[BIN: 1704]

Alibrand og Lindelin.
Forsmådd bele hemner seg

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1864 av Sophus Bugge etter Gunhild Sundsli, Fyresdal, Telemark .

1. Alebrand å Lindeli sat over bor
-Va ho ven som ei lind-
dei snakka so mangt eit skjemtas or.
-Eg minnest fulli jomfruva Lindeli. -
2. Høyrer de Lindeli kot eg seie deg
lyster du inkje trulovast mæ meg?
3. Min moder hun haver et svin
de synest eg Alebrand æ so likt.
4. Min fader han haver en hund
den ligner jeg ved A[lebrand]s mund.
5. Alebrand slo si hånd imot jor
for visst ska eg minnast dei håingsor.
6. L[indeli] sat heimi i åtte år
ho tore kje ti kyrkja for Alebrand gå.
7. De niende år ho ti kyrkja vill gå
å nie møyar so va dei då.
8. Då som dei kom seg i rosan lund
der møter dei Alebrands fygjeshund.
9. Di take den hunden di gjeve han brø
no kjem han Alebrand han eige min dø.
10. Då som dei kom litt bete fram
der møter dei han Alebrand.
11. Alebrand tok i Lindelis hånd
minnest du Lindeli de seinste mi fannst.
12. Ja Alebrand, Alebrand lat de gama fare
kom fyg meg ti presten han gjev kon ti sama.
13. Han tok hennes hovegull
de sette han på sin fygjeshund.
14. [Han tok hennes] gule hår
de batt han fast mæ sitt hestelår.
15. [Han tok hennes] fingar smale
dei [batt han] i sin hestehale.
16. Alebrand rei ette vegjen fram
Lindeli ho ette hesten slång.
17. Aldri æ der so liten ein stein
han gjer a Lindelis hjarta mein.
18. [Aldri æ der liten ein] kvist
ho vekkjer a bloi i Lindeli's bryst.
19. Då som dei kom i rosanlund
då ville Alebrand kvile ei stund.
20. Lyster du inkje Lindeli å kvile her
no lyster eg take deg på hesten ti meg.
21. Ja høyrer de Alebrand kot eg seie deg
ettesia æ du goe mæ meg.
22. Alebrand kom seg riand i går
hass moder ute fyr han står.
23. Vælkomen Alebrand mæ di vene møy
Gud gjøve eg turte 'kje ræast du lout fyr æ døy.
24. Heve ho fostri i væræ føtt
hell heve din gangaren på æ no trøtt.
25. [Ho hev alli] fostri i væræ føtt
[hell heve] min gangaren den [på æ no trøtt].
26. Hass moder ho tok vaksljosi i hånd
å då gav Lindeli upp si ånd.
27. Der va mei sorg hell der va gama
der va tri lik ti joræ mæ sama.
28. Fyst'e va Lindeli so Alebrand
den tree hass moer av sorgjæ døyr.

Ekstra opplysninger

Orig.ms. NFS S. Bugge f, s. 49-53.

Merknader og rettingar: Strofe 15, line 2: over i står ved; 17.2: gjere er retta til gjer. Ei reinskrift finns i NFS S. Bugge 7, s. 23-25, med overskrift: Alebrand og Lindeli (Gunnild Sundsli, Fyresdal 1864). Den er identisk med Orginaloppskrifta.