skjema for g-manus
Lars S. Vikør:

INNSKRIVINGSSKJEMA FOR G-MANUS

(basert på grunnlagsarbeid av Dagfinn Worren og drøftingar med Kristin Hagen, Jens M. Haukaas og Oddrun Rangsæter; endeleg versjon 24.2.1992)

Om G-manus og feltskjemaet

G-manus er ofte usystematisk og inkonsekvent i oppføringsmåten. Ei logisk og sakleg uangripeleg strukturmerking kan vi ikkje få til utan å bruke uforsvarleg mye tid på kontrollundersøkingar i kjeldene. Derfor bruker vi mest mogleg formelle kriterium i definisjonen og avgrensinga av dei ymse kodane, for å redusere avvegingsproblema så mykje som råd.

Oppslagsdelen

OPPF - oppslagsform (rettskrivingsform) - er alt innført i manuset av innskrivarane. Av og til må ein bruke det ved dobbeltformer (sjå FYLT). Oppslagsformene skal alltid vere understreka.

1959 - moderne rettskrivingsform, dvs. etter læreboknormalen av 1959 eller seinare endringar i normalen. Desse skal førast inn som særskilde oppslagsformer (understreka) med denne koden og med tilvising til den eksisterande oppslagsforma i G-manus. I tilfelle av jamstilte former vel vi den forma som ligg nærast den som er brukt i G-manus. NB: Dette skal ikkje gjerast under den ordinære kodinga, men ved ein særskild operasjon etterpå.

HONr - homonymnummer for oppslagsforma (rettskrivingsforma): alltid romartal

UTTA - uttaleopplysningar for oppslagsforma. Også generelle - ikkje heimfesta - uttaleopplysningar som gjeld målføreformer kan kodast UTTA, like eins generelle kategoriseringar som går på uttale, som "tonelett". Heimfesta uttaleopplysningar skal alltid kodast MÅLF. Tonemmarkeringar (t.d. Jondal1 blir skilde ut og koda UTTA:
OPPF Jondal UTTA 1.

GRMr - grammatisk merking av oppslagsforma, i praksis genus ved subst. og ordklasse ved andre ord. Viss oppslagsforma ikkje er ei grunnform (men t.d. står i bestemt form eller i fleirtal), skal opplysninga om kva slags form det er (t.d. b.f. el. pl.) også kodast GRMr. Det same gjeld når ei uregelrett bøygd form blir oppført som oppslagsord med tilvising til grunnforma, som t.d.:
OPPF hoggen GRMr fp. av hogga TILV s.d.

BØYr - bøying av oppslagsforma, dvs. både formkategori (pl. osv.) og bøyingsform(er). Det gjeld altså berre ved bøyingsformer som vik av frå oppslagsforma. Dei står oftast i parentes. Den vanlegaste bruken av BØYr er merking av bøyingsklasse for verb: (a), (t) eller (d).

Sjølve ordboksartikkelen

DIAT - diatese, dvs. motsetninga basisform - st-form av verba, markert med stor bokstav, slik at basisverbet får DIAT A og st-forma DIAT B følgt av OPPF -st GRMr vr. osv.

TYDN - tydingsnummer, markert med arabiske tal (som vi kallar det)

TYDB - "tydingsbokstav", dvs. semantisk inndeling underordna ein felles definisjon, markert med små bokstavar

FUNK - grammatisk funksjon for oppslagsforma, dvs. opplysningar som gjeld grammatisk - spesielt syntaktisk - funksjon i konkrete samanhengar (definisjonar og bruksdøme). Kasusmerkingar, opplysningar av typen "intr." og "tr.", og ved adverb "med aukande tyding" skal òg kodast FUNK. Det same gjeld ordklassemarkeringane "a." (adjektiv) og "adv." når dei kjem etter eit tydingsnummer, samtidig som oppslagsforma alt har fått den grammatiske merkinga "a. og adv." Markeringane etter tydingsnummeret tyder da "adjektivisk" resp. "adverbial funksjon". Viss det manglar GRMr etter oppslagsordet derimot, skal "a." og "adv." under tydingsnummera likevel kodast GRMr.

