[BIN: 2090]

Valivan.
Skippar og møy

(fleire alternative titlar)

Oppskrift udatert av Sophus Bugge etter Birgit Lintveit, Morgedal, Kviteseid, Telemark .

1. Valivan rier um Kvelli,
han kom 'kje dær før Folkje ha' skara Ellen.
-Men Valivan å han seglar årlig. -
2. Valivan kom ikkje før hell då,
før stolts Margjits Dynnann va' slegne i Lås.
3. Han klappa på Dynni mæ Finganne små:
"Du stand upp, stolts Margjit, skrei Lokunne frå!"
4. Slett ingjen hev eg Stevnar lagt,
slett ingjen lukkar eg inn um Natt."
5. "Du stand upp, stolts Margjit, du slepper meg inn!
eg æ' ei skjøne Jomfru, vi' lære Sømmen din."
6. Stolts Margjit ho ha' på seg Stakkjen blå,
så skreidde ho dei Lokunne te å ifrå.
7. Så tukka ho fram forgylte Stol:
"Du set deg ne, skjøn Jomfru, å kvilar din Fot!"
8. "Eg æ 'kje anten trøytte hell mo,
men ei liti Kvild kunn' væl vere go."
9. Stolts Margjit å Valivan sit over Bor,
dei talar så mangt i di skjemtandes Or.
10. "Høyr du stolts Margjit, hot eg spyre deg må.
æ' ingjen i Væri, din Hugjen leikar på?"
11. "Hær æ' ingjen i Væri, min Hugjen leikar på,
bare Valivan å han må eg ikkje få.
12. Olav uti By kann eg væl få,
men Valivan æ' eg 'kje værug te å sjå."
13. "Hær æ' Valivan, som du heve kjær,
så kann eg deg seia, han æ' deg alt så nær."
14. Stolts Margjit ho la' seg i Sengji ne,
Valivan han springe Veggjen te.
15. Tilegt um Morgonen, Dagjen va' ljus,
Valivan han va' av Gare så fus.
16. "Høyr du stolts Margjit, hott eg spyr deg:
eitt lite Stykkje på Vegjen så fygjer du væl meg?"
17. Stolts Margjit ho ha' på Silkjeserk,
nie va' Møyannes Vinterverk.
18. Stolts Margjit ho ha' på seg Stakkjen blå,
dær va' mei Gull hell dær va' Trå.
19. Stolts Margjit ho ha' på seg Stakkjen rau,
dær låg Gull ette kvor dæn Saum.
20. Ho vaska sitt Hår i Lut å i Vann,
ho slænge dærette mæ røde Gullkamm.
21. Ho vippa sitt Hår i røde Gullband,
ho seter dæruppå ein liten Gullkrans.
22. Stolts Margjit ho va' kje beltevand,
ho slængde kring seg eitt røde Gullband.
23. "Eg tis, at du æ' i di Stigi så stor,
som du sill' vera ein Riddar så go.
24. 24. Eg tis, at du æ' i dine Kinni så kvit,
som du sill' vera ein Riddar så rik.
25. Hott æ' dæ, som singrar,
likesom Brynjeringar?"
26. "Dæ æ' mine Nyklanne små,
som eg hev te å skreie dei Låsanne frå."
27. Høyr du skjøn Jomfru hott eg seie deg:
no æ' eg kje go' før fygje lenger mæ deg."
28. "Æ' du 'kje go' før å fygje mæ meg,
så lett æ' eg go' før å bera deg."
29. Skjøn Jomfru ho tenkte mæ sjave seg:
"Tru du mone vera mykje sterkar hell eg."
30. Så tok han stolts Margjit i sitt Fang,
så bar 'en hennar te Skipe fram.
31. Så tappa han Mjøen så lengje han rann,
te stolts Margjit ho sovna i Valivans Fang.
32. Ho sov i Dagar, ho sov no tvo,
dæn tree Dagjen ligeså.
33. Valivan tala te Styringsmann:
"Du styrer mitt Skipe så sakte fra Land!"
34. Han klappa stolts Margjit på Kinni så rø:
"Søver du lenger, så bli dæ din Dø."
35. Stolts Margjit ho vakna, ikring seg såg,
ho såg 'kje bare Skipe å Bylgjunne blå.
36. "Bære' meg før mine Bonni så små!
eg let atte Dynni å reiste så ifrå."
37. "Dæ ser eg på dine kvite Bryst,
at du har aller slekt noken Barnetørst.
38. Dæ ser eg på dine Kinni så rø,
at du har aller li'i noken Barnenø."
39. "Ette du hev no bedregji meg,
ditt rette Navne så seie du meg!"
40. "Mitt rette Navne æ' ikkje så vant,
Smådrengjinne kallar meg unge Valivan."
41. "Høyr du dæ, du unge Valivan,
du styre ditt Skip på mitt Faers = Land!"
42. "Du kjem ikkje på ditt Faers - Land,
før du fær deg ein Sone, som styre dæ kann.
43. Du kjem ikkje på di Moers ÿy,
før du fær deg ei Dotter, som veva kann i Røyr."
Ekstra opplysninger