[BIN: 2075]

Valivan.
Skippar og møy

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1921 av T. Hannaas etter Svein Hovda (Tveiten), Bykle, A.-Agder .

1. Valivan kauper seg soks å skjæri,
so let han seg kvendeklæi gjera.
-Men Valivan seilar årleg. -
2. Å Valivan kauper seg soks å jønn,
so klæer han seg i silkji grøn.
3. Å Valivan rider ti kongeslott,
han gjekk ti stolt Margjitt so seint um ei nått.
4. Han slappa på dynninn mæ finganne små:
"Æ du inne stolt Margjitt skrei lokunn ifrå."
5. "Nei inkji tilbo so heve eg fått,
å ingjen so lukkar eg innum i nått."
6. "Jau eg æ ei fruge frå Engelands by,
du lære meg silkjesaumen å sy.
7. Eg æ ei fruge frå Engeland,
du lære meg saume de beste du kann."
8. Stolt Margjitt ho reiste seg upp ifrå,
ho gjekk or seng skreidde lokunn ifrå.
9. So sette ho fram ein forgylte stol:
"Set deg skjøn jomfru trøytt å færemo."
10. "Nei inkji so må eg sova hjå deg,
men eit stykkji på vegen du fygjer vel meg."
11. "Eg Tikje du æ i din' stigo so stor,
du kunna godt vera ein riddarson."
12. "Ja vel må eg vera i stigo mi' stor,
fy dei æ so breie dei skjippar-bor."
13. "Hott va de eg høyrde som singra so,
æ de kji brynjeringanne små?"
14. "Nei de æ kji brynja som singra so,
men de æ sylgjunne store å små."
15. Stolt Margjitt sette seg innte mæ veg:
"Eg orkar kji lenger å fygji deg."
16. "Ja orkar du kji lenger å fygji meg,
so æ eg vel go fy å bera deg."
17. Men stolt Margjitt ho tenkte mæ sjove seg:
tru du æ sterkare du hell eg.
18. So lyfte han henne på høgan arm
å bar henne ne på skjippar-strand.
19. "De tappar meg i ei skål av mjø,
å de av den tunna eg førd' ifrå sø."
20. Dei skjenkte so lengji som tunna rann,
ti stolt Margjitt sovna i Valivans fang.
21. Å Valivan tala ti liten smådreng:
"De dreiar mitt skjip som fy bylgja gjeng."
22. Å Valivan klappa på røde gullseng:
"No må kji stolt Margjitt sova leng."
23. Han klappa stolt Margjitt på kjinni so rø:
"Å søve du leng'e so bli de din dø."
24. Stolt Margjitt ho reiste seg upp ifrå,
ho såg inkji landi, men bylgjunne blå.
25. "Å bære meg fy mine bonni so små,
eg reiste ifrå, skreidde lokunne på."
26. "Nei eg ser de på dine kjinner rød
du hev inkji litt noko barnenød.
27. Eg ser de på dine bryster so smaa
du hev inkji halli små bonni åt.
28. Å eg ser de på di luve
du æ møy å ingo fruge."
29. "Ja ska eg fygji mæ deg ifrå land,
so maa du sei' meg ditt rette namn."
30. "Eg æ ein skjippar, eg hev inkji namn,
men smådrengjinn kallar meg Valivan."
31. "Ja Valivan hev eg so lengji trått,
å lova vera Gud so hev eg 'n faatt."

Ekstra opplysninger

Orig. ms. Prenta i Norsk Aarbok 1921, s. 157-159 med overskrift Valivan

(So baud ho henne rom attmed seg i sengi).