[BIN: 1422]

Knut Liten og Sylvelin.
Øystein Grønnevoll

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1874 av Hans Ross etter Olav Talleivsson Dalen, Høydalsmo, Lårdal, Telemark .

1. Kongjen å Knut liten dei sat over bord
-Isalilja -
dei tala so mangt eit gamas or.
-So såre syrgjer Sylveli for Knut liten i løyndom. -
2. "Å høyre du K[nut] l[iten] hot eg spyre deg
å vi du skifte dei folar mæ meg?"
3. "Ja sko eg skifte dei folar mæ deg
so vi eg hav' di dotter i byte eg".
4. Kongjen han svara mæ spott å mæ harm
"å alli so tek eg deg ti måg".
5. Knut liten han reiser frå kongjens bor
"å visseleg so sko eg hevne dine or".
6. Knut liten han salar sin gangare grå
so rider han seg ti Sylvelis går.
7. Han klappa på døren under skinn
"å Sylveli, Sylveli luk meg inn!"
8. Alli noken hev' eg stevna mæ lagt
å alli noken lukkar eg inn um natt.
9. Sylveli, Sylveli luk meg inn
å de æ Knut liten kjærasten din.
10. Å Sylveli sto upp uti stakkjen blå
so skreidd'o dei lokunn bå ti å ifrå.
11. "Attafyr mi dynn der æ ei kro
der må du Knut liten leggje hosur å sko.
12. Attafyr mi dynn å der stander ein knapp
der må Knut liten hengje hanskar å hatt".
13. So låg dei tisamen den nåtti lang
ho som ei kjering å han som ein mann.
14. Å skam få den terna ho va inki tro
ho stol burt Knut litens hosur å sko.
15. Den terna ho akslar si kåpa blå
å av ti kongjen so monne ho gå.
16. "Høyre du kongjen bå fager å fin
Knut liten han sover me datteren din".

Ekstra opplysninger

Orig.ms. NFS. H.Ross I,38, 40 og 43 med overskrift: Knut liten, II.



Merknader: Oppskrifta står saman med ei anna oppskrift Knut liten I på s.40 er strofene 8-12 og 14 merkt med II, str.15-16 står på s.43 og til slutt står etc. omtrent som I; i strofe 1 etter Isalilja står eller: uti Sæland og under gamas står skemtandes; 4.2: under å alli so tek eg står Gud late meg alli taka.