[BIN: 2721]
Unge Råmund
Oppskrift 1915 av Haavard Austad etter Olav Eivindsson, Bygland, Aust-Agder.
.
1. | Ramund gjekk seg paa leikar-voll, han skjemte med sitt sverd. Og femtan bøta' paa ryggen han bar, han aatte 'kje klæ'ene bet' -"Det kem meg fulla vel", sa han rike Ramund.- |
2. | Ramund gjekk for si moder aa kjære "Kjær moder du skjere meg klæ'e Dei andre riddara' ville meg hæ'e "Det lika 'kje eg, "sa han rike Ramund. |
3. | So tok han den stygge veven, i benken han laag. Varpet var av nosle og vepten av vigjane smaa. "Det tener meg fulla vel", sa han rike Ramund. |
4. | So tok han den stygge veven, mest han kunne orke aa bere, so reiste han seg til næste by Lisle Kjersti du skjere meg klæ'e. "Ein klædning fulla god, " sa han rike Ramund. |
5. | "Tak du den stygge veven og seg du hev han tapa Du veit 'kje rike Ramund ko lykke Gud heve deg skapa." "Ein skapning fulla god, " sa han rike Ramund. |
6. | "Tak du den stygge veven og trø han ned i dy Eg tek skru og skarlaken og skjere klæ'e ny". "Det veit eg visst du gjere, " sa han rike Ramund. |
7. | So tok ho saks og skjære og skar han Ramund klæe. Fader og moder dei saage derpaa ko gjerning ho ville gjere. "Dette gjere ho for meg, " sa han rike Ramund. |
8. | Inn kom han unge Helge Kvass og muran' svikta under tilje. " Konge du gjeve meg dotter di og det med baae dykkos vilje!" "Du ska' late henne vere", sa han rike Ramund. |
9. | "Høyr du det, rike Ramund, vil du 'kje henne avstanda, du møter meg paa leikan-vollî I krigen ska' du bli fanga." "Eg troe nog møte, " sa han rike Ramund. |
10. | Ti(d)legaste morgonen, daa soli ho rø'a i li'e, daa stod rike Ramund upp og skjepte klubbo sine. "No lage eg meg til aa stri'e", sa han rike Ramund. |
11. | Og Ramund han gjekk seg paa leikan-vollen hen Der møtte han unge Helge Kvass med attanhundre menn'. "No ska' me dusten li'a", sa han rike Ramund. |
12. | Den fyste dust de saman red, og de va alt av gama, dei hodde berge under sin fot, som dei ha' vor' klanna med hamra. "No trodde me fulla sagte, " sa han rike Ramund. |
13. | Den andre dust de saman red, og de var alt i vreie, dei trodde berge under sin fot, som dei ha' vor' trampa i leire. "No trodde me fulla hardt, " sa han rike Ramund. |
14. | So tok han adde kongens menn og hoggje deires hovu' ifraa, utan han unge Helge Kvass, som slapp utaa ein roandes baat. "No slapp du meg fulla skamleg, " sa han rike Ramund. |
15. | "Høyr du det, rike Ramund, du vil nok late meg live. Syv tønder av det røde gull so gjever eg deg." "Du slengjer litt att paa den aattende, " sa han rike Ramund. |
16. | So drakk dei fyste dagen, den andre til kvellen. Daa leides rike Ramund "No drakk me fulla lengje." "No drakk me altfor lengje, " sa han rike Ramund. |
17. | Det va' no rike Ramund med sitt sverd so braa So tok han unge Helge Kvass og hoggje ha's hovu' ifraa. "No gjor' eg godtsellen, " sa han rike Ramund. |
18. | Ti'legaste morgonen, daa soli ho rø'a i li'e, daa saag han Langbein Røse framte med fjødde munne skri'e. "Du skrei' deg bære hit, " sa han rike Ramund. |
19. | Slik ein svine-hjuring hev eg set fyrrî og lagt ha's augo tilsama. "Det gjer du 'kje med meg", sa han rike Ramund. |
20. | So tok han røsen i røsens skjegg og kjøte losla fraa tænne. "No va' du likar eit heide-beist hell du va' ein kristen manne". "Kvi grine du so stygt og kaldlegt, ?" sa han rike Ramund. |
21. | Det va no rike Ramund med sit sverd so braa So tok han Langbein Røse og hoggje ha's hovu' ifraa. "No e eg berre yve' adde, " sa han rike Ramund. |
22. | So tok han so mykje sylv og gull at han lade baade skip og baata. So seilte han seg under kongens gaard og va' baade gla og kaate. "Kvi maa me okkaa 'kje glede?" sa han rike Ramund.
|