne fraa ei ny Side, so han kunde ikkje lenger vitne so godt um honom som fyrr. Vikstad var eit urolegt, villt Hovud utan Agt for det 4de Bòd, og snaudt med det rette Syn paa Kristindomen i det heile. "Eg ynskjer ikkje," slutta Breve, "aa gjera Mannen noko til Meins; men eg held det for min Skyldnad som Prest og kristin aa leggje fram den heile Sanning slik som ho er." Daa den gamle Presten var ein vyrd Mann i Stiftsdireksjonen, gjorde dette at Vikstad ikkje fekk Posten. Han vart som toreslegin daa han høyrde dette. Og der var stor Undring allstad der Sogo vart kjend. Det vart skrivi noko um det i eit Par Blad. Men snart dovna det av att og gløymdest. Vikstad vart fleire Gongir kalla upp aa Prestekantore. I Fyrstningi var han hard og arg; sidan bøygde han seg og bad um Tilgjeving. Han saag han hadde fari gali, sagde han. Ei Tid etter tok han til og gjekk paa Balles Bibellesningar og Bønesamlingar. Dei sagde han hadde vorti ein gudeleg Mann. XIV. Eystein Hauk gjekk inni Byen i denne Tid og var mindre enn glad. Han freista fyrst med hardt Arbeid, vilde freiste aa gløyme. Men det vart verre og verre. Sorg og Saknad auka paa og saug for Bringa som ei Sott. SIDE: 40 "Du er so underleg i denne Tid, Hauk," sagde Kandidat Breide, som Hauk heldt for sin beste Vén. Og so var det ikkje lengi fyrr Breide visste alt. "Seg meg no Raad," sagde Eystein. "Ja," svara Breide, "det skal eg. Eit Ord so godt som tusund: dersom du ikkje ser deg Raad med aa vinne yvi denne Elsken, so tak deg ein god, ladd Pistol; set Pistolen rett inn millom Tennane; legg Peikefingren paa Løysaren og drag til! For det er det einaste kloke du daa kann gjera." "Ja-ja, ja-ja," sukka Hauk. "Du finn Vilkaari strenge?" -- Godt! Naar du kann vera so galin at du fer av og huglegg ei kgl. norsk Prestedotter, du som vil vera ein Framgangsmann, og det ein heil ein, -- so kann du ikkje vente deim likare." "Nei nei! du hev Rett! du hev Rett! det er det som er Ulykka!" jamra Hauk med Andlite i Hendane. "Ja; eg hev Rett," meinte Breide. "Ein Mann i dette Lande som ikkje hev den "rette Tru", han maa finne seg i aa vera heimlaus. Han er utstøytt av Samfunde og hev ikkje Rett til aa draga nokon med seg. Men aa gifte seg med ei Prestedotter, det var aa draga heile det trongsynte Samfunds Hat og Illske og Fordøming og Inkvisisjon like inn i si eigi Stogu. Det var aa gjera heile Live sitt til ein einaste skjerande Misklang. Alt det du elska maatte ho hata og vera rædd; alt det ho elska var for deg Lygn. Det vart eit Rike i Strid med seg sjølv. Det vart Helvite." Hauk tagde eit Bìl. So sagde han, liksom noko bljug: "ho hev slik ein klaar, sterk Panne og slike sanne, ærlege Augo. Eg hev stundom tenkt at det vilde vera ein Velgjerning aa draga henne ut or den myrke Prestestogo ... ut i friskare Luft, ut i Live ... lære henne aa tenkje." "Umvende henne, ja?" flirde Breide. "Stakkars Gut. Du kann lære ein Sau gange paa tvo og ein Bjørn danse Halling; men lære eit norskt Kvinnfolk tenkje, det slepp du. Vaart kjære Samfund hev sytt for det. Kvinnfolke vaart forstend seg ikkje meir paa Logikk enn Krabben. SIDE: 41 Den Mannen som kann faa Kona si til at forstaa at 2 + 2 = 4, han er ein Meistar; og lenger rekk han aldri. Minst med ei Prestedotter." "Ja men ho er ikkje ei vanleg Prestedotter! Eg tala lengi med henne der uppe, og ho hadde Vit. Ho forstod meg!" "Far i Mak, Gut! Fyri Brudlaupe forstend Kvinna alt, og helst det som er rart og ravgali; det er etter Brudlaupe eg meiner; for daa vert ho seg sjølv att." Hauk kjende seg uppøst, men visste lite aa svara; for han hadde tenkt noko slikt sjølv. So tagde han og gjekk. Men den Tanken at Ragna var av eit anna Slag enn andre Kvinnfolk, og at ho vilde kunna lære det som ikkje andre kunde, -- den beit seg fast. Kanskje her kunde vera Raad enno, um ikkje den Presten stod i Vegen. Den som berre kunde ljuge. Den som kunde løyne reint ned sine sanne Tankar og taka paa seg den Hamen som desse Folk lika best. Ein Dag kom det yvi han som ein Sjukdom, at han vilde freiste med dette. Den som livde i ei Daarekiste fekk brùka dei Raadir som baudst. Naar ein Mann stod mot hundrad tusund, so hadde han Rett til aa brùka Prettur. Det galdt meir enn eitt Liv her; det galdt Livslukka for tvo. Dessutan ... han livde ikkje i heil Sanning no heller. Han tagde med sine Tankar der han visste det berre vilde gjera vondt aa tala; so kunde han taka eit Stìg til. Han tok Pennen med skjelvande Hand og vilde skrive eit Brev til Presten Vangen. Det skulde vera so kristelegt, at den gamle skulde koma ifraa sine Mistankar. Han skreiv og han skreiv; det baud imot, men han skreiv; til Slutt var Breve ferdugt. Men daa han las det igjenom vart han skamfull og slengde det i Omnen. So gjekk han og ynskte at han aldri var komin innpaa desse Tankane. Kvi skulde han tenkje, han meir enn andre Teologar? Hadde han rolegt fari dei vanlege Vegane og vorti ein vanleg teologisk Kandidat, so hadde han no havt Livslukka si. "Og naar alt kjem ihop so er det den det gjeld um. Me er alle Egoistar, og det hev me Rett til. Er me fyrst komne inn i dette arme Live, so SIDE: 42 er det ikkje meir enn rimelegt at me tek for oss av Rettine." Og kor mykje galdt det i Grunnen um, kva ein trudde? Det var ingin som visste kor den fulle Sanning var aa finne; det rimelegaste var at ho ikkje fanst; det som det galdt um var til siste Slutten det -- aa vera stød i sitt. "Og den som kastar seg heilt inn i ein Tanke-Ring, han vert stød i sitt. Det er ingin Teolog som saknar Tankens Fridom. Er ein fyrst komin inn i den Troll-Ringen, so finn ein seg godt der, og tykkjest tenkje fælande fritt. Det er liksom dei bergtekne; naar dei drikk av Trollhorne, so gløymer dei kvar dei er ifraa, og kjenner ingin Lengt meir etter Sol og fri Luft. Og so gifter dei seg og røykjer Tobak og er sæle." Men han tottest ikkje kunna koma inn i denne "Troll-Ringen". Det verste var, at han ikkje kunde arbeide. Han sette seg til med ei Bok og las ... tri Linur fram; so sat han og drøymde. Han tok Pennen og vilde skrive; skreiv Yviskrifti, mynstra med fyrste Setningen, skreiv nokre Ord og strauk deim att; og so sat han og drøymde. I timevis, ja i yktevis. Det var so han saag seg mest yvigjevin. Han maatte spreide Tankane; han maatte hava Letting. Han fekk ein underleg, vill Hug til Moro og Suml som han ikkje fyrr hadde havt. Han lét seg draga inn i den Kunstnar- og Student-Rangelen som gjeng gjenom Hovudstaden Dag og Natt; og dette var noko nytt; det dreiv daa paa ein Maate Tidi. Men det Live han her kom inn i var soleis, at skulde han vera med i det, maatte han slaa seg laus. Naar han so vakna att, lika han seg verre enn ille; og Enden vart at han maatte halde seg liksom i ei jamn Halvørske av Turing og Tankeløyse, um han skulde halde ut. Og endaa hjelpte det ikkje. Det døyvde Tankane paa ein Maate; dei dovna av i all den Eimen av Vin og Villskap og vondt Samvit, liksom Tannverken for ei Stund kann bli kjøvd av ein Dram; men Brodden sat under og gnog og stakk; og Lengtingi braut upp som eit vondt Saar, so snart han hadde ein roleg Time. Han sagde til seg sjølv, at det var umannslegt og veikt SIDE: 43 aa luske seg burt fraa Liv og Aalvor med Drøyming og kunstig Sjølvdøyving liksom ein Opiumsrøykjar; og so tok han seg paa Tak og gav seg til aa arbeide att. Men naar Tankane kom veltande som Dragsui ved Strandi, og Sorgi glødde som ein tærande Eld, so vart han leid av alt, og so kom Villskapen upp att. Og naar han daa gav etter, so vart det verre enn nokon Gong. Stundom tenkte han, at kannhende var det Kvendetrøyst som her skulde hjelpe. Ei god, kjærleg Kvinne vilde visst forstaa Naudi hans; under Kvendehand vilde Sorgi batne. Han hadde aldri trutt paa slikt fyrr; men no var han ikkje so kaut lenger. Han kunde taka Hjelpi kor ho baudst. Tanken sette seg fast og vart til ei sjuk Lengting. Han lagde ikkje Merke til, at den Kvinna han drøymde um i Grunnen var Ragna sjølv. Minst av alle var det den han kom i Hendane paa. Rosalie Alm var fager og frisk og eit staut Kvinnfolk, men mannkjær. Ho var gift, "men berre med ein Probenreuter," lagde Folk til. Hauk kjende henne ikkje. Men paa eit Ball hadde han dansa med henne og funni henne interessant. Ho hadde eit Par underlege Augo og ein sanseleg Munn; men Vit var der i henne, og ho hadde lesi meir enn dei fleste. No raaka han henne att ein Kveld i Teatre. Han hadde vori i Middagslag og lìvt godt; daa han kom fram til Plassen sin i Parkette, sat Rosalie Alm der, ung og brusande som ei Balldronning, mjuk og varm, straalande av Silke og ung Kraft. Han hadde aldri visst at ho var so fager. Og ho smilte til han so søtt og sælt, daa han helsa, at han vart reint varm. Han sette seg ved Sida av henne og kjende henne strøyme inn imot seg som Silke, som Varme, som ein Daam av søt Parfyme. Ho kviskra til han og smilte med perlekvite Tennar. Og ho saag paa han med sine underlege Augo som Hauk ikkje forstod; matte, sorgblide, vaatglinsande drog dei han; det var som dei vilde suge i seg all hans Hug og Sans. Daa gjekk den Tanken i Hauk, at henne vilde han tala med. Ho vilde forstaa han. Rosalie Alm var "fordomsfri"; Hauk fekk Lov aa koma SIDE: 44 til henne so ofte han vilde. Alm var "som vanleg" ute og reiste; og ho "var so aaleine". Naar Hauk tala med henne kom han inn i ein Rus som gjorde at han gløymde alt anna; og ho var so vidt upplyst, at han kunde tala med henne um kva han vilde. Han lika seg hjaa Fru Alm og søkte henne rett ofte. Ho fekk ikkje lite Magt med Hauk. Han hugsa aldri etter at ho var gift; for honom vart ho meir og meir den aandfulle frie Kvinna, som stod utanfor det vanlege Kvardagsliv. Men stundom vart ho aalvorsam og gav seg til aa tala med han um Vaarherre. Aa, sagde ho, kor syndige me var, og kor saart me trong Naade og Frelse! Ho kunde aldri lìva eller vera til, dersom ho ikkje ender og daa fekk gaa i Kyrkja og høyre Guds Dom yvi Syndi og reinske seg ved Bot og Bøn. Ho kunde ikkje forstaa, at Hauk vilde vera utan Tru. Ho hadde lengi tenkt at ho vilde beda han sanse seg og tenkje seg um; for den Vegen han no gjekk, den førde ikkje til nokon god Stad. Hauk berre glaapa; eller han sette i aa læ. Vilde ho preike Bot for honom? Men daa vart Rosalie streng. Ho stana upp midt framfor han og stirde paa han med store Augo, som brann av religiøs Eldhug; "læ ikkje aat aalvorsame Ting!" ropa ho. Hauk vart reint forundra. Ho meinte det ærlegt med Kristindomen sin! Samstundes med at ho gjekk her og braut si dyraste Plikt! Slikt hadde han aldri kunna tenkt seg. Han vart tagall og saag paa henne og lydde. Ho dreiv paa. Ho lagde ut for han um kor syndig han var; men den verste Synd var Vantrui; for den gjorde at han ikkje kunde faa Tilgjeving heller. Den som trudde, han kunde og synde, dessverre; men Gud var naadig og tilgav, naar ein bad um det; derimot den som ikkje trudde var raadlaust under Guds Unaade. Kvi kunde han daa ikkje likso godt tru? Innbillte han seg at han var sælare eller betre som han no var? Eller trudde han at han kunde narre Vaarherre? Ho saag paa han ettersom ho tala, og Augo hennar fekk etterkvart ein mildare Glans. Og Mæle vart mjukare, varmare. Kunde han daa slett ikkje tru? Kva var det som var i Vegen? Ho, som heldt av han, totte SIDE: 45 det var so leidt aa vita at han var Fritenkjar. Ho vilde so gjerne at den ho elska skulde hava Guds Naade. "Kjære Eystein," sagde ho tilslutt og lagde sine kvite Armar um Halsen hans, "du er for god til aa vera Fritenkjar; gjev upp det og tru som me! Eg bed deg um det! For mi Skuld, Eystein!" Dette fann Hauk vart vel grovt. Han skauv henne ifraa seg heller ublidt og sagde at ho burde skjemmast. Ho kunde vera syndig nok fyrr, um ho ikkje etterpaa alt dreiv Spott med sin eigin Gud. Daa ho saag at han var harm, tagde ho for den Gongen. Men Dagen etter tok ho til paa nytt. Hauk fann henne tilslutt so ufyseleg som ho der gjekk, syndefull og urein, preikande um Naaden, at han sagde henne si Hjartans Meining og gjekk. Dermed var han frelst fraa den Venskapen. For det høvde so heppeleg, at Herr Alm just no kom heim. Hauk kjende seg letta. Men leid seg var han som fyrr; og verst var det, naar Lengten etter Ragna braut upp att. -- "Gud aa Gud som De ser melankolsk ut!" sagde Frøken Emilie til honom ein Kveld; han sat og skulde gjenomgaa ei Rolle med henne; for Frøken Milla vilde til Teatre. Ja; han var melankolsk. Frøken Milla lo aat dette og gav seg til aa drive Gjøn med han, men paa ein so skalkut Maate at han maatte læ med. Han hadde aldri fyrr lagt Merke til Frøken Milla. Ho var ikkje fager, totte han, og ho hadde visst ikkje meir Aand enn godt gjorde heller. Men no saag han at ho i alle Fall var ein Gudsfugl mot Rosalie Alm. Milla var ein rask litin Gjentunge, glad og lett som ein Sporv; av Andlit var ho som Folk flest; men ho hadde slikt eit greidt, tekkjelegt Lag. Hauk gav seg i Lag med henne og totte dette var Moro. Dei aalvorsame Tankane kvarv burt som Skuggar naar ho snakka; for Milla var so hjarteleg tankelaus. Aldri i sine Dagar hadde ho havt ei Sorg, so vidt som han kunde forstaa; ho var som den unge Fuglen som sit høgt upp-i Tretoppen sin og lær aat heile Verdi. Det vart lite av med Lesningi etter denne Kvelden. Hauk SIDE: 46 totte det var meir Moro aa prata, og det totte nok ho med. Dei raaka kvarandre ofte, og kom godt til Lags. Hauk tenkte med seg, at kanskje hadde han her funni den Trøystaren som skulde syngje Sorgi hans i Ro. Ho var so barnsleg; og so skulde ho daa visst ikkje plaage han med Trui. For etter alt det han kunde forstaa trudde ho ikkje meir enn ein Kattunge. Dette gjekk til ei Tid. Men so kom den usæle Stundi, daa Glansen gjekk av denne Venskapen med. Hauk visste ikkje kven som hadde Skuldi; han visste berre at den "barnslege" Gjenta ikkje var likare enn andre av det Slage. Og sidan hadde ho vist seg baade mindre tankelaus og mindre barnsleg enn fyrr. Ho bad han um so mykje no; Hauk fekk stundom ei Kjensle av, at ho gjorde seg ei Forretning av denne "Venskapen". Og dertil kom ein annan Ting. Han fekk ein Dag høyre, at naar ho tok det so lett med Trui som ho gjorde, so var det i Tillit til hans Tru. Ho meinte ho kunde vera trygg for Straff naar der ingin Vaarherre var; og der var ingin Vaarherre, naar ein Mann som Eystein ikkje trudde paa han. Dette var mest verre enn alt; Hauk vart leid og drog seg ifraa henne. Og Milla fann seg i det; for ho hadde nok funne seg ein ny "Lærar". So hadde Eystein Hauk paa nytt vori eit Leikverk for eit laust Kvende. Det vart alt upp i Styggedom for han; og Suti si hadde han ikkje vunni yvi; den laag og brann i Bringa som fyrr. Og mindre enn nokon Gong kunde han gjeva upp Tanken paa Ragna. Kvar skulde han av? Han var trøytt, skamfull, hugbròtin; og utan Ragna var han so hjelpelaust aaleine, -- med alle dei lystige Vénene sine. Kvar skulde han av. Alle Vegar var stengde, utan den eine som førde til Undergang. Hadde dei likevel Rett, desse som sagde, at ingin kunde halde seg uppe i Motgang, utan han hadde si kristne Tru? Han fekk ein sugande Lengt etter Kvild og Fred. Barnetidi og Barnetrui steig fram for Minne hans milde og varme og fagre; "um eg endaa freista aa vinne att Barnetrui? Eg var sælare med den; og slikt gjeng i Lag for so mange andre?" Det var ein fin, solklaar Sundagsmorgon; SIDE: 47 Kyrkjeklokkune tok til aa ljome, fredelegt, signande, med lang, graatfull Dirring ut-yvi ein syndefull Heim. Han tok paa seg og gjekk -- aat Kyrkja. Han kjende seg skamfull som ein burtkomin Son; men tusund sæle Minne steig upp i honom og fyllte honom med Graat; og som Kyrkja steig fram mot honom breid og tung og full av Aalvor, kjende han det som noko framandt og fælt, at han hadde tenkt aa rive seg laus ifraa henne. Han kom inn. Orga gjekk som eit rullande Hav og tyngde og bar honom paa same Tid; uppe paa Altartavla stod Frelsaren i Getsemane, og Judas kom med Vakti til aa forraade honom ... "Er det Jesus av Nasaret dé leita etter, so er det meg!" -- sagde Frelsaren og saag paa Judas med Augo som aatte all Himilens Sol, men og all Himilens lynande Eld. Hauk seig ned i ein Stol og kjende sig litin. Og alt det han elles totte var stort, all Mannsens Vit og Kunst, alt hans eigin Filosofi og alle hans eigne vise Tankar ... det vart berre Armod. Og Songen steig, mjuk og sterk, borin av Havrulling fraa Orga: "Ve mig, at jeg saa mangelund i Vellyst haver svævet, og Naadens dyrebare Stund saa skjødesløst henlevet! Naar Gud sin Naadesol paany hver Morgen over mig lod gry, da lukte jeg mit Øie. Se, jeg er den forlorne Søn, som selv sig vilde raade og ødte bort sin Arv saa skjøn for skidden Lyst og Baade. Mig smagte ikke Himmelbrød, men Verdens Lystemad var sød; nu faar jeg andet finde." Han vart so full av Graat, han kunde ikkje syngje med. Men so kom Presten. Det var ein lang, sped Mann med bleikt Andlit utan Skjegg; han hadde eit veikt kvinande Maal, men sette i, naar han sagde noko som han fann serleg vigtigt. Han SIDE: 48 heldt ei Bøn, som fraa fyrst til sist var ihopsett av teologiske Talemaatar og Bibelspraak. So heldt han ein lang Tale som var ihopsett paa same Maaten; Hauk kunde det paa Rams alt ihop. Ikkje ein einaste sjølvtenkt Tanke; alt tillært; Leksur, Leksur fraa Upphav og til Ende; lause Paastand utan Teven av Grund, umyndige Tankerengjingar utan Namne til Kritik, ei Faakunne um dei simplaste Sanningar i Vitskapen um Natur og Aand som var utan Maate. Og alt lagt fram i Guds eigi Namn som Sanning fraa Æva av. Og der stod han og gol ein heil Klokketime. Sistpaa kom daa den vanlege Jammersong yvi denne vonde Tidi, som gjorde Upprør mot Gud og den av honom innsette Riks- og Raadsmagt og dyrka Djevelen endefram i den frie Tanke. Hauk sat og leid vondt under alt dette. Han skjemdest yvi aa høyre slikt bori fram for vituge Folk. Han saag upp til Altare og kjende mest som ein Medynk med denne arme Profeten fraa Nasaret, som daa alltid skulde verte forraadd av sine eigne. Det var greidt: den gode Presten gjekk ut ifraa at han tala for eit Publikum av Grasnaut. Og som Hauk saag seg ikring, gaadde han at det mest alt ihop var ei Samling av Vrak. Gamle, blaae Kjeringar som saag ut som dei var komne uppatt or Lik-Kista; Møykjellur som var reint utor Giftingi; unge Gjentur som var stygge, sjuke, skakke eller krylvaksne; Mannfolk paa Krykkjur, bringesjuke, utlivde, fulle av Hoste og Verk; Gamlingar som var ferduge, Ungdomar som var øydelagde ... alt ihop stygt, sjukt, dauddømt, vonlaust, ei Samling for eit Hospital. Men var der ein som var frisk og livskraftig, daa saag han ikkje just ut som han var komin hit for Guds Ords Skuld. Hauk sat i den myrke, kalde Kyrkja og fælte. Han kjende seg som i ein Lik-Kjellar. Nei; ved alt som var sant og godt: her var ikkje Live. Og daa han gjekk ut, og høyrde Orga spela eit Utgangspræludium med Tema fraa ein tysk Opera, daa lo han. Han snøgga seg ut or Kyrkja. Og aldri hadde eit fullt Drag frisk Luft smaka honom betre; han kjende seg som vakna fraa ein fæl Draum. Kva vilde Folk her? Søkje Trøyst for sine Sorgir og Syndir. Dei hadde ikkje Mod til aa bera sin Lagnad SIDE: 49 sjølve, og so søkte dei framand Hjelp. Freista aa døyve sine vonde Minne i ein heilag Bøne-Svir; freista aa gløyme sine Livstap og løynlege Sjælesaar i ein Rus av Salmesong og himilske Draumar. Var ikkje dette det same som han sjølv hadde forsøkt, um alltid paa ein annan Maate? Var det ikkje den same Umanndom og den same Bløyteskap, som hadde drivi honom ut paa Ranglestig? Denne Tanken var honom som eit sterkt Ljos. Alt dette som Folk hadde funni paa til Hjelp mot tunge Tankar, fraa Opium til Andakt, fraa Rangel til Religion, steig i dette Ljose fram som ei einaste lang Rad av rædde Rømingsforsøk burt fraa Live og Livsens Sanning. I dette Ljose forstod han òg, at han sjølv var komin hit. Han hadde ein Gong vori blaut nok til aa bøygje av fraa Livsens Arbeidsveg og røme for den Suti, Live baud honom aa bera; og daa han ikkje kunde halde ut i Raaskapen, hadde han søkt ei ny Døvingsraad i Religionen; daa det ikkje hadde hjelpt med "Vin og Kjærleik", hadde han vilja freiste med Bønir og Barneminne. Det siste var nok betre enn det fyrste; men det var same Slage i Grunnen. Og han totte han hadde Skam av det alt. Men no var han ferdug. No hadde han rent det Skeide ut. Den Vegen bar ingenstad. Og han kjende med Skam, men med vaknande Mod, at i Grunnen kunde han ha bori si Sut som ein Mann, naar han berre heilt og fast hadde bruka sin Vilje. Naar han hadde falli, so var det avdi han hadde vori rædd og lat; men det kom ein ikkje langt med. Han takka i sine Tankar Presten for, at han hadde vekt han upp av hans "nye Rus". Det einaste moralske og mannslege var aa taka Live som det kom og bera det med Mod; og det fanst berre ei Raad mot Sorg og Sut som ein Mann kunde forsvara aa brùka; det var Arbeide; -- Arbeide aaleine. So som han no var i Lag kjende han seg styrkt og frisk av desse Tankane. Han hadde ikkje paa lange Tidir kjent seg so modig. Skam og Skade at han ikkje fyrr hadde sétt dette; men no saag han det, og no hadde han vunni. Han var reint glad for han var komin laus fraa denne SIDE: 50 store Daudingheimen, Kyrkja, so han ikkje lenger stod i Samfund med den. Og han kjende det meir enn nokosinn som ein Skyldnad aa vera med og berge Folke ut or denne tyngjande og talmande Trolldomen. Han saag paa Kyrkjefolke som dei tusla fram der gjenom Gata med lutande Hovud og trøytte Stìg, og han hadde vondt av deim. Det var sjuke Folk som var komne upp i Hendane paa Runekallar og Signekjeringar og ikkje hadde Magt til aa løyse seg ut att; aa, den som kunde sende lite Sol innyvi all denne Trolldomen, so Trolli gjekk i Stein og Folk slapp frie! I det same hugsa han Ragna. Ragna! ho gjekk òg innestengd der i denne Natti. Ho med sin fine Tanke og sin reine, varme Hug laag likeeins nedtyngd og kvævd i denne Skodda. Alt hans Blod kom i Kok. Han skulde og maatte berge henne. Ho, Kongsdotteri, den friske, fagre Møy, skulde ut or Fjelle. Ho skulde ikkje sitja derinne og frjose i kalde Glassalar, naar Soli giddra herute, og Blomane anga og alle Fuglar song; ut skulde ho, ut i Dagen der ho hadde heime, ut og kjenne Guds svale Luft strøyme friskande um Vangane sine; og han, han sjølv vilde vera Riddaren. Her hjelpte ikkje Snakk. Han tok henne; ho var hans. Ho elska honom, og han elska henne; ingin, og inginting, hadde Rett til aa leggje seg imillom her. Han sprang meir enn han gjekk. Men rett som det var, stod han. Kor visste han at ho elska honom? Han hadde vore for ærleg til aa spyrja. Tung og uroleg rusla han heim. Naar alt kom ihop, hadde han nok lite Grunn til aa vera modig. Men paa Borde laag eit lite fint Brev. Han treiv det; fekk liksom Hjarteklapp; reiv det upp. Der stod: "Herr Eystein Hauk. Eg er skamfull for eg hev drygt so lengi med aa svara paa det De skreiv. Men det kunde ikkje bera til fyrr. No trur me alle at det ikkje er De, og det var hyggjelegt at so var. Men eg burde visst det. Ragna Vangen." SIDE: 51 Han lo høgt av Glede og heldt eit Leven, so Gjenta kom inn og spurde um det var noko. "Himilens Vink!" skreik Eystein; han gjekk Golve rundt i lange Stìg og lo. Gjenta skýna ikkje dette og gjekk att. Men Hauk sette seg og skreiv Friarbrev. "No er eg frelst!" tenkte han. "Hev eg fyrst Gjenta paa mi Side, so blæs eg aat alle og aat alt! Ho og eg, me skal nok koma utav det; eg skal lære henne det eg veit sjølv, og so skal ho ein Gong takka meg for sin Fridom!" XV. Slik glødande Elsk som den Eysteins Brev gav Vitnemaal um hadde Ragna knapt drøymt. Dette Brevet gav henne nytt Liv; no fyrst tok Live til; hjarte sæl og hjarte varm kjende ho seg, og mest sæl ved aa kunna gjeva seg heilt att til denne Mannen, som gav seg so heilt til henne. Aa! som ho var glad og sterk. Ho brydde seg ikkje lenger um det som stod i Vegen. Og ho forstod so godt alle desse gamle Segnir og Songar um Ungdomar, som gav Live for sin Kjærleik; aa, gjeva Livet for sin Kjærleik, -- det var det som var Livet. Her vart nok Strid. Men i den Striden vilde ho med uendeleg Glede leggje heile sitt Liv; aa, det var stort, det var verdt aa lìva, naar ein fekk lìva heilt for den, som ein elska so høgt. Ho fortalde Môr si um Breve; Môri gav henne ein Kyss og lova aa tala til Fâr hennar. "Nei! eg talar med honom sjølv!" sagde Ragna med straalande Augo og ein Smil som ei Valkyrje. Môri saag paa henne; voks liksom ved Syni; forstod Dotter si og smilte. "Ja ja; gjer det," sagde ho; "du er sterkare enn eg." Ragna gjekk til Fâr sin. "Her hev eg Brev fraa Hauk," sagde ho, "so som eg hev venta. Og no kann eg ikkje anna ... enn som eg fyrr hev sagt." Presten seig ihop i Modløyse; kjem det likevel, sukka han, "Og du bryr deg ikkje um, at du gjer din gamle Far Hjartesorg paa hans gamle Dager?" spurde han. SIDE: 52 Det skar i henne aa høyre dette; ho gløymde heile sin Stridshug og saag paa den Gamle med Sjæli full av Sut. "Tenk deg um endaa ei Stund, Ragna," bad Presten; "tenk deg um berre til i Morgo!" -- Ho riste stilt paa Hovude. "Eg skal vente paa Svar til i Morgo; for meg sjølv hev eg tenkt yvi alt." Og ho rette seg upp og vart liksom so høg og framand: "den som vil gjera Guds Vilje lyt hata baade Fâr og Mor og Syster og Bror, ja tilmed sitt eigi Liv." Det lyste or Augo hennar liksom med Maaneglans. Presten sat som tryllt. "Eg kjenner henne ikkje lenger," tenkte han. Ho gjekk -- inn paa Kammerse sitt og grét. Presten samraadde seg med Kona si. "Korleis skal me fara aat?" sagde han. "Ho er komi inn i den Svermartanken, at ho er utvald til aa frelse Guten; og mot slikt er ein verjelaus; her er Raad med alt so nær som med Ørske. -- -- I Grunnen er det sant som Balle sagde: slike Folk som denne stakkars Hauk burde vera utestengde fraa alt godt Lag." Prestekona sat og saag nedfor seg og gjorde Kunstir med Snippen av Lùmmeduken sin. "Balle er visst snar til aa mistru Folk," sagde ho stilt. "Balle er Sjælekjennar!" sagde Presten, noko stutt. -- "Du trudde ikkje paa Mistankane hans," sagde Frua, "fyrr det Bladstykke kom?" -- "Hm-hm, lat so vera, lat so vera," sagde Presten, tryllt og forundra yvi at ho hadde gaatt etter det. "Men naar no ikkje Hauk hev skrìvi det Stykke," sagde Frua og vreid sterkt paa Plaggsnippen, -- "so er det berre Balles Mistankar som stend att." Presten sat og stirde. Slike Motlegg hadde han endaa aldri røynt av si snilde Kjering! "Barn skal reise seg mot Fâr, Husfru mot Mann," murra han for seg sjølv og sukka. Prestekona høyrde det og vart reint rædd; hadde so nær sleppt det heile og berre bedi Mannen sin um Tilgjeving. Men so hugsa ho Dotter si og gjorde seg hard, endaa det sveid i Bringa. No tok Presten i att. "Balles Mistankar som du kallar det, hev sine gode Grunnar; og det var berre min Blindskap og Godtruskap som gjorde at eg ikkje fekk Augo upp fyrr. Dessutan tala eg sjølv med Guten. Slike Tankar som han gjeng med SIDE: 53 er reint haarreisande. Di meir eg hev tenkt paa deim, di ræddare hev eg vorti. Det nyttar ikkje aa vride seg ifraa dette. Eg hev sjølv vori likso glad i Guten som du, og eg vil visst likso lite som du gjera Dotter vaar imot; men no -- , no veit eg ikkje kva eg skal korkje gjera eller tenkje." Prestekona sat vonlaus og rædd og var innimot Graaten. "Ragna tòler knapt nokon Motgang i dette," sagde ho. "Du meiner ... Helsa hennar -- ?" spurde Presten ustødt. "Ja ... Ho tek det so tungt." No kunde ikkje Frua berga seg lenger; ho grét. "Naa, naa, naa," bad Presten. Han var reint raadlaus. Han kjende seg so aaleine; og Kvendegraat hadde han aldri tòlt. "Ja -- ja -- ja, i Herrens Namn, kva skal me gjera?" spurde han. "Um du skreiv til Hauk?" bad Frua. "Skreiv? Ja ... Skreiv ja, og bad honom forklaare seg? Ja ... Ja, det var ein Tanke. Eg skal prøve! eg skal prøve! -- Gjeve Gud det maatte jamne seg!" -- Han vart tydeleg lettare. No fekk han iminsto Dag med Avgjerdi. Han skreiv. Fyrst eit Spursmaal paa Samvit og Ære, um Hauk var kristin eller daa heldt paa den kristne Læra. Men dersom han ikkje gjorde det, um han daa vilde lova at han likevel skulde finne seg i kyrkjeleg Vigsle, og at han aldri vilde freiste paa aa draga Ragna inn paa sine Tankar, og at Borni -- um Gud signa Ægteskape med slike -- skulde faa Daap og full kristeleg Fostring. Breve vart sendt same Dagen; Ragna fekk vìta det etterpaa. Ho lika det ikkje, men gjekk inn paa at ho ikkje skulde skrive, fyrr det kom Svar paa dette Breve. Svare kom og var stutt og kaldt. "De kann vel ikkje i Aalvor tru, Herr Pastor," stod der, "at eg læt meg avkrevja Vitnemaal um mi Tru paa denne Maaten. Det maa vera nok at eg stend i den lutherske Statskyrkja. Um dei Vilkaari De set uppe, skal eg berre segja at eg ikkje vil binde meg soleis paa Fyrihand. Dersom Ragna elskar meg so er ho mi; og daa er ho den einaste som kann setja meg Vilkaar. Eg hadde -- ærleg sagt -- venta Svar fraa henne fyrst; for eg tenkte ho var sterk nok til aa SIDE: 54 avgjera ei slik Sak sjølv." -- Dette Breve gjorde ikkje godt; og Hauk hadde halvt um halvt sendt det i den Trui at no var alt ute. Presten freista aa telja Ragna ifraa endaa ein Gong. Men alt han sagde visste ho aa svara paa so klaart og fast, at han ingin Veg kom. Han gav seg sistpaa yvi. "Du fær gjera som du vil," sagde han; "men min Vilje hev du ikkje, og eg vil inkje Andsvar hava." Ho leid grøteleg under dette, men stod fast. Og ho fekk Hjelp av Môr si, som saag kor hardt ho trong um Studnad i denne tunge Striden. Ho skreiv til Hauk: "Det var ikkje med min Vilje at du fekk det Breve fraa Far. Eg er di, for eg kann ikkje vera anna; um eg skulde lide alt vondt vil eg fylgje deg. Eg kann ikkje setja upp Vilkaar; eg vilde skjemmast av det, og det vilde ikkje nytte. Eg trur paa deg; det er alt eg kann segja. Dei segjer for meg at du er Fritenkjar. Um so er vil eg beda for deg; og det maa du tru, at den som elskar som eg, ho kann beda. Eg gjer Far min svært imot med dette. Gud forlate meg det; for eg kann ikkje anna. Men han held meg i Grunnen ikkje lenger for Barn, og i dette kann eg ikkje lengi halde ut. Og det er det einaste Vilkaare eg set. Men eg legg alt i dine Hendar." -- -- No var Hauk sæl. Han var so sæl at han kjende Hug til aa ofre henne alt. Ho var meir verd enn all Verdsens Tankar; ho var Live. Skulde han tenkje seg ein Guddom, maatte det vera noko sovori som ho. Og den som i Elskhug aatte ei slik, han var i Livssamband med det høgste. Det var Kvinna som bar Livsens forunderlege Løyndom, den store Livsgaata, Upphave til all Glede og all Sorg, og det var ho som aatte Magti paa denne Jord yvi kvar Manns Hug og Hjarta. Kvinna var Kjærleik; og Kjærleiken var Gud; men Gud var Sanningi og Live. Han gjekk der i si Hjartans Sæle og bygde seg upp ein heil Filosofi eller Religion um dette. Men daa han fortalde sine Tankar til Kandidat Breide svara denne stutt og beint, at han var galin. "Veit du ikkje det, din General-Tosk," sagde han, "at Huldri hev Hale? Det Kvinnfolke du i Dag gjer til SIDE: 55 Gud, held du um eit halvt Aar for ei Gaas. Lat Daarane gifte seg, Gut! kom du og ver vis!" "Takk!" sagde Hauk, "eg held meg til Daarane." "Snakk," sagde Breide, "du skýnar meg ikkje. At du held det Kvinnfolke der uppe for eit Ideal, det er vel nok; det er ikkje det eg hev imot; for det er alltid godt aa hava eit Ideal i denne Verdi; men Daarskapen er at du vil gifte deg med Ideale! -- "Eg held meg til Daarskapen," smilte Hauk sæl. "Gifte deg med Gaasi!" -- Hauk berre lo. -- "Og dersom no Vaarherre velsignar Gaasi med ... Etterkomarar, kor gjeng det so?" "Aa, me kjem nok ut av det." "Ut av det? -- Ja ut av baade det og alt. Høyr no her, min høgvyrde Herr Idiot. Gift deg for meg so lengi du vil; men gjenom det Ægteskape kjem du til aa surre deg fast med tusund Reip til den gamle rotne Samfundsmaskina; og den kjem til aa rive deg og slite deg med sine tusund Tennar, til du heng der og dinglar som ein skotin Kobbe og er ubrukeleg til alt. Dette er Aalvor; og du skal ein Gong sanne mine Ord. Farvel! God Moro millom Daarane!" Hauk var so glad at han knapt nok forstod slike vonde Spaadomar. Han skreiv eit eldfullt Brev til Ragna og takka henne med brennande Ord for ho hadde gjort han so sæl, og so glad i Live. "Og no fer eg straks heim og steller til Brudlaups. For di Skuld, og for Far og Mor med, tek eg kyrkjeleg Vigsle; men du veit det er ikkje den, me byggjer vaart Ægteskap paa. Vaar eigin Elskhug er det einaste Grunnlag som her hev Rett og Sanning; og eg meiner det Grunnlage skal halde ut." -- Dette Breve gav Ragna Vissa paa, at Hauk var Fritenkjar. Men no var ho mest glad ved det; for derved var det at ho fekk noko aa gjera i Live. XVI. Gamle Provsten Hauk vart ovglad daa han hørde, at Son hans hadde fest Ragna Vangen. "Det er bra, Gut!" sagde han; "det beste du kunde gjera." Og Mori meinte det same. Det vart reint Høgtid i Provstehuse den Kvelden. SIDE: 56 "Og no tek du vel din theologicum," meinte Provsten og klappa Son sin paa Aksli. "Aa -- hastar ikkje," svara denne. "Hm? gifte deg fyrr du fær Eksamen?" spurde Provsten. "Duger ikkje, Gut! duger ikkje! Det vert alltid upp i Fusk med slikt. Nei Far; Selen paa no, og so Lasse upp for Brekka med same. Hm?" Hauk var i si verste Beit. "Ja ser du, Far," sagde han, "i dei fyrste Aari hev eg ikkje Bruk for denne Eksamen. Og eg veit i Grunnen ikkje um eg fær Bruk for'n nokon Gong. Det stend paa korleis det gjeng med det andre. Men -- dersom eg ein Gong ser eg kjem til aa faa Bruk for teologisk Eksamen, -- naa ja, so riv eg'n fraa meg paa eit Aars Tid. Det lagar seg nok." "Hm; høyr, Eystein," sagde Provsten. Du skal ikkje rive fraa deg den teologiske Eksamen paa eit Aars Tid. Du med dine Gaavur skal hava præ. For det fyrste kann du daa koma fram i Verdi. Og det hev ikkje lite paa seg det. Hm?" -- "Aa, det finst vel alltid det som var verre aa vera enn Bisp," meinte Eystein med ein Smil. "Godt, godt!" sagde Provsten. "Og for det andre so treng Kyrkja i vaar Tid dugande Mennar. Uppløysningsmagtine reiser Rygg rundt ikring, i Politik, i Teologi, i Vitskap, i alt; endaa her hjaa oss høyrer me Røystir som kjem fram med nedrivande Tankar, ja som tek paa sjølve Statskyrkja. Hm? Ja det er fælt. Og Kyrkja hev ikkje mange Stormennar i denne Tid. Dei er snart talde dei som ein kann segja lyfter seg upp-yvi Tylvti. Difor trengst her einkvar ung, sterk Mann, utbudd med stor Daning og Kunnskap, og med Skrive- og Taalegaavur av høg Rang, ein som kann tyne ned alt dette Satansherke, og samle Kyrkja i sin gamle Stordom til eit fast Murverk mot desse Avgrundsmagtir som ligg og bryt og kokar der ned i Folkedjupe. Hm? du forstend? -- Det vilde vera eit Arbeid som kunde adle sin Mann. Det var noko for ein Idealist som du! Hm?" Hauk vart so tung um Hjarta ved slikt. Men han laut halde seg. "Slikt Verk ligg langt yvi ein Manns Magt," sagde han. "Ein Manns Magt?" ropa Provsten. "Nei høyr, Gut. Just i ein Mann er det. Krafti maa samlast, SIDE: 57 just paa ein Mann er det, Verke maa bli lagt; aldri vart eit Storverk gjort av ein Korporation, og aldri vart Verdi reformera av ei Generalforsamling." -- "Sant nok," sagde Eystein. "Javisst er det sant," meinte Provsten. -- "Eg lyt fyrst røyne ut kor langt eg kann koma med det eg no hev fari til med," sagde Eystein; han vilde burt fraa Emne. "Kunde eg drive det til aa verte ein god Bladmann, so hadde eg vunni meir enn um eg vart Bisp." "Pyh!" blés Provsten og slo ut Pipa si. "Nei, Gut; det vert du snart leid av. Vera Bladmann er aa vera Træl; du trur du er Styrar av Dagsens Straumar, og just so er du berre eit Tutarhorn Por dei Tankar og Meiningar som til kvar Tid er uppe. Men hev du ein Tanka du sjølv vil hava fram, so -- Takk skal du ha! -- so hev Publikum anna aa tenkje paa. Du kann leggje all di Sjæl i eit slikt Arbeid, og du kann vera so dugleg du vera vil -- : "han skriv godt for seg, den Fyren!" segjer Publikum; og so gjeng det sin Veg. Nei! den som vil faa noko fram i Verdi, han hiver Penn og Papir og gjeng inn i det praktiske." Hauk hadde vorti aalvorsam. "Du hev stor Rett her, Far," sagde han; "og eg hev sjølv tenkt det same. Naar ein ser paa Mengdi av desse Bladfolk, ser, kor loslitne dei er baade i aandeleg og ofte i utvertes Meining med, kor trøytte og matleide dei gjeng der og masar, utan Tru paa Folke og ofte utan Tru paa seg sjølve, men syndleg bundne til Kjerra og Partie, -- naar ein ser slikt, so kann ein nok verte rædd. Men, kjære Far, -- kor mykje fær no dei gjort som gjeng inn i det praktiske? Kva utrettar ein Bisp t. D.? Det einaste han vinn er aa gaa Ærend for Kyrkjedepartemente og halde uppe 'Systemet'. Men er det ein som hev ein Tanke sjølv aa arbeide fyri, -- so vert han ikkje Bisp! Kva skal ein so gjera? Er ein Bladmann, so kann ein i alle Fall stride for sine Tankar; ein fær ikkje mange med seg; dei fleste les Blade og legg det fraa seg att likso kloke som dei tok det; men -- ein fær daa dei beste; og dei hine, dei syg i seg Tankane og veit det ikkje sjølve, og so kjem dei sigande etter med Tidi. Det gjeld berre um SIDE: 58 ein er seig nok til aa ikkje trøytne, naar ein gjeng og ser paa all den Vesalldomen og Faavisa." Provsten stod og tenkte. "Hm, ja -- ja," -- sagde han; "det kann hende du hev Rett i sùmt, du med. Embættslasse er ikkje alltid so lett; og der er noko i det, at anten maa ein vera so sterk at ein kann skapa eit nytt System, eller so vert ein Træl av det gamle. Men du med dine Gaavur skulde vera Kar til aa skapa eit nytt System!" "Skulde eg skapa eit nytt System maatte eg hava nye Tankar," svara Hauk. "Men dersom eg hev nye Tankar, so stengjer det gamle System meg ifraa seg, til dess eg er so slitin at eg ikkje lenger kann gjera noko. Og dersom eg vilde snikje meg fram, ljuge ned mine nye Tankar til eg vann upp, so vilde den Lygni tyngje heile mitt Liv og sistpaa magtstela meg naar det galdt. Og paa den Maaten vart eg i verste Meining ein Træl." Provsten gjekk att og fram. "Hm -- ja; hm; naah ... Men din theologicum skulde du hava likevel, -- for alle Tilfelle, ser du! Du veit ikkje kva som kann hende, og du er ikkje lenger so reint ung. Hm?" "Me fær sjaa," sagde Hauk. "Det lagar seg vel; og -- som sagt: eg trur eg skal slaa større Slag baade no og sidan naar eg fiktar med Pennen, enn um eg gjeng Embættsvegen." "Naa ja-ja, ja-ja!" sagde Provsten; "lat oss ikkje stridast i Kveld! Eg er i slikt Godlag at du kann faa meg med paa kva du vil. Men det er sant; med det same me er innpaa dette: sùmt av det du hev skrivi i "Framgang" er fælt radikalt, du! Det maa du iallfall agte deg fyri. Du kunde snart faa Ord for aa vera ein Rotrivar! Ja du kunde draga paa deg Mistanke um, at du høyrde med til dette Helvites-Bøle som ligg der inn i Kristiania og vil fuske fraa oss Kristindomen vaar! Hm? -- Gud fri oss! -- Ein slik Mistanke er speleg, ser du. Ikkje nok med at han vilde stengje Embættsvegen for deg; men han vilde likso vel gjera deg ubrukeleg til alt anna. For enno held Gudskjelov Folke vaart fast paa si gamle einfalduge Barnetru; so dersom nokon rører ved den, so SIDE: 59 taper han med same Gongen Tilliten hjaa alle. Berre den minste Mistanken er nok. Agta deg, Gut! -- Du er ung og djerv; du meiner det ikkje vondt; men du hev som all Ungdom Hug for sterke Ord, og meir Sans for Einskildmanns Fridom enn for den Autoritet som held Samfunde ihop; -- du kunde snart faa ein Flekk paa Namne ditt og verte heitande Samfundsrivar og Fritenkjar; og daa var du seld; daa kunde du likso godt fara or Lande med same. Merk mine Ord, Gut! Eg er eldre enn du, og eg kjenner mine Folk; du skal aldri trega paa at du lydde meg i dette." Hauk tagde. -- Aa, det var fælt aa sitja her og høyre paa alle desse velmeinte, truskyldige Ord! Det var ikkje fritt han kjende seg som ein Svikar; heile Live hans krengde seg liksom um til ei Lygn; han vreid seg under ei Skam han snaudt kunde bera. Men kven hadde Hjarta til aa vera ærleg her og dermed røve all Hugnad og Alderdoms Fred fraa sine eigne gamle Foreldre! Han maatte tegja. Han hadde som ei Kjenning av at han vel ein Gong kom til aa svide for denne Lygni si -- for Lygn var det! -- ; men han fekk daa heller taka det som kom sjølv, berre han kunde faa spara sine gjæve, kjære Foreldre. -- "Og no nok um slikt!" ropa gamle Provsten. "No skjenkjer Mor oss eit ærlegt Glas Vin, og so drikk me ei Skaal for di unge Festemøy! -- Aa kor glad han vert, den gamle Fagnadmannen, Far hennar! -- Skaal! Ja, min gode gamle Vén Vangen. Me hev havt mang ei glad Stund saman me tvo, daa me var unge. Han var ein lettliva Kar i den Tid, Vangen, ein Skjemtegauk og glad i Gaman -- vel glad sume Tidir, ha-ha, -- men fin og nobel og god. Ja der var i det hele meir Liv bland Studentane i den Tid enn no. Folk er so sture og stive av seg no; dei fær det ikkje til med aa lìva. Nei; i den Tid var det noko anna; der var Poesi i Studenterlive daa; der var ... der var ... naa, der var Villskap inn imillom; men der var daa i det heile meir Sving paa det, meir -- meir -- med eit Ord: meir Poesi. Men den eg fyrst og fremst minnest naar eg tenkjer attende paa dei Dagar, SIDE: 60 det er min gode Ven Vangen, Johan Peter Blommenberg Vangen ... Skaal for den Mann! Hans Dotter vaagar eg for alle dei Gjentur som til er. Hm?" Dei samtala lengi um desse Ting; og Hauk fekk snutt det so, at Provsten og Frua vart samde um aa beda Presten Vangen um Lov til aa halde Bryllaupe heime hjaa seg. Det vart og avgjort, at det skulde staa til Hausten. XVII. Bryllaupe stod. Hauk var glad og sæl, men lengta sterkt etter aa koma ut or all denne Lygni han her var uppi. Ragna var sæl som han, men samstundes med ein Daam av høg, mild Sorg. "Stor og rein som Madonna!" tenkte Hauk og saag seg byrg paa henne; "so klaar ei Panne maa vera aatkjømd for klaare Tankar!" Men Ragna saag seg glad paa dei varme, reine Augo hans; "med so rikt og varmt eit Hjarta som han hev, so maa han kunne finne fram att til si Barndoms Tru." Presten Vangen var ikkje med i Bryllaupe, til stor Saknad for gamle Provsten. Det heittest at han var sjuk, og det var ikkje so langt av Leidi heller. Men han hadde sendt Provsten eit Brev som denne undrast mykje paa. "Kann du skýna kva Mannen meiner?" spurde han Son sin. "Han skriv so høgtidsfullt og løyndomslegt, at eg forstend ikkje eit Ord; og ikkje er det likt til han er glad heller! -- Eystein las Breve. Det var fullt av Innpaatyding og Burtpaaleiking; den gamle Presten hadde ikkje havt Mod eller Vilje til aa segja sine Tankar ut; men han hadde daa gjengi so langt som han kunde. "Aa pytt," sagde Eystein til Far sin; "det er berre denne galne Kapellanen dernede som gjer Presten ør. Han er rædd meg i Politiken, ser du! -- for du veit at Vangen hev vorti svært konservativ i denne Tidi." "Aa er det det!" sagde Provsten. "Men Herre Gud, er ikkje eg likso konservativ som han?" -- "Hm -- ja, Vangen er ikkje berre konservativ; han er Bakstrævar." -- "So. Hm; i gamle Dagar var han meir frilyndt SIDE: 61 enn baade eg og dei fleste." -- "Dess stridare Bakstrævar er han no." -- "Hm, forunderlegt!" Provsten riste paa Hovude og lika seg ikkje. "Du hev no vori uvyrdin òg, stundom," sagde han til Son sin. "Berre du ikkje alt er gjengin for langt!" "Aa, det greider seg nok," meinte Eystein. "Ja ja; me fær tru at Ragna fær Skikk paa deg," sagde Provsten. "Kjeringane vaare plar vera gode Dyretemjarar!" Eystein lo. Mor aat Ragna hadde òg ein slik Samtale med Brudgomen. "Du maa ikkje undrast paa Vangen," sagde ho. "Balle hev innbilt honom at du er ... at du hev ... at du er av dei som fornegtar ... og det er det som hev gjort honom so uroleg og hjartetyngd. Men det er vel berre eit Paafund av Balle?" -- Hauk vreid paa seg. "Balle held alle for Fritenkjarar som ikkje trur paa det norske Kyrkjedepartemente," sagde han;" kor kann den kjære Pastor Vangen bry seg um slikt?" -- Prestekona vart liksom noko flat ved dette og spurde ikkje meir. Men ho bad honom skìlleg vent um aa vera god med Ragna, som var saar og fin i sine gudelege Kjenslur og lett kunde mistyde mangt, um det ikkje var so vondt meint. "Ver roleg, Mor! sagde Hauk og slo seg glad, "Ragna og eg skal nok koma utav det!" -- Frua saag paa den staute glade Ungdomen og smilte. Daa Bryllaupe var slutt, fór dei tvo unge beint til Byen. "At dé ikkje fer heim-um Vangen!" sagde Provsten og var mest ublid. "Eg maa til Byen no," svara Eystein; "og Ragna fylgjer helst med same." "Far er sjukleg," hjelpte Ragna til, "og treng sterkt til Ro." -- "Hm, ja-ja, ja-ja," grumde Provsten. Dei reiste. -- "Og no maa du, Eystein, vera meg alt i denne Verdi, baade Far og Mor og Vén!" sagde Ragna, halvt med Smil, halvt i Graat. Han drog henne inn til seg. "Alt, alt!" sagde han. "Eg elskar deg dess meir uendeleg, di meir du for mi Skuld lyt sleppe." Ho grét, baade av Sorg og av Glede. Dei kom til Byen. Hauk hadde stellt alt fint og hyggjelegt til aat henne, og ho vart hjartans glad i sin nye Heim. Han var litin, men svært koseleg. SIDE: 62 XVIII. Og som Heimen var, so var òg det Live som no der tok til. Ingin nemnde det som skilde; det kom alltid fram i Samrøda ender og daa, og iser var Hauk god til aa leggje sine Tankar inn so det knapt vart aatgaatt; men dei striddest aldri. Og i sin unge inderlege Elskhug var dei kvar paa si Side uendeleg vare for aa nemne Ting som kunde gjera vondt. Ragna visste dessutan, at det kunde ikkje nytte for henne aa taka det med Strid; men Hauk paa si Side vilde ikkje for alt i Verdi ho skulde tru, at han vilde "umvende" henne. So gjekk det overlag godt. Det at Kjærleiken liksom var innsprengd med duld Uro gjorde at han vart varmare, ja saar og sorgfull, som naar ein elskar den ein ikkje kann faa. Men det kjendest likevel stundom tungt, at der skulde vera noko imillom deim som dei ikkje kunde tala fritt um. Det var som dei ikkje aatte kvarandre heilt paa denne Maaten. Sitt høgste Aandsliv maatte dei altfor mykje lìva kvar for seg, og det dei kunde hava tilhopes vart mest det kvardagslege, det vanlege. Og ikkje ein Gong dette aatte dei heilt saman. For det fanst i Grunnen ingin Ting som dei ikkje saag kvar paa sin Maate. Dette kunde stundom falle svært vondt. Og ettersom Tidi leid kom det liksom noko framandt inn millom deim sjølve. Dei vart meir og meir utrygge for kvarandre, visste mindre og mindre aa finne kvarandre. So vart dei rædde og søkte dess fastare ihop, gav etter og ofra alt det dei kunde til aa naa kvarandre; men so forstod dei at det fraa baae Sidur var eit Offer; og det vart òg vondt. Stundom kunde Hauk tala so Ragna fekk Von um at han ikkje var so langt ifraa henne endaa i dei høgste Ting; og ho skalv av Glede. Men naar ho so vilde slaa seg til Ro i denne Gleda og liksom gav honom Handi til heilt Samband og fullt Fylgje, so kom der alltid noko som sagde: nei; det var ikkje so meint. Ettersom Hauk vart meir og meir rædd for aa leggje sine Tankar fram i Samtale, fann han paa og gav henne SIDE: 63 Bøkar som han trudde skulde lære henne aa forstaa honom. Det var mest Romanar og andre Diktverk, skrivne ut fraa hans Livssyn. Ragna las deim, men vart liksom sjuk av det. "Ikkje gjev meg slike Bøkar," bad ho. "Kvi daa?" spurde Hauk. "Dei er so stygge," svara ho. "Stygge?" spurde han. "Ja; dei hev so mange gudlause, sundrivne Tankar. Eg vert so leid av meg naar eg les deim." Hauk saag paa henne og smilte. "Trur du det sanne alltid er det same som det hyggjelege?" -- "Nei; det sanne kann vera strengt ... men det er alltid kjærlegt." -- "Tankane i desse Bøkane er strenge og kjærlege." -- "Nei, dei er so fulle av Hat og Spott." -- "Mot det laake og stygge ja." -- Ho tagde. "Kannhende finn dei sumt stygt som du finn fagert," heldt Hauk fram. "Men det spýrst berre um Livssyne. Hadde du vori upplærd i dei Tankane, so hadde du òg funni dei fagre." "Ja, men daa hadde eg vori noko reint anna enn eg no er; og eg veit ikkje um det hadde vori betre?" Hauk vart aalvorsam. Men so smilte han. "Det der er eit argumentum ad hominem!" sagde han; "for du veit at eg vil hava deg som du er. Men for din eigin Part -- ja, eg veit ikkje." Ho saag paa honom med Sorg. "Med slikt Livssyn hadde eg vorti vond, trur eg," kviskra ho. Han hadde eit Svar paa Tunga, men svelgde det, daa han var rædd det kunde saare. -- "Naa ja," sagde han, "me skal finne andre Bøkar aat deg. Lat oss høyre kven du helst vil lesa!" -- "Schiller?" sagde Ragna. "Godt! ja, han er ein meinlaus Mann. -- endaa han var Heidning god nok, han med." -- "Schiller? som Far var so glad i?" -- "Javisst! Daude Heidningar er ikkje faarlege." -- "Eystein!" -- "Kjære, det var ikkje vondt meint. Er det fleire Diktarar du vil lesa?" "Ja, Goethe -- ? Men han er vel òg Heidning?" -- "Den verste av alle," svara Hauk. "Er her daa ingin Storskald som hev vori kristin?" spurde Ragna rædd. Han tenkte seg um. "Av Storskaldar fraa nyare Tid veit eg knapt nokon. Men av dei mindre ..." -- "Enn Shakespeare?" spurde Ragna. "Ja, han er so stor at han stend reint upp-yvi denne Striden," sagde Hauk. "Lat meg faa slike ... Du trur SIDE: 64 ikkje kor vondt eg fær av aa lesa alle desse ... Det legg seg for Bringa; eg vert som sjuk. Det er Veikskap av meg; men ... ja. Du maa bera yvi med meg." "Kjære, kor kann du tru -- ?" Han kysste henne. Men i Grunnen gjorde dette honom vondt. Der var paa nytt ein Veg stengd millom henne og honom. Han hadde tenkt at ho var sterkare. Skulde det no ikkje bli altfor langt imillom deim, so maatte han tala med henne som fyrr, um han elles fekk agte seg endaa meir for aa saare. Men no, daa Ragna hadde lesi desse Bøkane, var ho gløggare i slike Ting. Ho gaadde strakst naar han kom inn paa ukristelege Tankar. Lengi høyrde ho paa honom og tagde. Han tok so smaatt til aa vone at ho var paa Veg til aa skýna honom. Men ein Gong, daa ho totte han vart noko strid, bad ho honom med ein sorgblid Smil at han ikkje maatte tala um sovori. "Du veit eg er so veik," sagde ho med Bøn i Mæle. Han smilte, men noko saart; og det var ikkje fritt han bleikna. "Kva skal eg tala um daa?" sagde han. Ho kvakk; enn um ho paa denne Maaten dreiv honom reint ifraa seg? -- "Jau, jau, tala um alt," bad ho; "men legg ikkje fram so mykje av desse ... Meiningane, so er du snild." -- "Vil du daa eg skal vera usann imot deg?" spurde han. "Nei! nei! tala um alt, og som du vil!" -- "Men naar eg veit at eg saarar deg?" sagde Hauk skjelvmælt. "Eystein -- !" ho grét. Han drog henne mildt inn til seg, men kunde ikkje svara. Sidan prøvde ho aa tvinge honom til aa tala, med di ho i mest all Ting spurde um Meiningane hans. Men med Rædsle kjende ho, at han hadde fengi meir Magt med Tankane hennar enn ho baade visste og vilde. Serleg kjende ho dette naar ho kom i Kyrkja eller tala med andre gudelege Folk. Ved dette kom ho i slik Strid med seg sjølv, at ho var paa aa gjeva seg yvi. Ho totte ho hadde aa velja millom Gud og honom, og her kunde ho ikkje velja. -- Sin store Tanke um aa vinne honom attende til Trui, den hadde ho fraa fyrste Dag freista aa setja i Verk ved aa syne honom eit sant kristelegt Liv, so han liksom SIDE: 65 skulde sjaa at Kristintrui var den beste. Og dette gjorde ho paa ein slik Maate, at Hauk ofte maatte tenkje med seg: var alle Kristne slike, so vilde Kristindomen enno eige Verdi. Men han hadde ei Kjenning av, at alt dette gjorde ho med Tendens, for hans Skuld; og straks fekk det mindre Verde og liksom mindre Sanning. Stundom var det endaa mest so han mislika at ho bøygde seg so audmjukt og motstandslaust under hans Vilje; "der er for lite Reisning i dette!" tenkte han. "Der er Trældom i det! Kvinna hev ikkje godt av aa lìva under ein slik Moral!" -- Dette forstod ho ein Gong av eit Stykke han hadde skrìvi i Blade; og daa vart ho mest raadvill. Ingin hadde ho som ho kunde tala med heller; og Trui hennar var ikkje so trygg og hugheil som fyrr. Ho leid meir enn nokon livande visste. Men so bad ho og grét og las i Bibelen; og ho kom daa alltid til det at ho burde halde fram som fyrr. Hans Vangen, Bror hennar, kom til henne stundom, men alllid naar han visste at Hauk ikkje var heime. Han hadde lagt seg sterkt paa det aalvorsame no og heldt Lag med dei strengaste Pietistarne; "for eg hev vori vill og tankelaus fyrr," sagde han, "og drivi for alle Vindar." Naar han var hjaa Ragna preika han og las; og jamt og samt aatvara han henne mot Hauk, som var i Sanning ein Satans Engel, send til Tukt for baade henne og oss andre. Ragna kunde ikkje lenger tala stort med Bror sin; og ho laut Gong paa Gong segja seg sjølv, at det han fór med var som Bòs og Barnemat mot Hauks klaare um enn kalde Tankar. Det var etter kvart komi so langt, at Ragna i sine eigne stille Tankar vedgjekk, at Far hennar hadde havt Rett, daa han spaadde henne tunge Dagar saman med Hauk; og endaa vilde ho ikkje for alt i Verdi ynskje Valet sitt umgjort. Det som var imillom deim var ei so stor Sak, at det drog til likso vel som det skilde; dei livde som i ein dagleg Strid med aa vinne kvarandre, og denne Striden heldt Kjærleiken ung. Eystein og Ragna var i rette Røyndi eit lykkelegt Par, alt um dei -- som alle lykkelege -- ikkje rett visste det sjølve. SIDE: 66 XIX. Hauk skreiv i Blade og studera Samfundsvitskap. Mange av Stykki hans vart haldne for meistarleg gode; andre totte Folk var hosta radikale. Men dei hardaste Stykki han skreiv sette han ikkje Namn under, berre eit Merke "R. og vert den fraa-det-tekin, so kann korkje du eller nokon annan gjeva det noko jamgodt i Staden. "Og ein Ting til. Naar du vert eldre so skal du sjaa, at du nok fær eit anna Syn paa desse politiske og kyrkjelege Ting. Denne Fridomshugen er Ungdomens Politikk; eg veit um det, og det er i Grunnen naturlegt; difor finn eg meg òg i dine Galskapar so godt som eg gjer. Men naar ein hev livt og lært ei Stund, so fær ein Syn for mangt som ein i Ungdomen var blind fyri. Skriv no ikkje soleis i Ungdomen, at du stengjer deg sjølv Attervegen i Alderdomen! Skriv ikkje soleis, at dei unge som kjem etter deg ein Gong skal brkùa dine eigne Ord til Vaapn mot deg sjølv! -- Eg kjenner deim som hev gjort slikt; men eg veit òg at dei hev trega det. "Det er elles i seg sjølv meiningslaust, at du som er Idealist fylkar deg inn millom dei "Liberale". Det er ikkje paa den Sida du skal finne Idealiteten. Liberalistane vaare er Skravlarar og Kjeft-ausur; men prøv deim SIDE: 67 naar det gjeld, so skal du sjaa. Det er paa den andre Sida du finn det klaare Syn og Arbeidsdugen og Offerhugen. Paa vaar Side stend tusund gode Mennar ferduge til aa ofre, og det i det store, dersom dei finn ein Mann som vil føre deira Sak fram; paa Fridomssida stend ein Flokk Skrikhalsar som kann skrive staakande Bladstykke i rotrivande Avisur, men vrid seg som Ormen, naar dei skal ofre so mykje som ein halv Skilling for den Saki dei kallar si." -- Hauk svara mill. a.: "Du er strid med Fridomsflokken vaar; men; kjære Far min! du maa tru at du ikkje kann lære meg noko nytt um den. Eg kjenner desse Folk. Det er, etter si store Mengd, ein ihopløpin Flokk av alle Slag, som lite veit og inginting vil; men dei er komne i Ugreide med det gamle og likar difor at det gamle vert rivi ned, endaa dei inginting nytt veit aa setja i Staden. Dei likjest Sverres Birkebeinar i alt so nær som i Mod og Manndom og i den Gaava aa kunna samle seg trufast um Sak og um Førar. Det er Malkontentar av ymse Slag, heileblaute Drøymarar, fuskande Fiskarar etter Folkegunst, drivande Vinglingar som trur, at aa "opponere" er aa vera "sjølvstendig", og som av den Grunn opponerar mot alt som hev Magt eller ser ut til aa faa Magt, um det so er deira eigi Parti. Og so er der ein ørlitin Flokk øvst uppe, som veit kva dei vil og vil det dei veit, ein ørlitin Flokk, som verkeleg ser Saki og skýnar Tanken og strævar for den; eg veit alt dette, Far! Ja, eg veit meir. Eg veit at me i rette Røyndi ingin liberal Fylking hev. Det som samlar Flokken er ikkje sams Fyremaal, men sams Fiendar; og Stormengdi av deim som ærlegt trur seg Fridomsmennar er i Grunnen so gode Bakstrævarar som nokon kann ynskje seg. Tak Storflokken av dei "Liberale"; gjev denne Flokken Magti; -- han vil ikkje reformere ein kongeleg Hestestall dessmeir, langt mindre Samfunde. Dei hev ingin ny Tanke aa setja inn; dei vil byggje paa det gamle og vert daa sitjande i det gamle Uføre med. Alt dette veit eg. Men, ser du: dersom me ikkje hev ein Fridomsflokk, so vert det dess meir naudsynlegt aa arbeide SIDE: 68 upp ein; og lat Sverres Birkebeinar vera ein ihopdrivin Flokk av Røvarar og Rèk: det er endaa Sverre som eig Framtidi, og ikkje Magnus og Erling Skakke." -- -- -- I denne Tidi skreiv han eit av sine hardaste Stykke: "Grunnvollen for Samfunde", og sette det i Blade under Merke R. Ragna var rædd at Hauk vilde setja seg imot. Hauk tenkte: ho er enno ikkje so langt komi at ho kann skýna meg um eg kjem fram med mitt; Ragna tenkte det same fraa si Side. Og so vreid dei seg for Uppgjerdi og tagde so lengi dei kunde; Tankane deira kom ikkje upp paa annan Maate enn ved det at dei var framifraa gode og kjærlege mot kvarandre. Soleis gjekk det Dag etter Dag. -- "No?" sagde Kandidat Breide, "koss gjeng det?" Hauk vilde vride seg undan: "aa," svara han, "det lagar seg vel." Breide saag paa'n og flirde. "Ja no sìt du der!" sagde han. "No fær Kyrkja Veslefingren; og hev ho fyrst den, so tek ho heile Karen. Farvel, Fortapte!" -- "Dette er ikkje Venskaps Tale," meinte Hauk. "Venskaps- Talen fekk du daa Tidi var til det; daa vilde du ikkje høyre. No er det Sverd-Tid, Graat-Tid, Økse-Tid, som Skalden segjer; no er du ikkje lenger til aa berge. Fossen syg deg aat seg, og ut-yvi ber det. Gakk no stad og sèl Guten din til Lygni og Humbugen; du sèl deg SIDE: 69 sjølv med same. Den Floken du hev vasa deg inni no kunde ikkje Aleksander sjølv hogge yvi." Hauk fælte for at Breide kunde faa Rett, men harma seg yvi at han tok det paa denne kalde, tykkjelause Maaten. Det sleit av ei Viku til. Hauk saag at Ragna leid vondt; og det vart verre og verre aa vaage ei Uppgjerd. "Dersom det endaa berre var Daapen!" tenkte han. "Daapen er ein tom Skikk og ingin Trolldom. Men vert Guten døypt, so skal han hava Fostring der etter; Kyrkja riv honom fraa meg; for meg vert han framand; meg vil han lære aa sjaa paa som ein Antikrist og eit Djevelsting. Og Lygni og Skrymtarskapen vil eta seg inn i Sjæl og Tanke hjaa honom til han er øydelagd; dei vil leggje seg serleg um aa synkverve og tankebinde honom, fordi han er Son aat Fritenkjaren. -- Men so var det Ragna. Ragna leid vondt; for henne var Guten eit Djevelsbarn vigt til Domen, so lengi han ikkje var døypt! Hauk herde ikkje aa sjaa paa henne; han heldt seg fraa Huse so mykje han kunde. Ragna saag kor som til stod; og tidt og ofte sat ho bøygd yvi Vogga og grét. Ein Dag var Guten ikkje frisk. Det hadde inginting paa seg, men likevel sveiv det henne som eit vondt Hugbod: enn um han døydde i Natt? -- Denne Tanken skræmde henne so upp, at ho sette seg fyri aa tala til Hauk strakst, anten so det skulde bera eller breste. Her galdt det meir enn baade Lykke og Liv. Same Dagen, ved Middagsborde, kom ho med det. Hauk vreid seg, men var likevel glad for at Stundi endeleg var komi. Han sat og tenkte ei Stund; so sagde han: "fyrr eg kann svara deg paa det du her spýrr um, maa eg vita ein Ting. Trur du eg hev Samvit, Ragna?" Spursmaale kom so braadt og so aalvorsamt, at ho stokk av det. "Ja det maa eg vel tru?" sagde ho. "Trur du daa, at det finst Ting som eg for mitt Samvit ikkje kann gjera? Eller trur du, at naar eg ikkje trur som du trur, so er eg ein morallaus Mann, og at det daa kann vera meg sliks Slag anten eg fer so eller so?" No raudna ho. I Grunnen var det ikkje fritt for at SIDE: 70 ho hadde tenkt noko slikt. "Den som var utan Gud var utan Andsvar," hadde ho lært; og det hadde ho i Grunnen trutt; men no vart ho skamfull yvi denne Tanken. "Trur du," tok Hauk atti, "at eg er ein ærleg Mann som trur paa mitt liksom du paa ditt, og at eg er moralsk bundin til mi Tru liksom du til di? Eller trur du at eg er ein Gap, som hev slengt mi gamle Tru fraa meg av di eg var leid aa av lìva under moralsk Tukt, og som no ikkje kjenner meg bundin til noko, men lìver andsvarslaus og tankelaus etter som Hugen snur, liksom Villmannen i Skogen?" "Spýrr ikkje so," bad Ragna. "Eg lyt spyrja," svara Hauk. "Me fær gjera upp i Dag; lenge nok hev me tagt no. Eg veit du kjenner deg bundi til di Tru, og at du tykkjest hava Synd paa deg, dersom du gjeng imot denne Trui. No spyrst det daa um du trur, at eg er ein andsvarslaus og dermed rettlaus Mann, so at du, ut fraa di Tru, hev Rett til aa drive din Vilje fram imot min, eller um du held meg for ein Mann med Samvit og moralsk Andsvar, og dermed trur at eg hev min Rett, ut fraa mi Tru, og at denne Retten -- i moralsk Meining -- kann vera jamgod med din, so at me daa kjem til aa samtinge um denne Saki. Eg maa vìta dette, fyrr eg kann svara paa Spursmaale ditt." Ragna hadde bleikna sterkt. I Grunnen hadde ho aldri tenkt seg slikt: at han, den villfarande, skulde hava nokon moralsk Rett mot henne i eit slikt Spursmaal. No fekk det heile ein ny Lìt. Det drog seg fram ein umogeleg Floke. Var han ein ærleg Mann som trudde paa sitt liksom ho paa sitt, og som kjende seg samvitsbundin av si Tru liksom ho av si ... so fekk han same Retten i denne Saki som ho; og sagde han daa nei, som han vel maatte gjera, kven skulde daa løyse Knuten; og kor gjekk det daa med den vesle Stakkaren som i Vogga laag? Hauk saag at ho var i djupe Tankar, og at Tankane tok henne sterkt. Ho var so kløkkjande ven som ho sat der, denne unge Mori som i hjarteleg Sut stridde for SIDE: 71 Barne sitt, -- ho var so ven at ein Stein kunde graate. Hauk kjende paa nytt denne øre, hugrame Lengten etter aa ofre henne alt, alt, like til si eigi Yvivitning, sitt eigi Vit og Syn paa det sanne; men han heldt seg. Han beit Hugverken i seg og lét henne tenkje ut i Ro. Endeleg sagde han: "Min Tanke um denne Saki hev vori den, at me burde vente med Daap og dei Ting, til dess Guten var so vaksin at han sjølv kunde velja. Kva Rett hev me til aa taka denne sovande Sjæli og binde henne fast til ei viss Tru, um denne Trui var aldri so sann? Eg vilde knapt vaage det um eg var kristin ... Guten sjølv er den einaste som hev Rett til aa avgjera kva han skal tru og tenkje; lat honom vente til han kjem so langt at han kann velja her; det hastar ikkje fyrr, og so tek han sjølv Andsvare for Avgjerdi." Ragna sat med Andlite i Hendane og tagde. Hauk heldt fram, bedande og mildt. "Barnedaapen er ikkje fyrisagd i Bibelen dessmeir," sagde han; "og han strider etter mi Meining likso vel mot Kristi Tanke som mot Mannatanken elles. Kristus vilde ikkje Ufridom; han tok ikkje imot Trælar. Barnedaapen er ei Sjæle-Ofring, uppkomi i den Tidi daa Kyrkja var alt, Manns Fridom inginting, daa det galdt meir um at Kyrkja kunde hava Hals og Hand yvi Folk, enn det galdt um ærleg Tru og sann Kristindom. Lat Guten vekse upp fri! Lat oss ikkje binde honom korkje til det eine eller det andre! Lat honom lære aa kjenne baade di Tru og mine Tankar; og naar han daa er til Vits komin, so lat honom velja sjølv etter si Hjartans Trong. So vert der Sanning i Avgjerdi, Fridom og Manns Vilje i Vale. Tenk paa dette, kjære. Du maa tru det er ikkje med god Hug eg segjer deg imot her; men -- eg kann ikkje vera med paa det eg sjølv held for Urett." Han saag paa henne med vaate Augo; ho tagde og rørde seg ikkje. So stod han upp og gjekk. Ragna sat etter og tenkte; men det gik i Vase for henne alt. Det var som Grunnen gleid undan henne, kvar ho vilde feste Fot. Ho minntest paa nytt Far sin og dei varslande Ordi SIDE: 72 hans. "Eg dreiv min Vilje fram mot hans," tenkte ho; "no sitt eg her raadlaus og aaleine og fær Straffi." Aldri hadde ho sakna Mor si so saart som no. Men aa faa henne her inn i denne Tid vilde vera Ufredsbòd til Hauk; daa vilde ho tapa honom for all Tid. Kvar skulde ho av? kven skulde ho faa Raad hjaa? Beda? Ho kunde ikkje. Vonde Tankar og ville Spursmaal skar seg inn og kløyvde all Bøn, all Heilhug i Bøni. Det var Guds rettvise Straff yvi eit ovmodigt Kvende som hadde trutt aa vìta hans Tankar og aa kunna vera honom til Hjelp. Aa! so armt eit Kryp som ho var no fanst det ikkje paa Jordi. Ho heiv seg i daaresjuk Elsk yvi Vogga; -- denne kjære vesle aatte ho daa, um so alt anna skulde svikte! -- Guten laag og sov; han var heit i Vangane og syntest ikkje sova rolegt; -- enn um han var sjuk? enn um han skulde døy? Ho skvatt upp i Daudrædsle. "Han