[BIN: 1674]
Kjerstis hevn.
Frilla set eld på brurehus
(fleire alternative titlar)Oppskrift 1856 og 1857 av Sophus Bugge etter Targjei Kosi, Vrådal, Kviteseid, Telemark .
1. | Herepær reiser seg sø unde li -Unde dei vælgronde tre - så bee han dær te bryllaups på ny. -Du vekkjer 'kje Åseliti av min' arme. - |
2. | Han be'e ti bryllaupi fatik å rike å ikkje Ingerliti sitt frilleviv. |
3. | Han be'e ti bryllaupi store å små Ingerliti lest han alli gå. |
4. | Høyr du Herepær hott eg spyre deg be du meg ikke te bryllaups te deg? |
5. | Bryllaupi stende så høgt uppunder øy at dær kann ikkje kome så ven ei møy. |
6. | [Bryllaupi stende så høgt uppunder] li [at dær kann ikkje kome så vent] eit viv. |
7. | Um bryllaupi sto i Skåni så sant eg liver, eg ska' kome. |
8. | "Kjeme du i den bryllaupsgår så hev du 'kje alt ditt gulli på". |
9. | Tærna ho va' så svikefull av nie møyar ho lånte gull. |
10. | Tærna ho reiste ti den vestre by ho lånte gullkrona av syste si. |
11. | Tærna ho gjenge ti bekkji sitt gule hår ho rekkjer. |
12. | Ho vaskar dæ fyst i lut å vann å kjemmer ette mæ sylvekam. |
13. | Fyste kjemmer ho mæ sylvekamm ette slenger ho eitt rødegull-band. |
14. | Tærna sette seg på sengjestokk ho drog på seg ein silkjesokk. |
15. | Tærna sette seg på ein stol ho spente på seg den røde gullsko. |
16. | Tærna for i stakkjen rau gulli glimra ette kvor den saum. |
17. | Terna ho blei så mæ gulli sett ho fekk ikkje armanne ifrå seg rekt. |
18. | Terna ho reiste at stallen ut ho sala ut folen å den va' fus. |
19. | Terna ho inn gjenom dynni steig dei tenkte ikkje anna hell soli skjein. |
20. | Dei sette den terna på benkji sveinar å riddarar skjenkte. |
21. | Eg van ikkje sikje på benkji men eg vane vere mykje te skjenkje. |
22. | Terna gjore bådi skjente å bar dei sovna alt folkje i stoga va. |
23. | Ho skjenkte mjø å ho skjenkte vin Herepær sovna i sessen sin. |
24. | Tærna gjore bådi skjente å bar Herepær sovna i sessen han sat. |
25. | Ho ruska i oska, ho ruska i kol så sette ho ellen på Herepærs bås. |
26. | Herepær vakna 'kje fyrr hell då at logjen leika i hass gule hår. |
27. | [Herepær vakna 'kje fyrr] dæn stund [at logjen leika] for hass vene munn. |
28. | Herepær rekkjer hånd ifrå seg "Ingerliti, Ingerliti, hjelp du meg!" |
29. | Be te Gud! så hjelper han men eg deg alli hjelpe kann. |
30. | No hev eg gjort den gjerning eg ville gjere no lyster eg gjønni å heimi vere.
|