| Mannen han tala te dotter si inne i skarsteinstogo: I aar du maa ikkje gifta deg, de lyte du meg lova. Höyre du de, kjær fai min de kann eg ikkje lova. Nei kjem so kall ein vete paa, eg kann kje eismall sova. Ta höyr du de kjær dotter mi, du gjer kje meg slik kvia Eg skal kaupe deg sale og hest, du maa te kyrkjune ride. Hav du sjav din sale og hest, eg kann te kyrkja laupe; eg vil hava meg mann i aar, um eg skal honom kaupe. Ta höyr du de, kjær dotter mi: gjere du meg slik vande, so set eg deg i nordlandsbaat og skuvar deg fraa lande. Ja, set du meg i nordlandsbaat, og skuv meg ut ifraa lande, eg set upp mitt silkjeskjört, de vane no greie ein vande.
|