maa hava Daap!" ropa ho, og sende Bòd etter Presten. XXI. Presten kom; Ragna fortalde honom alt. Han riste paa Hovude. "De var tankelaus som gifte Dykk soleis," sagde han. "Eg hadde mine eigne Tankar," svara ho. Presten stirde paa henne. "Og so var eg for ung," lagde ho snøgt til; ho vilde ikkje bli utspurd. Han forstod henne og smilte saart. "Stakkars Barn," sagde han, "dersom De hev misteki Dykk, so kann De trøyste Dykk med at De no fær bøte. Dette slepp De ikkje fraa utan hard Strid. Tak no Striden rett upp! Kannhende trong De just noko slikt ... til Bøygjing og Skiring." Ho kjende seg letta ved denne Maaten aa sjaa Tingen paa. Graaten kom upp, mild og løysande; so hugsa ho Foreldri sine, og Graaten vart sterkare. Presten sat og saag paa henne. Enn all den Sorg, enn all den Graat som daa alltid skal fylgje dette stakkars Live, tenkte han for seg sjølv. SIDE: 73 -- -- "Kunde De ikkje døype Barne her heime?" spurde Ragna, prøvande og rædd. "Heime?" spurde Presten, "Ja ... so han ... ikkje visste det? Eg trur han var glad det vart avgjort ... berre han sjølv slapp aa samtykkje." Presten saag aalvorsamt paa henne. "Dette meiner De ikkje," sagde han. Ho vart blodraud; grét so paa nytt. "Kva skal eg gjera?" spurde ho raadlaus. "Dersom Herr Hauk stend fast paa sitt," sagde Presten, "so maa De anten fylgje hans Vilje -- og so gaa ut or Statskyrkja; eller so maa De ... skilja Lag med honom; brùka Môr-Retten; taka Barne med Dykk, og fara heim. Det bydst ikkje andre Vilkaar." "Eg kann ikkje velja noko av deim!" jamra Ragna i Vonløyse. Presten sat og tenkte. So stod han upp. "Eg vil tala med Herr Hauk," sagde han. "Aa Takk, daa gjorde De vel!" svara Ragna; det var i Grunnen det ho hadde ynskt. Presten gjekk. Sidan hadde han ein lang Samtale med Hauk. Denne lika ikkje at Ragna hadde søkt Raad mot honom hjaa Presten; han var kald og kvass og sagde mange harde Ting. "Kristindomen er utlivd," sagde han mill. a., "og ligg no og tyngjer paa Ætti som eit uhorvelegt Lik. Prestane vaare er Haruspeksar, og Trui gjeng upp i Politik og Matstræv. Og til all denne Lygni skulde eg selja min fagre Gut? Nei, Prest! Det vilde vera meg likso fælt som aa selja honom til Slavehandlarar eller til Komediantar." Presten svara ikkje noko til dette; han saag at Mannen var hugsprengd og upprivin. Han nemnde honom berre dei same Vilkaari som han hadde nemnt for Ragna. "Ja ja!" sagde Hauk. "Vil ikkje Ragna vera med paa det som eg hev nemnt, so fær me skiljast. Heller tusund Milir herifraa enn gaa og sjaa paa at Guten aandeleg vert teken fraa meg; heller ingin Son hava enn ein som i sitt Hjarta bannar meg." Han reiste seg hugsprengd og harm og gjekk. Daa han kom heim, saag Ragna at han var som burtbytt. Ho vart so rædd ho torde ikkje spyrja. Endeleg SIDE: 74 sagde Hauk: "Du vil ikkje vera med paa det som eg tala um her sist, høyrer eg?" Ragna saag upp med Aasyni so full av Sorg og Sut at det skar honom i Bringa. "Um Guten døydde i Natt?" kviskra ho og kom i Graat. Hauk bleikna. "Døydde? Er han sjuk?" -- "Just ikkje det ... men det kunde so snart hende." Hauk var upprørd og skræmd. "Vert Guten sjuk, so gakk til Doktaren og ikkje til Presten," sagde han. -- Det var fyrste Gongen han hadde sagt eit hardt Ord til Ragna. Men han visste ikkje sjølv kor hardt det lyddest for henne; han gjekk. XXII. Det bar ut or Byen, burt ifraa Folk; han maatte vera aaleine, maatte faa vera i Fred. Gjekk og dreiv; langt og lengi. Han var leid av seg, hjartetyngd og sjuk; kjende seg heimlaus, fredlaus, utstøytt; visste kje kvar han skulde gjera av seg. Ragna hadde han tapt; ho heldt ikkje av honom lenger; ho søkte framand Hjelp mot sin eigin Mann; det var Barne ho elska, ikkje honom; ho forstod honom ikkje dessmeir; kunde eller vilde ikkje forstaa honom; alle hine hata honom; Foreldri sine torde han ikkje sjaa; Vénine hans -- kaldkloke, hugarme Sjølvsjukingar; naar han var i Naud, drog dei paa Aksli og flirde og gjekk. Verdi var stengd; her var ikkje ein han kunde tru seg til. Og ikkje nok med at han var utestengd fraa Heim og Kjærleik; han kunde ikkje krevja Rettferd dessmeir. Spott og Flir var det einaste han kunde vente i si Naud; di verre han leid, di meir vilde alle skikkelege Folk fagnast "Kvi hev du fari soleis? Kvi var du ikkje som ein av oss?" Og Ragna, den einaste, den kjæraste, den beste, Ragna som var hans Tanke baade fyrst og sist, ho som han hadde sett heile sitt Livs Von til ... ho sat heime bleik og kald, grét yvi Barne, bundi i Fordomar; vilde han vera streng so svara ho med Graat. Ja, ja; no var alt SIDE: 75 ute. Han gjekk og stridde med desse Tankane til han var so trøytt at han mest vilde sige. Kvelden kom; han laut sjaa aa draga seg heim. Han var rædd for aa raake Kjenningar; smøygde seg fram gjenom tronge Gatur; gjekk tilslutt inn paa ei Kafé der han visste han var ukjend; for han maatte faa kvile. Han slengde seg paa ein Sofa; Folk glodde paa denne bleike, fine Mannen og undrast kven han kunde vera. Aa, for ei Kvild det var aa vera millom ukjende, i eit Lag der han ikkje galdt for anna enn eit Mannfolk! Uh; Idear; -- han leiddest av aa minnast sitt eigi Stræv. Kva skulde Folk med Idear? Folk vilde hava Mat. Mat og Moro. Og kannhende hadde dei Rett. Tankar! -- Han saag paa Folke ikring seg og lo. Ha-ha; Folk gjev mykje meir for 1/2 Øl enn for all Verdsens Idear. "Eit Glas Toddy, Jomfru!" ropa han, tok eit Blad og lagde seg trøytt attende i Sofaen. Han var som i Noas Ark. Alle Slags rare og stygge Dyr hadde berga seg inn her fraa Livsens store Siflaum der ute. Og dei aat og drakk og lo og elska og sagde til kvarandre: lat oss eta og drikke, for i Morgo døyr me; det var Komedie utanpaa, men uendeleg Tragik innunder. Glas og Flaskur singla og song, Kvinnfolk lo, Mannfolk banna; burt i ei Kraa sat ein halvfjong, halvfeit Fyr og drakk Øl med ei Taus som heilt hadde gjevi seg yvi; ein bleik Kar med stort Munnskjegg og store, seine Augo sat og gjorde Kur til Uppvartningsgjenta, som slo paa Nakken, men lo ... "Ver s'go!" sagde Jomfrua; ho kom med Toddyen og saag paa den framande fine Herren med Augo som tala tydeleg nok. "Sanneleg, her er Satans Hus og her er Helvites Portar," tenkte Hauk. Og han smilte ved Tanken um kor glade skikkelege Folk vilde verte, um dei kunde faa høyre at han var komin paa Villstig. Han reiv seg laus fraa sine sorgsame Tankar og treiv etter eit Blad og vilde til aa lesa. Det var Høgreblade "Heimlandet", han hadde fengi Tak i. Og det fyrste Stykke han der saag hadde til Yviskrift: "Til Hr.R no er Leiken ute," sagde han høgt for seg sjølv. Det var Kapellan Balle som skreiv. Han var tvinga til det av Samvite sitt, sagde han. Naar ein saag ein Mann som laag og sov, og ein vart vâr at ein forgiftig Orm ringa seg kring Barmen hans, vilde det vera ei avstyggjeleg Synd aa ikkje vekkje Mannen og segja til honom: "agta deg! det ringar seg ein Orm kring Bringa di." Men den sovande Mannen var Folke vaart, og Ormen, det var Herr Eystein Hauk. Eystein Hauk var -- i all Løynd -- den villaste Rotrivaren og Fritenkjaren me endaa hadde havt, stod der. Men han var sløg og rædd som Ormen, og snikte seg fram, so Folk ikkje rett forstod honom; han var som hin fyrste Ormen i Paradis, som lova Eva "Ljos" og "Fridom" og "Kunnskap", men i Røyndi gav henne Dauden. Og til Prov for desse sine Paastand plukka Balle ut fleire Stykke or "Framgang", og serleg or Stykke um "Grunnvollen for Samfunde". Og han slutta: "Slike Mennar bør vera fullt kjende, so Folk kann agta seg for deim. Dei er som aandelege Giftblandarar; fær dei Lov aa vera i Ro, so forgiftar dei heile Folke. Difor, Herr "R. men daa De hev valt aa fara Lurevegar og Snikjestigar, so fær De orsaka at eg her hev rivi av Dykk den Grima som de freista aa løyne Dykk under, kvar Gong De var ute paa Samfundsriving og Strid mot det dyraste og beste vaart fatige Folk eig." -- Hauk drakk tvo Glas Toddy den Kvelden og kom seint heim. XXIII. Daa han stod upp um Morgonen fekk han tvo Brev. Det eine var fraa Far hans. Der stod mill. a.: "Eg hadde trutt mangt, men aldri dette. At du, som SIDE: 77 daa skulde vera eit klaart Hovud og kjenne din Kristindom, kunde lata Djevelen faa so reint Magti med dine Tankar! Det hev vori Viljen som hev vori vond og gudlaus. For den som med fri Hug læt att Augo for Guds frelsande Sanning, denne Sanning som er so tydeleg og klaar at eit Barn kann skýna ho, men so djup og rik at all Heimsens Vise ikkje grundar ho ut, -- den som med fri Hug læt att Augo for den, han maa alt paa Fyrihand ha gjevi den Vonde Magti yvi Viljen sin. Fraa Hjarta kjem alle Mannens Tankar, stend det; men Hjarta er Viljen. "Og det som er det styggaste, ja endefram uærlegt, skamlegt: at du hev dult dette ned for dine gamle Foreldre! Dine gamle Foreldre som trudde deg so vel! At du kunde gange her og ljuge so skamlaust for meg og halde din gamle Far so for Narr! Kva hadde eg gjort deg, og kva hadde Mor di gjort deg, at du ikkje skulde tru oss og vera ærleg mot oss? Og so gifte deg, gifte deg med ei so god Møy, og endaa ikkje segja ifraa! Du hev fari som ein Skarv. Du er eit Skadedyr og ein forgiftig Orm. Det grýs i meg naar eg tenkjer paa deg. Du er eit Barn av Anti-Krist og ein forbanna Ting; vik ifraa meg! eg vil ikkje vita av deg lenger. "For det du sjølv hev gjort fær du sjølv svara. Det er ikkje Vite som vantar. Bøyg deg og bed Gud um Naade, fyrr det er for seint! Og kjem du ein Gong att som ein angrande Syndar, daa skal du minnast at du hev ein Far her paa Jordi. -- Og eg, som hadde drøymt so stort um deg, min einaste Son! -- Farvel; Gud hev vilja refse meg for mine uvise og ovmodige Draumar. "Men du er ikkje lenger trudd til aa hava den Kona du hev, eller til aa fostre Born. Du kunde tilmed -- Gud hjelpe oss so sant! -- finne paa aa negte Guten din Daap og lata honom vekse upp Heidning. Difor skal Ragna koma heim til meg. Svara du for deg sjølv; men du hev ikkje Rett til aa øydeleggje andre. "Det vil og vera Rett av Ragna aa sjaa heim til Far sin. Han hev, som du veit, vori sjukleg heile Aare, og no segjer dei han er so klen at det kann spyrjast um han SIDE: 78 kjem seg att. Hev Ragna noko paa Samvite her, so kunde ho kanskje no gjera det godt att. "Men du -- , reis du or Lande til dess alt er avgløymt att; og kom ikkje heim, fyrr du hev vorti ein annan enn du no er. -- -- " Det andre Breve var fraa Bladstyraren av "Framgang". Han skreiv: "Du hev gjengi for vidt. Folk segjer upp Blade i tylvtevis. Naar det kjem inn paa det gudelege, so er Folk liksom olme. Skriv eit Stykke og prøv aa vride deg fraa det; og so lyt du -- so vondt som det gjer meg aa misse slik ein framifraa Penn -- med det same fortelja Folk, at du gjeng fraa Blade -- t. D. til aa gjera ei lenger Utlandsferd eller slikt. Naar denne Fillehistoria er gløymd, skal me talast ved att." -- Hauk var øydelagd. "Ut, ut fraa dette Armodsbøle," tenkte han. Gjekk so inn til Ragna til aa segja henne Farvel; det var so Føtane knapt vilde bera honom. Daa han kom inn, sat Ragna bleik yvi eit Brev og grét, "Her," sagde ho, og rette honom Breve. Det var fraa Presten Vangen. " -- Ved ein døyande gamall Manns Bøn og Graat: kom heim!" stod der. "Det skal vera deg tilgjevi alt; du skal aldri høyre eit Ord um det som er hendt; men kom! For di eigi Skuld og for Barne Skuld: du maa ikkje lenger vera der du er. Og kann du ikkje koma heim, so reis upp til gamle Provsten; han vil gjerne hava deg til seg. Du ser vel no, at Draumane dine er svikne. Eg kann ikkje døy i Fred, fyrr eg veit deg og Barne i gode Hendar." Og nedanfor hadde Fru Vangen skrìvi: "Kjære Ragna, no lyt eg segja som Far: kom heim. Du kann aldri halde ut dette, og me held det ikkje heller ut, men verst er det for Guten. Kom, kjære!" Hauk slengde Breve fraa seg. Gav henne so dei tvo Brevi han hadde fengi sjølv; "her er meir av same Slage," sagde han. Ho kvakk daa ho høyrde Mæle hans, so umskift var det. Men Andlite var gulbleikt med blaae Ringar um dei turre, brennande Augo. Ho stirde paa SIDE: 79 honom, bedande, skræmd, men fann ikkje Ord. "Farvel, Ragna," sagde han kavande. "Far heim; -- Takk for meg. -- Lat oss tru at me finst att ... i ei betre Stund. -- Du vil det au; og du maa vilja." Han drog henne inn til seg, hardt, villt, som i Sìnedraatt. "Farvel! ... det er ikkje di Skuld ... det er alle desse andre ... Reis heim til Far min; tak ... Guten med deg og ... gjer med honom som du vil ... eg gjev fraa meg all Rett ... og alt Andsvar. Eg dreg paa Langferd; men eg kjem vel att ... Farvel! Les Brevi! Farvel, Ragna, Farvel! Takk for alt." Han sukka so saart at det svara gjenom Rome, og gjekk. Men Sukken svara og svara, klaga og grét fraa alle Krokar og Kræar ... ho vilde etter, men Føtane bar henne ikkje; det gjekk svart for Augo, Halsen kverkte seg ihop ... ho seig hjelpelaus ned yvi Vogga. Men der laag Barne og lo, lo so søtt at Ragna fekk graate. XXIV. Hauk var snart ferdabudd; fór so strakst fraa Lande. Kvar han vilde av visste han i Grunnen ikkje. Han totte Live var som sløkkt; det var inginting lenger som drog. Heime var det han hadde drøymt seg sitt Livsverk; heime hadde han alt som var honom kjært. Det var so det sleit i honom, etter kvart som han saag dei blaa Aasane sige atterut og atterut; og daa den siste Høgdi kvarv, var det liksom naar Kvinten spring paa ei Fele. Han kom til Paris, men hadde ikkje Fred; tok so av Stad til Rom. Der nede hadde han ein Kjenning, ein Bilæthoggar, som det kunde vera ei Hjelp aa raake att. Ja; Bilæthoggaren tok vel imot honom. Og dei var saman som fyrr; men Hauk fann ikkje lenger nokon Hugnad i Samvære. Og Bilæthoggaren kjende honom liksom ikkje att. Han var innestengd, myrk, leid; han saag ut til aa lìva sitt Liv inni seg sjølv og aa vera utanfor alt elles. "Kor er det med deg?" spurde han. "Aa, eg er ihelslegin," sagde Hauk trøytt. "Ja kva Fa'n vilde du heime?" SIDE: 80 svara Bilæthoggaren. "Eg hev aldri det Grand vondt av deg. Du hadde Verdi for deg, og flaug so av og stengde deg inne i det Kraake-Reire!" -- "Ja ja, det var gali," sagde Hauk. Han fór og flakka by-imillom der nede eit Aars Tid aller so; drog so til Paris att. Der laag Brev til honom heimanfraa. Eit var fraa Ragna; det var med Syrgjekant. Gamle Presten Vangen var daain; og Hauk, som las Breve i sjuk Elsk og tyrste etter kjærlege Ord som solbrend Blom etter Dogg, -- han totte det saag ut til at ho syrgde Far sin so reint yvi Lag, at ho lite hadde Tanke for noko anna. Um seg sjølv skreiv ho mest inginting; til honom hadde ho blide Bønir um Tilgjeving, og um aa tenkje paa sin Barndoms Gud, men lite av det som han vilde hava; Guten tagde ho stilt um. Det var eit Brev som kunde sløkkje baade Von og Lengt, totte Hauk. So var der eit Brev fraa Kandidat Breide. Han ynskte Hauk til Lykke med aa vera komin ut or Ægteskaps-"Hie" og ut or eit Land der alt var Armod og Myrkr; sjølv var han no Adjunkt i ein Smaaby og heldt paa aa svelte ihel, iser aandeleg. Fraa Hans Vangen var der eit Brev med lange Bots-Preikur og med mange harde Ord yvi Framferdi hans mot Ragna. "Og no hev ho, etterpaa alt, fengi ein ny tung Støyt," stod der, "med di Herren i sin uransekelege Visdom hev funni det rett aa kalle heim til seg vaar ugløymelege, kjære Far; men det er òg, tor eg segja, ditt Verk; for han hadde aldri ein glad Dag, sidan du tok Ragna ifraa honom, og han hadde lìvt enno, um ikkje det hadde komi. Men Herrens Tankar er ikkje vaare Tankar. Ragna tek baade dette og alt det andre so tungt, at det er Uraad aa vita kor lengi ho kann bera det. Og i Anger yvi den Syndi ho visste ho hadde gjort imot Far, tok ho det visst altfor stridt med aa stelle for honom og vaka yvi honom i den siste Tidi han laag sjuk. Ho gjeng no her som ein Skugge og er so kraftlaus og arm, at det er ei Sut aa sjaa. Men ho hev lært aa søkje Hjelpi der som Hjelp er aa finne; og alt dette hev nok i Guds allvise Hand vori ei Raad til aa bøygje og tukte den altfor sterke og SIDE: 81 sjølvraadige Natturi hennar, so no tykkjer ho at ho kann takke for alt. Men ho skýnar og godt, at ho ikkje kann hava noko med deg aa gjera, so lengi du er den du no er." -- Hauk slengde Brevi fraa seg og kjende seg so leid og kald at han mest gav upp Tanken um aa koma heim att. Han skreiv eit stutt, rolegt Svar til Ragna og bad henne agta seg for Sjukdom; si eigi pinefulle Sorg tagde hau med. Breide fekk òg Svar. Sidan eit Aars Tid var Breide den einaste han fekk Brev ifraa. Men so slutta desse Brevi med. Hauk tenkte at Breide maatte vera sjuk. Men den rette Grunnen til at Brevsendingi slutta var den, at Breide hadde gift seg. -- -- No lìvde Hauk i Paris. Sorgi og Harmen prøvde han aa skrive av seg i ein Roman; den kom ut og vart vel umtykt. Han handla um Ægteskape og um Kyrkja. Kritiken sagde um Boki at ho var merkeleg friskt og sant skrivi og paa ulastelegt Fransk. "Tankane er vel ikkje nye," stod det; "men me skal hugse at Forfattaren er fraa eit Land der desse Tankane enno knapt er kjende av Namn." -- Denne Romanen letta honom for ei Stund. Dessutan kasta han seg no meir inn i Live der nede. Han gjorde dette til aa faa Tidi til aa gaa; og han tottest hava Rett til aa gjera det, av di han var utstøytt fraa Live og Lykka. Glad kunde han ikkje verte, og Fred kunde han ikkje faa; men han kunde herde seg til dess han vart like sæl, tenkte han. Men so kom det Ridir daa alt det gamle braut upp liksom ein Sjukdom. Ho som gjekk der heime aaleine og sjuk, syrgjande utan Von, tyngd av tærande Tankar, steig fram for honom som ein Jammer; Son hans stod i Draumane hans som ein kvit Engel og saag etter honom og var so ven ... daa kunde han verte som ør av Heimlengt. Han skreiv Dikt, graatfagre, glødande av Sorg; han vart Diktar, endaa han aldri hadde visst at han var det. SIDE: 82 XXV. Det var den fjorde Vaaren etter han var farin heimanfraa. Og med Heimlengten var det verre enn nokon Gong fyrr. Han gjekk allstødt og tenkte paa den gamle hyggjelege Prestegarden der heime; ute i Hagen stod Aplane no og blømde; men inne gjekk Gamlemor og stulla og stellte; Ragna sat bleik yvi Saumen; og paa Golve leika Veslegut med ein litin kvit Kattunge. Han kunde graate av Lengt. No var vesle Eystein so stor at han kunde tala. Den som kunde faa leike ei Stund med Guten, og svalle med han og høyre han segja "Far!" -- "Mor! Mor! Far er komin heim!" Hauk sat og drøymde til Taarine dropla. Ein Morgon stod han upp sterk og glad som ein Gud -- : no vilde han paa Heimferd! Han hadde drøymt so vent um Natti. Han hadde vori heime; og Ragna hadde vori som i gamle Dagar, og Guten hadde kysst honom og sagt "Papa!" og vori fagrare enn alt fagert paa Jordi. Han vilde heim! Ingin kunde meinke han i aa sjaa att Kona si og Barne; gamle Provsten var vel vond, men i Grunnen lengta han og etter aa sjaa honom; og Mor! Mor -- ! Ja; han vilde heim. So glad hadde han ikkje vori i alle desse Aari. Gleda gjekk som ein Eldflaum gjenom Barmen, brann bivrande søtt i kvar Led, glødde i Augo og i hans sæle, store Smil; han hadde Feber av Glede; han vilde avstad i denne Dag! -- I det same kom Postguten med eit Brev og ein litin Pakke. Hauk seig attende i Stolen som toreslegin. Breve var heimanfraa og hadde svart Segl. Ragna var ikkje meir. Ho hadde i lange Tidir vori laak; seinste Vinteren hadde ho gjengi som i Ørska. Og no, fyrr nokon venta det, hadde ho fari herifraa, trøytt og saar, leid av Live; ein fekk for Guds Miskunn vone at ho hadde funni Fred. -- Breve var underleg skrivi; Hauk fekk ei kvævande Rædsle fyri at her laag eitkvart under som ikkje var sagt. SIDE: 83 Skjelvande, halvt ifraa seg, reiv han upp Pakka; der laag Ringen, eit Portræt av Ragna, ein Haarlokk og ei Bok som viste seg aa vera ei Dagbok, førd av Ragna i dei seinste tri Aari. Den treiv han og slo upp; den skjelvande Skrifti kunde han knapt kjenne. Boki tok til so: "Kjære Eystein, dette skriv eg til deg. Eg kann ikkje tala med deg lenger; eg veit heller ikkje rett um eg maa sende deg Brev; men det vesle eg tenkjer og lìver, det vil eg fortelja deg her so godt eg kann, og so skal du faa sjaa det, naar eg ein Gong er burte. Kjære min Ven! det er du som er mitt Liv, og du som eig meg; difor skal du og vita kva eg tenkte og leid. Daa skal du tenkje kjærlegt og mildt um meg, liksom i gamle Dagar; og daa vil eg sova trygt i mi Grav, naar eg veit at du minnest meg, og tenkjer kjærlege Tankar um di arme Ragna." Det var ei forunderleg Bok. Kvar Dags Tankar og Kjenslur var grant uppskrivne, og det heile gav eit sorgsprengd Bilæte av ei Kvinnesjæl som smaatt um Senn var løyst upp i Strid millom dei tvo Hugdragi Tru og Elsk. Fraa fyrsto saag det ut som Trui førde Orde. Innhalde av dei fyrste Bladi var mest gudelege Tankar og Bønir. Men alt her laag Elskhugen under som den rette drivande Kraft. Alle gudelege Tankar stemnde mot det Spursmaale, um ein ærleg Sanningssøkjar botelaust var fortapt, naar han ikkje kunde tru paa dei kristelege Lærdomane; og alle Bønir samla seg i Grunnen um det eine: Naade for Eystein Hauk. Og etter som det leid lenger, vart det meir og meir Eystein Hauk sjølv som vart Hovudmannen. Ho hadde snart meir aa segja til honom enn til Vaarherre. Og stundom rørde det seg saman for henne, so det var vandt aa vita kven av desse tvo ho hadde meint. Ho skreiv "du" til den eine som til den andre, og det saag ut til at ho ofte hadde blanda deim ihop. Meir enn ein Gong hadde ho byrja ein Setning med Tanken paa Gud, men enda 'n med Tanken paa Eystein. Di lenger ein kom ut i Boki, di meir ør og tanketryllt vart denne Samanrøringi. Hauk vart ræddare og ræddare, di lenger han las. Og paa Slutten stod det ikkje til aa dylja SIDE: 84 lenger: den saare, uendelege Striden hadde løyst seg upp i Sjukdom. Den siste Vinteren hadde ho havt Synir. Og her var den same sjælesjuke Ørskapen. Det var mest Uraad aa vita kven det var, den stakkars unge Kvinna tottest hava sétt. "Eg gjekk ut yvi Vegen," stod det ein Stad, "den Vegen der me gjekk saman fyrste Gongen; for der møter eg deg so tidt, arme, kjære Ven! og du smiler til meg og er god imot meg som den Gongen, daa eg var ung. Og eg saag deg; du stod kvit millom dei høge Granine; Maanen lagde Ljos yvi deg, og du hadde Straalekrans um Haare. Og eg lagde meg paa Kne og bad, og alt ikring meg bøygde seg og bad; og me bad um Naade for oss alle, og for alle dei som syrgjer og hev det vondt. Men du smilte, breidde Armane imot meg og sagde: Fred vere med deg! og vart burte." Det som kom til Slutt var verst. "Og du stod framfor meg, og Tornekransen laag tett og kvass ikring Panna. Men i Handi hadde du Kalken, og du gav meg denne Kalken og sagde: drikk av denne Kalk! det er mitt Blod, som rann for deg i den Stundi daa Hjarta mitt brast. Og eg drakk; og det var Blode ditt, og det gjekk meg som ein tærande Eld gjenom alle Aarir og aat seg inn i mi Hjarterot. Og du smilte og sagde: no er du mi, og no skal du fylgje meg. Men eg seig i Kne og rette Armane imot deg og sagde: ja eg vil! for no kjenner eg at eg maa døy. -- -- -- Ja, eg vil døy. Og i ditt Namn vil eg døy, og til deg vil eg fara, kvar du so er; for du var mitt Liv, og til deg gav eg meg all, og deg kann eg aldri gløyme." -- -- -- Det stod ikkje til aa dylja: Ragna, den unge, friske Kvinna, hadde gjengi til Grunns i denne syrgjelege Striden som Hauk hadde ført henne upp i; han hadde drepi henne til Lìkam og Sjæl. Drepi henne, og mist henne. Han var den største Ugjerningsmann og den største Usæling paa Jordi. Den bleike sjælesjuke Kvinna steig stirande fram mot honom i sine Likklæde og kravde att av honom sitt Liv og sin blømande Ungdom, og den vesle foreldrelause der heime ... Dei som saag Eystein Hauk aatte Dagar etter, kjende han ikkje att. SIDE: 85 Han skreiv eit stutt Brev heim. "Farvel; no er det slutt. Gløym meg; eg vil gløyme meg sjølv. Eg vil røme for meg sjølv og mine grøtelege Minne, røme all Jordi rundt, til eg finn Dauden. Farvel, kjære Far, Farvel, kjære, kjære Mor! Eg er fortapt; eg hev misst alt. Kjære Mor, legg Blomar paa Gravi hennar, mange, mange Blomar; for ho var so fager, og eg hadde henne so kjær. Og ver god mot den vesle ..." -- Mange Aar gjekk; ingin visste kvar Hauk ferdest. Heime gjekk det mange Segnir um honom; sume sagde at han var galin; eit stort Bakstrævarblad fortalde endaa, at ein kjend Radikalist, som i si Tid arbeidde i eit kjent radikalt Blad her i Byen, no endeleg var komin paa Daarekista. Andre sagde at han var daain. Sistpaa var han gløymd. XXVI. Eystein Hauk var ein gamall Mann. Han hadde slìti si Tid paa mange Maatar og paa mange Stadir, og no var han trøytt; men ein Ting hadde han att som han maatte gjera. No daa han var avgløymd av alle, no daa vel ingin lenger vilde sjaa surt til at han viste seg paa gamle Tuftir, no vilde han heim og sjaa Gravi hennar, og sjaa att Son sin; og naar han hadde gjort det -- ja, so var han ferdug. Han kom til Heimbygdi si; og det fyrste han gjorde var aa vitja Kyrkjegarden. Der saag dei ein Sùmardag i Kveldingi ein høg, bøygd Mann med stort, kvitt Skjegg og utlendske Klæde, som gjekk og las paa Gravskriftine. Paa den fyrste Steinen han kom til stod: "Johannes Flint, Fut. Ver trufast til Enden, so skal du faa Livsens Krune." Den gamle Mannen drog paa Aksline og gjekk lenger inn. So kom han til Prestegravi. Der stod tri nye Gravsteinar. Paa den eine stod; "Leopold Georg Kristian Hauk, Provst." -- Det var Far hans. Paa den andre stod: "Julie Henriette Hauk, fødd Petersen." -- Det var Mor hans. SIDE: 86 Paa den tredje stod: "Ragna Hauk, fødd Vangen." -- Det var Kona. Den store gamle Mannen med det kvite Skjegge sat paa ei Grav og grét. Ein litin rundlagd, kvithærd Mann i svarte Klæde og med ein svart breidskygd Hatt kom drivande fram-um Kyrkjegarden ved Solegladsbìl; han saag den framande Mannen der inne; stod ei Stund og undrast; tok so tilslutt den Raadi aa gaa burt til han. Daa sat den framande med Hovude studt til Handi og stirde nedfor seg; det saag ikkje ut til at han gaadde den som kom. "God Kveld!" sagde den nykomne med gnellt, syngjande Mæle. Hauk saag upp. "Godkveld," sagde han. "Kven er De?" -- "Eg er Klokkaren her i Sokni; mitt Namn er Gabriel Vikstad." -- "Jaso," sagde Hauk. "So kann De vel fortelja meg eitt og anna or Bygdi daa." "Kann hende," svara Vikstad; "men kven er De?" "Det fær De tidsnok vìta," sagde Hauk "Seg meg fyrst: kven er Prest her no?" "Det er Balle, -- ein velsigna Guds Mann ... Kjenner De honom?" -- "Hm, lite ..." "Han var fyrst Kapellan hjaa gamle Presten Vangen, fekk seg so eit Embætte der vestpaa ein Stad, og sidan, daa gamle Provsten Hauk døydde, kom han hit. Det er han -- næst Vaarherre, -- som hev hjelpt meg til -- ." "Er det lengi sidan gamle ... Provsten ... vart nedsett her?" tok Hauk frami. "Aa, det er nokre Aar," svara Klokkaren, heller stutt. -- "Denne unge -- ," sagde Hauk, "ho hev vori gift, ser eg ... kven var det ho var gift med?" -- Klokkaren sette upp eit underlegt Andlit, liksom dette var noko han ikkje lika aa tala um. "Aa -- ," sagde han, "det var ein Son av gamle Provsten Hauk, ein fortapt Son, eit stakkars Ting," Klokkaren drog paa Aksli. "Kor daa?" spurde Hauk. "Aa -- ," svara Klokkaren og drog paa det. "Naa?" spurde Hauk. Klokkaren kom nærare og kviskra i ein rædd, løyndomsfull Tone: "Ser De, han var ... Fritenkjar!" "Aa," sagde Hauk. "Og daa Kona hans vilde hava Barne sitt døypt, so var han so ugudeleg og samvitslaus og forherd, at -- ja De trur det ikkje, men det er sant! -- han strauk SIDE: 87 fraa baade Kone og Barn; lét dei hytte seg sjølve; fór til Paris og slog seg paa Ukjurskap, og fekk tilslutt ein Ende med Forskrækkelse." "Jaso." "Ja; det gjeng fæle Sogur um det. Me er no so upplyste no, Gudskjelov, at me trur ikkje paa alt, men -- ." "Hm! -- Men den Son deira?" spurde Hauk. "Jau," svara Klokkaren med blidare Aasyn, "han tok seg godt upp. Og no er han nett i desse Dagar vigd til Prest. Han kjem til aa gjera godt att det Far hans gjorde ille; for alle segjer han er ein makalaus Mann og ein utvald Guds Reidskap." No seig Soli. Den gamle Mannen stod upp. "Takk," sagde han med ristande Mæle; -- " og no kann du helse den unge Presten fraa Far hans. Godnattt!" Klokkaren stod som fjetra. Gamle Eystein Hauk fór fraa Bygdi same Kvelden XXVII. "Det er det eg hev vunni," tenkte Hauk, "med aa vera tru mot meg sjølv. "Heile Live spillt; mi Livsglede øydd og mitt Livsarbeid med; og eg sjølv og fleire med meg; og Son min -- heilt bundin av den Magti eg vigde meg til Strid imot. "Eg var for stiv i Prinsipe; eg var doktrinær. Eg skulde fari varare og sløgare; eg skulde vori 'praktisk'. Guten kunde fengi Daap. Alt kunde vori greidt og godt; og eg hadde havt baade Livslykka mi og fritt Tilhøve til aa arbeide for mine Tankar. -- -- "Lygn? Aa ja. All Klokskap er Lygn. Alle Folk lyg. Her er ikkje Raad med det. Samfunde ligg i Raaskap; Samfunde fær taka Skuldi. "Her i Lande er Tanken fri, fri som Fuglen; men ein maa alltid passe paa at ein kjem just til dei Endemaal som paa Fyrihand er uppsette som dei einaste rette og sanne. 'Du skal ha din frie Vilje, Dotter mi; men Fanden hakke meg skal du kje bli Madam Østmo!' -- Tanken er fri, ja; men dersom ein kjem til andre Endemaal SIDE: 88 enn dei som er uppsette, so er ein utlæg; -- og utlæg Mann bergar seg som han kann." Det var ein annan Tanke òg, som stundom vilde upp. "Enn um eg fraa fyrst til sist hadde vori ærleg?" Men Gamlen forstod ikkje denne Tanken. Naar den kom riste han paa Hovude og mulla med seg sjølv: "det er berre store Samfund som skaper heile Mennar." -- -- Han rørde i desse Tankane til dess han kom til Byen. Daa gløymde han alt, av Hug til aa sjaa Son sin att. Han spurde upp Presten Hauk, som snart var funnin. Skjelvande og liksom rædd steig han upp Troppi i eit stort Hus; daa han kom til Gangdøri, stod der paa eit Namnebrett med store Bokstavar: "Eystein Hauk." Den gamle kjende seg som ein Sjusovar som hadde dorma i Skogen i hundrad Aar og no kom heim og banka paa Døri hjaa sjølveseg. Den unge Presten sat paa Kantore og skreiv. Daa Gamlen kom inn saag han upp; vart naaende bleik, og Pennen datt fraa honom paa Borde. "Kven i Guds Namn -- ?" stota han. "Eg er Far din," sagde Gamlen med skjelvande Mæle. Presten flaug upp. "Lìver du?" ropa han som tryllt. Gamlen stod ør og sjølvgløymd og stirde paa Presten; det var honom sjølv fraa hans Ungdoms Tid; men ikring Augo hadde han noko som minnte um Ragna ... "No vil eg gjerne døy, daa eg hev sétt Son min, at han lìver," sagde Gamlen. Og Taarine draup i hans kvite Skjegg. "Og me som hev trutt deg daain!" sagde Presten; han skalv mest liksom Far sin. "Hm, er eg so gløymd?" svara denne. "Naa ja; det er i Grunnen sant; eg er ikkje stort meir enn ei Heimferd. Men endaa laut eg hit og sjaa deg, fyrr eg lagde meg til Ro." Presten kunde liksom ikkje rett tru at han no stod framfor Far sin. "Du var so forunderleg lik Bestefar," sagde han. "Eg vart reint rædd daa du kom inn; eg totte det var han!" -- "Hm; minn meg ikkje um dei Ting. Provsten Hauk vilde ikkje vera Far min i dei seinare Tidir ... Endaa hev eg no vori uppe og set um Gravi hans og bedi honom gløyme. Han var ein god SIDE: 89 Mann, den gamle; eg ber tung Sorg for hans Skuld. Men til deg er eg komin og vil minnast mine gode Dagar." "Arme, kjære Far," sagde Presten med Graat i Augo og tok baae Hendane hans, "so vil eg takke deg for du kom hit; og lat meg no faa freiste um eg enno med Guds Hjelp kunde gjeva deg nokre gode Dagar her paa Jordi! -- Bestefar min lærde meg aa ynke deg, men Mor mi lærde meg elske deg ... og eg vil takke Gud, dersom eg no kann faa bera fram til deg eit lite Grand av den uendelege Kjærleiken som ho i all si Sorg og Sut bar til deg, du arme villfarande Mann!" -- "Tala, tala," bad den gamle; "du talar so likt henne." -- Den gamle grét, og den unge grét med ... "Takk at du kom heim att fraa den ville Verdi, heim til dine gamle Minne og til din einaste Heim. Du kjem, ikkje som den fortapte Sonen heim til Far sin, men som ein fortapt Far heim til Son din; og maatte eg so sant faa Naade til aa taka imot deg so, at du kom til aa kjenne deg i Sanning heime!" Den gamle lagde seg i Sons sins Armar, og dei heldt kvarandre lengi i Famn. "Ja, ja, her vil eg kvile," sagde Gamlen. "Eg kann ikkje vera her lengi; men eg vil vera hjaa deg og kvile ut, til dess eg paa nytt skal paa Langferd." "Lat oss ikkje tala um det," sagde Presten; "dersom du finn deg her, so vonar eg visst at du slær deg til Ro." Han leidde Far sin til Sofaen og lét honom setja seg. "Nei, nei," sagde gamle Hauk; "hjaa ein Prest kann eg ikkje lìva mine siste Dagar." Det gjekk som ein Styng gjenom den unge. "Hev du enno ikkje lært aa bøygje deg under honom som aaleine eig Tilgjeving og Fred for dei nedtyngde og fortapte?" sagde han med mild Sorg. "Lat oss endeleg ikkje tala um dei Ting," svara den gamle. "Eg hev tenkt meir enn du, og livt meir enn du; men eg hev vorti allstødt vissare paa, at eg ikkje hadde Rett til aa gjeva meg yvi i ein Lærdom som eg etter beste Vit maatte finne usann. Lat no dei Ting liggje. Eg vert ikkje lengi verande her; lat oss vera Menneskje mot kvarandre og ikkje Partimennar." -- SIDE: 90 "Ja, ja, som du vil," sukka Presten. Men den gamle kjende, at no stod den same stengjande Muren millom Far og Son som fyrr hadde bygt seg millom Mann og Kone. -- Presten fylgde Far sin inn i Stogo til Frua si, som vart upp i Under, men tok godt imot honom daa ho fekk Greide. Ho var ikkje ufager; men Gamlen fann at ho saag fælt "indremissionsk" ut. Han sette seg i ein Armstol og saag paa dei unge; men han kjende godt at han var framand her med. Og so kjende han seg so hjartans slitin og trøytt. Presten spurde og fortalde, blidt, sorgmildt, vyrdsamt; og Kona sette fram Uppkveikjingar. Men den gamle smaka ingin Ting. Han sat og saag og saag og vart meir og meir faamælt. Med ein Gong bleikna han reint burt. "Eystein! sjaa! han vert so kvit!" ropa Frua. Presten kvakk. "Etter Doktaren!" ropa han. Gjenta flaug; Presten og Frua bar den gamle aat Sengi. "Hjarta bankar" sagde Presten; "Gud vere Lov; han lìver enno. -- Stakkars gamle Far; han var for veik til aa bera so sterke Rørslur." Doktaren kom. Etter langt Stræv fekk han den gamle til Samling att. Men han var lam i den eine Sida, og Doktaren sagde at det var snaudt Livsvon for honom. Det vart Sorg for Glede. Presten tok til aa tala Gudsord med Far sin; han torde ikkje anna no, totte han. Men den gamle vilde ikkje høyre. "Eg hev gjort meg upp mine Meiningar um desse Ting," sagde han, "og dei slepper eg minst no." Ein annan Gong sagde han: "gjev meg att min Ungdom og Ragna, so skal eg tru kva du vil ... iallfall laatst som eg trur det," lagde han til med ein underleg Smil. Men strakst etter slokna han. Presten vart som fraa seg sjølv av Sorg. Men daa Eystein Hauk vart gravsett, steig Son hans fram paa Gravbakken bleik og graatsprengd og heldt ein hard, skakande Tale. "Denne Mannen her, som var Far min," sagde han, "gjekk inn i Æveheimen med hardt SIDE: 91 Hjarta og Spott paa Tunga, og eg vilde hæde Gud, dersom eg sagde at eg aatte Von for honom. Han øydde sitt Liv i Lygni, og si Sjæl til honom som er Ljugaren fraa Upphave. Lat oss sjaa paa dette Live og taka Fæle! Lat oss taka Fæle for Lygni; lat oss skræmast fraa Ljugaren; lat oss i Bøn og Strid og uendeleg Arbeid klengje oss fast til honom som er Sanningi og Live, til honom som aaleine eig Fred og Ljos for vaar arme Ætt!" -- -- Dei fleste fann, at den unge Presten var ein Ovkar. SIDE: 92 Av laak ætt. Alvhild fraa Dale var den fagraste i den Bygdi. Ho hadde eit Andlit so godt og mildt. Munnen smilte noko mykje, men var frisk; og Augo var klaare og sterke og trufaste. Einberne var ho og av godt Folk; og alle tala vel um henne. "Den som fær Alvhild slepp aa trega Gifta si," meinte dei gamle. Det same meinte dei unge; og meir enn ein av deim gjekk med urolege Tankar for hennar Skuld. Men Bjørn Haugstad rekna seg paa ein Maate for den som skulde hava Retten paa henne. Han hadde vori glad i henne fraa dei gjekk for Presten; og um ingin Ting var sagt eller avgjort deim imillom, so hadde dei sidan vori kjende. Men Bjørn kunde ikkje tru so trygt paa henne som han gjerne vilde; han tottest merke rett som det var, at Alvhild saag likso blidt til andre som til honom; og daa vart han mistruin og leid. Ho hev altfor godt Hjarta, tenkte Bjørn Haugstad. Elles var det ikkje mange som vaaga aa bjode seg fram. Ingin kunde segja for visst kven det var ho bar i Hugen; og ingin vilde gjerne hava nei. Det med Bjørn Haugstad trudde ikkje mange paa. Daa skulde Knut Aasen hava betre Vonir. Han var Son av Ordføraren i Bygdi og hadde ein stor Gard i Vente; var òg sjølv ein ven Gut. Men han vaaga seg ikkje til, han heller. Gutane hadde fengi ein Støkk i seg fraa den Tidi daa Olav Storedal fridde. Han var or Grannebygdi og rik Kar, ung og staut, stormannsleg i all si Ferd; til Dale kom han ofte, og Alvhild saag ut til aa lika han. Men daa han SIDE: 93 bela vart det beint nei. Hallvard, Far hennar, saag paa henne og undrast. "Du lyt vel einkvan hava, du òg," sagde han; "og det kann vel vera paa Voni um det byd seg mange gildare." "Aa, skal eg hava nokon, so kjem han vel," meinte Alvhild. Sidan meinte Gutane det var best aa drygje og sjaa. Alvhild var no og so ung enno; og unge Drosir var alltid bêle-vande. Alt var daa stilt, til dess Alvhild var godt og vel tjuge Aar gamal. Øvst i Dalen budde Asbjørn Hegglid. Han var Utbygding. Hadde fylgt hit med den fyrre Presten, og hadde vori Lùtbrùkar hjaa honom i mange Aar. Pengar hadde han lagt seg upp; men det var dei som tvìla paa um desse Pengane var ærleg tente. Asbjørn var ein stor og sterk Mann, men myrk, og meir faamælt enn Bygdefolke. Han var hard mot Undermennar og hadde Lag med ingin; Folk lika 'n ikkje; Gjentune minst. Ei Segn var komi ut um at han skulde vera Son av ein Handelsmann, som hadde vori i Naudi av di han hadde skrìvi falske Namn; sidan vart han endaa meir skydd. Dei kalla han Svarte-Asbjørn. Paa Prestegarden hadde det tent ei som het Sigrid og var Husmannsdotter. Ho var ikkje noko ven; men eit stort, dugande Kvinnfolk var ho, ferm og greid og godvis og snild; Asbjørn lika henne. Han var meir lempeleg mot henne enn mot dei andre; og det vart snart eit fast Ord, at han og ho var Festefolk. Sigrid lika ikkje dette stort. Ho tenkte endaa ofte paa aa flytja ifraa Prestegarden. Men det vart aldri av. Dei store blanke Augo hans drog henne; ho kom liksom meir og meir under hans Magt. Sistpaa vart det so, at det var best aa faa Bryllaup. Daa kaupte Asbjørn Hegglidgarden øvst i Dalen; der fekk han bu for seg sjølv. So heldt han Bryllaup og flutte der upp med Sigrid. Ei Tid etter aatte ho Barn; døydde so. Leiv vart den vesle heitande. Gamle Folk spaadde ymist um denne Guten; han var av laak Ætt. SIDE: 94 Leiv var godt og vel slóppin fram for Presten. Aaleine gjekk han som han hadde gjort. Far hans var snild med'n, men faamælt og lite glad; og ned i Bygdi var der inkje Lag for Leiv aa finne. Ein Kjenning hadde han likevel fengi i seinare Tid; og det var Lars, Tenestguten. Dette var ein Husmannsson or Grannebygdi, ein godsleg og lettlynd Kar som han kom godt til Lags med. Han hadde ein Gong komi til aa fortelja Lars um alle dei kaute Bygdeungane han hadde havt med aa gjera, baade i Skulen og millom Lesarungdomen. Dei vilde aldri hava noko Lag med'n, sa han, og det um han var baade sterk og glup; han var Utbygding, maa-tru. Eller Son hans Svarte-Asbjørn. Ja han hadde høyrt noko ein Gong som han ikkje rett skýna: at det skulde vera noko i Vegen med Ætti hans; kva tru dei kunde meine med det? Lars hadde høyrt paa dette, og teki det vel upp. Dette um Ætti hadde han jamvel flirt aat. "Av laak Ætt," sa Lars, "det er ein naar ein er av armt Folk, eller av framandt Folk som ikkje høyrer til Storkarane. Men naar du veks til, so skal du gjera det same som eg tenkjer paa; du skal fara til Amerika. Der tenar du deg rik; og naar du daa kjem att, so kunde du for den Skuld gjerne fara paa Friing etter Alvhild fraa Dale!" -- Sidan hadde Leiv trutt paa han Lars. Og Lars hadde etterkvart lært Leiv baade eit og anna. Han song Visur og fortalde Sogur og lærde Guten danse Halling og Springar; "for naar du skal til Gjentom, so lyt du kunna snu paa deg, Kar!" Og Leiv var lettnæm og vilde gjerne vera Kar, um han lite brydde seg um Gjentefjas. Dei skulde faa sjaa paa det, dei Tausine, meinte han, at han godt kunde klara seg deim forutan. Lars fekk'n ikkje med seg ut millom hin Ungdomen; Leiv var rædd Bygdefolke. Han kjende seg litin under dei Augo Folk sette paa han; eg høyrer ikkje til der, tenkte han. Ræddast var han Kvinnfolki; for dei kunde han ikkje banka upp heller. Og det beit alltid so rart naar dei flirde. Han rømde for deim. Rømde helst for alle, endaa han visste at dette var stakkarslegt. SIDE: 95 Men so var det ein Vinter at han fekk meir Hug til aa høyre paa Lars, naar han fortalde um vene Møyar. Vaaren etter gjekk han oftare til Kyrkja enn fyrr. Og daa kom han ein Dag etter at ei Gjente kann vera fager. I same Stundi vakna det som eit nytt Liv i han. Hugen vart so mjuk, og Tankane øre; det kom slik ein underleg Eld i Blode. Han saag paa Møyane og vart bljug; og det stakk i Bringa hans naar dei smilte. Men var det ei som saag paa honom, so vart han raud alt upp i Haargarden. Daa han kom heim den Dagen merka han at det var stuslegt paa Hegglid. Stogo var trong og myrk; Far hans sat med Boki; Lars var ute. Leiv sette til Skogs. Der gjekk han og dreiv i skogklædde Lidir; og Hùgen hans fødde Kjenslur og Tankar som Bakken um Vaaren skyt Blomar og grøne Straa. Han kjende seg baade frisk og ufrisk. Ung og grønkande stod Skogen rundt ikring; myrke Granbuskur laag og sumde i Sol og Blaatt; Fjelltoppane lyfte seg reine og gode; Lufti var roleg og lett og klaar, gjenomsynleg ende til Himils; det var vent dette, tenkte Leiv, naar han stundom saag upp. Det var helst ei Gjente han hadde lagt Merke til. Ho var stor og staut, heller før enn mjaa; Aksline var faste og Barmen full; Munnen aalvorsam og frisk, Augo myrke og blanke. Men det var ei til, han hadde sétt seg glad i. Ho var mindre og grannare; Haare var brunt og svært; Munnen og Augo hadde noko sorgblidt som drog med serskild Magt; desse tvo steig og kvarv i hans draumtekne Minne som Havfruvur paa Baaretoppar; han sveiv som i Ørska og kjende ikkje Jordi han steig paa. Med ein Gong stana han. Han høyrde Omen av Felelaat og Rop; det var Dans paa Haugstad, kunde han skýna. Dans! Blode strøymde saman i Bringa, so Hjarta hoppa og sleit i han; skulde han vaaga seg der ned? Der kunde han faa sjaa eikor av desse fraa i Dag; skulde han? Han hadde aldri vori i Lag fyrr; ein Gong laut vera den fyrste. Kvi skulde han meir enn andre vera Heimaling? Hugen drog; Ræddhugen heldt att. Men so tok han SIDE: 96 seg paa Tak. "Det fær vera Slutt med Stakkarsdomen no," sagde han og gjekk; det bar til Haugstad. Daa han kom fram mot Garden veikna Mode; han stana ofte og lydde. Men han heldt fram. Sistpaa var han innved Tune. Her laut han drygje litegrand; høyre etter kva Folk det kunde vera som var samla. Aa, kor vent Fela song. Han fekk ein forjagande Hug til aa danse. Og i Kveld skulde han danse. Han vilde vera med no. Han var fullvaksin Kar. Fekk vera med som dei andre. Det var eit stort Lag, høyrdest det. Og det var rimelegt dei var glade. Godt Folk; høyrde Bygdi til; hadde inkje aa blygjast fyri; og alle hadde dei sine Kjenningar. So dei kunde nok danse og hauke og spenne i Golv og Tak. Leiv vart med ein Gong modlaus. Kva hadde han her aa gjera? Kven brydde seg um honom i eit slikt Lag? Han kjende visst ingin. Dei vilde gjera Gjøn av Son hans Svarte-Asbjørn, um han vaaga seg inn. Undrast; glo paa han; kaldflire. Den Utbygdingen! "Slike vil me kje vita av i godt Lag!" -- Leiv sveita der han stod; kaldsveita. Det gjekk som Styngir gjenom han, naar han høyrde Rop eller Gjentelaatt. Det var visst ingin her som sakna Leiv Hegglid. Best som det var høyrde han Stìg attum seg. Det var vel Folk som skulde i Lage. Tri Karar kom gangande; var ikkje langt ifraa han snart. Kvar skulde han no gjera av seg? Han krylte seg ihop og gjorde seg so litin han kunde; men dei berre smaalo og sette beint paa han. "Kva er du for ein?" sagde dei. Leiv tagde; vende seg; gav den eine av deim eit Drag under øyra so han valt; so vilde han røme; dei tvo andre hengde seg i han, og det vart Roping og Staak; daa vart Leiv seg sjølv att. Naar det spurdest um Magt ræddast han ikkje; og desse Karane skulde han nok koma ifraa. Med ein kvass Rykk reiv han seg laus; men dei fekk Tak paa han att, og det vart eit dundrande Basketak. Best som det var fekk den eine Foten undan Leiv, so han datt aalveltes. Folk var komne ut fraa Lage og stod og glodde og SIDE: 97 undrast; eit Par flaug til og vilde faa Greide paa kva som tids var; den eine av desse var Lars. Han undrast daa han saag Leiv; "nei men det var daa nyfiki aa sjaa deg!" sa han; "kóss ber dette til? Statt likso godt upp, Kar, og ver med inn; slaast kann de gjera sidan, naar de vert fulle." Lars lo; Folk lo med; Leiv vart so fegin av aa finne ein Kjenning, at han lét Slagsmaale fara endaa han hadde tapt; han gav seg i Lag med Lars, og det bar aat Dansestogo. Sùme glodde og sùme lo; alle var forvitne. Du vert fagna som ein Storkar, du," lo Lars; "velkomin til Lage!" Dei stod i Dansestogo. Leiv rette seg upp i si fulle Høgd og saag stivt ikring seg med store blanke Augo. Han var høgare enn dei fleste og herdebreid, fast vaksin som ei Eik; Bringa steig sterk fram under den sundrivne Kufta. Dei myrke Augo hadde ein vill Glans etter Dragsmaale; det store svarte Haare laag i digre Lokkar og Krullar kring Hovud og Nakke; men Blod rann fraa Tunnvangen ned-yvi det eine Kinne hans. Dei saag mest fælne paa denne ville Karen. "Aa, det er Son hans Svarte-Asbjørn Hegglid," sagde ein; og i same Blinken kjende dei han alle. Dei drog seg ifraa han, so han vart standande midt paa Golve aaleine; tilmed Lars totte han fekk fylgje Flokken. Leiv kvitna der han stod. "Er de rædde no, alle de gjæve Gutar?" sagde han; Mæle var haast og strøypt, so han kjende det ikkje sjølv. "Aa," svara ein; "det er vel ikkje alle som er so fuse paa Dragsmaal som Leiv Asbjørnson, som ikkje kann drygje til han kjem inn i Lage dessmeir, men lyt til aa rivast so snart han ser Huse." Det høyrdest Knìsing i Kræane. Leiv vart stygg i Augo; det bivra um Munnen. Gamle Jon Haugstad kom med ei Ølkrus; "Ungdomen vil danse den," sa han lempande; "og det vil vel du Leiv au. Men so kann du ha godt av ein Svaledrykk fyrst; du fær smaka paa Øle." "Ikkje Dropen drikk eg her," svara Leiv; "og ingin skal segja det paa meg, at eg gjer nokon Mann Uskil som ikkje ufredar meg; men ein Dans kunde eg like aa freiste"; SIDE: 98 han saag seg ikring etter ei til aa danse med. Men dei han saag paa snudde seg ifraa han. Og Karane lo. Leiv kjende eit Sinne koke upp i seg som kunde taka Sans og Vìt, um det fekk Magti. Men han tøymde seg. Han steig burt-til ei av Gjentom i Flokken og baud henne ein Dans; "nei elles Takk," svara ho. Leiv beit ihop Tennane; treiv etter den som stod nærast; ho reiv seg ifraa han reint rædd. No sansa ikkje Leiv lenger. Det gjekk Skodd for Augo; det susa um Øyro; han treiv i Flokken etter ei til; -- jau; ho kom. Spìlemannen strauk upp; Leiv dansa fram som ein ør Mann; Stogo skalv under Foten hans; han gjorde Kast mot Bjelken so Kvinnfolki skreik; ingin hadde sétt slik Dans. Men daa Leiken lykta saag han, at Gjenta han hadde dansa med var Alvhild fraa Dale. I denne Stundi var Alvhild so fager, at Leiv aldri hadde drøymt um noko slikt. Varm og ung stod ho der med Barmen byljande so Sylgjune skalv paa det kvite Lin; Kinni blømde, Augo glødde; ho saag uppaa han so dragande vent at han kjende som ein Solstraum inn-yvi seg. Han tok henne i Handi so ho skalv: "Takk for Dansen, Alvhild!" og Augnebragdi hans i den Stundi gløymde ho aldri. Han var ute i same Blinken, ør, tumlin, fraa seg, men endaa so sæl; flaug til Skogs i den svale Kvelding; Alvhild stod for han kvar han gjekk. Det anda gjenom Skogen av ung Vaar; Bekkjesikl gjekk og Kviskring fraa Gran og fraa Bjørk; ytst ute yvi Fjelli drog Himilin seg yvi med sylvgraatt Flor; Leiv gjekk og livde og drøymde som inne i eit Æventyr. Han høyrde Om som av Huldreleik og Fossegrimspél, og han vilde ikkje undrast det Grand, um Stein og Tre og all Ting tok til aa tala. Men paa Haugstad slutta det heller snart med Dansen. Alvhild var hugstoli og mest som ør; det var vorti so tomt etter Leiv; ho hadde ikkje Moro av aa danse lenger; vilde heim. Dei tagg og bad; det hjelpte ikkje; Bjørn Haugstad og Knut Aasen gav henne fagre Ord; ho høyrde det knapt; Spìlemannen strauk upp med sin beste Springar; ho gaadde det ikkje. Ho gjekk. Og drøymde um SIDE: 99 den staute Karen med dei sterke Augo; enno glødde det i Handi etter hans faste Tak. Ætti var gløymd; ho hugsa berre Guten. Og daa ho sovna ut mot Morgonstundi, tenkte ho med seg: Gudskjelov, no veit eg daa kven eg likar. Men sidan laag ho og kava i ei Draum um, at Leiv slost med Far hennar og laut gjeva seg. Daa ho vakna hugsa ho denne Draumen, og mintest Leivs Ætt og Folks Meiningar um Far hans. Det lagde seg kaldt yvi henne, dette, so ho reint kjende vondt av det; og daa ho kom inn i Stogo og saag Far sin og Mor si, desse gode og byrge Folk, daa lagde det seg som ein Frost for Bringa paa henne, at ho laut nok slaa fraa seg alle Tankar um Leiv Hegglid. Men mot Kvelden kom Tankane att sterkare enn fyrr. Det fekk vera det sama med Ætti; ein Kar som Leiv turvte ingi Ætt. Far og Mor vilde leggje imot det dei kunde; men i Grunnen visste ho at ho raadde deim. Leiv skal bli min! tenkte ho, og vart so sæl at ho slo sund alle dei Koppar og Fat ho fekk i Hendane den Kvelden. "Eg meiner du drøymer, eg?" undrast Mor hennar. Morgonen etter kom dei kalde Tankane att. Det hjelpte lite at ho raadde med Far og Mor; kva vilde Ætti og Bygdi segja? Kva vilde dei segja paa Haugstad? Og paa Aasen? Og der, og der? Heile Dagen gjekk ho og verkte med dette og kjende seg so leid og uhùgleg at ho brydde seg um ingin Ting. Men mot Kvelden kom Leiv for henne som fyrr. Eg er like sæl um Bygdi, tenkte ho. Lat Folk drøse; eg er like god for det. Ho slo alle andre Tankar fraa seg. Og tenkte paa Leiv; berre paa Leiv. Ute paa Tune tok Bikkja til aa gøy. Kven kann vera ute dette Bìle? tenkte Alvhild og snikte seg ut; ho var so uroleg i sine Tankar. Hunden stod ned med Stabbure og gøydde som alt vondt var ute; "hyss, Odin!" sagde Alvhild og gjekk der ned. Daa kom Lars fram. "God Kveld," sagde han. "Eg skulde helse og segja at det er ein som ventar paa deg ved den gamle Furo. Du fær Synd paa deg, um du ikkje gjeng." I det same flaug SIDE: 100 han. Odin etter, skvakkande. No kom Mori. "Kva tru det er Hunden gøyr so fyri?" sa ho. "Aa, ikkje for noko. -- Jau det strauk ein Framandkar ned-um her." -- "Kven kann det ha vori?" -- "Du maa so segja." -- "Sjaa du fær Bikkja med deg inn." -- "Ja." -- "Kva er det du stend etter?" -- "Er Geitane komne heim alle?" -- "Eg trur daa visst det. Kor daa?" -- "Denne Framandkaren sa han hadde set eit Par Geitar burt-i Skogen. -- "Aa kjære deg, daa lyt du stad sjaa etter. Det kunde vera Graatussa. Skunda deg, Alvhild !" -- "Ja, Mor." Alvhild gjekk. Og undrast sjølv paa at ho so gjorde. -- -- Attmed den gamle Furo stod Leiv. Han hadde ikkje vori so rædd i sine Lìvedagar. "At eg gjekk til Haugstad var Tankeløyse, men at eg gjekk hit var Vitløyse," mulla han for seg sjølv Gong paa Gong. No sat vel Alvhild heime og lo aat han. Lo og fortalde til kven som vilde høyre, um dei ravgalne Tankane denne Hegglidguten var komin paa. Han beit Tennane ihop; og gjenom Bringa hans drog det seg som kalde Staal-Eggir. Men han slo Tankane fraa seg og vart standande. Elvesusen gjekk roleg og tung gjenom Skogen. Svarte Tretoppar rugga i Vinden; stygge store Skyflokar laag upp-i Himilen og dreiv, skifte Ham, skilde seg sund, minka, auka; beint upp-yvi Dalegarden stod eit Troll med tri Hovud; det vart til ein Baat med tri Mann i, og so til ein Hest med Sadel paa. Ja; kom ho ikkje i Kveld, so vilde han i Natt ride den Hesten. Tanken dreiv myrk gjenom Heilen hans som Skyi paa Himilen; han kulsa og skvatt upp. Best eg gjeng, tenkte han. Med det same kvakk han og stod still: høyrde han kje noko? -- Stìg? -- lette, lette liksom Vengslag i Lufti? -- Nei. Alt var stilt. Alt var daudt. Nei? Jau? -- jau; ho kom; det var ho! -- Den som hadde eit Hjarta av Staal, tenkte Leiv og rette seg upp; aldri i sine Lìvedagar hadde han kjent seg so litin. Lett og stilt kom ho gangande; glytte ikring seg; stana, lydde. Leiv hadde best Hùg til aa røme, men laut fram. SIDE: 101 Helsa god Kveld med underleg uklaar Røyst; "du var gild som kom; eg ... laut tala med deg ... ein Gong til. Men fyrst skal du lova meg ein Ting, Alvhild: at du ikkje skal ... undrast ... og ikkje tykkjast, og ikkje fortelja det til noko Menneskje." Alvhild lova det. Ho kjende seg so underleg; det var som det skalv i henne; kva vilde han? Det kunde ikkje vera Friing so braadt; men eitkvart laut det vera. Ho glytte upp aa han. For staut og drengjeleg Kar! Stor stod han der i det dimme Ljose; Augo hans blenkte i Maaneglansen; ho vart som trylt av aa sjaa paa han; Make til Gut fanst ikkje; visste han kor ho heldt av han, so var han ikkje so bljug. Men Bygdi? -- "For det er underlege Ting eg vil segja deg," heldt Leiv fram; "og du vil vel helst tru eg ørskar. Men eg slepp ikkje fraa det; eg maa segja det; og so fær du taka det so vel upp som du kann." Alvhild bivra der ho stod; ho hadde Tak i ein Hatlekvist som ho liksom heldt seg fast i; svara var raadlaust. Leiv tok fram-i att; det gjekk ustødt og tungt. Det han vilde fortelja brydde vel ikkje ho seg um; men det var det, at han hadde tenkt paa ... sett seg fast fyri ... aa ... ja, aa fara til Amerika. Det kvakk i henne; ho vart liksom so kald. "Til Amerika?" Ja. Leiv vilde til Amerika. Ein kom ingin Veg her; Folk, dei var som dei var, og han ... her gjekk han som ein Folkestygg, endaa han inkje vondt hadde gjort ... utanfor alt godt Lag i Bygdi. Han var leid av dette no; skulde han lìva, vilde han lìva som Folk; han vilde til Amerika. Alvhild hadde fengi eit Hatleblad millom Fingrane; ho stod og lagde det ihop og tok det upp att: "det er langt dìt," sagde ho. Ja visst var det langt, svara Leiv; og ho maatte ikkje tru han hadde nokon sers Hùg til aa fara; minst no; men ... nettupp no laut han ut; og det var ikkje lenger enn at ein kunde ... koma baade att og fram, um so skulde vera; og hans Tanke var aa koma heim att, -- um det so kunde laga seg. Her trivla han meir enn vanleg etter Ord eit Bìl; so bar det i Veg att SIDE: 102 um Utferdi. Ut og tena Pengar og lære Folkeskikk vilde han; han skulde koma heim att meir til Kar enn han fór ... so han kunde faa same Vyrdnaden bland Folk som andre gode Karar. No skýna Alvhild Meiningi. Og ho saag upp med slik Glede og slikt Samtykke, at Leiv kjende seg mest trylt. Med nytt Mod heldt han fram: "eg skal koma att meir til Kar enn mange av deim som no vil vera dei gildaste; og naar dei ser Lùmmaboki full, so vil dei faa andre Tankar um mangt; eg vert baade gjæv og gild ... og gjeng det daa i andre Maatar som eg ynskjer, so sìt eg sidan paa Garden min jamgod med dei beste i Bygdi." Alvhild var so glad, ho kjende kje til seg. Det var makalaust godt paafunni av Leiv, dette. No turvte ho ikkje ræddast korkje Bygdedrøse eller dei gamle. Ingin visste um nokon Ting fyrr han kom heim att; og daa kom han so, at ho fekk han med Ære og alt godt Folks Samtykke. "Det er godt ut-tenkt, dette," sa ho, men vart med det same so bljug, at ho snudde seg halvt ifraa han og lagde all Umtanke paa Stræve med Hatleblokka. Leiv kom reint ut-av det ved denne store Ros; han tok upp-att det same, men kunde ikkje koma innpaa det han vilde segja; Alvhild laut freiste aa hjelpe 'n: "kor lengi vert du verande i Amerika?" -- "Aa, um so ei tri -- fire Aar er eg so tilkomin Kar at ... daa kann eg taka imot Garden; og daa kjem eg ... so sant som det gjeng som eg vil med ein Ting. Men paa den eine Tingen stend det alt." No kjem det, tenkte Alvhild; Skjelten tok henne paa nytt. Ho freista aa vende Samtala; men Leiv saup djupt etter Anden; no hadde han funni sin Veg: "den som det stend paa alt," sagde han, "det er du, Alvhild." Bringa hennar gjekk, so ho fekk ikkje upp Mæle; Leiv heldt fram, snøgt som det galdt aa verja seg mot Mistyding: "det var det eg maatte segja deg i Kveld. Etter den Dansen paa Haugstad fær eg ikkje Fred; du kjem for meg i alt, so no gjeng eg her og raader knapt med meg. Men ... no skal du ikkje undrast, men ... naar eg kjem heim att fraa Amerika um fire Aar, so SIDE: 103 ... so er vel du gift?" -- "Nei" ... "Eller fest?" spurde Leiv med tilgjord Ro. "Nei," kviskra Alvhild; ho fekk ikkje Mæle upp. "Gud velsigne deg, Gjente, kann du lova meg det?" bad Leiv; han høyrdest so glad at ho fekk Graaten i Augo. "Det kann eg visst," sagde ho stilt. Han kom nærare; han var i ei Hugspaning som det galdt Live: "og um eg daa spurde deg um det som eg ikkje torer spyrja um i Kveld, trur du daa at ... at du vilde vise meg fraa deg?" Ho bøygde Hovude mot Bringa: "du fekk freiste!" "Maa eg lite paa dette?" bad han; Handi hans skalv; ho fekk Magt med seg att og svara: "Ja, Leiv." "Daa Gud æveleg signe deg, som gjer meg so sæl som eg er no," sagde Leiv stilt og varmt; ho drog seg ifraa han; dei skildest. Dagen etter bad Leiv Far sin um Pengar; han vilde til Amerika. Det kvakk i Asbjørn Hegglid ved dette. Han hadde aldri venta at Son hans skulde vera glad i han; men at han var so reint leid av aa vera heime, det hadde han ikkje tenkt, og det gjorde 'n vondt. Han kunde ikkje svara noko vidare med same, men gjekk og verkte med det heile Dagen. Um Kvelden sat dei aaleine inn i Stogo eit Bìl; daa kom det. "Du er leid av Hegglid no, Leiv?" -- "Nei det kann eg ikkje segja." "Det er ingin Armodsgard, Hegglid." -- "Nei det er visst." -- "Og han er betre i Stand no enn daa eg fekk'n." -- "Det trur eg vel. -- "Og ... eit Grand Pengar fylgjer det med au, sant aa segja." -- "Pengar?" -- "Ja ikkje stort. Men det er alltid til aa greide seg med det fyrste Aare ... og det andre med." -- "Det er gildt. Men eg lyt til Amerika nokre Aar lell eg, Far." Det vart reint stilt eit Bìl. "Eg tek til aa eldast no, Leiv." -- "Aa, du slit det ei Stund til, du Far." -- "Hm. D'er so rart med det. Berre framande i Huse; gamall Mann." -- "Eg kjem att, Far." -- "Ingin hev Brev paa Live, veit du." -- "Eg SIDE: 104 maa ut, Far; elles kann det gaa verre." Asbjørn saag paa Son sin lengi og aalvorsamt. Dette lyt hava eitkvart paa seg, tenkte han. "Naar skal du fara?" -- "Di fyrr eg fer, di fyrr kjem eg att." -- -- "Ja, ja," sa Asbjørn. Aatte Dagar etter rusla eit lite Bylass ut fraa Hegglidtune og ned gjenom Dalen. I Kjerra stod ei blaamaala Kiste med raudrosut Lòk, og dertil eit Skrin og ei stor Tine. Merri og Lasse rusla fyri; etter gjekk Asbjørn og Leiv. Leiv saag so sturin ut, at Far hans var mest uroleg for 'n. Han gjekk og tenkte paa aa spyrja han ut. Kunde det vera noko serskilt som dreiv han fraa Bygdi? Men naar han saag paa Son sin fælte han seg av. Det kunde vera eitkvart som Guten helst vilde bera aaleine. Det var Alvhild, Leiv tenkte paa, og den laake Lagnaden sin. Der laag Dale-Garden, koseleg og lognt, i ei Kraa millom tvo Fjell. Der inne sìt ho, tenkte Leiv; og det saug og drog i 'n av Lengting; no kunde eg stemne til Gards paa Beling, berre eg var av ei gildare Ætt! -- Han skjegla til Sides ned-etter Far sin, som gjekk der og tusla gamall og bøygd: Gud veit kvi eg nettupp skal vera din Son? -- Den gamle var komin i djupe Tankar. Han hadde gaatt etter at Sonen gjekk og saag med slike underlege Augo burtetter til Dale; stakkars Leiv, han skulde vel aldri i si Ungdoms Gaaløyse ha forsétt seg paa Daledrosi? Daa kunde Gamlingen skýna baade eitt og hitt. Kannhende vilde Guten til Amerika og gløyme? Det vore best, um so var. Men um ein Ungdom kunde hava so mykje Vit? Eller um han gjekk med Draumar? Asbjørn hadde høyrt gjeti denne galne Sogo fraa Haugstad; kunde dei ha vorti kjende, desse Ungdomane? Kunde ho ha forsétt seg paa den staute Guten og lova aa vente paa han? Aa langt-ifraa. Men vondt var vondt i alle Tilfelle. Fara so langt ifraa Gjenta si, det er som aa sleppa fanga Fugl or Handi; Gjentehugen er slengin, den. Di meir han tenkte, Asbjørn, di ugladare vart han. Det var vist rimelegt at Guten gjorde som han gjorde, kor rart det saag ut; men leid han for SIDE: 105 Syndi til Far sin, so var ikkje det meir rimeligt enn at Far hans hadde lòti lide for Syndi til sin Far ... underlege, underlege Greidur. Og endaa hev eg stræva som ein Træl, tenkte Asbjørn, med aa faa rette det som var rengt; men det heng i, det heng i; det er seigare enn Live; det heng i Ætti. Paa heile denne Byferdi vart mykje tenkt og lite sagt. Men daa dei var framkomne, og Leiv steig i Baaten og skulde umbord, daa tok den gamle han i Handi og sagde: "vil du, so skal eg hava eit Auge med henne, Leiv ... og helsa henne fraa deg um du skriv til meg stundom"; Leiv saag undrin og mest uroleg upp paa Far sin. "Og tak den store Mannen med deg," heldt Asbjørn fram, "og haldt Vegen din bein; og hev eg Skuld mot deg, so tak ikkje det med deg der du no fèr ... ingin hev Brev paa Live. Og so maa du fara vel!" Leiv undrast; visste ikkje rett aa svara; kjende paa seg, at han hadde gjort for lite av Far sin. "Farvel, Far; Takk ... for alt ..." Baaten skaut seg fraa Bryggja; Asbjørn løynde seg i Folkehopen. Der stod han og stirde, skygnde og stirde til Guten var um bord, og endaa lengi etter. Daa det myrkna gjekk han. "Du store Mann der uppe," sukka han med seg sjølv, "du bryr deg vel ikkje mykje um mi Bøn; men ... hav eit lite Auga med Guten min! -- han er so ung, og han fèr so vide." Kunde det vera Raad at det var noko millom Alvhild og Leiv? Asbjørn kjende med seg, at dette var eit Spursmaal han laut faa Greide paa. Han lagde Merke til at Alvhild saag etter han paa Kyrkjevegen. Ein Sundag stelte han det so, at dei raakast paa Kyrkjegarden attum Tre-Rùnnen ved Prestegravi. Etter Helsing og Vêr-Prat fortalde Asbjorn um, kor godt alt stod paa Hegglid i Aar; han visste knapt nokon Stad det stod betre. Hegglid var utrulegt til Gard, og var komin seg Aar for Aar; og endaa betre Skikk paa all Ting vart det naar den nye Mannen kom, -- ja han SIDE: 106 Leiv, som no var ute i Verdi og vilde sjaa og lære, og tena eit Grand med, -- meir enn det hadde vori Raad med paa so faae Aar her heime. Alvhild svara ikkje stort paa det han sagde; men daa Leiv vart nemnd raudna ho, og det gav Asbjørn Mod. Han freista paa um han kunde faa henne til aa segja noko um Amerikaferdi hans Leiv; um ho visste meir enn han, kannhende? Det kom han ingin Veg med. Men daa ho gjekk, sa ho: "du lyt helse naar du skriv"; og det var likso godt. Asbjørn vart reint glad. Det verste var vel enno att for Leiv; men var dei unge samde, so jamenn var alt det ein stor Ting. Og at dei var samde fekk han sidan full Greide paa av Leiv. Han fortalde at han var komin i Arbeid og hadde godt Mod; sistpaa i Breve kom det nokre Ord um Alvhild. "Du sagde noko daa me skildest," stod det, "som eg hev undrast paa. Er det Lars som hev vori lausmynt tru? Daa fær du sjaa aa faa lempa han or Bygdi; for dette maa ingin hava Greide paa enno. Men vilde du helse Alvhild fraa meg, so ingin fekk vìta noko um det, so var det vel. Eg meiner eg skal greide det som eg hev tenkt, so ho skal ikkje turve trega." Ja, ja; gjev det var so vel! sukka Asbjørn. Gjev Hegglidguten vart rik nok aat Dalekaksen! -- men det skal mykje til. Breve stakk han til Alvhild med Kyrkja; og han saag ho vart glad; gjev ho heldt ut! Sundagen etter fekk han Breve att; inni laag ein litin Setel "Til Velagte Ungkarl Leiv Asbjørnson Hegglid i Amerika." Sidan gjekk det fleire Smaabrev dei unge imillom, og Asbjørn stelte det so fint at ingin tok Mistanke. Alvhild var underleg i Lag. Ho fekk aldri sine Tankar fraa Leiv; denne Elsken batt henne som ein Trolldom. Men sùmetidir kjende ho seg tyngd mer enn glad. Med hin Ungdomen kom ho mindre saman enn fyrr; det var ikkje so hugnadsamt millom deim heller no, totte ho. Folk undrast paa dette. Men den rette Grunnen kunde ingin koma paa. At ho var for god Manns Dotter til aa tenkje