[BIN: 2815]

Åsmund Fregdegjeva

Oppskrift 1863 av Sophus Bugge> etter Turid, søster til Signe Sandland, Skafså, Mo, Telemark .

1. Høyrer du Åsmund Frægdegjeven
so talar eg ti de
du ska at troddebotnen
å hente atte dotte mi.
-Monne her inkje dagjen -
2. Ti svorar Å(smund) F(rægdegjeven)
bar han gull i 1)håndi,
hot hev eg kungen imot deg broti
mæ du vi' vita meg i troddehendar.
1) håndo
3. Te svorar danske konungjen
bar han gull å håndo
du hev ikkje Å(smund) mot meg broti,
du æ' den frægdaste i låndo.
4. Adde luter hattanne ne
å ingjen tore kungen svara
bare Å(smund) Fr(ægdegjeven)
han tottes inkje å spara.
5. Kvore vi' de mine brøanne fem
vokte mitt skip unde øyar
hell de vi dikkon at troddebotnen
å taka ut fine møyar.
6. So nyter han upp sine silkjeseil
alt i forgylte rå,
so sigler han seg at Sunnaborg
inkje mind' hell månanne tvo.
7. Då han kom seg i de fyste hadde
der va' undeleg vori,
drengjenne sat mæ kallgrutti,
å ormanne spilar på bore.
8. (Då han kom seg i de) are (hadde)
der va' støre våde
femten bryggekjer på tile sto
å trodde ivi dei rådde.
9. (Då han kom seg i de) tree (hadde)
der monne Å(smund) seg like
15 sengjir va' uppreidde
å adde mæ silkjen kvite.
10.15 sengjir va' uppreidde
unde silkjen so vore dei lagde,
Åsmund sprang i ein av dei
der sovna guten snjadde.
11.Inn so kom den Hugabrur,
då kom den som åtte
her hev komi ein i minom haddi
som hev 'kje spurt meg um råi.
12.Høyrer du Å(smund) Fr(ægdegjeven)
so talat eg ti deg
du ska gljohita jønni
av tångo senda meg.
13.Åsmund hitar gloandes jønni
å sendte hæna de mæ avli
ho tok imot den Hugabrur
so de kom utatte mæ navlen.
14.Nei eg hev felt deg ne ti gov
du ska 'kje uppte stande
der stend ein mann i helviti
(den) kann middjom dei lytinne gange.
15.Dæ va Å(smund) Fr(ægdegjeven)
han vie ivi bergji for
so fekk han fatt på vidde fljote folen
på gyllte stadden sto.
16.Høyrer du Å(smund) Fr(ægdegjeven)
ræddast du inkje for di
her kjæme 15 heim i kvell,
dei grandar visst ditt liv.
17.Då sto Å(smund) Fr(ægdegjeven)
som han ha' vatn i munni
han høyrde på vidde fljote folen,
han snakka mæ mannetunge.
18.Eg ska' lata silkje
i den søylen skjera
vi' du meg å mi fine møy
oto bergji bera.
19.Eg ska (lata silkje
i den søylen) snie
må eg (å mi fine møy)
på deg o(to) b(ergji) rie.
20.Han ber oto bergji
15 mannetyngji
å Å(smund) å hass fine møy
som va' både ven å ung'e.
21.Heim kom Å(smund) Fr(ægdegjeven)
kungen fagnar 'en væl,
du må hava dotte mi
å land å rikje ette meg.

Ekstra opplysninger

Orig.ms. NFS S. Bugge i, s. 20ff. Turid, søster af Signe Sandland)

Merknader: 7.3 etter kallgrutti står dynni; 10.3 etter ein står
(sic); etter str. 13 står Hun ville narre ham til at hede Jærnet
en gang til;

Reinskrift NFS S. Bugge V, 136. overskrift Aasmund Frægdegjeven (Turid, Søster til den navnkundige Kvederske Signe Sandland i
Skafså)


Seinare har Turid kvede tri strofer til. Etter tilvising av S.
Bugge skulle dei stå etter str. 10:


1. Inn so kom den Hugabrur,
lussar ho inn å tilje:
"Hor hev Åsmund belte fengji,
du ber indunde di milje?"

2. De va' ifjor i fyrre åri,
då eg va' i Sant Olavs velli,
eg tenkte på live av kungen taka
so seint um ein joledagskvelle.

3. Høyrer du Åsmund Frægdegjeven,
hot eg deg seie kann:
du ska høgge meg i dei lytinne två
å sjav imidjum dei gange."



Orig.ms. NFS S. Bugge d, 5

Reinskrift NFS S. Bugge V, 246.