[BIN: 2622]
Kvikjesprakk.
Kvikisprakk Hermodson
(fleire alternative titlar)Oppskrift 1913 av Hallvard Kaldbast i Rikard Berges saml. etter ukjent sanger, Mo, Telemark .
1. | Tri so varo dei Hermodssøninn, alle vilde hjelmen vinne, og det var Jutlands kongji han reid for dei paa tengji - Dei kunnas so vell dei Jutlands hestann utride.- |
2. | Inn kjem kongjens liten smaadreng, han trør so hart imot tilje: " er her nokom av Hermodssøninn idag lystar ungan gjilje." |
3. | Og det var Kvikjisprak Hermodsson, han fram yver bordi mon springe; " eg ville meg ti Jutland i aar den rike jomfruga vinne." |
4. | Ti svara Kvikjispraks syster, hon var so fagert eit kvendi: "det er saa vondt i Jutland at lata seg fange og bende." |
5. | Og det var Kvikjisprak Hermodsson, han slær sin nevi mot bord; "det kallar eg ingjen hovdring vera, som ræddast for for kvendeord." |
6. | Og det var Kvikjisprak Hermodsson, han talad ti smaadregjin so: " du skal vera med til Jutland i aar og passe min gangari graa." |
7. | " Du klæder deg i klædningjen, den bedste, som nokon vill slite, her utanpaa dregje du bryngja blaa han glimar som sylvi det kvite." |
8. | Svarade Kvikjispraks liten smaadreng, alt baade med tugt og ære: det samer seg engjen hestesvein ei bryngje blaa at bera." |
9. | Og det var Kvikjisprak Hermodsson han seg ut av garde rei, det var fulla femten valske milir dei høyrde hans gangare steig. |
10. | Og det var jomfruga Rosenlunde hon ut gjønnom vindauge saag; "no ser eg ein av Hermodssoninn eg kjenner hans gangare graa." |
11. | Ute bing han hesten sen, sverdi det steng han i skjaa so lystar han unge Kvikjesprak seg enn i stogo gaa. |
12. | Og det var unge Kvikjisprak sit maal kunnas han framføre: "Heve du kongji inkji dotter ei? som du lystar guten at gjeva." |
13. | Svarade Jutlands kongji baade med spodt og hat: "Gud lat meg alli liva den dag, at eg skal faa deg til maag." |
14. | Svarade Kvikjisprak Hermodsson, baade med spot og haad: "Gud lat meg aldrig liva den dag eg hev deg -idar om raad." |
15. | So sette han seg jamfruga nest, som hun totte bedst at tala, han vart so snet ur sessi 'kibt at nakkjen small imot svala. |
16. | Sette han seg jomfruga nest, som han totte bedst at gjilje, han vart so snegt or sessi kibt, at nakkjen small imot tilje." |
17. | Upp reis Kvikjisprak Hermodsson, han tottest i nakkjen kleie: "vidste eg kven meg or sessi kipte so snegt sill' eg 'n veide." |
18. | Upp reis Kvikjisprak Hermodsson han tottest i nakkjen svie: "vidste eg kven meg or sessi kibte hans dagar dei snegt sille lie." |
19. | Sume braut 'n hovui av, og some banka 'n bein, for han kom av huse ut var der inkje atte ein. |
20. | Sume braut 'n ryggjen sunde, og sume gjorde 'n blinde, sume kom av husi ut, og sume laag atte inne. |
21. | Og det var kongjen liten smaadreng han stod under kongjens hand; " me fører inkje han at myrkje stoga om me vare seks tusin mann." |
22. | Og det var kongjens liten smaadreng, var ute med falsko raad. "me slepper ut akkons grumme løve hon riv 'n i stykkjir smaa." |
23. | Ut so kjæme den grumme løva, med kvasse tennar og lange; det vil eg for sanning seia, saa vart 'n i hjarta bange." |
24. | Og det var Kvikjisprak Hermodsson han la seg paa berre kne; "hjelpe meg Gud fader i Himmerig hon svelgjer meg livandes ned." |
25. | So tok 'n i den løvekjæft, med baae sene hendar snegg so vart hans liten smaadreng han hoggji løva isunder. |
26. | Og det var kongjens liten smaadreng, var uti med falske raa: lystar 'ki unge Kvikjisprak seg inn i stoga gaa. |
27. | Svarade Kvikjisprak Hermodsson han tots vera trøyt og mod: "eg vill gange i drykkje stoga, og kvildi hon er væl god. |
28. | Og det var kongjens smaadreng, han skjenkte din mjød og bar, alt ti han unge Kvikjisprak sovnar i sessen, han sat. |
29. | So sprette dei jønnbolten om hans fot, og haandklauvann om hans haand, so førde dei han at myrkjestoga, dei gjor'n der stor vaande. |
30. | Og det var kongjens liten smaadreng, han springer paa golvi og dansar: "no heve me fangud den raske kjempa, som lignast med Holgur Danske ." |
