[BIN: 2085]
Valivan.
Skippar og møy
(fleire alternative titlar)Oppskrift udatert av Torleiv Hannaas etter ukjent sanger, uten lokalisering .
1. | Valivan kauper seg soks å skjæri, so let han seg kvendeklæi gjera. -Men Valivan seilar årleg. - |
2. | Å Valivan kauper seg soks å jønn, so klæer han seg i silkji grøn. |
3. | Å Valivan rider ti kongeslott, han gjekk te stolt Margjitt so seint um ei nått. |
4. | Han klappa på dynninn mæ finganne små: "Æ du inne stolt Margjitt skrei lokunn ifrå." |
5. | "Nei inkji tilbo so heve eg fått, å ingjen so lukkar eg innum i nått." |
6. | "Jau eg æ ei fruge frå Engelands by, du lære meg silkjesaumen å sy. |
7. | Eg æ ei fruge frå Engeland, du lære meg saume de beste du kann." |
8. | Stolt Margjitt ho reiste seg upp ifrå, ho gjekk or seng skreidde lokunn ifrå. |
9. | So sette ho fram ein forgjylte stol: "Set deg skjøn jomfru trøytt å færemo." (So band ho henne som ættmed seg i sengi). |
10. | "Nei inkji so må eg sova hjå deg, men eit stykkji på vegjen du fygjer vel meg." |
11. | "Eg tikje du æ i din' stigo so stor, du kunna godt vera ein riddarson." |
12. | "Ja vel må eg vera i stigo mi stor, fy dei æ so breie dei skjippar - bor." |
13. | "Hott va de eg høyrde som singra so, æ de kji brynjeringanne små?" |
14. | "Nei de æ kji brynja som singra so, men de æ sylgjunne store å små." |
15. | Stolt Margjitt sette seg innte mæ veg: "Eg orkar kji lenger å fygji deg." |
16. | "Ja orkar du kji lenger å fygji meg, so æ eg vel go fy å bera deg." |
17. | Men stolt Margjitt ho tenkte mæ sjove seg: tru du æ sterkare du hell eg. |
18. | So lyfte han henne på høgan arm å bar henne ne på skjippar - strand. |
19. | "De tappar meg i si skål av mjø, å de av den tunna eg førd' ifrå sø." |
20. | Dei skjenkte so lengji som tunna rann, te stolt Margjitt sovna i Valivans fang. |
21. | Å Valivan tala ti liten smådreng: "De dreiar mitt skjip som fy bylgja gjeng." |
22. | Å Valivan klappa på røde gullseng: "No må kji stolt Margjitt sova leng." |
23. | Han klappa stolt Margjitt på kjinni so rød: "Å søve du leng'e so bli de den dø." |
24. | Stolt Margjitt ho reiste seg upp ifrå, ho såg inkji landi, men byljunne blå. |
25. | "Å bære meg fy mine bonni so små, eg reiste ifrå, skreidde lokunne på." |
26. | "Nei eg ser de på dine kjinner rød du hev inkji litt noko barnenød. |
27. | Nei eg ser de på dine bryster so små du hev inkji halli små bonni åt. |
28. | Å eg ser de på di luve du æ møy å ingjo fruge." |
29. | "Ja ska eg fygji mæ deg ifrå land, so må du sei' meg ditt rette namn." |
30. | "Eg æ ein skjippar, eg hev inkji namn, men smådrengjinn kallar meg Valivan." |
31. | "Ja Valivan hev eg so lengji trått å lova vere gud so hev eg 'an fått."
|