[BIN: 2964]

Jenta som ville gifte seg

Oppskrift 1857 av Sophus Bugge etter Torbjørg Haugjen, Skafså, Moe, Telemark .

1. Mannen talar ti dotter si
i ei skorsteinstoga
du ska' inkje gifte deg
dæ ska du meg lova.
-Enno gjer jomfruva som ho vi'-
2. Dæ du seie eg ska' kje gifte meg
dæ vi eg deg inkje lova
hær kjæme så kall ein vinter på
d'æ vondt aleine sova.
3. Skam få deg kjær dotte me
du aukar meg ingjen harm
eg ska' kaupe deg løvegrå skinn
å sova dæri så varmt.
4. Hav du sjave dei løvegrå skinn
å sov dæri så varmt
eg vi' hava meg mann i år
å sova på hass arm.
5. Skam få deg kjær dotte me
du aukar meg ingjen tregje
eg ska kaupe deg gullkrone ny
dæn samer ei jomfruve bera.
6. Hav du sjave gullkrone ny
dæn samer ei jomfrve bera
men eg ska kaupe meg linklæi små
dæ samer ei danekvinne bera.
7. Skam få deg kjær dotte me
du aukar meg ingjo kvie
eg ska kaupe deg sadel å hest
du må at kyrkja rie.
8. Hav du sjave sadel å hest
eg kann te kyrkje laupe
eg vi' have meg mann i år
um eg ska' en kaupe.
9. Skam få deg kjær dotte me
du aukar meg ingjen harm
eg ska' sekje deg i ein orlogsbåt
skuve deg langt frå land.
10. Seter du meg i ein orlogsbåt
å skuvar meg langt frå land
så sete eg upp min serke ti seil
eg sigler av fær meg ein mann.
11. Så sete eg upp min serke ti seil
ser eg meg ut så vie
så ser eg ein ungersvenn kjem riandes
så roper eg kom hit.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. NFS Sophus Bugge k, s. 49f Gjenta som ville gifta seg

Reinskrift NFS Sophus Bugge III, 19.