paa ein som Leiv, det visste alt Folk. -- -- Eit noko Bìl etter at Leiv var utreist fekk Alvhild SIDE: 107 Friarbrev fraa Bjørn Haugstad. Han hadde merkt at ho var annarleis mot han no enn fyrr; og vilde vita kóss det hadde seg. Han meinte paa, at ho hadde ikkje alltid vori so framand som ho no var; og ho skulde vìta at ho gjorde stor Synd, var det so at han ikkje kunde tru paa henne. Alvhild svara so vent som ho kunde, men bad han slaa dette fraa seg; ho hadde aldri tenkt paa slikt, ho. "Det er fleire Gjentur enn eg," skreiv ho; "ver ikkje vond paa meg, men gløym meg." Knut Aase drygde, han. Men kunde han faa Høve til aa segja henne eit godt Ord, so heldt han seg framme. Med slike laut ein gjeva Tòl, meinte Knut; "dei hev det godt som dei hev det, og vil gjerne vera frie i det lengste." -- -- Ut paa Hausten fekk Asbjørn eit nytt Brev fraa Son sin. Leiv fortalde at han arbeidde hardt, og at han ikkje hadde visst kva Arbeid var fyrr han kom hit; "arbeidde me slik i Norig, so kunde me koma oss upp der au." Han hadde vori ein Stakkar heime, skreiv han; og det var i alle Maatar godt at han var komin ut. "Me hev so mange Grillur heime; i Amerika er det reint annarleis. Her er eg likso god som den beste, so sant eg berre er ein dugande Kar. Ingin spýrr her etter Ætti; eg kunde vera jamgod med den gildaste, um eg so var Son av ei Fantekjering og fødd i Vegveita. No hev eg vorti kjend med ein som er fødd Baron, men no er teacher; me er gode Venir, og ingin held honom for meir til Kar enn eg. Eg krysser ingin no lenger; beste Mannen er den som arbeider og greider seg sjølv. Var det kje for det du veit, so skulde eg taka deg hit og aldri reise til Norig att. -- Eg slit som ein Hest og arbeidar for tvo; Løni er god, og eg legg meg upp noko med kvart og sêt i Banken; det er òg ein Ting eg hev lært her. Men her er dyrt aa lìva. Eg maa faa betre Plass, skal eg tena det eg vil paa den Tidi eg hev tenkt." Eit halvt Aars Tid etter kom det nytt Brev; daa var Leiv komin betre i Veg og hadde godt Mod. Men so vart det stilt lengi. Og det Breve som daa kom var lite huglegt; der stod: SIDE: 108 "Eg hev nok likevel ei laak Lykke. Den Banken der Pengane mine stod hev spéla upp: Kasseraren er strokin med Pengeskuffa. Der strauk med ein Gong alt mitt Slit og Stræv. Eg aatte nett so mykje at det liksom tok til aa draga ihop. No stend eg att so nakin som Naali og kann taka til att fraa nyom. Og eg maa stræve i 4 Aar til; Gud veit um Helsa held ut i denne Trældomen; me er kje vane med slikt me norske. Og Gud veit kva Alvhild vil segja. Eg kann kje skrive til henne no; vil du so hovsamt du kann segja henne dette? Misser eg henne, er det ute med meg." -- Dei sagde Asbjørn eldest fort i denne Tid. Haare hans kvitna; Ryggen bøygde seg; "han saknar vel Son sin," sa Folk; dei tok liksom til aa tykkje Synd i den gamle einslege Mannen. Sjølv gjekk han i tunge Tankar; var det Ættesyndi som no skulde koma attum? Bestefar hadde vori for glad i Mammon; skulde Sonesonen lide for det, og det um han var aldri so uskyldig? -- Han gjekk reint tyngd av desse Tankane, Asbjørn Hegglid. Dei Pengane som han og Far hans hadde freista aa klore til seg med meir eller mindre Urett, var det dei som no strauk? Og Straffi skulde falle paa den saklause? og der som ho i det heile maatte falle tyngst? -- Med Alvhild vilde han tala; men det kunde aldri bera til. Ho var vandare aa raaka no i det seinste, totte Asbjørn, korleis no dette kunde hava seg. -- -- -- Knut Aasen gjorde seg Ærend til Dale rett som det var. Og so vel fagna dei gamle han, at han fekk Mod til aa koma att, endaa Alvhild ikkje syntest bry seg noko um dette. Daa Aare var gjengi tenkte ho elles mindre paa Leiv enn fyrr. Hùgen var ikkje so heit; ho kjende seg lettare og friare. Og ho vedgjekk det for seg sjølv: det var underlegt at ho skulde koma til aa taka ein ættlaus Gut, ho, beste Gjenta i Bygdi. Det var vel at ingin visste det enno; elles skulde det vorti Drøs! Ho gav seg meir i SIDE: 109 Lag med Ungdomen att; og ho kunde vera lettlìva som fyrr mest. Knut Aasen gjorde ikkje lite til dette. Han var ein kvìk, livmykin Gut, lentug i Ord og rett ven; ikkje stor og sterk som Leiv, men lìdug og snaal og ferm og frisk, og ein framifraa Dansar. Alvhild hadde lika han godt fyrr ei Tid; no var det mest som ei Kvild aa vera i Lag med han; han kunde so lindt løyse henne fraa dei urolege Tankane. Det leid og det skreid; og ho fekk alt mindre imot at Knut hadde si Gonge paa Dale. At ho hadde noko Kjendskap med Asbjørn Hegglid maatte ikkje koma ut; Brev var det tryggast vart lagde under Steinen ved den gamle Furo hadde ho sagt; sidan raakast ho ikkje med Asbjørn lenger. Og fraa Amerika høyrde ho inginting. Bjørn Haugstad hadde gift seg. Dei sagde han trega paa dette, og det var ikkje fritt han drakk. Og naar han var full tala han vondt um Alvhild. Ho var ei Fjokle som ingin Mann maatte tru, lét han um. Men naar han slo paa at det skulde vera eitkvart millom Son hans Svarte-Asbjørn og henne, daa lo Folk. Alvhild fraa Dale var nok kautare enn som so! Ein Sundag hadde Ungdomen samla seg paa Aasen; Alvhild var der. Ei ny Vise vart songi; og den var soleis laga at det kunde vera Alvhild som var meint. Visa gjekk um eit Inkjes-Ting til Gut, ei Slaastkjempe, som gjorde seg Tankar um beste Gjenta i Bygdi; men der var Nidstev til "Gjentune" au; det var sùme av deim som fjasa med "kven det var", og som ikkje var til aa tru. Folk lo aat Visa. Daa det vart sagt at Bjørn Haugstad skulde vera Diktaren, lo dei endaa meir og glytte paa Alvhild; eit og anna Skjemtord fall. Men det var greidt aa sjaa, at ingin tok dette aalvorsamt. Alvhild ynskte seg vel ute. Enn um det fanst ein her som berre hadde ein Mistanke! Ho lo aat Visa so godt ho kunde. Og daa ei Gjente slo paa, at Visediktaren visste vel kven han kvad um, smilte Alvhild og meinte, at kven Diktaren var, so var han ein Stordiktar. Men ho skjemdest; og daa ho var heimkomi um Kvelden grét ho. SIDE: 110 Utpaa Hausten, den andre etter Leiv var farin, kom det ut eit Ord um at han hadde vori uheppin og mist Pengar, so det var paa Voni naar han kom heim. Folk flirde aat dette. Leiv kunde seti heime, meinte dei. Det vart nok att etter Svarte-Asbjørn, so sant daa Leiv ikkje vilde bli Bygdekakse reint. Alvhild kjende som ein Lette daa ho skýna ho fekk Avdrygsle; mangt kunde snu seg enno. Og ho vart blidare mot Knut enn fyrr; det galdt aa narre Folk paa Villstraa til so lengi. Og Folk tok til aa tala um Alvhild og Knut. Dei høvde godt, desse tvo; der var Ætt og Magt paa baae Sidur. Alle hadde venta detta i Grunnen; Alvhild var fulla Gjente som visste aa velja aat seg. Foreldri var og vel nøgde. Og daa alle fann det sjølvsagt, vart det meir og meir rimelegt for Alvhild med. Paa Leiv tenkte ho med Uro naar ho var aaleine, med Uhùg naar ho var i Lag; gløyme vilde vera det likaste. Ho hadde vori ør. Elsken hadde gjort henne blind, forgjort henne. Best var det hjaa Knut; han tok Tankane fraa henne. Men um Nætane vakna ho ofte av urolege Draumar, og stundom i Graat; det var Leiv ho hadde drøymt um. Daa tenkte ho: svike vil eg ikkje; eg vil berre bie og sjaa; det hender so mangt utenkt. So skaut ho Tankane fraa seg. Men Folk rødde um henne og Knut plent som alt var visst. Ein Gong slo Knut innpaa um dette, liksom paa Skjemt; spurde kóss ho lika desse Drøsune. Ho raudna og fann ikkje Svar. Daa vaaga Knut seg noko lenger, so ho skýna det var Aalvor. Men daa vart ho rædd. Leiv kom for henne so sterkt, at ho liksom saag hans bleike Aasyn og hans sterke Augo. "Lat oss ikkje tala um det," bad ho. "Nei, nei," sagde Knut; "d'er noko som ikkje hastar; ein skal tenkje seg vel um med so store Ting. Og tenkje paa det kunde du?" Ho stod og vreid sine Hendar; ja, ja; tenkje paa det ... Asbjørn Hegglid fekk au høyre dette um Alvhild og Knut; men han vilde ikkje tru det. Ho hev ærlege Augo, tenkte han; og Augo lyg ikkje. Naar han skreiv fortalde han elles alt som han tenkte Leiv kunde bry seg um; SIDE: 111 denne Gongen kunde han fortelja Stornytt: at Lars hadde gift seg og bygsla eit Husmansplass i Brubakken; so no kunde det vori serskilt godt um Leiv hadde vori heime. Men Folkesnakke um Alvhild nemnde han ikkje; han berre fortalde at han hadde ikkje raaka Alvhild no paa eit Bìl, -- "kor det no kunde hava seg". Det var vel ikkje verdt han var altfor trygg heller. -- -- Vinteren gjekk. Alvhild høyrde inkje fraa Leiv; han hadde vel gløymt henne. Knut var paa Dale ender og daa som fyrr; stundom slo han seg glad, men oftast var han meir still av seg enn fyrr; han held av meg, tenkte Alvhild. Dei gamle talde for henne, og ho var lempeleg og rimeleg. Men naar dei vilde hava visst Svar, fælte ho seg av. Um Vaaren gjorde dei eit lite Lag paa Dale, skulde "smaka paa Vaarbrygge"; Knut var med. Alvhild hadde aldri set han so snaal og greid; han sette Liv i heile Lage. Alle var glade i Knut; Gjentune ovunde Alvhild. Ut paa Kvelden, daa Øle so smaatt tok til aa vinne paa Folk, tok Mori Alvhild med seg ut i Koven; der sat gamle Hallvard og Knut; og det vart snart Drøs av. Men so laut dei gamle ut i Lage att; og Knut og Alvhild vart verande aaleine. Daa bad Knut henne segja si Meining; han kunde ikkje gaa i denne Uvissa lenger. Det galdt meir for honom enn ho trudde, sa han; gjekk det skakkstyrt med dette som alltid hadde vori hans beste Von, so kunde nok ikkje han taka det so rolegt som Bjørn Haugstad. Han var so aalvorsam og sorgfull som ho aldri hadde set han fyrr. Ho hadde vondt av han; ho kjende ho heldt av han. Ikkje paa same Maaten som -- ; men det var ikkje sagt at det var best ... Og Leiv, han hev gløymt meg; og ein Gong maa det bli ei Avgjerd; og Far og Mor vil det ... Ho glytte bljugt til han. Han slo Armen kring Live hennar liksom ør av glade Vonir: "er du no mi, so skal du aldri i dine Lìvedagar trega det!" Leiv hev gløymt meg, tenkte Alvhild; og Far og Mor vil det ... "Det er vel so laga," kviskra ho; vart gloande heit, og so kald att. Han vart so glad at han lo; drog henne til seg og gav henne fraa seg; gjorde eit SIDE: 112 Hallingkast og ropa: "hei! no veit eg kóss det er aa vera glad!" -- Alvhild kveikte seg ved hans Glede so godt ho kunde. Dei gamle kom; han tok deim eitt i kvar Hand og smilte og lo; "vil de no ha meg til Son, so hev de meg her!" "Det vil me visst," svara Mori med Smil og vaate Augo; "det vil me visst," sagde Faren aalvorsamt. Mori drog Dotteri inn-aat seg: "no hev du gjort oss alle glade." "Ja," lagde Faren til; "du hev alltid vori eit godt Barn. "Han saag kjærlegt paa henne. Alvhild kom i sterk Graat. Det vart avgjort at Bryllaupe skulde staa til Hausten; Alvhild lét deim gjera med dette som dei vilde. Ho bad berre at Trulovingi maatte vera løynleg so lengi Raad var; dei undrast paa dette, men vilde ikkje gjera henne imot. "Og no fer du fylgje meg," sagde Mori; "d'er kje verdt dei ser du hev graati." Knut tok henne i Handi: "Takk for dette, Alvhild!" Ho grét og tenkte paa Leiv. Den Mannen, Leiv i seinare Tid hadde vori hjaa, var ein gamal Riking som hadde tent seg upp med Handel; no hadde han kaupt seg ein Farm som han hadde Moro av aa drive upp, og som han lagde store Pengar i. Fraa fyrsto var Leiv berre Arbeidsgut. Og han arbeidde for Kar. Han var stor og sterk; dertil var han framifraa litande; dei skulde sjaa, at kva som kunde vera aa segja paa Farfar og Far, so var han av ei Ætt som vilde fram-yvi. Det han kunde faa av Fristundir nytta han til Lesing; Hjelp hadde han ei Tid av ein rimeleg og billeg svensk Baron, som hadde flakka um millom svenske og norske og danske so lengi, at no tala han "skandinaviskt" naar han ikkje tala engelskt. Leiv hadde godt Hovud og lærde fort; daa han dertil var glup til aa arbeide, og i alt viste seg litande, fekk han Tiltru hjaa Husbonden sin og vart noko som ein Gardsstyrar hjaa han. Alt saag ut til aa vilja laga seg. Men so kom den SIDE: 113 Dagen daa Spareskillingane hans vart stolne. Daa var han ikkje langt ifraa aa misse Mode. Han hadde sett si Von til desse Skillingane, som stod der i Banken og "voks". Det var so godt aa tenkje paa dette: at kvar Skilling han fekk leggje upp, den ikkje berre laag der; han hjelpte sin Herre i Arbeide; kvar Dollar i Banken var ein Dollar i Banken og drog dertil Rente. Og di fleire Dollars, di meir Vokstr; han tok til aa tru paa Lykka si; kjende seg trygg og modig, ja byrg. Naar det han her tente lagdest attaat det han heime kunde vente, so vart det snart Velstand, so der heime daa. Og naar han dertil sjølv hadde lært baade aa arbeide og aa styre, og attaat hadde vori ute i Verdi og sétt seg ikring, og so kom heim att fjong og gild, so Bjørn Haugstad og Knut Aasen mot honom vart Heimfødingar, -- fullgod Friar skulde Leiv stige inn paa Dale daa, um han aldri so mykje var Son hans Svarte-Asbjørn. No stod han der. Alt hans Arbeid var spillt; og han saag kva Reknestykke og Vonir var aa byggje paa. Arbeid og Sparing, kva nytta det? Kvart Grand han sleit ihop, so kom det ein Tjuv og tok det. Og naar Lykka var imot, so var ho imot. Mykje Tjuv og Kjeltring sanka seg ihop her i Amerika; det hadde han høyrt, og det laut han tru. Kva kom Folk her etter? Slaa under seg, slaa under seg, det vilde dei, so mykje dei kunde so fort dei kunde; so vart her ingin Folkeskikk; det vart glupe Arbeidsfolk, men endaa glupare Snytarar og Tjuvar. Vera ærleg her, det var som aa vera Lamb i Vargbøle. Og so Alvhild! -- Naar den Tanken kom, gjekk Blode til Hovude; Augo tok Eld, Tennane beit seg ihop, Nevane knyttest; han fælte stundom for Vite. Alvhild, Alvhild og all Framvoni hans! Han saag henne som ho stod framfor han den Kvelden paa Haugstad: varm, frisk, dragande, daarande, med Augo som glødde under kvite Kvarmar, med Sylgjur som skalv paa det skire Lin; og han kjende det vel: Live for honom, det var Alvhild. Misste han henne var inginting att. Det var Dagar daa det saag myrkt ut for Leiv. Sistpaa fekk han Hjelp der han minst hadde venta. SIDE: 114 Han raaka Baronen ein Dag; denne glodde paa han. "Oh! Mr. Hegglid?" sa han; "well! hur mår ni? You ser ut som en Methodist!" Leiv fortalde kva som hendt var. Han slutta med, at kunde han faa Tak paa Tjuven, so skulde det vera honom ein Hugnad aa slaa han flat. Daa blenkte det underleg upp i Augo paa Baronen. Han kunde ikkje vera med paa det, sa han. Kasseraren, "Tjuven", hadde vori i sin gode Rett. "Hadde du eller eg vori i hans Stad, og havt hans Vìt, so hadde me gjort det same." Leiv storstirde. "Du skýnar meg ikkje," heldt Baronen fram; "nei, nei; Filosof er du ikkje. Tingen er, at Verdi er ikkje som ho skulde vera. Live burde vera som ein Krigsskule, der ikkje fleire slepp inn enn det er Postar til; men Tilvære er blindt, hiver inn laust og fast og reknar ikkje. Det er som ein streng Far: hiver Borni sine paa Sjøen so dei skal lære aa symja; og det er vel nok. Men det range er, at sùme av Borni hev fengi Symjebelte; sùme, Mr. Hegglid; ikkje alle. Og dei som hev Symjebelte, dei ligg i Vegen for deim som inkje hev. Stengjer for deim, so dei ikkje fær leggje ut; dei søkk. You understand, Mr. Hegglid? "Nei," svara Leiv. "Lat oss taka eit Døme," sa Baronen. "Hin Kasseraren var kasta paa Sjøen. Han hadde inkje Symjebelte; men dei han skulde tevle med, dei hadde. So laut han syte for seg sjølv. Det Tilvære hadde gløymt aa gjeva han, tok han. Ikkje han, men Tilvære var Syndaren." Leiv tagde. "Eit nytt Døme. Der hev me Mr. Hegglid. Han er like eins slengd beltelaus paa Sjøen millom beltebudde. Det er Urett. Samfunde skulde rette paa dette; men Samfunde er dei beltebudde; i sjølve det frie Amerika er Samfunde dei beltebudde aaleine. So fær ikkje Mr. Hegglid nytte sitt Liv. Han er sterk Kar, staut Kar; hev same Rett paa Live som alle; men der ligg han; treng all si Magt til aa fløyte seg berre so vidt uppe at han SIDE: 115 ikkje søkk med ein Gong. Vil han greide seg, so maa han faa Symjebelte, han som hine." "Kor skal han faa det ifraa?" spurde Leiv. Baronen tok fram-i att, noko meir vart: "That is the question. Mr. Hegglid, -- det kjem eit Belte drivande. Det høyrer ikkje Dykk til; men det høyrer ikkje meir nokon annan til; ingin hev annan Rett paa det enn den han fær ved aa taka det. No kann Mr. Hegglid taka det. Tek han det ikkje, so søkk han. Eller ligg og baskar millom dei beltebudde, til Livskrafti er øydd. So er Verdi no stelt. Spursmaale for Mr. Hegglid er daa: vil han fljote eller vil han søkke?" Leiv vart blodraud og reis upp. "Kann ein Baron tenkje soleis?" sa han. Baronen drog paa Aksli og flirde. "Lat oss vera ærlege mot kvarandre," sa han. "Eg er ikkje meir Baron enn De. Tilvære hev vori rangvist mot meg som mot Dykk, Mr. Hegglid. Baronen, -- det var òg slikt eit Symjebelte som kom drivande; og eg tok det; det demokratiske Amerika ligg paa Kne for Titlar og Talemaatar som hi Verdi. Kvi skulde eg daa ikkje kalle meg Baron? Eg hev same Hùg og Rett til aa lìva som nokon Baron; og me er alle Baronar for Vaarherre. I oss alle gløder Livsviljen; i oss alle brenn Livsens Eld; men ein grenselaus Urett stengjer oss ute fraa Livsborde; skal me bøygje oss for Uretten, lenger enn me er nøydde til? Eg skýnar ikkje det. Lat oss slaa Lag me tvo, Mr. Hegglid. Eg kann hjelpe Dykk i sùmt, og De hev den sterke Neven; me riv til oss Livsbelte. Mr. Hegglid, ver ein Mann!" Leiv stod som han var vakna or ein Draum. For eit Umskifte! Heile Glansen var strokin av "Baronen". Kven var det som stod der no? Ein litin mager Tufs av ein Kar, ein Stakkar, eit Armodsting, og ein Skarv attpaa! Leiv kjende seg reint flat. "Farvel," sagde han. Baronen vart stygg aa sjaa paa. Det gjekk liksom tvo Baaredrag i Kross yvi Andlite hans, Skam og Harm fraa den eine Sida og Svivyrding fraa den andre. "Ursäkta," sagde han speande; "eg tok Mr. Hegglid for ein Mann. Naa! Farvel, Barne mitt. Armod og Stormod høver laakt ihop; SIDE: 116 fær De lìva ei Stund og tola sùmt av det eg hev tolt, so vert De Filosof De med, skal De sjaa." Han gjekk; Leiv kjende som ei Letting. Men han var skamfull au. Det som denne Stakkaren hadde sagt, og som høyrdest so laakt ut i hans Munn, med alle dei kloke Ordi hans, -- hadde kje han sjølv vori innpaa det same? Hadde han kje gjengi her og harma seg paa Lagnaden, meint at han leid Urett, tenkt Ting som var nære-paa Hæding mot Styraren sjølv? No vart dette so ille umannslegt; han skjemdest av det. Det var Stakkarsdom og Styvingskap; no fekk han vera vaksin. Naar alt kom ihop, so var ikkje alt misst med dei Skillingane i Banken. Han hadde god Løn; og etterkvart fekk han meir, naar han stelte seg rett. Paa Alvhild turvte han ikkje tvìla; det var god Ætt der; ho fór ikkje med Svik. Og kunde ho vente fire Aar, ho venta det femte med, um so maatte vera. Og Hegglid stod. So snart han kunde segja naar han venta seg heim vilde han skrive; Brev um det som no hadde hendt kunde bli mistydt; Brev kunde i det heile vera faarlege; og dei turvtest ikkje; naar ho fekk Helsingane hans, so visste ho at han ikkje sveik. Det var nok vondt aa høyre so lite fraa den ein tenkte mest paa; det kjende han sjølv. Men det som ikkje let seg brigde fekk ein bera. Og jamvel han Far hadde gode Tankar um Alvhild, so lite som han elles trudde paa "Bygdekaksane". Det gjekk alltid eit Grand Drøs um henne, skreiv Gamlingen; men med slike Drosir hadde Folk det alltid annt. Og elles fekk Leiv tenkje paa Heimferdi so snart han saag seg Raad; den Dagen kunde koma daa det vart gildare Gardar enn Hegglid au aa faa, den som hadde ein Skilling. -- -- Den Vaaren Knut og Alvhild vart feste fekk Leiv eit Brev fraa Far sin, som han vart eit Grand uroa av. Alt stod vel til. Men Folk tala meir og meir um Knut Aasen og hans Friing paa Dale; sùme sagde jamvel det som meir var. Og det kunde vel ikkje vera so greidt for slik ei Bêledros heller, naar Karane styrmde paa, og den rette var so langt av Leid. Asbjørn vilde ikkje mistru SIDE: 117 Alvhild; skulde ein mistru ei slik ei, so var ingin aa tru. Men um Leiv sende eit Brev kannhende? Leiv tenkte paa dette. Sat uppe Natt etter Natt og stræva med Brev; men han fekk deim ikkje som han vilde og brende deim um Morgonen att. Um Dagane gjekk han i sitt Arbeid som ein ør Mann. Tidi gjekk so fort, og ingin Veg kom han. Kor skulde dette gaa? Det drog ut-etter Sùmaren, og han vart meir og meir uroleg. Han skrintest og bleikna; i Augo kom noko villt. Han tenkte stundom paa "Baronen" og den "Filosofien" hans; var Verdi endevend? Skulde Lykka vera imot han i dette einaste som han brydde seg um, kva Meining var det daa i aa gaa her og træle? Han hadde sendt Brev til Far sin og bedi han fortelja alt det han visste fraa Dale; var det so at Alvhild hadde svikta, so var her ingi Raad; men var ho den han trudde, so vilde han skrive og segja alt som det var til; so fekk me sjaa um det ikkje endaa kunde laga seg. Det var paa Haustkanten daa han fekk Svar. I Breve stod: "No vilde eg heller tegja enn tala. Men det er nok sant som det stend, at ein maa Inkje tru paa i Verdi. Og minst paa Gjenteaugo. Var det ikkje det eg tenkte daa du fór, at det er spelegt aa sleppe Gjenta so langt ifraa seg. Dei er so veike, og Gutane ligg allstødt etter deim. Knut Aasen er baade snaal og sløg. Han visste aa snu seg til Fisken beit, han; det vert sagt for visst at dei skal hava Bryllaup i Haust. -- -- Sùme segjer at Alvhild er lite glad. Kunde du koma, so er det vel ikkje so visst kóss det gjekk. Best vilde det vera at du var like sæl um ei som det ikkje er meir Sæt paa; men Ungdom er Ungdom, so det er vel lite Von. Men du er sterk Kar, og du skal ikkje taka det for tungt. Og du skal koma, kann du." -- Han las Breve. Las det upp-att; las det Gong etter Gong. Heile Dagen sidan gjekk han mest som han var fraa Samlingi. Men det var som han kom seg att. Dagen etter var han som vanleg. Berre noko stusleg aa sjaa til. Knapt heiltupp frisk. Han tok stundom altfor hardt i, denne Mr. Hegglid. SIDE: 118 Snart kom den Dagen daa Husbond skulde ut paa si Vinterferd; han tok til aa eldast no, og søkte gjerne til Sol-Landi. For Gardsstyre var han trygg, naar han hadde Mr. Hegglid. Men daa Husbond var godt og vel burte, -- det kom ein Morgon daa dei sakna Mr. Hegglid med. Gardsfolke tok til aa leite; Mr. Hegglid hadde stundom vori noko rar i det seinste; kunde noko vera hendt? Det vart leita baade lengi og vel; men Mr. Hegglid var ikkje aa finne. Og rett som det var kom det upp, at Pengeskuffa var tom ... Alvhild hadde ingin rett glad Dag etter ho hadde fest seg til Knut; i same Stundi det var avgjort kjende ho, at dette kom ho visst til aa trega. Det var som Elsken til Leiv kveiktest upp-att; ho tenkte meir paa honom enn paa Knut. Ho saag han som han gjekk der burte i Amerika og sleit og stræva for hennar Skuld og trudde paa henne; mang ein Kveld grét ho seg i Svevn; mang ei Natt fekk ho ikkje Fred for urolege Draumar. Naar ho saag, kor glade Foreldri var med at ho tok Knut, og kor glad Knut var i henne, so letta det att; og ho kunde gløyme det andre for ei Stund. I Lag med Bygdefolk kunde ho kjenne seg glad; for no hadde ingin noko aa segja. Og um Samvite var urolegt, trøysta ho seg med, at Leiv vart vel verande der han var. "Han skriv ikkje, han skriv ikkje; han hev vel funni seg eikor onnor i Amerika" ... Men di lenger det leid, di meir uglad vart ho. Det var sant: Knut var ein snild Gut. Og naar han skjemta med henne, fekk han henne alltid kvat. Men glad paa rette Maaten vart ho ikkje; under laag noko som liksom ikkje rett vilde tine; det var noko hjaa Guten som var framandt for henne. Naar han tok henne i Fang kjende ho seg brydd; det var ikkje denne som var hennar Gut; ikkje til honom hadde ho heilt og hugtrygt gjevi seg. Ho tenkte jamvel stundom paa aa slaa upp med han ... og SIDE: 119 fara til Amerika og finne Leiv; der var det ingin som spurde etter Ætti. Men so hadde ho vondt av Foreldri. Og so hadde ho vondt av Knut. Og kva visste ho i Grunnen um Leiv? Han skriv ikkje, han skriv ikkje, jamra ho for seg sjølv; kannhende hev han funni seg ei gildare i Amerika! Ein Kveld var ho paa Vegen til Hegglid; vilde finne Far hans. Men paa Vegen kom det so mange Tankar; Foreldri, Knut, Bygdi ... ho umraadde seg og snudde. Det lyt vera som det er no, sagde ho med seg sjølv og fraus. Foreldri saag at det var ikkje som det skulde vera; Knut au saag det. Dei undrast; Knut vart uroleg: kunde ho trega paa Bjørn Haugstad likevel? Dei gamle visste ikkje betre Raad enn aa skunde paa med Bryllaupe. Var ho fyrst gift, so jamna det seg nok. Knut meinte det same. Og daa dei tala til Alvhild um det, tenkte ho at kannhende var det sant. "Gjer som de vil," sa ho. Dei dagsette Bryllaupe; og Festarøle vart haldi med stor Høgtid. Og Alvhild gjorde sitt beste med aa vera glad. Men ut paa Kvelden var det eit sterkt, hardt Mæle utanfor Vindaugo som song: Den Gjentehugen han er so slengin, dei kann kje hugleggje nokon Drengen; dei heve ingin i Hjarta kjær, men ein Slarvehug'e til nokon kver. Og sùme er no so Skades snilde; mot kvar og ein skal dei vera milde; mot kvar og ein skal dei fint seg te; so er det ja mest til kven som bed. Alvhild kvitna der ho sat. Det var vel Bjørn Haugstad; dei flaug ut og vilde "tala ved 'n". Men han hadde alt smett seg av. Dansen tok til att. Og Alvhild heldt ut, endaa det var ikkje meir enn so vidt ho greidde det. -- Ein annan som gjekk uglad i denne Tid var Asbjørn Hegglid. Han var meir uroleg for Son sin enn han vilde vera ved for seg sjølv. Det var stilt Vatn og djup Botn der; hadde han huglagt ei Gjente, so var det visst ikkje berre til Tidtrøyting. Asbjørn grùna paa, um han SIDE: 120 nokorleis skulde kunna hjelpe Guten. Det som var i Vegen for Leiv var Ætti hans. At han var av Innflytjarfolk kunde vel no etterkvart hava mindre paa seg. Men der var Synd i Ætti; og den visste Asbjørn med seg, at han hadde gjort lite til aa bøte. Det er so rart naar ein er ung; ein trur at ein berre hev seg sjølv aa tenkje paa ... Men no vart det eit Spursmaal: skulde ein gjera upp etter Far sin, so tok ein ifraa Son sin; og var det rett? Han var daa visst uskyldig; og nettupp no var det god Raad det galdt um for Leiv. Asbjørn tenkte stundom paa aa tala med Presten. Men kva Hjelp kunde det vera i det; han visste kva Presten vilde segja. Dei hadde kje Greide paa kóss Verdi saag ut for oss Smaafolk, slike; og so var det no i det heile so lett aa døme i anns Manns Sak. Det vart ikkje av at han tala med Presten. Han greidde seg fraa Floken paa ein annan Maate: gav tie Dalar til dei fatige. Men daa det var lyst tridje Gongen for Knut og Alvhild, gav han fem Dalar til. Daa meinte Presten paa, at Asbjørn var visst meir til Mann enn nokon tenkte. Det Orde totte Asbjørn han hadde godt av; og det var ikkje fritt han tok seg Vonir av det han hadde gjort. -- -- -- Leiv hadde ei hard Ferd. Haust-Stormane dreiv Fartye att og fram; stundom visste dei kvar dei var og stundom ikkje. Langt um lengi naadde dei Engelland. Leiv kom seg umbord i eit Skip som gjekk til Norig; daa var det langt paa Hausten alt. Sistpaa var han heime. Han steig i Land paa den Bryggja der han hadde skilst med Far sin sist; gjekk so til Skjusskaffaren og tinga seg Skjuss; han vilde heim-yvi med same. Tok seg ein Sving burt-gjennom den vesle Byen med' han venta; kunde ikkje sitja i Ro. Det hadde ingin Heimbygding kjent Leiv Hegglid att no so lett. Han hadde vorti skrinn; Andlite var yvigrott med Skjegg; Augo hadde fengi noko stirande og stridt; og so var det den framandslege Bunaden. Men Leiv tenkte ikkje paa det. Han undrast berre paa, korleis Alvhild vilde taka imot han. Ein Ting trøysta han seg med. Naar han var komin heil yvi Sjøen etter det han SIDE: 121 no hadde gjort, so kunde ikkje det vera for hans Skuld; det maatte vera so laga: Alvhild skulde hava han. Men var det so laga ... ja Alvhild skulde ikkje trega det, ho. Og det galne han hadde gjort vilde han rette baade fort og vel; det hadde alltid vori hans Meining. Eit Par Bygdekarar strauk framum; kven var det, tru? Det fylgde deim ein Brennevins-Tev; den eine av deim var heller høgmælt; Leiv snudde seg og fylgde; strakst etter smatt dei inn paa ei Ølstogu. Leiv etter; um han kunde faa høyre eitkvart heimanfraa? Inne paa Ølstogo sat det alt eit Par Smaa-Lag; dei Leiv var etter hadde funni sitt Rom inst inn-i den myrkaste Kraai. Leiv fann seg eit Bord ikkje langt derifraa; Ljos vart kveikte; og daa baade saag og kjende han Karane. Den høgmælte var Bjørn Haugstad; han var burtimot drukkin alt. Den andre var Lars, Tenestguten paa Hegglid fyrr, Husmann paa Brubakken no; kóss kunde han vera komin i Lag med Bjørn, tru? Dei rødde um Gampar og Hestebyte. Bjørn sat og stor-kytte av ein Fole han hadde; Lars heldt med 'n og godprata. Daa Leiv hadde fengi Øle sitt og greidt for det, vilde han burt og helse paa Kjensfolke sitt; men han braa-stana og vart sitjande og lyde; eit Bryllaup vart nemt; det hadde vori so og so mange gilde Gampar i Brud-reidi. Men Folen til Bjørn ... Av noko som Lars sagde skýna Leiv, at det Bryllaupe dei tala um stod i desse Dagar. Det var tridje Dagen i Dag; og Bjørn hadde berre vori der fyrste Dagen. Han hadde kje havt noko der aa gjera, banna han; noko Liv i Lage var der ikkje; og denne Knut'en var ikkje av hans Folk; elles kunde den Vippe-sterten alltid vera god nok aat henne. Leiv sat og stirde; Munnen hekk halv-opin ... "Vén nok er ho, Trolle," heldt Bjørn fram; "d'er ikkje det som vantar, skulde eg tru; det finst ikkje hennar Make i desse Bygdelag. Og det er vel ikkje mange av dei likaste Karane som ikkje hev tenkt paa den Drosi; eg tenkte paa henne eg au ein Gong; Gu gjorde eg so. Men eg saag snart at ho var ikkje aa tru; og so var SIDE: 122 ikkje det meir; eg var daa ikkje galin." Han hadde gjevi henne upp, og storbanna paa at det hadde han gjort Rett i. "Ja det gjorde du Rett i," sa Lars. "Slike Drosir veit aldri kva dei vil; og det kjem det mykje vondt av. Serlig lite hev visst dei havt aa halde seg til, som trudde paa Dale-Drosi." Det var ein som lo so stygt; men fyrr Folk rett fekk sjaa seg til var Fyren ute. "Matros visst," vart det sagt. "Full som ei Alke! -- naa; han fær nok Nattelosi." Det vart eit Grand Laatt; so tok dei til att med Drykken og Drøse. Fleire kom etterkvart; og lengi og vel vart det drukki. Og skravla og trætta og banna og lætt. Bjørn Haugstad kom i Dragsmaal med ein Hestehandlar um Folen sin og vart utkasta. Men daa laag Leiv Hegglid paa Hassens Botn. Det var Tridjedags Bryllaupskvelden paa Dale. Storbryllaup var det, som ventande hjaa slike Folk. Men nokon Hugnad i Lage var der ikkje; Bruri var so lite glad. Kald og bleik sat ho under den blanke Kruna; der stod som ein Uhugnad av henne. I Augo var ho hard og stiv liksom ho var rangsvævd. Knut gjorde det han kunde til aa faa Liv i Lage; men som Folk hadde venta vart det ikkje. Det vart kviskra um, at Alvhild hadde sin rette Festemann i Amerika. Eit Nidvers, som skulde vera av Bjørn Haugstad, snikte seg um i Lage. Sùme av Gutane, som vel gjekk med saare Hjarto for Alvhild si Skuld, letta seg med Spitord og Slengjestev; naar Drykken fekk Magti vart dei villstyrne. Um Andredagskvelden hadde sùme av deim dansa med blanke Knivar i Hendane; og Brudgomen hadde haldi seg mest inne hjaa dei gamle. I Kveld tok det til att paa same Vis. Og alle visste det kunde bli uhùglegt. Alvhild sat bleik paa Benken millom Konune; ho syntest helst ikkje bry seg um nokon Ting. Det var Leiv ho tenkte paa. Stundom liksom SIDE: 123 drøymde ho: der kom han; inn gjenom Døri; som Kjempa i Visa; tok desse Garpane ein etter ein og slengde deim ut gjenom Glase; tok so henne og sette paa Hesten med seg og reid til Skogs; "no skal me lìva so godt i Lag og aldri skiljast!" Denne Draumen fekk Magt med henne meir og meir ettersom Villskapen voks. Ho sat og einstirde mot Døri. Var liksom ikkje med i Lage lenger; var reint som burte. Daa fór ho upp med eit skjerande Skrik. Braut seg fram gjenom Dansen; stemnde mot Døri med ustøde Stìg, naableik; Augo steig fram, store, kvite, stirande. For i Døri stod Leiv. Høg og bleik; Augo stive og brostne; Haare ned-yi Enne drivande vaatt; heile Skapnaden som dregin or Vatn ... "Leiv!" skreik ho og rette Armane fram; seig so i Uvìt. Det vart braastilt i Lage; dei fulle vart fastande. Bruri vart bori ut; Kvende jamra og grét; ikkje lengi etter var alt stilt i Bryllaupsgarden. -- -- Alvhild laag lengi sjuk etter dette. Daa ho kom upp att, var ho som eitt anna Menneskje. Stillfarande, tagall, underleg ned-døyvd tusla ho ikring; men ho var roleg og snild. Etter som Orde gjekk saag ho Leiv ofte. Og rødde med han mest som med ein annan Mann. Knut tok det stilt, og var hjelpsam og beinsam. Fekk heim baade Doktar og Prest, og trudde det maatte laga seg. Men Tidi gjekk; og det same vart det. Avhild bad honom ikkje taka det tungt. "Det er ikkje av det vonde dette," sa ho. Han vandest med det smaatt um Senn. Sistpaa slutta det. "No hev Leiv fengi Fred," sagde Alvhild. Men eit Bìl etter døydde ho. -- -- Ei syrgjeleg Vise vart gjort um desse Tilburdine; ho enda so: Gud hjelpe den Møy som sviker! Ho fær kje i Hjarta Fred. Ho fær ikkje Fred i sitt sjuke Mod, fyrr ho kjem under Torva ned. -- Det græt ut i Have. SIDE: 124 Gud hjelpe oss allesaman! Ungdomen er so blid. Me rengjer meir i dei unge Aar enn me rettar i all vaar Tid. -- Det græt ut i Have. SIDE: 125 Hemn. Aaasulv og Bergljot heldt av kvarandre. Dei hadde ein fager Kveld lagt Hendane ihop og lova at dei aldri vilde skiljast aat, fyrr Dauden kom og løyste deim; og sidan hadde dei møtst ofte. Og ein annan Kveld -- det var no nyleg -- hadde dei med Graat og stor Sorg lova kvarandre paa nytt Lag, at det dei hin Gongen hadde svori, det skulde stande; stande kva i Verdi som brast. For Tarald, Far aat Bergljot, vilde ikkje. Han lika ikkje Aasulv. Han lika slett ikkje Aasulv. Han vilde ikkje sjaa han for sine Augo. Og det han vilde det vilde han, denne same Taralden Haukenes. "Du skal ha han Paal Braate," sa han til Bergljot. "Nei," sagde Bergljot. "Jau," sa han Tarald. "Me fær sjaa," sagde Bergljot. "Ja bia du berre," meinte Tarald. Ein Kveld var Paal Braate paa Haukenes. Det var ein rett gild Kar, men noko halvgamall og heller smaamælt. "Det er Friaren din," sa han Tarald. "Min vert han aldri," svara Bergljot. "No er du skipeleg!" ropa Tarald og kvitna; det var alltid Merke paa vondt. Bergljot torde ikkje svara. "Og so er du so god og tek hamsleg imot han; -- skýnar du?" -- "Eg skal gjera det so godt eg kann," svara Bergljot. Tarald og Paal sat og svalla heile Kvelden; og der vanka Brennevin noko-so-nær til Maate. Endaa paa Slutten vart dei heller høgmælte. Daa ropa Tarald paa Dotter si; og ho laut koma. "No er det min Vilje og Meining," sagde Tarald, "at du til Vaaren fylgjer denne gode Sveinen Paal Braate, fyrst til Altare og sidan heim til honom; kva SIDE: 126 segjer du til det?" Ho vilde svara hardt; men Faren saag so kvasst paa henne at ho bøygdest. Ho saag nedfor seg; tenkte eit Bìl; svara so stilt: "er det so du plent vil tvinga meg til det du veit eg ikkje vil ... so skal eg fylgje han ... til Altare ... men ikkje lenger." Ho retta seg upp og var bleik. Tarald vilde kvesse i; men Paal sagde: "ja-ja, Bergljot; kjem me fyrst so langt, so kann me alltid snakke um Resten sidan." "Det var eit sant Ord!" skreik Tarald og slo i Borde; "Skaal! -- Festeskaali for Paal Braate og Bergljot Taraldsdotter Haukenes!" Dei drakk; Bergljot snøgga seg ut. Denne Kvelden var det ho raaka Aasulv, so som sagt er; for han visste um den nye Friaren og laag paa Lur utanfor Husi. Og som dei stod der i Sorg og Sut og kviskra saman i den maaneklaare Kvelden, gjorde dei det so av, at Bergljot skulde fylgje han Paal til Altare; men der skulde ho svara høgt "Nei" paa det som vart spurt; for daa visste dei at Presten ikkje kunde vigje deim; so laut det vel alltid laga seg sidan. -- -- Um Vaaren stod Bryllaupe; det var baade stort og gildt, med tvo Spélemennar og alt som til høyrde. Mange Folk var der au. Sjølve Presten var bedin; han sat ved Borde og aat og drakk i Lag med dei beste Bøndane i Sokni. Men daa dei hadde fenge det dei vilde av Mat og Drykk, fekk Tarald Presten med seg ut i eit Kammers. "Det gjeld ein Stut i Dag, Far," sagde Tarald. "Ein Stut?" undrast Presten og saag paa han. "Ja," sagde Tarald; "eg er rædd Dotter mi tenkjer paa Fantestykke i Dag." "Aa haa," sagde Presten og flirde fult, "stend det so til? Eg ser nok at Bruri ikkje er noko glad; og eg hev høyrt Ymt um eit og anna og; men eg tenkjer no ikkje det er so faarlegt? Eg kjenner til slikt. Dei gjev seg, naar dei kjem for Altare. Dei kann vera so harde dei vil, so mjuknar dei der. Dei tek berre til Graaten; og sidan gjeng alt i Gløyme." "Det er det same," sagde Tarald; "men dersom Dotter mi finn paa noko gali i Dag, so lætst du som du ikkje høyrer og vigjer like godt! -- SIDE: 127 Lova meg det; du skal ikkje trega det." "Aa ja; du er ein bra Mann, Tarald ... og Dotter di, ser du ... ja-ja; eg hev aldri set ei Gjente syrgje mange Dagane naar ho fyrst var gift. Dei er liksom Ungane: ute av Syn, ute av Sinn. Eg skal gjera som du segjer, Tarald, um noko skulde koma paa; og so veit eg du kjem meg i Hùg att sidan." "Det skal eg," svara Tarald og gav Presten Handi. "So kom dei til Kyrkja. Presten heldt ein lang Tale; det gjekk mest ut um, at me skulde tukte og krossfeste vaar eigin Vilje, og at ein kunde vera stød paa at den ein fyrst kom til Altare med, den vilde Vaarherre ein skulde hava. Og det var stor Synd aa setja seg imot Guds Vilje. Det kunde hende at ein i sitt eigi blinde Hjarta kunde innbille seg at det var betre aa faa einkvan annan; men slikt var Kjøte og Satan, og dei maatte ein agte seg vel for aa lyde paa; fylgde ein deim, bar det til Helvite. Tarald totte det var ei makalaus Tale; og det same totte Paal. Men Bergljot høyrde ikkje so mykje paa det. Ho stod og skalv som ho skulde vori sjuk. Presten tok til med Vigjingi. Det gjekk godt med han Paal. Men daa Presten kom til Bergljot, gjekk det meir ymist. Ho sette i med eit Nei so høgt og kvasst at alle maatte høyre det. Presten vart ustød og skjegla nedetter Kyrkja; men der stod Tarald og stirde paa han so hardt og fast, at han fekk Mod att og heldt paa som inkje var. Med andre Spursmaale gjekk det sameleis. Det vart Uro ned i Kyrkja; men Folk var ikkje full-klaare i Hovude; dei fleste tenkte det laut vera Ørskap og Mistak av Bruri. Gamle Klokkaren sat og glodde og undrast: Bruri hev fengi Brennevin i Dag, tenkte han. Tarald stod og liksom steikte Presten med Augo; Presten heldt fram. Bergljot vart rædd og fortryllt. Ho skalv, so Paal maatte stydja henne, endaa han sjølv kjende seg veik i Kneledine. Tridje Svaret kom so laagt og ustødt at ingin kunde høyre det; Presten skunda og dreiv paa som han stod paa gloande Jønn. Sistpaa gjorde Bergljot korkje høyrde eller saag. Kor SIDE: 128 bar dette til? Hadde ho ikkje svara høgt nok? Hadde ho mistydt Spursmaali og svara gali? Ei hard Rædsle tok henne. Ho vilde skrike, men kunde ikkje, vilde røme, men vann ikkje flytja Foten; ho var som fjetra; det gjekk rundt, rundt; ho høyrde Surr og Sus og Rop langt burte; Altertavla duva upp og ned som i Sjøgang; Bilæti snudde seg og stirde ... Presten dreiv paa so han sveita; og nett som ho seig nedyver Blægja var han ferdug til aa lyse Velsigningi. Paal lagde seg attmed henne; Presten lagde Hendane paa deim og lyste og velsigna ... So var dei vigde for Gud og Mann; og Tarald sprang sjølv upp og hjelpte Bruri, som daa var mest i Uvìt. "Hvad Gud har sammenføiet skal Menneskene ikke adskille," slutta Presten; Sveiten stod paa Skallen hans. "Tak det ikkje so tungt, Barne mit," kviskra Tarald; "du skal hugse paa at du er godt gift!" Hausten etter skulde Presten til Støle i Soknebòd, Hallvard Støle laag i Banen og vilde hava Sakramente; og Tenestguten hans kom etter Presten med Baat, daa ein maatte ro ei halv Mil yvi eit Vatn, naar ein skulde til Støle. Vêre var halvruskut; men Presten laut i Veg. Daa han var ferdug paa Støle var det alt i Kveldingi; og det saag ymist ut med Vêre. Presten laut skunde seg. Han sprang i Baaten og rugga seg godt inn i Pelsen sin; "no maa du ro, Gut!" sagde han; og Guten skaut fraa Land. Daa Presten hadde sett seg, gaadde han at dette var ikkje same Guten som hadde rott han inn; denne rodde mykje betre. Elles kunde han ikkje skilja Andlite hans no i Myrkre. Han seig av i andre Tankar. Denne Hallvard Støle, det hadde vori ein underleg Mann. Hard som Bein og vrang som ei Vidju, men stundom klokare enn nokon skulde tru. Hm! han hadde lurt Presten for Offere, betala Tiendi med Lettkorn, stoli Ved i anna Folks Skog og gjort mange slike Fantestykke; men no var han bøygd. No var det ikkje stort att av Hardleiken. Han var mjuk som eit Barn. "Trur du eg kjem i Helvite?" hadde han SIDE: 129 sagt, "eller trur du det kann vera Raad at eg slepp? Han Lars Vollen, kóss trur du det gjekk med honom? Meiner du han kom i Himilrike?" -- "Me fær vone det." -- "Ja daa kann vel eg au sleppe inn; for eg trur ikkje eg hev vori verre enn han var." -- "Daa maa du angre, Hallvard. Gjer du det?" -- "Angre, kóss er det?" -- "Trega, syrgje yvi Syndine dine ..." -- "Trega; ja visst tregar eg! Gud hjelpe meg so sant; ein skulde aldri fara fram soleis. Det kjem attum til Slutt. Det eg kanskje tregar mest paa, det er at eg tvinga Kari Haugen til aa vera Kona mi. Ho hadde aldri ein glad Dag sidan. Det ligg paa meg mest som eg skulde ha drepi eit Menneskje ... Herre Gud; ein tenkjer ikkje langt." -- Det rignde og blés, og Kvelden var myrk; men Guten rodde i Veg, so Presten kjende seg trygg; han sat og tenkte. Dette um den Kona som aldri hadde havt ein glad Dag, det kom han til aa undrast paa. Kunde slikt vera sant? Han hadde aldri sétt noko rart paa den Kona hans Hallvard Støle; ho saag ut som andre Kjeringar. Kannhende gjekk det fleire og bar paa slikt? -- Aa langt ifraa. Det hadde seg nok ikkje paa den Maaten. Hm! han hadde vigt so mange slike. Skulde det vera det same som aa drepa eit Menneskje, so hadde han vori med og drepi mange. Snikk-Snakk! Nei. Men ei Vigjing var det daa, som han gjerne kunde ynskt ugjord. Huff! so stygt som Vêre skapte seg til ... "ro, Gut!" ... Ja den Bergljot ja ... der hadde han nok ikkje stelt seg som han skulde. Men ... men ... det var Tarald ... Daa stana Baaten; Guten lagde Aarine upp. Presten kvakk; "kva er tids?" spurde han. Guten reis fraa Tofta og gjorde eit Stìg fram. "Er du buin til aa døy, Prest?" spurde han. Presten drog seg ifraa og saag fælin paa Guten. "Er du fraa Vite?" stota han. "Er du buin til aa døy, spýrr eg?" sagde Guten; han fata Presten i Nakken med eit hardt Tak. Presten kraup ihop som ein Vott under Neven hans: "nei!" jamra han med strøypt Mæle. "So lyt du døy ubuin," sagde Guten og lyfte i han. SIDE: 130 Presten krabba seg innaat Baatkanten og klora seg fast med eit Krampe Tak: "hugsa paa, at eg er Prest!" bad han. "Det er ei fæl Synd aa drepa ein Prest!" "Snakkar du um Synd, du au?" kvæste Guten; han riste Presten so Baaten skok. "Tenk paa Vaarherre, tenk paa Vaarherre!" jamra Presten. "Kven tenkte du paa, daa du stod for Altare og vigde Bergljot Haukenes og Paal Braate?" Presten kvakk, so han sleppte Take. "Er det du -- ? Var det du som -- ?" "Ja." "Krev av meg alt det du vil, men spara Live! Spara Live! Drep ikkje Presten din!" Han bad som eit Barn. Men Aasulv tok han med baae Hendane og lyfte han ut-yvi Baatkanten: "til Helvites med deg!" sagde han. "Lat meg ... lat meg faa ... lesa ... Fadervaar," kviskra Presten vitlaus av Rædsle "Ver snar daa," sagde Guten og sette han nedpaa att. Det var kolmyrkt; Vinden auka paa. Den vesle Baaten rulla paa Baaretoppane. "Fader vaar ... du som, du som, du som," sagde Presten; han samla ikkje det han sjølv sagde; "spara Live, Aasulv! eg skal gjera deg til ein rik Mann! Det var Tarald som hadde Skuldi ..." "Les no," sagde Aasulv. "Fader vaar ... du som er ... Eg skal kaupe deg ein Gard, Aasulv!" "Dersom du vil lesa Fadervaar, so er det best du skundar deg no," sagde Aasulv og drog Presten upp i Armane sine. "Til ... komme dit Rige ... Ske ... Ske ... Ske din Vilje som i Himmelen -- " Daa kom det rasande ei forfælande Vindflage ovantil Nuten. Det peip og taut i Lufti; det sjoa og saud yvi Vatne. Baarune lyfte seg liksom Sjøar ... daa krengde den vesle Baaten yvi paa Sida, og baade Aasulv og Presten datt ut. Aasulv freista aa koma seg laus fraa Presten; Presten SIDE: 131 treiv i Rædsla fast Tak i Aasulv; so gjekk dei til Botnar baae tvo. Vinden skreik i Bergskortune; svarte Baarur dansa med Skavlar og Skùm burt-yvi Vatstrømen; det høyrdest korkje Skrik eller Rop; men Baaten laag og skumpla og hoppa paa Bylgjetoppane; dreiv sistpaa i Land i ei Vik og vart der liggjande. SIDE: 132 Seld til den Vonde. I. Futen Niels Pedersøn var ein streng og sterk Mann. Han gjorde ikkje meir godt enn han var nøydd til, men ikkje meir vondt heller, sagde Folk; og dei hadde Age for Futen sin. Naar han kom stigande høg og gruv med sitt lange graae Haar under ei svart Skinnhuve, so gjekk dei or Vegen for han. Munnen hans var som hoggin i Stein; og det var ingin som hadde sétt Futen smile. Han var hardmælt og faamælt; det han hadde sagt stod. Niels Pedersøn var Enkjemann. Kona skulde ha vori utor Maaten fager, men myrkdæmd og med ugodslege Augo. Ho var sjeldan aa sjaa, og mest aldri med Kyrkja; mange meinte ho dreiv med Ting som ikkje tolde Ljose. So skulde daa og den Vonde ha vist seg i Sjukestogo den Natti ho fór. Med henne hadde Futen ei Dotter som het Gunhild. Ho liktest Mor si, men var ljosare og gladare. Det var elles lite sætande, meinte Folk; ho var so ung enno. Ho var tie Aar gamal daa Mor hennar døydde. Sidan vaks ho upp paa fri Fot; Faren brydde seg lite um Dotter si. Ho fór og flaug i Skog og Mark; Umgjenge hadde ho med Tenestfolke, som fortalde henne Sogur og lærde henne Visur. Andre Ting lærde ho lite av; det vart sagt at ho knapt kunde Fadervaar daa ho stod for Presten. Fager var ho og frisk og staut; men i Augo hadde ho noko villt som gav Minning um Mori. Ho hadde lite Lag med hin Ungdomen, daa ho gjekk for Presten. Dei fleste var rædde henne; og like sæl var SIDE: 133 ho. Berre ei av Gjentune brydde ho seg um, og det var Signe Lid; henne hata ho. Signe Lid var ven og ljos, blid av Aasyn og mild i Lag; Gutane lika henne. Millom deim som hadde Godhug for Signe var Baard Nes. Men det harma Gunhild. Naar Baard saag blidt til Signe, fekk ho som Bringeverk. Ho lagde seg etter aa draga Augo hans Baard til seg; daa Baard skýna dette, lika han det. Tidi gjekk, og Baard fann ut at Gunhild var gildare enn Signe. Venare, stautare; meir glad og meir rask; meir Sving hadde ho paa seg enn denne stille Lid-Gjenta. So var det au desse forlìvande Augo; Baard vart heit, naar ho saag paa han. Attaat alt var ho rikare og av Storfolk. Men vel ikkje for stor aat ein Storbonde-Son. Baard tenkte til sine Tidir mykje paa dette. Men tala med Gunhild kom han seg ikkje til. Han hugsa òg, at noko Venskap var det ikkje millom Futen og Nes-Folke. Daa dei var framslopne, vart det sjeldan at Baard og Gunhild saag kvarandre. Eit danskt Kvende kom til Futegarden og skulde lære Gunhild upp i finare Folkeskikk; og Gunhild laut halde seg meir inne. Men ho brydde seg ikkje mykje um den nye Uppfostraren sin. Ho heldt seg i Kjøken og Tenarstogo so mykje ho kunde; var òg stundom ute som fyrr. Baard gløymde ho ikkje; dei Sundagane det var Messe var ho til Kyrkja og fekk daa gjerne sjaa han. Men var han der ikkje, kom ho i Ulag; no var det vel Signe som var ute att. I slike Tidir kunde ho vera so lite hugleg aa hava med aa gjera, at gamle Tenestfolk sagde ho vart meir og meir lik Mor si. -- -- Det var Signe som var ute; i Grunnen tenkte Baard paa henne mest. Ho var av hans eigne; og det fylgde liksom meir godt med henne. Gunhild var av framandt Folk og noko for seg sjølv. Dei Rødune som gjekk um Mor hennar vilde au liksom fylgje henne; og dei var ikkje hugsame aa minnast. Baard gav seg i Lag med Signe og hennar Folk att meir og meir. Soleis gjekk det eit Aars Tid; og Folk tok til aa tale um Baard og Signe. Dette Drøse naadde alt upp i Futegarden. SIDE: 134 Gunhild vart so harm at ho grét. Skulde denne blaute Lid-Gjenta vinne paa henne? Aldri i Verdi. Baard vilde ho hava; ingin skulde meinke henne i det. Minst av alt slik ei Bonde-Krøkje! At Baard lika henne visste ho. Han trudde kje han kunde faa henne; difor heldt han seg til Signe; men no skulde han faa andre Tankar; og daa skulde det bli annan Dans. Faa Tak paa Baard var ikkje lett; i dei Lagi han gjekk kunde ho ikkje no koma. Men sistpaa fann ho ein Maate likevel. Under ei Bjørk i Skogbryne sat ho ei Kveldingsstund og tenkte ut dette; og ho lo med seg sjølv; Leik skulde dette bli; Skoghuldr vilde ho vera! Soli var aat aa glada; Skuggar lagdest yvi Lid og Fjord. Djupt inne millom Aasane gjekk ein Lur; elles var det stilt. Fuglane søkte aat Reiri; Mye dansa i dei siste Solgeislune. Gunhild reis upp. Ho saag utyvi Dalen med lysande Augo; smilte til tvo Trastar som kom fljugande; slo med ein Lauvkvist etter Mye; sette so i og song og gav seg paa Heimveg. Sundagen etter gjekk ho til Kyrkja. Det var slik ein fin Dag; Baard kom, det var ho trygg paa. Sjølv var ho tidleg ute. Ho sette seg soleis i Kyrkja at ho visste Baard maatte sjaa henne; og i sine beste Klæde visste ho at ho tok seg ut. Men ho bøygde Hovude og slo Augo ned; hugmjuke og stillfarande vilde Mennane hava sine Kvende; og ho skulde visst kunna vera likso stilsleg og hugmjuk som Signe Lid. Daa Baard steig inn i Kyrkja og saag fram-igjenom, gjekk det varmt igjenom han; so ven hadde han aldri visst at Gunhild Nielsdotter var. Det var mest som han skulde sjaa Gunhild og Signe i eitt; det stolte og varme hjaa den eine saman med det linde og ljose hjaa den andre. Daa han var komin til Sæte søkte Augo hans berre dit der Gunhild sat. Stundom møttest Augo deira; daa raudna dei baae. Signe, som Baard sidan fekk Augo paa, ho kunde vera for det ho var; men for Gunhild rauk ho. Gunhild var som Riddarmøyi i Visa; kjærleg SIDE: 135 og varm, men attaat byrg og staut; vent hadde ho Klædi skorne; mjukt og rikt sveipte dei seg ikring hennar faste Akslir og runde Barmar; og kraftfullt lokka seg det store brune Haare. Signe var blid og bleik utan Eld og Mod; og det gule Haare hennar hadde lite Glans; som ho sat der lutande yvi Salmeboki saag Baard mest framandt paa henne. Nei; den som kunde vinne ei som Gunhild! Dei Augo ho gav han var so underlege, bljugt brennande og rikt lovande, at han kjende som ein Eldstraum gjenom seg naar han møtte deim. Han vart so hugtekin og tankefull at han gløymde mest kvar han var. Naar Signe stundom glytte burt-til han vart ho uroleg; som forgjord sat han der og stirde paa Gunhild; reint sjølvgløymd var han. Det sveiv Signe ein Tanke um, at denne Futedotteri kannhende hadde lært meir av Mor si enn ho hadde godt av. -- -- Gunhild gjekk fyrr Tenesta var slutt; ho saag i det same paa Baard som ho vilde segja at ho venta han etter. For honom var det som det myrkna i Rome daa Gunhild var burte; sidan hadde han ikkje Fred. Han fylgde henne i Tankane, der ho gjekk fram gjenom Skogen aaleine, millom Blom og Blad i tindrande Sol; det var som det lyfte i han, at han maatte ut og etter; han tottest kjenne paa seg, at ho alt i eitt snudde seg og saag etter han. Kor sein han var, denne gamle Tutlingen til Prest; kor gode Stundir han gjorde seg med kvar Ting! Sistpaa kunde ikkje Baard herde det lenger; han stod stilt upp og gjekk, endaa han tottest vìta at Folk forstod kva han gjekk etter. Signe torde han ikkje sjaa paa, ikkje tenkje paa dessmeir. Utanfor stod det ein litin Flokk og samrødde; Baard letst ikkje gaa deim; vilde paa ingin Maate hava Lag. Naar han kom til Skogs, -- kven veit; kanskje han kunde sjaa seg Kans til aa smette etter henne. Guten var reint som fraa seg sjølv. Det var slik Eld og Ange i Lufti; kvart Andedrag gav sæle og forunderlege Kjenslur. Skogen han gjekk i tottest lìva; alt bøygde seg saman i Solvarme, vene Fargar, søt Ange, mjuke SIDE: 136 Skuggar, blømande Liv. Han sagde til seg sjølv i svellande Glede: ho held av meg! og det sagde han Gong etter Gong, sæl so han heiltupp saup etter Anden. Og no forstod han, at han elska henne og hadde elska henne all Tidi. Det med Signe var paa ein annan Maate. Det var ikkje Elskhug; det var noko anna, noko mildt, stilt, fredelegt, utan Eld; berre som ein vanleg Kjenskap. Men dette var Elskhug; slikt var det Folk kunde døy av. Han tenkte ikkje; han hadde Synir og Kjenslur; han drøymde; han var i Brand; saug Eld or Lufti som fløymde ikring han solmett og varm med Ange av tusund Blomar. Det var ein sæl Gut. Tjuge Aar gamall, fager, rik, med god Gjentelykke, -- han hadde Raad med aa vera kaut; han kunde gladeleg drøyme. Futedotteri stod høgt; men Baard Nes var ingin Kastekjepp han heller; og at ho elska han, det visste han fraa gamalt, og det hadde han i Dag sétt. Slike elskhugsfulle Augo skulde ingin ha drøymt um; dei varmaste Gjenteaugo han elles visste um var kalde mot desse. Alt var kaldt og bleikt mot Gunhild, denne brennande, brune, med dei rundkvelvde Barmar og det myrke, glansrike Haare; ho var det sælaste ein kunde drøyme; um henne gjekk det som eit Hav av solheit Elsk. Skogen vart tettare ettersom han kom lenger fram; der var høge Tre og sterk Underskog; Solgeislune spela ned i alt Lauve liksom Gullregn. Brune Ekorn skvatt att og fram; ein Trepikkar sat og banka i ein Furulegg. Det var so stilt og vent; Baard hadde aldri livt ein Dag som denne. Som han gjekk der i denne Gleda laut han stana; for etter seg, uppe i Lidi, høyrde han det song. Det var eit Kvendemaal, friskt, mjukt, liksom vârt, stundom som skjelvande; ein kunde tenkje det var ei Gjente, som song burt yvi Dalen til Guten sin, men var rædd nokon kunde høyre det. Baard vart standande og lydde til denne Songen som drog han sterkt; det var fager Song som høvde so godt til Stilla i Skogen og til hans eigne varme Draumar. Songen syntest draga seg nærare smaatt um Senn; og snart høyrde han Ord og fekk Meining. SIDE: 137 Det er ikkje godt for den kaute Gut i Blindo seg burt aa selja; og vandesamt er det aa finne ut, kven helst han i Flokken skal velja. Og Gjenta held ut i Dagar og Aar, og ventar so smaatt og drøymer; so øyder ho heile sin Livsens Vaar, og Gutane burt henne gløymer. Det vart stilt ei Stund; so tok det i att, men no berre eit lite Stykke upp i Lidi. Aa aldri eg trur paa den kaute Gut; hans Hug er som Vatne kalde; den greide og snaale eg vêl meg ut, han er den beste av alle. No tagna Songen. Baard vart underlegt ved; han tenkte seg um eit Grand; so song han: Kven er det som syng so vent i Lid, alt inni dei Skuggane lange? Men er du Huldri, so gjev deg Tid; for meg tek du seint til Fange. Um eit Bìl svara det, men no tett attved: Aa agta deg vel, du frægde Gut, alt inni dei Skuggane lange! D'er leidt aa koma for Huldri ut; for ho heve daara so mange. Det gjekk i Baard; han kjende Mæle. No tusla det i Holte; ein Laatt kom trillande; og fram millom eit Par Haslegreiner glytte eit Andlit, varmt, friskt, med ein lystig Smil; eit digert, myrkebrunt Haar valt fram og var i Vegen. Det var Gunhild. Baard stod og stirde, liksom ustød paa um han skulde tru sine eigne Augo; ho saag det og lo paa nytt. "Ja tak deg i Vare!" sagde ho. "Du veit ikkje Ordet av, so stend du inni Halli mi i Skards-nuten, midt imillom stygge Troll med lange Tryne; og naar du vil ut, er Portane stengde ... hu, Gut!" Ho var so forlokkande, at Baard vilde fram-til henne; men so lo ho og sprang sin Veg. SIDE: 138 Baard etter. Flaug som det galdt Live, Hjarta hamra i han so det gjorde vondt; Blode susa for Øyro; han saag liksom Gneistar og uroleg Tindring. "Gunhild!" Ho sprang; men no var han nærare. "Lat meg tala med deg, Gunhild!" bad han; og no var han so nære at det nytta henne ikkje aa røme. Ho snudde seg og stana; og no var ho bleik, men vart strakst etter raud. "No gjeng det i Berg med deg, dersom du ikkje -- !" lo ho forkava. "I Berg eller kvar du vil; men lat meg faa fylgje deg," bad Guten. "Du er den fagraste eg hev sétt." Ei vill Glede blenkte upp i Andlite hennar; no hadde ho vunni! Men ho slo Augo ned og gjorde seg aalvorsam. "No lyg du," sagde ho. "Lat meg døy der eg stend!" braadde Baard i; "hyss!" sagde Gunhild. "Det same du no segjer til meg, hev du sagt mange Gonger til Signe." "Nei! eg hev ikkje! for eg hev aldri havt slik Elsk til henne. Naar eg ser deg vert eg ør; eg skal aldri draga ein Sukk for henne, dersom du vil lova meg." Ho glytte upp fraa Sida og smilte so Baard totte han vart galin; so sagde ho: "eg trur deg ikkje fyrr eg ser." "Eg skal gjera allt du bed meg." "Ikkje alt!" "Jau, so sant eg her stend ..." Daa saag ho fast paa han og sagde: "so bed eg deg, at du i denne Dag segjer Signe fraa deg." "Eg hev aldri lova Signe." "Det er ikkje sant." "Jau det er. Eg hev stundom tenkt paa henne og tala med henne; men ho hev inkje Ord av meg um slikt." "Kann du sverja paa det?" "Ja so dyrt du vil." -- "Men so skal du lova meg, at du aldri heretter talar med henne." "Eg skal ikkje sjaa til den Sida ho gjeng." "Er det visst?" "Ja so Gud hjelpe meg!" -- No loga heile den 17 Aars Elsken upp i Gjenta; stolt var ho for ho hadde vunni, og Folkeskikken kunde ho ikkje -- : draus um Halsen paa han so varmt og villt at han mest vart rædd; og so sa ho: "no skal me tvo alltid halde saman." Strakst etter var ho burte; og Baard stod der aaleine og fortryllt, som vakna or ein Draum. Forunderlegt! Dette som han aldri hadde trutt paa ... ho som var so ulik alle dei andre ... og som han hadde SIDE: 139 vori halvt um halvt redd -- . Var det sant? Eller hadde han drøymt? Hadde han vori bergtekin? Men burt-i Lidine hauka det, langt, lokkande, fagert; det høyrdest at ho som hauka var glad. Baard skvatt upp og hauka attende. Det var sant. Han hadde ikkje drøymt. Han gjekk heim, men i mange Tankar. Gong etter Gong laut han spyrja seg sjølv, kor det kunde hava seg at han ikkje var gladare? Kannhende var det for di det var komi so braadt? Men i den Tidi som no kom fann Folk han underleg. Serskilt vart det lagt Merke til, at han ikkje lenger gjekk til Lid. Ingin forstod Grunnen til dette utan Signe. Men ho gjorde seg sine eigne Tankar og tala aldri um det. Gunhild var stolt og sæl. Guten sin hadde ho vunni, og det med eit einaste Tak; og Lid-Gjenta hadde ho vippa or Vegen som inginting. No kunde den bleike Bondekrøkja sjaa, kven som var den sterkaste av dei tvo! Aa, kor ho visst harma seg. Og kor ho laut misunne henne! Jau, jau; kva vilde du der? Det skulde daa vera rart, um nokon her i Bygdi kunde koma upp mot Gunhild Nielsdotter! Og so heilt som ho aatte Guten sin. Kor fanga og fortapt han stod, daa han saag henne; kor mjukt han bad; kor lydigt han gav seg under henne. Ho lo av Glede, naar ho tenkte paa det; og alle undrast paa at ho var so reint annarleis enn fyrr. Ho flaug ute oftare enn vanleg, og song og kvitra i Kapp med Fuglane. Naar ho kom so høgt at ho kunde sjaa til Nes, hauka ho so det svara rundt alle Fjell. Men var ho inne, so var det slikt Staak og slik Glede gjenom heile Huse, at gamle Futen ikkje fekk Fred nokon Stad. Han banna so smaatt og var etter henne rett som det var; men ofte vart han standande og glo paa henne der ho fór og flaug, vill og lett som Fuglen; sistpaa kom han etter det han ikkje fyrr hadde visst: at Dotter hans var ven. Det var ein Tìng aa tenkje paa! Han hadde alltid havt som ein Mothug mot Gunhild, av di SIDE: 140 ho ikkje var Gut; men naar alt kom ihop, so kunde ei fager Dotter au vera god til eitkvart. "Du Gunhild," sagde han ein Dag, "veit du kor gamall du er? "Syttan Aar," svara Gjentungen med ein sæl Smil; "syttan Aar!" "Hm," murra den gamle, "er du so glad i dine syttan Aar? -- Du veit nok ikkje at syttan Aar er ein faarleg Alder?" Ho saag paa Gamlen med ein sann Skalkesmil. "Kannhende det?" spurde ho. "Ja-ha," svara Futen stutt; "sjaa no til!" Han kjende Minningar fraa sin eigen Ungdom av aa sjaa paa henne; slik var sæle Margreta au den Tid ho var ung. Men det var ikkje verdt aa tenkje paa sovori. Futen dreiv av inn paa Kantore so fort han kunde. No galdt det aa finne Dotter si ein god Mann, tenkte Niels Pedersøn. Det tenkte ikkje Gunhild paa. Ho møttest med Baard ikkje so sjeldan, snart paa Kyrkjevegen og snart annan Stad; og desse Møti var det einaste ho brydde seg um. Det var ein Elskhug utan all Tanke, naturfri og vill som millom Fuglar i Skogen. Dei tala saman um mangt, mest um seg sjølve, men lite um Framtidi. For Framtidi var ikkje so greid aa tenkje paa som dei gjerne vilde; men no hadde dei det godt. Den som førde Orde var mest Gunhild. Baard gjekk og lydde, sjølvgløymd, drøymande; ofte visste han ikkje kva det var ho sagde; han berre saag og saag paa henne; paa Munnen som gjekk; paa Smilen med dei kvite Tennane; paa Augo som lyste og skifte Glans; paa det rike Haare; paa dei fine Hendane. Møti var aldri lange men dess meir sæle; Baard totte han livde ikkje utan i hennar Lag. Det leid paa Hausten; Baard og Gunhild møttest sjeldnare. Men Enden vart at Folk fekk vìta um det. Daa vart det eit Snakk rundt all Bygdi. Ingin kunde forstaa seg paa Baard. Naar han kunde faa ei Gjente som Signe, som vel ikkje var meir enn maateleg rik, men som var baade ven og snild og dertil so dugeleg i alt Arbeid og Stell som Gjente kunde vera, og han i Staden tok denne halvgalne Futedotteri, som nok var rik, men som inginting SIDE: 141 hadde Greide paa av det som turvtest paa ein Gard, so maatte Guten vera fraa seg. Drøse naadde sistpaa heilt fram til Nesfolke. No høvde det seg so, at denne Nes-Ætti var ei gamall byrg Bonde-Ætt, den eldste og gildaste i Bygdi. Og Nes-Folke hadde alltid vori fyrst framme og liksom Førarar i all Strid som der kunde ha vori med leide Prestar og strenge Futar. Bestefar hans Baard hadde endaa i sine unge Aar vori med og drìvi ein Fut or Bygdi, og det paa ein slik Maate at det var so vidt Futen berga Live sitt. Av desse Grunnar stod Nes-Folke som den sjølvsagde Framsyning av Folkemagti mot Embættsmennane; og dei hadde stødt lagt seg etter aa halde den gamle Bondeskikken uppe og vera dei fyrste millom Jamlikar. Daa dei fekk høyre um dette med Baard og Gunhild, so gjorde dei berre Narr av det. Og gamle Bestefar var i so Maate ein leid Krok; han kunde spotte so det beit. Baard var vaapnlaus mot dette. Og det verste var, at han i Grunnen laut gjeva dei gamle Rett. Gunhild saag at han vart meir sturin enn fyrr; men ho trudde det kom av Bygdesnakke. Ho gjorde alt det ho kunde til aa faa han glad; men han vart ikkje som fyrr; og det var ho leid fyri. "Kor kann du no bry deg so mykje um slikt?" sagde ho; "eg som er Kvinnfolk bryr meg ikkje det Slag um det!" Det gjorde ikkje Baard heller, sagde han. Men det som var Sanningi kunde han ikkje segja. Um Signe høyrde han, at ho gjekk reint sjuk for hans Skuld. Det gjekk innpaa han, dette; og han kunde ikkje anna enn tykkje gildt i ei Gjente som elska han so varmt og trufast, og likevel so stilt og utan Krav. I Futegarden visste alle um det som var millom Baard og Gunhild, so nær som Futen sjølv. Til honom torde ingin segja det; og fase var det vel òg som brydde seg um. Ein Ting lagde Futen Merke til; og det var at Gunhild i seinare Tid vart meir stillfarande av seg. Han gjorde seg sine eigne Tankar um dette; ho gjekk her so aaleine: det var vel det. Ein Dag utpaa Vaarkanten gjorde SIDE: 142 han ei Byferd. Og daa han kom att, hadde han med seg ein ung fin Kar som han kalla Herr Jørgen, og som han sagde var Adelsmann. Kannhende det vil hjelpe, tenkte Futen. Og det hjelpte paa ein Maate. Gunhild hadde Moro av denne Karen; han var so ulik dei andre Gutane ho var van med aa sjaa; og so tala han so rart. Det var halvt Tysk; og han kom titt med Ord som lyddest reint ravgalne. Gunhild lo ofte aat han; og det var ikkje fritt ho totte han var ein Tulling. Elles var han rett vakker, med svart Haar og stort svart Skjegg; Andlite hadde eit framandt men fint Lag; og han hadde ein stor krum Nase mest som ein Hauke- eller Ørne-Nebb. Med Gunhild vilde han alltid hava Lag; og tilslutt tok Gunhild den Tanken, at han var komin til Gards Friar. "Kva vil denne Karen her?" spurde ho Far sin. Den gamle saag paa henne og glyrde med Augo. "Er det ikkje snaal Gut?" spurde han. "Det er vel ikkje meg, han gjeng