[BIN: 1740]

Den sjuke brura

Oppskrift 1859 av Sophus Bugge etter Guro Johansdotter, Fyresdal, Telemark .

1. Stallbroder tala ti stallbroder sin
-Under Vallan. -
vil du no give mig datteren din.
-Den rosen den er ikke voxen. -
2. Stolts Magret ho æ no so liti ett bån
ho kan ikkje sova på kungens arm.
3. [Stolts Magret ho æ] so liti ei brur
ho kan ikkje lyklanne for låsanne snu.
4. Då dei kom seg under Vallan li
då lyster stolts Magret å hvile seg.
5. Då klappa han hende på hvidan kinn
Krist give du va kje syke festarmøen min.
6. So gjekk ho seg te Vallekyrkje fram
so sette ho seg eit lite grand.
7. So tala ho ti sine brupikur to
ska me 'kje nå oto kyrkja gå?
8. Hoss kann me nå oto kyrkja gå?
de undrast på okkon både store å små.
9. Ja lat undrast, lat undrast so mange som vi'
han må væl gange dit den døden trengjer ti.
10. Då ho kom seg kyrkjele
i himmelen ringjer dei klokkunne ni.
11. [Då ho kom seg] på kyrkjevoll
[i himmelen ringjer dei klokkunne] tolv.

Ekstra opplysninger

Orig.ms. NFS S. Bugge h, s. 235-236. (Jvfr. reinskrift NFS S. Bugge 5, s. 129-130.)

Merknader: Over oppskrifta står Guro Johansdotter. Ho er dotter til Aslaug Midbøn og i oppskrifta står skrive til ord og uttrykk etter henne, merkt Aslaug el Asl. Her er berre teke med sjølve ord-variantane. Strofe 1, omkvede: over og framom den rosen står for; 5.2: over 'kje syke står frisk; 7.1: over So tala ho står Bruri ho tala og over brupikur to står -kvinnur (så)?; 9.2: over han må står lyt og mellom den og døden står som; 10.1: over ho står dei; 10.2: over himmelen står -rikje. Ei reinskrift finns i NFS S. Bugge 5, s. 129-130, og over den står Aslaug Midbø i Spokkeligrend i Fyresdal, født i Sundbygden i Kviteseid, og hendes datter Guro Johansdotter. Den er noko avvikande frå orig.ms. (sjå utskrift av NFS S. Bugge 5, s. 129-130).