[BIN: 1375]

Dalebu Jonson.
Samson

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1921-23? av Rasmus Åse etter ukjent sanger, Mo, Telemark .

1. Aa Dalebu tente i kongens gard
han tente ein vetter og so eit aar.
-Kjenner du Dalebu Jonsson. -
2. Aa Dalebu tener kje for onnor løn
han tener for liti Kirsten det vene viv.
3. Aa Dalebu ut gjenom vindauga saag
han kunde kje sjaa saræ for brynjur og staal.
4. Aa Dalebu ut gjenom dynnane sprang
han rudde den vegen som fyrr ha vor trang.
5. Aa Dalebu hogje til han blei trøytt
det er tongt og stande i den mannerøik.
6. Aa Dalebu hoggje til han blei mod
det er tongt aa stande i det manneblod.
7. Aa Dalebu sale sin gangar graa
so rei han seg til kongens gard..
8. "Hor va det av alle dei hovmenn eg sende til deg"
"aa some ligg sjuk og some ligg saara, og some ligg daue/ uti Dalebus gaare.
9. Du kauper deg ei tonne med salt
so du fær salta det mannekjøtet alt.
10. Aa du kauper deg ei tonne med kveite
saa du fær gjera den pylsa feite.
11. Aa Dalebu risste paa blodrege sverd
ha du kje vore kongen ha du vore det verd.
12. Aa Dalebu risste paa bloddregen kniv
ha du kje vore kongen det ha silt kosta ditt liv."
13. Aa kjere min Dalebu still dit sverd
du heve henne Kirsti du er henne verd.
14. Aa kjere min Dalebu still din kniv
du heve hennar Kjerstin ditt vene viv.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. TFM R.Berge DXIII, s. 82-84. (NFS, kopi).- Overskrift: Dalebu Jonsson.

Merkn. Strofe 3, linje 2: saræ er truleg feilskriving for soli; i oppskrifta er strofe 8 delt i 2 strofer mellom ligg sjuke og og some ligg saara; 12.2: min verfar er retta til kongen ha; 14.2: vessle Kirsti retta til Kirsti; i oppskrifta står baade Kirsten, Kirsti og Kjerstin.