etter?" heldt Gunhild fram og saag kald ut. "Jau," svara Futen stutt; han saag at ho ikkje lika dette; "og det er Meiningi han skal faa deg med. Han er ikkje rik, men han er av Adel ... naa, eg hev mine eigne Tankar med det. Legg Merke til dette, so du kann vita aa stelle deg rett mot han!" Futen gjekk; Gunhild stod der som klumsa. Daa Herr Jørgen sidan paa Dagen saag henne att, vart han reint forfæld og spurde kva som var tids? Han var ikkje fri han heldt av Gjenta; dessutan var ho i Grunnen hans Festemøy, meinte han, so han tottest hava all Rett til aa spyrja. Daa sagde ho han alt. Han som var Adelsmann kunde ikkje vilja tvinge seg fram, naar han fekk høyre Sanningi. Og ho forklaara han, at ho heldt av ein annan og hadde lovast med honom; var han no ein ærleg Adelsmann, so laut han etter dette gjeva henne upp. Løyse Far hennar fraa hans Ord og fara. Herr Jørgen bleikna og bad for seg; men ho var han for sterk. Og han laut sistpaa lova aa gjera som ho vilde. Daa tottest Gunhild hava vunni og vart glad. Men um ei Stund kom Far hennar inn. Daa var det SIDE: 143 Gunhild som vart rædd; for ho saag at han var harm, Gamlen. Han sagde ikkje so mange Ordi; men det han sagde var greidt og klaart. Anten brùka ho no Vìte og tok den Mannen som han og Gud gav henne, eller so visste ho at han hadde baade Magti og Viljen til aa mykje henne. Han vilde ikkje gjerast til Narr i sitt eigi Hus. Gunhild hadde aldri kjent Ord som hadde havt slik Magt; dei skar inn i henne som Styngir; dei mergstal baade Mod og Megn. Ho bøygde seg og bad. "Ver ikkje streng! Eg elskar ein annan ..." Futen trappa i Golve. "Vil du innbille meg Æventyr? Kven hev her vori som du kunde verte kjend med? Vil du gifte deg med ein Bonde kannhende?" I denne Stundi forstod Gunhild det ho aldri fyrr hadde tenkt paa: at Baard Nes var Bonde. Han var ikkje som andre Bøndar; han var ein Stormann millom Bøndar; men han var endaa Bonde. Og so som Futen sagde dette Orde, vart det so svivyrdelegt at ho heitna av Skam. Ein Bonde! Ein Bonde hadde ho elska, elska utan Vìt ... Ho gøymde Andlite og kjende seg hjelpelaus. Futen sagde ikkje meir um dette; men han lagde stutt til, at no kunde ho tenkje seg um til i Morgo; dermed gjekk han. Gunhild stod etter aaleine. So reint forunderleg aaleine som ho aldri hadde kjent seg fyrr. Ho stod og lydde og lydde etter Far sin der han gjekk, og totte at med honom gjekk alt som til no hadde vori hennar Liv og Framvon, alt som ho brydde seg um. Men etterkvart skar Suti og Rædsla yvi i eit kokande Sinne. Kven var det som hadde Skuldi for alt dette? Herr Jørgen! Adelsmannen! Denne Styvingen som hadde Nosi større enn Vìte og meir Skjegg enn Mod; denne Stakkaren som ikkje kunde so mykje som bele sjølv, og som knapt kunde tala. Ho skar Tennar. Det var Adelsmann, det! Lova aa hjelpe henne, og so svike; ikkje vera so mykje til Mann at han kunde halde sitt Ord; slikt vilde ein Husmannsgut halde seg for god til! Kva hadde han her aa gjera? Kvi skulde han koma SIDE: 144 drivande hit nett no og koma i Vegen for det som ho vilde? Dersom han trudde han skulde vinne henne paa den Maaten, so mistok han seg, denne same Herr Jørgen! Og so den gamle daa. Han hadde aldri brytt seg um henne, fyrr no han kunde selja henne. "Eg hev mine eigne Tankar med det," sa han. Kva hadde ho med hans Tankar aa gjera? Ho vilde hava den ho heldt av; vilde hava det etter sin Hug; hans Tankar kom ikkje henne ved! Han var Far hennar; javisst; men ho kunde ikkje bøygje sin Hug for den Skuld. At ikkje Baard kom! -- "Bonde"? han var ingin "Bonde". Han var meir Adelsmann enn Herr Jørgen og likso rik som Niels Pedersøn. Han var ingin "Bonde". Ho vilde til Baard; ho vilde til han i denne Kveld. Han skulde taka henne til seg, og det strakst! So kunde dei sitja her uppe og bite seg i Fingertuppane og sjaa etter henne; daa var ho der ho skulde vera og hadde ikkje meir med deim. Eit gamalt Kvende kom inn til henne med Kveldsmat og Ljos. "Kvar er Herr Jørgen?" spurde Gunhild og saag paa henne. Den gamle slo Kross for seg; ho totte det var som ho skulde sjaa sæle Fru Margreta; so bleik og vill saag Gunhild ut. Gunhild vart endaa meir upp-øst; ho trappa i Golve so det sokk i den gamle: "kvar er Herr Jørgen?" "Reist, reist, gode Jomfru," stota den gamle og snøgga seg aat Døri. "Reist?" ropa Gunhild og ljosna forunderleg; "men so er eg fri!" Gamla var alt ute, men tala inn gjenom Dørglytten: "han ventar seg visst hit att," sagde ho. Haa -- haa; paa den Maaten, tenkte Gunhild. Men det skal me nappast um! Sinne hadde gjort henne sterk att. Ho var ikkje van til aa bøygje seg; og ho vilde ikkje lata seg tvinge. Ho var som den unge Folen som fyrste Gongen kjenner Selen yvi sin frie Rygg; ho skok seg rasande til aa koma laus att. Men som ho gjekk der og tenkte paa aa røme til Nes, hugsa ho, at dit torde ho ikkje koma. Ikkje utan ho visste at Baard var heime til aa taka imot henne. Dei gamle der nede var ho rædd; dei vilde henne vondt, det visste ho; kom ho dit Røming, so skikka dei henne heim att. Som ho stana paa den SIDE: 145 Tanken, saag ho at den store Trelòka for Glase hennar vart fyristengd. Ho skreik av Rædsle; sette aat Døri og vilde ut; men Døri var læst. Daa var det som ho vilde sige. Innestengd! Ho som alle Dagar hadde vori fri som Fuglen. Innestengd og avstengd fraa alt det ho vilde og hadde Hug til; fanga som ein Tjuv; og det nettupp no! Ho totte ho vilde kovne og seig ned paa Stolen; Hjarta sleit i henne av Uro; ho kjende seg mest som ho skulde vera livande lagd i Kiste. I same Stundi kjende ho ei forunderleg Rørsle ... Ho treiv seg til Hovude, vart kvit som eit Lakan, og strakst etter gøysande raud. Heilt nye Tankar var det som tok henne no. Ein Smil, halvt skamfull og halvt sæl, ljosna seg fram yvi dei unge Lippune; Barmen arbeidde tungt; ho vart heit og sveitt. Herre Gud! var det likevel so. Ho hadde stundom tenkt det, men slegi det fraa seg; vilde ikkje tru slikt ... Ho bøygdest ned i ei glødande men ikkje usæl Blygsle. Tenkte so paa Baard og vart endaa meir bljug, og endaa meir sæl. Han skulde vìta det! -- lo ho fortryllt. Kor glad han vilde verte; og kor han vilde halde av henne! Ja for Gud; no var ho hans. Ho skalv der ho sat; varme, urolege Strøymingar gaus henne gjenom Blode; tusund uklaare Tankar skaut upp; den unge Gjenta kjende seg baade nedtyngd og upplyft, baade bøygd og byrg av aa vìta seg Mor. Men so hugsa ho Far sin og Herr Jørgen. Tankane tok ei ny Leid. Dette nye som glødde i henne, halvt jomfrueleg Blygsle, halvt moderleg Sæle, rengde seg um i ei Kjensle av fortærande Skam. No forstod ho kva ho hadde gjort. No saag ho det. Ho hadde fare aat som ei Bygdetaus, ikkje som ærleg Jomfru. Ho hadde gløymt, at det som var forsvarlegt millom Bøndar kunde vera den verste Æreløysa for betre Folk; ho var utskjemd. Millom godt Folk kunde ho ikkje lenger koma; tilmed Bøndane vilde gjera Narr av henne. Det var ei Skam som ikkje var til aa bera. Ho vreid seg som sjuk under denne ufysne Kjensla; kraup ihop liksom ho vilde gøyme seg. Heretter torde ho ikkje sjaa Folk. Ho laut røme Bygdi; gøyme seg i Hellerar og Holur som ein Tjuv. Sjølve SIDE: 146 Barne ho gjekk med vilde vera ærelaust. Kvar skulde ho av? Far hennar vilde jaga henne; kom ho til Nes vilde dei gamle setja Hunden paa henne; og Signe -- ! Gunhild sprang upp som forvilla; no hadde Signe vunni. -- Nei. Signe skulde ikkje vinne. Det fekk vera det same med alt; men Signe skulde ikkje vinne. Ho gav seg til so godt ho kunde aa tenkje seg um. Naar alt kom ihop var det enno ingin som visste noko. Men i Bakhandi hadde ho Baard. Baard var ung, og ikkje fri; men no laut han hjelpe. Og han var visst ikkje den som sveik. Naar ho kom til han eismal og verjelaus, og han fekk vìta alt, so tok han imot henne um han so skulde gaa fraa Gard og Grunn for hennar Skuld. Den Tanken reiste henne. Ho fekk freiste paa aa segja Far sin alt. Dermed vilde Herr Jørgen vera ute or Sogo. Sidan gjekk ho til Nes. Baard tok imot henne. Men vilde ikkje dei gamle, so fylgde han henne aat ei onnor Bygd, der ingin kjende deim; og der laut dei slaa seg ned, til dess alt var gløymt. Paa den Maaten kunde ho endaa vinne. Det galdt berre aa taka seg Mod og tala til Far sin. Og det laut ho kunna; ho laut kunna det ... berre tenkje sterkt paa Signe. Ho sat og arbeidde med desse Tankane, til dess ho ikkje orka meir. Daa den gamle Tenestgjenta kom upp um Morgonen, sat ho i Stolen og sov. Ho fór upp og saag seg fortryllt ikring; visste ikkje anten ho vakte eller drøymde. So snart ho kom til seg vart ho raud og snudde seg burt; ingin maatte sjaa henne no. Det beste var aa faa alt avgjort straks. "Bed Far min at han kjem inn," sagde ho. Gjenta gjekk, men tenkte med seg, at gav Frøkni seg alt no, so var ho ikkje lik Mor si. Og ikkje lik Far sin heller. Gunhild tok til aa skjelve. Ho sette seg innaat Borde med Hovude mot Hendane til aa halde seg uppe; ho var so ynkeleg rædd. Ho freista aa eggje seg upp i Sinne; men Rædsla sette seg for Bringa so det vart tungt aa ande; og ho totte det stivna um Munnen paa henne, so ho ikkje lenger hadde Magt yvi Andlite sitt. Det ho SIDE: 147 hadde aa fortelja syntest henne fælare og fælare, etterkvart som ho tenkte seg inn i at ho no skulde segja det til han Far sjølv. Og so høyrdest det Stìg. Seine, tunge Stìg. Det var Futen. Ho vart ræddare og ræddare di nærare han kom; kremta stundom sterkt; det var som Halsen vilde snøre seg saman. So gjekk Døri upp. Og der stod Futen. Han var roleg som vanleg; syntest ikkje undrast det minste paa at ho alt var komi paa andre Tankar. "Naa," sagde han; "du hev umraadt deg? Ja ja; eg visste du var ikkje vrang i Grunnen. Men alltid skal dei gjera so mange Krokar, desse unge ... Naa; godt. So snart du segjer ja, er du fri. Eg hev aldri vori streng mot deg. Vil du?" Gunhild sat med Hendane for Andlite og tagde; men Futen saag kor ho stræva og skalv. "Naa?" kvesste Futen i; "svarar du ikkje?" Gunhild vart so rædd, ho fann ikkje Ord. Aa, at ho skulde koma uti slikt! Aa, den som kunde sige i Jordi! -- "Gunhild!" Gamlen sette i so ho skvatt; so bøygde ho seg ned og tok til Graaten. "Sjaa so," murra Futen. "Er det for det du hev sendt Bòd paa meg? Du trur ikkje eg hev sétt eit Kvinnfolk graate fyrr? -- Naa; hev du ikkje anna aa segja meg, so fær du drygje til i Morgo. Min Vilje veit du." Dermed snudde han seg og tok i Dørklinka. Daa kom det eit underlegt jamrande Skrik: "Far!" -- det var halvt Skrik og halvt Graat. Futen snudde seg forbina; han kjende ikkje Mæle. "Er du forgjord?" spurde han; "kann du ikkje faa upp Munnen? Du hev raadt deg for mykje sjølv i dine Dagar, du; det er Ulykka; eg skulde bøygt deg fyrr, so hadde det no gjengi lettare. So; kom no med det. Vil du eller vil du ikkje?" So hard som han kunde vera, endaa han saag kor vondt ho leid! Gunhild kjende Sinne stige i seg; og det styrkte henne. Med eit svært Tiltak beit ho Graaten i seg, og Rædsla med; gav seg so yvi i den Tanken at no fekk det gaa som det kunde; det kunde ikkje gjelde meir enn Live. "Eg kann ikkje ... hava nokon annan enn han som ..." ho saup etter Anden liksom ein som spring SIDE: 148 paa Sjøen ... "han som er Far aat det eg ber under Belte." Ho lagde seg framyvi Borde og grov Andlite ned millom Armane; no var det sagt. Den gamle Futen kvitna. Han tok seg i Dørkarmen til aa hava noko aa halde seg i, og stod og stirde paa Dotter si so forskræmd som ho var ein Draug. "Kva er det du segjer," spurde han sistpaa; det høyrdest so haast og stygt. "Er du med Barn?" -- "Ja," kviskra Gunhild. No rette Futen seg upp og sleppte Take i Dørkarmen. "Kven er Far aat det Barne?" spurde han. Ho drog etter Anden; svelgde og svelgde paa Rædsla som vilde upp; no kom det verste. "Er det ein Bonde?" spurde Futen med isande Mæle. "Ja" ... -- -- Ho sat og venta paa alt vondt. Men den gamle tagde. Sistpaa høyrde ho han gjekk, tungt, ustødt, forunderleg seint. Ho lydde og lydde, heldt Anden og lydde ... kvar vilde han av? Kva tenkte han paa? Vilde han ut etter Kniv ... Ei tankelaus Daudrædsle tok henne. Ho sprang ut og vilde gøyme seg; kjende seg ingin Stad trygg; flaug att og fram, skjelvande og ør; var so rædd at ho saag knapt. Der kom den gamle. Ho seig i Kne med eit jamrande Skrik og strekte Armane fram for seg. Gamlingen kunde ikkje halde seg for aa tykkje Synd i henne, hjelpelaus og forskræmd som ho der laag; men det kom ikkje Saki ved. Han stana og tala til henne so rolegt og kaldt at ho straks kom til seg att og vart skamfull yvi si eigi Rædsle. "Du var vel verd aa døy," sagde han; "men eg skal ikkje drepa deg. Eg hev ikkje meir med deg. Her er Morsarven din; tak den og gakk; og kom meg ikkje meir for Augo. Eit slikt Kvinnfolk vil eg ikkje hava i mitt Hus; og med desse Pengane her kann du berge deg sjølv. Farvel!" Dermed snudde Futen og gjekk. Ho høyrde tunge Stìg burt gjenom ein Gang; ei Dør gjekk upp og att; so var alt stillt. -- -- Det var ei Stund fyrr ho rett hadde Mod til aa røyve paa seg; so freista ho so smaatt um ho hadde Magt SIDE: 149 til det; og so krabba ho seg upp. Drog seg inn i Koven sin; tok Klæde og lagde i eit Knyte; fann fram or Skrine sitt Gullringar og Sylvstas som ho hadde etter Mor si; lagde ei Salmebok varlegt inn-i Barmen; stellte Haare sitt og fjelga paa Klædi. Ho var som i Ørska; alt gjekk so seint og høgtidslegt som ho stellte til Likferd. Og ho var so bleik som det var ho sjølv som skulde aat Jordi. Ei Tid etter kunde ein sjaa eit Kvende med eit Knyte i Handi rusle stilt og ustødt ut gjenom Tune; men ingin skulde tenkt at dette var den same Gjentungen som fyrr fór her og sprang, lett og vill som Hind i Skogen. Den gamle Gjenta stod i Kjøkdøri og stirde; ropa men fekk ikkje Svar. Gunhild drog seg burtetter Vegen; det gjekk so seint og smaatt. Daa ho kom burt i Skogkanten sette ho seg paa ein Stein. Ho saag seg attende. Der laag Garden; der hadde ho aatt heime. Der budde Far hennar; der budde Minni etter Mor hennar; der hadde ho livt og vori glad i attan unge Aar. Der uppe laag Skogen; der hadde ho henta Blomar og Ber; sungi kvate Visur; sétt utyver Bygdi; elska og tenkt so mange glade Tankar. No tok Dagen til aa minke; Myrkre kom sigande svart og tungt. Ho maatte herifraa. Ho reiste seg upp att; fraus; gav seg i Vegen. Det bar til Nes. Det var Kveld daa ho kom dit. Myrk Kveld og vaat Kveld. Det var paa Vaarparten; og Maanen var endaa ikkje uppkomin. Gjenom lange Sky-riftir saag ein upp til ein svartblaa Himil med faae bleike Stjernur, som drog seg uendeleg langt inn. Gunhild fraus og var trøytt. Det som hadde hendt henne laag yvi henne som ei Tyngd; ho hadde ikkje Magt yvi seg sjølv og kunde ikkje faa klaare Tankar for seg. Ho stod lengi uti Tune med bankande Hjarta og venta paa at einkvan skulde koma; for ho hadde ikkje Mod til aa gaa inn. Berre ein Ting heldt henne uppe: at no skulde ho finne Baard. Naar ho tenkte paa det, var det som det lyste upp for henne, og ei varm saar Glede glødde fram or Hjarterøtane. Berre det aa kjenne hans faste Handtak; aa sjaa hans rolege gode Augo gløde nedyvi seg liksom Solskin ... ja no SIDE: 150 vilde han vera god imot henne. Og han skulde ikkje trega det. Ho skulde elske han uendeleg. Og alt det ho hadde gjort gali skulde ho sone. Ho skulde vinne att si tapte Ære; alle skulde tilgjeva henne; tilmed Far hennar. Men dei gamle var ho rædd. Desse stive kaute Bøndane var verre enn alle, hardare enn alle; og Bestefar i Huse hadde ein Gong vori med og jaga ein Fut ... Dei hadde Hat til slikt Folk; og ho var ikkje som deira Gjentur. Og no var ho ikkje rik heller. Det ho fyrr hadde sett si Von til var Pengane sine; for Bøndane var glade i Pengar; men no var ho ikkje so rik som Signe dessmeir. No galdt det um Baard var sterk. Men vart det raadlaust paa annan Maate, so fylgde han henne. Han fylgde henne i denne Kveld, yvi Skog og Aas, yvi Fjell og Finne; vart ho trøytt bar han henne, sov ho, so vilde han vaka ... aa, ho kjende han. Ho kjende Guten sin; enno var ingin Ting tapt! Det vart lengi og kaldt aa staa der; og ho var so trøytt. Den som torde banke! Ho fekk gjera det. Naar det galdt Live fekk ein ikkje vera rædd. Ho gjekk burtimot Døri; Handi skalv og Hjarta slo. Men no høyrdest det Stìg. Ho kvakk og sprang undan; kven var det? Gud gjeve i sin uendelege Naade, at det var Baard! -- Nei; det var ein av Drengine paa Garden. Det fekk vaage seg. Ho steig fram att; gjekk halvt fram imot Guten og bad Godkveld. -- "Godkveld," svara han seigt og stirde paa henne; "er det Framandfolk ute so seint?" -- "Aa ja. -- Er Baard heime?" -- "Kann vel hende det. -- Baard?" Guten syntest faa ein Tanke; kom nærare og glaapte meir og meir. "Kor ber til ... det er vel ikkje Gunhild Nielsdotter?" -- ho saag at han slo Kross for seg og vilde draga seg attende. "Jau, jau," svara ho; "men ... aa bed Baard at han kjem ut. Eg maa tala med han. Han aaleine. Gjer det, er du snild!" "Ja -- a, det er fulla so," sagde han; "men ... det er Framandfolk her i Kveld." "Ja so." -- "Ja -- a. Lid-Gutane." Gunhild kjende ein vond Styng gjenom seg. "Lid-Gutane?" "Ja -- a; Olav og Aslak, Brørne hennar Signe, veit eg." -- Gunhild totte ho maatte sige ned. SIDE: 151 "Bed Baard koma ut!" sagde ho; og der var slik Bøn i Mæle, at sjølve Tenestguten vart undrin og tenkte det var best aa gjera som ho sagde. Han dreiv inn att, halvt hastande og halvt tøvrande. Døri lét seg att etter han. Der stod ho. Baard hadde i seinare Tid tenkt meir og meir paa Signe. Det var i Grunnen henne han hadde tenkt lengst paa, og havt mest Tru til. Og dei gamle hadde Rett: Signe høvde for han, den andre ikkje. Men det som hadde gjort mest var eit Ord som var komi ut i Bygdi um, at Gunhild Nielsdotter nok ikkje var fri for aa hava lært visse Kunstir etter Mor si. Kvar Orde var komi ifraa visste ingen utan Baard. Men han visste det var komi fraa Lid. Signe hadde fortalt Brørne sine um det som ho hin Sundagen meintest hava sétt i Kyrkja; og Brørne hadde sidan fortalt dette til Baard att. Og daa Baard fekk høyre det, var det med ein einaste Gong som det vart ljos Dag for han. No forstod han alt: Gunhild kunde trolle. Det var med Trollkunstir ho hadde vunni og bundi han; det var med vond Magt at ho hadde dregi han so altfor fast til seg. Og daa var alt lett aa forstaa. Han mintest dei Augo ho hadde sett paa han hin Gongen ifjor. Der var meir enn Manns Magt i deim, der var Galder og Helvites Eld; og med deim var det at ho hadde brennt ut hans gamle Elsk til Signe og kveikt ein ny, ugudeleg Elskhug til seg. Han hadde vori fortrolla. Han hadde vori bergtekin. No rømde han som forskræmd fraa alt dette; Elsken til Gunhild skapte seg um i Rædsle; og han kjende seg hjartans glad at han var vakt i Tidi, og at han endaa hadde Signe. Han slo Lag med Lid-Gutane, som i seinare Tid hadde lagt seg meir og meir um han. Og ein Kveld hadde han vaaga seg med deim upp til Lid. Der hadde han vorti vel fagna. Dei hadde teki imot han som ein gamall Kjenning; og Signe hadde vori so tekkjeleg og hyggjeleg. Ikkje ei ublid Mine; berre mild og god hadde ho vori; og attaat so ven og snaal og faktegreid, med slik ein fin SIDE: 152 Folkeskikk ... han kunde ikkje forstaa at han hadde funni Gunhild gildare enn henne. So hadde Baard fengi Øl; sterkt, godt Øl; og so hadde det slutta med at han og Signe hadde lovast, og det paa dei Skilordi, at Bryllaupe skulde bli haldi i Vaar. Dette hadde hendt i Gjærkveld, same Kvelden som Gunhild sat innestengd paa Koven sin. No sat Lid-Gutane inne i Storstogo paa Nes saman med Baard og dei gamle, og drakk og samtala um Bryllaupe. Men ute i Tune stod Gunhild Nielsdotter og fraus. Det varde so forfælande lengi. Ingin kom. Ho venta og venta; ho høyrde Stìg, men det var inginting; ho lydde og lydde; ho ynskte og bad; det var som det blødde i henne av Sut og Lengt; nei. Ingin kom. Ho torde ikkje tenkje at Baard hadde svìki henne; for naar den Tanken kom, daa tok det til aa suse so vondt i Hovude for henne ... nei! ikkje den Tanken. Baard var ikkje soleis. Han var god, trufast, ærleg; og Vaarherre var naadig og miskunneleg; slikt kunde ikkje hende paa Jordi. Hyss! der kom det einkvan ... Baard? det maatte vera Baard. Men slike tunge ustøde Stìg? Ein fæl Tanke myrkna fram for henne. Daa gjekk Døri upp; og ei grov Røyst ropa ut: "er her Folk?" Herre Gud i Himilen, det var den gamle. Det var Bestefar. Han som hadde jaga Futen. Daa forstod Gunhild alt. Han som hadde jaga Futen skulde no jaga Futedotteri. Baard vilde ikkje sjaa henne. Han var Svikar og rædd; og no vilde han sleppe fraa det. Han vilde sleppe fraa det. Han vilde sleppe fraa henne. Ho drog etter Anden. Det vart so tomt for henne. Bekkine uppi Aasen tok til aa sjoe og suse. "Eg vilde ... tala med Baard," sagde ho. "Baard hev sendt meg i Staden sin. Han tenkjer nok som so, at det bit ikkje Trollkunstir paa meg. Er det noko du vil?" Gunhild forstod han ikkje. Trollkunstir? Ho samla seg langt um lengi og sagde: "seg at eg maa tala med han -- for siste Gongen." "Ja so? vil du segja Velfar? Det trengst ikkje, det. SIDE: 153 Eg kann helse fraa Baard og segja, at han hev so annt med aa laga til Bryllaups, at han ikkje hev Stundir oftare til aa laupe galin etter Futedøtrar og Trollkvende." No orka ikkje Gunhild meir. Ho braasnudde og sette av Stad. No visste ho det. No forstod ho det. Her var ikkje meir aa gjera. Berre fly, fly ... -- Ho visste ikkje kvar ho gjekk. Stigen var ugreid og smal; ho snaava ofte, men datt ikkje; det var som ho meir flaug enn gjekk. Tett Skog stod rundt ikring; uppfløymde Bekkir kom ned fraa Lidine med Sus og Dur og vilde stengje Vegen. Men Gunhild tenkte korkje paa Veg eller Vegaleid; for no var alt det same. Ho hadde ingin Stad ho vilde av. Ho vilde berre langt av Stad, langt, langt. Sveiten rann ned yvi dei bleike Vangane; og den vaate Vaarvinden strauk henne svalt um Panna. Langt um lengi kom Maanen upp; og Himilen klaarna. Det vart ljost, men bleikt og kaldt; burtpaa alle Leite og høgt uppi alle Skard stod Troll og vitta og veifta; og Bekkjesusen rundt Lidine tok til aa kveda, kveda ... men ho var ikkje rædd. Der burte laag Kyrkja. Den gamle, brune Kyrkja; skakk og stygg som eit Fjos. Ho mintest med ein Gong all den Sæla og Gleda ho fyrr hadde havt men i Kveld misst. Ho mintest hin fyrste Sundagen ifjor; ho mintest so mang ei sæl Stund sidan. Daa braut det upp i henne so saart og sterkt, at ho kasta seg ned og grét; det var ein strid, vill Graat; men ho grét ikkje lengi. Bròti var ho ikkje, um ho var bøygd. Den unge frivaksne Naturi tok til aa reise seg att etter Svimeslage. Tankar skaut upp, harmfulle og kalde, kjøvde Graaten og fekk Hugen til aa friskne og frjose; kor hadde det seg, at ho no laag her, aleine og hjelpelaus, burtstøytt av alle, ho som hadde vori so ung og so glad? Her gjekk ho for eit Aar sidan stolt og sæl, og trudde at alt var vunni. Ho var som eit nytt Menneskje; ho heldt av all Ting; og det fanst ikkje vondt i henne. Mot honom ho hadde valt seg var ho serleg som Gull; ho hadde elska han so utav alt sitt Hjarta, at for honom var ingin Ting for dyrt; ho vilde med alt sitt Liv løne han SIDE: 154 for di han elska henne. Var ikkje det rett? Var det so fæl ei Synd, at den gamle arge Kroken der heime for den Skuld hadde Rett til aa jaga henne paa Skogen? Hadde det vori Herr Jørgen so hadde Gamlen ikkje sagt eit Ord ... men Baard var likso god som Herr Jørgen! -- -- Nei; han var ikkje det. Far hadde Rett; Bonde var Bonde, kor kaut han var. Hadde ho vori laak nok til aa elske ein slik, so fekk ho sjølv svide for det. No saag ho det alt. Baard hadde aldri elska henne. Slikt Folk kunde ikkje elske. Han hadde havt Moro med henne; havt henne til Narr; i Grunnen hadde han tenkt paa Signe. Aa Skam og Skjemsle, aa gudlause Synd og Spe. Kor skamlegt og avstyggjelegt ho var narra; kor syndigt og ærelaust han hadde misbrùka hennar Ungdom og ærlege Elsk. Det vakna eit Hat i henne som var skræmelegt. Ho gav han Unamn so stygge at ho ikkje sjølv visste kvar ho tok deim ifraa; ho banna han; ho ynskte han alt det vonde ho visste. Og Signe bad ho maatte ein Gong verte likso usæl som ho no kjende seg sjølv. Ho sprang upp i eit Sinne so det spruta um henne. Det ho hadde misst var for stort; det ho no gjekk til Møtes var altfor jammerfullt. Det blødde i henne av Saknad; det brann i henne av svivyrd Ære og glødande Harm. Desse Udyri hadde røva ifraa henne det ho aatte og so jaga henne paa Skogen; det var deim det same anten ho gjekk paa Foss eller Stup. Aa, den som var Mann og kunde hemne seg! Den som kunde finne seg eit Hol i eit Berg og samle ville Mennar ikring seg, og so ei myrk Natt heimsøkje Bygdi med Mord og Brand! Men ho skulde hemne seg. Dei skulde ikkje for inginting ha gjort henne til Skogdyr. Skulde ho lata sitt unge Liv forspillast; skulde ho bøygje seg og taka alt for godt ... nei. Ho vilde njote sin friske Ungdom. Og fekk ho ikkje gjera det paa den Maaten ho hadde tenkt -- ho skulde gjera det paa ein Maate som var verre! No var ho fri. Ho hadde ingin aa bry seg um og ingin aa ræddast; dei skulde faa sjaa at ho ikkje var bøygd og ikkje gav upp Live for deira Skuld; og so sant som Gud var i Himilen, dei skulde faa trega det dei hadde SIDE: 155 gjort! Dei skulde faa svide for henne i si siste Stund; dei skulde faa svara for henne paa Domedag. Ho reiste seg i Maaneglansen som ei ung Løve, sterk, staut, skræmeleg fager; skok Manken; riste av seg alt som ho fyrr hadde brytt seg um. Og ho knytte Hendane mot Barmen og svor, at fraa denne Stundi vilde ho lìva villt, so villt, at dei skulde bleikne av aa høyre Gjetorde um det, so villt, at dei skulde trega Vìte av seg, liksom ho denne Natti hadde vori ved aa sleppe sitt. Ingin Ting vilde ho vyrde, liksom dei ingin Ting hadde vyrdt; ærelaust, syndigt vilde ho fara, liksom dei hadde røvt Æra og alt godt fraa henne; og sistpaa, -- sistpaa vilde ho koma heim att rik og stolt som ei Dronning, gift med den rikaste og fagraste i Verdi. Ho freista aa beda um Hjelp til Vaarherre, men fekk det ikkje til; hugsa so i rette Stundi at det nok var den Vonde ein skulde vende seg til i slike Tilhøve. Ja! den Vonde! Og ho lo som ei Havfru; det svara fælslegt millom dei vaate Fjell. Den Vonde skulde hjelpe henne; han var Mannen! Hadde ikkje Mor hennar vori Trollkjering? og heldt dei henne ikkje for Trollkjering sjølv? Haha! den vonde var Mannen. Han der heime, han Stakkaren Baard, -- Baard skulde bera Skuldi; han skulde svara for det paa Domedag! -- Var ho fraa seg? Det var det same; ho skulde endaa verte deim der heime for klok. Slikt hadde dei nok aldri tenkt; dei trudde vel ho gjekk paa Elvi, eller gav seg paa Fantestigen, eller tok seg til aa tena for Livemaaten hjaa godt Folk ... jau; dei skulde sjaa! dei skulde faa merke, at ho ikkje for inginting var Dotter aat Fru Margreta! Ho kjende paa nytt denne forunderlege, ustøde Rørsla innunder Beltet. Og ho vende heile sitt ville Hat mot den skuldlause ho sjølv skulde føde. Hans Barn! Skuldi til alt det ho no laut lide! I same Stundi mintest ho Segnine um Mannen som fekk Hjelp av den Vonde og til Takk gav han Barne sitt som endaa ikkje var født. Ein fortryllt Tanke tok henne. So skulde det vera! Hans Barn skulde bli selt; det vilde vera Hemn! Barne SIDE: 156 var det sliks Slag med; det var so likevel ein Lausunge og kom vandt til Himils kor som var. Ho reiv ei Naal or Barmen; stakk seg djupt i Veslefingren; tok fram Salmeboki og reiv ut det kvite Blade framme der Namne hennar stod, og Aare daa ho var fødd til denne syndige Verdi; ho skalv; lo; sette seg; tok eit fint Straa og klora med lange uleselege Bokstavar: "Eg gjev deg Lucifer min fyrstefødde, naar han er 18 Aar, dersom du hjelper meg til aa faa min Vilje fram. Gunhild Nielsdotter." Ho tenkte ikkje lenger, berre lo, lo; sette til Sprangs aat Kyrkja; tulla Setelen ihop og stakk han inn under Kyrkjedøri; no var det gjort! no hadde ho Hemn. Kor han vilde fæle, naar han fekk vìta det! Kor han vilde lide! Henne var han likesæl um; men sitt eigi Barn -- ! Ville Tankar flimra og flaug igjenom henne, sjuk som ho var; ho høyrde døyvd Laatt og underlege Rop rundt i Lidine; dei daude stod upp or Greftine sine i lange Lakan og vitta og veifta; ho sette til Sprangs utan Samling og Sans; sprang for Live yvi Stokk og Stein; og Draugane kom etter i kvit Flokk, veiftande, hotande ... II. Baard Baardsson heitte den vesle Armingen som var seld til den Vonde fyrr han vart fødd. Og det var Mori sjølv som hadde gjevi Guten Namn; ho hadde havt sine Tankar med det. -- -- Baard Baardsson voks upp i ein Utkant av Byen og hadde korkje Far eller Mor. Ei Kjering som dei kalla Mor Judit fostra han; og Guten kalla henne Mor, av di han høyrde andre gjorde det. "Men rette Mor di er eg ikkje, Tullingen min," sagde ho ofte til Guten; "rette Mor di er av anna Slag, ho; det hev all sin Dag vore Skil paa fint Folk og Fant, ser du. Men no er ho ute og reiser; ute i vide Verdi; og kanskje finn ho seg ein SIDE: 157 Prins; og so vert du og Prins, Tullingen min! forstend du det?" -- Nei; Tullingen forstod ikkje det. Men han tenkte mykje paa det, ettersom han vart større. Mor Judit var sine gode 50 Aar gamal, diger og rund som ein Høystakk, med eit breidt, kjøtfullt Andlit og smaae graae glyrande Augo som til det jamne saag lystige ut, men stundom kunde vera baade kvasse og vonde. Ho var klok og sløg og um seg paa alle Kantar, men i Grunnen godsleg, ja snild, og snytte aldri ein Mann paa ein halv Skilling med sin gode Vilje. Gift hadde ho vori, men var barnlaus; no livde ho av slikt som falle kunde; dreiv med Lækjekunst, gjorde aat for Verk og Mein og Kjærleikssorg, spaadde i Kort og Kaffigrut og var Dyrlækjar og Jordmor. Ingrid, Systerdottir si, hadde ho til aa hjelpe seg i Huse; det vart daa og ho som mest stellte med Baard. Ingrid var ein liten forlìvande Gjentunge paa 16 -- 17 Aar, glad og snild og ikkje ufager. Baard lika seg godt hjaa henne, men kjende seg tryggast naar Gamlemor sjølv var inne; for var ho burte, kom det tidt inn ein Gut, som alltid hadde so mykje aa svalle med Ingrid um; og daa laut Baard hytte seg sjølv. Men daa lika ikkje Baard seg og skreik; og ho vart vond og slo han. Og hjelpte ikkje det, so kom Guten og skræmde med ein diger Stav og var skræmeleg kvass i Uppsyni. Baard vande seg daa etter kvart til dette. Han laag i lange Stundir paa Golve og leika med eitt eller anna, men saag undrin og sur burt paa dei tvo som syntest hava so mykje aa røde um. Dette vart noko med det fyrste som grov seg inn i Minne paa Guten. Men det var ymse Slag det han saag av Gamlemor au. Naar ho var heime og hadde ei Stund fri, so hende det ofte at ho tok ei Flaske ut or eit Skaap; sette seg lognt til rettes inn med Borde; slo uppi eit Glas og drakk -- "det letta for Bringa," sagde ho -- ; og daa kom ho alltid i eit framifraa Godlag. Ho prata og lo og fortalde Sogur, og heldt eit Himils Staak med Baard, som totte dette stod vel til. Men rett som det var gav ho Ungen ein Draape med seg av Flaska si. "Drikk, Tullingen, so SIDE: 158 vert du sterk!" sagde ho. Baard drakk, men frynte fælt; Mor Judit lo. Og daa Baard forstod at det var eit Karsstykke dette, so gjorde han det upp att oftare, alt um det reiv i Halsen. Sistpaa vart han so ram etter Flaska at han bad um Brennevin som andre Ungar bed um Sukker. Mor Judit lo og totte det var fælt so klok som den Guten var. Og han fekk ofte det han bad um. Men ein Gong hadde han krabba upp og funni Flaska sjølv; og daa tok han til seg so mykje at han vart sjuk av det. Fraa den Dagen var det Stans ei lang Tid med Flaska; men dette var og ein av dei Ting som feste seg i Minne hjaa Guten. Fraa han var fire Aar laag han og krabba i Gata utanfor Huse. Den fyrste han der gjorde Kjennskap med var ein Hund. Men den Hunden høyrde heime i Grannehuse; og so vart han kjend med Ungane i det Huse, og sidan med Kjenningane deira, so det sistpaa vart ein heil Flokk. Millom desse fekk Baard Resten av si Upplæring. Det var Fatigfolks Born alle. Dei eldste og sterkaste av deim vart Fyregangsmennar. So leika dei seg saman heile Flokken, so godt dei hadde lært. Etter som Baard voks til vart han ein av dei fyrste i altslag Moro. Han hermde etter Mor Judit naar ho spaadde i Kaffi, og han hermde etter henne naar ho brùka Flaska; strakst tok dei til og drakk alle ihop, og var fulle og heldt eit Lurve Leven. Sidan fann han paa aa herme etter hin Guten som han hadde sétt hjaa Ingrid; og straks bytte heile Flokken seg ut i Par og var Kjærastar; det var mykje til Moro. Ofte naar Folk gjekk framum der, laut dei stana og sjaa paa; og dei saag og dei lo; og dess meir Moro vart det. Det var reint svært so glupe som desse Smaaingane var til aa herme etter dei vaksne. -- -- Aari gjekk, og Baard voks til. Han vart stor etter Alderen og sterk og fager, men uvyrdin og kaut; trudde han kunde gjera kva han vilde. Ofte vart det Slagsmaal; men han greidde seg i det lengste; fekk dessutan alltid Hjelp; um ikkje av andre so av Gjentungane. Og meir SIDE: 159 og meir vart det so, at dei fleste fann det best aa vera til Vens med "Prinsen". Han vart som ein Førar for ein Flokk Gate-Ungdom; og no gjekk det laust Byen rundt med altslag Gapestykke og Ugagnsverk. Det som var mest paa Moten var Slagsmaal; Gategutane førde heiltupp Krig. Fylka seg i Herar, etter som dei var fraa nørdre eller søre Kanten av Byen, og heldt heile Slag; Baard, "Prinsen", "Gate-Prinsen" som han vart kalla, var Førar for "Nord-Heren" og var ein med dei villaste. Meir enn ein Gong kom han heim um Kvelden so blodut og sund-rivin at han var fæl aa sjaa. Paa denne Maaten var det at Baard Baardsson fekk Resten av si Upplæring. Mor Judit, som med Alderen vart baade digrare og surare, heldt av Guten, men gnaala og grylte jamt for han var so vill. Og naar det vart som verst, bad ho han fara sin Veg, helst til Sjøs; for der høyrde slike ville Gastar heime. Baard brydde seg ikkje stort um dette; han hadde Moro nok heime, totte han; og so lét han Gamlemor skjelle. Stundom slo han paa, at det var visst ikkje for inkje ho hadde han her, so ho kunde nok tegja so lengi han tagde. Det hadde han høyrt i Byen. Og kvar Gong han slo paa det, tagna Mor Judit. So vart Baard kaut mot henne som mot alle andre. Ein einaste Ting var det som drog Tankane hans ut-yvi; det var naar han hugsa Rett-Mor si. Um henne hadde Mor Judit fortalt so mangt, at Guten gjekk i underlege Draumar um denne "Prinsessa". Daa han var ikring 14 Aar, var desse Tankane sterkare enn fyrr; han gav seg til aa spyrja etter Mor si, og undrast paa kvi han ikkje fekk vera hjaa henne, han som andre Gutar. Mor Judit svara kje noko til dette. Men ein Gong hadde han gjort henne so vill og vond at ho ikkje kunde styre seg; og daa kom det. "Du gjeng her og trur at du er meir enn andre Folk, du," sagde ho; "pøh! din Lausunge du er!" -- Baard kjende seg fraa den Dagen mindre enn fyrr. Han tottest vera vanvyrd; og han var rædd Folk skulde kunna sjaa det paa han at han var ein slik. Han kom sidan mindre ut enn fyrr; og han vart meir vond og mistruin mot Kammeratane sine. SIDE: 160 Men di mindre han kjende seg, dess meir lagde han seg etter aa vise at han var Kar. Naar han no var ute, so brydde han seg ikkje um aa slaast med Smaagutar; han prøvdest med vaksne. Og det hende at denne 14 -- 15 Aars Guten lagde 17 -- 18-Aaringar i Marki. Og kunde han slaast som ein Kar, so kunde han au vera Kar i andre Maatar. Det hende at han kom full heim. Og ein god Dag fekk Mor Judit høyre at Gutungen var trulova. Det var ei Gjentetaus av deim han i sine fyrste Guteaar hadde leika Kjærast med, som han no hadde fest; for det høyrdest so karslegt ut aa hava ei Gjente. Mor Judit lo ikkje lenger; hadde ho vori sterk nok, so hadde ho banka den lange Framslengen upp. Men kunde ho ikkje brùka Paaken, so brùka ho Munnen. Baard fekk høyre so mykje vondt og stygt, at han tok til aa finne det ukoselegt heime. Endaa verre gjekk det, daa han ein Laurdagskveld paa vanleg Kara Vis vilde gjeste si Festemøy. Han kom ruslande heller kaut, med Luva paa tri Haar og ei halv Flaske i Lùmma; for her skulde dei sjaa Guten! Men so fekk Far aat Gjenta, ein skikkeleg Timremann, fat i Fyren; og no vanka der slik Juling og slik ein Kjeft, at Baard aldri i sine Lìvedagar hadde vori ute for sovore. Han fekk vìta no, kor mykje han var vyrd av skikkelegt Folk. Alle dei verste Utnamn som til var fekk han; og det som beit mest var, at han vart kalla ein "Filleprins" og ein "Gateslusk", som laag og lìvde paa anna Folks Pung og ikkje dugde til nokon Verdsens Ting utan til aa laupe galin og og gjera seg til Narr og Spetakel for heile Byen. Den Kvelden var Baard mjuk. Uppdengd og skamfull smøygde han seg heim, og gløymde baade Gjenta si og Karsskapen. No vilde han herifraa. Slikt vilde han ikkje finne seg i. Til Sjøs vilde han; og naar han var utlærd, so vilde han til Mor si; faa Pengar av henne og kaupe seg Farty og koma heim att Storkar; so skulde nok den Skarven av ein Timbremann faa trega at han hadde lagt seg ut med "Prinsen"! Dagen etter heldt han seg inne. Og ein Maanad etter fór han av Stad med eit Farty som skulde til Engelland. Den som var glad var Mor Judit. SIDE: 161 Men den som ikkje var glad var "Gjenta hans". Ho sat heime paa eit Loft og grét og reiv seg i Augo med Forklæde sitt, so ho trutna reint upp. Ho heldt av Baard so mykje som ei 16 Aars Gatetaus kann gjera; men no fór han; og kor mangt kunde ikkje snu seg, fyrr han kom att! Ho hadde sant aa segja lite Tru paa at ho kunde bie han upp. No kom baade Per Lauritsson og Jens Nilsson og fridde, det visste ho; og ho kjende det paa seg, at ho knapt kom til aa gjera lengi Motstand. Men korkje Per Lauritsson eller Jens Nilsson var paa lang Leid so fagre eller so staute som Baard Baardsson; difor grét Gjenta, og grét saart. Mor Judit hadde ikkje fortalt Baard kvar Mor hans var, av di ho ikkje visste det. Ho visste ingin Ting um Gunhild, anna enn det, at ein Kveld seint hadde ho komi og bedi um Hus -- Skipper Erik hadde styrt henne hit, sagde ho -- ; og so hadde ho fengi eit lite Hol uppaa Lofte aa bu i; og der var Baard tilkomin. Strakst etter hadde ho reist att -- med Skipper Erik -- , og hadde gjevi Judit Pengar til aa fostre Guten. Ho vilde "ut i Verdi", hadde ho sagt; og daa Judit spurde um ho ikkje fann det audslegt aa fara slik paa Langferd, ung og aaleine som ho var, so hadde ho sett upp ein forunderleg Smil og sagt, at ho greidde seg nok; gamle Erik var ein ærleg Handelsmann. Sidan hadde Mor Judit korkje høyrt eller spurt til Gunhild. Men heim til Heimbygdi, til Futen Niels Pedersøn, kom det einkvar Gongen Fraasegnir som gjorde, at Gamlen kvitna i Hausen heller fort. Det vart sagt at Gunhild var komi til Danmark; og der hadde ho teki seg svært ille upp. Ho skulde ha gjevi seg i Lag med Komediantar, vart det fortalt, og gjorde Kunstir paa Teatre saman med desse Folk; og ho gjorde sine Kunstir godt, ja var ei med dei fremste. Ho vart daa vel umtykt, serleg, sagdest det, av unge og eldre Herremennar, som brydde seg mindre um Pengar enn um glade Dagar, og som ikkje hadde Ord for aa vera heilage. Kor mykje som no SIDE: 162 var sant av alt dette var vandt aa vìta; men Futen, som kjende Ætti, kunde nok tenkje seg baade eitt og anna. Daa han nokre faae Aar etter døydde, vart det sagt og trutt rundt heile Bygdi, at det var Tanken paa Dotteri som hadde broti den sterke Mannen ned. Gode tri Aar etter at Baard var utreist, kom det ein Dag ei framand, bleik, staseleg Dame til Mor Judit, som denne ikkje kjende; det var Gunhild. Og ho var ikkje attkjennande. Ho var meir utvaksi og holdig, men samstundes meir folna; Aasyni var graableik; og det hadde gravi seg fine Gaarur paa Panne og kring Munn, so ho saag mest gamall ut. Men Augo var stirande og harde; og naar ho slo deim braadt upp, saag dei sjuke ut. I heile si Framferd hadde ho ei Uro som var uhùgleg; ho sat sjeldan lengi still, men flaug rett som det var upp og gjekk, gjekk og dreiv med snøgge, hastige Rørslur; so var det som ho kvakk att; stana; sette seg og saag seg ikring med utrygge, skræmde Augnekast. Mor Judit tenkte med seg: ho der hev havt nok av Verdi. Det var Son sin ho vilde finne. Daa ho høyrde at han var utreist vart ho reint som fraa seg; men so kunde Judit fortelja at ho hadde Helsing ifraa han, og at han snart var ventande. Det hjelpte. Ho spurde ut all Ting um han, og iser um han hadde teki seg godt upp. Judit svara, at han hadde vori som slike Karar flest i den Alderen, men alltid noko livleg; for det var Eld i den Guten. Gunhild sukka tungt; og daa ho høyrde at han var venare og stautare enn dei fleste andre, sukka ho endaa tyngre. Ho gav Mor Judit Pengar og bad henne sende Bòd, so snart ho høyrde noko ifraa han; sjølv vilde ho bu der og der. So gjekk ho, men kom att og spurde um fleire Ting; gjekk endeleg for godt; men kom att um Kvelden. Og daa var ho endaa meir uroleg; saag endaa sjukare ut. Mor Judit tenkte med seg: ho der hev havt meir enn nok av Verdi. Ho var framifraa fint klædd, og syntest hava mange SIDE: 163 Pengar. Ho hadde vori gift med ein rik Adelsmann, sagde ho; men no var han daain; og ho var aaleine att. Um ho hadde havt det godt? -- Aa nei. "Godt?" ho lo stilt og sjukt, liksom Tanken fall henne framand. Men ho hadde daa vori rik? Og ikkje havt Naud paa nokon Ting, men fengi alt det ho vilde? -- Ja visst; og den sjuke Laatten kom att: "han hev vori ein ærleg Handelsmann." -- "Kven?" -- "Gamle-Erik, veit eg!" -- Judit kom meir og meir til den Trui at den fine Frua nok ikkje var heilt upp klok. Det gjekk Dag etter Dag; og so visst som Soli rann kom Gunhild og spurde etter Son sin. Og ho spurde med slik Uro, liksom det kunde vera ei Mor som var dømd til aa døy, og som venta paa Barne sitt til det siste Velfar. Ho vart snart kjend i Byen ved dette; dei kalla henne "Mor aat Prinsen" og var ustøde paa um dei skulde læ aat henne eller tykkje Synd i henne. Men alle undrast dei paa, at den Slusken til "Gateprins" kunde hava ei slik Mor, og at ho ikkje hadde brytt seg um han fyrr, naar ho var so reint paa Live for han no; og snart hadde Byen funni upp ei heil Sogu -- fleire Sogur som vart spunne ihop og voks -- um denne fine, underlege Frua. Men Gunhild gjekk kvar Dag sin visse Gang til Mor Judit og spurde etter Guten sin; og fekk Mor Judit til aa fortelja um Guten sin; so gjekk ho heim att og tenkte paa Guten sin, og paa si forskræmelege Synd. Men um Nætane drøymde ho um den gamle Kyrkja og um Blade med Blodskrifti. I 17 lange Aar hadde ho gjort alt det ho kunde til aa døyve ned desse fæle Minni og til aa gløyme baade Guten og Ugjerningi og seg sjølv. I tie Aar fekk ho det til; for ho kom upp i so mangt nytt, og hadde ein fast Vilje, av di ho var nøydd til aa vilja. Det gjekk i tie Aar, og det gjekk i tolv; ho forstod ikkje sjølv no, at ho hadde kunna lìvt so reint utan Tanke. Men i det trettande tok det nye Live til aa eldast for henne; og i det fjortande var ho leid av det. I det femtande stridde SIDE: 164 ho mot sine gamle Minne som Patriarken mot Engelen -- for det nytta ikkje aa minnast -- ; men i det sekstande tok Minni Magti; og fraa den Tidi var det, at den Fæla som budde i henne vart til Sjukdom. Ho gav seg meir og meir yvi i sine uhùglege Tankar; og det som ho fyrr hadde gløymt paa ei Vis -- for Barne var hans og ikkje hennar -- , det grodde no sterkare og sterkare fram i henne: at ho hadde ein Son. Og den Sonen maatte no vera stor; staut; ein Son til aa elske; ein Son til aa rettleide og hjelpe; ein Son til aa lìva seg ung att i. Naar ho tenkte paa dette kunde ho graate av Lengt. Kjærleik var det ho saarast turvte, Barnekjærleik; det som elles kalla seg Kjærleik var Lygn og Svik; men Barnekjærleik, den gode truskyldige Elsken hjaa eit Barn, -- sitt Liv kunde ho gjeva for den, for ei einaste Stund i Livd av den. Kor var han? korleis hadde han det? kva Upplæring hadde han fengi? Og kva tenkte han um Mor si, som i alle desse Aar -- -- -- Slik gjekk ho og drøymde; og so kom Minne, det blodsprengde, andskræmelege Minne ... Guten var seld. Ho hadde ikkje Rett til han; ho hadde gjevi Retten fraa seg til ein annan. Til Fenden hadde ho selt Guten; ho torde ikkje koma for Augo hans. I dette gjekk ho, Tid etter Tid. Ein Dag sveiv det henne som ein svimrande Tanke: du kunde vel snyte den Vonde paa den Handelen? Du kunde gjeva deg sjølv i Staden? eller du kunde finne paa Knìp ... Vera uærleg mot Djevelen kann ikkje vera Synd. Vel hev han i denne Saki vori ærleg mot deg; men slik som han er elles ... narre den Vonde maa vera godt Verk. Dette fekk Tak i henne; sette seg fast som ein sjuk Tanke, ein løynleg Galinskap. Ha-ha! den Vonde var ein Tull; det var mange som hadde narra den Vonde. Kom ho til Helvite for det, -- til Helvite kom ho no likevel; og i sjølve Helvite maatte det vera godt aa vìta at ho hadde berga Barne sitt. Ja, ja. So skulde det vera. Det vilde ho. Berre heim, heim; finne Guten, frelse Guten; finne ein Prest; for SIDE: 165 Prestehjelp maatte det til; og so frelse Guten. Berre ho kom tids nok! Berre det ikkje vart for seint! Ho gjekk umbord i eit Skip og drog paa Heimveg. Og hadde dragande Lengt og skjelvande Uro kunna fylla eit Segl, so hadde ho snart vori framme; men dei fekk skral Vind. Stundom Motvind. Gunhild tok sistpaa den Tanken, at det var den Vonde som vilde hindre henne i aa koma fram; han forstod vel kva ho tenkte paa. No var ho framme. Men Guten som ho lengta etter so saart, Guten kom ikkje. Den eine Tanken vakna i henne fælare enn den andre; helst tok ho til aa ræddast fyri, at den Vonde kunde ha fengi Rett til aa taka sitt fyri Tidi, av di ho tenkte paa Svik. Det var komi ein ung Prest til Byen som Folk hadde stor Tiltru til. Han heitte Herr Olaus og var ein bleik, mager Mann med tunnt raudt Skjegg og trong, sterkbygd Panne. Dei sagde at han var strengare i mangt enn dei eldre Prestane, og fælt klok. Han hadde vori Prest i ei Landsbygd; og der hadde han vist, at han var likso vel heime i Svarteboki som i Bibelen. Det hadde spøkt i Prestegarden -- det var ei lang Sogu um det: Banking paa Dørir og Vindaugo um Natti; Ramling og Uleven i Troppir og Gangar -- ; men han hadde med ein einaste Gong fengi det stilt. Han hadde lesi heile Djevelskapen ned i Jordi paa mindre enn ein Time. Det var daa rimelegt at Folk saag med Age paa denne Mannen. Gunhild høyrde gjeti Herr Olaus og gjekk til han. Herr Olaus tok imot henne med stort Aalvor; det saag ut til at han visste um henne. "Du hev visst Syndir paa deg, du?" sagde han. Ho svara at Syndine sine vilde ho helst gjøyme til Skriftestolen; men det var ein annan Ting ho gjerne vilde spyrja Presten um, so sant ho fekk Lov. Det var det, um Presten trudde at ... at det lét seg gjera ... ja ... Presten laut orsaka um ho spurde noko beintfram og underlegt ... men um det lét seg gjera aa narre den Vonde? Um det var rett; og um det lét seg gjera? SIDE: 166 "Det er ikkje for meg sjølv eg spýrr," lagde ho til med urolege Faktir; "men kunde eg faa eit greidt Svar, so vilde det koma meir enn vel med baade for meg og ein annan." Presten stirde lenge og hardt paa henne; ho slo Augo ned og kunde ikkje sitja roleg. "Um det er rett?" kvesste han sistpaa i. "Tvilar du paa at det er rett aa narre den Vonde?" "Alt vaart Arbeid," heldt han fram, "og alt godt i Verdi gjeng ut paa aa narre den Vonde. Det er det me kallar godt Verk! Den Vonde hev Rett paa oss alle; for alle er me gjenom Syndi i hans Magt, ja hans Eigedom med Sjæl og Lìkam. Inkje i oss er vaart eigi; han eig det alt fraa Fødsla av. Gjenom Arvesyndi eig han oss, fyrr me kann sanse, ja i Moderlive. Og sidan fær han dess sterkare Tak paa oss gjenom vaare eigne syndige Ord og Gjerningar. Men alt vaart Liv gjeng ut paa, so sant me lìver retteleg, aa narre han for denne Eigedomen hans. Alt godt me hev for oss er meint paa det, um me med Guds Hjelp kann faa smette oss ut av hans Kløar, rive oss ut av hans Fangtak. For han er sjølv berre ein Røvar og ein Ljugar fraa Upphave. Og so spýrr du um det er rett?" "Men um ein hev gjevi seg til han, -- selt seg ..." "Det er det same. Han er i alt sitt Verk ein Røvar og Ransmann; og den som kjem so langt at han gjev seg i hans Vald, honom maa han fyrst sjølv hava forført. So rett er det i alle Tilfelle. Men um det læt seg gjera? Det kann vera ein annan Ting." "Men det kann hende?" "Det er eit stort Spursmaal." "Um ein annan gav seg i Staden aat den som var seld?" "Daa maatte det vera ein som var so god og rein, at Djevelen ingin Rett hadde til han." Gunhild bleikna. Det hadde ho ikkje tenkt paa. Ho vart so fortryllt at ho sagde ikkje meir; ho flaug upp og gjekk. Presten stod og saag etter henne, riste paa Hovude og tenkte med seg: i henne bur det mange Aandir. SIDE: 167 Daa Gunhild same Dagen kom inn til Mor Judit, bleikare og meir modlaus enn nokosinn, fann ho ein Framandkar der, ein Sjømann som det saag ut til var huskjend. Ho skvatt med same, men tok seg strakst; for dette kunde ikkje vera Baard. Han var for stygg til det, meinte ho, og minst 40 Aar gamall. Nei; det var ikkje Baard. Det var Hans Mikkelsen, Mannen hennar Ingrid. Men han hadde fari med same Skuta som Baard, og kunde helse fraa han. Helse fraa han -- ! No kom der Liv i Gunhild. Ende inn paa Hans Mikkelsen; han rømde, men ho etter, spurde, bad, spurde og bad, med Ord, med Augo, med sine trivlande Hender: kvar var han; naar kom han? hadde han det godt? kvi var han ikkje med strakst? var han sjuk? var det hendt noko? var det komi noko aat han? hadde han forsétt seg? var han i Naud? ... Hans Mikkelsen trudde Frua ikkje var vìtug. "Maa eg faa Stundir til aa snakke," sagde han, "so skal eg fortelja Dykk det." Gunhild fann at Mannen hadde Rett og freista aa tvinge seg. "Men ein Ting maa du segja meg strakst: kvar er han? og kjem han snart? og kvifor fylgjer han ikkje -- ?" No lo Hans Mikkelsen. "Det er best De gjev Dykk Tid og læt meg fortelja det som det kjem til," sagde han. "Ja men fort, fort!" bad Gunhild. Ho stod som paa Glødar. Naa ja. Baard var ikkje langt av Leid han heller. Han hadde lagt seg etter i Grannebyen; og det kom seg av, at den Skjelmen -- haa, haa! ja det var ein forsvorin Kropp, reint ein Villstyring; den verste Uburen som kunde spyle eit Dekk! -- ja; noksagt; men han hadde funni seg fat paa eit Kvinnfolk der, ein Gjentunge aa kalle fyri ... naa, det var elles eit skikkelegt Ting, som alt Folk flaug galne etter; for ho var ven, Trolle, overlag ven, so det var utan Maate og Maal, sagde Folk; og der var noko i det; men Fanden so stolt! urimeleg stolt; hadde sagt Nei til kvar einaste ein; ikkje eit godt Ord aa faa; nei; det var Sattan til plent Kvinnfolk. Men elles i alle Maatar framifraa. Det hadde mange fine Fyrar bela til henne; for ho skulde vera noko reint utanfares ... berre ho ikkje var so stolt. Hm! Noksagt; den SIDE: 168 Galningen Baard, han vart galin etter henne. Og han lika at ho var stolt, han. Han var nok leid desse vanlege -- hm; han totte dette var noko nytt. Men Gud hjelpe den Stakkaren; for der kom han i Glefsa. Han, som ikkje visste av aa faa Nei nokon Stad -- "aa Gud forsyrgje meg kor mange han hev narra!" -- han som all sin Dag hadde vori reint søkt ... haa-haa! han hadde ikkje meir Vyrdnad for eit Kvinnfolk enn for eit Par gamle Vottar; han hadde gjerne vaaga seg i Kast med Dronningi av Spania! ... "for det er Fanden til Gut; du ser ikkje hans Make kvar Dag; stor og ferm, velvaksin og herdebreid; Andlit som ei Gjente og Haar som Kong Absalon; og so lystig, Far! -- hm! -- lystig og vill; glad i godt Vêr og endaa gladare i vondt; frisk som ein Fugl, fri og framdjerv som ein Sjørøvar ... jau! eg kunde fortelja mangt um den Guten, eg; men det er visst, og det segjer alle: honom vert det noko av, fær han Livedagane. Det er sùme som segjer at han er ein Skarv; men det er alltid slike som han hev dengt, eller som han hev teki Kjærastane fraa ... men noksagt. Ja! Det var denne Gjentungen. So vent hev eg aldri sétt; ho var som skapt aat ein Gut som Baard ... berre ho ikkje var so stolt. Huff; dei skulde vìta kva dei var utan oss, dei Trolli, so var dei ikkje so kaute. Og ho var ingin ræddare enn Baard. Han freista seg paa alle dei Maatar som til var; men nei! ikkje eit godt Ord; ho var som av Malm, den Gjenta. Slike burde faa Lov til aa gaa; so fekk dei kjenne kor godt det var; naa! men di meir ho stod imot, di heitare vart han; og sistpaa gjekk han der som galin og kunde ikkje tenkje paa anna enn dette Kvinnfolke. Slikt hev eg aldri sétt. Og Enden vart at han gav seg til aa tenkje paa aa gifte seg med henne! ja for Aalvor daa, forstend De. -- Ja det var fælt. Han gjekk der og stura og var so sur og vill som han skulde havt Tannverk. Ein Dag gjekk han daa upp til Gjenta og sagde henne dette; svor og forbanna seg paa at det var hans Hjartans Meining dette; at han vilde gifte seg med henne og taka henne med seg heim; og lìva med henne i Tukt og Ære som ein god Ægtemann; og so lengi svor SIDE: 169 han og banna, til dess Gjenta trudde 'n. Og med same Gongen var det som ho var umskapt. Aldri sétt slikt! Berre Eld og Glod all igjenom. Ho var so glad i Baard, at ho kunde ikkje vera fraa han ein Dag! Ja, slik er det med desse kaute; verre enn alle i Grunnen; stilt Vatn hev djupaste Botnen. Men elles var ho ei bra Gjente; ærleg som Gull og trufast som eit Storanker; Baard vart reint vill, han. Reint ravande galin. Han var so glad at han var til Narr for heile Skuta; for det maa vera Maate med alt. Han dengde upp tri Mann paa ein Kveld, for dei hadde sagt eit Ord um henne som han ikkje lika. Dengde deim til dei laag og vreid seg som Aal i ei Teine; huff; ja det var fælt. Eg kjende ikkje Guten att. Og so vilde han gifte seg i same Rappe; det var ikkje Bøn for det. Ho var slikt eit framifraa Kvinnfolk ... elles berre Dotter av ei skarve Enkje; Far hennar var ein Gong i Verdi Skipper, segjer dei, og ein hard Haus ... Men Anna vilde ikkje Baard skiljast med; ikkje ein Dag. So fekk me Vind og siglde; og dermed vart han liggjande etter ... fekk Lov av Skipperen, ser De. Og til meg sagde han at han vilde fylgje Jens Villumson heim; og daa skulde han koma som gift Mann og blaase aat alle dei Kvinnfolk som fanst, baade her og annanstad i Verdi. So no kann De vente han um nokre Vìkur; det spyrst um Vêr og Vind, ser De; no ei Stund hev det vori bra; men det er likt til at han vil snu att." -- Hans Mikkelsen dreiv att og fram paa Golve og fortalde; fortalde og lo; Mor Judit sat og glyrde; Gunhild kjende kvart Orde hans som ein Styng i seg. Slik ein Gut, so sæl som han no var ... bli øydelagd no, nett som Live hans skulde byrja; kann hende naadde han ikkje heim, fyrr den Vonde kom og viste han Breve med Blodskrifti ... Ho sat og stirde og stirde, bleik og stivøygd, so Hans Mikkelsen vart rædd og gjekk. Slike sjuke Kvinnfolk lika han ikkje. Sidan gjekk Gunhild endaa ein Gong til Presten. Me maatte berge Guten; Presten laut finne paa Raad. Ho tala lengi med han; fortalde Sogur og Segnir um fleire SIDE: 170 som hadde narra den Vonde; Presten visste au um at slikt var hendt. Men det var likevel raadlaust aa vìta um det no kunde hende. Det spurdest um so mange Ting. Og det var faae eller ingin av Prestane i denne Tid, som hadde slik Magt imot den Vonde. Det einaste Gunhild kunde faa han til aa lova var, at han skulde tala med den Mannen som var seld -- um det skulde finnast ei Raad. Det spurdest so mykje korleis Mannen hadde lìvt; um han hadde synda av Tankeløyse og i Veikleik, eller um sjølve Viljen hans var vond, so han ærleg fortente aa koma i Kløane paa den Vonde. Fraa den Stundi hadde Gunhild ei ny Byrd aa bera: ho hadde ikkje berre selt Guten sin; men ho hadde gjort alt sitt til at han ikkje kunde bli frelst heller. Tvo Gongir hadde ho selt han til den Vonde. Ho hadde slengt han paa Gata millom Folk der han ikkje kunde læra anna enn vondt; og so hadde han vorti ein Villstyring so fæl, at han knapt kunde faa Naade berre for sine eigne Syndir! Ho tenkte yvi alt det som denne Sjømannen hadde fortalt. Og naar jamvel slik ein Matros hadde funni Baard villare enn vanlegt, so kunde ein vìta at det ikkje var Smaating det galdt. Den 17 -- 18 Aars Guten maatte vera øydelagd. Det verste var at han hadde vori Kvinnesvikar. Liksom Far hans. Daara Kvinnur; mange Kvinnur. Gunhild tenkte paa seg sjølv. Ho visste kva det hadde paa seg for eit ungt Kvende aa koma ut i slikt. Og for hans Skuld hadde mange misst Livsens Vonir; for hans Skuld leid mange den verste Naud. Kor mange Vaabønir laag det ikkje alt og brann yvi hans unge Nakke; kor dyrt han visst var forbanna av desse mange vonlaust ventande som han med kaat Hug hadde skjemt. Ho gjekk att og fram i den store Stogo og vreid sine sveittande Hendar; stana og stod lange Stundir og stirde, ende ut i Lufti eller ende inn i seg sjølv; for i sine eigne Tankar livde ho no og ikkje i Verdi. SIDE: 171 Med ein Gong blenkte det upp att for henne, at naar alt kom ihop, so var det ho og ikkje han som hadde Skuldi. Han kunde ikkje hjelpe at han var slengd paa Gata millom Herke og hadde lært alt stygt; dei som banna honom gjorde Urett; dei skulde banne henne. Ho var Syndaren. Men ikkje ho heller; han der heime, Baard Nes, han som hadde øydelagt henne, han var Syndaren; paa hans Hovud skulde alle desse Vaabønir samle seg; han skulde lide for alt som var hendt; for seg sjølv, for henne, for Son hennar; for alle dei unge sund-rivne Liv; for dei Barneborn som no gjekk rundt i Verdi og leid vondt og lærdest upp til vondt; Skuld paa Skuld ut igjenom all Verdi, ut igjenom alle Tidir, alt til Domedag ... Men Guten, Guten, han var skuldfri; han maatte bli frelst. Berre han vilde koma. Tidi var snart ute; ho kunde telja paa Dagar no. Ho gjekk upp til Presten og gav han Pengar for at han skulde beda for Son hennar Morgon og Kveld. Og so beda framifraa vent um godt Vêr næste Sundag i Kyrkja. Og Presten bad. Og det vart godt Vêr. Vinden snudde seg endaa Laurdags Kvelden, fyrr Kyrkjebøni vart haldi. Daa fekk Gunhild ei sterk Tru til denne Presten; han maatte vera rette Mannen til aa slaast med Djevelen. Gunhild var sterk; men ho kjende godt at ho for kvar Dag veikna. Endeleg ein Dag kom Mor Judit upp til henne. Den gamle sette eit høgtidslegt men blidt Andlit upp, og Gunhild skýna strakst at ho hadde gode Tidendir. Dei gjekk som ein brennande Styng igjenom henne: "han er komin?" kviskra ho. "Fort! fort! er han komin?" bad Gunhild. Det kunde daa hende det. Gunhild upp og vilde ut. Det kom ei Uro yvi henne, liksom ho var meir rædd enn glad. Men Judit meinte det hasta ikkje. "Kor daa? er det noko i Vegen?" -- Nei; ikkje det. Men det kunde hende at han likso snart kom til henne som ho til honom. "Er han her? fort! fort!" -- Det var ein Feber yvi Gunhild, so Gamla vart SIDE: 172 teki med. "Baade han og Kona hans!" sagde ho med ein stor Smil. "Aa for eit fagert Par!" Hjarta banka i Gunhild so ho laut setja seg. Ho drog Anden fleire Gongir djupt og kunde ikkje koma seg til aa tala; Judit vart reint rædd. "Lat dei koma!" kviskra Gunhild. "Tòler De det?" spurde Mor Judit. "Lat dei koma!" sette Gunhild i og vart utòlug. Mor Judit drog seg ut; snart høyrde Gunhild Stìg av fleire komande ... Døri gjekk upp. Ho drogst fram imot deim som av ei framand Magt; saag deim ikkje; men liksom gjenom ei Skodd skimta ho ein stor staut Gut med eit svart digert Haar ... Gunhild flaug fram og vart uppteki millom sterke, mjuke Armar; ho skalv og ho grét og fann inkje Ord for seg. Men Baard sagde: "eg visste eg skulde finne deg ein Gong. At eg fann deg no, det tek og som eit godt Merke." Anna undrast paa, at dei ikkje vart helsa velkomne; skulde Gunhild ikkje like at ho fann Son sin gift? Dei sette seg; Gunhild midt imillom dei tvo unge. Og ho glytte upp til deim, men torde ikkje sjaa deim i Augo; Hjarta glødde i henne av Elsk til denne Son sin, som ho fann forunderleg staut og ven. Det var eit sterkt, greidt Andlit med noko varmt og fust yvi sine ungdomsmjuke Drag; han minnte um hennar Folk meir enn um Nes-Folke. Og Anna! Noko so ljost og fint hadde Gunhild aldri sétt; for henne som gjekk her nedkvævd av fæle Minne og rædde Tankar syntest ho som ein Engel ifraa Himilen. Ho treiv henne til Slutt i eit stort Tak og drog henne tett inn til seg; det var som ho søkte Frelse hjaa henne. Baard sat og saag paa og smilte, byrg og gild; no tottest han vera ein Gong til so trygg paa at han aatte den beste Gjenta paa Jordi. Og han reiste seg i si store Glede og drog ein djup, sæl Sukk: "no skal me lìva Mor!" sa han. Og han fortalde, halvt aalvorsamt og halvt skjemtande, at det var Anna som hadde gjort han til Menneskje. "Fyrr var eg ingin Mann; eg var ein Varulv. Ei Trollkjering hadde kasta Dyreham paa meg; eg gjekk der so vill som Varg i Skog og øydelagde alt eg saag og meg sjølv med. SIDE: 173 Naa! no er det slutt. Den vesle Prinsessa der hev frelst meg; og no hev eg funni Mor mi; no hev eg alt som skal til for aa lìva godt og vel; og no tenkjer eg me skal faa det godt alle." Anna lagde seg sæl inn til han; han smilte lystigt til Mor si. Tvifald vondt var det for Gunhild no. Der stod Guten ung og sterk og glad, med Live framfor seg; det stygge og vonde hadde han stridt igjenom, det gode og sæle hadde han etter; no var han framfødd; no skulde det byrja; og so, i same Stundi, kom ho, Mor hans, yvi han som ein svart Lagnad, med Likferdsbod, med Gravklokkur, med det fælaste av alle Bòd: um nokre Dagar skal du ut av Live; um nokre Dagar skal du ut or di nyreidde Brudgomsseng og beint til Helvites Avgrunn ... Dei tvo unge stod der som avdaamde. Gunhild bleikna burt for deim, treiv um seg i Lufti og seig i Uvìt. Kva i Guds Namn var tids? "Ho vart visst altfor glad," sagde Baard." Ho døyr vel ikkje?" spurde Anna. "Nei," meinte Baard. Dei hadde lagt henne upp paa ein Sovebenk og dynka henne kring Panna med kaldt Vatn; snart etter vakna ho. Anna kom mest paa Graaten, daa den gamle slo Augo upp att "Kjære, er det noko som fell deg tungt?" sagde ho. Gunhild saag paa henne med stive urolege Augo og tagde. Endeleg braut det fram som ein Sukk: "stakkars Barne mitt; stakkars Barne mitt!" Anna Svar var ikkje aa faa. Baard tok til aa undrast. "Kor er det med deg, Mor?" spurde han. "Du maa ikkje sjukne fraa oss no, naar me hev funnist og skal hava det godt!" Ho varde for seg med Handi. "Ikkje no, ikkje no," bad ho; "ikkje no! Sidan! aa Herre Gud, sidan!" Baard og Anna saag paa kvarandre. Det kom som eit vondt Varsl yvi deim, dette, og gjorde deim uglade. Gunhild laut aat Sengi. Der laag ho ei Stund med Hendane ihop yvi Panne og Augo; so sagde ho at ho vilde sova, og Baard gjekk ut. Anna sat hjaa henne; Gunhild seig etterkvart av i ein Døs. Um Natti sat dei uppe og vakte. Gunhild hadde Feber og var uroleg. Ut-yvi Midnatt vart ho verre og tok til SIDE: 174 aa ørske. Ingin av dei unge fekk Meining i det ho sagde; men at ho hadde noko paa seg, det skýna dei. Det var underlegt for desse tvo glade Ungdomane aa koma fraa Bryllaupsstaak og Elsk og inn i ei Sjukestogu; men endaa fælare vart det ved dei gaatefulle Ordi som her kom deim til Møtes som ei Maning um aa hava Mistru til all jordisk Sæle. Rett som det var kviskra Anna: "det er deg, ho talar um." Og den unge Kona vart bleik som Bast. Baard lydde etter: " -- -- Eg segjer deg, Baard ... du skal tru meg! spýrr ikkje! spýrr ikkje. Kann du tenkje slikt um di eigi Mor? -- -- Nei, nei ... slikt hender ikkje ... slikt -- nei." Jamring og Uro. "Kva i Jessu Namn kann det vera," sagde Baard. Anna stirde uroleg paa han. Um ei Stund kom det som eit Skrik: "Gakk til Presten, segjer eg! -- den unge Presten; han er sterk. Um tie Dagar er det slutt ... daa -- daa -- ." Den sjuke tok til aa skjelve og prøvde aa reise seg: "gakk til Presten! høyrer du?" Ho seig paa nytt av i lang, uroleg Jamring. Anna saag paa Baard; han var likso bleik som ho. "Kva kann det vera?" kviskra Anna. Han riste paa Hovude. Anna kom og sette seg paa Fange hans og klengde seg tett inn til han. "Eg vert so rædd," jamra ho stilt. "Det kann ikkje vera noko," svara han uroleg. Sidan kom den sjuke med meir um det same. Dei sat og lydde og kunde høyre Hjarto aat kvarandre slaa. Anna drog seg fastare inn aat Mannen sin, liksom eit Barn som fæler. Baard tenkte med seg: denne Kona kann vìta meir enn nokon trur. Ho ser ut til aa kunna hava Synir! "Gakk til Presten ... um tie Dagar er det slutt" ... Skulde han