[BIN: 2754]

Kappen Illugen

Oppskrift 1856Sophus Bugge etter Tone Vistadbakken, Mo, Telemark .

1. Liti va' ho Heleliti
kom burt ei jolenott
snøgge va' dæn gamle gyvre-mo'ri
te stela hæna burt så skjott.
2. Kungen let byggje langskipi
å mastinne færie færie sto
sume leitar mæ langskipi
å sume på øyeskog.
3. Kungen leitar på langskipi
dæn lange julenott
inkje kunne dei varmen få
fe njoskji de va' rått.
4. Kungen leitar på langskipi
jonsoknotti dæn dyre
då vart han vare jartans ellen
nor unde hedderen lyse.
5. Kungen tala te sine menn,
hans tale dæn va' no så
"dæn som vi' hente meg bjartansellen,
dæn sko' mi dotter få."
6. Dæ va' kappe Iddugjen,
dæ va' inkje guten fælen:
"å eg sko' hente deg jartansellen
nor unde troddeflæi."
7. Kastar han av seg sitt riddareklæi
drog på ein fillutte flangji
for go så æ' no mine klæi
bland troddehåndi å gange.
8. Å dæ va' unge kappe Iddugjen
kleiv han bergi blå
unde sto alle kungens karar
å undrast dei uppå.
9. Dæ va' unge kappe Iddugjen
kom så seint um kvelli
dær sto dæn gamle gyvremoiri
ho kara varmen av elli.
10.Då sto den gamle gyvremoiri
ho kara varmen av elli
hot æ' dæ fe eit kogabånn
som kogar så seint um kvelli.
11.Dæn som kaddar meg eit kogabånn
han vi' ette våndo leite
men kadde meg unge kappen Iddugjen
så lyster denni guten heite.
12.Eg æ' sendt i bergji inn
eg sko' mi bo framføre
eg sko' hente jartans ellen
alt for ei supandes røre.
13.Du fer inkje jartans ellen
utav min hedderen ut
før du seie meg sanningi
av alle dine truir.
14.Nosi hev du som nautefjosi
i blesa så æ' du bratt
detti æ eien av mine truir
kvort ori så seie eg satt.
15.Nosi hev du som nautefjosi
kjæften som bikkjetryne
mine augo æ snarpe i hausen
dine som fui på svine.
16.De kan eg høyre på drengjo små
at han æ' huga møy
i nott så må du mæ' a sova
imorgo så ska du døy.
17.Te svara ho Heleliti
i sængi dær ho låg
eg æ' no inki mykje hugleggje
ette ei einaste nott.
18.Dæ va' kappen Iddugjen
han la' seg mæ stokkjen ne,
gla så va' ho Heleliti,
ho tukkar seg vegjen te.
19.Årli um dæn morgonen,
mæ sama dagjen mon gry,
inn kom dæn gamle gyvre-moiri
mæ kvasse soksi si.
20.Ho tok i hans gule lokk,
ho honom på golve slo,
dæ va' kappe Iddugjen,
han henar 'pi augone lo.
21.Så tok ho i hass gule lokk,
så tok ho i av gråi;
ho kastar honom i sængi upp:
"så rekjes ihop båe!"
22.Ho sette luren fe bloggar munni
tutar ho deri av vreii,
dæ høyrdest til Jorun Joklekåpa
nor unde høge heiar.
23.Dær blei brak i bergje då
mæ myr å mykje brestir,
fram kom hennes systanne sjau,
å adde ha' ringskodde hestar.
24.Så sette han luren for bloggar munni,
han tuta dæ venast han kunna,
han sette adde sine kristne truir
å søkkte ne adde hennes sjau ungar.
25.Så tok han dæn gamle gyvremoiri,
han kastar a' høgt uppi ve'i,
"dette gjere dei kungens karar,
dei slite kungens klæi.
26.Han tok dæn gamle gyvre-mo'ri
og gjore av noko krakar
jamsis sto hennes yngste son
liti så tore'n tala.
27.Ljåren dæn æ' i hynno brei,
en skipare fram ette mæ elli,
detti gjere dei kungens karar,
dær finnst inkje slik i bergi.
28.Vælkomen kappe Iddugjen
du æ' kje som are drengjir
du må sova mæ Heleliti
både væl å lengji.
Ekstra opplysninger