31. | "Høyrer du det, min liten smaadreng, du springer paa gangaren raude, du bed han Eivind broder min, han skundar at hevne min daude." |
32. | Og det var Kvikjispraks liten smaadreng, han springer paa ørsid det kvite, so rie han femten velske milir, for han lete gangaren kvile. |
33. | Og det var Kvikjispraks liten smaadreng, han ride so ratt av garde, dei kunnad 'n inkje med augo fiste, mindre med haando fange. |
34. | Og der va Kvikjispraks liten smaadreng, han kjæme seg ridands i gaar, uti stend Eivind Hermodsson han var fùlla sveipt'e i maar. |
35. | "Vellkomen Kvikjispraks liten smaadreng, vellkomen hit og heim, hossi stend' det til i Jutland med di det kjæme' bare ein? (ki atte aat ein). |
36. | " Kvikjisprak hev' site i myrkestoga, væl uti tjuge dagar, hans gangare spring' uti Jutland der tor honnom engjen taka." |
37. | "Høyrer du Kvikjispraks liten smaasvein, no seier du meg satt: kven var so djerv uti Jutland, at han unge Kvikjisprak bat?" |
38. | "Eg helsar deg Eivend Hermodsson, du trøyter inkje lengji! det var engjen annen i Jutland end kongjens liten smaadreng'e." |
39. | Og det var Eivend Hermodsson, han sprenger paa gangaren raud, det vill eg for sanning seia, han for liksom fuglen flaug. |
40. | Det var jomfruga Rosenlunde hon ut av vindauga saag: "no ser eg ein av Hermodssøninn, eg kjenner hans gangare haag." |
41. | Um bergji det er aldri so blaat, so laut det sunder i stykkjø, i hjarta maa sveinen 'ki vara blaut, som der i sødlen tor siddje. |
42. | Og det var Eivend Hermodsson, han kjæme riande i gaar, og det var Jutlands kongjen, han uti for honom staar. |
43. | "Vellkomen Eivend Hermodsson, vellkomen hit til meg. --- min, no hev' eg bryggja baadi øl og mjød, og blanda deri god vin." |
44. | "Eg er enkji om den brune mjød, eg er enkji om den vin; men eg er meiri om broder min, han sender fast bod etti meg, " |
45. | " Kvikjisprak hev' seti i myrkestoga, væl i tjuge dagar, hans gangare sprenge i Jutland, der tor'n slet engjen taka." |
46. | Svarade Eivend Hermodsson, han tots vera sterk i hende, "eg skal taka gangaren graa, om 'n gjore baadi beidt og spende." |
47. | Og det var Eivend Hermodsson, drege han ut sit sverd: "høyrer du Jutlands kongji detti - so var du verd." |
48. | "Høyrer du Eivend Hermodsson, eg vill gjeva deg eit raad, no høgge du det fyrste hogg, eg veidt belehugjin er braa." |
49. | Svarade Eivend Hermodsson, han totts vita det bedre: "nei hogg no du det fyrste hogg alt for di kongelege ære." |
50. | Og det var Jutlands kongji han hogg og det gjorde 'ki mon, han hoggji ti Eivind Hermodsson, at gulli dreiv paa ton. |
51. | "No hev eg stadi deg femten hogg, fleire óg inkji færre, du statt meg eit, for adde dei, alt for di kongelege ære." |
52. | Det var Eivend Hermodsson han hogg, og det gjorde mon, han hoggji til Jutlands kongjen, at adden i sødle stod. |
53. | Og det var kongjens liten smaadreng, han lagdest paa berre kne; "høyrer du Eivend Hermodsson, livi so gjeve du meg?" |
54. | Og det var Eivend Hermodsson, sverd vilde han 'ki øyde, slo han ti 'n med neven so heilen den skvatt paa heide. |
55. | Og det var Eivind Hermodsson, han var so vrei i sinn; "liver du Kvikjisprak, broder min, so slepper du meg enn!" |
56. | "Her hev eg legji i myrkestoga, under det jønni tonge, det er 'ki godt at sleppe deg enn, for hendana dei ero bundne." |
57. | Og det var Eivend Hermodsson, han spendete med karske fot, spendte han den myrkestogodynne, so han dreiv paa tilgjemot. |
58. | So braut han jønnbolten av hans fot, og haandklauvan av hans haand, so tok han 'n ut av myrkestoga, det gjorde han som ein mann. |
59. | Og det var Kvikjisprak Hermodsson, han kom seg av husi ut, snegge so var hans gangare graa, han var til sen herri fus. |
60. | So slog dei ned i Jutland, baadi gamle og unge, der livde 'ki atte mannlekan, berre jomfruga Rosenlunde |
61. | Og det var Eivend Hermodsson, han lyfter paa sin hatt; farvel Kvikjisprak, broder min, og hav no tusende god natt.
|