døy? Visste ho at han skulde døy? Var det det som gjorde henne sjuk i Staden for glad, no daa ho fekk sjaa att Son sin? -- Nei, nei, nei. Der var ikkje Meining i slikt. Det var Tull. Sjuke Draumar. Ingin kunde bry seg um slikt. Og han, ein ung frisk Kar; Snakk. Ho var sjuk, ho Mor stakkar. Gunhild vart rolegare. Utpaa Morgonen sovna ho. Dei unge tok seg Vonir av dette. SIDE: 175 Men ho sov ikkje rolegt. Um ein Times Tid vakna ho med eit sterkt Skrik, flaug halvt upp og var reint som fraa seg. Anna kasta seg inn til henne og trøysta og bad, grét og trøysta og bad henne vera roleg; dei var hjaa henne baae tvo. Baard vart støkkt; tvo so fortryllte og forskræmde Augo hadde han aldri sétt, som dei Mor hans no sette paa han. Det var det reine stirande Vanvit. Endeleg var det daa som dei løyste seg. Dei drog seg ihop og fekk Feste. "Er du der?" stunde ho. "Ja Mor; ver ikkje rædd for meg," sagde Baard. Ho strauk seg yvi Augo, riste paa Hovude, seig ned paa Puta att og kom i svær Graat. Anna sat og strauk henne kjælande med Handi yvi Haar og Kinn og grét med henne. "Sov, sov; me skal vaka," bad ho. Gunhild grét meir; det var som ho tinte under denne Kjærleiken og under dette mjuke, varme Mæle. Ho grét seg trøytt og sovna paa nytt; og daa fekk ho ein god Svevn. Ut paa Ettermiddagen sat ho uppe. Baard vilde ho ikkje hava inne; men ho totte ho hadde godt av aa hava Anna hjaa seg. Ho sat og klappa og strauk henne som eit kjært Barn og vart liksom rolegare ved det. Skulde ho segja henne si Naud? Nei nei; det stakkars Barne, ho vilde bli vitskræmd, røme fraa henne som fraa ei Trollkjering ... Men segja det til Baard orka ho ikkje heller. Han, den sæle Ungdomen, som var so glad for han hadde funni Mor si ... Men segja det maatte ho. Ho sat og braut seg med dette, so ho hugsa mest ingin annan Ting. Presten? Segja det til Presten og lata Presten segja det til Baard? -- Nei; uendeleg mildt og mjukt laut ein segja slikt. Presten kunde ikkje det; paa den Maaten. Han kom til aa vitskræme Guten. Ljuge? Segja noko men ikkje alt? -- Ja! Det vilde ho. Ho vilde segja at ho hadde drøymt. Drøymt at han skulde døy; og at ho alltid hadde vori sanndrøymd. Ja! det vilde ho gjera! Men naar so Baard kom til Presten? Presten visste meir, han. Ho hadde sagt Presten for SIDE: 176 mykje. Og dersom ikkje Baard fekk vìta Sanningi, so kunde kannhende Presten inginting gjera. Nei; ho laut segja alt. Det fanst ikkje Raad. Men ikkje i Dag. Ho var for veik i Dag. I Morgo; i Overmorgo; ein av Dagane. Det var nokre Dagar att enno; det hasta daa ikkje so. Det var best for Guten aa vente. Kvi skulde han gaa i den Rædsla lenger enn Naud var? So slo ho seg umsider til Ro. Ho bad Anna gaa og leggje seg. "Eg er betre no; i Natt kann Gjenta vaka." Anna var mest klar av Svevnløyse og Trøyttleik; ho gjorde som Gunhild bad. Det kom ein Dag etter den Natti; Gunhild var endaa for veik. Baard kom inn til henne stundom; naar ho saag han var det ikkje Tanke um aa tala. Baard paa sin Kant gjekk i løynleg men tung Otte. Det kvakk i han kvar Gong han saag ei Likferd; og naar Klokkune gjekk, var det som dei ringde yvi honom. Um det no var so at han skulde døy! -- døy no! døy ifraa alt! -- Og slikt hadde so ofte hendt. Han kjende Hjarta kolne i seg. Men naar han saag Mor si, kunde han ikkje spyrja. Ho saag so veik ut, og han vilde ikkje synast rædd. Men ein Støkk fekk han for henne. Kva var det den bleike Kona gjekk her og gøymde paa under sitt svarte Skaut? Var ho ei Spaakjering? Hadde ho Synir? Var det det som laag og glødde paa Botnen av desse store myrke Augo som stirde so stridt? Dagane gleid, uendeleg smaatt, og endaa skræmeleg fort; Baard gjekk som i ein Likferdsgard. Alt var stilt og tagalt; alle Andlit bleike; alle Augo sorgslørde. Anna leid vondt i all denne Uhyggja. Ho spurde Gunhild og fekk inkje Svar; ho spurde Baard, men han slo det av i anna. So lagde det seg yvi henne som ei Tyngd; ei Gaate. Var det noko som vedkom henne? Kvi sat den sjuke so tidt og strauk henne yvi Haare og sagde "stakkars Barn"? Var ho komi her hit og skulde lide noko vondt? Den sjuke vart meir og meir forunderleg. Rett som det var kvakk ho upp og skreik: "bed Baard koma!" og SIDE: 177 strakst etter jamrande: "nei, nei; eg kann ikkje, eg kann ikkje!" Eller ho bad Anna sende Bòd etter Presten; men i næste Stundi fekk det vera att. Stundom kom ho med underlege Spursmaal, eller med ville fæle Sogur som ho fortalde med slikt Aalvor, slik Uro; so bad ho Anna fortelja Sogur av same Slage og spurde henne ut um alle Ting i deim, liksom det vedkom henne! Ender og Gong sat ho i Sjølvgløymsle og mulla uhyggjelege Ting um den Vonde, um aa narre den Vonde ... Anna vart rædd denne bleike Kona og trudde meir og meir at ho ikkje var klok. Det torde ho ikkje segja; dess meir forpint og raadlaus kjende ho seg. Det var tri Dagar att av dei tie. Daa heldt ikkje Baard det ut lenger. Han gjekk inn til Mor si og spurde henne aalvorsamt, um her var nokon Ting tids. Han fortalde henne det som ho hadde sagt daa ho laag sjuk, og um dei Tankane han hadde teki av det. Gunhild sat og gøymde Andlite; han kunde sjaa at det gjekk Skjelte-ridir gjenom henne; men ho svara ikkje. Daa vart han rædd. "Svara meg, Mor. Skal eg døy?" sagde han. "Eg gjeng her og sjuknar burt av Uro; eg fær ikkje Fred korkje Natt eller Dag; seg meg at eg tek i Miss! seg at eg ikkje skal døy; at det er berre sjuke Innbillningar av meg! Seg det, Mor! eg bed deg! -- for eg kann ikkje døy no." Gunhild svara ikkje; berre sat og vreid seg. Sistpaa sprang ho inn i Soverome sitt og stengde Døri. Baard høyrde at ho stunde og bar seg der inne liksom ho hadde vondt. I si Sjælenaud gjekk Baard til Doktaren. Doktaren sagde at han var frisk som ein Fisk; "og du døyr ikkje, -- utan det skulde vera so laga." "Men eg vil ikkje døy!" sagde Baard. "Hyss, Gut," svara Doktaren." Er det Guds Vilje, so lyt du bøygje deg." Guds Vilje! Kor kunde Gud vilja slikt! Ikkje den verste i Verdi kunde vilja det ... Han gjekk til Presten. Ikkje til den unge, men til den gamle; den som han kjende. "Kann slikt vera Guds Vilje?" spurde han. "Me kann inginting vìta," svara Presten. "Guds Tankar er ikkje vaare Tankar og hans SIDE: 178 Vegar er ikkje vaare Vegar; og so høgt som Himilen er yvi Jordi, so høgt er hans Tankar yvi vaare Tankar og hans Vegar yvi vaare Vegar." Baard fór hjelpelaus paa Dør. Kva brydde han seg um Guds Tankar og Vegar? Han vilde lìva, lìva; han vilde lìva! han vilde ikkje døy! Det var Synd aa taka Live hans no; Synd mot honom, Synd mot Mor hans; Synd mot den unge Gjenta han hadde fest til seg; han vilde ikkje døy! Men med kvar Time som gjekk vart han meir uroleg. Anna saag at han var i stor Naud. Og ho lagde seg graatande inn til han og bad han fortelja kva det var. "Eg hev det so vondt," sagde ho; "for eg er so uroleg og fær inginting vìta." Daa sagde han henne det. Ho trøysta han so godt ho kunde. "Mor di er sjuk," sagde ho; "og det er lite sætande, kva sjuke Folk drøymer ihop." Men i Grunnen var ho likso rædd som han. Dei klyngde seg inn til kvarandre, og heldt liksom kvarandre fast. "Du maa ikkje døy!" bad ho; "eg vil ikkje døy!" jamra han; "bed til Vaarherre for meg, du; du er so god og fager; deg maa han høyre!" Dagen var komin. Idag fyllte Baard sitt attande Aar. Gunhild laag inne og var sjuk. Baard sat i Rome ved Sida bleik og raadlaus; Anna gjekk uroleg fraa den eine til den andre og freista faafengt aa vera til Hjelp. Ho bad Baard halde seg inne; det var liksom tryggare, det, totte ho, helst paa slik ein Uvêrsdag som denne. Baard tenkte det same og sat. Men strakst etter fann han, at inne var likso utrygt. Ein Ljonstraale kunde koma sprettande og sprakande og sløkkje han ut som eit Ljos; Stormen kunde auke paa og taka med seg Huse. Og det verste av alt: det hadde hendt, at friske, sterke Folk seig daude ned der dei sat; og ingin visste kva dei døydde av. Han gøymde Andlite i Hendane. Gong etter Gong spurde han Anna um han kunde koma inn til Mor si. Anna riste paa Hovude. "Ho vert meir og meir ør." "Kva talar ho um?" spurde Baard. "Eg skýnar det ikkje," sagde Anna; det er so fælt. Det er Vitløyse. Aa Baard, SIDE: 179 eg trur det er vonde Draumar og Innbillningar alt ihop." I det same høyrde dei Skrik derinne. Dei skvatt upp og lydde. "Baard! Baard!" høyrdest det jamrande fraa Mori; -- han inn. Anna vart standande som fortrolla; ho rette seg fram og lydde med Augo og Øyro, med den opne Munnen som ikkje torde ande; men Inkje var høyrande. Det kom burt i Kviskring, i Graat, i Stynjing og Bøn, i Jammer ... Herre Gud, kva kunde det vera. Og det varde so lengi. Det vart aldri slutt. Stundom stansa det; og Anna høyrde kor Baard mana paa, i aukande Uro, meir og meir utòllegt. Det var nok slikt som ikkje rett lét seg fortelja ... Endeleg døydde det av i laag Kviskring; so braut det upp att i rædde Rop: "Nei! "Nei!" "Seg det! seg det!" bad Baard; "lat det vera so vondt det vera vil; eg maa vìta det!" "Nei, eg kann ikkje! Gakk ifraa meg!" ropa Mori. "No gjeng eg ikkje, fyrr eg fær vìta det," svara Baard; Mæle hans lyddest so strengt at Anna skalv ved det. So vart det stilt ei Stund. Daa sette Baard i og skreik. Eit langt vitlaust Skrik; Anna kunde ikkje vente lenger; der inne var i denne Stundi Domen hennar sagd; ho sjaka inn med skjelvande Kne; Barmen kjøvdest av Fælske. Og der stod Baard; med Hendane i Haare; stirande, bleik, raadde liksom ikkje med seg; men Mori laag nedgravi millom Høgjend og Lakan og skalv, so det saag ut som Sìnedraatt. Anna kava med aa faa upp Mæle, men kunde ikkje; ho snikte seg burt til Baard og nappa han i Armen og kviskra: "kva er det?" Daa vektest han; skar i med ein stygg Laatt og svara: "eg er seld til den Vonde!" Anna seig i Kne framfor han; ho trudde ikkje sine eigne Øyro; "kjære, seg ikkje slikt; du meiner det ikkje; du veit det er ikkje sant! Kva vondt hev du gjort, at slikt skulde hende?" -- Det var som det grét i han; og han svara med eit Mæle ho ikkje kjende: "Mor mi selde meg fyrr eg vart fødd." Anna stod raadlaus. Det svimra og svartna for henne. Ho sprang burt til Sengi, treiv Gunhild i Armen: "det er Lygn! slikt hender ikkje! det er Lygn!" Men Gunhild slo upp eit Par Augo so fulle av Jammer og Pine SIDE: 180 som ho alt var fordømd. Og ho sagde til henne: "kann du no frelse han, du Guds Engel, so gjer det; for eg hev gjort som han segjer; og Tidi er ute i denne Natt!" "Gakk til Presten, den unge Presten," hadde Mori sagt. Her var ikkje anna aa gjera. Baard kjende seg ikkje sjølv; han var vortin ein annan. Dette aa vera seld; aa ikkje eiga seg sjølv; vera utan Rett og utan Vilje liksom ein Ting, so naar Eigaren kom so laut ein fylgje, liksom Sauen som gjeng paa Vollen og ét grønt Gras og er glad, og so kjem Slagtaren! Um ei liti Stund vil Jordi klovne; og lange kvasse Kløar vil koma krøkjande ... Baard flaug gjenom Stormen som ein skræmd Fugl. Og han kom stupande inn paa Prestekantore med Augo i Haargarden og gapande Munn: "frels meg, Prest!" Presten skvatt upp; Mannen maatte vera galin. Men so fekk han vìta at det var Baard, Son aat den bleike Frua. Og han liksom nikka til seg sjølv: endeleg kjem han. Han fekk Baard so vidt til Ro at han kunde tala. Og so tok Baard til aa fortelja. "Men det eg her fortel," sagde han, "maa ingin vìta!" "Det du skriftar for meg," sagde Presten, "fær ingin vìta utan Gud." "Um det so var det verste av alt?" -- "Um det var verre enn det verste." Og Baard fortalde. Men med ein Gong flaug han upp. "Her er ikkje Tid til langt Drøs; seg meg, Prest, kan du mana den Vonde?" "Du veit ikkje kva du snakkar no," sagde Presten. "Jau dessverre," svara Baard. "Idag, i denne Kveld kjem han og vil hava meg; for han eig meg; han hev kaupt meg ..." "Hev du, som er so ung -- ?" "Ikkje eg, men andre! andre hev selt meg!" -- "Andre? Kven andre kunde selja deg?" spurde Presten forbina. Baard létst ikkje høyre. "No vil eg spyrja deg," heldt han fram, "gjeld den Handelen? Hadde andre Rett til aa gjera slikt med meg?" -- "Retten skal me ikkje tala um," sagde Presten. "Men SIDE: 181 um Handelen gjeld, det stend paa kven desse andre var." "Det var ... men er det visst at ingin fær vìta det?" -- "Tvilar du?" -- "Aa nei; det er sant ... Ja det var ... det var Mor mi." Presten glodde. Var slikt Raad. Kunde eit Kvende koma so langt? Kunde ei Mor selja sitt eigi Barn? Stod det ikkje skrìvi, at det er Uraad at ei Mor kann forgløyme Barne sitt? I Sanning: Mannahjarta var ein fæl og forskræmeleg Ting, fullt av stygge Gaatur og Løyndomar, mett med ugudelege Hugdrag og djevelske Lystir; men slikt hadde han endaa ikkje tenkt. "Fortel," sagde han til Baard. "Er dette sant, so maa det vera ei syrgjeleg Sogu. Fortel og gjev deg Tid; um den Vonde kjem, so kjem han ikkje utan ved Midnatt." Baard vart rolegare og tok til aa fortelja. Han fortalde alt det han hadde høyrt av Mor si; og so fortalde han um seg sjølv. Og som han sat der og fortalde, mintest han fleire Ting, snart eit og snart anna, som han sjølv hadde røynt, og som han no forstod maatte ha vore Minningar og Aatvaring um det han hadde i Vente; det var mest Draumar og slikt. Fyrr hadde han ikkje lagt Merke til sovori; no fortalde han det i stor Rædsle, og det voks og vart reint forunderlegt, teki paa denne nye Maaten. Og Presten trudde meir og meir paa det han fortalde, og myrkna ikring sine harde Augo; Make til fælt hadde han aldri spurt. -- "No veit du alt, Prest," sagde Baard; "seg meg no for Guds Skuld, um ein slik Handel kann gjelde." Presten tagde ei Stund. So svara han: "Ja." Baard hadde nok tenkt so sjølv; og likevel var det fælt aa høyre det stadfest av ein Mann som visste det. "Nei, nei," bad han; "det er ikkje Raad! slikt kann Vaarherre ikkje tillata." "Du vil ikkje meistre Gud?" spurde Presten. "Vil du segja til Gud: det og det er rett og det hev du Løyve til; men det maa du ikkje gjera? Vil Krukka lære Pottemakaren? vil Skapningen skrive Skaparen Lovir?" Baard kjende seg skamfull; "nei, nei, ikkje so," sagde han. "Men eg forstend ikkje -- " SIDE: 182 "Forstend! forstend!" hermde Presten i heilag Harm. "So du vil forstaa Guds Tankar? Du vil gjera deg vis yvi Guds Raadir! Du, Makken i Moldi, du Krek som ikkje er verd at Herren skal treda deg med sin Hæl, du rotne Kar fullt av Synd og Ufysedom, du som i kvar einaste Stund av ditt Liv hev fortent Helvite tusund Gongir med dine stygge Syndir du vil gjera deg vis yvi den heilage i Himilen og forstaa hans Vilje? I Sanning: um Djevelen stod fram i denne Stundi og tok deg livs livande, du hadde ærleg fortent det." Baard vart rædd. Slikt hadde han ikkje tenkt; og so myndig Tale hadde han aldri høyrt. "Eg meinte det ikkje so," sagde han spakt; "det var berre det, um ei Mor kunde hava Rett ..." "Du skal ære Far din og Mor di," sagde Presten; "og ikkje hev du Lov til aa døme deira Gjerningar, kor underlege du so kann synast dei er. I Grunnen er du ikkje verre farin du enn me andre. Gjenom Arvesyndi er me selde til den Vonde alle ihop. Du negtar aa godkjenne det Mor di hev gjort? Likso godt kunde du negte aa godkjenne at ho hev fengi og født deg; for det gjorde ho og utan aa spyrja deg. Agta deg, Gut, og tenk deg um! Alt det du fær i Arv av dine Foreldre skal du taka imot som det kom ifraa Gud, taka det som ei Guds Gaave eller ein Guds Straffedom; Synd, Sjukdom, Daude, alt maa du taka; og klagar du, so klagar du imot Gud som hev skapt deg! Kvart Barn som vert født er født i Synd og Guds Unaade, er Djevelens Barn og Eignalùt; og ingin kann klaga um han vert fordømd, men maa prise Guds Visdom og Rettferd i sjølve Helvite; for Helvite er vaar rette Arv, og der høyrer me av Natturi heime. Men den som vert frelst, han vert frelst av Guds ufortente Naade, og ved eit Under som er yvi all Forstand, so sjølve Æva ikkje vert for lang til retteleg aa takke Gud for slik ei uforskyld Velgjerning; men den som gjeng til Helvite maa segja: visseleg nyt eg no min Rett og det eg hev fortent; men Guds Rettvise og Heilagdom er utan Ende!" Baard seig meir og meir ihop der han sat. Han hadde aldri visst dette. SIDE: 183 "Og du," heldt Presten fram, "maa meir enn andre tegja og bøygje deg for Guds Rettferd, du som i all di Tid hev livt i Synd og Ukjurskap, og rett gjort deg fyri med aa vera Guds Vilje imot! Ver viss paa det: daa Gud gav Mor di Magt til aa gjera denne Gjerningi mot deg, daa saag han fyriaat, at du vilde verte ein ugudeleg Mann som vilde fortena verre Uferd enn dei fleste; og daa gjorde han deg berre din Rett, daa han lét deg gjeva den Vonde i Vald." "Men ... men ... Anna? kva serskilt vondt hev ho gjort?" "Um ho hev gjort noko serskilt vondt kann me ikkje vìta, men det veit me, at hev Gud sendt henne dette, so hev han sétt at ho trong um det til sin Sjælebate." No visste ikkje Baard meir. Han kjende seg uppraadd. "Skal eg fara til Helvite i Natt?" spurde han hugsprengd. Presten tagde og saag paa han. Og daa han tottest sjaa at den unge Mannen var mykt, sagde han: "Um du fór til Helvite, so hadde du Inkje aa segja. Men liksom det elles er Guds Vilje at so mange som mògeleg riv seg ut or Satans Kløar og narrar den Vonde for Sjæli si, soleis maa det og for deg vera rett aa prøve aa finne Frelse, endaa um den Vonde hev sterkare Rett paa deg enn paa Fleirtale. Men skal du verte frelst, so maa du fyrst bøygje deg aalvorsamt i ditt Hjarta for Gud og gjeva deg heilt ut i hans Vald ..." "Ja, ja! eg vil! eg vil!" "Bøygje deg for Gud og vedkjennast, at kva han so vil gjera, so er han den rettvise og heilage, men du Syndaren som ingin annan Ting fortenar enn Helvite." "Ja, ja!" "Han er den som hev all Retten og all Magti i Himilen og paa Jordi; so at um du var den største heilage, og han vilde fordøme deg, so gjorde han berre Rett i det; og du hadde ikkje anna aa gjera enn aa bøygje deg og prise hans Namn, men skjemmast yvi din eigin Armodsdom, og hugse, at du mot honom var mindre og mindre verd enn det armaste Krèke er mot Leviatan." SIDE: 184 "Ja." ... "Og du maa beda um Naade for alle dine Syndir, men serleg for den som er den verste av alle: at du hev tenkt trassige Tankar mot Gud og sjølv prøvt aa vilja forstaa og døme hans høge Tankar og Raad og hans vise Vilje." "Eg bed, eg bed ..." "So og for den Syndi som deretter er størst, at du hev tenkt vonde Tankar mot dine Foreldre og serleg mot Mor di, som du ingin Rett hev til aa døme, men er skyldig til aa elske, ære og lyde, endaa naar ho gjev deg den Vonde i Vald." "Ja, ja ..." "Ærlegt og friviljugt maa du bøygje deg i ditt Hjarta for Gud og for dine Foreldre og tenkje: eg aaleine er Syndaren; eg hev fortent alt vondt i Tid og Æve; de gjorde Rett daa de dømde meg til dette, og eg ærer dykk av all mi Sjæl; men vil du, store, ævuge Herre Gud! av din ufortente Naade frelse meg, so vil eg all Tid vera din trufaste Tenar og takke deg gjenom alle Ævur, av di du var meg so uendeleg god." Stormen dura kring Huse; Tuting og lange Tonar høyrdest, og Portar og Fløyar skreik; det var greidt at Uvêre voks, og dette totte Baard var eit vondt Merke; i slikt Vêr raadde den Vonde framifraa. Han lydde paa Presten, men attaat paa Stormen; og di meir den voks, di mindre kunde han samle. "Paa Kne!" ropa Presten, medan det ylte gjenom Huse; "paa Kne! og bøyg deg for Gud!" Baard lagde seg paa Kne, endaa det fall stivt; og han ropa som yvigjevin: "eg bøygjer meg i mitt Hjarta for Gud; han hev Retten ..." " -- for Gud og for dine Foreldre!" retta Presten strengt. "For Gud og for mine Foreldre; dei hev Retten og Magti til aa gjera med meg som dei vil; men eg er Syndaren, og eg hev fortent det; og um dei sender meg til Helvite, so vil eg prise deim for deira store Naade og alltid vera deira trufaste Tenar ..." han saag tryllt upp. "Er det so?" spurde han. SIDE: 185 "Eg trur du meiner det rett. Gjev deg no i Guds Vald og bed um Naade." "Eg gjev meg i Guds Vald og bed um Naade," jamra Baard i si store Naud. Og han spurde Presten: "er det rett?" "Statt upp, Son min," svara denne. "Og no maa du frelse meg!" bad Baard i si Naud. "No skal me gjera det me kann," svara Presten. "Gud fri deg so sant fraa alle dine Syndir!" "Men," lagde han til; "at eg kann vera viss paa at du hev det rette Aalvor og meiner det ærleg, so lova meg her med Hand og Munn, at so sant du vert frelst, so skal du gjeva Tridjeparten av alt det du kjem til aa faa etter Mor di, til den Kyrkja, der du vert frelst, -- Gud til Ære og di arme Sjæl til Helsebot." "Eg lovar det ... so sant eg vert frelst ... so sant eg ventar Guds Naade," sagde Baard. Presten sette seg og skreiv. Um ei Stund lagde han Papire fram og sagde: "her hev eg sett upp Gaavebreve; skriv under." Baard tok Pennen og gjorde ein Kross; Presten sette Namne hans til. "So i Guds Namn!" sagde han og reiste seg. Det var langt paa Kvelden. Presten drog paa seg Kjolen, tok til seg ei gamal Bok som Baard saag paa med stor Glede; det maatte vera Svarteboki; so fann Presten fram Kyrkjelykilen og ei Lykt og bad Baard fylgje seg. "For Altare er me tryggare enn her," sagde Presten; Baard saag at han var bleik. Dei gjekk. Daa dei var eit Stykke ifraa Huse, kom det tvo Kvende fram or Myrkre og fylgde stilt etter. Den eine studde den andre uppe, og dei hadde stor Møde med aa vinne seg fram. Det bar aat Kyrkja. Det var uhuglegt Vêr. Og Gatune var tome og Husi stengde; gjenom Storm-ylen høyrdest Sus og Marm fraa Sjøen liksom ein djup, haas Tone. Presten kunde knapt koma fram for Kjolen sin; men Baard gjekk og heldt han fast i Handi og tottest sjaa den Vonde glytte fram med SIDE: 186 Skinnvengir og Horn attum kvar Gavl. Han hadde aldri visst at det var so langt til Kyrkja. Endeleg var dei der. Presten sette Lykilen i Døri og vreid upp; det sukka forunderleg i Laasen, og Gjengi skreik. Innanfor var fælande stilt; men ei vaat, tung Steinluft stod imot deim som or ein Kjellar; og for kvart Stìg gav det Attergny rundt alle Kvelvar og Krokar, so det høyrdest som mange gjekk. Her lyddest Stormduren fjernare, men holare og tyngre; det var som Toredùn attum ein Bergaas, men med lange Yl gjenom Gluggar og Taarn. Baard kjende Kaldsveiten renne nedyvi Andlite sitt, og heldt Presten i Handi med eit hardt Tak. Men han kjende, at ho skalv, den Handi han heldt i. Kyrkjegolve fekk aldri Ende. Det var som dei stod og steig paa same Flekken og ingin Veg kom. Kalde Gustar strauk linnt imot deim; det kjendest som Kausing av lette Hendar eller som Pust or usynlege Gap. Kvite Lakan skimta fram og gøymde seg attum Sular og Murkantar; og uppyvi deim, og rundt under Kvelvane, høyrdest liksom kvævde Vengjetak. Det veike Lykte-ljose gleim ustødt burt-yvi Stoleradine og vakte lange, urolege Skuggar som flutte seg og flydde og mengde seg att med det store Myrkre innmed Veggine. Endeleg naadde dei Altare; no var dei framme. Baard saup djupt etter Anden; paa denne heilage Staden kunde ein vel vera trygg, helst naar ein hadde ein Prest med seg. No kveikte Presten Altarljosi; bad so Baard leggje seg paa Kne innmed Altare. Baard so gjorde; der laag han halvløynd attum Prestekjolen. Presten snudde seg fraa Altare og slo ein vid Krins kring seg i Lufti med Handi; so gjorde han Krossteikne til alle Sidur og tok til aa beda. Han bad fyrst Gud tilgjeva, at han kom fram til hans Altar med ein so syndig Mann, som i alle sine Dagar hadde livt i Agaløyse og Vantru; -- "men no hev han bøygt seg og gjevi seg i ditt Vald, og søkjer her audmjukeleg din Naade; difor bed eg for honom, og bed deg av di endelause Miskunn um aa frelse han i den store Naudi han er i no, og aa vera hjaa oss baae i denne Stund og berge oss baae, men honom iser, fraa Djevelens SIDE: 187 Magt og arge List." Og han bad lengi og fagert; bad, vigde og lyste Fred. Baard hadde godt av kvart Orde. Og han bad halvt med. "Dang -- !" lét det stilt og mildt uppe fraa Taarnet; det var Klokka som slo; for Baard lyddest det som eit Svar fraa Vaarherre. Men strakst etter ylte det stygt upp-i ein Taarnglugg, liksom til Spott. Og Stormen tok Tak; det drunde i Kyrkja, og ei ustød Banking høyrdest i Veggine. Presten tok Boki og gav seg til aa lesa. Det var utan Tvil Svarteboki; Baard skýna ikkje eit Ord. Men han hadde likevel so godt av det. Det lyddest so sterkt; det maatte kunna skræme den Vonde. Men di lenger det leid, di meir tok Presten til aa skjelve i Mæle. No kom det visst snart! Baard klengde seg tettare inn til Altare. "Dang -- dang!" song det fraa Taarne; men Stormen bura so det knapt var høyrande; det var som dei gode og vonde Magtine slost. "Les Fadervare no!" ropa Presten; "no kjem verste Striden!" Daa vart Baard rædd. Han tok til aa lesa; smaatt, for seg sjølv; men kom ikkje ut; for han las gali. Tok paa att fraa nytt; men kom av det i den femte Bøni. Kor det dura der ute. Kven var det som banka i Veggine tru? Og all denne underlege Murring og Surring ... var det Smaadjevlar som hadde tenkt aa leike seg med han i Kveld? -- Dei sat der langt bak, paa Stolryggine, i Radir; liksom Ulur, liksom Kattar; han tottest sjaa deim; han tottest kjenne kor Augo deira glodde fram or Myrkre som gul Eld. Rome var fullt av Skrymt; av Djevlar som sat og lurde; som sat og kvesste Kløane og beit seg i Ragge; dei venta! dei passa paa! Han las Fadervaare upp att og upp att, og samla ikkje lenger anten han las gali eller rett. Og Presten messa; messa so det kvein; Tonane kraup rædde ned gjenom Kyrkja og støytte mot Veggine; kom so endaa ræddare attende. Hu, kor det knast. Var det den Vonde som kom upp gjenom Golve? Det lukta brennt; det lukta Svaavel ... Han slo baae Armarne kring Altare og klengde seg fast. Forunderlegt! det var som Kyrkja sokk! Nei; ho stod. Nei; ho stod ikkje. Ho løyste seg fraa Grunnen; ho SIDE: 188 duva; ho dreiv som eit Skip i Have ... "Dang!" song det varslande og vedkjømelegt liksom langt burte i ein Bergaas; "dang! dang!" "No vere Gud hjaa oss," sagde Presten. Han tok Messeserken paa seg og slo Teikn i Lufti. "Bed Gud fri deg for dine Syndir! for no vil dei tyngje mest," sagde han. Og Baard bad. Presten tok Kalken i Handi og heldt fram fyre seg; so tok han til aa syngje med skjelvande Mæle um Jesus Kristus som dreiv Djevlar ut og let deim fara inn i Svineflokken ved Genesaretsjøen. Baard tenkte fælin paa alle sine Syndir, fraa dei fyrste, daa han leika Kjærast i Gata med Gjentungar, slost med Gutane og gjorde Ustykke mot Ferdafolk, til dei siste, daa han fór ute til Sjøs og var Villgast, skamslo Folk og drakk og øydelagde Gjentur ... Deira Vaabønir og Klagemaal vilde høyrast i Himilen no, kannhende sterkare enn alle hans Bønir. Det gjekk ein Dùn gjenom Kyrkja som av eit tungt Fall. Baard kvakk upp; klora seg fast i Altare so Fingerendane sveid: "no kjem han!" Det bura og braka; det knaka og knast; han kjende tydeleg at Kyrkja ikkje lenger stod paa fast Grunn ... Og under i Golve og rundt i Veggine klora og krafsa det liksom av Kløar; Liki nede i Kjellaren dunka tungt i sine Kistelòk; dei venta Gjestir! Baard treiv Tak i Prestekjolen, vitlaust rædd. Det svartna gjenom Rome; Ljosi brann blaatt og gult; no tok Kyrkja til aa svive; det kviskra og kvæste rundt alle Lemmar; ein stor Kvalfisk med Eldaugo laag og gapte ned i Kordøri og vilde gløype han; det var den Vonde! Det var den Vonde. Han voks, voks og vart styggare og styggare, og hadde lange Armar som kraup og tøygde seg uppetter Golve nærare og nærare, og vilde faa Tak i Føtane hans. Dynjing og Dunder gjekk gjenom Rome liksom naar dei spikrar Lòke paa ei Kiste ... "Vik burt, du vonde Aand!" skreik Presten i Daudrædsle; "denne Mannen hev gjevi seg Gud i Vald!" -- Eit villt Rop som av eit Kvende høyrdest, og hastande, ustøde Stìg. "Eg vil vera hjaa han no! Meg kann den Vonde taka, ikkje honom!" ropa det; og tvo Kvinnur trengde seg fram mot Altare. Den eine var Gunhild, fæl SIDE: 189 aa sjaa, blaableik yvi sine hole Kinn, Haare i Tjafsar framyvi dei blodsprengde Augo; den andre var Anna, kvit som Lik. Med stivt Andlit og endaa stivare Augo rette Presten Kalken og Boki fram imot deim, lyste og forbanna so det gjekk svart um deim; "vik burt de Djevlar i Kvendeham!" Og dei fekk ikkje koma fram til Baard. Daa kvakk Gunhild stygt; ho seig halvt attende og studde seg tungt mot Anna. Men Anna orka ikkje meir. Ho lagde henne varlegt ned; lagde seg sjølv paa Kne ved Sida av henne og tok til aa lesa Fadervaar, halvt i Ørska, halvt i den Tanken aa vise Presten at dei var Folk og ikkje Skrymt. Daa vart Presten standande som handfallin. Og daa Anna kom til den tridje Bøn, tok Klokka til aa slaa tolv. Midnattstundi var yvi. Presten drog ein djup Sukk; han studde seg skjelvande til Altarborde og turka Sveiten av Panna. "Frelst!" sagde han. Baard krabba fram paa Knéi og treiv Hendane hans: "Takk! Gud løne deg for dette æveleg!" Det gav ein Rykk i Gunhild. Ho rette seg upp: "frelst?" stunde ho. "So Gud vere æveleg Lov og Takk ..." Ho seig tungt attende. Daa Baard kom fram til henne var ho slokna. Dei tvo unge laag paa Kne innved henne; Presten stod attum med Ljos. Og han sagde: "maatte Mori no gjeva si Sjæl i Bot for Barne? Me veit ikkje. Men Guds Domar er alle rettvise; honom vere Pris og Ære æveleg, Amen." SIDE: 190 Stordaad. Det var ein Novemberdag i Kristiania. Og Dagen var slik som ein Novemberdag skal vera i dette hyperboræiske Hòle: graakald og ufjelg, med gule Vindkvervlar føykjande gjenom Gatekrokane, og med Dumba drivande gjenom Lufti tett og kvass som Rennefòk. Men Folk laut vera ute. Ein her og ein der kilte dei burtetter Fortaagi, krylande, kavande, flaksande i Vinden som gamle Fillur, med Hattane nedyvi Nasane og Hendane i Hattane. Og Kvinnfolki bauta seg fram so godt dei kunde med si store Seglføring, vinglande mangeleis i Vindkasti. So kom dei gule Kvervlane farande; fekk Tak i deim; drog deim inni seg; løynde deim burt i sitt hole Fangtak; dansa rundt med deim so Stakkane fauk; slengde deim so fraa seg att mot Vegg eller Stokk og lét deim greide seg som dei kunde. Og Taksteinane uppaa Taki hoppa og leika som dei var lìvande; Skorsteinane blés Musik. Men nede ved Piperviksbryggja laag Jektir og Skonnertar og duva og dukka og skreik i Riggane og sleit i sine Kjettingar, liksom dei vilde rive seg lause og koma seg vel herifraa. Det var eit Hunde-Vêr. Men Folk laut vera ute, og det daa ikkje minst dei som var skralt klædde. Fram gjenom Klingenberggata kava seg soleis med stort Stræv og mykje Vingel tvo Fatig-ungar med ei Lirekasse. Det var ei Gjentetaus i Masjonsalderen, storbygd og bleik, og so ein Gut paa dei tie eller elleve. Av Klæde hadde dei ikkje meir enn dei turvte nokon av deim, men Guten SIDE: 191 minst; og det vesle dei hadde var Fille i Fille og Bot i Bot, helst hjaa Guten. Føtane deira var ikkje langt ifraa nakne; og det dei brùka til Skor var lite verdt aa sjaa paa. Men paa Ryggen bar Gjenta Lirekassa; og Guten gjekk med den vesle Lirestolen under Armen og fraus so han blaana um Nasetippen. Han var mager som ein Marekatt og svoltin som eit Slòg; og Gjenta, ho var vel ikkje stort meir mett. Det var stridt for henne aa arbeide seg fram med Lira paa Ryggen; og Meiningi var, at naar Vinden kom og vilde danse med henne, so skulde Guten vera henne til Studning og Hjelp. Men Vinden var sterk og Gutungen veik; og meir enn ein Gong vart ho sett til Veggs, so det song baade i henne og i Kassa. Daa skreik ho gjenom Blaastren og sagde at Guten var ein Tosk og ein Tull og ymist anna som kanskje var vel so stygt; men Guten tok det med Ro og berre hustra og fraus og blés i dei valne Fingrane sine som var harde og magre som Rivetindar; og naar Gjenta saag det, so var det som ho vart blidare att. "Fryser 'u Hans?" peip ho. "Aa, no'e saa," svara Hans. "Slaa Floker da vel!" svara Gjenta og studde seg med Lira uppetter ein Port. Guten sette Lirestolen ifraa seg og freista; men stiv og ulagleg var han, og han fekk det ikkje til. Og vondt gjorde det i Fingertuppane; og ikkje nytta det heller. "Skitt," sa han; "dæ kann vera det samre; jæ fryser naa itte saa reint verst heller. Lat oss gaa naa da!" Og so gjekk dei. Dei var morlause i desse Dagar, dei tvo. Gamla laag heime i Lóssementa i Rødfyllgata og var itte fresk; elles hadde visst ikkje ho spart seg. Til vanlegt var ho aa sjaa psa Gata kvar Dag, denne vesle Halvtussa med Saue-andlite og den flate svarte Halmhatten ut-yvi Augo og Øyro som Straatake yvi ein Høystakk; kvar Dag, Vinter som Sùmar, stod ho i Tuni og sveivde og sveivde paa Lira SIDE: 192 si til aa tena Maten aat seg og sine tvo Lomb, som nok ingin Far hadde til aa Porsyrgje seg, gubbære oss -- dei hadde i det heile ingin Far paa skikkeleg Maate -- ; og Johannemor, Gjentungen, var daa med og song. For Johannemor var eit Vedundr til aa syngje. Ho hadde eit Bryst so lett, so lett; og Maal var der i henne som ho skulde vera ein Gutunge. Ingin kunde gaa so høgt i Abligaturen som ho; og so hadde ho eit Lag med aa syngje gjenom Nasen, so naar ho rett sette i, kunde det gaa til Merg og Bein paa den hardaste. Tusse-Katrine sagde tidt, at ho kunde aldri Gud fulltakke for Johannemor; ho fekk alltid Skillingar naar ho hadde henne med seg, ikkje minst av fine Folk; og naar Lira lét og Johannemor song var det so pent aa høyre paa, at Tusse-Katrine for sin Part ikkje visste noko som var so pent i denne Verdi. I det heile gjekk det ikkje verst for Tusse-Katrine; og ingin kunde segja anna enn at ho stelte vel baade for seg sjølv og for Ungane. Drakk gjorde ho ikkje utan naar det so høvde seg; matlaus var ho sjeldan so lengi ho var frisk; og Klæde hadde ho baade til seg sjølv og Johanne so vidt at dei kunde koma paa Gata. Hans var det ikkje so faarlegt med; han kunde liggje heime, naar det var for kaldt i Vêre. Men i dei siste tvo Dagane hadde Tusse-Katrine vori so daaleg at ho ikkje kunde koma ut; og so vart det ikkje onnor Raad enn at i Dag fekk Johannemor draga paa Byen aaleine. Og daa laut Hans vera med. Han kunde vel ikkje gjera stort til Gagns, han Hansemann, stakkar; men det var daa alltid so mykje at Johanne hadde Selskap. Og so var det dessutan det at Hans var so daaleg klædd, og saag i det heile so kruslin ut, so at mange vilde faa Medynk av aa sjaa paa han; og det kunde daa au hjelpe paa Inntektine, meinte Tusse-Katrine. Det same meinte Johanne. Hans sutra litegrand; men so forstod han at Kvinnfolki hadde Rett; og dermed hadde det daa bòri i Vegen. SIDE: 193 Ved Porten til eit stort Hus stana Johanne; "her ska' vi forsøke," sagde ho. "Kansi dæ," hustra Hans; han kunde ikkje løyne at han skalv. Tennane skangra i den vesle Munnen. Inn bar det med mykje Stræv; den Helvites Vinden var so strid i Porten. "Sett Stolen der 'a," sagde Johanne. Hans gjorde so. Dei fekk Lira ned av Ryggen paa Johanne og ned paa Stolen; og so gav ho seg til aa sveive. Det lét. Johanne saag burtpaa Bror sin med sjølvnøgd Ro; hev du noko aa segja? spurde Augo. Hansemann nikka; han hadde inkje aa segja. Johannemor kunde sine Ting. Og lystigt gjekk det med Slaatt og med Vals; og Vinden dansa, og Taksteinane hoppa, og det taut i lang syrgjeleg Suging gjenom Skorsteinar og Gangar og kvar den Glugg; men Lira peip kvassare enn baade Gluggar og Skorsteinar; og det gjekk so friskt, at Hans reint totte det var Moro. Men Johannemor tenkte paa, at det ikkje vilde vera godt aa syngje i denne Vinden, helst naar ein var so svoltin som ho var i Dag. Det var aldri godt aa syngje naar ein var altfor svoltin; ein hadde ikkje Magt til aa faa Maale upp daa. Og so fór denne Vinden her og føykte og føykte med Ròk og Bòs, so ein reint misste Anden. Men ein fekk endaa freiste; kannhende song ein seg upp etterkvart. -- "Syng med da, Hans! dæ varmer litt," sa Johanne. "Kann du Gjest Baardsens Kjærlighestvise?" Nei; Hans kunde ikkje den. "Kan du "Vi har sagt det saa tidt og du ved det saa godt" da?" Nei. "Tosk du er. Men "Sømandens Forlovelse og Kjærestens Utroskap", den kann du da vel?" Jau; den tenkte nok Hansemann at han kunde. Og so sette dei i, hustrande og veikt, kvinande som naar du klyper Katten i Halen: Jeg var en ung Sjømand, jeg var knapt atten Aar, da jeg blev forlovet, det var da just en Vaar; det var ved Aftentiden, da Klokken hun var ni, som jeg først begjærede den Jomfru saa blid. Du -- du, dudelidu .... SIDE: 194 Hans skalv, so han kunde ikkje syngje stort; men Johannemor kom seg: Hun venlig mig svarte, hun rakte mig sin Haand, og sagde: nu knytter vi vort Kjærlighedsbaand; saa var vi da forlovede i Maaneder ni; saa kom der en anden; saa var det forbi. Du -- du dudelidu .... Vinden skreik i Troppegangar og Skorsteinspipur; Bòs og Dumbe dreiv um deim so Augo gjekk i Vatn; og Johannemor fekk Gong paa Gong Vinden i Vrangstrupa so ho kunde kovne. Men ho gav seg ikkje; ho song seg varm; og det gjekk betre og betre, breidare og breidare, meir og meir gjenom Nasen: Vi laa nu seilfærdig; vi skulde gaa ombord, at lette vores Anker paa Arendals Fjord; og som vi stod og hivde og af alle Kræfter sang, saa kom hendes Broder med Brevet i sin Haand. Du -- du ..... Jeg hurtig læste Brevet alt i den samme Stund; jeg tænkte paa den Aften alt i den grønne Lund; jeg tænkte paa den Aften, hun rakte mig sin Haand; jeg tænkte da hun sagde: nu knytter vi vort Baand. Du -- du .... Dei glytte ikring seg, um der skulde vera Teikn til at dei kunde faa nokonting; men det einaste dei saag var tvo Tenestgjentur som stod uppi ei Tropp og lo. Hils saa din kjære Søster saa venligt fra mig; jeg sørger ei for nogen i Norges Land og Rig'; vi haver strækket Seilene, og alting er klart; adjø, ustadig Sofie, som bor i Arendal. Du -- du, dudelidu .... Ja Vinden den var føielig og stod paa en Nordost; en halv Mil af Torungerne kvitterede vi vor Lods; den anden Dags Morgen, da Klokken den var seks, da krydsede vi med Kursen mod Nord til Nordvest. Du -- du, dudelidu .... SIDE: 195 Vi atter Kursen satte; vi skværte vore Seil; vi lænsede fire Dage for Bramseil og for Raaseil; adjø, du elskte Norge! adjø, ustadig Ven! maaske at du med Tiden kan angre det igjen. Du -- du, dudelidu. dudeli dudeli, du du du. -- Dei tvo Tausine uppi Troppi lo lystigt og gjekk sin Veg. Andre var der ikkje aa sjaa. Uh hu -- u! sagde Skorsteinane. Johannemor og Hansemann glytte burt til kvarandre, eit Grand modlaust ... men det maatte ikkje merkast; "jæ tænker vi prøver mæ Gustav og Karoline, jæ," sagde Johanne. "Faar vel dæ," skalv Hans. I eit Vindauga høgt uppe stod ein ung Student og saag nedpaa deim; det hadde dei ikkje lagt Merke til. Han var bleik og fin, litt framlut og bringeflat; Haare stort, ramnsvart, romantiskt; ein litin nasevis Lorgnett sat og reid paa ein litin nasevis Uppstòd-Nase; Panna var myrk med tri ørfine Rukkur; men um Munnen laag ein Smil, skjelvande millom Spe og Medynk. Det var fælt aa høyre paa denne Kattemusiken, totte Studenten. Det skar i kvar Nerve; det gjekk til Merg og Bein; lesa var der ikkje Tale um; og han hadde longe sidan vori nede med eit Par Skilling og so vist deim ut -- "vergo! gaa saa!" med ei fjong, fornæm Vitting med Handi -- , dersom det ikkje hadde vori den Uheppa, at i Dag aatte han korkje meir eller mindre enn ein Tolvskilling; og den maatte han hava til Middagsmat. Dessutan var det ikkje fritt for at han hadde vondt av dei Fille-Ungane, som dei stod der nede i Vind og Ròk og song for sitt Liv. Han fekk taka det med Ro og lata dei syngje Visa ut; der var vel alltid dei som hadde Sans for slik Musik, og som hadde betre Raad enn han hadde. Studenten sette seg att og freista aa lesa. Han hadde ei uroleg Kjenning av, at dersom han stod lenger og saag der ned, so kunde Samvite vakna ... "Naar Subjektet i den infinitiviske Sætning er det samme som ved det styrende Verbum" ... han fekk ikkje Meining i dette SIDE: 196 ... "Subjektet i den infinitiviske Sætning" ... du -- du, dudelidei! ... "følger i Regelen blot enkelt Infinitiv, henført til Hovedsubjektet ... Hovedsubjektet ... Hovedsubjektet (Nominativ med Infinitiv § 147)" ... han stirde og stirde paa dette og forstod ikkje eit Ord. Naah, Gudskjelov; der slutta dei. No var dei ferduge. No fekk dei vel eit Par Skilling og gjekk. Han sukka av Lettnad og tok paa att med full Kraft. Naar Subjektet i den infinitiviske Setning var det same som ved det styrande Verbum ... Daa byrja Kattemusiken der nede paa nytt Lag. "O motag her, min dyrebare Dukke," bækta Johanne med sin fælaste Nasetone, "sidste Hilsning, fra mit Hjerte gaar; dududelidu, dududelidu; "til Helvete!" banna Studenten. Men Johannemor gav seg ikkje. Ho hadde songi seg varm; og ho song av Hjartans Grunn: Hulde Lina, jeg for dig ei dølger, at din Ynde gjør mit Hjerte Sorg; og min Barm af idel Elskov bølger, indtil sidste Puls i Døden slaar, dududelidu, dududelidu, indtil sidste Puls i Døden slaar! Studenten upp; trampa i Golve; det var ein Musik som kunde pine Live av ein Tryntyrk; det var ein Musik som kunde gaa til Merg og Bein paa ein Lygtepaale, til Merg og Bein paa eit Vedtre ... Blot for dig mit Hjerte trofast banker; blot for dig jeg fatter Kjærlighed; blot for dig jeg øver mine Tanker; Dag og Nat saa stilles du for mig. Dududelidu, dududelidu; Dag og Nat saa stilles du for mig. Jeg mit Purpur og min gyldne Krone gjerne vilde bytte bort for dig; du er mig mer end Kongens gyldne Krone, om den end glinsede som Solen rød. Dududelidu ... SIDE: 197 No stod Studenten ved Vindauga. Han hadde fire eller fem ørfine Rukkur millom Augo; og der var ikkje Skuggen av Smil um Munnen hans. No vilde han hava deim av Stad; paa ein Maate eller ein annan: banke paa Ruta og vise deim burt, eller ... eller ... nei; ned vilde han ikkje gaa. Han fraus berre han saag ut. Og der stod desse stakkars Ungane og gjorde Musik ... hm; det var visst ikkje for Moro. Han lagde tvo nye Vedtre i Omnen og visste ikkje kva han skulde taka seg til. Herregud; i Grunnen kunde han godt gaa ned i Kjellaren til Høkeren og faa veksle den Tolvskillingen; so kunde dei Ungane faa eit Par Skilling ... Hyttens Søn, misund mig ei min Lykke, skjønt jeg staar ophøiet over dig; Himlen skjænke dig en bedre Lykke, som i Verden her blev nægtet mig. Dududelidu, dududelidu ... "Nei; dette her maa pinedø ha en Ende!" banna Studenten. Han tok Frakken paa seg og gjekk. Men Kattemusiken stod skjerande inn gjenom alle Troppir og Gangar; og heile Tidi maatte han høyre Prinsen tala til "Hyttens Søn", tolka av Johannemor med Nasetonar til den haase Lira: Du dit Elskovs Valg kan frit bestemme; ingen Hindring dig i Veien staar; men jeg lytte maa til Lovens Stemme, jeg over disse Grænser ei tør gaa. Dududelidu, dududelidu! jeg over disse Grænser ei tør gaa. Men hist bag Graven, der, hvor alting smiler ... Studenten stana i Portrome; gav seg til aa sjaa paa desse Musikantane. Han fraus med Overfrakke paa; og han saag at Hans fraus utan Overfrakke ... ... der hvor Fyrster intet Fortrin har, Seierskransen os tilsammen binder udi Evigheden til et Par; dududelidu, dududelidu, Udi Evigheden til et Par! SIDE: 198 Gjenta stod og sveivde paa Lira og song; Guten stod og vreid Hendane og song; og Vinden føykte med Klædefillune deira og dreiv Ròk og Bòs uppi Augo paa deim; og Augo var raude og Nasetippane var blaaraude, og Hendane raude som Humrakløar. So tagna Musiken; og dei saag seg ikring; urolegt; modlaust; Augo deira bad ... Han hadde Tolvskillingen millom Fingrane. Fanden i Vald med Middagen! han fekk dessutan alltid laane ei Mark av Petersen ... gjekk burt og lagde heile det store Pengestykke i Handi paa Johannemor. Han gløymde aa segja "gaa!" og gløymde den fjonge Vitting med Handi. Han berre gav henne Tolvskillingen og gjekk. Daa tagde dei tvo smaae. Dei saag paa Skillingen og saag paa kvarandre; der skalv Graat um Munnen deira; og Augo vart fulle og varme som av Gledetaarur. Dei heldt kvarandre i Hendane og saag uppetter Vindaugo, liksom dei leitte etter Studenten; so rusla dei. Men Studenten fraus daa han kom uppatt; han hengde Frakken av seg og lagde Omnen full. Han var rædd han hadde forkjølt seg. Og han murra med seg sjølv: "den som nu enda visste, om disse Ungerne er saa trængende i Virkeligheten som di saa ut til!" Men Johannemor og Hansemann kava seg av Stad gjenom Stormen som dei best kunde. Hjartesæle var dei; og det einaste dei hadde Tanke for no var, korleis dei paa beste Maaten skulde gjera seg godt av den nye Rikdomen sin. "Er du sulten, Hansemann?" skreik Johanne. Hansemann lo yvi heile Fleisen: "d'ær'nte fritt!" sagde han. "Ska vi gaa paa Dampen aa kjøpe Midda' me Tillegg?" spurde Johanne. Hansemann lo høgt. "Jæ tænker dæ, jæ!" sagde han. Og Augo lyste paa den vesle Stakkaren. Han tenkte paa varm Mat. God varm Mat i ein varm ljos Sal, der han og Syster hans kunde sitja i Ro og SIDE: 199 eta av same Fate. Og eta seg gode og mette; og verme seg; og bli gode og varme; og gode og mette ... aah; ja det vilde han! det vilde han! Aa han var so svoltin; han var so liddeli' svoltin. Ikkje tenkje paa det svarte Kote der nedi Rødfyllgata, der uppaa det gamle stygge Lofte der det alltid var kaldt og raatt og aldri Sol; for Vindauga var berre ein Glugg i Take, halvt fyrebygd ... Sitja der og maule Skivu og drikke Vatn eller Pott-Øl ... nei! Og um dei hadde til aa leggje i Omnen, so vart der so fullt av Røyk; og so maatte dei lyfte upp den store Gluggen i Take; og so vart det so kaldt og fælt ... Og so var der ikkje meir enn ein Stol; dei andre maatte sitja paa Sengjekanten; lite var der Rom til aa snu seg heller naar dei var inne alle tri; og i Dag var Mor sjuk, so det var verre enn verst; nei! -- Men paa Dampen, paa Dampen, der var det godt aa vera; der kunde dei sitja og verme seg ein Time um dei vilde; og der var alltid ein Uppvartar som kunde koma til aa sjaa deim og tykkje Synd i deim og stikke til deim ein Braudbite eller eit Par Potetur, eller ei Kjøtslintre som andre hadde leivt ... aa, Hans vart so glad, og so varm innvertes; og kor det hadde seg eller ikkje: sjølve Vinden var ikkje so strid lenger no, totte han. Men so med ein Gong stana Hansemann. Og Gleda gjekk av han so braadt og so tydeleg, at ein kunde sjaa det med Augo. "Hva' æ' dæ?" sagde Johanne arg. For ho visste kva det var. Ho gjekk sjølv og tenkte paa det same. "Mor," sagde Hans. "Ja hva' hu?" spurde Johanne surt. "Hu sa' vil skulde ... komma hjem, naar atte vi fik no'." "Din Tosk! trur du ikke jæ husker dæ, kanskje." Dei tagna. Dei saag kvar til sin Kant. So sette Hansemann i aa graate. "Jæ vil ha Midda' jæ!" sutra han. Det vilde Johannemor au, meir enn gjerne; altfor gjerne. Ho gav seg so smaatt i Gang att; jæ kann jo skylde paa Hansemann, tenkte ho. SIDE: 200 Dei gjekk og dei gjekk. Men det var som dei ikkje fekk Føtane fram; og so bles det so hardt so ... Um ei Stund stana Johannemor. "D'ær naa itte greit aa vera sjuk, veit du," sa ho. Hans grét ikkje lenger; han berre snykta so smaatt. Og han saag ynkeleg ut i sitt magre Andlit. "Dersom vi gjikk hjem ..." heldt Johanne fram. Hans stod og gnìka seg i Augo og tagde. "... saa kunde vi naa kjøpe hjem mæ oss ei Kake, aa saa litt Pølse, Fleskepølse ... " Hans saag upp. "Aa ei halv Flaske Øl ..." Hans saag rimeleg ut. "Aa saa kansi en Dram tel 'a Mor; du veit hu sa dæ' atte hvis hu hadde en halv Pæl, saa blei hu fresk igjen, sa 'a." Hans bøygde sitt sorgtyngde Hovud og tenkte. Mor vart alltid so fjaag naar ho fekk Brennevin; og so kunde ein sleppe aa gaa med Lira i Ettermiddag. Dei drog seg av Stad paa nytt. Og Hans tok til aa sutre og sutre: "hmm -- , hmm -- ; jæ vil ha Midda' jæ!" Men berre so stilt og smaatt no. Johanne lika i Grunnen ikkje det at Hans saag ut til aa vilja gjeva seg. Den Tosken! Kunde han ikkje skrike upp? Kunde han ikkje slaa seg vrang? So kunde ein ha noko aa skulde paa ... "Ja Midda' er godt," sagde Johannemor. "Ja, ja," sutra'n Hans bønlegt. "Aa dæ er saa sjella vi faar 'n aassaa." Hans saag seg ikring med sine sure Augo. Alle desse andre, dei fekk Midda' kvar Dag, dei. "Aa saa kunde vi vel altis spella ihop et Par Skjelling tel 'a Mor i Ettermidda', vel," meinte Johanne. Det sagde ikkje Hans noko vidare til. Dei drog paa og gjekk att. Dei stabba i Veg so fort dei kunde, liksom rædde for aa skifte Meining. Men Føtane var so tunge; og tyngre og tyngre vart dei. Og med Gonga gjekk det seigare og seigare. SIDE: 201 "Aa var 'æ du sa'?" spurde Johanne. "Jæ sa inte-no', jæ," svara Hans. Dei drog seg eit Stykke til. "Hva?" sa Johanne. "Aafferno'?" spurde Hans. "Jæ syntes du sa no', jæ," sagde Johanne. "Nei; jæ sa inte-no," svara Hans. No saag dei "Dampen". Dei glytte urolegt til kvarandre fraa Sida. Dei var rædde kvarandre, og dei venta paa kvarandre. Midda' var godt, men -- . "Mor har itte smakt Mat i Da'," sagde Johanne. Hans saag ustødt paa henne; han visste det. "Der var en Brøskalk i Skape', aa den fik vi ... for at dere ska vera flinke aa komma snart hjem igjen mæ Penger, sa 'a Mor." Hans saag ned i Gata og tagde. "D'ær itte greit aa vera sjuk, veit du," sagde Johanne. Det drog upp til Graat i 'n Hans; han forstod kva Veg det no bar. "Aa dæ kann vera uvisst, 'aa snart vi faar noe i Ettermidda'," heldt Johanne fram. Hans glytte med lengtesjuke Augo bort-til "Dampen". Alle skulde inn der; alle skulde ha Middag ... Munnvikine hans tok til aa vride seg og skjelve. -- "Jæ tænker vi gaar hjem tel 'a Mor lell, jæ!" sagde Johannemor med stort Tiltak, men so livlegt ho kunde, til aa kveikje den vesle Stakkaren upp. "Ja vi faar vel dæ da!" skreik Hansemann. Han saag "Dampen", han kjende Mat-Teven ... kunde ikkje tvinge Graaten; storgrét, stridgrét; men labba i Vegen so fort han kunde, so Systeri ikkje skulde sjaa det. Sinna var han òg. Systeri gjekk eit Stykke etter. Ho kunde ikkje heller tvinge Graaten. Men det var ikkje verdt at 'n Hans saag slikt-no. SIDE: 202 Ungdom. Anne Malene var ein søt Unge, fæl til aa stela Sukker. Og fæl til aa ljuge. Naar ho hadde vori i Skaap eller Matbud og forsynt seg som ho sjølv syntest, baade med Sukker og anna søtt og godt, og so Mor Astrid kom og gav vondt, so laug ho so godt for seg at Mor Astrid lét seg narre; og so sprang Ungen burt til han Per og lo og fortalde og gjorde seg til, for ho kunde narre dei vaksne so godt. "Men naar du kjem inn att fær du Stryk," meinte han Per. "Nei, det gjer eg ikkje," sagde Anne Malene; "ho Mor er aldri i Ulag lengi." Men ein Gong skulde Anne Malene likevel ha Stryk; for ho hadde øydelagt ein heil Sukkertopp. Daa tagna ho og hengde med Nebben. Og daa Mor Astrid hadde fengi henne under Hendar, og stellt alt tilrettes so som det skal vera naar ein Unge skal ha Stryk, vart Anne Malene rædd og bad for seg. "Kjære deg, Mor, slaa ikkje for hardt," sutra ho. Mor Astrid maatte til aa læ; og dermed slapp Ungen. Sidan vart det aldri sagt noko, um Anne Malene stal Sukker. Vesle Per, Son hans Tjerand Nedi-Garden, hadde si store Møde med Malene; for ho vilde alltid vera Kona hans. Dersom ho ikkje fekk Lov til det, so fekk han Juling. Men fekk ho Lov, so dreiv ho og kommandera og masa med han so lengi til dess han vart leid og sagde stopp; og daa fekk han au Juling. Men dersom han grét, vart Anne Malene so blid og snild og fann paa so mykje løglegt at Per laut læ; og so lo dei i Kapp. SIDE: 203 Og vesle Per gløymde baade Sinne og Sut, og gav etter og var Mann med stort Tòlmod; træla for Huse so han burde havt Løn for det. Paa Skulen slapp Anne Malene like eins lett; det var ingin som kunde vera vond paa henne lengi. Ho var helst saman med Gutane; og det fekk ho Lov til; for det fylgde Moro med henne. Snart styrde ho heile Flokken; og desse Smaastertane lika seg ikkje utan ho var med. Det var ikkje Ende paa alle dei galne Ting dei gjorde til aa vera Karar for henne; dei slost so dei blødde Naseblod; vassa i Elv og Bekk so dei vart vaate til Knes; vaaga seg ut paa nattgamall Is; krabba upp paa Lødu og Fjos og gjekk og spanta att og fram paa Møni som store Fuglar; sùme av deim lærde seg til aa banne; og eit Par av dei eldste freista endaa med Tobak. Ho var med deim paa so mykje som ho kunde; sistpaa kunde ho segja "saagu" og "Dægeren færi meg" likso kaut som nokon Gut, og tok sine Drag av Pipa so godt som den likaste. Og daa sette ho slik ein Trut, og var so morosam so; ein kunde læ seg ihel; eller ho gjorde Narr av deim, og gjorde lang Nase til deim, og fekk deim so sinna som smaae Hanar. Anne Malene kunde aldri Leksa si. Og ho kunde aldri sitja roleg i Skulen. Men Læraren sagde ikkje noko for det; og det fann dei andre rimelegt. Daa ho skulde til Konfirmasjon, kom det ille med at ho hadde lesi so lite; ho kunde ikkje Katekisma dessmeir. Ja ho kunde ikkje greide dei tie Guds Bòdi. Men Presten saag at ho var eit godt Barn; det kunde ein sjaa berre ho smilte; og so hadde ho ein god Forstand, og høyrde etter naar han forklaara for deim; og Vaarherre bøygde henne nok naar hans Tid kom. So slapp Anne Malene lett igjenom hjaa Presten med, og fekk eit ikkje verst laagt Nummer. Daa lo ho godt. Ho totte ho hadde narra sjølve Presten. Kyrkja var stor av paa Lande aa vera, høg under Kvelvane, bygd av Stein. Vindaugo saag smale ut, av SIDE: 204 di dei var so høge; men breide Straumar av kvit Septembersol stod inn gjenom deim og gjorde Rome lìvande, med sterke Skiftingar millom Skugge og Ljos; og Veggine som var vide og flate og nakne som Fengselmurar, dei vakna og fekk Skifting og liksom Meining yvi sitt tome tankelause Aalvor. For den som saag inn gjenom Kyrkja fraa Orgetreve saag det ut som dei kvite Solstraumane skifte Rome ut i fleire; dei stod tvers gjenom Kyrkja som Ljosmurar. Det var stappende fullt med Folk, og varmt; og det laag som ei Svevn-Ørske gjenom Rome. Uppetter Kyrkjegolve i tvo lange Radir stod Konfirmasjonsungdomen bleik og trøytt; og Presten, ein ung blid Mann med eit syngjande Tenormaal, gjekk att og fram i Gulve og katekisera um Kristus som Øvsteprest, Profet og Konge. Daa han hadde freista Ungdomen i Trui so godt som han kunde -- men Anne Malene slapp lett -- , heldt han Slutningstale og lagde dei unge paa Hjarta kor aalvorsamt og andsvarsfullt det var, det dei no skulde gjera. Det galdt um, at dei gjekk upp og gav den store Lovnaden, ikkje tankelaust, og ikkje som av Tvang, men av eit fritt og ærlegt Hjarta. For Gud hata all Tvang; frie Tenarar vilde han hava. Daa han hadde tala Konfirmantane so trøytte, at dei berre høyrde Ordi hans som ein Om, som Rop og Snakk langt inn-i ein Draum, sagde han Amen. Og det gjekk ein Sukk av Vakning og Letting gjenom Kyrkja, og eit Brak av Nasar som snytte seg, fleire hundra Nasar som snytte seg grundigt. So vende Presten seg til Vaarherre og bad, at han vilde hjelpe dei unge til aa lova ærleg og halde heilt; for dersom han ikkje gjorde det, so visste me at dei ikkje kunde. Dette heldt han paa med til han var haas; og daa trudde han at han fekk hava Lov til aa slutte. Kyrkjefolke heldt med han i det; Ungdomen daa visst. Solmurane gjenom Rome hadde svinga og svinga og stod no paa Snìd nedgjenom Kyrkja og vilde vera ute snart. Uppe paa Orga gjekk Konfirmasjonssalmen i rolege faste Koralstìg, rullande og tung i Basen, mjuk og søt og eit Grand tilslørd i Tenoren; Kyrkjelyden Song. Daa SIDE: 205 Salmen var til Endes, vart Ungdomen tekin upp til Altare i Avdelingar og konfirmera. Graaten tok til att; Aalvor laag yvi det heile. Det var 81 Konfirmantar, 38 Gutar og 43 Gjentur. Presten som sjølv var trøytt no, ekspedera deim ein for ein rett fort; og dei forsikra alle ihop, at dei forsaka av heile sitt Hjarta Djevelen og alt hans Væsen og alle hans Gjerningar. Det gjekk so taktfast og trygt, at det maatte gjera Kyrkjelyden godt aa høyre paa. Dei som var framme fyrst grét. Dei som kom seinare tok det meir rolegt; mot Slutten grét ingin; og ingin høyrde etter heller; Kyrkja var trøytt; Solstraumane var ute for lengi sidan; Rome myrkna mot Kvelden. So var Anne Malene vaksi. Ho var glad for dette heile Dagen; for no var ho fri; no kunde ho trulova seg kva Tid som helst; han Per kunde koma naar han vilde. Men med ein Gong vilde ho ikkje segja Ja. Ho vilde leike med han ei Stund; og ho vilde være ung og fri nokre Aar fyrr ho batt seg. Ung var ein berre ein Gong; trulova seg kunde ein alltid. Anne Malene lo naar ho tenkte paa, kor mykje Moro ho skulde hava fraa no og til ho var tjuge Aar. Her var mange snaale Gutar aa danse med uppgjenom Tidi; og ho kunde danse med deim trygt, tenkte ho; alle visste at det var han Per som skulde hava henne. Heime stod Maten og venta; god Mat, sterk Mat; og der var tvo Mostrar og ein Farbror; og gamle Far Mattis heldt Brennevin; og der vart Gaman og Glede. Ut paa Kvelden; kom han Per. Saman med tvo andre av Gardsgutane kom han stimande; Brennevin hadde dei med seg. Per hadde alt drukki eit Glas eller tvo; og no skulde dei drikke med han alle. Nei! so rar som han var. Og so mykje Moro han fann paa; og so fritt som det var aa vera vaksne! Sistpaa kom han til Anne Malene med Glase; "du skal ha sist som er den minste," sagde han. "Dei minste skal ikkje hava Brennevin," meinte Anne Malene. "Jau Pinedø," sagde Per; "no skal du drikke; SIDE: 206 for det er fyrste Gongen eg skjenkjer deg; og den siste vert det ikkje! Hei su og du, aassaa su aassaa du," song han; "drikk no! Er du vigtig?" Nei det var ho ikkje. "Er du heilag daa?" "Aah!" Alle i Stogo lo. "Hell hev du skrìvi deg inn i Pottemaale kanskje?" "Korkje i Pottemaale hell i noko Slags Maal!" "Ja i Giftarmaale kjem du no tilslutt likevel; men drikke Brennevin maa du kunna! Hei su aa saa du -- naa daa?" -- "Aa du kann alltid smaka paa det, naar han byd deg," meinte ho Astrid. "Aa jamenn kann du so," sagde Mattis. Anne Malene totte det var rart, men morosamt overlag; ho tok Glase og sagde Skaal og drakk. "Stikk ut," sagde han Per. Nei; no var ho fornøgd. "Fornøgd? no? Heh; eg vil ha deg til Kjering eg, er du likso fin paa Maten som du er paa Drykken!" Ho sette Glase fraa seg kvar ho kunde; ho maatte ut og læ. Per etter. Dei andre sette seg til aa spela Femkort. Daa Anne Malene kom inn att var ho trulova. Ingin skulde vita um det; men dess meir Moro var det no daa. Og ho drakk eit lite Glas Brennevin til med han Per den Kvelden. Dei gamle blinka til kvarandre og smaalo. Anne Malene tok det lett med Festarmaale sitt, og so vart han Per vond. Ho fekk han blid att; men det stod ikkje lengi paa. Ho var ikkje stød nok, totte han Per; og straks tok han til aa furte. Dette vart Anne Malene leid av. So gav ho vondt; og so gjekk dei og saag surt til kvarandre lange Stundir. Du kann koma til aa trega paa det, at du vil tvinge min glade Ungdom! -- tenkte Anne Malene. Sistpaa vart dei reint Uvénir. Dei var i eit Bryllaup ein Stad; og der totte Per at Anne Malene hadde for mykje Moro med ein ung Styrmand som var der. Dei kom i Ordstrid um dette; og det slutta med, at han Per fekk ein under Øyra av Gjenta si. Og daa gjekk han. Den Gongen varde Uvenskapen lengi. Burtimot eit halvt Aar, trur eg. Per totte dette var aa pine Live av seg; men gjeva seg vilde han ikkje. Han var for stor SIDE: 207 paa det til dess. Daa gav Anne Malene seg. Ho snakka til han og spurde um han totte der var Meining i aa gaa slik og bryggje Edik. So vart dei Vénir daa eit langt Bìl. Og dei lova kvarandre baade høgt og dyrt, at dei skulde vera snilde med kvarandre. Men gaa og gjera sure Augo til Folk, det kunde ikkje Anne Malene, og dylja Aabryskapen sin var Uraad for han Per; og so slutta det paa nytt med Uvenskap. Daa sagde Anne Malene beint ut til han, at ho vart leid han paa denne Maaten. Glade Gutar heldt ho av, men ikkje slike Surkaggar og Elteposar som han var. Per vart rædd. Han gjekk til dei gamle og fridde paa Aalvor; og han fekk Ja av deim med stor Glede. So gjekk han til Anne Malene og sagde, at no tenkte han ho fekk vera hans anten ho peip eller ho song. Dette totte Anne Malene var stakkarslegt; og so vilde ho det skulde vera slutt med ein Gong. Daa bad Per for seg. Og so lengi bad han til ho gav etter. Ho hadde so ingin annan ho vilde hava kor som var. Mattis Øvstegard hadde ein Skogteig han vilde selja. Og det vart snakka paa, at han kannhende kunde faa selja til sjølve Staten. Den nye Forstassistenten -- ein ung Fyr; Nordlending; heitte Jens Carlstad -- var innum eitpar Gongir og rødde um dette. Staten kunde hava Hug paa Teigen "til Arrondering", som han sa; men det spurdest um Prisen. Dette galne Stortinge bevilga alltid so lite Pengar, maatte Mattis vìta. Anne Malene lika den unge Guten med Munnskjegge og den rolege Smilen; og Jens Carlstad paa sin Kant var kjend med Anne Malene fyrr han visste Ord av. Han hadde aldri kunna gjera seg kjend med Kvinnfolk fyrr, korkje heime paa Lande eller i Byen; han var knapt nok kjend med sin eigin Kjærast dessmeir; men Anne Malene kjende han med same. Ho var ein morosam Gjentunge, totte han. Og det var hyggjelegt her paa Garden. Han fekk Mat og Kaffi, og aat og drak og rødde med Folke, og gjorde seg gode Stundir. SIDE: 208 So kom han att. Gong etter Gong; tinga med Mattis um Skogteigen og med Anne Malene um ho kunde segja Forstassistent. Men Anne Malene sagde Postassistent, og vende Ordet paa andre Maatar og fekk den unge rolege Mannen til aa læ som ein litin Gut. Og Munnen hans fekk ho paa Gang, so at han, som alle sine Dagar hadde vori faamælt som ei Skildvakt, han skravla no i Veg som ein Skreppekar. Men den som kunde vera med i eit lystigt Drøs, det var Anne Malene. Ho var ikkje rædd for eit sterkt Ord, ho; skjemta med jamvel um Ting som Kvinnfolk i Byen ikkje visste um dei torde nemne; kvìk og glad var ho som ein Kattunge. Men so uskyldig som ho var! Reint ei Barn! Næste Gongen kom Jens Carlstad ein Dag, daa han hadde ein Tanke um, at dei gamle ikkje var heime. Det var dei ikkje heller; og han sakna deim ikkje. Anne Malene fagna han vel; og dei sat og rødde um inginting ei god Stund. Jens gjekk heim i smilande Tankar. Han maatte reint ut segja at han var glad i denne Gjentungen. Ja ikkje paa den Maaten; men ho var so ulik alle dei andre han hadde sétt. Heime paa hans Kant var ikkje Gjentune slike; minst hans eigne Systrar, Lensmannsdøtrane; og i Byen var dei heller ikkje slike. Og so skulde denne Gjenta kasta seg burt til ein Trehest, ein Patent-idiot som denne Per Tjerandsen. Det var for gali, totte han. Helst daa ho nok ikkje brydde seg stort um han, som rimelegt var ... Jens Carlstad smilte. Sjølv vilde han ikkje Gjenta nokon Ting; sjølvsagt! han var forlova; og dessutan hadde han Moral. Og for det tridje ... med eit Ord: han var forlova. Og han heldt av Jenny; sette Pris paa Jenny. Ho var eit Aandsmenneskje; fin, bleik, interessant; god Upplæring; Pianoforte; tysk engelsk fransk; Kunstsans; Sans for Poesi og for Natturi; slik maatte den vera som han skulde ha. Anne Malene var berre Kjøt, ho, stakkar; men -- ja, han visste ikkje; men i Godlag kunde ho faa han. Naa; sjølvsagt; det kunde Jenny au; ho var baade snild og blid. Den Gongen han vart glad i henne, var ho ein heil Villkatt; men daa var ho berre trettan Aar. Sidan SIDE: 209 hadde ho visst sverma eit Grand for denne Pianisten ... Gud veit; kannhende var det daa, ho fekk so mykje aandeleg Sans, og vart meir aalvorsam. Naa; Hovudsaki var, at ho hadde svara Ja daa han fridde; og det hadde ho gjort fint. God Stil; strengt ortografiskt. Han hadde tala for lite med henne enno. Tri Gongir hadde han gjevi henne ein sedeleg Kyss, eller tvo Gongir, dersom ein rekna strengt; for den eine Gongen fann han ikkje Munnen; det var det heile. Men denne galne Gjentungen her -- hm! Den som visste korleis det gjekk til! men i Dag, i denne Dag, utan eit Ord, reint av seg sjølv ... han hadde kysst henne! hadde ikkje sansa etter um Kyssen var sedeleg dessmeir. Aa, han hadde fari aat som ein Noksagt. Det var ingen sedeleg Kyss. Det var ein sanseleg Kyss; aa -- uff. Og ho vart ikkje vond! Ikkje meir enn Kattungen vert vond, naar du stryk han yvi Ryggen! Det var ein søt Unge. Og Jens Carlstad hadde ei usedeleg Kjenning av at han var glad ... uff, glad. Aa, han skulde aldri gjera det meir, aldri. -- Aldri! Han kunde snakke med henne, kannhende skjemte med henne so smaatt, naar det høvde seg so; men i Tukt og Ære; og det som i Dag hadde hendt, det maatte vera gløymt for all Tid; nedsøkkt i Lethe; ja, i Lethe. -- -- Han snakka med Anne Malene so smaatt, og skjemta med henne naar det høvde seg so, baade i Tukt og Ære; men ein Gong høvde det seg so, at det gjekk reint gali med deim. Jens Carlstad var ein Kjeltring! Han hadde forført henne! Det stakkars uskyldige Barne som hadde havt so trygg ei Tru til han, -- no visste ho kva han var for ein Kar. Og Jens Carlstad var grov mot seg sjølv, og banna