Ekstra opplysninger
Orig. ms.
Etter oppskrifta står: [Av desse i alle maater degenerera viseavbrigdi hev dei tvo fyrste upphaveleg vori i heilt dansk maaibunad. Den store uppskrift-rikdomen ein finn av deim, einskapen i segnformi og den danske maalføringi tyder paa at flogblad eller prent ligg til grunn for store flokkar av desse uppskriftine. Den fyrste er ein klen version av Landstad, Norske Folkeviser XXIII, DgF. 184, den andre ein likso syrgjeleg av Ld. LXXXII, DgF. 376. Dei tvo visune um "Fanteguten" er heilt egte uppskriftir og forvitnelege med di ein her fyrste gongen i norskt fær prenta jamsides folkevisa um Fanteguten (Ld. XCI, DgF. 369) og skjemtevisa um Fanteguten eller Bondeguten (Berge, Norske visefugg XXXIII, DgF. 370). Desse visune vert tidt ihopblanda (sjaa t. d. L. Heggstad og H. Gruner Nielsen, Utsyn s. 77, 162, men er i røyndi tvo visur, som ogso Axel Olrik fører deim upp for, DgF. 369 og 370. Samhøve millom deim er nok at den seinste er ei etterherming av den fyrste, helst ei degenerera forming som hev skoti ut hovuddrage med lovnadine og hev fyllt ut tomrome med ei platt friarscene. R. B.]