[BIN: 1499]

Den falske terna.
Signelill og Adelkinn

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1857, av Sophus Bugge, etter Targjei Kosi, Vrådal, Kviteseid, Telemark .

1. Høyrer du dæ du kjær datter min
-mæ valli-
du agtar deg væl for Adelking .
-Den suti gløymer eg alli-
2. Gud nåde deg moder snille
du vara meg alt for silde.
3. Så gjekk der ei bo for hendes moder inn
di bere ei bo ti Adelking.
4. Ti svara dei ei terne
eg bere den bo'i så gjerne.
5. Du hev fengji ei dotter æ svart å inkje kvit
alle småtrolli æ' ho lik.
6. Ti svartare ho mon vere
ti meire rødegull ska' ho bere.
7. Du be ho kastar halmestrå
at ho ska' sove på bylstri blå.
8. Her sender eg ho ei kanne mæ vin
at ho ska' sløkkje tørsten sin.
9. Der nee legg eitt stykkje mæ gull
så min datter ska' bli dydefull.
10. Ho tar ikkje syrgje hell kvie
eg ska' sjave te ho rie.
11. Skam få den tærna ho gjore stor skamm
ho drakk upp vinen å slo i atte vann.
12. Ho gjore enndå større mein
ho tok burt gulli å la' i ein stein.
13. Her sendte han deg ei kanne mæ vann
den sille du drikke ti spott å skam.
14. Deruppi la' han ein liten stein
din datter sill' have ti spott å mein.
15. Du sille kaste bylstri blå
du ska' liggje på bare bosstrå.
16. Du måtte båti sukke å kvie
han vil alli ti deg rie.

Ekstra opplysninger

Orig.ms. NFS Sophus Bugge g, s. 108-111. Utan tittel. Over oppskrifta står: En Ridder skulde have en Jomfru, havde besovet hende, var borte "den suti gl.

Rettingar: I str. 1,1 er dater retta til datter. I str.2,1 er Gud nåde deg retta til Gud nåde meg. Etter str. 2 står: ( Hun faldt i Barsel. Han var borte, slap ikke.) Etter str. 4 står i parentes: (Tæva), så står (Han), og under dette står: Gud nåde meg. Etter str. 16 står: Han kom. Terna blev nedgravet, brændt.