seg sjølv, og agitera seg upp mot seg sjølv med alle dei Raadir han visste ... og var glad. Glad, glad. For ho elska han! ho, den vesle snilde Gjentungen, ho elska han; -- uff; han var ein Kjeltring. Nei visst var han ei. Han hadde ikkje forført henne. Det kom av seg sjølv; det kom som ei Ulykke. Som Stormen; ingin veit kvar han kjem fraa, og ingin veit kvar han gjeng. Ho vart so søt; altfor-altfor-altfor søt; SIDE: 210 han gløymde at han var sedeleg, gløymde alt; saag berre henne, henne, hugtakande, forlokkande, med ein Smil so søt og so syndig; og ljose Augo i vaat Glans; han saag det gjenom ei Skodde; gjenom ein Rus; han visste ikkje at Kjærleiken var so sterk; ingin visste det no; dei tala og skreiv om aandeleg Kjærleik; og sedeleg Kjærleik, og usedeleg Kjærleik, og Sjukdom, og Satansmagt; men ingin visste noko um Kjærleik! for den var korkje sedeleg eller usedeleg, men sterkare enn Dauden. Og no hadde han misst henne. Ho hadde ikkje sagt nokon Ting; ikkje eit Ord; slo ikkje upp Augo dessmeir; berre gjekk sin Veg, bleik, forskræmd ... ho var vond; han visste det. Ho vilde segja det til Foreldri sine. Dei vilde krevja at han skulde gifte seg med henne; det vart Skandale; det kom til Byen; og naar ikkje han kunde gifte seg med henne, so vilde ho døy, eller koma paa Gaustad, eller glide ned i Styggedom ...; aa, for ein Skarv han var. Og Samvite hans svidde som eit Brandsaar. Men under alt dette var han glad. Han trudde ikkje eit Ord av alt det fæle han maala upp for seg. Han visste at ho elska han, og ... ja det var ved Gud altfor uforsvarlegt. -- So viste det seg at ho ikkje var vond. Han raaka henne uventande paa Vegen ein Dag; ho vart raud og han bleik; so sagde dei Goddag og rødde nokre Ord; um der var Meining i deim hugsa ikkje Carlstad. Med ein Gong hadde han henne i Handi og gav seg til aa tigge og beda at ho ikkje maatte vera vond. Ho maatte ikkje. Ho maatte ikkje. Han hadde ikkje meint noko vondt; det vil segja han hadde -- han -- han vilde berre beda henne at ho ikkje maatte vera vond. Han tok Handi til seg att og sagde noko um, at han vilde agte seg, eller taka seg i Vare, eller ... og so gjekk ho. Men strakst etter snudde ho seg og smilte og helsa: "adjøs, Postassistent!" og var med ein einaste Gong den same som fyrr. Glad, trygg; uskyldig! Ho hadde aldri synda; han laut tenkje seg um. Tok Skam til aa ræddast fyri, at heile den store Syndi berre kunde vera ein Draum. SIDE: 211 Fraa den Tidi var dei Vénir. Dei hadde ein svært greid og god Møtestad attum ein Haug ved ein stor Stein; og under den same Steinen hadde dei Postkantore sitt. Heile Verdi si hadde dei der; alt det andre som var i Verdi, det var ikkje noko. Men i Grunnen var Jens Carlstad ein moralsk Mann. Og kvar Gong han skulde upp til den Steinen, heldt han ein Tale til seg sjølv um kor gali dette var, og at han aldri i Verdi vilde gjera det. So gjorde han det. Og naar det var gjort pinte han seg med Samvitsgnag og aandeleg Sjølvpisking det bedste han kunde, og kjende seg som ein Skarv. Han burde sputta seg sjølv i Augo, burde han! Paa den Maaten hadde ikkje Anne Malene det, so vidt som han kunde skýna. Ho saag aldri ut til aa hava vondt Samvit; saag sin Vén Carlstad likso trygt og truskyldigt i Augo no som fyrr. Og var likso glad; likso fornøgd; der var ingenting i Vegen. Ho var ikkje rædd Folkesnakke dessmeir. Det saag beint fram ut til at ho ikkje visste av at ho gjorde noko gali. Jens Carlstad forstod ikkje dette; han fann det uhyggjelegt. At Folk gjorde Synd, det fekk so vera; Syndarar var me no. Men gjera Synd utan vondt Samvit, det var uforsvarlegt. So gav han seg til aa snakke Moral for Anne Malene. Han minte henne um Bygdi; um Bygdesnakke; kva Folk vilde segja um slik ein Ting som at dei tvo var Venir. Anne Malene meinte ho skulde narre baade Bygdi og Bygdesnakke; ho gjorde som ho vilde, ho; og det som ingin visste kom ingin ved! Med Laatt og Glede fortalde ho han, kor god ho var til aa ljuge; og kva ho hadde funni paa til aa slaa i dei gamle, so ho kunde koma her ut; og dei Lygnine ho hadde sett i han Per fortalde ho au; for Per hadde alt sine Mistankar. Det var ikkje so greidt aa vera Anne Malene heller, maatte han tru. Jens Theodor Carlstad vart ille ved. Det var meiningslaust, dette; Gjenta hadde lært seg til aa tru, at ho kunde gjera kva ho sjølv vilde; hadde ikkje Samvit; var som ein Villmann; visste ikkje Skilnad paa godt og vondt. Han maatte lære henne upp. Ho maatte forstaa og vìta SIDE: 212 kva ho gjorde; maatte lære aa vera moralsk. Han vart aalvorsam og myrk og sagde henne fleire sanne Ting; og so kom Anne Malene i Ulag. "Tek no du au til aa bryggje Edik," sagde ho. "Skal eg ikkje faa Fred hjaa deg heller? Eg trudde ikkje du hadde Hug til aa gaa og syte og vera heilag og syrgjeleg som ei Kyrkjebok! Du var hyggjeleg fyrr, og eg lika deg godt; du brydde deg ikkje; du var likeglad og fornøgd og ein Pratmakar, hyggjeleg og kjapp paa Munnen som ei Kaffikvern; men no sìt du der som eit Litani; og sukkar og set Augo som du var botferdig; og er so sur og syrgjeleg som det var han Per; og tagall og tankefull som ein Vegstolpe Hev eg gjort deg noko? hev eg kje vori snild mot deg og gjort alt det du vilde?" Jau; Jens kunde ikkje negte det. Men ho maatte daa forstaa, at det dei her gjorde var tankelaust og mot all Folkeskikk, og at det einaste dei kunde forsvara seg med, det var at dei var unge og øre? So vart dei Uvénir. Dei kjeklast eit Bìl, til dess Anne Malene gav sin gode Vén ein under Øyra; "sjaa der!" sagde ho. Var han ei Bønebok og ein Surtapp og ein Eltepose og ein Tverdrivar full av Bibelspraak og range Talemaater, so var han ikkje den ho hadde tenkt! Skulde ho slaa seg paa Graat og Gravsalmar, so fekk det daa vera til den Tid kom! Farvel! -- Dermed gjekk ho. Jens Carlstad kom heim den Kvelden med. Men i Hovude hans saag det myrkt ut; og hadde han havt ein Hale, so hadde han gøymt han millom Beini. I stive tvo Dagar gjekk han og var halvgalin. Heldt ikkje dette ut. Men bøygje seg og beda um godt Vêr, det kunde han ikkje. Han kunde ikkje for si Ære, sin Vyrdnad som Mann! Daa han hadde pint seg so lengi han godt og vel stod i det, bøygde han seg. Skreiv og bad um godt Vêr. Gjekk so ein Dags Tid og sputta seg sjølv i Augo, for di at han hadde vori so veik. Um Kvelden luska han seg med Hjarteklapp og urolegt Blod upp til Steinen til aa sjaa um der var Svar; og det var der. Gudskjelov. Aa desse kjære, søte Kraaketæane. Aa SIDE: 213 denne heilage, himilske, ravgalne Rettskrivning! Ho var so Gla for breve. Dæ va Vont væra Uvenir, og Gott aa vera gla. Han skulde ikkje bry seg um det som ho gjorde hin Kvelden; ho meinte ikkje noko med det; ho berre var slik. J. T. Carlstad dansa heim. Han hugsa ikkje meir paa Æra si enn paa ein gamall ordottin Knapp; og han svor paa at han aldri meir vilde gjera seg Uvénir med Anne Malene. Næste Gongen dei møttest var han so kjærleg, at han kysste hende mest til Blods. Men Anne Malene maatte vera snar i Kveld; "dei held Vakt paa meg," sa ho. "Og han Per gjeng og luskar som ein svart Katt etter ei Mus, og trur meg ikkje um eg segjer Dægeren færi meg aldri so lengi!" Carlstad vart bleik. "Ba -- ba -- bannar du?" sagde han. "Nei," svara Anne Malene; "ikkje utan det trengst." Dette totte Carlstad var altfor gali. Dette maatte det rettast paa. Han forklaara henne, at skikkelege Kvinnfolk aldri banna; at det var stygt aa banne; og simpelt aa banne; at Anne Malene aldri burde banne; og at ho aldri burde ljuge heller. "Skal eg ikkje ljuge?" spurde Anne Malene. Nei. "Ja men korleis skal eg koma her ut til deg daa?" Tja; det -- ; ho fekk ... ho fekk finne paa Raad. "Tek du no paa med Bøneboki paa nytt?" spurde Anne Malene. Og so kjekla dei, til dess Jens fekk seg ein ny ein under Øyra, og det ein god og varm ein. Og Anne Malene sagde det til han, at han burde sjaa aa faa seg eit Prestekall, og ikkje gaa her aa preike Gudsord for henne; for det vart han ikkje feit av! Jens forklaara, at hans Mannsvyrdnad ikkje var tent med at han tok imot Øyredaskar av henne; og Enden vart: ny Uvenskap. I dei Dagar fekk Jens Carlstad eit Brev fraa Frøken Jenny, og ei Bok. Den Boki skulde han lesa, stod der i Breve; og so skulde han prøve seg aalvorsamt sjølv; sidan skulde han skrive til Frøken Jenny og fortelja henne alt -- alt! -- som han daa maatte hava paa Hjarta. SIDE: 214 Boki viste seg aa vera "En Hanske" av Bjørnstjerne Bjørnson. Jens Carlstad las Boki; og daa han det hadde gjort, gav han seg til aa filosofere. Skulde Kvinnfolki til aa moralisere, dei au no? Hm; nei daa heldt han paa Anne Malene. Ho hadde berre ein Moral ho: at ho vilde gjera som ho vilde. Og det var ... Gudbevars! det tok seg ikkje ut i Bøkar. Det var ikkje forsvarlegt; og det gjekk ikkje for seg at Folk var so frie; men! Anne Malene gjorde mykje som var gali. Ho gjorde alt som var gali. Og endaa vilde Carlstad taka Forgift paa, at ho var meir uskyldig enn tusund og tusund av deim som gjekk og var moralske og snakka Skandale og vart raude berre ein nemnde so ærlegt og nyttigt eit Plagg som ei Brok. Kanskje ikkje Syndi beit paa Anne Malene, av di ho var so fri for Samvit? Sagde ikkje Paulus, at det var Lovi som gjorde Folk syndige? Og stod det ikkje skrìvi, at "Kjærlighed skjuler Syndernes Mangfoldighed"? Og Salomon sagde, og Goethe sagde, og Gud veit kven det var som sagde, at Kjærleik, det var Livsens ...Livsens ...; og no skulde ikkje han faa elske Anne Malene, som var so søt og som gjorde han so glad, berre av di altslag uvedkomande Godtfolk fann det umoralskt. Kva hadde han med Moralen aa gjera? Hadde han vori med og underskrìvi dei tie Guds Bòd? Han var ingin Kjeltring. Det var den Faamingskapen, at ein skulde gaa og pine seg med vondt Samvit, so snart ein gjorde noko som ein hadde Hug til. Kvi skulde ein ikkje gjera det ein hadde Hug til? men alltid det som var keidt og leidt? Kva var dette Samvite for Slag? Var det anna enn Folkedomen i oss, denne djupe, religiøse Rædsla for Bygdesnakke, Organe for Bygdesnakke, gamal nedervd Samfundsvedtekt, inn-ervd, ikjøta Fleirtalsmeining um det som var pent eller høvelegt? Naar ein var trygg paa at ingin visste noko, so var Samvite ikkje anna enn ein stikkande Otte for at Folk kunde faa vìta noko: Anne Malene hadde Rett: det ingin visste kom ingin ved; han vilde, Fanden gale, slaa seg til Fritenkjar! Jens Carlstad kom sistpaa til det, at heile denne Greida SIDE: 215 var ei underleg Greide, og at han ikkje lenger forstod seg sjølv. Han hadde altid vori ein moralsk Mann. Men no hadde han tvo Kjærastar; og av den eine fekk han Øyredaskar av di han var for moralsk, og av den andre fekk han "En Hanske". Han hadde visst fortent baade det eine og det andre; han var den største Slampen som gjekk i tvo Par Sko; men han vilde vera eit Asen um han kunde gjera noko ved det. Kvi kunde han no ikkje faa halde av den Gjentungen ei liti Stund? Ein vart tidsnok gamall og tidsnok gift. Og daa var det Striskjorta og Havrelefsa og Stræve for Maten fraa Hand til Munn; og sidan Gikti; og so Lik-Kista; ein var berre ung denne eine fatige Gongen; og so skulde ein ikkje faa vera lettlyndt i dei fem-seks Aari heller! Kvi lét daa ikkje Vaarherre oss koma til Verdi med graatt Haar og Gikt med ein Gong? Kvi fekk me ikkje gifte oss so snart me var vaksne? Det var Spursmaale. Hadde Jens gift seg med Jenny daa han var sekstan Aar, so hadde han aldri komi paa galne Vegar med Anne Malene. Men Kvinnfolki, dei gifte seg, naar dei var syttan Aar, dei; so dei kunde nok koma ifraa det! Jens tenkte og fundera so han vart baade varm og kald; men tenkje Tankane ut vaaga han ikkje. Det var ein Konsekvens han ikkje lika; men tvo Ting stod fast: at han var ein Noksagt, og at han vilde elske Anne Malene so lengi han kunde naa henne. Kva skulde han gjera med Resten? Jau; endeleg blenkte det upp for han kva han vilde gjera. Han sette seg til Borde og skreiv eit Brev. I det Breve bad han Frøken Jenny lesa "En Hanske" endaa ein Gong. Og naar ho det hadde gjort, so skulde ho prøve seg sjølv aalvorsamt, um ho aldri hadde elska nokon annan enn underteiknad J. T. Carlstad, og um ho aldri hadde gjevi nokon annan so mykje som eit blidt Ord; og so skulde ho skrive tilbake og fortelja han alt -- alt! -- som ho daa maatte hava paa Hjarta. Jens Carlstad lagde Breve i Posten og totte han hadde klara Biffen. I Grunnen var han ein lentug Kar. Nokre SIDE: 216 Dagar etter hadde han Uppslagsbrev. Turrt og kaldt: det fekk vera slutt millom oss -- Jenny Christiansen. Jens Carlstad hadde eit rundt og godt Andlit; no vart det litegrand langt. Ein lentug Kar var han. Men han vilde ikkje negte for, at Jenny Christiansen, ho var lentug paa si Vis. Kven skulde faa "En Hanske" fraa henne næste Gong, tru? Ja so hev eg ikkje stort meir aa fortelja. Eg kann leggje til, at dei unge Folk eg her hev meldt um no er gifte eller feste alle ihop. Jenny er forlova med ein Ungkar paa 38 som bannar paa at han aldri hev elska fyrr; og det kann so vera; han ser ut til baae Slagi. Jens skal i desse Dagar hava Bryllaup med ei ung Enkje som hev baade Samvit og Moral, og er verd i Pengar Kr. 50,000. Men Anne Malene er gift med Per Tjerandsen. For Per var ikkje den som gav seg paa sin Rett. Han fekk høyre mangt og mykje um den Assistenten; og han visste godt at Anne Malene laug, naar ho sagde at ho ikkje brydde seg um han; men Per vilde hava Anne Malene anten so ho peip eller ho song. Ein Kveld daa han elte henne hardt med dette um Carlstad, vart Anne Malene vond og sagde 'n beint ut, at ho var glad i den Guten. Per grét som han var piska og gjekk. Dagen etter fekk ho Brev, at ho maatte møte han Klokka ni i Kveld ved den store Steinen. Det skulde vera det siste han bad henne um i denne Verdi, stod der. Anne Malene møtte; og der fann ho Per Tjerandsen med eit Reip i Handi. Han var berrhovda og saag fæl ut. Han vilde berre segja Farvel, sa han. Ho skulde ikkje bry seg. Naar ho heldt av Carlstad, so fekk ho gifte seg med Carlstad; men Per var ikkje Kar til aa sjaa paa det. Han vilde berre beda henne ikkje hava noko imot han. Og so Farvel, og Takk ... for alt. Han kasta seg i Marki og grét. Der laag det lange Mannfolke og tuta som han vilde graate ut Sjæli si. Anne SIDE: 217 Malene vart kløkt, og rædd attpaa; og so vart daa med det Reipe Kjærleiks-Bande knytt imillom deim paa nytt. Men paa Bryllaupsdagen var det Anne Malene som tuta. Ho hadde ikkje tenkt yvi mange Ting i sine Dagar, Anne Malene; men det visste ho no, at hadde ho fengi Carlstad istadenfor Per, so hadde ho lætt og ikkje graati. Men Presten tala fagert um Abraham og Sara. Og deretter tilspurde han den ærlege Ungkar Per Tjerandsen Vigmoen, um han vilde hava den ærlege Jomfru Anne Malene, som her stod, til si Ægtekone; og det vilde Per Tjerandsen. Framleies tilspurde han den ærlege Jomfru Anne Malene, um ho vilde hava denne ærlege Ungkar Per som her stod til sin Ægte-Husbond; og det sagde Anne Malene at ho vilde. So var det avgjort. -- Ho hadde nok gjort det ho kunde til aa faa Bryllaupe uppsett. Men Per var umògeleg; og dei gamle heldt med honom. "Kva er det for Tøv!" sa gamle Mattis; "trur du du vinn noko med aa gaa her og flokse som du gjer med den svoltne Skogmannen? Høh! Han kom her og snakka um Arrendering, han; men det var nok anna Slag Arrendering han tenkte paa!" So gav Anne Malene etter. Skogmannen kunde nok ikkje hjelpe henne. Og no, som sagt, var det avgjort. Eit halvt Aar etter hadde dei Barnedaap. Det var vel snart; men slikt hender. Og Anne Malene brydde seg ikkje um det; Bygdesnakk beit ikkje paa henne. Ho tok det for lett. Det vart avgjort at Veslegut skulde heite Tønnes; Tjerand var so stygt, totte Anne Malene. Ho var glad i Ungen, so der ikkje var Meining i det; men Per slo paa, at "han liktest paa Mor si meir enn paa Far sin". "Det gjer dei fyrste ofte," lagde Mor Astrid inn. Daa dei hadde Barne til Kyrkja, fylgde Anne Malene sjølv med; ho vilde sjaa etter at alt gjekk rett til, maa-tru. Mangt kunde hende slik ein litin Tull, naar ikkje Mori sjølv var til Svars. Fem Born var til Daapen den Dagen, og av dem eitt som officielt var uægte. Fram stod Presten og forklaara, SIDE: 218 at desse fem, liksom alle andre, var fengne i Synd og fødde i Misgjerning og var av Naturen Vredens Børn. Men gjenom Daapen skulde dei faa Naade og Utløysing av Syndi og Liv og Sæle og alt godt og koma inn i Samfunde aat dei heilage. So bad han til Gud for desse hans "Tjenere og Tjenerinder som bede um din Daabes Gave", at dei maatte faa det dei bad um, og at Døri maatte latast upp for desse som banka; las deretter det som stend i Testamente um Daapen; og daa han soleis tydeleg og klaart hadde forklaara for dei smaae all Ting -- og Klokkaren sagde Amen, so det var sant -- , drog den heilage Handling seg upp til Døypefate. "Tønnes," sagde Presten. "Forsager du Djævelen? og alt hans Væsen? og alle hans Gjerninger?" Ja. Tønnes forsaka Djevelen, og alt hans Væsen, og alle hans Gjerningar. "Tror du paa Gud Fader Almægtigste, Himmelens og Jordens Skaber?" Ja. Tønnes gjorde det. "Tror du paa Jesus Kristus, Guds enbaarne Søn, vor Herre, som er undfangen af den Helligaand, født af Jomfru Maria, pint under Pontius Pilatus, korsfæstet, død og begraven, nedfor til Helvede, opstod tredie Dag fra de Døde, opfor til Himmels, sidder hos Guds den almægtiges høire Haand; derfra han skal igjenkomme at dømme levende og døde?" Ja. Tønnes trudde alt dette. "Tror du paa den Helligaand, en hellig kristelig Kirke at være, som er hellige Menneskers Samfund, Syndernes Forladelse, Legemets Opstandelse og efter Døden det evige Liv?" Ja. Tønnes trudde. Daa tilspurde Presten Tønnes: "vil du paa denne Tro være døbt?" Ja. Tønnes vilde paa denne Trui vera døypt. Og so vårt han døypt. Men daa han kjende Vatne paa den vesle dunmjuke Skolten sin, som ikkje hadde vori i denne kalde Verdi meir enn i fjortan Dagar, daa grét han so SIDE: 219 himils høgt, at ein kunde tru han trega paa, at han hadde komi hit og "bedi um Daapens Gaave". Men Anne Malene totte det stod godt til. No var alt i Orden, tenkte ho, -- alt. Baade for Veslegut og for henne. -- -- Fraa denne Tid gjekk det godt med det unge Hjone i Ned-i-Garden. I Fyrstningi hadde Anne Malene vori noko leid av seg; og han Per hadde havt sine Mistankar. Han hadde sétt Postassistenten paa Vegar og Stigar der den Fyren etter Pers Meining ikkje hadde noko aa gjera. Men so reiste Postassistenten; og so kom Barne. No gjeng Anne Malene og sullar og steller paa Garden sin millom Folk og Fe og styrer det heile; og Per tek til aa like seg, og er Mann med god Hùg, og trælar for Huse alt det han orkar. Naar han er full kyter han av Kjeringi si. "Hei su aa du, aassaa su aassaa du," syng han; "Dægeren færi meg er ikkje Anne Malene so greid ei Kjering som Kjering finst!" Og det segjer dei han hev Rett i. Her um Dagen kom ho eit Grand i Ulag; ho høyrde at Jens Carlstad skulde gifte seg. Men det gjekk yvi. Ho er aldri i Ulag lengi, Anne Malene. SIDE: 220 Sjø. Klokka var fem Minuttar yvi tolv; og Klokka halv eitt skulde han aat Jordi. Eg kunde daa sitja litegrand enno. Ute var det søylut og stygt, ein huglaus, skitin Kristiania- Kvardag; det var elles den 1ste Februar. Min gode Vén Bladstyraren og eg sat godt der me sat; Kaffistogo var logn og varm, Sherryen ikkje verst, og Samtale- Emne hadde me i Nøgd, med di me hadde Situasjonen. Men Situasjonen var den, at det nyvalde Storthinge skulde bli opna i Dag Kl. 1, av Kong Oskar den 2dre sjølv, og at dette Thinge vilde faa store Spursmaal aa avgjera. Bladstyraren fortalde at han visste kva Trontala skulde innehalde. Ho skulde innehalde inginting. Men i Røyndi var me orventne. Ein kunde aldri for vel vìta kva Selmers Regiering kunde finne paa. Tenk um ho skulde finne paa aa segja nokre valde Ord med Tilføre av dei 83 Niandejuni-Mennane, som Folke hadde vori so skjemtesamt aa sende ho paa Nakken! Det var nok visst, at ho ikkje gjorde det. Men um det endaa skulde hende! Det rette Storspursmaale var elles eit anna og meir vigtigt. Vilde Odelsthinge setja Riksrett? Me vona det. Det var Skam paa høg Tid au, meinte eg; Bladstyraren heldt det for sjølvsagt. Folkemeiningi ut-yvi Lande kravde det plent, sagde han. Han hadde òg ei Kjenning av, at dei gode Herrar og norske Menn orventin: i sterk Spaning. SIDE: 221 ikkje var skjemtande med i Aar. Og min høgvyrde Vén vart løyn og høgtidsam. Eg lydde med Aahug til hans laagmælte Ord; og han fortrudde meg, at han i Grunnen Inkje visste. Folkefedrane var tagalle no um Dagen. Men nettupp denne Togni var det som var so talande. Ein kjende paa seg, at dei som stod attum den, dei visste kva dei vilde. Han maatte lìvande minnast eit franskt Ord, som han elles ikkje rett hugsa; det sagde noko um, at av Folketogn skulde Kongane taka Varsl. Dette Varsle vilde her ikkje bli rett tydt; det var me baae tvo samstellte um; men daa var det greidt at der ikkje var anna aa gjera for Ærendsmennane aat Folke enn aa vaage Verke. So langt var me komne, daa eg, som nemnt, saag paa Klokka. Me tok no til aa tala um honom som skulde aat Jordi. Han hadde høyrt til den skrivande Flokken liksom me. Og han hadde ikkje vori gaavelaus. Tvert imot. Dertil hadde han havt Harmhug, og ei Kraft til aa vanvyrde som eg mest hadde ov-unt 'n. Diktar hadde han visseleg au vori. Men han hadde ikkje kunna vinne seg fram. Han hadde vori for lite fyri seg, eller for lite klok paa Verdi, eller for stolt; visst var det: han hadde vori millom dei mindre kjende. Og no var han slokna, 29 Aar gamall. Hadde legi daud upp-paa Riks-Sjukehuse so ingen visste um det. Av dei Arbeidi som eg kjende til at han hadde stellt med, og som han vel hadde sett Von til, hadde han ikkje fengi eit einaste ferdugt. Og so gjekk dei endaa ikring her og mulla um, at han skulde vera daain so reint for tidleg av Vant paa ... paa den Ting som Kyrkja bed um i den fjorde Bøni av Fadervaar. Det var som det kjølte gjenom oss. Bladstyraren hadde nok ikkje kjent Mannen; ikkje noko vidare daa; men han totte endaa det var uhuglegt. Me tømde Glasi vaare. Bladstyraren tinga ei halv Øl og tvo Skìvur med Skinke; og me skifte endaa eit Par Ord um Situasjonen. Men no laut eg gaa. Klokka var femtan Minuttar; "Godmor'n! Ja du gjeng ikkje med?" -- Nei; Bladstyraren SIDE: 222 var dessverre nøydd til aa vera til Stades i Thinge. Eg sjabba upp Akersgata, i den Tanken aa vinne meg upp til Vor Frelsers-Gravlund. Rart nok: det var nett i ei Likferd upp-aa den same Gravlunden at eg sist hadde vori i Lag med den avlìdne Felagen min. Det kunde no vera som ein Maanad sidan. Me hadde jorda ei Dame den Gongen, ei sers vyrd Dame, Kona aat ein framifraa Riksstellar av Vinstre; og me hadde gaatt etter, at der i heile det store Fylgje knapt hadde vori ein Høgremann aa sjaa. Og dei som var der hadde visst ikkje lika seg. Millom anna hadde der vori ein Offiser som nok var skyld med Huse so vidt at han ikkje med det gode kunde vera burte, men samstundes so vidt Høgremann at det nok var stridt for 'n aa vise seg ved ei Vinstregrav; han hadde daa teki ein Millomveg: møtt upp borgarklædd; dertil hadde han, daa Presten tala i Kapelle, haldi seg so godt gøymd som han kunde ned-i ei Kraa ved Utgangen. Me hadde havt eit Grand Moro av dette. Og so hadde me gjengi i Veg med aa dryfte Situasjonen. Me hadde rødt um all den Arbeidskraft som var spillt i slike Riks-Tilstand som dei me no lìvde i, og um kor litin Arbeidshùgen vart, naar ein skulde gaa i slik ei Spaning Dag etter Dag og Aar etter Aar. So kunde eg hugse at me hadde rødt um Lik-Preikur. Det vilde vera til Bate for alle Vedkomande um me kunde faa deim avtekne, hadde me meint. Ein kunde ikkje vente at Prestane, som hadde stadi paa Gravbakken i attan hundra Aar og sagt det same upp att og upp att, skulde kunna finne paa noko nytt; og for oss andre var det paa Lag som aa høyre Sinklarsvisa paa Lirekasse; me kunde det alt ihop so reint ille utanaat. Min velvyrde Vén hadde i det heile brytt seg lite um Preikur. Og no i Dag skulde han faa si Preike sjølv. Naa; han høyrde daa ikkje no, som vel var. Med ein Gong stogga eg. Ei Minning gjekk meg gjenom Hausen: det var daa ikkje paa Frelsar-Gravlunden han skulde liggje; det var ein annan Stad, Sofienlund, SIDE: 223 nei, Sofienberg, Dunderen i Vald ute ved Grünerløkka ein Stad; paa Kyrkjegarden for dei fatige var det. Naa; i visse Maatar var nok det alltid det rettaste. Men korleis i Verdi skulde eg vinne dit ut no? Sporvogni! Det var greidt. Eg lagde i Veg heller fort, endaa Søyla og Utanpaa-Skorne hefte meg ille. Daa eg var so langt ifraa Vogni at eg kunde sjaa ho men ikkje for vel naa ho, drog ho i Veg; det er gjerne so med Sporvognir. Veifte paa ho kunde ikkje nytte; der gleid ho alt burt attum Elefant-Apoteke. Det vart daa aa vente fem Minuttar til. Det var Meiningi at eg skulde koma for seint, skýna eg. Men no vilde eg fram, og lét meg ikkje lure. Det fekk heller vera det same um eg ikkje fekk høyre heile Likpreika. Dermed skipa eg meg til paa Fortaage fram-fyri Frelsar- Kyrkja og gav meg til aa vente paa næste Vogni. Og Minni vakna paa nytt Lag. Det var paa Youngstorge me hadde skilst hin siste Gongen. Paa Hyrna av Torggata. Der stod me ei Stund og baktala Kristiania Politi. Det siste eg sagde til 'n i denne Heimen var nok dei Ordi: "eg fær av og faa meg Middagsmat." Han saag noko stur ut den Dagen, og var i det heile ikkje som fyrr. Nokon Kraftkar hadde han aldri sétt ut til aa vera; men hugheil hadde han vori, tverstød, Herre yvi Tilvære. Der var noko ovmodigt, noko hoggbratt yvi denne vesle skrinne Fyren; kannhende mest yvi Panna. Ein Bergkoll som var so bratt at han ikkje var klivande, og som visste at han ikkje var klivande, kunde taka seg slik ei Uppsyn, vilde eg tru. Augo var godsleg spottsame; Smilen yvihøg under Brunine lyfte; dei fine Munnvikane kunde hæde herleg; og Nosi, den vesle lineskarpe Nosi, kunde rukke seg i ein Vanvyrdnad som var heilt-upp drusteleg. Naar han var i Godmøle sitt, soleis naar han i eit Samtalelags- Gilde stod og heldt Tale "for" Riksraade Selmer -- som var aa likne med ei gamal vindskeiv Furu langt ut-i ei Myr, morknande og avkvista og meir og meir fraa-flutt av alle Fuglar under Himilen -- , eller "for" Bakstræve, som sat og saga Greini av under sin eigin Ende, utan SIDE: 224 Hùgsvìv um korleis dette til sist maatte gaa; eller naar han i godt Lag av Kjenningar slepte seg laus i Spe eller Spott yvi eitt og hitt som ikkje i hans Augo var heilagt, -- kor han kunde sjaa stridsglad ut, heiltupp frøsande stridsglad, og kor Augo kunde lyse, og kor heile det vesle magre Andlite mylte av Hugnad, naar han fann den Liknaden som raama og det Orde som beit. Inkje Ordlag var for sterkt for 'n, naar han av sin heite Hug kunde faa slengt det ut mot "det rotne", "det utlivde", det som "stod i Vegen og stengde", eller "laag og breidde seg og morkna og kvævde Live". Men eg saag det same Andlite bleikne i Eldhug, og Augo -- eg trur dei spela i grønt -- kunde gløde heiltupp elektriskt, naar han tala seg varm for "det som bar fram" og for "dei som gjekk fyri". Men no denne siste Gongen hadde det ikkje vori noko slikt ved 'n. Han var still vortin. Tuslin. Eit lite tunt gult Skjegg hadde grótt fram ikring Munnen og den spituge Hòko; og Andlite var modlaust og mødt. Augo skaut seg fram og syntest større enn fyrr; i Augnekvitune skimta eg ein serskild Glans som eg ikkje fyrr hadde sétt der. Naar han smilte, so var det ikkje yvihøgt lenger, men saart; og Tala hans var veik og liksom brusti. Det var daa og so at han hadde vori klén ei Stund. Men han var god att no. Likevel hadde han stundom slike rare Kjenningar i Hovude, sa han; best som han gjekk kunde det vera som Gata tok til aa lyfte seg upp med 'n, so han liksom gjekk upp-etter, i Lufti. Han kjende seg sjølvsagt noko veik òg. Eg meinte han laut vera vàr um seg. Sovori som, dette kunde ein vìta hadde ikkje i seg sjølv noko paa seg; men det kunde auke seg upp. Fyrst og fremst laut han lìva vìtugt, eit Grand godt med andre Ord, og so agte seg, til so lengi, for alt som kunde forleite Hovude. Han svara ikkje noko større til mine velmeinte Fyriteljingar. Og han hev vel havt si eigi Moro, er eg rædd, daa eg raadde han til aa taka seg Goddagar. SIDE: 225 Sporvogni gjekk. Ein Kjenning var komin med; han au skulde i Likferdi. Det var ein ung Mann. Han saag godt ut; var klædd som ein no skulde vera klædd, og gjekk med Flosshatt. I sitt Lag var han roleg og stød. Og endaa han var norsk, fór han vàrt med det danske Maale, liksom det var noko som hadde Krav paa Vyrdnad. Kannhende det kom av di at han etter Yrkje var Skulemann. Me fortalde kvarandre at me var seint ute. For hans Part var Orsaki den, at han hadde vori stansa av Folkemengdi upp-ikring Storthingsbygningi. All Verdi skulde ut og sjaa paa Kongen, visste me; dessutan kunde ein vel ikkje negte, at det var ei Uro uppe i Aalmenta no um Dagen. Tru det var noko sant i det siste Gjetorde? -- eit Ord som ein beintfram fekk kalle allarmerande? Vogni ramla svært, seinført og heimkjenslegt som ho skrangla i Veg ut-yvi Storgata. Me laut skrike, um me skulde høyre kvarandre; men Kjenningen min hadde godt Mæle. Paa ein høveleg Stad i Samrøda kasta eg inn eit Ord um den avfarne. Ja, stakkars Gut, sagde Kjenningen min; han skulde ha fengi livt no. Nett no. Det hadde forvìta honom aa vera med ved Opningi av Storthinge i Dag t. D., so sterkt som han var med i Rikslive. Eg meinte det same. Spurde so: "hev De vori upphjaa Vénen vaar no, med' han laag sjuk denne siste Gongen?" Jau; Kjenningen min hadde raaka til aa vera ein av dei tvo-tri rettferdige som var der uppe og saag um 'n. Men det hadde ikkje vori nokor Greide aa faa paa'n lenger. Han var ferdug. -- Fraa Sans og Samling? Nei; ikkje det. Men reint haatt-laus. Han hugsa ikkje lenger; var burte fraa allting. Svara burt i Hyr og Heim paa mest alt ein spurde. -- Det var Hovude daa? "Det var all Ting. Han var reint avpìla. Eg totte SIDE: 226 Lækjarane tala um Tuberklar i heile Innreiden. Der var ikkje det Grand Livskraft att." "Hadde han det svært vondt?" "Nei; han berre jamra yvi Hovudverk stundom. Elles totte han visst ikkje der var noko sers i Vegen." "Skýna han, at han var so burte?" "Nei. Han tykte det var me andre som tulla. Det var raadlaust aa føra ei vitug Samtale med oss lenger, sa han. Jamvel Lækjaren sin hadde han ein sterk Mistanke til. 'Han lìver ikkje lengi, den Fyren,' sagde han; 'han er reint burt-i Ørska alt.' -- 'Er du viss paa at det ikkje er du sjølv, som ørskar eit Grand stundom?' spurde eg daa. 'Det kann Skam gjerne hende det,' svara han." Eg undrast paa, korleis dette alt kunde ha bori til. "Han hev daa gjengi her midt imillom oss; og for ikkje meir enn eit Aars Tid sidan, eller knapt so lengi dessmeir, var han so frisk og modig som han vel kunde bli. Han var jamvel hugtekin, trur eg, og tenkte paa aa trulove seg." "Ja; han hadde ei god Tid daa. Men det var siste Gongen. I det heile hev han nok havt det vondt i seinare Aar. Eg trur ikkje det er nokon som rett veit, korleis han hev fikta seg igjenom. Han skreiv nok sùmt, og heldt ein og annan Fyrilèsnad; men kva kunde det verte av det. Skulearbeid kunde han fengi ender og daa; men han lika det ikkje. Og no hadde han ikkje Nervur til det heller; kannhende i det heile ikkje Kraft." "Men Folke hans?" "Av Ætt hadde han ikkje anna no enn tvo eldre Frendar; og den eine av deim var rik. Men kva hjelpte det? Han hadde gjort seg Uvénir med den rike Frenden." "Det var faavist av honom." "Det var so. Elles var det ikkje i Grunnen han som skilde Lag. Han var ein Gong i Krit-huse hjaa Ætti si, skal eg segja Dykk; eg hugsar det godt. Han var nettupp Student vortin; kom heim som i Sigerferd; med godt stadin Prøve, gode Gaavur og eit overlag godt Mod; var Diktar, Talar, all Ting, og vart beintfram gjort Stas SIDE: 227 for. Men so kom han her inn att. Og daa vart han etter kvart tekin av dette "folkelege"; vart Grundtvigsmann og Fridomsmann; sistpaa gav han upp alt og vart Lærar paa ein Folkehøgskule. Dermed var Framtidi hans øydd. Alt var ute. "Sidan vart det endaa verre," heldt Forteljaren fram. "So hugvarm som han var, so kunde han under andre Tilhøve haldi ut med Folkehøgskulen, kannhende; men no vart det raadlaust, det med. Han vart tekin av nyare Tankar. Han las Ernst Sars; han las Georg Brandes; og i Staden for aa granske Heimssogo til Grundtvig tok han til aa grave seg ned i Buckle. Det hev vori reint ei hard Overgangstid for oss, desse siste Aari; og det i meir enn ein Maate. Det vart daa so at han gav upp Folkehøgskulen med. Han flutte til Kristiania og vilde setja seg inn i Bokheim og Tankelære og bli Bokskrivar. "Men so kom denne usæle Politiken. "De veit korleis det hev vori. Jamvel me Skulefolk -- som i det heile maa halde oss utanfor Riksstell og slikt -- , eg segjer Dykk: i Tidir som desse er det ikkje lett aa halde uppe Hugen for sitt Arbeid. Ein gjeng i Uro jamt; ventar paa at det skal hende eitkvart som vil snu allting um; og i Staden for aa gjeva seg inn i sitt Arbeid flyg ein paa Kaffihus; maa sjaa dei siste Bladi og faa vìta um det "høyrest" noko. Eg hev eit Fyrisviv um at det er heller mange i denne Tid som ikkje fær anna gjort enn drive ikring paa Kaffihus og riksstelle." "Fortèl ikkje meg um det," sagde eg. "Eg kjenner til det." "Vénen vaar," heldt han fram, "vart sjølvsagt straks dregin ned i denne Havsvelgen; og baade Bokheimen og Tankelæra vart lagde paa Hylla. Men no hadde han lìvt Folkehøgskuleliv so lengi, at det fall vanskelegt for 'n aa lære Maale aat denne nye Tidi. Han hadde stadi paa ein Lærestol og tala til Uppgløding og Vekkjing for den Ætti som voks upp; det han no skulde skrive eller tala laut vera paa same Maaten: store aalmenne Tankar i store aalmenne Ordlag. Han laut vera uppglødd eller harm. Kva skulde han taka seg fyri? Han kunde ikkje styre eit Blad; for han var ikkje SIDE: 228 Riksstellar. Og ein kunde ikkje setja 'n til Smaa-Arbeid i Blade; for det skýna han seg ikkje paa. Eitt var her, som han kunde ha vorti. De veit det er eitt nytt Yrkje som kjem upp -- : han kunde vorti Folketalar. Men ein lìver ikkje av det. Dessutan er eg rædd at den politiske Visdomen hans snart hadde vori upp-øydd. For det var berre dei store Grunnane han kunde tala um. Det kunde han gjera godt, ja framifraa; men ein held ikkje ut med det i Lengdi. "So vart det daa mest aa skrive aat Bladi for Spalteløn. Kva gjev dei for Spalta her hjaa oss? Tvo og upp til fem Kronur? Naa-ja; ein kjem ikke langt med det. Og Umsetjingar gjev dei vel endaa mindre fyri. "So skreiv han sjølvsagt i dei alra verste Vinstrebladi. Og det han skreiv var, som De veit, himilstormande Aatak paa det absolute Veto, som der ned i Smaabyen gjeld for ein av Hyrnesteinane i Tilvære, jamsides med Kongedøme, Kristindom og Samfeste millom Norig og Sverige. Ein kunde sjølvsagt ikkje hava noko aa gjera med ein av Ætti som skeiva so reint av." Det skýna eg. "Og so vart det verre og verre for 'n. Han nemnde ikkje noko um det; daa visst ikkje til deim som han kunde ha venta Hjelp av; men smaatt for 'n hev det vori; ille smaatt. Det var Tidir daa han reint vart burte for oss. Me baud han til oss baade ein og annan; me bad 'n koma naar han hadde Hug; han gjorde oss ein stor Hugnad om han vilde eta til Middags hjaa oss so daa og daa; og so for ein Dag. Men han kom ikkje. Stakkars Fyr; han hadde vel sine Mistankar." "Og alt dette hev me gjengi her og ikkje gaatt etter. Ikkje lagt Merke til!" "Aa; ein merka det av det veksande Beisklynne. Han kunde vera leid, høyrer eg, naar den vonde Lùna var yvi 'n. Og det hende visst ofte. Det vert ikkje noko vidare helsesamt Liv ein fører, naar det er soleis stelt. Sùme Tidir Saknad; andre Tidir Ofsing. Og det skal ikkje so overlag mykje til, fyrr slikt eit Bymenne no for Tidi hev øydi Krafti si." SIDE: 229 "Det skulde daa beint fram vera det?" Han drog paa Aksline. "Det hev gjort sitt." Me var so langt komne no, at me maatte stige ut. Men endaa var det eit Par Minuttar att upp til Kyrkjegarden. "Ein skulde verkeleg maatte segja," tok eg fram-i, daa me var utkomne, "at her kviler ein Mann som gjekk til Grunns, som -- naa, stutt og beint: som døydde av aa vera paa den galne Sida?" "Det kann me vel ikkje segja. Han hadde kunna slegi seg igjenom so vel som nokon av oss, naar han berre hadde brùka Umtanke." "Men naar me tek Mannen som han var, meiner eg." Kjenningen min drog ein Gong til paa Aksline. "Ein kann aldri segja slikt," sagde han. "Gjeng ein Mann til Grunns, so fær ein segja at Vaarherre hev teki'n." "Ja den Mannen er god aa skulde paa," murra eg. -- -- Ved Inngangen til Sofienberg Kyrkjegard stend det ei liti Laann av Tre med ein Kross paa. Der gjekk me inn. For denne Laanni er Gravkapell der paa Staden. Den fatike svarte Kista stod paa eit Par laage Skamlar um Lag midt for Inngangen. Ho var prydd med Kransar, og med Band i norske Fargar; vent prydd. Jamsides, paa eit Par andre Skamlar, stod ei Barnekiste, endaa armare, endaa svartare, utan Kransar og utan Band. Trast etter kom eit Par Mennar berande med endaa ei Barnekiste, som dei sette fraa seg paa endaa eit Par Skamlar. So skulde daa Vénen vaar fara aat Jordi i Barnefylgje. Det var slettikkje for seint. Me laut jamvel vente. Presten var ute og kasta Jord paa eit anna Lik -- det var Søknad til Kyrkjegarden paa slik ein Vaardag -- ; og dei hadde nok ikkje meir enn ein Prest aa gjera med i Dag, daa den andre, Soknepresten, skulde vera med ved Høgtidi i Storthinge. Me laut daa taka det med Ro, stole paa Overfrakkane vaare og tære paa Tòlmode. Dauden hev elles noko ved seg som gjer, at ein ikkje so lett misser sitt Tòlmod naar den er til Stades. Me tagde og venta. Fylgje var mest Vénir fraa Arbeidarsamfunde. SIDE: 230 Av Bokmanns-Fanten saag eg ikkje meir enn tvo eller tri, naar eg rekna meg sjølv med. Alt Folk var i Storthinge, maa-vita. Høgremennar fanst her sjølvsagt ikkje; dette var eit avgjort Vinstre-Lik. Me var i det heile pyntelege, godt klædde Folk. Men der var ikkje mange Flosshattar. Og der var Frakkar aa skòda, som laut ha røynt Verdi ymist alt. Det var knapt nokon med av deim som stend høgt paa Skattelista. Ein fekk i det heile segja at me synte fram Folke. Men det gjorde me verdigt. Um ei Stund kom Presten. Og so byrja det. Songlage fraa Arbeidarsamfunde tok i med ein Song som var skrivin for denne Stundi, og der den avlidne serleg var prist for si Tru paa Framtidi. So heldt Presten Tala si. Ho var berre stutt. Med Tilføre av at me stod ved denne Kista, sagde han, so vilde han minne um Orde aat den gamle Simeon: Herre, no late du din Tenar fara i Fred; for Augo mine hev sétt di Frelse. I desse Ordi laag etter hans Tanke Kristindomens Ljos; og nett ved denne Kista maatte det vera oss serleg trøystesamt aa draga oss deim til Minnes. For her laag ein ung Mann, ein gaaverik Mann -- Presten hadde elles ikkje serskilt kjent honom -- ; men for Vénine hans, som her var møtte upp til aa fylgje honom aat den siste Kvila, for deim maatte det synast so rimelegt aa segja og aa tenkje, at den unge Mannen var tekin for tidleg burt; at han var vortin burtkalla fyrr Livsverke hans her paa Jordi var ført til Endes. Og denne Tanken maatte sjølvsagt gjera Skilnaden so mykje tyngre og saarare for Vénine hans. Men me skulde ikkje tenkje so. For so sant som denne Mannen, lik Simeon, hadde fengi sétt Herrens Frelse, so sant han, lik Simeon, hadde fengi sjaa og kjenne Frelsa fraa Betlehem, -- so sant som dette var Tilfelle, so sant kunde me og segja at han hadde naatt Maale for sitt Liv; at han ikkje var daain for snart, men at han verkeleg hadde vori ferdug. Og so kom Lærdomen for oss. Presten var ein tekkjeleg ung Mann som tala stilslegt og vent, og mest med sitt natturlege Mæle. Det var SIDE: 231 ikkje godt for honom aa vìta kva den Mannen han tala yvi kunde ha meint eller tenkt um Frelsa fraa Betlehem; og der var i so Maate inkje aa segja paa at han brùka eit Grand vàre Ord. Ikkje heller kunde ein undrast paa, at han nytta Tilføre til aa segja nokre Aaminningsord til dei Vinstremennane som her hadde møtt fram; for millom Vinstremennar med finst det Syndarar. Men eg stod heile Tidi og stirde paa Kista og tenkte paa, kva han der inne og eg for ein Maanad sidan hadde sagt kvarandre um Likpreikur. Og det var meg sistpaa som det svarte Lòke vart gjenomsynlegt; og eg saag Andlite hans som laag der inne, og Munnen, den vesle bleike, lineskarpe Munnen; og eg tykte Munnen bivra so smaatt, og at Lippune, dei fine, snøgt speande Lippune, drog seg upp til ei Myling. -- -- "Amen," sagde Presten. So kom Klokkaren med ei liti Kasse som var fyllt med Jord, og ein litin nett Spade. Med denne sist nemnde Tingen i Handi snudde Presten seg fraa den Kista han hadde tala yvi og til dei tvo smaae Kistune som han ikkje hadde tala yvi, og kasta Jord paa desse. Kasta Jord paa deim som dei der stod. "Af Jord er du kommen; til Jord skal du blive; af Jorden skal du igjen opstaa"; og so det same upp att. Eg lika dette; det var praktisk; det sparde Tid. Eg var daa au tòlleg trygg paa, at desse tvo Fatig-Ungane som vart greidde paa denne Maaten, dei vilde stande upp att paa den ytste Dagen likso gladeleg som nokon av oss andre, um no me etter all Von vilde døy i so vidt Velstand, at me kunde koma aat Jordi utan Avkorting i Skikkane. No snudde Presten seg hit til vaar Kiste att. Eit Vers vart sungi. Fire Mann kom fram og stelte seg upp attmed Kista, tvo ved Hovude og tvo ved Føtane. Fyrigangsmennane stelte seg upp framfyri Kista med sine svarte Likferdsstavar. Desse Stavane var ikkje so staselege som dei paa Vaar Frelsars Gravlund; men det gjekk for det same. Det vart gjevi eit Teikn, og Ferdi sette seg i Gonge. Av rimelege Grunnar var der ikkje noko SIDE: 232 ein kunde kalle Rang-Skipnad i Ferdi; eg trur at dei gjekk fyrst som hadde kvitt Skjegg. Upp-i Kyrkjetòrne tok Klokkune til aa ringje, vedkjømelegt og mjukt i litin Ters. Det var ikkje lang Vegen. Nokre Stìg nordanum Kapelle hadde dei funni Rom til Vénen vaar. Eit heller trongt Rom var det; men han turvte det ikkje stort. Han hadde alltid vori litin og mager. Gravi hans laag tett innmed nokre andre, som nett var so vidt tilkasta. Ein fekk den Tanken, at Kistune der nede maatte staa tett innpaa kvarandre, som paa eit anna Upplag. Men kva gjorde det for deim som i laag? Paa den rett store Høgdi som hadde laga seg ved denne Samamstiming av Gravir krabba Fyrigangsmennane vaare seg med synleg Møde upp. So kom Kista, svinglande og svivande som ein Baat i Sjøgang. Etter Kista kom Klokkaren; so Presten som vart hjelpt av Klokkaren; so Kyrkje-Songkore, og sist dei av oss som hadde kvitt Skjegg. Alle fiktande og strævande med aa vinne seg upp, og med aa halde seg uppe. Det vart Sjø, og heller strid Sjø, for Vénen vaar alt til Slutten. Men so var daa dette òg den siste Vansken han hadde aa vinne yvi paa Ferdi si. Kista vart fird ned paa Gravbotnen; der stod ho stødt. Og no skulde han ikkje lenger. Kyrkje-Songkore, tri Mann høgt, song tri-røystugt det fyrste Verse av "Hvo ved hvor nær mig er min Ende". Dei song med halvt attlatin Munn; og Tenoren var sped og Bassen veik; men Millomrøysti var sterk og tuta i Einingi paa Dominanten. So kasta Presten dei tri Spadane Jord paa Kista og tiltala den daude etter Rituale. Me andre var med i Høgtidi paa den Maaten, at me fleire Gongir tok Hattane vaare av oss og heldt deim for Augo; eg veit ikkje um nokon av oss visste, kvifor me gjorde det. Eit lite Stykke ifraa Flokken og Gravi stod tvo unge Kvende; den eine av deim studde seg upp til den andre og grét saart. -- -- Der laag han. Han hadde ikkje fengi sétt noko av den Framtidi han hadde drøymt um; men han var SIDE: 233 ferdug. For sitt eigi Liv var han vortin ille snytt. Men kva var her aa segja? Her var inkje aa segja. Det var ikkje nokon som sagde noko heller. Under andre Tilhøve hadde det visst vori ein eller annan som hadde havt Hug til aa segja den burtfarne eit Ord til Avskil, ein Takk, eit Velfar, fraa deim som kjende han, fraa Vénir og fraa Lagsmennar, kannhende jamvel fraa Lande som so kaldt hadde teki mot Kjærleiken hans. Men i Dag hadde me den store politiske Situasjonen. Og det viste seg, til aalmenn Undring, at Klokka var berre nokre Minuttar yvi eitt. Dreiv me paa med Magt, kunde me enno kannhende faa sjaa ein Snipp av Opningsstasen. Me traava av Stad i fullt Flog. Nede i Thorvald Meyers Gate saag me Sporvogni koma ruslande, kravslaus og heimsleg, ikkje stort større enn ei Fyrstikk-Øskje. Me vitta til ho; ho stana. Der var ingin i Vogni. Me storma inn og fyllte ho. "Køyr litt fort no," sagde me til Føraren. Han smilte vedkjømeleg. -- Og so tok me til aa dryfte Situasjonen. SIDE: 234 Aarsfesten i Ungdomslage. I Grunnen er Tilstandi her i Norig skipa paa beste Maate fraa gamalt av, so at alt kunde gaa godt, berre me sjølve var som me skulde vera. Men det er me ikkje alltid; og so hender det at Verdi tek til aa gaa skakt for oss. Daa vert det funni paa Aatgjerdir. Ein vyrd Penn skriv i "Morgenbladet"; nokre vyrde Mennar sender ut eit Upp-rop; eit Møte vert haldi, og det vert skipa eit Lag. Paa Guds Ords Grunn vert det skipa, og i kristeleg Ande; og Hs. Maj. Kongen er den høge Lags-vorden. Sidan verkar Lage stillsamt til Velsigning; og Verdi gjeng skakt som fyrr. Millom anna hev dei gaatt etter, at det ikkje alltid gjeng som det skal med Ungkarane; dei kjem paa Villvegar stundom. So hev dei stelt til Trygde-Lag aat Ungkarane. Der er Unggut-Lage, og der er kristelegt Samlag for Gutar, og der er Skipingar og Semjingar med andre Namn. Alle desse Lagi verkar stillsamt til Velsigning; og Ungkarane kjem paa Vill-vegar som fyrr. Ein Sundag i Fyrstningi av Juni, um Ettermiddagen, skulde den evangeliske Ungdomssemjing hava Aarsfest. Baade Moen og Tyrolaren skulde vera med; og Moen meinte at eg burde slaa Lag med deim. Eg vilde hava Hugnad av det, sagde han. Tyrolaren tagde og syntest dermed aa samtykkje. Eg var ikkje uhùga til aa høyre SIDE: 235 paa denne Véne-Raadi; det evangeliske Ungdomslage kunde visst nett-upp høve for meg no. Eg var nyleg komin hit til den store Byen; og eg galdt for aa vera det eg var: svært lite grunnfest. Anden hadde nok so smaatt teki til aa arbeide med meg; det kunde ein med Takk til Gud segja; men retteleg og i Grunnen stod min Hùg og Tanke til Verdi enno; og serleg hadde Djevelen fengi eit stygt Tak paa meg gjenom Teatre. Der vanka eg altfor tidt. Og eg kunde sitja upp-aa Attanskillingen, eller um det kneip paa Tolvskillingen, og tenkje med meg sjølv, mest paa Graaten av Trass, at um det førde til Helvite aa gaa paa Teatre, so vilde eg gaa paa Teatre endaa. Eg skýna nok, at soleis kunde det ikkje halde paa. Fyrr eller sidan laut eg vende meg um fraa Vildre- Vegane mine. Eg visste at Gleda i Verdi ikkje kunde gjeva Sjæli mi Fred; det hadde eg alt mest røynt; dessutan var det altfor vaaglegt, ræddast eg, aa gaa soleis og lite paa Langmode hjaa Vaarherre. Etter den tunne Livstraaden hekk eg og dingla yvi Helvit-Djuve; Traaden kunde slitne kva Stund som helst. Og daa var Leiken ute. Men eg var ikkje soleis laga at eg kunde verte frelst paa vanleg Vis. Lovi beit ikkje paa meg; og daa kunde ikkje Evangelie heller faa hjelpe. Laus og ustød var eg baade i Sjæl og Sinn; Hèl-Rædsla vilde aldri rett faa Magt i meg; og kva kunde det hjelpe at eg vedkjendest Syndine mine, naar eg ikkje angra, og daa visst ikkje hata deim? -- for det gjorde eg ikkje. Mi store Hovudsynd, det bròtslege Samlive med Inga Grønelid, elska eg endaa-til; og det var ikkje mi Skuld at det hadde teki Ende. Skulde eg bli frelst, so maatte det, aa kalle, gaa for seg so eg ikkje visste av det. Eg maatte bli lempa inn gjenom den tronge Porten; lokke, ja reint ut lure meg inn i Himil-rike maatte dei. Um no det evangeliske Ungdomslage kunde lure meg paa den Maaten? Eg heldt det ikkje utrulegt. Det tala i Lovine sine um "Hjem" og "kammeratslig Hygge" saman med "alvorlig Livsanskuelse" SIDE: 236 og "sand kristelig Aand"; noko sovori var det visst nettupp eg turvte. Dessverre skulde "Maria Stuart" gaa paa Teatre i Kveld; det var til Inntekt for Fru Gundersen. Og naar eg ikkje vakta paa meg sjølv, tok Nordraaks Menuett straks til aa tone og lokke i Øyro mine. Men alt sovori laut eg sjølvsagt skubbe til Sides, so framt eg skulde til aa tenkje paa aalvorsame Ting. Og det fekk eg vel gjera no; ein Gong laut ein byrja. I Røyndi var her no ikkje so mykje aa forsaka heller. Kva kunde det makalause Spéle til Fru Gundersen hjelpe meg naar eg skulde døy; eller kva Trøyst kunde eg finne i Nordraaks Toneleik naar eg skulde fram for Domen? -- -- Me heldt Siesta, som Tyrolaren sa; og godt smaka dette. Kaffien var drukkin og Pipune kveikte. Inn gjenom Glasi laag det vaarlege Solskine med smellande Ljos; gjenom den opne Svaldøri hadde me Lufti. Og fraa Hagen utanfyri, og fraa alle Hagane i Homansby, som og fraa Engine og Skogholti ovanum, strøymde den sterke Angen av Fyrisumar inn-yvi oss som ei linn Rusing. Fred raadde paa Rome vaart. Berre ei Humle surra rundt upp-under Lofte; ho hadde vildra seg inn fraa Hagen og kunde ikkje finne ut att. Smaae graae Petum- Skyir vogga seg andemjukt i Solspele; lyfte seg; sekkte seg; kvarv. Der var ein syvjesæl Dauvleik i Lufti. Noko burtdrøymt fredsælt og stilt. Byen høyrdest inn gjenom Sval-Døri som ei Susing langt burte; eller kannhende det var berre Lufti. Den store ljose Sùmarstilla gav ein sæl litin Hùg til aa blundre av. Eg laag paa den gamle hardstappa Sofabenken og smatta so smaatt paa ei lang Studenterpipe. Lovine til Ungdomslage hadde eg i Handi, men hadde gjevi upp aa lesa. Ikkje tenkte eg heller. Berre ender og daa dreiv ein Tanke framum meg svevnug og svivin. Aa, so godt dei hadde det, dei som alt var umvende! -- I Grunnen var det ikkje nokor rett Meining i aa umvende seg i slikt eit fint Vêr. -- Aa for Snakk! Var no SIDE: 237 det au noko aa koma med? Tenk; orsaka seg med Vêre! -- Paa skjøns imot meg, paa hi Sida Borde, sat Jonas Moen i den graae Hus-Kjolen sin. Han létst lesa i eitkvart som laag uppslegi framfyri 'n; men i Grunnen gjorde ikkje han heller anna enn røykje. Det store stridhærde Hovude hans laag som vanleg paa Skakke, liksom det drøymde um Soveputa; og yvi det raudleitte godslege Bonde-Andlite med dei smaae raudkanta Augo var liksom enno att noko av Kyrkjefreden fraa Morgon-Ykti. Tyrolaren, den lange spede med blaasvart Haar og den vene brune Lìten i Hudi, laag attlengis i Ruggestolen og røykte og las i "Norsk Missionstidende". Um eit Bìl riste han paa Hovude og lagde Hefte fraa seg; "quel bruit for ein Verkefing," sa han. "Kva for ein Verkefing?" spurde eg. Det er ikkje hans eigin dessmeir; det er Kona hans sin." "Kva for ei Kone?" spurde eg. "Kona til Broder Pedersen i Sululand," svara han. Moen saag upp og mælte stillfarande: "aa ja; dei turvte no ikkje plent skrive so mykje um slike mindre vigtige Ting." Eg tok Trøyst av dette; ein turvte daa Gud-skje- Lov ikkje reint gjeva upp Retten til aa hava ei Meining, um ein var eit Gudsbarn. Tyrolaren saag paa Klokka si og reis upp. "Man muss sich drappieren," sa han, og gav seg smaatt og jamt til aa stelle seg. Og han kunde stelle seg, Tyrolaren. Det tok Tid; men so vart der noko av det au; han vart fin, naar han gjorde seg fyri. Til dette hjelpte mykje dei svarte Kisteklædi som han aatte; og dei skulde han hava paa seg i Dag, saag eg. Det gjorde sitt til aa setja meg i Aalvors- Lag. Ei Stund etter strekte Moen seg. So saag han paa Klokka si og reis upp av Stolen. Paa sin stillmælte Maate lét han um, at det nok var sant at det var paa Tidi no aa tenkje paa aa ferde seg. Han vabba i maklege Huskjole-Stìg burt aat Omnen; sette Pipa fraa seg og sputta; Pipa hadde nok vori sur. Snudd so halvt til meg, men med Augo like sælt ut gjenom alle Vindaugo, sagde han: "korleis er det; trur du du vert med?" Eg SIDE: 238 tok meg paa Tak. "I Dag var Naadens Tid"; ein Gong laut ein gjera Aalvor av det. Og med eit stilt Velfar til Maria Stuart i Skotland svara eg: "ja; eg tenkjer ... eg tenkjer eg vert med, ja." -- "Det var gildt, det," sagde Moen og tok til aa draga av seg Huskjolen. -- -- Festen skulde byrja i Bønehuse i Hausmannsgata Klokka 5; Pastor Hermansen skulde opne. For meg, som ikkje hadde anna Ferda-Stell enn aa taka paa meg Hatten, var der god Tid. Eg vart sitjande; og djupt inne i Sjæli mi heldt eg enno ein Gong Upptal yvi dei Grunnane som det kunde vera til aa heller gaa paa Teatre. Naar Sanningi skulde upp, so var det dit eg helst vilde; og i Dag hadde eg Skillingar au. Men det var ingin av Grunnane mine som heilt vilde rekkje til; og daa visst var det ingin som Moen vilde godtaka. Og Tyrolaren, -- med sine haale brune Augo vilde han sjaa tvert igjenom meg med ein Gong. Endeleg var dei ferduge. Det var svært som dei skulde væra fine i Dag baae tvo; Moen kósta seg, han med, og det heiltupp paa Aalvor. Daa eg saag dette, vakna Samvite mitt. Eg fekk daa sjaa ut som eg stellte meg, eg au; eg reis upp og fekk Tàk paa Kósten. Og so var det Hatten daa. Kor i Verdi hadde eg gjort av Hatten? Tenk, um eg ikkje fann den. Aa jau daa. Der kom Tyrolaren med 'n; han hadde funni 'n paa Golve burt-med Kommoden. Stødt skulde han vera so glup til aa finna altslag, den Tyrolaren ... naah. Eg kosta baade Hatten og Klædi. Dermed gjekk me. -- -- Det var straalande Sùmar- og Sundagsvêr; Soli laag ned i Vest-Himilen og kvitglødde. I Nord, yvi Grefsen- Aasen, var der ein litin ljosgraa vaatvorin Moe som lova Regn; Tyrolaren vilde vera trygg og sprang upp-att etter Regnhatten. Ljosgrøne og ungmøyfriske stod Tréi med sitt nyspróttne Lauv. Gras og gule Blomar arbeidde seg i heit Livshug upp av den leirute Jordi. Det surra og surra av alskyns Smaa-Liv som sveiv ikring og hadde annvint og skulde drive paa og vera til med' Soli var sterk; og Fivreld i SIDE: 239 ljose Lìtir, djupt liljekvite, varmt rjomegule, vingla um millom Blomane mest vel so vene som dei. Ute paa Gata var det dumbut; Soli var heller heit. Men all Stad var Folk paa Ferd, og kvar Stundi fekk me Minningar um denne Verdi og hennar Hugnad. Smaae gladvære Lag av Kvende og Karar kom gangande og køyrande fraa Mark og Skog; alltid Kvende og Karar i Lag; alltid Laatt og Skjemt; alltid ljose Klædningar, Blomar, Lauv, Lettlynde. Aa, um dei visste kva som tente til deira Fred! Men det var løynt for deira Augo. Solbrende og velnøgde som dei der kom dragande med sine tømde Nistekorgir saag dei slettikkje ut som dei hadde fyributt Sæla si; mange av deim hadde beint fram drukki seg paa ein Kant. Modige Flokkar med unge Gjentur, Bordtausir, Sypikur, kvìke, hugsnikne Krambugjentur, fór framum oss i glad Hast; dei skulde til Bygdøy visst. Med Rødur og Laatt strauk dei sin Veg, og mynstra oss med snare Augo; men alltid fekk Tyrolaren eit Augnekast til Slutt som gjorde meg vondt; kvi var ikkje eg au fager? Og etter Gjentune fylgde Gutane. Der var alle Slag; store, støde Handverks-Sveinar i Sùmarbunad, svartklædde, legg-granne Artianarar og Studentar med Stavar, Brillur og Sigarar, undrande seg paa kva denne Kvelden kunde føre med seg av smaa Æventyr, og dertil Hermennar og Folk av uvisst Yrkje; men alle syntest samstellte um aa ikkje koste so mykje som ein Tanke paa si udøyelege Sjæl. Enn alt det Vaarherre skulde vera nøydd til aa sjaa paa! Eg og Venine mine vandra Vegen vaar stilt og sagde ikkje mykje. Det vart rødt eit og anna um Presten Hermansen; elles var det ikkje anna enn ender og daa nokre Ord um Vêre. Teater-Lysingar stod og lokka paa alle Gatehyrno: Maria Stuart i Skotland, Musik av Rikard Nordraak! Um eit Par Timar skulde Duken gaa upp for Dansen i den gamle Kongeborgi; det sekstande Hundradaar skulde fram or Gravine sine og danse Menuett. Og til den høgtidsame Dansen skulde Tonane suse som Haustvind i gamle Eiketre. Eg høyrde deim alt; dei tok til aa vogge og bylgje for Øyro mine som ei Forlokking. -- SIDE: 240 -- Der laag Bønehuse. Det var ein stor raud Mursteinsbygning med høge, smale, kyrkjevorne Vindaugo; eit Namn til Hage grønka utanfyri. Inngangen stod opin og gapte imot oss som ein svoltin Svelg. Den gamle Adam reiste seg i meg endaa ein Gong og vart nedtvinga. Nordraaks Menuett døydde av og kvarv som ein Song langt burte. Det kvite Sløre til Dronning Maria skimta fram og kom burt i eit Skogtykke. Med ein Tòlmods- Sukk gav eg upp Voni for godt, og stemnde fram mot den svoltne Svelgen med ein god Vén paa kvar Side. Røme var raadlaust. Det var nok paa sin Maate rimelege Folk, desse Felagane mine; og so lite som eg enno i Røyndi kjende til deim, so kunde det jamvel hende at eg gjorde deim Urett, naar eg heldt deim for Guds Born. Dei gjekk stilt med alt. Men stole paa deim kunde eg ikkje. Det var i det heile raadlaust aa finne litande Verdens-Born i den Krinsen der eg no vanka; dessutan var Kjenningane mine fraa Stavanger, der alt Folk var Gudsborn i den Tid. Elles tenkte eg ikkje paa aa røme. Verdi kunde med all si Moro ikkje i Lengdi gjeva Sjæli mi Ro; fyrr eller sidan laut eg vende um fraa min vonde Veg; dessutan var me alt ved Troppi. Me kom inn i eit overlag stort Rom, langbygt, med kalka Veggir og Vindaugo til Skuggesida. For oss, som kom beint fraa den yrande, glirande Solglimen ute, gjorde det døyvde Ljose godt. Like eins gjorde det godt at her var so svalt; Lufti kjendest elles kannhende noko innestengd. Paa den innste Veggen rett imot Døri hekk ei stor svart Veggtavle som gav Rome ein Tilsmak av Skulestogu; Tavla var umkransa med ei Fletting av Granbar til eit Vitnemaal um, at det me i Dag skulde halde var Fest. Golve var rudt, og Benkir og Stolar borne ihop i ei Kraa ved Utgangen. Noko lenger inne i Salen, til høgre, stod eit stort Bord, uppduka med paasmurt: ferdug-laga Skìvur. Endaa lenger inne hadde dei Gjestine som var komne stellt seg upp; i tett Flokk stod dei, eller snarare i tvo Flokkar, daa det midt i Salen var ein smal Gang opin. SIDE: 241 Øvst uppunder Veggtavla stod Talarstolen; det var ein vanleg Lærarstol. Me stellte oss inn-aat den eine av dei tvo Flokkane, den til høgre; og daa eg hadde stelt meg upp, og funni Utveg med Armar og Hendar, gav eg meg til aa augnefara denne Samling av Ungdom som hadde skilt Lag med Verdi og hennar Lyst. Det var aalvorsame, tekkjelege Folk, mest Læregutar i Handel og Handverk, og so Studentar. Dei gjorde inkje Staak. Dei stod der dei stod, meir eller mindre ufritt uppstelte, den eine attum den andre so vidt Raad var; det saag ut som det var eitkvart dei vilde verja seg imot. Mange rødde ihop, men stilt; og eg saag Smiling ender og daa, mest millom dei som stod attlengst. Eg tykte mest det kjendest verdslegt at Folk smilte her; men endaa meir verdslegt kjendest det store Borde med Skìvur. Eg granska Framsetningi med mistrugne Augo; her skulde vel ikkje vera Øl? -- Nei; her var ikkje Øl. Berre Mjølk. Og daa kunde her ikkje vera noko aa segja. Ei kvævd Kjensle var komi yvi meg; men so fekk eg Auga paa Song-Lage. Det var den vesle Hopen som stod upp-ved Talarstolen so halvt for seg sjølv og saag embættsleg ut; dei smaae blaaperma Songbøkane fisla. Gudverelov; me skulde hava Song. Eg drog Anden lettare. Døri stod uppe; fraa Dagen der ute kom der endaa stundom dukkande inn ein einskild, eller eit Par einskilde, som skulde hit og halde Fest. Dei gjekk inn i den eine eller den andre av dei tvo Flokkane og kom burt der; det saag ikkje ut som Flokkane voks. Eg stirde mot Døri so Augo veikna; no kom vel snart Mengdi. Men det kom ingi Mengd. Der ute dura Byen i Sundagsglansen; og Ungdomen fór og jaga etter Gleda i denne Verdi, liksom det ikkje skulde finnast korkje Daude eller Dom. Det var i Grunnen fælslegt. No tok det elles til aa myrkne der ute; kannhende fekk dei Regn yvi seg; so kunde dei hava det so godt. Jau daa skulde han koma til aa sjaa ut, all den ljose Sùmarstasen! Ein bleik, attknappa Mann med eit vent kristelegt Andlit gjekk hastande att og fram millom Talarstolen og den SIDE: 242 eine Sideveggen; det var Presten Hermansen. Eg kjende nok honom. Han hadde vori Sjømannsprest i Engeland; sidan gjekk han svartklædd og heilt attknappa og med den kvite Halsduken som dei reformerte Prestane brùkar; eg hadde aldri sétt 'n annarleis klædd. No for Tidi livde han embættslaus i Kristiania, der han dreiv Hugvendingsarbeid paa sin serskilde Maate, mest etter engelskt Mynster. Han hadde endaa fengi i Stand eit Par store Seglduks-Tjeld som han preika i; desse Kyrkje-Tjeldi flutte han med seg rundt Utkantane i Byen og sette deim upp snart her og snart der, ofte paa utrulege Stadir. For det var i denne Byen mange som ikkje søkte Gudsord; og so fekk Gudsorde søkje deim. Ein fekk nøyde deim til aa gaa inn, som det stod i Evangelie. So hardsett var han i Arbeide sitt for Guds Rike, at endaa han var rett-truande som Katekisma, so kunde han mest verte mødesam stundom; den kjære Professor Caspari hadde ein Gong paa sin skjemtsame Maate sagt, at "den Mannen burde ein setja fast", -- med den Meiningi at ein burde faa Pastor Hermansen inn i eit Embætte. Eg òg fann, paa min Maate, Pastor Hermansen mødesam. Han hadde komi til aa kjenne meg, og visste at eg var lite grunnfest; og naar han raaka meg, so tok han paa meg, um det so var midt i Gate-Staake, og tala um mi udøyelege Sjæl. No var det ikkje alltid at eg var i Lag til aa tala med 'n um den; og so gjekk eg gjerne undan for 'n; men Presten Hermansen hadde sitt Kall fraa Gud og var ikkje lett aa koma undan. I Dag hadde han preika tvo Gongir alt. No skulde han tala her. Og i Kveld, naar Ungdomslage var ferdugt med si Høgtid, so skulde han halde Bøn i Unggut-Lage. Eg saag paa denne tunne, bleike Prestemannen med den heilage Aasyn og kjende Vyrdnad. So aalvorsamt kunde sùme taka Live. Og endaa kunde denne same Mannen gaa ikring her i denne Stundi og vera heilt-upp skjemtesam. Han visste at me skulde halde Fest, men sk£na at dei unge ikkje soleis med ein Gong kunde koma i Høgtidslag. Dei heldt seg stødt saman i tett Flokk, liksom til SIDE: 243 aa verja seg, og saag ut til aa vera tyngde av Stilla og den aalvorsame Salen. So kom han hit-til deim ender og daa og freista aa friske deim upp. Og det hende at dei han tala til smilte. Det var no ikkje Meiningi heller, at ein skulde tykkje langt eller hava det keidsamt i dette Lage; tvert imot. Det stod med tydelege Ord i Lags-lovi, at ein her skulde samlast til Hyggje og Tid-Trøyting; berre at alt skulde gaa for seg i kristeleg Aand. Det vart visst og arbeidt for at desse Lov-Ordi um Hyggje og Tid-Trøyting kunde bli anna enn berre Ord; det vart haldi Fyrilesningar um baade eit og anna, og siste Joli hadde dei endaa havt Joletre. Men i Dag saag det ikkje ut til at Moroi vilde upp, endaa Presten Hermansen tydeleg gjorde det beste han kunde. Um han var lentug eller morosam i kristeleg Aand, so smilte dei unge, men vârt og utrygt; og so vart det ikkje meir av det. -- No kom det ikkje fleire. Det kunde ikkje nytte aa stire paa Døri lenger; alle Augo hadde etter kvart vendt seg mot den bleike Mannen. Han kunde likso gjerne taka til no. Den bleike Mannen saag paa Klokka si, men venta endaa eit Bìl. Att og fram gjekk han, fortare og fortare; gneid dei mjuke Hendane sine og sende Augnekast upp mot Lofte, liksom han venta Hjelp fraa den Kanten. Men det kom ingi Hjelp. Daa raadførde han seg med Klokka endaa ein Gong. Det gjorde eg med. Mi gjekk so um Lag 10 -- 12 Minuttar for seint; etter det skulde Klokka no vera ikring eit Korter yvi fem. So eg kunde ikkje skýna kva han drygde etter. -- Endeleg. Presten Hermansen gav eit Teikn. Døri vart att-lati. Den blanke Straumen av Dagsljos som hadde stadi inn gjenom Døri vart utestengd; Rome liksom myrkna. Den vesle Hopen som stod halvveges for sjølve-seg upp-ved Talarstolen og saag embættsleg ut, skipa seg til Song-Lag. Han den vesle Skomakaren, som hadde lappa Skorne mine sist, han med det litle runde mjuke falbleike Andlite, viste seg; han var Songstyrar og gjorde Teikn med Taktstokken og kviskra. Med ein Gong styrmde det paa: SIDE: 244 "Det er saa deiligt at følges ad for dem som gjerne vil sammen være." Det klinga forvaagleg sterkt i den halvtome Halli. Daa dei song den siste Verslina, steig Presten Hermansen upp-aa Talarstolen og lagde ihop Hendane. Han saag ei Stund uppmot Lofte. Det myrkna endaa meir; nokre Regndropar tok til aa falle mismodigt og stilt mot dei smale Vindaugo. Presten opna med ei Bøn. Maatte me lære