[BIN: 1494]

Ynskjande møy

Oppskrift 1863 av Sophus Bugge etter Åste Espeli (?), Lårdal, Telemark .

1. Gud gjøve du vøre ein altari
den venaste i kyrkja mon stande
å eg måtte vera ei altarbleie
å uppå den altaren hange.
- De var stor uro
dei to kom ihopes
i stor angest å sorgir.-
2. De va 'kje gott vera altarbleie
å uppå den altaren hange
der kjeme so mangein syndar fram
å vi for den altaren stande.
3. Gud gjøve [du vøre] ein apali
å sto nerunde reine
å eg måtte vera eit epli av gull
å hange på apalens greinir.
4. De [va 'kje gott vera] eit epli av gull
[å hange på apalens] greinir
der [kjeme so mangein] synd[ar] fram
å slær de epli av greinir.
5. Gud [gjøve du va] ein foli
den venaste som monne gange
å eg [måtte vera] eitt beisl av gull
å hange uti folamunni.
6. De va [kje gott vera eitt beisl av] gull
[å hange uti fola]munni
der [kjeme so mangein] synd [ar fram]
å skoar den folen ti tånno.
7. Gud [gjøve du va] ein liten lauk
å sto her norunde lie
å eg [måtte vera] eitt liti grasstrå
å stande mæ laukesie.
8. De [va kje gott vera eitt liti gras]strå
å [stande mæ lauke] sie
der kjæme so kall ein vetter på
at laukjen falmar i lie.
9. Gud [gjøve] du [va] ei liti kjønn
å lå her norunde lie
å eg måtte vera ei liti ånd
å uti den kjønne skrie.
10. De [va kje gott vera ei liti] ånd
[å uti den kjønne] skrie
der [kjæme so] mang[ein] skyttari fram
å teke den åndi av live.

Ekstra opplysninger

Orig.ms. NFS S. Bugge i, s. 48-51. (Jvf. Reinskrift NFS S. Bugge VIII a, s. 129-131.

Merknader og rettingar: Strofe 1, line 3: blæje er retta til bleie.