[BIN: 1261]

Asbjørn og Liti Kjersti

Oppskrift 1891 av Moltke Moe etter Hæge Bjönnemyr, Mo, Telemark .

1. Kjære Asbjönn vi du min måg'e vera
litæ Kjersti, mi dotter, skå eg deg gjeva.
-Den stigjen trör meg (me) kji uti. -
2. Å hot skå eg mæ litæ Kj[ersti] gjera
ho kann kji mine klæi anten sy hell'e skjera.
3. Å ho kann no både skjera å sy
for den yppaste riddar, der æ i by.
4. Herr Asbjönn han drager seg ti by
so kouper han dei klæi ny.
5. Han kouper bå' soks å skjeri
å sender 'a liti Kjersti.
6. Ho kasta den soumen på tonne
ho skar'en som ho konne.
7. Ho [kasta den soumen på] tilje
ho skar'en i rosur å liljur.
8. Litæ Kj[ersti] ho sette seg på ein stol
so sydde ho imot den klåre sol.
9. Ho sette i hass ærmebond
han slær på gullhorpa, han ber'e gullband.
10. "Å når eg ha havt meg ein trugjen svenn
som ville bera den soumen fram!"
11. Ti so svora den liten smådrængg
"Eg sille bera den soumen fram
når eg kjende herr Asbjönn frå sene hovmenn."
12. Å når du kjæm deg i stoga inn
Asbjönn sit fremst i mannerengg.
13. Å når du kjæm deg i stoga fram
han slær på gullhorpa, han ber gullband.
14. Å når han kåm seg i stoga inn
så sat han Asbj[önn] fyst'e i mannering.
15. Å når [han kom seg i stoga] fram
han slo på gullhorpa, han bar gullband.
16. "Å höyrer du herr Asbj[önn], hot eg talar ti deg
å her æ soumen frå litæ Kjersti".
17. Han hae'n upp, han såg derpå
"Å Krist gjive hennes fingane små!"
18. Å der blei(v) glæi å stor'e gama
litæ Kj[ersti] å herr Asbjönn drakk bryllaup mæ sama.
Ekstra opplysninger