aa kjenne oss sjølve og vaar store Veikskap; maatte me lære aa taka Herren med oss i alt det me gjorde, so at me all Tid, i Arbeide og ikkje minst i Kvilestundine, kunde vera trygda mot denne Verdi med hennar Freistingar og Faarar; maatte me endeleg faa Naade til aa halde denne Festen i Jesu Namn. Dermed gjekk han yvi til Dagslista. Han gav ei Yvisyn yvi det som var gjort i Lage serleg i det siste Aare; og her fekk han Tilføre til aa leggje ut noko meir um det fagre Fyrimaale som Lage hadde. Han tala vent Bergensdanskt. Byen tok til aa verte stor no, sagde han; og det vonde trengde seg inn fraa alle Kantar. Syndi laag aa kalle paa Lur ved Gatehyrno; serleg faarefullt var det for dei unge som kom inn fraa Smaabyane eller fraa Lande, og som daa skulde vandre sin Veg aaleine i den store Byen utan den Hjelp som jamvel den uvandaste Heimen kunde gjeva. Difyri hadde Gud gjevi nokre krist-lynde og for Folkebaten hugvarme Mennar den Tanken aa skipa slikt eit Lag, der dei unge kunde ty seg av i ledige Stundir, og verte vel mot-tekne, og faa Raad og Rettleiding, og finne Felagar og stundom høyre eit Gudsord; i det heile eit Lag som kunde vera som ein Heim for deim, og tryggje deim so mykje som Raad var mot den store Byen med alle hans Freistingar og Faarar. Det var nok so, at Lage ikkje kunde gjera noko stort Arbeid; syrgjeleg mange var dei som helst vandra sine eigne Vegar og liksom den burtkomne Sonen øydde si Eign i Ulivnad, til dess dei, som han, laut eta Skolmir med Svinom. Men naar me saag attyvi SIDE: 245 paa det som her i Lage var gjort, baade i det heile og serskilt i det Aare som no var gjengi, so torde me likevel med Takk til Gud segja, at dette Lage, ved Herrens Miskunn, hadde verka -- um stilt og i Veikleik, so endaa til Velsigning. Presten slutta med ei stutt Bøn. Maatte me lære aa kjenne oss sjølve og vaar eigin Veikskap; maatte me lære aa taka Herren med oss i all vaar Ferd; maatte han serleg i sin Naade verja dei unge Gutane mot Freistingane og Faarane i den store Byen. Bleik og fager, ràk som eit Ljos, stod han der uppe, den att-knappa Mannen, og bad. Andlite var vendt uppetter, med Augo som saag lidande ut; dei samanlagde Hendane laag kvilande framfyri 'n paa Stolen. Ute rignde det. Lett og mjukt fall dei smaae Dropane mot Glasi; det var som eit stilt Svar der ovanfraa, ein Lovnad um Grøde og Signing. Han sagde Amen i Jesu Namn og steig ned. Song-Lage kvad i: "Gud sign vor Konge god, giv ham i Farer Mod, giv ham din Fred. Giv du ham vise Raad, styrk ham i al hans Daad, styrt Svig og Ondskab kaad i Støvet ned!" Noko uventande totte eg dette kom. Men det var ikkje Meiningi at ein i dette Lage berre skulde fara med gudelege Ting; menneskjelege Hugmaal skulde ein òg kunna dyrke. Ja der var ikkje noko menneskjelegt som skulde vera Lage uvedkomande; berre Politik var utestengd for Freden Skuld. Etter Kongesongen vart det stilt litegrand. So kom Songlage paa nytt: "I Jesu Navn skal al vor Gjerning ske, om det skal komme os til noget Gavn, endes ei med Spot og Ve." SIDE: 246 Ein Mann, noko-lite graa og turr, men vyrdsleg og velviljug, tydeleg ein av dei som her hadde noko aa segja, viste seg paa Talarstolen daa Verse var utsongi og sagde, at no vilde me paa denne Høgtidsdag gjera oss til godes, ikkje berre med Guds aandelege Gaavur, endaa desse sjølvsagt var dei fremste og fornæmaste, men og med dei timelege, dei som han hadde gjevi oss til Næring og Upphald aat Lìkamen. Den blide graae Mannen lagde ihop Hendane og heldt Bøn. I Trumaals Lag bad han Gud um fyrst aa mata Sjæline vaare med Livsens Brød, og so um aa signe desse jordiske Gaavune so, at me av deim kunde hava sann Nytte; maatte me endeleg faa Naade til aa njote desse hans Gaavur i Jesu Namn. "Ver so god; kjære unge Venir!" Dei tvo Samanstimingane tok smaatt um Senn til aa løyse seg upp og skifte seg ut rundt det store Borde. Kvar for seg leitte seg ut sine Skìvur og slo i sitt Glas Mjølk; drog seg so ifraa og gav Rom aat andre. Der vart Rørsle; det var ei Stund at der mest var Liv. Eg var ikkje Lagsmann, men raadde meg til ei Turfting Mat og Mjølk likevel; for eg var svoltin. Og Maten smaka godt. Der var noko reint makalaust uppskori Kjøt; og Mjølki var framifraa. Den aahugsfulle Stilla seig yvi oss att smaatt um Senn; snart stod me rundt Borde og togg tagalle. Eg undrast noko paa, kva det vilde segja i Grunnen: aa eta i Jesu Namn. Presten Hermansen gjorde ender og daa Tiltak med kristeleg Moro. Daa eg var ferdug saag eg paa Klokka. Store Gud! ho var ikkje fullt seks. Ein forvillande Tanke tok meg: um dei kunde gjera seg ferduge her paa ein Times Tid til! med det vigtigaste, um ikkje meir! Teatre skulde eg naa paa tie, ja um det kneip hardt, paa fem Minuttar; Herre min Gud, um dei vilde skunde seg! -- Ja for so kunde eg endaa ein Gong tenkje yvi korleis eg best skulde koma innpaa den rette Vegen ... Me drog oss ihop att i dei tvo Flokkane; og det kom ei Takkebøn for Maten. Nordraaks Menuett vakna for Øyro mine att og tok paa nytt til aa vogge og bylgje. SIDE: 247 Eg skimta Maria Stuart kvit og fager; og der lyste Sol naar ho slo Augo upp, og fall Skugge, naar ho slo deim ned. Og so var det Møte med David Rizzio; aa! som ho var megtig i si Verjeløyse! Verre enn Satan maatte dei vera, desse fæle svarte Puritanarar og Protestantar, som ikkje visste andre Tonar enn Salmar og ikkje andre Stadir enn Gravir ... "... Lader os frydes, lader os frydes, frydes, frydes, ja lader os fry -- -- -- des i Herren! ..." jubla Song-Lage; det var eit Bibelord som var sett Tone paa. Eg kunde ikkje skýna kvi dei skulde syngje det same upp-att so mange Gongir; det hadde vori likso vent um det hadde vori stuttare. Likevel vart dei ferduge; og so kom det ei Togn. Slutningsbøni? -- vona eg med Tvil i Hugen. Men Presten Hermansen viste seg paa Talarstolen og sagde at Orde var fritt. Daa gav eg upp all Von. Sjølvsagt var det no, Festen skulde byrja. Ungdomane her saag elles ikkje ut som dei visste noko aa gjera med "Orde". Dei stod og saag tankelause ut, synleg og tydeleg tankelause. Det var greidt, at korkje han eller han vilde tala, og minst av alt han... Det vart drygt noko. Presten Hermansen forsikra paa nytt at Orde var fritt. Men der var endaa ingin som tok det. Daa gjekk Song-lage i Elden att. "Zions Vægter hæver Røsten: vaagn op, der blinker Lyn i Østen, vaagn op, Guds Stad Jerusalem!" Tri Vers av denne Salmen vart sungne. So vart det stilt att. Hardsett, raadlaust stilt. Gutane forherde seg i Tankeløysa si, og vârde seg mot alle mògelege Mistankar med aa halde sine Munnar att so tett og fast som dei kunde. Eg var paa Spanebenken. Berre dei no heldt ut. So SIDE: 248 vart det ikkje meir av det; og so vart me nøydde til aa slutte. Daa ser eg den vesle bleike Skomakaren min snu seg til Presten Hermansen med nokre kviskrande Ord. Kva kunde han vilja? Presten høyrde paa 'n med Brunine lyfte; endeleg var det som han vann seg yvi; han nikka. Det var greidt at her var noko i Gjerdom; kva tru det var? Det skulde eg snart faa Greide paa. Skomakaren gjekk upp paa Stolen; Skomakaren vilde tala. Daa svor eg at eg aldri skulde lappe Skorne mine hjaa den Mannen meir. Skomakaren stod eit Bìl og tagde, med Augo nedslegne; han bad vel um Naade til aa finne dei rette Ordi. Aa, so toskut som han saag ut. Eg skulde endaa lappe Skorne mine hjaa 'n, um han vilde vera stutt. Og kvi skulde han ikkje vera stutt. Slik ei Skomakarsjæl kunde daa ikkje hava mykje aa segja. Nei; det var ikkje stort han hadde aa segja. Hm. Men daa ingin av deim som hadde større Naadegaavur til aa tala enn han, -- naar ingin av deim tok Orde, so vilde han i sitt Einfelde faa Lov til aa framføre -- ; ja i Grunnen vilde han berre fortelja ein litin Ting. Det var ei liti Røynsle, kunde han segja; og han vilde ikkje skjemmast for aa føre ho fram; for um det kunde synast lite og taapelegt for den vise Verdi, so kunde det hende at einkvan av dei kjære Vénine her kunde koma i same Anfektelsen, og daa kunde dette som han no vilde segja, verte deim til Trøyst eller -- ja han kunde gjerne segja Trøyst. Hm. Ja for det var ikkje anna enn ein Djevelens Anfektelse. Det var ikkje anna. Hm. Heile den siste Viko, men mest um Torsdagen og Fredagen, ja kannhende det var alra verst no um Fredagen, -- ja det var Djevelen som hadde forfylgt 'n med den Freistingi, at heile dette Stelle med dettane-herre Ungdoms-lage, og med Song- lage, ja det var helst Song-lage, -- det var berre i Grunnen noko verdslegt Væsen som drog burt ifraa Gud, i Staden for aa draga til Gud. For her sysla me ikkje berre med det som der stend um, at berre eitt er fornødent; SIDE: 249 men me bekymra oss ogso um mange Ting. Me heldt Avisur, som inneheldt mange Slags Berettelser, og me hadde Bøkar i Bibliotheke som kanskje nemnde Guds Namn og kanskje ikkje. Der var og mange Foredrag her, som handla baade um det eine og det andre; Reiseskildringar og dilikt; og me song verdslege Songar som kanskje helst kunde uppmuntre til aa elske Verdi og dei Ting som er i Verdi, so at Guds Vilje ikkje fekk Framgang i oss. Hm. Ja. Han hadde vori reint svært mødd av desse Tankane. Ja han hadde vori freista so svært, og so hardt, at reint ut sagt -- ; ja no um Fredagen hadde han beintfram tenkt paa aa segja fraa seg baade Song-lage og alt saman. Men daa det var paa det alra verste no um Fredagen, so hadde han gjort som han sedvanleg gjorde i slike Tilfelde. Han hadde gjengi inn i sitt Sovekammers og bedi til Gud, regtigt inderleg bedi til Gud um aa taka denne Freistingi fraa han, so han kunde vìta kva han skulde gjera og ikkje gjera i denne Saki. Og daa hadde han vorti hjelpt; Herren hadde vori so naadig at Skomakaren slapp ut av Anfektelsen. So at um Laurdagen. ja i Gaar ja, var han mykje betre, og i Dagmorgo reint bra. Og i Dag hadde han gjengi til si Gjerning i dette Lage med Fred i sitt Hjarta og med Takk til Gud, ja regtigt inderleg med Takk til Gud, som ved sin Naade hadde upplati Augo hans i denne Saki; og dette var det han no hadde vilja føre fram; hm; han hadde tenkt at det kunde ... ja det var no berre domt av honom, her, der det var so mange Ordets Mænd, ja Ordets Mænd vilde han segja ... Skomakaren gjekk seg fast i Talemaatar og Orsakingar, men berga seg til sist inn i ei Bøn, som likevel vart reint stutt. For han kunde ikkje finne paa meir enn tvo Ting aa beda um, og dei var det bedi um fyrr: at me maatte lære aa vedkjennast kor syndige me var, og at Herren vilde vara dei unge mot den store Byen med dei mange Freistingar og Faarar. So gjekk han ned og lét Song- lage røysta i med "Jesus din søde Forening at smage". Det vilde ikkje rett klinge denne Gongen, totte eg; Songarane var visst eit Grand brydde. SIDE: 250 Det regnde ikkje lenger. Solglansen tok til aa vinne seg inn gjenom Glasi att i høge smale Strimur, der gullblank Dumbe strøymde og dreiv; no maatte det vera herlegt ute. -- Kva Slag? Ikkje meir enn halv sju? Kannhende dei endaa kunde bli ferduge? Presten kom upp og spurde um det var fleire som hadde noko aa bera fram; eg stod som paa Glødar. "Ver so god!" lokka han venlegt og blidt. "De bør ikkje vera bljuge! Skulde det ikkje vera ein i denne Forsamlingi som hadde eit Ord aa segja oss? -- ei Vedkjenning, ei Uppkveikjing ... eller gjerne eitkvart anna? noko um Guds Gaavur og Gjerningar i det timelege, i det verdslege? Eg ynskte 'n godt og vel ute. Men Gud vere Lov; der var ikkje ein i denne Samlingi som hadde eit Ord aa segja oss. Daa tok han Orde sjølv. Han totte visst at ei Framføring av noko meir verdslegt no kunde høve, og tok til aa fortelja um Tilstandi i London. London var ein stor By, den med; og Freistingane og Faarane var mykje større der enn i Kristiania. Men so var det daa òg der ved Guds Naade eit Frelse- og Bergingsarbeid i Gang som me ikkje kunde nok undre oss yvi. Allstad der Satan hadde sine Tempel, der hadde òg Herren sine Kapell; ja Guds Ord vart bòdi fram paa dei utrulegaste Stadir og paa dei utrulegaste Maatar ... Eg stod med Klokka i Handi; eg talde Minuttane; gjev han no snart kom til Slutnadbøni; for sjølvsagt skulde me hava ein Salme der-etter att; og eg turvte, i Aalvors Tale, minst tie Minuttar. Men Presten Hermansen slutta utan noko vidare Bøn. Og det var det same som at me skulde hava Sluttbøn serskilt. Eg freista paa aa vone at denne Bøni vilde bli stutt. Men so viste det seg, at det var Emissær Bølle som no skulde tala. Emissær Bølle var ein kraftfull storbygd Skapnad med SIDE: 251 eit svært brunt Skjegg; han skulde hava svære Talegaavur au, dessverre. "Etter som Tidi alt er heller langt framskridi," tok Bølle i med veikt Mæle, "so vil me no til Slutning samle oss i ei kort Bøn." Ja det er lett aa lova, tenkte eg arg; det var att berre tie Minuttar. Eller kannhende tolv; i det alra høgste trettan ... Aldri i Verdi vart han ferdug paa tri-fire Minuttar. Kva skulde ein gjera? Kunde ein ikkje gaa sin Veg? Kverve burt reint stilt? Eg saag ned-yvi det lange Golve og gav upp den Tanken. Her var uhuglegt opi og tomt; kvart Auga vilde sjaa meg. Daa visst var det ikkje tenkjande paa aa gaa aaleine. Eg mynstra mine Felagar; enn um dei likevel ikkje var Guds Born? Daa visst Tyrolaren? Og jamvel um han var Guds Barn, so hadde han daa Dømekraft; han maatte kunna bli leid ... Men baae Felagane mine stod med Hovudi bøygde, innsvævde i djup Ettertanke. Likevel kunde eg ikkje reint gjeva upp Tyrolaren. Han hadde ender og Gong ein Dragnad ved Augo som gav meg noko som ei Von; berre uppbygd kjende han seg visst ikkje. Eg støytte'n paa Aalbogen: "skal me gaa?" Han saag forstøkt paa meg; svara visst i Grunnen ikkje Der var eit Drag um Munnen hans som eg tydde so, at han for sin eigin Part ikkje kunde hava so mykje imot aa fylgje meg; men eg kunde òg sjaa, at han hadde sett seg fast fyri aa vera ulasteleg til Slutten. Det galdt ikkje so mykje for meg um aa vera ulasteleg. Eg langstirde etter Døri; tru ein ikkje likevel kunde -- ? Naar alt kom ihop, so var her mest ingin som kjende meg. Men Golve var ille tomt. Og dei der upp-ved Talarstolen hadde slikt eit syrgjeleg godt Yvisyn. Kvi var ikkje dei Benkine der nede sette upp so at dei kunde gjeva eit Grand Livd ... Det var raadlaust. Eg gav upp Voni for alra siste SIDE: 252 Gongen. Men det var endaa nokre Minuttar att. Kannhende Bølle vilde vera stutt likevel for ein Gong Skuld. Tenk um Anden ikkje kom yvi 'n; det kunde daa vel hende? -- -- "at du vilde gjeva oss din heilage Ande, so at me kunde faa Naade til aa sjaa, ja rett til djupt og inderleg aa kjenne og vedkjennast kor veike me er, og kor reint til inkjes me er i oss sjølve; og at du vil styrkje og leide oss, og serleg dei unge ibland oss, Herre, at dei ikkje lid Skipbrot i den store Byen ..." Nei. Ingi Von. Eimen var komin upp; Salvings-Anden og Naaden var heilt komin inn i Ordstraumen. Han slutta ikkje paa den fyrste halve Timen no; det skýna eg altfor vel. Men um nokre Minuttar gjekk Duken upp for Spel-Tìle. Og det var framum alt det fyrste eg maatte hava; Menuetten, den herlege Menuetten -- -- -- Den Vonde fór i meg. Eg drog meg attum dei andre; lyfte meg paa Taa; gjorde meg ledug i Knéi; snikte meg frametter Veggen ned-yvi; vârleg, vârleg; Gudskjelov, dei gamle Styvlane rikta ikkje ... Alle Augo vakta paa meg; det kjende eg baade i Nakke og Rygg; men eg drog Hovude so langt eg kunde ned millom Aksline. Aa, eg var ein syrgjeleg Fyr. Det vart visst ikkje Tale um sann Hugvending paa mange Aar for meg enno. Det susa for Øyro mine. Emissær Bølle ropa til Himilen yvi meg; men det høyrdest so langt burte. Vârt, vârt! -- Fæl Atterljod; det var nok Knéi som vart ustøde. Gud vere Lov; der var Døri; Laase var leidt; det baud imot; det skreik eit Grand; men upp laut det; so glytte eg paa Døri; berre lite Grand; snikte meg gjenom den tronge Sprikka som Reven naar han smyg ut or sitt Skinn; vârleg, vârleg; aa! -- der gleid ho att etter meg; eg var ute. -- -- Lufti var sval etter Regne; og no i Kveldingi lukta det so velsigna Vaar. Og Himilen var herleg; og Sol- Kula, som laag ned paa Ryggen av Lierfjelli og lòga gullraudt; og Gata var herleg; og Gatesteinane; og Fortaagi; SIDE: 253 paa dei kunde ein koma kvar som helst. Og Folk med var gilde; Herregud, um dei no moroa seg eit Grand. Vaarherre fekk tilgjeva meg; eg skulde nok bli betre; ja, med Tidi; med Tidi; eg skulde nok -- ; han fekk berre hava Tòlmod ... Og so sette eg av Stad. Eg tok sju Fot i Stìge; eg sprang; eg tyrste etter den store Byen med hans Freistingar og Faarar. SIDE: 254 Døy. Ein Kjenning hev fortalt meg denne Sogo; eg sèt ho i Stil og lèt ho gaa paa Viddi. "Hm ..." Han Morbror kremta, og der kom ein Smil um Munnen hans. Me sat paa Utsvali i den varme Etternons-Soli og saag ut yvi Have. Eg hadde fortalt um Bror min, som var blìvin der ute, og var baade kvit og kald. "Huh, Morbror," skok eg meg; det maa vera fælt ... det maa vera fælt aa døy, du!" "Hm ... hm-hm. So du er rædd Dauden." Han saag skral ut, han Morbror, der han sat og seig ihop i Ruggestolen, inntulla i Pelsverk og Plògg, endaa det var midsumars. Han hadde vori ein spræk Kar, og den stautaste Herremannen so vide som Ord gjekk; men han skulde ha lìvt "villt", som dei sa, og var no berre ein Skugge av seg sjølv liksom. Andlite var gult og innslakna; Augo laag store og dauve og gleid under tunge Kvarmar; yvi Kinni og Hòko stod Skjeggestubben tett og graa, med gulnande, kvitnande Flekkir; han raka seg ikkje oftare enn kvar Laurdag. Det var ei Minning av Slag som hadde bròti han so ned; han hadde vori sengfast heile Vinteren aa kalle. No skulde han "liggje paa Lande" og sjaa aa koma seg att; og so var han daa komin til oss. Her var han skyld og godt kjend; og so kunde det for alle Tilfelle vera godt aa vera i Huse hjaa ein Doktar. SIDE: 255 Eg var um 'n jamt og samt; eg hadde alltid vori glad i 'n Morbror. Han paa sin Kant hadde ikkje noko imot meg heller, trur eg; og eg gjorde meg den Tanken at eg hjelpte 'n aa trøyte Tidi med DrØse mitt og Smaasogune mine fraa Stallen og Drengjestogo. Eg var vel ein Gut paa mine femtan Aar eller so. Han sat mest og tagde og høyrde paa meg; det fall ikkje lett for han aa tala. Han saup ofte etter Anden; og Mæle var uklaart og trøytt. Alt i eitt kremta han; men det hjelpte kje noko vidare. Stundom var det som Tunga slo Bugt for 'n; Ordi kom tjukke, klissne, liksom valne; helst vilde det gjerne klabbe seg for 'n naar det var Ord med mykje s i. Berre ein Hende Gong kunde han livne upp; daa gjekk det lettare. Og daa vart eg glad; for eg trudde at no vart han snart god att. -- "Ja, ja. Ungdomen. Daa ser Dauden ... leid ut." "Trur kje du Morbror at det er vondt aa døy?" "Nei." Han sagde det so trygt som han skulde ha røynt det. Eg vart forvìtin og saag paa 'n, spyrjande og sjølvgløymd. "Dauden -- hm," kremta han Morbror, "helsar paa oss ... rett som det er. Hm. Eg ... kjenner 'n godt. Han er ... ikkje faarleg." "Fortèl, fortèl ... so framt du ikkje er for veik." "Hm. Lite aa fortelja. Hm-hm! -- Eg hev vori ... i Faare for Live mange Gongir. Men ... det er ikkje det. Det er -- hm -- naar ein kjem Dauden ... so nære at ein ... helsar paa 'n. Daa gløymer ein aa ... vera rædd." "Hm. Fyrste Gongen var eg ein Gut paa ... fire-fem Aar. Eg laag paa ein Aa-Kant ... me budde paa Lande daa ... og hivde Stein ut i Vatne. Der var fullt av ... Aure-Kjøu inn med Land. Heile Flokkar stod der og gapte og glodde i det varme Vatne. Eg hadde Moro av aa -- hm -- 'kræme dei. Men kor det bar til, hm: eit Grand etterpaa ... laag eg sjølv der ned-i Vatne. Og eg totte det var godt ... aa liggje der. Hm. Eg ... laag paa Ryggen; glodde beint upp i Himilen-hm; SIDE: 256 som gjenom eit blaatt Slør. Men det var so blankt; og blaatt. Og Ljose der uppe, hm; fælt vent, totte eg. "Det vart meir og meir ... lett ikring meg; og meir og meir ... ljozt. Og mjukt. Kvit Glanz. Og lett ... liksom eg laag i Luft, kvilde i Luft; mjuk, lett Luft ... mild, blank, uendeleg klaar; ingin annan Ting i Verdi ... vilde eg enn ... liggje der og kvile. Hm." "Aa! som det maa ha vori rart!" "Hm. Uendeleg vidt saag eg, upp og ut ... berre demantblaa Himil ... som kvitna burt i ... Ljoz; kvitt, kvitt, hm. Dirrande, gidrande kvitt Ljos, tett, tett ... so heile Verdi vart til lysande kvit Taake. Eit endelaust Hav; Sky-Hav ... av Luft og Ljos. Og midt i dette Sky-Have laag eg og kvilde. Fælt godt." Han kremta og tok seg ein Slurk av Vatsglase som han hadde standande paa det vesle Borde attmed Stolen sin; og eg, som sat der orventin og mest skalv av Spaning, saag paa Augo hans at han tok til aa livne upp. "Men var det ikkje vondt aa ikkje faa ande?" spurde eg ... Han riste paa Hovude. "Berre godt; berre godt. Eg kjende kje det. Var berre so lett. Hm. Men inn-i denne kvite, klaare Ljos-Skodda ... tøygde det seg lange, lette Skuggar av grønt og brunt; Halvskuggar; grøne Blokkur, lange brune Greinir og Stylkir; reint tropiskt, hm; ein Skog med Palmeblad og ... Slyngvokstrar ... og Blomar, Skuggeblomar so store som Maanar ... villt, rikt, underlegt; i Flokar og Bugtir og lange Fletningar; hm. Eg var vel komin ut-i det høge Aa-Grase vil eg tru; millom Nykkjeblom og Sèv og alt anna rart som gror i djupe Hyljar." Han drog etter Anden djupt og langt. "Visste du til deg?" "Hm. Naa; ikkje rett. Det var ... Bilæte som teikna seg paa Retina ... og spegla seg i Heilen som gjenom ei Tòku. Hm. "Meir veit eg ikkje, fyrr eg vakna i Fange paa Barnegjenta mi. Ho var mest fraa seg, ho, hm; hm-hm; det undrast eg paa. Eg var berre leid for at eg ikkje laag SIDE: 257 so mjukt lenger ... Og mang ein Gong sidan hev eg banna den ... Fyren hennar, at han ikkje kunde ha haldi paa henne ... i tri Minuttar til; so hadde eg vori ferdug." Det siste gjorde meg vondt; og eg vilde trøyste 'n. "Aa, du hev daa havt mykje godt i di Tid, du Morbror." "Hev havt" ... han smilte modlaust. Smile vilde ikkje rett upp paa den eine Sida; det vart skakt og saag underleg sjukt ut. "Hev-havt ... er ingin Ting mot skal-faa ... hm. Men det skýnar ikkje du ... enno." Stakkars Morbror. Soleis var det aa vera sjuk. Han drakk Vatn og tok i att. Berre han no ikkje tala for mykje ... "Hm. -- Den andre Gongen var eg i din Alder um Lag. "Det var ein Dag ut-imot Vaaren; Snøen laag; men det tinte midt paa Dagen. Elvane gjekk upp og sprengde Isen ... mange Stadir. "Eg fekk Lov av Far til aa vera med Drengine og køyre Høy og Halm heim ifraa Aurvik ... det Underbruke vaart, veit du; hm. Me kunde ikkje fara Isen lenger; me laut yvi Brui. Men det var den gamle Brui den Gongen; ikkje Bru; snarare ei lang Klopp, utan Handtre eller nokon Ting; Plankar lagde paa tvers yvi eit Underlag av Bjelkar, hm. Og ho var høg; so ikkje Isgangen ... skulde taka ho um Vaarane. Og knapt yvi fire Alnir breid; berre so vidt ein godt kunde køyre. "Haalt og gletti var der òg no i Snøtiningi. Meiane gleid, so dei kom heller langt ut-aat Brukanten stundom. Og der inn-under gjekk Elvi tung og svær. Kvitskavlande. I full Flaum. Med Bròt og Brak og Bresting av Is som dreiv; store, vide Isflagur. Eg sat paa Langsleden og torde knapt glytte der ned. Det var som aa sjaa ned i ein ... Avgrunn." "Uff!" "Hm. Hm-hm. Paa Heimvegen køyrde Drengine fyri. Eg og Blakken kom etter med eit Lass Halm. Eg torde kje sitja paa Lasse yvi Brui; gjekk attmed; fylgde Blakken. Var ikkje rædd. Hadde det gjengi godt fyrr, so SIDE: 258 gjekk det vel godt no med; Blakken var so vìtug; han greidde det aaleine. "Den fyrste og leidaste Stubben klara eg fint; daa tottest eg vera framfødd. Eg heldt meg tett inn-aat Blakken og røynde mit Mod med aa gange og sjaa ned i Elvi; det var vent òg, totte eg; veldigt. I gule Kvervlar fossa det paa; svart og djupt; og Isflagune tumla Kant um Kant; mot kvarandre og yvi kvarandre. Og kannhende fire og tjuge Tómar millom meg og Bru-Kanten. "Med ein Gong ... eg veit ikkje kóss det bar til; men Lasse var komi fram paa Sida av meg, og dei fire og tjuge Tómane hadde vorti til tolv ..." han geispa. "Eg vilde berge meg fram aat Blakken att; daa gleid Lasse med Framenden -- " ... "hu, Morbror -- " ... "lite Grand; berre lite Grand; men Kanten vart so smal at eg kunde ikkje koma fram-um lenger. Ptro, Blakken! -- eg slepte Taumen og vilde berge meg att-um Lasse; daa gleid attarste Enden med ..." "Nei! nei!" eg tok Tak i Stolen hans ... "so gleid heile Lasse endaa ein Tóme ... og endaa ein litin Tóme ... og vart standande." Han geispa langt og djupt. Eg heldt meg med eit Krampetak fast i Stolen. "Hm-hm. All Utveg var stengd. Millom Lasse og Bru-Kanten var det so smalt, at Styvle Tæane mine, dei naadde fram-yvi, trur eg. Eg var komin med Ryggen til Lasse, og hadde fengi ein litin linn Trykk i Aksline, so eg stod og lutte ... fram-yvi Isgangen, med Armane ut-rette ... liksom hangande og vippande ... i den alra siste Jamvigt ..." "Uff, Morbror, du maa skunde deg -- " "Lasse kunde eg ikkje faa Tak i. Taumen hadde eg slept. RØrde eg ei Hand, leda eg ein Muskel ... so gjekk eg aat Elvi utan Naade." Han geispa. Fingrane rykte og rørde seg; han drakk Vatn. " -- Daa saag eg Dauden i Augo. "Hm. Eg visste, at i næste Augneblinken laag eg der ned-millom Isen. Der, paa den Flekken, vilde eg falle; SIDE: 259 ikkje midt i Kvervilen, men attmed; og der skulde eg liggje i næste Andedrag ... Jamvigti vilde alt til aa slitne ... "Daa kom det ei Ro yvi meg. Eg augnefeste den Flekken der eg skulde falle; gjorde meg kjend med Flekken ... og med ein Gong saag han meg god og mjuk ut. Det var som Elvi paa den Staden fekk Andlit og Hugsvìp. Ein roleg, god Hugsvìp. Med liksom eit stort dimt Auga saag ho upp til meg arme Kryp, der eg hekk og svimra paa Bru-Kanten ... og det var som ho tala til meg: "kom, du; eg er kje so kald som eg ser ut." Og det vart stilt i meg; Verdi gjekk upp i Sus; eg var ferdug. Eg skulde koma; no kom eg. Eg gav meg upp, og det vart liksom so trygt. "Jamvigti tok til aa sleppe meg ... daa kjende eg millom Fingrane paa den vinstre Handi ... eit Straa." -- "Ah!" -- "Hjah. -- Ikkje den linnaste Draum hev eg um, korleis eg hadde fengi fat i det; heller ikkje veit eller skýnar eg korleis det gjekk til ... at eg i same Stundi hadde Tàk, fullt Tàk ... og fekk rette meg upp; og snu meg, og knipe meg attum Lasse; det einaste eg hugsar er, at Drengine kom springande og skulde sjaa etter meg; men daa var eg berga." Eg sukka langt ut. Han Morbror tømde Glaset sitt og smilte eit Grand; det rykte i Armen hans, og han strekte seg i Stolen. "Hm! -- Etterpaa vart eg rædd; so rædd at eg skalv ... Men naar ein ser Dauden i Augo so vert ein roleg og trygg. Fæler ikkje." Paa nytt kom den Tanken upp i meg, at han Morbror visst ikkje burde tenkje so mykje paa slike Ting no; og eg freista aa faa han inn paa andre Emne. "Det er sant," bØygde eg av, "hev du sétt noko meir paa den nye blakke Hesten hans Far; er han kje staut, tykkjer du?" Hestar var det einaste han enno brydde seg um; og snart var Dauden gløymd for den blakke Folen. Men fraa denne kom han yvi til ein Hest som han sjølv hadde havt ein Gong; og fyrr eg visste Ord av, var me paa nytt i Lag med Spursmaale um Dauden. SIDE: 260 "Ja Borken, ja. Hm. No er han gamall, stakkar, og gjeng for Plogen. Men i Ungdomen var han kaat, hm. Hm-hm! -- og dermed vart han Orsak til at eg endaa ein Gong fekk helse paa Dauden." "Aa -- ja; den Gongen ho kom ut-av Verdi, ho den Jomfrua fraa Teatre; -- kor mange Aar kann det vera sidan?" -- Altfor gjerne vilde eg faa 'n til aa fortelja Og kannhende var han ikkje so veik ... "Aa, hm; du var ikkje til du daa," svara han Morbror "Borken hadde eg kaupt i Danmark; det var eit nobelt Dyr. Hm. Det finaste Hovud eg hev sétt paa ein Hest; og Beini; og ei Reisning; -- hm-aa ja ; det skýnar no ikkje du; enno. Og slike Øyro; so lìvande og so smaae; ja-ja. Hm. Eg kann enno bli glad naar eg minnest Borken. Stakkar; no er han gamall. Ute med honom som med meg. Hja, ja. "Hm. Eg kom heim med Hesten ja; og køyrde med 'n kvar Dag; og alt Folk so vart dei glade i Hannibal Denne Lizzy, Stakkar, ho saag seg so glad i Hesten, at ho kom til meg eins Ærend ... berre til aa faa vera med paa ei Køyreferd, hm. Hm. Men ... Ja du kann leggje Merke til det, Hans: der vil gjerne fylgje vondt med Kvinnfolki. Hm-hm. Ukjende Kvinnfolk ... skal ein vera rædd; i alle Maatar. Hm. I alle Maatar. "Naa-ja. Borken skvatt; og so var det Ulykka at Lizzy fØrde Taumane. Det gjekk so braatt; fyrr eg kunde faa Tàk paa Taumane og Magt yvi Borken, kom det eine Hjule ut-i Vegveita. Hm. Vogni-i Gjerde og i Knas med ein Gong; Lizzy med Hovude mot Gjerdekanten ... hja! -- hja. Eg vart slengd noko lenger upp, og fekk ein linnare StØyt; men eg vart burte, eg med; den einaste Skilnaden var, at eg vakna upp att ... i denne Verdi. Hja. Hm. Eg hev berre eit Minne um villt Flòg; eit Brak; ein Duns; Kvél og Vogn-Aasar um kvarandre uppe i Lufti ... Hm. Eg kjende kje noko vondt. Og det hev ikkje ho heller gjort; eg saag det paa henne sidan. Andlite hadde berre den Spaningi som det hev fengi daa Hesten flaug ut; ho laag liksom og heldt Taumane enno. Um Munnen ein trygg Vilje ... at ho skulde nok klara det; SIDE: 261 hm. Arme Ting. Det gjorde meg vondt for henne. Men Dauden vart henne lett nok." Soli seig og seig. Eg studde meg mot Hand-Rìde og saag paa Skyine. Han sat der og stirde med slokna Augo ut yvi Have eller inn i seg sjølv. -- -- "Og no, daa eg vart sjuk," heldt han fram, -- "daa var det òg Dauden. Hm. Eg stod upp um Morgonen som elles; skulde til aa stelle meg; so er det som Golve kjem burt under meg ... Eg treiv etter Feste; men alt svikta, gleid undan ... og ei Magt som det ikkje var Motstand imot, hm ... drog meg i Golve. Eg var meir forundra og forfjamsa enn eg var rædd. Hm. Den Magti som det ikkje er Motstand imot ... naar ein kjenner at det er den, so vert ein roleg. "Daa eg vakna, var eg berre ei tung -- hm -- Tyngd, som laag og seig djupt djupt inn-i noko mjukt og myrkt; bly-bly-blyende tung; arm, arm, ynkeleg arm ... so eg var saar av det i kvar Nerve. -- Aah, so tung; og litegrand svimrin; Sengi likesom flaut med meg, og duva ... Hm. Eg kjende kje noko vidare til meg. Var berre denne tunge Ørska. Opne eit Auga, røre ein Fingr, aah; langt-ifraa. Kom kje for meg ein Gong. Kvile var det einaste eg vilde. Kvile med kvar Blodsdròpe og Celle, kvar Taatt og Taag ... berre sige endaa djupare ned i Kvíld; endaa tettare inn i Svevn. Sovne av, sovne reint av. So det vart berre Natti. Hm-hm; hm. Eg visste at denne Natti var Dauden, men eg lengta like godt. Lengta med dauv, nøgd Ro; eg visste det kom nok. Berre aa kjenne til seg var slik ei Møde; aah. Aa-nei. Strekkje seg ut og døy ... for ei Lise det skulde vera For ei Svaling. So rædd er ein Dauden, naar han kjem nære nok. Hm. "Enno kjennest det ofte som eg kunde leggje meg attyvi og ande ut. Og det er slik ein fredeleg Tanke. "Det er faavist at dei teiknar av Dauden ... som eit Beinrangel med ein Ljaa. Hm; det er Munke-Paafund. Dei Folki hev aldri sétt Dauden. Det er kje noko Beinrangel; det er ein god, mild Guddom. Ein Mann eller eit Kvende; aalvorsam og bleik; streng aa sjaa til, hm; SIDE: 262 men naar han kjem nærare, vert denne strenge Aasyni roleg og mild. Og Augo er store og djupe og fulle av Medynk. Hm; Medynk. "Hm-hm. Nei; ho vil oss ikkje noko vondt. Ho tek oss i mjuke Armar og svæver oss inn i Draum. Ein ljoz linn Draum. So hildrar ho oss endaa djupare inn i Draum ... til dess Draumen vender seg og kverv. Og det ljosnar ... som i ei letnande Morgon-Skodde. Det er det andre Live." -- Eg laag ut-yvi Svali og saag paa Himilen. Saag og saag, til dess Skyine der ut-i skapte seg um til Andlit, strenge, aalvorsame Andlit, som vart mildare etter kvart mildare og mildare, di lenger eg heldt deim i Augnefeste' SIDE: 263 Han Lars i Lia. Aa nei; han rid ikkje den Dagen han sâlar, den Mannen. Er det noko som skulde vera gjort -- det kann vera Løo hans som treng Vøling paa Take eit Par Stadir -- , so fær han no fyrst sjaa daa, maa'ta. "Me fær no sjaa daa," segjer han Lars i Lia. Og han ser. Og ser. Baade vel og lengi. Naar han tykkjer han hev sétt nok, segjer han med seg sjølv: "ja; eg fær vel snart ta til so smaatt no aa ... tenkje paa det." Han tek til aa tenkje paa det. Tenkjer so smaatt eit Aar eller tvo. M -- æ -- ah! Geisp. "Hja. So fær me no vel snart tenkje paa aa ... ta til med det daa," segjer han Lars. Han tenkjer paa aa taka til med det. Tenkjer lengi. Tenkjer og tenkjer, til dess det er for seint for i Aar. Jah! aah! Geisp. So fær det vera til eit anna Aar daa. Han drygjer til eit anna Aar. Men no lyt det no full' bi daa, maa'ta. Han tek seg paa Tàk. Og gjer upp med seg sjølv, at no skal det bli. Hunden rugge meg skal det so ja; no banna han Lars. For dette ber ikkje til lenger. Det er for gali; Løo rotnar snart ned. Og Høye ligg og vert utskjemt i Staen Aar etter Aar; det duger ikkje paa den Maaten. Ein maa halde sine Ting i Stand, vil ein greide seg. Etter denne Avgjerdsla kviler han i tri Vìkur. Det duger ikkje aa forhaste seg. Alt maa ha si Tid, maa'ta. SIDE: 264 Endeleg kjem den Maandags Morgonen daa han skal til med Arbeide. Men; hev du sétt slikt. Det vert til det, at han forsøv seg so ille den Morgonen. Han kann ikkje ha vori skikkeleg frisk i Dag. Geisp! -- Nei men rett so harmelegt som det var, lel. Ja daa kann det lite nytte i Dag. Ikkje er ein skikkeleg i Lag heller, naar ein ikkje fær byrja i Tidi. Ja-ja, Geisp! -- ingi Raad med det; det lyt vera til i Morgo daa. Eller til ein Dag i ut Viko. For det er so rart med det; det er som det fell seg ikkje rett aa byrja med eit Stor-Arbeid paa ein Tysdag. Og jadden hev dette vorti til eit Stor-Arbeid no. Torsdags Morgonen rís han upp i Otta; ein maa hava Dagen for seg, skal ein koma nokon Veg. Aah! han strekkjer seg. Geispar. Dreg paa seg Broki; geispar tvo Gongir. Gjeng burt aat Glase og ser paa Vêre; hmja; det er alltid noko paa Voni med Vêre i Dag, sjaaande til. Det er ikkje godt aa vìta koss han kann bli, naar det lid fram paa Dagen, nei. Det er ikkje det, nei. Ne -- ei. Men det fær no vaage seg daa. Hev han Lars i Lia fyrst sett seg noko fyri, so er han beiskede ikkje den Mannen som gjev seg. Det er han ikkje, nei. Han fær paa seg den eine Skoen. Fær paa seg den andre med. Ser ut gjenom Glase ender og daa. Ja neggu um han ser noko vidare fjelg ut til Vêrs, nei! No lyt Lars ut og sjaa um Merri. Daa han hev stelt den, lyt han inn og faa seg noko Mat sjølv au, maa'ta. Det er noko som lyt til det med; ja-menn er det so. Den som skal ut paa Torv og Stein maa ha seige Sìnar og Merg i Bein; Maten maa til, san. Endeleg er han ferdug. So er det berre ei Pipe daa. Det hev seg ikkje aa gaa paa Stor-Arbeid, naar ein ikkje hev fengi seg ein litin Røyk. Han finn fram or Vestelùmma ein Mòle Tobakk. Tek Tòlekniven or Slira. Finn seg ein litin Bordstubbe til aa karve paa. Sèt seg attmed Aaren. Karvar Tobakkje. Stappar Pipa. Tek Eldtongi og finn seg ei Glo. Vil kveikje. Nei; so er Pipa tett. Han gryler. Grev or ho att. SIDE: 265 Reinskar ho. Finn seg eit Storrgras upp-i Hylla og sting ho upp. Stappar i att smaatt og vàrlegt; finn seg ei ny Glo. Og no gjeng det. Mpah, mpah, mpah ... alltid skal her vera so mykje Heftingar. Mpah, mpah ... det smakar godt. Han sìt og røykjer eit Bìl; maa kurre Maten. Og sjaa paa Vêre litegrand; mpah, mpah, mpah, mpah ... Kjeringi gjeng ut og inn; i Skjorta og Stakken, med Haarbusti til alle Kantar. "Han ser utrygg ut i Dag," segjer ho; "det vør' full' kje bra, um det vart Regn aat deg." -- "Mpah, mpah, mpah; ne -- ei." Ho gjeng ut. Kjem inn att. Tuslar att og fram paa Golve. Steller i Skaape, det gamle rare Skaape fraa Farfar si Tid, der det stend so vent eit Bibelspraak: "Herrens Velsignelse gjør Huset Rigt foruden Møye". Steller med Kjêlen. Gjeng aat Glase og ser ut; tykkjer verkeleg at det ser ymist ut med Vêre. "Det er no vel kje noko du tarv haste so med heller, dette," segjer ho; "det løyp kje fraa deg; og det er lengi til Hausten, veit du; og den som ikkje agtar Vêre fær ofte trega det. Du kann alltid faa deg ein Kopp Kaffi til, er det so du vil hava?" Ho slær upp-i Koppen aat Mannen sin. Gjeng so ut. Og kjem inn att. Gjeng og steller kring Aaren. Legg ein Vedpinne paa Elden: "du hev no alltid Inne-Arbeid au, um so var, Lars; denne Bytta du hev tenkt so lengi aa setja Band paa ... du kunde gjera aat den i Dag. Ho Goro jamrar seg so ille for Bytta, so det er reint av Lagi." Mpah, mpah, mpah; "noko skal de no alltid ha aa gnaale paa." Ei Stund etter gjeng han ut. Ho høyrer han gjeng aat Bui. Noko etter kjem han inn att med Hamar og Tong og Kniv og Spikar. "Du fær koma med denne Bytta daa. Det vert vel kje Fred aa faa til nokon Ting, fyrr du fær denne Bytta." Kjeringi ut etter Bytta so snøgt som ho hadde brent seg. Naar han Lars er ferdug med Bytta, er Klokka so mange, at det lite kann nytte aa fara til med noko Ute-Arbeid i Dag. Sétt slikt! -- Naa; so fær me sjaa paa Vêre til i Morgo. SIDE: 266 Um Morgonen regner det. Dagen etter er Vêre godt nok; men so er det Laurdag. Og det hev seg daa ikkje aa taka til med eit Stor-Arbeid paa ein Laurdag lell. Um Sundagen kviler han Lars seg godt ut; for no lyt det bi i Morgo daa, maa'ta. Men -- . Um Maandags Morgonen kjem han i Hùg, at han skulde so plent ha vori burt-i Gardom og tala ved'n Jo Uppistugunn um den Sauen han skulde faa taa 'n i Haust; sétt slikt; at han no skulde ha gløymt det au daa! Lars ruslar aat Uppistugunn. Og sìt der og røder um Vêre, og um han Svein Moann som er so sjuk, og ymist anna som til høyrer, til dess det lid ut paa Eftan. Daa kann det gaa for seg aa bera upp Maalemne sitt. Han fær avgjort det um Sauen. Og kjem heim att i Kveldingi. "Sétt slikt! Der gjekk den Dagen med!" segjer han Lars i Lia. Morgonen etter er han endeleg paa Veg yvi Tune til Arbeide sitt. Daa kjem det ein Karjol burt-i Vegen. Kven kann no det vera, tru? Beiskede er det kje Lensmannen. Og Karane fraa Utigard er med. Kva Fankeren -- -- Lensmannen stoggar og helsar. Kvar Lensmannen skal av i Dag? -- Han skal hit. -- Kva han skal gjera her? Han skal pante for Skatten. "Aa for Dunderen. Nei men hev eg no gløymt den au daa," segjer han Lars. "Du hev gløymt 'n lengi no," svarar Lensmannen. "Sétt slikt!" knurrar han Lars; han legg Arbeidsvelden fraa seg for den Dagen. Morgonen etter er han huglaus. Det kann ikkje bli noko av med nokon Ting no, fyrr han hev vori av og høyrt, um han kann faa laane Pengar til Skatten, tykkjer han. "Ja hev du no sétt slikt!" knurrar han Lars og klaar seg att-um Øyra. "Er det kje som det var utgjort! Og no kjem Onna au!" Og so sét han i, at "no fær det vera med Løo til Hausten daa." "Men," legg han til, "kjem det noko i Vegen daa med, ja so peiskede fer eg kje til Amerika!" -- -- SIDE: 267 Fjell-Luft. Han Ola Bryn, Maalaren, "Olaguten", og so eg, me hadde funni ut, at i denne Varmen var det best aa sova um Dagen og gange um Natti. Paa Øvstemo-Sætri hadde me daa teki oss ei dugeleg Kvild; og Soleglads-Bìl sette me i Veg; me skulde "taka" Dyrsjø-Grendi i Morgo tidleg. Soli hadde steikt i Bakkane Dag etter Dag, so Lufti stod som ei tett turr Graa-dimme. "No brenn Skogane nedetter Øysterdalen, maa du tru," sagde Olaguten. "Ja det tarvst visst ingin Jønnveg til aa setja Eld paa Skogen no," meinte eg. Himilen var yvidregin med ei brungraa Hye, som lengst nede i Syns-Randi tetna av til ein djup røykbrun Skodde- og Skuggeheim, der Høgfjelle sveipte sine Ryggir og Tindar og sylvskinande Snøfennar meir og meir inn som i ein mjuk Draum, og Himil og Vidd flaut saman. Inst inne og lengst burte i den døkke Skuggeheimen langt attum dei siste sviktande Skuggefjell i Sudaust steig det upp or Graa-Djupni ljosnande, halmgulnande Ullsky-Kantar som kunde spaa Regn. Solfallsvinden auka seg upp. I lange, ljosnande Bylgjedrag gjekk han gjenom Lidine upp-under Rundhø-i, der Fjellbjørki stod lutande med lavsvarte Leggir, bøygd av Fjellvinden og den tunge Livsens Strid. Lenger nede, i djupare Lidir, gól Gauken ender og daa; det høyrdest gjenom Vindsusen døyvt men klaart, rolegt og vedkjømelegt som Klokke-Ringjing fraa ei duld Skogkyrkje. SIDE: 268 Men Vinden stilna snart. Klokka tolv laag me attmed ein Bekk og koka Kaffi; daa var alt kyrrt. Berre ein Fjellfugl, me kunde ha skræmt upp, peip inn-etter Myrane einkvarstad, eller ned i Bjørkelidi, som no gav seg etter. Inn-i-millom høyrdest veik, kvervande Bjølleringling; øykir visst. Der var ingi Regnskyir i Sud lenger, berre ein letnande graalegblaa Dis, skuggemjukt sveipt um dei inste Fjelli. I Nord ljosna lengst nede ei døyvd Broncerand; "Midnattsoli," nikka Olaguten. Me vart meir og meir faamælte. Det vart slik Høgd og Helg yvi alt. Æventyr. Ikkje Natt; berre døyvd Dag. Trolldag, Tussedag; eit Ljos som i Draumane, der ein korkje ser Sol eller Maane. No kunde ein Jutul stige sine Sjumil-Stìg burtetter alle Fjell, og kverve som ein Skugge langt, langt ut i Rundom. Som me sat der med Kaffi-Doktaren og ei Snadde karva Bladtobak, som var so god imot Myhanken og alt anna nærsøki og eltesamt Fly, var det med ein Gong liksom det gjekk eit Toneskifte gjenom Lufti. Me kjende det meir enn me saag det; baae tvo skygnde me oss ikring; samstundes vakna det same Orde paa tvo Munnar: "Dagen?" Og eg trur me kjende, baae tvo, noko som ei Vakning i oss sjølve, ei Um-Stemning i Nerve-Samspele, ein Ljos-Pust gjenom Blode. Me liksom vakna; flaug upp og sløkkte Varmen og drog i Veg att. Ei Stund etter gjekk eg og undrast paa, um eg ikkje likevel hadde sovi. Ein litin Blunder? Um ikkje med Augo so med Heilen? -- Det kom liksom so langt burt, alt det eg hadde gjort og tenkt og sétt og sagt fyrr i Kveld. Det vart so lengi sidan. So burt-i ein annan Heim. Eg hugsa det som gjenom ei lett Skodde av Draum-Ørske. Smaatt i Senn auka Dagen paa. Umerkande. Fine lette Gustar av Ljos kom bivrande hit yvi morgon-bleike Fjell fraa ein jamt klaarare Nordausthimil; alt som var att av Kveldrøyk og Natt-Eim i fjerrlagde Himlar og Jøtunheimar klaarna som Draum for Dag og var burte. Toppar og Høgdir og lange Aasar ljosna fram i Sud bleike som SIDE: 269 Skrymt, som tom Flate mot tom Luft, men med fastare Drag etterkvart som det leid til Morgons. Me var i Dyrsjødalen no, det Daldrage som fører fram under Dyrsjø-Aasane til den vesle Fjellgrendi ved Dyrsjøen. Fraa eit Skard i Nordvest kom ei liti Aa fossande og syngjande. Paa Austsida av den heldt me oss, noko upp-ifraa. Fint bugta ho seg ut gjenom den opne, myrlendte Dalen millom doggblanke Tuvur i linn mjuk Morgonglans; noko lenger nede rann ho ut i ei stor Tjørn med Moltemyrar ikring. Paa burtre Sida, noko ovan Vatne, steig ei fin brun Sætergrend fram som ein Huldreheim. Her og der frametter Aasane, i Solhall og Lygne, grønka smaae og større Fjellbjørkholt. All Stad vaknande Fuglar. No kom Ljose susande i større Bylgjedrag; og for kvart Bylgjedrag vart det ein ny Grunntone. Det gjekk gjenom alle Skiftingar av Bronce og Gull og Rose; lett, lett Roseraudt yvi høge Blaatindar med skinande Sylvdukar av Snø; endaa lettare yvi rjomegule Reinmosefjell; so varmare og fullare frametter dogg-svale, saftgrøne Lidir. Daa er det ei Stund, ei Vidunderstund, at graae Fjellviddir skiftest um til Hagar; og dei sveiper seg i Morgonrode og Himilblaatt som i eit Æventyr og speglar seg i blanke Draumsjøar med slikt dragande, daarande Fegre, at du stend som tryllt og trur du er komin i ein annan Heim. Aldri saag du so klaar ein Sjø spegle so ven ei Verd med so mjuk ein Glans i so lint eit Ljos; kann det vera Jordi, dette? -- -- Men Dagen voks og Ljos-Tonen steig. Fleire og fleire Lìtir kom til; det var som ein Toneleik med fleire og fleire Røystir og Spel, -- til dess alt samlar seg i allmegtig Samklang: Soli er uppe, og ein kvit Orkan av Ljos fyller Himilen og Heimen. Og Verdi stend som nyskapt. Det er ein Augneblink daa alt tagnar; Fuglane hugsar seg ikkje; Rev og Bjønn stend tumsa og tryllt, og Haren stanar i Sprange. Verdi gløymer seg sjølv fram-fyri dette Aal-velde; det er som ho i Morgonglansen, inn-under Solkruna, hadde sétt ein Skimt av Gud. SIDE: 270 Men etter dette Fest-Spél og Himilens Under tek Arbeidsdagen til, den tunge og den lange. Me rusla fram gjenom Lidine; og Soli vermde meir enn eg totte godt gjorde. Og Flye aat og Mye stakk. Men Flugo kom surrande og stangande inn mot Øyro og Kinn, upp-att og upp-att utan Stans og Ende. Litegrand svevntrøytte var me vel med. I Vissa eg daa. Hovude møddest; Føtane trøytna; Skreppa tyngde um Aksline meir og meir. Dyrsjøaas-Lidine var lange. Og det var som dei tøygde og tøygde seg di varmare det vart. Skogen var tunn og smaa; det var Fjellbjørk og her og der ei Krøkle av ei Toll; her var mest skuggelaust. Soli kvitglødde paa Himilen som ein gloande Omn. Det osa av Stein og Jord og eima av Tre og Runnar. Lufti var som eit lumrande Laug. Heite Angar av alle Slag, Daam av Eine og Vier og fin Fjellblom, av Myrmose og Lyng, av harpiksfeit Furu og ung, søt Bjørk og av solsteikte Sætervangar og Vollar, steig og blanda seg og dreiv som ein Moe fram-etter Lidine. Det var so sterkt at det gjekk aat Hovude; eg vart ørskin av det og tung. "Aah!" ropa Olaguten og skok seg; "Fjell-Luft er Fjellluft, um ho so var gloande!" -- han saug ho i seg i djupe Drag. Eg var ikkje med paa dette. Eg murra; denne Fjell-Lufti som skulde vera so frisk, det var vel au Æventyr? "Hm-hm; hm!" Olaguten saag paa meg og smaamylte. "Er du lat?" sa han. "Det gjev seg, naar du fær Sveiten ut." Eg lika ikkje at han var so kry; svara ikkje Orde. Men det gjekk som han hadde sagt; daa Sveiten kom, gjekk det lettare. Det var ikkje denne vaate tunge Sveiten som klisser og kliner og gjer deg vesall og arm, slik som den me kjenner fraa Byar og Dalgrytur; han hoppa fraa Panna i lette Dropar som Hagl; eg vart ledug og frisk, so eg kunde ha dansa. SIDE: 271 Snart var me fram-paa Brekka. Der ned-under tøygde Dyrsjøen seg blank og frisk millom Smaaholmar og Nes. Og no tok det til aa guste og blaase. Aa! so friskt og godt. Jau; Olaguten hadde Rett; Fjell-Luft var Fjell-Luft. Her maatte ein kunna lìva Æveleg! Yvi Fjelli burtanum Sjøen myrkna det; Skyir drog upp. Gudskjelov; ei Regnskur no, -- eg kjende kor godt ho vilde gjera. Me sette ned Lidi med nytt Mod. Ein halv Time etter var me ved dei øvste Bøane. Her stod Jordine og ropa etter Regn; Soli hadde steikt deim kvite. "Berre ikkje Regne kjem for seint no," sagde eg. "Aa nei," meinte Olaguten. "Er det gamle Grase avbrent, so skyt der snart upp nytt." Det store Tune paa Paalstrøen stod fullt av Køyrebunad og Øykir med Kyrkjeselar. Ved Innkøyrsla til Tune var det laga som ein Port av Bjørkelauv. Her og der fram-etter Husveggir og Dørir stod Smaaflokkar av gjestklædde Folk, sùme myrkeblaae, andre ljosgraae, smaatt og rolegt samtalande. Millom Husi fór Kvinnfolk att og fram med ymist Stell; nokre Smaagutar og Smaatausir leika seg burt-med Laaven og Vedskaalen. "Skal sjaa me kjem til Bryllaups!" meinte Olaguten. Me vaaga oss inn paa Tune og helsa paa deim me fyrst raaka. Fleire sanka seg til, forvitne paa desse Framand- Karane. Snart var Røda i Gang; og me fekk vìta at det var til Likferd me var komne og ikkje til Bryllaup. Det var Gamlemannen paa Garden som var sloppin; aa ja, ja; me skulde alle den Vegen. Han hadde elles vori gamall nok au no. Ja ikkje noko svært gamall. Dei rekna at han var 86 Aar; so det var ikkje nett Alderen. Nei; men han hadde vori liksom noko tuslin av seg i dei siste Aari. Ikkje sjuk. Nei; sjuk hadde han aldri vori. Ikkje i all si Tid hadde han vori sjuk so mykje som ein Dag. Og endaa hadde han slett ikkje havt det maklegt. Slit og Stræv med Garden aaleine i mange Aar, til dess Sønine voks til; og han hadde so visst ikkje vori av deim SIDE: 272 som hadde spart seg, han Haakkaa Paalstrøen! Aa du store Tid som han fôr og basa med Timberhogging og Kolbrenning og Køyring inn-etter alle Skogom svartaste Vinteren; det var i den Tidi dei brende Kol til Verke paa Røros, det. Og so Gardsbruke attpaa daa. Aa ja; slitsamt hadde han havt det; men aldri so gav han seg; og aldri sjuk ein einaste Dag, nei; det fortalde han sjølv so ofte. Det var meir Magt i dei gamle, maa-tru, enn det er i Folke no. Nei; men det hadde vori Tufs med 'n lell desse siste Aari; og so hadde han ingin Hugs lenger. Ja det gamle kunde han minnast, men ikkje det han høyrde og saag til kvar Dag; han var liksom i Baandøme att, aa kalle. No paa Slutten kunde han ikkje hugse Folk heller. Soneson hans gifte seg her ifjor -- " "Son, meiner De." "Son? Nei; han Unge-Haagen, han som hev Garden no, det er nok Sonesonen det, ja. Sonen, det er han Simen det, han som De ser burt-i Døri der no; han den berrhovda." "Han Gamlingen med det kvite Skjegge?" "Ja -- a; med det graae Skjegge, ja; noko gamall er han no ikkje, -- enno." "Det hev livt tri Ættir samstundes her paa Garden daa." "Ja ... det hev vori baade Langgodfar og Godfar og 'n Haagen sjølv; -- ja og so han Vesle-Simen, Son hans Haagen att." "Fire Ættir!" sette eg i. "Fjell-Luft," nikka Olaguten. Det vart ein liten Strid um denne "Fjell-Lufti"; den yngste av dei Mennane me tala med meinte at Lufti gjorde mindre enn dei trudde; no i seinare Tid vart ikkje Folk so gamle lenger, med all den gode Lufti; ja dei fleste døydde unge no, av Tæring og Difterit og andre nye Sjukdomar som var uppkomne. "Innkomne," retta Olaguten; "innkomne! med Jønnvegen; fraa Byen. Det er det einaste Gode dé Østerdølir hev av Jønnvegen; men dé maa lære aa stengje oss Byfolk inn i Sattanarium og andre Hotel; so kann me liggje der og døy for oss sjølve." SIDE: 273 Det vart Laatt aat dette. So vart Samrøda teki upp att. Han hadde gjengi i Baandøme, han Haakkaa, ja. Denne unge Kona som kom i Huse, henne hadde han aldri kunna hugse. Kvar Dag naar ho kom inn, sat han berre og glodde og undrast: kva dette kunde vera for ei. "Ja detta Kvinnfolke kjenner no kje eg," sa 'n Gamle-Haakkaa. Og soleis jamt. Alt som var fraa den seinaste Tidi kunde han ikkje klara. "Aa ja; eg er for gamall, eg no," sagde han tidt; "eg er so reint for gamall eg no, du." Han sat helst attmed Aaren og tusla i seinare Tid. Eller laag og sov. Stundom fekk han det med det, at han totte kje det var verdt aa stande upp att. "Dei kjem no full' snart med denna Baaten, veit eg," sa han. "Kva for ein Baat?" spurde dei. "Aa, denna Koppen," sa han. -- "Koppen?" -- "So eg kann faa koma aat Jordi eg au ein Gong." -- "Er det Kista du meiner?" kunde dei spyrja. "Ja er det ikkje det eg segjer daa?" svara Gamlingen. Nei; han hadde nok ikkje vori rædd aa døy. Det var heller som han stunda etter det; han totte vel han hadde stræva nok for sin Part. So var det ein Dag; ho Barbro hadde nett vori inne med Dugurd. Daa ho kom inn att hadde han lagt seg paa Sengi; der laag han no og stunde so smaatt og bad Gud hjelpe seg. Noko lenger utpaa Dagen misste han Mæle. Sidan sov han nok helst, so vidt dei kunde sjaa. Um Natti vakte dei yvi'n. Daa det leid til Morgons att, saag dei at han var slokna. "So skal eit Menneskje døy," meinte Olaguten. Det var han, som hadde spurt ut heile Sogo, smaatt um Senn, skiftevis med alle dei mange Spursmaali han sjølv fekk, ikkje minst um Vêre og Vinna, og kóss det stod paa Jordi der me hadde fari; ja og so um kva me var for Folk og kva me fór etter. Folke fann ikkje noko merkelegt i at denne Mannen var daain; det var ein so beintfram og rimeleg Ting at det liksom ikkje var noko serskilt aa tala um. Me var inne og saag Like. Vent og rolegt laag det i sine Lakan som eit Bilæte av Voks, med ei Panne so SIDE: 274 høg og eit Andlits-Lag so reint som det skulde vori Like etter ein Konge. Kista var seks flathyvla Fjølir; ho var samanfeld og samanspikra paa snøggaste Maate, kòla og svart. Pynta var ho med "Overflødighedshorn" og Krossar med "Hvil i Fred" paa og annan Landhandlar-Likstas, og uppstelt paa ein Stuttbenk midt i Stogo. Paa Stolar og Langbenkir rundt ikring sat Likferdsfolke, Karane paa den eine Sida og Kvendi paa den andre. Fleire av Kvendi hadde Smaaborn paa Fange; ei sat og gav den vesle Bryst. So snart ho vilde slutte med dette, gav Vesletrolle seg til aa skrike. I sjølve Døri stod ein Mann, smaavaksin, med eit langt skakt Andlit og Heilskjegg; han var kløkt, eller han hadde Krim; for han laut ofte snyte seg. Og daa han i denne Høgtidsstund vilde vera so finsleg i si Aatferd som Raad var, bøygde han seg kvar Gong djupt ned og strauk Fingrane under Styvlesolane. Attum honom, i Svali, stod Ungdom, Tenestefolk og andre, som ikkje retteleg høyrde med i Lage. Me Framandkarane hadde fengi Rom i ein Krok; det vart elles gjort meir Ære paa oss enn ubedne Gjestir kunde vente. Læraren i Bygdi, ein høg bleik Mann i ljosblaa Cheviot- Klædnad, song yvi Like. Eit Par av Likferdsfolke song med. Det var helst som ei Bønestund eller ei Uppbyggjing. Salma var lang. Roleg og stødt gjekk ho fram paa sin einslungne harde Tone, og blanda seg paa ein underleg tung, svævande Maate med Vindsusen der ute, som voks og voks. Innimillom høyrdest i roleg Samklang Flugusurr, Barneskrik, Snufsing av Kvendegraat, Hysjing og Bysjing av Mødrar. Han i Døri bøygde seg oftare og oftare. Ein utgamall Mann sat øvst upp-med Borde og rugga paa det vesle snaude Hovude sitt; han undrast vel paa, um ikkje "denna Baaten" kunde koma og hente honom med no snart. Etter som Salmen steig og vermdest, var det som der yvi alle desse sterke tunge Andlit lagde seg ein Ljoske, eit Drag av noko mjukt og varmt, av Helg og av Sol, av SIDE: 275 ei høgare Forklaaring, noko som eg ikkje hadde sétt der fyrr. Salmetonar og fredfulle Aalvorstankar lyfte Folk upp, so dei saag ut yvi sitt arme Liv og fann Meining i det. Den svarte Kista skapte seg um for deim og vart til ei trygg, god Seng, krossvigd rundt ikring, so inkje Sorg eller Strid kunde naa ho. Stakkars gamle trøytte Barne der inne kunde vera glad no; han fekk sova i Ro heretter, han; turvte aldri meir rise upp att til Slit eller Møde. Og Sjæli hadde det godt hjaa Gud. Dit skulde me òg ein Gong, um me stellte oss rett. Og alle Hovud bøygde seg, og mangt eit Auga vættest, daa Salmen sistpaa samla seg i denne truskyldige Bøni: "Hjælp os at stride saa, at naar vor Strid har Ende, vi Palmer kan i Hænde og Livets Krone faa!" Etter Salmen heldt Læraren ein litin Tale, der han i rolege og vene Ord bar fram det som paa ein slik Dag maatte koma oss alle i Hùgen. Me skulde vìta at me var som Gras og Høy, som voks upp og var ungt og sterkt og vent, og tottest ha heile Verdi for seg; men so maatte det visne; og nytt skaut upp att der fyrr det stod. So me maatte ikkje slaa oss til Ro her, men vìta at dette Live var Fyribuing til eit høgare; med det for Augo skulde me lìva det so, at det vart oss lett baade aa bera og aa sleppe. Den gamle i Kista fekk det Ettermæle han ærleg hadde fortent etter 80 Aars Strid, og eit vent Farvel fraa Skyldfolk og Grannar. Med eit nytt Salmevers vart Like utbori. So vart Kista surra fast paa den Langkjerra som skulde føre Gamlingen til Kyrkja siste Gongen. No vart det Liv; Folk spreidde seg ut-yvi Tune og gjorde Hestane i Stand; og kvar søkte sitt Fylgje. Midt i Aalvore var der Glede paa Folk; dei saag upp mot den myrknande Himilen med ljose Augo; der var Liv etter Daude i all Ting. Framme ved Troppi, ikring Langkjerra der Kista stod, sprang nokre Smaagjentur og leika Sisten. Dei svinga og sprang, og huka seg ned og gøymde seg; og han Lang-Godfar SIDE: 276 med Kista og Kjerra si, han stengde so godt, at den som var attum der, han var ikkje god aa faa Tak i. Paa Troppi stod Mødrar og gamle Mennar og saag paa Leiken og døyvde sine Smil; det var nok ikkje plent som det skulde vera, dette; men der kunde daa visst ikkje vera noko vondt i det heller. -- Ja; me var paa Høgfjelle! Dette var ikkje Dauden. Det var Live, det store, friske Liv, Natturlive, med æveleg Vokster yvi æveleg Visning, med ungt Gras i Vokstr yvi folnande Høy. SIDE: 277 I Heiane. I. Fraa Studentkvisten i Oslo bar det um Vaaren paa vanlege Vegar vestyvi til Jærs. Trøytt av Eimbaatar og Turistar laag eg der um Sùmaren og kvilde. Og dreiv og drøymde i Lyngmarkir og paa Havstrendar, der Myrfugl og Sjøfugl pip og skrik. No hausta det; og eg laut tenkje paa Bøkane att. Men eg vilde vera trygg for Eimbaatar og Turistar. Eg tok Skreppa og Foten paa Nakken og sette til Fjells, paa Vegar der ingin gjeng, utan Gjætaren med Fenaden sin, og Lyngaren, og Bèrhentaren, og den hoppande Haren og Reven. Og stundom ein Handlar eller ein Tjuv. Eller eit Fantefylgje. Paa øvste Aasryggen, der Fjellheimen opna seg mot meg ljos og blaa, kvilde eg og tok Avskil med Hav og Heimland. Fagert samla det seg i eit stort Bilæte framfyri meg, med Aa-glitr og Tjørnblenkjing her og der og grøne Grendir millom brune Viddir alt ned-til den kvite Strandi; ut ifraa den blaana det skjoldkvelvde staalblanke Hav, skinande i den solbleike Haustdagen. Eg tok min fyrste Kavring og min fyrste Dram. Far vèl, Heimen min; Takk for denne Gongen! -- -- So ber det i Berg. Inn i Steinheimen. Gjenom tronge Dalar og Smòg og Skar. Fjellvegar og Ku-Raasir aa fylgje, lange lyngklædde Lidir aa klive, Høgdir aa stige, Myrar og Æar aa hoppe og vasse; upp og ned, alltid fram. SIDE: 278 Her er eg trygg. Her kjem ingin og riv Tanketraaden av eller Draumveven sund for meg med "Goddag, godt Vêr"; ingin legg her mi Sjæl i Band med framande Tankar. Skvett eg upp ein Gong, so er det berre ein Hare som kjem hoppande; eller det kann vera ein litin Gjætlegut som ligg der i Bèr-tuva til liks med Fenaden sin, eller sìt uppklivin paa ein Stein forstird og fordrøymd, og kjem halvt burt millom Tuvur og Ris og den rolegt beitande Smalen. Eg er alt i Heiane, aa kalle. Audt er her, og snaudt. Det er eit Lands-lag for seg sjølv; alle framande vil segja her er stygt; men dette er mine Fjell; her likar eg meg. Det er Koll i Koll og Knaus i Knaus. Smaae rare Graasteinsberg, snøydde for Skogen fyrst, og sidan for Skogbotnen. Klaar klinkande Kampestein; sjølve nakne Grunnfjelle som sting seg fram, gamalt og sliti, skura og slipt i Regn og Vind, sundsprengt av Frost og Torekilar. I bratte Ufsir skyt det seg upp som blaae Veggir og stengde Portar halvt i Røys, mosegrodde Leivningar etter Jøtun-Byggverk. Stein er som straadd ut-yvi all Stad, i Urd og Halvurd, stor Stein og smaa Stein, utsprengd og nedmorkna fraa Bergvegg og Brun i dei endelause Tidir. Store Rìsesteinar, Vandre-Bergbròt fraa Is-aldrar, stangar mot Himilen fraa Høgdir og Ryggir, ofte bikkande paa den ytste Fjellbruni som dei kunde ramle ned i Dag. Ikkje mange Lìtir hev denne Audheimen. Steingraatt og steinblaatt skifter med lyngbrunt og med myrgrønt fraa Dal-dekkir og Berg-tøar. Her og der, i Brattlid og Glop-urd, der Manna-øks og Smala-tonn ikkje med det gode slepp til, kann det lyse med gulnande Lauv og Bjørkeleggir, eller med friske blodraude Bèr-Kransar paa ein ung Raun. Men i Fjellgropir og Dalbotnar skin djupe svarte Myr-tjønnir og lange blaae Votn; og Æar stryk fram millom rundslitin Kampestein med Kvitskavling og Sus; der skvett Laksekjøa og den spettute Auren. Sjeldan, uventande som i ein Draum, kann det daa midt i Steinrøysi staa ein litin Mannaheim, eit Par smaae torvtekte Hus i eit Solhall, helst ned mot eit Vatn; gjerne SIDE: 279 Heimehus og Lødu i ei Laann, med Engflekkir og Aakerleppar millom Rullestein og Bergskjer; alt inngjerdt mot Smalen med høge Gjerde av Kampestein. Tvo slike Mannaheimar saag eg paa ein Dag; og eg stogga tankefull som framfyri noko heilagt. Her strider Live med Graasteinen og vinn, og byggjer Heim paa nakne Berge; som den seige innfeite Fjellfuro klorar det seg fast i ei Sprunge og veks av inkjevetta. Den som elskar Live kann stundom ræddast at Dauden vinn; daa skal han her upp i Steinrøysine og sjaa Livsviljen. Paa den fyrste Staden gjekk eg inn. Der sat ei gamall brun Kjering og spann, med ein Katt og ein Barnsunge leikande inn-med Stakken sin. Ho saag upp med store forvitne Augo: kor er du ifraa? -- Aa, er du fraa Garborg? Kven sin Son er du der? -- Aa, er du av det Folke? Og trast var me Kjenningar. Mat fekk eg. Men eg laut "ta det som dei hadde det": skild Mjølk og Hellekake med Smør og Fat-ost, den rette gode vestlandske Fatosten som er finare enn Roquefort, -- plent som det skulde vori heime hjaa ho Mor i mi Barndoms Tid. "No maa du faa deg Mat," sagde ho. "Det er nok ikkje Kaffi og Finbrød som i dine Bygdir; men kva skal Stakkaren gjera? Heimekost nærer, men Skillingen tærer; og so lyt me greide oss med Heimekost, me. Men so hev me no kje meir Vìt: me tykkjer den er likso god." Ho sette seg til Rokken att, og spann og rødde. Jamenn var det so gildt naar det kom eit Menneskje. So kunde ein faa spyrja nytt og røde um eit og anna. Ho fortalde meg um Folke mitt meir enn eg visste sjølv. Og til eit nytt Kapitel i denne Ættesogo si fekk ho daa no i stutte Drag min Livsgang. Ho lærde meg paa denne Stundi noko som alle mine Skular ikkje hadde kunna segja meg, og som eg sjølv ikkje hadde lagt Merke til fyrr: at Bygdemaale mitt var vent, og at det hadde ein Forteljekunst. So fekk eg henne til aa tala um Live her i Fjelli. Var det ikkje langsamt aa sitja her upp-i ville Steinrøysi og SIDE: 280 slite og stræve og ingin Veg koma; takke til at ein fekk den stakkars Maten? Ho lo. Aa nei san! Mjaaland var nok ingi Steinrøys. Og langsamt var her ikkje for den som hadde noko aa bala med. Men naar eg rødde liksom so svivyrdsleg um Maten, so vilde ho beintfram spyrja meg, um det var slikt eg lærde paa dei høge Skulane mine? Daa vilde ho ynskje at eg aldri sjølv fekk røyne paa Aalvor kva Mat var. Hadde kje Vaarherre sjølv lært oss aa beda um det daglege Brød; og stod det ikkje at naar I have Klæde og Føde, da skulle I lade eder nøie? "Den som hev det han treng, og kann gjera det han skal, han kann aldri Gud fulltakka." Eg sat og undrast. Ho var fornøgd! Ho forsvara Steinrøysi si. Dei Fylgde ikkje med her i Fjelli. So som denne Kona tala her no, so tala dei gamle heime i mi Barndoms Tid. Korleis skulde me klara oss utan Arbeid? sagde dei gamle. No talar dei i Bygdine som me talar i Byen: korleis skal me klara oss utan Pengar? Og dei jamrar og sutrar og er misnøgde. Og misnøgde er det dei skal vera, segjer dei kloke; Misnøgje er Môr til Framgangen, heiter det hjaa Stuart Mill. Naah, trøysta eg meg, Misnøgje naar vel til Fjells med Tidi. Snart kjende eg heile Live der uppe, utantil armt og innantil varmt. Og eg tok so smaatt til aa undrast paa, um det kunde haste noko serskilt med "Framgangen" her i Fjellbygdine. Kunde det kje vera nok, at Byar og Storbygdir masa seg ut for Framtidi? -- Nei; eg turvte nok ikkje tala um Steinrøys! Her var god Jord her uppe i Bergskortune. Mykje betre og finare Jord enn alt dette Aurgruse ned paa Jæren. Berre slike Ber som her voks! Tyting og Blaaber so store og saftige at dei braana paa Tunga; dei hadde kje Maken nokon Stad. Og so alt dette velsigna gode Beite. Kor skulde det gaa med all Jærbu-Tasen, um han ikkje fekk koma her upp i Fjelli um Sumrane og friske seg upp og faa Hold paa seg? Han fekk Vatspoken kvar ein. Her paa Mjaaland hadde dei og Jær-Smale i Beite um Sumaren, og han treivst so dei kunde sjaa Viku Mùn. SIDE: 281 Og mang ein blank Speisi-Dalar hadde han Per teki inn for den til Skattar og Avgiftir. Ja den velsigna Smalen. Han gav oss baade Klæde og Mat; og det var mykje den dei livde av baade ut og nord og upp og ned. Men det kunde me takke Fjellbeiti fyri. Jamenn kunde det vera løgi aa vìta kor mange Smòlòg det kunde vera som beitte Aar um anna upp gjenom alle Heiane her, fraa Synesvarden til Sirdal, og sidan Høgheiane ovanum der att, -- alt til upp imot Sætisdal. Eg kjende vel han Lars Haaland? -- Nei jaso? Og endaa var eg skyld med 'n, um ho ikkje mishugsa seg; -- paa Môr-Sida. Ja; han laag der uppe og gjætte no i Aar, høgast upp i Høgheiane, ovan-um Kvin'a. Kom eg dit paa denne galne Forvitnad-ferdi mi, so kannhende eg raaka 'n; og daa skulde eg spyjra 'n um dette; han visste det. -- -- Matstelt og utkvild sagde eg Farvel og gjekk. Den gamle Kona fylgde ut og synte meg Veg og Leid; ho var lett paa Foten som ein Ungdom. Me skildest som me skulde vori Mor og Son. "Ja no maa du fara vel og sjaa deg fyri. Og skulde me ikkje sjaast meir i denne Verdi, so gjev at me maa finnast att paa den Staden som betre er!" Ho sagde desse Kvardags Ordi so vent, at eg kjende Augo mine doggast og skunda meg i Vegen. II. Eg hev baska meg fram gjenom bygt og ubygt, etter Vegar og veglaust, med og