[BIN: 3073]

Møllardottera

Oppskrift udatert av H. O. Opedal etter ukjent sanger, Ullensvang, Hordaland .

1. Det stod tri gutar og maka i ro,
-Skru, ru, rumpom pei, han hjelpe meg,
for trinten ligg i tarara, -

korleis dei sku mylnarens dotter få,
-det ruslar i ru,
det trillar i tru,
for trinten ligg i tarara.-
2. Dei tok den tredje og stappa i ein sekk,
bar dei han so te mylnarens bekk.
3. "Kva heve du i sekken din?"
"Eg heve noko kveite, og den skal vera skreld."
4. "Kjære min mylnar, du mel mitt malt,
du stel burt noko, du stel ikkje alt."
5. Og då det vart myrkt i kvar den krå,
so byrja den sekken te krutla og gå.
6. "Kjære mi mor, kven sløkte ut ljos?"
"Det var berre katten, han slo te ei mus."
7. Te svara kjeringi på omnen låg,
"Den katten hadde støvlar med sporar på."

Ekstra opplysninger

Orig. ms. Halldor O. Opedal NFL 38, s. 153. Overskrift Det stod tri gutar -.