BRMd - bruksmåte el. -område for definisjonen: hovudfunksjonen for denne koden er å markere "vilkåra for at definisjonen gjeld": dei kan vere stilistiske (skjemtande, nedsetjande, litterært o.l.) eller sjangermessige (i folkeviser o.l.), men ofte går dei på reint semantiske avgrensingar ("um folk", "um dyr", "um landskap" , "yf." (= "yverført") o.l.). Avgrensinga mot DEFI kan av og til vere vanskeleg: står det "um xxx" må ein i kvart tilfelle vurdere om oppslagsordet blir brukt som nemning på "xxx" (da er det DEFI), eller om det beskriv eller karakteriserer "xxx" på ein eller annan måte (da er det BRMd). Det vil seie at "um xxx" som oftast vil vere DEFI når oppslagsordet er eit substantiv, BRMd når det er eit verb eller eit adjektiv. Når eit grammatisk formord er oppslagsord, blir "definisjonen" ofte forma som ei "bruksmåteskildring", og da bruker vi i regelen BRMd. Også frekvensopplysningar ("sjld.", "vanleg" o.l.) kodar vi BRMd - vel å merke når opplysninga går på "frekvens i språkbruken" (som har samanheng med stilistisk valør osv.) og ikkje på rein geografisk utbreiing (sjå om dette under HMFm). Vi kan ha BRMd sjølv om vi ikkje har nokon DEFI.

DEFI - definisjon: på mange måtar kjerneleddet i ein ordartikkel v.s.a. oppslagsforma. Både beskrivande definisjonar og definisjonar ved synonym hører med her. Definisjon ved likheitsteikn (=) kan logisk tolkast både som definisjon og som tilvising, men vi gjennomfører DEFI i slike tilfelle. Kjem det fleire definisjonar etter kvarandre åtskilde med semikolon, samlar vi dei i eitt DEFI-felt; berre når det blir innskote andre opplysningar imellom (om bruksmåte, heim- eller kjeldefesting e.l.) deler vi opp (motsett praksisen under UTTR og SETN, sjå nedanfor). Vi deler også opp elles om det er spesielle grunnar til det, t.d. at feltet blir følgt av spesifiserande opplysningar som klart gjeld berre ein eller nokre av fleire definisjonar.

TILV - tilvising (markert i manuset med "sjå ...", "jfr. ...", "sml. ...", o.l.). Også "s.d." etter ein definisjon blir skild ut og koda TILV. Unntak er tilvisingar som knyter seg til samansetningar og til etymologi, sjå SAMS og ETYM.

SAMS - samansetning. Hit hører alle opplysningar om samansetningar, inklusive tilvisingar med "jfr. ...". Også opplysningar om stadnamn blir rekna inn her.

HMFd - heimfesting av definisjonen - blir brukt ved alle heimfestingar som står rett etter definisjonen når det ikkje er oppgitt ei særskild målføreform. Heimfestingar lenger nede i artikkelen blir tilordna den opplysninga dei står rett etter (sjå HMFu, HMFs og HMFm), men dersom det går klart fram at dette blir feil og at heimfestinga gjeld fleire opplysningar (t.d. fleire uttrykk og setningar, eventuelt også definisjonen), kodar vi HMFd.

KJEL - kjeldefesting: Alle kjeldefestingar skal kodast KJEL. To unntak:
Ofte får vi rekkjer av heimfestingar med ei kjeldefesting i parentes som berre gjeld den heimfestinga ho følgjer rett etter, ikkje dei andre i rekkja. Det er særleg "Va (B)" [dvs. "Valdres (Beito)"] og "Shl (V)" [dvs. "Sunnhordland (Vidsteen)"] vi får innskote på den måten, mens dei andre heimfestingane i rekkja kan ha ei felles kjelde, oftast R[oss]. I slike tilfelle skil vi ikkje ut dei innskotne kjeldefestingane, men let dei berre stå inne i HMFm-feltet, mens den felles kjelda som står til slutt blir skild ut som KJEL.

Sekundære kjeldefestingar, dvs. kjeldefestingar som er overtekne frå dei primære kjeldene Aasen og Ross (som det oftast gjeld) blir ikkje koda særskilt, men "skjulte" inne i det feltet dei står til - anten det gjeld tekstbelegg eller tilvisingar frå eldre leksikografiske kjelder.

Døme

UTTR - uttrykk (ordsamband) som oppslagsforma førekjem i, dvs. alle bruksdøme som består av fleire ord utan å utgjere ei setning. Det kan vere faste uttrykk, reine grammatiske konstruksjonar (t.d. inf. + seg), eller heilt sporadiske uttrykk for å illustrere ei bestemt ordtyding. Normalt let vi kvart nytt uttrykk få eit særskilt UTTR-felt (i motsetning til praksisen under DEFI) - unntaket er når to eller fleire uttrykk berre er variasjonar over same tema, altså når fleire uttrykk med same tyding blir ramsa opp etter kvarandre (og da oftast åtskilde med komma i manus, mens det elles mest blir brukt semikolon). I slike tilfelle samlar vi dei i eitt felt.

