[BIN: 2089]

Valivan.
Skippar og møy

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1863 av Sophus Bugge etter Ingebjør Trondsdtr. Troddedalen, Mo, Telemark .

1. Valivan fekk spyre på annaland
at der va' ei jomfru stolt å belevand.
-Men V. seiler årleg. -
2. Ti hæna berla kungen å kungens mænd;
men ingjen so ville ho hava utav dem.
3. V. lete sitt håri vokse,
so de rekke ne over begge hans aksler.
4. V. kauper seg saks å skjære,
so lete han seg kvendeklæder skjære.
5. V. lete seg skjera skruv
han lete seg leie som han va' ei brur.
6. V. lete seg leie
å silkjen ette jore breie.
7. Han kom då so silde å so seint um kvell,
ette alle folk hadde skara elli.
8. Han klappa på dynne mæ finganne små,
æ du inne stolts Margjit, skrei lokunn ifrå.
9. Ingjo stevna so hev eg lagt
å ingjen so lukkar eg inn um natt.
10. Eg æ' no slett ingjen bele
men eg æ ei jomfru so fin'e.
11. St. M. ho trekte på seg serkjen små,
ho skreidde dei lokunne både ti å ifrå.
12. Ho sette der fram ein forgyllte stol,
set deg i skjøn jomfru trøytt å færemo.
13. Eg æ' ei skjøn jomfru frå Engeland
å silkjesaumen du lære meg kann.
14. Saume i kvell me skjemmer de ut
me lyt bie ti morgoen dagjen blir ljos.
15. St. M. ho sette seg i sengje ne
V. han sprang veggjen ti.
16. Når dei ha' legji ei lite stund,
då tok han V. ti spyrje seg um.
17. Då tok han V. ti spyrge seg um
æ' her ingjen i verden din hugjen leikar um.
18. Olav uti byen so kunna eg få,
men V. alli mæ augo sjå.
19. Ol. u. b. han kjenner eg væl
men V. stend i min hugjen so kjær.
20. Høyr du st. M. hot eg bea vi' deg
eitt stykkje på vegjen so fygjer du meg.
21. St. M. gjekk fyri, ho silkjen drog,
V. gjekk etti, mæ sjave seg lo.
22. Eg tikje du æ' i di stego so stor
som du vøre no ein riddar so go.
23. Derfyr so æ' eg i mi stego so stor,
dei æ' for breie dei skipar bor.
24. No totte eg eg hørde de ringla,
som de ha' vor' brynjeringar.
25. Nei de æ slett inkje brynja blå,
men de æ' mine lyklar bå store å små.
26. St. M. ho sette seg ende ne'
no lyster eg 'kje lenger å fygjast mæ deg.
27. Lyster du 'kje - mæ meg,
so meiner eg eg sko bera deg.
28. St. M. ho tenkte mæ sjave seg
Tru denne jomfru æ' sterkare hell eg.
29. So tok'en hæna uti sitt fang,
so bar'en hæna på skipi fram.
30. So sette han 'a i en forgyllte stol,
so gav en 'a drikke utav sylvekrus.
31. St. M. ho sovna i stolen dær ho sat,
ho vakna 'kje fyrr hell den tree dag.
32. Ho sov uti dagar ho sov uti tvo
den tree dagjen likeså.
33. So klappa han hæna på kinninn so rø,
søve du no lenger, du kunne bli dø.
34. St. M. ho vakna, ho um seg såg
ho såg 'kje anna hell sjøen å himilen blå.
35. Bære meg no, at eg heimat gjekk
eg ha' 'kje små bonne frå varmen sett.
36. Bære - for,
eg let atte dynnanne å reiste sjov.
37. De ser eg utpå dine kinninn so rø,
at du hev alli lii kvindenø.
38. De - di bryste so små
at du hev alli lagt bonne på.
39. Eg heve dei alli på bryste lagt,
men allstøtt so heve eg amma havt.
40. St. M. ho høytta på styresmann
du styrer meg heim ti mitt faders land.
41. Du kjem alli ti ditt faders land,
fyrr du fær en sone, som styre deg kann.
42. - på de moders ø
- fær ei dotter, som vev uti rø.
43. Æ' de no so ti, at eg fygje sko deg,
ditt rette riddarnavn du dyl inkje fy meg.
44. Mitt r. r. æ inkje so vannt
smådrengjinne kaddar meg unge V.
45. Smådr. - V.,
kungens Søn utav Engeland.
46. No hev eg en V. so lengje trått,
men no meinar eg de, at eg hev en fått.
Ekstra opplysninger