[BIN: 2816]

Åsmund Fregdegjeva

Oppskrift udatert av Moltke Moe etter Kjersti Haugland, Flatdal, Seljord, Telemark .

1. Tileg om ein morgostond
långe fer lerkjen sång
de va så mange dei raske kjempur,
dei klædde seg fer si seng.
- Æ de 'kje dagjen ?-
2. (Farne æ no så mange
fregde drengjir å fride)
hokken vi nor i den myrke heii
å hente mi syster heim.
3. Høyre du Åsmund Frægdegjevar
du æ den fregdast i låndi
du ska nor i den myrke heii
å frelse mi syster av vandi.
4. Høyr du kongje der du stend
hot hev eg mot deg broti
mæ du (vil endeleg vita meg)
nor i trollebotten.
5. (Du ska få fruga Ermelin
ho æ så vent eit viv
vi du nor i den myrke) heii
å våge ditt onge liv.
6. Åsmund kasta kufta go
å tok på seg ein filleflangje
han totte klæi va hoste go,
imillom trolli å gange.
7. De kast opp ankar å forgyllte sejl,
derud på gviten sand
der Åsm(und) F(rægdegjeva)
han skulde reise av land.
8. Dei hiss opp ankar å forg(jylte) segl
så høgt i forg(yllte) rå,
han strauk 'kje ankar på bonken ne,
førr'n Trollebotten såg.
9. Åsm(und) tala te sine brøer tvo:
vi de vakte mitt skip onder lie,
hell vi de gange i bergje inn
å take ut jomfruga frie?
10.(Te svara Åsmunds brøanne tvo
dei va både unge å blauge
de høyrer me på broer kon så
at han vi vita kon daue).
11.(Som han kom i den fyste hadd
der va så undeleg vore
dukanne va' oto bloe dregne
å ormanne spela ette bore.)
12.(Som han kom i den are hadd
han va' i så mykjen våe
ganne-kjere pågolve sto
å trolli ivi de råe.)
13.(Han kasta seg i einom kvila)
han va båte våt å frossen
(inn så kom de vene viv
de tottest av hennar lyse.)
14.(Inn så kom de vene viv
som Åsmund ville vinne
ho ha' hår som spunni gull
å vippa i silkjetvinne.)
15.Inn så kom de vene viv
(som Åsmund ville få
ho ha' hår som spunni gull
å vippa i silkjetrå.)
16.Inn så kom de vene viv
som Åsmund han va vandt
Åsmund opp av sengji sprang,
han tek ho i sitt fang.
17.Slepp meg sl(epp) m(eg) Åsmund min,
du helde meg ikkje i fang,
kjem ho inn ho Tarald Hukebruri
ho ete upp kristen mann.
18.(Slepp meg slepp meg Åsmund
de vi' eg deg råe)
kjem ho inn den skogegyvri,
så ete ho konn båe.
19.(Inn så kom den skogegyvri
ho gjore bå' grutta å grinte
hot æ de fe eit tekjubån)
som helde mitt vene viv.
20.(Den som kallar meg eit tekjubån
han ska ette våndo leite
men kalle meg Åsmund Frægdegjevar)
så vi eg etter live leite
21.Åsm(und):"Eg hev vori på kristne grensir,
der dei tror på Gud,
eg heve gripi i gloannes jønni
derfe æ eg gjævar hell du."
22.(Høyre du de du skoge-gyvriå
hot eg vi' spyrje deg
hor heve du fengje de breie belte
som du ber ikringum deg.)
23.(De va 'kje ifjor i fyrre fjoren
uti sankt Olavs velle
då eg sille live av kongjen taka
så seint um ein joleftas kvelle.)
24.(Eg tog kongjen på min bak
eg tottest meg vera ung)
men som eg kom i) dyragåtten
(då falt 'n meg for tungt.)
25.Eg va på dei kristne grensir,
der ha'e eg ingji fre
så sprette eg belti av kongjens rygg
så smaug eg i jori ne.
26.Ette så kom den vesollkadden,
eg syntes ei honom lie,
han skvette ette meg vesollvatne,
eg kjenner væl, hoss de svie.
27.(Høyre du Åsmund Frægdegjevar
hot eg seje deg
du hitar dette jønni glohett)
å seta dæ så uti meg.
28.Åsm(und) hita jønni glohett,
hoggje han te av avli,
han hoggje så hardt te den skonegjyvri,
at odden sto i hennass navli.
29.(Høyre du fruga Eermelin
du samlar ditt gull i skrin)
med eg gjenge meg i drykkjehaddin
å raklar mæ sabelen min.
30.(Som han kom i den) fjore (hadd
han vå så vrei i sinn
hoggje han sunde dei kringlebori
de skrangla i kvor den ring.)
31.Åsmund gjekk seg i den femte hadd
der va ingjen våi,
innæ sto den fljote folen,
i raue gullbande va'n bonde'.
32.Så mykjy av dæ røe gull
så vi eg gjeva deg,
vi du fljote fole fin,
ivi have bera meg.
33.Så mykjy af de røe gull
vi eg 'kje hava av deg,
men gjev du meg den høgre håndi,
så renn eg onder deg.
34.(Så tok han både syll å gull
så mykjy som der vore)
så rei dei på den fljote fole
som de va på grøne jori.
35.Dei sanka saman gull å syll
så mykjy som der var,
så fekk dei de på den flote fole,
så bar han de ivi hav.
36.De va Islands kongje bold
han leika mæ dronningji si:
"Nå seg eg Åsmund på have rie
mæ vene systeri mi."
37.Dæ va Åsm(und) F(rægdegjevar)
han steig på gvitan sand,
så hoggji han hovue af folen sin,
de blei te ein kristne mann.
38.De va i mine ongdoms dagar,
slikt hever eg aldri sett
de va kongsonen frå Engeland,
han hette kong Adelbrett.
Ekstra opplysninger