BRMu - bruksmåte eller -område for uttrykket - tilsv. BRMd over.

FRKu - forklaring av uttrykket (eller delar av det) - også når forklaringa berre lyder "d.s." (= det same) eller liknande. Uttrykk og forklaringar kjem ofte om einannan i ei rekkje, berre åtskilde med komma, så det er lett å gløyme å skilje ut forklaringane; derfor må ein vere litt ekstra nøye med det.

HMFu - heimfesting av uttrykket

SETN - fullstendig setning som illustrerer definisjonen av oppslagsforma. Det som står om åtskiljing av felt under UTTR ovanfor gjeld for SETN også.

BRMs - bruksmåte el. -område for setninga. Kategoriseringar som "ordt." o.l. blir koda BRMs.

FRKs - forklaring av setninga (eller delar av ho). Det som står under FRKu ovanfor gjeld her også.

HMFs - heimfesting av setninga

Målføreopplysningar

MÅLF - målføreform av oppslagsforma, vel å merke grunnformer av orda.

GRMm - grammatisk merking av målføreforma, dvs. den morfologiske kategorien. Det er først og fremst snakk om avvikande kjønn (i forhold til standardforma) i substantiv (eller markering av eit bestemt kjønn i ein viss dialekt der standardforma har valfridom) og om grammatisk merking av bøygde målføreformer generelt. Opplysningar om kasusformer og kasusbruk blir koda som FUNK når dei står i ein kontekst (eit uttrykk eller ei setning), eller det blir lagt vekt på funksjonsaspektet, mens dei får GRMm (og sjølve den konkrete forma BØYm) når det er snakk om ei rein formopplysning, t.d. eit ledd i ei opprekning av ulike bøyingsformer i målføra.

BØYm bøying av målføreforma, dvs. dei konkrete bøyingsformene.

HMFm heimfesting av målføreforma.
Heimfesting inneber ikkje alltid bruk av geografiske namn. Også "m.st." (= "mange stader"). "sumst." (= "sumstad"), "vanleg", "vanleg utt." el. likn. blir rekna som heimfesting - dei sistnemnde når det er klart at dei refererer til geografisk utbreiing (t.d. når ei målføreform blir karakterisert som "vanleg" og sett i motsetnad til meir spesielle former som blir heimfesta).

FRKm - forklaring av målføreforma

Etymologi

ETYM - opphavs- eller slektskapsopplysningar (for oppslagsforma) - i praksis òg av og til for målføreformer, spesielle funksjonar for oppslagsordet i bruksdøme o.l. Her inngår altså ikkje berre reine opphavsopplysningar, men også tilvisingar (med "jfr") til beslekta former i andre språk. Men NB: Står det "Jfr. xxx" i etymologidelen utan referanse til språk, vil det normalt vere tilvising til eit anna oppslagsord i G-manus eller i kjelda (stort sett Torp), og da kodar vi TILV. Står det derimot "Til xxx", "Av xxx" e.l., inneber det ein påstand om opphav, og da kodar vi ETYM. Det same gjer vi når det står "Nytt", "Ljodord" e.l. Vi deler ikkje opp ETYM-felta anna enn når dei blir "brotne opp" av andre opplysningar (stort sett KJEL eller TILV).

Diverse

FYLT - fylltekst (samanbindingstekst) mellom opplysningskategoriar, mest brukt når oppslagsforma finst i to eller fleire variantar, og konjunksjonen "og" mellom variantane blir skild ut som FYLT. FYLT kan også brukast når fleire felt av ein viss kategori blir innleidd av ei felles fylltekst av typen "soleis" e.l.

FRIT - fritekst, til bruk ved lengre utgreiingar som det er håplaust å dele opp i enkeltfelt, t.d. utgreiingar om generelle lydforhold i dialektane (ikkje minst under artiklane om enkeltbokstavar i alfabetet).

FOTN - fotnote. Alle fotnotar blir koda slik, og plasserte rett etter det ordet som står med stjerne i teksta - som oftast ei heimfesting. Av og til blir noten knytt til fleire heimfestingar på ein gong; i så fall er det naturleg å plassere han etter den siste. Dette skal vere gjort av innskrivarane.

MERI - merknad frå innskrivaren

MERP - merknad frå prosjektassistentane, altså oss. Vi kan skrive MERPar om alt vi finn grunn til å kommentere, ikkje minst tilfelle av problematisk koding. Alle MERPar skal skrivast rett etter det feltet dei gjeld; vi bør ikkje dele opp enkeltfelt ved å skrive MERP inne i dei.

MERF - merknad frå fagpersonalet


Sist oppdatert 11. november 1997 av Oddrun Rangsæter