[BIN: 2819]

Åsmund Fregdegjeva

Oppskrift udatert av Sophus Bugge etter Hæge Kastedalen, Morgedal, Telemark .

1. De va' Irlands kongje
han tala te sine menn
hokke som ville nor i trollebotten
å hente mi systeri heim.
- Monnar ingjen dagjen-
2. Hot hev eg mot deg broti
kongje der du stend
me du vi vita meg så langt av lei
alt nor i så myrk ein heim.
3. Du ska få fruga Ermelin
ho æ så vent eit viv
vi du nor i den myrke heimen
å våge fe hennar dit liv.
4. Å vi du gjeva meg syster di
den vene fruga Ermelin
så reise eg nor i den skome heimen
som ingja soli skin.
5. Å ska eg då av nor i trollebotten
å løyse dit syster or vånde
vitt uppdregje å hisse segl
som dei kallar Ormen lange.
6. Så vatt dei upp de silkjesegl
høgast i seglerå
dei sille inkje på bonken strjuke
før dei trollebotten såg.
7. Dei kasta deires anker
på den kvite sand
de va' Åsmund Frægdegjæven
han triner der først i havn.
8. Hokken vi de mine brøar tvo
anten vakte skip unde øy
hell de vi inn i bergje gange
å taka ut vene møy.
9. Te svara Åsmunds brøanne tvo
dei va' både unge å blauge
de høyrer me på broer kons
at han vi' vita kon daue.
10.Dæ va' Åsmund Frægdegjæven
han klauv dæ Bergje så blått
atte sto hans Brøanne tvo,
så tiom dei feller Tår.
11.Som han kom i den fyste haddi
dær va' så underleg vori
dukanne va' oto bloe dregne
å ormanne spela ette bori.
12.Som han kom i den are haddi
han va' i så mykje våe
ganne-kjere på golve sto
å trolli ivi de råe.
13.Eg kom meg i den tree Haddi,
dær va' femten Sengjir uppreidde,
Herr Åsmund kasta seg i ein av dei,
dær sovna den guten snjadde.
14.Inn så kom de vene viv
som Åsmund ville få
ho ha hår som spunne gull
å vippa i silkjetrå.
15.Ho ha hår som spunne gull
å vippa i silkjeband
Åsmund upp or sengji sprang
tok hennar i sitt fang.
16.Slepp meg slepp meg Åsmund
du helt meg inkje i fang
kjem ho sæle mo'i mi
ho et upp kvor kristen mann.
17.Inn så kom den skome-gyvri
ho gjore bå' grutte å grinte
hot æ' de fe eit tekjubån
som held'e mi dotter frie.
18.Den som kallar meg tekjubån
han ska' ette våndo leite
men kalla meg Åsmund Frægdegjæven
så vi denne guten heite.
19.Høyre du Åsmund Frægdegjæven
hot eg seje deg
du hitar detta jønni gloheitt
å send de så hit at meg.
20.De va' Åsmund Frægdegjæven
hoggje han te med avle
hoggje han te den skomegyvri
at odden sto i hennas navle.
21.Høyre du de du skomegyvri
hot eg spyrja deg
hor heve du fengje de breie belte
som du ber ikringum deg.
22.De va' kje ifjor i fyrre fjoren
uti sankt Olavs velde
då eg sille live av kongjen taka
så seint um ein joleftas kvelle.
23.Eg tog kongjen på min bak
eg tottest meg vera ung
men som eg kom i durahadden
då falt han meg fe tung.
24.Inn så kjeme alle Småtrolli
gjore dærav eitt gott Gama:
"Hott tru ho fattas 'kons sæle Moer,
ho fær ikkje Kjeften isama?"
25.Inn så kjem alle Småtrolli,
så toke dei ti å fæle:
"Hott tru ho fattas kons sæle Moer,
kvi nattar ho så mæ Hælo?"

Ekstra opplysninger

Orig. ms. NFS S.Bugge III, s. 128ff. (Reinskrift) overskrift Åsmund Frægdegjæven XI (meddelt af Hæge Kastedalen - benyttet af Landstad)

Merknad og retting: 13.3 etter ein står (sic); 24.1 kjeme er
retta til kjem

Oppskrifta er avstytt med tilvising til Landstad 1853 nr. I:

1. Som Landst. V 1, L 1 Irlands, (ikke bold), L 3 hokke som ville, L 4 Systeri
2. - " - V 6, L 2 ikke o, L 3 (ei: endeleg), meg så langt av. 3 og 4 omtr.
som Landst. V 7 og 8, Ermelin - Syster 5. - " - V 9, L 3 vitt uppdregje å hisse Segl.

6 og 7 - " - V 12 og 13, L 4 han triner der først i Havn
11 og 12 " V 20 og 21
14,15 - " -
16,17
18,19
20,21
22,23 - " - V 26, 27, 28, 33, 34, 43, 45, 36, 37 og 38.