[BIN: 1440]

Krist gjev eg var der soli renn

Oppskrift 1878 av Ivar Mortensson, ukjent sanger, Telemark .

1. Ho va no so ljose den jonsoknott
ein riddar so sagteli mon rie
han pikka på dynni å so slepte eg honom inn
å so sov han so sødt ve min side.
2. Statt upp å statt upp du fagre unge svend
du heve sove ein time hoste lengje
fe gjelle gauken på grøne rosens lund
og lerki spelar uti engje.
3. Å stig no so sagteli udav mi seng
so de kje i sporanne ringlar
å rid då so sagteli udav min går
so de kje i hestskoen singrar.
4. So rei han seg over dei nordiske fjel
alt over dei nordiske heiar
der møter han jomfrugas brøene sju
å alle so var di vreie.
5. Å hor hev du vore du fagre ungersvend
me du kjeme riande så årle
å eg hev vore i den grøne rosenslund
der eg heve jaga ette dyri dei småle.
6. Å ikkje [hev du vore i den grøne rosens]lund
[der du heve jaga etti dyri dei] små?e
men du heve sove hos kons syster i nott
å slett ikkje spurt kon ti råe.
7. Å hokk vi du røme hell vi du undav fly
hell vi du mannele bie
hell vi du lata ditt fagre unge liv
fe jomfrugas vilje den eine.
8. Å ikkje vi eg røme å slett ikkje fly
men [eg vi manneleg] bie
å ikkje [vi eg lata mit fagre unge] liv
fe [jomfrugas vilje den] eine.
9. Dei sloges i dage, dei s[loges] i to
den tredie dagen te kvelle
men då skilte han dei ved sit fagre unge liv
fe jomfrugas [vilje den] eine.
10. Ja nå hev du hoggi mine brøar i hel
å gjort på mitt hjerte stor kvide
men no lyt du hogge min fader ihel
for eg søver sødt ve di sie.
11. Ja no hev du hoggi min faer ihel
å gjort mit hjærte stor harm
[men no lyt du hogge mi] moer ihel
for eg [søver sødt ve din] arm.
Ekstra opplysninger