[BIN: 1441]

Krist gjev eg var der soli renn

Oppskrift 1878 av Moltke Moe etter Liv Huse, Flatdal, Seljord, Telemark .

1. Eg låg no so einleg den lange somårsnatt
eg høyrde den riddaren ride
eg resste meg opp å eg lukte hanom inn
å lagde han ne ve mi side.
-Om somåren
den somår å den eng å alle småfuglar de synge so vent. -
2. No stand du opp du fagre onge dreng
du hev sovi ein time forlængje
gaukjen den gjele uti rosande lunn
å lerken den spilar i enge.
3. So stig du so sagteleg ut av mi seng
de inkje i spårana klingar
so rid du so sagteleg ut av min går
de inkje i hestskoen singrar.
4. So rei han no over de nordiske fjøll
å over den nordiske hede
der møtte han au hennas brødre syv
å alle va barske å vrede.
5. "Hor hev du vori den lange somårsnatt
mens du her æ komen so årle
du hev nok sovi hos systeren vår
å ikkje spurt eder om råde.
6. Å vi du no røme hell vi du no fly
hell vi du mandeleg stride
hell vilde du miste ditt fagre onge liv
fe jomfruens sødeste vilje."
7. Nei inkje vi eg røme å inkje vi eg fly
men jeg vi no mandeleg stride
de stridde i dagar de stridde i tvo
den tredje dagen at kvelde.
8. Då skilde han dem frå sitt fagre onge liv
thi alle va matte å trøtte
"No hev du drept mine brødre syv
å gjort mitt hjerte stor harme.
9. Men no skå du hogge kjær moderen min
so sover eg sødt i din arme
no hev du drept mine brødre syv
å gjort mitt hjerte stor kvide.
10. Men no sko du hogge kjær moderen min
so sover eg sødt ve di side".
Ekstra opplysninger