[BIN: 3073]
Møllardottera
Oppskrift udatert av H. O. Opedal etter ukjent sanger, Ullensvang, Hordaland .
1. | Det stod tri gutar og maka i ro, -Skru, ru, rumpom pei, han hjelpe meg, for trinten ligg i tarara, - korleis dei sku mylnarens dotter få, -det ruslar i ru, det trillar i tru, for trinten ligg i tarara.- |
2. | Dei tok den tredje og stappa i ein sekk, bar dei han so te mylnarens bekk. |
3. | "Kva heve du i sekken din?" "Eg heve noko kveite, og den skal vera skreld." |
4. | "Kjære min mylnar, du mel mitt malt, du stel burt noko, du stel ikkje alt." |
5. | Og då det vart myrkt i kvar den krå, so byrja den sekken te krutla og gå. |
6. | "Kjære mi mor, kven sløkte ut ljos?" "Det var berre katten, han slo te ei mus." |
7. | Te svara kjeringi på omnen låg, "Den katten hadde støvlar med sporar på."
|