[BIN: 1733]

Signelill og hennar søner.
Mor som gjev sønene sine eiter Bugge 20

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1863 av Sophus Bugge etter Asgjær Bergland, Skafså i Mo, Telemark .

1. Signelill sitter i bure
-Dei norklædde mend. -
ho syr sømmen den prude.
-For de var no dei greivens søninne av Norlånd. -
2. Ho syr sømmen bå gul å blå
de syr ho fyr sine søninne små.
3. So breier ho ut den kåpa blå
tvo deilige sønir ho fødde derpå.
4. Ho sveipte dei i kvite lin
so lae ho dei i forgyllte skrin.
5. Ho tok de skrine i si hand
so gjekk ho seg ne på kvite sand.
6. Ho sette i lyklanne store å små
so sette de utpå bylgja blå.
7. Gud lat dikkon aldri koma ti land
uttas dikkos fairen dikkon fann.
8. Greiven rei seg derne på strand
so fann han de skrine på kvite sand.
9. Han tok de upp å såg deri
tvo deilige sønir so låg deri.
10. De ser eg uppå din lindi
at moi di kunne deg binde.
11. [De ser eg uppå] di luve
[at moi di] æ ei fruve.
12. Han bar dei heim, han gav dei namn
han kadda dei unge Vakali Kall .
13. Han fødde dei upp ti dei blei store
so sille dei heim å vikje si moer.
14. Signelill stend i høielofts svalir
so ser ho de skipi på havi fara.
15. No ser eg segle bå gule å grønn'
som eg hev sytt for min' sønner i lønn.
16. [No ser eg segle bå gule] å blå
[som eg hev] sytt mæ min' finganne små.
Ekstra opplysninger