utan Fylgje, til dess eg er komin inn paa ein av Driftevegane aat Høgheidi. Eg hev fengi Hùg til aa raake 'n Lars. Det maa vera rart aa liggje der upp i Høgheiane og gjæte. Han skal fortelja meg um det. Mykje gildt Fjell hev eg sétt; og den eine Dagen blankare enn den andre gjeng eg her og gled meg i desse Lyngdalar og Bergskoltar som aldri nokon Gong kjem inn i Turistbøkane, og som eg daa kann faa hava i Fred, -- eg og dei tvo-tri andre Skrullingane som skýnar slike SIDE: 282 Fjell og likar den store Stilla. Gud have Takk; Norig er rikt. Um Engelsmann og Byfant tek fraa oss Hardang og Jøtunheimen, so hev Norig endaa nok att aat oss Smaafolk og Poetar. Stort, stort er dette herlege Land. Det er berre i Byane at Norig er lite. Godt Folk hev eg raaka kvar eg kom, eit modigt seigt Folk, som fær det til aa vekse i Fjellsprunga og klagar mindre enn vanlegt er jamvel paa Stadir der det er lettare aa lìva. Meir og meir maa eg like desse Folk; og mindre og mindre bryr eg meg um "Framgangen". Framgang, det er no au eit Ord. Kannhende er det med den som med so mykje anna, at det ein vinn framme ein misser bak. At Folk er fornøgde og greider seg, det veit me er godt; ja naar alt kjem ihop, so er det vel det som det gjeld um. -- Eg er paa Nedgang til Sirdalen, den vestlengste av desse norske Elvedalane som ikkje er anna enn gamle Aa-far, utgravne i Fjelle med Skuring og Sliping av Is og Sprengjing med Frost og Sliting og Skyljing av Vatn og Grus gjenom Aarmillionar, til dess Sopp og Mose fekk Feste paa ei Sand-øyr her og der, og i Leir-veltur millom nedramla Berg, og førde der sin seige Strid med alle brakande og brultande Trollmagtir; reidde soleis Grunnen aat høgare Liv; og det daa sidan aat endaa høgare. Det kveldar; eg sìt paa ein Stein uppi Fjellbruni og ser nedyvi Dalen, som ligg der stengd og still med Aai myrk og blank i Bøyg og Bugt, seint og smaatt vinnande sin Veg gjenom alle Mein, sistpaa som beint gjenom Fjelle. For det som vil fram, vinn fram, um so Jøtunheimar stengjer. Det er Hus til Natti det gjeld um no. Lengst nede, halvt attum ei Fjell-nos, kvitar det i eit Hus attum nokre Tre; men det er langt dit; og eg er trøytt. Endeleg finn mine leitande Augo ei Høylødu ned i Lidi; og der bed eg meg til Gjest. Ikkje lengi etter er eg der. Godt er det aa kvile i det turre varme Høye, og Nattevinden og Fjellbekkine svæver meg med si linne Susing. -- Dagen etter bar det upp gjenom Dalen; og sant aa segja var det godt aa faa fast Veg under Foten att. Men SIDE: 283 morgongrettin var eg, og ustelt og lite i Lag, so eg lika meg ikkje, daa eg saag ein Mann koma hinkande, som visst vilde vìta kvar eg var ifraa. Eg nyvde og morska meg og sette i Veg so eg meinte han skulde kje faa Tak paa meg, um han so brùka Baatshake. Men det nytta kje det Slag. Klói fekk han i meg; og høyre paa 'n maatte eg. Han var laaghalt, so han hoppa meir enn han gjekk; og berre eitt Auga hadde han i det breide, svartmuskne Andlite sitt med Sâlnosi; men dette eine Auga var lìvande og listigt for tvo, og blankt som eit Fugleauga; i Grunnen truskyldigt. Kjend var han med same. Rokkesvarvar og Smed var hans Professjon, fortalde han; men um Haustane fór han gjerne og pùtla og handla med Smale; som han ikkje burde gjera; for han vart berre snytt. Ja sant! Men det var so mangeleis i Natturi nedlagt. Kvar eg var fraa? Og kvar eg skulde av? Daa eg spurde Veg og Vegalengd til Kvina, og nemnde han Lars Haaland, blinka han listigt med Auga sitt; kunde tru det, ja. Men det han vilde vìta var -- ; han vilde so gjerne vìta korleis det var med Smalaprisane burt paa Stavangerkanten. Daa eg ikkje hadde Greie paa Smalaprisar blinka han og lo; "du er lur, du! he -- he. Aa den Jærbuen; han er udkròbin." Men honom turvte eg ikkje vera rædd. Me var skikkelege og truskyldige her i Sirdalen; berre Bøndar som sleit og slæpa og lìvde av Graut og Mjølk og skýna oss ikkje det Slag paa Handel, ikkje meir enn det som aldri var til. Men Smalaprisane, dei var høge i Aar -- -- "Kannhende Folk stend seg godt her i Dalen," sagde eg, til aa faa han inn paa noko anna. Han glytte vàrt paa meg. Aa -- ja. Det var Slit og Slæp og Graut og Mjølk, som sagt var; men naar ein klara seg, so fekk ein ikkje klaga. Og naar ein hadde Helsa og Arbeidshùgen, so klara ein seg ei god Stund; for Arbeid traut det aldri her. Nei sant! Men kóss det skulde gaa med den Ungdomen som no voks til, og som meir og meir misste Arbeidshùgen, det skýna ikkje han, naar han skulde SIDE: 284 segja si Meining. Det var alt stor Skilnad aa sjaa. Dei som tok det paa den gamle Maaten, og arbeidde med Hùg, og stellte og stræva tidleg og seint, og passa paa, og heldt alt i Stand, og sette si Løn i det og ikkje i Kaffi og Finbrød, -- daa kom Vinningi liksom attpaa, og som ei Gudsens Signing; og dei heldt seg uppe i det lengste, endaa so fort som Skattane voks. "Men alle desse no for Tidi, som berre slit for Vinningi og bannar Arbeide, kva skal der verte av sovori. Det veks ikkje etter Arbeid som med Uhug er gjort. Nei sant! Og so fær dei ikkje Vinningi heller. Og um det raakar til med eit godt Aar eller tvo, so gjeng det snarare enn det kjem, til Brennevin og Stas og alt det som dei daa skal søkje sin Hugnad i, naar dei ikkje hev Hugnad i Arbeide." "Nei!" sette han i; han var komin i eit heilt Egse; "skal det bli paa den Maaten uppetter Dalane her, so vert det snart ikkje lìvande! Og daa kann Fantane ta heile Herlegheda. He-he. Ja du hev kje gjengi fraa Jæren til Sirdalen og ikkje treft Fantar? Dei raar seg fritt her, dei; rekkjer att og fram liksom Smalen. Og Folke, stakkar, som bur kvar for seg og inkje Forsvar hev, maa berre halde seg til Véns med Fanten, og svara han Skatt, Toll og Tiend som ein annan Konge. He, he! Ja sant. Og so er det Storfanten daa, som syg og gneg paa Bonden fraa sin Kant. Latinarane, som Jaabæk kallar deim. Ja du held vel med Jaabæk? -- du hev vel alltid so mykje Vìt?" Aa betre meg; han var Jaabækianar. Og no var han komin innpaa Politiken. "Ja far vel daa ..." Men han slo Kloi i Kuftekragen min og dreiv paa. Latinarane var dei verste. "D'er kje berre det at dei syg og gneg paa Bonden justsom Iglar; det verste er at dei narrar denne stakkars Ungdomen til aa tru, at det me skal her i Verdi, det er aa sidja i ein Pudestol og patte paa ei Pibe; eg hev nok sétt av det, maa du tru ... Nei bia no! Det var det eg skulde spurt: kóss er det med Smalaprisane der burt i Stavanger? Ja eg spýrr; for eg skýnar daa so mykje, at eg ser du er Handlar." Eg sagde at eg var Student. "Lattinar, Farr min?" Daa lo han; og det vesle blanke Auga hans blinka listigt SIDE: 285 og lystigt. "Ja den Jærbuen; han er no so udkròbin og lur. He, he, he, he!" Han lo so eg slapp fraa 'n. Det siste eg høyrde var: "Du lyt studere til Prokerattar daa!" Etter dette kjende eg meg ikkje trygg, fyrr eg var komin yvi Sira-Aai og paa Fjellstìg att. Daa lauga eg meg og heldt Dugurd paa min siste Pølsebite; kveikte so Pipa og kvilde. Og Soli vermde og Sira song. Daa var det godt aa vera til. Ja; Fjelle hev sine Høgtidsstundir. Det er so det kann kvile i meg, berre eg minnest det. -- Fjellstigen svinga fort upp gjenom Lidi; snart gjekk eg midt upp-i ei stor Urd. Her var gildt. Paa Vinstrehandi Sira i roleg Straum; paa den andre Sida Bergufsi rett upp; blaae Urdi fram so langt eg kunde sjaa; og her og der i Solkræane Bjørkekratl eller store raudnande Hjupeklungrar. Eit lite Vindblakr svala i Lufti, og yvi Fjellaasane i Nord tok det til aa skyast. Stigen var smal men greid; upp og ned og ut og inn millom Steinar og store Urd-Hol slengde han seg med listig Kunst; her og der maatte Folkemagt ha vori aat med 'n; men det var tydelegt at Geiti, etter Vinjes Ord, hadde vori fyrste Vegmeistaren. Og meir og meir geitevillt vart det; han skulde kje gaa i Draumar som her vilde koma fram med heile Bein. Som eg gjekk der soleis og vippa og vog, smatt det fram under ein høg Stein ein litin haal brun Mann, svarthærd, graaklædd og fillut og bøtt, med Pòse paa Rygg; etter honom ein litin haal brun Gut, endaa meir fillut og bøtt; og so ein lang graa Slamp, ljoshærd og graaøygd, altfor lite bøtt, med Byrd paa Rygg og yvi Aksli eit Kippe med Blekk-Kjêlar og Spann som illblenkte i Soli; so eit Par brune skitne Gjentungar, halvnakne; og sistpaa eit lite brunt Kvende med store svarte Augo og béksvart Tjafsehaar nedyvi Panne og Øyro og paa Ryggen ein Unge i ein Aaklæd-Tull. Der stod me. "Godt Mot!" helsa dei; men noko sers godt Mot var her ikkje. Stigen var so smal at det berre var Rom for ein og ein; og Hòl i Hòl var det baade ovanum og nedanum. SIDE: 286 Det var ein framifraa lagleg Stad til aa tyne ein Mann. Milevidt til Folk; Urdi stengjande rundt ikring; og Nøgdi med Gravhòl aat Like. Dei kunde knatte meg ned her som ein Sau; den eine kunde halde og den andre slaa; og vilde dei sjode Sòd paa meg, so hadde dei Kjeraldi med seg. Eg stod og tok Maal av deim: kor djerve kunde dei vera? Og dei stod og tok Maal av meg: kor mykje kunde eg vera verd millom Brørar? -- tenkte dei visst. Noko attum meg fekk eg Auga paa ein flat Stein; den steig eg ut-paa, so Vegen vart fri; dei takka og velsigna; men dei gjekk ikkje. Det hadde kje falli mange Ord. Men no tok den vesle brune til aa tala. Lett og haalt og lite truande. Det var um ein Praam dei hadde laant; og um Vegen som vart verre og verre upp-etter her; um eg daa vilde gjera so inderleg vel for Guds Skuld aa taka denne Praamen med meg upp yvi til Gards att; so slapp eg lettare fram sjølv med? Dette samtykte dei alle med mange Faktir og mykje Augnebruk; og snart stod heile Flokken der og olstra um denne Praamen. Eg svara ha og ja og berre venta paa kva som meir skulde koma. Det kom ikkje meir; men dei gjekk. Takkande og velsignande kvarv dei i Urdi som dei or Urdi var komne. Og eg gjekk til min Kant. Eg hev ikkje sétt deim ut til Pengemann, tenkte eg; og til Steik hev dei vel funni meg for mager. Usætande, løynfule Folk. Store Barnsungar; fælt til Ljugarherk. Dei hadde stòli ein Praam. No venta dei Eigaren etter seg og vilde stagge 'n med aa sende meg imot 'n, liksom det vert sagt at dei staggar Skrubben um Vinteren med aa kaste Borni sine til 'n, eitt for eitt. For Born kann dei alltid faa att. Men meg skulde dei ikkje narre. For meg skulde visst Tjuvegodse faa staa der det stod. Ein halv Times Tid etter sat eg i Praamen. Stigen var komin burt for meg, og mindre og mindre framkjømd var Urdi vorti, so eg laut berre taka den Hjelpi som baudst og takke til. Ein fekk ikkje vera so strid paa SIDE: 287 dei juridiske Distinktionar her i Heiane. Ingin Ting so gali, det ei var for eitkvart godt. Det kunde koma vel med at her vart stòli Praamar òg stundom. III. Det var elles ingin Praam. Det var ei Eikje, firkanta, flatbotna, breid som ei liti Ferju; ihopslegi av Plankeendar. Aarane var lange som Mastrir til ein Seksærings Baat. Og endaa rakk eg knapt ned i Vatne med deim, naar eg sat midt paa Tofta. Der laag eg daa og sleit, stundom drivande og svivande for Straum, stundom paa Grunn paa ei Sand-øyr inn med Land, og so stykkjomtil fram-etter i smaae Slag yvi djupe logne Lonir. Det gjekk tyngre og tyngre; og Blaastren auka paa. Som Rovfuglar kom Vindflagune flaksande ned yvi meg; tok Hatten; svinga Eikja; svartna som Skuggar ned-etter Elvi med Sjoging og Skval. So snart eg saag meg von til aa gaa paa Aabreiddi att, drog eg Eikja i Land og tok til Foten. Det hadde tettna ikkje lite i Nord. No svartna det heller fort; og Flodhausar skaut seg upp, so ein kunde vente Regnvêr. Daa vart det kje greidt aa taka paa Heiane i Kveld. Ukjend paa Vegen; og so Kvina aa vasse ... Men der grønka det alt i Garden, der Heiavegen skulde taka upp. Eg fekk slaa meg til der med Natti. Ferdaboki lét nok so ymist um Stell og Sengir uppetter her; men pytt; det var berre Loppur. Og Loppur skræmde ingin norsk Mann. Loppa var eit uskyldigt Dyr. Fin i Grunnen: italisk. Sjølve Namne var fint: engelsk. Eit Par Loppur skulde eg greie. So regnde det fraa seg i Natt; og i Morgo var det Fjellvêr att. -- Snaut eit Par Timar seinare var eg paa Veg upp Aasbrekkune aat Høgheidi. Det var ikkje Loppa som hadde skræmt meg. Og ikkje Gardfolke heller; dei hadde fagna meg vel, og fyllt Nista mi med god Mat for billeg Pris og vori berre huglege og snilde. Men der "var kje kò ei Gjesteseng"; og der var ein Gjest fyrr. Og gange SIDE: 288 aat Høy-staden og leggje seg, naar der var Seng, det vilde vera mindre fint, baade mot Huse og mot hin Gjesten. Daa eg hadde kaffikvilt og fengi Mat i baade Pòse og Sekk, hadde eg difor med ein Gong fengi slikt eit Mod paa Fjelle. Helst daa eg høyrde at han Lars Haaland, Skyldingen min, enno laag i Hytta uppmed Kvina, men var tenkt aa taka paa Heimvegen med Drifti i Morgo -- visst. Ikkje i Dag, nei; -- visst. Og Praam var der i Kvina; skulde han liggje paa hi Sida, kunde eg berre rope. Eg vilde daa vaage den Voni. Regnkaape og Sydvest hadde eg, um det kneip; og elles saag det no helst ut til aa vilja klaarne. Svalt og lett var det aa gaa; og eg kunde enno rekne 3 -- 4 Timar til Natti kom; so dette skulde nok greie seg. Daa eg var komin paa Høgdi og inn i Skarde der Driftevegen gjeng, kom det noko Regn; men det kunde ikkje vera anna enn ei Skur, so vidt upp-ljost som det no var i Lufti. Det vart elles ei hard Skur. Eit svært, tungt Regn som vætte. Eg fekk upp Oljekaapa og Sydvesten og tenkte: hardt imot hardt. Og ikkje fyrr hadde eg fengi Regnklædi paa meg, so slutta Regne. I Veg bar det for fulle Segl; det galdt aa nytte Dagsljose. Det var greid Leid og vel synt Veg; gamall upptraakka Drifteveg. Kløyvdest han stundom, so gjekk Kvisline snart ihop att. Det beina seg godt alt; og eg var kry for eg ikkje hadde lagt meg til der nedpaa den vesle tronge Fjellgarden. Ei ny Skur. Ja kva daa? Det berre friska. Regn er nettupp mitt Vêr; og helst naar det er skikkelegt Regn. Som dette ja. Just so; stridt og tungt so det dura i Oljekaapa; daa treivst eg alra best. Og naar eg no kom til Hytta, so gjorde me upp Eld og laga Toddy og turka og vermde oss; og so kom han Lars i Godlag og fortalde um Gjætarlive i Høgheiane. Kva var det for Laat? -- Bækting. Sauir. Ein Smalaflokk. Fleire Smalaflokkar. Smaae og større; kom glidande som kvite Skydottar hit-yvi den lyngmyrke Grunnen. Større og større vart Flokkane. Snart saag eg det: SIDE: 289 det var ei Drift. Sauir i hundradtal. Eit Par smaae Hundar fór og skvakka att og fram og heldt Drifti i Gang og noko-so-nær i same Straumfare. Snart var Dalføre fullt av Gøying og Bækting og kravlande Liv. Tvo Drivarar lakkande etter; ein styrde Hundane og heldt Leidi, og ein fylgde atterst med Klývhesten og hadde Tilsyn med, at inkje noko av Drifti fekk gjeva seg i Etterhand. Hjarta seig i meg. Det var vel han Lars, dette. So stod Hytta tom upp-med Kvina. Og kom eg daa ut i Natti, og det lagdest til med øyde Vêr -- -- Eg gjorde Baut og sette Kós for Mannen med Klývhesten. Var det han Lars, so vart det vel best for meg aa fylgje Drifti. Dei hadde vel ei Bu eller ein Heller einkvar Stad her nede, der dei skulde kvelde; og so kunde me gjera upp Eld der ... -- Det var han Lars. Men han hadde lite Stundir til Samtale. Han stogga litegrand; laut so strakst i Veg att etter Drifti. Eg laut daa fylgje honom. Han lika nok ikkje dette Vêre, han Lars; han var ikkje i Godlag. Heller stutte Svar fekk eg paa Spursmaali mine. Det var ei Mil til Kvina, naar eg tok beinaste Leidi. Ja; han saag regnleg ut. Aa, eg greidde det nok, naar eg skunda paa. Beinaste Leidi gjekk der, upp gjenom Skarde; og sidan -- -- Han peika i Nordaust. Daa eg hadde teki Méd av Skarde og snudde meg att, var han Lars og Hesten alt langt ifraa meg. Eg misste Hùgen til aa drikke Toddy med denne Skyldingen min og gav meg i Veg paa min Kant. Berre sjaa aa naa Hytta. Der fekk eg gjera upp Eld og drikke min Toddy aaleine, og sjølv freiste Gjætarlive i Høgheiane. No var det Upphald att og godt Vêr. Berre det vilde vara ei Stund. Eg lagde i Veg det fortaste eg orka. Men det vilde ikkje vara med Godvêre. Eg var ikkje langt upp i Lidi komin, so lagdest det til att med Regn. Ei veldig Skur. Svære Dropar i tett Fall; og tettare og tettare til dess det berre auste. Det var det stridaste Regne eg hadde vori ute i. Men det vart endaa stridare. Og SIDE: 290 endaa stridare. Eg vart mest rædd; det var det ville Skybròt. Himilen var som opin; det hylja, sturta, fossfløymde. Det gjekk gjenom Heiane som Stormsus. Aldri regner det slik nokon Stad som her i desse skogsnaude Bakke- og Berghalli ut imot Vesthave. Det var fælslegt og samstundes høgtidsfullt, som alltid naar Jøtunmagtine slepper seg lause i si ville Kraft. Snart flaut det og fløymde kvar eg sette Foten. Og det var ikkje Skur lenger: det var Siregn. Himilen var aalsvart. Skygnde eg meg ut under Sydvesten um det ikkje skulde vera Von til Letting nokon Stad, gjekk Luft og Himil saman i ein graa Flaum av fallande Sky. Det var vorti myrkt med ein Gong. Av all Magt seig eg paa; men det var mest som aa vasse under i Vatn. Og eg saag snart at her var ikkje Tanke um aa naa Gjætarbui i Kveld. Eg hadde vunni meg upp imot Skarde der Leidi var meg synt; men no var det so myrkt, at eg skilde ikkje klaart meir enn nokre Stìg ifraa meg. Det var daa berre aa sjaa seg um etter ei Nattelivd. Ein Heller, ei Steinbu, eller kva det var; eg skulde ikkje forsmaa. Men inkje noko sovori var sjaaande. Og rett som det var hadde eg misst Leidi. Eg totte eg gjekk i Vest og ikkje i Nordaust. Noko Ulende kom eg uppi, med Tuve i Tuve og Stein og Hòl, so der lite var framkjømt. Det kunde gaa gali dette. Eg kunde rengje Fot eller brjote Bein; so laag eg der til eit anna Aar. Og stundom stana eg skræmd: eg tottest staa bikkande og vippande framfyri svarte Stupe. Den fyrste store Steinen som myrkna fram gjenom Regnskodda og Kveldmyrkre som ein svart Skugge kraup eg inn under; paa den eine Ledi halla han utyvi eit lite Grand, so han tok alltid av for Regne noko. Attunder der fann eg i Halv-urdi ein Stein som kunde klara seg til Sæte; der skìpa eg meg til rettes; og jamenn var det kje fritt anna enn der var som ei liti Livd. Um det hadde vori Grand Hotel kunde eg kje vori gladare. Eg skifte paa Føtane; batt eit Lùmmaplagg um Halsen; gnaska i meg noko Braud og tok ein god Slurk Konjak; SIDE: 291 dermed gav eg meg yvi. Det var Tidkort aa sitja og høyre paa Regne. Det tippa og trippa, trafsa og slafsa; dreiv gjenom Heiane med svær Sus. Eg veit ikkje kva eg tenkte paa, som eg sat der og smaakulsa. Det var ei Stund eg kjende meg heller aaleine. Men so trøysta eg meg: nedunder næste Steinen ligg ein Hare. Røyskatt og Rev og Maard hev Bøle rundt ikring. Og upp-under Ufsi er det Rjupereir. Daa vart det huglegare; og eg kjende meg i godt Lag. Det kvakk i meg, daa eg ein Gong høyrde noko som tunge Stìg attum Steinen; um det kunde vera Bjørn? Aa langt ifraa; Bjørnen hadde betre Vìt enn aa gaa paa Natterangel i slikt Vêr. Han laag varm og turr i Hie sitt, han; og gjev eg var der. Han gav meg nok Hus; og so krabba me oss ihop og vermde einannan. Det kunde snart turvast. For Konjaken som eg hadde sett mi Lit til, den sveik meg stygt. Fyrste Slurken hadde nok vermt eit Grand; men den andre var det inkje Gagn i. Eg vart berre elgin og ufysin, og fraus heller verre. Um eg elles kann ha sakna Verdi bilomtil, eller um Tanken berre gav upp og gjekk i Hie daa det ikkje var noko aa tenkje paa, det veit eg ikkje. Det vil ha vori ei lang Natt. At eg fleire Gongir var uppe og rørde paa meg og slo Flokar, hutrande og skjelvande, og at det daa heldt upp og var stjerneklaart, stend for meg i halv Draum. Men so minnest eg Morgonen. Dagsprett yvi Blaafjell og regnfriske Dalar. Solrenning paa høg Himil gjenom ei Luft so skir, at eg saag ende inn i det endelause. Heile Verdi frisk og ny; rein. Som eit Barne-æventyr i Sùmargull og Blaatt, skinande, himilsk, med noko bivrande og skjelvande som ein fin Klang, siglde Dagen fram yvi dei vide Blaanur og lo burt heile den vonde Natti. Eg vart so underleg lett; og totte eg kunde mest leggje meg paa Saam i Lufti som Fuglane. Eg trur eg dansa paa Steinsvae der eg stod, millom Lyng og Tyting-Lauv, der Morgonròden skalv og Regndròpe-Demantar i Tusundtal gidra og straala. Saam: "Sømning". SIDE: 292 Slik ein Morgon, tenkte eg, -- den maa vel koste ei slik Natt. IV. Fraa fyrste Høgdi eg kjem frampaa ser eg upp gjenom eit vidt, flaatt Høgfjells-daldrag, opi og ljost. Og ned gjenom det, lengst burt-under Aasane paa hi Sida, i stor avrunda Sving, skinande blaa -- renn Kvina. Bui ser eg ikkje. Men etter Korte lyt ho liggje lenger nord. So hev eg Leid att. Glad gjev eg meg i Veg. Men det gjeng smaatt. Eg er liksom so stiv. Snart tek Soli til aa verme; ei Tyngd sig paa meg. Syvjin dreg eg meg fram; halvdrøymande. Her er kje rett laga. Eg er i Gygreheid. Her er slik ein Glir. Det er Gidr og Blidr rundt alle Lidir. Kvina kved, dul og løynsk. Halvkvedne Ord. vaknar i Susen; eg fær ikkje Tak paa deim. Og eg sjølv er kje heller rett laga. Eg gjeng som paa framande Føtar eg ikkje hev Magt med. Men gjeng likevel, som styrd. Skreppa paa Ryggen heng og slit som ein Rìdham eg ikkje kann faa av meg. Det brenn i Aksline, som elles hev vorti so underleg burte. Yvi Nakken ligg det som ei tung Hand. Det gjeng Bivnir og klaare Flekkir for Augo. Der er lìvande i Fjelle. Gygri bur der i Bergjo nord. Burt-i alle Leite gjeng Buskapen hennar. Brune Stutar, brandute Kyr; svarte store Hestar; dei beiter og svingar med Rovune sine. Upp i Skard og Høgdir stend runde digre Troll og veiftar med Armane og gjæter. Trollskapen hev det godt i Høgheiane no; Kristfolke er heimfari. Der rekkjer ei Rad med brune Bjørnar. Eg vert standande og furdar paa dette; flýtjer dei seg? Eg tek Merke med Augo og médar og mæler. Men kann kje faa Tak paa det. Alt er ustødt og usætande; alt flyt og glid. Dei stend visst paa same Staden. Men likevel rekkjer dei. Det er rart. Det er vel slikt dei kallar Synkverving. Klokka mi stend; eg hev gløymt i Gaarkveld aa draga maa vel: kann faa Lov til; maa gjerne. SIDE: 293 ho. Men Tidi gjeng. Kalde Vindgufsar tek til aa slaa ned ifraa Nordvestheiane. Det friskar. Her og der stig ei Sky. Det himer seg til i Vest og Sud; Soli slørest. Vindkasti kjem oftare; Elvi kyngjer; skal me hava Regn att? -- Gud vere æveleg Lov og Takk. Her gjeng eg og glor med opne Augo og ser ikkje. Drøymer eg? -- Der stend Hytta. Daa lo eg. No var all Sut sløkt. Attunder ein god Stein, der Soli stod paa, sette eg meg og heldt Dugurd. Det smaka kje noko av Turrmaten lenger; men Mat maa ein hava, um ein so skal tyggje Skosolar. Og Tankane sveiv og dreiv. Desse underlege Ordi, Mytemaals Ord som vakna i Elvesong og Vindsus, døyvt ropande, kunde eg stundom skilja. "Langan Leid!" sagde det. "Bak fram!" -- Det kann vel au hende at eg hev dorma ei Stund. Eg hugsar at det liksom med ein Gong hadde vorti so mykje myrkare i Lufti. Og store blaae Regnhausar hadde skòti seg upp i Nord og Vest. -- So var det Kvina. Praamen? -- Nei. Ingin Praam. Naa; sliks Slag. Hev ei Sauedrift vadi Kvina i Gaar, so vèd vel eg ho i Dag, skulde eg tru. Kvina er breid her, og eit Grand strid. Men grunn. Eg skor av meg og brettar Brokebeini upp til langt ovanknès. Og so ut-i. Leid Botn. Smaa rund Rullestein; kvass Bròtstein; vandt aa faa Fotfeste. Men eg fær taka meg Tid. Eg naar ikkje Sætisdal i Dag kor-som-er. Svært for ei Magt Vatne hev, naar det gjeng i Straum. Og med ein Gong tek eg til aa sigle. Upp-yvi; mot Straumen; rivande fort. Eg snur meg; tek Augnefeste i Landl og samlar mi Kraft; svimre maa eg ikkje. Halde seg ti. Jordi. Feste Augo i Botnen og lata Straum vera Straum! No djupnar det. Det er Mid-renna, Djupaalen. Hu -- fælt til Straumdrag. Staven glid ut; Føtane vil etter: Mannamagt er inginting ... Nett som eg skal gaa attlengis fær eg gjort som ein Rykk paa meg og bergar meg halvt glidande upp paa grunnare Vetne. Vassar so i Land att; vil kvile meg og tenkje meg um. SIDE: 294 Korleis ei Smaladrift kann koma yvi her? Og det stundom i Flaumtidi? -- Ja; sumt kjem burt. Heile Flokkane stundom. Men brulaus ligg Elvi no som i Noæ Tid. Armod er dyr. Dei tenkjer paa det; røder um det; Mann etter Mann og Feggje etter Feggje. Men det vert ikkje meir. Kvar for seg er dei for veike; og til aa slaa seg i Lag er dei for norske. Og Staten skal leggje Jarnvegar fram-etter alle Fjordstrendane paa Austlande til aa kappfljuge med Eimbaatane. So maa Vestlandssauine blive, dei. Og eg med, kannhende. Som ein Hegre med lange Bein gjeng eg att og fram paa Elvebarden og tek Augnemaal av Djupnir og Straumstyrke. Ein Stad lenger nede er det djupare og rolegare, so ein kunde vel symja. Men med Skreppa og Klædi paa Ryggen vart eg vel for tung i Dag. Sjaa der! Eg tenkjer nok det; der ligg Praamen. Paa den galne Sida. Hev det fari Folk her fyrr i Dag? Fant kannhende? Det er uforsvarlegt aa stela Praamar. Det kann koste Liv. No kunde det gjerne koma eit Fantefylgje den andre Vegen. Men nei det slapp du vel. Det i Gaar var berre eit Serfelle. Vel er Norig det friaste Fanteland i Verdi. Men endaa skal ein sjeldan sjaa deim naar ein treng deim. Daa er dei burte, liksom Vénir og Konstablar. Aa-nei. Me freistar Føtane. Eg bliv kje i Dag. Den bliv ikkje som hange skal. Eg vassar ut att. Styrer paa skjøns uppetter, halvt imot Straumen; det hjelpte mot Svimring. Daa eg kom til Djupaalen gjorde eg Vending og lét det glide paa skjøns halvt nedetter; daa fekk Straumen mindre Magt, og eg kunde betre styre Føtane. Vaat var eg alt so langt som eg var klòvin; Klædi turvte eg daa ikkje lenger bry meg um. Og kóss det no gjekk til eller ei, yvi kom eg. -- -- Uppi Hytta hev eg laga meg Seng. Reidt upp med noko Høybòs som laag der etter Heiagjætaren, og ei gamall turr Uksehud som hekk her paa ein Raft; den brùkar eg til Lakan. Der ligg eg daa og freistar Gjætarlive i Høgheiane best eg kann. Ja soleis paa Lag er det vel. Ute i Fjelle all Dagen; SIDE: 295 og so heim og skifte Klæde og faa seg Mat; og so aat Sengi, som vel elles er noko mjukare enn denne. Og so hev han vel alltid noko Lyng eller Vier-Ris til aa brenne der paa den Sótsteinen som gjeld for Gruve, so han fær steikt den Fisken han hev teki um Dagen, og vermt den Mjølki han hev vori ute og mjølka til Kvelds. Trøytt som ein Hund legg han seg daa, og sovnar midt i Fadervaar. Um han elles hugsar slikt som aa lesa til Kvelds. Han tenkjer vel helst paa Smalen sin; og paa Udyr som kunde fara; og paa næste Klývsendingi han ventar heimantil med Mat. Eller paa Gjentur. Berghuldrir; for andre vankar vel sjeldan her. Eg ligg og vrid meg. Det verkjer i Bein og Bonur av den harde Lego, men gjev seg for ei Stund naar eg snur paa meg. Ute gjeng Elvesusen strid og hard, kyngjande, stundom skurande, skrapande, med liksom lange, høge Rop og braae underlege Skiftingar; det er Fjelle som syng, Steinheimen som gjev sin store Tone. Sterke Vindkast kjem hivande og mengjer seg inn, stundom lyftande og stundom døyvande den ville Song, som stig og fell liksom Brìmbrak ved Have. Utanfyri høyrer eg rett som det er Stìg; stundom so tydeleg at eg berre ventar aa sjaa Døri gaa upp og eitkvart nifst stinge sitt Bustehovud inn eller eit stort tomt Gap; ja Gud veit kva eg her kann faa sjaa; for i Heiane hev alle Troll heime. Her vert Folkesegni fødd. Gjeng ein i slike Heiar hugtekin i seg sjølv, og lyder og stirer, og høyrer og ser alle dulde og drøymde Ting som paa Viddi kann vanke den lange ljose Sùmardag eller den myrke stormtunge Haustkveld, so vaknar Æventyri og lagar seg sjølv. Paa Kveldar som denne kann ein sjaa Gasten; eller høyre Nykken huve etter Lik; men um Sùmarnatti, naar Hùgen lengtar og Blode gjeng, kjem Huldri inn og sèt seg paa Sengkanten og er mjuk og spak, til dess den øre Drøymaren ser Rova og dei grøne ville Dyreaugo og slær Kross for seg. Her, i Vest-Agdir, er daa og ein gamall Heim for Song og Sogu. Det er Heiane som diktar og kved. Ymis Rikdom veks daa av Heiane; Vestmannen avlar der Kjøt SIDE: 296 og Ull som mest, men Sæbyggjen og Telen Sogur og Draumar. Sistpaa laag eg der og drøymde sjølv, i ei Ørske midt imillom Svevn og Feber. Daa eg raadde or att var det myrkt. Ikring Stogo gjekk som eit døyvt Fossebrak; Regne var komi. Og Kvina skura, skar, skreik. Det var liksom all Villrædsle i Trollfjell og Gygreheid hadde samla seg i denne eine lange Tonen. Resten av Natti gjekk eg uppe, burte og bergtekin i all denne Sjoding og Sus. Stundom vart eg som eitt med dei løyste Magtir. Ei halvrædd, vill Glede tok meg. No losnar Verdi; no fløymer det alt; no driv me til Havs; lat drive! V. Det er Dag att. I tett Skodde tek eg meg fram fraa Varde til Varde, yvi Rindar og Rustir og Rant og Rygg, inn-etter og uppetter. Elvesusen veiknar og kjem burt. Det vert stilt, reint stilt, her upp-i Skyheimen. Di høgre eg stig, di lettare det gjeng. Framfyri meg ljosnar det smaatt etter kvart, og rett som det er stend eg paa ei Høgd i klaar Dag og ser yvi Moar og Myrar langt inn-yvi -- aat Sætisdal. No gjeng det av seg sjølv. Leidi ligg greid, og det hallar undan. Store Flòtir og Slaattir breider seg kvar eg ser. Her gror Grase sjølvo-seg; Sæbyggjen kann berre slaa og bera i Kjelm. Gilde Gardar kunde han byggje seg her paa desse Flæune; men som Bonden vaar elles hev han eit Kall paa seg til aa dyrke upp Prærien; og so lyt dei norske Myrane liggje. Der hev eg den fyrste Sæterbui. Lutande stend ho; vesall og graa. Gud signe ho; det er rart likevel aa koma til Folk att. Inn-i det vesle Sèle stullar eit Kvende; ho er aat med Holke-Kinna; skal faa seg Smør. Her er smaatt, og ikkje rart Stell. Men eg gløymer alt slikt. Eg er i Sætisdal; Raade or: "komme til Bevidsthed". SIDE: 297 og det tek til aa liksom syngje ikring meg. Denne Kjeringi her, stilsleg og helst stusleg, men æventyrklædd midt i sitt Kvardags Stræv, og finsleg og faktegreid med all si Armod, er meg som eit Dikt; og naar ho talar til meg er det Edda-Klang og Stevtone. Snart logar det paa den ørvesle Gruva, og ein litin Kaffi-Kjêl, svart som han var or Fyndeheimen, heng yvi Elden paa sin vesle Tre-Skjerding fyrr eg sjølv det trur. For stilslegt som alt gjeng fær ho det likevel fraa Hendane. Ein roleg litin Samtale fører ho til Tidkort, men samstundes so at ho fær Greide paa meg; og eg fær vìta slikt som eg treng, naar eg dette Aarsens Bìl kjem ukjend til Sætisdal. Ho tykkjer det er kaldlegt som eg hev fari; eg maatte kje ha teki ut i slikt eit Vêr. Hadde eg vori meir fjellkunnig, so hadde eg kje fari soleis. Mannen kjem heim fraa Slaatta. Han hev sétt ein Framandkar koma inn av Heidi og maa vìta kven det kann vera, og kva Ærend han fer i. So segjer og god Folkeskikk til, at ein skal vera farande Mann til Rettleiding um ein kann. Han au er noko tuslin, og liksom slitin. Det er vel Smaagards Folk og knappe Kaar; men der er kje noko aa høyre um slikt; og snart sìt me kring Kaffien og god-røder alle. Eg er som heime her; kjenner min eigin Bygdeskikk att i mest alt, liksom eg kjenner Heimemaale mitt i det mykje rikare og finare Maale som desse talar. I Utid er eg komin til Sætisdal, segjer dei; mest alt Folk ligg i Heidi enno, so det er knapt korkje Mat eller Mjølk aa faa nokon Stad. Men eit Par Gardar nemner dei, der eg kann vente aa finne Folk og Stell; og serleg maa eg daa ikkje gløyme Gunnar Drengsson paa Ose. -- -- Høgtidsamt var det aa naa i Skogen att, den myrke, blaae Barskogen, som for Mannen fraa det skogsnaude Vestland er Æventyrheimen sjølv, draumfull og dragande. Og nett i det same braut ei raud varm Kveldingssol fram og lagde ei ny Hildring yvi Æventyre. Og so trast etter, daa eg kom fram paa Fjellbruni, der det opnar seg til Fy(r)ndeheimen: "Oldtiden". SIDE: 298 Dals, lét Skogen seg upp for eit Bilæte som eg skulde ha drøymt det fram sjølv. Paa ein grøn litin Vang eit brunt liti Sèl; og fram-fyri Selsdøri Geitar som slikka Salt og nippa Gras og spratt av Liv, godmekrande; og Killingar som leika og sprang, og lengst framme, som paa Vakt. Bukkefar sjølv stor og blaa, hornstaut og skjeggfager; men i Sèlsdøri stod, rak og fri og lett, klædd som Prinsessa i ein Barnedraum, den unge Budeigja med Mjølkebytta. Eg stana forglimd og fortryllt; hekk det rett ihop? Torde eg vaage meg der upp? -- Daa slokna det i Lufti. Soli seig. Blaae Tonar lagde seg yvi Skog og Aas. Den vesle Huldredraumen seig inn i Skuggar. Eg laut nok drive paa. Men no visste eg, at eg var komin til Sætisdal. Um eit liti Bìl blenkte det i Otri. -- -- Kvelden etter sìt eg i Ljòrestogo hjaa Gunnar Drengsson paa Ose. Langelden brenn frisk paa Gruva midt etter Golve. Ein Leik av Ljos og Skuggar blakrar gjenom Skaalen og legg Liv yvi alt. Midt ned-gjenom Rome, der Bilæte samlar seg, er sterkt, rikt skiftande Ljos; attanfyri leikar Skuggar og Halvskuggar til og fraa, so Veggir og Veggbenkir stundom stig fram og stundom glid burt; og uppunder Mønsaasen strider Lògeljose med Myrkre og den kvervande Røykkrullen paa ein underleg trollsk Maate. Kvende gjeng ut og inn med sitt huslege Stell, eller ser til Elden; det lyser med Fargar og Sylv; og fint og vyrdeleg fører dei seg, staute og lette som dei der sviv, med dette Gongelage som sermerkjer Sætisdals Kvendi. Ei av deim hugtryller meg reint. Noko so høgbòri saag eg aldri som dette bleike, men sterke og fagre Andlit til ein Skapnad so yndefull og so stolt; enno veks i Sætisdal Hovdingar og Hovdingdøtrar. Paa ein annnan Maate fordrøymd ser eg paa Kara,ne, dei Sætisdals Drengir som dei stig meg i Mot, høge ljose, rolege, med kvasse braae Augo, i denne hèrmannslegstaute og barnsleg staselege Dølebunaden, den dei hev laga seg etter ei hollandsk Mundering, trur eg: ermekvit, bringebreid med Rosesaum og Lekkjur og Sylvsmed-arbeid fraa ei kunstgladare Tid, og med desse modige høge Hattar til SIDE: 299 Krone og Sigersong yvi heile Skapnaden, som i djerv Sjølvglede klæd seg fram utan Dent eller Tilgjerdsle i all si rake breide Kraft; og "Kar" sèt seg um for meg til "Heros". Eit anna Ord sviv meg: "Ariar". Eg hev ein Gong høyrt eller sétt, at i Sætisdal lìver det enno reint, det ariske Slag, dette Hèrvinnarfolke som ein Gong tok Verdi. Ja til Hèrmennar kunde dei sjaa ut. Maa dei forkomast no, daa dei ikkje fær slaast lenger, utan ender og daa med Kniven i eit Gjestebòd? Er det sant at dei lite duger til Arbeid og alt som denne Tidi krev av klok Rekning og seig Trott ... Hu nei; ikkje slike Tankar i Kveld. Samrøda gjeng lett og fritt og med stort Liv. Eg gjev serleg Gaum etter Husbonden, Gunnar Drengsson sjølv, ein aldrande, fin Mann, Hovding av det gamle Slage, Bonde og Døl i alt, med eit klaart, fint "ariskt" Andlit, roleg og greid, utan Braak; stødt og lett fører han Samrøda, med ein Kunst som eg kjenner att fraa gode Bondehus vestanfraa, men knapt hev funni nokon Stad so fullkomin og fin; alle fær vera med og alle kjenner seg frie, men er bundne og styrde av den gode Tonen, so at inkje uhøvelegt eller uhuglegt fær ovre seg. Og endaa var det i Kveld baade Dalafolk og Utmennar samla. Dei tala og fortalde; kvar sitt. No hugsar eg berre ein ung Døl som fortalde so godt, at alle meir og meir tagna og berre høyrde paa honom. Fraa ei Byferd han nett var heimkomin av gleid han inn i ei Ættesogu, som i mangt kunde minne um det gamle Island, men som var fraa øvre Sætisdal og no. Det gjekk um Svik i Kjærleik, og Sorg og Hemn, og Drykk og Draap og Villskap; det var eit Bilæte med sterkare Fargar enn me no er vane med. Men eg gløymde Sogo for Sogumannen. Det var den beste Forteljaren eg hev høyrt. Roleg som han sat der var han heilt med i det han fortalde, og skifte Lìtir og Augnebragd og Maalføring etter Skiftingane i Sogo. Det var nynorsk Sogustil rein og fast; den gamle Klang og Fynd, med dette nyare Drag av mjukare Kjensle, Songtonen. Og Maale smøygde og bøygde seg um Tanken ledugt og lett, med ein Rikdom som alltid fann rette Orde. SIDE: 300 Tekin og modlaus sat eg og høyrde paa. Det var her ein skulde lære norsk Stil; og so hadde eg gjengi burt mine beste Læreaar ute i den store Stilrøra. -- Daa det leid til Legu-Tid vart eg fylgd inn i eit Gjestekammers i det nye Heimehuse. Her var alt romslegt og fint og godt stelt. Men det var so utan Samanheng med alt det eg no kom ifraa, at eg var ute or Sætisdal med ein Gong. Og langt burtanum alle Heiar. SIDE: 301 Kvæde. Diktarbøn. Til deg, du strenge Songmøy, av Naudi eg ropar og bed; det er daa du som ein Gong hev gjort meg til Versesmed. Ja høyr meg, du som ein Gong til Versesmed hev meg gjort! -- for alle dei andre Gudar, dei vyrder meg ikkje stort. Alle dei andre Gudar, dei lær aat mi Diktar-Sut. Du høyre meg, høge Songmøy! Eg er daa din eigin Gut. Høyr meg, naar Hùgen dovnar, og Versi flyt seigt som Lim! Send Ord meg som sprett og dansar, og send meg gode Rim! Tidt Ordi tek sig ut som ein Borgar-Eksersis; dei kann ikkje halde Lina, men vinglar paa alle Vis. SIDE: 302 Du lære dei Trolli danse i lette Radir av Stad, og Rim aa smelle og klinge, so det vert seljande Kvad! Det er mi Bøn, du herlege! den Bøni eg kvar Dag bed. Høyr meg og hjelp meg, du som hev gjort meg til Versesmed! Høyr meg og hjelp meg, du som til Versesmed hev meg gjort! -- for alle dei andre Gudar, dei vyrder meg ikkje stort. Sveinkall-Minne. I. Ung Glede. Aa, -- daa eg er fraa alle Sutir fri! So glad eg er at mest eg kunde graate; det er so yvi Maal og yvi Maate: at du er mi! du, du for all Tid mi! vil fylgje meg igjenom Storm og Strid! Aa seg meg ein Gong til det dyre Orde! Aa, kjæraste, so sæl du no meg gjorde! No ljosnar alt; no kjem den glade Tid; no sprett og livnar alle, alle Blomar; no vert det blaatt og blankt og Sol og Sùmar; for du er mi! Du, du for all Tid mi! Vil fylgje meg igjenom Sut og Strid! Aa seg meg ein Gong til det dyre Orde! Aa, kjæraste, so sæl du no meg gjorde! SIDE: 303 II. Stor Stund. Ho stod der med eit Eple i si vesle kvite Hand og glytte til meg løynskt att-yvi Herdi og smilte lystigt: kom, Gut, og tak det, um du kann! Og eg var ikkje lengi um Ferdi. Ja var ung Eva slik aa sjaa hin Gong i Eden-Gard, daa skal ein ikkje undrast paa vaar stakkars fyrste Far; det gjeng so alle Dagar her i Verdi. III. Mange Aar etter. Her er det. Her eg meg atter finn. Det kjem meg alt so nære. Det vaknar varmt inn-i Hùgen min som Daam av Rosur svære. Eg høyrer Stìg som av Foten din, du hjartans, hjartans kjære! Ja upp-att bryt denne sæle Brand av Minne saare og søte. Kvar Stein og Tuve er snart i Stand meg gamle Mann aa grøte. Her Selja stend. Tru ho minnast kann det fyrste rare Møte? Der Huse ligg i sin gamle Stil; dit eg so gjerne farta; der attum, under den høge Pil, der tidt eg med deg garta. Eg hugsar so denne unge Smil som tok mit heile Hjarta. Hit kom du ein Gong som skræmde Hind med Augo rædde og stille og trøytt deg gøymde i Armen min og sukka: oss gjeng det ille. Og Taara rann paa ditt bleike Kinn, av di han Far ikkje vilde. SIDE: 304 Men i den lauvsvale Bekkje-Lid me fekk oss stundom gøyme; der kvarv so altfor fort vaar gode Tid; der var det godt aa drøyme. Der sælt me kvilte. Der var du mi. Det kann eg aldri gløyme. Eg ser deg vel; du var ingi lik; du var den einaste eine. Du gav meg heilt og utan Svik ditt unge Hjarta, det reine. Og enno gjer du meg sæl og rik, der kring eg tuslar aaleine. Fraa ljost til leidt det snart seg snur. Eg laut paa Videvanke; og sidan gjeng eg tyngd og stur fram gjenom Tidine kranke. Men all Tid er du mi Hjartans Brur og vert min siste Tanke. Olav fraa Brurebraat. Aa Olav fraa Brurebraat fram for si Gjente skrid: aa hu deg og hei paa ein Laurdagskveld! no reider du Kvila di. Hei! Bryllaup til Mikilsmess. Til svara Turid, ho vart so heit i Kinn: Kvila er reidd, men aldri for deg; no ventar eg Guten min! Hei! Bryllaup til Mikilsmess. SIDE: 305 Og Olav fraa Brurebraat han var no like sæl. Gjekk etter Rein paa høgaste Fjell; der slo han seg ihel. Hei! Bryllaup til Mikilsmess. Ufager. Vaarherre veit kvi han Livsdag gav meg; dei held daa alle so lite av meg. Vaarherre veit kvi eg Liv skuld' faa; d'er lite nok dei meg idest sjaa. Naar Signe kjem vert det Leik og Gaman, og glade Gutane dreg seg saman. Kjem eg aaleine og sèt meg ned -- : "men snilde deg, er kje Signe med?" Paa Kyrkjevegen gjeng glade Flokkar; eg tidast eine den Stìgen traakkar. Framum meg stryk dei i store Lag: "ho Signe kjem no vel og i Dag?" Kaldt er kvart Auga som mot meg vender; paa Signe ser dei og Augo brenner. Til Signe smiler dei varmt og kjært; sjaa blidt paa meg, det var aldri verdt. Han Vidkunn kom her so tidt um Kvelden og sat og svalla med meg ved Elden; det var so blidsleg og snild ein Kar, han spurde aldri kvar Signe var. Eg gjekk og undrast, og Hjarta banka: var det for mi Skuld at her han vanka? Eg tenkte lite det vøre Raad; men Herre Gud, den som kunde 'n faa! SIDE: 306 Eg grét so tidt naar eg sat aaleine, og bad og ynskte dette eine, eine. Ein Kveld han fridde -- til Signe, ja; strauk so sin Veg til Amerika. Aa Herregud, her er kaldt i Verdi; og lang er Leidi, og tung er Ferdi. Ja tung er Ferdi forutan Lag, med Sut og Saknad til kvar ein Dag. Men tagall fær ein den Suti bera og laatst som inginting skulde vera. Eg tagall dreg paa mi saare Sut, til dess dei ber meg aat Gravi ut. Gamall. Dei ventar paa at eg snart skal døy; dei veit eg maa til; alt Kjøt er som Høy. I hjarteleg Ro dei ikring meg gjeng: "han ligg no snart i si siste Seng." Dei undrast kvar Morgon naar upp eg stend: "sjaa! Gamlingen krabbar paa Føtane enn!" Dei undrast kvar Kveld naar eg legg meg ned; "sjaa! Jamenn livde 'n den Dagen med!" Og talar dei til meg, daa er det som so: "aa jamenn, Paal, vert du gamall no." Dermed hastar dei kvar sin Veg; hev Inkje aa samraadast um med meg. Um ikkje eg enno i Jordi er gøymd, eg er i Røyndi baad' daain og gløymd. SIDE: 307 Og naar eg sloknar ein Haust eller Vaar, det vil ikkje falle ei einaste Taar. Dei drikk seg ein Rus i den Likferdsgard, og reknar etter kor gamall eg var. Røder so sidan i Ro um sitt, ferduge baade med meg og mitt. -- Aa kunde eg lure deim kvar og ein og verte so gamall som Mose paa Stein! So ynskte eg stundom med Harm i Sjæl; men meir og meir vert eg like sæl. Sjølv ventar eg paa at snart eg skal døy; eg veit eg maa til; alt Kjøt er som Høy. Men eitt eg hugsar som gjev meg Fred: dei eldest med Tidi, dei unge med. Og Mannen som gjeng der so fast og fjong, han fær au lære aa lute eingong. Alle desse som gløymer meg, lyt fyrr dei veit Ord av den same Veg. Og kvi skal eg syte? Eg ser og veit: ein vinn ikkje meir i Verdi enn eitt. Ein baskar og flaksar upp og ned; det ein vinn til Slutt, er det einaste: Fred. Og naar ein trøytnar i Arm og Fot, Kvila fær ein alt mindre imot. Og sig ein sistpaa heilt-upp i Kne, so vil ein berre det einaste: Fred. SIDE: 308 Live er tungt, Live er stridt; sæl er den som hev gjort sitt. Barne græt naar det skal til Ro; men Svevnen kjem, og Svevnen er god. For seint. Ein Udaad hadde den Arming gjort, ei Synd uhugleg og fæl; no laag han og vreid seg rædd og sjuk og harma seg mest ihel. Haare hans tufsa seg svart og vaatt fram i Augo og Augnakvarm; Neven var knytt som i Sìnedraatt tett inn mot den kvævde Barm. Han reiste seg upp og han seig ihop; det skreik og det skar i hans Sjæl; han saag ikkje Utveg; han saag ikkje Raad; han vart galin; han kjende det vel. Paa Kniven han stirde; so blank den skein, so roleg, so rein, so god; han skalv; han beit sine Tennar ihop ... og so spratt det, hans unge Blod. Det kvisla og risla, det gaus og rann; han laag der valin og kvit; torde kje tenkje, torde kje sjaa; det stod stilt baade Hugs og Vit. Daa kjende han Dauden sigande seint som ei Skodd um Hjarta hans inn ... fram valt som eit Uvêr, eit rullande Hav av Rædsle og Natt i hans Sinn. SIDE: 309 Han lyfte seg kvit paa skjelvande Arm; Augo stod stive og store: "Herre Gud Fader i Himilrik', kva var det, kva var det eg gjorde?" Han seig ned-yvi si valne Hand: "kva hev eg Usæling gjort? Enno var Live mitt sterkt og ungt; det skulde vaksi seg stort" ... Til Bringa treiv han seg kald og rædd; han vilde stogge sitt Blod; "hjelp meg, hjelp meg ... du hjelpe meg, Gud! eg kann ikkje døy burt no" ... Augo dimdest; Munnen vart blaa; han skalv i siste Naud; so seig han i Golve stiv og tung, rette seg ut og var daud. Manndom. Her stend me paa ei Øydeheid; Skodda driv kald ikring. Og ikkje veit me Veg hell Leid hell nokon Verdsens Ting. Men liggje her og frjose burt, det var no meir enn Skam; og difor, veit me enn kje stort, me veit at me maa fram. Me veit at som me stend i Dag, me hev det ikkje godt. Her vantar mest av alle Slag, og her er surt og raatt. D'er vìtlaust slaa seg her til Ro ikring sin siste Dram; vel tyngjer Býrd og klember Sko; men, kjære, me maa fram. SIDE: 310 Det vert visst tungfør Ferdabolk; Vegen er lang og stygg. Men at me ein Gong kjem til Folk, -- paa den Ting er eg trygg. Fraa Høgheid bèr det ned i Lid; der leikar Bukk og Lamb; so naar me Bygdi ljos og frid, naar berre me held fram. Men Vegen? -- Aa, me finn nok Veg. Me veit kvar me hev nord. Og Hùg og Lengt og Leiting dreg oss inn paa Stìg og Spor. Me etter Vìte Leidi held; det bergar langt, so Skam! -- So vinn me ned fraa Bré og Fjell, so visst som me held fram. Det vìtlaust er, de vel forstend, aa gje' seg yvi her. Der nede ligger Mannheims Grend med Bø i Bø og lær; der nede ligger Mannheims Bygd med Ljos og Drust og Dramb; i Veg me legg med Mod og Trygd; me veit at me maa fram. Heimhùg. Gunnar fraa Lidarende var dømd or Lande ut. Stod paa siste Leite og saag heim-att i Harm og Sut. Lidir og Høgdir steig og seig i vaknande Morgonglans; og der under Aas i tryggaste Livd laag grønkande Garden hans. SIDE: 311 Fager, kvad han, er Lidi; aldri eg saag ho slik. Engine tøygjer seg grøne upp fraa den blanke Vik; trygt seg breider det gamle Tun; av Ljoren stig Røyken blaa; og Soli skin yvi Bròt og Brun; eg kann ikkje fara ifraa. Augo Straaleskimt sende som Sol gjenom Morgon-Eim; Gunnar fraa Lidarende heilhùga snudde heim. Fram han fegin til Tuns seg vann; der løyste han Klývi av. Daa mylte Hallgerd ved Svalgangs-Stav: "No ser eg ein fallin Mann!" -- -- Trettan Maaneskifte sat Gunnar heime i Ro. Fjortande Maaneskifte laag han bleik i sitt Blod. Stilt under Aas paa Lidarend' Gard seg reiste Haugen hans graa; den skulde han aldri fara ifraa; for all Tid han heime var. Lande vaart. I. Gud signe Norigs Land, kvar Heim, kvar Dal og Strand, kvar Lund og Lid! Han lat' det aldri døy, han verje Bygd og Øy, han verje Mann og Møy til ævug Tid! SIDE: 312 Me fekk det høgt og fritt, me fekk det vent og vidt med Hav og Fjell. Det stend so trygt og godt, det stend so reint og blaatt rett som eit Gudeslott med Solskins-Tjeld. Det er vaar Elsk paa Jord, det er vaart beste Ord, vaar Trivd og Trygd. Storfrægdarmenn dei var som fram til oss det bar; det er vaar Ættargard til Fridom bygd. Stort Arbeid ned er lagt til Landsens Fred og Magt fraa Tid til Tid. Det kosta tusund Aar i Kav fraa Vaar til Vaar, i Strid so tung og saar, fyrr me vart fri. Her ligg dei Grav i Grav fraa Heid og ned i Hav som stridde so. Gud sign' kvar ærleg Svein som søv der under Stein; Gud sign' deim kvar og ein, der dei er no. Men Lande dei hev rudt, det vil me verja trutt til siste Stund. Vaar Elsk og beste Agt, vaart Liv og all vaar Magt skal vera Norigs Vakt til siste Stund. SIDE: 313 I Kjærleik varm og mild me legg vaar Vilje til; daa ber det fram. Daa fær det bløme blidt, daa fær det spyrjast vidt og alltid stande fritt for Naud og Skam. Her stig det stort og blaatt, vaart fagre Heimlands Slott med Tind og Taarn. Og som det ervdest ned meir heimkjært Led for Led, det byggjast skal i Fred aat vaare Born. II. So lang ei Tid, so lang ein Strid; og enno stend me midt der-i! Men utan Sut den norske Gut vil halde Striden ut. Det hev me lært er Møda verdt aa stri' for det som vart oss kjært. Og Mann for Mann me segja kann: me elskar dette Land. Knapp Grøde bar vaar norske Gard; men Heim er Heim, kor trong han var. For heimlaus Sjæl og Framandtræl vart Verdi altfor fæl. SIDE: 314 Og er det smaatt, og gjeng det traatt, so skal me endaa faa det godt; fraa Dag til Dag i smaae Slag me vinn oss fram i Lag. Det vert nok stridt; men litt um litt det gjeng, naar kvar vil gjera sitt. Tek kvar og ein sin vesle Stein, er snart vaar Aaker rein. So lang ei Tid, so lang ein Strid; og endaa lenger skal han bli! Men urædd stend i By og Grend ei Vakt av norske Menn. Solbøn. Kom med Liv og lange Dagar, Liv for Lund og logne Aas, Liv for Eng og Skog og Hagar, herlege Gud Helios! Høgtid gild me daa deg lagar, herlege Gud Helios! Kom med Glans um Tun og Tindar, Solgull skirt paa Sjø og Foss, Sus av milde Sunnanvindar, herlege Gud Helios! Bløming blid paa Rygg og Rindar, herlege Gud Helios! SIDE: 315 Kom med Vaar og solrik Sùmar, Fugledans i Krok og Kross, Kvitring, Bræking, Bjølle-Omar, herlege Gud Helios! Leik og Laat og linne Ljomar, herlege Gud Helios! Kom med Liv og lange Dagar, Liv for Lund og Fjell og Foss; Høgtid gild me daa deg lagar, herlege Gud Helios, Helg for deg i Hòv og Hagar, herlege Gud Helios! Strid for Fred. Ja lat oss stride, og lat oss tru, og byggje med Tankar ei Bivre-Bru til den heilage, høge Framtid! Me lìver midt i ei Villmanns-Tid med blinkande Knivar og Nevestrid; og Live er som ein Bloddraum. Men vìta skal me og vone visst, at Aand maa vinne paa Troll til sist, og Vìt paa den Varge Villskap. So lat oss tru og stride som Menn! For Trui er, som det skrìvi stend, den Magt som vinner paa Verdi. SIDE: 316 Anarkistsong. Nei, handkvite Herrar! De gildt kann prala med Ordi fagre som klingar. Men oss imillom skal Kniven tala, den Dag daa Verdi ho svingar. Og alt som svalt og som grét og døydde, og alt som under dykk ned de øydde stig fram i Lag og gjeng til Slag den Dag daa Verdi ho svingar. Høgt stiger eit Rop som naar Nykken ropar, og drepin Mann under Tufti; og Verdi vert svart av dei harme Hopar, og det gjeng Havbrak i Lufti. De rædde rømer av rike Salar og søkjer Gøymsle i Berg og Dalar og bed um Ro, og sig i Blod; og det gjeng Havbrak i Lufti. De liter paa det at me tagde lengi og er so tòllege og seine. De kyter til Gud; han skal setja Stengje og verja dei rike og dei reine. Men Ramnar skratar og skrik i Lufti; og Menn seg sankar i Uvêrskufte; og hadde de kvar Avgud med, so held me Domedag aaleine. Ein Umstøytar. Sogo, sagd um mange Menn det stend Segn og Sol av, rister eg her i Rad og Rim um den heilage Olav. SIDE: 317 Viking og vonde Blotmann ut han or Villskap fria; lærde deim lyde kvite Krist og den milde Maria. Soli sunnan kveiktest linnt yvi Sjø og Strendar; Blokkur og Blomar livna fram under dei blaae Fennar. Troll og Tussar tunge sterk i Stein han støytte; raatt og ròti med Rot han reiv; Hardhug i Blod han bløytte. Gamle Gudar ramla; reint han Rome sopa, nøydde gamle Norig inn i det unge Europa. Folke sveik sin Drottin, dreiv han or Landeviste; drap han og søkte i femhundrad Aar Raad og Hjelp ved hans Kiste. Ved Ole Bulls Grav. Stilt som ei Susing det flyg og flyr gjenom Dalen roleg og trong: her slokna eit lysande Æventyr; her døydde ein daarande Song. Viking han fór paa Havsens Straum, ligg no paa Tilja stiv; men Verdi skalv i hans Toneflaum, og Norigs djervaste Ungdomsdraum blenkte gjenom hans Liv. SIDE: 318 Fager var Guten, stortenkt til Sinns, meir enn ein Spelemann; aldri saag du stautare Prins vinne gildare Land. Lagde til Havs ei regntung Nott, Draugar spotta og song; han strauk upp med ein Huldreslaatt; saag all Verdi i Graat og Laatt for sin Fot med ein einaste Gong. Fór gjenom Heimen paa Havstraum salt; stod med ein Smil paa Tilje: Norig, hans Land, skulde eige alt, so var hans varme Vilje. Lange, æventyrstore Aar lettleg bar han, den Guten; Sylvglans tok vel hans rike Haar, men Augo var som ein solmild Vaar, straalande sælt til Sluten. Ned han seig i ung Norigs Famn; kviler der blidt i Ro; Sogo og Segni hev teki hans Namn; æveleg lìver han no. Stort han vaaga og stort hann vann, det er eit sannsagt Ord; aldri saag me djervare Mann leggje ut til aa vinne Land; hugheilt me nemner han stor. Minnekvæde (yvi Nordlendingen Karl Johan Nilsen). Med alle sine gode Venir han stod nok eine paa Jord. Aaleine som bøygde Villbjørk paa Fjellmoen vid og stor. SIDE: 319 Og Skyine dreiv upp-yvi, og det lo i den svarte Tjørn; men rundt paa aude Viddir gjekk Rev og raggut Bjørn. Som straalande Dogg i Soli hans Tankar glitra og lo. I stride, ruskande Stormar han skok seg og skalv, men stod. Visst ofte han fælin klora etter Feste paa Kollen graa og bøygde seg tungt i Stormen, um ingin slikt kunde sjaa. Men gjenom farande Tidir bryt Stormen seg større Veg. Og i dei lange Nætar paa Røtane Frosten gneg. Og fyrr det nokon tenkjer glid Bjørki av Kollen stilt og sig med Sukk gjenom Greinir i Djuve djupt og villt. Det er ei Kvardags Sogu, men ho gjeng med mykin Graat. Ho gjeng som Dynjing um Strendar, som Sus i Natti vaat. Det er ei Kvardags Sogu, tidt høyrd i By og Grend; men Livsens djupe Jammer stig syrgjeleg fram i den. Ivar Aasen. Trøytt naar Soli ho gjeng i Hav Stridsmann søkjer sitt Svæve; sæl no søv under Hovudstav Ivar Aasen hin gjæve. Minne vakjer ved denne Grav i all Æve. SIDE: 320 Lang var Dagen og Vinna vand; djup var Grunnen aa grava; alt laag ned-velt i Aur og Sand; tungt maatte Mannen kava, fyrr han naadde det me og han vilde hava. Ram han rudde i Yrde stygt, reiv baade Rot og Runnar, alt til dess han fekk Huse bygt nett paa dei gamle Grunnar. Der skal det staa i Tidine trygt millom Lundar. Der skal Symra um Veggen gro, Symra og alle Blomar; der gjeng Ervingen traust og god, vyrk baade Vinter og Sùmar. Men millom Blaaberg i Solfalls-Ro Songen ljomar. Song um Heimen der Hùgen er fest, dit den trøytte vil skunde; Heimen der Barne seg hyggjer best, og der Gamling vil blunde, dit me alle, i Aust eller Vest, stødt maa stunde. Heimen er tufta paa godan Grunn; kom lat oss heil honom byggje! Høg skal han lyse i vene Lund; trufast me skal honom tryggje, at han kan til vaar siste Stund um oss hyggje. Heimen er tufta ved godan Manns Strid gjenom Møda og Æra; yvi oss enn sviv Anden hans, ser kva no me vil gjera. Gjev han alltid maa glad sitt Lands Gardvord vera! SIDE: 321 Magt. Av lovlaus Magt mot svorin Rett i Aust ein Dom er sagd. Med Finlands Lov den finske Ætt er under Valdshand lagd. Si Liding bar med hugsterkt Tòl Suomi, den bleike Møy; no skal med Finlands fagre Maal Suomi, Suomi døy. Av staalklædd Magt mot Eid og Ord i Sud ein Dom er dømd. Framande trampar Danmarks Jord og reknar seg det til Sømd. Alt Folke kved av Hug og Saal Songar um Sælands Øy; no skal med Danmarks fagre Maal Danmark i Slesvig døy. Av Framandmagt mot Vìt og Von i Nord er Rangvisa sett: heimlaus i Hus gjeng Husens Son, og andre nyt hans Rett. Han dyrka Lande tusund Aar og Vord og Verje var; no gjeng han her i Armodskaar Dreng paa sin eigin Gard. Paa Tap det gjeng med Arven hans fraa Velmagtstidi gjæv; der er kje att av fordoms Glans kò nokre gamle Brev. Fraa Framand-Ætti Garden vann vart allting øydt og snøydt; sumt rana vart, og ymist brann, og mykje ned er røytt. (ik)kje kò: "ikkûn". SIDE: 322 Men Framand-Ætti veks seg rund paa denne gode Gard. Og no me hev paa Norigs Grunn heilt-upp ein litin Tsar. Han segjer Domen kald som Staal -- det skjelver Mann og Møy -- : no skal med Norigs fagre Maal Norig i Norig døy. Eg veit kje um mit Heimefolk som Sonen etter Far skal faa sin nye Sogu-Bolk her paa den gamle Gard, hell um det gløymt skal folne ned som Gras paa gløymde Øy; eg berre veit, at skal det døy, so vil eg døy med det. Asram. Eg Asram, Skalden, fylgde Herrens Ord og vandra um i Lande og saag kva Folke tok seg til; og eg saag; og mi Sjæl vart til eit Saar i mitt Liv; ja eit Saar som bløder og aldri grøder vart mi Sjæl; for eg saag, at Folke maa døy; og der er ingin som frelser. Sine Fedrar og sin Fedra Gud hev det gløymt; naar han vert nemnd spotter det og segjer: kven er han? Vil han òg vera ein Gud? Er der andre Gudar enn Gudane aat Kanaan og Edom? SIDE: 323 Og seg sjølv hev det gløymt, og sine Skikkar og si Lov; og kven skulde daa frelse? For det lær aat sine gamle Skikkar og segjer: me er ikkje Gjætarar. Mose veks paa dei gamle Altar; og Rev og Maard hev Hòlur der, og Øle og Orm bur millom Steinane. Men Profetane fraa Filisterland og Edom høyrer Folke paa; og for deira Gudar vigjer det Altar og Lundar, og ber Offer til deim; og Mannen tek Ervesylv or Skaap, og Kona dreg Fingergull av Hand, og alt ber dei saman til dei framande, at dei kann faa vera med hjaa deim, og sitja til Bords i deira Gilde. Dette saag eg; og eg sagde: sandeleg, Herrens Domar kjem; og kven vil daa frelse dette Folke, som eg elskar? Mi Sjæl grét, og hjartetyngd kvad eg: Reis deg, Herre, i ditt Velde! Send din Eld og brenn ut alt det rotne i Folke ditt; og send dine Toresteinar, og opna Himil-Slusune, at ein ny Flaum kann koma og skylja det vonde burt; men um det er berre eg og mitt Hus som enno trur ditt Ord, so frels meg og mitt Hus, og reis deg sidan av meg eitt nytt Folk, som du reiste Israel av Jakobs Lendar! SIDE: 324 Men Herrens Ord kom til Profeten; og Herren sagde: gakk upp til ditt Hus, til dine Sønir og dine Kvende! Og Asram reis upp og gjekk til sitt Hus. Men daa han saag Huse, og Lunden ovanum, daa var Kvendi hans der og Sønine; og dei hadde reist eit Altar; og dei ofra paa Altare, og dansa og heldt Gjestebod; og daa han kom nære inntil, høyrde han at dei song og ropa med framande Ord til framande Gudar. Og dei var prydde med kanaanitisk Stas, og hadde fengi Prestar og Dansarar fraa Tyrus og fraa Sidon. Daa seig Profeten aat Marki bleik som Fal. Og han reiste seg og rømde til Skogs, og kasta seg paa Jordi og ropa til Herren og skreik; og Ordi hans var vonlause og ville: Skunda deg, Herre, og slaa meg ihel! Eg vil døy! Fara til Helheimen, der det ikkje er Tanke og ikkje Minne; høyr mitt Rop, Herre, or Myrke-Djuvi! Eg kovnar; Berg tyngjer min Barm; Natt sveiper seg um Augo mine, og der er ingi Stjerne og inkje Dagblìk; alle Ljos sloknar paa ein Himil som brultar av dine Domar som av Torebrak. SIDE: 325 Alt lìvande skjelv og søkjer Gøymsle; og eg, din Tenar, ligg paa Jordi for di Aasyn, og mine Bein visnar i meg. For Stundi er komi, den Rædslestund, daa du støyter fraa deg Folke ditt og søkkjer Lande i Have. For jamvel dei rettferdige fell ifraa; og dine eigne Tenarar vert ureine; eg sjølv er urein; og alt mitt Hus er ureint; skunda deg, Herre, slaa meg ihjel! Og han laag paa Jordi og var sjuk; og Lemine hans røyvde seg ikkje. Daa kom Herrens Ord til Profeten; og Herren sagde: statt upp, Asram. Og Asram stod upp. Men Herren sagde: fall ned, Asram; fall ned for Herren! Og Profeten fall paa sine Kne; og han var rædd og skalv, som av Frost. Men han sagde: din Tenar høyrer. Og Herren tala; og Ordi hans var linne som ein linn Sus. So sagde Herren: høyr og ver sterk, min Tenar Asram! Myrkre er yvi deg, og du er sjuk av Harm; SIDE: 326 og av di du elskar eit dømt Folk maa du døy; men di Sjæl skal lìva; for dette Folke som du elskar er ditt Folk. Men syrg ikkje yvi det! Det vil ikkje liva; sjølv hev det dømt seg, som fordom Israel. Det skal laupe etter framande og ikkje eige Heim; eg driv det ut og spreider det yvi Jordi, at det skal flakke um her og der og træle for sine Brørar; og kvar det kjem vert det upp-eti; og det renn burt, og kverv; og ingin veit kvar der vert av det. Og framande Føtar skal traakke Gravine aat eit utrugi Folk, og eit framandt Maal skal døyve Minne um det. Og Beini deira morknar i Gløymsle; og det er ingin som veit kvar dei ligg. Men eit nytt Folk veks fram som du ikkje kjenner; det skal gjera min Vilje og høyre mine Ord; og det skal ikkje bu her eller der, men eige Jordi, endaa det ikkje eig ho. Av alle Folk hev eg valt det ut. Desse er dei som er Brørar, og elskar kvarandre og dyrkar meg; og Urett hatar dei av Hjarta. Som Tre ved Bekk skal dei grønke, og bera Frukt til Hugnad for alle som bur paa Jordi. SIDE: 327 Men du, min Tenar Asram, som elska ditt Folk og døydde i di Sorg, di Sjæl manar eg inn i Syrgjepilen som heng yvi Gravine; og alle Fløytur som græt i Skogen, og Sèvi som susar i einsame Vikir og Votn naar Vinden gjeng ved Soleglads Bìl, skal kviskre ditt Namn, og di Sorg, at du maatte sjaa ditt Folk døy og kjenne dine Upphavsrøtar visne. Paa hi Sida. Eg spurde ein gamall Mann: kva hev du lært av Live? Han saag paa meg med Augnekast som kom liksom langt burtantil; og han sagde: vil du høyre paa meg, so høyr; og tenk etter mine Ord naar du kjem so langt! Eg var ung og visste alt. Og eg spara meg ikkje; eg sagde det eg visste og noko til, og undrast paa, at mine sterke Ord ikkje snudde Verdi. Dei gamle høyrde eg ikkje paa; deim hadde eg vondt av. Og naar dei tala um Live lo eg og blunka til mine jamnaldrande: kva veit dei gamle um Live som hev gløymt det? -- Men eg vart eldre og laut i Skule. I den Skulen som ein maa gange, naar ein trur at ein veit alt. SIDE: 328 Læraren heiter Ill Røynd, og Lærestundine heiter Vonbròt. Difor er Skulen lang; for Vonbròtì er mange; og nye er dei for kvar som røyner deim. Du fekk ikkje det du vilde. Eller du fekk det, og det var ikkje det du vilde. Eller det var det du vilde, og du misste det. Dine store Verk var lite tess. Det du meinte best vart til det verste tydt. Det du sette di Von til vart Fall for deg og Tap. Det du venta deg mest av vart Steinar i Vegen din og graae Haar paa ditt Hovud. Og alt slikt som ein høyrer jamt, men berre i denne Skulen fær Tak paa. Eg gjekk for Ill Røynd. Og eg lærde og lærde. Og di meir eg lærde, di mindre visste eg. Underlegt er det aa koma paa hi Sida Synkvervingi, og sjaa at alt er annarleis, og noko reint anna; og kvar Gong segjer du: Live er Lygn. Meir og meir upp-raadd stend du der og ser paa denne himilblaae Verdi som ser so ærleg ut; og sistpaa skýnar du at du inkje skýnar. Men utlærd er du ikkje, fyrr du ser Sanning gjenom Lygni og Meining opne seg som eit klokt Auga paa Botnen av Meiningsløysa; og det varer lengi fyrr du kjem so langt. SIDE: 329 Ein Dag stod eg raadlaus og uppgjevin og saag meg tilbake; og den Dagen var det visst at Haare mitt vart graatt. For Rædsla tok meg, og heldt meg lengi. Eg saag, og laut tilstaa for meg sjølv: sandeleg, du er gamall vortin. Og Live ditt er ulivt. Kvar i Verdi hev du gjort av det? Eg laut slaa meg til Ro som eg kunde best. Og eg trøysta meg som so mange. Men det er Manns Trøyst, naar han hev fari villt, og tulla seg burt, og vaknar upp-raadd og i Pina: eg vil vitne for mine Brørar, segjer han, mine unge Brørar, at ikkje dei au skal koma til denne Pine Stad; daa hev eg endaa ikkje livt til inkjes; ja dette var vel Meiningi med Live mitt: at Ill Røynd skulde gjera meg til Lærar for andre og til ein Vegvisar. Og eg vitna for mine Brørar, dei unge som enno stod frie: ver kloke! sagde eg; tru ikkje Live! Det er ei Synkverving; Det gjev seg ut for alt som det ikkje er. Det me flyg galne etter er Daarskap, Vette-Ljos som lokkar oss ut paa Myri; og naar me ligg der og søkk og ikkje kann vinne oss upp att, so glid dei fraa oss og flirer. SIDE: 330 Daa lo dei unge. Og dei blunka til kvarandre og sagde: desse gamle, stakkar, kva veit dei um Live som hev gløymt det? Dette vart au ein Skuletime. Den stridaste: mi siste Von var broti. Men no forstod eg alt. Ung kann ikkje lære av gamall. Kunde han det vart han gamall sjølv og vaaga seg ikkje paa Live; men berre den som vaagar kann vinne. Difor er det lagt Mein millom gamall og ung, at dei ikkje skal skýna kvarandre. Kvar sitt Maal talar dei som stend paa kvar si Side av Gaata, den kvar for seg maa løyse med Livs Faare og Von. Og ikkje du, men eg, sagde Ill Røynd, er sett til aa vera Lærar for dei unge; du skal vera nøgd naar du kjenner, at du kan vera Lærar for deg sjølv. Eg tagna. Ei stor Modløyse lagde seg yvi meg. Men der var Ro i Modløysa. Nye Tankar kom, meir stille enn dei gamle. Det er det vel, det gjeld um: lære aa vera Lærar for seg sjølv. Eit stort Tòlmod fekk Magt i meg. Og eg smiler no, naar eg ser all denne unge Hast med aa snu Verdi. SIDE: 331 Det er ikkje greidt for dei unge; dei hev so langt fram; og der er so mykje Tull dei skal igjenom. Naar dei kjem og talar um Live og vil lære meg kva Live er, daa maa eg læ; og eg blunkar til mine Jamnaldringar og segjer: desse unge, stakkar, kva veit dei um Live som ikkje hev lìvt det? Men djupast i mitt Hjarta ynskjer eg: gjev dei hadde Ungdom nok. For med vaar Ungdom er det at me skal kaupe Visdom.