[BIN: 1728]

Signelill og hennar søner.
Mor som gjev sønene sine eiter Bugge 20

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1859 av Sophus Bugge etter Elen Rolleivstad, Fyresdal, Telemark .

1. Grannkona gjekk ti grannkona si
-So tungt gjerest mitt unge liv. -
å seg no meg adde råinne dine.
-Der æ so favert i lunden der dei kviler. -
2. Seg no meg adde r[åinne] dine
no hev dei kome att adde sjuksøninne mine.
3. Du gjeng deg at ei dyngje
der høyrer du ormanne syngje.
4. Du gjeng deg at ei tuve
der ser du ormanne smjuge.
5. Du gjeng deg av på bergje blå
der ser du ormanne store å små.
6. Du teke dei ormanne å bere dei heim
so sy du dei ti kvite bein.
7. So gjekk [ho seg at ei] dyngje
[der høyrde ho ormanne syngje]
8. [So gjekk ho seg at ei] tuve
[der såg ho ormanne] smjuge.
9. [So gjekk ho seg av på] bergji blå
[der såg ho ormanne store å små].
10. Some stappa ho i sin barm
some slengde ho uppå sin arm.
11. So tok ho [dei ormanne å bar dei] heim
[so sau ho dei ti kvite] bein.
12. So slo ho de i sylvarskål
sylvarskåli i lytir tvo.
13. So [slo ho de i ] sylvarkrus
so bar ho de i vertens hus.
14. So sendte ho den eldste
den eldste sendte den melung.
15. Den melung sendte den yngste
den yngste sendte si moder igjen.
16. Kjære mi moder du drikk nå fyst
for kvendi plag' vere so morgotyst.
17. Den fyste drykk ho av de drakk
gullkrona den av hovui sprakk.

Ekstra opplysninger

Orig.ms. NFS S. Bugge h, s. 250-252.

Merknader: Under strofe 16 står flumpeleg. Ei reinskrift finns i NFS S. Bugge V, s..130-131, der står at Elen Rolleivstad er frå Skafså. Den er identisk med originaloppskrifta.