[BIN: 3080]

Bondeguten

Oppskrift udatert av Rikard Berge etter ukjent sanger, Telemark .

 Ungersvend og jomfrua dei standa paa bro
-Aa la la da la lala la la lu lei -
dei talar so myki um Ære og um tro for alle gullkronar og kransar.
Der stod no ein fantegut (tölper) og lydde derpaa
at ungersvenden vilde til jomfrua gaa.
Ungersvenden rei og fanteguten sprang
men endaa kom fanteguten myki førre fram.
Fanteguten banka paa med raggwotten fin
er ku snildan jomfru so lukkar du meg inn.
Fanteguten bankar og kastar og slaar
Aa kjære skjønne jomfru skrein loka ifraa.
Ha hosse du no banka og hosse du no slaar
og alle stend eg upp skrein loka ifraa.
Minns du no ikkje de me tala paa bru
at du du meg lova din Ære og tru?
Fanteguten bankar og kastar og han slaar
men beste som han banka skrein loka ifraa.
Fanteguten sette seg paa jomfruas stol
og statt no upp skjøn jomfru og drag av meg mine sko.
Eg ligge no her ei jomfrue so god
men aldri stend eg upp og drager av dine sko.
So laag han med henne - um morgoen gaadde ho til,
at til ho fare goli - han hoppa at glasi og sendte skorne () ne.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. TFM R.Berge CLXX, s. 189f. (NFS, kopi) Overskrift Fanteguten