Ekstra opplysninger
Orig. ms.
Merknader til Torekallvisa II:
Denne visa paa i alt 17 vers høyrer sikkert til dei eldste folkevisone vaare. Ho har emnet sitt heilt fraa den gamle gudelæra, for denne Torekall er nok ingen annan enn guden Tor. Det som for oss har serlig interesse, er at visa er fraa Val- dres; ho skal vera funni i Ulnes ein gong kring 1877, og vart daa send til Moltke Moe, som alt daa - i studentdagane sine - hadde teke til aa
samle folketradisjon i bygdene. (Denne interessa hadde han vel etter faren, Jørgen Moe). Professor Liestøl seier om dette:"Denne merkelige vise finst berre i ei oppskrift i eit lite hefte paa 6 blad som Moltke Moe i student- dagane fekk tilsendt fraa Valdres. Ho er skriven paa hallingmaal med ei hand ifraa ikring 1750. Visa er uheil", (dvs. at sume vers er borte). x)
"Grunnlaget for visa maa, beinveges eller omveges, vera det gamle eddakvadet Trymskvida eller Hamarsheimt."
I Trymskvida faar ein veta at Tor hadde lagt seg til aa sova, og imedan vart hamaren hans borte. Loke faar faa laane fjørhamen til frøya og flyg til Jotunheimen, og der faar han veta at det er Trym (Gremmil) som har stole hamaren, og Tor skal ikkje faa han att utan at Trym faar Frøya til kone. Daa finn dei paa aa kleda Tor til brur og fer so til Jotunheimen att. Trym blir glad, og dei held bryllaup. Men bruri er ikkje "smaamett", ho et opp ein heil ukse og drikk tre kaggar mjød, og daa dei so hentar hamaren, slær Tor i hel trym og heile jøtunætti.
I Torekallvisa er det omlag same hendingsgangen: Loke lyt fara til Gremmeligard (Jotunheim), og Gremmil (Trym) fortel at han har gøymt hamaren "aatte alner og nie famnar" nedi jordi. Og "inkje faar han att hamaren sin og inkje meire han sjaa, - minder han fløt og fører her heim si yngste syster mjaa." So langt etter Liestøl.
Ho "Syster" (Frøya) vil sølvsagt ikkje fara, og so pyntar dei Torekall til brur, - "deb vesle brure" heiter det litt skalkvore. I bryllaupet forsyner denne "vesle" bruri seg bra: "Uksekroppen so aat ho upp og tvo punds kjel med kaal, og alle dei brød som baka var av femtan skjeppor saad". Visa slutter med at jutulen seier "i sitt velde": "E alder ha sett so liti ei brur/ ha ete meire um kvelde." -
Korleis det daa gjekk vidare, kan me berre tenkja oss til. fekk han Tor fyrst tak i hamaren sin, so veit me han greidde opp, - venteleg noko liknande som fortalt i Hamarsheimt.
Det er ikkje berre slutten som vantart, men truleg eit par andre staderm kring vers II t.d. Dette og sumt anna tyder paa at denne oppskrifti ifraa Ulnes - som Moltke Moe og Liestøl tidfester til kring 1750 - maa vera avskrift berre av ei endaa mykje eldre vise.
Tilslutt eit par ord om namnet "Torekall", treng vel ikkje plent tyde "gamle" Tor (som Liestøl seier), men likso gjerne ein mannsperson i det heile;smlkn. "budei-kall", "svein-kall", "tun-kall" o.l.; likeeins kall som det mannlege parnamn til kjelle. I alle høve kan me ikkje tenkja oss denne Torekall so gamal at han ikkje skulle ha den fulle mannskraf lenger. - Sume vil paastaa at namnet Torekall maa vera ihopsett av Tore og ikkje Tor til fyrstelekk. Men denne -e i Torekall er berre bindevokal, paa same vis som me seier "Knutemann", "Oddemann" o.l. (i samansetjing med einstavings-namn).
x) At det her staar "paa hallingmaal", treng ein ikkje leggja for mykje brett paa; valdresmaal og hallingmaal var so like at ordformene i visa likso gjerne kan kallast valdresmaal. Valdres og Hallingdal har mykje sams tradisjon elles og.